__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

INFORMASJON

26

FiskĂĽ Satsar friskt

18

Portrett:

Driven av omsorg

34

Neste steg



NR. 1 2015


HAR DU EIN GRÜNDER I MAGEN? ME STILLER MED FØDSELSHJELPA. Medvind Næringshage tilbyr:

Medvind Næringshage legg til rette for nyskaping og vekst både for nye bedrifter og eksisterande næringsliv

• Starthjelp og rettleiing ved etablering av bedrift

Besøk oss på medvind-neringshage.no eller stikk innom!

• Bedriftsutvikling for små og mellomstore bedrifter

Du finn oss i andre etasje på Medvind-bygget i Ølensvåg.

kontakt Rita Fridfeldt mobil 95 93 22 38 epost rita@medvind-neringshage.no

• Kontorfellesskap blant meir enn 20 andre bedrifter og tilgang til møterom og kantine


16-17 14-15

30 26-27

10 -11

18-21

24-25

6-8

22-23

INNHALD 5

Leiar

14-15

Husbyggjar i Skjold

24-25

Unge bedriftsspirer

6-8

Gründeren: Skakkelaks

16-17

By og land hand i hand

26-27

Frå elev til yrkesliv

10-11

Fiskå Mølle

18-20

Portrettet: Trude Enge

30-31

Oppvekst og fritid: Full rulle på Skakke

13

Kommentar: Jannicke Kvarven

22-23

Lærlingen og gamlingen: Helgevold Gruppen

34-35

Næringskonferansen: Det neste steget 

1 • 2015

3


Kort sagt ønskjer me å invitera til å arbeida og bu her. Ansvarleg utgivar: Fikse Næringsutvikling Ansvarleg redaktør: Asbjørn Moe Redaktør:

rdt

ve

i

t

foto: Fotograf

No

Astrid Eidhammer Hjelmeland,

Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling

Filter design&kommunikasjon Redaksjon: Astrid Eidhammer Hjelmeland astrid@filterdk.no Kari Aakra kari@medvind24.no

DET NESTE STEGET

Formgjeving: Filter design & kommunikasjon Foto:

Det er stas å ta det neste steget for næringsmagasinet TEMPO, i det me nå gir ut andre utgåva etter gode tilbakemeldingar på piloten i haust. Me ønskjer med dette å synleggjera næringslivet og jobbmoglegheitene, bustad- og fritidsvilkår i Vindafjord og Etne. Kort sagt ønskjer me å invitera til å arbeida og bu her, saman med oss andre som har funne området så attraktivt at ein har valt å bli, flytte til, eller tilbake til. I denne utgåva av næringsmagasinet TEMPO vil du stifte nærare kjennskap til personar og bedrifter, nokre som heile tida har tatt små steg og kome langt over tid, andre har tatt store steg ut i verda, og så finnest det dei som har tatt eit steg tilbake og til sida, og staka ut ein heilt ny kurs for seg og sin bedrift. Alle har gjort seg sine unike erfaringar som dei deler med oss her. I vår vil Fikse Næringsutvikling ta eit steg til, og inviterer lokale bedrifter til næringsseminar, for å møtast, bli betre og ta nye steg i lag. I friluftslivets år synest me det er på sin plass at det lokale næringslivet, som bidrar så mykje til dette området, set kursen ut i naturen til eit viktig symbol for friluftslivet i Etne og Vindafjord; Olalia Fjellstove.

Fotograf Nordtveit Meister Fotografi Framsidefoto: Meister Fotografi Opplag: 6 500 Trykkeri: Kai Hansen Trykkeri

Takk til gode samarbeidspartnarar, annonsørar og til deg som les dette magasinet. Me håpar du er klar for ditt neste steg.

Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vindafjord. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo



og strategiske stader i distriktet.



1 • 2015

5


Det ligg så mykje meir bak eit godt resultat enn ei god oppskrift. 

Roy Martin Øyjord

— Eg er ein dårleg tapar og har eit sinnsjukt vinnarinstinkt, innrømmer han. Han definerer seg sjølv som ein byggar, som fort kan bli lei når noko er oppe og går. Trass tretti år som sjølvstendig næringsdrivande blir han aldri mett av å innhenta og dela erfaring og kunnskap. —Eg deler gjerne mine erfaringar med andre og eg er aldri redd for å spørja korleis andre jobbar. På den måten lærer eg litt her og litt der, slik at eg heile tida kan forbetra mitt eige produkt. Og lidenskapen for det ein driv med er kan hende den aller viktigaste ingrediensen, skal me tru Øyjord. — Det ligg så mykje meir bak eit godt resultat enn ei god oppskrift.Det putrar godt i omnen som er knytt til røykehuset og med jamne puff siv ein søt eim av einer ut. Enda sterkare riv det i nasen og tårene sprett lett når Øyjord opnar dørene og røyken veltar ut frå røykeriet. Her står traller med Skakke-cognac-marinert laks og godgjer seg for siste runde i produksjonsrekka. Lukta kjem til å sitje i kleda ei god stund nå, smiler Øyjord. Men lukta er god og smaken og sødmen gir eit sluttprodukt som stimulerer smakslaukane. Øyjord puttar på litt meir einer og det brakar og putrar godt under loket. Han har testa ut ulike sortar brensel og landa på fersk einer, som han finn i skogen i nærområdet. — Det er mykje som spelar inn. Både kvaliteten på braken, låg- og høgtrykk er med å påverka røykeprosessen, fortel han. Frå han får ferdig filetert laks levert frå Bremnes Seashore til han er pakkeklar i snitt ei veke. For å få jobben ferdigstilling og pakking vel i hamn har han fire til seks personar med på laget, som rullerer i ei skiftordning. 6

1 • 2015


GRÜNDEREN

— Å gå med ein gründer i magen kan trygt samanliknast med å vera ein toppidrettsutøvar. Du må ha den eigenskapen at du vil meistra og vinna. For Roy Martin Øyjord (51) er det toppen av pallen som tel, og nå er han på god veg med Skakkelaks. TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Meister Fotografi

GÅR FOR GULL Lokala heime på tunet på Sørstrondo i Etne sto ferdige hausten 2013 og var i utgangspunktet tenkt for foredling av vilt, som Øyjord har drive med i mange år. Det har han måtte slutte med og i staden er det arbeidet foredling av Skakkelaksen som tek all plasskapasitet. Draumen er å byggja ei nytt og større bygg og han har alltid augene opne for nye lokasjonar. Etterspurnaden etter røykelaksen frå Etne har skote fart, og berre sidan 2013 har Øyjord opplevd ei markant auke. Medan han i 2013 produserte og selde rundt tre tonn røykelaks auka etterspurnaden såpass i 2014 at han ved årsslutt kunne visa til eit sal på 12 tonn. Kundane er spreidd primært på Haugalandet. I tillegg leverer han til Odda, Sauda, Stord, og Stavanger. I november fekk avtale med Helgø Meny og leveranse til fjorten butikkar. I tillegg til den vakumpakka skakkelaksen produserer Øyjord årleg eit mindre opplag av spekelaks. Denne sel han førebels mest på messer og han er førebels ikkje tilgjengeleg i daglegvarebutikkar. Då han i 2004 starta med røyking av laks som hobby i eit lite røykerom bak huset, ana han lite om retninga dette ville ta. Namnet Skakkelaks kom i samband med den fransk-norske Nicolas Mahé de Berdouaré si lansering av cognacen Skakke i 2010. Her såg Øyjord raskt eit potensiale for eit godt produkt og eit godt merkevare. Sidan den gong har cognacen vore nøkkelingrediensen i marinaden til røykelaksen. Og litt cognac går det med i produksjonen hjå Øyjord, som fortel at han brukar omlag 100 flasker med edle franske dråpar til produksjon av ti tonn laks. Då er det greit å ha direkteavtale med produsenten.

Av og til set hendingar i livet djupe spor. Dei kan og påverka vidare vegval i livet både i positiv og negativ lei. For Øyjord er det ei hending i livet som har gitt han ekstra styrke og pågangsmot. «Du kan berre slutta på skulen, for deg vil det uansett ikkje bli noko av». Utsagnet kom frå ein autoritet i skulen og som sette spor i eit tenåringssinn. Sterke ord slik han minnest det og såpass skammeleg at han inntil nyleg har halde denne konfrontasjonen for seg sjølv. —Eg har hatt ein driv i meg til ikkje å gje vedkomande rett i dette, fortel han. Den dag i dag let eg meg inspirera ytterlegare dersom nokon er skeptiske til ideane mine. Øyjord sleit med lese- og skrivevanskar i skulen, medan dei kreative og skapande faga appellerte til eleven. Men det var det ikkje den gong rom for, og det blei med niårig skulegang for Øyjord. Etter ulike kurs tok han etter militærtenesten utdanning som sveisar. Men for ei rastlaus og kreativ sjel med hovudet fullt av idear, vart dette for monotont. I 1990 etablerte Øyjord firmaet Vakt og Alarm saman med Jan Vinje. I løpet av dei elleve åra dei dreiv saman bygde dei opp ein marknad for sal av eigen norskprodusert tryggingsalarm. I tillegg kom Øyjord over eit agentur på nøkkelhandteringssystem for eldreomsorg via eit firma i Halden. Dei meinte potensialet for meirsal var umogleg og at marknaden var sprengd med åtte kommunar som kundar. Det var stikkorda for Øyjord til å satsa. — Når dei meinte det ikkje var mogleg, ville jo eg sjølvsagt prøva, smiler han lurt. I dag leverer Arcus Vita, som Øyjord òg er eigar av, nøkkelboksar til 250 kommunar. 

1 • 2015

7


FA K TA Namn: Roy Martin Øyjord Alder: 51 Status: Gift med Sonja Frafjord. Far til Vidar (31), Camilla (27), Marius (11) og Aslaug (8 1/2) Aktuell: Gründar og 100 % eigar av Øyjord Holding AS, som har selskapa Arcus Vita AS, Etne 6 Eiendom AS og Fjordabygg AS. Øyjord har nyleg seld Etne Apotek og etablert Skakke Røykeri AS for produksjon og sal av Skakkelaks. Via enkeltmannsføretaket Skakke Foredling vil Øyjord tilby foredling av vilt og arrangering av selskap. Interesser: Mat, jakt, turar, trening på Frisk, ski og sykling. Motiverer: Personar som startar med ingenting og byggjer seg opp. Prosessen frå Roy Martin Øyjord får ferdige filetar til Skakkelaksen er klar for butikkhyllene tek i snitt ei veke.

— Men det held ikkje berre med ein driv, sjølv om det er viktig, understrekar Øyjord. Det er utruleg mykje papir og byråkrati å halda styr på for ein som eigentleg berre vil skapa noko. Ofte blir tida for knapp sjølv om arbeidskapasiteten er tilstades. Han er glad for å ha dottera Camilla, med hotellfagleg utdanning, som sitt intelligente alibi. Ho har tatt seg av mykje av papirarbeid knytt til godkjenning hjå Mattilsynet for meg. Dette er tidkrevande arbeid. Det beste rådet Øyjord vil gi ein som vurderer å starta for seg sjølv er å invitera 5 vener på monopolspeling ein gong i veka i ti veker.

Klarar du å slå dei fem gonger kan du starta opp, smiler han. Dette spelet er ifølgje Øyjord noko av det mest kreative spelet som finst. Her må ein jobba etter intuisjon og vera i nuet og å ha lyst å ta sjansar, fortel han engasjert. For ein gründer er det òg viktig å vera klar over at du sjølv er den største utfordringa. Som grunder må ein stilla seg spørsmålet; Har eg dei nødvendige eigenskapane som skal til for å få dette til?. Åtte av ti som startar opp med mat driv berre nokre år før dei gir opp, og det er få som lukkast. — Når ein går for gull bør ein heller eit trappetrinn om gangen, enn heisen rett til topps. Då kan fallhøgda bli stor, avsluttar han.

UANSETT HVA DU DRØMMER OM I VINDAFJORD Drømmer du om å jobbe med kultur, helse, næringsliv eller landbruk – så kommer du ikke utenom regnskap eller rådgivning. Hos oss kan du jobbe med alt dette.

iversenskogen.no

På tveit.no eller Facebook kan du lese mer om regionens største fagmiljø innen regnskap og rådgivning. AVDELINGSKONTORER Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Husnes, Karmøy, Rosendal, Sand, Ølen, Sauda, Skjold, Stord, Tysvær og Ølen.

Telefon: 52 76 71 00 E-post: post@tveit.no www.tveit.no Regnskap og økonomisk rådgivning for næringsliv og landbruk

8

1 • 2015


Klappet & klart

Møbleringskonsept for deg som vil flytte rett inn i ny hytte

Kvalitetstid, overskudd, en god natts søvn, den gode stemningen, trivsel... Det er det vi leverer! Vi vet at møbleringen er av stor betydning, og kan tilby følgende:

Gardiner som gleder og justerer lyset og innsyn

Møbler levert og montert i alle rom eller deler av hytten

Belysning for alt og alle

Senger med dynene ferdig oppredd

Pynt og dekorering

Tepper der det passer aller best

Alt til mat og bespisning

Du kan selv velge ut alt du vil ha, eller du kan få oss til å gjøre det. For dette kan vi! Vi har økt verdien på mange hytter og opphold,og gjør det gjerne også for Deg og Dine.

®

vinnarskalle.no

ETNE I samarbeid med Princess Etne - Du finner oss på Etne senter Telefon 53 77 09 99 - post.etne@mobelringen.no 

1 • 2015

9


OPTIMISMEN RÅR Bønder som har suksess med kraftforet dei produserer ved Fiskå Mølle i Etne er den beste marknadsføringskanalen for dagleg leiar Kjersti Granmo Nerheim (43). Og mange er nøgde, det syner resultatet for 2014. Då hadde selskapet ein vekst i omsetninga på heile 25 prosent. TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Meister Fotografi

Dagleg leiar ved Fiskå Mølle i Etne, Kjersti Granmo Nerheim (43) ser tilbake på eit godt år for 2014 og ser fram til ytterlegare investeringar og satsing i 2015.

F

rå ein årleg produksjon på 16 700 tonn i 2013 selde dei frå produksjonsanlegget i Etne vel 20 200 tonn kraftfôr i 2014. Produksjonsveksten av kraftfôr har vore jamn og har femdobla seg sidan Fiskå Mølle såg eit potensiale i å satsa på Etne Bygdemølle i 1992. Dengong var mølla heileigd av bønder i Etne og med produksjonsanlegg på Håfoss. I dag eig etnebønder dei resterande andelene i Fiskå Mølle Etne via Etne Bygdemølle Eigarlag. Alle bønder som driv aktivt og kjøper for minst 10 000 kroner årleg kan få ein andel i Eigarlaget og andelen er den same om ein er liten eller stor, fortel Nerheim. — Kravet er at ein skal driva aktivt. I 2009 investerte Fiskå Mølle Etne femten millionar for å auka produksjonskapasiteten og leggja grunnlag for vidare vekst. Planar er allereie i gong for ytterlegare investeringar for å kunne imøtekoma aukande etterspurnad og produksjonsauke. — Det er vilje i styret til å satsa i Etne, fortel Nerheim. Me er i gong med å rekna ut og prosjektera fundamentet. Til neste år er planen å investera ytterlegare 8-9 millionar kroner for å utvida med fleire råvare- og ferdigvaresiloar og førebu eit nytt produksjonstårn.


FA K TA Fiskå Mølle Etne Dagleg leiar: Kjersti Granmo Nerheim (43) Tilsette: 9 Opprinneleg Etne Bygdemølle, etablert i 1923, fram til 1992 heileigd av bønder og produksjon på Håfoss i Etne. Fiskå Mølle kjøpte i 1992 51% av andelene og i 1994 vart produksjonen flytta til Tongane, der dei held til i dag. Produksjonen av kraftfôr har femdobla seg i løpet av dei siste tjue åra. I 2014 opplevde Fiskå Mølle i Etne ein vekst i omsetning på 25% frå 16 700 tonn i 2013. Mølla i Etne er i gong med å utvida og planlegg ei investering på 8-9 millionar for ytterlegare vekst der ei 2. produksjonslinje er del av planane. Frå ein årsproduksjon av kraftfôr i 2014 på rundt 20 200 er målet å runda tonn 22 000 tonn i 2015.

Skal ein halda tritt må ein utvikla seg.  

Kjersti Granmo Nerheim Dagleg leiar Fiskå Mølle Etne

Den store auken i omsetnad i fjor meiner Nerheim i hovudsak skuldast ei utviding av marknaden mot Bergen og Sogn og Fjordane. Felleskjøpet har vore einerådande i desse områda tidlegare, fortel Nerheim. Frå å ha store andeler i marknaden i Etne, Vindafjord, Tysvær, Sveio, Bokn, Stord, Kvinnherad og Voss har Fiskå knytt til seg sjåførar via Bergen Kraftfor Transport, som har gitt dei rundt seksti nye kundar i Bergen og Sogn og Fjordane. Dette har resultert i ei auke i sal på 3.500 tonn i ein ny marknad som i hovudsak består av produsentar av mjølk- og storfekjøt. Frå Etne går tre til fire vogntog i veka til Bergen via Stord og heilt til grensa av Sogn og Fjordane. I dag er Fiskå Mølle den største private aktøren innan sal av kraftfôr og driftsmiddel til norsk landbruk. Det nest største anlegget for produksjon av kraftfôr er Fiskå Mølle sitt anlegg på Tau i Strand kommune. Frå kaien i Etne går kraftfôr og gjødsel via vogntog og båt til Nord-Rogaland og Hordaland. Kornråvarene får dei via sjøvegen frå Moss og då Tempo var på besøk var lossinga av bygg (1000 tonn), havre (4-500 tonn) og raps (300 tonn), i full

gong. — Me lossar rundt åtti tonn i timen her på kaien, fortel Nerheim nøgd. Mølla som ligg litt gøymd ytst på Tongane i Etne har hatt gode tal i mange år men toppa seg i fjor. Det er ni tilsette og ei av dei nyaste tilsettingane er eigen seljar og kundekonsulent. — Me såg eit behov for å kunne følgja opp og pleia kundane våre betre og då var Audun Økland rett mann. Nerheim har merka ei ei auke i etterspurnaden av kraftfôrblandinga frå Fiskå Mølle. Ho meiner bøndene krev driftsmidlar av høg kvalitet som effektiviserer og aukar lønsemda på dei enkelte bruka. —Det blir stadig færre med større gardsbruk, og når bonden sitt behov endrar seg må me endra oss etter det. Eit døme på dette er ifølgje Nerheim talet på kraftfôrvariantar som blir produsert i Etne, som har auka frå åtte til atten dei siste fem åra. — Skal ein halda tritt må ein utvikla seg. Dettte krev effektivisering for å halda kostnadsrammene, avsluttar Nerheim.


Ein unge familie frå byen stor, vil flytta gjengen heim te na mor. De fant Berge sag, dei konne sitt fag. Nå har de bestilt et flott hus i Vindafjord. Beklager limericket - reklameavdelingen vår gikk litt lei av de samme frasene vi pleier å bruke;) For er det ikke dette det handler om? Når en stifter familie, kanskje med flere små så endrer tilværelsen seg. En vil bo nærmere familie og venner. Da er det godt å vite at du kan bruke oss som har vært der i mange generasjoner. Trygt og godt.

Arkitekt Camilla L. Thorsen Tlf: 98 22 93 38 camilla.thorsen@bergesag.no

Når du er ferdig med å pakke kofferten, så står vi klare med ett nytt hus til dere. Velkommen hjem! Husselger Nils Skålnes Tlf: 98 22 93 09 nilss@bergesag.no

www.bergesag.no

VÅR I FK BUTIKKEN ETNE! GRUNNLAG FOR PERFEKT HAGE!

HUS- OG TERRASSEVASK

JIF PROFESSIONAL 2,5 LITER

99,99(149,-)

KRAFSE/ HAGESPADE PAKKE

FK TOPPBARK 5X50 LITER

PAKKEPRIS!

229,229-

FISKARS SOLID

PAKKEPRIS!

(429,-)

120G TRALLNOR

FK Butikken Etne Tlf. 53 77 11 30 ÅPNINGSTIDER: Mandag - fredag: 0830-1630 lørdag: 0900-1400 12

1 • 2015

599,599(699,-)

adsign.no

299,299-

SELVBYGGER TRILLEBÅR

TILBUD NÅ!


Foto:: Haugaland Vekst

KOMMENTAR

JANNICKE KVARVEN Mulighetsutvikler/koordinator regionalt omdømmearbeid, Haugaland Vekst IKS

ER HAUGALANDET TILTREKKENDE? Det er ikke alltid så lett å komme med en objektiv selvevaluering, men som ansatte i Haugaland Vekst bruker vi mye tid på dette her. Hvordan framstår Haugalandet for folk utenfor regionen? Hva tenker folk om oss, hva liker de med oss og hva bør vi bli bedre på? Sannheten, slik vi ser den, er at Haugalandet har et godt omdømme. Men det er ikke til å stikke under stol at det finnes regioner i landet vårt som generelt sett er lenger framme i folks bevissthet enn det vi er. Det er også helt naturlig - vi blir ikke Oslo over natten. Det er heller ikke målet. Det finnes nemlig en rekke gode argumenter for at folk bør vurdere Haugalandet som sitt neste bosted. Argumenter mange av de større regionene ikke kan skilte med. Prisnivået på boliger er et godt eksempel. Til tross for god tilgang på spennende jobber, kommer boligprisene på Haugalandet godt ut av de aller fleste sammenligninger. Dette er selvfølgelig svært viktig for potensielle tilflyttere, særlig de i etableringsfasen. Et annet argument er tid. I fjor laget vi en kampanjefilm som het «Den 25. Timen», og vi fikk mange tilbakemeldinger fra folk som kjente seg igjen i filmens hovedbudskap. På grunn av færre folk og kortere avstander kaster folk på Haugalandet bort mindre tid på uønskede ting som trafikkork, kø, pendling, henting og bringing enn folk i større regioner. Ett kvarter her og ett kvarter der blir fort en halvtime, et par halvtimer blir fort en time, og følelsen av en ekstra time i døgnet blir fort tungen på vektskålen for potensielle tilflyttere. Det gjelder bare å få folk til å tenke over det. Her ligger vår største utfordring. Det er umulig å velge noe du ikke ser på som et alternativ. Hvordan skal vi plante Haugalandet i bevisstheten til en familie fra Hamar, Halden eller Hammerfest, for ikke å nevne de større byene?

Det aller meste av vårt arbeid er usynlig for folk flest. Det handler mye om direkte kontakt. Hvert år gjennomfører vi for eksempel arrangementer i en eller flere av landets store studentbyer. Vi har møtt nærmere 5.000 personer, både studenter og folk med arbeidserfaring, gjennom slike arrangementer, og 50% av disse bekrefter at de er positivt overrasket over jobbtilbudet og fagmiljøet/kompetansen som finnes i regionen vår. Samt at de på sikt vil vurdere å flytte hit. Vi i Haugaland Vekst er ikke alene på disse tilstelningene. Vi har et utrolig godt samarbeid med våre tallrike partnere i det lokale næringslivet, og mange av disse partnerne er med oss på turene rundt i det ganske land. Arrangementene våre har blitt en møteplass for lokale bedrifter, og på den måten er vi også en relasjonsbygger innad i det lokale næringslivet. Det er vi fryktelig stolte av. Suksess og velstand i vår region handler i stor grad om næringslivets konkurranseevne, som igjen handler om å skaffe og beholde rett arbeidskraft. Vi kan alltid bli bedre, men Haugalandet er allerede en tiltrekkende region – og det er vi stolte av! Det skjer veldig mye spennende her. Det gjelder bare å vise det fram.

Boligprisene på Haugalandet kommer godt ut av de aller fleste sammenligninger. 

1 • 2015

13


Eg har vore heldig i læretida og dei har passa på at eg har fått vera med på alle delar av prosessen i husbygging. 

Jørgen Habbestad

Morten Helland i Tomteselskapet i Vindafjord har opplevd ei auke i etterspurnad av tomter. Foto: Fotograf Nordtveit

TOMTER I KVAR EI BYGD —   Folk vil helst byggja langs E134, i aksen rundt europavegen, fortel Morten Helland i Tomteselskapet i Vindafjord. Han opplever størst etterspurnad av tomter langs E134 i Skjold, Vats, Øvre Vats, Ølensvåg og Ølen.  Selskapet er største utviklar og formidlar av ledige tomter i Vindafjord kommune. Målet for Tomteselskapet er å leggja til rette for attraktive klausulfrie tomter i ei kvar av dei ni bygdene til ei kvar. For tida har Helland rundt 120 byggeklare tomter tilgjengeleg for dei som vurderer å flytta på seg. Helland fortel at etterspurnaden varierer, og medan hausten var roleg har han hatt ein bra aktivitet og auke i førespurnadar sidan jul.  Av dei tre siste prosjekta Helland og tomteselskapet har vore med å utvikla er Vikaneset i Skjold, der allereie 30 av 69 tomter er selde. I Ølensvåg er det tilgjengeleg 40 tomter i Vågshagen 5 og i Vats er snart 9 nye tomter klare for sal. Medan utbygginga på Vikaneset er den største i kommunen, er utbyggingsprosjektet på Roastrand med 33 mindre boligar og leiligheter òg eit stort prosjekt. Her er fyrste spadetak planlagt til hausten. Medan leilegheitene på Roastrand vil liggja på ein pris frå to millionar, meiner Helland nøkkelferdige småhus i same området vil få ein utsalspris på rett i undrekant av fire millionar kroner. — Det kostar like mykje å byggja eit hus her enn i Haugesund, men tomtene er ofte større, seier Helland. —   Lokalt kan ein òg skilta med eit betre oppvekstmiljø enn i bynære strøk og når det gjeld tomtestorleik lokalt ligg desse frå rundt sju hundre kvadratmeter til godt og vel eit mål, seier Helland. I tillegg kan ein lokka med trygge oppvekstvilkår. I fleire av dei nye områdaer det gåavstand til barnehage, skule og idrettsanlegg. Og er du interessert i båtliv kan ein ved å byggja på Vikaneset i Skjold få tilgang til rimeleg båtplass, avsluttar Helland. 14

1 • 2015

Det lyser på kveldstid i eit av fem synlege hus på Vikaneset når ein passerer Isvik langs E124 i Skjold. Etter endt arbeidsdag som lærling ved Omega Hus er Jørgen Habbestad (20) klar for ei ny byggeøkt. Då er det hans eige hus som tel.

PRAKSIS I — Eg har alltid hatt lyst til å byggja mitt eige hus, fortel Jørgen. Eg var med pappa her på neset tidleg, og såg at her var det mulegheiter. Med utsikt til Isvik og kort avstand til byen og heim til familie i Ølensvåg, har han funne draumetomta på Vikaneset i Skjold. Her har han hatt mang ein lang ettermiddag sidan han starta på huset i fjor sommar. — Det er mest kjekt, fortel han, sjølv om han må medgje at det hender han må jobba litt med motivasjonen. På veg inn til huset og feltet på Vikaneset passerer me skule, barnehage, Nordtveit-banen og idrettsanlegget til Skjoldar Idrettslag. Her er alt innan gangavstand frå det nyrydda og opparbeida boligfeltet, som Jørgen opplever som eit særs familievennleg område. Her er det ikkje behov for små barneføter å måtte kryssa trafikkert europaveg. — Eg høyrer barna som leikar og ler like ved når eg jobbar på taket, fortel Jørgen.


TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Meister Fotografi

Jørgen Habbestad nyttar tida etter ein dag som lærling hjå Omega Hus til å byggja sitt eige hus.på Vikaneset i Skjold.

EIGE NYBYGG Huset er nå tett og att står rominndeling og isolering før Jørgen kan ta fatt på plating og ferdigstilling. Medan vinterkulda og vinden herjar utandørs, er det råd å gå med t-skjorte innandørs, sjølv før varmeanlegget er aktivert. Jørgen er særs nøgd med kvaliteten bygget held. — Alle husa er bygde etter Husbanken sine krav, berre at dei er enda meir energieffektive, fortel han engasjert. Her er det både vannbåren varme og luft-til-vatn varmepumpe knytt til. I tillegg er huset trykktesta. Alle spotar har led-lys, som òg fører til lite strømforbruk. Hensyna til komfort gir miljøgevinst. I tillegg blir det montert ekstra store kontaktar på Omega-husa til montering utandørs. Dette gjer at ein lett kan hurtiglada el- eller plugin bil i eigen husvegg, fortel Jørgen. I tillegg til Leif Magne Berge som lærlingmentor på dagtid i halvanna år, har han òg nytt godt av god hjelp frå far Arne Gunnar for å få huset opp etter arbeidstid. Dette gjer at Jørgen kjenner seg ganske trygg når han held på med huset sitt, sjølv om han nå ofte er aleine.

— Eg har vore heldig i læretida og dei har passa på at eg har fått vera med på alle delar av prosessen i husbygging. Då er det ikkje så verst når ein får repetera på ettermiddagen, smiler han lurt. Etter VG1 og VG2 på byggfag i Ølen har han nå eit halvt år att av den toårige læretida før han kan ta fagprøven som tømrar på forsommaren. I desse dagar må han òg ta eit val om vegen vidare. Han får mest sannsynleg ikkje innvia det nye huset sjølv, då han går med planar om å lufta seg litt meir før han slår seg heilt til ro. Målet er å ferdigstilla huset slik at han kan leiga dette ut frå hausten medan han sjølv vil studera til byggingeniør. Eg har fått tips om at det kan vera lurt å vidareutdanna seg og at det er attraktivt både å ha fagbrev og ingeniørutdanning. Søknadsfristen nærmar seg, og den må avgarde innan han har fått fagbrevet i hamn. Men det reknar han med skal gå fint. Planen er å kunne flytta tilbake i eige hus i Skjold etter endt studietid, som han håpar blir i Bergen.



1 • 2015

15


For ti år sidan virka geografi og yrkesval som ei uoverkomeleg utfordring for ei framtid saman. I dag har Jorunn Wathne Løhaugen og Svein Ketil Løhaugen slått rot i Stordalen i Etne, er tobarnsforeldre og har begge jobbar dei trivs godt i.

Det er ikkje gitt at ein ungkar frå bygda møter ei jente som gir slepp på bydraumen for å busette seg i Stordalen i Etne.

—E

g var jo heldige som traff ei så sporty jente som Jorunn, seier Svein Ketil. Han er ikkje i tvil om at dei jobbane Jorunn har hatt, og har i dag, som gir meiningsfulle og kjekke dagar har vore avgjerande for å få Jorunn til å slå seg ned. For tre år sidan flytta Svein Ketil Løhaugen og Jorunn Wathne Løhaugen inn med eldstedottera Johanne i nytt hus på heimegarden. Nå er tre blitt fire og Jorunn er for tida heime i permisjon med minstemann Sigurd på åtte månadar. — Me traff jo kvarandre på det verst tenkelege tidspunktet, ler dei begge. Ho hadde slått rot i Stavanger og hadde jobba to år som radiograf ved Stavanger Universitetssjukehus etter studier i Bergen. Ålgård der ho vaks opp, virka for lite for jenta som kjende seg meir som ei byjente. Han, ein heller sta etnegut, hadde nett vendt nasa heimatt frå Stavanger etter fire år på lærarhøgskulen og to år som lærar i Sandnes. Fast bestemt på å busetje seg i heimbygda og med ein draum om å ta over heimegarden var det lite som kunne få han til å skifta meining.

16

1 • 2015

Ei venehelg i Etne der folk frå både Etne og Stavanger-området møtest for ein skidag og middag og festleg lag på Fugl Fønix blir starten for dei to. — Eg tippar denne helga var nøye planlagt av kameraten min, smiler Svein Ketil. Kameraten Kjell Øyvind er saman med Mari, som er besteveninna til Jorunn. Etter halvanna år med pendling mellom Etne og Stavanger og ein urokkeleg etnegut, er Jorunn klar for å gje Etne og kjærleiken ein reell sjanse. — Eg var heldig å ha ein sjef ved SUS som gav meg eit års permisjon, ein såkalla kjærestepermisjon, smiler Jorunn. Målet til Jorunn var å få seg ein jobb og sjå om ho ville trivast vekke frå det livet ho var van med. Det var ikkje aktuelt med ein tredelt turnus med pendlarveg til Haugesund, og ho var klar for å prøva noko anna. Jorunn fekk napp på ein sommarjobb ved fengselet i Sandeid. Etter kort tid der dukka det opp ei fast stilling hjå Arrow i Åmsosen. Der var ho halvanna år, før ei stilling i Omega i servicesenteret lokka. Der har ho vore sidan. — Eg trivst utruleg godt med jobben og folka eg


Det tok ganske mange år frå eg gjekk frå å vera damo til Svein Kjetil til eg berre blei omtala som Jorunn

BY OG LAND HAND I HAND jobbar saman med. Det å kunne få ein jobb utanfor fagfeltet mitt, som eg har fått her i distriktet, trur eg hadde vore vanskeleg i Stavanger-området. Her har eg fått sjansen til å testa ut nye sider med meg sjølv. Det trur eg at fleire heime kunne tenkt seg. Litt reisetid til jobb blir det om ein bur i distriktet, men for Jorunn er det stor skilnad på å køyra effektivt tre mil enn å stå i kø i rush-trafikken i Stavanger. Dei budde to år i leilegheit i Etne sentrum, der eldstejenta kom til verda, før dei flytta til gamlahuset på heimegarden til Svein Ketil. Etterkvart reiv dei det gamle og bygde nytt hus på tomta. I påsken for tre år sidan flytta dei inn og for åtte månadar sidan kom vesle Sigurd til verda og Johanne, som skal byrja på skulen til hausten, vart storesyster. Heime på garden er det god boltreplass for både små og store føter og Johanne syner stolt fram den nye leikehytta pappa har laga, med lilla dør og eigen postkasse. I dag viser Stordalen seg på sitt beste, sola speglar seg i vatnet og snøkledde fjelltoppar kransar rundt dalen og vatnet. — Ein kan ikkje flytta til Stordalen i Etne utan å vera glad i friluftsliv, smiler Jorunn. Og interessa for friluftsliv hadde ho innan ho traff Svein Ketil. Etter vidaregåande gjekk ho eit år på Voss Folkehøgskule

på friluftslinja før ho starta på radiografstudiene i Bergen. Heime på garden kan ho ta seg ein tur med kajakk i vatnet rett utanfor heimen. Her finn ho roen og kan padla i stille vatn heilt inn til Frette og ned mot Håfoss. Dei kjenner seg òg heldige som i tillegg til å ha familien til Svein Ketil tett på, og har familien til Jorunn som meir enn gjerne tek turen til Etne for å besøkja dei. Då får dei mykje kvalitetstid saman, både store og små på tvers av dei to familiane. — Familie og vener min trivst godt her, og sumarstid er det alltid liv og røre, medan det vinterstid til tider kan vera vel mørkt, seier Jorunn. — Største utfordringa? — Det tok ganske lang tid frå eg gjekk frå å vera damo til Svein Ketil til eg berre blei omtala som Jorunn, seier ho. Før me fekk barn var nettverket mitt i hovudsak via jobben min i Vindafjord og via familie og vener av Svein Ketil. Det er viktig å etablera sitt eige nettverk og finna sin plass, men det tek tid, understrekar Jorunn.

Eg trivst utruleg godt med jobben og folka eg jobbar saman med. Jorunn W. Løhaugen

TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Fotograf Nordtveit



1 • 2015

17


— Reinhald er omsorg, seier Trude Enge. Ho starta bedrifta Etne Vikar og Hjelpetjenester (EVH) heimante med fire moppar i 2006 og i 2011 selde ho til Vibe, der ho i dag er dagleg leiar for avdelinga i Etne.

Ei dame med driv Andletet breiar seg ut i eit strålande smil. Det gnistrar i augene på Trude Enge (54) når ho er engasjert. Og det er ho på mange plan. Hjarta brenn ekstra for familie, barnebarn, sonen og Rally-cross. TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Mikkel Meister

Det er fart over Trude Enge, anten ho jobbar, trenar unge handballspelarar eller reiser rundt som sponsor, mor og supportar for Moland racingteam. Det verst tenkelege for den aktive 54-åringen frå Etne er å bli klistra til ein kontorpult. Men Enge brenn òg for faget sitt, helse og omsorg, som har leia henne til etablering og oppbygging av eige reinhaldsfirma. Dette selde ho i 2011 og jobbar i dag som dagleg leiar og eig framleis tjue prosent av firmaet. — Reinhald er omsorg, understrekar Enge. Bedrifta Etne Vikar og Hjelpetjenester (EVH) starta ho heimante med fire moppar i 2006. Gradvis auka arbeidsmengda og ho hadde lenge ulike småkontor rundt om i Etne. Frå eit bittelite kott ved Tveit på meieriplassen gjekk turen til lokalet for gamle ølutsalet, der dei var før Vibe kjøpte opp bedrifta i august 2011. Då hadde ho 40 tilsette i staben. I dag sit ho på kaien i Etne der ho administrerer rundt 25 tilsette fordelt på 15 årsverk. I tillegg har ho tjue tilkallingshjelper på prosjekta som dukkar opp. Sjølv om det var ein bøyg for Enge å overlata leiinga av reinhaldsfirmaet ho hadde bygd opp, er ho glad for at ho tok steget og selde. I dag er Vibe EVH dotterselskap av VIBE-konsernet, med kontor i Etne og Ølen, og Trude Enge sit som dagleg leiar. På det meste har me vore 55 i staben, fortel Enge. Kundegruppa frå Fjæra til Haugesund er i dag både privatpersonar og bedrifter. Her er alt frå faste kundar som har følgd Enge i mange år, til meir prosjektrelaterte kundar. Stafettpinnen gav ho vidare då ho var på topp. Reinhaldsfirmaet hadde 18

1 • 2015

nådd 40 tilsette Ansvaret ho sat på åleine tynga og det kravde mykje tid og energi å halda styr på alt. I dag sit eg på gode system via VIBE. For mykje av det administrative hadde Trude i hovudet. Ho kan ikkje nok få rosa rekneskapsførar Elin Grønstad Vik i Tveit, frå tida ho dreiv for seg sjølv. Ho vart meir enn ein rekneskapsførar for meg. Ein kan ikkje finna opp alt krutet sjølv. Ein vert sjeldan god åleine. For Trude er det heile vegen eit mål å toppa seg sjølv og for å gjera dette er det viktig å finna gode samarbeidspartnarar. Interessene og den uredde tilnærminga til det livet har å by på har tatt henne ut på mange spennande og utfordrande reiser i livet, som igjen har gitt ho ny kunnskap og erfaring. — Eg tenkjer meir og meir på at er det noko ein har lyst å gjera, så berre gjer det. Draumen om å bu i by hadde vore der lenge, før ho realiserte han for ein del år tilbake. Då sonen var blitt sytten år, søkte ho seg sommarjobb i Oslo i heimesjukepleien på Majorstua. Sommarjobb blei til fast stilling og etter to år i hovudstaden, ser ho tilbake på den tida, som ei av dei mest lærerike ho har hatt. —Her var arbeidsdagen lagt opp til besøk til alle slags heimar, der oppfølging av narkomane og aidssjuke var like vanleg som stell av eldre pleietrengande. Erfaringane og minnene frå denne tida får det til å glitra i augene til Trude. Ho kan ikkje få rosa nok miljøet ho jobba i, og den dag i dag held ho kontakten med arbeidskollegaene ho blei kjend med der. — Reinhald er omsorg, anten ein driv med reinhald i bedrifter eller i private heimar og dersom ikkje reinhaldaren gjer det dei skal, så blir det utriveleg på ein arbeidsplass.


PORTRETTET

Ein skal ikkje gå med krum rygg fordi ein jobbar med reinhald, men vera stolt av faget sitt. 

Trude Enge

Trude jobbar aktivt med haldningane til reinhaldarane i firmaet. Å vera stolt av reinhaldsyrket er noko av det Trude set høgt i opplæringa av nye tilsette. Her er det viktig både korleis ein møter kundar, men ikkje minst kva haldning ein har til sitt eige yrke. — Ein skal ikkje gå med krum rygg fordi ein jobbar med reinhald, men vera stolt av faget sitt, meiner Enge. Det har skjedd noko med haldningane. Berre vask – haldninga held ikkje. I reinhaldsjobben jobbar me etter prosedyrar. Det er stor arbeidsmend, stort press og tungt arbeid. Likevel legg arbeidarane våre si æra i å få gjort ein god jobb. Me er HMS tilrettelagt, vaskar med miljøvennlege produkt og utstyr som lettar arbeidet, understrekar Enge. — Kvar kjem arbeidslysta og driven frå? Eg fekk min fyrste jobb på Rodin i Etne som trettenåring. Sidan den tid har eg forsørga meg sjølv, fortel ho. Eg hadde foreldre som lærte meg at ein ikkje kjem gratis til noko i livet. Sjølv om Trude som ung ikkje alltid sette pris på ikkje å få alt i fanget, ser ho i dag verdien av

FA K TA Namn: Trude Enge Alder: 54 Familie: 1 son og 3 barnebarn Interesser: Rally-cross, handball, familie. Aktuell: Har bygd opp Etne Vikar og Hjelpetjeneste (EVH), som er kjøpt opp Vibe-konsernet. Sit i dag som Dagleg leiar i dotterselskapet Vibe EVH. Bedrifta tilbyr eigedomsservice, privat heimehjelp, privat reinhald og vikartenester på heile Haugalandet med kontor i Etne og Ølen. Eig 25% i Minali International AS. 100% eigar av See Holding og 20% i Vibe EVH AS. EVH har kontorer i Etne og Ølen og i 2012 omsette bedrifta for 12 millioner kroner Rundt 40 ansatte.



1 • 2015

19


Reinhald er omsorg, anten ein driv med reinhald i bedrifter eller i private heimar 

Trude Enge

Smilet og låtten er sjeldan langt unna. Dagleg leiar Trude Enge her saman med avdelingsleiar i Vibe EVH, Etne Solveig Reimers.

den lærdomen og er takksam. Frå leik med dokker, vart Trude mamma som syttenåring. Ho let seg ikkje stoppa i å setja seg på skulebenken. Frå Handel og kontor i Sandeid, gjekk studievegen via Helse og Miljø i Norheimsund, til Hjelpepleiarlinja ved Sauda VGS. Då pendla ho til og frå Sandeid. Ei travel, men lærerik tid. For Enge er arbeidsmoralen høg og parallelt med jobb, er det stadig nye tankar og idear som ligg og kvernar i hovudet og vil ut.

Det kan til tider vera vel så slitsamt med alle tankane og ideane eg ikkje får realisert som ein travel jobbkvardag. Til tider kan det bobla over, men ofte blir det noko av draumane og visjonane hennar. Det er arbeidsstaden hennar eit godt døme på. — Noko uprøvd som ikkje freistar? — Eg har ikkje hoppa i strikk, ler ho. Men aldri sei aldri, smiler ho lurt.

KORTREIST DESIGN & KOMMUNIKASJON

ASTRID E. HJELMELAND

DAGLEG LEIAR

PER KRISTIAN GRINDHEIM

AD & GRAFISK DESIGNAR

JUDITH SØRHUS LITLEHAMMAR

TEKSTFORFATTAR & KOMMUNIKASJONSRÅDGJEVAR

Filter design & kommunikasjon er eit byrå som held til i Suldal og Etne. Me utviklar sterke identitetar og kommunikasjonsløysingar der du treng å vera synleg – anten det er logo, brosjyrar/trykksaker, nettsider eller sosiale medium.

20

1 • 2015

TERJE HODNE

GRAFISK DESIGNAR

FILTERDK.NO


HELGELAND

ØYVIND SÆTRE

Me treng kloke hovud og flinke hender ÅLESUND

Me treng stadig fleire dyktige folk for å nå våre mål. Me søker deg som vil vera del av eit verftsmiljø der avgrensing er eit framandord og moglegheitene er mange. Du har kanskje flytta frå regionen og ynsker å komme heim igjen, eller du treng ein forandring? Då oppmodar og utfordrar me deg til å sende ein søknad til oss! For informasjon om ledige stillingar hos Westcon, gå til westcon.no/karriere

FLORØ

STORD HAUGESUND STAVANGER

ØLENSVÅG KARMSUND

POLEN

Westcon Group består av ei rekke selskap og er ein totalleverandør av dei beste og mest innovative løysingar, tenester og produkt innan riggmodifikasjonar, skipsbygging, skipsreparasjonar, design,offshore, løfteteknikk og elektroautomasjon. Westcon blei etablert i 1981 og er no over 1000 tilsette.

www.westcon.no 

1 • 2015

21


HIM TE ETNE ? Heilt sidan starten har lærlingar vore ein bærebjelke i Helgevold Gruppen. — Lærlingar har vore heilt avgjerande for utviklinga av selskapet, seier gründer Johannes Helgevold som i år mottok rekordmange 80 søknadar frå komande lærlinger. Av Kari Aakra/Medvind24 Foto: Fotograf Nordtveit

Ein kan leva gode dagar i Etne. Både åleine og saman med andre.

På Sandeid skule går diskusjonen over byggjeteikningar og verktøykassar. Elektrolærling Alexandru Militaru (21) og rettleiar Knut Arvid Frøland (23) diskuterer elektroløysinger for oppgraderingar av skulen. Leidningar og straum har vore draumen for Alex så lenge han kan hugsa. Frå skulebenken på elektrolinja ved Ølen vidaregåande skule gjekk vegen vidare som lærling hjå Helgevold Gruppen. Fagbrevet er innan rekkevidde, og går alt etter planen er han ferdig elektrikar i januar 2016. Og arbeidsplassen håpar han vil bli den same. — Det har liksom alltid vore elektrikar eg skulle bli, og eg peika meg tidleg ut Helgevold som framtidig arbeidsplass, fortel 21-åringen frå Sandeid der han vandrar mellom sikringsskap og kabelsneller.

Nokon trur dei kjem til å leva fleire gonger. Andre er litt meir usikre på det. Men ein ting er alle einige om: Viktig at kvar einaste dag blir best mogleg!

Kor ein bur er svært avgjerande for “det gode liv”. At Etne er ein av dei gode stadane er me ikkje i tvil om.

Bustadlån til nyetablering i Etne kommune. Vårt bidrag til å få endå fleire til å flytta til Etne er “him te Etne-lånet”.

Du kan få vita meir ved å kontakta oss.

- med heile vegen 53 77 15 00 - post@etne-sparebank.no - etne-sparebank.no

Vinnarskalle.no, foto: Espen Mills

Kåra til Norges beste lånevilkår.

Alexandru og Håkon Stolple (18) er to av 10 lærlingar som fekk læreplass i Sandeidselskapet i fjor. Til saman har Helgevold Gruppen mellom 20 og 25 lærlinger årleg. Elevane kjem frå vidaregåande skular i Vindafjord, Sauda, Suldal, Karmøy og Haugesund, frå kontorfag, telekommunikasjon, automasjon og elektro. Og rekrutteringa av lærlingar har så langt ikkje vore noko utfordring. — I år fekk me 80 søknadar, og det er eit privilegium at så mange ønskjer å ta fagbrevet gjennom oss. Det er vanskeleg å rekruttere erfarne fagfolk, og lærlingar har vært ein grunnstein i utviklinga av selskapet vårt heilt sidan starten. Med dei får me forma fagfolka våre slik me vil ha dei, seier daglig leiar i Helgevold Gruppen, Johannes Helgevold. Bedrifta har eit sterkt fokus mot å stadig bli betre som lærlingbedrift. — Me samarbeider godt med Ølen vidaregåande skule, og våre tilsette blir involverte i teoriundervisninga på slutten av skuletida. Me kjøper kurs til dei som kjem rett frå skulebenken og sørgjer for tett vegleiing, fortel Helgevold.


LÆRLINGEN OG GAMLINGEN

Håkon Stople Alder: 18 Oppvekst: Ølen Skule: Ølen VGS VG1 Elektro VG2 El-energi Lærling sidan august 2014 hjå Helgevold Gruppen

Ein bærebjelke for utvikling

Foto: Kari Aakra

Alexandru Militaru Alder: 21 Oppvekst: Sandeid Skule: Ølen VGS VG1 + VG2 Elektro Lærling sidan august 2014 hjå Helgevold Gruppen

Hjå Helgevold Gruppen er sjeldan ein dag lik for lærlingane, og rettleiarane er vane å ha med seg ulike lærlingar frå dag til dag. Her er lærling Håkon Stople med fagperson Knut Arvid Frøland for montering av nye elektroniske løysingar i samband med montering av nytt oppgraderingar ved Sandeid Skule.

Stople meiner den varierte arbeidsdagen, der han ofte er med ulike fagpersonar frå dag til dag er både utfordrande og lærerik. — Når me er med ulike fagpersonar får me kjennskap til fleire måtar å løysa utfordringar på. Ikkje berre stikkontaktar. Nokre rådgjevingsdiskusjonar må lærlingane ta med rettleiar Knut Arvid. Elles går lærlingane mykje godt på sjølvstyr. I løpet av året etter Alex kom i lære har det vore mykje å setja seg inn i. Og mykje å få prøva seg på. — Det har vore ei bratt læringskurve, og eg har fått vore med på fleire ulike jobbar. Mest på hus, men òg litt på industrijobbar, arbeid med kopling, automasjon og motorar, fortel Alex, medan han plukkar med seg verktøykassen på veg til neste sikringsskap. Det er eit springande punkt i bransjen å ha fleksibel kompetanse. Difor blir tilsette i Helgevold oppmuntra til vidareutdanning for å opparbeida seg endå breiare kompetanse på fleire felt. — Fleire har valt å ta eit fagbrev nr. 2 hjå oss. Dei er kanskje elektrikarar i utgangspunktet, men tar fagbrev innan automasjon eller telekommunikasjon i tillegg. Det er ein fordel at

dei tilsette har fleire bein å stå på , det bidrar til at bedrifta byggjer opp brei kompetanse på fleire område. Dei tilsette blir meir fleksible, og det er ein styrke, påpeikar Helgevold. For det er ikkje berre stikkontaktar og sikringsskap det går i for elektrikarar nå til dags. Helgevold Gruppen har i dag 140 tilsette, som saman tilbyr tenester og produkt innan varsling og alarmar, telekommunikasjon, varmepumper, prosjektering, internkontroll, automasjon og FDV-dokumentasjon (forvaltning, drift og vedlikehald), smarthus, varme og lys, el-sjekk og Enøk. Spissar kompetansen. — Elektrofaget har eksplodert dei siste åra. Det blir stadig meir spesialiserte løysingar, og fleire dataløysingar. Me kan ikkje hengja etter på dette området, og treng ny og oppdatert ekspertise heile vegen. Mange av dei unge som jobbar hjå oss er svoltne på meir og me vil difor også leggja til rette for at dei får byggja seg opp denne kompetansen. Slik sikrar me bedrifta framtidsretta fagarbeidarar med endå meir spissa ekspertise, påpeikar Helgevold. I løpet av 2015 skal Helgevold Elektro lansera tilbod om eit vidareutdanningsprogram med Teknisk fagskule, der dei som ønskjer det kan

ta utdanninga parallelt med jobben, og gå på skule kvar tredje veke. — Allereie er de fleire som har valt å skulera seg endå djupare i elektrofaget via Teknisk Fagskole i Haugesund, seier Helgevold. Alex derimot har ikkje rukke å tenkja nøyare på vidareutdanning enno. Først og fremst er det elektroarbeid retta mot hus han vil jobba med. Håkon Stople har heller ikkje planen klar etter endt læretid. — Eg tek det som det kjem, seier Stople. Eg trivs slik eg har det nå og set pris på å ha ein jobb der eg kan koma heim kvar dag. Knut Arvid har sjølv vore lærling i selskapet og tok fagbrev i fjor vinter. Sidan har han hatt med seg lærlingar og meiner det er ein styrke for dei å koma til eit selskap som sørgjer for at lærlingane får prøva seg i ulike fagfelt. — Eg hugsar tilbake på læretida som ein veldig kjekk periode, med tett oppfølging der eg fekk jobba med ulike område. Det er ein fordel å byrja litt i breidda, slik at me fort får ei forståing av dei fleste fagfelta.


Her må alle trø til, uavhengig av tittel Dagleg leiar QualiTreeUB Kristoffer Hodnemyr Pedersen.

Stemninga er god, konsentrasjonen er høg, samstundes som her er takhøgd og rom for bursdagssong på gongen i undervisningsbygget på Lundeneset Vidaregåande skule i Ølensvåg. 

Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Fotograf Nordtveit

NAMN: Kristoffer Hodnemyr Pedersen Alder: 18 Kjem frå: Ølensvåg Linje: VG2 Salg, service og sikkerhet UB: QualiTree UB Stilling: Dagleg leiar Kva gir UB deg: Lærer mykje, som korleis ein skal oppføra seg og kva det vil seia å ha ansvar for folk for å få gjennomført prosjekt på ein god måte, ved å delegera arbeidsoppgåver. Utfordringar: Kontroll på alt i bedrifta. Framtidstankar: Fyrst påbygg til hausten, og så er draumen å bli politi.

24

1 • 2015

NAMN: Eirik Espevik Alder: 17 Kjem frå: Sandnes Linje: VG2 Salg, service og sikkerhet UB: QualiTree UB Stilling: Personalsjef Kva gir UB deg: Kjennskap til å starta bedrift og prosessar. Lærer både snikkararbeid og å koma i kontakt med andre. Utfordringar: Halda oppe arbeidsmoralen. Snakka med folk som har problem og slit. Framtidstankar: Påbygg til hausten, deretter militæret for jobb der eller som politi.

NAMN: Birgit Haraldseid Alder: 17 Kjem frå: Finnøy Linje: medieR og kommunikasjon UB: QualiTree UB Stilling: Grafisk Designar Kva gir UB deg: Kjensla av å vera i ei faktisk bedrift. Eg må jo gjera min del og samarbeida og jobba, noko som er lærerikt. Utfordringar: Dersom me ikkje får til det me har tenkt. Det å måtte starta på ny og å tenkja nytt. Det kan til tider vera vanskeleg å designa noko som alle likar. Framtidstankar: Gjera noko eg likar og ikkje noko andre forventar eg skal gjera. Kanskje starta eiga bedrift om 5-6 år?

NAMN: Kirsten Opheim Alder: 17 Kjem frå: Ølen UB: MatMegUB Stilling: Dagleg leiar Kva gir UB deg: Lærerike prosessar. Når me får noko til som gruppe, er det verkeleg verdt jobben. Utfordringar: Som dagleg leiar opplever eg gode og dårlege dagar for alle. Av og til kan det vera vanskeleg å halda oppe den gode lagkjensla. Framtidstankar: Påbygg til hausten, så må eg ta tida til hjelp.


UNGE BEDRIFTSSPIRER

D

et er mykje som skal på plass for å gjera god figur på Fylkesmeisterskapet Ungt Engreprenørskap i Rogaland. Fem ungdomsbedrifter representerte Lundeneset i Stavanger 4. mars der dei møtte 71 bedrifter frå heile Rogaland. I verkstaden er QualiTree UB i full sving med å mala hagebenker, som dei skal selja. — Her må alle trø til, trass i tittel, understrekar dagleg leiar Kristoffer Hodnemyr Pedersen. Med seg på golvet med malarkost i hand har han Eirik Espevik frå Sandnes. Han er personalsjef i bedrifta. Innkjøpssjef Sven Bjarte Sande frå Etne og salgssjef Erik Hetland frå Bjoa fortel at dei allereie har selt seks benker og at dei har kapasitet til å produsera rundt 10 stykk på 2 veker, dersom alle bidreg. — Men kvifor tømrarbedrift? — Me er alle interesserte i å snikra, og ville gjera noko praktisk sjølv om dei går på programfaga salg, service og sikkerhet. Med seg på laget har dei òg designar Birgit Haraldseid frå Finnøy, som går på medie- og kommunikasjonslinja. Men produktet har dei kome fram til i fellesskap, fortel Haraldseid. Det er mykje som skal på plass i forkant av eit Fylkesmeisterskap. Produkta og profilar skal presenterast og prosessar må dokumenterast. Ungdomsbedriftene for elevar på yrkesfaga VG2 salg, service og sikkerhet og medie- og kommunikasjonslinja på Lundeneset driv i år med foto, lagar benker, t-skjorter, joggebukser og mat, som dei sel på skulen, privatpersonar og somme tider bedrifter.

Det har mest vore obligatorisk med ungdomsbedrift ved desse faga dei siste åtte åra, fortel lærar Dagfinn Våge, som har undervist i faget mange år tidlegare. Nå er det lærarane Kristine Vik Ekornrud og Gunstein Landro som har ansvaret for faget. Målet er at elevane skal læra å etablera bedrift og få praktisk erfaring, der dei får testa ut fagteorien. I ungdomsbedriftene får alle ulike roller, alt frå dagleg leiar til personalsjef og salgssjef. Det blir ført fråvær og ein må følgja opp produkt, tilsette og kundar som om dette var ei verkeleg bedrift. Våge har erfaring med dei praktiske faga og programmet ungdomsbedrift er veldig motiverande og lærerikt for elevane. Etter reform ´94 blei alle fag meir teoribaserte, som har ført til at dei som slit med lese- og skrivevanskar slit ytterlegare for å henga med. Sjølv om det er mest vanleg for elevane ved Lundeneset å ta påbygg for å få studiekompetanse etter VG2, er det og ein del som vel å gå ut i læretid. Våge fortel om tidlegare elevar som har hatt læretid i sikkerhetsfaget i Securitas, salsfaget ved Møller Bil i Sandnes, og i kontorfaget i Forsvaret på Madla som blir kombinert med verneplikt. Skulen har òg god erfaring med læreplasser hjå Elkjøp, Haugaland Kraft, Omega og Karmøy kommune. For Våge og kollegaene er det spennande å følgja opp elevane i etterkant, og omtala framdrifta deira på heimesida. Våge erfarer at ein del har ei haldning til læretid som ein dårleg betalt jobb. Men han understrekar at dei må skjøna at læretida eigentleg er skule med løn og at ein etter læretid og fullført fagbrev, stiller sterkare og får høgare løn i yrkeslivet. Det er kjekt å sjå at dei lukkast med fagbrev, avsluttar han. 

1 • 2015

25


TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Meister Fotografi

Dette er nært og eg får arbeidserfaring i faget som opptar meg, seier Knut Flatebø (17). Han har staka ut kursen for utdanningsval, og ser ikkje vekk frå at det han kan søkja om lærlingplass hjå MCE om nokre år.

Ein smak av arbeid Det er fredag og aktivitetsnivået er høgt i storbilverkstaden hjå MCE på tongane i Etne. Knut Flatebø (17) har allereie vore på plass i vel to timar når Tempo kjem på besøk. Nå er han nett ferdig med dagens fyrste pause saman med verksmeister og verkstadmekanikar Odd Egil Helgevold. I år går han på VG2 ved Etne Vidaregåande skule. Til hausten vil han søkja seg til Bryne for å ta VG3 på linja for anleggsmaskinmekanikar. Etter tida der kan lærlingplass hjå MCE vera eit attraktivt alternativ for den lærevillige. Knut plar følgja storbilmekanikar og mentor Odd Helge Bru og trivs godt i storbilverkstaden. Her han har vore ein dag i veka sidan i haust. På golvet i verkstaden ligg det muttarar og felgar og det er to store vollgraver, der lastebilar og trailerar kan rulla inn for sjekkar og reparasjonar. Her er det mange inntrykk og mykje å boltra seg i for ungdom som ser for seg ei framtid som mekanikarar, sveisarar og platearbeidarar. — Eg lærer jo mykje av å vera med Odd Helge Bru, fortel Knut. Eg prøver å plukka opp det han gjer og får ta del i mykje i løpet av ein dag. Her får er eg med på frå justering av bremser til skifting av tromlar. Bru understrekar at det er viktig at dei han har med seg på utplassering eller som lærling høyrer etter kva som blir sagt. Då 26

1 • 2015

vil dei og få mykje med seg. Han er travel og har så vidt tid til å dela nokre ord med oss der han køyrer inn den eine lastebilen og traileren etter den andre for kontrollar. Fredagen er alltid travel, det er dagen me må få gjort alt som har hopa seg opp i løpet av veka, smiler han. Knut meiner det har mykje å seia kva innstilling ein som elev har den tida ein er i arbeidspraksis. Han syns det er viktig å finna ut kva folk han jobbar med og tilpassa seg til dei. — Korleis arbeidsdagen blir heng og saman med kva eg legg i det sjølv, seier han. Her får eg oppgåver og så spør eg om det er noko eg lurer på. Det er jo viktig å visa initiativ sjølv. Men Knut har merka seg litt haldningar til yrkesfag, som han tykkjer er uheldige. —Når eg sa eg skulle ta fatt på yrkesfag og gå på Tesdal etter tiande, merka eg litt varierande haldningar til valet. Knut meiner det er feil å tru at yrkesretta fag er ein lettvint veg å gå. Her er det mykje som skal lærast både av teori og praksis. I tillegg er det mykje elektronikk som krev datakunnskap knytt til mekaniske fag. Knut trur at fallgruva for dei som trur at ein kan leika seg gjennom eit utdanningsløp innan yrkesfag er ganske høg. Faga i yrkesfag krev at ein stadig er på hugget, og ein må stadig følgja med for å bli og halda seg oppdatert.


Korleis arbeidsdagen blir, heng saman med kva eg legg i han sjølv.  

Knut Flatebø Elev ved Etne VGS

dslivet

Knut Flatebø (17) har Odd Helge Bru som mentor og læremeister hjå MCE ein dag i veka. — Eg prøver å plukka opp det han gjer og får ta del i mykje i løpet av ein dag, seier Knut.

FOLKESKIKK = OPPMØTE —   Me ønskjer ungdom som har lyst å jobba og tileigna seg kunnskap, som møter opp og stiller krav til oss, seier Asbjørn Aarekol, dagleg leiar i MCE i Etne. Men me kan ikkje forhalda oss til rotekoppar i ein kvardag, der tida står på spel og me må levera for å møta behova til kundane våre. Normal folkeskikk er eit minstekrav til dei som skal vera hjå oss og få erfaring frå ein arbeidskvardag. Det  betyr at ein møter opp. MCE er pilot i prosjektet Frå Elev til Arbeidsliv (FETA), som er eit prosjekt mellom næringsliv og skule som starta hausten 2014. Målet er å leggja til rette for fleire læreplassar og å betra den yrkesfaglege utdanninga. For å få dette til krevs det tettare samhandling mellom lokalt næringsliv og den vidaregåande skulen for å få standardisert eit opplegg for praksis, der behova til elev og bedrift blir avklart i forkant av oppstart. — Dette vil gjera det lettare og meir forutsigbart for bedriftene, som igjen gjer det lettare for fleire å ta inn elevar, seier prosjektansvarleg Asbjørn Moe. Som dagleg leiar i MCE er målet med samarbeidsprosjektet å knyta til seg elevar som òg er interesserte i å ta læretid hjå bedrifta, for å kunne rekruttera nye tilsette på sikt. — Det er krevjande i ein travel kvardag, og me må strekka oss for å tilby eit tilfresstillande opplegg, understrekar Aarekol. Opplegget med Etne VGS er i dag å tilby ein praksisdag i veka, slik at elevane får smaka litt på arbeidslivet og oppgåvene som er venta av dei. Samstundes er dette eit godt høve for bedrifta å syna kva me driv med for langsiktig rekruttering. For mange er MCE kun assosiert med sveising, fortel Aarekol, medan me har både lastebilverkstad og ein stor påbyggardel, som er spennande for unge mekanikarelevar.  —   Nokre er veldig flinke og interesserte og vårt mål er å gje dei eit godt og realistisk inntrykk. Me har og som mål å få dei som kjem her til å føla seg velkomne, ivaretatt og kjensla av å bli tatt seriøst. Dette krev av oss at me har tilstrekkeleg med oppgåver som eleven kan løysa i løpet av dagen. Aarekol har erfart at bedrifter kan oppleva elevar eller lærlingar som er lite sjølvgåande, og han har gjennom si arbeidstid både hjå MCE og i tida som politi. Samarbeid med vidaregåande skulen har han og erfaring frå tidlegare, både preventivt og i saker som dukka opp. 

1 • 2015

27


Lyst å flytte til Etne?

- Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne Kommune for utvikling og salg av tomter i Etne. Ta kontakt for kjøp av tomt, oversikt over ledige tomter og pågåande prosjekt. Epost: post@tomteselskapet-etne.no • Telefon: 97 77 17 55

28

1 • 2015


Telefon 03240

haugesund-sparebank.no

Gode råd får du av mennesker som kjenner deg Det hjelper selvsagt at vi bor på omtrent samme sted, og at du kjenner oss også. I snart 90 år har vi bistått kunder i regionen med banktjenester. Vår lange erfaring gjør oss i stand til å bistå med stort og smått. Enten du pusser opp kjøkkenet eller kjøper helt nytt hus. Vi vet at det er viktig for deg at det er så enkelt som mulig å bruke banken din. Vi har selvsagt nettbank og mobilbank, slik at vi er tilgengelige for deg når du trenger det.

Men du kan også besøke oss ved et av våre 8 kontorer. Når det er viktig for deg å snakke med noen du stoler på, er det viktig for oss å være til stede der du er. Slik at når du har behov for det kan du komme innom og ta en hyggelig prat med en rådgiver som kjenner deg. Det er det vi mener med lokal, nær og personlig. Når du trenger oss, så er vi der. Like i nærheten.



1 • 2015

29


Tilboda for barn og unge i distriktet er eit stort pluss for småbarnsforeldre. På og rundt Skakkesenteret i Etne er det høg puls heile veka. TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Fotograf Nordtveit

4

Full rulle på Skakke — Medan me i Stavanger opplevde å hamna på venteliste for å få plass på turn og andre aktiviteter, får alle plass her i Etne. Kathrine Tungesvik Matre flytta til Etne frå Stavanger i 2012 set stor pris på det varierte fritidstilbodet for barn og unge i Etne. Det er torsdag ettermiddag og på Skakkesenteret i Etne og stille for stormen. Eller rettare sagt stille mellom stormane. Prosjektleiar på huset, Yvonne Sandgren kan melda om vellukka arrangement på Skakkesenteret, med over 300 tilsette i Vindafjord kommune som har delteke på verdighetsseminar. Der var mellom anna regissør Margareth Olin ein av føredragshaldarane. Nå er det vaktskifte. Biblioteket stenger dørene for dagen og Mette Lise Hansen, som har resepsjonsvakt ettermiddag og kveld fire av fem kveldar i veka er komen på plass. Ho har vore med på ei stor omlegging og store endringar dei åtte åra ho har vore tilsett på huset. — Frå eit lite lokalt kulturhus er me etter nyopninga i 2013 blitt eit stort ope samlingspunkt for heile distriktet, fortel ho engasjert. I tillegg til eit stort og variert program av organiserte aktivitetar på ettermiddagstid har me merka ei stor auke i besøkande på kino. Skakke er eit hus der det er plass for alle å vera, gamal som ung. Mette fortel om trimtilbod for eldre damer kvar måndag formiddag og seniorkino, når det er filmar som passar til det. Elles er det eit møtepunkt for folk som er ute på tur, og vil ta seg ein drøs. Det er aktivitet på huset heile dagen. På dagtid set elevane på Etne Vidaregåande skule sitt preg på huset samstundes som elevar frå barne- og ungdomsskulane nyttar jamleg det populære biblioteket. — Til å ha så mykje folk som er her jamt og trutt vil eg understreka at det mest ikkje er herverk å melda om, fortel Mette. Dette meiner ho har samanheng med at huset har betjent resepsjon frå morgon til kveld, til siste aktivitet på huset er over. I kulturskulen sine lokale i fyrste er det lys og frå utsida høyrer me fiolinmusikk som aukar i volum når me tek turen inn. Det er piano- og

30

1 • 2015

fiolinlærar Alexandar, som nyttar ei ledig stund til eigentrening. Like ved har Torbjørn Reiso nett starta ei ny speleøkt. Nå er det Jarle Silde Frønsdal som skal visa kva han har øvd på sidan sist. Ute på gangen møter me Erik Litlehamar (9år). Han er nett ferdig på gitarspeling og ventar på mor si som skal opp. — Mamma er litt sein, fortel Erik. Han har spelt bass sidan desember, men han går òg på fotball og skyting. Lyden av trommer stilnar av og ut av eit øvingslokale kjem Anders Sølvberg (8). Han er ein musikkglad gut og klarar ikkje la trommestikkene liggja heilt i ro etter trommetimen er over, då kan det vera godt med ein øvingsped, som mest er lydlaus. — Men det er jo kjekkare når det lagar lyd, smiler han lurt. Han og nokre medelevar i tredje klasse har planar om å starta band med instrumenta horn, tuba og barriton i tillegg til Anders på trommer. I tillegg til trommeøving to gonger og aspirantøving i musikkorpset er Anders òg med på fotball og trampett. Me skimtar eit par strutteskjørt og ein spiderman i foajeen. Det nærmar seg oppstart av ulike aktivitetar i idrettshallen. I dag er det turngruppa sitt tilbod for 3-5 åringar, foreldre og barn som er på timeplanen frå klokka 17. Grete Maritsdatter Thorolvsen, har minstemann hengande på ryggen medan ho testar lyden på anlegget ho har i Skakkehallen. Ho har leia denne gruppa i eit par år nå. Rundt ho i hallen er det små gutar og jenter som klatrar, hoppar, stuper hovudkråke og ser ut til å storkosa seg med mor, far, tante bestemor som passar på. Like ved er handballgruppa med trettenåringar i full sving med si treningsøkt. Men dei minste let seg ikkje påverka av det. Musikken kjem på og så er det berre til å hiva seg utpå i oppvarmingsdansen for såvel liten som stor. I dag er det pappa Thomas Rullestad som er med dottera Inger. — Me plar å vera med annakvar gong, fortel han. Borna er jo heilt i fyr og flamme og Grethe får med både store og små. Me har ikkje noko valg, ler han. Me må vera med me òg.


OPPVEKST

2 1

3

4 Skakkesenteret i Etne rommar mange ulike aktivitetar. I gangen til Etne Kulturskule ventar 2. Erik Litlehamar og 1. Anders Sølvberg på å bli henta etter speleøving. 4. Fiolinlærar Alexandar øver mellom øktene med elevar og lærar Torbjørn Reiso har nett fått ein ny elev innom. 3. I Skakkehallen er det full rulle med det populære turntilbodet for dei minste, Foreldre og Barn. Pappa Thomas Rullestad er med dottera Inger. 5. Oppvarminga med Vazelina Bilopphøggers på full guff får opp tempoet blant store og små når Grete Maritsdatter Thorolvsen leier an Foreldre&Barn-turngruppa.



1 • 2015

31


Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

32

1 • 2015

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no


Me er ein ung kommune. Me er stolte av staden vår. Me er sentralt plassert. Me er handlekraftige. Me har levande bygder. Me er i stadig vekst!

Vindafjord kommune - vital og sentral!

Å jobba i kommunen er spennande og variert! Me er ein unik bedrift med stolte arbeidstakarar. Me har tett samhandling mellom tillitsvalde og arbeidsgjevar. Hos oss finn du mange gode ordningar når det gjeld mellom anna kompetanseheving, seniortiltak og arbeidstid. Det finst knapt ein meir spennande, variert eller mangfaldig bedrift. Me utfører (livs-)viktige oppgåver for våre kundar!

Vil du bli med på det unike oppdraget?



1 • 2015

33


Tar næringsstega til Ingebrigt Steen Jensen og Atle Berge skal sjå tilbake på nestestega sine frå ein lang karriere i kvar sine næringar. Før det skal dei stega opp til Olalihytta i front for Næringsgiv 2015. Tekst og foto: Kari Aakra/Medvind24

Saman med Anette Lauareid Hovda frå Småfolk Barnehage og Rune Skarstein i SR-Bank, skal Jensen og Berge fylla føredragslista under den første nærinslivskonferansen for Etne og Vindafjord. Under tema «Det neste steget» skal dei alle bidra med sine historiar der dei på kvar sin måte har turt å ta eit nytt stort steg for vidareutvikling av bedriftene sine. — For mange nyetablerte grundarar og føretak i oppstartfasen kan det vera ei kneik å ta det neste steget, om det så er å tilsetja ein ny medarbeidar, etablera seg utanfor heimkommunen eller å byggja nye lokale. Det kan vera eit vel så stort steg for mange mindre verksemder, som det er for dei større å gå internasjonalt. Mange sentrale nærins-

glivsaktørar har gjennom åra tatt steget, ikkje berre ut av regionen, men også ut av landet, og ut av kjerneverksemda si med utvikling av nye produkt. Me håpar at erfaringar på tvers av aktørane, kan bidra til ytterlegare giv for vidare utvikling, fortel Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling. Saman med Grannar, Medvind Næringshage står Fikse i bresjen for tidenes første næringskonferanse for Etne og Vindafjord. Og kor betre å møtast enn på midten. — For å unngå dei formelle rammene, og stivsnippa stemning tenkte me at Olalia Fjellstove kunne gi den avslappa og lune atmosfæren me ønskjer for å eit arrangement med stor taghøgde og litt feststemning, seier Moe.

Min jobb er å gi deg en god trykkeopplevelse Kristiansand Festningsgata 40 - 4614 Kristiansand Tlf: +47 38 00 30 50

Den gode trykkeopplevelsen

34

1 • 2015

Stavanger Kontorveien 12, 4033 Stavanger Tlf: +47 51 90 66 00 - Faks: + 47 51 90 66 35

www.kai-hansen.no


Neste steget for Fixprofil? Vi har nettopp investert i ny stor kopimaskin, neste steg blir nok ei god papirkuttemaskin. Da er vi godt rusta til produksjon av bl.a. hefter og visittkort. Ny storformat printer blir òg vurdert dette året. Vi har i dag mye produksjon av klistremerker og skilt i forskjellige størrelser.  Enkelte tider kjennes det som om vi kunne hatt en person til så det vurderes, men er ikke bestemt.

Atle Berge Generaldirektør i Ølen Betong, Murmansk

Renate S. Ramsvik Dagleg leiar Diamanten Frisør

Olalia

— Me starta med to tomme hender. Dei fleste pengane me har tent, har me brukt på utvikling, seier Berge. Med olje og gass-eventyret i Noreg har Ølen Betong fulgt utviklinga parallelt, fortell han. Oppdrag for utbygginga på Kårstø, Mongstad og Ekofiskveggen sette krav som selskapet har vakse med.  Steget til Murmansk er kun eitt av mange gjennom eit langt betongliv. Å våga å ta desse stega for å tilpassa seg markanden har også vore eit springande punkt i suksessen for Ølen Betong. — Nøkkelen til suksess er å kunna omstilla seg. Me har fulgt mange av dei største entreprenørane i landet og tilpassa oss nye tider. Det er viktig å vita kor ein trengst til ei kvar tid, og ikkje minst ha produkt, løysingar og tenester som marknaden har behov for.

Me vil heile tida utvikle oss. Me jobbar mot å bli ein litt meir “grønare” salong! Me skal alltid vite det siste av det nye. Me skal delta på NM og årets frisør for å heile tida vere på topp! Vi skal òg lære opp lærlingar til å bli dei beste!

Foto: Privat

Direkte frå Russland kjem generaldirektør i Ølen Betong Murmansk, Atle Berge, som ein av dei lokale «headlinarane». Gjennom 40 år har han bygd opp Ølen Betong til å bli ein av dei leiande betongleverandørane i landet. For åtte år sidan tok han eit av dei største stega i betongkarrieren, og etablerte avdeling i Murmansk. I juni 2014 kapra han den største enkeltståande kontrakten Ølen Betong nokon gong har hatt og skal nå levera 125 000 tonn betong til utbygginga av verdas antatt største gassfelt i Sibir. — Som utlending og utanforståande blir ein gjerne møtt med litt skepsis i Russland. Det er ein annleis marknad å forhalda seg til. Det har vore nybrottsarbeid som har krevd kapital, tålmod og stå-på-vilje, fortel Berge.  Atle Berge overlet leiaransvaret på slutten av 90-tallet, men framleis er betong-gründeren ein spydspiss i utviklina av selskapet han grunnla 40 år tilbake. 

Foto: Astrid E. Hjelmeland

 

Aud Signy Berge Dagleg leder Fixprofil

Ole Marthon Granberg CEO at Granberg AS and Owner Granberg AS

Hanskebedrifta Granberg AS tar no steget inn mot den internasjonale arena for å få seg nye kundar. Neste steg er å vise igjen på store, internasjonale fagmesser i nesten alle verdensdelar. Den fyrste store messa me skal vere med på blir INTERSCHUTZ i Hannover i juni, og deretter A+A i Dusseldorf seinare i år. Me får tak i store distributørar på denne måten, og aukar aktiviteten. Dette vil òg hjelpe oss på heimemarknaden som uansett framleis er den viktigaste for oss.» Foto: Astrid E. Hjelmeland

Som utlending og utanforståande blir ein gjerne møtt med litt skepsis i Russland. Det er ein annleis marknad å forhalda seg til.

Foto: Privat

Tempo har hatt ein runde til bedriftsleiarar i Etne og Vindafjord i samband med føreståande Næringskonferanse NæringsGIV med temaet Det neste steget. — Kva er det neste steget for di bedrift?

Erik Gravelsæter Daglig leder Etne Betong AS I 2013 valde me i Etne Betong AS å skilje ut bryggeproduksjonen i eit eige selskap, som i dag er Noregs største produsent av betongflytebrygger; Etnebrygga AS. I 2014 blei salsavdelinga for flytebrygger lagt ned og sal av flytebrygger går i dag kun via forhandlarar. Dette som følge av ein filosofi om at vi skal gjere det vi er gode på og bruke krefter på å bli betre på akkurat dette. Det skal vi halde fram med i 2015 òg.



1 • 2015

35


FIKSE

E T N E O G V I N D A FJ O R D NÆRINGSUTVIKLING

— av og for næringslivet Lorem ipsum ABC dolorStudio sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse adipiscing dui id lacus Etnemarknaden Rafdal Våpentristique Advokatfirmaet Responsa Fatland Ølen Rema 1000in semper imperdiet. Curabitur nec consequat felis. Duis vulputate mi et nulla egestas congue. Etiam Alfee Felleskjøpet Etne RK Eiendom metus. NullamArcus-Vita id justo in erat sodales interdum. Ut id eros sed lacus rhoncusSandvik tempor.Gard Eigedom Fikse Renhold Arne Markhus Transport Filter design & kommunikasjon Arriva Shipping Fiskå Mølle Etne Arrow Norway Fjoshall Baardsen Eurosko Frette-garden Berge Sag & Trelast Frisk Treningssenter Brødrene Flatebø Fugl Fønix Ateliér Cateringpartner Fugl Fønix Etne Lorem ipsumConnect dolor sitVest amet, consectetur adipiscing elit. Halvfjordingen Prix Etne Transport SuspendisseCoop adipiscing dui id lacus tristique Hansen imperdiet. Eliara Haugen Consulting Hato Holding Curabitur nec consequat mi et nulla Eljaravik Gardfelis. Duis vulputate Hatteland Computer Erik Grindheim Hatteland Display egestas congue. Etiam in semper metus. Nullam id justo in Ernst S Grindheim Entr. House of Blues erat sodalesEtne interdum. 8 Eiendom Hundhammer Transport Etne Apotek Johansen Rør • Ut id eros sed lacus rhoncus tempor. Etne Auto Johs Lundal & Sønner • Ut sagittis aEtne erat Betong et malesuada. Knudsen Trevare Etne Bondelag Bensin • Etiam gravida augue a risus venenatis, vitaeKrambua hendrerit Etne Camping Kyrping Camping augueEtne adipiscing. Containerservice LA Løvereide Etne El-lag Lars Olav Bergsvåg • Vestibulum eget dignissim dui. Etne Elektrosenter LJTR Eigedom • Quisque lacus tortor, dictum ut egestas vel, euismod Etne Forbruksforening Marine HarvestutNorway Etne Frisør MCE quam. Sed lobortis nulla massa, quis dapibus leo Etne Hagesenter Montér Etne vestibulum eu.Kulturhus Etne Medvind Næringshage Etne Moteklær Byoung Nortura Etne Sand & Pukk Oddvar Flatebø Maskin Sed quis massa justo. Integer luctus, nequeOland vitaeKvalitetsstyring vulputate Etne Senter Etne Sentrumsforening Old River Saloon scelerisque, sem dolor faucibus turpis, sit amet pellentesque Etne Servicesenter Omega nisl mauris non neque. Etne Vikar og Hjelpetjenster Promineo

Skakke Foredling Skånevik Fjordhotell Skånevik Naturoppleving Skåneviknett Skånevikstrand Maskinstasjon SMV Småfolk Barnehage Lorem dolor sit Stretchipsum Leadership Strømø & Interiør amet,Møbel consectetur Tungesvik Bygg adipiscing elit. Tveit Regnskap Vakt & Alarm Varden Prosjekt Suspendisse adipiscing dui VBS Consult Vee Byggtristique & Anleggimperdiet. id lacus Vinnarskalle Vitalsenteret Curabitur nec consequat Westcon Power & Automation Westcon Yards felis. Willi & Vera Ølen Betong Asvo mi et nulla DuisØyane vulputate Åkrafjorden Oppleving egestas congue. Etiam in Åkrafjordtunet Åsbø Sanddrift semper metus. Nullam id Etne Sparebank justo in erat sodales Haugesund Sparebank SR-Bank Ølen interdum.

TITTEL ANNONSE

/ F i/kEtneVindafjord s e E t n e V i n d a fj o r d

Mange er med og plass til fleire.

Profile for Omega Design

Tempo 2015 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vind...

Tempo 2015 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vind...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded