__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

10

Landbruk skapar verdi

God rekruttering med lĂŚrling

30

18

Portrettet: Aslaug og Olav Mala NR. 2 2017


I sal nå!

Kongeutsikt - Fitjafeltet

Rikdom kan vere så mangt. Opplevingar, natur, kjærleik. Lev. Nyt. Bu. i Etne

Tomter ute for sal nå!

Foto: Meister Fotografi

Prisar frå 590.000,-

Tomter

Skule

Barnehage

Sentrum

Turområde

Strand

47

1km

1km

1,5km

0m

1,1km

Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne kommune for utvikling og sal av tomter i Etne.

Epost: post@tomteselskapet-etne.no Telefon: 97 77 17 55


10

6

14

26

18 30

INNHALD 3

Innhald

14

Kvardag med sjøutsikt

30

Lærlingen og gamlingen

5

Leiar

18

Byr opp til dans

34

Kortnytt

6

Lagspelarar

26

Yrkesval og kompetanse

Frå jord til bord

29

Kommentar: Kjell Larsen

10

2 • 2017

3


At det er fleire og ulike «hjørnesteinsbedrifter», gjer at næringslivet og lokalsamfunnet har fleire bein å stå på.

Ansvarleg utgivar: Fikse Næringsutvikling Ansvarleg redaktør:

ve

it

Redaktør:

foto: Fotogra

fN

or

dt

Asbjørn Moe

Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling

Filter design & kommunikasjon Redaksjon: Filter design & kommunikasjon: Astrid Eidhammer Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar Maria Djuve Vågen

Mange bekkar små... Det er rundt rekna 250 bedrifter som er arbeidsgjevarar i Etne og Vindafjord, og i desse bedriftene jobbar det folk med til saman over 250 ulike yrke og fagkompetansar. Det er med andre ord mange interessante bedrifter og jobbar å velja i for deg som lurer på kva du skal bli når du blir stor, eller for deg som lurer på om du skal ta med familien og flytta frå Stavanger eller Trondheim til Skjold eller Skånevik. Me er så heldige at me ikkje berre har ei, men fleire store bedrifter med hundrevis av tilsette. Dette er utelukkande positivt. At det er fleire og ulike «hjørnesteinsbedrifter», gjer at næringslivet og lokalsamfunnet har fleire bein å stå på. Det betyr at me samla sett står ganske stødig, trass til dels store svingingar i enkeltbransjar og –bedrifter.

Formgjeving: Filter design & kommunikasjon Illustrasjon: Kristian Vedå Skålnes, Filter Foto: Svein Egil Økland Foto Fotograf Nordtveit Framsidefoto: Svein Egil Økland Foto Opplag: 6 500

Trass i, eller kanskje på grunn av, dei store bedriftene er også næringslivet vårt prega av ein stor underskog av mindre bedrifter. Fleire av desse er direkte eller indirekte leverandørar til aktiviteten i dei større bedriftene, medan andre har heilt andre kundar og marknadar. Til saman utgjer dei mindre bedriftene ein stor del av dei vel 4000 private arbeidsplassane i distriktet og ein betydeleg del av ei samla omsetjing i næringslivet vårt på opp i mot 15 milliardar kroner. Alle desse småbedriftene, dei fleste med lokalt eigarskap, gir eit svært viktig bidrag til lokal verdiskaping og enno fleire interessante jobbar for oss arbeidstakarar. Dei er kanskje av dei ivrigaste når det kjem til sponsing av idrettslag, skatepark eller speidaren. Fordi dei er opptatt av å bygga gode lokalsamfunn.

Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane til bedrifter i Etne og Vindafjord.Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

Me slår eit slag for eit mangfaldig næringsliv, og seier: Små bedrifter – store verdiar! God lesning! Hovudsa ma rbeidspa rtna r

2 • 2017

5


Det er ikkje kvar dag ein kan få prøva å scora mål på ein tidlegare elitespelar. Lars Øvernes (28) gjer sitt beste, sjølv om han ikkje har fått varma opp.

Lagspelarar For Lars Øvernes (28) er lagspel like viktig i heimen og i klasserommet som i fotball. Etter mange år som elitefotballspelar har han og kona Hanne Gravelsæter Øvernes flytta heimatt til Etne med dottera Marie.

Fotballinteresserte jenter og gutar i Etne har fått med seg at at den nye læraren til 3. klasse på Eng skule har fleire år bak seg som målvakt i eliteserien og nå voktar målet for A-laget i Etne. Elevane i 7. klasse ved Enge Skule er ikkje vanskelege å be når dei blir spurt om dei vil prøva å scora mål på tidlegare elitespelar Lars Øvernes i slutten av timen med fysisk aktivitet. Dei vil meir enn gjerne få ballen i nettet. – Eg kan ikkje slenga meg så lett utan at eg har varma opp, då kan det fort bli skadar, smiler Øvernes lurt til dei håpefulle. Der har dei ein fordel. Nokre ballar sit godt i nettet. Her er mange med god skuddfot. Men fotografen gjer heller ikkje jobben enklare for målvakta, når han flyttar straffepunktet så nær mål som råd, for å få både elevar og Lars med på biletet. Eit halvt år er gått sidan Lars og Hanne Gravelsæter Øvernes (27) flytta til Etne saman med veslejenta Marie. Planen var å finne seg ei tomt å bygge hus på i

6

2 • 2017

Etne. Men så kom eit hus etter deira smak opp for sal nær sentrum, som dei slo til på. Nå prøver me så godt som råd å koma oss inn i vår nye kvardag her i Etne, fortel dei. For sjølv om dei er vaksne opp i Etne, er det annleis når ein som vaksen skal slå rot med familie, eigen heim, jobb og jobbsøk. Lars starta i haust som lærar for 3. klasse ved Enge skule, og Hanne er på jakt etter fast jobb som sjukepleiar. Men ho er ikkje arbeidsledig av den grunn, og er titt og ofte inne som vikar på sjukeheimen i Etne. Ho syns det er spennande med den nye sjukeheimen som reiser seg og moglegheitene det blir for både tilsette og bebuarar der. – Eg har alltid hatt lyst å bli sjukepleiar, fortel ho. Eg trivst godt med å jobba med folk. For Hanne har utdanningsvalet som sjukepleiar vore ein fordel. Det har alltid vore jobb for meg som sjukepleiar, der Lars har spelt fotball. Ho gjekk frå full stilling på avlastingsbolig på Sandnes då dei valde å flytte heimatt. Medan Lars gradvis har trappa ned frå 2. divisjon


God stemning på heimebane:Lars og Hanne Gravelsæter Øvernes er klar for å la dottera Marie veksa opp i same miljø som dei sjølve har gjort i Etne.

2 • 2017

7


I rolla som lærar tek Lars Øvernes med seg mykje av tankane for lagspel på fotballmatta. Til vanleg er han lærar for 3. klasse på Enge Skule. Her er han saman med 7. klassingar som har fått testa skuddfoten på den erfarne målvakta.

Både fødsel og bryllaup måtte planleggast etter terminlista Lars Øvernes

har Hanne børsta støvet av fotballskoa etter dei flytta heimatt til Etne i mai og blitt med på treningane til «Old Girls», som møtest ein gong i veka. – Det er godt å berre møtast for å spela fotball for trim og den sosiale biten, seier Hanne. Om Hanne ikkje har tatt fotballen til eit profesjonelt nivå har ho mange år bak seg på jentelag i Etne. Der var ho med som midtbanespelar heilt til ho gjekk ut av vidaregåande i Ølen og flytta til Haugesund for å starta på sjukepleien. Lars flytta frå Etne til Haugesund etter 10. klasse for å gå på fotballinja på Holgersen toppidrettsgymnas, og derifrå har han og Hanne flytta og budd der ballen har rulla i eliteserien. Med oppstart i Haugesund frå 2008 -2012, via HamKam 2013-2014 før han trappa ned og hadde siste runde i 2. divisjon på Sola sesongen 2015-2016. – Både fødsel og bryllaup måtte planleggast etter terminlista, fortel Lars. Hanne smiler. Han understrekar at det krevs ein partnar som har forståing og interesse fotball, når ein vel å leve av fotballdraumen. Det kan røyne på tolmodet til ein kvar sambuar når kvar søndag frå april til november er sett av til fotballkampar i sesongen. I tillegg hadde Lars maks ti samanhengande feriedagar i løpet av sommaren som elitespelar. Men noko fotballfrueblogg har Hanne aldri vurdert å starta opp. Lars likar å jobba med folk og trivst godt i lærarrolla. Utdanninga har han tatt over fleire år fag parallelt med tida som fulltids fotballspelar. Han har engelsk med fordjuping, samfunnsfag og RLE som fag. For tida tek han og Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU) på deltid i tillegg til lærarjobben. I 2013 starta han som ringevikar og har sidan han i 2015 trappa ned elitefotballen har han

levd av å vera lærar. Frå januar i fjor var han fast tilsett på mellomsteget på Bogafjell skule på Sandnes. På barnesteget på Enge Skule er han aleine som mann, og merkar fort at han blir eit førebilete for dei små. Men målet med jobben som lærar er og å skapa det gode miljøet og samhaldet i ein klasse. Lagspelet han er van med frå fotballbanen tek han med seg og han brenn for å bygga eit godt miljø i klasserommet. – Eg treng dei og dei treng meg, seier han. Som lærar er ingen dag lik og han har ei von om at jobben som lærar i framtida og kan gi han rom for læring og at det ikkje blir for mykje byråkrati, som han meiner kan ta piffen frå ein kvar som brenn for læraryrket. I juni i fjor vart to til tre og foreldrerolla gjorde at både Lars og Hanne var klare for å realisere tanken om å endra både livsstil og heimkommune. For fyrste gong på mange år så er det ikkje lengre fotballen som styrer livet deira. – Tanken om at me skulle flytte heim til Etne har alltid vore der, fortel dei. Me ønskte å bu nærare familien og gi jenta vår ein oppvekst tilsvarande den me har hatt sjølv. Dei har begge vore aktive på fritida i oppveksten og nytt godt av det breie fritidstilbodet dei meiner finst i kommunen. Lars var med på fotball og spela gitar i kulturskulen, medan Hanne var med på både fotball og turn. Og flyttar ein tilbake blir det lagt merke til. – Tilboda om å delta i det frivillige lagsarbeidet har allereie kome til oss begge, smiler dei. Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Svein Egil Økland Foto


Medvind24 Næringshage har ledige kontorplassar i Ølensvåg og Sandeid! Me tilbyr ■ eige kontor eller felles kontor med andre leigetakarar

■ tilgang til funksjonsløysingar for print/kopi

■ ein livleg arbeidskvardag i eit ekspansivt næringslivsmiljø

■ tilgang til kontoret 24 timer i døgnet

■ eit stort nettverk av innovative bedrifter og

■ tilgang til store og moderne møterom

sparringpartnarar frå ulike bransjar

■ moglegheit til å bruke kantine (i Omega-bygget)

■ god teknisk og administrativ infrastruktur

TA KONTAKT: Kari Aakra

971 88 516

post@medvind24.no

medvind24.no

Foto: Øyvind Sætre

Bli med oss

Ekte arbeidsglede! Me i Bremnes Seashore har som mål å vera leiande på produksjon av ferske kvalitetsprodukt frå laks. Dette betyr at me som jobbar + her brenn for utvikling og nye løysingar. For å halda oss i teten + treng me engasjerte, arbeidsame og dyktige medarbeidarar. + Me tar hand om heile verdikjeda og har difor behov for flinke + folk på alle stadium i produksjonsprosessen. + Rogn

Settefisk

Matfisk

Hausting

Foredling

Sal/ marknadsføring

H82

Me produserar årleg i gjennomsnitt

H82

Nokre av fagretningane me har i bedrifta vår: • Leiing • Økonomi • Kvalitet • HMS • HR • IT • Sal og marknadsføring H82

H82

Fagarbeidarar innan: • Akvakultur • Automasjon • Industrimekanikk • Kontorfaget • Logistikkfaget 1 3 2 • Sjømatproduksjon

2

1 3

H82

2

1 3

Les meir om oss på www.seashore.no og www.salma.no Tlf: +47 53 42 82 00 E-post: bremnes@seashore.no

2

Ingeniørar innan: • Akvakultur 1 • Automasjon 23 • Biologi • 1 Bygg 1 3 23 og anlegg 2 • Havbruk

1 3

2

1 3

2

1 3

Sjå2våre ledige stillingar på: seashore.no/karriere 1 3

20

middagar pr. nordmann


FRÅ JORD TIL BORD Bonde Knut Ole Matre (38) i Etne er ein av mange bønder som satsar og har tru på framtida. Kva verdi skaper landbruksnæringa for næringslivet elles i regionen?

Butikk

Det er onsdag og fridag i barnehagen for barna Olai på fem og Emil på eitt år. Medan kona Anette G. Matre er heime frå jobben i Småfolk barnehage står bonden sjølv, Knut Ole Matre, fjellstøtt midt på tunet på garden Madsgård og ventar på oss. Han spenner forsiktig i småstein medan han tenkjer over spørsmålet: kva betyr eigentleg bonden for resten av næringslivet? – Det er utruleg mange arbeidsplassar som kan relaterast til bonden. Det er viktig å tenkje på, meiner Knut Ole Matre. Han peikar på at det truleg har vore ei investering på ein stad mellom 50 til 70 millionar kroner i nye driftsbygningar i Etne dei siste 7 – 8 åra. Han viser til at bøndene er store kundar hjå både byggentreprenørar, elektrikarar, transportfirma, slakteri og rådgjevande firma. Stor optimisme i landbruket skaper også verdi for andre, meiner han. – Det er mange bønder som satsar i Etne. Mykje av grunnen til at det er fleire her som investerer enn i Vindafjord trur eg handlar om fylkesgrensa som går over Fikse. I Rogaland må dei betale om lag dobbel pris for å leige mjølkekvote som i Hordaland. Det viser igjen. Sjølv driv han samdrift med broren Øystein Ma-

tre. I 2011 bygde dei nytt kaldfjøs på garden til Knut Ole på Madsgård. Her har dei totalt 240 storfe med kyr, kviger, kalvar og stutar, dei har ein mjølkekvote på 540 000 liter. I tillegg har dei 40 vinterfora sauer på garden til Øystein. Det er Knut Ole som har hovudansvaret for drifta, medan broren arbeider som tømrar i tillegg. Samdrifta leiger mykje jord, dei driv til saman 500 mål med dyrka jord. Som regel er samdrifta sjølvberga med for, men etter dårlege avlingar kan det bli press på fortilgangen. Fjøset bygde dei med hjelp av mykje eigeninnsats, dermed kunne dei få opp bygningen på 2,5 mål til ein prislapp på åtte millionar. – Rett etter bygging er det klart det er ein sårbar økonomi, men i etterkant har me klart å bygge opp ei grei inntening på gardane, meiner Matre som igjen peikar på at den sitjande regjeringa har opna opp for investeringsvilje i landbruket, men også gjort det ekstra sårbart for dei største bruka dersom dei vel å redusere tollvernet. I tillegg ser han at det ikkje er bra at regjeringa i så stor grad satsar på dei store, ikkje minst sidan mykje areal då vil gå ut av drift, meiner han.

Slakteri Transport

10

2 • 2017


“ Begge slakteria i regionen er naturlegvis avhengige av vekst og utvikling i landbruket. – For oss er det viktig med optimisme i landbruket, og me må utvikle oss me og. Me ser jo at forbrukaren vil ha andre varer no enn før. No skiftar matvarer med sesongane heile tida, før var det meir statisk, fortel Svein Fatland. Familieselskapet i Ølen har ei lang historie, det er lenge sidan Rasmus Fatland starta med slakting i 1892 i Vikedal, og seinare flytta til Oslo for å selje kjøt for slaktarar i Sunnhordland og Jæren. I dag har konsernet ein omsetnad på 4,3 millard og har ei slaktemengde på 37.000 tonn, noko som er om lag 17 prosent av norsk produksjon. I dag er det 550 medarbeidarar som arbeider med kjøt i Ølen, Oslo, Sandefjord og på Jæren, av desse er 350 tilsette i Ølen. Svein Fatland slår også eit slag for utvikling av lokale og kortreiste produkt. – Det er jo vanskeleg for oss å seie noko om kor stort dette kan kome til å bli, men nisjeprodukt trur me vil bli endå større enn det er i dag, meiner han og viser til at dei arbeider med produkt som Ryfylke Mat og Hardangerlam. – Lokale matvarer med særpreg trur eg absolutt er ei av dei retningane landbruket bør satse på. Dette er i skotet, folk er opptekne av sunne og kortreiste produkt, seier Svein Fatland. Matvareproduksjon endrar seg veldig raskt. Ta husmannskosten til dømes, den er på veg inn

Om lag 60 – 70 prosent av vår omsetjing er relatert direkte inn mot landbruket.   Geir Hustvedt, Hustvedt & Skeie

igjen, men folk har jo ikkje tid til å lage mat heile dagen, så den må vere så ferdig som mogleg når den kjem ut til forbrukar. Også Britt Randi Stokkevåg i Nortura legg vekt på at landbruksnæringa i Vindafjord og Etne er viktig. – Det er to store landbrukskommunar med mykje volum og god kvalitet på dyra, meiner ho. Nortura Sandeid har 60 fast tilsette, i tillegg til at dei tek inn 55 sesongarbeidarar på hausten. Totalt utgjer dette 108 årsverk der om lag 80 av årsverka er frå regionen. Samfunnsrekneskapen deira viser at dei kjøper varer og tenester frå underleverandørar til ein verdi av 48 millionar kroner, i tillegg til at dei betaler ut 383 millionar kroner til landbruket. – Det er viktig for oss å ha eit aktivt landbruksmiljø i nærleiken til slakteriet. I lag blir me då sterkare, slår ho fast. – Kva tenkjer du om satsing på kortreiste produkt som nisjeutvikling? – Nortura Sandeid arbeidar ein del med dette, og har så langt to satsingsområde som er Lam frå Hardanger og Stjernelam frå Voss. Det er mogleg at dette vert utvida til andre produkt frå nærområdet også. I tillegg har nokre av våre medlemmer også utvikla sitt eige konsept, der me slaktar for dei og dei produserer og sel sine eigne produkt. Det er flott at våre medlemmer klarer å få meir ut av sin produksjon på denne

måten, og det er med å halde engasjementet for spesielle produkt oppe hjå lokale forbrukarar. Det er særs viktig å halde kvaliteten på produkta på eit høgt nivå. Dette vil mellom anna vere viktig for omdømmet og interessa for slike produkt i framtida. Det skal vere spesielle produkt, og ha ei god historie. Geir Hustvedt i Hustvedt & Skeie er klar i sin sak. – Om lag 60 – 70 prosent av vår omsetjing er relatert direkte inn mot landbruket. Me har 50 arbeidsplassar hjå oss, og me hadde ikkje eksistert viss det ikkje hadde vore for landbruksnæringa. Transportfirmaet i Sandeid har 30 vogntog som går for Fatland i Ølen og tre vogntog som går for Felleskjøpet. Dei har ein omsetnad på 80 millionar totalt, der altså minst 60 prosent er landbruksrelatert. – Berre i Vindafjord kommune anslår eg at det er om lag 200 arbeidsplassar i transportnæringa som er relatert opp mot landbruket. I mange transportnæringar ser ein jo at utanlandske aktørar tar over. Matvare – og dyretransport er framleis på norske hender, me får håpe at det held seg slik i framtida også, meiner Geir Hustvedt før han også slår eit slag for betre samferdsle.

Det er viktig for oss å ha eit aktivt landbruksmiljø i nærleiken til slakteriet.  Britt Randi Stokkevåg, Nortura

Butikk Transport

2 • 2017

11


I Rogaland må dei betale om lag dobbel pris for å leige mjølkekvote som i Hordaland. Det viser igjen.   Knut Ole Matre

Bonde Knut Ole Matre (38) i Etne er ein av mange bønder som satsar og har tru på framtida. Sjølv driv han samdrift i Etne saman med broren Øystein Matre.

– For vår region er det veldig viktig at me får god standard på E134, for at me skal ha ein god veg både ut og inn i regionen. Jon Oddvin Moe er butikksjef hjå Felleskjøpet Etne. Han viser til at minst halvparten av omsetnaden hjå dei er landbruksrelatert. – Me har hatt ei satsing dei siste åra på å også kunne ha eit breitt varespekter ikkje berre retta mot landbruk, men også hus og hytte. Det er jo ei satsing medlemmene våre, altså bøndene har bestemt. Og det er jo sjølvsagt vanskeleg å vite kven som er kundane på alle varene, bøndene kjøper også hundefor og støvlar. Og i tillegg kjem sjølvsagt sal av traktorar, maskiner og utstyr til landbruket. Felleskjøpet Etne har 12 faste tilsette, som utgjer om lag 10 årsverk. Butikken opplevde ei auka omsetnad etter at dei flyttare nærmare vegen. Våren 2016 flytta dei saman med COOP inn i nye og moderne lokale i Etne sentrum. Noko som også gjorde at stadig nye kundegrupper fann vegen inn. – Bøndene har jo alltid visst kor me var, men no er det mange nye kundar som finn oss, fortel Jon Oddvin Moe. Moe meiner handelen som er landbruksretta held seg stabil. Om det blir færre bruk så blir gardane større og ein har behov for fleire varer. – Eg meiner bøndene her er flinke til å satse og halde seg oppdaterte. Det er viktig for oss at det er framtidstru i landbruket, slår Jon Oddvin fast. 12

2 • 2017

Tveit Regnskap har lang erfaring med landbrukskundar. Då Jarle Tveit starta bedrifta i Skjold i 1969 var det nettopp bøndene og utfordringane dei fekk med innføringa av meirverdiavgifta som vart plattforma i bedrifta. Hovudkontoret til Tveit Regnskap ligg framleis i Skjold, i tillegg har dei 15 ulike avdelingskontor på vestlandet. Dei har totalt 173 tilsette, og har om lag 1700 landbrukskundar i tillegg til 2700 bedriftskundar. I 2016 hadde Tveit Regnskap ei omsetnad på 143 millionar kroner. – Me har brei kompetanse på landbruksrådgjeving, og kan serve bonden på det meste han treng rådgjeving om, seier Andreas Lundegård, rekneskapsførar og rådgjevar landbruk i Tveit Regnskap. –Bøndene investerer og investeringsviljen speglar at bøndene har tru på framtida, det generer sjølvsagt jobb for oss, meiner Andreas. Dei ser at det i framtida vil bli like så mykje behov for rådgjevingstenester som sjølve rekneskapsføringa, den vil med tid og stunder bli meir automatisert. – Det blir færre bønder, men dei som blir igjen har desto større behov for rådgjeving. Ikkje minst sidan dei blir store og investerer mykje. Viss du tidlegare hadde 120 000 liter mjølk i kvote hadde det ikkje så mykje å seie om ein fekk 20 øre i betre resultat for literen. Dersom ein derimot har 500 000 liter i kvote så er det plutseleg 100 000 kroner ekstra inn. – Mange av dei bøndene som driv stort

brukar oss også mykje, me er tett på dei i kvardagen, slår Andreas fast. Extra i Etne har eit godt samarbeid med både Fatland og Nortura, i tillegg har dei ei tydeleg satsing på å ta inn lokalproduserte matvarer. – Me er ein stor kunde hjå både Fatland og Nortura, dei har og gode folk som besøkjer butikken og som fylgjer oss godt opp. Det er viktig både for oss og kundane, det som kundane ynskjer og etterspør, det tar me inn i butikken, seier butikksjef Kjetil Lillegraven. – Det er kjekt å kunne ha produkt frå mellom andre Skakkelaks eller Johs. Lundal. Folk er veldig bevisste på kva dei ynskjer å handle, og då må me vise fram dei flotte, lokale produkta våre. Han er soleklar på at eit aktivt landbruk er viktig for både regionen og matvarebutikkane i Etne og Vindafjord. – Dette heng saman, me er heldige som bur i ein kommune med ei god landbruksnæring som gir oss mange varer. Me bidreg saman til vekst og utvikling for bygda, meiner han. Extra har no 20 tilsette og opplevde ei dobbling av omsetnaden våren 2016 då dei flytte inn i nye og sentrale lokale saman med Felleskjøpet. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit Illustrasjon: Kristian Vedå Skålnes


BU I VINDAFJORD

Kariann Eide har hatt fast jobb som feiar i Vindafjord kommune sidan 2014. Er frå Yrkje i Tysvær, men har tatt med seg mann og kjøpt hus i Skjold.

Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · · · · · ·

Imponerande tal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag

I mange år har Vindafjord kommune sendt ut brosjyre til alle innbyggerane med «kommuneturar». Til stor glede for mange. Det er rart med det, men me kjenner ikkje alltid miljøet me bur og lever i. Å bli godt kjent med oss sjølve, dei me bur saman med, naboen, bygda, kommunen... Det er mykje godt å finna for den som leiter seier dei. Vindafjord har svært mykje å by på.

Ut på tur frå Vindafjord

Granberg reiser til Dubai med hanskar, Westcon tek turar til Polen, Omega til kontorer i Amerika, Kaldheims Auto på kurs i Oslo, Knapphus Energi leverer til Stavanger... Mange store og små bedrifter og tilsette i stat og kommune reiser dagleg frå og til Vindafjord i ulike ærend. Det gjer kommunen både vital og sentral. Dei som arbeider i Vindafjord kommune vil gjera sitt beste for at alle skal ha ein god plass å bu og «tura på» med det dei likar best.

arbeider for å yta på sitt høgste nivå

Dei kan sjå lyst på det dei som bur i Vindafjord.

Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

God tur.

vindafjord.kommune.no

VITAL OG SENTRAL

Vinnarskalle.no

Ut på tur i Vindafjord


Ein seier jo at ein bør byggje to – tre hus før ein blir nøgd. Me kryssar fingrane for at me klarer det på første forsøket. Vegard Nordveit

KVARDAG MED På Tinghaugfeltet i Vats kan du sikre deg solrike tomter med kort avstand til skule, barnehage og idrettsanlegg. Vegard Nordveit og Anne Mai Jekteberg har allereie sikra seg ei av tomtene med sjøutsikt.

14

2 • 2017

– Me trur dette blir veldig bra, sjølv om det er nokre utfordringar med ei så bratt tomt. Det er 12 meter i høgdeavstand, så me treng litt muring, seier Vegard Nordtveit og viser oss veg ned i det som skal bli drøymetomta i Tinghaugfeltet. I dag er det jordhaugar og store steinar, men Vegard har det klart for seg korleis dette kan bli sjåande ut i framtida. For dei var det viktig med sentral plassering i Vats, og ikkje minst å få sjå sjøen. Han og kona Anne Mai Jekteberg er glade dei klarte å sikre seg ei av dei populære tomtene i det nye feltet. Her er allereie fem av ti tomter selde. Vegard meiner også tomtene er populære sidan det er kort pendlaravstand til ein stor arbeidsmarknad. Morten Helland i Vindafjord Tomteselskap er samd i at tomtene er attraktive. – Tomtene har nærleik til skule, idretts – og kulturanlegg. Det er og flott utsikt ut over sjøen,

fortel Helland som er dagleg leiar i tomteselskapet. Selskapet er no ferdig med å byggjemodne tomtene, no står salet for tur. Nordbohus har kjøpt ei tomt der dei no byggjer ein seksmannsbustad, der fem av seks leiligheiter allereie er selde. Dei andre fire tomtene som er selde er det private som har overtatt. Vegard og Anne Mai bur i dag på Stokkafeltet, og ville gjerne bli verande i Vats. Ikkje minst er ønsket om å bygge sitt eige drøymehus sterkt. – Her har me sjansen til å byggje for framtida. Me har latt oss inspirere av mange flotte hus, og no vil me gjerne byggje vårt eige, akkurat slik me ynskjer det. Me satsar og på at me no byggjer for framtida, og at me kan få alt det me treng på eit plan. Så får me sjå om det blir to eller tre etasjar totalt, fortel Vegard. Men det hastar ikkje med å få huset ferdig. Dei


Vegard Nordtveit og kona Anne Mai Jekteberg er glade dei klarte å sikre seg ei av dei populære tomtene i det nye feltet på Tinghaug. Me trur dette blir veldig bra, sjølv om det er nokre utfordringar med ei så bratt tomt. Det er 12 meter i høgdeavstand, så me treng litt muring, seier Vegard Nordtveit og viser veg ned i tomta.

SJØUTSIKT bur godt der dei er no, likevel hadde det vore stas om dei var ferdige til minstemann, som i dag er to år, er klar til å byrje på skulen. – Eldstejenta byrjar på skulen neste haust, då er me nok neppe på plass her, slår han fast. For både han og kona var det viktig å kunne bu tett på det som er nært og kjent i bygda. – Me har familie og venner her, og ynskjer å busetje oss her. Det var viktig for oss å flytte heim igjen, seier Vegard. Etter seks år som busett i Haugesund var han ferdig med bylivet. – Det blir ikkje det same med byen når ein er oppvaksen i Vats, slår han fast. Den tidlegare fotballspelaren er utdanna innan rekneskap, og i dag arbeider både han og kona i familiebedrifta Knapphus Kjøkkensenter. Anne Mai har bakgrunn innan sal og service. – Ein seier jo at ein bør byggje to – tre hus før ein

blir nøgd. Me kryssar fingrane for at me klarer det på første forsøket, fortel Vegard og ler. Det er mykje ein skal tenkje gjennom, og mange detaljar som skal på plass før nyhuset står klart. Utvikling av gode og attraktive tomtefelt i alle bygder, er eit godt rekrutteringstiltak, meiner Morten Helland. – At ein får på plass attraktive tomter i alle bygder vil forhåpentlegvis resultere i at fleire vil etablere seg i Vindafjord, seier Helland. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

FA K TA Tinghaugfeltet. Tomtefelt i Vats. Feltet har kort avstand til skule, idretts – og kulturanlegg. Fem av ti tomter er allereie selde. Nordbohus har kjøpt ei tomt der dei no byggjer ein seksmannsbustad, der fem av seks leiligheiter er selde.

2 • 2017

15


For salg:

BOLIGER OG HYTTER ETNE • VINDAFJORD • ODDA Ta kontakt med Anders Mæland på telefon 909 66 711

A1 GRAFISK

Har du tomter for salg? Ta kontakt!

BYGG

BETONG

EIENDOM

medvind24.no Nyhetsportalen for og om eit næringsliv i medvind. Me gir deg godsaker frå både store og små bedrifter i Vindafjord.

TIPS OSS OM DET SOM SKJER:

post@medvind24.no 971 88 516


HELGELAND

Trass tøffe tider i marknaden, er me i Westcon optimistar. Me veit at det vil koma nye oppdrag å kjempa om. Desse jobbane skal me vinna. Oppskrifta er enkel: Me skal ha dei klokaste hovuda, dei beste anlegga og dei leiande systema. Me satsar derfor stort på kontinuerleg forbetring av verksemda vår, også i tider med motvind.

ÅLESUND

FLORØ

STORD

ØLEN HAUGESUND KARMSUND

ØY VIND SÆTRE

Rustar oss for framtida

STAVANGER

Ved verftet vårt i Ølen har me investert i nye verkstads- og monteringshallar, miljøstasjon og verdas største røyrbøyingsmaskin. Dette styrker konkurransekrafta vår og rustar oss for nye oppdrag.

westcon.no

Sånn er det å være kunde i Tveit. En enklere hverdag, større frihet og mer fritid. I Tveit har vi bare lokalkontor, 16 av dem. Fra Stavanger i sør til Bergen i nord. Derfra fører vi regnskap og rådgir 2700 bedrifter og 1700 jordbrukskunder. Vi arbeider ut fra den filosofi at vi skal være tilstede der du er. Moderne, kompetente, engasjerte – nær deg.

www.tveit.no

APPEX MADE THIS! Foto: Meling

FRIHET ELLER KONTROLL?


PORTRETT

BYR OPP TIL DANS Aslaug Olden Mala (76) har aldri drøymt om å vere veggpryd. Ho og mannen Olav Mala (81) dansar framleis taktfast, både som ektepar og som gründerar bak suksessen Old River Saloon.

Mor sa ofte at det alltid ordnar seg for Aslaug. Det er noko i det. Aslaug Olden Mala ler så heile kroppen ristar. Ho har opna dørene til Old River Saloon i Etne på ein føremiddag, nett no er konsertscena tom og stolane i det som fortonar seg som «huset på prærien» står nakne og tomme. 76-åringen småspring over golvet, til ære for fotografen har ho funne fram knallraude cowboy-støvlar og passande cowboyhatt. I den gjennomførte saloonen møter den ville westernhistoria moderne amerikansk 60-talskultur. Her sit det mykje historie i veggene. Det er snart 20 år sidan den gamle marknadshallen vart flytta ned her, og arbeidet med å bygge opp den unike saloonen starta. Rett før jul i 1999 opna dei dørene, etter den tid har det vore jamn lyd av taktfaste countrytonar og klirring frå ølglas. – Dagen me opna var det litt slik at eg heiv vaskebøtta ut eine døra medan køen for å kome inn vaks seg lang i den andre. Folk var forvitne kan du skjøne. Me må attende til tidleg 90-tal for å finne starten på historia. Aslaug hadde nyleg overteke familiegarden i Etne og spørsmålet dukka opp: kva skal me gjere her. Då dei fekk tak i den gamle marknadshallen til Etnemarknaden kom ideen om å få på plass fleire og større stallplassar enn dei hadde på garden frå før. I tillegg har dei også drive med korn og jordbær på garden, i dag haustar dei garden, men har 18

2 • 2017

ikkje dyr lenger. – Det var naturleg for oss å bygge ut ein stall her som var større enn den me hadde frå før. Eg hugsar ein journalist frå Haugesunds Avis var her og lurte på kva me skulle gjere med den andre delen av huset. Det hadde eg i grunn aldri tenkt på, men då slo det meg: det må jo sjølvsagt bli ein saloon. Dermed var planen klar, eg kunne jo ikkje gå tilbake på det når det sto i avisa, seier Aslaug Olden Mala. Og ho var ikkje åleine. Den gongen akkurat som i dag, er mannen Olav Mala (81) med på det meste, om det er som vaktmeister eller bartender. Han stiller i saloonen kvar morgon, for å rydde og vaske. Ho blir ofte sitjande heime med papirarbeid. Saloonen er ein stor arbeidsplass, og det administrative arbeidet krev sitt. – Me deler på oppgåvene her. Men det er jo eg som pratar mest. Olav likar seg betre i skuggen. Slik er det berre. Det er godt å vere to, det hadde ikkje gått å vore åleine om alt dette. Denne dagen er Olav litt seinare enn planlagt, ein hastetur til tannlegen er grunnen til det. Ekteparet Mala er nemleg nett komen heim frå ein busstur til Sverige. Ein pensjonisttur som gav Aslaug forkjøling og Olav tannproblem. – Veit du, me passa ikkje heilt inn der. Då dei spelte De nære ting med Kurt Foss og Reidar Bøe på bussen tenkte eg; kor gamle er desse folka. Eg ville jo heller hatt Bruce Spring-

steen eller Stavangerkameratane. Eg kjenner meg jo ikkje gammal i det heile tatt. – Eg er ganske sikker på at me held oss yngre sidan me går i miljøet her. Her er både unge og gamle, og me må fylgje med i musikkbiletet, me må satse litt på å få dei store namna inn. På veggen har dei skrive alle saman. Vassendgutane, Lothepus og Stavangerkameratane. Med svart tusj har Plumbo skrive: «Plumbo har vært her…tror vi. Old River er konge. Hilsen Møkkamannen». Helsingane på veggen vitnar om artistane kjenner dei blir tatt godt i mot, mange føler det nesten er som å kome heim til Aslaug og Olav. – Eg hugsar gutane i Plumbo skulle reise vidare etter konserten. Men de må jo få mat først, slo eg frampå. Og kven sto ikkje ute på det rotete kjøkkenet her og åt brødskiver med syltetøy. Det er slikt dei minnest, seier Aslaug og mimrar tilbake. Ho hugsar dei alle, artistane som kjem med buss og som har lange lister over kva dei ynskjer av mat og drikke. Eller Lothepus som var nøgd så lenge han kunne få øl i baren. Å gå inn dørene på Old River Saloon er som å gå inn ei anna verd. Det vart bygd ein modell av korleis saloonen skulle sjå ut, og Aslaug reiste til USA saman med svigerdottera, til sjølvaste Nashville for å handle inn nips. Då Aslaug kom heim frå USA måtte Olav stille på flyplassen med bil og hengar, så mange trofe


Aslaug Olden Mala (76) og mannen Olav Mala (81) trivest godt på jobb. Old River Saloon er blitt ein populær møteplass for mange.

2 • 2017

19


Aslaug og Olav er både ektefeller og kollegar. - Det er godt å vere to, det hadde ikkje gått å vore åleine om alt dette, seier Aslaug.

FA K TA Namn: Aslaug Olden Mala Alder: 76 Aktuell: Driv Old River Saloon saman med mannen Olav Mala (81), dei har også planar om å utvikle meir i Old River Village. Les: Er avisoman. Les fem aviser fast. I tillegg til fleire nettaviser. Høyrer på: Bruce Springsteen , Björn Svante Afzelius og Johnny Cash. Førebilete: Mormor, ho var litt som meg, eg liknar nok litt på henne. Eg hugsar ofte på mottoet hennar: er det vilje er det veg.

20

2 • 2017

hadde ho med seg heim. Ingenting i saloonen er tilfeldig. Bak scena heng fronten på ein rosa cadillac, det er trafikklys i baren og James Dean tronar på veggen. – Eg har alltid vore litt forelska i James Dean, vedgår Aslaug og nikkar mot plakaten med 60-talsstjerna. Ho fortel om alle dei som har vore innom og latt seg fascinere av alle detaljane. Mange ser jo meir på dagtid når dei er innom her, ikkje alle hugsar likegodt frå laurdagskvelden, seier ho og smiler. Ho har berre godt å seie om pubgjestane, lite tull og mykje triveleg lag med kjekke folk er dommen over 20 år i utelivsbransjen. No har ho og ni andre også tatt kurs som politigodkjende ordensvakter og dermed er dei betre rusta i forhold til lovverket. – Politiet i Haugesund tok kontakt og sa det var påkravd med godkjende vakter, men at me kunne løyse det med såkalla eigenvakter. Då tenkte eg at eg heiv meg med på kurset eg og, i dag er 10 stk totalt her på huset som har kurset. Sjå her, seier ho og hentar godkjenninga som ho heng rundt halsen. Det var jo ikkje verre. Ein må jo ikkje seie at eg ikkje får det til, då kjenner eg det kriblar godt i kroppen. Då vil eg verkeleg vise dei. Og det stoppar ikkje her. Ho har vore i Dollywood og latt seg inspirere av ein ekte landsby i westernstil. Tidleg fekk ho laga teikningar over det ho kallar Old River Village. Ho drøymer om fleire små hus der ein kunne hatt ulike butikkar og

bedrifter. Eit eige lite samfunn på garden. Ein stad der ein kan dyrke handverk og musikk frå ei anna tid. Aslaug tok sjansen når den bydde seg, ho fekk regulert området, slik at det kan bli utvikla til både næring og bustad. – Ein må vere litt smart. Og så må ein ha ein plan. Hadde eg ikkje hatt arkitektteikningar med meg den gongen hadde eg aldri fått det omregulert. Men eg anar ikkje om eg får alt dette realisert nokon gong. Noko er allereie på plass. Området rundt Old River Saloon har blitt utvida med bubilcamp, med straum og alle andre fasilitetar, som toalett, dusj og tømmeplass for bubil-toalett. Våningshuset på garden, som opphavleg er frå 1800-talet har fått namnet Old River Gjestehus. Det er utvida og bygd om, og er i dag eit moderne hus i amerikansk stil. Her er det fire soverom med 10 sengeplassar, to bad, kjøkken/stove og to terrassar. Fire tomter er utskilde som bustadtomer, der tre er bygde på. I desse dagar er dei også i forhandlingar med ei bedrift som skal etablere eit føretak som passar rett inn i dei opphavlege Old River Village-planane. Ho smiler. Aslaug har lært seg å hoppe på toget før det er for seint. Om det er året på folkehøgskule på Ringsaker der ho gjekk på journalistlinja, eller då ho vart Ap-politikar. I dag har ho lagt politikarkvardagen på hylla, men let seg framleis engasjere av eit dårleg resultat i stortingsvalet. Det var og slik dei hamna attende i Etne. Aslaug hadde jobb i posten i Skudeneshavn og ekteparet var berre heime på be-


I den gjennomførte saloonen møter den ville westernhistoria moderne amerikansk 60-talskultur. Her sit det mykje historie i veggane.

“ søk ei helg. Det skulle vise seg å bli ei avgjerande helg. – Plutseleg fekk me høyre om ledige tomter i bygda, me var ute å såg på laurdagen, på søndagen hadde me kjøpt. Mange gonger må ein handle kjapt. Som 14-åring hadde ho sommarjobb på det som den gongen var Etne Hospits, og som i dag har namnet Fugl Fønix Hotel. Ho lærte tidleg å jobbe, og sjå gleda over å tene eigne pengar. – Du er litt av ein kremmar? – Tja, eg trur eg er meir ein grundertype enn ein kremmar. Eg har jo vore i arbeid i tillegg til saloonen heile tida. Dei 20 siste åra av arbeidslivet jobba eg i Grannar, dei ti siste åra som redaktør. Det er jo etter at me vart pensjonistar me har vore her heile tida. Og økonomisk hadde det ikkje gått viss me skulle levd av det. Men eg likar jo å skape noko, å få noko til. Dette er til å leve med, men ikkje av, seier Aslaug og tenkjer seg om. – Før hadde me til dømes eigen kokk, no har me ein avtale på levering av mat hjå Etne Camping. Besøkstalet er framleis bra, men det har gått litt ned dei siste åra. Drivkrafta vår er alle gjestene, alle dei som kjem innom for ein prat. Det er viktig å møte folk. Det var slik då eg vaks opp og, mor kunne snakke med alle slags folk. Eg kjenner meg

Ein må vere litt smart. Og så må ein ha ein plan.

igjen, alle skal vere like. Og alle skal kunne kome innom her. Aslaug brenn for folk. For dei svakaste og for dei som treng litt ekstra. Ho har eit blikk for den einsame som treng ein kaffikopp eller ein ungdom som treng ein strøjobb. Du må få med at ungdommane i dag er heilt fantastiske. Både dei som kjem her på kveldane og dei som jobbar her. I 2013 vart kvardagen tøff. Aslaug var nett ferdig med ein hofteoperasjon i 2012, og plutseleg vart ho kreftpasient. Tarmkreften vart oppdaga tidleg, og Aslaug starta på ein tøff behandlingsperiode. I dag er ho friskmeldt. – I dei åra mista eg ein del energi, då var det ikkje same gnisten i arbeidet. Men det var og ei meistring i å bli god igjen, kreften skulle ikkje få ta meg, hovudet jobba med andre ting heile tida, det trur eg gjorde godt. Eg tok med meg macen på sjukehuset. Dei var ikkje så vane med det. Eg fekk god oppfølging og informasjon på sjukehuset. Så alt i alt gjekk det overraskande godt. Aslaug ristar på hovudet og rettar litt på den svarte dressjakka. I den vanskelege tida fekk ho tid til å planlegge hyttebygging i Etnefjella. Det er også der ho finn roen når det kokar på det meste. Her er det ikkje telefondekning, dermed kan ho slappe heilt av.

Aslaug og Olav har tre barn. To av dei har busett seg heime på garden. Det er fantastisk kjekt å ha dei så tett på oss, me kan få vere besteforeldre i kvardagen. Men ingen av dei vil ta over her. Det er det som rir meg for tida, kva som blir løysinga i framtida. Men eg stolar på orda til mor: det ordnar seg alltid for Aslaug. Og sjølv har ho ikkje tenkt å gi seg så lett. Ho har ei løe ho skal setje i stand. Kven veit, kanskje det kan bli utstilling av gamle gjenstandar der? Ho er jo leiar i Sogelaget må vite. Det var nå rett nok eit verv som kom flytande på ei fjøl, det var ingen andre som ville. Då sa Aslaug ja. Ho veftar det vekk med ei hand. Litt arbeid til eller frå har ikkje så mykje å seie. Det går for det same. Ho tar ein slurk av kaffikoppen som allereie har vore haldkald lenge. Olav har fått ein gjest innom og serverer småkaker frå Gotland. Aslaug smiler og nikkar. Folk og liv – det er slik dagane på saloonen skal vere. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Svein Egil Økland Foto

2 • 2017

21


Finn din eigen stim.

I eit hav av bedrifter er det viktig å bli lagt merke til. Me er eit kreativt lag som jobbar fram gode løysingar for marknadsføring av di bedrift. Filter design & kommunikasjon

Du finn oss i Ølensvåg, Sand, Sauda og på filterdk.no.

Tekst & foto Magasin & trykksaker Design & logo Nettsider & sosiale medium Reklame & profileringsmateriell IT & drift


ARMERING OG SVEISING FOR ALT OG ALLE ME KAN ARMERING, OG VEIT KVA SOM KREVS I BYGGEBRANSJEN

TERJE KRISTIANSEN DAGLIG LEDER

Utbjoa Armering & Sveis A/S

adresse

telefon

53 76 97 61

Utbjoa Industriområdet

epost

terjkr2@start.no

5584 Bjoa

nettside armeringogsveis.no


YRKESVAL OG UTDANNING

FÅR I ULVEKLÆR Val av utdanning er ikkje alltid like lett, og tanken på kva ein skal jobba med varierer ofte frå ein er ung og til ein har nokre år bak seg i yrkeslivet. Erfaringane ein tek med seg undervegs i arbeid og utdanning er med å bygge ein brei kompetanse. Les kva erfaringar Morten Østenstad, Marianne Vassnes og Asbjørn Aarekol har gjort seg så langt i si yrkeskarriere. Illustrasjon: Kristian Vedå Skålnes

24

2 • 2017


Morten Østenstad Dagleg leiar MX-Sport Ølen

Morten Østenstad (31) meiner eit godt råd til dagens unge er å bygga seg ryggrad, og å oppsøka ny kunnskap og erfaring. – I arbeidslivet vil du bli sett på prøve og i mange yrke må ein levera både fysisk og psykisk. Sjølv er han glad for erfaringa han hadde frå tida som avsløysar frå han var 14–20 år. – Den erfaringa har hjelpt meg mykje. Særleg då eg fekk tilbod om å prøve meg offshore på borerigg rett etter vidaregåande skule. Eg var

danning i petroleumsteknikk og gjekk gradene i systemet. I ein femårsperiode reiste han og rundt og underviste bedrifter og organisasjonar i petroleumsbransjen i friperiodane. Han følgjer framleis med og noterer seg produksjonsstart på felt der han i ung alder var med å planta fyrste hol på offshoreblokker. Fram til 2011 budde han saman med kona Mari Vestbø i Stavanger. I 2012 blei han far for fyrste gong. – Eg hadde verdas beste jobb, men kjende allereie då at eg ønskte å prioritera annleis som småbarnsfar. Han lengta etter å vera meir på land, og starta på deltidsstudier i Økonomi og ledelse i 2014. I 2015 flytta familien inn i nytt hus på Roa i Ølen og året etter vart Østenstad ein av fleire som vart råka av nedskjeringane i selskapet han jobba for. Då jobben som dagleg leiar ved MX–Sport dukka opp, var det ei ny utfordring han var klar for å ta fatt på. Han definerer seg som konkurransemann og let seg inspirere av å bli utfordra. Samstundes som han stiller høge krav til seg sjølv krev han innsats av dei rundt seg. – Eg merkar godt om nokon har ein indre vilje. For tida har han to skuleelevar med på laget i butikken på Ølen Senter. Dei er fantastisk flinke, understrekar han.

I arbeidslivet vil du bli sett på prøve og i mange yrke må ein levera både fysisk og psykisk. ikkje førebudd på kva som venta meg då eg vart kasta inn i heilt nye forhold i Nordsjøen. Det var berre å brette opp armane for både tungt og hardt arbeid i boreavdelinga. – Ein måtte bevise at ein var verdt jobben. Alle ville sette deg på prøve. Take it or leave it. Boreriggen han starta på var ikkje av dei mest moderne, så her var det mykje manuelt arbeid og med 12–timars skift var det berre å stå på til tre om natta i minusgrader. Men det var ein sjans ein fekk dengong, då det var oppgangstider i oljebransjen. Etterkvart vart det tilbod om fast jobb i Transocean og via selskapet fekk han dekka ut-

CV Morten Østenstad

2003-2006 Ølen VGS allmennfag 2006-2016 Offshore • Offshore Nortrain – Norwegian Drilling Academy (Petroleumsteknikk parallelt med jobb 2/4 skiftordning) • 5 år Undervist i petroleum for bedrifter og organisasjonar parallelt med offshore jobb. • 1 år Økonomi og ledelse • 3 år Deltidskonstabel/røykdykkar i Vindafjord Brannvesen 2016-d.d Dagleg leiar MX-Sport Ølen

Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Svein Egil Økland Foto

2 • 2017

25


Marianne B. Vassnes Marknadskoordinator i Vakt og Alarm

Mange har klare mål for kva dei vil bli og jobbe med, men for meg var det litt tilfeldig, fortel Marianne B. Vassnes, som i dag jobbar som marknadskoordinator i Vakt og Alarm i Etne. Då ho skulle byrja å studere i 2004 stod det mellom journalistikk og sjukepleie i Stavanger. Tilfeldigheiter gjorde at ho ikkje kom inn på journalistikk, og difor byrja ho på sjukepleiarutdanninga. –Sjølv om eg ikkje var sikker på at det var sjukepleiar eg ville bli, syns eg det var det godt å byrja på eit studie. – Mange kan stresse med å finne ut kva dei skal bli. Dei stressar med mål og meining, men det er ikkje krise om ein ikkje veit dette når ein er 17–18 år. Det ordnar seg som regel. Etter avslutta studier i 2007 jobba ho både på nyfødtavdelinga på Haugesund Sjukehus og på sjukeheim i Vindafjord, før ho i 2012 starta i Vakt og Alarm i Etne. – I teorien har sjukepleiarutdanninga mi lite med stillinga eg no har å gjere. Det er litt «potetyrke» der eg jobbar med mange forskjellige oppgåver. Eg gjer mellom anna ein del kontorarbeid, følger opp både eksisterande og nye kunder, fakturerer, jobbar med anbud, reiser, presenterer oss på messer og stand, er i møter med kunder og koordinerer arbeidet vårt 26

2 • 2017

mot marknaden. Vakt og Alarm leverer velferdsteknologi som trygghetsalarmar, sensorteknologi og responssentertjenestar til heimebaserte tenestar og institusjonar. I år lanserte dei Respons24 som er eit nytt samhandlingsverktøy for velferdsteknologi. –Mange av dei som brukar og drifter tenestene våre er helsepersonell som jobbar på for eksempel sjukeheim eller i heimetenesta – det har berre vore ein fordel at eg har erfaring frå dei miljøa teknologien vår skal fungere i. Ho fortel vidare at det opnar ein del dører å anten ha fagbrev eller høgare utdanning. Utdanning i botn gir moglegheit for noko meir. –Sjølv om eg ikkje var heilt sikker på at eg skulle bli sjukepleiar, så er eg glad for å ha fullført studiet.

Sjølv om eg ikkje var heilt sikker på at eg skulle bli sjukepleiar, så er eg glad for å ha fullført.

Tekst: Maria Djuve Vågen Foto: Svein Egil Økland Foto

CV: Marianne B. Vassnes 2001-2004 • VGS: Medie- og kommunikasjon på Åkra vidaregåande • Påbygg på Vardafjell 2004-2007 • Studier: Sjukepleie i Stavanger • Etter studier: jobba som sjukepleiar på nyfødtavdelingen på Haugesund Sjukehus og på sjukeheim i Vindafjord


Asbjørn Aarekol Politibetjent ved Vindafjord Lensmannskontor

CV Asbjørn Aarekol • 2 år Sandeid VGS • 1 år påbygg Odda Idrettslinja • 1 år landbruksavløysar • USK utdanning • 2 år i militæret • 1 år i Arrow Norway (tidl. Hatteland Electronics)

• 3 år Politiskulen • 14 år som Politi • 10 år i Arrow Norway (tidl. Hatteland Electronics)

som seljar • 3,5 år MCE Dagleg leiar • I dag i Politiet + konsulent

Eit råd på vegen når du skal tenka utdanning er å laga deg ei plattform. Uansett kva plattform du har, så har du noko å falla tilbake på, svarar Asbjørn Aarekol (53) på spørsmålet om kva råd han vil gje ungdom i dag. Valet du tek vil alltid ha ein verdi, uansett kva jobb du havnar i. Du har lært deg verkty for korleis du kan reflektera og du vil vera i stand til å kunne handtera ulike utfordringar. Likevel er det ein kvalitet Aarekol dreg fram: Har du ordet i di makt og skrivekunnskap kjem du langt. Han er tilbake på lensmannskontoret i Vindafjord i Ølen etter fleire år i det private næringslivet. Aarekol fortel at han har hive seg på sjansar som har bydd seg oppigjennom åra. Han er av den rastlause typen og er ikkje redd for ei fysisk utfordring. På veg til jobb som politivakt for VM i sykkel i Bergen, sat han og vurderte om han i 2018 anten skal sykla Trondheim-Oslo eller delta i Iron Man. – Tanken om å bli politi har alltid vore med meg. Likevel har han i løpet av si yrkeskarriere vore innom både landbruk, salsarbeid i Arrow Norway (tidlegare Hatteland Electronics) i tillegg til 3,5 år som dagleg leiar ved MCE i Etne. I tillegg til politijobben er han i dag «hjelpesmann» i strategi for systembruk for Haugaland bygg & betong i Ølensvåg. Som politi har ein

høve til å kunne forflytte seg rundt om i heile landet om ein ønskjer det. Han dreg fram det å vera nøyaktig og til å stola på er viktige essensielle eigenskapar i dei ulike jobbane han har hatt. Det med å møta opp, vera punktleg heng nok og i ryggmargen frå eg

Tanken om å bli politi har alltid vore med meg. var liten, smiler han. Eit anna godt råd til unge kan vera å tenka på er at ein aldri veit kor ein møter folk att og at ein oppfører seg deretter. Han viser til ei erfaring frå tida som politi då ein ung gut som ein fuktig kveld stakk hovudet ut av eit bilvindu og rekte fing før han ropte «jævla politi». I neste jobbrolle Aarekol hadde, dukka vedkomande opp som jobbsøkar. – Eg kunne jo ikkje la vera å nemna det for han, smiler Aarekol. Tekst og foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland



2 • 2017

27


Leasing

Lokalbanken

Etne Sparebank tilbyr leasing gjennom vårt eige selskap Brage Finans. Leasing betyr at Brage kjøper og eig det utstyret verksemda di treng, og leiger det tilbake til deg mot ei avtalt månadsleige over eit avtala tidsrom. Kvifor binde eigenkapital eller lånekapasitet? Leasing av driftsmidlar, bilar osv. frigjer driftskapital som gjev verksemda di større handlefridom.

Fatland konsernet er den største privateigde kjøttverksemda i Norge, med 4,3 milliardar i omsetnad i 2016. Dei gjer heile tida store investeringar til glede for både produsentar og kundar. Konsernet har vald å nytte Etne Sparebank sin samarbeidspartnar, Brage Finans AS, på leasing og er godt nøgde med det. I tillegg til konkurransedyktige vilkår gjev også banken delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, noko CFO i Fatland-konsernet, Tor Magnar Kambe (t.v.) synes er positivt.

Foto. Svein Egil Økland

V inna r ska lle .no

– noko for di bedrift?


KOMMENTAR

Foto: Tomin Meling ,M elin gM ed i

a

KJELL LARSEN Seniorrådgiver, Tveit Regnskap

VÅREN ER KOMMET! «Winter is coming» er et kjent ordspråk fra TV serien Game of Thrones, et godt bilde brukt av sentralbanksjef Øystein Olsen i årstalen han holdt februar 2016 for å forklare ståa i Norsk økonomi. Vinteren hadde da vart siden høsten 2014 utløst av et brått oljeprisfall. Både økonomiske og fiktive vintre kan som kjent være dryge. På tidspunktet for talen lysnet nok Olsen våren, men valgte som sentralbanksjefer flest å mane til forsiktighet. Når markedskreftene rydder opp skjevheter er det ikke alltid vakkert. Ting har skjedd fort, avgjørelser tatt raskt, og mange kjenner noen som mistet jobben. De store oljeselskapene overbød hverandre i å nedbemanne. Konsekvensene kom også for små og mellomstore bedrifter - en utrolig viktig del av næringslivet. Bedrifter med mindre enn 100 ansatte utgjør 99,5% av alle norske selskaper og sysselsetter 6 av 10 Nordmenn. Lokalt har underleverandører av olje og gass, mange små og mellomstore, måttet kutte kostnader til beinet. Nedover rangstigen i oljenæringen fikk en merke nye innkjøpsregimer fra de lenger oppe. Mange av de lokale underleverandørene våre har emigrert til nye jaktmark(ed)er i nærområdet. Dette forsterket konkurransen for industribedrifter som før ikke leverte til olje og gass. Det ble også magrere dager for servicebedriftene og omkringliggende næringer. Tradisjonsrike lokale bedrifter har gått over ende. Noen har avviklet forretningsområder eller er kjøpt opp. Andre småbedrifter består av hardnakkede vinterfolk som i nød driver på sparebluss, tærer på reservene de har, og som jobber dugnad om de må for å overleve. Men nå ser våren ut til å være her. Oljebransjen er over i stabilt sideleie. Det koker i oppdrettsbransjen. Det rører seg innen fornybar energi. Det offentlige pøser på med investeringer. Veier bygges. Økonomien smøres. Naboen som ble arbeidsledig fikk ny jobb i teknisk etat i kommunen. Lønnsøken lar vente på seg, men kjøpekraften er rimelig intakt. Det er komt noen nye skapninger langs kaien til Westcon – dog de fleste med færre ben enn vanlig. NAV sier det går bedre. SSB sier det går bedre. Næringsbarometeret til Tveit sier det går bedre. Når vi i Tveit går inn i regnskapene og ser på omsetning og resultatutvikling i et representativt utvalg av små og mellomstore lokale bedrifter er konklusjonen klar: I vår ble det vår. Dette etter det som i følge sentralbanksjef Olsens

årstale i år bare ble en mild «vinter» for folk flest. Nå driver og jobber kanskje ikke majoriteten av folk flest i Norge i små og mellomstore bedrifter på Vestlandet, men vi må nok gi han rett også for oss – vinteren kunne blitt verre og lengre. En forklaring er at Norge fyrer varmt med oljepenger. Renten og kronekursen er lav – og med det opprettholdes kjøpekraft, det er billig å finansiere for folk og bedrifter, samtidig som det gir gode vilkår for eksport og turisme. Så hva nå, hva er ståa i våre lokale bedrifter? Er alt fryd og gammen for alle? Sjokket i oljebransjen har slått inn ulikt i ulike næringer. Det gjør også tiltakene som settes inn av institusjoner og politikere. Bygg og anlegg klarer seg godt nå – godt hjulpet av slike tiltak, noe som også drypper på bedrifter og lønnstakere i Etne/Vindafjord regionen. En annen viktig næring, varehandelen, er avhengig av folks kjøpekraft og tro på fremtidig kjøpekraft. Ganske naturlig tar det gjerne litt tid før impulser i andre næringer slår ut i varehandelen, også når skuta snur. I Næringsbarometeret ser vi at lokale varehandelsbedrifter også i vår samlet sett gikk i feil retning med tanke på omsetning og resultat sammenlignet med våren 2016. Andre faktorer kan selvsagt spille inn – veksten i netthandelen kan være en slik forklaringsfaktor. Det er ikke alle farer som kommer med konjunkturene. For små og mellomstore bedrifter er det mange overhengende farer en må tilpasse seg og finne en løsning på. Og med det kan vi ta moralen til slutt; dårlige tider er verst for de som ikke har drevet lønnsomt nok, som ikke er solide nok, som ikke er smarte og tilpasningsdyktige nok. For de som kommer seg gjennom dårlige tider blir det en ny vår. Men de kan heller ikke slappe av, «vinteren kommer» må alltid være i bakhodet.

Bedrifter med mindre enn 100 ansatte utgjør 99,5% av alle norske selskaper og sysselsetter 6 av 10 Nordmenn. 2 • 2017

29


LÆRLINGEN OG GAMLINGEN

Eg likar meg her, det er kjekt å bli tatt så godt imot. Ole Vegar Døvik

Ole Vegar gler seg til å fatt på læretida, langt der framme lyser fagprøven. Noko som er både spanande og litt skremmande.

LANGSIKTIG REKRUTTERING Dagleg leiar Espen Vestbø starta sjølv karrieren sin i byggmeisterfirmaet Haakull & Ersland som lærling. No er det Espen som har rolla som mentor, og Ole Vegar Døvik (18) som gler seg til å ta fatt på læreperioden i Skjoldbedrifta.

30

2 • 2017

Espen Vestbø og lærling Ole Vegar Døvik møter oss ved den knallraude fasaden til Haakull & Ersland i Skjold. Espen starta også karrieren sin her som lærling, no er han tilbake i bedrifta, denne gongen som dagleg leiar. Ole Vegar på si side hadde begge sine praksisperiodar i byggfirmaet medan han gjekk på skule. Allereie før den andre praksisperioden var lærlingkontrakten underskriven. – Me ser raskt om dei vil noko når dei er her i praksis. Det er sjeldan me tar inn lærlingar som ikkje har prøvd seg her i skuletida, men det hender, me er alltid ute for å sikre oss gode folk, seier dagleg leiar Espen Vestbø. – Eg har god tru på at Ole Vegar vil trivast her, og at han blir ein god tømrar. Ofte ser me etter eigenskapar som pågangsmot og vilje til å arbeide,

det faglege kjem av seg sjølv etter kvart. – Å ha lærlingar er viktig for kunne satse på langsiktig rekruttering, den arbeidsstokken me har i dag varer ikkje evig, meiner Espen. Eigentleg skulle Ole Vegar vore i full sving hjå byggfirmaet no, men ei arbeidsulukke i sommar har gitt han nokre veker med sjukemelding. No er han innom i Skjold for å høyre om det er ikkje er noko arbeid som kan leggast til rette, slik at han kan byrje tidlegare enn frykta. – Det er så kjedeleg å vere heime, det er betre å ha ein jobb å gå til. Og eg likar meg her, det er kjekt å bli tatt så godt imot, meiner han. – Det er rette innstillinga, det likar me, seier Espen, men peikar og på at ein no ikkje må forhaste seg slik at skaden i handa blir verre.


Å ha lærlingar er viktig for kunne satse på langsiktig rekruttering Espen Vestbø, dagleg leiar Haakull & Ersland

-Eg har god tru på at Ole Vegar vil trivast her, og at han blir ein god tømrar. Ofte ser me etter eigenskapar som pågangsmot og vilje til å arbeide, det faglege kjem av seg sjølv etter kvart, seier dagleg leiar Espen Vestbø

Haakull & Ersland i Skjold har 20 tilsette og har spesialisert seg på nærings – og kontorbygg. Likevel tar dei på seg dei fleste oppdrag innan påbygg, rehabilitering eller ombygging. Dei har kundar over heile regionen, mange av prosjekta er i Haugesundsområdet. Nett no arbeider dei med oppføring av nye Stord ungdomsskule, 16 leiligheiter over Kvalasenteret og ei ny hytte i Nedstrand. – Det er ofte ei utfordring for oss, at ein finn gode folk innover i regionen, medan dei aller fleste jobbane er i byen. Som regel har dei inne ein til to lærlingar, som alle får prøve seg på dei fleste oppgåvene ute på byggeplassane. – Det er klart det er nokre faste kompetansemål me må innom i læretida, men utanom det så må dei følgje med i den vanlege arbeidskvardagen. Eg trur det lønner seg for lærlingen å vere litt på, å spørje og grave litt, det er ofte slik ein lærer best, meiner Espen. – Ein må lære seg korleis arbeidslivet fungerer, at ein kjem klokka sju og går heim klokka tre. Du må klare å halde det tempoet som blir forventa av deg. Ole Vegar gler seg til å fatt på oppgåvene, langt der framme lyser fagprøven. Noko som er både spanande og litt skremmande. – Ein har jo veldig lyst til å klare det, og få vist at ein har kompetansen som trengs for å få fagbrevet, slår han fast. Han fortel at dei aller fleste som gjekk på tømrarlinja har fått seg læreplass. Sjølv er han glad for å ha fått ein læreplass tett på heimplassen Blikrabygda i

Vats. Som liten drøymde han om å bli enten politi eller tømrar, og var stadig ute for å bygge leikehytter. Etter læreperioden blir det eit år i militæret, før han kan ut for å søkje seg fast jobb. Aller helst ligg framtida her i heimbygda, og gjerne på eit småbruk dersom det skulle dukke opp noko aktuelt. Å ha lærlingar med seg på ein byggeplass krev at dei som fylgjer opp lærlingen har tid til å forklare og lære frå seg. Noko som ikkje alltid er like enkelt i ein hektisk kvardag. – Me har ikkje alltid vore best i klassen på dette, men eg trur me stadig blir betre, til å ta oss tid til lærlingane og på å følgje dei godt opp. Me har ikkje lagt opp til at lærlingane får ein fast mentor, men at dei er med fleire ute på jobb. Slik blir dei også godt kjende i bedrifta, meiner Espen. – Me legg også opp til litt teori, og har fått på plass ein betre plan for opplæringsperioden. – Har du eit godt råd til dei som skal ut i lære? – Det beste rådet mitt er å prøve ut bedrifta i praksisperiodane du får på skulen. Og så er det lov å vedgå at ein har valt feil, det er betre å hoppe av etter eit år, eller å bli ut ein læreperiode i eit fag som ikkje er rett for deg. Me ser raskt kven som passar til å bli tømrar, slår Espen fast.

Ole Vegar Døvik Alder: 18 VG1 Ølen VGS VG2 Haugaland VGS Startar no som lærling i tømrarfaget hjå byggmeisterfirmaet Haakull & Ersland i Skjold.

Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

2 • 2017

31


Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKELEG MED BARNEHAGEPLASSER OG FLOTTE BUSTADAREAL • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no


KORTNYTT

TVEIT REGNSKAP Tveit Regnskap lanserer no eit nytt produkt der dei kan ta seg av både lønnsarbeid og personaladministrative oppgåver i bedrifta di. Dei sørger for at du har full kontroll på alt som gjeld lønnsarbeid i bedrifta, i tillegg gir dei råd om, og leverer elektroniske løysningar og system som passar akkurat for deg. Tveit Regnskap kan bistå med handtering av tenestepensjon, forsikring, arbeidsavtalar, oppfølging av sjukemelde og personalhandbok.

VAKT OG ALARM Vakt og Alarm lanserte i juni responssenterløysinga Respons24 for heimeteneste, utrykningsteneste og teknisk driftspersonell. Dette er ei teknisk samhandlingsløysing som bidreg til å kvalitetssikre kommunikasjon mellom dei ulike instansane i kommunane, med innovativ velferdsteknologi som gir auka livskvalitet i kvardagen for brukarane.

BREMNES SEASHORE AS Bygginga på Trovåg som starta våren 2015 held på med uforminska styrke og skal halde fram til sommaren 2019. Det er no 13 tilsette på Trovåg og det er planar om å tilsetje ytterlegare fleire etter kvart som anlegget blir ferdig. To av dei fire hallane er no sett i drift og den første leveransen var klar etter påske i vår, den andre leveransen i juli/august og den tredje i september. I juni starta dei opp eit nytt anlegg for reinsing av sjøvatn. Dette er eit pilotprosjekt innan reinsing av sjøvatn. Foto: Meister Fotografi

KNAPPHUS KJØKKENSENTER Har tilsett to nye personar den siste månaden. Anne Mai Jekteberg i avdelinga på Knapphus og Hildegunn Haugen i avdelinga i Odda.

HELGEVOLD GRUPPEN Feirar 30 års - jubileum i år. I samband med det lagar dei ein dokumentarfilm om historia til selskapet. Helgevold Gruppen blei starta i garasjen til Johannes Helgevold i Sandeid i 1987 og har i løpet av 30 år vokse til eit selskap med 140 tilsette og fem lokasjonar i 2017. Dette skal dei feire med stor fest for tilsette i Skjold Arena der dei blant anna skal ha premiere på filmen.

FAVO Styrkjer teamet og satsar endå hardare internasjonalt, spesielt i Sverige. Dei tilsette nyleg Sara Qvint som er busett i Sverige. Ho skal jobbe mest med kundesupport, sosiale medium og marknadsføring. Favo lanserer no også eit ekstra tilbod med billigare løysingar til alle lag og organisasjonar. I tillegg har dei no utvikla ein app for iOS og Android, slik at ein kan dele innhaldet på infoskjermen med dei ein ynskjer.

BERGE SAG Berge Sag melder at dei har hatt stor lukke med nytt hyttekonsept, både feltutbyggingar, ferdige hytter og katalog-byggesett på nett.

FILTER I design og kommunikasjonsbedrifta Filter AS har Astrid Eidhammer Hjelmeland tatt over som dagleg leiar etter Lauren McPherson Simonsen, som er gått over i ny stilling som dagleg leiar i DNT Haugesund. Filter er dotterselskap av Omega AS og har hovudkontor i Ølensvåg i Medvind-bygget og har avdelingskontor på Sand.

34

2 • 2017

OMEGA AS Nådde i sommar igjen 1000 tilsette. Har nyleg inngått IT-kontrakt med Statoil og oppretta kompetansesenter for IT. Satsar mot bygg og anleggssektoren med leveranse av personell og systemet HMSREG. Rekrutterer medarbeidarar med kompetanse innan IT, bygg og anlegg for oppdrag lokalt og nasjonalt. Det er avdelingsledere i Omega Jan Christian Brataas og Arvid Grønvoll som står i bresjen for Omegas nye kompetansesenter for IT-tjenester.

Foto: Omega.


ETNE SENTER

WESTCON Westcon melder elles om to fiskebåt-nybygg i 2018. Den første med Klondyke Fishing Comp (Skottland) og den siste kontrakten signert i august 2017 er med Gunnar Langva. Begge desse har bygd fiskebåtar hjå Westcon før. Avdelinga Westcon Power and Automation (WPA) skal levere straumpakken til cruise-båt som no blir heilelektrisk.

adsign.no

Berg Eigedom Haugaland AS i Haugesund er ny hovudeigar i Etne Senter, der dei no har overtatt 75 prosent frå Ole Strømø og Morten Helland.

S N E I L I M A F E L ! HEI K K I T U B T T I R O FAV Stort utval i ny butikk! Velkomen til FK Etne

I desember kjem i tillegg dekket til Asta Hansteen på ein stor Dockwise-båt. Dekket skal dokkast av den store båten og over på to mindre på kvar side. Så skal det slepast til Stord og koplast saman med understellet. Westcon har og kjøpt opp Bømlobedrifta Olvondo, og styrker seg dermed ytterlegare innan subsea.

Foto: Westcon.no

KNUDSEN DØRFABRIKK Knudsen Dørfabrikk hadde rekord i omsetnad i fjor, og har auka med knappe 20 prosent til no i år. Dei får og stadig nye kundar, og satsar no på både nytilsetjingar og investeringar i bedrifta.

ETNE AUTO

LANDBRUK, HUS, HAGE, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR...

Etne Auto kan fortelje om eit skikkeleg jubileumsår. Bedrifta fyller 30 år i år, samstundes har dei nyleg fullført det første året i nye lokale. Vigleik Gutubø har fått Norges Vels Medalje for lang og tru teneste og Kjetil Gundegjerde har no jobba 20 år i bedrifta.

FK butikken ETNE · Tlf: 53 77 11 30 · OPE: 8-18 (9-15) 2 • 2017

35


Frontar ein attraktiv arbeidsmarknad

©Meister Fotografi

© Ellen Marie Hagevik/Medvind24

©Meister Fotografi

©Kari Aakra/Medvind24

Representerer næringslivet

Samlar eit sterkt bedriftsnettverk

Bidreg til nyskaping

Påverknad og gjennomslag hjå styresmakter via ei samla stemme

Synleggjering av ein attraktiv og mangfaldig arbeidsregion

Faglege møteplassar for Samarbeid mellom lokale bedrifter i Etne og Vindafjord bedrifter, interesseorganisasjonar og offentlege myndigheter

• • • • • •

• gir ut næringsmagasinet Tempo • arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord • koplar bedrifter og jobbsøkarar

• • • •

ny E134 meir næringsareal forenkla byråkrati betre kommune- og fylkesvegar samhandling skule og næringsliv utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

Fikse påverkar vegen vidare Med 12 milliardar i omsetning og 3500 arbeidsplasser, sørger dei 145 medlemsbedriftene i Fikse Næringsutvikling for å setje regionen på kartet. Ved å samla interesser og ressursar står me betre rusta for å møte framtida.

NæringsGIV på Olalia bransjekoordinator fagseminar L.Ærling – for lærebedrifter

• sentrumsutvikling • tomteutvikling • forretningsutvikling

Dagleg leiar Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling SA Tlf. 977 71 755 post@etnevindafjord.no Facebook.com/EtneVindafjord

Me står betre og sterkare i lag.

etnevindafjord.no

Profile for Omega Design

Tempo 2017 2 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane og til bedrif...

Tempo 2017 2 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane og til bedrif...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded