__MAIN_TEXT__

Page 1

NÆRINGSMAGASIN | NR 1:2019

MITT RYFYLKE | FINNØY

Tema

Strand & Finnøy

Rågoe

Utviklar morgondagens

Næringslivet om nye

smaksbomber

teknologi

Stavanger


ENDELIG UTETID! ENDELIG UTETID! NYT HAGEN MED NY UTEPLASS NYT HAGEN MED NY UTEPLASS

Ny hagestue? Ny hagestue?

Farstad Profilsystemer Farstad Profilsystemer hjelper deg med å hjelper deg med å utnytte uteplassen din utnytte uteplassen din bedre. En miljøvennlig, miljøvennlig, bedre. En vedlikeholdsfri oglokal lokal vedlikeholdsfri og produsert helårsløsning produsert helårsløsning Fra kr. 60.000,Fra kr. 60.000,-

Nytt rekkverk?

Nytt rekkverk? Glassrekkverk gir et

Glassrekkverk stilrent uttrykk,gir er et funksjonelt og løfter stilrent uttrykk, er boligen på en funksjonelt ogenkel løfter og funksjonell boligen på en måte. enkel Fra kr. 1100,-/lm og funksjonell måte. Fra kr. 1100,-/lm

Farstad på Forus

Farstad på Forus

Åpningstider Man-fredag: 0800-1600. Torsdager 0800-1900 Gamle Forusvei 8, 4031 Stavanger Åpningstider Epost: post@rufa-trading.no. Tlf: 518 50 900 Man-fredag: 0800-1600. Torsdager 0800-1900 Gamle Forusvei 8, 4031 www.farstadprof lsystemer.no

Stavanger Epost: post@rufa-trading.no. Tlf: 518 50 900 www.farstadprof lsystemer.no


3

MITT RYFYLKE

INNHALD

11

18

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar

Prosjektleiing Astrid Eidhammer Hjelmeland

Annonsesal Christine Rødne Brataas

Design Terje Hodne

Design Erich Monteiro

Design Irene Landa

Redaksjon Maria Djuve Vågen

Fotograf Hilde Hauge

24

Utviklar morgondagens teknologi ..............................................

4

Rampline satsar internasjonalt .....................................................

11

Rekrutterer med trivsel ...................................................................

14

Portrettet: Sissel Marie Bjerga......................................................

18

Lokalmat med rågo smak ..............................................................

24

Kvardagen i nye Stavanger kommune .......................................

30

Reiseliv med historisk sus ..............................................................

32

Tips oss: judith@omegadesign.no

Treningstips for alle .........................................................................

35

Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no Følg oss på Facebook: facebook.com/mittryfylke

Region i spagat Ryfylke er ein uslipt diamant når det gjeld bustads, besøks- og næringsattraktivitet. Fantastisk natur, naturressursar som bidreg til næringsutvikling, sterk arbeidsmentalitet og gründerevne er viktig for at regionen skal vekse. Dei unike fortrinna er derimot ikkje kommunisert sterkt nok ut. Sprikande identitet og infrastruktur som ikkje bind regionen saman dreg Ryfylke ut i spagat. Difor er det viktig å bygge felles identitet og merkevare. Kanskje ryfylkingen liknar på sørlendingen - som helst vil at alt skal vere som før? Tor-Arne Johnsen, næringssjef Strand kommune

Magasinet Mitt Ryfylke er produsert av Omega Design. Besøk oss på: omegadesign.no Framsidefoto: Hilde Hauge Opplag: 7000 Trykk: Haugesund bok & offset Fulldistibuert i temakommunane. I tillegg blir magasinet distribuert fleire stadar i Ryfylkekommunane, Nord-Jæren og på Haugalandet. Sjå mittryfylke.no for fullstendig liste.


4

MITT RYFYLKE | STRAND

>

4

WESTCONTROL Westcontrol er eit systemhus som ut frå ein ide designar, utviklar og produserer nye teknologiske produkt. Produkta finn du i eiga stove, i eit helikopter, på ei skipsbru eller nede i ein oljebrønn. Westcontrol har hovudkontor på Tau, i tillegg eig dei dotterselskapet Westcontrol Robertson i Egersund og er hovudaksjonær i Berget på Notodden.

TEKNOLOGISK FRAMTID Westcontrol satsar på morgondagens elektronikk. Dei produserer både smarte vassmålarar, kommunikasjonsrobotar og elbilladarar. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

– Det er veldig stas å kunne produsere grøn teknologi, som denne kortreiste ladaren, seier dagleg leiar i Westcontrol, Leif Petter Skaar og siktar til elbilladaren frå Zaptec som er tilpassa store burettslag der ein sikrar at ein kan etablere mange ladepunkt utan å auke straumkapasiteten. Nyleg var Skaar avbilda i Dagens Næringsliv, der han åt marsipankake saman med styreleiar i Zaptec, Pål Selboe Valseth. Grunnen for feiringa var at dei hadde produsert 10.000 ladarar. Skaar hadde også litt ekstra grunn til å smile sidan Zaptec som kunde var med på å sikre at Westcontrol i fjor dobla omsetnaden sin med 50 prosent, til 210 millionar kroner. Leif Petter Skaar viser stolt fram kompetansearbeidsplassen på Tau. Her på hovudkontoret til Westcontrol jobbar 120 personar, hjå dotterbedrifta

Westcontrol Robertson i Egersund jobbar det ytterlegare 40. – Folk ser på oss som ei hightech-bedrift, me treng tilsette som interesserer seg for teknologi og som ynskjer å vere med på å utvikle produkta våre, meiner Skaar. Sjølv om robotane stadig tar over meir produksjon, er det framleis mange oppgåver hjå Westcontrol som blir utførte manuelt. Her jobbar ein med bittesmå komponentar som til slutt blir sett saman til teknologiske og framtidsretta produkt. Sjølv kom han inn i bedrifta i 1996, då hadde selskapet ei omsetnad på 6.5 million kroner og ein var i startgropa med produktutvikling. Leif Petter Skaar hadde med seg bakgrunn frå leiing og administrasjon frå selskap som Landteknikk og Aker NorRock AS med seg inn i den nye leiarjobben i teknologibedrifta på Tau.


MITT RYFYLKE | STRAND

Ruth Mydland (t.v) og Beate Ihlen Tjelveit set saman elbilladarar for Zaptec.

5


6

MITT RYFYLKE | STRAND

Margareth Ravnås loddar eit elektronikk-kort med stødig hand for bruk i eit sbsea styresystem.

– Ein av mine styrkar var nok å bygge struktur og utvikle bedrifta slik at den er rusta for vekst, me har framleis som mål å bli større, men alt må vekse i takt. Me må klare å halde følgje slik at me ikkje får veksesmerter. Hjå bedrifta blir det i tillegg til elbillladarar produsert blant anna digitale klassekameratar og smarte vassavlesarar. Historia til den teknologiske bedrifta er lang, men selskapet slik me kjenner det i dag starta opp i 1994. I utgangspunktet var målet til bedrifta å lage produkt til maritime og landbruksrelaterte område, i dag femnar den tekniske utviklinga av

produkt breitt. I tillegg til dotterselskapet Westcontrol Robertson i Egersund er også Westcontrol hovudaksjonær i Berget på Notodden, som driv med kabel, elektronikkproduksjon, maskinering og samansetjing. – Bedrifta er i høgste grad ei logistikkbedrift, manglar det ein liten komponent så stoppar heile produksjonen, seier Skaar. – Det er mykje å halde styr på, men me har gode system, og har bygd dette opp undervegs. Rundt han sit mange konsentrert over små detaljar, blant dei tilsette er automasjon og dataelektronikk–kompetanse representert, og kjønnsfor-

delinga er ganske jamt fordelt, fortel Skaar. – I denne produksjonen har me like mange kvinner som menn, elektronikk er tydelegvis eit fag som fenger begge kjønn, slår han fast. I rekrutteringsprosessar ser dei at det kan vere utfordrande å få tak i den rette kompetansen, ofte kjem det gode søkjarar frå utlandet, i tillegg til at dei tar inn lærlingar som dei sjølv kan lære opp, og som blir viktige for framtida i selskapet. – Det er krevjande å rekruttere i Ryfylke, me må nok berre innsjå at Tau ikkje er den mest kjende staden på jorda, me konkurrerer om dyktige folk


MITT RYFYLKE | STRAND

7

— I denne produksjonen har me like mange kvinner som menn, elektronikk er tydelegvis eit fag som fenger begge kjønn [Leif Petter Skaar]

Produksjonsleiar Torfinn Fiskå (t.v.) og dagleg leiar Leif Petter Skaar diskuterer produksjonen i bedrifta.

Fleire AV-1 roboter under arbeid, desse robotane er snart klare for å finn ein venn dei kan hjelpe i kvardagen.

i ein pressa marknad. Me må freiste med naturen og opplevingane Ryfylke kan by på. Som regel utviklar Westcontrol produkt på vegner av ein kunde, der kunden kan få konsentrere seg om det dei er gode på, som sal og marknadsføring. Eit av produkta Skaar er stolt over at selskapet produserer er kommunikasjonsroboten AV1. Det er selskapet No Isolation som har utvikla roboten som gjer det mogleg for barn og unge å delta på skule eller i sosiale samanhengar sjølv om dei er langtidssjuke. Etterkvart har også selskapet byrja med produksjon av eit spesielt nettbrett

som gjer det enklare for analoge eldre å halde kontakten digitalt med barn og barnebarn. – Det er kjekt å kunne bidra i slike, gode prosjekt som betyr så mykje for mange. Det er også Westcontrol som no produserer dei kjende høgtalarane som Electrocompaniet på Jørpeland produserte fram til dei gjekk konkurs i fjor haust. Etter nokre turbulente år for bedrifta er det Westcontrol som sikrar at det framleis er lyd i høgtalarane. No har også teknologibedrifta på Tau utvikla sitt eige produkt, for første gong står dei på eigne bein utan ein

ekstern kunde. Produktet er ein smart vassmålar, allereie er ein pilot med 8 målarar installert i Hjelmeland. Her er pilotmålarane blitt testa i eit år allereie. – Poenget med målaren er at den gir god kontroll på vassforbruket i sanntid, slik at ein kan fakturere etter brukt mengde. Dette gir forenkla rutinar, og betre oversikt, meiner Leif Petter Skaar. – Vatn er også ein knappheits–ressurs når ein tenkjer miljø. Og det er ikkje alltid bruken av vatnet speglar seg i arealet på huset. Olga på 90 kan sitje med det største huset, men brukar kanskje lite vatn, fortel Skaar og meiner teknologien kan gi ein betre kvardag for mange grupper.


DET GRENSELAUSE RYFYLKE

Ein stad går grensa. Eller gjer den det? Grensene i Ryfylke blir flytta raskare enn somme skifter sokkar. Kva kommune skal hit og dit? Kva bygd skal inn og ut? Kva øy skal den eine eller andre vegen, delt eller ikkje delt? Første januar 2020 blir det uansett eit nytt grensejustert kart over Ryfylke. Men, sjå på kartet vårt. Ingen grenser. Eit fargerikt og friskt fellesskap. Ja, me veit at Stavanger og Sandnes blir utvida når delar av Ryfylke blir ein del av desse bykommunane. Men, vil Ryfylke endra seg? Og vil ryfylkingen vera den same? Og kva moglegheiter opnar seg for HEILE Ryfylke med nye grenser? Ryfylkealliansen vil sjå moglegheiter. Me blir ikkje siddisar og gaukar om grensene flyttar på seg. Me er framleis ryfylkingar som ein del av byen. Og byen blir ein del av Ryfylke. Så korleis blir då kvardagen? Dersom du les denne teksten før 10. mai, vonar me du vil vera med oss på ei spenstig samling på Grendahuset på Ombo. Denne øya har levd med kommunegrenser og diskusjonar i alle år.

RYFYLKE.NO #ryfylke

Fredag 10. mai - Midt i Ryfylke – på Ombo – i grenseland «Skyttergraver og fellesskap – på trass og på grunn av snodige grensejusteringar i Ryfylke» Skråblikk ved tidlegare Stavanger Aftenblad-redaktør, Tom Hetland «Me blir ein del av Ryfylke – og det vil de leggja merke til» Stanley Wirak, ordførar i Sandnes og Bjørg Tysdal Moe, varaordførar i Stavanger «Me forlèt ikkje Ryfylke» - Henrik Halleland (ordførar Finnøy) og Bjarte Dagestad (ordførar Forsand) «Ryfylke blir utvida – hugs kor de kjem frå Henrik og Bjarte!» Asbjørn Birkeland (ordførar Sauda) Meir info og påmelding til: Tor Øyvind Skeiseid, 982 06 333, tor@ryfylkelivsgnist.no Svanhild Eggebø Spanne, 907 73 796, svanhild@ryfylkelivsgnist.no


Illustrasjon: Jens Flesjå

Forsand kommune

Strand

Hjelmeland

Suldal

Sauda

RYFYLKE.NO kommune kommune #ryfylke kommune kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.

Omega Design

Me vil løfta Ryfylke opp og fram


Betongentreprenør alf@finnoycontracting.no tlf.: 934 42 963 finnoycontracting.no

/FinnoyContracting.no

trapper • dører • vindu • listverk tlf: 52795216 post@eroyvik.no eroyvik.no

Fagforhandlar av: Skogsmaskinar, hagemaskinar, landbruksmaskinar og verktøy. Åpningstider: Man.- fre. 08 - 16, lør. 10 - 13. Tlf.: 51 75 26 40, butikk@ardal-landbruk.no Årdalstunet 13, 4137 Årdal www.ardal-landbruk.no

griegseafood.no

gauthuncontainer.no Gauthun Containerutleie og Transport AS DU FINN OSS PÅ TAU

Ledige næringstomter Ledige næringstomter Ledige – tanæringstomter kontakt. – ta kontakt. Ledige – Næringspark tanæringstomter kontakt. as Tau Tau Næringspark as – ta kontakt. Nordmarka, 4120 Tau Tau Næringspark as

Nordmarka, 4120 Tau TauTlf. Næringspark as 909 75 915Tau Nordmarka, 4120 Tlf. 909 75 915 4120 E-mail:Nordmarka, hogne@taunaeringspark.no Tlf. 909 75 915Tau E-mail: hogne@taunaeringspark.no Tlf. 909 75 915 Nettside: www.taunaeringspark.no E-mail: hogne@taunaeringspark.no Nettside: www.taunaeringspark.no E-mail: hogne@taunaeringspark.no Nettside: www.taunaeringspark.no Nettside: www.taunaeringspark.no


MITT RYFYLKE | FINNØY

INVITERER TIL  leik

Du finn apparata deira i parkar, byområde, torg og skular. Leikeparkprodusenten Rampline på Talgje har bygt seg opp til å bli ein attraktiv leverandør av leikeapparat i både innog utland.

Rampline på Talgje produserer leike- og aktivitetsanlegg i inn- og utland. Hausten 2018 leverte dei balansepark til Forsand ungdomskole

11


12

MITT RYFYLKE | FINNØY

Rampline utviklar leikeapparat som skal fremme soialisering og livskvalitet gjennom heile livet, særleg i barne- og ungdomsalder.

>

TEKST: ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND | FOTO: RAMPLINE

E

RAMPLINE

kteparet som står bak – Me utfordrar den tradiRampline er ein norsk utviklar og merkevara Rampline, sjonelle leikeplassen med leverandør av leike- og aktivitetsapparat til Vidar og Maria Skavvåre fleksible løysingar, offentlege uterom. Bedrifta er eigd av land, er opptatt av kreativ fortel Vidar Skavland som er Vidar og Maria Skavland. Dei hentar inspirasjon aktivitet som gir born og produktdesigner i Ramplii norsk veslandsnatur og dyrkar ideen om å ungdom god fysisk aktivitet. ne. Han meiner det er viktig tilrettelegga for god balanse- og motorikkleik. Bedrifta held til på Talgje – I desse dagar er me i full å legga til rette for aktivitet i Finnøy kommune og blei gong med planlegging og utder folk ferdast, og fortel at dei Gasellevinnar i 2018 føring av spennande prosjekt for blant anna har utvikla eit system fleire bykommunar, kjøpesenter som ikkje krev tiltak på bakkenivå og parkar i Noreg, fortel Maria. (feste i bakken red.mrkn). Leik er eit viktig bidrag til livskvalitet. Det – Dette har blitt godt etterspurt i fleire er vårt utgangspunkt for å tilrettelegge for leik som byar i heile landet og viser seg å skapa mykje positiv ikkje begrenser seg til alder eller til funksjonsnivå. aktivitet midt i bymiljøa. På Rådhusplassen i Oslo har Me er engasjerte i inkluderande design, det vil seie besøkande dei siste åra kunne nytta seg av ein slik at ein legg til rette for at alle skal kunne inkluderast i «mobil» leikepark frå Rampline. Maria fortel at Oslo leiken, fortel ei engasjert Skavland. Dei siste åra har kommune, som er Europeisk miljøhovustad satsar dei opplevd at tankane og vyene blir godt mottatt mykje på tilrettelegging av aktiviteter i byrom. i marknaden. Frå å levera enkeltprodukt prosjekterer dei nå heile prosjekt og konsept saman med – Målet vårt er at alle skal kunne bruka apparata landskapsarkitektar. uavhengig av om ein har nedsett funksjonsevne, er


MITT RYFYLKE | FINNØY

I utviklinga av Rampline-produkta har Maria og Vidar Skavland som mål å ikkje begrensa leiken til ein bestemt alder, men at borna veks med dei.

ung, vaksen eller er jente eller gut. Dette gjer me ved å bruka kreativiteten vår og utvikla apparat som til dømes har enkel tilkomst og fleire bruksmåtar. Maria og Vidar meiner og det er viktig å leggje betre til rette for leik og aktivitet også på ungdomskulenivå. Alt for mange sluttar å leike alt for tidleg, dei meiner det er for gale når ein veit kor viktig leik og fysisk aktivitet er for trivsel og utvikling i tillegg til å vere ein viktig sosial plattform. I tillegg til å bli ein synleg og brukt aktør i Noreg opplever Rampline at produkta vekkjer interesse i utlandet, og Maria fortel at dei blir oppdaga via nettstaden som har resultert i leveransar av leikeapparat til New Zealand, Island, Danmark og Sverige. Ho fortel og at Norden er eit satsingsområdet for Rampline dei neste tre åra. – I dag er me der me ønskte å vera for fem år sidan. Sidan den spede starten i 2010 har ho og mannen Vidar tatt steg for steg i utviklinga. Frå å vera ein rein produktleverandør er dei i dag inne i prosessar der dei både utviklar og designar eigne konsept og spesialbestillingar på oppdrag. – For oss er det stimulerande å få jobbe konsep-

13

Maria og Vidar Skavland frå Talgje står bak Rampline, som produserer leike- og aktivitetsapparat til offentlege uterom. (Foto: Mikkel Meister)

– Målet vårt er at alle skal kunne bruka apparata [Maria G. Skavland, Rampline]

tuelt. Då er det den gode møteplassen, gjennomført design og godt tilrettelagt aktivitet som skal ivaretakast.   Lokasjon på Talgje i Finnøy kommune er inga hindring for selskapet, som hentar mykje inspirasjon frå naturen rundt seg. – Me har alt av utvikling og delproduksjon her på Talgje, men me er avhengige av produktdeler frå utlandet, fortel Maria. Den positive utviklinga dei siste åra har og gjort at dei har tatt steget vidare og blitt 4 personar på heiltid. –Det er spennande å få fleire personar inn i verksemda vår, og heilt nødvendig for å utvikle oss vidare. Me er heldige med å få tak i gode lokale folk. På sikt håpar me på å bli fleire. Det er kjekt å vere fleire på lag, avsluttar ho.


14

MITT RYFYLKE | STRAND

Trivselspedagogar I Bikubå barnehage satsar dei på trivsel og fagleg utvikling for å rekruttere barnehagelærarar. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

B

ikubå barnehage på Jørpeland er praksisbarnehage for Universitetet i Stavanger, dagleg leiar Marian Johansson gler seg over at dei får tilgang til studentar som kan tilføre avdelingane både ny kunnskap og stille gode spørsmål. Barnehagen er privat og foreldreigd, den har tre avdelingar der to av avdelingane er for store barn mellom 3 og 6 år, medan den siste avdelinga er småbarnsavdeling. – Barnehagen er basert på eit samvirke. Her er det foreldra som eig barnehagen, dei sit i styret og

påverkar nok slik meir enn ein gjer som foreldre i andre barnehagar, meiner Johansson som sjølv byrja i barnehagen som nyutdanna barnehagelærar i 2002. Etter det har ho blitt verande, og i 2016 gjekk ho inn i jobben som dagleg leiar. – Kva trur du er det viktigaste for å rekruttere til barnehageyrket? – Mykje handlar om trivsel, mange av studentane som har vore her i praksis treivst godt og ynskjer seg tilbake her etterpå. Me er ein liten barnehage, her ser


MITT RYFYLKE | STRAND

15

Sunniva Harestad og Pauline Borbe driv kafeutsal med ekte sandkaker.

­­ Her er det lett å få kontakt — med alle barna, og me har ein oversiktleg stab, der det er trygt og godt for foreldra å levere barnet frå seg på morgonen [Marian Johansson]

me at nærleiken mellom personalet og barna er eit stort fortrinn i forhold til større barnehagar, som kanskje ligg i ein større by. Rundt henne leikar borna, medan nokre lagar byar, vegar og tårn i sandkassen har andre klatra heilt til topps på rutsjebanen. Barnehagekvardagen er variert, og oppgåvene mange. – Her er det lett å få kontakt med alle barna, og me har ein oversiktleg stab, der det er trygt og godt for foreldra å levere barnet frå seg på morgonen. For oss er det ein styrke å ha studentane å spele på, og mange av dei som er fast tilsett hjå oss har byrja karrieren sin her som utplassert student, fortel Johansson. I barnehagen er det totalt 18 tilsette, nett no har dei inne to studentar på kontoret saman med dagleg leiar og ein student på småbarnsavdelinga. – I 2005 vart me plukka ut som praksisbarnehage, totalt har kvar

Amalie Marie Fjelde i frisk leik, bak henne ser me Hennie Moen Skjæveland.

pedagogisk leiar ansvar for studentar 7– 10 veker i året. Me har om lag 4 – 5 studentar innom kvart år, men tala varierer ein del, i år har me hatt 10 studentar innom barnehagen fordelt på om lag 10 veker. Nokre av studentane kjem direkte frå vidaregåande, medan andre er meir erfarne og tar utdanninga etter å ha jobba i barnehage fleire år. – Det er stor forskjell på dei gruppene. Dei som kjem frå vidaregåande har lite erfaring, men mykje fagleg

og oppdatert kunnskap dei kjem til barnehagen med. Dei som er eldre ser jobben på ein annan måte, og har meir erfaring dei kan bruke som samanlikningsgrunnlag. Me treng begge desse gruppene, dei er like viktige for oss, meiner Johansson. – Oppgåvene til dei som er utplasserte er alt frå å vere med i dagleg planlegging og gjennomføring av aktivitetar, til å vere med meg på kontoret for å sjå på årsplan og budsjett med meir. – I bachelorutdanninga for barneha-


16

MITT RYFYLKE | STRAND

Marian Johansson er stolt over barnehagen ho leiar. Her ser me også mor June Veland Koll-Frafjord som er på veg inn i barnehagen.

gelærarar er samarbeidet mellom det teoretiske og fagdidaktiske studiet på universitetet og praksisstudiet grunnleggande for kvalifisering av framtidige barnehagelærar, meiner Jorunn Melberg som er instituttleiar ved barnehagelærarutdanninga på Universitetet i Stavanger. Ho viser til at begge, både universitetet og praksisbarnehagen har felles ansvar gjennom praksisstudiet alle tre studieåra, noko som krev godt samarbeid. – Praksislærar og den enkelte studenten jobbar tett saman. Studentane får rådgjeving og støtte i det pedagogiske arbeidet som dei planlegg og gjennomfører. Gjennom refleksjon får dei knytt teori og praksis saman. Det overordna målet er heile tida retta mot å kvalifisere for profesjonen barnehagelærar som leiar

i barnehagen, fortel Melberg. Ho vil ikkje meine så mykje om korleis barnehagelærarar best vil trivast i jobben sin, eller korleis kommunar bør rekruttere for å få det kvalifiserte personellet dei treng. – Dette er det vanskeleg for meg å meine så mykje om utover at å bringe inn eit politisk argument, nemleg at barnehagelærarar må få utteljing på lønn for vidareutdanning. Spørsmålet om kva som skal til for å trivast bør ein stille til ein nyutdanna barnehagelærar, men me veit at eit godt arbeidsmiljø er viktig. Det er også viktig at det blir gitt sjans til vidareutdanning, gjerne med lønskompensasjon frå barnehageeigar. Denne vårdagen er det full fart i barnehagen. Nokre av barna balanserer på ei knallgul banansklie, me-


MITT RYFYLKE | STRAND

17

­­ Me burde nok vore betre — på å marknadsført jobbane våre, me treng å vise fram kva kompetansejobbar me har [Marian Johansson]

>

I Bikubå barnehage har dei fokus på trivsel, både for barna og dei tilsette.

dan andre har opna kafeutsal med ekte sandkaker på menyen. Smil og latter blir avbrote av små som treng trøyst og eit fang å sitje på. Like viktig som leik og samvær med barna er dei pedagogiske oppgåvene og den profesjonelle delen av jobben, meiner Johansson. – Me burde nok vore betre på å marknadsført jobbane våre, me treng å vise fram kva kompetansejobbar me har, meiner ho. Bikubå barnehage har ein visjon om å skape trygge og glade barn. Johansson meiner dei er heldige som driv barnehage i eit nærområde der dei har kort veg til både sjøen, skogen og eit bymiljø der dei kan nytte seg av kulturtilbod og attraksjonar. – Me har det i grunn heilt perfekt her, seier ho.

BIKUBÅ BARNEHAGE Bikubå barnehage er ein privat og foreldreigd barnehage på Jørpeland. Dagleg leiar Mariann Johannson meiner trivsel er noko av det viktigaste ein kan bruke for å rekruttere barnehagelærarar.


18

MITT RYFYLKE | FINNØY

Ho trivst best når ho kan skape noko nytt. Sissel Marie Bjerga (37) har funne sin fargepalett på Utsyn Misjonssenter. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE

Vertinne med utsyn

Å

ret er 2015. Sissel Marie Bjerga jobbar som serviceleiar på Val videregående skole i Nord– Trøndelag, ein jobb ho stortrivst i. Heime på garden på Halsnøy sit mor Brita og nærmar seg 70 år. Etter ei tragisk ulukke i 2005 der faren omkom, kom no spørsmålet: kven skulle ta over heimegarden av dei fire søskena, eller skulle garden seljast? – Mor sa ein gong at det med garden måtte me fikse opp i før ho blei 70, eg trur berre det var eg som hugsa det i grunn, seier Sissel Marie tankefullt. Ho mimrar om den dagen ho ringde heim til mora for å fortelje at ho ville flytte heim for godt, og at ho skulle ta over jobben som dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter. – Det vart ganske stilt i telefonen ja, før mor fint sa at no måtte ho setje seg, humrar ho. Nokre år tidlegare hadde søster hennar gifta seg på Utsyn, og mor Brita var blitt utfordra munnleg om ikkje nokre av døtrene hennar kunne tenkje seg jobben, når tidlegare dagleg leiar Inger Steinsland skulle slutte av. Men tanken streifa ikkje Sissel Marie, som allereie hadde drøymejobben. Ikkje før stillingsannonsa var ute, og den nemnde 70-årsdagen kom tett på. Å reise frå Val skulle vise seg å bli tøffare enn først trudd. Då det vart offentleg at ho skulle slutte, og flytte frå kollegaer,

fellesskapen og elevane, fekk ho ein sorgreaksjon. I jobben på skulen hadde ho ansvar for internatet, det kristne arbeidet som føregjekk på skulen i fritida, kjøkkenet og vaktmeistarane. Ho likte å møte ungdom som var klare for å ta neste steg ut i livet, på internatet kunne ho bety noko for dei dagleg. – Eg hadde budd der i nesten 12 år, eg var knytt til plassen, og ikkje minst dei eg hadde rundt meg. Mange sa til meg at det blir nok godt å flytte heim, men det var og vanskeleg å reise frå alle kollegar, venner og naboar som nesten var blitt som ein familie for meg, seier ho bestemt. – Men etter kvart vart tanken om jobb på Utsyn aktuelt, eg visste jo at eg gjerne kunne tenkje meg ein jobb der eg fekk utfordre meg sjølv, og skape noko. Og tida for å flytte heim var

truleg komen. Etter at eg kom heim igjen til Ryfylke i januar 2016 har eg ikkje angra ein dag. – Og trua er ein viktig del av livet, å arbeide på ein stad der eg kan formidle trua mi er ein ekstra dimensjon. Skape har ho sanneleg fått lov til i sjefsstolen ho allereie har sote tre år i. Utsyn Misjonssenter som ligg nydeleg til på Finnøy tilbyr både leir– og weekend–opphald, overnatting, kurs, konferanse– og selskapslokale i tillegg til catering. Det blir sagt at Sissel Marie har snudd opp ned på heile Utsyn, sjølv om ho har tatt med seg verdiane som ligg her frå før. Denne dagen danderer ho vårblomar ved inngangsdøra, og testar ut nokre nye oppskrifter til bryllaupa ho skal arrangere seinare i vår. Jobben som dagleg

Sissel Marie Bjerga (37) Sivil status: Aktuell: Drøymer om: Førebilete: Les: Høyrer på:

Singel Dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter Utbygging, fornying og utvikling - på fleire områder Egil Svartdahl Samfunnsbygger av Hermund Haaland og ettårsbibelen Likar mykje forskjellig av moderne lovsang, men er ikkje den som høyrer mest på musikk


MITT RYFYLKE | FINNØY

19

Portrettet

Sissel Marie Bjerga

— Menneskemøta og dialogen mellom menneske er viktig for meg


20

MITT RYFYLKE | FINNØY

Utsyn Misjonssenter er blitt både lunt og moderne etter at Sissel Marie tok over leiinga.

leiar er variert, nettopp noko den friske dama med den burgunderraude kufta likar. Med seg inn i jobben har ho også eit årsstudium i kristen sjelesorg frå høgskulen VID. – Menneskemøta og dialogen mellom menneske er viktig for meg. Dersom eg skal velje kvalitetstid med venner vil eg velje den gode samtalen, og då gjerne på tomannshand. Då får ein gå i djupna og verkeleg treffe den andre. – Ein må kanskje vere glad i folk for å jobbe her? – Det er klart, som vertinne må ein ta i mot folk på ein god måte. Eg trivst best med at det skjer noko heile tida, og treng ikkje vere så mykje åleine. Ho viser veg gjennom eit misjonssenter som ikkje minner om tradisjonelle bedehus lenger. Her er blå sofagrupper og møtestolar i moderne jordtonar. Dette er huset der det rustikke og minimalistiske møter det rause bedehuset. – Eg er jo over snittet glad i interiør og fargar og då, eg kan bruke lang tid på Jotun–appen med fargekartet for å seie det slik. I løpet av fem dagar målte eg mitt eige kjøkken tre gonger før eg var skikkeleg nøgd. Eg er glad i fargar, slår ho fast. – Fornyingar må til, og ikkje minst likar eg å setje ting i sving. Eg sette nok mitt preg på alle internata på Val og. Eg var heldig der, skulen var offensiv og likte at me moderniserte.


MITT RYFYLKE | FINNØY

21

Sissel Marie likar å ha det fint rundt seg. No kjem snart våren med mange bryllaup og arrangement på Utsyn Misjonssenter.

— Fornyingar må til, og eg likar å setje ting i sving [Sissel Marie Bjerga]

Investeringane i Utsyn har vore store dei siste åra, Sissel Marie er klår i talen; skal misjonssenteret tene pengar må dei investere og auke kapasiteten. Då ho fekk jobben ville ho helst gjere alt på ein gong, tolmodet var ikkje stort nok. Men ho veit at ein treng å ta eit steg om gongen skal ein få gjort det skikkeleg. – Det er viktig å seie at Utsyn var utruleg veldrive då eg tok over, her var stødig økonomi, det var mellom anna skifta tak på alle bygg, og velhalde både utvending og inne. Utsyn hadde eit veldig godt rykte. – Og tenk på alle som går her på dugnad, ein kan ikkje tenkje på min jobb som ein 8–4–jobb når ein har med seg folk som går her time etter time på fritida si. Omsetnaden på Utsyn har auka med 83 prosent dei tre siste åra, mykje på

grunn av ei auka satsing på catering. Då Sissel Marie overtok hadde bedrifta ei budsjettert inntekt på catering med 30 000 kroner, rekneskapen frå i fjor viser at dei nådde om lag 450 000 på denne posten. Utsyn Misjonssenter har ei tredelt oppgåve, for det første skal dei vere eit regionalt senter som kristen leirplass, i tillegg til å vere eit lokalt misjonssenter med ulike tilbod for Finnøy og omegn, og til slutt skal dei utvikle den kommersielle biten av drifta. – Eg blir nok motivert av gode tal, sjølv om eg sto for det første underskotet her på lang tid. Fjoråret enda med eit underskot på 600 000, men sett i lys av at me brukte 1,1 million meir enn fjoråret på vedlikehald er ikkje tala så dårlege. Og utbygginga er ikkje slutt. Planane for ny møte- og konferansesal er på

trappene. Målet er å få ein ny proff møtesal, der ein dermed kan ha fleire arrangement samstundes. I tillegg ligg planane om nytt kjøkken klare. – Dette er spanande, og absolutt eit byggeprosjekt eg gler meg til. Dette må eg få med meg, seier Sissel Marie. – Er du uredd? – Tja, kanskje det er rette ordet. Eg veit ikkje. Ein ting du iallfall ikkje må skrive er at eg driv garden heime. Eg bur der, men leiger ut jorda, driftsbygningane og mjølkekvoten. Men eg har kjøpt motorsag og fliskuttar, og endeleg etter ei lang tid med berre skryt, har eg knekt koden for å bruka det og, seier ho og ler trillande. – Skal eg drive garden må det ein mann på plass, men den saka blir det lite tid til. Eg har iallfall tenkt å ta 40-årskrisa med storm.


Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor partnerregnskap.no

TOYOTA C-HR HYBRID

DESIGNET FOR KJØREGLEDE OG LANGE BLIKK TOYOTA C-HR HYBRID FRA 326.900,-* PRIVATLEIE 1990,-/MD*

1,95% FASTRENTE I 3 ÅR* VINTERHJUL UTEN TILLEGG I PRISEN

Sørvest

Toyota Sørvest AS toyotasorvest.no

Vestre Svanholmen 9–11 4313 Sandnes Tlf.: 51 82 25 00

*Inkl. frakt,full tank,dinitrolbehandlet opphengsdetaljer, lev. og reg.omk-. Startleie/etabl.gebyr 64.900,-. Totalt 136.540,-. 3 års bindingstid. Total kjørelengde 45 000 km. Toyota C-HR Hybrid forbruk/CO2/NOx: fra 0,38 l/mil, fra 86 g/km, fra 5,6 mg/km. Avbildet bil kan ha påmontert ekstrautstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil.


Catering

Deilige retter med lokale råvarer og grønnsaker i sesong. Velg mellom heimebaka skjever med rikesleg med pålegg, heimelaga supper, hønsefrikassé, lammegryte og angusgryte. Sjølvsagt med ein søt avslutning. Ryfylkekokken leverer både med bil og båt i Ryfylke. Minste ordrebeløp kr 2500,-

Kaker

Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no

Sjokololademoussekake med mandelbunn, gulrotkake, eplekake, marsinpankake til suksesskake. Me leverer kaker i to størrelser: 8 personer eller 12 personer.

Koldtbord Ryfylkekokken ”Ei smaksreise i Ryfylke”

Deilig kalde retter og søte ting med lokale råvarer etter sesong

Ryfylkekokken på Landahuset, Steinnesvåg

I våre selskapslokaler på kaien i Steinnesvåg tar vi imot store og små grupper på inntil 60 personer. Bedrifter, private, lag og foreninger. Rolig møtelokale med eller utan servering.

...og det er enda mer spennende på innsiden både for små og de litt større

Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande tilbud. Me kan også hjelpe til med organisering av transport, aktiviteter og underholdning. cathrine@ryfylkekokken.no tlf 90 53 66 73 Følg oss på sosiale medier:

ÅPNINGSTIDER: 01. september - 31. mai: mandag - lørdag 10.00-16.00 søndag 10.00-18.00 01. juni - 31. august: hver dag 10.00-19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00

ryfylkekokken

norskolje.museum.no

@ryfylkekokken #ryfylkekokken

www.ryfylkekokken.no


24

MITT RYFYLKE | STRAND

SMAKSRIKE gleder Guri Hovland og Elin Sørskår finn fram til ekte smakar frå gode naturprodukt. Dei blir motiverte av å hindre matsvinn. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE


MITT RYFYLKE | STRAND

— Det heile har jo gått veldig fort, me har jobba med å utvikle smakar, få på plass design, merking, me har i grunnen kome lenger enn forventa på så kort tid [Guri Hovland]

D

et heile starta då damene byrja å legge merke til all frukt som vart liggande i hagane til folk, og som ikkje vart nytta til mat. Det blei stadig vanskelegare å gå forbi slike hagar utan å spørje om dei kunne få ta med seg frukta som låg på bakken heim. Etter kvart dukka ideen opp – kanskje dei kunne lage mat av desse gode råvarene som ikkje blei brukte til noko? – No veit me jo at me ikkje kan bruke eple som ligg på bakken til dømes, me har jo lært litt. Men det var slik det starta, i botnen ligg ei glede over gode rå-

varer og ikkje minst lysten til å nytte ressursane våre betre, seier Guri Hovland. Ho og Elin Sørskår jobbar begge i fulle stillingar som lærarar, likevel har dei bygd opp bedrifta Rågoe, imponerande nok på eit år. No danderer dei ost og kjeks på bordet, sjølvsagt med Rågoe sine chutneyar som rette tilbehøyret. – Me er glade i å lage mat, det har me med oss frå før. Og så tenkjer me alltid at kanskje andre og er glade i dei smakane me likar godt sjølv. Så enkelt er det. – Det er jo ikkje så farleg å prøve å skape noko nytt.

25


MITT RYFYLKE | STRAND

Rågoe skaper smaksrike opplevingar med sine produkt. Her er noko for einkvar smak.

>

26

RÅGOE Rågoe produserer produkt av reine og lokale råvarer. Gründerane ynskjer å ta vare på matressursane rundt oss, og arbeide mot det stadig aukande matsvinnet.

Me klarer ikkje å bli størst i verda, men prøver gjerne på å bli best, meiner Guri. Mange kjenner nok også henne frå Draumehus, som er ein kunstverkstad – og utsal på Sørskår kai. – Det heng jo saman dette, gleda av å kunne skape noko som fleire kan få ta del i.

I dag kjøper Guri og Elin ein del råvarer frå lokale aktørar, i tillegg til det dei produserer heime sjølve. Og resultatet lar ikkje vente på seg, dei utviklar stadig nye smakar og kikkar på nye potensielle produkt. I dag tilbyr dei blant anna chillimarmelade, ramsløkpesto, plommechutney, eplesmør og gulrotpesto.

Ramsløkpesto er ein av mange favorittar, dei likar godt å nytte seg av naturlege ingrediensar og råvarer som ikkje alle brukar sjølv. Ramsløk var også med frå starten av i produksjonen. – Det heile har jo gått veldig fort, me har jobba med å utvikle smakar, få på plass design, merking, me har i grunnen kome lenger enn forventa på så kort tid. Me jobbar godt i lag fortel Guri. – Og me har jo 1000 idear om ting me kan utvikle, og nye smakar me vil teste og prøve ut. Det er berre tida som kan avgrense dette, seier ho og fortel at dei til dømes har idear om å utvikle produkt av tang.


MITT RYFYLKE | STRAND

Guri Hovland og Elin Sørskår brenn for å lage gode smakar av ekte og lokale råvarer.

– Me har jo sjøen tett på oss, det kunne vore spanande. I stor grad er det sesongbaserte produkt me lagar. I dag får du produkta til Rågoe på Joker Lysefjorden, Spar Jørpeland, Ryfylke Bakeri & Konditori og Grønvik Gard. Dei leiger kjøkken, og har dermed holde investeringskostnaden nede sjølv om dei har kjøpt inn ein del maskiner dei treng. Produksjonen set dei i gang når dei treng nye forsyningar, eller berre ynskjer å produsere noko nytt. Guri legg ikkje skjul på at dei legg ned mange arbeidstimar, men legg vekt på at ingen av dei har små barn, og dermed meir fridom til å utfalde seg på kjøkkenet etter arbeidstid.

– Me produserer aldri store mengder, tenkjer heller at det er viktig for kundane våre at varene er ferske. I åra framover ynskjer dei å auke talet butikkar som sel Rågoe–varer, og ikkje minst ynskjer dei å halde fram med å levere kvalitet, og utvikle kreative løysingar. Både Guri og Elin brenn for å minske matsvinnet i samfunnet vårt. Alt for mykje mat forsvinn rett i søppelet, og gjerne mat som er godt brukande. – Me bør bli meir bevisste på kva matressursar me har og korleis me kan ta vare på dei, meiner matgründerane. Noko som absolutt er i vinden både nasjonalt og internasjonalt.

27


Vakre Ryfylke

– kommer ikke av seg selv Ryfylke er vakkert, men selv Ryfylke trenger periodisk vedlikehold. Ryfylke Friluftsråd ber om hjelp til å nå målet om et rent friluftsliv i Ryfylke. Våren er kommet, og med det er også avfallet langs kystområdene lett tilgjengelig for alle å plukke. Vi utfordrer alle til å bidra i den nasjonale strandryddeuken, første uken i mai 2019. Vi henter strandryddet avfall, fiskeredskap og mindre båtvrak etter avtale. Husk vrakpanten! Mer info, kontakt Ryfylke Friluftsråd: Kersti Kesper – kersti.kesper@ryfri.no – ryfri.no Eller gå inn på: holdnorgerent.no/om-strandryddedagen Prosjektleder: Marin forsøpling - Tekst: Kersti Kesper


Velkommen til Rosehagen.

God mat midt i hjertet av Jørpeland. Stor uteservering med sjøutsikt Åpent hver dag! Alle rettigheter. www.rosehagen-jorpeland.no

Stort Stort utval utval ii nye butikkar! nye butikkar! 06.–1 1 . Velkomen Velkomen til til FK Butikken FK Butikken AUGUST

Facebook & Instagram: Rosehagen kafe

Tillit til oss, gir tillit til dere.

Solid arbeidskraft når du trenger det Bygdeservice er flere bønder som har dannet et felles foretak som yter tjenester til kommuner, bedrifter, privatpersoner og andre.

Industrivegen 54 • 4110 Forsand www.qlab.no • Tlf: 51 70 08 70

strand.bygdeservice.no Tlf. 920 12 150 4120 TAU

LANDBRUK, LANDBRUK, HUS, HUS, HAGE, HAGE, KJÆLEDYR, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR... MEIR...

ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70 ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70

Me satsar på Ryfylke

Ryfylkebanken - alltid tett på

Foto: Trine S. Hanaset

Ta kontakt. Telefon 51 75 44 00 hjelmeland-sparebank.no

Omega Design

Lokalt og digitalt. Me hjelper deg der du er.


30

MITT RYFYLKE | FINNØY

NÆRINGSLIVET OM NYE STAVANGER 1. januar 2020 slår Finnøy, Rennesøy og Stavanger seg saman til nye Stavanger kommune. Kva meiner næringslivet om den nye kommunen? Me tok ein prat med nokre av bedriftene som held til på Judaberg. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: HILDE HAUGE / PRIVAT

(Foto: Privat)

Geir Asbjørn Saupstad Banksjef, Sparebank1 SR-Bank. 1. Eg tenkjer at samanslåinga med Stavanger ikkje vil medføre noko veldig stor endring for dei aller fleste bedrifter på Finnøy. Lokale butikkar vil alltid vere avhengig av at lokalsamfunnet støttar opp, også i nye Stavanger. Få stadar har ein slik herleg lokalpatriotisme som Finnøy og den er eg heilt sikker på vil leve vidare også etter samanslåinga. 2. Eg trur at ei av dei store fordelane med samanslåing er større fagmiljø for dei tilsette i kommunen. Reint økonomisk vil ein nok få mange stordriftsfordelar og målet er jo at ein samla kan gi eit betre tilbod til innbyggarane i nye Stavanger. Ulempene kan vere at avgjerslevegen blir ein del lenger og at lokal påverknad er mindre i eit bystyre. Kanskje vil ein sjå at nokre tenestetilbod blir sentralisert. 3. Trur at samfunnet ikkje vil bli endra i særleg stor grad og at dette ikkje vil medføre noko stor endring for det lokale næringslivet.

(Foto: Hilde Hauge)

Kjell Augestad Rekneskapskonsulent, Finnøy Økonomi. 1. Me er digitale og ser ingen geografiske grenser for verksemda vår. Me har kundar frå nord til sør i landet vårt. Sjølv om mesteparten er lokale bedrifter med tilknyting til Finnøy. 2. Som bedrift vil me ha gode høve til å konkurrera med rekneskapskontor i Stavanger, som har mykje dyrare kostnader enn oss på Finnøy og Sjernarøy. Ulempene er den personlege kontakten med nye kundar frå byen som går elektronisk i forhold til fysisk frammøte med overlevering av dokumenter. 3. Eg trur at dette gir alle øyane i Finnøy større sjans til utvikling av både næringsliv og busetjing. Me har flott natur som vert eksponert for ein større marknad og samanslåinga vil gi oss større tilhøyre til Stavanger.


MITT RYFYLKE | FINNØY

31

1. Korleis blir det å drive bedrift/butikk på Finnøy etter samanslåinga med Stavanger og Rennesøy? 2. Kva er dei største fordelane med samanslåinga? Og dei største ulempene? 3. Korleis trur du dette påverkar Finnøy?

(Foto: Hilde Hauge)

Sven Inge Goa Dagleg leiar, Coop Extra 1. Å drive butikk er ganske likt enten du driv her eller der. Med andre ord så tenkjer eg at vi ikkje vil merke noko spesielt frå den eine dagen til neste dag etter ei samanslåing. 2. For storkommunen vil det nok opplevast som meir rasjonelt og effektivt. Ein kan jo og håpe at det lokalt kan bli skapt nokre fleire arbeidsplassar og ikkje minst at fleire ser syn på å flytte til vakre Finnøy. Eg trur me i større grad kan miste noko av kontakten mot kommuneadministrasjonen. I dag er det kort kommunikasjonsveg til der kor avgjersler blir tatt i kommunen. Det kan bli eit sakn. 3. I dag er det mykje dugnad i kommunen, også frå kommuneadministrasjonen. Dette ser ein blant anna under Tomatfestivalen. Det er ikkje sikkert at dette vil ha like stort fokus frå ein administrasjon som sit ein annan stad og ikkje føler på pulsen kva som går føre seg.

(Foto: Privat)

Marie Therese Reilstad og Brit Elin Nordbø Finnøy Blomster. 1. Det blir veldig viktig å halde liv i mindre sentrum og framleis vise på kartet i ei framtid som storkommune. Men me har god tru på at fastbuande og turistar held fram med å handle lokalt og støtte lokale bedrifter på Finnøy, også etter samanslåinga. 2. Breiare kompetanse er ein fordel, mindre lokaldemokrati og større avstandar til tenestetilbod er ei ulempe. 3. Me vel å vere positive, sjølv om me veit det blir utfordringar.


32

>

MITT RYFYLKE

HAUKALI

På Haukali må ein lage sin eigen ved for å fyre opp i stova. Her skal ein kjenne på kvardagen frå 1850.

Reidunn L. Botnehagen har starta opp med gardsturisme på garden Haukali i Forsand. Her lar ho turistane få ein smak av kvardagslivet i 1850.

Historisk gardsbesøk – Utan historia om fortida går me fattige inn i framtida, meiner Reidunn L. Botnehagen. På garden Haukali gir ho turistane ein smak av kvardagen anno 1850.

TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: KRISTOFER RYDE, NEGATIVE / PRIVAT

F

or fem år sidan kjøpte Reidunn L. Botnehagen garden på odel frå bestefaren. Sonen hennar Ola med kona Kariann og barna var klare til å drive garden, og sjølv kunne ho godt tenkje seg å flytte frå Jørpeland til Forsand. Ho haldt fram med jobben på kulturkontoret i Strand, og flytte til Haukali der ho etter kvart byrja med turisme. Ved å leige ut ei hytte som høyrde garden til, trefte ho menneske på reise. Det skapte grobotn for fleire reiselivsidear. – Eg byrja å gå rundt her i nærmiljøet og tenkte på dei som hadde drive her, som sleit i kvardagen og levde eit liv som er veldig annleis frå det me kjenner.

I dag er alt tilrettelagt, og alle behov blir dekka. Etter kvart kom ideen om å skape historia om att, for at andre skulle få leve i ein annan kvardag og oppleve det eg kjende på var magisk, fortel gründeren. – Dei som kjem her skal ikkje berre sjå idyllen frå gamle dagar, men også slitet og alt arbeidet. Det er viktig. På garden sto det eit bygg som var falleferdig, Reidunn bestemte seg for å reise opp att huset. Her kunne ho ta i mot turistar som søkte seg vekk frå hotellstandard og by-weekend. I dag ligg det vesle


MITT RYFYLKE

Huset på Haukali er omlag like stort som husmannshusa var i Ryfylke. Reidunn L. Botnehagen har skapt eit unikt reiselivsprodukt i Forsand.

husmannshuset der som ei perle, ei lafta stove med torvtak, rosa dørkarm og lyseblå glaskarmar. På loftet er det innebygde senger, i stova er det parafinlampe, langbord og slagbenk. I grua kan ein fyre opp med ved ein har hogd sjølv og her kan ein også steike brød etter gamal oppskrift. Ute er det eige bad under friluft, med badekar i sink, blåmønstrete krukker og dusj. Inne heng det også gamle klede som ein kan låne for å ta tidsrette bilete av familien. – Huset er om lag like stort som husmannshusa var i Ryfylke, sjølv om dagens krav gjer at ein må modernisere det litt. Huset har ei stove, eit kammers, ein gang og ein hems. Men det er ikkje innlagt vatn, dusjen er ute med kaldt vatn og ein må sjølv hogge ved for å få varme i stova. Det er litt av vitsen, slår Reidunn fast. I arbeidet med huset fekk ho god støtte av Innovasjon Norge og Kari Sand i Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke.

— Eg byrja å gå rundt her i nærmiljøet og tenkte på dei som hadde drive her, som sleit i kvardagen og levde eit liv som er veldig annleis frå det me kjenner [Reidunn L. Botnehagen]

– Det var Kari Sand som oppmuntra meg til å satse på dette som ei spanande tilleggsnæring. Innova-

sjon Norge har også losa meg trygt gjennom dette, skapt ei kundereise og gitt støtte til å få bygget opp igjen. Dei har tru på konseptet, det er kjekt, meiner Reidunn. I forprosjektet reiste Reidunn til Ryfylkemuseet og las om dei som arbeidde lange dagar for å få maten på bordet, om husmenn på små gardar i Suldal som hadde mange barn og lite mat. Om heimar der dei gamle døydde i stova og vart liggande der til gravferda. Om mødrer som døydde i barsel, også dette i den vesle stova. Ho las og lot seg inspirere til å fortelje desse kvardagslege og ærlege historiene vidare. Husmannshuset sto ferdig til jul, og no startar første sesongen der turistar kan leige seg inn. Allereie har ei indisk gruppe vist interesse for konseptet, og eit tysk magasin har varsla at dei gjerne vil lage reportasje frå husmannsplassen. Etter kvart vil dei også tilby guida turar i nærområdet, det kan vere ein rusletur på gamle tufter, eller ein båt på fjorden for å setje garn. – Mange kjem jo også til Lysefjorden fordi dei skal på fjelltur, til Preikestolen eller Kjerag. Mange byrjar også å få auga opp for andre turar rundt oss. – Det aller kjekkaste er å bygge dette opp, eg er ikkje så god til å tenkje kommersielt og ta betalt for desse opplevingane. Heldigvis tar dotter mi, Maria, seg av den jobben. For meg handlar det mest om å vise fram skattane frå fortida, seier Reidunn og smiler.

33


JA TAKK , JA TAKK begge fordeler!,

g? esialiserin ? p s ie d u t s ring ller Fagbrev e er studiespesialise ll Fagbrev e

begge fordeler! Invester eitt ekstra år ved Sauda VGS – ogeitt slåekstra to flueråri ved ein smekk! Invester Sauda Etter fire år hos oss, kan dusmekk! gå ut med VGS – og slå to fluer i ein både fagbrev og dei faga du treng Etter fire år hos oss, kan du gå ut med for å kome innog pådei ingeniør studiet. både fagbrev faga du treng Med og på studiekompetanse for å Yrkeskome inn ingeniørstudiet. (YSK) kjem du altså ut med dobbel Med Yrkes- og studiekompetanse kompetanse. ikkje det: (YSK) kjem duOg altså ut nok medmed dobbel løn under opplæringa. kompetanse. Og ikkje nok med det: løn under opplæringa.

sauda.vgs.no facebook.com/Sauda.vgs 51 92 28 00 • sauda-vgs@skole.rogfk.no sauda.vgs.no facebook.com/Sauda.vgs 51 92 28 00 • sauda-vgs@skole.rogfk.no

Kontor:

91 66 76 06

Servicebil: 94 00 94 84 Kranbil:

91 90 89 90

Omega Design

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, veibygging og offshorekonstruksjoner. Vi er lokalisert i kommunene Suldal, Strand, Forsand og Larvik. Vi er 255 tilsette og 17 lærlinger med en årsproduksjon på opp mot 15 mill. tonn. Se: www.mibau-stema.com

Mekanisk verksted • Slangeservice • Kranbiler

HOVLAND A/S

Stålverksvegen 51, 4100 Jørpeland • hovlandas.no


35

MITT RYFYLKE

TOPP MED TRENING Anita Topp Sandvik vil inspirere både unge og eldre til å trene meir. Nyleg opna ho dørene til TOPP Treningssenter på Hjelmeland. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: PRIVAT

– Det trengs eit treningssenter i kvar kommune, når me tenkjer på kva helsegevinst det gir. Då eg bestemte meg for å drive som personleg trenar på heiltid, og oppslutninga var bra, kom tanken om å etablere ein fast base for trening på Hjelmeland, fortel gründeren som opphavleg er frå Danmark, men no har budd på Fister i 30 år. Ho og ektemannen Trond Sandvik er sjølv aktive, og har alltid engasjert seg i idrettsmiljøet lokalt. Etter kvart tok dei over Hjelmelands– avdelinga til Stas Ryfylke, og satsar no for fullt på å bygge opp sitt eige treningssenter på Sandetorjå på Hjelmeland. Anita Topp Sandvik brenn for at folk skal trivast med trening og at dei skal ta vare på seg sjølv og kroppen sin. – Dette skal vere ein plass for alle, for den som treng å bli motivert, den som treng ein sosial møteplass, den som vil trene åleine, den som ikkje er i form, eller den topptrente. Treningssenteret opna 9. mars, både i forkant og etterpå har det vore travle dagar for Anita og ektemannen Trond, som heiar på kona og er ein viktig støttespelar for gründerprosjektet. Etter den første månaden med drift rundar dei 35 nye medlemmer, i tillegg til dei 61 medlemmene som var der frå før. – Eg vil tilby trening for alle på

Hjelmeland, eg håpar dei som trenar på TOPP Treningssenter vil finne treningsglede, få motivasjon og føle seg velkomne her, meiner treningsgründeren. – Dei som kjem til senteret for å trene skal få god hjelp som gir resultat, Anita ynskjer å vere mest mogleg til stades for kundane sine. – Eg håpar at eg kan skape ein sosial plass der folk kan trene, og ikkje minst ta ein kaffi – eller tekopp etterpå. Senteret tilbyr ungdomstrening og styrketrening for dei på 62+. I tillegg tilbyr dei spinning, BasisBall, sirkeltrening og styrketrening som passar for alle aldrar og grader av fysisk form. – Personleg trenar kan vere eit godt supplement for å kome i gang, eller for å halde oppe den gode treninga og framdrifta. Eg kan hjelpe til med å førebygge skadar viss dei har ein slitsam jobb, endre livsstil, gå opp eller ned i vekt eller hjelpe til eit betre liv med trening, for å nemne noko, seier Anita som har lang erfaring som trenar. Ho har klare råd til dei som ynskjer å halde seg i form. – Sett av tid til trening, og hald det ved like. Sjå på trening som viktig i kvardagen din. Kanskje treng du hjelp av ein personleg trenar for å halde motivasjonen oppe, eller få hjelp til å lage effektive program. Hugs å trene styrke, det er det mange som gløymer.

Pulstrening er også ein viktig del for mange i alle aldrar. Sjølv har ho alltid vore aktiv, og mykje av barndommen i Danmark handla om idrett. – Eg hadde foreldre som var glade i handball, fotball og turn. Søster mi og eg vaks nesten opp i idrettshallane som var opne heile dagane. Det var sosialt og gøy, og der var plass til alle. No har ho ført idrettsgleda vidare til neste generasjon, begge barna er nemleg blitt aktive på idrettsbanen. Sonen Tobias (20) var aktiv skiløpar fram til i fjor, og bidreg no med si erfaring for å lage opplegg til andre ungdommar, og dottera Katarina (17) er for tida utvekslingsstudent i New Zealand der ho blant anna er aktiv med løping.

Anita Topp Sandvik

(43)

Bur: Fister /Grønvik Sivil status: Gift, 3 barn Aktuell: Er personleg trenar og dagleg leiar på TOPP Treningssenter som starta opp på Hjelmeland i mars


Synleg med godt innhald • Tekstar og godt innhald til trykksaker, nett og sosiale medium • Grafisk design: logo, grafisk profil og profileringsmateriell • Brukarvennlege og sikre nettsider og nettbutikk • PR-arbeid, rådgjeving og medietrening • Magasin, brosjyrar m.m.

Ølensvåg : Sand : Sauda : omegadesign.no

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2019 1  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2019 1  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement