Mitt Ryfylke 2018 1

Page 1

5

| NÆRINGSMAGASIN | NR 1:2018

MITT RYFYLKE | SULDAL

ÅR

Tema

Sauda & Suldal

Drivhus

Portrettet

Kraftkost

med meining

Valborg S. Rognskog

i Folkets Hus


Kommunen

Kompetanse

På Suldal kommune sine heimesider finn du opplysnin­ gar om kommunen og aktuelle nyheiter www.suldal.net

Suldal treng mange typar kompetanse. For ledige stillingar i Suldal kommune, ta kontakt med personalsjefen eller sjå ledige stillingar på www.suldal.net

I Sauda er det vilje til vekst og utvikling, noko som viser godt igjen i lokalsamfunnet. I dag har me omlag 100 km med oppkøyrde og/eller merka turløyper i sju dalføre. Med hjelp av flinke dugnadsfolk i alle dalføra er det gjennom fleire år blitt utvikla eit flott løypenett i kommunen. Dette veit me blir sett stor pris på av fastbuande, hytteeigarar og andre besøkande. Velkommen til Sauda – heile året – heile tida.

KOMMUNE

FILTER Foto: Per Inge Fjellheim

Tett på dei gode opplevingane

' SULDAL


3

MITT RYFYLKE

INNHALD

5

10

5

Design og gjenbruk...........................................................................

10

Portrettet: Valborg S. Rognskog...................................................

16

Yrkesretta studietilbod......................................................................

20

Livet på Gullingen..............................................................................

26

Kraftfull kafe........................................................................................

31

Ideologisk drivhus..............................................................................

34

Nye krefter på Preikestolen.............................................................

39

[Judith Sørhus Litlehamar, redaktør]

Prosjektleiing Astrid Eidhammer Hjelmeland

Design Terje Hodne

Design Marianne Ågotnes

Design Erich Monteiro

Redaksjon Maria Djuve Vågen

Annonsesal Christine Rødne Brataas

Fotograf Mikkel Meister

Fotograf Kjersti Lunde Kambe

Fotograf Jan Nordtveit

34

Toppturar i alpebyen.....................................................................

Mitt Ryfylke fyller 5 år! Redaksjonen brenn for Ryfylke og ikkje minst for alle dei gode historiene som finst her! I dette nummeret har me også ein ny vri, nemleg temakommunar; Sauda og Suldal er først ute av Ryfylkekommunane. Me både trur og håpar du som lesar kjem endå tettare på folk i Ryfylke på denne måten! Takk til både lesararar, annonsørar og samarbeidspartnarar for godt samarbeid i fem år – eg og resten av redaksjonen gler oss allereie til dei neste fem!

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar

Magasinet Mitt Ryfylke er produsert av Filter design & kommunikasjon. Besøk oss på: filterdk.no Framsidefoto: Fotograf Nordtveit Opplag: 6 000 Fulldistibuert i temakommunane. I tillegg blir magasinet distribuert fleire stadar i Ryfylkekommunane, Nord-Jæren og på Haugalandet. Sjå mittryfylke.no for fullstendig liste. Trykk: Haugesund bok & offset Tips oss: judith@filterdk.no Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no Følg oss på Facebook: facebook.com/mittryfylke

M


4

MITT RYFYLKE | SAUDA

UTSIKT FRÅ TOPPEN Gjengen i Sauda Seven Summits brenn for å få fleire ut på topptur. Dessutan drøymer dei om å gi Sauda status som alpeby. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: MEISTER FOTOGRAFI

S

auda er jo ei skibygd, tenk viss me kunne satse endå meir på turisme og gi folk ei oppleving av å besøkje alpebyen Sauda, det hadde vore noko det, seier Bjørn Åge Dybdal–Holte medan han snur seg rundt på kaien i Sauda og speidar opp på nutane. – Me har jo allereie ein skibåt som kjem inn her med turistar som skal til Svandalen og skisenteret, mange av desse er og interesserte i toppturar og andre naturopplevingar. Sola skin frå klår himmel denne dagen, og Bjørn Åge er sjølvsagt nett komen tilbake frå tur. No står han her i oransje dunjakke med Sauda Seven Summits sin logo og grøn lue med solbrillene tilfeldig dandert på. Med seg har han Åge Fjellheim Midthun og Tommy Listøl, alle turglade fjellfolk. I tillegg til desse karane me møter i dag, er også Martin Fjellheim Hansen, Asle Iversen og Espen Iversen med på laget. Sauda Seven Summits er organisert som ei undergruppe under Sauda Turlag, slik at dei og er ein del av DNT-familien. – Far og son, Asle og Espen Iversen var dei som hadde ideen til konseptet. Utan deira engasjement og arbeid i oppstarten og undervegs hadde det nok ikkje blitt noko av opplegget. Men det samla seg eit godt team rundt ideane deira, og sjølv synest arbeidsgruppa at dei utfyller kvarandre godt i

samarbeidet, fortel Åge og viser til korleis arbeidet med turgruppa starta. Bjørn Åge og Åge smiler rundt denne dagen, dei har nemleg nytta dagen til å bestige Hovlandsnuten. Etter snødekte bakkar som krev sitt slit får ein betaling på toppen, både med ei fantastisk utsikt og ikkje minst ei kriblande nedoverkøyring. Dei veit dei er heldige som kan bruke fine dagar til å kome seg ut på tur. Bjørn Åge bur i Stavanger, men nyttar hytta i barndomsbygda Sauda så ofte han, og Åge arbeider skift som driftsingeniør på Saudefaldene sin driftsentral. Det gir rom for naturopplevingar på ein heilt vanleg måndag. Hovlandsnuten er ikkje på lista over dei toppane som Sauda Seven Summits frontar denne vinteren, men den er likevel ein populær og sentrumsnær topptur i Sauda. – Me må vise fram den flotte naturen her inne, og freiste fleire til å ta turen innover. Med båten frå Stavanger er me jo lett tilgjengeleg for mange, meiner Bjørn Åge. Sauda Seven Summits starta opp i fjor sommar, målet er at flest mogleg skal stå på toppen av sju nutar i dei ulike dalføra i Sauda, både i sommar – og vintersesongen. Dei som deltek betaler ei påmeldingsavgift og får tilsendt ei brosjyre som viser rutene og gir tips og triks om korleis dei får mest mogleg glede av toppturane. Nutane

>

Hildegun Solheim på det austre toppunktet på Reinaskardnuten. I bakgrunnen ser ein mot den vestre toppen på 1241moh - som er toppen ein må besøka for å få godkjent registrering i S7S. (Foto: Hildegun Solheim)


MITT RYFYLKE | SAUDA

5


6

MITT RYFYLKE | SAUDA 1

2

3

4

5


MITT RYFYLKE | SAUDA

> 2/5 Tommy Listøl, Åge Fjellheim Midthun og Bjørn Åge Dybdal-Holte er glade for at så mange er går toppturar i Sauda. (Foto: Istoria)

> 3. Tyskerstien frå Dalvatn til Skaulen er ein krevande, men flott tur i sommarhalvåret. Her frå ei spenstig elvekryssing i Heiabotnen. (Foto: Åge Fjellheim Midthun)

> 4. Toppen på Skaulen er 1538 moh, og er Saudas nesthøgste topp etter Kyrkjenuten. Toppunktet er dessutan også ein av nabokommunen Suldal sine mange "summits". (Foto: Åge Fjellheim Midthun) >

>> 1. Slake, fine stigninger på veg til Brekkestølsnuten, med Nordraheia i bakgrunnen. (Foto: Åge Fjellheim Midthun)

7

SAUDA SEVEN SUMMITS Sauda Seven Summits sine 7 turmål

ein kan prøve seg på i vinter er: Ravnafjell, Brekestølsnuten, Nonskiljenuten, Nevroldsnuten, Reinskarnuten, Hegerlandsnuten og Vardanuten. Dei må vedgå at ikkje alle nutane ligg på innsida av kommunegrensa. – Vel Hegerlandsnuten er vel strengt tatt ikkje vår, den høyrer vel til Røldal, seier den turglade gjengen og ler.

— Du oppnår lite glede av å gå i tåke. Toppen eller turen kan alltid nås ein annan gang. – Me låner og gir noko tilbake, slår dei fast. Klarer ein alle sju vil ein bli belønna med premie, har du likevel nokre igjen når sesongen er over kan ein prøve seg på nytt neste år. For å vinne må ein og dokumentere turane ein er på, enten ved eigne bilete eller via DNT sin UT-app der ein kan rapportere turane direkte. – Me er jo og aktive i sosiale medium og syns det er kjekt viss folk legg ut bilete frå turane og gjerne taggar dei, så fleire får sjå dei flotte turane me har, seier Bjørn Åge. – Målet er jo å inspirere fleire til å bli glade i desse turane og den naturen me trivst så godt i. Sommarsesongen viste ei stor interesse for toppturane, med heile 160 påmelde, der den yngste berre var 6–7 år. – Det var imponerande med så mange som ville vere med, fleire enn me trudde. Ikkje minst er det tøft når du ser desse yngste er ute på tur, mei-

ner Tommy. nokre av dei på vinteren er: Ravnafjell, Brekestølsnuten, Nonskiljenuten, Nevroldsnuten, Reinskarnuten, Sjølv er han viktigaste råda Hegerlandsnuten og Vardanuten. Klarer ein og ihuga frå turgjenalle sju vil ein bli belønna med premie. friluftsmann gen. For å vinne må ein og dokumentere og var sjølv – Du oppnår turane ein er på, enten ved førstemann til lite glede av å eigne bilete eller via å huke av alle dei gå i tåke. Toppen DNT sin UT-app. sju sommarturane eller turen kan alltid i fjor. Allereie no kan nås ein annan gong, han og stryke ut to vinterslår dei fast. Det er verkeleg toppar frå lista. ingen skam å snu om ein treng det. – Dei to snillaste, slår han sjølv fast og smiler medan dei andre meiner Eldsjelene vil gjerne bidra til at topphan er kledeleg beskjeden. Nokre er turane blir meir tilgjengelege for folk nemleg meir ivrige enn andre, og flest. Nutane er ikkje berre for dei få og Tommy er ein av dei. dei sprekaste. Åge er ihuga SaudaToppturane utfordrar med høgdepatriot som han kallar seg sjølv, og no meter og motbakkar, men gir og ser han og at toppturmiljøet i heimsusande opplevingar med skikøyring bygda er i sterk vekst. Han håpar både nedover igjen. Gjengen i Sauda Seven fleire fastbuande og tilreisande vil Summits er opptekne av tryggleik og nytte seg av fjella i heimbygda. Sjølv av at folk sjølv må ta ansvar for eigen er han og familien på tur så godt som tur, her er det ingen guide som blir kvar helg, ikkje minst er han glad dei med. Men det er lov å søkje råd og to barna har arva turgleda frå foreldra. kunnskap før ein tar ut på turen. Eit – Eg vil gjerne vere med å byggje par av turane går ikkje i spesielt utsett opp noko som kan setje Sauda på karskredterreng. Øvrige turar har derimot tet. Me må jo skape aktivitet her inne, bratte parti som krev at ein tar ansvar slik at fleire vil besøkje oss. Bygda er for rutevalet sitt og vurderer skredfaganske unik, med korte avstandar ren aktivt. Gutane oppmodar difor til mellom sentrum og natur, meiner at ein tek spesielt omsyn til skredrisiko han. og korleis ein kan klare seg dersom No ser gutane framover til ein vår skredet er ute. Åge held sjølv skredspekka med flotte naturopplevingar, kurs for dei som ynskjer å vite meir før ein ny sommarsesong står for om kva ein må ta omsyn til, og Bjørn døra. Åge har verdifull erfaring med seg frå – Det er jo nå utover våren det blir arbeid på redningshelikoptertenesta. den aller finaste tida for topptur. Når Her har han sett korleis det kan gå du kan køyre langt til fjells før du dersom ein ikkje passar godt nok på. startar på turen, og ikkje minst kan du Sett deg inn i fjellvettreglane, snu i nyte varmen frå sola i bakkane, fortel dårleg vêr, les kart og kompass og ta karane før dei myser mot sola. Neste alltid med deg nok klede og mat, er tur er truleg allereie planlagt.


FRAMTIDA ER GRØN OG ELEKTRISK Det skjer mykje i Ryfylke for tida. Ikkje alt er lett å oppdaga utan at ein tek seg tid til å undersøka litt ekstra eller å ta ein tur utanfor hovudvegane. Ein fellesnemnar for mykje av det aktiviteten handlar om er elektrisk straum, ofte kalla arvesølvet vårt. I nedbøren, vassmagasina og kraftstasjonane i Ryfylke og Noreg har me ein svært verdifull ressurs som ingen andre land i Europa kan kopiera. Alle dei 5 Ryfylkekommunane: Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand er involverte i straumproduksjonen. Me lista i starten opp fleire industriar som nyttar krafta og som vil gjera det i mange år framover. Dette er industriar der lokale selskap allereie er godt posisjonert og i gang med å bygga framtida. Men det er eit vekstområde me ikkje utnytter i særleg grad, dataprosessering og lagring i store datasenter og dette er fokus for Ryfylke IKS-prosjektet. Denne industrien er i sterk vekst ettersom me nyttar stadig fleire tenester og system på Internett – denne aktiviteten vert utført og lagra i datasentre, store og små. Trenden går mot stadig større datasentre som kan driftast effektivt og sikkert. Dette er prosjekt og aktivitetar som gjev arbeid og aktivitet nå og som skaper grunnlag for utvikling av framtidige arbeidsplassar. Vasskrafta er og ein viktig faktor for ei bærekraftig utvikling med omtanke på klimaet. 98% av straumen me brukar i fastlandsNoreg er fornybar, med vasskrafta som den dominerande kjelda (99%). Effektiv bygging og utnytting av vasskrafta og tilgang på nye kjelder som vindkraft gjer at me går mot eit overskot av straumproduksjon i Norge. Denne straumen kan me selga til utlandet når prisane er gode men endå viktigare er moglegheita for å bruka av denne straumen til lokal verdiskaping i Ryfylke.

Så kva er denne «elektriske» aktiviteten me innleia med som skaper aktivitet og moglegheiter for ny industri i regionen? Her er nokre døme:

• Bygging av ny 420kV linje frå Sauda til Lysebotn • Planlegging av hydrogenfabrikk i Suldal • NSL North Sea Link kraft eksport og import til England frå Kvilldal • Fiskeoppdrett på land i Jøsenfjorden • Bygging av nytt og moderne kraftverk i Lysebotn i Forsand • Nye kraftlinjer frå Lysebotn til Nord-Jæren • Uttak og foredling av stein, sand og grus mange stadar i Ryfylke • Smeltetverket i Sauda med nye innovasjonsprosjekt på gong

RYFYLKE.NO #ryfylke


Foto: Statkraft

Effektiv bygging og utnytting av vasskrafta og tilgang på nye kjelder som vindkraft gjer at me går mot eit overskot av straumproduksjon i Norge. Ryfylke IKS starta i 2017 saman med dei 5 Ryfylkekommunane og Rogaland Fylkeskommune prosjektet «Vilkår for kraftkrevande industri» med formål å utvikla tomteområder med tilstrekkeleg infrastruktur for å kunne tiltrekka oss industrietableringar frå ut- og innland. Det er fire viktige innsatsfaktorar som må til for å lukkast med dette: 1) Tilgang på areal 2) Tilgang på straum 3) Tilgang på fiberkommunikasjon og 4) Tilgang på kunnskap og menneskelege ressursar. Av desse faktorane er det vasskrafta som gjev oss eit unikt fortrinn ovanfor utlandet. At krafta er grøn, stabil og har låge prisar samanlikna med store marknader som England og Tyskland gjer oss i stand til å utvikla industri i Ryfylke for eksport av foredla produkter. Det er 3 hovudutfordringar me må jobba med. Den eine er ny fibertilkobling til utlandet, her starta Ryfylke IKS selskapet NO-UK Com as i 2017 (www.nouk.com) for å bygga ‘Englandskabelen’, ein 700 km lang fiberkabel mellom Rogaland (Rennesøy) og England (Newcastle). Me treng ein «motorveg» for å flytta data sikkert og raskt mellom Norge og internasjonale kundar/ datasentre. Her er arbeidet godt i gang og NO-UK Com driv i desse dagar å undersøker havbotn for legging av fiberkabelen. Regjeringa har satt av 100 mill. kroner for å støtta bygging av nye fiberkablar frå Norge til utlandet og me arbeider for å få ein del av denne potten slik at ein slik kabel kan vera på plass seint 2019 eller tidleg 2020. Den andre utfordringa er tilgang på straum. Det er eit paradoks at me her på Vestlandet produser store mengder grøn fornybar kraft, straum som vert distribuert nasjonalt og internasjonalt, men at denne ikkje er lett å få tak i lokalt. I Noreg er nesten alle kraft fornybar og produsert frå vasskraftverk. Desse kraftverk er knytt saman med eit overordna kraftsystem frå nord til sør og med koplingar til Sverige, Danmark og resten av Europa. Kraftprisane i Norge er gunstige samanlikna med våre naboland Sverige og Danmark og svært gunstige samanlikna med EU land og England. På Jelsa i Suldal vert det nå vurdert etablering av fabrikk for hydrogenproduksjon med elektrolyse. Ei stor etablering her vil vera avhengig av ny elektriske forbindelse til Statnett sine anlegg i Saurdal eller i Førre. Kjem ein slik forbindelse vil det gje moglegheit til å kopla Lyse Nett til Suldal Everk sitt nett med ein kabel mellom Hjelmeland

Me treng ein «motorveg» for å flytta data sikkert og raskt mellom Norge og internasjonale kundar/datasentre. NO-UK Com undersøker havbotn for legging av ein fiberkabel.

og Suldal. Ein slik samankopling nord/sør vil styrka både kapasitet og redundans i kraftforsyninga til Suldal, Hjelmeland, Forsand og Strand. Regionalt vil dette vera eit viktig tiltak og Ryfylke IKS samarbeidar med dei regionale kraftselskapa for å finna løysningar som kan styrka kraftsystemet i heile regionen. Den tredje og siste utfordringa er at me må ha tomter klare slik at bygging kan starta innan 12 mnd. eller kortare. Dette set i tillegg til kraft og fiber krav til regulering av tomter, tomteopparbeiding og at usikkerheit og risiko i høve etablering er handtert på førehand. Her har kommunane, fylket og Fylkesmannen viktige rollar for effektiv tilrettelegging.

Me vil løfta Ryfylke opp og fram

Forsand kommune

Strand

Hjelmeland

Suldal

Sauda

RYFYLKE.NO kommune kommune #ryfylke kommune kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.


10

MITT RYFYLKE | SULDAL

Designskattar TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT


MITT RYFYLKE | SULDAL

11

HYLLER MED FREISTANDE DESIGNPRODUKT, EIT RUSTIKT SPISEBORD OG EIN KNALLGRØN SOFA. HEIM + DESIGN HAR NOKO FOR EIN KVAR SMAK OG LOMMEBOK.

P

> Hjå Heim+ Design finn du treleiker, gåveartiklar, kjøkkenutstyr eller designperler som sjeldne lamper og rustikke møbler i nordisk stil.

eter Tijhuis og Katinka ten Hove har blikk for godt design, gjenbruk og viktige detaljar. Nyleg opna dei dørene til sine nye lokale på Sand. Her er det rom for både Peter sitt designfirma og ein butikk der ein kan sikre seg små og store skattar, om det er kjøkkenutstyr, gåver, leiker eller pyntegjenstandar. Inne i butikken er det pallehyller med produkt, døra som skil butikken frå designkontoret til Peter er også laga av same type trevirke, alt er snekra av designaren. Her er også nokre av møblane Peter sjølv har designa for sal, blant anna eit rustikt spisebord. – Eg likar å arbeide med hendene, og kosar meg med snekkerarbeid, fortel designaren. Han meiner butikken og blir ein fin måte å kome i kontakt med han som designar på. Her får han vise fram kva han jobbar med og kundane får sjå kva dei kan kontakte han for. – Eg kan jo designe alt frå huset ditt til møblar, eller interiør, seier Peter som er utdanna ved Kunstakademiet og har lang erfaring som designar. Først frå sitt eige firma i Nederland i tillegg til 13 år som designar, arkitekt og teknisk teiknar hjå tidlegare konsulentfirma Kon-Sul på Sand, som no har fått namnet Norconsult Ryfylke.

Eigentleg drøymde Peter som ung gut allereie om å bli arkitekt, seinare ville han gjerne satse på kunsten og skulpturkunsten. Sjølv om foreldra hans aldri stilte spørsmål når det gjeld studievalet hans, følte han at dei sikkert ville bli nøgde viss han klarte å

— Me vil gjerne vere med på å skape meir liv i gata, og fylle sentrum med innhald [Peter Tijhuis og Katinka ten Hove]

finne eit yrke som kunne kombinerast med den kreative sida. Valet vart design. I dag hadde han kanskje valt annleis, sjølv om han trivst veldig med yrket. – Ein må verkeleg fylgje draumen sin altså, det er berre tull å vere oppteken av kva andre måtte meine. Kontoret hans i gata på Sand er innreia med eit mjukt og godt teppe i flotte grønfargar, ein stor flatskjerm med eigenreklame er midtpunktet på den knalloransje veggen bak. Eit enkelt svart bord fungerer godt som arbeidsbord. Vedomnen som sto i lokala frå før har blitt verande, dermed har kontoret fått ein eigen heimekoseleg atmosfære.


12

>

Peter Tijhuis har utsikt på det nye torget på Sand frå lokala til Heim+Design.

>

MITT RYFYLKE | SULDAL

Katinka ten Hove gler seg over at butikken no endeleg har opna. Dei tøffe pallehyllene er fulle av freistande produkt.

>

Peter svingar litt på stolen og nyt utsikta over gata, og det nye torget på Sand. – Det er jo ein fantastisk plassering dette, viss det skjer noko på Sand så er det ofte her. Me håpar jo at både butikken og designbedrifta kan vere med på å skape meir liv i gata, og fylle sentrum med innhald, slår paret HEIM+DESIGN fast. Peter Tijhuis og Katinka ten Hove opnar no Heim+Design i gata på Sand. Her skal Peter ha kontorstad for designfirmaet sitt, i tillegg til at dei startar butikk der ein kan kjøpe alt frå leiker, møblar, designskattar, pyntegjenstandar og kjøkkenutstyr.

I butikken tronar ein knallgrøn sofa som refererer til det nederlandske landskapet, medan eit heilt eige rom er sett av til utstillingar og designlampar. Desse lampene er og designa i Nederland, få butikkar i Noreg sel desse

frå før. Denne dagen kjem det stadig nyfikne, nye kundar innom. Katinka og Peter fortel om varene, dei pakkar inn i oransje gåvepapir og leitar etter rett pris til rett produkt, alle prislappar har framleis ikkje funne sin plass, det er mange detaljar som trengs i ein oppstartsfase. Sjølve disken laga Peter for mange år sidan til turistinformasjonen, då den var i jernvarebygget på Sand, no fekk han kjøpe den tilbake. Det er litt ekstra stas. Ein av kundane som er innom denne dagen har forelska seg i ein litt spesiell vase. – Denne er flott ja, seier Katinka medan ho tar den forsiktig ned frå hylla og set den på disken. I butikken til Katinka og Peter skal dei fleste finne noko som passar både smak og lommebok. – Me satsar på ein nordisk stil med reine linjer, sjølv om me har produkt frå fleire ulike produsentar, ein del frå Nederland og Tyskland, men og norske og meir kjende merker. Ikkje minst skal det og vere noko i alle prisklassar, me har vinglas til 50 kroner, men me har også til 250 kroner, slår ekteparet fast.


>

MITT RYFYLKE | SULDAL

Peter Tijhuis og Katinka ten Hove håpar at butikken og designbedrifta vil skape meir liv i sentrum.

Peter og Katinka kjende godt til Noreg før dei kom flyttande, Peter var faktisk i Suldal for første gong i 1974, då på ferietur med familien. Paret kom til Noreg for godt i 2003, då flytta dei frå kanalbåten dei

— Me satsar på ein nordisk stil med reine linjer. [Peter Tijhuis og Katinka ten Hove]

budde i Utrecht, og til Sand. Suldal og Sand oppdaga dei på ein av sine mange ferieturar til Noreg året før, då skulle dei treffe bror til Peter, som var i Vikedal på ferie. På turen over fjorden med ferja, som no er erstatta med Sandsfjord bru, såg dei seg raskt rundt og slo fast at her var det jammen meg fint. Her må me tilbake, tenkte det reiseglade paret. Året etterpå pakka dei altså kofferten og bytta livet på husbåten med ein kvardag på Sand. Peter fekk seg jobb som designar i tidlegare Kon-Sul, som i dag har namnet Norconsult Ryfylke, og Katinka vart etter kvart lærar på Sand. Dei og dei to barna har busett seg i det

gamle Hiim- huset som vart flytta frå gata på Sand til Eide, og bygd opp igjen planke for planke. Også dette huset ber preg av paret si interesse for design og gjenbruk. – Det er jo ei historie i seg sjølv, seier Peter og kikkar ut vindauga. Både han og Katinka har slått rot i Suldal og strandstaden Sand. Ideen om ein butikk i gata på Sand er slett ikkje ny, men no når rette lokala vart ledige på rett tidspunkt, valde dei å setje ideen ut i i livet. I tillegg til eigne midlar har dei fått støtte frå kraftfondet i Suldal kommune, Ulla Førre næringsfond til prosjektet. Peter får arbeidsplassen sin fullt ut med designkontoret sitt og butikken, medan Katinka framleis kjem til å jobbe nokre dagar i veka på skulen. I butikken har dei både sjeldne designvarer og meir vanlege merker, etter kvart vil dei gjerne og selje redesign og gjenbruksgjenstandar. – Me har sansen for gjenbruk, og tanken på at me kan skape mykje utan at det kostar veldig mykje, fortel Peter.

13


• • • • • •

tor 0

ap.no

Årsrekneskap for alle selskapsformer Bokføring - fakturering - løn Rådgiving Val av selskapsform - stifting - avvikling Hjelp ved skatte- og avgiftssaker Eigarskifte og driftsplanar m.m

www.suldalokonomi.no

Galleri Hagalid, Hjelmeland

firmapost@partnerregnskap.no Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor

Vårutstilling & kafe 17.3.-8.4. sjekk opn.tidene Bilde og kjeramikk: Gunn L. Gaarden & Karin Øvstedal. Sommarutstilling & kafe 16.6.-26.8. Maleri, grafikk, keramikk, glas, klede, vesker, smykke. Alle utstillingar: Kaffimat og varm mat (helg).

partnerregnskap.no

For grupper heile året (bestilling): møterom, servering, guida tur. Tlf.: 982 19 973 / 51 75 06 83 www.hagalid.net

ADVARSEL Data, overvaking, eller IT-problem? Me har IT-teknikarar som kan hjelpe deg med det meste innan data.

Til alle som ferdes i Saudefaldene sitt reguleringsområde: På grunn av tapping fra våre magasin, som igjen gir varierende vannstand er det stor fare for usikker is. Særlig langs land og ved innløp og utløp av magasinene.

52 79 06 65 52 79 06 67

www.bok-it.no

Me held til på Garaneset på Sand, og i Rådhusgata 1 på kaien i Sauda.

me er på Facebook

Husk at snøen kan skjule sprekker, groper og rasfarlige isblokker. Dersom det er mye snø kan det være liten avstand til strømførende kraftlinjer. Det er viktig å holde avstand. Se nettportalen www.varsom.no for mer informasjon om skredfare, usikker is og andre farer ved ferdsel i fjell.

GOD TUR!


FILTER

S N E I L I M A F E L I ! HE K K I T U B T T I R FAVO

adsign.no

Stort utval i nye butikkar! Velkomen til FK Butikken

Me minner om faren ved høgspent. I område med mykje snø, kan avstanden opp til spenningsførande linjer vera unormalt låg. Om de kjem over låge linjer, hold god avstand og varsle oss i Suldal Elverk om situasjonen. Illustrasjonsfoto: Eidsiva Nett

LANDBRUK, HUS, HAGE, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR... Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

ETNE 53 77 11 30 · ÅRDAL 51 75 42 30 · HAUGESUND 52 70 54 70

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no


16

MITT RYFYLKE | SULDAL

Reiselysta førte Valborg Starheim Rognskog (24) heim igjen til Sand. Kanskje ikkje overraskande for å ta over sjefsjobben i ei internasjonal reiselivsbedrift. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

Laksepr sessa

M

e skal tilbake til sommaren i fjor. Til ein av desse junidagane der regndråpane er så store og blaute at dei til slutt fell som eit teppe over sandsbygda. Ein dag som er skapt for dei som lagar kraft i kommunen, ikkje for dei som driv med turisme. Valborg Starheim Rognskog har nett flytta attende til Sand saman med kjærasten og laksefiskaren Edvin Bakka. Ho har knapt hatt ein einaste feriedag etter jobben på Stavangeren var slutt, no står ho midt oppe i eit av dei mange internasjonale besøka på Mo Laksegard. Ho kjenner på spenninga. Ho veit godt at laksegarden er kjent langt utover landegrensene, men denne regnfulle sommardagen får ho merke det på kroppen. Sju kinesiske kjendisar er på Mo Laksegard for å prøve laksesafari. Med på slep er den største TV-kanalen i Kina, som har imponerande 1,5 milliardar sjåarar. Kjendisane flyt i elva, smiler til kameraet og tek selfiar i fleng. Valborg står fjellstøtt midt i det heile og berre tar til seg alle inntrykka. — Det var heilt spesielt. Me visste jo verken kven dei var eller kva dei var kjent for. Men eg ser jo at andre kinesiske gjester som kjem ser på biletet av kjendisane med stor ærefrykt, dette er store namn for dei, seier Valborg og

smiler. Biletet av kjendisane og laksekongen og gründeren sjølv, Bjørn Moe er blitt fast inventar på laksegarden. Ved årsskiftet no var prøveperioden som tilsett ved laksegarden over, og Valborg tok over sjefsjobben. — Eg ser jo at me har internasjonal interesse, det er mange utanlandske tv-team innom her, eg trur det no tel over 32 ulike tv-kanalar, fortel ho.

Valborg Starheim Rognskog (24) Sivil status: Sambuar Aktuell: Tek no over som dagleg leiar på Mo Laksegard Bur: Sand Drøymer om: Reiser til varme strøk Førebilete: Mormor, Valborg Starheim Les: Krimromanar Høyrer på: Det meste, men helst Brandi Carlile

Interessa for å reise og oppleve ligg godt tufta i Valborg, og laksegarden i Sandsbygda har alltid trona som ein lokal attraksjon. Valborg har til og med skrive om Mo Laksegard i bacheloroppgåva si, men at ho ein dag skulle bli dagleg leiar her oppe med utsyn

over Suldalslågen, det hadde ho neppe trudd for nokre år sidan. Valborg er fødd og oppvaksen på Sand, nokre tidlege barneår i Australia vekka lysten og interessa for å reise, for å oppdage andre kontinent og for å oppleve andre kvardagar. Reiselysten og det internasjonale blikket gav henne til slutt master i internasjonal hotell- og reiselivsleiing. Sjølvsagt med eit studieopphald i Australia, eit land som for alltid vil vere spesielt for Valborg. — Mor er norsk, men oppvaksen i Australia, og foreldra våre hadde lyst til at me og skulle få oppleve kulturen og livet der. Eg er glad for det, og det er noko med folk og kultur der nede som fascinerer meg veldig, og som fekk meg til å reise ned igjen for å studere. Bjørn Moe på Mo Laksegard har bygd opp eit internasjonalt reiselivsprodukt rundt laksen og Suldalslågen. Heilt sidan 1981 har det vore turistaktivitet på garden, i dag tilbyr bedrifta overnatting, matservering, fiskekort og sal av aktivitetar som elverafting og laksesafari. Dei har 40 sengeplassar, fordelt på hytter og leilegheiter. No er han glad for at Valborg er klar til å ta over stafettpinnen. — Eg har jo leita nokre år etter nokon som ville ta over her, og så kom Valborg, det var kjekt at ho har lyst til


MITT RYFYLKE | SULDAL

Portrettet

Valborg Starheim Rognskog

— Eg vil gi gjestene våre ei unik oppleving.

17


18

MITT RYFYLKE | SULDAL

>

Gründer og laksekongen sjølv, Bjørn Mo er godt nøgd med at han har funne arvtakaren i Valborg som både er lokal og internasjonal på same tida.

å satse her, slår han fast og meiner bestemt han aldri skal bli ein sjuande far i huset. — Det er godt å ha ein mentor i nærleiken, meiner derimot Valborg og viser veg ned i bryggeriet der kortreist øl blir brygga av Bjørn og Valborg sin kjærast; Edvin Bakka. Det er jo eigentleg Edvin som har lært henne det ho kan om laksefiske, han var med henne på reiselivsmessa Grüne Woche, og han brenn like mykje som henne for å utvikle laksegarden i Sandsbygda. — Eg kan jo lite om laksefiske, men eg vil gjerne lære meir. Tenk at det er så få jenter som er med for å fiske. Er dei med på tur sit dei ofte i hyttene medan karane er i Suldalslågen. Kanskje me skulle byrje med eigne opplegg for å få jentene på banen, sei-

er Valborg og kikkar rundt seg. Ho ser ofte kor djupt fiskinga sit i desse som dag etter dag står fjellstøtt i elva og prøver lukka. Ho ser korleis dei stadig

— Eg ser jo at me har internasjonal interesse. Det er mange utanlandske tv-team innom her. [Valborg Starheim Rognskog]

drøymer om å få ein endå større fisk på kroken enn dei gjorde i fjor, og korleis dei kjem tilbake til laksegarden år etter år. Det er mykje tradisjon i dette for mange av fiskarane, slår ho fast. Valborg har respekt for arven ho har fått med seg, og for jobben som Bjørn

Moe lagt ned over mange år. Samstundes er ho ikkje redd for å skape noko nytt, og velje sin eigen veg. Ho må berre setje seg litt betre i leiarstolen, og ta tida til hjelp for å kunne ta nye val. I bryggeriet står små glas med malt og humle og i lokalet ligg ein søt eim av øl. Bjørn og Edvin silar brygget, kokar det opp i eige kar og ausar opp smaksprøvar av ølet både med og utan alkohol, den første varianten kallar Bjørn mesk. — Du veit det er her uttrykket å meske seg kjem frå, av denne søte drikken, slår han fast før han skjenkar i rause glas. — Me held oss til den gamle oppskrifta på godt øl, ein skal ikkje ha meir


>

MITT RYFYLKE | SULDAL

19

I bryggeriet står små glas med malt og humle. Slikt blir det godt øl av.

enn fire ingrediensar i ølet: godt vatn, malt, humle og gjær. Då blir resultatet godt, meiner Bjørn og fortel at det er ein stad på garden som ber namnet Humlehaugen, truleg har dei prøvd seg på å plante humle her i tidlegare tider, noko som vitnar om at ølbrygginga på Mo har lange tradisjonar. — Eg har leika med tanken på om eg skulle prøve å plante litt der eg og, om så berre for å vise dei besøkjande her korleis Humle ser ut som plante. I mikrobryggeriet lagar dei fleire variantar øl, nokre mørke, andre lysare. Det er type malt og humle som gir ulik aroma og smak, og sjølvsagt har ølsortane fått namn frå lakseriket. Her kan ein meske seg med både Mørk Suldøl og Glad Laks. Ølet blir servert i baren hjå dei sjølve, noko sel dei til lokale bedrifter som Energihotellet eller dei har det med seg på messer som Gladmaten. — I fjor hadde me med oss 850 liter øl til Gladmaten, og me gjekk tom før messa var slutt. Det er kjekt, slår Bjørn fast. Han og Edvin luktar og smakar seg fram, ein blir aldri utlærd i dette faget. No skal også Valborg lære å brygge øl.

Det høyrer med til leiarjobben hennar sjølv om Bjørn framleis har ansvar for marknadsarbeid og ølbrygging. Å gå inn dørene på Mo Laksegard er nett som å entre inn i eit britisk lakseslott. Klassiske møbler, bilete av ein glad fiskar med ein rekordlaks i fanget prydar veggane saman med bilete av Kong Olav då han var på vitjing i Suldal. Ute i baren sit du under glastak og ser rett ut på det populære bassenget, som fungerer både som opplæringsbasseng for dei gjestene som skal prøve Laksesafari, men og som badebasseng når temperaturen stig litt. — Me varmar det ikkje opp på vinteren, det er meir som å setje fyr på hundrelappane utan nytte, meiner Valborg. Å vere dagleg leiar på Mo Laksegard er ein variert jobb, ho er med på kjøkkenet, gjer administrativt arbeid, vaskar bassenget eller slår plenen. Her må ein stille opp der det trengs. — Eg vil aller helst gi gjestene våre ei unik oppleving. Det er det viktigaste for meg. Eg vil at dei skal få kjenne kor spesielt det er å flyte nedover elva

med dykkarmaske og sjå på laksen som flyt under deg. Eller at dei skal få sitje rundt bålet oppe i villmarksleiren vår og nyte god og lokal mat, då er det verdt alle timane på jobb, meiner ho. Kortreist mat er og blir eit kvalitetsstempel på laksegarden, dei får til dømes skogsgris levert frå naboen i bygda. Korte avstandar til gode råvarer gir også gode resultat på kjøkkenet, der Aidi Kongo-Bratland styrer skuta med stø hand. Det er fire årsverk på laksegarden, i høgsesongen må dei gjerne vere eit par til for å nå over alt. Valborg balanserer på steinane langs Suldalslågen, vel vitande om at den er grunnlaget for reiselivsbedrifta ho har tatt over. — Eg likar meg her, det er godt å kome heim, sjølv om eg somme gonger saknar pulsen og tempoet det var då ein jobba i Stavanger. — Men nærleiken til naturen slår det meste, tenk å få lov til å bu så nærme fjelltoppane som me gjer, sukkar ho og kikkar opp på snøkledde nutar.


20

MITT RYFYLKE | SAUDA

>

Rektor Oskar WaagePettersen og prosjektleiar ved Sauda VGS, Hans Hylen Solberg gler seg over god respons på den nye linja.

INVESTERER I FRAMTIDA Frå hausten 2018 tilbyr Sauda VGS i samarbeid med næringslivet eit nytt studietilbod for unge i Rogaland. I løpet av fire år sikrar studietilbodet dei unge både yrkes- og studiekompetanse. TEKST: ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND | FOTO: ISTORIA / MEISTER FOTOGRAFI (SULDAL VEKST)

M

ed på laget i det fireårige pilotprosjektet har Sauda VGS med seg lokalt næringsliv, med Norsk Stein i Suldal og Eramet i Sauda som dei største bedriftene. – Me hadde ikkje kome langt utan at næringslivet hadde vore med, understrekar prosjektleiar ved Sauda VGS, Hans Hylen Solberg. Han fortel at studiet har plass til 15 elevar og gjeld for all ungdom i Rogaland. Difor jobbar dei med å knyte til seg fleire bedrifter som tilbyr læreplasser både i og rundt Suldal og Sauda. Det som er unikt med denne ordninga er at elevane frå fyrste år kombinerer studie med læreplass. — Elevane vil få samla studiedagane hjå oss i Sauda slik at dei kan reisa heimatt og jobba i ei bedrift i eigen kommune om ønskeleg, understrekar Solberg. Sauda har elevinternat, der bukostnaden vil ligga på 3500 kroner per månad som blir dekka av bortebuarstipendet. Erfaren lærebedrift. Ein av dei som er klar for å ta i mot YSK-elevar til hausten er produksjonsdirek-

tør i Norsk Stein, Odd Hotvedt. Han er spent på dei langsiktige ringverknadane av det 4-årige Yrkes- og studiekompetansetilbodet. — For oss dette god langsiktig tenking, understrekar Hotvedt. I tillegg til dagens læreordning som kvalifiserer til fagbrev, meiner han YSK-pilot-

— For oss dette god langsiktig tenking [Odd Hotvedt]

programmet vil vera med å legga grunnlaget for rekruttering av framtidige leiarar, mellomleiarar, ingeniørar og sivilingeniørar i eiga bedrift for dei som ønskjer å gå vidare etter endt fagbrev. YSK – elevar vil ha eit betre grunnlag for vidare tekniske studiar enn elevar frå ordinær studiespesialiserande studietilbod. Norsk Stein har mange års erfaring med å ta inn lærlingar og har i følge Hotvedt eit mål om at 10% av ordinær arbeidsstokk til ei kvar tid skal vera lærlingar. Med opptak kvart år har 6-8 lærlingar


MITT RYFYLKE | SAUDA

21


22

MITT RYFYLKE | SAUDA

>

Produksjonsdirektør i Norsk Stein i Suldal, Odd Hotvedt, er klar for å tilby 3-4 elevar arbeidsplass til hausten som del av det 4-årige Yrkes- og studiekompetansetilbodet via Sauda Vidaregåande skule. (Foto: Meister Fotografi / Suldal Vekst)

>

fått læreplass hjå bedrifta, som i dag er rett under 190 tilsette. Hotvedt fortel at det er rundt 220 som i alt har arbeidsplassen sin hjå Norsk Stein, om ein tek med korttidstilsette og underentreprenørar ved pukkverket i Suldal. Hotvedt meiner det er strategisk å knytte til seg lærlingar som òg er klar for høgare utdanning. Slik kan ein og bidra til å sikre framtidig arbeidskraft og kompetanse til bedrifta og lokalsamfunnet etter endt studietid. — Me reknar jo med at elevane vil ut og vidareutdanna seg, seier Hotvedt. Men for oss er det viktig at me har eit godt VGS-tilbod lokalt i Sauda, som er med å sikra framtidig rekruttering og kompetansebygging. Sauda har lang tradisjon som industriYKS kommune og Yrkes- og studiekompetanse (YSK) er eit Suldal er blitt unikt vidaregåande skuletilbod, som startar større med hausten 2018 ved Sauda VGS. Sauda VGS har åra. Då er knytt til seg lokale bedrifter med læreplassar, som Norsk det viktig å Stein og Eramet. Dei jobbar kontinuerlig med å knytte til seg fleire, alt etter kvar elevane i Rogaland oppretthalkjem i frå. Det er plass til 15 elevar hausten 2018. da og halda Etter fire år har elevane, i tillegg til dobbel på komkvalifikasjon, og lært mykje om krav, reglar petansen i og rutinar i arbeidslivet. Og ikkje nok med kommunen. det: dei får løn under opplæringa. Hotvedt fortel Kjelde: Sauda.vgs.no at han har sett korleis dette studietilbodet , tidlegare kalla Tekniske og allmenne fag (TAF), har vore ein suksess ved Knarvik VGS i Hordaland i over 25 år . Dei viser til gode ringverknadar av studietilbodet ved at det løfta nivået ved bedriftene og

bidrog sterkt til rekruttering av nøkkelpersonell. — Eg håpar prosjektet vil lukkast, seier Hotvedt. Det vil bli både ordinære opptaksrundar og læreplassøk-

— Me er nøydd til å halda på for å kunne opprette ein av dei største kompetansebedriftene i kommunen som i dag tel 110 tilsette. [Hans Hylen Solberg]

nad for dei som er interesserte. Me håper på å kunne tilby plass til 3-4 kvalifiserte søkjarar kvart år. At dette vil krevja ekstra ressursar for Norsk Stein nektar ikkje Hotvedt for, men han understrekar at dei både er villige til å tenke nytt og bruke dei ressursane som krevs for å få dette i hamn. Utviklingsprosjekt. Solberg fortel at tilbodet spring ut frå eit utviklingsprosjekt initiert av ordførarane i Suldal og Sauda kommune, Gerd Helen Bø og Asbjørn Birkeland. Dei har saman med Sauda VGS og lokale bedrifter blitt inspirert av tilsvarande studium ved Knarvik VGS i Hordaland, der dei har hausta gode resultat sidan oppstarten i 1992. For Sauda VGS er tilbodet eit av fleire tiltak skulen har gjort opp gjennom åra for å sikra framtidig rekruttering av elevar til skulen ved å tilby unike og attraktive linjer for ungdom. Han fortel at av dagens elevmasse på vel 430 er 45% importelevar. Desse har skulen gjennom mange år rekruttert ved å tilby unike linjer som transportfag, ambulansesjåfør, parkog frikjøring, topp volley og villmarksliv. — Me er nøydd til å halda på for å kunne opprette ein av dei største kompetansebedriftene i kommunen som i dag tel 110 tilsette, fortel Solberg.


Stolt premieleverandør til 71 ° Nord

RAV4 Hybrid 71 ° Nord Edition 2WD 430.300,-* Privatleie 4.395,-/mnd* RAV4 Hybrid 71 ° Nord Edition AWD 470.900,Privatleie 4.659,-/mnd* VINTERHJUL uten tillegg i prisen. inkludert i pris 2,95% fastrente i 3 år*

RAV 4 HYBRID 71 ° Nord Edition TAKBOKS KAMPANJE MARS

6.500,- for Packline FX Suv med takbøyler (kundeverdi 14.700,-)

Toyota Sørvest AS toyotasorvest.no

Vestre Svanholmen 9–11 4313 Sandnes Tlf.: 51 82 25 00

*Inkl. frakt- lev.full tank,understellsbehandling og reg.omk. 16500,-. Privatleie eks: Startleie/etabl.gebyr 64890,-. Totalt AWD 232.684,-. 3 års bindingstid/45 000 km.Forbruk blandet kjøring, utslipp CO2 og NOx: fra 0,36 l/mil, fra 83 g/km, fra 5,8 mg/km. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Skiboks i tilbud er ikke lik bilde. Vi tar forbehold om trykkfeil. **Gj.snittlig kjøreandel 50% (tid) basert på 5000 prøvekjøringer med gj.snittsfart 37,9 km/t. Målingene er utført ved hjelp av utstyr fra Driveco OY, montert i over 600 demobiler hos forhandler.

5

ÅR MED NÆRINGSMAGASINET MITT RYFYLKE

· Flø

rli 44

44 k

· Luf

afè & H

tbaro

Les nye og gamle saker på

mittryfylke.no

· Ram

nane

pline

oste

l


Ryfylkebanken - alltid tett pĂĽ

Me satsar pĂĽ Ryfylke

Ta kontakt. Telefon 51 75 44 00 hjelmeland-sparebank.no

FILTER Foto: Trine S. Hanaset

Lokalt og digitalt. Me hjelper deg der du er.


Effektiv, nøyaktig og lokal

VI HAR LOKALE HÅNDVERKERE I SULDAL OG SAUDA MED LANG ERFARING

ELEKTRIKER

Vi hjelper deg å finne riktige løsninger.

Vi kan hjelpe deg med å bygge på eller skifte tak på hytten.

Hverdagens små og store

BRUK LOKALE HÅNDVERKERE DET LØNNER SEG ALLTID!

• •

bytte vinduer skifte tak

• •

bygge på huset bygge ny garasje

• •

lyspunkt

pusse opp badet skifte kledning

Vi er 8 lokale elektrikere i Suldal som står klar til å gjennomføre ditt prosjekt.

Vi leverer til avtalt tid og pris. KAPH er ditt valg!

Ring Jan Rune Hoftun på telefon 466 24 449. Vi lover rask og effektivt oppmøte, god service og godt håndverk.

Kontakt oss for pris og tilbud tlf: 957 70 636 eller på e-post: sveinung@kaph-entreprenor.no

52 76 60 00

INGEN OPPDRAG FOR SMÅ ELLER FOR STORE

www.helgevold.com

NÆR ELLER MODERNE LØYSINGAR?

Velkommen til vinter i Suldal

Suldal turistkontor, Fossheim, har ope kl 10-15.30 i påskeferien. Velkommen innom - så kan me tipse deg om gode opplevingar i skattkammeret vårt. visitsuldal.no #visitsuldal

FILTER Foto: Jarle Lunde/ Suldal Foto

Her kan du gå flotte skiturar eller leike deg i snøen rundt Gullingen. Besøk gjerne dei koselege kafeane og butikkane i sentrum på Sand, eller få med deg ei kulturell oppleving.

I Tveit har ein berre lokalkontor, 16 i talet – inkludert dei på Sand og i Sauda. Me jobbar ut frå ein filosofi at me skal vera der du er… Moderne, kompetent og engasjert. La oss gjer kvardagen din enklare! Kontakt Harald på harald-l@tveit.no / 41 47 31 77 for eit uforpliktande tilbod. Vite meir om oss?

www.tveit.no


26

MITT RYFYLKE | SULDAL

snøglede

PÅ GULLINGEN


MITT RYFYLKE | SULDAL

27

>

Snø og sol gir gode dagar ute i skitrekket og skileiken på Gullingen.

Jan Nilsen og Anne Karin Vårvik meiner alle årstidene på Gullingen har sin sjarm. Likevel er det liten tvil om at det er snørike vinterdagar som er dei travlaste. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT

D

et er vinterferie og det yrer av liv i løypene på Gullingen. Ved skisenteret er det ein god dag. Jan Nilsen som saman med kona Anne Karin Vårvik driv både turistsenter, skisenter og camping på Gullingen meiner det kan vere om lag 250 menneske i trekket denne dagen. – Det er kjekt, me likar godt at det er kø her, seier Jan og speidar utover dei kvitkledde bakkane der små og store skigjester står på rekkje og rad. Jan og Anne Karin merkar godt at det er høgsesong, frå vinterferien til over påske er det alle mann i arbeid ved skitrekket. Dei er sju tilsette på heilårsbasis, og har i tillegg fleire sesongarbeidarar som stiller opp i travle tider. Denne dagen serverer Jan pølser til ein lang kø med svoltne gjester i varmestova før han tar på seg jakka og set kursen mot vaktbuene ved skitrekket, han må avlaste gutane som køyrer skitrekket og no treng ein pause. Tomas har vore her som fast tilsett i åtte år, lenger enn både Jan og Anne Karin. Han likar seg godt her. På veg nedover møter me Magnus Smistad Flemmen (9) som er saman med mor Anne Smistad Flemmen. Dei nyttar vinterferien på ei firmahytte på Gullingen, og Magnus skal prøve slalåm for første gong denne dagen. Mor treng teknisk bistand med skia, Jan hjelper til og ynskjer lukke til i bakken. – Det kan vere lurt å byrje i barnetrekket, slår han fast og smiler. Barnetrekket kjøpte Jan og Anne Karin frå eit konkursbu på Seljestad, det har vist seg å bli enormt populært. I barnetrekket susar dei yngste nedover bakken,

nokon famlar litt etter mor eller far som spring på sida, andre stolar på seg sjølv og tar turen opp i heisen gong etter gong heilt åleine. Meistringskurven er bratt for mange. Familien Isaksen har sett seg godt til rette nedst i trekket, her kan dei nyte kaffikoppen og ha full oversikt. Medan mor Unni og

— Me vil gjerne ha fokus på overnatting og god sosial atmosfære. [ANNE KARIN VÅRVIK]

far Ivan nyt roen rundt bordet saman med hunden Buffy kosar Nemi Isaksen (12) og Iris Isaksen (14) seg i trekket. – Me har campingvogn her og kosar oss, dette er ein flott plass å feriere på, meiner dei. Inne på turistsenteret litt lenger nede er det Ida Nerheim som har kontrollen i resepsjonen. Ho kan guide folk ut i dei rette løypene, eller svare på dei fleste spørsmål. Her er ein resepsjonsdisk laga av gamle material som dei fekk gratis frå bonde Tore Moe på Suldalsosen, gamle bilete frå stølsdrift og fjell-liv i farne tider, overfylte bokhyller, fargerike møblar og rustikke lamper. – Me vil gjerne ha fokus på overnatting og på den gode sosiale atmosfæren, seier Anne Karin medan ho klappar hunden Hermine som er fast kamerat, og som gjerne slappar i sofaen saman med gjestene.


28

MITT RYFYLKE | SULDAL

1

3

4

2

4. Anne Karin Vårvik og Jan Nilsen gler seg over å utvikle Gullingen som destinasjon.

>

Jan og Anne Karin var sjølv på hytta si på Myrlekvelven den gongen ideen om å overta drifta her oppe kom på banen. Anne Karin måtte nemleg innom turistsenteret for å låne telefon, der høyrde ho at heile anlegget skulle seljast. – Og så var eg jo sjølvsagt dum nok til å gå heim til hytta og fortelje det til Jan, seier ho og ler godt. Det er heile seks år sidan Jan tok sjansen og kjøpte anlegget, nokre år etterpå kom også Anne Karin opp. Dei har framleis bustaden sin på Tananger i Stavanger, medan dei i arbeidsvekene bur i leilegheit på Gullingen. – Me får jo nokre fine langhelger heime i Stavanger, men det er klart me somme gonger saknar både venner og familie der. Men me trivest her oppe, og me likar godt å skape noko, slår Jan fast. Dei likar begge to å reise, og dermed har dei fått med seg mykje inspirasjon på reiser i inn–og utland. Medan Anne Karin har erfaring frå oljebransjen der ho jobba med innkjøp har Jan sin bakgrunn frå rekneskap og økonomi. Begge deler er erfaringar som har kjem godt med i utviklinga av Gullingen. Likevel er Jan ganske skråsikker når han slår fast kven som har hatt blikket for oppussing og interiør. – Det er Anne Karin, ho seier kva eg må gjere og så

3. Gullingen er eit attraktivt område for hytteliv og ferieturar.

>

2. Unni og Ivan Isaksen kosar seg på Gullingen saman med døtrene Nemi og Iris, og hunden Buffy.

>

>

1. Magnus Smistad Flemmen (9) prøver slalåm for første gong.

er det berre å gjere det, seier han og kikkar mildt bort på kona som smiler lurt. – Berre kom her og sjå, ho har til og med laga veggkunst inne på det eine soverommet her, seier han og peikar inn på eine veggen som er kunstnarleg dekorert. Målgruppene våre er jo stort sett familiane, her oppe er det fine løyper til langrenn og eit skitrekk som passar dei fleste. Dei kan ikkje rose nok av løypekøyraren Bjørn Egil Nerheim som sikrar gullspor i ordets rette forstand. Her kan ein ha rolege og fine dagar saman med heile familien, fortel paret som har investert om lag 8–9 millionar i skitrekk, turistsenter og camping sidan dei kom for seks år sidan. På denne tida har dei skifta ut heile tallerkenheisen i skitrekket, fått på plass barnetrekk, pussa opp fjellstova og ikkje minst pussa opp alle rom og leilegheiter som dei leiger ut. Dei har 165 senger, fordelt på 41 rom og 3 leilegheiter. No tar dei ein pust i bakken, vel vitande om at det meste er på plass. Det siste året har dei og satsa friskt på kjøkkenet og å få på plass lokale råvarer og matrettar. – Me har eit flott samarbeid med Ryfylkekokken som har hatt kurs hjå oss, og ikkje minst fekk me


MITT RYFYLKE | SULDAL

>

29

GULLINGEN TURISTSENTER Jan Nilsen og Anne Karin Vårvik driv Gullingen Turistsenter, Skisenter og Fjellcamping. Sidan dei tok over for seks år sidan har dei skifta ut tallerkenheisen i skitrekket, fått på plass barnetrekk, pussa opp fjellstova og alle rom og leilegheiter som dei leiger ut. Dei har 165 senger, fordelt på 41 rom og 3 leilegheiter.

ein dyktig kokk på kjøkkenet då Kirsten Vetrhus byrja hjå oss. No serverer me laks, kjøttmat og vilt frå lokale leverandørar, fortel Anne Karin. Denne dagen er borda dekka til Røde Kors sitt vinterferiearrangement for barn som treng eit alternativ til tradisjonell familieferie. Ungdomsgjengen skal få laks med pesto til middag. No har også turistsenteret starta opp igjen med den tradisjonelle søndagsmiddagen som dei vil servere ein gong i månaden framover, eit tilbod som er populært både hjå fastbuande i bygda og ikkje minst hjå hyttefolket som kan gjere seg ferdig med middagen før dei set kursen heimover.

– Kva som trengs for å utvikle Gullingen framover? – Betre samferdsleløysingar hadde gjort seg, slår Anne Karin fast. Ho og Jan skulle gjerne sett det gjekk fleire bussar opp og ned til Gullingen-området. Det hadde letta turen for dei som fryktar å køyre på glatte vintervegar, og det hadde gjort området

>

Jan Nilsen likar kø i skitrekket, her styrer han skiheisen med stø hand.

lettare tilgjengeleg for dei som ynskjer å reise frå Stavanger utan bil. Inne på den eine fløyen med leilegheiter har Jonas Høyvik inntatt kjøkkenet for å lage tomatsuppe til middag. Storebror Vegard (6,5 år) sit på golvet og fylgjer godt med. Han kan fortelje at han har kost seg i skileiken som ligg rett på sida av turistsenteret. Veslebror Audun (4) og mor Ingvild Dustad Vesterheim nyt roen på rommet med teikning og lesing medan dei ventar på middagen. – Me var her i fjor og, det er fine omgjevnadar og akkurat passeleg for oss, seier paret som meiner Gullingen er familievennleg, og har eit tilbod for dei fleste.


Ta kontakt for tilbud!

Ta kontakt for tilbud!

Vi tilbyr blant annet • Ferdigbetong • Grus og jord til alt av grunnarbeid • Betongarbeider til murer, og fundament • Graving og sprengning til Vitrapper tilbyr blant annet • Ferdigbetong • Grus og jord veger og tomter • Gratis rådgivning og tips! til alt av grunnarbeid • Betongarbeider til murer,

trapper og fundament • Graving og sprengning til veger og tomter • Gratis rådgivning og tips!

Norsk Stein AS avd. Jelsa har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokalisert i Suldal kommune, er 183 tilsette og 12 lærlingar og har ein årsproduksjon på over 10 mill. tonn. Sjå: www.mibau-stema.com

Velkommen til

Suldalsosen Tlf. 52 79 93 10 • joker.suldalsosen@joker.no • www.joker.no

9-20 (18)

...og det er enda mer spennende på innsiden både for små og de litt større

ÅPNINGSTIDER: 01. september - 31. mai: mandag - lørdag 10.00-16.00 søndag 10.00-18.00 01. juni - 31. august: hver dag 10.00-19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00

norskolje.museum.no


MITT RYFYLKE | SULDAL

31

Kraft

PÅ MENYEN

>

Nicholas Guindani og Janne Hindrumsen gler seg til å opne kafe midt i inngangspartiet til Nye Folkets Hus i Sauda.


32

MITT RYFYLKE | SAUDA

På Kraft Kafe kan du nyte kaffelatten medan du let deg inspirere av gamal og ny industrikultur. Nye Folkets Hus opnar i september, men allereie i mai startar kaféserveringa. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: ISTORIA

F

ramleis er det nye kulturhuset i Sauda ein byggeplass. Dei store vindauga som slepp inn lyset i kafeen er allereie på plass, men mykje arbeid står igjen før ein kan opne opp i mai. Ute på trappa er det gjort klart til støyping og inne klyv arbeidarane mellom isolasjon og stillagshøgder. Alle gjer sitt for at kulturstova skal skine på opningsdagen. Til hausten kan nemleg saudabuen gle seg over at Nye Folkets Hus opnar dørene. Huset skal restaurerast tilbake til dei fargane og den utsjånaden det hadde då det sto ferdig i 1931. Når arbeidet er gjort kjem huset til å bli verna for framtida, samstundes blir det opna eit påbygg i moderne stil. Dermed møtes historisk og moderne arkitektur. Nicholas Guindani og Janne Hindrumsen gler seg til å opne kafe midt i inngangspartiet på den nye kulturstova. I tillegg til Janne sin arbeidsplass som dagleg leiar blir det også to nye stillingar på kafeen. Nicholas, som og driv Ryfylke Mat, arbeider sjølv offshore, men har fått permisjon fram til jul for å vere med å byggje opp kafeen.

– No satsar me på dette, me håpar jo at dette kan bli ein god samlingsplass for folk i sentrum, seier dei. Sjølv om huset framleis er ein byggeplass kan ein likevel sjå konturane av ein kafe som får mykje industrikultur i veggene, bokstaveleg talt. Ytterveggen til det gamle Folkets Hus blir faktisk ein del av utsmykkinga i kafeen, her møtes gamal og ny tid. Det nye og moderne betongbygget møter den verneverdige og historiske trebygningen. Folkets Hus er teikna av den kjende stavangerarkitekten Gustav Helland og stod ferdig i 1931. Bygningen inngår i ein arkitektonisk og kulturhistorisk heilskap med resten av den spesielle industristadarkitekturen i Sauda. Namnet til den nye kafeen er heller ikkje tilfeldig, det ber og med seg ein dimensjon av skiftarbeid og ein kraftkrevjande industri. – Kraft kan spele på så mykje, det kan handle om vasskrafta vår eller om industrien i bygda, meiner Nicholas.


MITT RYFYLKE | SAUDA

33

> Slik blir Nye Folkets Hus sjåande ut til opninga til hausten.

>

I det nye kafelokalet møtes gamal industrikultur og moderne tid.

>

Illustrasjon OPUS | ARKITEKTER

KRAFT KAFE – Det var eit catering og I mai opnar Nicholas Guindani og namn som større arranJanne Hindrumsen Kraft Kafe i Nye Folkets passa godt. gement i dei Hus. Resten av det nye kulturhuset i Sauda Sjølve maten nye, flotte opnar i september, her blir det salar for har ikkje fått serveringsframsyningar og konferansar, rom for utstillingar og ungdomslokale, nokre kraft– lokala som kontorlokale til kulturskulen og krevjande namn ligg vegg i musikkrom for å nemne heilt endå, men vegg med kanoko. her vil ein kunne få feen. Her kan ein kjøpe enkel kafesamle mykje folk til mat, lunsj og smårettar. store arrangement. Dei Kanskje blir det og servering av har allereie bryllaupsbestilprodukt som blir laga av Ryfylke Mat. lingar til langt ute i 2019, i tillegg blir Janne og Nicholas har og inngått avdet matservering til arrangement på tale med Sauda kommune om å drifte huset. turistinformasjonen i kommunen, dermed kjem også turistar og besøDugnad har alltid vore viktig i drifta kjande innom kafeen og kulturhuset. av Folkets Hus, også no når den nye kulturstova snart er på plass. Her går Kafeen blir det første du møter i det frivillige dugnadsfolk time etter time, nye kulturhuset, og sjølve hjarta i Folside om side med profesjonelle arkets Hus. Her skal ein kunne setje seg beidsfolk. Jane Haukeland er ansvarog nyte eit betre måltid, medan ein les leg for dugnadsgjengen som tel om aviser, jobbar eller berre kikkar på pullag 30 personar, ho går med lette steg sen rundt seg. Det skal vere ein plass i gangane. Her er det mange detaljer der det er lov å bruke litt tid, og til å som skal på plass, og mange frivillige nyte ein ekstra kaffikopp. Nye Folkets hender som skal setjast i arbeid. Hus får i tillegg salar for framsyningar – Me har ein fantastisk dugnadsog konferansar, rom for utstillingar og gjeng av frivillige og fleire som er ungdomslokale, kontorlokale til kulmed via arbeidstrening i NAV, eller via turskulen og musikkrom for å nemne introtenesta, det er ein imponerande noko. I følgje Sauda kommune sine jobb som blir lagt ned, seier ho. eigne nettsider blir huset ein unik Innbyggjarane i Sauda gler seg kombinasjon av levande kulturbygg til dei kan opne dørene til det nye og nasjonalt kulturminne. I tillegg til Folkets Hus, som har vore kulturhus å drive kafe, vil også ekteparet tilby og storstove i industribygda sidan det

vart bygd av arbeidarrørsla. No skal fargepaletten tilbake til den originale og huset skal få nytt liv. Dei store måleria av kunstnarane Ragnvald Eikeland og Håkon Landa er tildekka, og er i ferd med å bli restaurert, måleria viser både bondekulturen og industrikulturen som saudabuen møtte då smelteverket i bygda vart etablert i 1915. På Sauda Kino sine nettsider blir det skildra korleis Sauda opplevde det norske industrieventyret for om lag 100 år sidan. Sauda, og dei andre einsidige industristadene som vaks fram i same periode, blei spydspissar inn i det moderne Noreg, blir det skrive på nettsidene.

— Me håpar at dette kan bli ein god samlingsplass i sentrum, for dei som bur her og dei som besøkjer Sauda.

– Det moderne kom til uttrykk på mange vis; i industrien, arkitekturen, det rike foreiningslivet, mangfaldet av butikkar og kafear, og ikkje minst mentalt. Saudabuen fekk ein moderne og urban livsstil og saug til seg moderne tankar, idear og haldningar, står det på nettsidene til Sauda Kino. No er det på tide med nye takter i kulturhuset, og truleg har ikkje saudabuen dansa siste dans på Folkets Hus.


34

MITT RYFYLKE

BEREKRAFTIG LIVSSTIL Ho kallar seg sjølv ein moderne hippie. Elin Rydningen (51) har opna dørene til eit drivhus av dei sjeldne, her skal ein kunne feire bryllaup, plante sine eigne urter eller gå på kurs i økologisk og berekraftig livsstil. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: MEISTER FOTOGRAFI

E

lin Rydningen står i drivhusdøra og ler hjarteleg samstundes som ho vinkar oss inn i varmen. Ute trommar dei store vassdropane på drivhustaket, inne er det hjarterom og ein heilt særeigen atmosfære. Elin og gartnar Kjetil Grøtte har tent stearinlysa, dei heng opp på raude, innbydande chili, medan dei vandrar mellom urte-planter, blømande roser, gamle oljefat, ein pallesofa og eit gamalt badekar fylt med blomar. Drivhuset på Helland i Rennesøy er ikkje heilt som andre drivhus. Her veks det ikkje berre urter og blomar, det veks og meiningar og meiningars mot, det handlar om å ta vare på den jordkloden ein bur på, og ikkje minst våge å seie det høgt. Våge å innsjå at miljøvern ikkje berre er fine ord, men og handling. – Det er ingen løyndom at me bur i eit kjøp og kast-samfunn. Me kan ikkje ha det slik for framtida, men eg har tru på ungdommen, det veks ein trend for gjenbruk og om å ta vare på naturen på ein betre måte. Eg stolar på ungdommen, slår Elin fast. Sjølv står ho fjellstøtt midt i drivhuset, kledd i dongeribukse, svart t-skjorte og kufte. Håret er dandert i rette sveisen og dei svarte designbrillene dansar på nasen. Ho svingar seg gjennom drivhuset medan ho fortel

at her kan dei dekke til opp mot 140 bryllaupsgjester, eller at lag og organisasjonar har hatt alt frå tacokveldar til yoga-arrangement i drivhuset. – I min eigen 50–årsdag var me 190 gjester her, det var fullt hus, men det gjekk kjempebra, seier ho og kikkar rundt seg. I den eine enden av drivhuset er det ein eigen scene med piano, her er langbord som er laga av gamle dører og fargerike tønner fungerer som bord der det er utstilt stearinlys og fargerike dekorasjonar med grønsaker og blomar. Der andre ser rust og utdaterte møbler ser Elin sjel og eleganse. – Det er mange som stikk innom her og blir overraska. «Er det slik det ser ut», seier dei ofte. Og Elin er glad i folk, og glad i besøk. Før jul i fjor arrangerte dei den første julemarknaden i drivhuset. Det er også fleire aktørar som allereie er inne i drivhuset. Møyfrids urter har sin eigen parsell her, og Ledaal teppeveveri er her med si teppeutstilling. – Det er jo ein del av draumen, at andre småprodusentar kan ha jobben sin her, og at me kan selje mat produsert på lokale råvarer. Den tidlegare SV-politikaren er grøn til fingerspissane. Ikkje berre er ho

> Elin Rydningen har skapt eit spesielt landskap i drivhuset på Rennesøy. Ho er også gartnar og driv Blomen hage og landskap, der ho aller mest ynskjer å skape hagar med sjel.


MITT RYFYLKE

35


36

MITT RYFYLKE


37

MITT RYFYLKE

>

> Elin Rydningen og gartnar Kjetil Grøtte har tent stearinlysa, dei heng opp på raude, innbydande chili, medan dei vandrar mellom urte-planter, blømande roser, gamle oljefat, innbydande langbord og nokre ideologiske ord som er spikra på veggen.

ALCHEMILLA Elin Rydningen (51) driv Alchemilla på

miljøvernar og tilhengar av økologisk mat, klede og blomar. Ho er også gartnar og driv eit hagearkitektfirma som aller mest ynskjer å lage hagar med sjel, hagar som nesten snakkar på eiga hand. Ideen til å skape liv i gamle drivhus kom då ho tok studiet samfunnsentrepenørskap der ho

— Det veks ein trend for gjenbruk og om å ta vare på naturen på ein betre måte. Eg stolar på ungdommen. [Elin Rydningen]

kom i kontakt med fleire bønder som hadde slutta med drift i drivhusa, no sto berre husa igjen. – Då me flytta til Rennesøy hadde eg ikkje lyst til å bruka tid på køyring til Stavanger på jobb, og det var eit mål å bu nært på jobben. Då kom ideen om å skape noko nytt i det som var her frå før. Det var mange moglegheiter i dei tomme drivhusa, som sto her utan liv. Bøndene var og veldig opne for at me kunne skape noko nytt, seier Elin som opphavleg er frå Bømlo. – Me kan ikkje sjå på at desse flotte bygningane forfell. Det er godt å få inn nytt innhald i dei. I dag leiger ho drivhuset som er 1000 kvadrat, framover drøymer ho om fleire liknande hus. Grensene for kva drivhusa kan innehalde er det berre

fantasien som få fortelje litt Rennesøy, eit drivhus der ein kan feire bryllaup, plante sine eigne urter eller gå på kurs set. Draumen om kvifor eg i økologisk og berekraftig livsstil for å nemne er at dei to brenn for milnoko. I tilegg driv ho firmaet Blomen hage bedriftene jø og berekrafog landskap, der ho kan bistå med planhennar kan tig livsstil. legging av hagar og uteområde. få kontorplass Ho brenn for økologi og samla i drivRedesign berekraftig livsstil. huset. I dag har ho og gjenbruk er kontorplass i Ryfylke trendi, det er in å vere Næringshage i Vikevåg. oppteken av miljøvern og – Så drøymer eg om at andre grøne verdiar. Elin er glad for at skal bli inspirert, at me får til ein småspesielt yngre generasjonar ynskjer å skalaproduksjon av mat og urter, og at leve meir berekraftig. Ho løftar fram dette kan fungere som ein samlingspermakulturen, som i følgje Norsk plass for dei som vil produsere noko. Økosamfunns Forening kan bli defiTenk om me kunne fått opp eit kjøknert som eit planleggingssystem der ken med kule kokkar, det hadde vore ein baserer seg på å arbeide med, og spanande det, der me kunne selje mat ikkje mot naturen. I permakulturen er frå Ryfylke. ein oppteken av fornuftig forbruk og – Det er ein livsstil dette, slår ho fordeling av ressursar. Ein må forvalte fast og snur seg rundt. Drivhuset vart jordkloden på rette måten skal det vere opna i februar 2016 og Elin vil helst noko å ta over for komande generaikkje tenkje på alle arbeidstimane som sjonar, meiner Elin. er lagde ned på kort tid for å få huset Ho forsvinn inn på kjøkkenet og opp å gå. hentar sin eigen komponerte urtete I dag leiger dei inn kokkar til arrantil oss. Urtedrikken blir servert i små gement. Og maten som blir servert syletyglass med kvar sin rosa serviett skal i all hovudsak vere økologisk, aller rundt. Detaljane er viktige. helst skulle Elin sett at alt var økolo– Eg veit jo aldri heilt korleis smaken gisk, frå bryllaupskjolar til festmiddablir, men den er i alle fall laga frå botgar. nen av, seier ho og ramsar opp urtene – Me har hatt nokre økologiske brylsom har funne vegen oppi. Deriblant laup her, det er tøft. Men eg skjønar jo Alchemilla, eller marikåpe som ho og at ikkje alle som leiger lokalet her er blir kalla, denne planta som starta det like interessert i dette som meg, men heile, og som har gitt namnet sitt til det er viktig for meg å inspirere og drivhuset på Rennesøy.


Foto: Arnhild Marie Aarhus

Foto: Rune Håheimsnes / Sauda BCC

ANDRE STUDIETILBOD • Studiespesialisering • Elektrofag • Bygg- og anleggsteknikk • Tilpassa opplæring • Helse- og oppvekstfag • Teknikk og industriell produksjon • Industriteknologi • Byggteknikk

• Ambulansefag • Kjemiprosess • Helsearbeidarfag • Kjemiprosess • Barn og ungdomsarbeidarfag • Transport og logistikk

• ToppVolley Norge • Elenergi • Nettbasert 23 t påbygg

Toppidrett og friluftsliv med studiekompetanse i Sauda For unge ambisiøse park- og frikjørarar som ønskjer å utvikla seg mot eit nasjonalt toppnivå.

For deg som vil kombinera vidaregåande opplæring med variert friluftsliv og turleiarkompetanse.

CAMPUS SAUDA! HYBELBYGG MED 30 BUEININGAR OPNA HAUSTEN 2015.

Meir info: www.sauda.vgs.no, Facebook, tlf: 51 92 28 00, mail: sauda-vgs@skole.rogfk.no

LYSEFJORDEN VANDREFESTIVAL 12.–16. september 2018 Bli med på årets vandrefestival i Lysefjorden. Guida turar i Lysefjorden for deg som liker vandring, kulturhistorie og god lokalmat! www. hikingfestival.com Facebook: Lysefjorden vandrefestival

Tema nr 2 2018

Forsand & Strand

I neste nummer av Mitt Ryfylke er Strand og Forsand kommune tema. I nummeret møter me blant anna Anne og Harald Strand, som driv Ryfylke Vaktel på Strand gård på Tau. Dei sel vaktlar og vaktelegg frå eige oppdrett og eige godkjent slakteri. I tillegg har dei starta med oppdrett og sal av mangalitsakjøt frå utegåande ullgriser. Mørt, saftig og perfekt marmorert kjøtt viser at grisene har levd det gode og naturlege livet, fortel dei. Les meir om den spanande gründerhistoria i neste nummer.


39

MITT RYFYLKE

NY SJEF PÅ PREIKESTOLEN Helge Kjellevold trur erfaringa frå bilbransjen kan vere god å ha når han skal utvikle Lysefjorden og Preikestolen som berekraftige reisemål. TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR | FOTO: PRIVAT

D

et viktigaste er å utvikle og forvalte destinasjonen på ein berekraftig måte. Det inneber at destinasjonen skal vere berekraftig på natur, miljø og kultur, meiner Helge Kjellevold som nyleg starta i jobben som dagleg leiar for Lysefjorden Utvikling og Stiftelsen Preikestolen. - Vidare skal den vise igjen og vere forankra i lokalsamfunnet. Sist men ikkje minst skal den skape grunnlag for lønnsemd. Dette er ikkje gjort på kort sikt. Det er eit kontinuerleg arbeid som må vere forankra i ein strategi om kor me vil hen. I dette ligg det sjølvsagt mange enkeltprosjekt som i sum skal bidra til at Lysefjorden og Preikestolen framstår som attraktive reisemål for regionen og Norge, slår han fast. Lysefjorden Utvikling AS og Forsand Kommune har nettopp motteke merket for bærekraftig reisemål frå Innovasjon Norge og det forpliktar i det vidare arbeidet, slår han fast. – I tillegg til dette så inneber og jobben tilrettelegging og drift av alt som er knytt opp til sjølve trafikken til Preikestolen. Logistikk, parkering, tryggleik, miljø og tilrettelegging. Liknande ansvar har me og på Kjerag. Helge Kjellevold har brei erfaring. Han har utdanning frå både marknadsføring og reiseliv. I karrieren så langt har han blant anna drive vandrarheim på Bømlo, vore reiselivskonsulent og næringssjef i Hjelmeland, men dei siste 15 åra har han vore dagleg leiar i bilbransjen, no sist frå

Ålgård Auto. Ei erfaring han trur blir viktig, også i dette arbeidet. – Eg trur eg kan ha nytte av tre hovudområde. Først og fremst er kundefokuset viktig, det me held på med skal vere bra for kunden slik at me i neste omgang kan sikre lønnsemd. Det same gjeld både i bilbransjen og i Lysefjordenområdet. Me må utvikle ein destinasjon som er bra for gjestene, lokalbefolkninga og grunneigarane. Då kan me skape eit kommersielt grunnlag som er langsiktig. Dei andre punkta eg tar med meg er at eg er vane med stadig endring i forhold til marknad og trendar, og digitalisering og bruk av ny teknologi kombinert med miljø. – Her må vi ha eit langsiktig og berekraftig perspektiv, meiner Kjellevold. Sjølv stammar han frå Hengjane i Lysefjorden, der familien framleis er grunneigarar. Han er historieinteressert og kan fortelje mykje lokalhistorie frå fjorden. – Eg har vel stort sett vore overalt langs fjorden. I ungdommen jobba eg på Preikestolen fjellstue og sprang opp til «stolen» heile sommaren. – Kvifor trur du akkurat du fekk jobben? – Sei det. Eg har variert bakgrunn frå det offentlege og det private næringslivet. Dessutan har eg reiseliv som fag og har arbeidd med næringsutvikling. Eg trur eg er ein person som kan manøvrere mellom mange miljø. I tillegg trur eg at min styrke er ein viss

struktur kombinert med kreativitet. Dei første månadane i ny jobb skal han bruke til å bli kjent med nye arbeidsoppgåver og kollegaer, så startar snart ein ny høgsesong. Han er glad tidlegare sjef Audun Rake framleis er med på laget, sjølv om han er i god ferd med å bli pensjonist. – Kva blir viktig å tenkje på i forhold til tryggleik på turen til Preikestolen, som stadig fleire tar? – Tryggleik er viktig med tanke på at det kjem mange ulike menneske med ulik bakgrunn og forutsetningar for å klare turen. I tillegg har me ein trend der folk besøkjer Preikestolen og om vinteren. Ein kombinasjon av menneskelege ressursar, fysisk tilrettelegging og teknologi vil bli viktig framover. – Favoritt–tur i Ryfylke? – Det må bli inn til Hengjane. – Drøymer om? – Å få vere med å utvikle ein berekraftig reiselivsdestinasjon som me kan vere stolte av både lokalt og nasjonalt.

Helge Kjellevold

(48)

Bur: Vågen, Jørpeland Sivil status: Gift, 3 barn Aktuell: Tar no over sjefsjobben i Lysefjorden Utvikling og Stiftelsen Preikestolen


MAG

nettside

magasin

tekst

logo

medierĂĽdgjeving


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.