__MAIN_TEXT__

Page 1


INNHALD 06

22

28

Skaparglede

12

Drøymer om å fly

REDAKTØR JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR judith@filterdk.no

PROSJEKTLEIING/DESIGN ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND astrid@filterdk.no

DESIGN TERJE HODNE terje@filterdk.no

DESIGN MARIANNE ÅGOTNES marianne@filterdk.no

DESIGN ERICH MONTEIRO erich@filterdk.no

REDAKSJON MARIA DJUVE VÅGEN mariav@filterdk.no

Ellen Dorrit Petersen

Eldsjeler i Jøsenfjorden

FOTOGRAF MIKKEL MEISTER mikkelmeister@hotmail.com

33

Heim til Sauda

40

Padleeventyr

MAGASINET MITT RYFYLKE ER PRODUSERT OG REDIGERT AV FILTER DESIGN & KOMMUNIKASJON I SAMARBEID MED RYFYLKEALLIANSEN FRAMSIDEFOTO: MEISTER FOTOGRAFI OPPLAG: 11 500 DISTRIBUERT: RYFYLKEKOMMUNANE, NORD JÆREN OG INDRE HAUGALANDET. TRYKK: HAUGESUND BOK & OFFSET

KVARDAGSPRATEN Eg er privilegert som har så mange gode samtalar med dei som arbeider i næringslivet i Ryfylke. Det er i desse kvardagslege samtalane om magasinet og regionen eg forstår kva som ligg i orda Mitt Ryfylke - det er verkeleg noko kvar og ein kjenner seg som ein del av. - Maria Djuve Vågen, Filter design & kommunikasjon

2

NR. 1 – 2017

POSTADRESSE: FILTER AS KVASSANESVEGEN 4 5582 ØLENSVÅG TIPS OSS: judith@filterdk.no Les Mitt Ryfylke på nett: mittryfylke.no Følg oss på FB: facebook.com/mittryfylke

M


BOLIGER DER DU VIL BO. TIL PRISER DU HAR RÅD TIL.

REKKEHUS, SKARBEKKEN, JØRPELAND KOM OG SE VISNINGSHUS! 99 m2/109 m2 | Pris 3 123 000 Merete Langeland Livastøl: 454 85 888 | mll@aktiv.no

JADARHUS BYGGER HJEM DET KJENNES GODT Å BO I. FOR TIDEN HAR VI BOLIGER TIL SALGS EN REKKE FINFINE STEDER HER PÅ STRANDALANDET. BÅDE ENEBOLIGER, TOMANNSBOLIGER OG LEILIGHETER ER PRISGUNSTIGE OG HAR GOD BELIGGENHET. DE FLESTE HAR OGSÅ GÅAVSTAND TIL ALT DET ER KJEKT Å HA GÅAVSTAND TIL, SOM SKOLE, BARNEHAGE, BUTIKK OG IDRETTSANLEGG.

ENEBOLIGER FURURINGEN, TAU 128 m2 | 3 soverom, 2 oppholdsrom | Pris 3 990 000 Henning Andre Haugen: 905 31 814 | henningh@jadarhus.no

HUS OG TOMTER TIL SALGS PÅ FINNØY BARE NOEN STEINKAST FRA SENTRUM – TA KONTAKT MED OSS! Arild Slettebø: 913 42 791 | arilds@jadarhus.no www.jadarhus.no

REKKEHUS, TAUMARKA Ca. 113 m2 | 3 soverom | Pris 2 690 000 Henning Andre Haugen: 905 31 814 | henningh@jadarhus.no


Sjå: www.mibau-stema.com

Ferdigbetong

Betongtransport, telerenne og pumping Betongblandeverk i Suldal, Tlf 4888 9958

Betongvarer

ig-rør og kummer, kabelkanaler og trekkekummer Murblokker, kantstein og belegningsstein

Elementer

For alle typer bygg, samt sikkerhet i tunneler

01.09 - 31.05: Hverdager 10.00 - 16.00 søndag 10.00 - 18.00 01.06 - 31.08: Hver dag 10.00 - 19.00 ÅPNINGSTIDER: Kjeringholmen, Stavanger ÅPNINGSTIDER: 01.09 31.05: Hverdager 10.00 - 16.00 telefon- 51 93 93 00 01.09 - 31.05: 10.00 - 16.00 søndag 10.00 -Hverdager 18.00 norskolje.museum.no søndag- 31.08: 10.00 -Hver 18.00 01.06 dag 10.00 - 19.00 01.06 - 31.08: Hver dag 10.00 - 19.00 Kjeringholmen, Stavanger Kjeringholmen, telefon 51 93 93Stavanger 00 telefon 51 93 93 00 norskolje.museum.no norskolje.museum.no

Bjørn Hansen AS holder til i produksjonslokaler i Forsand kommune som ligger like ved Stavanger. Vi produserer, leverer og monterer prefabrikkerte betongelementer for alle typer bygg og anlegg. Vår spesialitet er broer i spennbetong. Fabrikken er 10 000m2 og vi kan håndtere elementer på flere hundre tonn. Vi har egen dypvannskai og disponerer også egen mobilkran. Bjørn Hansen AS har egen konstruksjonsavdeling for produksjonstegning og direkte behandling av tekniske spørsmål. Selskapet har i dag ca 85 ansatte og omsetter for rundt 140 mill NOK i året

Tlf. 4888 9900 mail@olenbetong.no www.olenbetong.no

reload.no reload.no

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokalisert i Suldal kommune i Rogaland, er 169 tilsette og har ein årsproduksjon på opp til 10 mill. tonn.

...og det er enda mer spennende på innsiden ÅPNINGSTIDER: ...og det er enda mer spennende på innsiden

reload.no

...og det er enda mer spennende på innsiden


Alle skal få sin bit av Preikestolen Jørpeland sentrum skal være attraktivt for folk, - alle typer folk! Der fastboende trives, vil også besøkende trives. Vi i Innovasjon Jørpeland AS har valgt Samlende, Spennende og Tydelig som verdier for å bygge opp om vår visjon. Nå skal Ryfylke, Strand og Jørpeland ta hjem eierskapet til adgangen til Preikestolen, men hvordan skal vi få det til? Ryfylke som region vil bestå, innenfor et sett av tuneller, bruer og ferjer. Uavhengig av hvordan kommunegrenser blir i fremtiden vil Jørpeland være den nærmeste byen til Preikestolen. Altså er det naturlig at dette opplest og vedtatte region-delsenteret i Ryfylke, tar den posisjonen byens innbyggere, reiseliv, næringsliv og kulturliv fortjener. Posisjoner kommer ikke rekende på ei fjøl, det er noe man kjemper for å beholde. Hva er så gevinsten for aktørene i Ryfylke? Jo flere besøkende som oppholder seg og trives ved adgangen til Preikestolen, desto flere vil søke etter omkringliggende opplevelser før og etter besøket til verdens beste utsiktspunkt (Lonely Planet 2011). Flere vil legge igjen penger langs Nasjonal Turistveg. Mange vil dra til Landa i Forsand, flere vil padle kajakk langs Jørpelands viker. De som er interessert i økologisk mat og prisvinnende eplemost vil besøke show-rommet på Grønvik Gard i Hjelmeland og flere vil besøke det kritikerroste Allmannajuvet i Sauda. Mange flere vil teste den eksotiske opplevelsen det er å la seg drive med strømmen på laksesafari i Suldal. «Dyrke styrke», var det klare budskapet reiselivssjefen på Geilo hadde til de som deltok på Ryfylkekonferansen 2017. Går det an å bli

Ryfylkes styrker er mange, men den mest tydelige som må dyrkes for at mange andre attraksjoner skal få lyskasteren satt på seg, er Preikestolen. Lik det eller ikke!

tydeligere? Ryfylkes styrker er mange, men den mest tydelige som må dyrkes for at mange andre attraksjoner skal få lyskasteren satt på seg, er Preikestolen. Lik det eller ikke! Eierskapet om adgangen er det viktigste alle i Ryfylke kan, bør og må samle seg om. Ikke hvor kommunegrensene skal gå. Det blir vi ikke enige om uansett. Harald Heide Steen jr øke fra dagens 300.000 til 600.000 om 10 i ubåtkapteinens skikkelse fant ingen grenser år, vil det også være plenty til Stavanger og under vann, ei heller er de å finne i det mangSandnes. Altså, - alle skal få! foldet Ryfylke tilbyr. Et internasjonalt (omskrevet) varsko og sannJeg jobbet en tid for flyselskapet Braathens. hetsord på tampen, - if Ryfylke don`t gain the Når alle hotellkjedene i Stavanger jobbet ownership, someone else will! samme om å få 10.000 flere kurs, konferanse- og kongressgjester til Stavanger-regionen, fordelte antall overnattingsgjester seg på alle typer overnattingstilbud. Alle fikk, DAGLEG LEIAR, og det samme INNOVASJON JØRPELAND prinsippet FOTO: PRIVAT må vi bruke i Ryfylke. Hansken til kampen om adgangen til Preikestolen må kastes og den som bør kaste (eie) hansken på vegne av Ryfylke er ordføreren i Strand. Det er minst en kamphane og ei kamphøne som må beseires, men alle i Ryfylke vil få store gevinster ved å heie ordføreren frem til seier. Det som er så fint er at det ikke vil bli tapere heller! Skulle antall besøkende til Preikestolen

TORE BAKKEN

NR. 1 – 2017

5


REALISERER

draumane Det finst alltid ein god idé rundt kjøkkenbordet til Henrik og Merete Halleland og mange av desse blir sett ut i livet. No må dei også førebu seg på ein ny Stavanger-kvardag. Henrik er ordførar for Krf i Finnøy kommune og ønskjer velkommen inn i sitt eige gardstun på Søre Vignes. Denne dagen kikkar sola fram og med ei fantastisk utsikt over havgapet skulle ein tru ein var komen inn i eit nostalgisk postkort. Henrik har tatt ein pause frå ein hektisk politikar–kvardag, for å vise fram noko av det han og kona kanskje brenn aller mest for. Garden dei kjøpte i 2007, og der dei har lagt ned sjela i opp–pussing og bevaring av både jord og hus. Attpåtil har dei bygd opp ei eiga reiselivssatsing

6

NR. 1 – 2017

rundt Tyskerhålene som er på garden, eit innblikk i krigshistoria. Dette er ei satsing dei driv saman med Ryfylke Livsgnist, her kan ein blant anna oppleve eit ekte historisk spel. Det kan sjå ut som at ekteparet har fleire timar i døgeret enn dei fleste andre. Merete og Henrik solar seg i lystrålene frå sola og medgir lett at det også har vore lange dagar og mykje arbeid før garden ser ut slik den gjer i dag. Dei har rydda, rusta opp bygningar og sett jorda i stand. I dag driv dei med om lag 100 sauer og 14 ammekyr. Henrik var


fakta HISTORIESPELET TYSKERHÅLENE Under andre verdskrigen vart Finnøy prega av den tyske okkupasjonen ved at det vart bygd eit såkalla støttepunkt på Søre Vignes. Her var både kanonstillingar, minefelt, ammunisjonslager og mannskapsbrakker. Folk på nokre av gardane måtte flytta, og de får møta både bønder og representantar frå okkupasjonsmakta i eit historisk vandreteater. (kjelde: Ryfylke Livsgnist)

– Eg har alltid respektert bonden, og gjer det iallfall no.  Merete Halleland

Henrik og Merete Halleland har mange draumar dei ynskjer å oppfylle på garden.

fulltidsbonde før politikken tok over, no har Merete redusert stillinga si som sjukepleiar, for å vere meir bonde. – Eg har alltid respektert bonden, og gjer det iallfall no, no ser eg meir kva arbeid det er å drive gard. Det er sunt å få innblikk i andre sin jobbkvardag, meiner ho. Henrik på si side kan somme stunder sakne gardsarbeidet på heiltid. – Eg likar å vere min eigen sjef, å styre dagen min. Her er det og ei reiselivsbedrift, her kjem bussane på tunet og det er puls, eg saknar det mange gonger. Det er ein eigen livsstil dette.

– Har ordførarrolla di endra noko på livet som bonde? – Utanom at eg ikkje har den tida heime som eg pleier, så må eg vel vedgå at eg ikkje går på butikken i kjeledress lenger, det kunne eg gjere før, seier Henrik og smiler. – Men laurdagen er framleis ein god arbeidsdag, for meg er det god rekreasjon å kvesse opp motorsaga og gå laus på veden. Skal dei vekk må det meste planleggast, og ein varaordførar må på plass. Då går ofte turen til hytta i Eigersund, dei trivst der.

NR. 1 – 2017

7


Mange turistar får oppleve Tyskerhålene på garden frå innsida.

Merete serverer kaffi i gode krus og oppskorne eplebitar. Ho beklagar at ikkje det ikkje står større bakverk på bordet, tida strekk ikkje til i alle ledd. Her rundt kjøkkenbordet går samtalane fritt, om gardsdrift, om dei tre døtrene og av og til om politiske saker. Henrik rådfører seg slett ikkje alltid i heimen med viktige saker, men av og til blir det diskusjon, og det er ikkje alltid dei er samde. Frå seinast 1. januar 2020 blir Finnøy kommune ein del av nye Stavanger kommune, saman med Rennesøy. Noko ordføraren ser positivt på, han meiner fordelane med å bli ein del av ein større kommune er fleire enn ulempene. Merete er slett ikkje så sikker. Ho er oppteken av at kommunen sine innbyggjarar framleis må få eit godt tenestetilbod, og eit tilbod som er i nærleiken av kor dei bur. Henrik peikar på at Finnøy er ein av landets største tomatprodusentar og ein tung aktør i havbruksnæringa. At kommunen treng ein vekst og ein stødig rigg for å klare utfordringane framover, ikkje minst med tanke på kommuneøkonomi og rammevilkår. – Me må drive meir rasjonelt enn me gjer i dag, meiner ordføraren.

8

NR. 1 – 2017

– Eg trur dette blir bra, og eg er ikkje så redd for at Ryfylke som region vil forsvinne. Det håpar eg ikkje. Men eg trur Ryfylke må få større vilje til endring enn me ofte har sett før, slår Henrik fast. Så oppteken av samanslåinga har Henrik vore at det til og med vart litt tittel–rot. – Eg har vore så oppteken av dette med kommunesamanslåing i det siste, at på eit møte i KrF nyleg, presenterte eg meg som ordføraren i Stavanger, sa han nyleg til Stavanger Aftenblad. Henrik og Merete set seg nedpå med kaffikoppen, etter å ha hatt reine omvisinga i sauehuset, inn i Tyskerhålene der ein kan sitje på lange stolrekker inne for å få med seg historisk spel, vidare har dei tatt oss med ut på beitet med mjølbøtta for å helse på sauene. Det er ikkje så ofte dei sit slik og berre kikkar. Men viss dei gjer det så meiner Henrik at Merete raskt får ein ny idè ho ynskjer å setje ut i livet. – Me må jo somme gonger ta nokre val, eg har nok lett for å sjå nokre avgrensingar av og til, men Merete, ho ser berre


Både Henrik og Merete brenn for sauene på garden.

– Eg er ikkje så redd for at Ryfylke som region vil forsvinne. 

Henrik Halleland

ressursar og moglegheiter, me utfyller kvarandre godt, seier Henrik og kikkar litt ertande bort på kona. – Det er sikkert rett det, seier ho og ler. – I sommar til dømes, då fekk eg plutseleg lyst til å byrje med bier og honning, men eg trur ikkje me skal det altså, fortel og ristar leande på hovudet. Om dei ikkje skal gjennomføre alt dei drøymer om, så har dei likevel lite tru på at dei set ned tempoet så veldig. Dei ynskjer stadig å skape noko nytt, utnytte ein ny ressurs eller gi publikum noko nytt å sjå på garden. – Me har jo lyst til dette, eg veit ikkje om det handlar om at me er modige, men ingen av oss er mørkredde, slår Merete fast. – Men no må me ikkje framstå som noko anna enn me er, me er jo heilt vanlege.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

NR. 1 – 2017

9


FILTER Foto: Sauda ferie & fritid

Tett på dei gode opplevingane I Sauda er det vilje til vekst og utvikling og denne viljen viser godt igjen. I historiske Allmannajuvet kan du oppleva det nye fyrtårnet langs Nasjonal Turistveg Ryfylke. I sentrum er det nye utebadeanlegget eit populært tilbod for både besøkande og fastbuande. Velkommen til Sauda – heile året – heile tida.

Foto: Arnhild Marie Aarhus

Foto: Rune Håheimsnes / Sauda BCC

ANDRE STUDIETILBOD • Studiespesialisering • Elektrofag • Bygg- og anleggsteknikk • Tilpassa opplæring • Helse- og oppvekstfag • Teknikk og industriell produksjon • Industriteknologi • Byggteknikk

• Ambulansefag • Kjemiprosess • Helsearbeidarfag • Kjemiprosess • Barn og ungdomsarbeidarfag • Transport og logistikk

• ToppVolley Norge • Elenergi • Nettbasert 23 t påbygg

Toppidrett og friluftsliv med studiekompetanse i Sauda For unge ambisiøse park- og frikjørarar som ønskjer å utvikla seg mot eit nasjonalt toppnivå.

For deg som vil kombinera vidaregåande opplæring med variert friluftsliv og turleiarkompetanse.

CAMPUS SAUDA! HYBELBYGG MED 30 BUEININGAR OPNA HAUSTEN 2015.

Meir info: www.sauda.vgs.no, Facebook, tlf: 51 92 28 00, mail: sauda-vgs@skole.rogfk.no


Servicesenter på Tau Drift og vedlikeholdsprodukter for industri, entreprenør og landbruk Vi kan hjelpe deg med bl.a: ✓ Slanger ✓ Verktøy ✓ Arbeidsklær t! elig fagpra ✓ Verneutstyr til en hygg

n Velkomme

Ryfylkeveien 1980, 4120 TAU Telefon: 51 74 55 10 - E-post: tau@tess.no Åpningstider: man-fre: 08-16 www.tess.no

Artistic directors:

The 27th

Christian Ihle Hadland

chamber music festival

+ Jan Bjøranger

in Stavanger

• • • • • •

Årsrekneskap for alle selskapsformer Bokføring - fakturering - løn Rådgiving Val av selskapsform - stifting - avvikling Hjelp ved skatte- og avgiftssaker Eigarskifte og driftsplanar m.m

www.suldalokonomi.no

Suldalsosen Tlf. 52 79 93 10 • joker.suldalsosen@joker.no • www.joker.no

OPNINGSTIDER: kammermusikkfestivalen.no

Galleri Hagalid, Hjelmeland

Kvardagar 9 - 18 • Fredag 9 - 20 • Laurdag 9 - 18

Les Mitt Ryfylke på nett

Sommarutstilling & kafe 17.6. – 27.8.: Sal av norsk kunst: maleri, grafikk, glas, keramikk, klede, vesker, smykke. Kaffimat & varm mat (helg). Arr: 17.6. og 8.7. For grupper på bestilling heile året: Sofiehuset: intime møterom m/servering. Guida rusletur rundt Hagalid. Tlf.: 982 19 973 / 51 75 06 83 www.hagalid.net

mittryfylke.no

Følg oss


Luftbaronar

12

NR. 1 – 2017


Pilot Tord Laugaland og lastemann Tor Andre Graadahl lever draumen i lufta.

fakta FONNAFLY Helikopterfirmaet vart etablert i Rosendal i 1970, då var målet å tilby turistane tur med sjøfly i lokalmiljøet. I dag er Fonnafly eit reint helikopterfirma og har med sine 13 helikopter og 45 tilsette etablert seg som eit leiande firma på innanlandsflyging. Jon Ove Velure er dagleg leiar. Fonnafly har hovudbase på Sand.

Kunsten å fly handlar om å overvinne tyngdekrafta. For desse pilotane er livet i lufta reine draumen. – Eg er den einaste som får lov til å sove heime, seier pilot Tord Laugaland (38) då han tidleg på morgonen susar inn på baseområdet til Fonnafly i sin vesle grøne bil. Tord er opphavleg frå Hjelmeland, men har busett seg saman med kone og tre barn på Foreneset, dermed blir reisevegen til basen på Sand kort nok til at han kan reise heim til eiga seng. Lastemann Tor Andre Graadahl (25) opnar porten og viser inn i det som er heimen hans dei to vekene han er på vakt. Han pendlar frå heimen på Fogn og trivst med det. Blir ventetida til neste flytur for lang, og det meste av arbeidet er gjort, slår han tida i hel med TV eller ein nyinnkjøpt playstation. – Eg kan kanskje ikkje seie det no når sjefen er her, seier han og ler medan han kikkar mot Accountable Manager, og tidlegare dagleg leiar, Sverre Underbakke som har entra det vesle kjøkkenet i basen. – Det er playstation med stikka reknar eg med, seier Sverre og legg hovudet bakover og ler. Alle som sit rundt kjøkkenbordet i basen deler drau-

men om å fly, om å motvinne tyngdekrafta, noko av det mest grunnleggande naturen har å by på. – Det er ikkje naturleg, at me skal kunne fly. Eg trur det handlar mykje om å overvinne elementa, seier Sverre. Sjølv har han drøymt om å fly helikopter lenge, altfor lenge etter eiga meining. – Eg trur ikkje det hadde vore pilotar viss ikkje draumen hadde vore så sterk. Tord er ein erfaren pilot. Etter ti år i lufta er det ikkje så mykje han ikkje har prøvd, eller opplevd, sjølv meiner han helikopterjobben på Grønland er og blir den største jobben han har vore borti til no. – Me fyk rundt i ishavet og lokaliserer isfjell og område med vanskelege isforhold som kan skape problem for seismikkskipet. Me landar ofte på større isflak som det er interessant å halda eit auge med, og plasserer ut GPS–sendarar på desse. Då kan isekspertane ha full kontroll på rørsler og isdrift–tendensar frå moderskipet, –ein isbrytar med helikopterdekk. Desse dataene

NR. 1 – 2017

13


Tor Andre og Tord går alltid over helikopteret for teknisk sjekk før dei skal fly.

er verdifulle for seismikkoperasjonen, men vert også nytta i forskingssamanheng til kartlegging av havstraumane i arktiske strøk. – Me bur og lever ombord på isbrytaren saman med folk med ulike fagfelt og nasjonalitetar ein månad i slengen, før me får avløysing. Dette, saman med spektakulær natur og dyreliv, gjer dette til ei heilt spesiell oppleving. Eg har ved fleire høve observert isbjørn både frå lufta og frå skipet. Det var ikkje pilot Tord drøymde om å bli då han sat på guterommet heime. – Eg skulle bli skipper og drøymde om å kome meg på sjøen. Men det vart elektrikar av meg. At eg skulle bli pilot var litt tilfeldig. Eg var med ein kamerat på tur til San Francisco i USA der bror hans utdanna seg til pilot, då blei eg hekta. Etter kvart vart det pilotutdanning i Sandefjord på Tord. Også Tor Andre drøymde om sjøvegen då han var yngre, og han utdanna seg som skipper. Men etter kvart kom lysten til å prøve noko nytt og han reiste til USA for å ta pilotutdanning. Det kostar å vere kar, iallfall om ein vil bli pilot. Alt frå 500 000 til over

14

NR. 1 – 2017

Tord er ein rutinert pilot og veit godt kva han skal sjå etter under den tekniske sjekken.

ein million kroner må ein rekne med å bruke på utdanninga. – Det er jo mange andre som har høge studielån utan å få noko særs konkret ut av det, så det er sikkert ikkje så gale. Men det er likevel mykje pengar, og ein må ta ein tur til banken for å høyre om dei har tru på ein, men det er det verdt, meiner dei to pilotane. Tor Andre arbeidar i dag som lastemann, men har fått prøvd seg på sin første tur som pilot i Fonnafly. Han får stjerner i auga når han snakkar om det, draumen om å fylle Tord og dei andre pilotane sine sko. – Difor overlappar me også jobb – og friperiodar. Slik at eg lærer av erfaringane til fleire av pilotane, fortel Tor Andre. – Og me får sjå kva som bur i dei som er lastemenn, dei må få prøve seg, og me må sjå om dei har potensiale, slår Tord fast. Nyleg var Tord i London ei veke for å førebu seg på ein ny type helikopter som kan ha arbeidsfolk hengande under, med tanke på reparasjonar og arbeid på til dømes kraftlinjer. Fonnafly har allereie investert i eit helikopter, og no er pilotkompetansen på plass. Dermed kan helikopterfirmaet tilby tenesta som ein frå før kjenner godt frå til dømes redningshelikopter.


Tord og Tor Andre gjer helikopteret klar for nok ein ny tur. Denne gongen skal dei løfte materiell for ein hytteeigar på Foreneset.

– At eg skulle bli pilot var litt tilfeldig. Eg var med ein kamerat på tur til San Francisco i USA der bror hans utdanna seg til pilot, då blei eg hekta.  Tord Laugaland

Tord og Tor Andre ruslar ut i hangaren, dei skal snart ut på ein jobb på Foreneset. Med kyndig blikk og automatiske rørsler går dei over helikopteret, og sjekkar at alt er slik det skal vere. Kvar kveld tar dei ein lengre gjennomgang før arbeidsdagen er over, dermed held det med eit lite kvarter før kvar gong ein skal i lufta. Tryggleik og teknisk sjekk er noko av det viktigaste dei kan legge tida si i. Å vere i lufta er ikkje risikofritt. – Eg har aldri vore redd, i alle fall ikkje på grunn av teknisk utstyr og helikopteret. Av og til kan ein derimot kjenne på at vêret lagar hindringar, seier Tord og fortel at dagane kan bli lange dersom skodda heng godt ned i dalen. Fonnafly har hatt nokre ulukker. I 2009 havarerte eit helikopter i Lysefjorden, det gjekk bra med alle dei seks som var i helikopteret. Den siste ulukka kom i 2013, då eit helikopter styrta ved Røldal Skisenter, det var fem personar om bord, men ingen vart alvorleg skadd. – Sett under eitt har det stort sett gått bra, men det er klart det er krevjande for alle når ulukker skjer, seier Sverre som var i leiinga under dei to siste ulukkene. Spesielt den siste styrten i Røldal gav selskapet eit stort mediepress over lang tid. Piloten vart mistenkt for

NR. 1 – 2017

15


Frå helikopteret har Tord og Tor Andre imponerande utsikt over Ryfylkelandskapet.

promille, men etter ein lang prosess vart han dømt for uaktsam flyging. – Den tida gjorde oss i grunn berre meir samansveist, meiner Tord og Tor Andre. Fonnafly vart etablert i Rosendal i 1970, då var målet å tilby turistane tur med sjøfly i lokalmiljøet Mykje har endra seg sidan den gongen. I dag er Fonnafly eit reint helikopterfirma og har med sine 13 helikopter og 45 tilsette etablert seg som eit leiande firma på innanlandsflyging. Sverre Underbakke på si side kom inn i Fonnafly meir eller mindre tilfeldig. – Eg var på nippet til å ta helikoptersertifikatet i Florida, då ein kamerat føreslo at eg kunne kjøpe meg helikopter og heller ta sertifikatet her heime. Det var i grunn ein god plan. Sverre leigde ut helikopteret sitt til Scan Aviation på Sola, og skulle etter planen ta sertifikatet der, men dei gjekk konkurs, og dermed gjekk planane i vasken. No har teorien som han tok gått ut på dato, men etter nokre travle år som dagleg leiar er lysten til å ta sertifikatet tilbake, rett nok som privatperson, kommersiell flyging får andre ta seg av. I dag er helikopteret Sverre kjøpte og 12 andre i flåten til Fonnafly. Selskapet har

16

NR. 1 – 2017

base på Sola, Flesland, Sand, Voss, Kjevik og Torp, på Torp har dei også eigen verkstad. No er det særs lite turistflyging igjen, og alle sjøflya er historie. Marknaden er i stor grad transportoppdrag med helikopter. – Me veit lite om kva oppdrag me får i framtida, me har nokre rammeavtalar som betyr at me kan få arbeid for visse kundar dersom dei har oppdrag, til dømes for Statnett med overvaking av linjer og jobbar i samband med kraftutbygginga, seier Sverre. Bedrifta omsette for 78,7 millionar kroner i 2015, noko som var ei kraftig auke frå året før. – Me har ikkje nødvendigvis mål om å bli så mykje større, eller ha flest helikopter i lufta. Me har derimot alltid eit mål om å bli betre, og levere betre. Difor er me opptekne av at me alltid skal ha dei beste pilotane, slår Sverre fast.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi


Festivalsommar i Ryfylke Det er i Ryfylke det skjer! - mangfaldig og ekte! Sjå kartet på neste side og blink ut dagane i kalenderen! Ryfylke – der framtida di startar.

Me vil løfta Ryfylke opp og fram

Forsand kommune

RYFYLKE.NO #ryfylke Hjelmeland Suldal Sauda

Strand kommune

kommune

kommune

kommune

Ryfylke, nord-aust i Rogaland, byr på fjell- og fjordperler, by- og bygdaliv. Regionen er ein viktig leverandør av mat frå hav- og landbruk. Næringslivet er kjenneteikna som nyskapande med solid drift, både for store og små bedrifter. Ryfylkingen bidreg til lokal utvikling og er stolt leverandør av kvalitetsprodukt- og tenester.


SAUDADAGANE 23-28. MAI SAUDA

RYFYLKEDAGANE 2-4. JUNI SAND, SULDAL

STRANDADAGANE 8-10. JUNI JØRPELAND

HOVLANDSNUTEN OPP 10. JUNI SAUDA

REVY- OG DRIVHUSFEST 17. JUNI RENNESØY

TREFFPUNKT ÅRDAL 17. JUNI ÅRDAL

SKARTVEITDAGEN 24. JUNI HALSNØY

GLADMAT 19-22. JULI STAVANGER

LYSEBOTN OPP 27. JULI LYSEBOTN

SMASHING JØSNESET 5. AUGUST JØSNESET, HJELMELAND

TOMATFESTIVALEN 18-20. AUGUST JUDABERG, FINNØY

RENNESØYDAGEN 26. AUGUST RENNESØY

VIKINGFESTIVALEN 26-27. AUGUST LANDA, FORSAND

FRUKT & LAKS 1-3. SEPTEMBER HJELMELANDSVÅGEN

VANDREFESTIVAL 7-10. SEPTEMBER LYSEBOTN

MØGEDALSMARKNADEN 7. OKTOBER SAND, SULDAL

1 2 3 4 5 6 7

12

8 5

9 10 11 12 13 14 15 16

8

11


4 1 2 16

10 7

14

6

9

3

15

13

RYFYLKE.NO #ryfylke


Nina Øverland driv Urteloftet i Vanvik, her produserer ho blant anna salve og ekte gruvete. I kvardagen er Nina også bonde.

Balsam for huden Nina Øverland Vikeså var på leit etter ei god salve til barna som hadde eksem, til slutt laga ho sin eigen. I dag driv ho Urteloftet i Vanvik.

– Urteloftet er eit resultat av at eg ynskte å finne gode og reine salver til dei som har sensitiv hud. Det var ikkje lett å finne, dermed fann eg ut at det var best å lage dei sjølv. Dermed byrja eg på ein produktserie med økologiske hudprodukt. Oppskriftene er mine eigne, og eg lagar heime på kjøkkenet, fortel Nina og viser til at ho har brukt mykje tid på å finne gode leverandørar og ingrediensar med best mogleg kvalitet. No har ho Honningsalve, såpene Oliven+Geitemelk, Sheasmør og Uraffinert Sheasmør på produktlista. I tillegg jobbar ho med å få klar jojobaolje, massasjeoljer, olje eller salve mot mygg og flått. Ho har til og med laga ein eigen te for Allmannajuvet i Sauda, den er basert på urter som veks i Allmannajuvet og luktar skog. – Det tar tid å få produkta klare for marknaden, kvaliteten skal testast, ein skal designe logo og produktet skal bli godkjent og tryggleiksvurdert

20

NR. 1 – 2017

av mattilsynet. Produkta mine er også godkjent for barn under tre år. Etter kurs er Nina no sertifisert som aromatouch behandlar, som er ei behandling der ein påfører olje på kroppen for å slappe av. Her kan Nina snart tilby timar til kundar. I tillegg sel ho nokre produkt frå andre, blant anna såpe frå Blome & Brakje. Nina sel produkta sine via eiga Facebook–side, Frisk & Rask Treningssenter i Sauda, Sauda Skisenter om vinteren. I tillegg reiser ho rundt på ein del messer og har stand. – Tanken bak bedrifta er å gi folk eit alternativ til dei produkta me finn i daglegvarebutikk eller apotek. Eg er unormalt interessert i ingredienslister, og meiner barna våre blir utsett for for mange syntetiske produkt. – Eit døme er og at mange barneprodukt inneheld «petroleumsingrediensar» som vaselin og parafin. Eg snakka ein gang med ei som jobba i kosmetikkbransjen, ho sa at dei aldri brukte slike ingrediensar fordi det


Nina Øverland vil gjerne tilby reine og sunne produkt i bedrifta Urteloftet.

fakta NINA ØVERLAND VIKESÅ Bur i Vanvik Er bonde og gründer med bedrifta Urteloftet Vil selje reine og økologiske produkt som kan hjelpe dei med eksem eller senistiv hud. Har også produkt som såper og te under produksjon

ikkje var bra for huda. Kvifor skal barna då bli utsett for dette i omtrent alt som er laga for hud? Parafin og vaselin er billig fyllmasse, som verkar godt på kort sikt, men på lengre sikt tørkar ut huda, fordi det tettar porer og huda sin eigen fettproduksjon blir redusert. Slikt provoserer meg, fortel Nina. Ho har lagt sjela si i denne produksjonen og det aller kjekkaste er når ho får tilbakemeldingar på at salvene fungerer. Ho har skapt sin eigen arbeidsplass, no ynskjer ho å utvikle den, kvardagen er delt mellom livet som bonde og gründer. Ho og mannen driv gard i Vanvik, med om lag 50 sauer og 20 ammekyr. – Den største motivasjonen er at eg gjerne vil hjelpe andre. Det er skapartrong og lysten etter å vere i utvikling som driv meg. Vidare er eg oppteken av å være grøn og tilby mest mogleg skånsame, reine produkt. Berre det beste er godt nok, slår Nina fast.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Privat

NR. 1 – 2017

21


22

NR. 1 – 2017


Ellen Dorrit Petersen drøymde som barn om å bli berømt, og om å bli sett. I dag er ho ein attraktiv skodespelar.

fakta ELLEN DORRIT PETERSEN (42) SIVIL STATUS: Langtidsforlova BUR: På Risløkka i Oslo DRØYMER OM: Utsikt over havet FØREBILETE: Alle som er modige og kjempar for likeverd og rettferd LES: Nyhende og Finn-annonser HØYRER PÅ: Medan eg skreiv dette, har eg høyrt på albumet Pride av Phosphorecent

SCENELIV Ho er dårleg på small talk, men blir inspirert av djupe samtalar. – Å få lov til å kome ned i kjensledammen til folk, det er mat for ein skodespelar, meiner Ellen Dorrit Petersen (42).

Ellen Dorrit er jenta som aldri snakkar, no ligg ho under kateteret i klasserommet på Tau, det er tidleg på 80–talet og førsteklassingen Ellen Dorrit vil spele dokketeater for resten av elevane. – Då eg låg der med dokkene i lufta og brått oppdaga at eg hadde gått vekk frå heile manuset og latt meg drifte av garde i ein leik utan særleg tanke for publikum, lærte eg og noko om kor viktig det er å gjere det ein har blitt samd om, fortel ho. Som barn drøymde ho om å bli berømt, og om å bli sett. Ho var ikkje meir enn sju år då ho byrja å ane at skodespelar var kallet hennar, det var så tidleg at ho ikkje eingong visste kva teater var. – Då eg plutseleg lærte å skrive og lese, byrja eg også med å skrive ned replikkar og små stykke. Då eg byrja på skulen hadde eg allereie lang trening i å gi regi, mi eit år yngre besteveninne gjekk heller ikkje i barnehagen, og eg hadde instruert henne i rolleleiken så lenge eg kunne hugse, seier Ellen Dorrit og mimra tilbake til oppveksten på Tau. Ein oppvekst i ei bygd med få menneske og få barn rundt seg. Sjølv meiner ho at ho var litt sosialt analfabet godt fram til i vaksen alder. Likevel sette barndomsåra solide avtrykk i henne, og gav henne rom til å bli kreativ. – I 2. klasse fekk me tjukke lesebøker, kvart år ei ny. Det var alltid eit teaterstykke i dei bøkene, og eg reiv opp boka og lette det opp så fort eg fekk boka på pulten. Eg lærte replikkar ved å så vidt kaste eit blikk på dei, alle sine, og så var det berre å gå å vente på den dagen me skulle byrje å øve på eit av stykka.

Ho kan framleis kjenne på sorga som breidde seg i magen då dei skulle spele Prinsesse Blåklokke, og Ellen Dorrit vart valt ut til å bli forteljar, sidan ho var så god til å lese, og så god til å hugse. Då blødde skodespelar–hjarta litt ekstra. Ellen Dorrit vaks opp i ein heim som etter hennar eiga meining var som tatt ut av eit landskap hjå både Astrid Lindgren og Roald Dahl. Med heimeverande mor og mormor i andre– etasjen var livet forutsigbart og roleg. På den andre sida var far hennar naturfaglærar og hadde fylt opp både hus og hage med fuglar og dyr av ymse slag. Ofte overnatta ho og veninnene i eit syttitals–telt i hagen. – Det er vel eit av mine sterkaste minne. Å vakne til lyden av fasanane og påfuglane, berre få meter frå hovudputa. Då ein som barn kan kjenne at det kriblar i kroppen fordi ein skjønar at ein lever i noko som er ganske eksotisk, då sit det i resten av livet. Oppveksten i Ryfylke har gitt henne ein trygg ballast, og tru på ein kan få oppleve draumane sine. – Om Ryfylke har gjort noko for meg og karrieren som skodespelar må det vere den lengta som blei skapt i meg. Lengta etter noko større, noko fantastisk, noko der folk lever og pustar til ein kvar tid, der det er musikk, liv og moglegheiter. Eg kan så godt hugse kjensla av å sykle gjennom den varme Oslohausten som ny student på teaterhøgskulen. Kjensla av at livet til ein kvar tid kan bli endra og påverka. – Krafta som finst i utferdstrongen, i suget ein kan ha i magen over tanken på kva som finst der ute i verda, den trur eg ikkje ein får om ein

NR. 1 – 2017

23


Ellen Dorrit ynskjer å portrettere menneske så kompleks som mogleg.

veks opp med alle tilbod rett utanfor stovedøra. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og Statens Teaterhøgskole, og var ferdig der som 30–åring. Etter det vart det mange år på teater, først på Rogaland Teater, deretter til Det Norske Teateret. I dag er ho frilansar, og har dei siste åra arbeidd seg opp til å bli ein mykje brukt skodespelar i film. – I kombinasjon med familieliv vart det til slutt eit enkelt og uungåeleg val. Etter åtte år på Det Norske Teatret tok eg hatten min og gjekk ut i fridomen. Eg har ikkje hatt eit sekund med tvil om at eg gjorde det rette. Og det beste av alt er at eg er viss på at det om nokre år igjen vil melde seg eit nytt driv for å ta med kunnskapen eg har fått frå filmjobbinga, tilbake til scenen. Eg gler meg til det. Me kjenner henne som Ingrid i Blind, filmen om den blinde kvinna som kom ut i 2014 og som på mange måtar vart gjennombrotet hennar på film. Etter det har me sett henne

24

NR. 1 – 2017

i tv–seriane Frikjent og Aber Bergen for å nemne noko. – Blind var ein viktig film for meg, fordi eg hadde vore usikker ei stund, etter å ha fått barn og kjent på ulempene omkring å måtte gå på teateret kvar kveld før dottera hadde lagt seg. Etter Blind fekk eg mot til å tru på at det kunne gå an å leve av å vere filmskodespelar. Det gjekk endå eit år eller to før eg sa farvel til teateret, men det var startskotet. Ho veit kva ho ynskjer å formidle til publikum. – I all hovudsak ynskjer eg å portrettere menneske så komplekst som mogleg, for alle menneske handlar ut i frå ein logikk, sjølv om dei kan virke manipulerande, fæle eller redde. Å gi publikum eit lite vindauga inn til eit anna menneske, som dei vanlegvis ikkje ville få tilgang til, fordi me er så gode på å skjule det for kvarandre. Blind og Iskyss gav henne også Amanda for

beste kvinnelege skodespelar, i tillegg har ho fått Kanonprisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla i Blind. Ei av dei beste opplevingane som skodespelar var likevel då ho som niande–klassing våga seg på scenen under ei juleavslutning med ein eigenskriven monolog. – Det var det første steget på ein lang veg, men det var det første av verkeleg betydning, seier ho. Ho er busett i Oslo, langtidsforlova med musikar Ola Fløttum og saman har dei Elia og Rakel. Sjølv meiner ho at ho er blitt eit betre menneske som mor, litt mindre svart/kvit og i betre stand til å gle seg over dagen som er i dag. – Kva er ein perfekt laurdag for deg? – Sol. Varme. Hagearbeid. Grilling. Gjester på kvelden når syrinlukta omkransar oss. Livet med to frilansarar i heimen kan vere utfordrande. – Ulempene er at det aldri lar seg gjere å


– I all hovudsak ynskjer eg å portrettere menneske så komplekst som mogleg, for alle menneske handlar ut i frå ein logikk, sjølv om dei kan virke manipulerande, fæle eller redde. Ellen Dorrit Petersen

planlegge framtida økonomisk. Me klarer oss godt, men det har vore periodar tidlegare det har vore skrante i pengesekken. Likevel har me klart oss utan NAV. Ho elskar fridomen, å kunne styre sin eigen arbeidsdag. – Det er topp, eg elskar å ha fri. Eg treng å ha fri, då går det an å kome i kontakt med drivkrafta igjen.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Oda Berby

Etter mange år på teaterscena har Ellen Dorrit gått over til filmverda. Men ho nektar ikkje for at det kan bli meir på teateret etterkvart.

NR. 1 – 2017

25


MALING TAPETSERING GULVLEGGING FLISLEGGING SOLSKJERMING

INTERIØRKONSULENT Kontakt oss for løsninger og tilbud

Andersen & Harestad Andersen & Harestad AS, Ryfylkevegen 1982, 4120 Tau Tlf.: 51747576, E-post: post@andersenharestad.no

Frå idé til magasin Kvalitetsmagasin bygger omdømme og skapar gode leseopplevingar

HYTTER PÅ HEBNES

Me vil gjerne høyra dine idear. Ring eller send oss ein epost. Me snakkast!

Hytter på festetomt på Hebnes. Båtplass, sandstrand og kjøkkenhage tilgjengeleg. Frå 1.290.000,- pluss omk.

Filterdk.no RYFYLKE FJORDHAGE      tlf: 95 96 98 09     fjordhage no

WEB

DESIGN

KOMMUNIKASJON

INNHALD


Ryfylkeskulen som gir deg ei solid vidaregåande utdanning, enten du vil ta fagbrev eller førebu deg på høgskule/universitet.

Ryfylkeskulen som gir deg ei solid vidaregåande utdanning, Ryfylkeskulen som gir deg ei solid vidaregåande utdanning, enten du vil ta fagbrev eller førebu deg på høgskule/universitet. Me har desse utdanningsprogramma: enten du vil ta fagbrev eller førebu deg på høgskule/universitet.

• Elektrofag Me • Studiespesialiserande fag • Service og samferdsel har desse utdanningsprogramma: •industriell Elektrofag •produksjon Studiespesialiserande fag • Service og samferdsel • Teknikk og (TIP) • Tilrettelagt avdeling Me har desse utdanningsprogramma: • Teknikk og industriell produksjon (TIP) • Tilrettelagt avdeling • Helse og oppvekst • Naturbruk • Idrettsfag

• Elektrofag • Studiespesialiserande fag ••Service samferdsel • Helse og oppvekst Naturbrukog • Idrettsfag • Teknikk og industriell produksjon (TIP) • Tilrettelagt avdeling • Helse og oppvekst Naturbruk Besøk•oss påBesøk Yrkesmessa eller sjå eller www.strand.vgs.no oss•påIdrettsfag Yrkesmessa sjå www.strand.vgs.no Besøk oss på Yrkesmessa eller sjå www.strand.vgs.no

-- det det beste bestei den i den enkelte enkelte

- det beste i den enkelte


straumen BYGDA MOT

Eit yrande revyliv, eige musikk-korps og ei pulserande dugnadsand. Jøsenfjorden har det meste, og midt i bygda ligg sjølve hjarta og samlingspunktet; butikken.

28

NR. 1 – 2017


– Eg trur alle er bevisste på kor viktig butikken er. 

Hanne Karin Natland

Maylin Hjorteland og Jahn Schjølberg har nett vore på butikken saman med barna Tobias (10) og Lucas (7). Dei meiner den lokale butikken er viktig for bygda.

– Eg trur alle er bevisste på kor viktig butikken er, og me prøver alltid å høyre på kundane. Det er viktig for oss å kunne levere det dei ynskjer, seier butikksjef Hanne Karin Natland, medan ho kikkar ut av kontoret sitt. Butikken på kaien i Jøsenfjorden fylte 40 år i fjor, og feira med å utvide butikk–lokalet med eit nytt areal for kjølevarer. – No har me fått betre plass, det er kjekt å kunne vise fram varene på ein betre måte, og dessutan håpar me å få på plass ein samlingsplass der ein kan ta ein kaffikopp inne og, fortel ho. Kollegane Olaug Østerhus og Helena Hauge nikkar. Mange ser på butikken som ein god sosial arena i bygda der det bur om lag 100 personar. Coop Vadla har ein omsetnad på om lag fem millionar kroner. Denne dagen er det berre støvlar og regnklede som gjeld. Midt i påskeveka er det ikkje mykje som minner om påskestemning og sol, det er meir som ein ekte hauststorm. Men fjordafolk kan kle seg, og det stoppar heller ikkje turistar og

hyttefolk som skal handle på nærbutikken før heilagdagane trer til. Dei fastbuande er sjølve kjernen i omsetnaden til butikken, men hyttefolket sikrar at ein kan satse litt ekstra. – Butikken er kjempeviktig, den er kjernen i bygda, meiner Per Harald Vabø og Håvard Vabø som er på sin tradisjonelle påsketur til familiehytta i Jøsenfjorden. – Dette er ein glimrande plass å vere, eit flott utgangspunkt for både fjord og fjell, barna kjem og alltid langvegsfrå for å få dette med seg, fortel Per Harald før han snur seg og lurer på om det er kome brød i dag? Ikkje det ennå, nei? Då kjem me attende seinare, seier han og smiler. Rolege feriedagar gir rom for å ta ein butikk–tur til. På butikken i Jøsenfjorden kan ein få det meste, frå fiskeutstyr og gåveartiklar til matvarer. Bygda har eiga nettside og eiga facebook–side der dei deler store og mindre nyhende frå kvardagen. Alle stoler på alle i Jøsenfjorden. Og tru det eller ei, janteloven finst ikkje her meiner

NR. 1 – 2017

29


Olaug Østerhus står i kassen, medan kollega Helena Hauge pakkar varene til kunde Per Harald Vabø.

eldsjelene me møter på kaien. – Eg meiner iallfall det, at her kan ein få lov til å seie meininga si utan at nokon seier noko på det, seier Bente Tednes Gjil, som er ei av eldsjelene som trossar vinden i dag. Med seg har ho Birgitte Selvikvåg Østerhus og Silje Lovra. Alle er dei unge, småbarnsforeldre og bønder i bygda. Birgitte og Silje har begge kome heim igjen for å overta gardar i bygda, Bente er sjølv frå nabobygda Jøsneset og har overtatt familiegarden til ektemannen. Dei andre to nikkar. Jøsenfjorden er open og inkluderande. Det er lov å reise seg opp på eit foreldremøte og seie noko som er stikk i strid med kva resten meiner. Dei håpar uansett at resten av innbyggjarane kjenner det slik som dei gjer det. – Men ein må jo gi av seg sjølv her, det er ei bygd som baserer mykje på dugnadsand, ein må hive seg utpå og bli med. Det er jo sosialt og, meiner dei. – Det er eit år sidan me flytta inn, og spørsmåla kom med ein gong: kom på jentekveld, bli med på det som skjer, fortel Birgitte. Nyleg hadde dei revy med 160 gjester i salen, på butikken har dei ein årleg marknad, dei har påskebasar på bedehuset og sitt eige musikk–korps som står for musikken på store dagar. Eigen

30

NR. 1 – 2017

– Dette er ein glimrande plass å vere, eit flott utgangspunkt for både fjord og fjell, barna kjem og alltid langvegsfrå for å få dette med seg. 

Per Harald Vabø


Det er mange eldsjeler i bygda, Bente Tednes Gjil (t.v), Silje Lovra og Birgitte Selvikvåg Østerhus er tre av dei.

barnehage har dei også. Mange vil nok også hugse kampen småbarnsforeldra og resten av bygda kjempa for at barna skulle få gå på nærskulen sin i Erfjord, og ikkje måtte køyre til Nesvik for så å ta ferje over til ein skulekvardag på Hjelmeland. Kampen vart lengre og tøffare enn mange av foreldra i fjorden hadde håpa på, men slutt vann dei fram. No gler dei seg over at politikarane høyrde på folkerøysta i bygda. I dag er det 21 barn mellom 0 – 11 år i bygda, i tillegg er det to ungdommar som går på ungdomsskulen. – Den saka var så utruleg viktig for oss. Det blir ein lettare kvardag for oss alle, dersom ein skal heim frå skulen og så ut igjen i eit barneselskap klokka 16.30 er det ikkje godt å klare det når ein må til Hjelmeland. I Erfjord går det fint, seier Bente. – Det er litt som i Bakkebygrenda hjå oss, folk passar på kvarandre og barna kan springe kor dei vil. – Men det er klart det er på godt og vondt det og, me blir veldig synlege her, me veit mykje om alle. Jantelov passar nok på her og. Jentene fortel at dei for om lag ti år sidan hadde ein kampanje gåande i bygda der dei laga sin eigen reklamefilm med tittelen:

me har lyst på dokke. Filmen ser ut til å ha gitt resultat for fleire har flytta heim og satsa i bygda dei kom frå. – Det er godt mogleg me burde gjort fleire slike stunt, seier Bente og ler. I kassen på butikken betaler Maylin Hjorteland og Jahn Schjølberg, dei pakkar varene i sekken medan Tobias (10) og Lucas (7) står klar med hjelm på hovudet og sparkesykkel i hendene. Maylin er sjølv frå Jøsenfjorden og no har ho med seg familien heim på påskeferie. – Me likar oss her, og butikken er flott. Me får det meste her, meiner familien.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

NR. 1 – 2017

31


«Dei lyse og levande øyane»

Øyposten Design & Reklame

Stort utvalg i Rogalandsbunader og tilbehør

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no

www.finnoy.kommune.no

Ny nettside?

I samarbeid med Omega tilbyr me gunstige årsavtalar for drift og support av nettside, epost og office 365-pakkar.

filterdk.no

tlf. 971 94 788

hei@filterdk.no


TETT PÅ

kvardagen Natur. Familie. Trygg oppvekst. Småbarnsforeldra med oppvekst i Sauda veit godt kva bygda betyr for dei. Sjølv har dei tatt ulike vegval i livet.


Kristine Eeg og Helene Fjellheim Midtun har aldri angra på at dei flytta heimigjen saman med familiane sine.

– Eg var aldri i tvil. Me visste me ville heim igjen. Spørsmålet var berre når det passa, fortel Helene Fjellheim Midtun (33). Ho og mannen Åge Fjellheim Midtun hadde eit aktivt liv i Bergen, men etter kvart kom saknet etter naturopplevingane rett utføre døra og besteforeldre rett rundt hjørna. Dei tok med seg barna Ingrid, som då var 2 1/5 år gamal og Vegard på eit halvt år og reiste heim til Saudasjøen der tomta allereie sto klar. – Det var viktig for oss at me tok det valet før eldstemann byrja på skulen. Tida går fort, til hausten er det minstemann Vegard som byrjar i 1. klasse. Helene har arbeidd som fysioterapeut i Suldal kommune i fem år, ein jobb ho trivst godt med trass i ein pendlarveg på ein liten time kvar veg. – Den tida i bilen gjer meg ingenting, då kan eg tenkje på alt mogleg, og når eg får det til så tar eg hurtigbåten. I tillegg får eg sjansen til å sjå Sauda frå utsida, når eg kjem inn fjorden. Det er godt å gjere det av og til. Me har aldri angra på dette, seier Helene og blir med opp i klatrestativet på leikeplassen ved det nye bustadfeltet Andreasmoen i Sauda. Her møter ho veninnene

34

NR. 1 – 2017

Kristine Eeg (33) og Ingvild Lien Molland (34) og barna som har hive seg inn i den gode leiken. Kristine og mannen Tore Eeg har bygd hus her i feltet, ho inviterer inn via eit godt organisert vaskerom. Her er det rom for å leve eit aktivt liv, i stova ligg togbanen klar til dyst og leikekjøkkenet er praktisk plassert vegg i vegg med der dei vaksne lagar sin mat. Med familie og kvardag kan ein ikkje leve i utstillingsvindauga. Veslesøster Hennie (10 mnd) er heime, medan storebror Sverre (3 år) er ute på vift denne dagen. – Me likar oss godt ute i naturen, det er herleg å kunne gå rett ut døra og berre vere i eit flott tur–terreng. Dessutan har me plassert oss strategisk midt mellom besteforeldra, det er godt å ha dei tett på i kvardagen, meiner Kristine. Sjølv arbeider ho som tannlege, medan Tore er offshore. – Eg budde på Jørpeland eit år då me var kjærastar, Tore budde allereie i Sauda. Etter ein periode der me vurderte både Sauda og Stavanger så landa me på det første, eg er glad for det. Akkurat som Helene og Åge så er me jo begge to frå Sauda. Det


HELENE FJELLHEIM MIDTUN (33) Gift, to barn Bur i Saudasjøen DET BESTE MED SAUDA: nærleiken til natur, venner og familie, og moglegheita til å påverke og endre lokalsamfunnet via personleg engasjement.

gjer alt litt enklare. Sverre har fast trillejente i nabolaget. Det er og noko av det gode med å bu i Sauda, her kjenner alle kvarandre og forholda er små. Alt er litt tryggare og enklare her enn i byen. Plutseleg bankar ei svigerinne på døra med ei påskehelsing. – Her er det trygt og godt, me kjenner alle barna i barnehagen og lærarane på skulen, på mange måtar liknar det på det samfunnet me levde i sjølv, meiner Kristine. – Me ynskjer jo at barna våre skal få oppleve mykje av det same som me gjorde, seier Helene. – I Sauda kan barna få springe fritt og leike rundt omkring, det gjer ingenting. No når me skulle samle oss i bilen og køyre opp her måtte eg først ut for å samle inn barna. Ingvild er den einaste i venneflokken som ikkje bur i Sauda. Med mannen Jermund Molland frå Hafslo i Luster kommune i Sogn og Fjordane trekte Sauda det kortaste strået då dei skulle velje heimkommune for seg sjølv og dei tre barna Jøran (5 ½), Malene (3) og Even (10 mnd). Dei bur no i Sogndal.

KRISTINE EEG (33) Gift, to barn Bur i Sauda DET BESTE MED SAUDA: nærleiken til alt, og venner og familie som bur her.

INGVILD LIEN MOLLAND (34) Gift, tre barn Bur i Sogndal DET BESTE MED SAUDA: Folka som bur her, venner og familie.

– Det var ikkje eit enkelt val. Men Sauda og Sogndal liknar ein del, det er mykje av dei same verdiane og samfunnet er nokså likt, fortel Ingvild. – Også der er det viktig for oss at barna får oppleve ein trygg oppvekst med natur og fjellturar rett i nærleiken. Sogndal var litt større og ein tilflyttarkommune. Me var heller ikkje hundre prosent sikre på at det var rette valet etter at me trass alt hadde trivst ganske bra i både Trondheim og Oslo dei siste 12 åra, så me ville ha eit «testår» før me bestemte oss heilt. Me trengte ikkje eit heilt år på å bestemma oss, så me bestemte oss i vinter og eg sa opp jobben i Oslo i starten av mars. – Men det er jo godt eg har venner og familie som bur i Sauda, slik at eg kan besøkje dei så ofte eg kan. Ingvild er utdanna biolog og har tatt vidareutdanning i yrkeshygiene. No er ho på leit etter jobb, noko som passar bra sidan det framleis er permisjonstid heime med vesle Even. Både arbeidsmarknaden og bustadmarknaden er tøff i Sogndal, men dei har vore heldige og fått seg hus. – Når du har små barn er det uansett enklare å kome inn i det

NR. 1 – 2017

35


36

NR. 1 – 2017


I Kristine sitt nye hus er det god plass, både til samtalar og leik. Veninnene Kristine, Ingvild og Helene er flinke til å samlast når alle er i bygda.

– Me snakkar jo ein del om det, og eg trur nok det er enklare å flytte heim igjen når andre i same vennegjengen har gjort det frå før. Helene Fjellheim Midtun

For dei tre Saudadamene er naturen og aktivitet ute gode verdiar, som dei også gjerne gir vidare til barna.

sosiale på ein ny plass, meiner ho. – Det blir ofte slik at ein engasjerer seg i det barna er opptekne av, meiner alle tre. Medan Helene har engasjert seg i Barnas Turlag i Sauda har Kristine ei fast gruppe på babysymjing, for å nemne noko. Jentene er ein del av ein større vennegjeng frå vidaregåande i Sauda på om lag 10 stykk som reiser på tur saman og held saman, av desse har mange no kome heim til industribygda, men slett ikkje alle. – Me snakkar jo ein del om det, og eg trur nok det er enklare å flytte heim igjen når andre i same vennegjengen har gjort det frå før, meiner Helene. – Og det er kjekt å sjå at barna våre knyter band og blir kjende dei og, sjølv om me ikkje bur på same plass. Dei meiner saudasamfunnet også opplever endring. Dei er sikre på at flyktningmottaket som var i bygda fram til i vinter var eit godt tilskot til bybiletet. Dei ser også at byen har fått utvida serveringstilbodet sitt, og at det er viktig det finst gode møteplassar i sentrum. – Veldig positivt at det er liv i alle sentrumsbutikkane igjen. Både kafear, klesbutikk og interiørbutikk har fyllt tomme lokaler på ny, slår Kristine fast.

Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

NR. 1 – 2017

37


Ynskjer du ein lokal bank som du kan ringa direkte til? Kor rådgjevaren din ordnar alt for deg? Då skal da ta kontakt med ein av oss!

Foto: Negative

Me kan hjelpa deg med alt innan lån/finansiering, forsikring og forsikring. Ta kontakt med oss:

ryfylkebanken

Tlf. 51 75 44 00 / hjelmeland-sparebank.no / facebook.com/HjelmelandSparebank

www.florli.no • tlf 902 65 133 • hessel@florli.no Besøk den historiske bygda i Lysefjorden Den veglause grenda Flørli ligg idyllisk til ved fjorden. Langs røyrgata kan du gå i verdas lengste tretrapp med 4444 trinn til topps, du kan besøke den historiske kraftstasjonen og nyte eit varmt måltid eller kaffekopp i storslått Vestlandsk natur.

Bakernes Paradis – nærmere fjorden kommer du ikke. Bli med på skattejakt og let etter skattene som trollet har mistet. Barna kan fiske fra kaien og leke i hagen. Vi har kafè og landhandel med lokale, hjemmelagde godbiter og håndverk. For mer info, besøk www.bakernesparadis.no

Flørli 4444 har sommaropen kafé med middagservering og over 60 sengeplassar i leilegheiter og vandrarheim frå april til og med september. Bestill gjerne overnatting online eller ring. Adkomst: ferje ifrå Songesand, Forsand og Lysebotn, eller gå turen over heia via nye Skåpet (STF). Brygge for fritidsbåtar. www.florli.no

Ta turen i

VER DA S L EN GS TE TR E TRA PP


Kom til oss om du treng hjelp med grunnarbeid på tomta di.

Ledige næringstomter – ta kontakt. Tau Næringspark as Nordmarka, 4120 Tau Tlf. 909 75 915 E-mail: hogne@turnoveras.no

• Grunnarbeid på tomt og veg • Boring og sprenging • Containertransport e-post: of.as@suldal.com - tlf. 52 79 91 86/992 29 084 - www.of-as.net

Velkommen til vår helt nye butikk på Forus. Nye Toyota og stort utvalg Toyota Plus (nesten nye)

Vi har læreplasser i fagene: Vi har læreplasser i fagene: har læreplasser i fagene: plasser Vi i fagene: Akvakultur••Fiske Fiskeog ogfangst fangst Akvakultur • Fiske og•fangst Matros •Motormann •Sjømat Sjømat r • FiskeAkvakultur og fangst Matros •Motormann Matros •Motormann • Sjømat otormann • Sjømat Vi har læreplasser i fagene:

KristinHaver HaverSevheim Sevheim- -kristin@ffor.no kristin@ffor.no - Tlf. 481 Kristin - Tlf. 481 18 18 576576

K Kristin Kristin k kristin Kristin Haver Sevheim kristin kristin@ffor.no, Telefon w www

Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576 Akvakultur • Fiske og fangst plasser i fagene: Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576 Matros •Motormann • Sjømat

Følgoss osspå på Følg •ViFiske og fangst Kristini Haver Tlf. 481 18 576 har læreplasser fagene:Sevheim - kristin@ffor.no -www.ffor.no www.ffor.no Følg oss på Facebook! Facebook! otormann oss på • Sjømat www.ffor.no Facebook! www.ffor.no

Akvakultur • Fiske og fangst Vi har læreplasser fagene: Følg oss på Matros •Motormann •i Sjømat

book!

www.ffor.no SevheimAkvakultur - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576 Facebook! • Fiske og fangst

www.ffor.no

Kristin Haver Sevheim Svanholmen Telefon 51Vestre 71 45 09 9 - 11

FOR ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN SA.

Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no Matros •Motormann • Sjømat - Tlf. 481 18 576

Kristin Haver Sevheim kristin@ffor.no, kristin@ffor.no, Telefon 51 71 45 09

Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576

ss påFølg oss på www.ffor.no www.ffor.no Følg oss på book! Facebook! www.ffor.no Facebook!

www.ffor.no www

Kristin Haver Sevheim

FOR ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN SA. FOR ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN SA. Åpent: Ma., ons., tors., kristin@ffor.no, Telefon 51 71SA. 45 09 FOR- ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN fre. 08:00 16:30. FOR ROGALAND OG08:00 SKAGERAK-KYSTEN SA. - 14:00 Tirs. - 20:00, lør. 10:00

Toyota Sørvest AS www.ffor.no toyotasorvest.no

Kristin Haver Sevheim kristin@ffor.no, Telefon 51 71 45 09

www.ffor.no

www.ffor.no FOR ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN SA.

FOR ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN SA. FOR ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN SA.

4313 Sandnes Tlf.: 51 82 25 00


PADLAR PÅ

turismebølga Kvar sesong byr på fleire eventyrlystne turistar enn året før for Lysefjorden Kajakkutleie. Dette merkar dei på både språkkunnskapane, kulturforskjellane og det auka samarbeidet mellom reiselivsaktørane i området.

Sesongen i Lysefjorden Kajakkutleie startar etter påske og held som regel fram til midten av september. I 2016 hadde bedrifta siste turen i november. I år er bedrifta klar med utvida tilbod om guida turar. På ein typisk arbeidsdag er Øyvind Stuvik i Lysefjorden Kajakkutleige oppe rundt klokka sju, før han får på seg solkrem og lagar niste. Vanlegvis har dei kundar både på utleige og guida tur. Morgontimane går då til å hjelpe dei som leiger kajakk med pakkinga og vise praktiske ordningar. Klokka 12 er han ute på guida tur rundt Jørpelandsøyane i to og ein halv time, der han fortel om alt frå fugl til fisk. – Det er alltid like spennande kva ein ser, seier Stuvik. Om du har vore der hundre gonger før er det alltid fint på turen. Kva ein ser av fuglar og fisk varierer. Det gjer også vêret. Han gjerne tar seg ein tur utpå fjorden med kajakken aleine også. Då

40

NR. 1 – 2017

finn han roen og slappar av. Stuvik fortel at mange er fascinerte over at ein kan ha så mykje urørt natur rett utføre tettstadane og byane. Det er også enklare å ta seg ut i naturen i Noreg enn andre stader. Han minnest ei gruppe han hadde med seg frå India: – Dei var heilt overraska over at det ikkje var farlege dyr her. Dei spurde meg «you really don’t have a gun?» Det at dei kunne ta i vatnet, og gå på land utan fare for å møte tigrar var ei ny oppleving, seier han. Storparten av kundane hjå Lysefjorden Kajakkutleie er frå utlandet, og kjem i hovudsak frå Tyskland, Nederland, Sveits og Danmark for å oppleve norsk natur. Årleg kjem det og grupper frå Kina og Australia. Dei får nokre henvendelsar frå nordmenn, men mest i form av teambuildingturar for bedrifter.


– Om du har vore der hundre gonger før er det alltid fint på turen. Øyvind Stuvik

Besøkande hjå Lysefjorden Kajakkutleie kjem frå både Tyskland, Nederland, Sveits og Danmark, og mange er overraska over kor mykje urørt natur som ligg rett utføre byane.

– Telefonen ringer i eitt gjennom sommaren. Eg blei til og med kontakta av telefonoperatøren for å bekrefte telefonloggen min. Det var ein god del land på lista, ler Stuvik. Med auken i utanlandske turistar har han også fått trent engelskkunnskapane, og fortel at han ikkje såg seg sjølv som best i klassen på dette feltet. – Når ein blir tvinga til å snakke engelsk blir ein berre betre, og du verda som ein lærer! Han fortel at han lærer om lag eitt nytt ord per guida tur. Dei besøkande kjem med ulik erfaring i padling og med forskjellig forståing av sikkerheita som trengs. I Lysefjorden Kajakkutleige forhøyrer dei seg om erfaring, redningsteknikkar og sertifikat på førehand. Om turistane ikkje kan vise til at dei har den kunnskapen som trengs, får dei ikkje leige kajakk og

ta ut på eiga hand. Det er ein av grunnane til at bedrifta tilbyr guida turar. – Me har vore strenge på sikkerheita sidan fyrste året. Nokre kan nok kjenne seg snytt om me nektar dei, men me vil helst vere på den sikre sida. Til no har det vore lite uhell og tull, fortel Stuvik fast. Nytt av året er overnattingsturar i telt der Lysefjorden Kajakkutleie tek seg av utstyr til tur og overnatting. Turen går frå Forsand inn til Dørvika som byr på utsikt til Preikestolen, og er samstundes godt skjerma frå vêr og vind. Der har dei tilgang til fasilitetar og bilveg om nokon skulle få kalde føter. Lysefjorden Kajakkutleie har opplevd god respons på dette tilbodet og har allereie fleire større grupper booka for tur. Store turistattraksjonar som Preikestolen (300 000 besøkan-

NR. 1 – 2017

41


Dei besøkande kjem med ulik erfaring i padling og forståing av sikkerheit. Lysefjorden Kajakkutleie tilbyr difor både utleige og guida turar.

Kunstverket og landemerket Solspeilet på Klungholmen utanfor Jørpeland blei ferdigstilt i september 2016 og er ein av stoppane på dei guida turane.

Det er mange attraksjonar å få med seg på guida tur til Jørpelandsholmane. Her padlar dei mot Solspeilet på Klungholmen.

de årleg i 2016), Kjeragbolten og Lysefjorden har skapt ein god grobotn for fleire turistaktivitetar. Kajakkutleige og skreddarsydde opplevingar har freista mange eventyrlystne turistar. Det var i 2007 at Øyvind Stuvik såg dette potensialet, og bytta ut matrosjobben i Rødne Fjord Cruise med utleige av kajakk ved ferjekaien i Forsand, som blei til Lysefjorden Kajakkutleige. Sidan Preikestolen er ein av dei store turistmagnetane i Forsand, var det her han satsa først på ringverknadane av turistindustrien med drop–in kundar. – Før var det lite organiserte tilbod om opplevingar i Lysefjorden. Fleire har kome ned frå Preikestolen og spurt «What to do now?», forklarar han. Me har opplevd meir pågang år for år, eg tenker kvart år at eg håpar det er like mange som i fjor, men det er alltid fleire, seier Stuvik engasjert.

42

NR. 1 – 2017

No opplever Stuvik at besøkande tek direkte kontakt med dei utan nødvendigvis å ha gått fjellturane eller sett Lysefjorden først. – No kjem fleire kun for å padle. Dette er ikkje drop–in kundar, men folk som har planlagt eit halvt år fram i tid. Lysefjorden Kajakkutleie fekk raskt ei rolle som turistinformasjonssenter, der besøkande etterspurde informasjon om overnatting, matbutikkar, og andre aktivitetar i området. Stuvik byrja etterkvart også å vere med på planlegginga av hotell, mat og utstyr etter turistanes sitt ynskje. – Dei vil lande på Sola, så vil dei ikkje tenke på planlegging og organisering meir, seier han og fortel vidare at dette passar han godt. Han trivs med å skreddarsy turane. Dette har vidare ført til god kontakt og samarbeid med ulike


fakta ØYVIND STUVIK, snart 37 år Bur på Jørpeland i Strand kommune saman med kona og jentene deira på fire og åtte år. Kjem eigentleg frå Jelsa . Jobba tidlegare som matros og motormaskinpassar i Rødne Fjord Cruise i over 10 år. Byrja med padling i kajakk etter kurs frå Noregs Padleforbund, kjøpte seg deretter to kajakkar til privat bruk. I 2007 tok Stuvik steget frå hobby til firma og etablerte Lysefjorden Kajakkutleie. Har gradvis utvida tilbodet til turistar via skreddarsydde turar og guida turar. Kan i år kan tilby 35 kajakkar og eit knippe guida turar i Lysefjorden og rundt Jørpelandsøyane. Tilbyr også overnattingsturar i telt til Dørvika.

– Ryfylke er knøttliten i verda, difor er det berre ein fordel med samarbeid mellom aktørane. Øyvind Stuvik

reiselivsaktørar i Lysefjorden. Stuvik fortel at kommunane og Region Stavanger legg opp til samhandling på tvers av bedriftene for å gjere det enklast mogleg for turistane. Lysefjorden Kajakkutleie har nyleg inngått samarbeid med opplevelsesbedrifta Outdoorlife Norway på bookingnettside, og saman kan dei tilby turistane gode opplevingar i og rundt Lysefjorden via fjordexpedition.com. – Me har funne ut at me er over middels engasjerte i det me driv på med, og nokre ting kan me gå i lag på, seier han og viser og til at nokre prosessar som HMS–sikring og marknadsføring er lettare om ein er fleire i lag. – Ryfylke er knøttliten i verda, difor er det berre ein fordel med samarbeid mellom aktørane. Sjølv med aukande interesse frå både nasjonal og internasjo-

Øyvind Stuvik, eldsjela bak Lysefjorden Kajakkutleie, er stort sett å finne i kajakken frå sesongen startar etter påske og fram til september.

nal turisme er det alltid eit spørsmål om ein skal satse og i så fall, kor mykje. For Lysefjorden Kajakkutleige har det vore ei gradvis satsing med åra der dei no har samla 35 kajakkar, og tilsett to nye guidar slik at dei til saman er fem tilsette gjennom sesongen 2017. Stuvik er takksam for at kommunen leiger ut lokalet ved ferjekaien til han, som er ei gunstig plassering for bedrifta. Vidare fortel han at om sesongen i år går bra, blir neste steg å få eit lokale på Jørpeland og. – Ein veit ikkje korleis det går før ein har prøvd, konkluderer Stuvik.

Maria Djuve Vågen Foto: Lysefjorden Kajakkutleie

NR. 1 – 2017

43


HAR DU EN HYTTEDRØM?

La deg friste av de nye HAR DU EN HYTTEDRØM? hyttemodellene!

La deg friste av de nye hyttemodellene!

.ra www

K HYTTE

nah

ytta

.no

KONTAKT OSS OG FÅ ET GODT PRISTILBUD PÅ HYTTE OG TOMT i SANDANGERVÅGEN OG MOSVATNET HYTTEGREND www.sandangervaagen.no www.mosvatnethyttegrend.no

G ATALO

r r ove Hytte

70m Finn drømmehytta Finn drømmehyttai i NORGES STØRSTE NORGES STØRSTE HYTTEKATALOG HYTTEKATALOG 2

Autorisert forhandler av Ranahytta

lmk@enkel.no - 98283003 - Hjelmeland

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2017 1  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2017 1  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement