__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

10

Femte generasjon Postvegen Ă˜len-Etne Portrettet Per Berge

16 18 

NR. 1 2017


I sal nå!

Kongeutsikt - Fitjafeltet

Rikdom kan vere så mangt. Opplevingar, natur, kjærleik. Lev. Nyt. Bu. i Etne

Tomter ute for sal nå!

Foto: Meister Fotografi

Prisar frå 590.000,-

Tomter

Skule

Barnehage

Sentrum

Turområde

Strand

47

1km

1km

1,5km

0m

1,1km

Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne kommune for utvikling og sal av tomter i Etne.

Epost: post@tomteselskapet-etne.no Telefon: 97 77 17 55


10

6

14

16

26

18 32

INNHALD 3

Innhald

14

Går nye vegar

29

Kommentar: Erik Baust

5

Leiar

16

Populær turveg

32

Lære i omsorg

6

Draumetomta

18

3000 tomter og ein geitefjos

34

Kortnytt frå næringslivet

10

5. generasjon tek over

26

Meiningsfull kvardag

35

Folk i vinden 

1 • 2017

3


N Y BYG G

T I L BYG G

R E PA R A S J O N E R

R E S TA U R E R I N G

VI BYGGER FOR ALLE Vi bygger ikke bare store bygg for det offentlige marked, men også bygg til det private marked. Vi skilter med bred erfaring og tar totalentrepriser for hele prosjekter.

53 76 91 55 post@bdl.no bdl.no

HUS

HYTTER

NÆRINGSBYGG

Vigor Bygg AS er et nyetablert selskap som er en fusjon av byggevirksomheten til Tungesvik Bygg AS og Byggefirma Kjetil Nedreskår AS i Skånevik. Vigor har betydelig kompetanse innen oppføring av bygg og rehabilitering. Byggeaktiviteten er hovedsakelig på Haugalandet, Seljestad og i Etne kommune. Velkommen til gamle og nye kunder.

Kjetil Nedreskår

Heine Skogland

Telefon +47 481 15 880 E-post kjetil@vigorbygg.no

Telefon +47 902 01 845 E-post heine@vigorbygg.no

Dagleg leiar

Prosjektkoordinator

VIGORBYGG.NO


Bra plass å busetja seg er viktig anten ein kjøper brukt eller bygger nytt, lite eller stort.

Ansvarleg utgivar: Fikse Næringsutvikling Ansvarleg redaktør:

ve

it

Redaktør:

foto: Fotogra

fN

or

dt

Asbjørn Moe

Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling

Filter design & kommunikasjon Redaksjon: Filter design & kommunikasjon: Astrid Eidhammer Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar Maria Djuve Vågen

Verdas lukkelegaste folk

Kari Aakra, Medvind24. Formgjeving: Filter design & kommunikasjon Foto: Meister Fotografi

Nyleg overtok Noreg plassen til Danmark som verdas lukkelegaste land og folk, ifølge World Happiness Report. Her i Etne og Vindafjord står me ikkje tilbake for resten av landet, så då må vel me vera dei 13.000 lukkelegaste folka på kloden? Me har det i alle fall overordna veldig bra, sjølv om også hjå oss har deler av næringslivet vårt i det siste opplevd krevande tider med nedgang og oppseiingar, noko som rammar hardt for dei det gjeld. Nettopp derfor er næringslivet vårt opptatt av å skapa varige verdiar, både i form av bedrifter, arbeidsplassar og lokalsamfunn. I denne utgåva av Tempo møter du næringslivsleiaren som framstår like opptatt av distriktsutvikling som av bedriftsutvikling. «Me må jo passa på at det er fleire andre enn oss indianarar som vil bu her i framtida». I gode tider er det gjerne andre motiv som påverkar kor ein vel å busetja seg, men gode og attraktive bedrifter og jobbmoglegheiter vil alltid vera ein føresetnad for å kunne utvikla vidare våre vitale og levande bygder. Bra plass å busetja seg er viktig anten ein kjøper brukt eller bygger nytt, lite eller stort, er ung førstegangsetablerar eller trenger utvida litt til familieauken. Dette ser også næringslivet nytten av, for at ein skal vera attraktiv som arbeidsplass må ein også ha attraktive moglegheiter til å etablera hus og heim. I tillegg til lokalpatriotisme er dette er noko av næringslivet sin motivasjon bak dei gigantiske spleiselaga som ligg i tomteutviklinga i Etne og Vindafjord siste åra. I denne utgåva av Tempo kan du lesa om eit slikt samarbeid, som har resultert i utbygging av Fitjafeltet, det største bustadutviklingsprosjektet i Etne si historie.

Svein Egil Økland Framsidefoto: Meister Fotografi Opplag: 6 000 Trykkeri: Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vindafjord.Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

God lesning!

Hovudsa ma rbeidspa rtna r



1 • 2017

5


Rask saksbehandling er viktig, samstundes som kommunen må vere ein ja–kommune og ikkje ein nei–kommune i byggesaker. 

Gjerd Markhus og Morten Nilsson

Realiserer husdraumen Gjerd Markhus og Morten Nilsson var på jakt etter sentrumsnære og solrike tomter i Etne. Det fann dei på Fitjafeltet.

6

1 • 2017

Dermed kan dei realisere draumen om å bygge sitt eige hus i Etne. Gjerd har budd i Etne heilt sidan ho var ferdig med utdanninga i Odda, i dag arbeider ho som sjukepleiar ved Etne Omsorgssenter. Morten er opphavleg frå Røldal, i dag bur han i Bergen og arbeider med sal av datatryggleiksutstyr for Westcon Comstor. – Kvifor Fitja–feltet? – Fordi det er eit nytt felt med god utsikt over både Etne og sjøen. Det er gode solforhold og det er sentrumsnært. Det er også nær tilgang for å gå tur på fjellet. Samstundes så var det berre eit alternativ for tomter i Etne sentrum, fortel paret. No drøymer

dei om å bygge eit moderne hus og meiner det er viktig at det blir satsa på tomter i Etne der det er kort veg til både jobb, butikkar, skule og kulturhus. – Korleis kan ein auke tilflyttingane til kommunar som Etne? – Kommunane må legge til rette for attraktive tomter, og ulike typar tomter rundt i kommunen. Rask saksbehandling er viktig, samstundes som kommunen må vere ein ja–kommune og ikkje ein nei–kommune i byggesaker. Gode vegar og kommunikasjon ut av kommunen er også viktig. Eigendomsskatten må helst blir fjerna, eller ein må halde den låg, meiner Morten og Gjerd.


Gjerd Markhus og Morten Nilsson ser fram til å bygge drøymehuset sitt på Fitjafeltet i Etne.

FA K TA Feltet er påbegynt av entreprenør Bjarne Nordtveit, anleggstida er rekna til å vere om lag eit år. Etter planen skal tomteeigarane kunne starte på eigne tomter etter nyttår. I feltet er det totalt 59 tomter, av desse blir 47 lagt ut for sal no.

Paret har allereie vore i kontakt med arkitekt og utbyggar, og dei første teikningane på korleis huset kan sjå ut ligg klare. – Vi kjem til å bruke god tid på dette sidan tomta ikkje er klar for utbygging endå, fortel dei. Styreleiar i Tomteselskapet Etne AS, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim legg vekt på at mange har etterlyst attraktive og sentrumsnære tomter i Etne. – Etne kommune kjøpte eit areal på Silda som var tenkt til tomter, i tillegg var garden Store Fitja i lengre tid sett på som særs attraktivt for utbygging. Av ulike grunnar fekk ikkje kommunen gong på utbygginga, Etne tomteselskap (ETAS) vart oppretta, og har kome til semje med både kommunen og eigaren av Store Fitja om kjøp av arealet, seier Mette Heidi og legg vekt på den innsatsen lokalt nærigsliv har lagt ned for å realisere feltet. Feltet er påbegynt av entreprenør Bjarne Nordtveit, anleggstida er rekna til å vere om lag eit år. Etter planen skal tomteeigarane kunne starte på eigne tomter etter nyttår. – Dette er eit flott område, med reine kongeutsikta. Det er solrikt, og kort veg til barnehage og skule, sentrumsfunksjonar, kyrkje, kultur– og idrettsanlegg, seier styreleiaren og viser til at det også er kort veg til badestrand, fjell, fjord og

turområde. – I tillegg har Etne markert seg med særs godt barnehagetilbod, både i kommunale og privat barnehage, høg kvalitet og alle får plass. Etne scorar også høgt på kultur– og idrettstilbod med stor variasjon i tilbodet. Dei flotte Etnefjella er godt kjende som turområde. I tillegg er det mindre enn ein time til flotte skiområde på Seljestad og i Røldal. Ho meiner det er behov for tilgjengelege tomter, ikkje minst sidan det er få tomter att i eksisterande felt. – Det har vore stor interesse for tomtene. Etne har hatt folketalsauke i mange år og hus blir som regel selde kjapt, det har vore litt pressa marknad. Det har blitt bygd masse leiligheiter i sentrum, men tomtetilbodet har vore for dårleg. – Me må ha eit variert tilbod for å få våre eigne til og flytta heimatt, eller for å tekkjast nye tilflyttarar. Der har vore tomter tilgjengeleg, men ikkje til å velje og vrake i. Eit hus er ei stor og viktig investering for den enkelte, då må drøymehuset få ein flott stad å stå på. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Svein Egil Økland



1 • 2017

7


Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKELEG MED BARNEHAGEPLASSER OG FLOTTE BUSTADAREAL • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no


BU I VINDAFJORD

Kariann Eide har hatt fast jobb som feiar i Vindafjord kommune sidan 2014. Er frå Yrkje i Tysvær, men har tatt med seg mann og kjøpt hus i Skjold.

Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:

· · · · · · · · ·

Imponerande tal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag

I mange år har Vindafjord kommune sendt ut brosjyre til alle innbyggerane med «kommuneturar». Til stor glede for mange. Det er rart med det, men me kjenner ikkje alltid miljøet me bur og lever i. Å bli godt kjent med oss sjølve, dei me bur saman med, naboen, bygda, kommunen... Det er mykje godt å finna for den som leiter seier dei. Vindafjord har svært mykje å by på.

Ut på tur frå Vindafjord

Granberg reiser til Dubai med hanskar, Westcon tek turar til Polen, Omega til kontorer i Amerika, Kaldheims Auto på kurs i Oslo, Knapphus Energi leverer til Stavanger... Mange store og små bedrifter og tilsette i stat og kommune reiser dagleg frå og til Vindafjord i ulike ærend. Det gjer kommunen både vital og sentral. Dei som arbeider i Vindafjord kommune vil gjera sitt beste for at alle skal ha ein god plass å bu og «tura på» med det dei likar best.

arbeider for å yta på sitt høgste nivå

Dei kan sjå lyst på det dei som bur i Vindafjord.

Levande bygder – der den enkelte er særs viktig

God tur.

vindafjord.kommune.no

VITAL OG SENTRAL

Vi n n a r s k a l l e . n o

Ut på tur i Vindafjord


Oppstilling til bilete i Etne sentrum. Her ser ein den første bensinpumpa frå Shell som vart sett opp i Etne Sentrum i 1939.

Nostalgi i gamle Etne sentrum – her ser ein både Esso-stasjonen og Etne Service Senter som ligg på kvar si side av hovudvegen.

I 1937 skreiv Peder Sigvard Eriksen Grindheim kontrakt med Norske Shell AS og sette opp den første bensinpumpa midt i Etne sentrum.

Girar opp i femte No trer Lasse Grindheim, tippoldebarnet til Erik Pedersen Grindheim og femte generasjon, inn i rolla som medeigar på stasjonen. 80 år etter er satsinga blitt til bilverkstad og storkiosk som framleis er driven av familien. Når ein går inn i verkstaden ved Etne Service Senter AS i Etne sentrum, møter ein travle mekanikarar som jobbar trutt med radioen summande i bakgrunnen. Det klirrar i verktøy. – Eg vaks opp her, både i butikken og på verkstaden, seier Geir Grindheim som er eigar og mekanikar ved Etne Service Senter AS. – Me var med mor på jobb, ho var ei driftig dame som både jobba og hadde fire born, legg han til og smiler lunt. No skal han dele drifta av både stasjonen og verkstaden med sonen, Lasse Grindheim. At sonen skal vere med å drive bedrifta er noko han syns er veldig fint, for då blir det drive vidare av familien. På verkstaden har dei fleire bestillingar som skal vere klare i løpet av dagen og kvistar vidare i arbeidet. To bilar er jekka opp i lufta i forskjellige høgder, og Lasse og medarbeidaren Tor Arvid Grindheim tar føre seg kvar sin bil og inspiserer. – Planen var heile tida at eg skulle vere med å drive bedrifta her, seier Lasse. No har eg jobba ei stund, så no kan eg det eg treng å kunne for jobben vidare, forklarar han. Han fortel at han har jobba fast på verkstaden sidan 2008, og fekk fagbrevet litt før tida i 2010. Før dette var han som regel innom stasjonen etter skuletid. Kva retning han skulle velje etter 10. klasse stod klart for han. Då var det Kjøretøylinja på Etne vidaregåande skule som sto for tur, før han gjekk i lære som mekanikar hjå faren på verkstaden

10

1 • 2017

på Shell. Medan andre stod der og lurte på kva som var neste steg, visste eg med ein gong kvar eg skulle, fortel Lasse. Som eit nostalgisk innspel i den elles moderne verkstadshallen heng eit stort, gamalt Shell-skilt på eine veggen og lyser. Etter at oldefar til Lasse skreiv kontrakt med Norske Shell AS kom den fyrste bensinpumpa på plass i 1939. Då var det ikkje stort anna enn ei pumpe der. Seinare kom både verkstad og kiosk ettersom det blei fleire bilar på vegane og større behov for både drivstoff og mekanikarar. Trass i den lange, tradisjonsrike historia til bedrifta, ser Lasse føre seg litt endringar framover. – Eg vil «shine» litt opp på fasaden, og me må heile tida fornya oss for å følge med i utviklinga, fortel han. 80 års-jubileet skal dei feire i mai i år med konkurransar og gode tilbod i butikken. Endringa i kvardagen til Lasse blir ikkje stor sjølv om han no blir medeigar. Det blir mykje av det same det går i med skruing, fakturering, og kundeansvar. – Eg likar meg best på golvet der eg får skru, svarar han kjapt på spørsmålet om kva som er det kjekkaste ved jobben. Han fortel at det blir mykje telefonar både i løpet av dagen, helgene og feriane. – Det er absolutt ikkje ein 8-16-jobb, seier Lasse, men trivst med det. Familien har ikkje møtt dei store utfordringane gjennom dei 80 åra dei har drive stasjonen i sentrum av Etne. Sjølv med ein Esso-stasjon rett over gata fram til 1985 tenkte dei ikkje at det var ei uoverkomeleg utfordring. Med dei fyrste eigarane av Esso-stasjonen gjekk det fint – då


Girar opp i femte - f.v Lasse Grindheim går no inn som medeigar saman med faren Geir Grindheim (høgre) på Etne Service Senter AS. Lasse blir femte generasjon som trer inn i eigarrolla på bensinstasjonen.



1 • 2017

11


FA K TA

Medeigar Lasse Grindheim (t.h.) og lærling Einar Steine (t.v) handterer mange reparasjonar i løpet av ein dag i verkstaden.

Etne Service Senter AS aktuell med 80-års jubileum i år Eigedomen Smeby vart kjøpt av Peder Sigvard Eriksen Grindheim i 1937 frå faren Erik Pedersen Grindheim, samstundes signerte Peder Sigvard kontrakt med Norske Shell AS. Tidlegare dreiv Erik P. Grindheim ei smie på Smeby. I 1939 sette dei opp den fyrste bensinpumpa frå Shell. Sidan har bedrifta utvikla seg til å inkludere både verkstad og storkiosk. Etter Peder Grindheim, tok Lars Grindheim over bensinstasjonen. Geir Grindheim tok over etter Lars Grindheim på 90-talet, og i 2017 går Lasse Grindheim, son til Geir, inn som medeigar i familiebedrifta. Til saman har bensinstasjonen i Etne sentrum vore i familien i fem generasjonar. Feiringa av jubileet går av stabelen i mai med konkurransar og gode tilbod i butikken

Me har vore heldige. Folk som jobbar her likar seg godt, og me har stabil arbeidskraft. Lasse Grindheim

byta dei berre på å ha opent i helgane. Då kunne dei jo reise på hytta den helga dei hadde fri, fortel Geir om då foreldra dreiv bensinstasjonen. Eigarane som tok over etterpå blei derimot ei heilt anna historie som baud på både priskrigar og konkurranse. Etter familien kjøpte Esso-stasjonen i 85 blei det til lager og seinare sjølvvask. I Etne er det fleire andre bilverkstader, men dei ser ikkje på kvarandre som konkurrentar. – Me har fulle dagar og ofte ein del på ventelister. Me er jo på ein måte konkurrentar, men det er god tone oss i mellom og me låner verktøy av kvarandre om det trengs, seier Lasse. – Dessutan er jo konkurranse berre sunt, skyt faren inn. Å finne lojale tilsette har heller ikkje vore eit problem. Anita Grindheim, syster til Geir har 30års jubileum i år som

medarbeidar i butikken. I tillegg til fleire engasjerte medarbeidarar har som regel fleire av syskena og syskenborna til Lasse jobba side om side i butikken frå dei var gamle nok. – Me har vore heldige. Folk som jobbar her likar seg godt, og me har stabil arbeidskraft, fortel Lasse før han vidare legg til at det er ein sosial plass å vere, med mange kjentfolk innom. Fleire bilar har no parkert utanfor bensinstasjonen og fyller drivstoff. Det ringer på telefonen til Lasse, Tor Arvid byrjar å jobbe med bilen igjen. Geir går på kontoret, og i butikken blir dei nyleg komne kundane tatt i mot av Anita. Arbeidsdagen går vidare i den tradisjonsrike bedrifta midt i Etne sentrum. Av Maria Djuve Vågen Foto: Meister Fotografi Lasse Grindheim og kollegaene har jamt trøkk i verkstaden på Etne Service Senter..

12

1 • 2017


www.olenbetong.no

Vi søker nå

Regnskapsleder til vårt hovedkontor i Ølensvåg Hovedoppgaver: Ledelse av regnskapsavdelingen med personalansvar Daglig regnskapsføring Oppfølging av kunder og leverandører Merverdioppgave Regnskaps- og skatteregler Utarbeidelse av rapporter Internkontroll Årsoppgjør og kontakt med revisor

Kvalifikasjoner: Revisor eller tilsvarende God systemkompetanse Kjennskap til Visma Business og Visma Reporting Minimum 5 års relevant arbeidserfaring Personlige egenskaper: Utadvendt og imøtekommende Initiativrik og "sulten" på nye utfordringer Fleksibel, resultatorientert og målrettet Vi kan tilby konkurransedyktig lønn, pensjon og forsikringer. Velferdsgoder som hus i Spania og hytte på Vågslid.

Ved spørsmål ta kontakt med: HR-leder Turid Berge-Olsen 4888 9938 Økonomi & Adm. leder Lars Norekvål 9301 5544 Søknad sendes stilling@olenbetong.no innen 5. mai 2017

Trass tøffe tider i marknaden, er me i Westcon optimistar. Me veit at det vil koma nye oppdrag å kjempa om. Desse jobbane skal me vinna. Oppskrifta er enkel: Me skal ha dei klokaste hovuda, dei beste anlegga og dei leiande systema. Me satsar derfor stort på kontinuerleg forbetring av verksemda vår, også i tider med motvind. Me har investert i verftsanlegga våre i Florø og Ølensvåg. Mellom anna har me verdas største maskin for bøying av røyr, ein kraftplugg som både styrkjer konkurransekrafta vår og gjev verksemda eit ekstra bein å stå på.

westcon.no

ÅLESUND

FLORØ

STORD ØLEN HAUGESUND KARMSUND STAVANGER

Rustar oss for framtida

ØYVIND SÆTRE

HELGELAND


Det er fyrste gong Etne Sparebank går inn som eigar i eit fondsselskap og det betyr at me kan tilby kundane våre fond i framtida også. Rune Ramsvik, Banksjef, Etne Sparebank

VÅGAR Å SATSA Etne Sparebank er stadig i utvikling og med mål om å kunne tilby kundane så god komplett rådgjeving som mogleg har dei nå gått inn på eigarsida i Heimdal Forvaltning AS.

14

1 • 2017

Med på laget er óg milliard-konsernet Hatteland. Konsernsjef i Hatteland, Stig Hatteland seier dei gjekk inn i Heimdal fonda då det er eit konsept dei har tru på. – Dette vil få fart på satsinga, fortel banksjef Rune Ramsvik. I tillegg har Fondsselskapet nyleg tilsett superforvaltar Øivind Thorstensen. Med besteforeldre frå Sandeid, har han ei viss lokal tilknytning også, seier Ramsvik, som meiner det var eit klokt val. – Med mangeårig bakgrunn og erfaring frå forvaltning i bankar i London og New York har eg god tru på at kundane sine investeringar er i trygge hender. Han er ein som har vore van med å forvalta interesser for formuande

i milliardklassen, og kan allereie vise til gode resultater, smiler Ramsvik. – Det er fyrste gong Etne Sparebank går inn som eigar i eit fondsselskap og det betyr at me kan tilby kundane våre fond i framtida også. Grunna nye regelverk, må lokalbanken rigga seg på ein annan måte enn tidlegare, for å kunne tilby dei same forvaltingstenestene, fortel Ramsvik. Etne Sparebank er den minste alliansefrie banken i landet, og har i dag godt samarbeid med 8 sparebankar på Vest- og Sørlandet. Her møtes ein jamleg for å drøfte og overføre kunnskap innan IT, økonomi og kredittfaglege problemstillingar.


God stemning og optimisme hjå Etne Sparebank med (f.v) Banksjef Rune Ramsvik, kunderådgjevar Elin Hegerland Hjelvik, rådgjevar Bjarte Dagestad, Assisterande banksjef Paul Rune Velde og leiar internavdelinga Wenche Thorson.

FA K TA Kundeeigd lokalbank, med primærområde i Etne og Vindafjord. Forretningsområda er bank, finans, leasing og eigedomsmekling. 17 tilsette Har omlag to milliardar i utlån. 6.100 aktive personkundar. Medeigar i fleire produktselskap som Heimdal Forvaltning AS, Frende Forsikring AS, Brage Finans AS, Norne Sequrities AS, Verd Boligkreditt og Eiendomsmegler A. Har utbetalt om lag 1,5 millionar kroner årleg i gåver til ålmennyttige føremål og sponsorsstøtte til lag og organisasjonar.

Som ein liten, lokal og uavhengig bank har Etne Sparebank likevel styrke og mot til å gjera investeringar for å sikre alternative inntekter. Dette er i følge banksjefen til det beste for banken og kundane. Ramsvik fortel at tanken for fondskonseptet er utvikla i tett samarbeid med lokalbanken sine eigne rådgjevarar og Heimdal Forvaltning AS. Målet har heile vegen vore å gjera sparing for bankkundane lettast mogleg. Her er tilbod både om aksjefond, kombinasjonsfond og rentefond. Rentefondet har ei minsteteikning på 5 millionar kroner og er tiltenkt verksemder og det meir formuande segmentet. Banken vil også tilby enkel og god sparing i aksjefond for sine personkundar i lettforståelege fond med ulike risikoprofilar. Utviklinga i bankverda har vore stor sidan Rune Ramsvik tok over styringa av Etne Sparebank i 2007. Den teknlogiske utviklinga har vore enorm, det har kome nye rammevil-

kår og finansverda har vore gjennom ei finanskrise. – Det vart ei bratt lærekurve, smiler Ramsvik. Men lokalbanken i Etne har jobba jamt og trutt for å henga med i utviklinga. Men me må våga å satsa, for å møta framtida som ein liten og sjølvstendig bank. Medan ein tidlegare primært hadde lite inntekter frå andre produkter, er inntektene frå formidling av fond, leasing og forsikring blitt ein stor del av overskotet til banken i dag. – Utan desse inntektene i møte med utfordringane til kostnadsvekst, så hadde me ikkje klart å sitte att med dei overskota me får til i dag, avsluttar Ramsvik. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi



1 • 2017

15


LIVSSTIL

FA K TA Postvegen Ølen - Etne er ein fin tur på samanhengande veg mellom Ølen og Etne, på 6,6 km. Turvegen startar ved Steinbru i Ølen og kjem ned på Meland i Etne. Vegen har kosta nær 2,9 millionar kroner. Av dette har ein fått 1 million i spelemidlar og 500.000 frå VAF. I tillegg har desse bidrege: Etne Sparebank, Sr-bank, Vindafjord kommune, Bremnes Seashore, Åsbø Sandrift, Hordaland Fylke og NAV. Rogaland fylkeskommune bidreg med momskompensasjon. Prosjektet har vore organisert gjennom Vindafjord Turlag som har fått god hjelp frå Leif Grindheim i Legria og NAV. Les meir om turen på ut.no

Kristine Vik Ekornrud meiner postvegen mellom Ølen og Etne er ei attraktiv turrute. Her er ho på Fikse saman med jentene sine Ida (1,5 år) og Andrea (5).

POSTVEGEN BIND BYGD – Alltid kjekt med nye turruter, seier Kristine Vik Ekornrud. Det er mange som gler seg over at den gamle postvegen mellom Etne og Ølen no er opna.

I dag er bilen fullpakka med varme klede, vogn og noko ekstra godt til å putte i sekken. Det er onsdag formiddag og Kristine Vik Ekornrud skal på tur med jentene sine; Ida (1,5 år), Andrea (5) og Eline (8). I tillegg er veninna Sienna (8) med. – Eg likar denne turen her, her kan me gå så langt som barna vil, så set me oss ned for ein pause. Det må vere på deira premiss. Og det er herleg at me kan gå med vogn heile tida, meiner Kristine. – Eg trur turen blir mykje brukt, ser ofte folk som går vegen frå begge sider, seier ho. Postvegen Ølen – Etne er ein fin tur på samanhengande veg mellom Ølen og Etne, på 6,6 km. Turvegen startar ved Steinbru i Ølen og kjem ned på Meland i Etne. No kan ein gå heile vegen frå Sr–bank Stadion i Ølen og til Skakkesenteret i Etne utan å krysse hovudvegen. Dette er ein tur på omlag 12.3 km, og det er denne turen ein skal arrangere stafett, løp og marsj ved opning

16

1 • 2017


Malin Stokka med Ella som er blitt 9 månadar og Agnethe Brown Erland med Sindre som er 6 månadar gamal meiner det alltid er kjekt å kome seg ut på tur.

Øvst: Agnethe Brown Erland, Merete Vårvik Matre, Åsa Berge og Malin Stokka gler seg over at ein kan gå med vogn heile den nye turvegen. Nedst: For Sienna (8) og Eline (8) er bunkersane på Fikse mystiske og heilt perfekte for ei spanande leikestund.

Gjer avtalar med andre, det er ofte det beste tipset. Då er det ikkje så enkelt å avlyse turen. Kristine Vik Ekornrud

ENE SAMAN av vegen 29. april. – Ideen om vegen kom etter eit møte som kommunen inviterte til om reiseliv i Vindafjord. Tanken var å gjere Vindafjord meir attraktiv både som reisemål og som stad å bu. Eit mål blei å etablere turvegar mellom bygdene våre. Gjenopning av den gamle postvegen mellom Ølen og Etne har i fleire tiår vore eit mål, og den fyrste vegen me ville få opne, seier styreleiar i Vindafjord turlag Arne Gunnar Habbestad. – Tanken bak vegen er å knyte bygdene saman og få folk i aktivitet, fortel han. I dag startar Kristine med flokken sin på Fikse, og set kursen i retning Ølen. Men først må dei innom bunkersen på Fikse, dette er reine skattejakta for barna som spring på kryss og tvers. Det er til og med er kome opp lys no, både inne i bunkersane og ute. – Kjekt at eit av dei første turmåla kjem så tidleg på turen, meiner mor Kristine og ler.

– Det hender jo me må lokke litt ekstra når barna er med, men som regel likar dei seg jo så godt når me endeleg kjem oss ut, meiner ho. – Har du eit tips til dei som har lyst til å kome seg ut på tur? – Gjer avtalar med andre, det er ofte det beste tipset. Då er det ikkje så enkelt å avlyse turen. Ved bunkersane finn ein og ei turbok ein kan skrive namnet sitt i. Eline og Sienna tar ut i ein imponerande fart, og har vore gjennom dei mystiske bunkersane på oppdagingsferd fleire gonger før Kristine og dei yngste kjem fram. Raskt kjem ideen om det ikkje er på tide å ta fram kjeksen? Minstejenta i vogna gir klart uttrykk for at ho meiner det var ein god ide. Mor smiler og rister litt på hovudet, vel vitande om at det truleg aldri kan bli for tidleg for pause. – Ein må berre ta turen som den kjem når heile familien er med, seier ho og smiler. Opp bakkane frå Ølen kjem ein heil gjeng med vogner og nybakte mødrer. Ofte samlar mødrene som går i permisjon seg for ein luftetur med vogn. No er den gamle postvegen blitt eit høgaktuelt turmål. Gjengen på tur er: Merete Vårvik Matre med vesle Iver på 2,5 månad i vogna, Åsa Berge med Tiril på 8 månadar, Agnethe Brown Erland med Sindre som er 6 månadar gamal og Malin Stokka med Ella som er blitt 9 månadar. – Me syns denne vegen er heilt topp, ein kjempefin tur, meiner dei og pustar ut når dei kjem på bakketoppen. Sjølv om det sosiale på trilleturen er viktig, er det og viktig å få pulsen til å stige litt ekstra i motbakkane. – Det er flott at me kan gå med vogn på noko anna enn asfaltert veg, og i tillegg kan me jo starte heime i Ølen og gå rett ut døra. Då treng ein ikkje planlegge så veldig, meiner damegjengen. Dei viser til at mange i bygdene er glade i å kome seg ut på tur, og at ein no har fått eit sentrumsnært tilbod som ein og kan nytte til både kortare ettermiddagsturar og lengre familieturar i helgene. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi



1 • 2017

17


PER SINE HØNER Frå eigedomsprosjekt i hundremillionarsklassen til ein geitefjos på 28 kvadrat. Han har klekt ut mange planar, Per Berge. Og han er klar som eit egg for endå 30 år med tomte- og distriktsutvikling. Dessutan har han ei høne å plukka med sentraliseringskåte styresmakter.

Han kan ikkje skuldast for å vera stillaus. Men stilen er hans heilt eigen, og han dyrkar den til fulle. Det blir mumla noko om apekattar og austlendingar, «mehe», som ikkje skjønar vestlandsdialekt i det han skjenker kaffi ved kjøkenbordet. Skjortesnippane heng særs avslappa på brystkassen. Knappane er knepte litt sånn etter kva knappehol som høver seg. Den eine skjortekanten dinglar bedageleg utanfor bukselinninga, og den andre kanten er på veg utover sine breidder den også. Kleskode og etikette er ikkje så hytt. Verken når det gjeld tøy eller munntøy. Men det har på ingen måte stansa han i å bli ein av dei mest erfarne eigedomsutviklarane i distriktet. Tvert i mot. Det er Per Berge sin x-faktor, det. – Eg skil meg kanskje litt ut, ja. Eg har jo ikkje fått «håve å hengja slips på». Bryr meg lite om kva alle andre gjer og tenkjer, og er nå berre meg sjølv. Men eg har opplevd å få litt meir tillit når eg kjem som eg er. Det er måten å møta folk på, og kunnskapen ein har, som tel. Og kunnskapen kan ingen ta han på. Han har vore pådrivar i utviklinga av meir enn 3000 hus, hytter og tomter, og vore ein nøkkelperson i eit av dei mest ekspansive byggefirma på Haugalandet. Med barbeinte føter i heilårssandalar tuslar han med kaffikanna over kjøkkengolvet. Dei barbeinte føtene er visst heilårs dei også. Frå kjøkkenbordet har han utsikt rett heim til familiebedrifta Berge Sag, der han er femte generasjon i leiinga. – Om eg fer oppover eller må ta kjellartrappa når eg døyr, veit eg ikkje. Men eg veit at når eg først drar, så blir det frå Ølensvåg. Punktum. Frå kjøkkenvindauge kikkar han ned på det som kan bli hans neste bustad. Berge har planane klar for leilighetsbygg

18

1 • 2017

i den gamle «møllo» i Ølensvåg. Men eigedomsutvikling er ikkje berre butikk for Berge. Tomter er også distriktsutvikling. – Me må jo passa på at det er fleire andre enn oss innfødde indianarar som vil bu her i framtida. Eg har stor tru på distrikta framover, men det kjem ikkje av seg sjølv. Me er nøydde til å jobba mot sentraliseringa. Næringslivet her er positive til å arbeida lokalt. Har me ikkje idealismen og viljen til å bruka pengar her, vil det ikkje gå, meiner Berge, som sit i styra for både Etne og Vindafjord tomteselskap. – Eg høyrer jo ofte kor heldig me er i Ølensvåg, med alle arbeidsplassar me har her. Men kjøss meg… Me må jammen meg kjempa den same harde kampen mot sentralisering her også. Eg er optimist, men samstundes realist, poengterer han. For det går på ingen måte av seg sjølv. Det er både Per og fire Berge-generasjonar før han eit godt døme på. Han hadde sin første arbeidsdag på Berge Sag som 12-åring i 1973. Etter skulegong i Ølen gjekk turen vidare til Kvitsund gymnas, ingeniørskule i Stavanger, økonomistudie i Kongsberg og maknadsføringsstudier i Oslo. Han er ikkje så oppteken av titlar, men har sjølv fleire: Husbyggingsingeniør, bedriftsøkonom og marknadsdiplomøkonom. – Eg var heime kvar einaste helg i studietida. Då eg gjekk på Kvitsund hadde eg ikkje lappen, men haika med trailerar over Haukeli ein gong i månaden, så veit kva det er å frysa på tærne. Med unntak av et par år som lastebilsjåfør har familiebedrifta vore einaste arbeidsstad. – Eg starta som husseljar i Berge Sag i 1983 og dreiv på med allslags styr og ståk. Så blei eg litt sånn halvsjef utover 90-talet. Men eg passa jo på ingen måte til å driva med per-


PORTRETT

FA K TA Per Berge 56 år Eigedomsutviklar og husseljar i Berge Sag Far til Lill (21) og Martin (24) Gift med Randi Roaldkvam Berge



1 • 2017

19


Det er få som har drukke så mykje whisky og ete så mykje Marie-kjeks på Vågslid som meg.

Han bles i tanken på å bu andre stader enn i Ølensvåg. Frå heimen, berre nokre meter unna barndomsheimen, har han utsikt rett over fjorden til endå ein heim, familiebedrifta Berge Sag.

sonalpolitikk, HMS, AMU og sånn… Det er jo viktig, men det ligg ikkje for meg. Eg må ha noko meir konkret å halda på med. Noko som gir framdrift. Nå er eg litt potet, og med «adle veier». Han har vore med på både oppturar og nedturar i familiebedrifta. Mest oppturar. – Starten på 90-talet var knalltøff. Me måtte sjå oss om etter andre marknadar og leverte til Bergen, Oslo og Tyskland. Der nede blei me forresten lurte for nokre millionar, det var såkalla «dyr vaksenopplæring». Me var nok litt blåaugde, men lærte av det også. Utover 2000-talet var det det noko heilt anna. Mellom 2003 og 2008 var det litt som på legekontora, sånn «værsegod neste» til kundar som sat og venta utanfor kontoret. 2016 blei nok eit rekordår for Berge Sag, med ca 350 millionar i omsetning, og eit resultat før skatt på omlag 73 millionar. – Dersom dette er dårlege tider, blir det eit helvete når dei blir gode. «Framsynt» er eit ord som går igjen i karakteristikkane frå dei som kjenner han. Han ser alltid moglegheiter, tenkjer alltid framover. Han får mykje av æra for at Berge Sag tidleg posisjonerte seg i bustad- og hyttemarknaden. Haugesund er blitt eit av dei viktigaste satsingsområda for Berge Sag. – Det har vore litt tilfeldig, men me har også tenkt mykje på framtidig infrastruktur og funne ut kor det har vore lurt å satsa. Dessutan har me tatt sjansen på ambisiøse prosjekt. Der me har satsa har det vore for stort, «uhandterleg» og langsiktig 20

1 • 2017

for andre. Somme av prosjekta har eg arbeidd med i over 25 år, fortel Berge. Fleire av eigendomsprosjekta har ein horisont fram til 20302050: Omlag 1200 bustader på Kolnes, 150-200 i Fedjedalen i Skåredalen , 500-700 på Skeiseid i Tysvær, og 200-300 på Gardhaug i Grinde. Blant anna. Nøkkelen til suksessen: tolmod, mot, ryddigheit og eit godt forhold til folk. «Menneskekjennar» er også eit stikkord som går att om Berge. Han likar å blir kompis med nye kjenningar, og det har blitt mange kompisar blant grunneigarar på fjellet gjennom åra. – Det er få som har drukke så mykje whisky og ete så mykje Marie-kjeks på fjellet som meg, fortel han med ein lunt smil. Allereie på 90-talet ruga han fram planane om hyttetomter og utbygging på Seljestad og Vågslid. – Me hadde tru på hyttemarknaden, og kjøpte oss opp på Solfonn og Seljestad på byrjinga av 2000-talet. Men me stanga i veggen, fekk ikkje seld ei einaste tomt og var på nippet til å selja oss ut. Så kom 2004, og alt lausna. Det tok heilt av. Det er tålmod som skal til, fortel Berge. Sidan starten av 90-talet er det seld om lag 400 Berge Sag-tomter og -hytter, berre på Vågslid. 56 år gammal planlegg han å vera i arbeid i minst 30 år til. Målet er uansett å gå jobb endå lengre enn faren Martin, som 82 år gammal framleis stiller på jobb på Berge Sag kvar dag. Per har enno mange vyer å realisera.


– Nå ser me på utviklinga av hyttefelt på Bokn, med tanke på Stavanger-marknaden når Rogfast kjem. Her er det stort potensiale med tanke på hytter ved sjøen. I tillegg vil me utvida bustadsatsinga vår til Kopervik og Åkra, fortel Berge. Og hyttesalet vil heller ikkje stansa ved Vågslid. Nå står Grenland for tur. – Me får ikkje grenlandsfolk til å reisa på hytta til Vågslid, veit du. I fjor kjøpte me opp to byggjevareforretningar på Edland og i Åmot. Husmarknaden der er heilt daud, men det er ein enorm marknad for hyttebygging og rehabilitering. Derifrå vil me posisjonera oss vidare mot Rauland og Hovden. Det er der grenlendingane vil, seier Berge. Har du nokon gong satsa på noko du ikkje har fått til, Per Berge? – Eg slo ikkje til i Røldal då eg hadde sjansen. Eg fekk tilbodet først av alle til å bli med på utbygginga i Håradalen. Men eg hadde ikkje trua på det. Kven i alle dagar ville byggja i den motbakken der? Dett ein på ræva i Håradalen, stansar ein jo ikkje før ein er i Røldalsvatnet. Slik tenkte eg då, men tok skammeleg feil. Han dveler ikkje så mykje med det som ikkje har gått bra. Det er einaste ein ting han framleis irriterer seg over: Kommunesamanslåinga mellom Etne og Vindafjord som det ikkje blei noko av. – Det var tragiske greier. Men eg bør kanskje ikkje seia noko, for eg gløymde visst å stemma. I språkbruken kan Berge kallast dels retorikar av rang, dels laus kanon. For også der køyrer han sin heilt særeigne stil. Treffsikre kommentarar blir skotne til alle kantar, alltid med ein godmodig tone. Somme meiner han til tider kan bli i overkant framsynt. Han byrja framforhandlinga litt i tidlegaste laget med ein sambyg-

ding nokre år tilbake. «Du, det dere huse ditt…. Når du daua, vil eg kjøpa det.» Men tilbake til den berømmelege klesstilen. Berge Sag-kjeledressen er blitt eit stadig hyppigare brukt plagg. I tillegg til klogger. Det må til når han skal ta seg av gardsbruket; fire Sussex-høner og Boergeitene Bodil, Blondie og Berit. – Me hadde ein bukk også, men den blei så tosjen at eg skaut han. I tillegg har eg ein transitt, ei høne som er blitt hane. Fekk kam og greier, ler Berge. Han tuslar ut til nybygget sitt, med capsen litt på snei, og vidopen kjeledress. Den eine skjortekanten heng utanfor. – Eg bygde fjosen i fjor. Søkte om tilskot også, men bygget var visst for lite. 28 kvadrat, flirer han. Tonen og ordlyden frå både Bodil og Per blir straks mjukare når han tar plass midt mellom tre sprekkeferdige geiter. Det blir kjeing neste veke. Det er eigentleg kona Randi som er sjefsbonden på tunet. Berge gjer som ganske greitt det han får beskjed om. – Men eg har uansett alltid vore glad i dyr. Dyr er mentalt helseførebyggjande, konstanterer han mens han matar damene med oppskårne poteter. Boer-trioen har fått potetdosen for dagen og både transitten og hønene får litt snakk. Kjeledressen må snart av, han har eit møte å rekka i byn. – Me har fleire nye planar på gang som eg jobbar med der ute. Så får me sjå korleis det går. Får vel sei så han sa, reven, då han blei flådd: alt er ein overgang. Av Kari Aakra, Medvind24 Foto: Meister Fotografi

Utanom fjellturar og fiske er det dyra som gir mest rekreasjon for Berge. Boergeitene Bodil, Berit og Blondie er på fallande føter når Tempo er på besøk. Veka etter tikkar ein epost frå Berge til redaksjonen: «I går blei eg «far» igjen, 21 år sidan sist. Berit fekk to flotte kje».



1 • 2017

21


Support from Ideation to Production Arrow is a global $23B technology company with thousands of engineers, exclusive online design tools, warehousing and distribution services, marketing and supply chain expertise all set up to support you. We’re teaming up with Indiegogo, the global platform for entrepreneurs to bring their ideas from concept to market, to put every resource at our disposal in the hands of entrepreneurs. We’ll give you the confidence that you’re ready for production, Arrow and Indiegogo have your back at every step. arrow.com

Arrow Norway AS - Åmsosen, Nedre Vats

Foto: Øyvind Sætre

Bli med oss

Ekte arbeidsglede! Me i Bremnes Seashore har som mål å vera leiande på produksjon av ferske kvalitetsprodukt frå laks. Dette betyr at me som jobbar + her brenn for utvikling og nye løysingar. For å halda oss i teten + treng me engasjerte, arbeidsame og dyktige medarbeidarar. + Me tar hand om heile verdikjeda og har difor behov for flinke + folk på alle stadium i produksjonsprosessen. + Rogn

Settefisk

Matfisk

Hausting

Foredling

Sal/ marknadsføring

H82

Me produserar årleg i gjennomsnitt

H82

Nokre av fagretningane me har i bedrifta vår: • Leiing • Økonomi • Kvalitet • HMS • HR • IT • Sal og marknadsføring H82

H82

Fagarbeidarar innan: • Akvakultur • Automasjon • Industrimekanikk • Kontorfaget • Logistikkfaget 1 3 2 • Sjømatproduksjon

2

1 3

H82

2

1 3

Les meir om oss på www.seashore.no og www.salma.no Tlf: +47 53 42 82 00 E-post: bremnes@seashore.no

2

Ingeniørar innan: • Akvakultur 1 • Automasjon 23 • Biologi • 1 Bygg 1 3 23 og anlegg 2 • Havbruk

1 3

2

1 3

2

1 3

Sjå2våre ledige stillingar på: seashore.no/karriere 1 3

20

middagar pr. nordmann


Hjemmefra, men ikke alene!

VÅRTILBUD PÅ TOSHIBAS BESTSELGER TOS

DAISEHIBA IKAI P OLAR

÷6

000,- 5 2

Vil du være med og utruste morgendagens samfunnsbyggere?

Daiseikai Polar 25 (6500 W)

NÅ KUN KR 18 990,(veil. pris kr 24 990,-)

Tilbudet er inkl. montasje (toshibavarmepumper.no/montasje), og gjelder så langt lageret rekker. Vi tilbyr rentefri delbetaling gjennom Resurs Bank! Tilbudspris/mnd (24 mnd) kr. 836,-

KONTAKT OSS I DAG FOR EN GRATIS BEFARING! Tlf 976 05 432 bjarte@lauareid.no

På Lundeneset jobber det mennesker fra mange yrkesgrupper. I tillegg til lærere, jobber det personer på drift, kjøkken, renhold og administrasjon. Vi tilbyr et spennende kollegafelleskap. For oppdatert informasjon om ledige stillinger til enhver tid: lvs.no/om/stilling-ledig


Vu r de r e r du å k jøp e b åt ti l som m e re n? Haugesund Sparebank tilbyr gunstig finansiering av alle typer fritidsbåter i samarbeid med Brage Finans. Gjennom Frende Forsikring kan vi også tilby en god båtforsikring. Snakk med oss om båtfinansiering og båtforsikring.

TELEFON 03240 / 52705000


Få det i orden!

Velde Maskin CLAAS-forhandlar på Hauglandet - traktorar og grasutstyr og i tillegg har me mellom anna Conor, Bogballe, Kivi-Pekka, Ferrel, Multiva, NHS, Clena høgtrykksvaskerar og JCB-anleggsmaskinar og utstyr

Me har tre dyktige og ivrige servicemekanikar med kvar sin fullrigga bil og godt utstyrt verkstad i Øvre Vats - KLAR FOR ALLE OPPDRAG. Me skaffar reservedelar til alle maskinar/reidskapar

Øygardsvegen 8 5576 Øvre Vats 52765911 post@veldemaskin.no Ta kontakt for sal og service til eit moderne landbruk!

medvind24.no Nyhetsportalen for og om eit næringsliv i medvind. Me gir deg godsaker frå både store og små bedrifter i Vindafjord.

TIPS OSS OM DET SOM SKJER:

post@medvind24.no 971 88 516


BEDRIFTSPROFIL

FA K TA Øyane Asvo AS vart starta i 1996 og det er Vindafjord og Etne kommune som står bak og eig aksjane i aksjeselskapet. Øyane Asvo AS driv i dag mellom anna eit av dei mest moderne vaskeria i regionen. Ny og avansert maskinpark og ein arbeidsstokk som tel om lag 50 personar. Dagleg leiar er Siv Bente Stople Østbø. I 2015 omsette bedrifta for om lag 16,4 millionar kroner.

Magne Berge frå Skånevik trivst godt med jobb på Øyane ASVO. Dagleg leiar Siv Bente Stople Østbø meiner den engasjerte arbeidsgjengen er plattformen i vaskeridrifta.

Vaskeri med meining Øyane ASVO i Etne driv eit av dei mest moderne vaskeria i regionen. Dagleg leiar Siv Bente Stople Østbø er likevel mest oppteken av at dei tilsette skal nå nye mål kvar dag.

26

1 • 2017

– Det er fantastisk å sjå korleis mange kjem inn døra her som ein lukka blom, og så etter kvart bryt dei ut i full blomst. Det er givande å sjå på, seier dagleg leiar ved Øyane ASVO, Siv Bente Stople Østbø. – Det er det som driv oss, å sjå alle dei som stadig når nye mål. Dei klarer kanskje å takle angsten for å gå ut på morgonen, eller dei klarer å gå nokre fleire steg over golvet. Det er stort. Det er tidleg på morgonen. Produksjonen hjå Øyane ASVO i full gang. Her driv ein ikkje berre vaskeri, i tillegg har dei pakkeri for Hamre, systova der ein kan få brodert logoar på ulike produkt, dei har kommunalt lager for hjelpemiddel og ikkje minst driv dei med transport av både hjelpemiddel

og klede frå vaskeriet. Om ikkje det var nok driv dei også kantine i bygget. – Dette er ikkje noko spesiell arbeidsplass. Her må ein stå på, ein kan ikkje vere på latsida skal ein jobbe her, meiner Siv Bente. – Men me kan legge til rette og dermed kan dei fleste få oppgåver dei meistrar, seier ho og fortel om korleis ein tilpassar både arbeidsoppgåver, arbeidsstad og hjelpemiddel alt etter kva den enkelte treng. – Nokre treng kanskje eit bord dei kan heve og senke, andre vil jobbe i mindre rom og ynskjer å bli skjerma mot for mykje støy, andre igjen sit i rullestol og treng arbeidsoppgåver der det er plass til stolen. Det kan vere så mangt.


Her har alle noko å bidra med. Det er mennesket som kjem inn her som betyr aller mest. Siv Bente Stople Østbø, dagleg leiar Øyane ASVO AS

Dagleg leiar Siv Bente Stople Østbø viser til at Øyane ASVO er eit av dei leiande vaskeria i regionen. Dennis Schneeklot frå Bjoa meiner Etne-bedrifta er ein god og inkluderande arbeidsplass.

frukost og lunsj saman med. Det sosiale er viktig. – Me har ein som sit i rullestol her, og som har mange omsyn å ta før han er klar for å køyre til jobb. Og han er gjerne her før alle andre. Det står det respekt av. – Og så har me dei ungdommane som fell mellom alle stolar, og som nokon må sjå. Dei som gjerne treng nokre praktiske jobbar for å kome seg vidare. Dette er ein god plass å byrje for dei, målet er jo at dei skal kome seg vidare ut i andre jobbar. I bedrifta jobbar det om lag 50 personar, i administrasjonen, som arbeidsleiarar, eller i varig tilrettelagde arbeidsplassar, arbeidstrening eller språkpraksis. Etne og Vindafjord kommune har 24 varig tilrettelagde arbeidsplassar, dei to kommunane eig 50 prosent av bedrifta kvar. Det er NAV i Rogaland og Hordaland som gir tilsagn til talet på tilrettelagde arbeidsplassar. – Det er stor samfunnsøkonomisk effekt i dette, og me har kapasitet for 30 fleire i tilrettelagt arbeid, meiner Siv Bente og peikar på at mange måtte hatt eit dagtilbod dersom dei ikkje hadde desse arbeidsplassane. Ho meiner behovet berre veks, og skulle gjerne sett at kommunane hadde kjøpt fleire plassar. – Dette fungerer, eg trur ikkje det er mykje tvil om det. Ho brenn for at alle skal bli sett. Og at dei skal få ein grunn til å stå opp på morgonen, ein jobb å gå til, og nokon å ete både

Siv Bente set seg på ein stol rundt det runde bordet på kontoret. Tvist og kaffi på bordet, ein av ungdommane står plutseleg i døra og lurer på om han kan låne sjefen sin mobilladar. – Så klart du kan, seier Siv Bente og slår ut med handa. Her er det lite hierarki, om det brenn er heile administrasjonen med ute på golvet. Det viktigaste er å få jobben gjort. Målet er å kunne utvikle arbeidsplassen og klare seg godt økonomisk. – Me må tene pengar på det me held på med, elles er det liten vits, slår Siv Bente fast. Det er fire år sidan ho sjølv hoppa av frå ein 30 år lang karriere som rekneskapsførar. Ho kom frå jobb i Tveit Rekneskap då ho bestemte seg for å prøve leiarstolen i den tilrettelagde bedrifta. På den tida var økonomien i bedrifta sviktande, noko Siv Bente kjende godt frå si eiga tid i styret. – I dag har vinden snudd, i 2015 omsette bedrifta totalt for om lag 16,4 millionar kroner, og hadde eit overskot på om lag 150 000. I 2016 kan bedrifta vise til eit overskot på 530.000. – Me har vore kostnadsbevisste, og kutta der me

kunne. Me har investert over 20 millionar i nytt vaskeri, me må ha god aktivitet her for å klare det. Det betyr og at her må alle saman vere fleksible, ein må trø til der det trengs. Vaskeriet minner ikkje mykje om tradisjonelle vaskerom, her har dei ein vaskemaskin som vaskar 300 kjeledressar på ein gong, og den største tørketrommelen tar 350 kilo om gongen. Det er store dimensjonar, og alt går automatisk, her er maskiner for både vasking, tørking, stryking og bretting. Vaskeriet tar imot arbeidsklede frå mange bedrifter, blant anna Westcon, dei vaskar også arbeidsklede og sengetøy for helsesektoren i kommunane, i tillegg har dei mange hotell og overnattingsbedrifter som kundar frå Hardanger til Ryfylke. Det er strenge reglar til inndeling av reine – og skitne sonar i vaskeriet, her må alt vere på stell for at kundane skal få eit best mogleg produkt i retur. Dei har til og med ei eiga avdeling for reperasjon av klede. – Dei kvite uniformene som blir brukt i helsesektoren eig me sjølv, difor har me og eigen logo på dei, fortel Siv Bente. Ho er oppteken av å vise mangfaldet i arbeidsplassar dei tilbyr, her kan ein få brukt den kompetansen ein kjem inn med. I inngangen står skiltet med visjonen: TRU, tryggleik, rausheit og utvikling. – Her har alle noko å bidra med. Det er mennesket som kjem inn her som betyr aller mest, seier ho. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi



1 • 2017

27


ME ER DEN EINASTE PRODUSENTEN AV OVALARMERING I NOREG

ARMERING OG SVEISING FOR ALT OG ALLE ME KAN ARMERING, OG VEIT KVA SOM KREVS I BYGGEBRANSJEN

Utbjoa Armering & Sveis A/S

adresse

telefon

53 76 97 61

Utbjoa Industriområdet

epost

terjkr2@start.no

5584 Bjoa

nettside armeringogsveis.no

Terje Kristiansen daglig leder


Foto: Astrid E. Hjel

me l an d, Fil te r

KOMMENTAR

ERIK BAUST Samfunnsutviklar, Vindafjord kommune

PENGAR I BANKEN Det er 8828 innbyggarar i Vindafjord. 23 meir enn i fjor. Fødselsoverskotet var på 8 stk. Og innflytting til kommunen var 16 stk. Fortsatt innskot. Litt mindre enn før. Men framleis innskot. Sidan 1990 har befolkninga auka med 9,6 %. I 2006 var det registrert 257 innvandrarar i Vindafjord. I 2016 var det 1077. I 2016 var det totalt 4963 sysselsette med arbeidsstad i Vindafjord. Det talet har auka med 11.5 % sidan 2009. Den høgaste veksten på Haugalandet. For resten av Haugalandet var auken samla på 2 % i same periode. Ikkje alle som jobbar i Vindafjord bur i Vindafjord. Berre Haugesund saman med Vindafjord har ei netto innpendling av sysselsette. Folket som bur og jobbar i Vindafjord er pengar i banken for Vindafjord. Desse tala finn eg i den nye samfunnsdelen i kommuneplanen vår. Kommunestyret vedtok den tysdag 4. april. Kommuneplan for Vindafjord kommune 2017 – 2029. Vårt viktigaste styringsverktøy i åra som framover. Alle innbyggarane i Vindafjord har vore invitert med for å skrive planen saman med kommunen sine politikarar og tilsette i kommunen. Ikkje alle har vore med. Nokre meir engasjert enn andre. Slik det ofte er i samfunn der me føler oss trygge. Mykje nytt har kome med i planen, og noko tar me med oss vidare. Til dømes visjonen til kommunen. Vindafjord kommune Vital og sentral. I ordet vital ligg evne til å leve, til å vere livskraftig. Vital peiker også mot omgrepet helse. Om det å vere sprek og ungdommeleg. Omgrepet sentral kan tydeleggjerast med ord som midtpunkt, sentrum eller viktigaste del. Vindafjord vil med sentral peike på si geografiske plassering og ambisjon om å vere eit sentrum for det indre Haugalandet. Det forpliktar å peike på seg sjølv som vital og sentral. Det betyr å legge til rette for næringsutvikling og vekst. Det betyr å være sentral med tanke på kor folk ønskjer å busette seg og arbeide. Og kor verksemder ønskjer å etablera seg. Kor kjenest det trygt å sette pengar i banken. Tek de godt vare

på dei i Vindafjord? Pleier dei godt med verdiane sine. Eit av satsingsområda frå kommuneplanen er Levande bygder. Og det fremste målet er å oppretthalda ei årleg folkevekst på 1%, slik me har hatt dei siste 10 åra. Sist kommuneplan hadde målsetting om 0,4 % auke. Det målet nådde kommunen i det planen blei trykt. No vil det kanskje krevja meir av alle saman å nå det same målet. Kommuneplanen seier mykje om kva innbyggarane opplever som eit godt samfunn. Og den fortel om kva som skal til for å oppretthalda og skapa dei gode samfunna. Eg håpar kommuneplanen blir lest og brukt. Og eg håpar at innbyggarane i Vindafjord fortsett å engasjere seg i arbeidet med kommuneplan framover også. For i det planen blir vedtatt, startar arbeidet med den nye kommuneplanen. Pengar i banken er for meg trygge og gode levekår, og ein god kommune å bu og arbeide i.

Folket som bur og jobbar i Vindafjord er pengar i banken for Vindafjord.



1 • 2017

29


På jakt etter kontorlokale?

Medvind24 Næringshage ønskjer deg velkommen! Me tilbyr ■ alt frå tomanns- til seksmannskontor ■ eige kontor eller felles kontor med andre leigetakarar ■ god teknisk og administrativ infrastruktur ■ tilgang til funksjonsløysingar for print/kopi ■ tilgang til kontoret 24 timer i døgnet ■ tilgang til store og moderne møterom ■ moglegheit til å bruke kantine (i Omega-bygget) ■ ein livleg arbeidskvardag i eit ekspansivt næringslivmiljø med 28 andre bedrifter

TA KONTAKT: Kari Aakra

post@medvind24.no

971 88 516

medvind24.no

VELKOMMEN TIL

OPEN DAG

10. JUNI 2017

Visste du at Noregs einaste garveri ligg i Ølensvåg? VASKBARE SAUESKINN REINSDYRSKINN HJORT-, ELG- OG RÅDYRSKINN LÆR OG MØBELHUD M.M.

100% naturleg kvalitet sidan 1951

GRANBERGGARVERI.NO - LIK OSS PÅ FACEBOOK - GRANBERG GARVERI AS, BJOAVEGEN 187, 5582 ØLENSVÅG - 52 76 50 00


Vi søker smartinger! Bli med på utviklingen til en av nordens mest spennende tekonologibedrifter.

Vi lager banebrytende robotteknologi som blir brukt av verdens ledende selskaper. For mer informasjon, besøk

autostoresystem.com/career

®


LÆRLINGEN OG GAMLINGEN

Lærling Cecilie Spartveit og instruktør Ann Helen Nes samarbeider godt. Dei meiner lærlingordninga er eit gode for helsesektoren.

KVITE ENGLAR MED LÆRETID Cecilie Spartveit (19) vil gjerne arbeide med menneske, difor vart det læretid som helsefagarbeidar i Vindafjord kommune. For kommunen er lærlingordninga eit godt rekrutteringstiltak. – Eg trivst godt ilag med eldre, og ville gjerne jobbe med folk. Her har eg det bra, og får prøvt meg på mange ulike arbeidsoppgåver. Då lærer ein mykje og, meiner den unge lærlingen som også var på Vindafjordtunet i praksisperiodane ho hadde i skuletida. Dei blir ofte kalla dei «kvite englane», helsepersonellet som spring meir enn dei går gjennom gangane. Dei som alltid er der når klokka ringer og nokon treng hjelp, og som gjerne skulle hatt endå meir tid til pasientane. Cecilie gler seg til å ta fagprøven og gå inn i rolla som helsefagarbeidar, no er ho inne i sitt første år som lærling. Helsefaglærlingane er innom sjuke32

1 • 2017

heim og heimetenesta, demensomsorg, eining for tilrettelagte tenester og eining psykriatri. Lærlingane som kommunen har i helsesektoren skal i utgangspunktet «gå på toppen», ein skal altså ha vanleg bemanning som grunnlag. Lærlingane er ei ekstra arbeidskraft. – Det betyr jo mykje for oss i kvardagen. Dei kan gjere mykje som hjelper godt på, mange av dei er jo flinke til å sjå arbeidet. Ikkje minst kan dei ta det vesle ekstra av med stell og pleie som me vanlegvis ikkje får tid til, seier helsefagarbeidar Ann Helen Nes som er instruktør og veileiar for Cecilie.


Cecilie Spartveit Alder: 19 Gjekk på Ølen Vgs Lærling som helsefagarbeidar i Vindafjord kommune, no ved somatisk avdelinga på Vindafjordtunet. Seinare skal ho blant anna til demensavdelinga.

Lærlingane kan og ofte lære oss noko nytt, det er lenge sidan me tok utdanninga vår, mykje endrar seg over tid. Margaret Gjerde, instruktør på demensavdelinga Lærling Cecilie Spartveit serverer saft til Bjarne Lunde. Det er godt med ei hjelpande hand når det blir fleire utfordringar i kvardagen. Cecilie på si side er glad ho får jobbe med menneske.

– Lærlingane skal observere, vere med og gjerne få prøve seg på eiga hand i dei oppgåvene dei ynskjer, det gir og ei god meistringskjensle, meiner instruktøren som og viser til at det er ei lang liste med sjekkpunkt på område og oppgåver lærlingane må innom i læretida. Ho skryt av Cecilie og meiner det er viktig å ha god kjemi og stemning mellom den som skal lære og den som skal undervise. Cecilie likar seg også når det dukkar opp oppgåver ho klarer utan hjelp. – Lærlingordninga har nesten berre fordeler. Lærlingane går på toppen og kan dermed frigjere ein del tid hjå dei andre. Etter kvart som dei blir meir sjølvstendige kan dei også ta fleire oppgåver åleine, dei får betalt ei fagarbeidar–årslønn over to år og blir trygge i rolla som fagarbeidar og arbeidstakar, meiner lærlingkoordinator i helsefag og barne – og ungdomsarbeid, Silje Holden Birkeland. I Vindafjord kommune har dei no sju lærlingar i helsefag, og fem lærlingar i barne – og ungdomsarbeid. Dei har blant anna eit årleg besøk på den vidaregåande skulen for å rekruttere nye lærlingar. Personalrådgjevar i Vindafjord kommune, Marit Særsten, viser også til at lærlingordninga er eit godt rekrutteringstiltak. – Det er bra at me kan utdanna personell me treng i framtida, i åra framover vil det bli stort behov for fleire hender i helsesektoren, meiner ho. Også einingsleiar ved Vindafjordtunet, Anna Steinsland ser verdien i å ha lærlingar. – For oss er det ein styrke at me kan ta inn lærlingar, det er ei ordning som fungerer generelt veldig godt, så lenge ein har kapasitet til å fylgje opp lærlingane godt nok, meiner ho. Cecilie meiner instruktøren og dei andre tilsette er gode på å sleppe lærlingane til, det gjekk ikkje så lang tid før ho kjende seg godt inkludert, og som ein naturleg del av arbeidsstokken. Det er mykje som kan vere vanskeleg å gjere på eiga hand når ein blir eldre. På Vindafjordtunet har dei både ei somatisk avdeling og ei demensavdeling inne. I tillegg har dei leiligheiter ute der dei som treng minst assistanse og hjelp kan bu, helsefagarbeidarane reiser også rundt i heimesjukepleien og besøkjer dei eldre i heimane sine.

Anbjørn Stople imponerer med sin trekkspelmusikk. Helsefagarbeidar Margaret Gjerde nyt underhaldninga.

Margaret Gjerde er også instruktør, og arbeider til dagleg på demensavdelinga ved Vindafjordtunet. – Mange av dei som er her som lærlingar ynskjer også å kome attende seinare, det er bra. Lærlingane kan og ofte lære oss noko nytt, det er lenge sidan me tok utdanninga vår, mykje endrar seg over tid, seier Margaret. – Noko av det viktigaste er at lærlingane tar ansvar sjølv, at dei ser arbeidet som skal gjerast og at ein ikkje treng fylgje dei opp heile tida. Margaret er instruktør for Cecilie Bådsvik Handeland som snart er ferdig med si læretid. – Eg har lært utruleg mykje og vore innom veldig mykje forskjellig. Eg har og lært mykje om det å kome heim til folk, og respekten ein må ha for kvar enkelt menneske. At alle er ulike og har ulike behov, seier Cecilie. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi



1 • 2017

33


KORTNYTT

FRISØRANE, TEAM AUD Har hatt namneendring til Frisørane, Team Aud AS. I tillegg til Aud Stople Hauge jobbar Lena Lint Moland som frisør og Ingrid Nilsen Sørli som frisørlærling.

JANS HYDRAULIKK AS Opplevde eit godt 2016 med auke i omsetnad. Strenge krav til kvalitet og kunnskap om produkt gjer at fleire tilsette no har kursa seg og blitt DNVsertifiserte slangemontørar. Frå før av har dei DNVgodkjende slangar og koplingar.

DIAMANTEN FRISØR Frisørteamet skal over i nye lokaler. Diamanten Frisør har nyopning 1. juni, i gamle Expert sine lokaler i Etne.

VINNARSKALLE Har hatt foredrag og workshop for daglege leiarar i Næringshagene i Noreg. Dei lagar ny nettside og nettbutikk for Haugli Bakeri, og har bistått i intern forbetringsprosess hjå AS Forskaling i Sauda.

Foto: Astrid E. Hjelmeland

VEE BYGG OG ANLEGG AS GRANBERG GARVERI

Vee Bygg og Anlegg AS (VBA) har tatt steget frå å vere ein underentreprenør til å bli ein totalleverandør. Med denne endringa har dei auka bemanninga med 10 stk., og etablert kontor i Sveio. VBA siktar seg og inn på å føra opp nybygg i betong.

Inviterer til open dag 10.juni. Her blir det omvisning, auksjon, matservering, handel, minigarverimuseum m.m.

ØLEN BETONG Har nett fullført sitt første norskkurs for 10-12 tilsette i Ølen. I samarbeid med VOX-midlar og AOF Haugaland har mykje av undervisninga gått føre seg via Ølen Betong, då dei tilsette ein lærar gjennom skuleåret. I tillegg har 10 tilsette har tatt truckkurs via VAF.

KNUDSEN DØRFABRIKK Blei 70år og sette omsetnadsrekord med vel 20 millionar i 2016. I første kvartal i år har dei omsett for 30% meir enn i 2016. Dette seier dei er takka vere flinke tilsette, konstant fokus på forbetringar og effektivisering. Dei planlegg investeringar for å auka konkurransekrafta og sikra arbeidsplassane. Foto: Meister Fotografi

FILTER BREMNES SEASHORE Avd. Trovåg. Hallane tar plass på Trovåg og dei har levert dei første fiskane i midten av april. Dei to største hallane har ei flate på 4 500m2 og eit karvolum på 15 000m3. På Trovåg jobbar til saman 12 tilsette, og dei ser føre seg å auke laget ytterlegare i løpet av 2017. Foto: Meister Fotografi

I samarbeid med morselskapet er design- og kommunikasjonsbedrifta no styrka som totalleverandør av IT- og driftstenester for nettsider, epost og office. Har dei siste månadane utvikla nettsider for Chainco, Energihotellet, Brødrene Selvik, Medvind24, Wyller.no. Elles hadde Filter ein magasinproduksjon topp, med i alt 11 utgåver for kundar i 2016.

OMEGA AS Bygginga av nytt kontorbygg i Ølensvåg har starta. Her kjem det eit treetasjarsbygg med 60 nye kontorplassar til jul.

34

1 • 2017

OLAND Skånevik Marine Service er ny kunde hjå Oland AS. Før sommaren skal dei få sertifikat for ISO9001 for produkt/ teneste-kvalitet og for ISO14001 for ytre miljø, samt rutinar for HMS. Dette gjer dei kvalifisert som leverandør til fleire oppdrag on-og offshore.


adsign.no

Bjarte Dagestad. Tilsett i Etne Sparebank frå 1. april som rådgjevar. Har 4 år frå Sparebanken Vest i ryggen, som rådgjevar på privatmarknad. Der har han opparbeid seg erfaring med dagligbank, lån, forsikring og plassering. Sparing og plassering er fagfelt han likar å jobba med, og kjem til å halda fram med i Etne Sparebank.

S N E I L I M A F E L I ! HE K K I T U B T T I R FAVO

Bjarte Torgrimsen. Ved nyttår blei det eigarskifte ved Rørlegger Nils Torgrimsen AS. Etter 40 år i førarsetet, gir no Nils roret over til sonen, Bjarte Torgrimsen. Bjarte har jobba der i store deler av sitt vaksne arbeidsliv. Nils fortset å jobbe i bedriften.

Henrique Leal. Tilsett som internasjonal marknadssjef i Granberg i februar 2016. Leal har 25 års erfaring frå store multinasjonale reklamebyrå som McCann/MRM, Ogilvy One and Wunderman /Y&R, og har hatt bl.a. Intel, Google, Microsoft, Apple og Coca-Cola som kundar.

Sarah Bridge. Er tilsett som ny adm. dir. i Granberg AS med ansvar for all virksomhet i Noreg, Sverige, De Forente Arabiske Emirater og Litauen. Dei siste 13 åra har ho vore direktør for Polyco i England. Ho har base på Bjoa, men vil reise mykje internasjonalt.

Thorvald Fjæra Gundersen. Er tilsett som manager professional services hos Hatteland. Han kjem frå stilling som lokasjonsleiar hjå Future Solutions. Gundersen tar doktorgrad i leiing ved Universitetet i Stavanger, der han og underviser. Tidligare var han tilsett i Polytec.

STORT UTVAL I NY BUTIKK! Velkomen til FK Etne

LANDBRUK, HUS, HAGE, KJÆLEDYR, JAKT, LEIKER OG MYKJE MEIR...

FK BUTIKKEN ETNE · Tlf: 53 77 11 30 · OPE: 8-18 (9-15) 

1 • 2017

35


© Ellen Marie Hagevik/Medvind24

©Meister Fotografi

©Kari Aakra/Medvind24

©Meister Fotografi

- av og for næringslivet Bidreg til nyskaping

Representerer næringslivet

Frontar ein attraktiv arbeidsmarknad

Samlar eit sterkt bedriftsnettverk

Påverknad og gjennomslag hjå styresmakter via ei samla stemme

Synleggjering av ein attraktiv og mangfaldig arbeidsregion

Faglege møteplassar for bedrifter i Etne og Vindafjord

• Ny E134

• Gir ut næringsmagasinet Tempo

• NæringsGIV på Olalia

• Sentrumsutvikling

• Meir næringsareal

• Arrangerer møteplass for lokale

• Bransjekoordinator

• Tomteutvikling

• Fagseminar

• Forretningsutvikling

• Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv

bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar

• Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord

•Koplar bedrifter og jobbsøkarar

Fikse påverkar vegen vidare Med 12 milliardar i omsetning og 3500 arbeidsplasser, sørger dei 145 medlemsbedriftene i Fikse Næringsutvikling for å setje regionen på kartet. Ved å samla interesser og ressursar står me betre rusta for å møte framtida. Me står betre og sterkare i lag.

Samarbeid mellom lokale bedrifter, interesseorganisasjonar og offentlege myndigheter

Dagleg leiar Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling SA Tlf. 977 71 755 post@etnevindafjord.no Facebook.com/EtneVindafjord

etnevindafjord.no

Profile for Omega Design

Tempo 2017 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vinda...

Tempo 2017 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vinda...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded