__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

INFORMASJON

31 Reiarlag Arriva

i utvikling Jobb og yrkesval

8

Fangar jobben Portrett

18

Allsidig betongleiar 



1 • 2016 1 NR. 1 2016


HAR DU EIN GRÜNDER I MAGEN? ME STILLER MED FØDSELSHJELPA. Medvind Næringshage tilbyr:

Medvind Næringshage legg til rette for nyskaping og vekst både for nye bedrifter og eksisterande næringsliv

• Starthjelp og rettleiing ved etablering av bedrift

Besøk oss på medvind-neringshage.no eller stikk innom!

• Bedriftsutvikling for små og mellomstore bedrifter

Du finn oss i andre etasje på Medvind-bygget i Ølensvåg.

kontakt Rita Fridfeldt mobil 95 93 22 38 epost rita@medvind-neringshage.no

• Kontorfellesskap blant meir enn 20 andre bedrifter og tilgang til møterom og kantine


8-9 12-13

18 24-25

16-17

31-33

27-29

35

INNHALD 5

Leiar

16-17

Lærlingen og gamlingen: Storebror som mentor

31-33

8-9

Jobb og yrkesval: Fangar jobben

18-21

Portrett: Erik Gravelsæter

35

12–13

Oppvekst: Aktiv fritid

24-25

Tomter i Etne og Vindafjord

15

Kommentar: Morten Helland

27-29

Kunst og møbler i harmoni

Bedriftsprofil: Arriva Enquete



1 • 2016

3


Vinn Smarthus Lyspakke! Signer avtale for kjøp av einebustad eller leiligheit på Roastrand-feltet innan 30. juni i år, og du er med i trekninga av ein Smarthus Lyspakke levert av Helgevold Gruppen til ein verdi av 30 000,-.

BUSTADOMRÅDE !

HUSBANKFINANSIERT

Roa Tomteselskap AS

Morten Helland 458 65 508

mor ten@minbit.no

minbit.no

!

HUSBANKFINANSIERT

Lyst å flytte til Etne? - Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne Kommune for utvikling og salg av tomter i Etne. Ta kontakt for kjøp av tomt, oversikt over ledige tomter og pågåande prosjekt. Epost: post@tomteselskapet-etne.no • Telefon: 97 77 17 55

4

1 • 2015


““

Få bedrifter er upåvirka av urolege Kort tider,sagt men ønskjer mange av me å bedrifter invitera ser til åogså våre moglegheiter arbeida og bui dette. her.

Ansvarleg utgivar: Fikse Næringsutvikling Ansvarleg utgivar:

Fikse Næringsutvikling Ansvarleg redaktør: Asbjørnredaktør: Moe Ansvarleg

Asbjørn Moe

foto: Foftootgor:aFf otograf N No o rd rdt tv ve ei i

t

Redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Redaktør:

t

Asbjørn Moe Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling Fikse Næringsutvikling

Filter design & kommunikasjon Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Filter design&kommunikasjon Redaksjon: Filter design & kommunikasjon: Redaksjon: Astrid Eidhammer Hjelmeland Astrid Eidhammer Hjelmeland Judith Sørhus Litlehamar astrid@filterdk.no

Kari Aakra Formgjeving: kari@medvind24 Filter design & kommunikasjon

DET NESTE STEGET MOGLEGHEITER

Formgjeving:

I MOTVIND

Fotograf Nordtveit

Det er stas å ta det neste steget for næringsmagasinet TEMPO, i det me nå gir ut andre utgåva etter gode tilbakemeldingar på piloten i haust. Me ønskjer med dette å synleggjera næringslivet og jobbmoglegheitene, bustad- og fritidsvilkår i Vindafjord og Etne. Kort sagt ønskjer me å invitera til å arbeida og bu her, saman med oss andre som har funne området så attraktivt at ein har valt å bli, flytte til, eller tilbake til.

For næringslivet i Etne og Vindafjord har det vore og er framleis turbulente tider. Dette merkar bedrifter som misser salg og måstifte kuttenærare i bemanning, somtiligjen I denne utgåvaein avinæringsmagasinet TEMPO vil du kjennskap persopåvirkar mange familiar sinheile situasjon privat, ogsåog som forbrukarar kunder nar og bedrifter, nokre som tida har tatt men små steg kome langt overog tid, andre for næringsliv. haranna tatt store steg ut i verda, og så finnest det dei som har tatt eit steg tilbake og til sida, og staka ut ein heilt ny kurs for seg og sin bedrift. Alle har gjort seg sine unike Det er turbulens som gjer at fuglar kan fly på stigande luftstrømmar midt i område erfaringar som dei deler med oss her.

der alt fell til bakken. Slik er også store deler av næringslivet vårt. Få bedrifter er upåvirka av urolege tider, menta mange avtil, våre ser også moglegheiter i I vår vil Fikse Næringsutvikling eit steg og bedrifter inviterer lokale bedrifter til næringsseminar, møtast, bli betre og ta nye i lag. I friluftslivets år synest me det er på dette. Vedforå åvera fleksibel og kreativ harsteg fleire allereie klart å styrka kompetansen sin plass at det lokaleAndre næringslivet, som bidrar så mykje til dette området, set kursen med nye tilsetjingar. har etablert seg i nye marknadar der tradisjonelle ut i naturensviktar. til eit viktig for friluftslivetnaudsynt i Etne og utviding, Vindafjord; Olalia Fjellstove. marknadar Detsymbol er blitt gjennomført utvikling og endring ein tidlegare ikkje har hatt tid til i ein travel kvardag der alt går ganske greit. Slik er Takk tilurolege gode samarbeidspartnarar, til deg les dette magasinet. desse tidene kanskje i ferdannonsørar med betre åogsetja osssom i stand til å møta Me håpar du er klar for ditt neste steg. framtidige utfordringar og konkurranse. Mange av bedriftene i Etne og Vindafjord er stolte lærebedrifter. Det blir også usikkert å vera lærling i tider som nå. Eit godt døme på langsiktig tenking i bedriftene, er når dei held fast med rolla som lærebedrift så stabilt som råd er, også i krevande tider med nedbemanning, fordi dei veit at over tid vil det verta trong for denne kompetansen i vårt lokale næringsliv. Under NæringsGIV på Olalia vil prisane årets lærebedrift og årets lærling bli delt ut, for å setta litt ekstra pris på dei som bidrar til denne lokale verdiskapinga og kompetansen.

Foto:

Filter design & kommunikasjon Meister Fotografi

Foto:

Framsidefoto:

Sindre Matre, Arriva

Meister Fotografi

Foto: Meister Fotografi

Framsidefoto: Opplag:

Meister Fotografi 6 000

Opplag: Trykkeri: 6 500

Haugesund Bok & Offset

Trykkeri: Magasinet blir fulldistribuert i Kai Hansen Trykkeri kommunane Etne og Vindafjord. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen,

Magasinet blir og fulldistribuert i Trondheim Oslo og strategiske kommunane Etne og Vindafjord. stader i distriktet. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.



1 • 2015

5

1 • 2016

5


- då skal du snakka med oss

LEASING?

- då skal du snakka med oss Paul Rune Velde 53 77 15 24 prv@etne-sparebank.no

Signe Ellen Fjæra 53 77 15 33 sef@etne-sparebank.no

Haldor Gravelsæter 53 77 15 35 hag@etne-sparebank.no

Etne Sparebank har gjennom sitt nære samarbeid med Rune Velde Signe Ellen Fjæra Haldor Gravelsæter Brage Finans,Paul eit svært godt lokalt tilbod på LEASING 53 77 15 24 53 77 15 33 53 77 15 35 prv@etne-sparebank.no sef@etne-sparebank.no hag@etne-sparebank.no til bedrifter i Etne og Vindafjord.

Du kan kjøpa LEASING av ulike ogsitt nasjonale aktørar, Etne Sparebank harlokale gjennom nære samarbeid med men me anbefaler deg på det sterkaste prøva vårt lokale alternativ. Brage Finans, eit sværtågodt lokalt tilbod på LEASING til bedrifter Eit overskot vil då også koma tili Etne nytteogi Vindafjord. lokalmiljøet.

Du kan kjøpa LEASING av ulike lokale og nasjonale aktørar, men me anbefaler deg på det sterkaste å prøva vårt lokale alternativ. ASINGFINANSIERING OPPNÅR DU: KVA KAN LEASAST? Eit overskot vil då også komaog til anleggsmaskiner nytte i lokalmiljøet. uksrett til utstyret Alle driftssom kan skiljast ut

udsjettering og rekneskapsføring, som eigen eining og som kan avskrivast. Til dømes: ngleiga vert utgiftsført som ein • Personbilar/Transportmidler MED LEASINGFINANSIERING OPPNÅR DU: KVA KAN LEASAST? stnad • Anleggsmaskiner • Full bruksrett til utstyret Alle drifts- og anleggsmaskiner som kan skiljast ut ng av driftskapital • Enkel budsjettering og rekneskapsføring, • Produksjonsutstyr som eigen eining og som kan avskrivast. Til dømes: 00 % finansiering • Landbruksmaskiner då leasingleiga vert utgiftsført som ein • Personbilar/Transportmidler driftskostnad • Anleggsmaskiner • Datautstyr/kontormaskiner • Frigjering av driftskapital • Inntil 100 % finansiering

• Produksjonsutstyr • Landbruksmaskiner • Datautstyr/kontormaskiner

Gjer som andre små og store bedrifter i Etne og Vindafjord. Kjøp leasing gjennom Etne Sparebank.

Gjer som andre små og store bedrifter i Etne og Vindafjord. Kjøp leasing gjennom Etne Sparebank.

KONTAKT OSS IDAG

heile vegen - med heile- med vegen 6

1 • 2016

etne-sparebank.no

etne-sparebank.no

vinnarskalle.no vinnarskalle.no

KONTAKT OSS IDAG


Ek

KONTAKT OSS for en virtuell papiropplevelse av denne ANNONSEN

Lille speil på veggen der, hvem er best på trykksaker her?

st

rE

m

p r k at Em odu k cd bal t År og las dm sbEr dvdE /b ila tni g/ n in n

sE Ekst rv i rE Ek cE o m fl st E g rE Eks ksib mE tr ilit mE Em E n n k v t, Es al kE itE r t

Ev

bokngt. 1, 5537 922 04 159, 52

E T K N A L LT Ø F T T R Y K K E R I

hbo.no - Ørjan, tlf. 922 04 159 eller Espen, tlf. 404 50 490

Arrow Norway AS - Åmsosen, Nedre Vats

kr

arrow.com

www.hbo.no, fir


JOBB OG YRKESVAL

Ein må vere i flytsona, kjem ein høgare eller lågare stoppar det fort opp, ein kan i alle fall ikkje tenkje på kva ein ikkje får gjort, då gir ein lett opp. 

Anne Sofie Sandvik

Anne Sofie Sandvik og Marit Øverland Ilstad hadde med seg kompetanse og lang utdanning i kofferten då dei flytta til Vindafjord. Det får dei heldigvis bruke kvar dag på jobb. Anne Sofie og Marit gler seg over stadig nye utfordringar i leiarjobbane i kommunen. Dei er godt nøgde med ein arbeidsplass der dei får bruke eigen kompetanse, og ikkje minst få utvikle seg vidare.

Om å fange jobben Kommuneplanar, saksbehandling og arealplanlegging. Dette er mykje av kvardagen til dei to friske jentene på kommunehuset i Sandeid. Medan Anne Sofie er einingsleiar for Areal og forvaltning i kommunen, styrer Marit kommunaltekniske tenester. – Me har eit veldig godt samarbeid, me er vel begge glade for at akkurat me jobbar i lag, og me har fantastiske kollegar her, slår dei begge fast. Dei har begge fanga ein jobb dei trivst godt med. Og ikkje minst ein jobb der dei får brukt kompetansen og erfaringa dei har med seg. Begge jentene har flytta til Vindafjord på grunn av familie. Det var ikkje spesielt jobben som fanga dei. Kanskje heller at dei fanga jobben. – Vindafjord er ikkje ein heilt vanleg kommune, meiner Anne Sofie. – Her er det eit særs aktivt næringsliv og mange spanande jobbar i fleire bransjar. Næringslivet her har mange store bedrifter og driv stort internasjonalt. Likevel så må ein også her ta ein 8

1 • 2016

sjanse når ein aktuell jobb dukkar opp. Sjølv er ho frå Bergen, og har hovudfag i biologi og viltøkologi frå Norges miljø– og biovitenskaplige universitet på Ås. Eit sterkt miljøengasjement fekk henne inn i studieretninga, og ho hadde nok aldri sett for seg at ho skulle jobbe i ein kommunal administrasjon. – Det var nok andre retningar eg såg føre meg då ja, men utdanningsnivået i kommunen er høgt, det er spanande jobbar me har, og nok utfordringar kvar dag til at me kan få utvikle oss, meiner ho. Noko Marit seier seg samd i. – Ein bør vere fleksibel skal ein bu her, ein vil kanskje ikkje finne akkurat den jobben ein har planlagt eller sett føre seg, men kanskje ein finn noko minst like spanande ein annan plass, seier Marit. Marit på si side er utdanna sivilingeniør maskin og har budd både påHamar, i Haugesund, Trondheim og i Tyskland. – Eg visste heile tida at eg ville ha eit studieopphald i utlandet, er glad eg fekk til det, seier

ho og fortel at ho jobba mange år i Westcon før ho blei headhunta til jobben i kommunen. – Eg var ikkje på leit etter ny jobb nei, men dei ringte og ville høyre om eg var interessert. Det handlar om å ta sjansane som byr seg, seier Marit. – Og det viktigaste er ikkje å klatre på karrierestigen, det er å ha ein utfordrande og god jobb, er dei begge samde i. Verken ho eller Anne Sofie har angra på at dei tok leiarjobbar i kommunen. Det er ein god arbeidsplass, med høgt tempo og utfordringar nok til at ein ikkje stoppar opp. Nye faglege innputt, og ikkje minst at ein får oppleve noko nytt som skapar inspirasjon til vidare arbeid er viktig. Dei som meinte dei kom til å «kjede seg, sidan alt er så treigt i kommunen» tok skikkeleg feil. Hardt arbeidspress og ein travel kvardag gir uansett utfordringar med å finne den rette flyten i arbeidet. – Ein må vere i flytsona, kjem ein høgare eller lågare stoppar det fort opp, ein kan i alle fall


Eg var ikkje på leit etter ny jobb nei, men dei ringte og ville høyre om eg var interessert. Det handlar om å ta sjansane som byr seg. 

Marit Øverland Ilstad

FA K TA

Anne Sofie Sandvik (41 år)

ikkje tenkje på kva ein ikkje får gjort, då gir ein lett opp, seier Anne Sofie som fortel at dei på hennar avdeling i kommunen forvaltar heile 19 lovar. – Eg er iallfall nøgd med å vere akkurat her no, så får me sjå kva framtida byr på, meiner ho. Dei saknar ikkje bylivet. I alle fall ikkje pendlinga. Den pendlinga som kan ta ei ukjent mengde minutt, berre fordi alle andre og skal same vegen. – Kanskje 40 min pendling er maks når ein bur slik me gjer, sidan kabalen på heimebane også skal gå opp. Men me veit jo kor me er om 40 minutt, det veit ein ikkje når ein bur i Oslo. Eg misunner dei ikkje den kvardagen. I Bergen kan jo den avstanden me køyrer på 40 min ta to timar, seier Anne Sofie. Også ho har banehagebarn og veit kor viktig det er med smidig fleksitid og gode ordningar for at kvardagen skal gå opp. Men om ein ikkje saknar bylivet sitt pendlarjag, kan det somme gonger vere litt vel tett når ein både jobbar og bur i same kommunen. – Det er ei utfordring å jobbe i den kommunen ein bur, meiner Marit sjølv om ho er rask med å påpeike at det går som regel bra. Og at dei som bur i kommunen er profesjonelle på kva ein snakkar om på jobb, og kva ein snakkar om på fotballkamp eller i butikken. – Men ein kan ikkje gøyme seg her, det er enklare når ein jobbar i ei privat bedrift, då er det

ingen som bryr seg om kva du gjer. Likevel meiner dei begge to at det også kjem vel med at ein har lokalkunnskap om geografi og samfunnet der ein jobbar. Til ære for fotografen har jentene tatt oss med ut på framsida av kommunehuset i Sandeid. Til tusenårsplassen i Vindafjord kommune der det tronar ein skulptur laga av Jan Terje Rafdal. Skulpturen liknar ein båt, og er sett på ei sirkelforma plate. Eit hol i skulpturen slepp lyset gjennom og gir flotte mønster på plata, ein skulptur der Rafdal har henta inspirasjon frå soluret. Det er ikkje kvar dag desse damene har tid til å nyte utsikta frå utsida av kommunehuset. – Sjå der du, bokstavane på veggen treng visst ny måling, slår Anne Sofie frampå medan dei legg hovudet bakover og kikkar opp mot kommuneskjoldet og namnet. – Ja, det er heilt sikkert. Det er vel mitt bord det seier Marit og ler. Nok eit punkt blir lagt til på ei allereie lang arbeidsliste. Men lange lister er ikkje noko hinder så lenge ein er flytsonen og får bruka den kompetansen ein brenn for, meiner damene bestemt.

Jobb: Einingsleiar for areal og forvaltning i Vindafjord kommune. Utdanning: Hovudfag i biologi og viltøkologi frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) på Ås. Sivil status: Bur på Bjoa med tre barn

Marit Øverland Ilstad (34) Jobb: Einingsleiar for kommunaltekniske tenester i Vindafjord kommune. Utdanning: Sivilingeniør maskin frå NTNU Sivil status: Bur i Imsland. Gift, to barn og gravid med tredjemann

AvJudith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi



1 • 2016

9


BU I VINDAFJORD

Kor kjem du ifrå?

Eg er Vindafjording!

Til og med under overflata er alt såre vel i Vindafjord:)

· · · · · · · · ·

10

Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid Kultur i ulike former og nivå Moglegheiter for mykje for dei som vil Eit kommunalt apparat som kvar dag arbeider for å yta på sitt høgste nivå Levande bygder – der den enkelte er særs viktig 1 • 2016

vindafjord.kommune.no

Det er forskjell på folk blir det sagt Ikkje minst når dei skal svara på kor dei kjem ifrå. Nokon kan nesten ikkje venta med å seia det, medan andre fomlar etter dei rette orda og ser på skotuppane. Eg er frå Telemark, men bur i Vikebygd… Dei som er stolte av kor dei kjem ifrå svarar både høgt og tydeleg, og i presise ordelag. Dei ser i tillegg rett og slett irriterande fornøgde ut. Rake i ryggen er dei også.

Ein Vindafjording Ein kommune med 8.700 rakrygga? Tja. Kanskje ikkje alle, men me trur mange har gode grunnar til å vera stolte. Me forventar vel kanskje ikkje at så mange får tårer i augene når dei seier at dei er Vindafjordingar, men det er nokre gode grunnar til å få nettopp det.

Me ynskjer alle Vindafjordingar fortsatt gode dagar, og ynskjer nye velkomne.

VITAL OG SENTRAL

Vinnar skalle.no

Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:


Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no  1 • 2016 11


FRITID OG OPPVEKST Skateparken som sto klar i Etne i august i fjor er blitt eit særs populært tilbod.

AKTIV FRITID

Elias Rafdal (t.v), Tommi Kaldheim og Fredrik Hansen er glade for å ha ein skatepark lett tilgjengeleg..

12

1 • 2016


Ungdommane her inne er kjempeheldige, dei har så mykje å gå på. Birgitte Hansen, mor til Fredrik (7. kl)

Fredrik Hansen har mange timar bak seg på både skateboard, bmx-sykkel og sparkesykkel.

Skulen er nett slutt og på skateparken i Etne syklar tre kompisar på bmx-ar. Dei går i femte klasse og har litt tid å leike seg på banen før fotballtreninga tek til på kunstgrasbanen like over vegen. Fredrik kjem og rullande. Han har nokre års erfaring på baken, og tek sats og hoppar høgt med sparkesykkelen. Forholda er ikkje optimale når det regnar, slår Fredrik fast, då det som var ein fin dag, går over til regn. Men han klarar nokre bra triks, slik at fotografen får nokre gode bilete. Birgitte Hansen er mor til Fredrik som går i sjuande klasse, og ho fortel at han har i periodar vore kjempeaktiv i skateparken, både med BMX-sykkel, sparkesykkel og skateboard. Birgitte er overbevist om at parken er populær blant ungdommane, men peikar også på at foreldra har eit ansvar for å halde interessa oppe. – Ungdommane her inne er kjempeheldige, dei har så mykje å gå på. Det vil nok svinge litt for skateparken og, det vil gå i bølgedalar med interessa. Det er viktig at me oppfordrar dei til å ta turen bort, og at ein får vist fram kor flott tilbodet er, meiner ho. Målet er å våga å sette utfor den høgaste rampen for kameratane Tommi Kaldheim, Elias Rafdal og Halvard Hj. Moe, men enn så lenge er dei samde om at det er litt vanskeleg. Enn så lenge er det skrensing, hopp og finpuss av triks som gjeld. Elias fortel at han nyttar både ettermiddagar og helger i parken, om han har sjans. Pappa Tom Stian Rafdal er godt nøgd med skateparken som er komen i Etne. – Det er veldig kjekt at ungdommane no også har eit tilbod med hjul i Etne, det aller meste har handla

om fotball før, sjølv om det også er eit flott tiltak, seier Rafdal. Familien bur på Holmaseid, på veg mot Skånevik, men litt pendlarveg set ikkje noko stoppar for aktive ettermiddagar i skateparken. – Sonen vår var ikkje noko særs interessert i dette miljøet før parken kom, det var då han vart inspirert til å prøve. Så parken har nok gjort miljøet større, meiner Rafdal. Solveig Sørheim Reiso har nett plukka opp minstemann Magnus (3) i Enge barnehage, som ligg like ved, og har med storesøster Anna (8). Anna plar stå på rulleskøyter fortel mamma Solveig, men i dag prøver ho seg forsiktig på rullebrett som ho har fått låna seg. Det er fantastisk kjekt å ha denne parken som turmål, seier ho. Her tar me turen både i helgar og når skulen har onsdagsfri. Medan dei eldste borna testar ut ulike framkomstmiddel, nøyer dei minste seg med å klatra, så lenge det er trygt. Tida går fort og frå kunstgrasbanen er trenar Torstein Kristiansen i full gang med oppvarming for gutar 11. Han syns det er gir han mykje å få trena gutane. – Eg er interessert i fotball sjølv og så er det kjekt å sjå utviklinga hjå gutane som eg har trena saman med Pål Askvig sidan dei var 6 år. Så her er det berre for kompisane i skateparken å få på seg fotballsko og leggbeskyttarar og hive seg med.

FA K TA Skate- og bmx-parkar i Etne og Vindafjord Skånevik ved stadion (Skatepark i betong) Enge i Etne ved kunstbanen (Skatepark i betong) Ølensvåg ved skulen (BMX-løype, Grus) Sandeid ved Sandeid skule (Skatelite plater) Skjold BMX-løype og skatepark ved kunstgrasbanen

Av Astrid Eidhammer Hjelmeland / Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi



1 • 2016

13


iversenskogen.no

TAKST FRA TVEIT på bolig, hytte, tomt, landbruks- og næringseiendom

En verdivurdering er helt avgjørende ved salg, arveoppgjør, finansiering eller for å få riktige lånebetingelser i banken. Våre lokalkjente takstmenn er utdannet og sertifisert gjennom NTF (Norges Takseringsforbund) og NITO Takst. Se www.tveit.no eller ring oss på 52 76 71 00 for å bli satt i kontakt med en takstmann som kjenner ditt område.

Alt har sin sjarm og verdi

Trass tøffe tider i marknaden, er me i Westcon optimistar. Me veit at det vil koma nye oppdrag å kjempa om. Desse jobbane skal me vinna. Oppskrifta er enkel: Me skal ha dei klokaste hovuda, dei beste anlegga og dei leiande systema. Me satsar derfor stort på kontinuerleg forbetring av verksemda vår, også i tider med motvind. Me har investert i verftsanlegga våre i Florø og Ølensvåg. Mellom anna har me verdas største maskin for bøying av røyr, ein kraftplugg som både styrkjer konkurransekrafta vår og gjev verksemda eit ekstra bein å stå på.

westcon.no 14

1 • 2016

ÅLESUND

FLORØ

STORD ØLEN HAUGESUND KARMSUND STAVANGER

Rustar oss for framtida

ØYVIND SÆTRE

HELGELAND


KOMMENTAR

Fot o: E

ric

h

M on ,F iro te

ilte

r

MORTEN HELLAND Dagleg leiar Vindafjord Tomteselskap

HAR DU TRU PÅ BYGDEVEKST? Fleire flyttar frå bygda til byar og tettstadar enn omvendt. Diskusjonen om kva som skal til for å redda bygde-Noreg blir ofte prega av ein språkbruk som gjer det umogleg å vera optimistisk frå bygda sin ståstad. Ein snakkar om flyttestraum, forgubbing og avfolking. Ein kan då spørja seg om det er mogleg å snu denne flyttestraumen? Eg seier ja. I mitt bygdenærmiljø er der flust av ulike næringsaktørar som har etablert noko unikt. Desse bedriftene tiltrekkjer seg folk i frå fjern og nær. Arbeidsgjevarar innan alle moglege slags næringar tilbyr spanande og utviklande jobbar som krev kompetanse innan mange felt og på ulike nivå. Attraktive arbeidsplassar tiltrekkjer seg arbeidstakarar i alle aldrar og ein får bygdevekst. Bygdene våre har slik eit enormt potensiale og det er viktig å ta vare på og tilrettelegga for grundarane, dei som vil skapa noko. I mitt bygdemiljø er det i tillegg natur, ro og tryggleik som appellerer. Eg er glad for å sleppa bomstasjonar, stor trafikk, støy og unødvendig stress som eg forbind med by. Byen er likevel ikkje langt borte, så dersom eg ynskjer det, kan eg ta meg ein «omvendt hyttetur» og oppleva det pulserande bylivet. Eg kjenner meg heldig og stolt over å få tilhøyra ei bygd der tryggleik, fellesskap og samarbeid er ei viktig bærekraft. I mitt bygdemiljø finn eg svært god barnehagedekning og skuletilbod t.o.m. vidaregåande skular. Me har gode helseog omsorgstilbod og eit rikt idretts- og kulturliv. Dugnadsanda lever i aller høgste grad på bygda. I tillegg har bygdene våre eit svært godt varetilbod, som er enklare å nå og også delvis større enn det mange byar har å tilby.

Folk treng bygda og bygda treng folk. Då er ein nøydd til å tilby attraktive tomter og god etableringshjelp. For ein del år sidan var der i mitt bygdemiljø berre nokre få kommunale byggjefelt utan at det var særleg rift om desse rimelege tomtene, men no er trenden i ferd med å snu. Tomteselskapet vert stadig kontakta av folk som ynskjer å flytta til mitt bygdemiljø. Me har dei siste åra utvikla mange flotte tomter og me tilrettelegg for stadig fleire. Etterspurnaden gjeld då langt frå berre privatpersonar som vil byggja seg ein einebustad. Utbyggjarar jaktar på tomter der dei vil byggja hus for sal, både einebustadar, to- og firemannsbustadar og leilegheiter. Det viser seg å vera rift om desse husværa og me ser eit aukande behov for ein meir variert bustadmasse. Ser du nå at flyttestraumen frå bygda til byar og tettstadar er mogleg å snu? Stikkord vert gode arbeids- og oppvekstmiljø, tilbod og tilrettelegging. I mitt bygdemiljø finn me alt dette og me held ikkje hardare på identiteten vår enn at andre er velkomne inn. Eg er optimistisk.

Folk treng bygda og bygda treng folk.



1 • 2016

15


LÆRLINGEN OG GAMLINGEN

Variert læretid Fredrik Haraldsen (19) har sin eigen bror som mentor. Dei siste åra har det stadig blitt fleire lærlingar i ulike fagretninger ved Ølen Betong.

– Me tilbyr lærlingplass innan fleire fag og har hatt ei god auke dei siste åra, fortel HR-ansvarleg Turid Berge. Brørne Haraldsen er vane med å stå opp tidleg. Dei vekependlar saman til Bergen, der dei er med og ferdigstiller nytt anlegg og blandeverk ved Ølen Betong si nye avdeling på Fana, som skal opnast 21. mai. Dette er den tredje ferdigbetongavdelinga til Ølen Betong i bergensområdet, der dei frå før har blandeverk på Laksevåg og på Askøy. Det er storebror Alexander (25) som har mentorjobben for broren Fredrik (19), som starta læretida som industrimekanikar hjå Ølen Betong i fjor haust. Fredrik har valt same yrkesretning som storebror Alexander og var tidleg klar for kva han ville bli. Etter tiande søkte han seg inn på yrkesfagslinja mekanisk i Etne (TIP) og tok andre året i Ølen på industriteknologi. Etter endt skulegang fekk han sommarjobb hjå Ølen Betong der han og søkte om læreplass frå i fjor haust. Her skal han gå ut læretida før han går opp til fagprøve neste haust. Det er mange vegar til rom, og for storebror Alexander var reisa litt annleis. Etter tre år med studiespesialisering ved Ølen VGS tok han eit studiefritt år og søkte seg til Ølen Betong, der han fekk sommarjobb. Interessa for mekanikk hadde alltid vore der, og tida hjå Ølen Betong gav meirsmak og han søkte seg inn på grunnkurs (TIP) ved Ølen VGS. Han fekk fritak frå teorifaga norsk og engelsk, og fekk læretid som privatist hjå Ølen Betong 16

1 • 2016


Fredrik Haraldsen Alder: 19 Etne VGS, Yrkefaglinja mekanisk, (Vg1 TIP) Ølen VGS, Industriteknologi (Vg2) Lærling som industrimekanikar hjå Ølen Betong frå hausten 2015. Opp til fagbrev hausten 2017.

Det må vera ein god dialog og kjemi med læremeister Turid Berge-Olsen, HR-ansvarlegved Ølen Betong

og gjekk opp til eksamen/fagprøve i Bergen. Han har sidan dess vore tilsett i bedrifta. For brørne Haraldsen er Ølen Betong ei velkjent bedrift. Pappa Haraldsen har tjue år bak seg i same bedrift. Fredrik er glad for å kunne få seg læreplass så nære heimen og sjølv om mentor Alexander meiner veslebroren kan oppleva meir kjeft enn om det hadde vore ein han ikkje var i slekt med, så er stemninga mellom lærling og læremeister god. Sjølv om ein som industrimekanikar kan søkja jobbar i heile landet innan service, vedlikehald og reparasjonar syns Fredrik det fristar å kunne få jobb lokalt etter endt læretid. Fredrik er ein av seks lærlingar hjå Ølen Betong. Men Turid Berge-Olsen fortel at ein sjuande lærling er på veg inn i desse dagar. I dag følgjer ho opp ein betongfaglærling i Mølstrevåg (Sveio) og er i dialog med ein ny betongfaglærling, som skal ha base i Sandeid. Elles har ho ansvar for ein transportfaglærling for elementkøyring på austlandet og ei jente som er yrkesjåførlærling via Sauda VGS og Fredrik Haraldseid, som er industrimekanikarlærling og ein industrimekanikarlærling i Ølensvåg. I tillegg har dei tredje runde med IT-lærling, som skal gå læretida og gå opp til fagprøve hausten 2017.

– Som lærling i til dømes industrimekanikar skal ein innom mykje ulikt, og me har eit godt samarbeid med både Westcon og Jan´s Hydraulikk for å møta krava til kompetanse. Me har jo eit ansvar for at lærlingane våre får den kompetansen som krevs for å kunne fullføre læretida og stå på fagprøven. Turid er ansvarleg for oppfølging av lærlingane og har dialogen med Sunnhordland Opplæringskontor. – Me melder inn til Bjørn Johannesen ved Sunnhordland Opplæringskontor kva behov og ønsker me har med tanke på lærlingar, fortel ho. Men ho kan ikkje tilby alle som har læretid og fullfører fagbrev jobb, sjølv om det kunne vore ønskjeleg. Det er ropa eit varsku, om at Noreg kjem til å mangla nettopp dette, om ein ikkje gjer grep for å utdanna nok, held ho fram. – Dess fleire lærlingar me tek inn, dess større er kampen om jobben. Men for oss er det viktig å kunne bidra med godt kvalifiserte fagfolk tilgjengeleg i Noreg på sikt, avsluttar Turid Berge-Olsen. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi

Sjølv om dei har mange år som lærebedrift bak seg, understrekar Turid at det er viktig for optimal læretid at det er ein god dialog internt før ein vel å ta inn nye lærlingar. Den som er tenkt i rolla som mentor må vera motivert for jobben. – Det må vera ein god dialog og kjemi med læremeister, understrekar ho. Ho legg og vekt på at det er viktig at lærekandidatar syner initiativ og tek kontakt sjølv, og at ein unngår at lærarar tek kontakt på vegne av elevar. Berge-Olsen fortel og at mange av dei som har fått læretid i bedrifta er ungdom som har vore innom anten i skulepraksis eller i utplassering i forkant av at dei søkjer læreplass. Dette er er ein fordel både for søkjar og bedrift, meiner ho. For å kunne møta alle krava til fagbrev for den enkelte fortel Berge-Olsen at Ølen Betong har eit nært samarbeid med bedriftene rundt. Fredrik Haraldsen syns det er heilt fint at storebror Alexander (t.h), er mentor i læretida hans som industrimekanikar hjå Ølen Betong.

Turid Berge-Olsen er HR-ansvarleg ved Ølen Betong og har ansvaret for lærlingane i bedrifta, og ho er glad for å kunne bidra til at ein har godt kvalifiserte fagfolk i Noreg på sikt



1 • 2016

17


PORTRETT

Erik Gravelsæter (60) sjonglerer glatt mellom rollene som betongbedriftseigar og kjøkkensjef i godt venelag.

SKAPARLYST

Eg har alltid likt å skapa noko, det ligg i blodet.

Det er vår og høgsesong for produksjon av flytebrygger på Tongane i Etne. Etne Betong er størst i landet på levering av betongbrygger. Her buldrar blandeverket for betongmasse medan bryggeproduksjonen er i full gang i produksjonshallen. Me treff dagleg leiar Erik Gravelsæter (60) på kontoret. Han har drive Etne Betong sidan oppstart i 1982 og har i dag 26 tilsette fordelt på administrasjon og produksjon. I nabohallen på 2000 m2 er det god gang. Ei ny ferdigstilt brygge er nyleg transportert ut av hallen. Inne er dei i full sving med å byggja ei ny. Her er dei i gong med å feste armeringsjern og førebu nye kjettinghol der røyr må rullast inn i folie og voksast slik at dei slepp etter produksjon. På andre sida av hallen ligg to andre brygger til tørking, det krevs to dagar før dei er ferdige. Produksjon av flytebrygger starta dei med allereie i 1984 då Erik fekk førespurnad frå eit svensk firma (Pontona) om produksjon. Då det svenske firmaet gjekk konkurs tok Etne Betong over og vidareutvikla konseptet aleine frå 1987. Frå 2004 opplevde Etne Betong at etterspurnaden av ferdige betongbrygger skaut fart, og det vart investert i ny hall for å møte den auka etterspurnaden. Sidan dess har det gått rette vegen, fortel Erik, som i 2004 hadde 7 tilsette medan han i dag sit med ein stab på 26. Stemninga i hallen er god, det er høgt under taket, bokstavelet talt, og Gravelsæter kjenner kvar og ein av arbeidsgjengen godt og skryt både av dei i

administrasjon og i produksjon. Av dei 26 tilsette er 14 utanlandske, som alle har slått seg ned i Etne kommune. Nyleg var han og kona i Polen i bryllaup til ein av dei tilsette. – Me har fleire som kjem frå same familie. Dei er veldig kjekke og pålitelege, skryt han. Sidan oppstarten har han utvida i tre fasar med nye produksjonshallar og nå er fjerde fase klar for oppstart – dersom godkjenninga går i boks. – Her blir det ikkje meir produksjon, men me får betra boltreplass både til sand og singel lager og lager for isopor og ein vaskehall, fortel Erik. På plassen utanfor kontor og produksjonshallar står det rekkevis med flytebrygger i storformat. Her ligg dei før dei blir skyssa vidare med båt langs heile norskekysten frå Mehamn i Nord til Fredrikstad i Sør og Oslo i Aust. Alle bryggene som ligg ute på området rundt produksjonshallane er selde. For å få dei tjue til femti tonn tunge bryggene frå produksjonshall til lagring og til sjøs har dei investert 3,5 millionar i ei kjempekran, som er importert frå Chicago. Men krana var vel verdt kronene og var tent innatt etter berre 3-4 år, ifølgje Erik. – Denne fekk me inspirasjon til å kjøpe etter eit besøk i Steinkjer. Me hadde mest ikkje klart oss utan ei slik kran i dag, seier Erik. Det har ikkje berre vore dans på roser å driva betongbedrift og Erik har vore med på både opp- og nedturar sidan oppstarten. Han har og vore med på fleire finanskriser, som har påverka årsomsetjinga,




1 • 2016

19

Meister Fotografi


I hallen blir det produsert 6 flytebrygger i veka i størrelsesorden 20-50 tonn, der dei lengste er på 50 meter. Erik Gravelseter (t.h) skryt over arbeidarane i bedrifta. Her saman med arbeidsleiar Pawel Prusek i produksjonshallen.

Eg syns det burde leggjast betre til rette for at næringslivet skal kunne veksa lokalt

Krana som blir nytta til å frakta dei 20-50 tonn tunge betongflytebryggene frå produksjonshall til lagring og transport er importert frå Chicago.

men denne siste runden seier han dei har har gått klar. Ein av grunnane er at dei fekk fleire bein å stå på då dei etablerte dotterselskapet Etnebrygga AS i 2009. Dette har gjort bedrifta mykje mindre sårbare når finanskriser slår inn og påverkar ulike sektorar. Som så mange andre som har bygd opp eigen bedrift, så er det lettare å få tid å følgja barnebarn enn det har vore med sine eigne. Erik stortrivst i bestefar-rolla og tida saman med barnebarnet er han takksam for å få. Det er tydeleg ein stolt bestefar me har med å gjera. På kontoret er ein heil vegg dekorert med bilete av barnebarnet William på to og eit halvt år. Han har og ei stor interesse for alt som går på hjul og i 2012 investerte han i ein nyrestaurert Cadillac Eldorado 1971 – mo20

1 • 2016

dell, som han og kona gjerne tek seg ein luftetur i med kalesjen rulla ned om vêret tillèt det. Betong-gründeren har nett runda seksti, og det vart feira saman med vener og familie. Han trivs godt når han får laga til mat og festleg lag. Når han får på seg skinnlua, kokkejakka og forkle, så er han i sitt ess og senkar skuldrene og slappar skikkeleg av. I huset han har bygd opp på nedre Gravelseter har han fått det nett som han vil. Stort kjøken der han kan svinga grytene og trylla fram gode rettar. Eit av høgdepunkta er den årlege venefesten, der tjue par samlast til god mat og damenes aften. Her har Erik og fått med seg kokken Frode Aga til å hjelpa til med å diska opp med gode rettar og underhaldning. – Eg står ikkje for underhaldninga, smiler han lurt. Det får dei andre ta seg av.


Lidenskapen for matlaging har alltid vore der, og i sin ungdom søkte Erik Gravelsæter og kom inn på tre ulike kokkeskular, men enda i staden opp med agronomstudie på Stend før han starta si eige blandeverk i 1982.

Erik har vore ein aktiv kar og har mange år bak seg i raude kors i tillegg til elleve år som ambulansesjåfør. Det har ikkje vore mangel på sjonglering mellom familie, lagsarbeid og fritidssysler opp gjennom åra i tillegg til å driva eiga bedrift. Han set stor pris på og rosar det gode samarbeidet han har hatt med kona Toril i alle år. Då det koka som verst i etablerings- og oppbyggingsfasen av bedrifta tok ho seg av borna og heimen i tillegg til å ha hatt ansvar for kontorarbeid i bedrifta. – Utan støtte frå ho og borna hadde det ikkje vore godt å få det til, seier han. – Kva driv deg? – Eg har alltid likt å skapa noko, det ligg i blodet. Kan hende eg er litt rastlaus som type, men eg stressar aldri når eg lagar noko. Og lidenskapen for matlaging har han hatt lenge. Allereie som ungdom søkte han og kom inn på tre kokkeskular. Men faren ville heller at han skulle gå landbruksskulen, og difor blei det agronomutdanning på Stend jorbruksskule. Men det var ei anna retning han skulle ta. I femtenårsalderen blei interessa for betongarbeid vekt då han fekk sommarjobb hjå murar og forskalingssnekker Olav Vaa i Etne. Og etter endt agronomutdanning og militærteneste var han klar for å etablera si eiga verksemd. 2. mai 1982 opna han sitt eige blandeverk på Tongane i Etne. Då hadde han og treft og gifta seg med kona Toril, som vart medeigar i det nystifta selskapet. Erik har ridd nokre stormar opp gjennom åra. Og han må innrømma at han og byråkratane i Etne kommune ikkje alltid går i same takt når Erik glør for nye prosjekt. Sjølv har han tru på å byggja opp under initiativ og skaparlyst, i staden for å setja kjeppar i hjula for etablerte bedrifter og nyetableringar i kommunen. Til dømes meiner han den nyleg innførte eigedomsskatten i kommunen er eit kortsiktig tiltak, som kan vera med på å velta fleire bedrifter, særleg dei i litt mindre målestokk. Det er tydeleg at dette engasjerer både grunderhjarta og bedriftseigaren.

Interessa for bil og alt som går på hjul er stor. Når det vårast er det tid å ta ned kalesjen og få lufte Cadillac Eldorado 1971-modellen.

– Eg syns det heller burde leggjast betre til rette for at næringslivet skal kunne veksa lokalt, enn at det blir sett på bremser for idear og prosjekt. Han har funne eit produksjonsnivå for betongbedrifta på Tongane i Etne, der han er trivs og det går godt. Tala for 2015 syner at bedrifta har hatt ein særs god vekst og Erik kan melda om ei omsetjing på totalt på 61 millionar og eit samla resultat på rundt 6,2 millionar. Til samanlikning var omsetjinga i 2014 på 51 millionar med eit resultat på 1,7 millionar. – Utsiktene for 2016 ser sålangt gode ut. Erik har funne roen. – Etter mange år med arbeid dag og natt er eg nøgd med der me komne i dag og får halda oss her. Skal det ekspanderast ytterlegare, får det bli andre enn meg, smiler han. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi



1 • 2016

21


HUS

HYTTER

NÆRINGSBYGG

Vigor Bygg AS er et nyetablert selskap som er en fusjon av byggevirksomheten til Tungesvik Bygg AS og Byggefirma Kjetil Nedreskår AS i Skånevik. Vigor har betydelig kompetanse innen oppføring av bygg og rehabilitering. Byggeaktiviteten er hovedsakelig på Haugalandet, Seljestad og i Etne kommune. Velkommen til gamle og nye kunder.

VIGORBYGG.NO

Ferdigbetong, betongvarer og elementer

Transport og pumping. 26 mobile og stasjonære betonganlegg i Norge. ig-rør og kummer, kabelkanaler og trekkekummer. Murblokker, kantstein og belegningsstein. Elementer for alle typer bygg, samt sikkerhet i tunnel. Tlf 53 77 52 00

22

1 • 2016

mail@olenbetong.no

www.olenbetong.no


Hjemmefra, men ikke alene!

ME HAR STORT UTVAL AV

PLENKLYPPERAR VIKING ROBOTKLYPPAR MI 422 IMOW

VELDIG GOD KLYPPAR! FOR PLENAR OPP TIL 500 m2

9995,(11 490,-)

PLENTRAKTOR JD X125

28995,28995-

Vil du være med og utruste morgendagens samfunnsbyggere? På Lundeneset jobber det mennesker fra mange yrkesgrupper. I tillegg til lærere, jobber det personer på drift, kjøkken, renhold og administrasjon. Vi kan tilby et inkluderende kollegafellesskap, der vi jobber sammen for elevenes beste For oppdatert informasjon om ledige stillinger til enhver tid: lvs.no/om/stilling-ledig

GRASKLYPPAR VIKING MB 448 T

VÅR BESTSELGAR!

4795,4795(5 490,-)

ETNE Tlf. 53 77 11 30



1 • 2016

23


Vindafjord Tomteselskap har sidan etableringa i 2009, sjølv eller i lag med andre utvikla om lag 190 einebustadtomter Morten Helland, dagleg leiar i Vindafjord Tomteselskap

Dagleg leiar i Vindafjord Tomteselskap og byggjeleiar for Roastrand-feltet, Morten Helland er klar for å få fart på bygginga av både einmanns- og tomannsbustadar i Ølen.

Legg til rette for Det blir satsa på gode og attraktive bustadtomter, både i Etne og i Vindafjord.

24

1 • 2016

Morten Helland er nøgd, som byggeleiar er han glad for å sjå at det går framover når Brødrene Mæland bygg & betong saman med underentreprenør Tveit maskin legg til rette for grunnmur og bygging. Planen er å ha i alt åtte bustadar tette til jul, av desse blir fire ferdigstilte. I bustadområdet på Roastrand er dei i gong med husa i fremste rekke og nyleg fekk Helland godkjennig av reguleringsplanen for rekka bak, der det skal byggast tomannsbustadar. Helland fortel at Vindafjord Tomteselskap har byggemodna Roa-feltet, sidan oppstarten i 2010. No har Roa Tomteselskap utvikla feltet Roastrand der det per dags dato er seld tre einebustadar og tre leiligheiter i tillegg til at det har nokre reserverte på lista. Vindafjord Tomteselskap har om lag totalt 130 tomter i kommunen som er byggeklare våren 2016. I tillegg kjem det fleire private utbyggjarar i kommunen. Vindafjord Tomteselskap har også fleire planar

i andre bygder som ikkje er realiserte ennå. – I tillegg startar vi nå opparbeiding av ni nye bustadtomter i Nedre Vats og utarbeider reguleringsplan på åtte nye tomter i Ølen. Tomteselskapet har sidan etableringa i 2009, sjølv eller i lag med andre utvikla om lag 190 einebustadtomter, fortel Morten Helland. I Skånevik satsar ein på fleire byggefelt med attraktive tomter. Styreleiar i Tomteselskapet Etne AS, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim meiner trygge oppvekstmiljø, full barnehagedekning og nærleik til gode idretts- og kulturtilbod i Etne er gode punkt som tel til fordel for busetjing i Skånevik. – Dessutan er Etne berre 20 minutt unna for det du måtte trengje som handelsstanden i Skånevik ikkje kan by på, seier ho. I den gamle Prestegarden i Skånevik blir det no lagt til rette for 34 nye tomter, 25 av desse får infrastruktur i denne omgang. Feltet har nærleik


TOMTER TILGJENGELEG PER APRIL 2016 Tomteområde Stad Tomter Etne kommune Prestalio Skånevik 34 *Fitje Etne N 59 Toflebrekko Skånevik 6 Lundmark Skånevik 5 Osnes I Etne S 5 Osnes II Etne S 15 *Kambe II Etne N 10 *Kambe I Etne N 3 Eikanes Etne S 4 Etne Sentrum 6 Birkenesbøen * Under planlegging Vindafjord kommune: Ølmedal Imsland 2 Søndenå Vikedal 9 Balahaugen Sandeid 7 Ølen 7 Roa I Roa II Ølen 3 Vågshagen 5 Ølensvåg 37 Bjoa 6 Apalvik Hjartåker Bjoa 6 Vikebygd 17 Lio feltet Vikaneset Skjold 39 Kårhus Vats 2 Kjelde: Etne- og Vindafjord Tomteselskap

nybygg til sjøen, sentrum og flotte turområde i skog og fjell, i mange år har ein sett på Prestegarden som inderefileten i Skånevik, ikkje minst er området solrikt, og i tillegg får ein sjans til å kjøpe båtplass dersom ein treng det. Fleire tomter er selde, og det er god interesse. Målet er at infrastrukturen skal vere på plass til første helga i juli når Skånevik Bluesfestival blir arrangert. Andre stadar er nyttår eit viktig skilje, i Skånevik derimot er det Blueshelga ein arbeider mot. I tillegg til dette skal blant anna Ljtr Eiendom bygge ut fem tomter på Lundemark. – Det er mange ledige tomter i Skånevik no? – Ja det er fantastisk å sjå at me i løpet av få år har gått frå 0 til over 30 byggeklare tomter. Det vitnar om stor tru på bygda. Mange vel å flytte heim frå større stader. Skånevik har fått rykte på seg for å vera ein god stad å bu.  – Kven er målgruppene for nybygga? 

– Her er det mogleg å bygge det meste, og det er lagt til rette for rekkehus, einebustader, tomannsbustadar og tun med småhus. Det skulle difor vere noko for ein kvar smak enten ein er fastbuande eller ønsker seg ein fritidsbustad i Skånevik, meiner Bergsvåg Ekrheim. I Skånevik har ein sjans til å nyte eit rikt friluftsliv med jakt og fiske. Om sommaren meiner Bergsvåg Ekrheim det er reine sørlandsidyllen, og på vinteren har ein berre om lag 50 minutt til Seljestad og Røldal. I Tomteselskapet Etne AS har dei totalt 247 tilgjengelege tomter, av desse er 66 salsklare medan 75 av tomtene er snart salsgklare.

Her er det mogleg å bygge det meste, og det er lagt til rette for rekkehus, einebustader, tomannsbustadar og tun med småhus. Mette Heidi B. Ekrheim, Leiar i Etne Tomteselskap

Av Judith Sørhus Litlehamar / Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi



1 • 2016

25


Innovations that make your business more efficient, reliable and secure.

Everything connects

h att e la n d S O L U T I O N S 24/7 IT solutions and EMP secure storage

Stop airhousing, start warehousing

hatteland.com


Kunstnar Jan Terje Rafdal er særs nøgd med responsen og salet etter han fekk stille ut måleria sine hjå Anita og Bjørn Henriksen ved Ølen Møbel.

SYMBIOSEN Sal av kunst i butikk er ikkje eit nytt konsept og for kunstnar frå Etne, Jan Terje Rafdal har samarbeidet med Bjørn og Anita Henriksen og Ølen Møbel blitt ein suksess. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Meister Fotografi

– Dei er det beste galleriet mitt for tida, smiler Jan Terje. Han har god grunn til å vera nøgd. Akrylmåleria frå serien Snøsmelting, med motiv frå etnefjella er blitt særs ettertrakta blant kundane, fortel Bjørn, som er dagleg leiar og eigar saman med kona Anita. Det er berre eit lite måleri att som ikkje er seld av dei ti bileta som blei hengt opp i butikken. Verken Rafdal eller Ølen Møbel er redde for å tenkja i nye banar men ingen av dei var førebudde på responsen av samarbeidet dei har inngått. – Det har truffe ufatteleg bra, understrekar Rafdal. Det har tatt litt av for kunstnaren som må innrømma at han mest har slite med å ha nok bilete klar til komande utstillingar, som er planlagde allereie i starten mai. Nyleg opna Rafdal ei ny utstilling i Bergen, der katten Fiigenschou er tema, og var så heldig å få med seg eit av måleria med fjellmotiv i retur, som han nå kan henge opp på den ledige plassen i møbelbutikken. Berre spikrane heng att der det forrige biletet hang, og Bjørn og Anita gjer gladeleg plass til det nye måleriet over ei av møbelgruppene. Maleriet er i storformat og er måla i akryl på lerret og er eit naturleg blikkfang når ein kjem inn i butikken.

Inspirasjonen har han henta frå foto han har tatt sjølv under snøsmeltinga, for å få det uttrykket og kontrastane han var ute etter i måleria. Sjølve fotoshooten anbefalar han ikkje, då det vart tungt å gå i den halvrotne snøen etterkvart som den smelta under beina på han. – Dei som kjem inn her har blitt heilt bergtatt, fortel Anita. For mange er motiva kjende frå eigne turar i Etnefjella. Ho meiner måleria passar godt inn i sortimentet, som òg har det naturlege, handlaga og ofte grove materiale som går att som ein raud tråd i utstillingane og miljøet dei skapar i butikken. Jan Terje har lang erfaring med utstillingar, og for han er det viktig at galleria der han stiller ut har ein harmoni med det han produserer. Hjå Ølen Møbel finn han denne. – Møblene dei sel er på ein måte det eg søkjer i bileta mine, seier Jan Terje. Samstundes som ein skal tenkja ut av boksen og søkja det sjeldne, må det appellera og ha ein wow-faktor. I tillegg til å ha ein bra gallerist er det viktig for ein kunstnar å få stille ut i gode lokale som er godt plassert. Og Ølen Møbel innfrir. Butikken ligg sentralt til like ved hovudferdselsåra E134 mellom 

2016 1 • 2015

27


Møblene dei sel er på ein måte det eg søkjer i bileta mine. 

Jan Terje Rafdal

Verken Jan Terje Rafdal (t.v) eller Bjørn og Anita Henriksen hadde venta seg den positive responsen på å ha måleria til kunstnaren i møbelbutikken i Ølen.

aust og vest er lett tilgjengeleg om du og er på veg nord og sør. I dei romslege lokala har storformatmåleria fått koma til sin rett. Jan Terje meiner ein ikkje skal undervurdera folk sitt ønskje om å ha store bilete på veggen og både Bjørn og Anita kan skriva under på at det er ein marknad for det; det er dei største og dyraste måleria som har blitt selde fyrst. Bjørn og Anita er glade for at kunstnaren ser på butikken og lokala deira som ein attraktiv arena for kunstsal og meiner kunsten på denne måten og blir lettare tilgjengeleg for fleire. – Mange av kundane våre er yrkesaktive folk frå Stavanger som stikk innom på veg til hytta på fjellet på Geilo eller Vågslid, fortel Bjørn. Ofte kjøpesterke kundar, som ikkje har tid eller prioriterer å nytte tida til å besøka galleri. I tillegg er det inspirerande for oss å ha måleria til Jan Terje hjå oss, understrekar Bjørn. Hjå Ølen Møbel er det høgt under taket og i dei romslege lokala, med utstillingar i fire etasjar går ein frå det eine delikate miljøet til det andre med møbler i ulike uttrykk, der kvar og eit appellerer og innbyr til bruk og triggar kjøpelysta. – Det er viktig for oss å spela på opplevinga kunden får når dei kjem inn i butikken vår, seier Bjørn. Det skal vera annleis enn om ein sit på nett og surfar rundt, og målet er at kunden skal ha det kjekt og synast at det er verdt å ta turen innom oss for å handla, supplerer Anita. Bjørn og Anita Henriksen tok i 2010 over familiebedrifta Ølen Møbel, og har sidan dess vidareutvikla og fornya eit 28

1 • 2016

møbelkonsept, som er blitt velkjent og har kundegrupper godt utanfor Vindafjord sine grenser. Samstundes med overtakinga melde dei seg ut av møbelkjeden for å kunne stå friare i vala av kva sortiment dei ville ta inn. Ekteparet samarbeider godt og let seg inspirera av trendar frå Europa. Og for å dyrka interessa for produkt med meir eigenart har både Frankrike og Danmark blitt hyppige feriemål, der det og har blitt tid til research og nettverksbygging. – Det har blitt mange feriereiser til Danmark, smiler Bjørn. Det skandinaviske designet pregar interiørvalet – og det krev sin mann å få tak i dei produkta ein helst vil ha. Anita fortel om gribbliknande tilstandar på enkelte messer dei har vore på. Då gjeld det å koma seg tidleg opp og ha ein god plan for alle ein vil besøkja. – Me tar inn og tilbyr kundane våre varer som me veit er bra og som me veit kundane vil bli nøgde med, fortel Anita engasjert. Bjørn nikkar samd. Han understrekar og at medan det vanlege i møbelbransjen er å fokusere på volum, så har ekteparet reist utanlands for å sjå og kjøpa opp unike produkt, som dei vel å ikkje ta inn i store opplag. Nokre av møblene blir og laga på bestilling. Medan Bjørn er vaksen opp i familiebedrifta vaks Anita opp i Etne og møtte Ølensguten i ungdomstida. Anita gjekk frå jobb som sjukepleiar i Vats og utdanna seg som interiørdesignar parallelt med at ho gjekk inn og jobba i familiebedrifta. Dei har to jenter på 14 og 17, som delvis har vakse opp og


Dei store akrylmåleria til kunstnar Jan Terje Rafdal glir godt inn i sortimentet til møbelforhandlarane Bjørn og Anita Henriksen ved Ølen Møbel.

sove godt i både senger og sofaer, medan mor og far har hatt seine kveldar i møbelbutikken. Verken Bjørn eller Anita har tal på timar som har gått med på å bygga opp konseptet og tilpassa lokalet, som framleis er i ferd med å bli ferdigstilt. Satsinga og stilen deira har truffe godt og markedet har vore veldig godt i mange år. For Anita har blogg og sosiale medium vore den beste måten å nå ut til nye kundegrupper både lokalt og elles i landet. Men det er ikkje til å stikka under ein stol at både kunstnaren og møbelforhandlarane merkar endringar i kjøpeviljen hjå folk når ein er i slike finansielle tider som i dag. Når pengene ikkje sit like laust som tidlegare kan ein som sjølvstendig næringsdrivande fort bli råka av panikk og pessimisme. Både med tanke på å kunne handtera økonomiske svingingar og å sikra kapital til innkjøp og påbyrja investeringar som sjølvstendig næringsdrivande. Men her meiner Jan Terje det er viktig å sjå på den posisjonen ein har opparbeida seg og den fordelen ein har både som kunstnar og møbelhandlar, ved å vera etablert

utanfor bykjernen med tilgang til mykje meir kvadrat til ein lågare kostnad enn om ein var etablert i byen. For både Jan Terje og Ølen Møbel sit på lokaliteter for sitt bruk, som er unike samanlikna med tilsvarande næringar i meir bynære stråk. – Fleire kunstnarar som eg kjenner får hakeslepp når dei stikk innom meg i Etne, og ser på kvadratane eg har å boltra meg på. Han meiner og det er viktig å ikkje bli offer for eigen suksess, og tvinga seg sjølv til å levera like god kvalitet over heile linja. For Bjørn og Anita er dette heilt i tråd med deira eigen måte å tenkja på og deira satsing. – Kunsten er å ikkje få panikk når salstala går ned, slik at ein står sterkt når vinden snur, understrekar Jan Terje. Bjørn og Anita nikkar samd, og tankar for å møta den ustabile marknaden er allereie i gong. Eit tiltak er dei allereie i gong med. Nye veggar er på veg opp for å dela inn butikken for å få ei eiga lounge-sone, der kundane skal kunne trekke seg tilbake med litt varm eller kald drikke. – Det kjem til å bli så bra, smiler Bjørn.

Ølen Møbel Dagleg leiar: Bjørn Henriksen Opna i 1947 I 2010 tok Bjørn og Anita Henriksen over familiebedrifta. Dei har satsa og bygd opp eit konsept der møbelbutikken har produkt med eigenart og skandinavisk design.

Dei som kjem inn her har blitt heilt bergtatt. Anita Henriksen

Jan Terje Rafdal Alder: 42 Kunstnar innan biletkunst og skulptur Eigar av Atelier Fugl Fønix i Etne Aktuell med utstillingar i Bergen og på Stord og har den siste tida hatt suksess med å stille ut bilete hjå Ølen Møbel.



1 • 2016

29


Mat for alle anledninger Gode løysingar veks ikkje på tre Tydeleg design og kommunikasjon er avgjerande for å synleggjera det di bedrift er best på. Me i Filter utviklar målretta og gjennomtenkte løysingar i lag med våre kundar.

Me vil gjerne høyra frå deg. Ring eller send oss ein epost. Me snakkast!

LAUREN Dagleg leiar

ASTRID Byråleiar

T: 982 86 852 • lauren@filterdk.no

T: 971 94 788 • astrid@filterdk.no

Sjekk vår nettside for aktuelle tilbud. cateringpar tner.no Tlf. 53 77 50 32

30

1 • 2016


Med skipsfart i årene

Sindre Matre i Arriva Shipping er tredje generasjon skipsreiar i Ølensvåg.



1 • 2016

31


BEDRIFTSPROFIL

Eg er oppteken av at me skal dra i lag, at dei tilsette skal bløme, det gjer dei viss dei får nok ansvar. 

Sindre Matre

Sindre Matre er glad for at han sjølv har maritim bakgrunn. Åra i Kystvakta meiner han kjem godt med i leiarjobben.

Sindre Matre (36) er tredje generasjon skipsreiar i Ølensvåg. Sjølv trur han den maritime utdanninga, og åra med arbeid i Kystvakta kan vere gode å ta med seg inn i leiarjobben i Arriva Shipping.

32

1 • 2016

Bestefar til Sindre starta opp reiarlaget i 1972, fram til oktober 2013 bar selskapet i Ølensvåg namnet Sandfrakt. I dag er marknaden utvida til heile Nord– Europa og namn og profil har fått eit internasjonalt løft. Mykje har endra seg sidan starten på 70–talet. – Båtane er blitt større, og i dag fraktar me mykje meir enn sand. Tømmer er ei stor eksportvare til Tyskland, medan kull og gips er varer som blir importert i stor grad frå Polen og Tyskland. Ølen Betong er ein stor kunde, me fraktar mykje betongelement for dei. Me fraktar i grunn det meste av det du kan tenkje deg, seier Sindre som ynskjer velkommen til bedrifta sitt hovudsete i Ølensvåg. Her har alle kontordører kuauge, små runde vindauga som har ein maritim tvist, og gir oss ei kjensle av å vandre rundt i eit middels stort skip. På veggane heng avisutklipp i glas og ramme, utklipp som viser glimt frå ei lang historie med skipsfart. Her sit administrasjonen til selskapet. I tillegg har Arriva Shipping avdelingskontor i Stavanger og Polen. Bedrifta har totalt 150 menneske i arbeid, av dei som er på sjøen er det om lag 30 norske sjøfolk.

I den raude kontorbygningen kan Sindre og resten av administrasjonen fylgje dei ti skipa i flåten, her ser ein kor skipa er og kva rute dei går i. Den unge leiaren vedgår gjerne at han støkk litt ekstra til når telefonen på nattbordet ringer. Det er menneska om bord i skipa som er den viktigaste kapitalen, og ein vil alltid vere litt ekstra på vakt sidan det mange gonger kan vere tøffe forhold på sjøen. – Me har heldigvis klart oss så langt utan å miste nokon, men me har hatt nokre alvorlege situasjonar. Ein stoppar litt ekstra opp då, meiner Sindre som driv reiarlaget saman med søskenbarnet Jarle Matre, som også er inne på eigarsida. Framleis er begge fedrane, Kåre og Norvald Matre aktive i bedrifta. – Det er godt å ha den eldre generasjonen med oss, dei har sett mykje før, og er gode på å gi råd, slår Sindre fast. Sindre var ung, berre i slutten av 20–åra då han tok over leiarjobben i Arriva Shipping. Då hadde han allereie jobba som mannskapssjef i fleire år, ein jobb han stortreivst med. Likevel vart han freista av


Den unge sjefen ser stadig framover, og meiner teamarbeid er viktig for å oppnå vekst.

Sindre Matre (36) er tredje generasjon skipsreiar i Ølensvåg. Det sit mykje historie i kontorlokala til Arriva Shipping.

spørsmålet om å ta over familiebedrifta, med maritim utdanning. Og med fleire år som tilsett som navigatør på Kystvakta var det naturleg å velje ein jobbretning på havet. At det var attraktive arbeidsplassar heime var også avgjerande då han valde å flytte tilbake. I dag bur han i Etne saman med sambuar og to barn. Det var heilt rett å kome attende til regionen han vaks opp i, sjølv etter mange år vekke. – Det var ikkje skrive i skrifta at eg skulle ta over. Men det har vore veldig kjekke år, ikkje minst får eg jobbe med flinke folk, eg likar at me arbeider så tett i team, meiner Sindre. – Åra eg jobba i Kystvakta trur eg er ein god ballast å ta med seg inn i denne jobben, eg veit korleis livet på sjøen er, eg kjenner kvardagen der ute, seier den unge sjefen. Sindre og resten av teamet i Arriva Shipping er opptekne av utvikling. Målet er at ein sakte og heile tida skal vekse og utvikle reiarlaget. Så langt har dei ikkje blitt råka av nedgangen i

oljenæringa, og kallar seg sjølve for forsiktige optimistar med tanke på auke i marknaden. – Dei som kjenner nedgangen no er stort sett i offshore, skipsfarten vår går framleis som normalt. Nede på kaien ruvar det med tømmer, når ikkje Arriva sjølv treng kaien leiger de den ut. I dag er det Nortømmer som brukar kaien til utskiping. Sindre stiller seg velvillig opp for fotografen, dei som jobbar på verkstaden kikkar nyfikne ut av døra. Det er ikkje kvar dag sjefen dreg på eit fortøyingstau til ære for ein fotograf. – Eg er oppteken av at me skal dra i lag, at dei tilsette skal bløme, det gjer dei viss dei får nok ansvar. Eg vil helst ikkje ta alle avgjerder åleine, eg vil gjerne ta dei i eit team, slår Sindre fast. Judith Sørhus Litlehamar Foto: Meister Fotografi

FA K TA Arriva Shipping har ti frakteskip i reiarlaget. Fram til 2013 heitte selskapet Sandfrakt, i dag fraktar dei mykje meir enn sand, både tømmer og industrivarer som kull og gips er store eksportvarer. Arriva Shipping har 150 tilsette og hadde ein omsetnad i 2015 på 270 millionar. Dei har hovudkontor i Ølensvåg, og avdelingskontor i Stavanger og Polen.



1 • 2016

33


Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord, Tempo har hatt ein runde til representantar for næringslivet med følgjande spørsmål. 1. Har di bedrift merka noko til nedgangstidene i oljebransjen? 2. Kva grep gjer eller har bedrifta di gjort for å møta evt. utfordringar?

Egil Viker Jørgensen Dagleg leiar Catering Partner

Stein Espen Bøe 1. Ja, me merkar godt nedgangen i Oljebransjen og i Verftsindustrien.

Site manager, AF Offshore Decom

2. Me har diverre nedbemanna ein del og me ser stadig etter nye verksemder for å halde oppe sysselsetjinga.

Karl Johan Lier Konsernsjef Hatteland

1. Me har ikkje merka noko nedgang på grunn av nedgangstidene i oljebransjen.

1. Både ja og nei. Nedgangen var venta over lang tid. Hausten 2014 til våren 2016 har det vore forholdsvis låg aktivitet. Dette skuldast tilgangen på nye prosjekt og var kjent før nedgangen i oljeprisen. Modningstida i vår type prosjekt er særs lang. Det vi har starta å sjå no er at det på grunn av låg oljepris er fleire oljefelt som ikkje er lønsame. Dermed har det kome svært mange førespurnadar om fjerning og gjenvinning den siste tida. Vi arbeidar intensivt med nye førespurnadar, og håpar å kunne lande fleire av desse framover det komande året. Per dags dato har vi kontraktar til 2020, men god kapasitet til å ta i mot meir. 2. Det har dessverre vore naudsynt med omfattande rundar med permitteringar denne våren. Vi ser no lyset i tunnellen, og planlegg allereie for ei mogleg oppbemanning frå hausten.

2. Me har hatt ein positiv effekt på grunn av svekka krone som gjer oss meir konkurransedyktige på eksportmarknaden.

Jan Audun Johansen Dagleg leiar i Johansen Rør

Halldor Ebne Dagleg leiar, Skånevikstrand Maskinstasjon

1. Me merkar ikkje så mykje til nedgangen, men det er fleire som søkjer jobb i bransjen, og konkurransen ute på anbod er sterkare enn den pleier å vere. Før var me kanskje 4 - 5 bedrifter ute på befaring på ein jobb, no er me kanskje oppe i ti - femten. Me ser også at fleire statlege prosjekt no ligg meir på vent enn dei har gjort før.

1. Nei, det kan eg ikkje påstå. Me har mykje arbeid, og 2015 var eit år med rekordmange ordrar. 2. På slutten av 2014 la me ned ein ekstra innsats, då var me litt usikre på kva framtida ville bringe. Me arbeidde lange dagar og satsa litt ekstra, eg trur det er det me haustar av no.

2. Nei, me har ikkje gjort nokre særlege grep.



1 • 2016

35


FIKSE

E T N E O G V I N D A FJ O R D NÆRINGSUTVIKLING

— av og for næringslivet

A1 Grafisk Idé Etne Moteklær Byoung Kiwi Ølensvåg Tveit Regnskap ABC Studio Etne Sand & Pukk Knudsen Trevare Unni Marie Rosemaling.com Advokatfirmaet Responsa Etne Senter Krambua Bensin Urmaker Arnestad ipsum dolor consectetur adipiscing elit. Suspendisse adipiscing dui id lacus tristique AFLorem Offshore Decom AS sit amet,Etne Sentrumsforening Kyrping Camping Vakt & Alarm Alfee Etne Servicesenter LA Løvereide Vee Bygg & Anlegg imperdiet. Curabitur nec consequat felis. Duis vulputate mi et nulla egestas congue. Etiam in semper Alliance + Etnemarknaden Lars Olav Bergsvåg Vinnarskalle metus. Nullam Ut id eros sed lacus Apotek1 Ølen id justo in erat sodales Fatland interdum. Ølen Legriarhoncus tempor. Vitalsenteret Arcus-Vita Felleskjøpet Etne LJTR Eigedom Vitus Apotek Arne Markhus Transport Fikse Renhold Marine Harvest Norway Westcon Power & Automation Arriva Shipping Filter Design & KommunikaMCE Westcon Yards Arrow Norway sjon Medvind Næringshage Willi & Vera Baardsen Eurosko Fiskå Mølle Etne Montér Etne Ølen Auto/Suldal Billakkering Berge Sag & Trelast Fixprofil Nortura Ølen Begravelsesbyrå Brødrene Flatebø Frisk Treningssenter Oddvar Flatebø Maskin Ølen Bensin & Storkiosk LoremKjetil ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Lorem ipsumØlen dolorBetong sit Byggfirma Nedreskår Frisørane AS Oland Café Izabela Frønsdal Aktivitetsgard Old River Saloon Ølen Blomster Suspendisse adipiscing dui id lacus tristique imperdiet. amet, consectetur Catering Service Frøymag Consulting Omega Ølen Bok & Papir Curabitur nec consequat felis.Fugl DuisFønix vulputate adipiscing elit. Cateringpartner Ateliér mi et nulla R&J Invest Ølen Frisørsalong Connect Vest Etiam in semper Fuglmetus. Fønix Etne Ølen Gjestegård egestas congue. Nullam id justo in Rafdal Våpen Coop Extra Etne Granberg Garveri Rema 1000/Jan Lysne AS Holding erat sodales interdum. Suspendisse Ølen adipiscing dui Coop Extra Ølen Halvfjordingen RK Eiendom Ølen Møbel Deloitte Hamre Rørlegger N. Torgrimsen id lacus tristique Ølensvågimperdiet. Autosenter • Ut idAdvokatfirma eros sed lacus rhoncus tempor. Eliara Haugen Consulting Handelshuset Ølen Sandvik Gard Eigedom Øyane Asvo • Ut sagittis a erat et malesuada. Eljaravik Gard Hans & Grete Ølen Skakke Foredling Åkrafjorden Oppleving Curabitur nec consequat Erik Grindheim Hansen Transport Skohjørna Ølen Åkrafjordtunet • Etiam gravida augue a risus venenatis, vitae hendrerit Ernst S Grindheim Entr. Hato Holding Skånevik Fjordhotell felis. Åsbø Sanddrift augue adipiscing. Etne 8 Eiendom Hatteland Computer Skånevik Naturoppleving Etne Auto Hatteland Display Skåneviknett • Vestibulum eget dignissim dui. Etne Betong Haugaland Kjøleservice Skånevikstrand Maskinstasjon Duis vulputate mi et nulla • Etne Quisque lacus tortor, dictum ut egestas vel, euismod ut Bondelag Haugaland Transportskole SMV egestas congue. Etiam in Etne Camping Helgevold Smådyrklinikken quam. Sed lobortis nulla massa, quisElektro dapibus leo Etne Containerservice House of Blues Småfolk Barnehage semper metus. Nullam id vestibulum Etne El-lag eu. Hundhammer Transport Strømø Møbel & Interiør justo in erat sodales Etne Elektrosenter Jans Hydraulikk Sysco Finans Partnarar: interdum. Etne Sparebank Etne Forbruksforening Joakari Mat Prat Bar TESS Vest SedEtne quisFrisør massa justo. Integer luctus, neque vitae vulputate To Humler Johansen Rør Haugesund Sparebank scelerisque, sem dolor faucibus turpis, & sitSønner amet pellentesqueTungesvik Bygg Etne Hagesenter Johs Lundal SR-Bank Etne Kulturhus Kaldheim Auto Tungesvik Prosjekt nisl mauris non neque.

TITTEL ANNONSE

/ F i /kEtneVindafjord s e E t n e V i n d a fj o r d

Profile for Omega Design

Tempo 2016 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vinda...

Tempo 2016 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vinda...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded