Page 1


INNHALD 6

Ryfylkevegen 50 år

11

REDAKTØR JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR judith@filterdk.no

Jaktar ny marknad

DESIGN TERJE HODNE terje@filterdk.no

17

Leikande framtid

26

Portrett: Magnhild

46

DESIGN MARIANNE ÅGOTNES marianne@filterdk.no

Puffar med stil DESIGN PER KRISTIAN GRINDHEIM per.kristian@filterdk.no

34

JOURNALIST/ DESIGN ASTRID EIDHAMMER HJELMELAND astrid@filterdk.no

Mat og design

JOURNALIST HEIDI HJORTELAND WIGESTRAND hhjorteland@gmail.com

FOTOGRAF FOTOGRAF MIKKEL MEISTER JAN NORDTVEIT mikkelmeister@hotmail.com jan@fotografnordtveit.no ANNONSER JAN MORTEN RYDNINGEN

479 60 450

jmr@mittryfylke.no

54

Livet i Flørli

62

Blømer på Finnøy

MAGASINET MITT RYFYLKE ER PRODUSERT OG REDIGERT AV FILTER DESIGN & KOMMUNIKASJON I SAMARBEID MED RYFYLKEALLIANSEN.

STORE MOR

Magnhild er me alle på førenamn med. Ho er liksom vår, anten me er journalistar, ryfylkingar eller rogalendingar. Som statsråd fekk ho i gong store prosjekt som nesten vil gjera ferjer overflødige i framtida. Og ho var alltid lett å få fatt på. Ein slapp å gå omvegar om presseansvarlege for å få Magnhild i tale. Også denne gongen var det berre å ringe og spørja om Fylkesmannen ville bli med på ferjetur. Det ville Magnhild, men ho ville ikkje svara på om ho kjem til å sakna ferja i framtida. – Heidi Hjorteland Wigestrand

FRAMSIDEFOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT OPPLAG: 9 500 DISTRIBUERT: RYFYLKEKOMMUNANE, VIKEDAL, SANDEID,NORD JÆREN OG INDRE HAUGALANDET. TRYKK: KAI HANSEN TRYKKERI POSTADRESSE: KVASSANESVEGEN 4, 5582 ØLENSVÅG TIPS OSS: TIPS@MITTRYFYLKE.NO

M M


Best beliggenhet!

Opptatt av god kvaliet?

Best beliggenhet!

Skarbekken, Fjelltunet eller Taumarka - kontakt oss for visning.

Enten du vil ha større, eller mindre plass så har Fjogstad-hus Ryfylke alltid kvalitetsbolig å tilby. Pris fra: Kr 2.600.000 for leiligheter og 3.800.000 for enebolig Skarbekken, Fjelltunet eller Taumarka - kontakt oss for visning.

Enten du vil ha større, eller mindre plass så har Fjogstad-hus Ryfylke alltid kvalitetsbolig å tilby. Pris fra: Kr 2.600.000 for leiligheter og 3.800.000 for enebolig

Oppdragsansvarlig: Marianne Torbjørnsen / marianne@aktiv.no / Tlf.: 51 74 55 06 / Mob.: 452 01 522

3

www.aktiv.no NR. 3 – 2015


Tett på de gode hverdagene

BUNAD

mote for livet! Stort utvalg i bunader og tilbehør til bunader.

Steinkargata 29, 4006 Stavanger

www.nordakerbunader.no

4

NR. 3 – 2015

Foto: F.v. Astrid Eidhammer Hjelmeland,Rolf Selvik

Per Inge Fjellheim (58) Driftsingeniør i Statkraft, motbakkegeneral, fotograf og ildsjel.


KOMMENTAREN

Med sin flotte natur er reiseliv en åpenbar og viktig næringsvei, nå og i fremtiden. Men så er det også mange andre muligheter. SVEIN OLAV SIMONSEN

Overtar som regiondirektør i NHO Rogaland 1.januar 2016

Ryfylke Det er en kjekk utfordring å si noe om næringsutvikling, muligheter og utfordringer for Ryfylke. Regionen har jo alt: fantastiske fjell, en skjærgård i verdensklasse, snø om vinteren, flotte rekreasjonsområder, og storbyen er nær nok til å representere et kulturtilbud - og langt nok borte til ikke å være forstyrrende. Med sin flotte natur er reiseliv en åpenbar og viktig næringsvei, nå og i fremtiden. Men så er det også mange andre muligheter. Først og fremst handler det om å våge, tenke store tanker og ikke gi seg etter første sverdslag. Dernest er det slik at man trenger ikke være best i alt. Med moderne kommunikasjon kan man ha partnere over hele verden og følge dem opp nesten så tett som om du deler kontor. Man kan knytte til seg verdensledende kompetanse på fagfelt man selv ikke prioriterer – kanskje til og med sammen med regioner med tilsvarende geografisk mangfold som Ryfylke. Matproduksjon Norge er en stor havbruksnasjon. Men visste du at av de 40 millioner tonn sjømat som oppdrettes i verden kommer bare 1 million fra Norge? Fjordene i Ryfylke er perfekte for å utvikle metoder for oppdrett av nye arter. Ta i bruk moderne teknologi for å lese av og følge utviklingen. Plutselig er utvikling av slik overvåkingsteknologi en næring i seg selv. Det er ingen grunn til at mat fra Ryfylke ikke skal kunne bli en betydelig eksportartikkel. Vår utfordring til dere er å tenke industrialisering, større skala, større markedsposisjonering - uten å miste kvalitetsstempelet.

Energi Noen av verdens mest spektakulære byggverk finnes i Ryfylkeheiene. Dammene, kraftstasjonene, og rørledningene er alle imponerende konstruksjoner i et svært krevende og sårbart terreng. I dag har Europa et netto underskudd av energi tilsvarende 1300 milliarder Euro og det er ingen integrasjon av spredenett. Med sin erfaring med krevende utbygginger er Ryfylke godt posisjonert til å bygge ut og drive strømanlegg i Europa. Og fullt mulig å overvåke fra Sand, Hjelmeland eller Forsand. Konstruksjon Storbritannia har behov for 250 000 moderne boliger pr år for å gi familiene der akseptable levekår. Sverige mangler så mye boliger den svenske staten vurderer å starte boligbygging i offentlig regi. Kan vi utvikle neste generasjons husløsninger for det engelske og svenske markedet? I Ryfylke finnes kompetanse på materialteknologi. Verden Næringsutvikling er et verdens - ikke et kretsmesterskap. Skal vi lykkes må vi våge å tenke store tanker, og vi må våge å være internasjonale. Konkurrentene våre er ikke Hå, Sandnes eller Karmøy. De finnes ute i verden. Da fordrer det at vi lokalt har sterke, kompetente strukturer i bunn. Det er dette NHO sitt engasjement for kommunereform handler om. Virkemiddelapparat og offentlig administrasjon som er i stand til å støtte dem som vil og tør. For Ryfylke er utgangspunktet fantastisk; det er kanskje verdens beste plass å bo. Det er krevende men fullt mulig også å gjøre det til en konkurransekraftig region å drive virksomhet og skape arbeidsplasser.

NR. 3 – 2015

5


RYFYLKEVEGEN – ei perle i ein musling!

Dette er ein forkorta versjon av eposet som Tora Liv Thorsen framførte då Ryfylke IKS tidlegare i sommar markerte at Ryfylkevegen er blitt 50 år.

Kor kom det første sandkornet frå i den stride straumen av alle vegar som ville fram? For framtida, den kom rullande på fire hjul i ein farleg fart. Så krettur blei avskremde og sprang til skogs. Medan båten gjekk til byn i si faste rute. Og kva i alle dagar hadde ein i grannebygda å gjera? Var innom kaiane som snarast. Kaiane med dei små krambuene, og ein sparebank oppi bakken. Side om side: Handelsslaget og den private kjøpmannen. I evig konkurranse om dei få kronene det var råd å tyna ut av Ryfylke-folk på 30-talet. Det var akkurat då sandkornet smatt innunder muslingskalet. I det lykkelige øyeblikket, då folk greidde å dra i lag og dra igang dette uhyret av ein veg på 18,7 mil Heilt frå Sandnes til Sand. Med ein totalkalkyle på 5,5 millionar.

6

Sandkornet kjem inn i muslingen! I 1933 startar 25 mann frå Stavanger på vegen i Bjørheimsbygda og på papiret står det: for første gong: Ryfylkevegen. Og smerter skal det så visst bli nok av til å skapa denne perla! Vegen skal gå frå A til Å, men mellom dei punkta er det eit langt alfabet. Alle veglause gardar og grender visste at det var nå eller aldri. Og så klaskar bymakta neven i bordet: «Det er all mulig grunn for Stavanger til her å gripe aktivt inn, for å gjøre sjøforbindelsen nordover så effektiv som mulig og til å sikre seg at Ryfylkeveien med sine fangarmer, fører trafikken til Stavanger og ikke bort fra eller forbi byen.»

På Forsand sat ein framsynt mann. Ein mann med makt og ansvar i sine hender, og ordførar nettopp då: Torgeir Espedal. Han hadde vore i Amerika, Torgeir. Sett den verda som er bortanfor fjella Sett ein flik av den nye tida før dei andre! Og så hadde han denne evna berre få er gitt:

Dette blei sagt for 80 år sidan, men somme ting går aldri ut på dato, som akkurat dette: Byviljen og bymakta vil alltid vera sterk! Dette var ein bukk det ikkje nytta å hoppa over! Dette var ein bukk ein fint måtte hoppa i lag med. Akkurat nå, når Stavanger kjem med på laget, aukar løyvingane til vegen og dermed framdrifta.

Evna til å få folk til å dra i lag. Folk som i grunnen er programforplikta til å vera usamde, klarer å sjå noko dei kan vera samde om. Og dei ser det på ein gong.

Og den som er stor, kan stilla store krav. Og det gjorde Stavanger den gongen: «Nødsmidlene»v frå staten skal arbeidsledige frå Stavanger ha førsteretten til!

NR. 3 – 2015


AKTUELT

Frå vegbyggjinga i Rødsliane, Ryfylkevegen, truleg frå tidleg på 1960-talet. Maskinen er ein «baklastar», visstnok den første dei fekk ny på anlegget. Personane er, frå venstre: Anton Tednes, Deamander Skjerahaug og Knut Jårvik. (Foto frå Ryfylkemuseet sitt arkiv. Eigar av original: Sverre Helgeland.)

To fjordar var det uråd å smøya seg framom: Høgsfjorden og Jøsenfjorden. Her måtte det ferjer til. Men det var lang veg fram til ferja kunna lenda i ei stø. Skulle dei velja kortaste veg over fjorden Eller den kortaste vegen til ferjestøa, og frå ferjestøa vidare ? Det badla seg til som den gordiske knuten mang ein gong. Og berre ei fast og godt ankra avgjerd kunne løysa problemet. Var avgjerda vaklande, blussa striden opp att.

IDEEN

Klart det var smerter! Når eit val blei tatt, og eit JA blei lagt på vektskåla, skulle det vega opp imot alle dei NEI, som måtte tolast, og berast og levast med andre stader. Mang ein ordførar måtte reisa heim med sitt livs tyngste bør: Dei valde ikkje vår veg! At du kunne finna deg i det, sa folk. Me trudde du var sterkare enn som så. Ja vel. Den fekk trening i å bera byrder som ei perla ville skapa. Høyr, dei skyt på vegen, sa folk. Denne salutten for framtida, lydde i 20 år før målet var i sikte. Så begynte ryktet å spreia seg: Dei har visst bestilt ferjer.

Foto: Per Inge Fjellheim

BYR OPP TIL DANS Trubadur og Sauda – patriot Nils Kristen Herheim har

Veit de kor mange bilar dei skal ta? 12 på Høgsfjordferja, og 20 på Jøsenfjorden. Dei må vera galne!! Kor tenkjer dei desse bilane skal koma ifrå?

laga ein heilt ny saudasong.

Aldri har prognosar slått så feil som her. Og ordet «ferjekø» glei inn i vokabularet i Ryfylke på ei helg. Klokka halv to om natta kom dei siste bilane over Høgsfjorden ein søndag i juni 1962. Ei uforgløymeleg natt for alle involverte. Fleire skulle det bli.

og Rønnaug Foss Alsvik til å syngje inn den nye hyllesta.

Og spør du koss den nye tida kom til Ryfylke Så er svaret: Ho kom med ferja! Så har femti år gått sidan opninga av Ryfylkevegen 2. sept. 1965. Mon det blei eit tidsskifte? Eg vil sitera ein av dei gamle hovdingane, kloke Karl Helgeland frå Erfjord, og første ordførar i nye Suldal kommune i 1965. Han fekk spørsmålet ein del år etter, om Ryfylkevegen hadde svart til forventningane. Det er ikkje lett å svara på, sa han, for me veit ikkje koss det hadde gått utan vegen.

Songen «Her e alt» skal setje industribyen og den naturrike kommunen på kartet. Herheim har fått med seg artistane Reidar Brendeland Begge har eit spesielt forhold til Sauda. – Men kvifor ein ny saudasong, me har jo allereie Vestlandsfanden med sin saudasong? – Eg har skrive mange songar om Sauda, det er jo denne bygda eg er glad i, og folk set pris på tekstane. Min saudasong er ein song om oss som bur her inne, Reidar sin er ein som plasserer Sauda i verda, dei to kan godt leve side om side. Per Inge Fjellheim har tatt dei flotte naturbileta som er med i musikkvideoen som er laga til songen. Videoen fekk 13000 visningar det første døgeret den låg ute på Youtube.

Kjelde: «Ryfylkevegen» av Njål Tjeltveit

NR. 3 – 2015

7


GALLERI SKJÆVELAND Nedre Barkvedvegen 44 4100 Jørpeland

VM i skiskyting TUR 1: Fredag 4. - søndag 6. mars Fredag: Avreise på føremiddagen. Me bur på Thon Hotell Vetre i Asker

VM-PROGRAM: Laurdag: Sprint for menn og kvinner. Søndag: Jaktstart menn og kvinner.

«Der fortid møter fremtid» www.galleriskjæveland.no

Helgøy Skyssbåt AS tlf nr 901 03 555

PRIS: Kr 4300,-

pr. person. Enkeltromstillegg kr 260,- pr natt

TUR 2: Torsdag 10. - søndag 13. mars Torsdag: Avreise «grytidleg» direkte til VM-arena (matstopp). Me bur på Thon Hotell Vetre i Asker VM-PROGRAM: Torsdag: 20 km menn Fredag: Stafett kvinner Laurdag: Stafett menn Søndag: Fellestart kvinner og menn PRIS: Kr 5900,-

pr. person Enkeltromstillegg kr 260,- pr natt

TUR 3: Fredag 11. - søndag 13. mars Fredag: Avreise «grytidleg» direkte til VM-arena (matstopp). Me bur på Thon Hotell Vetre i Asker

VM-PROGRAM: Fredag: Stafett kvinner Laurdag: Stafett menn Søndag: Fellestart kvinner og menn

Din lokale Din lokale Din lokale pianostemmer pianostemmer pianostemmer Din lokale

for -Spellemann Hjelmeland Tlf. 924 242015 098 Hjelmeland - Tlf. 924Pianostemmer 24 098

Istvanhpiano@online.no Horvath Hjelmeland -Jozsef Tlf. 924 24 098 pianostemmer hpiano@online.no +47 924 24 098 hpiano@online.no

hpiano@online.no

Hjelmeland - Tlf. 924 24 098 hpiano@online.no På jakt etter en personlig gave eller På jakt etter en personlig gave eller unike og lokalproduserte produkter? unike og lokalprodusete produkter?

Glasskunst

pr. person Enkeltromstillegg kr 260,- pr natt

av av Astri AstriVadla VadlaRavnås Ravnås Glasskjellaren, Bjørheimsbygd, 414 22 884 Åpent: ons & fre: 11-17 • lørd: 10-13

Frå heile Haugalandet, Sunnhordland og Ryfylke. For grupper kan avtalast avreisetid og plass.

w w w.g la s s kjella ren .n o

Påmelding snarast - begrensa med plassar.

På jakt e�er en personlig gave eller unike og lokalproduserte produkter?

Glassgalleriet, Sverdrupsgate 30, Bjergsted. Tlf. 414 22 884 Bedriftsetablering, vekst og11-13 Åpent: Tirsdag 13-17, torsdag 13-18, lørdag nyskaping – treng DU råd?

Tlf. 52 79 04 00 - post@suldal-billag.no www.suldal-billag.no

www.glasskjellaren.no

©Anne lise Norheim

NR. 3 – 2015

Finnøy Buss AS 4160 FINNØY, Tlf 51 71 08 40    finbuss@finnoybuss.no       www.finnoybuss.no

orvath Pianoservice orvat h HPianoservice HHorvat orvath PHhianoservice Pianoservice

PRIS: Kr 5200,-

8

MER ENN DU FORVENTER

- Er du fornøyd - fortell det til dine venner. Er du ikke fornøyd - fortell det til oss! www.finnoybuss.no

SULDAL VEKST har kompetanse og nettverk. Sjå meir om oss på www.suldalvekst.no


Påtroppande sjef Sverre Gjuvsland (t.h) overtar gamlesjefen sitt kontor. – Eg skal få meg kontor heilt på toppen eg altså, seier Bjørn Idar Djuvik og ler.

Flytande suksess Sverre Gjuvsland (34) gler seg til å utvikle familiebedrifta Djuvik Maskinering. Trass i dårlege tider i oljenæringa er han optimist med tanke på framtida til teknologibedrifta.

Skodda heng over saudafjella denne dagen, på hovudkontoret til Djuvik Maskinering på Treaskjæret er kaffien likevel varm og praten laus og ledig. Den nye sjefen er i ferd med å gjere gamlesjefen sitt kontor om til sitt eige. I lyse og lette lokale skal kursen for teknologibedrifta stakast ut vidare. — Eg skal få meg kontor heilt på toppen eg altså, så kan Sverre få dette her, seier Bjørn Idar og ler medan blandingshunden Saga (12) luskar rundt beina hans. Det er ikkje mange arbeidsdagar NR. 3 – 2015

9


Trass i dårlegare tider i oljenæringa er Sverre Gjuvsland optimist for framtida til teknologibedrifta Djuvik .

­— Nettsverkbygging og sal er viktigare enn nokon gong. Bjørn Idar Djupvik

hunden ikkje har vore med Bjørn Idar på jobb. Truleg kan ho like mykje om klemmer og boresystem som eigaren. Brørne Bjørn Idar og Jan Harald Djuvik starta opp bedrifta som i dag er spesialisert på design, utvikling og produksjon av klemmer, boresystem og verktøy til offshore-og smelteverksindustrien. Bjørn Idar har eit klårt råd til andre gründerar; — Det er ikkje så farleg å dele og få tilbakemeldingar. Alle vil ikkje ta ideen din. Og du blir stadig testa når du lanserer nye idear. Eit nei kan bli til eit kanskje, og eit kanskje blir ofte eit ja. Ein må berre vere litt tolmodig. Etter å ha hatt dagleg styring sidan byrjinga av 1990-talet går no brørne over til å jobbe meir med produktutvikling og sal, og har henta inn suldølen Sverre Gjuvsland til å styre skuta

vidare. Sverre har tru på at ein i framtida må sjå seg om etter andre marknadar. ­­— Det er klart me blir påverka av den vanskelege situasjonen i oljenæringa, eg har likevel tru på at me har mange gode moglegheiter også i framtida. Men det er ingen tvil om at me må inn på nye marknadar, seier den nye leiaren som sjølv meiner han har ein administrativ bakgrunn som kan kome godt med. Han kjem frå jobben som attføringsveileder i Rysteg, som har arbeidsområde i både Suldal og Sauda. ­— Me har likt betre å utvikle produkt enn administrative oppgåver, der styrkar me oss no, nettverksbygging og sal er viktigare enn nokon gong, meiner Bjørn Idar. ­— Mange rundt oss har ikkje høyrt om Djuvik, men når ein fortel om klemmene kjem responsen ganske kontant, dei kjenner mange til. ­ Me må internasjonalisere oss meir, Nordsjøen er berre ein — del av oljebransjen, det er mykje oljeproduksjon i andre delar av verda, seier Sverre og nikkar mot Bjørn Idar som nett har vore i Canada med utstilling på ei messe. ­— Det gjekk veldig bra, seier den tidlegare sjefen og småler. Eg hadde berre nokre få twist igjen når eg for heim — Og dei tok du vel sjølv på flyet heim, seier Sverre lattermildt. Tiltaka for å nå ut i verda er mange, utstillingar på ulike messer er eit krevjande, men og effektivt verkemiddel. Agentavtale med eit lite firma i Malaysia er eit anna tiltak. Den store suksessen til Djuvik er klemmene som blir mykje brukt offshore. Det unike med klemmene er at dei flyt, dermed sikrar dei arbeidskvardagen sidan ein slepp å miste klemmene i brønnen eller djupet, i tillegg til at dei effektiviserer drifta. Klemmene er raskare å bruke operasjonelt, og i følgje Sverre går det lite tid til å montere dei. Klemmene er designa på ein slik måte at ein skal hindre at noko set seg fast, eller hektar seg fast under operasjonane, seier han. Ein rigg kosta tradisjonelt om lag 5 – 6000 kroner minuttet, no er det kome ned i 3 – 4 000 kroner minuttet. Klemmene konkurrerer mot teip og stropper, sjølv om det berre tar 15 sekund å setje opp ei klemme meiner nokre at det går like fort å teipe. Me meiner sjølvsagt at klemmene vinn den konkurransen, seier Bjørn Idar.

djuvik

BRØRNE BJØRN IDAR OG JAN HARALD DJUVIK STARTA OPP BEDRIFTA DJUVIK MASKINERING SOM I DAG ER SPESIALISERT PÅ DESIGN, UTVIKLING OG PRODUKSJON AV KLEMMER, BORESYSTEM OG VERKTØY TIL OFFSHORE-OG SMELTEVERKSINDUSTRIEN. NO HAR SULDØLEN SVERRE GJUVSLAND TATT OVER SOM DAGLEG LEIAR. BEDRIFTA HAR 15 TILSETTE OG OM LAG 19 MILLIONAR I OMSETNAD.

10

NR. 3 – 2015


Kjetil Mæhle (tv) og Joakim Steen Jensen meiner Djuvik er ein god arbeidsplass.

Klemmene krev lite vedlikehald. Det er også ein marknad for Djuvik å ta inn igjen klemmene til service når det trengs. I hallen på Treaskjæret står pallane med klemmer side om side, dei nylaga og dei som kjem inn igjen for ein servicebehandling. Med tunge aktørar som Statoil, Aker og IKM på referanselista er saudabedrifta med 15 tilsette ganske unik.

­— Me er sårbare, men me har og bevist at me kan levere. Sverre Gjuvsland

— Me er sårbare, men me har og bevist at me kan levere, meiner påtroppande dagleg leiar Sverre Gjuvsland. — Forresten, det er ein annan grunn til at me valde Sverre og, seier Bjørn Idar og smiler, me måtte nemleg styrke laget vårt til Hovlandsnuten Opp. Der imponerte han, det var viktig det.

Judith Sørhus Litlehamar Fotograf Nordtveit

NR. 3 – 2015

11


HAUGESUND & HAUGALANDET

Besøk Haugesund og Haugalandet og du kan oppleve noe av det beste Norge har å by på. Fjord, foss, kyst- og bykultur, en unik vikinghistorie, isbre, fjell og hav, idylliske øysamfunn og fyrhus er noe av det du finner i vår region. * photos:Tove Bråthen, Scott Sporleder, Ørjan B. Iversen, Atle Grimsby, Elin Thorsn

visithaugesund

/visithaugesund.no

www.visithaugesund.no

Preikestolen fjellstue er perfekt for deg som vil gi ansatte eller kolleger en totalopplevelse ulikt alt annet! Suverent kjøkken, prisbelønte lokaler, unike overnattingsmuligheter og et stort utvalg guidede aktiviteter i eventyrlig vakkert terreng - én time fra byen! Preikestolen fjellstue er i år utvidet med nye konferanselokaler, stemningsfull peisestue og vedfyrt badestamp. Velkommen til seminardager du aldri vil glemme. FRILUFTSAKTIVITETER Fjellstuas dyktige aktivitetsledere skreddersyr spennende og kreative friluftsaktiviteter i omgivelser du aldri har opplevd maken til. Valget er ditt! • Teambuilding/lagbygging • GPS-løp • Vedfyrt badestamp Se våre nettsider for flere aktiviteter.

12

NR. 3 – 2015

KONFERANSEPAKKER 20 % på konferansepakker fram til påsken 2015

Tlf: 51 74 20 74 e-post: post@preikestolenfjellstue.no preikestolenfjellstue.no


FLEECEJAKKE HÄRKILA KAMKO

...FINN DU I FK BUTIKKEN!

Vendbar fleecejakke med pustende Windstopper membran. Fire romslige frontlommer. Farge: Svart/brun og brun/rød. Str. XS-5XL.

449,449-

1699,1699JAKTBUKSE

JAKTSTØVEL

Bukse med Gore-tex membran, romslig passform. Cordura forsterkning og lett vekt. Str. 46-60. Finnes også i ekstra beinlengde.

Helårsstøvel i toppklasse med Gore-tex membran. Vind og vanntett. Fire&Ice-såle sikrer god gripeevne på underlaget. Str. 38-49.

HÄRKILA CANIS

1599,1599-

adsign.no

KVALITETSKLEDE TIL JAKTA... SIGNAL CAPS

HÄRKILA M/LYS

HÄRKILA HUNTER GTX10

1999,-

ETNE Tlf. 53 77 11 30 HAUGESUND Tlf. 52 70 54 70 ÅRDAL Tlf. 51 75 42 30

NR. 3 – 2015

13


Hjelseth Computers / Foto Ingeborg Skrudland

Velkommen til Nesasjøhuset på Sand Utstillingar Mitt Ryfylke: utstilling om livsstil og levemåtar Kvitebjørnen: interaktiv barneutstilling som inviterer til leik Museumsbutikk lokal litteratur, lokale produkt og smykke

Kafé lokale aviser, wifi, nysteikte vaflar og flott utsikt Opningstider Måndag til fredag kl. 9-15 Laurdag kl. 11-15

ntre!

um og vitense

muse 13 spennande

Vi har utvida opningstid i skuleferie og mange arrangement på programmet!

Vitenfabrikken – Vitengarden – Garborgsenteret – Tungenes Fyr Flyhistorisk Museum Sola – Rogaland Krigshistorisk Museum Grødaland – Vistnestunet – Limagarden – Knudaheio Garborgheimen – Haugabakka – Varden Sjøredningsmuseum 51 79 94 20 | www.jaermuseet.no | facebook.com/jaermuseet

Aktivitetssøndager på museet

» Hver søndag i høst har vi ulike aktiviteter for barn og familier på Arkeologisk museum.

» Lek i langhuset.

Prøv å lag ild slik vikingene gjorde det. Mal korn og kjenn hvor skarp flint kan være.

» På søndager er det

faste omvisninger på Arkeologisk museum. Omvisningen kl. 12 passer best for barn og barnefamilier. Omvisning for voksne kl. 14. Begge gir et innblikk i Rogalands forhistorie.

ÅPNINGSTIDER: 01.09 - 31.05: Hverdager 10.00 - 16.00 søndag 10.00 - 18.00 01.06 - 31.08: Hver dag 10.00 - 19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00 norskolje.museum.no

14

NR. 3 – 2015

reload.no

...og det er enda mer spennende på innsiden

Åpningstider: 1. september – 31. mai: Tirsdag 11–20. Onsdag – lørdag 11–15. Søndag 11–16. Mandag stengt. Peder Klowsgt. 30A, Stavanger. Tlf.: (+47) 51 83 26 00 www.arkeologiskmuseum.no


Annleis, men det same Eg var på ein konferanse i Haugesund for ei tid tilbake. Tema var framtida. Om kor me bør gå, om kor verda går og om kva me må gjere for å halde på vår posisjon på toppen av den globale kransekaka. Sjølv om det var ein god konferanse hugsar eg ikkje så mykje frå han. Eit føredrag festa seg likevel godt. Føredragshaldaren var noverande direktør for Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre. Då han haldt føredraget var han dagleg leiar ved litteraturhuset i Oslo (trur eg). Aslag Sira Myhre hadde ein robust, viktig men likevel velkjent tittel på sitt føredrag. «Kva skal me leva av i framtida». Dette er føreseieleg tenkte eg. Her får salen høyra eit politisert innlegg prega av tradisjonelle skiljelinjer innan norsk politikk. Kanskje litt meir polert og tannlaust som følgje av den nye rolla til talaren, men krydra med dei tradisjonelle døma om merkelege og eksotiske jobbar som enda ikkje er funnet opp. Men eg gjorde ein klassisk feil. Eg undervurderte talaren. Aslak Sira Myhre har ikkje fått verv og jobbar som følgje av slump. Han er – som mange andre engasjerte unge menneske til Høgre, Venstre og i Sentrum i Noreg – eit dyktig menneske.

Eg veit at Ryfylke kan og har det som trengs.

Aslak var tydeleg på dette. Nokre gonger kjem det unike sjansar. Noko nytt, noko me ikkje har levd av før. Ein slik sjanse byr seg i Ryfylke nå. Det handlar om infrastruktur, kanskje det største infrastrukturprosjektet Ryfylke nokon gong kan drøyma om. Ein internasjonal motorveg frå Suldal til verda, og frå verda til Suldal. Det handlar om sjansen til å få lagt fiberkabel saman med Statnett sin strømkabel mellom Blythe i England og Kvilldal i Suldal. Kan det bli noko å leva av? Ja – utan tvil. Verda etterspør sikker datalagring i stadig større omfang. For at stadig fleire skal kunne vera online og i «skya» trengs store serverparkar og raske digitale motorvegar. Helst skal desse moderne arkiva vera drivne av rein, fornybar og rimelig energi. Datasentra veks rundt oss, men enda ikkje så mykje hos oss (eit heiderleg unntak er Green Mountain på Rennesøy og Rjukan!) Facebook har landa i Luleå i Sverige, Google har landa i Hamina i Finland og Apple har landa i Athenry i Irland og Viborg i Danmark. Dei har gitt desse regionane og lokalsamfunna noko meir å leve av. Eg veit at Ryfylke kan og har det som trengs for å vera vertskap for store datasenter. Store mengder energi, areal å byggja på, gode samfunn å leva i og ikkje minst kommunar og næringsliv som vil våga å satsa på ein slik sjanse. For å skapa sjansar for ny vekst og utvikling må Statnett eller regjeringa fatta avgjersler som sikrar at fiberkabel blir lagt saman med strømkabelen mellom

«Kva skal me leva av i framtida» – spurde Aslak. Bodskapen var klar, enkel og elegant. Me skal først og fremst leva av det same som me lever av i dag. STYRELEIAR RYFYLKEALLIANSEN Også i framtida skal me leva av å laga mat. Det blir FOTO: FOTOGRAF NORDTVEIT kanskje litt annleis, som då store drivhus og oppdrettsanlegg skapte nye vilkår for å laga mat i Hjelmeland og Finnøy. Me skal leva av industri og teknologi som me har gjort, både i form av smelteverk, mekanisk industri og anleggsverksemd. Det blir England og Noreg som skal byggjast i perioden 2017-2021. For kanskje annleis, som til dømes når teknologiutvikling og betrinRogaland og Ryfylke er dette eit høve som gir oss noko annleis gar lagar nye behov for kompetanse og arbeidskraft på verka i å leva av, men som likevel handlar mest om å få høve til å bruka Sauda og på Strand. ressursar og kompetanse me allereie har og kan vidareutvikla. Me skal leva av kraft og energi, me skal leva av å tilby opplevingar til besøkande frå inn- og utland. Me skal leva av å byggja hus, hytter og velferdstilbod. Me skal leva av tenester me yter til kvarandre innan helse, utdanning og velvære. Det me skal leve av blir kanskje litt annleis, men det blir truleg mest variantar av det same. Men, me må vere opne for sjansar og høve som byr seg. Også

ESPEN THOMPSON

NR. 3 – 2015

15


sitert.no

Ysteriet fra 1923 er i dag spisested, hotell og lysstøperi med stort fabrikkutsalg. Her frister et utvalg norskproduserte lys, lekre interiørdetaljer m.m. Barna kan dyppe sine egne lys. Herefordkjøttet stammer fra egen gård og de berømte kjøttkakene lages etter en lokal oppskrift. Byrkjedal, 4335 Dirdal - +47 51 61 29 00 - www.byrkjedalstunet.no

Hjelmeland Sparebank

www.dataplan.no

Me er ein sjølvstendig og solid sparebank i og for Ryfylke, med hovudkontor i Hjelmeland. Banken, som har ein forvaltningskapital på ca. 2,5 milliardar kroner, tilbyr alle finansielle tenester for privatpersonar og næringsliv. Banken sysselset 21 personar.

REGNSKAP, LØNN OG IT-LØSNINGER - ALT PÅ ETT STED Ring gjerne og avtal tid for et møte, så finner vi sammen gode løsninger!

Kontaktinformasjon Telefon: 51 75 44 00 E-post: post@hjelmeland-sparebank.no www.hjelmeland-sparebank.no

16

NR. 3 – 2015

Dataplan Ryfylke AS Ryfylkevegen 1950, 4120 Tau Telefon 51 96 31 60


Skaparglede i

SANDKASSEN

NR. 3 – 2015

17


Terje Gundersen fekk ein god idè i sandkassen heime. No kan han snart kjøpe sine eigne treleiker i butikken. Far og gründer Terje Gundersen har alltid vore glad i å leike. I barndommen på sørlandet var det gjerne leik ute i naturen både natt og dag, han har ikkje tal på dei nettene han har sove ute og så ofte gått rett på skulen dagen etterpå. Han har gode minne om hyttebygging og diverse innkjøp av trebåtar som hadde sterkt behov for å bli fiksa før dei kunne sjøsetjast. Kanskje var det då kreativiteten og skapargleda vart vekt ? Kanskje var det då han såg at trevirke er eit godt materiale å laga leiketøy av som mange kan ha glede av ? — Eg fekk stor fridom til å vere kreativ, til å prøve ting og til å vere nysgjerrig, ofte var eg nok vel så mykje til irritasjon som til glede for dei rundt meg. Det har gitt meg ein god kreativ bagasje, seier gründeren som vaks opp på den såkalla Palmekysten, Kristiansand.

­— Eg vil skape noko, og eg vil ikkje stoppe med leiketøy. Terje G undersen

Heime på Suldalsosen starta ideen om dei robuste treleikene i sandkassen då sønene var små. — Eg laga nokre leiker til dei som folk såg når dei var innom, det kom ein del kommentarar på dei og nokre spørsmål om korleis leikene var bygde opp. Barnehagen var til og med innom og viste interesse.

Beljo har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene; Bård, Elias og Jonas. Ideen vart skapt i sandkassen heime.

18

NR. 3 – 2015

Dermed starta det som fortonar seg som eit eventyr. Terje lever ut draumen og er blitt leiketøyprodusent av eit leikekonsept som omhandlar tre, plast og ei heilt unik magnetkopling, kalla Magnito-I-Lock system. Teknologien sikrar at delane heng godt saman, og likevel er raske å ta ifrå kvarandre når ein brukar rette metoden. Dette gjer at leikene kan setjast saman til mange ulike køyretøy, i første omgang er det planlagt ein serie med dumper, skogsmaskin og traktor. Men det er berre byrjinga, ein bil i retrostil er allereie komen på reklamebanneret, og mange fleire produkt er på teiknebordet. Med eit produkt som er designa og utvikla i Suldal, og som har treklossar frå Italia, magneter frå Tyskland og plastikkdeler frå Kina, er det blitt eit internasjonalt produkt. Produksjonen føregår i Kina medan den norske innovasjonsbedrifta Pavels Innovation i Skien har vore med på marknadsføring og utvikling av produktet. Terje jobba som lærar då ideen om leikene for alvor dukka opp. Han melde seg på eit etablerarkurs for å få kunnskap om kva som måtte til for å starte eiga bedrift. Kunnskapen skulle han mellom anna bruke inn mot elevane, og ikkje i første omgong på seg sjølv. Men på kurset vart han utfordra på å ha ein konkret idè han kunne bruke, og dermed byrja snøballen å rulle. — Ei stund etter kurset måtte eg ta eit val om eg skulle forkaste eller gå vidare med leiketøyideane. Eg hugsar ei søvnlaus nått då eg sende ein epost til Pavels Innovation i Skien om ideen i to–tre – tida på natta, klokka åtte neste morgon ringde telefonen. Dette ville dei gjerne vere med å utvikle vidare. Dei fire åra som har gått etterpå har han brukt til å knyte nettverk, utvikle ideen, jakte på kapital og bygge opp bedrifta Beljo, som har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene; Bård, Elias og Jonas. Terje har lært at ein må vere tolmodig skal ein utvikle noko.


beljo TERJE GUNDERSEN STÅR BAK BEDRIFTA BELJO SOM LAGAR ROBUSTE TRELEIKER MED EIN UNIK MAGNETKOPLING SOM GJER AT BORNA LETT KAN BYGGE OM LEIKENE TIL NYE PRODUKT. I FØRSTE OMGANG BLIR DET LANSERT EIN SERIE MED DUMPER, SKOGSMASKIN OG TRAKTOR. I NESTE OMGANG KJEM DET EIN BIL I RETROSTIL. SLAGORDET TIL BELJO ER:

”We build smiles! Terje Gundersen er snart klar til å lansere eigne treleiker. Vegen fram har vore lang, men no meiner han draumen snart er realisert.

— Det er ikkje tvil om at ein kan bli både utolmodig og frustrert. Men det er tida som gjer at det blir skikkeleg produkt, tar ein snarvegar kan det slå negativt tilbake, trur gründeren som meiner det er eit av dei viktigaste råda til andre som vil utvikle noko, ting tar tid, og ein bør ikkje love for mykje for tidleg. — Eg har lært dette frå dyrekjøpt erfaring, men no er det ikkje lenge til produkta er for sal. No får det gå som det går, forhåpentlegvis bra, viss ikkje så har eg lært mykje, ikkje minst at det ikkje er farleg å gjere eit forsøk. — Kva er det som driv deg? — Eg vil skape noko, og eg vil ikkje stoppe med leiketøy. Denne magnetkoplinga kan brukast til så mangt. Motivasjonen er ikkje å bli rik, men å sjå at ein ide blir verkeleg. Den beste motivasjonen for å kaste seg ut i dette er tanken på at ein leketøystanke i eit absolutt gjennomsnittleg hovud i ein utkant, som Suldal trass alt er, kan bli verkeleg og forhåpentlegvis til glede for barn utover Noregs grenser. Prosjektet har kravd både tid og pengar. Utan familien i ryggen hadde det aldri gått bra. — Det er jo i grunn ein skikkeleg egotripp, viss du ikkje har

dei heime med deg på laget blir det tøft, seier læraren som dei siste åra har hatt mange småjobbar som har gitt han lønn men og ein fleksibel arbeidskvardag. Draumen er å skape fleire arbeidsplassar, men i førsteomgong sin eigen. —For Suldal kommune er det viktig å skape ein ny arbeidsplass, kanskje viktigare enn det er for ein bykommune å skape «berre» 10 nye arbeidsplassar. Me er avhengig av alle dei jobbane me kan skapa. Det er ingen i Suldal som ønskjer at me blir færre, men heller fleire. Eg håpar at mitt prosjekt gjerne kan bidra til fleire arbeidsplassar i kommunen. Som gründer i Suldal føler eg at me har ei god skaparkraft i kommunen. I Suldal har ein fått mange arbeidsplassar ved å skape, innovere og kaste seg ut i utfordringar om det er i vasskraft, steinindustri eller landbruk. Det er mange suldølar med gode idear. — Eg håpar verkeleg fleire kan sjå at det ikkje er så farleg å gjere eit forsøk. Det er betre å sitje på aldersheimen å vite korleis det gjekk, enn å sitje der å gruble; tenk om … kva om eg hadde gjort... .

NR. 3 – 2014

19


Med eit produkt som er designa og utvikla i Suldal, som har treklossar frå Italia, magneter frå Tyskland og plastikkdeler frå Kina, er det blitt eit internasjonalt produkt.

­— Det beste rådet er vel uansett å ikkje slutte å leike. Terje Gundersen

— Målet er å lansere ein nettbutikk og distribusjon som kan handtere det meste av den norske og nordiske marknaden sjølv. Ute i resten av verda, spesielt i store marknadar som USA, blir det viktig med gode avtalar og distributørar. No vil Terje først og fremst få bedrifta si opp å gå, han gler seg til å kunne gå i ein leiketøysforretning og sjå forventninga i auga til eit barn som går med ei Beljo-leike under armen på veg til kassa. Han gler seg ikkje mindre til å kunne utvikle nye produkt og til å finne gode løysingar på viktige problem. Mag-

20

NR. 3 – 2015

netkoblinga kan brukast til så mangt, det er berre fantasien som sett grensar, skal ein tru Terje. — Og så har eg ein idè om å dele mine gründererfaringar med andre som ønskjer å skape noko sjølv, eg trur eg har lært noko på denne reisa som kanskje kan hjelpe andre som vil skape noko, og som vil starte opp noko nytt. — Det beste rådet er vel uansett å ikkje slutte å leike, slår han fast.

Judith Sørhus Litlehamar Fotograf Nordtveit


HELGELAND 24.11.09 09.24

Statkraft_Annonse_SaudaKommune.indd 4

Rustar oss for framtida

ÅLESUND

FLORØ

Trass tøffe tider i marknaden, er me i Westcon optimistar. Me veit at det vil koma nye oppdrag å kjempa om. Desse jobbane skal me vinna. Oppskrifta er enkel: Me skal ha dei klokaste hovuda, dei beste anlegga og dei leiande systema. Me satsar derfor stort på kontinuerleg forbetring av verksemda vår, også i tider med motvind. Westcon investerer no i verftsanlegga våre i Florø og Ølensvåg. Mellom anna tek me i år i bruk verdas største maskin for bøying av røyr, ein kraftplugg som både styrkjer konkurransekrafta vår og gjev verksemda eit ekstra bein å stå på.

STORD ØLEN HAUGESUND KARMSUND STAVANGER

westcon.no NR. 3 – 2015

21


Totalleverandør av hus og hytter

Vår kunnskap – dine muligheter. TF regnskap as er en kompetansebedrift innen regnskap og økonomisk rådgivning. Vårt fokus er kvalitet og fornøyde kunder. Vi tilbyr de rette løsningene for hver enkelt kunde. Ta gjerne kontakt for å finne en løsning med riktig arbeidsfordeling mellom deg som kunde og oss som regnskapsfører.

www.miljobygg.as – Tlf. 479 23 242 – egil@miljobygg.as

Foto: Kjetil Brekke / suldalfoto.no

TF Gården, 4120 Tau Tlf. 5174 4880 post@tf-regnskap.no www.tf-regnskap.no

Me leverer straum og breiband Ta ein prat med oss – ring 52 79 26 00 www.sev.no

22

NR. 3 – 2015


CNC Maskinering - Alle materialer - CNC Dreiing 5 akser - CNC Fresing

- Aluminium - 316L / 304

Plate bearbeiding: - Cnc knekking L4000mm - Klipping L4000mm - Vannskjæring 6300x2500mm

Montering/testing: - Hydraulikk - Elektronikk - Komponent - Pneumatikk

Engineering: - Idé til ferdig produkt - 3D konstruksjon - Dokumentasjon - Totalleverandør

Sørskår Mekaniske Verksted AS - Sørskårvegen 658 - 4120 tau

Foto: Kjell Helle-Olsen

Tlf: 51 74 07 50 - epost: post@smvas.com - web: www.smvas.com

Velkomen til Skattkammeret Suldal!

Den nyopna turistforeningshytta Jonstølen ligg i hjartet av støls- og fjellriket Suldal. Hytta er eit springbrett midt i Rogalands toppturparadis - eller berre eit herleg dagsturmål året rundt. Ei av mange perler i Suldalsheiene.

suldal.kommune.no

NR. 3 – 2015

23


Solide brygger

Kontakt oss i dag fo en prat om r dine brygge­ behov!

– uansett hvor du bor!

Indre Oslofjord eller ytre Helgeland – uansett hvor du legger ut brygger må du vite at de tåler arktiske værforhold. Wee Marines bryggesystemer har blitt testet i værutsatte forhold på Vestlandet, og er bygget for de tøff­ este påkjenningene. Våre flytebrygger og utriggere beskytter båtene hele

året igjennom, samtidig som de er både praktiske og trygge i bruk. Wee Marines utriggere er dessuten markedets mest moderne med inne­ bygget LED­belysning og issikre flytere. Utriggerne leveres også med «AutoMooring» – vårt eget innebygde fortøyningssystem.

Våre brygger er nå videreutviklet med smarte kabelgater for enkel etter­ montering, og modellene kan leveres med kraftig FRP­dekk. Les mer på wee­marine.no

– det trygge bryggevalget

FOTO: stig Håvard dirdal

www.wee­marine.no | Tlf.: 982 18 155 | E­post: aage@wee.no

SukSeSSMuSikalen

nå endelig i Stavanger!

Shockheaded peter

chriStian erikSen & eSpen hana med flere... Stavanger konSerthuS 28. auguSt – 26. September www.rogaland-teater.no – 51 91 90 90 www.Stavanger konSerthuS.no – 51 53 70 00 ProsjektPartnere:

24

NR. 3 – 2015


Sammen om trivsel

STRAND KOMMUNE Postadresse: Postboks 115, 4126 Jørpeland Sentralbord: 51 74 30 00 E-post: postmottak@strand.kommune.no www.strand.kommune.no

SE VÅR NETTBUTIKK PÅ AKSEL.NO TL F . 51759900 – A K SE L H A NSSO N M ØB E L F A B R I K K – 4 1 3 0 H J EL MEL A ND

HUGS

Møgedalsmarknad © Suldalsposten

laurdag 3. oktober

Sandsvegen 261, 4230 Sand - tlf. 52 79 25 30 OPNINGSTIDER: Måndag-onsdag og fredag: 07.30-16.00 Torsdag: 07.30-18.00 • Laurdag: 09.00-14.00

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokalisert i Suldal kommune, er 167 tilsette og har ein årsproduksjon på opp mot 10 mill. tonn. www.mibau-stema.de/no

NR. 3 – 2015

25


Aslak Lie (42) er sikker i si sak. Det var rett å ta over familiebedrifta. Slik sikra han vidare utvikling for Tau Mølle.

Møllearven Aslak Lie er stadig på leit etter nye produkt han kan puffe på Tau Mølle.

tau mølle Mølla på Tau har vore i drift i heile 150 år. Då Norgesmøllene la ned drifta midt på 1990-talet frykta mange at mølla skulle bli ståande mørk og tom. Andre spekulerte i at det kom til å bli leiligheiter eller hotell. Men Jan Lie, som hadde lang fartstid på mølla tok over bygningen i 1998. Han starta bedrifta Vestkorn og starta produksjonen av puffa kveite, ris og havre. Då var omsetnaden om lag fire millionar kroner, i dag har Tau Mølle og dotterselskapet Vestkorn Milling AS ein omsetnad på om lag 160 millionar kroner, og har 20 tilsette. No er det Aslak Lie som styrer bedrifta.

26

NR. 3 – 2015


Det er romjula i 2005. Aslak Lie er marknadssjef i Stabburet, han har etablert seg i Tanum med familie og livet går i sin vante gang. Telefonen som kom heime frå Tau var uventa, far og primus motor på Tau Mølle, Jan Lie var blitt sjuk. Spørsmålet dei måtte ha familieråd for å ta stilling til hang i rommet som ein skugge over heile julefeiringa. — Viss ikkje du vil heim og ta over mølla, må me selje, var beskjeden frå Vestlandet. — Det er ikkje lett å få slike telefonar, seier Aslak og dreg handa over panna. Det er ein kald vårdag på Tau, Aslak snakkar seg varm

om puffa ris, puffa kveite og alt anna det går an å puffe. Men no stoppar han litt opp. Minna frå den julehelga er ikkje berre lette å snakke om. — Eg hadde igrunn ikkje noko val. Eg ville heim, viss ikkje eg hadde gjort det trur eg denne store bygningen hadde stått tom no, seier han og nikkar mot mølle-bygget, den kvite dronninga som ruvar ved sjøkanten på Tau. Bygget ein kan sjå heilt frå Stavanger. I dag er han vekependlar. Kona Camilla og dei tre barna bur heime i Tanum.

— Eg går jo glipp av mykje, det er klart. Men så er eg tilstades når eg er heime, her jobbar eg stort sett heile tida. Me kan ikkje vere på familieferie her for lenge, då hamnar eg berre på jobb. Mølla på Tau har vore i drift i heile 150 år. Då Norgesmøllene la ned drifta midt på 1990-talet frykta mange at mølla skulle bli ståande mørk og tom. Andre spekulerte i at det kom til å bli leiligheiter eller hotell. Men Jan Lie, som hadde lang fartstid på mølla tok over bygningen i 1998. Han starta bedrifta NR. 3 – 2015

27


— Me har fleire gonger vore på kanten av konkurs, men me har alltid klart oss. Aslak Lie

Vestkorn og starta produksjonen av puffa kveite, ris og havre. Då var omsetnaden om lag fire millionar kroner, i dag har Tau Mølle og dotterselskapet Vestkorn Milling AS ein omsetnad på om lag 160 millionar kroner, og har 20 tilsette. Vegen fram til suksess har ikkje vore like bein som ein tysk motorveg. Hindringane har stått i kø. — Me har fleire gonger vore på kanten av konkurs, men me har klart oss. Eg har satsa det eg hadde av midlar for å få dette opp å gå på nytt, og me har klokketru på at det går an. Men det er klart me er små og sårbare. Me kan ikkje lene oss tilbake i stolen, me må heile tida utvikle nye produkt. — Heile puffeanlegget her er nedbetalt, viss ikkje hadde me ikkje drive på med dette, seier Aslak og slår fast at marknaden i stor grad er Noreg og Sverige. I dag er drifta delt i tre selskap, Tau Mølle produserer puffa produkt, Vestkorn produserer protein – og stivelsekonsentrat frå erter, som igjen blir brukt i dyrefor. Vestkorn er den største produsenten av erteprotein i Europa og har stor eksport til USA. I tillegg leiger Tau Silo ut fleire av siloane i mølle-bygget. — Vestkorn står for om lag 85 prosent av omsetnaden, det er ganske mykje, slår Aslak fast. — Me fungerer jo meir eller mindre som eit logistikksentrum for forproduksjonen i primernæringane på Vestlandet. Tau Mølle har spesialisert seg på puffing av korn, enten det er kveite, havre eller ris. Ved puffing blir fullkornet utsett for sterk varme under trykk. Når trykket forsvinn utvidar kornet seg og ein får den knasande konsistensen. Korleis kvaliteten på det puffa produktet blir er spesielt avhengig av kvaliteten på råvarene, ikkje minst om råvarene er fuktige. Til motsetnad mot mange andre kornblandingar på marknaden er dei puffa produkta ikkje tilsett verken sukker eller andre tilsetjingsstoff.

28

NR. 3 – 2015


Det er snart berre fantasien som set grenser for kva som kan puffast i møllebygningen på Tau.

— Det er eit mål for oss å lage sunne og gode produkt. Men me ser at det er vanskeleg å kome inn i butikkane med nye produkt. Nokre av dei sunnaste blir meir retta mot helsekost enn daglegvarebutikk, meiner Aslak. Gjennom mange år i bransjen har han sett korleis dynamikken i matvarebransjen er, og kva som må til for at ein skal få hylleplass. Her er det pengar og tyngde som gjeld. — Det er noko gale når bonden får 2,5 kroner per kilo kveite, og eit brød i butikken kostar 30 kroner. Det er eit mellomledd som stikk av med noko her, meiner sjefen ved Tau Mølle. Det er mykje prøving og feiling, og ikkje minst smaking hjå Tau Mølle. Alt må smakast på, og direktøren sjølv er ikkje redd for å ta på seg forkledet og bake litt. Når dei skulle lage nye risboller vart leiinga også sitjande for å smake og teste, sjokoladen måtte ikkje smelte for fort og ikkje vere for klissete. Samstundes som den stivna raskt. Inga lett oppgåve. Ellen-Christine Lendengen

er utdanna bakar og konditor. Ho arbeider dagleg med mat og bakverk og har gjort noko spanande prøveproduksjonar for Tau Mølle med røsta havremjøl. Konditoren har erstatta noko av kveitemjølet med havremjøl i både muffins, pizzabotnar og frukostbrød, og meiner bestemt at den bedrifta som ser nytta av det sunne produktet vil få fram noko heilt unikt og ein spesiell smak. På den vidaregåande skulen ho arbeidde vart vaffelkakene og suksesskakene med havremjøl ein slager. — Mange assosierar denne smaken frå barndommen då dei åt puffa havre eller Honni korn, meiner Lendengen. Han har ikkje angra Aslak Lie, verken på at han sa ja den gongen telefonen frå Vestlandet ringde, eller på at han har satsa. Han har uansett alt for mykje energi til å kvile for lenge om gongen. Judith Sørhus Litlehamar Fotograf Nordtveit

NR. 3 – 2015

29


Me i Filter utviklar målretta og gjennomtenkte løysingar i lag med våre kundar. Ta kontakt for å finne ut korleis me kan hjelpe deg.

Bilglassmontør1 AS har nå startet en ny avdeling på Jørpeland. Reparerer steinsprut. Skifter glass i alleAS typer kjøretøy. Bilglassmontør1 har nå startet

en ny avdeling på Jørpeland. Reparerer steinsprut. Skifter glass i alle typer kjøretøy.

Den mangfoldige bedriften i Ryfylke Avanti Ryfylke as tilbyr tilrettelagt arbeid, arbeidspraksis og oppfølging i arbeidslivet. Vi har tre produksjonsavdelinger: Vaskeri – Trevare – Montering

Nytt vaskeri • Barriere vaskeri for Helsesektor • Vask av Arbeidstøy • Vask og utleie av matter og mopper • Utleie av duker og sengtøy og håndkle

Jøssangveien 7, 4100 Jørpeland - Tlf. 51749810 - E-post: post@avanti-ryfylke.no www.avanti-ryfylke.no

30

NR. 3 – 2015


suverene spesifikasjoner! o

isuzu best pa pris & utstyr

suverene spesifikasjoner! o

sTOr sAmmENLigNiNgsTEsT mOT VW AmArOk Og TOyOTA HiLux

isuzu best pa pris & utstyr

○ Fra kr. 239.990,-

COME AND DISCOVER WORLD OF CHEVROL

sTOr sAmmENLigNiNgsTEsT mOT Pick-Up test Vi Menn Top Gear Nr.2 2014: VW AmArOk Og TOyOTA HiLux

○ Fra kr. 499.990,-

Åpent: Man-fre 9-16 tirs 9-20 OPPLEV NYE lør 10-14 CHEVROLET Epost: salg@bilsenteret-stavanger.no

Pick-Up test Vi Menn Top Gear Nr.2 2014: ○ Fra kr. 499.990,-

OPPLEV NYE CHEVROLET

HVERT T 7. S SEKUND ○ Fra kr. 151.990,-

Hillevågsveien 103, 4016 Stavanger. HVERT T 7. S SEKTlf. UND EN K o51 m90oSEL g64o00 pGE pleS v nDE yeTCh evrCH ole

PREMIERE PR P PRE RE M EEgersund. RE EH. Holmane H olma neE Bil, BiMIERE l, Tengs, TenIE Te gsFOR gs, EOR gR ers und PREMIEREDAGER PR P PRE RE EMIEREDAGE MIE ER RE EDA A GER F R Å p eR: t22.—2 M a— nd d-O d O sdvae g 9-17, 9b -17 1er 17, T o0r Åpent: Mand-Onsdag Tor Åpningstider: Man–fre 9–16 NÅR: N ÅR Å Rnt: 22 22.—24. —2 2d-On 4On .n november o em 2 20

Kom og opplev nye Chevrolet. Velkommen til prøvekjørin j i g Holmane H olmane Bil, Bil, Tengs, Tengs, Te gs Egersund. Egersund. Tlf 51 46 46 19 80

3,5 tonn hengervekt - Lave driftskostnader - Lavt Co2 utslipp

ExCLusiVE PAkkE

Over 1 tonn nyttelast - Elektrisk 4x4 innkobling med lavserie

Verdi 30.000,- NÅ kuN 10.000,-

Velg mellom Pick up eller Trooper varebil

Automatisk klima • Stigtrinn • Skinnseter • Alarm

3,5 tonn hengervekt - Lave driftskostnader - Lavt Co2 utslipp

ExCLusiVE PAkkE

Å p eR: tler M nd d-O d O sd gesse: 9b 9-17, -o 17 1er 17, T o0rs r112 dtirs aglf: 99-19, 19: XXX F reda10–14 g. 99-17, rdag 10 0 15 0-15 Åpent: Mand-Onsdag Torsdag 9-19, Fredag 10-15 Åpningstider: Man–fre 9–19, lør F r9–16. han d ler A17 drLLørdag eøsse: XXX NÅR: N ÅR Å Rndt: 22.—24. 22 22.—2 —2 2d-On 4On . .n november em 2 2012. 2 Forhan :a— XXX Ao dvare XXX .2. T XXX w ww ww.ho .holmane n bil.no no www.holmanebil.no w ww ww..ho holmane n bil.no no www.holmanebil.no l frakt llin lp ffra Priser levert levert Drammen Drk ammen Bilhavn Bh ilha avn eks. eks. fraHillevågsveien kt og og lev. lev. omkostninger. omk kd o ostn i k ger r. Co Co u utslipp tsliiph rStavanger. a 95 g/km g /km 103, 4016 l h Tlf. 51 90 64d

Priser levert levert Drammen Dramm2en Bilhavn Bilha avn eks. eks. frakt frakt og og lev. lev. om om

Man–fre Facebook.com/ChevroletNorge Facebook.com/ChevroletNorge Åpent: | CHEVROLET.NO CHEVROLE T.NO

9-16, tirs 9-20, lør 10-14. Facebook.com/ChevroletNorge Facebook.com/ChevroletNorge | CHEVROL CHEVROL www.bilsenteret-stavanger.no

Verdi 30.000,NÅ kuN 10.000,Over 1 tonn nyttelast - Elektrisk 4x4 innkobling med lavserie Rattbetjening radio/cd • El. justerbart førersete Japansk kvalitet og tøffest i klassen

Alene om automatgir på både 2 d og 4 d - Norsk Tectyl

Velgklare mellom Pick up eller varebil Biler for rask levering - 80 Trooper forhandlere over hele landet

5 års garanti - isuzu.no

Pris varebil fra kr.Automatisk 270 761,- eks.klima mva. • Stigtrinn • Skinnseter • Alarm Pris personbil fra kr. 624 900,-

Rattbetjening radio/cd • El. justerbart førersete

Alene om automatgir på både 2 d og 4 d - Norsk Tectyl Biler klare for rask levering - 80 forhandlere over hele landet

Pris varebil fra kr. 270 761,- eks. mva. Pris personbil fra kr. 624 900,-

Japansk kvalitet og tøffest i klassen 5 års garanti - isuzu.no

www.bilsenteret-stavanger.no

BJØRN HANSEN Betongelement

Bjørn Hansen AS produserer, leverer og monterer prefabrikkerte betongelementer for alle typer bygg. Virksomheten er i vekst og har i dag rundt 75 ansatte. Bedriften holder til i helt nye moderne og moderne produksjonslokaler i Forsand kommune.

51703550

spennbetong.no

NR. 3 – 2015

31


Vi selger Ryfylkenaturen! Kontakt oss for en prat om salg av din bolig.

firmapost@partnerregnskap.no Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor

Ditt lokale kontor i Ryfylke finner du på Jørpeland, tlf 51745500,ryfylke@aktiv.no

firmapost@partnerregnskap.no

www.aktiv.no

Utforming: Filter

trenger din karriere et løft?

Vil di bedrift ta inn lærlingar og utdanne framtidas fagarbeidarar?

Bli lærebedrift!

Vil du vite meir, ta kontakt med RYTOPP, tlf.52790672/70

Rekrutterin

g

Vikarutleie Karriererådgiving www.asap-personal.no

Personalutleie - rekruttering

Dir. Sæthersgate 1 - 4100 Jørpeland 51 74 15 90 - post@asap-personal.no

32

NR. 3 – 2015


Bli med oss!

Ekte arbeidsglede Bremnes Seashore har som mål å vera leiande på produksjon av ferske kvalitetsprodukt frå laks. Det mest kjende produktet vårt er SALMA. Verksemda omfattar oppdrett av settefisk og matfisk samt pakking og foredling av laks.

Det jobbar ca.

300

Me er omlag 300 tilsette, har aktivitet i ni kommunar i Hordaland og Rogaland. Hovudkontor er lokalisert i Øklandsvågen i Bømlo kommune. Me omsette i 2014 for 1,4 milliardar kroner.

gladlaksar

hos oss

Sjå våre ledige stillingar på jobb.seashore.no

Les meir om oss på www.seashore.no og www.salma.no. Tlf: +47 53 42 82 00 E-post: bremnes@seashore.no

FERDIGBETONG

Suldal 52 79 98 86 Sandnes 51 68 51 20 Ølensvåg 53 77 52 00

ELEMENTER

Sandeid 52 76 13 95

VA Betongrør, kummer

Ølensvåg 53 77 52 00

NR. 3 – 2015

33


Fylkesmor Hadde du vore dansk turist i salongen på Tauferja, ville du sikkert trudd at den 66 år gamle kvinna med det lett forblåste håret, det moderlege men også myndige ansiktet, snart ville ta opp eit strikketøy, og leggja sitt milde blikk utover dei kalde, solgylte bølgjene der ute.

Men Magnhild har nesten aldri eit spøt i veska si lenger. I staden tek ho opp ein smarttelefon med eit knallraudt trekk og sender ei tekstmelding. Så dumpar ho ned i setet og tek seg til håret medan ho spør dei to som er med henne om ho bør ta ein kikk i spegelen. Dei minskar hennar frykt for sin eigen framtoning, men ho gir likevel leppene eit nytt lag med farge. Så er fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa klar til intervju med Magasinet Ryfylke, tur–retur Tau. Nei, ho spøtar sjeldan. Berre på Årdal omsorgssenter når ho besøker mor si. Før i tida både spøtte og sydde ho. Nå vil ho spara det synet ho har att til dokumentlesing i seine kveldar på kontoret i Statens Hus. For ho har alltid vore slik, ein grundig arbeidsmaur, anten oppgåva gjaldt nasjonen eller studiesirkelarbeid som ung lærar i Hjelmeland. Kveldsarbeid på kontoret er ein god vane ho har teke med frå Oslo. Ho likar stilla i bygget etter dei andre er gått heim. Då får ho ro til å

34

NR. 3 – 2015

fordjupa seg i brev og dokument og kan møta medarbeidarane sine vel førebudd neste dag. Sjøen ligg støtt under ferja mellom holmar og fjell. Ho er innanskjers Magnhild også no. Livet er rolegare. Noko av det ho saknar minst er å leva i spenning om kva som kjem i media. For dette er heimebane. Berre høyr kva ho forklarer ei forbipasserande Signe: — Eg blir intervjua av Magasinet Mitt Ryfylke. Det er meste så ein kan høyra songen i tillegg. Eg lengtar heim til Ryfylke i kveld. Heimlengten i Oslo blei til tider tynt av enorme mengder arbeid. Ofte sat hjelmelandsbuen bøygd over dokumenta til langt på natt. Som Fylkesmann har Magnhild fritid. Den brukar ho mellom anna til å lesa bøker og ho er ein flittig brukar av byens kulturtilbud. På grunn av alderen såg ho ikkje syn på å vekependla frå Hjelmeland, men mannen Arne kjem ofte på besøk i husværet dei har kjøpt i byen. Magnhild og Arne har vore sant sidan ho var 17, sikkert ei tid før det


ra Som for alle andre ryfylkingar har ferjereiser vore ein viktig del av livet til Magnhild Meltveit Kleppa. Ho har ikkje tald turane sine med Tau-ferja, men det er ikkje timar ho har vore om bord.

Magnhild Meltveit Kleppa SIVIL STATUS: Gift, eit barn. DRØYMER OM: At ALLE barn i Rogaland får oppleva ein trygg barndom. LES: Aviser, helst papir, men og nettaviser. Har alltid ei bok for handa. Og dokument, er jo ikkje ferdig med det.

HØYRER PÅ: P2, NRK Rogaland, klassisk musikk, viser og salmar. FØREBILETE: Heile tida medan eg var politisk aktiv, hadde eg Anne Enger Lahnstein som førebilete. I ettertid skjønar eg korleis både foreldra og også seinare svigerforeldra mine, på kvar sine måtar har vore førebilete for meg

NR. 3 – 2015

35


­— For næringsliv og pendlarar er det eit udiskutabelt gode å sleppa å betala ferjebillettar til evig tid. Magnhild Meltveit Kleppa

også, utan at nokon våga seie det. Då ho var ferdig utdanna lærar gifte dei seg. I 1972 kom sonen Håvard til verda. I ei tid då mange av Magnhild medsøstrer valde å vere heimeverande, ville ho vera i arbeid og var ei av dei som kjempa fram den første barnehagen i Hjelmeland. I tillegg gjorde ho alt det som dei tradisjonelle husmødrene gjorde, og var dessutan brennande engasjert i lag og organisasjonar på fritida. Men politikk, Fjordland og take away? In your dreams…. — Då eg gjekk på Bryne Gymnas var det fleire som ville ha med meg i politiske ungdomsorganisasjonar. Eg sa alltid nei. Ikkje i min villaste fantasi kunne eg sett for meg det livet eg fekk, seier ho og ler. Sola gneistrar og sjøen sender lyssplintar inn i salongen medan fotografen ber henne smyga inn mellom nokre tomme seterader. — Vil du sakna ferja nokon gong? — Om eg så gjorde, trur du eg ville vedgått det, skøyar ho. Men Magnhild har sansen for det flytande tilværet på sjøen når ein ikkje har det travelt. For visst det kan vera triveleg om bord på ei ferje, og overfarten mellom Tau og Stavanger er svært vakker. Tanken må likevel ikkje stoppa der, ein må tenkja større, minner ho om. Og har difor også sansen for at nokon vågar å drøyma om Jøsenfast. — For næringsliv og pendlarar er det eit udiskutabelt gode å sleppa å betala ferjebillettar til evig tid. Ein kar i blått kjem smygande bakfrå. — Er det du Odd, seier ho hjarteleg. Visst er det Odd. I helgane fer ho helst til Hjelmeland. Om han som ventar der har ho berre godt å seie. I åra utan kone har Arne blitt ein særs habil kokk. Hennar eigne kokekunstar er visstnok smått forsømde. — Arne og søstera mi likar ikkje når eg skryter av Fjordland. Eg går heller ikkje av vegen for take away, seier ho og smiler lurt. Ein dag på 70-talet kjem Arne heim til Magnhild og fortel at han har fått tilbod om å bli leiar i Rogaland Senterparti. Magnhild ber han nøye vurdere om det er rett å bruka så mykje tid på partiet. Så han takkar nei. Ho ler langt nede i halsen. — Han har aldri brukt det mot meg etterpå. Arne er ein romslig mann. For snart var gnisten tent i henne også. Ho forstod at det ho brann for i nærmiljøet blei vedteke i kommunestyret. Dermed melde ho seg inn og let seg nominera for Hjelmeland Senterparti rett før valet i 1979. Dei fire åra i kommunestyre gav meirsmak, men ved valet i 1983 opplevde ho å bli stroken så mange gonger at ho enda opp som første vara.

36

NR. 3 – 2015


Odd Foss frå Skiftun er ein gamal kjenning av Magnhild som kjem bort for å slå av ein liten prat då han ser fylkeskåna på ferja. Somme gonger likar Magnhild å sitja ved eit bord i salongen og drøsa. Andre gonger kryp ho inn i eit sete for å jobba, eller å berre vera i seg sjølv.

— Ei nyttig erfaring å ta med seg vidare det også, erkjenner ho i ettertid. Seinare har ingenting fått stoppa henne. Etter kommunestyret hamna ho i fylkespolitikken, og hadde også sentrale verv i partiet. Til Stortinget kom ho i 1993. Ho har vore statsråd for tre ulike departement i løpet av sine 20 år på Stortinget. Lærarjobben slutta ho i 1992, men ho får ennå ei heilt spesiell kjensle når ho kjem inn i eit lærarrom. I mange år fekk ungdomsskuleelvane på Hjelmeland ein dobbelttime med statsråd/stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa kor ho sette dei inn i regjeringa og Stortinget sitt arbeid. — Dei måtte jo få litt ekstra elevane der heime, tykte eg. For du kan ta Magnhild ut or Hjelmeland, men ikkje Hjelmeland ut or Magnhild. Ho pla seie ho kjem frå Hjelmeland, ein kommune i Ryfylke. Slik får ho fram begge identitetane sine, men hjartet er og blir hjelmelandsk. Sonen Håvard er nå blitt oslobuen i familien. Han arbeider som kommunikasjonsrådgjevar. — Tenk, om han kunne gitt meg fleire råd i mi tid, seier ho og ler litt oppgitt.

— Same kor mange kommunikasjonsfolk du som statsråd har rundt deg, er det du åleine som må fronte sakene i media. Om tre år mens det ennå er ei Tau-ferje å gå om bord i, vil ein dansk turist på veg til Preikestolen kanskje bita seg merke i ei 70 år gamal kvinne med eit overmåte vakkert armband. For når Magnhild går av, har ho avtale med Fiskerstrand verft om å komme og hente tilbake gudmorgåva si. Smykket ho fekk då ho døypte ferja «Sand» i mai 2007, skapte store medieoverskrifter i 2010 då det kom fram at ho ikkje hadde rapportert gåva til skattestyresmaktene eller til Stortingets gåveregister. — Sidan eg sjeldan går med slike smykke, blei armbandet lagt i ei skuffe på kontoret og eg gløymde det heile. Men då urrapporterte gåver blei eit tema, kom jo eg også på at eg også hadde ei gåve liggjande. Til mi store skrekk kunne eg først ikkje finna det. Regjeringa skulle på ei rundreise, alle statsrådar hadde sine avtalte program, og eg kunne ikkje godt stoppe i Oslo for å leite etter eit armband, så eg blei med på rundturen. Mot slutten av veka skjøna eg jo at eg var nøydd til å fortelje om armbandet. Heldigvis fann eg det, og det blei eit veldig styr. Eg hadde ordna NR. 2 – 2015

37


Eg ønsker å få vera med vidare og bruka røynsla mi frå Stortinget og departementa. Også denne jobben gir makt. Ved å seia ja og nei til dei rette planane, kan eg få vera med å gjera Rogaland betre.

Magnhild hadde eigentleg ikkje tenkt å bu i Hjelmeland etter ho var ferdig utdanna, men Arne var ikkje til å rikka på det punktet. Og ho har aldri angra på at ho blei verande i heimkommunen.

meg ein lenge etterlengta fridag. Den rauk. Eg måtte møte på direkten som første sak både i Dagsrevyen og TV2. Eg kontakta verftet og spurte om å få levera det tilbake. Det var berre eit aber, armbandet hadde mitt namn inngravert, og det hadde eg faktisk ikkje lagt merke til. Men armbandet blei sendt tilbake og eg betalte fleire tusen kroner i skatt. Så eg kjem nok til å ta meg ein tur og henta det når eg blir pensjonist. Heldigvis fins det ganske mykje anna å hugsa Magnhild for enn ei gåve ho i vanvare kom til å ta i mot. Over heile landet fekk ho sett i gong store samferdselsprosjekt. Her i Rogaland får ho mellom anna æra for Ryfast og tunnelen ved Tysdalsstranda. — Du får setja ganske store spor etter deg som samferdselsminister. Ketil Solvik-Olsen får mykje arbeid med å opna noko av det eg sette i gong. På Landsmøtet i Sp i Haugesund var det ei fryd å møta alle dei som kom og ville visa mobilbilete frå pågåande eller ferdige prosjekt i sine fylke, fortel Magnhild som blir 67 år i november. Ho hadde ikkje lyst til å pensjonera seg. Difor søkte ho jobben som Fylkesmann. — Eg ønsker å få vera med vidare og bruka røynsla mi frå Stortinget og departementa. Også denne jobben gir makt. Ved å seia ja og nei til dei rette planane, kan eg få vera med å gjera Rogaland betre.

38

NR. 3 – 2015

— Du bør vel få opna Ryfast? Ho ler litt blygt. — Det blir nok større prominenser enn eg. Eit år før Ryfast opnar blir ho 70 og pensjonist. Men kanskje aldri bestemor. — Nei, det ser labert ut, men eg prøver å vera ei god tante. Hadde eg vore bestemor, hadde eg nok ikkje drive på slik eg gjer. Då hadde ho kanskje site på ferja og spøta. Nå kan fylkesmora i staden syta for at andre sine barnebarn får veksa opp i veldrivne kommunar. Ferjeturen er til endes. Med bestemte skritt går ho av ferja medan køen av alle dei som skal gå om bord, kikkar på henne, utan eit ord, for ein har ikkje for vane å rope på våre trakter, sjølv om superkjendisen frå Ryfylke går forbi, det alminnelige og samstundes så ualminnelige mennesket frå Hjelmeland.

Heidi Hjorteland Wigestrand Fotograf Nordtveit


www.suldalokonomi.no

• Årsrekneskap for alle selskapsformer • Bokføring - fakturering - løn • Rådgiving • Val av selskapsform - stifting - avvikling • Hjelp ved skatte- og avgiftssaker • Eigarskifte og driftsplanar m.m Du kan rekna med oss!

Me Me er er ledige ledige for for nye Me oppdrag! er ledige for nye oppdrag! nye oppdrag!

booking: 480 50 600 post@spahotellvelvaere.no spahotellvelvaere.no

Velkommen til Spa-hotell Velvære på Hjelmeland RESTAURANT Lunsj: Mandag til lørdag kl. 12-15, søndag kl. 13-16. Middag: Mandag til lørdag kl. 19-21, søndag kl. 13-16. SPA Åpent mandag til lørdag fra kl. 07-21, søndag fra kl. 0716. Åpent for alle, også ikke-boende. Obs. på egne tider for barn. Spabehandlinger tilbys hele året. OVERNATTING Ekstra glade priser på overnatting i vinter- og påskeferie og alle langhelger. Leilighet kr. 498,- pr. person, dobbeltrom kr. 590,- pr. person. Selskapslokaler for familiefeiringer og sosiale lag. Møterom for møter og seminarer. Ta kontakt med oss for tilbud.

Kontakt oss for blant annet:

Kontakt– Ferdigbetong oss gjerne levert med pumpe Kontakt oss for blant annet: – Grus og jord til og plen for blant gårdsplass annet:

– Ferdigbetong – Betongarbeider gjerne levert med pumpe – Ferdigbetong murer, trapper, fundament gjerne levert med pumpe

og sprengning – Grus og– Graving jord til veger og tomter til gårdsplass og plen – Grus og jord – Gode til gårdsplass ogtilbud plen – det er gratis!

– Betongarbeider murer, trapper, fundament – Betongarbeider

Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no

murer, trapper, fundament

– Graving og sprengning til veger ogog tomter – Graving sprengning til veger og tomter

– Gode tilbud – det ertilbud gratis! – Gode – det er gratis!

Tlf. 52 78 54 00 Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no www.brselvik.no

Fagforhandlar av: Skogsmaskinar, hagemaskinar, landbruksmaskinar og verktøy. Åpningstider: Man.- fre. 08 - 16, lør. 10 - 13. Tlf.: 51 75 26 40, butikk@ardal-landbruk.no Årdalstunet 13, 4137 Årdal – www.a-k.no

NR. 3 – 2015

39


Merethe Maberg vil utvikle Ottohuset til å bli eit regionalt kunst-

K V A R D A G

senter. Men først drøymer ho om å kjøpe pickup og kanskje ei geit.

KUNST I SENTRUM Namn: Merethe Maberg Alder: 33 Bur: Halsnøy i Finnøy kommune Sivil status: Ugift. Bur saman med tre amerikanske kattar som kom frå USA saman med meg, Lucy, Susanne og Agnes

BAKGRUNN? — Altfor mykje utdanning, men det er ikkje fordi eg ikkje veit kva eg vil, men fordi eg alltid vil lære noko nytt. Etter lærarskulen i Oslo, der eg og var engasjert i teater og studentpolitikk, reiste eg til USA for å ta siste året der. Eg skulle eigentleg ta lærarfag i USA, men det enda opp med at eg tok lysdesign og jobba i verkstaden og dansa. Det var eit supert år, og når det var over ville eg ikkje reise, difor enda det opp med ein bachelor. KVIFOR LYSDESIGN? — Eg falt heilt for lysdesign. Kjensla av å lyssetje og manipulere teaterstykke frå eit lysbord var verkeleg spanande .Og det var noko eg var god på. Til slutt vart det mastergrad ved eit universitet i midtvesten, før eg hamna i NYC og Broadway. Det eg arbeidde med der for to – tre år sidan har nett kome ut på film. Det er litt kjekt å sjå . KVIFOR DAGLEG LEIAR PÅ OTTOHUSET? — Ottohuset hadde vore utan dagleg leiar ei stund og dei trengte nokon til å ta i eit tak, difor fekk eg spørsmålet. Ottohuset er eit prosjekt som ein verkeleg må legge all si tid i. Du veit at du ikkje har all verdas ressursar, men det går ikkje rundt viss du ikkje klarer å flette arbeidet inn i kvardagen. KVA UTFORDRINGAR HAR DE FRAMOVER NO PÅ OTTOHUSET? — Ottohuset skal vere ein stad der folk i regionen kan finne god og mangfaldig kunst. Det skal vere noko litt utanom det vanlege, men samstundes

tilgjengeleg og trygt for alle. Me vil også bli eit kunstsenter for heile regionen, dette er eit skummelt, men sabla godt mål. KVEN ER KUNSTEN FOR? — Kunst er ikkje berre for damer i pelskåper og menn med snurrebartar. Det er for deg og for meg, og for barna på skulen. Alle kan like kunst. Det er jo det som er så flott med det. I kulturens verden blir du bedt om å ta stilling til det du ser. Du blir så ofte bedt om å like eller mislike. Men husk at kunst og kultur jobbar innanfrå. KVA BETYR OTTOHUSET FOR FINNØY? — Det er så variert, nokre ser på det som eit hus dei går forbi, andre ser på det som ein møtestad eller ein stad der dei kjempar gjeve quiz-kampar. Andre veit ikkje eingong om oss. Politisk sett håpar eg at me har eit namn som dukkar opp når politikarane får spørsmål om kultur på Finnøy. Me er opptekne av å føre kulturelle opplevingar inn til Finnøy. DE HAR FÅTT MIDLAR TIL Å UTVIKLE KULTURSENTER? — Me har planar om å bygge ut. Huset som står der i dag skal få stå, men ved sida av skal det kome eit bygg som skal romme både utstillingar, konsertar og arbeidslokale for kunstnarar av alle slag. DRØYMER OM? — Nett no drøymer eg om å kjøpe Pickup og kanskje ei geit. Om nokre år drøymer eg om å skrive ein doktorgrad om kunst og kultur i forhold

MITT RYFYLKE PÅ INSTAGRAM På en rasteplass i #jøsenfjorden @millymollymandy

40

NR. 3 – 2015

Fantastiske Sevheimsvågen på Finnøy #finnøy #mittryfylke @Ken Mølmann

Hattifrantt-familien på tur te Hatten i dag #hatten #lysefjorden #mittryflke @heleneosterhus


Kunst er ikkje berre for damer i pelskåper og menn med snurrebartar. Det er for deg og for meg, og for barna på skulen.  Merethe Maberg  til barn og unge. Eg er altfor oppteken av korleis dei unge oppfattar kunst og kultur, korleis pop-kulturen blant anna former og set grenser for korleis barn kan utforske kunst. LES? — Edvard Hoem, Slåttekar i Himmelen, Ida Løkås, Pappa er et postkort HØYRER PÅ? — Musikken til musikalane eg skal til og designe SOSIALE MEDIUM? — Facebook FERIETIPS I RYFYLKE? — Skartveit Gjestehavn! Kåra til årets gjestehanm i 2014. Når eg har sommarferie jobbar eg her. Me lagar verdas beste komler. KØYRER? — Volkswagen UP (ikkje e-up. Eg betalar framleis både i bom og på ferje) OPPTEKEN AV NETT NO? — Politikk og lokalavalet

347

REIN

LIVET

MÅ HA I LØPET AV DAGEN? — Ein blund på ettermiddagen slik at eg kan jobbe til seint på natt. I MATPAKKEN? — Matpakken startar med ein fin matboks. Eg har Byggmester Bob matboks fordi hans motto er: Kan me fikse det? KLART ME KAN!! Då er dagen redda! FØREBILETE? — Mamma og pappa. Dei har alltid gitt meg lov å gjere det eg har villa og samstundes alltid støtta meg når ting har tatt litt av. I tillegg har eg hatt behov for filosofien til Brian Jones. Han var rådgjevaren min under studia dei første åra i USA. Me er framleis venner, han er ein mann som jobbar mesteparten av døgeret, meir for andre enn seg sjølv. Han vil at moglegheita for kulturell oppleving skal vere tilstades for alle, det er eg samd i. Og så Pippi då; du veit ikkje om du kan det før du har prøvd det! Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

inspirasjon

Anita Topp Sandvik (43 år) BUR PÅ FISTER OG JOBBAR I MARINE HARVEST PÅ HJELMELAND BLIR INSPIRERT AV GLADE FOLK MED POSITIVITET OG GODT HUMØR , AKTIVE FOLK SOM ER LITT GODE I SEG OG SOM VIL NOKO. I TILLEGG BLIR HO INSPIRERT AV Å HA EI GOD HELSE, VERE AKTIV SJØLV OG BIDRA TIL AT ANDRE ER DET.

I 2014 vart det felt totalt 7944 villrein i landet, av desse vart 347 felt i Setesdal Ryfylke (SR). SR er vårt nest største og Europas sørlegaste villreinområde, prega av eit kupert fjellandskap med mange vatn og vassdrag. Området er på heile 6154 kvadratkilometer.  Kjelde: villrein.no

NR. 3 – 2015

41


Bli med på laget du også!

Leif Bakka Dagleg leiar, Møgedal Mek. Verkstad AS

Som medlem i Ryfylkealliansen får du felleskap med og kjennskap til mangfaldet av det som skjer i Ryfylke. Me lovar møteplassar, sterkt nettverk, profilering, meirverdi, fellesskap og inspirasjon! Alliansen har over 140 medlemmer. tor@ryfylkelivsgnist.no/982 06 333 www.ryfylke.no facebook.com/pages/Ryfylkealliansen

“Me er med i Ryfylkealliansen for å ha ein lokal arena å gjera oss synlege på. Medlemskapet gir oss også eit felleskap, og me får eit godt innblikk i kva som rører seg i regionen!”

Min jobb er å gi deg en god trykkeopplevelse

Kristiansand Festningsgata 40 - 4614 Kristiansand Tlf: +47 38 00 30 50

Den gode trykkeopplevelsen

42

NR. 3 – 2015

Stavanger Kontorveien 12, 4033 Stavanger Tlf: +47 51 90 66 00 - Faks: + 47 51 90 66 35

www.kai-hansen.no


Foto: Fotograf Nordtveit

BILETET

Mølleparken I Mølleparken på Tau ligg den gamle direktør- og representasjonsbustaden, Villa Tou, som blei kjøpt av Strand kommune i 2000. Det er foreininga Mølleparkens Venner som driv det flotte hageanlegget, her blir det lagt ned mange dugnadstimar i løpet av ein sesong. Frå mai til september blir det arrangert ulike aktiviteter og konsertar i parken.

NR. 3 – 2015

43


Designhotell MED LOKAL MAT

Midt blant kraftlinjer og høge fjell ligg eit ekte designhotell som serverer fersk fjellaure. Energihotellet badar i sola denne dagen. Bubilane har inntatt vegane i Suldal og designhotellet på Nesflaten ventar gjester frå både Belgia og Nederland. Det er hektiske tider på hotellet som ligg plassert midt i den norske krafthistoria med ein majestetisk kraftstasjon og tunge kraftmaster som næraste nabo. Dette er ikkje eit heilt vanleg hotell, her er det ekte krafthistorie, design og arkitektur i veggane. Dei aller fleste gjestane, om dei er lokale eller frå fjerne strøk, blir imponerte over den slåande utsikta utover Suldalsvatnet, 60-talsmøblane frå Sven Ivar Dysthe, gullpeisen eller den særprega arkitekturen teikna av Geir Grung. Klokka har så vidt passert 14 på ettermiddagen, hotellsjefen Olav Lindseth har nett tatt av seg hotellhatten og reist heim til det nybygde funkishuset på garden Mokleiv litt lenger nede i dalen. Der ventar minstemann, vesle Jonas, på at far skal ta over skiftet i heimen. Storebror Noah på fire er derimot i barnehagen. Kona, Gunhild Moe, kjem til hotellet for å ta eit skift som resepsjonist, kokk og vertskap. Ho beklagar at ho er litt sein,

44

NR. 3 – 2015


Fjellaure Fjellaure med smør og friske urter, til dømes persille og grasløk, i tillegg til salt og pepar. Server med kokte poteter, agurksalat, rømme og flatbrød. Steik på 150 grader i 8 - 10 minutt.

NR. 3 – 2015

45


Energihotellet serverer lokal og god mat. Fjellauren kjem direkte frå Suldalsvatnet.

ho vart nemleg liggande bak ein av desse bubilane som ikkje har den største farten i svingane langs Suldalsvatnet. Gunhild skifter til hotelluniform og pustar letta ut. — Slik. Då er eg ikkje småbarnsmor lenger, då er eg på jobb, seier ho og stryk hendene over det svarte forkledet. Ekteparet innehar dei fleste rollane på hotellet, og meiner sjølv det er eit fortrinn at gjestene møter hotellsjefen i resepsjonen, slikt blir det ein intim og nær atmosfære av. — Me vil helst ha det slik. Det skal vere kort veg mellom gjestene og leiinga. Det handlar om å vere eit godt vertskap, seier ho og snur plutseleg over til klingande engelsk. Den eine nederlandske gjesten stikk hovudet inn på kjøkkenet og vil gjerne ha ei ekstra colaflaske. I dag er det fjellaure som står på menyen. Så fersk som det går an å få den. Den er fiska og levert av Reidar Sandal

46

NR. 3 – 2015

som driv Skattkammeret på Nes, ei lokal bedrift som både foredlar lokale råvarer samstundes som dei arrangerer alt frå fotokveldar til quiz-maraton. Nesflaten er ei bygd der innbyggjarane skaper det meste sjølv. Det gjeld også kultur – og matverksemda til Sandal. ­— Nesflaten er ein god stad å bu, og det er ein god stad å drive bedrift. Me støttar kvarandre her. Me handlar på den lokale butikken, og me handlar lokale råvarer. Og så viser dei tilsette på butikken turistane opp til oss. — Det er sikkert hotell som har betre kokke-kompetanse enn oss, men me leverer god, enkel og lokal mat. Det er ofte viktigare enn å ha eit enormt utval. Hotellet har ein sjudagarsmeny på sommaren. Kvar torsdag er det fjellaure fylt med urter, med poteter, rømme, lokalt flatbrød og agurksalat. — Og her er det verkeleg lokale råvarer. Ingen fiskar er


Gunhild Moe er glad i jobben som vertskap på Energihotellet og meiner krafthistoria og arkitekturen er noko av det viktigaste dei kan vise fram. Denne dagen kjem det gjester frå både Nederland og Belgia. Dei nyt både kaffikoppen og utsikta.

like her, nokre er små, andre større, nokre gjester må få to aurar for at porsjonane skal bli like. Gjestane likar det, det blir ekte då. Energihotellet legg bak seg eit hektisk år med utbygging av 15 nye rom og konferansesal. Målet er ikkje å bli veldig store, men å bli eit hotell ein kan rekne med i framtida. Ein stayer som ikkje forsvinn med det første. — Me såg at det vart for lite med 14 rom, me måtte ha meir for å sikre veksten. No har me 29 dobbeltrom, og dermed kan me ta i mot større grupper enn me gjorde før. Dei nye romma er bygd i ein eigen fløy der ein kan ligge i sengene og sjå rett ut over Suldalsvatnet. Eller ein kan sitje i dei breie glaskarmane og tenkje over livet. Dei er nesten ferdige med nybygget. No ventar dei berre på dei gullfarga platene som skal trone på fasaden til bygget. Konseptet er og blir det viktigaste. Dei tilsette får alle opplæring i krafthistoria som ligg til grunn for hotellet. Dette var opphavleg messa til Hydro og framleis blir hotellet av mange kalla kona til Hydro. Framleis vaskar dei arbeidskleda til dei tilsette, og lagar til både overtidsmat og finare festmiddagar Hydro arrangerer. Designhotellet er ikkje konstruert som eit hotell, her er det krafthistoria og arkitekturen som har arbeidd fram designuttrykket. Olav og Gunhild kom til Energihotellet i 2008. Mykje har skjedd etterpå. Dei er glade for å sjå at hotellet har forandra seg frå å vere eit reint konferansehotell over til turisme. Hotellet blir også brukt av store entreprenørar som har utbyggingsprosjekt i kommunen. Gunhild serverer familien frå Nederland som har sett seg på terrassen. Ho balanserer brettet med stø hand og smiler medan ho svarer på spørsmål om hotellet og bygda. — Me snakkar så mykje om Slow Food, på mange måtar driv me også med slow reiseliv, seier ho.

energihotellet Er bygd i stilretninga brutalisme. Stilretninga var aktuell mellom 1950 – og 1970, og ber preg av ein utprega betongbruk, ærleg materialbruk og enkle former. Det er Geir Grung som har designa hotellet, som opphavleg er bygd som messa til Hydro. Hotellet har nyleg bygd på, og har i dag 29 doble rom og konferansesal. Ekteparet Olav Lindseth og Gunhild Moe driv hotellet og baserer seg både på turisme, gruppe - og bedriftsmarknaden.

Judith Sørhus Litlehamar Fotograf Nordtveit NR. 3 – 2015

47


Gode løysingar veks ikkje på tre Tydeleg design og kommunikasjon er avgjerande for å synleggjera det di bedrift er best på. Me i Filter utviklar målretta og gjennomtenkte løysingar i lag med våre kundar. Ta kontakt for å finne ut korleis me kan hjelpe deg.

48

NR. 3 – 2015

design & kommunikasjon

HOVEDKONTOR Kvassanesvegen 4, Ølensvåg Telefon: 97 19 47 88 E-post: hei@filterdk.no

AVDELING SAND Sandsvegen 134, Sand Telefon: 97 19 47 88 E-post: hei@filterdk.no


Møteplass på

KAIEN Blome- og interiørbutikken på Judaberg på Finnøy er møtepunkt både for fru Svendsen på 85 og hyttedamene som legg til kai i dei råaste båtane.


– Det var heilt uaktuelt for meg å flytte heimatt for ti år sidan. Men så kom ein ny epoke med barn, og minne frå eigen barndom vart styrkte. 

Brit Elin Nordbø

Brit Elin Nordbø (t.v) og Marie Therese Reilstad (t.h) har eit spennande og variert innhald i blome- og interiørbutikken, der dei og tilbyr og konsulenttenester innan interiør og belysning. Olaug L. Brandeggen (midten) tek imot gode tips og råd.

50

NR. 3 – 2015

Marie Therese Reilstad (34) og Brit Elin Nordbø (39) er oppvaksne på Finnøy, men har begge farta rundt før dei vende nasene tilbake til heimkommunen. Der driv dei i dag Finnøy Blomster & Interiør og tilbyr konsulenttenester innan interiør og lyssetting. I den frodige butikken bognar det over av blomar, både potteplanter og snittblomar. Det går mykje av kransar og brure- og bårebukettar i tillegg til grøne planter, fortel Reilstad og Nordbø. I år er det tydeleg at det er in med grøne fingrar og folk vil ha meir grøne planter i


Marie Therese Reilstad (t.v) inviterte med seg Brit Elin Nordbø (t.h) på interiørmesser for å lokke ho tilbake til Finnøy som medeigar i Finnøy blomster & interiør.

heimane sine. I tillegg til blomeutvalet er det både populære gåve-, interiør- og merkeklede å få tak i. Innehavarane av butikken er både unge, trivelige og stilige, og dei har funne ein arbeidsdag der dei får dyrka interessene sine. Då dagleg leiar Marie Therese Reilstad (34) trengte ein ny medeigar i butikken brukte ho deltaking på interiørmesser som agn for å lokka Brit Elin Nordbø (39) tilbake til Finnøy med familien. Og det gav resultat. Interessa for blomar, klede og interiør har dei begge, men for Brit Elin Nordbø var det eit høve til å få med seg både interesse og fagfeltet innan interiørdesign som var avgjerande då ho blei spurt om å kjøpa

seg inn i butikken i 2012. – Det var heilt uaktuelt for meg å flytte heimatt for ti år sidan, fortel Nordbø. Men så kom ein ny epoke med barn, og minne frå eigen barndom vart styrkte. Då var det ikkje så vanskeleg å slå til på tilbodet frå Reilstad. I dag har ho og familien totalrenovert eit gamalt hus på Finnøy, der dei trivst svært godt. Marie Therese Reilstad har fagbrev som kokk og læretid hjå Bølgen & Moi i Stavanger i bagasjen, men valde å flytte tilbake til Finnøy for fjorten år sidan. Då kjøpte ho seg inn i halve blomsterbutikken til dåverande eigar og dagleg leiar Grethe Spanne Ledaal, som selde seg ut i 2013 for å bli sauebonde på heiltid. Etter ninande klasse flytta Brit Elin Nordbø til Stavanger, der ho budde medan ho gjekk på Sola vidaregåande. Utferdstrongen var ikkje

NR. 3 – 2015

51


Marie Therese Reilstad (t.h) og Brit Elin Nordbø (t.v) driv i dag Finnøy blomster & interiør på Judaberg på Finnøy.

­— Alt som har med sau å gjera er hot på Finnøy.

dekka og etter endt vidaregåande tok ho fatt på ei reis jorda rundt som etterkvart enda i Australia. Her vart ho buande i tre år og jobba både som sykkelpostbud og konsulent i eit helseforsikringsfirma, innan ho flytta tilbake til Noreg. Vel heime utdanna ho seg som interiørkonsulent og etablerte eige firma med belysning som spesialfelt, som ho har drive sidan 2004. Blome- og interiørbutikken er blitt eit naturleg møtepunkt på kaien, der folk stikk innom og tek seg ein drøs og let seg freiste av både blomar, interiør og klede. Her finn ein kjende merke og kundane er både lokale, men og tilreisande. Dei driftige eigarane har skjøna å nytta seg av sosiale medier for å oppretthalda kontakten og blesta produkta sine breidt, og dei merkar tydeleg at sesongen påverkar salet. I sommar- og vårsesongen er det mykje besøk av hyttefolk, men og tilreisande på dagstur, medan salet resten av året avheng av dei lokale kundane. – Me er avhengige av både dei lokale og dei tilreisande kundane, understrekar dei. Å etablera og drifta ein nisjebutikk på ein mindre plass har både sine

fordeler og utfordringar. Fordelen er at ein får vera med å skapa mangfald og særpreg, seier Reilstad og Nordbø. Største utfordringa er sjølvsagt at ein er avhengig av at folk forstår at slike små nisje-butikkar må brukast og støttast opp om. Elles kan fort billig-kjedebutikkar overta her og. Dei er i tenkeboksen om dei skal ta steget og utvikla nettbutikk, men samstundes syns dei framleis det er trygt og godt å byggja på det dei har. Sjølv om trendane varierer og 70-talet i år har prega både interiør, klede og planter, er det ein slager som ikkje går av moten på Finnøy. – Alt som har med sau å gjera er hot på Finnøy, smiler dei. Det er ikkje til å stikka under ein stol at butikken held til i ein landbrukskommune, der sauen spelar ei viktig rolle. – Her får alle artiklar som magneter, puter og ostehøvel med sauemotiv føter å gå på. Og interessa for sauemotiv er like populært om du er lokal eller tilreisande, smiler dei.

Astrid Eidhammer Hjelmeland Meister Fotografi


iversenskogen.no

TAKST FRA TVEIT på bolig, hytte, tomt, landbruks- og næringseiendom

En verdivurdering er helt avgjørende ved salg, arveoppgjør, finansiering eller for å få riktige lånebetingelser i banken. Våre lokalkjente takstmenn er utdannet og sertifisert gjennom NTF (Norges Takseringsforbund) og NITO Takst. Se www.tveit.no eller ring oss på 52 76 71 00 for å bli satt i kontakt med en takstmann som kjenner ditt område.

Alt har sin sjarm og verdi

NR. 3 – 2015

53


Kan vi hjelpe deg?

Kundesentrene våre finner du på Byterminalen og Fiskepirterminalen i Stavanger, Ruten i Sandnes og Bytunet i Haugesund. Du får raskt svar ved å kontakte oss på:.

facebook.com/kolumbus.no twitter.com/kolumbus_no

54

På nettsiden vår, www.kolumbus.no, finner du mye nyttig informasjon. NR. 3 – 2015


SATT FORT IGE LED ER SET

1

2

3

Du får din egen faste plass i salen

Et orkester i verdensklasse

Garantert gåsehud

4

5

6

Ja, det er lov med Mallorcabluse! Kle deg akkurat som du vil

Kred og kulturell kapital

Du har en god unnskyldning for å slippe å sitte barnevakt

7

8

9

Et par timer som varer hele uken

Klassisk konsert er det perfekte stevnemøte

Pengene du sparer kan du kose deg med i baren

ELI TANGEN DESIGN / ILLUSTRASJON: HILDE THOMSEN

9

Gode grunner til at du bør få deg et konsertabonnement

HØYDEPUNKTENE STÅR I KØ Sjekk ut konsertene og tilbudet på sso.no eller ring billettskranken tlf 51 53 70 00 NR. 3 – 2015

55


trappebygda Dei fleste kjem til Flørli for å gå i trapper. Hessel Haker (37) og Agnes Btffn (66) har busett seg ved foten av dei 4444 trappetrinna. Her har dei funne roen.

56

NR. 3 – 2015


NR. 3 – 2015

57


Hessel Haker er blitt glad i fjordeventyret og bygda Flørli. No satsar han på å utvikle eit godt tenestetilbod til dei som besøkjer trappebygda. I Flørli har Agnes Btffn funne eit landskap ho både kan bu og leve i.

Lysefjorden minner aller mest om eit postkort denne dagen. Me står på kaien på Songesand og nyt solstrålane som blenkjer på fjorden. Snart kjem ferja. Ferja der mannskapet smiler breitt når dei høyrer me skal til Flørli. Nokre dagar går nemleg ferja rett forbi, men ikkje så ofte. For med oss på båten er mange menneske i treningsklede som går av på kaien i Flørli. Om lag 5000 personar i året kjem her for å røyne seg på bratte bakkar i bygda med dei 4444 trappetrinna. På kaien møter me Hessel Haker. Denne lyse og høgreiste mannen står nesten som ein bautastein i fjordbygda. Dette er nederlendaren som har funne sitt naturrike midt i ein av Noreg sine vakraste fjordar. Her bur han, og her driv han kafé, leiger ut overnattingsstadar og driv ein heilt eigen skulepub. Puben er sjølvsagt lokalisert i det gamle skulehuset i bygda som var i drift fram til 1985. Blant gamle skulepultar,

58

NR. 3 – 2015

bøker og plakatar med planter og dyr nyt no feriegjester, hyttefolk og fastbuande ei kald øl på fredagskvelden. — Eg prøver å få til fleire aktivitetar her inne, målet er sjølvsagt å kunne leve av dette, seier han før han viser veg innover i bygda. Hessel driv kafé i den gamle kraftstasjonen. I den eine delen står Ryfylkemuseet si vandreutstilling om kraftkultur. Kunst og kultur står høgt i kraftbygget, ute i kafeen er det kunstutstilling med Bjørn Inge Hviding si utstilling; kunsten er å gjøre veien til målet. Lite kan passe betre i bygda med 4444 trappetrinn som målet. Oppe i andre etasje er det nok ei utstilling, nemleg av kunstnar Agnes Btffn, ho er den andre fastbuande i bygda. Ho er opphavleg frå Frankrike og kom til Flørli frå eit kunstnarliv i Stavanger, der ho blant anna underviste på Kunsthøgskolen i Rogaland. I Flørli fann ho eit rimeleg hus og eit landskap ho


å oppleve, og han veit å setje pris på naturen me har rundt oss. Sjølv er han glad i fjellet, både sommar og vinter. Men sommaren er for hektisk, då er det mykje å gjere i bygda, på vinteren er livet rolegare, då kan han og nyte rikdomen ein får av å klatre til toppen på høge fjell. — Kva er det med Flørli som er så spesielt? — Det er ikkje berre naturen, det er like så mykje historia. Kunsten er å fortelje historia om kraftbygda på ein slik måte at det blir lett tilgjengeleg, meiner han.

Heile verda er komen til Flørli, og bygda er internasjonal som aldri før.   kunne både bu og leve i. I kraftstasjonen står utstillinga «Landskaper og figurer», ein installasjon som første gong vart sett opp i 2003, og som stadig er i utvikling. Hessel kom til Noreg i 2007, men landet var ikkje nytt for han. Etter mange turar til fjordriket vart ikkje overgangen så stor då han flytta nordover. Etter det har han blant anna drive campingplass i Setesdal og arbeidd i Reisemål Ryfylke. Han kan det meste om kva turistar ynskjer

Han klyv opp dei bratte bakkane i lette steg medan han peikar og forklarer. Viser oss gardshusa på det som var garden Flørli ein gong i tida, dei gamle brakkene som i dag er leiligheitsbygg, den gamle messa som i dag er Lyse sitt hus, turistasjonen som er driven av Stavanger Turistforening og ikkje minst skulehuset før me endar opp ved eit gult hus som tronar midt i bakken. Her bur Agnes. Ho flagar med kunstflagget og inviterer oss inn på kaffi. I dette huset driv Agnes Bed & Breakfast i ein heilt spesiell atmosfære. Soveromma er pakka inn i dei mest fantastiske 70-tals-tapetar, i stova er det fargerike kunstverk og trefigurar tronar i vindauga. Hessel og Agnes snakkar norsk, fransk og engelsk saman. Heile verda er komen til Flørli, og bygda er internasjonal som aldri før. — Eg har tatt ein vegg her inne for å få meir lys, eg ville ha naturen inn i huset, seier Agnes og fortel at alle hus her inne er like, dei er bygde i 1949 som bustadhus til dei som jobba på kraftstasjonen. — Det er kjekt å kunne blåse liv i husa igjen, her budde folk, her hadde dei skule. Det er ikkje berre romantisk. Begge er dei samde om at det er ein livsstil å bu her, eit val dei er trygge på begge to, sjølv om vegen til familie og venner kan virke lang mange gonger. Men Flørli er også eit eksotisk reisemål, og for familie og venner, i dag har Hessel besøk av nokre venner som nyttar dagen til å flyte på fjorden i kajakk. NR. 3 – 2015

59


Ann Kristin Eklund er klar for å gå trappetrinna i Flørli. Men først blir det handling i kafeen. Naboane i Flørli har mykje å prate om i kaffipausen

Agnes balanserer kaffikoppane på trappetrinna og beklagar at trappa ikkje er heilt ferdig. Å vere kunstnar er ikkje noko å bli feit av, men ho klarer seg. Eit liv som kunstnar i Flørli er uansett billigare enn eit tilsvarande liv med atelier i Stavanger. Ho vil gjerne snakke om mellomromma i eit velorganisert samfunn, mellomroma der ein kan få utvikle eit kunstnarleg uttrykk. Sjølv om me må ha pengar for å overleve, må me aldri la pengane styre, meiner Agnes. Ho smiler over minnet frå Frankrike då ho kom heim til den konjakk-produserande og borgarlege familien og skulle fortelje at ho skulle studere kunst i Oslo. — Dei forsto meg ikkje, dei støtta meg, men klarte ikkje heilt å gripe kvifor eg ville dette. For meg var det eit frisk pust å kome til Noreg, folk er ikkje så danna her, seier ho og ler med glimt i auga. Dei to er dei første fastbuande i Flørli sidan 1999, då vart bygda fråflytt sidan kraftstasjonen vart automatisert. Sidan har diskusjonen gått om den gamle kraftstasjonen burde bli riven eller ikkje, Hessel er

glad den framleis står, og at den kan bli brukt til å ta vare på den gamle krafthistoria. I dag er det Lyse som driv kraftstasjonen, bygda ligg i Forsand kommune, men det er Stavanger kommune som er grunneigar, nokså komplisert med andre ord. Bygda er avhengig av dugnadstimar frå frivillige som jobbar for kost og losji, og dei er avhengige av velforeininga der både Stavanger Turistforening og Ryfylke Friluftsråd er med. Friluftsrådet har eiga gjestehamn i Flørli. Noko av det viktigaste arbeidet for velforeininga framover er å oppgradere vass– og kloakk i bygda. Hessel er i ferd med å gå ut på bygda sin eigen kjærleikssti, forbi skulehuset og ut på neset. Her kan ein sjå like godt både innover og utover fjorden. Samstundes som ein får eit spesielt overblikk over bygda. Hessel kan historia om han som kom til garden Flørli og bad om husly og mat for natta, kona som budde der nekta han mat, men gav han husly. Som straff for dette skal han ha sagt at eit stort ras kom til å

NR. 3 – 2015

61


Naturen i Flørli er mektig.

Agnes Btffn har sett opp utstillinga Landskaper og figurer i kraftstasjonen. Ei utstilling som første gong vart sett opp i 2003, men som stadig er i utvikling.

råke bygda. Og sant nok, garden Flørli vart fråflytta i 1703 på grunn av eit steinras, i 100 år vart plassen liggande aude før garden på nytt kom i drift i 1793 og same året vart skilt ut frå garden Kallali som ligg rundt neset. I 1914 starta bygginga av Flørli kraftstasjon, i 1927 kjøpte Stavanger kommune eigedomen og dreiv kraftstasjonen fram til Lyse tok over i 1992. Bygda har mange og lange historier. Ferja kjem snart til syne der ute i fjorden. Hessel serverer vafflar med syltetøy og rømme, medan han kikkar roleg på klokka. Det går så fint, ferja veit at de er her no, den går ikkje før de kjem. I Flørli er ein kanskje betre til å nytte tida enn mange andre stadar.

Judith Sørhus Litlehamar Fotograf Nordtveit

62

NR. 3 – 2015

flørli TRAPPER FLØRLI ER TRULEG MEST KJEND FOR DEI 4444 TRAPPETRINNA LANGS DEN GAMLE RØYRGATA. TRAPPA ER BLITT EIT POPULÆRT REISEMÅL OG ER DEN LENGSTE TRETRAPPA I NORD-EUROPA. STAVANGER TURISTFORENING DRIV FLØRLI TURISTSTASJON SOM ER DET ELDSTE HUSET I BYGDA. I TILLEGG KAN EIN LEIGE PRIVAT OVERNATTING. KRAFT I 1914 STARTA BYGGINGA AV FLØRLI KRAFTSTASJON, I 1927 KJØPTE STAVANGER KOMMUNE EIGEDOMEN OG DREIV KRAFTSTASJONEN FRAM TIL LYSE TOK OVER I 1992. I 1999 VART KRAFTSTASJONEN AUTOMATISERT OG DERMED VART BYGDA FRÅFLYTT. DISKUSJONANE HAR VORE STERKE PÅ OM EIN BURDE RIVE DEN GAMLE KRAFTSTASJONEN ELLER IKKJE, I DAG ER DET DERIMOT KAFÈ OG UTSTILLINGAR I LOKALA.


S I R U A E NY st kjøpte hybrid * Norges me e t n e r s g in r 1,95% lanse

Auris Active S med Toyota Safety Sense inkludert

Filskiftvarsler

Skiltgjenkjenning

Automatisk fjernlys

Automatgir er standard på hybrid Navigasjon er standard på Active S

Kollisjonsvern med autobrems

Touring Sports Active fra kr. 286 800,-

Auris Hybrid Touring Sports Active S 290 700,-*

Auris Hybrid Active S 275 200,-*

5-dørs Active fra kr. 271 300,-

*Inkl. frakt-lev. og reg.omk. 15 000. Årsavgift kommer i tillegg. **Renten er subsidiert i 3 år for deretter å bli justert til normal salgsrente. Billån: Betinger minimum 35% kontantandel. Låneeksempel: Fastrente 1,95% Effektiv rente 4,7% 150 000,-/5 år Etableringsgebyr 2 917,- Totalt 168 238,-. Forbruk blandet kjøring, utslipp CO2 og NOx: AURIS HYBRID TOURING SPORTS fra 0,35 l/mil, 82 g/km, 5 mg/km AURIS HYBRID fra 0,35 l/mil, 82 g/km, 5 mg/km. Avbildet modell kan ha ekstrautstyr. Vi tar forbehold om trykkfeil.

Toyota Sørvest AS

STAVANGER

SANDNES

Langflåtveien 35

Gamleveien 83

www.toyotasorvest.no

4017 STAVANGER

4327 SANDNES

Tlf 51 82 25 00

Tlf 51 82 25 00

Følg oss på Facebook


JA, VI ELSKER KJØKKEN, BAD, GARDEROBE OG VASKEROM

EIK HORISONT BEISET TORV

SKAL DU INVESTERE I KJØKKEN, BAD, GARDEROBE ELLER VASKEROM? Ønsker du noe som både ser bra ut og som holder innvendig? Ja da skal du avtale en «date» med en av oss. TORE NORDTVEIT

JAN REIDAR BIRKELAND

ØYVIND NORDTVEIT

vinnarskalle.no

RAGNHILD B. HAUGE

Avd. Sauda: 400 39 242 Åpent: Tirsdag og torsdag kl. 12.00 - 18.00 Fredag: kl. 12.00 - 16.00

Knapphus Kjøkkensenter: 52 76 70 70 Åpent: Man-fre kl. 09.00 - 16.00 Tors kl. 09.00 - 18.00 - Lør kl. 10.00 - 14.00

knapphus-kjokkensenter.no

Avd. Odda: 488 91 180 Åpent: Man - tirs - fre: kl. 10.00 - 16.00 Ons: Internt arbeid, Tors: 10.00 - 18.00

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2015 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2015 3  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement