__MAIN_TEXT__

Page 1


INNHALD 6

26

41

M

Eplemost frå Grønvik

12

18

Årets lokalavis

Sandjubilant

32

Med syrleg helsing

Glaskunstnaren

48

Knekkebrødsuksess

Magasinet Mitt Ryfylke blir gitt ut i samarbeid mellom Filter design & kommunikasjon og Ryfylkealliansen. Postadresse: Sandsvegen 134, 4230 SAND Tips oss: tips@mittryfylke.no Framsidefoto: Fotograf Nordtveit Opplag: 13 000 Distribuert: Ryfylkekommunane, Nord Jæren og indre Haugalandet. Trykk: Kai Hansen Trykkeri

REDAKTØR (i permisjon) Judith Sørhus Litlehamar judith@filterdk.no

ANNONSER Jan Morten Rydningen

479 60 450

jmr@mittryfylke.no

FUNGERANDE REDAKTØR / DESIGN Astrid Eidhammer Hjelmeland astrid@filterdk.no

JOURNALIST Heidi Hjorteland Wigestrand hhjorteland@gmail. com

ANNONSER Leif Kleppa

466 33 036

kleppa@mittryfylke.no

Internatliv

38

FOTOGRAF Jan Nordtveit jan@fotografnordtveit. com

Matglede på Lilland

DESIGN Terje Hodne terje@filterdk.no

DESIGN Per Kristian Grindheim per.kristian@ filterdk.no


STARTEN PÅ NOE NYTT 2 Solgt Planlagt oppstart Resahagen Boligtype N Flotte leiligheter på 69 kvm, med utsikt!

FRA 2 155 000,Klar for maler og gulvleggerarbeid!

Mye innhold, som 2 soverom, stor stue og kjøkkenløsning, vannbåren varme i gulv, Norema kjøkken, fliser. Pris fra 2 155 000,-

BYGGINGEN ER STARTET! 10% ved kontrakt 90% ved levering

Gullbekkstraen Leiligheter KS2 Ledige nøkkelferdige leiligheter i Gullbekkstraen! Flotte leiligheter med sjeldent god utsikt og gode solforhold! 10 av 15 solgt! Pris fra 3 650 000,-

For mer informasjon se våre nettsider, eller kontakt: Marianne Torbjørnsen, Aktiv Ryfylke, Tlf: 5174 5500

www.ryftre.no


Sjekk oss opp Ein film og ein buss skal gje folk lysten på Ryfylke. Nei, me blir ikkje midtpunkt i verda av desse verkemidla åleine. Men, du så det hjelper.

og 18 sekund av di verdifulle tid, og sjå kor lite høgtidleg me tar oss sjølve. Spelar du songen to gonger, kan du forresten risikera å få refrenget på hjernen. Så nå er du åtvara.

Onsdag 12. november la me stolt hovuda på blokka. Nå inviterer me både dei i og ikkje minst utanfor Ryfylke inn i vår verd, det vil seia inn på nettet og inn i bussen. For 12. november var dagen då «Ryfylkebussen» og musikkvideoen «Mitt Ryfylke» blei lansert. 100 feststemde kvardagsmenneske frå Ryfylke fekk med seg verdspremieren under storsamlinga «Arena Ryfylke» på Tau.

Songen og filmen skal rulla og gå framover. Det skal så visst «Ryfylkebussen» også. Jepp, Ry fylke på hjul. Ein raudfarga buss, dandert med slagord, ryfylkelogo, kart og tøft design. Men ikkje jålete og abstrakt. Det passar oss dårleg. Saman med Suldal Billag har Ryfylkealliansen sett behovet for eit klart, konkret og utadvent verkemiddel for Ryfylke.

Fleire aktørar i Ryfylkealliansen har fleska til: Me har laga vår eigen musikkvideo med solid glimt i ryfylkeauga. Songen «Mitt Ryfylke», laga av kollega Tolli Frestad, er ein inviterande, sjølvironisk hyllest til Ryfylke. Når du les dette avsnittet, har eit eller anna menneske forvilla seg bevisst eller ubevisst inn på ei nettside og funne «Mitt Ryfylke». Vonaleg sit vedkomande og smiler, ler litt, får ei godkjensle og deler deretter filmen vidare på ein link i ein e-post, med ein «likar» på andletsboka eller ein godkommentar i lunsjpausen. Ufatteleg mange jobbar med omdømme- og merkevarebygging. Mange brukar masse tid på rapportar om suksesskriterier, strategi, målgrupper og handlingsplan. Ryfylkepatriot Vel og Prosjektleiar Ryfylkealliansen bra. Men, du kjem ganske langt med entusiasme også. «Mitt Ryfylke» syner livsglede og skaparvilje i indre og ytre bygder i Ryfylke, blant skuleungdom, bedrifter, vektselskap og det offentlege. Har du ikkje sett eller høyrt oss, så kom deg inn på internettet. Bruk 3 minutt

TOR ØYVIND SKEISEID

Vonaleg sit vedkomande og smiler, ler litt, får ei godkjensle og deler deretter filmen vidare på ein link i ein e-post, med ein «likar» på andletsboka eller ein godkommentar i lunsjpausen.

«Ryfylkebussen» er transportmiddelet som kjem på festivalar og arrangement i Ryfylke. Men, som også er på andre, viktige hendingar utanfor Ryfylke. Bussen skal rulla som vår beste jordnære reklameplakat. «Ryfylkebussen» er bussen bedrifter, lag, foreiningar og kommunar i Ryfylke leiger når dei har kundar på tur, skal på turneringar, ekskursjonar og utfluktar.

Nå vonar me «Mitt Ryfylke»-filmen og «Ryfylkebussen» gjer ryfylkingen stolt og andre nysgjerrige. Ja, nysgjerrige på kva Ryfylke er og kan by på. Velkomen om bord, velkomen på nettet, velkomen til Ryfylke! Mangfaldig og ekte. Vil du sjå filmen og bussen nå? www.ryfylke.no er eit gripande, godt tips.

FULLDISTRIBUSJON I RYFYLKE GODT SYNLEG PÅ HAUGALANDET OG OGSÅ PÅ NORD JÆREN FOR ANNONSER SEI HEI TIL JAN MORTEN - 479 60 450 ELLER LEIF BIRGER - 466 33 036

4

NR. 3 – 2014


BeTre å eiga enn å leiga!

EIDE, SAND – AREAL: 67m2 (BRA)

Frå

1.450 000

Prisgunstige leilegheiter på Haugenfeltet, Sand. Gode solforhold og flott utsikt. Perfekt for førstegangsetablerer, par og enslige. Ta kontakt for meir informasjon. Tlf: 52 79 06 30 KV-BYGG SULDAL Sandsvegen 134 - 4230 Sand firmapost@kv-bygg.no

kv-bygg.no


Ta eit eple og drikk det Elisabeth og mannen Arvid Grønvik har i haust pressa pressar tonnevis av eple på flasker og i plastbagar. 35000 liter eplemost har forlate fruktgarden i Grønvik på Fister. Eplepressa går seint og tidleg frå september og ut oktober. Mitt Ryfylke vitjar garden ein solblank septemberdag, men folket på garden har ikkje tid til å slikka sol. Ein kasse med 250 kilo eple blir forsiktig ført opp i eit vasskar. Arvid fjernar eple med flekkar, deretter blir resten av epla vaska forsiktig i reint vatn, som deretter fører frukta opp til ei rasp som mosar fruktkjøtet, som like etter blir pressa for saft. Veska sildrar rikeleg ned i eit kar under pressemaskina. Heile 70 prosent væske må kvart eple gi frå seg før Elisabeth og Arvid er ferdige med det. DET TØRRE SOM BLIR ATT går ned i ein eigen kasse. Til denne tid har dei ikkje nytta eplerestane, men reknar med at dei vil kunna nyttast både som fôr og gjødsel. Det angar friskt og syrleg i pressehuset. Elisabeth løfter ein slange opp frå golvet og fyller to koppar med ferskpressa most, det smakar perlande friskt mot tunga. Ein kilo eple går det for å fylla ei 0,7 liters flaske med most. Den nypressa mosten kan lagrast på to store tankar som kvar rommar godt over 500 liter. I tre dagar kan mosten lagrast før pasteurisering. Står han lenger,

6

NR. 3 – 2014

vil gjæringsprosessen starta og drikken få usmak. Elisabeth og Arvid likar å ta heile prosessen i ein runde, dermed går den nypressa mosten rett til pasteuriseringsanlegget som varmar eplesafta opp til 80 grader. Dette tek berre nokre få minutt, deretter er drikka klar til å tappast, anten i flasker eller bagar som blir lagt inn i pappkartongar. — DET ER EIT PUTTEL med flaskene, seier Elisabeth, som gjeter tappemaskina. Seks flasker i slengen kan fyllast på likt, deretter blir korkane drilla på. Heile 20 000 flasker handterer dei per sesong. Ho reknar med at dei må investera i noko meir lettvint flaskeutstyr på sikt, tre liters baggane er mykje enklare å jobba med, fortel ho. Men så er det det med flasker då, dei gjer seg jo veldig godt på festdekka bord. I fjor blei eplemosten frå Grønvik Gard kåra til Norges beste. Det finst rundt 75 konkurrentar rundt om i landet, dei fleste held til i Telemark og Hordaland. I Rogaland er Grønvik Gard blant dei største produsentane. I år var produktet deira nominert til Årets Måltid i januar 2015, men nådde ikkje heilt opp. DET GÅR SIKKERT FLEIRE TOG, konstaterer Elisabeth. Delar av eplemosten er økologisk, den kjem frå epla på eigen gard. Resten kjøper dei frå andre gardar, som ikkje driv økologisk. I dag leverer fruktgarden deira rundt 25 tonn eple og plommer. Målet er å dobla avlinga innan få år, ei storstilt nyplanting er på gong. På sikt vil garden ha 7-8000 tre. Etter hausting og pressing, er det tid for sal og promotering av produktet. Elisabeth og Arvid har mellom anna avtale med Coop. — Men det er jo slik at sjølv om Coop har sagt ja til å selja eplemosten vår,


Eplemost frå garden blir skjenkt i til gjestene frå Mitt Ryfylke. Par i Edens hage. Elisabeth og Arvid Grønvik har helst stått i eplepressa denne solrike hausten. Haustinga tek andre seg av.

er det me som må få kundane til å velja nett vårt produkt. Difor går det mykje tid før jul å sitja i butikkar og dela ut smaksprøvar, fortel Elisabeth. I februar er det tid for kvile. Då set Elisabeth seg med beina høgt og berre slappar av. Det er Elisabeth som har hovudansvar for fruktdyrking og eplemost, for Arvid jobbar i Nordsjøen. I sesongen har paret også god hjelp i fire polakkar som har vore tilknytte garden i ei årrekkje. Elisabeth og Arvid blandar aldri ulike eplesortar i mosten, alt blir laga av ein sort eple. Dei brukar sju eplesortar til mosten, både farge og smak vil difor variera ein del. Elisabeth trekkjer fram mosten frå Karin Schneider-epla, den får ein flott raudfarge, og er difor lageleg å selja oppunder jul, fortel ho. HO TYKKJER IKKJE DET ER noko ulempe om det dukkar opp fleire på eplemostmarknaden. — Får folk fleire produsentar å velje mellom, vil dei også drikka meir eplemost. Me kan ikkje konkurrera på pris med brus, juice og iste, men eg vonar at fleire får auga opp for kor sunt eplemost er. I Noreg i dag har ein råd til å eta og drikka sunt. Og det kostar å laga eit kvalitetsprodukt. Hugs at me har hand om eplet frå den spede start. Når det er passeleg moge, haustar me det. Det skjer som om me plukka egg frå trea, deretter syter me for førsteklasses drikke av eplet, forklarer Elisabeth. Ennå er eplemost mest brukt til fest, men Elisabeth skulle ønska at folk tok med seg ei flaske eplemost, heller enn ein firpakning Cola, som dei truleg drikk opp like fort. — Du burde kanskje alliert deg med avhaldsrørsla. Dei bør vel omfamna eplemost på fine flasker? — Ja, det var kanskje ikkje så dumt. NR. 3 – 2014

7


1

2

8

NR. 3 – 2014

3


4

5

OG HO HAR HELLER INGEN planar om å tilføra eplesafta alkohol. Tanken på å laga til dømes cider eller Calvados har streifa henne, men kostnadane er så høge, at ho har slått det frå seg. Sjølv drikk ho nesten aldri brus lenger, men må leande vedgå at ho ikkje kan leggja ned totalforbod i familien. Grønvik Gard er ennå i startfasen, fortel Elisabeth og Arvid. Dei rosar Innovasjon Norge for god støtte i byrjinga. Nye investeringar i utstyr må til for å gjera produksjonen endå meir effektiv, alt nå tenar dei såpass med pengar, at lysta til å satsa vidare er stor.

Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit

1. Arvid Grønvik får epla ned i pressa og sorterer ut frukt som ikkje kan brukast. 2000 liter til dagen blir pressa her. Til det går det med 500 kilo eple i timen. 2. Elisabeth styrer tappinga av eplemosten. 3. Arvid trør til med drillen når korkane skal på. 4. Arvid styrer eplepressa. Elisabeth står for tappinga. 5. Elisabeth Grønvik er sin eigen herre og unner seg alltid ein times lunsjpause.

NR. 3 – 2014

9


markedsbedrift som dekker kommunene Strand sert på Jørpeland, og har i dag 60 ansatte. ng og arbeid med bistand. Vår visjon er at alle

Egenproduksjon:

 Miljøstasjoner Ryfylke AS er en moderne arbeidsmarkedsbedrift Avanti Spesialemballasje som dekker kommunene Strand Hjelmeland og Forsand.  Jobbfrukt Bedrift en er lokalisert på Jørpeland, og har i dag 60  Hagebenker ansatt e. Vi ti lbyr tilrettelagt arbeid, arbeidsutprøving og  Innredninger arbeid med bistand. Vår visjon er at alle vi gir arbeidstilbud skal opp og fram.

Våre delproduksjoner:

• Elektronikkabler • Brevpakking • Makulering • Møbeldeler allgeir Hinna med ditt behov avanti-ryfylke.no • Pakkearbeid

Egenproduksjon: • Miljøstasjoner

anti-ryfylke.no • Spesialemballasje • Jobbfrukt • Hagebenker • Innredninger

Kontakt Hallgeir Hinna med ditt behov. Epost: hallgeir@avanti-ryfylke.no Tlf 51749810

www.avanti-ryfylke.no

Byggevarer Tomter Hus Hytter Prosjekter Rehabilitering Tilbygg www.ryftre.no Tlf: 51 74 11 00


Du finner oss nå i Skallstøperiet, ved siden av Lensmannen og vareutleveringen til Expert. Vi kaller det selv på «solsiden av Skallstøperiet». Fra oppstarten i 2007, med 3 ansatte, er vi nå 11 ansatte som tilbyr elektro tjenester. La ikke navnet Vest Elektro & Automasjon skremme, vi er en lokal bedrift på Jørpeland med arbeidsområde i Forsand, Strand og Hjelmeland.

VI HAR SKALLSTØPERIET Vi har FLYTTET flyttetTIL til nye lokaler En stor del av arbeidet utføres mot boligmarkedet. Vi utfører elektro installasjon i nye boliger, service og renovering av eldre installasjoner i tillegg til våre faste industrikunder.

I 2. etasje i våre lokaler holder Mesterlys Jørpeland til, som er en Landsomfattende belysningskjede som har fokus på kvalitet. Hver Mesterlys butikk har lysrådgivere som kan gi deg hjelp til riktig belysning i din bolig.

ttet til nye lokaler

Du finner oss mellom lensmannskontoret og

Siden oppstarten har vi solgt Toshiba Varmepumper, Det er en produsent som vi gjennom disse årene har vareutleveringen til Expert. Vi kaller det selv på gode erfaringer med og som leverer testvinnere og topp 5 produkter år etter år. Du finner oss nå i Skallstøperiet, ved siden av Lensmannen og vareutleveringen til Expert. Vi kaller det selv «solsiden av Skallstøperiet». på «solsiden av Skallstøperiet».

Vest Elektro & Automasjon er en lokal bedrift med

Du finner oss nå i Skallstøperiet, ved siden av Lensmannen og vareutleveringen til Expert. kaller det selvi 2007, med 3 ansatte, er vi nå 11 ansatte som tilbyr elektro tjenester. La ikke navnet FraVioppstarten på «solsiden av Skallstøperiet».

Vest Elektro & Automasjon skremme, vi er en lokal bedrift på Jørpeland med arbeidsområde i Forsand, Fra oppstarten i 2007, med 3 ansatte, er vi nå 11 ansatte som tilbyr elektro tjenester. LaStrand ikke navnet og Hjelmeland.arbeidsområde i Forsand, Strand og Hjelmeland. Vest Elektro & Automasjon skremme, vi er en lokal bedrift på Jørpeland med arbeidsområde i Forsand, Strand og Hjelmeland. En stor del av arbeidet utføres mot boligmarkedet. Vi utfører elektro installasjon i nye boliger, service

÷ 4000,-

Vi er 11 ansatte som utfører elektroinstallasjon til boliger og industri, og har mange års erfaring I 2. etasje i våre lokalermed holder å Mesterlys Jørpeland til, som er en Landsomfattende belysningskjede som har levere smarthus-installasjoner. I 2. etasje i våre lokaler holder Mesterlys Jørpeland til, som er en Landsomfattende belysningskjede som har og renovering En stor del av arbeidet utføres mot boligmarkedet. Vi utfører elektro installasjon i nye boliger, service av eldre installasjoner i tillegg til våre faste industrikunder. og renovering av eldre installasjoner i tillegg til våre faste industrikunder.

på toppmodellene Med smarthus-systemtil får du en moderne

fokus påi din kvalitet. fokus på kvalitet. Hver Mesterlys butikk har lysrådgivere som kan gi deg hjelp til riktig belysning bolig. Hver Mesterlys butikk har lysrådgivere som kan gi deg hjelp til riktig belysning i din bolig. Siden oppstarten har vi solgt Toshiba Varmepumper, Det er en produsent som vi gjennom disse årene har har vi solgt Toshiba Varmepumper, Det er en produsent som vi gjennom disse årene har Siden oppstarten gode erfaringer med og som leverer testvinnere og topp 5 produkter år etter år. gode erfaringer med og som leverer testvinnere og topp 5 produkter år etter år.

elektroinstallasjon som følger dagens raske teknologiske utføring.

÷÷3000,4000,-

÷ 4000,-

på toppmodellene til

på Toshiba Daiseikai Polar 25 i desember (19.990)

Nyeste teknologi fra og Carlo Gavazzi gjør det mulig å ha alle funksjonene tilgjengelig samme hvor du er i verden med en Smarttelefon, nettbrett eller PC.

på toppmodellene til

Siden oppstarten har vi solgt Toshiba varmepumper. Det er en produsent som leverer testvinnere og topp 5 produkter år etter år.

I 2. etasje i våre lokaler holder Mesterlys Jørpeland til, som er en landsomfattende belysningskjede med fokus på kvalitet. Hver Mesterlys butikk har lysrådgivere som kan gi deg hjelp til riktig belysning i din bolig.

åpningstilbud

÷20%

÷20% ÷10% ÷20%

JULETILBUD HOS MESTERLYS Uke 48-49

åpningstilbud

tilbudene gjelder 2.-4. oktober.

gjelder 2.-4. oktober. Skallstøperiet • Tlf 51 74 63 00 tilbudene • www.vea-as.no • Facebook: Vest Elektro & Automasjon og Mesterlys Jørpeland


SULDALSPOSTENS SULDALSPOSTEN: Opplag: 2337 Suldal kommune finansierer abonnement til studentar, lærlingar og vernepliktige. Suldalsposten kjem i 96 utgåver per år, blant desse fleire tema-nummer. Avisa kjem ut to gonger i veka, onsdag og fredag. Tal på tilsette: 7 Avisa har i tillegg 7 bygdemeldarar. Ingen fellingar i PFU. Prisar: Årets Lokalavis i 1998 og 2013.

12

NR. 3 – 2014

I handlingsplanen til Suldalsposten var nemleg eitt av måla å bli Årets Lokalavis 2013. Så skjedde. — Målet for 2014 er naturlegvis å vinna prisen på nytt, seier redaktør og dagleg leiar Astrid Espeland. Når me har planlagt noko, står det jo berre att å gjere det, seier ho og smiler lurt. Redaktøren står ved hybelkomfyren og lagar eggerøre til kvinnskapet som sit i stille deadline-konsentrasjon, berre timar før onsdagsavisa skal sendast til trykking. I SULDALSPOSTEN lever dei etter mange viktige språkreglar. Elles er reglane desse: Egg til lunsj og Folk vil lesa om folk. Difor skal avisa leva tett på, vera skarp, men ikkje sur. Meir som ein god sitrondrops, ifølge Esther, smakssterk og definert.

— Me lærer ikkje av skrøyt, berre av konstruktiv kritikk. Det hender folk kjem innom og er forbanna. Men det er viktig at me gjer jobben sjølv om folk blir provoserte, påpeikar redaktør Espeland. Suldalsposten held til i andre høgda på det som ennå blir omtala som «Jernvarebygget» i Sand sentrum. Her kan dei tilsette nokre månadar til følgja med på kven som kjem og reiser med ferja, og sjå kva dagar det er folk på Suldal lensmannskontor på andre sida av gata. Avisa er limet i Suldal, ho er å finna i nesten alle hus. — Me plar seia, rett opp ei hand de som ikkje abonnerer, fortel Astrid Espeland. NETTAVISA ER IKKJE prioritert. Seinkar ein lista for å publisera på nett, aukar folk sine forventningar.

— Me er heller ikkje mange nok tilsette til å kunna drifta ei nettavis systematisk, forklarar Esther Moe. I Suldalsposten arbeider det berre kvinner. Astrid Espeland meiner ikkje det er noko ulempe, sjølv om det er tilfeldig at avisa er einkjønna. Ho påpeiker at ein har hatt menn innom tidlegare. Men tru ikkje at ting blir sårt og sart fordi om dei berre er hokjønn på jobb. Her blir det lufta ut regelmessig. — Fleire definerer oss dessutan halvvegs som menn, seier Astrid og ler høgt. Suldalsposten gir ut avis to gonger i veka, onsdag og fredag. Magasinet «Mitt Ryfylke» vitja avisa ein deadline-dag. AVISA HELD HUS i trivelege og lyse lokale. Astrid Espeland sit i


INDRE LIV — Me lærer ikkje av skrøyt, berre av konstruktiv kritikk. Det hender folk kjem innom og er forbanna.  Redaktør Astrid Espeland

skranken og tek telefonen. I tillegg er ho for tida travelt oppteken med rekneskap og føreburingar til styremøte. Og så tek ho passbilete. Ei krukke buttons og eit fat ballongar står sentralt plassert. Reklamemateriellet proklamerer naturlegvis sigeren i NM for lokalaviser, men ingen feirar lenger. Nå er det nye mål som gjeld. Journalistane, annonseseljaren og dei to deskmedarbeidarane Siri Førland og Astrid Guggedal sit alle inne på kontora sine og jobbar. Glasdørene inn til arbeidsromma glir opp og igjen, alt etter som dei tilsette treng arbeidsro. Stundom flyg ei slåse eller ein lått gjennom lufta, men det er mest lyden av arbeid, telefonsnakk og konsentrert tastatur-knastring. Dette er hjernekraft i sving, drive av vatn, kaffi og ein neve non-

I Suldalsposten er hårete mål til for å nås. Språket er til for å brukast. Møt gjengen bak Årets Lokalavis 2013.

stop, sopt opp frå det hjarteforma fatet i fellesarealet. ME SNIK OSS INN til Marta Brit Lunde. Ho har hatt helgevakt og sit no og skriv ut på saker som har hopa seg opp på blokka gjennom helga. Ho viser oss ein konvolutt med nokre hastig nedskribla kråketær, etter litt dekoding skal dette bli tysdagens «På tråden»-spalte. På veggane heng ark med språkreglar. Språket er adelsmerket her i huset og ein viktig grunn til at Suldalsposten blei Årets Lokalavis. Gjengen har gitt nyhendespråket saft og kraft, og skriv featureartiklar med litterære kvalitetar. Folk i Suldal skal få vita det dei vil vita, bør vita og ikkje veit, i eit språk som både skin og lyser opp.

Skrivefeil er ikkje ein del av eit slikt prosjekt. Kvar avisside blir difor prenta ut og korrekturlese av to personar. KLOKKA ER 08.40. Det er tid for morgonmøte. Gjengen samlar seg rundt møtebordet. Redaksjonsleiar Esther Moe deler ut eit sideoppsett. — 16 sider i morgon, mine venner. To sider annonser. Astrid Espeland kjem inn med kaffi og går ut att. — Korleis er nest siste, spør Esther. — Tre gratla og eit bryllaupsbilete, svarar Astrid Guggedal. DERETTER GÅR GJENGEN gjennom tilgjengelig stoff, både eigenproduserte artiklar og innsendt materiale. Det meste skal

NR. 3 – 2014

13


Gjengen i Suldalsposten veit å kosa seg rundt lunsjbordet. Frå venstre: Toyni Tobekk, Esther Moe, Astrid Espeland, Nora Bogetvedt Jenssen, Siri Førland og Astrid Guggedal.

brukast i tysdagsavisa, men noko vil Esther spare til fredagsavisa, fordi stoffet krev meir plass, og fordi ho likar å ha noko i bakhand. Spaltemeter og plassering blir fordelt, alt etter kor viktig sakene er og kor gode bilda er. Putt det i loftet, i kjellaren, i teaseren, eller på side 5,6 eller 8, er omkvedet. Med kontant, men humørfylt mynde og mine leier Esther møtet. Av og til slår ho pennen i arket for å streka under det ho seier, og gløtter lurent over kanten på brillene. Insta- bileta får stå til fredag, avgjer ho. Kyrkjekaffisaka frå Jøsenfjorden bedehuskapell vil ho ha på sistesida. — For våre abonnentar som framleis måtte famla i mørket, seier ho og slenger ut ein lått. — Har me ein «På Tråden», forresten? — Eg har, svarar Marta – Brit. ASTRID ESPELAND KJEM inn og spør om det går an å få inn ei ekstra annonse. — Hvis det er heilside så, repliserer Astrid Guggedal kjapt. Lått rundt bordet. — Me får til det, seier annonseseljar Nora og går for å snakka med kunden. Esther er klar til å oppsummera framsida etter sjekkpunkta.

14

NR. 3 – 2014

Redaktør og dagleg leiar Astrid Espeland står i skranken i Suldalsposten.

— Me har med kvinner, halvøya, politikarar, Erfjord, turar og fuglar. — Kor er kjendisen, spør ei av dei andre. Esther flirer og fortel om kva ho har tenkt å ta for seg i leiarartikkelen; Delegasjonen av fylkespolitikarane som tykte det var så ovlag vakkert i «Sylldal». — Men kva viss ingen lenger kan bu her, då blir det ikkje fint her. Då kan dei sitja i «Klobbgata» og drikka chai-en sin, seier Esther. — Kan me putla med fredagsavisa inn i mellom, spør Astrid Guggedal. — Ingen problem, kvitterer Esther. JOURNALISTANE FORTEL kva dei har føre seg for dagen. Toyni Tobekk skal til Suldal Vekst på ein jobb. — Du sjekkar Suldal Hotell også, ikkje sant? Så har me den til fredag, spør Esther. — Ja. Kan eg ta bilen? — Kjør på, svarar Astrid Espeland. Esther Moe fortel at ho likar å ha orden i syskrinet. Som redaksjonsleiar er det hennar oppgåve å setja avisa. Dersom me har planlagt godt, er det lettare å kasta seg rundt, dersom det skulle skje noko dramatisk tett oppunder deadline, fortel ho.

SJØLV OM HO ER LITT sjef, trur ho at ho skriv like mykje som dei andre journalistane. Ho er glad for å ha ein sjølvgåande stab som tek ansvar og ser kva som trengst. Suldalsposten er ei av få aviser i Norge med signerte leiarartiklar. Esther forklarer: — Pressa er dei første til å krevja namn og nummer av andre, då meiner eg det er rett og rimeleg at avisa opptrer med namn når ein meiner noko. Det nærmar seg lunsj. Redaktøren har dekka på bordet og ropar at maten er klar. Ho har laga mat i ei æve. Lurer på kva me får, seier Siri Førland. Ho og Astrid Guggedal er nestorane i avisa. Siri begynte i 1988, Astrid i 1990. — Lunsjane våre er som ein halvslarven konfirmasjon, påpeiker Esther. Ved å leggja 240 kroner i ein pott kvar månad får dei tilsette fersk lunsj kvar dag. Tillaginga går på omgang. Fredag bestiller dei noko ekstra godt frå kafé. Då startar også ein del av damene dagen med ein forfriskande dukkert. MAT ER VIKTIG i avishuset. Men dei et på langt nær så mykje kaker som før, fortel Astrid Espeland. Folk er opptekne av å trena


Feiringa etter å ha blitt kåra til Årets Lokalavis har for lengst lagt seg. Det er hardt arbeid som gjeld fram til neste pris. f.v: Siri Førland, Astrid GUGGEDAL og Esther Moe.

og leva sunt. — Men me snakkar mykje om mat og har ein eigne perm der me samlar gode oppskrifter, fortel ho. Dei tilsette får også lov å trena på helsestudio siste timen torsdagar. Astrid Espeland er ikkje i tvil om at det lønnar seg for bedrifta. For tida er sjukefråværet nede i 1,6 prosent. Etter laks og eggerøre er det på’ an igjen. Finpussa artiklar, velja bilete, laga sider, skriva ut sider, finlesa og godkjenna. Mellom klokka 15 og 15.30 blir avissidene sende til trykkeriet. Skjer det noko etter den tid, har det ikkje skjedd i papirutgåva av Suldalsposten onsdag 17. september, i alle fall. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit

Notater skal bli til ein artikkel signert Esther Moe.

— Pressa er dei første til å krevja namn og nummer av andre, då meiner eg det er rett og rimeleg at avisa opptrer med namn når ein meiner noko. 

Esther Moe

NR. 3 – 2014

15


Treng du det nye ruteheftet? Me sparer miljøet og trykker færre papirrutehefte. Treng du papirutgåva av bussruteheftet som gjeld frå 1. januar 2015, kan du komme innom eit kundesenter eller bestille det gratis på vår nettside eller tlf. 177. Ruteheftet blir som vanleg postdistribuert til fastbuande, og hugs at du alltid finn oppdaterte rutetider her: www.kolumbus.no Telefon 177 Kolumbus Reiseplanleggar twitter.com/kolumbus_no Kolumbus Sanntid (app) facebook.com/kolumbus.no www.kolumbus.no facebook.com/kolumbus.no twitter.com/kolumbus_no


Hjelmeland Sparebank

Me er ein sjølvstendig og solid sparebank i og for Ryfylke, med hovudkontor i Hjelmeland. Banken, som har ein forvaltningskapital på ca. 2,5 milliardar kroner, tilbyr alle finansielle tenester for privatpersonar og næringsliv. Banken sysselset 21 personar.

Vår kunnskap – dine muligheter. TF regnskap as er en kompetansebedrift innen regnskap og økonomisk rådgivning. Vårt fokus er kvalitet og fornøyde kunder. Vi tilbyr de rette løsningene for hver enkelt kunde. Ta gjerne kontakt for å finne en løsning med riktig arbeidsfordeling mellom deg som kunde og oss som regnskapsfører. TF Gården, 4120 Tau Tlf. 5174 4880 post@tf-regnskap.no www.tf-regnskap.no

Kontaktinformasjon Telefon: 51 75 44 00 E-post: post@hjelmeland-sparebank.no www.hjelmeland-sparebank.no


Smashing liv

Dersom du lurer på kvifor sjokoladehyllene i butikkane på Sand er ganske tomme når det er supersal på sjokolade, kan du rekna med at det er elevane ved Topp Volley Norge som har vore på raid.

D

ei veltrente elevane er nemleg søtmonsar av rang. Dei berre elskar snop, og i haust før dei skulle ha kosthaldskurs, passa dei på å få i seg så mykje som råd. Det dei ikkje kjøper sjølv, stel dei. — Folk stel som ramnar her på internatet. Det nytter ikkje å skriva namn på snopet, eller gøyma det. Det forsvinn uansett, fortel Anna Elisabeth Frøiland (16) frå Sandens og himlar med auga. Me får sjølvopplevde soger om både listig stole yoghurtar og istjuvar med elendige pokerfjes. ANNA ELISABETH HAR TYDELIGVIS også sjølv ein velutvikla sjokoladeradar, for ho har ikkje vore lenge på rommet til ein gangkompis, før ho bøyer seg ned og jublande konstaterer at under senga, der ligg det ein sjokolade. Lynraskt og smidig bøyer ho seg ned og nappar med seg godbiten, og held han triumferande over hovudet.

18

NR. 3 – 2014

Og det er ganske høgt, samanlikna med bladfykens høgde i alle fall. Mange av elevane på Toppvolley Norge er høge som mastetre, men ikkje alle. Den lågaste er 1.60 dette skuleåret. Ein treng ikkje vera kjempehøg for å spela volleyball, det avheng kor ein spelar på banen, fortel Ingrid Brøto. Mitt Ryfylke går og surrar i gangane i førsteklasse-internatet ein septemberdag, i lag med hordar av fluger som brått har invadert Ryfylke denne bråvarme tidleghausten. Lyden av internat slår mot oss. Det første me høyrer er ein vaskemaskin som sviv. Så er det lyden av lått og springing, dører som går opp og att og lyden av slippers i trappene. Ein kunne vera freista til å tru at Toppvolleyelevane lever i eit frivillig fengsel kor alt som får plass i eit døgn dreier seg om eting, trening, skule, eting, trening, skule, eting, lekser, trening, eting og soving. Det er slik og ikkje slik i det heile, forstår me.


Å GÅ PÅ TOPPVOLLEY er frigjerande, spesielt for jentene. Kvar einaste jente me møter i internatgangane lovprisar det å kunna gå på vidaregåande skule, utan å bruka timevis på badet om morgonen. For det «må» ein om ein går på vanleg vidaregåande skule i byen, påpeiker Anna Elisabeth. Ho fortel om ei venninne som berre skulle innom skulen under skulestreiken tidlegare i haust. Sjølv då følte venninna ho måtte bruka eit par timar for å få utsjånaden på plass. — Eg elskar dette livet, å få gå utan sminke, rapa i gangen, gå i bh og shorts, seier Anna Elisabeth. — Ein dag me skulle reise tok eg på meg jobbebukse og hettegenser, pluss LITT maskara. Jåle, ropte dei etter meg, fortel Elise Skaue frå Bodø leande, medan kjærasten står og et henne med blikket. Klar til å smetta inn eit kyss på den unge, friske huda hennar så snart han får ein sjanse. Også ho elskar å kunna vera seg sjølv. NOKO ANNA SOM ER frigjerande, fortel dei, er at på Topp Volley er alle elevar på talefot med alle. Her er det ikkje snakk om å gå og vera redd for 2 og 3. klassingane, slik «skikken» er på ein ordinær vidaregåande skule. Det er også praktisk å gå på ein skule kor ein ikkje treng å ta buss, og kor det du måtte ha gløymt når du kjem i klasserommet, berre er nokre slippersskritt unna. Fyller nokon året, er det alltid einkvan som bakar kake. Livet her opplevast litt som ei boble og ein kan mista tidskjensla. — Og så veit me alt om kvarandre, nesten, skyt ein inn. Her er det aldri noko som ikkje skjer, konstaterer Bjørn Oltedal frå Ålgård. Så legg han til og gjentek fleire gonger: — Det er masse kjensler her. Masse kjensler i gangane. Og dei første kjærastepara har alt dukka opp, men elles klenger og koser og klemmer alle masse på kvarandre, fortel Anna Elisabeth. Topp Volley Norge ved Sauda vidaregåande, avdeling Sand har skuleåret 2014/2015 31 elevar i 1. klasse, 30 elevar i 2. klasse og 11 elvar i 3. klasse. Elevane kjem frå heile landet. For mange av elevane er det første møtet med ei bygd, men for dei fleste er ikkje Sand ein ukjent prikk på kartet. Sand er faktisk ganske godt kjent blant dei 5000 ungdommane som spelar volleyball i Norge, fortel Anna Elisabeth. Mange av dei som går på Toppvolley Norge har vore på Sand tidlegare på treningssamlingar og andre arrangement. DEI SOM BUR LENGST heimanfrå får dei finaste romma med best utsikt. Ungdom frå Rogaland må ta til takke med små rom og litt mindre spektakulær utsikt. — Men me har dei beste madrassene, slår Anna Elisabeth nøgd fast. Sandnes- jenta saknar rommet heime, å ta lang dusj i staden for mange korte, og å ete middag med foreldra og brørne. Ho saknar synet av hunden som møter henne, men ho stortrivst likevel som internatbuar. — Eigentleg får du ikkje tid til å lengte skikkeleg fordi det heile tida er noko som skjer, fortel ho. Leirskulefaktoren er høg den timen Mitt Ryfylke vitja internatet, men elevane presiserer at dei gir einannan rom for privatliv og eigentid. Det er fullt akseptert å sitja på rommet åleine og øva til prøve. Men så er det denne dunkinga av volleyballar då, mot ein vegg, like ved der du sit. Den er ikkje lett å unngå på ein volleyballskule. Også fire lokale ungdommar frå Suldal har fått plass på Toppvolley Norge dette skuleåret. Dei er også innkvarterte på internatet. Totalt kostar det 7000 kroner månaden for kost og losji. Elevane ved Toppvolley Norge trenar mellom 18 og 23 timar til veka. Mellom fire og sju timar kvar dag går med til skulefag. Med eit slikt opplegg går det lett nesten eit brød per gut i lunsjen, får me opplyst.

Internatet ber preg av at det er idrettsungdom som bur her.

Hallvard Valen og Ingrid Brøto i godt drøs over klesvasken.

Denne skulen er perfekt for meg. Her får eg både generell studiekompetanse og 10 seier sandnes-jenta Anna Elisabeth Frøiland. får driva med sporten eg elskar,

NR. 3 – 2014

19


Gangmøte med (f.v): Hallvard Valen, Bjørn Oltedal, Sverre Fure,Victoria Demmene, Ingrid Brøto og Anna Elisabeth Frøiland.

NOKRE DAGAR I VEKA må elevane opp rundt klokka 06.00 for å vera klar til morgontreninga klokka 07.00. Skule og trening er ferdig klokka 18.00. Etter den tid kan elevane gjera lekser eller nyta nokre timar fritid. Sidan dei trenar så mykje, prøver mange å komma seg tidleg i seng. — Du blir fort vaksen av å gå her, og du må lære å ta vare på deg sjølv, fortel Ingrid Golberg Brøto frå Asker. Ei av jentene fortel at mora ringer tre gonger til dagen. Fleire elevar fortel at det var ein nokså brå overgang å flytta heimanfrå. Spesielt klesvask og romvask er nye oppgåver for mange. Men i motsetnad til elevar ved vanlege vidaregåande skular, er det ikkje pensumet og bokmengda som sjokkerer mest den første veka, men stive og støle musklar. MANGE KJENDE DET godt på kroppen at dei var komne til ein skule for toppidrett. Disiplinen er også på topp. Trenarane kjører beinhardt regime. Kjem nokon for seint til trening, kan det føra til ei straff på 50 sit ups. Og er rommet for dårleg vaska, kan straffa vera å ikkje få trena. Og det er ei straff som svir i denne gjengen. Men å lukkast i volleyballverda er ikkje for alle, nesten for ingen. Elevane blir difor innprenta at skulearbeidet kjem først. Alltid. Blant gutane kan ein i kvar klasse rekna med å bli utanlandsproff. For jentene er mogligheitene noko fleire, sidan spesielt USA satsar stort på volleyball for kvinner. Fleire jenter som har gått ved Toppvolley Norge på Sand har fått stipend for å gå på college og spela volleyball på andre sida av Atlanteren. Bilde 4925: Førsteklassingane Sverre Fure frå Volda og Elise Skaue frå Bodø blei kjærastar kort tid etter dei starta på Toppvolley Norge på Sand.

Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit

20

NR. 3 – 2014


OPNINGSTIDER FOR LEVERING AV AVFALL På gjenvinningsstasjonen leverer du grovavfall, dvs. alt avfall du ikkje kan kaste i avfallsdunken eller på miljøstasjonen. Det kan t. d. vera gamle møblar, farleg avfall (maling, lim, lakk, kjemikaliar, lysstoffrøyr, trykkimpregnert trevirke osv.), trevirke, elektrisk avfall, jarnskrap osv. MYRA, Forsand kommune Onsdag 17.00 - 18.00 Laurdag 10.00 - 12.00

Matspesialitetar frå Ryfylke

Rymat er ein samanslutning av små, stolte lokale produsentar i Ryfylke. Me vil gi deg ei mattoppleving. Grønvik Eplemost

Fjellmat fra Suldal

Ryfylke Bakeri & Konditori

Ryfylke laks

Hanasand Gård & kjøkken

Vaktelegg frå Ryfylke

Ryfylke Smak

Ivar Johannes Haneland

Røsslyngen Beitelag

Allergikokken

Mikals Laks

Energimat

Bjerga Turistgartneri

Rygjabø vgs

RYMAT.NO

NORDMARKA, Strand kommune Mandag-fredag 10.00 - 14.30 Torsdag 10.00 - 17.30 Laurdag 10.00 - 13.00 VIGANESET, Hjelmeland kommune Tysdag 13.00 - 17.30 Laurdag 10.00 - 12.00 GÅSAVIKA, Suldal kommune Tysdag 12.00 - 16.00 Torsdag 12.00 - 18.00 Laurdag 10.00 - 12.00 JUDABERG, Finnøy kommune Onsdag 13.00 - 17.30 Laurdag 10.00 - 13.00 Alle arbeidsgjevarar må forhalda seg til A-ordninga frå nyttår. Vi hjelper deg gjerne. For eit meir effektivt rekneskap, ta i bruk den elektroniske kvardagen. Vi kan hjelpa deg å koma i gang.

Tlf: 51 75 95 50 e-post: post@rymi.no www.rymi.no

Vi gjer rekneskapsjobben for deg, slik at du kan tena pengar i staden. Kontakt oss i dag for ein tryggare økonomi.


OKTAN Stord – Foto: Øyvind Sætre

Hjemmefra, men ikke alene!

EktE arbeidsglede

hos den mest spennande lakseprodusenten i verda

Vårt mål er å vera leiande på produksjon av ferske kvalitetsprodukt frå laks. Verksemda omfattar oppdrett av settefisk og matfisk samt pakking og foredling av laks. Det mest kjende produktet vårt er Salma. me er omlag 250 tilsette, har aktivitet i ti kommunar i Hordaland og Rogaland. Hovudkontor og fabrikkar er lokalisert i Øklandsvågen i Bømlo kommune. Me omsette i 2013 for 1,4 milliardar kroner. les meir om oss på www.seashore.no og www.salma.no. Send oss ein gjerne ein uforpliktande søknad på jobb@seashore.no.

Tlf. 53 42 82 00 E-post: bremnes@seashore.no N -5430 Bremnes

Tveit Vidaregåande skule tilbyr utdanning innen studieretning naturbruk. Skolen gir deg et godt faglig og praktisk grunnlag for arbeid i landbruket, anleggsgartnernæringen og i arbeid med hest og hund. Du blir kvalifisert for videre studier og interessante stillinger hvor en kan kombinere interessen for natur med en yrkeskarriere.

Lundeneset VGS er en kristen internatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr - Medier og kommunikasjon - Service og samferdsel - Studiespesialisering - Påbygging til generell studiekompetanse

Etter første året skal du velge mellom Landbruk, Anleggsgartner og Hest. Hundefag kan du ta som valgfag. Etter Vg2 kan du velge Vg3 Agronom (for landbrukselever) eller Vg3 Studiekompetanse.

I tillegg til en god skolegang gir vi deg et trygt miljø, varierte fritidstilbud og venner for livet!

De fleste elevene hos oss bor på skolen. Det betyr at du ikke bare får et faglig tilbud i form av opplæring, men også trening i sosiale ferdigheter.

Les mer om oss på www.lvs.no

Tveit Vidaregåande skule, et tilbud til hele mennesket! www.tveit.vgs.no

Å bo på internat og delvis flytte hjemmefra som 16-åring, er en utfordring. Livet på internatet, gir en god ramme for personlig utvikling.


Vi har læreplasser i fagene: Akvakultur • Fiske og fangst Matros •Motormann • Sjømat Kristin Haver Sevheim - kristin@ffor.no - Tlf. 481 18 576

Følg oss på Facebook!

www.ffor.no

Kris kris

ww FOR ROGALAND OG SKAGERAK-KYSTEN SA.

Ryfylkeskulen som gir deg ei solid vidaregåande utdanning, enten du vil ta fagbrev eller førebu deg på høgskule/universitet. Me har desse utdanningsprogramma: • Elektrofag • Studiespesialiserande fag • Service og samferdsel • Teknikk og industriell produksjon (TIP) • Tilrettelagt avdeling • Helse og oppvekst • Naturbruk • Idrettsfag Besøk oss på Yrkesmessa eller sjå www.strand.vgs.no

- det beste i den enkelte


Telefon: 51 92 200 E-post:karmsund-vgs@rogfk.no

Helse- og

r e s ta u r a

n t- o g m a

ag

tf a g

e l e k tr o f

g in d te k n ik k o

karmsund videregÅende skole

© Fotograf Nordtveit Design: Filter

o p p v e k s tf

u s tr ie l l

produksj

on

me u B e s te m oss fØr d m o n in n re g j e r n e tu s k o l e - ta v a g l a v pÅ lurer du

www.karmsund.vgs.no

TA BYGGFAG bu på internat

ag

r deg.


Er du glad i å trene og å tilrettelegge for aktivitet? Kjenner du til ergoterapi- og vernepleiestudiet i Sandnes? Vernepleierens hovedoppgave er å bidra til at mennesker med ulike utfordringer oppnår god livskvalitet. Ergoterapeutens hovedoppgave er å fremme helse gjennom aktivitet og deltagelse. Ta en utdanning med mening på Diakonhjemmet Høgskole i Sandnes – få en meningsfull jobb.

Les mer om bachelor i ergoterapi og bachelor i vernepleie, og søk etter 1. februar på www.diakonhjemmet.no/dhs


Femti år med singel og sand

Forsand Sandkompani feirar i haust femti år i bransjen som leverandør av sand og singel til bygg- og anleggsbransjen.

Bedrifta har rundt 18 tilsette innan kontor, produksjon og transport. I 2009 tok Rune Haukalid over leiarstolen. Bedrifta ble etablert i 1964 av Alfred og Gunvald Haukelid, Reidar Haukalid og Ingvar Fossan. Haukalid er optimistisk for framtida, sjølv om han av og til skulle ønskja meir framdrift og mindre byråkrati med tanke på konsesjon for uttak av sand. — Det er mykje råstoff tilgjengeleg, men prosessane i forkant er blitt lengre og tyngre, fortel Haukalid. Det er mange høyringsinstansar både på lokalt og nasjonalt plan som gjer at det går lang tid frå ein startar planar om uttak til endeleg vedtak.

26

Det er jo greitt å vite at det me sel verkar, seier han. Det er ein ny mørtelresept som skal testast. Borgersen har vore murmeister i tretti år og kjenner raskt om vara er av god kvalitet. Mørtelen frå Forsand er av høg kvalitet grunna moreneryggen me hentar massen frå. Morenemassen er frå istida og sanden har rulla i ismassane, slik at han er rund i kantane og ekstra slitesterk, fortel Borgersen. Denne mørtelen eignar seg godt som spesialpuss til vanskeleg underlag.

I dag tek sandkompaniet ut masse på Forsandmoen, der uttaket som ligg lengst vekke er fire kilometer frå bedrifta på kaien. Etter uttaksperioden er avrunda blir området tilbakeført til dyrka mark. Store deler av dei områda det til nå er tatt ut sand på har vore beitemark. Etter sanduttaket er ferdig er dette opparbeida til dyrka mark.

Det dunkar og bankar frå alle kantar og på veg inn til dagleg leiar Rune Haukalid rullar transportbanda over hovuda på oss. Desse fraktar singel. Massen som kjem frå sanduttaket blir fyrst lempa inn i tippkommen og grovsortert. Dei største steinane går til ein grovknusar, medan den finare massen til hovudsiktet. Sanden og singelen blir klassifisert i ulike størrelsar og kvalitetar frå sandfraksjonen på 0-8 millimeter og singelfraksjonar på 4-8, 8-16 og 16-22mm. Sand og singel blir igjen brukt til å laga betong. Til dømes leverer Forsand Sandkompani rundt 140 000 tonn tilslag til Ryfylketunellen til innvendig sikring.

Markedsjef Sigurd Borgersen er i full gong med å pusse ein vegg då Mitt Ryfylke kjem på visitt.

Bedrifta ligg godt lokalisert nede ved fjorden og for Haukalid er sjøvegen gull verdt for logistikk og frakt av både sand, singel og ferdigpakka

NR. 3 – 2014


NR. 3 – 2014

27


Markedsjef Sigurd og tidlegare murmeister Borgersen er i full gong med å teste ny mørtel.

Forsand Sandkompani har 90 meter med kai til disposisjon og her ventar mørtel og storpakningar med sand på skyss via sjøvegen.

Dagleg leiar i Forsand Sandkompani, Rune Haukalid, ser lyst på framtida og er klar for produksjon av sand, singel og mørtel dei neste femti.

mørtel. Bedrifta har 90 meter med lastekai, som gjer det lett å leggja til kai for større og mindre fraktebåtar. All frakt av sand og singel går via båt, fortel han. Me leverer med båt til Bergen, Molde og Ålesund, medan transport til Sørlandet og Risør i aust går med lastebilar. Lokalleveransar går òg via lastebilar. Same ettermiddag som Mitt Ryfylke besøkjer bedrifta på kaien, er lastebåt frå Arriwa Shipping (tidlegare Sandfrakt i Ølen) venta for ny lasting. Samferdsel opptek Haukalid og han er ein av dei som i ikkje berre er glad for utbygginga av Ryfast. — For oss er det både geografiske og kostnadsmessige utfordringar med Ryfast, fortel han. I dag brukar bilane 45 minutt via Lauvvik til Forus. Med den nye tunellen får vi ei relativt stor auke i transportkostnader med auke i dieselforbruket grunna den undersjøiske tunellen, høge bompengar og mest sannsynleg meir køkjøring. Transporttida vil òg auke. Dersom ikkje mottakar ligg til kai, er det vanskeleg å transportera

28

NR. 3 – 2014

mørtel via sjøvegen, fortel Haukalid. Eit minimum for transport til sjøs er 80 tonn, og helst noko meir. Frå Forsand eksporterer dei årleg 450 000 tonn sand og singel (tilslag til betong). Blant kundane er Ølen Betong, Unicon i Kristiansand, Norsk Betongindustri i Bergen og Aurland Energibygg. Dei har òg levert betongtilslag til Troll-plattforma, Ryfast og utbygginga av LNG-tankane på Snøhvit-feltet i Hammerfest. — Me leverer innimellom nokre tonn til Danmark, fortel Haukalid. Lokalt leverer Sandkompaniet årleg 30 000 tonn sand til Bjørn Hansen i Spennbetong. Dagleg leiar, Rune Haukalid, er glad for å kunne bidra til lokal foredling. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Fotograf Nordveit


Sukkagarden - der historia sit i veggene Solveig og Ola Sukka tlf. 92418460 / 92640803 Kvildal, 4237 Suldalsosen e-post: sukkagarden@gmail.com sukkagarden.no

Ønsker du en læreplass med Helgøy bred faglig Skyssbåt AS kompetanse? tlf nr 901 03 555

u en med g se?

Sig. Halvorsen as er regionens ledende Rør-entreprenør. Sammen med våre datterselskaper Klepp Rør as, Perrongen

Sig. Halvorsen as er regionens Rør-entreprenør. Rørledende as og Storesund Rør as er vi i dag ca 195 ansatte og Sammen med våre datterselskaper as,mill. Perrongen omsatte iKlepp fjor forRør ca 205 Vi er etablert i Egersund, Bryne, Tau ansatte og Haugesund. Rør as og Storesund Rør asKlepp, er vi i Sandnes, dag ca 195 og Virksomheten vår butikksalg, servicearbeid, fornying av bad, boligomsatte i fjor for ca 205 mill.omfatter Vi er etablert i Egersund, Bryne, installasjoner og tekniske installasjoner og entrepriser til Klepp, Sandnes, Tau og Haugesund. Virksomheten vår proffmarkedet. omfatter butikksalg, servicearbeid, fornying av bad, boligHøsten 2006 flytter vår avdeling inn i nye lokaler på Tau med installasjoner og tekniske installasjoner til omsetter for ca 8 mill. og ny VVS-butikkog ogentrepriser lager. Avdelingen proffmarkedet. består i dag av fem rørleggere. Høsten 2006 flytter vår avdeling inn i nye lokaler på Tau med På grunn av økende oppdrag i regionen søker vi nå ny VVS-butikk og lager. Avdelingen omsetter for ca 8 mill. og etter følgende nye medarbeidere består i dag av fem rørleggere.

Kontakt oss!

Bedriftsetablering, vekst og nyskaping – treng DU råd? På grunn av økende oppdrag i regionen søker vi nå

RØRLEGGER/ INDUSTRIRØRLEGGER/ SULDAL VEKST Din lokale elhar kompetanse og LÆRLING nettverk. RØRLEGGER/

Din lokale el- og ekominstallatør

Sauda Næringspark, 4200 Sauda Tlf: 52 78 58 00 • Faks 52 78 58 01 www.saudainst.no

©Anne lise Norheim

etter følgende nye medarbeidere

og ekominstallatør

Sjå meir om oss på

www.suldalvekst.no Stillingen omfatter utførelse av rørarbeid og servicejobINDUSTRIRØRLEGGER/ ber hos industri og privatkunder i Ryfylke. LÆRLING Vi søker etter en person som: - Har nødvendige fagkunnskaper

Sauda Næringspark, 4200 Sauda Muligheter Tlf: 52 78 58 00 • Faks 52 78 58 01 www.saudainst.no

- Er serviceinnstilt og liker å omgås folk

Kan ta ansvar og som er villig til å stå på i en ofte Vi søker etter en person- som: travel arbeidsdag - Har nødvendige fagkunnskaper - Liker utfordringer (Rørlegger, industrirørlegger) tilby: seg ny kunnskap - Har erfaring eller er villigVitilkan å tilegne betingelser - Er serviceinnstilt og liker- åKonkurransedyktige omgås folk - Et trivelig uformelt arbeidsmiljø - Kan ta ansvar og som er villig til å stå på i en ofte - Ordnede arbeidsforhold travel arbeidsdag - Servicebil - Liker utfordringer - Gode utviklingsmuligheter for personer som ønsker og tilegne seg nye kunnskaper Vi kan tilby: - Sosiale goder som: tilleggspensjon, bedriftshytte og - Konkurransedyktige betingelser forsikringsordninger - Et trivelig uformelt arbeidsmiljø Har du spørsmål om stillingene, ta kontakt med - Ordnede arbeidsforhold avdelingsleder Arve Wathne, tlf. 982 67 746 eller - Servicebil Rolf Arne Lorentzen, tlf. 982 67 727. - Gode utviklingsmuligheter for personer som ønsker og Søknad på stillingene kan sendes på mail til tilegne seg nye kunnskaper rolfa@sig-halvorsen.no - Sosiale goder som: tilleggspensjon, bedriftshytte og forsikringsordninger Åpningstider:

Velkommen til VELKOMMEN TIL Vårt nye lokale! VÅRT NYE LOKALE

lkommen til t nye lokale! Har du spørsmål Mandag–fredag kl. 10–16om stillingene, ta kontakt med

avdelingsleder Arve Wathne, tlf. 982 67 746 eller Postboks 1011, 4391 Sandnes • Tlf. 51 68 23 00 www.sig-halvorsen.no Åpningstider: Ryfylkevn. Rolf Arne Lorentzen, tlf. 982 67 727. 1982, 4120 Tau. Tlf. 982 67 746. Søknad påMandag-fredag stillingene kan sendes www.sig-halvorsen.no på til kl.mail 10-16 rolfa@sig-halvorsen.no

Rekneskap, eigarskifte og landbrukstakst Vår erfaring og kompetanse er med å sikre verdiane som bedrifta eller eigedommen representerer. Du treff oss på telefon 414 73 177 eller www.tveit.no

10–16

n.no

Postboks 1011, 4391 Sandnes • Tlf. 51 68 23 00 Ryfylkevn. 1982, 4120 Tau. Tlf. 982 67 746.

www.sig-halvorsen.no www.sig-halvorsen.no

Rekneskap og økonomisk rådgjeving for næringsliv og landbruk

steinariversen.no Foto: Haakon Nordvik

industrirørlegger) Stillingen omfatter utførelse(Rørlegger, av rørarbeid og servicejob- Har erfaring eller er villig til å tilegne seg ny kunnskap ber hos industri og privatkunder i Ryfylke.


PA

O R U E G O E G R O N STØRST I

49 RANGER 600 E-TEc

Allround snøscooter til arbeid og fritid

REX2-DESIGN, EKSTREMT LANGT BELTE MED HØYE KAMMER, LAV GIRING OG PPS2-4100-DS-A-BOGGIE

144.000,-*

G O V T A E T S R Ø T S NDS * Pris er inkl. mva

ROGALA

XTRIM cOMMANDER LTD 600 E-TEc Allround snøscooter til arbeid og fritid

59 YETI 600 AcE

Drivstoff-effektiv partner

DRIVSTOFF-EFFEKTIV ROTAX 600 ACE MOTOR, SKAPT FOR TUNGT ARBEID, IMPONERENDE DRAKAPASITET OG FRAMKOMMELIGHET.

30

NR. 3 – 2014

89.000,-*

* Pris er inkl. mva

LXU-PLATTFORMPPS-3900-A BOGGIE, 59 MM KAMMER, HØY VINDSKJERM

164.000,-*

* Pris er inkl. mva


ST

E M R E K Ø M A N A C UTVIKLET OG PRODUSERT I FINLAND

Power

Freedom

Comfort

Versatility

OUTLANDER 6x6 1000 XT T3 ™

Confidence Modularity

139.000,-*

173.750,- inkl. mva.

ATV TRAKTOR GODKJENT FOR VEI , KONSTRUERT OG GODKJENT FOR TO, EKSTRA LAVT L-GIR OG WARN VINSJ

* Pris er ekskl. mva

R A L D N A H R O F R E T SCOO

G SNØ NY!

OUTLANDER MAX 650 XT T3 ™

OUTLANDER 500 DPS T3 ™

BRP traktormodell for allsidig kjøring!

Kjør traktor-ATV! Prøv selv og opplev fordelene. Nå også som en-seter.

ATV TRAKTOR GODKJENT FOR VEI, TRETRINNS SERVORSTYRING, RIMELIG FORSIKRING, EKSTRA LAVT L-GIR OG WARN VINSJ

ATV TRAKTOR GODKJENT FOR VEI , KONSTRUERT OG GODKJENT FOR TO, EKSTRA LAVT L-GIR OG WARN VINSJ

72.000,-*

107.200,-*

90.000,- inkl. mva. * Pris er ekskl. mva

134.000,- inkl. mva. * Pris er ekskl. mva

Bergekrossen 4230 Sand Telefon: 52 79 25 30 Telefaks: 52 79 25 31 www.mogedal.no

Kontakt Geir Bakka Salgssjef Mobil: 982 85 535 E-post: geir@mogedal.no NR. 3 – 2014

31


Med syrleg helsing Namn: Børge Lund Alder: 41 Sivilstatus: Gift Aktuell: «Sykt travelt». Første samling av Lunch-striper i bokform. Drøymer om: Mindre travle tider Les: Rocky Høyrer på: Rastløs Wimp-nomade Førebilete: Heilt blank Lunch blir i dag publisert i meir enn 90 aviser og blad i Noreg og utlandet. Mellom anna i Dagbladet, Dagens Næringsliv, Bergens Tidende, Adresseavisen, Stavanger Aftenblad, Ekstrabladet (Danmark), Sydøstran (Sverige) og Iltalehti (Finland). I juni i 2013 kom fyrste utgåve av bladet Lunch med faste utgjevingar og biseriar. Dette kjem ut kvar 6. veke. Har nærare 12 300 følgjarar på Facebook 5500 følgjarar på Instagram.

32

NR. 3 – 2014

Medan hovudpersonen i Lunch, Kjell Tech, er ein ganske sjølvopptatt, oppblåst fyr som manglar opp til fleire sosiale sperrer speglar ikkje dette Børge Lund (41), skaparen av karakterane i Lunch. Saudabuen, som nå er busett i Stavanger verkar upåverka av den positive stormen rundt han for tida. Godorda haglar og stripene hans blir distribuert til magasin på åtte ulike språk i meir enn 90 aviser og blad i inn og utland.

Det er ein sindig og roleg kar som tek i mot oss i etasjen over Ostehuset i Kvitsøygata 15 på Storhaug. Her deler teikneserieskaparen areal og kontorfelleskap med fleire andre kreative aktørar. God takhøgd og glasvegger er det einaste som skil kontora frå kvarandre, så her er det berre for Lund til å løfta blikket frå teiknebordet om han treng litt ekstra inspirasjon. — Å jobba her gir meg ei kjensle av å ha ein skikkeleg jobb, smiler han lurt. Frå sikker inntekt og jobb som industridesignar er Lund teikneserieskapar av Lunch på heiltid. I tillegg til vekentlege striper til magasin, aviser og blad, kjem han ut med eige blad kvar sjette veke. Her er det samling av eigne striper og bidrag frå andre teikneserieskaparar. Oversettingsjobben og distribusjon er det Strand Comics som handterer. Dette er same agenten som har ansvaret for stripene om


Pondus og Rocky. Lund starta sin eigen karriere som teikneserieskapar som gjesteserie i Dagbladet i 2008, og som vekestripe i Teknisk Ukeblad same år. I 2009 var Lunch-stripa fast i Dagbladet tre dagar i veka før Lunchkarrieren tok eit viktig steg og blei ny serie i Pondus-bladet. Sjølv om somme tenker det må vera veldig kjekt å teikna heile dagen, krev det både sjølvdisiplin og struktur i arbeidsdagen for å klara å levera trykkeklare striper kvar veke. Etter han kom ut med eige magasin i tillegg til leveranse av striper til ulike aviser og magasin i inn- og utland er Lund avhengig av å ha gode arbeidsrutinar. — Måndagen er som regel dagen då eg må få unna alt eg ikkje rakk veka før og få ei oversikt, fortel han. For å overleva tidsmessig har eg måtta senka lista for kva som er ein god nok idé. Lund har laga seg eit rimeleg rigid system han jobbar etter for å koma i gong med nye striper. Kvar tysdag set han av ein time der han skisserer ned idear til rundt åtte striper heilt på skissenivå. — Dette er mest eit umogleg mål, men då tvingar eg meg sjølv til ikkje å forkasta for

mange idear før eg går vidare og ferdigstiller for trykk. Lund hentar inspirasjon i det meste rundt seg, og notatbok og mobil er gode følgesvener for å fanga opp dei gode ideane som dukkar opp utanom kontortid. Alt kan brukast som eit frø, eit utgangspunkt. Karakterane i Lunch speglar dagleglivet for mange og treff mange. — I byrjinga kverna det heile tida og eg var alltid på jakt etter situasjonar, fortel Lund. Det er ikkje blitt ein rutinejobb, men eg kjenner det er lettare å kunne ta fri nå enn det var då eg teikna på sida av den andre jobben. For ein teikneserieskapar er timing eit viktig stikkord. Han må skilja ut kva som er interessant og framheva dette. Lund meiner nøkkelen hjå han er at han går så tett på det verkelege arbeidslivet. — Ein teikneserie kan vera veldig urealistisk, men dess tettare dess betre. «It´s funny because it´s true», understrekar Lund. Lund fekk seg ei aha-oppleving fyrste gong han testa ut Sudoku. — Eg hugsar eg tenkte at dette er eigentleg

NR. 3 – 2014

33


Teikneserieskapar Børge Lund må jobba strukturert for å halda oppe produksjonen av striper til både aviser, blad og eigne faste utgjevingar.

det eg driv med, fortel han. Alle bitane i ei stripe må henge saman og teikneseriestripa er ikkje løyst før siste bobla er løyst. Lund let seg inspirera av dei ulike eigenskapane han finn hjå personar i alle bedrifter. Men han likar å spissa dei ulike karakterane. — Ein karakter kan ikkje vera alt. Det gjeld å finna personlegdomen til karakteren. Lund har òg tidlegare hatt hjelp til å halda karakterane i sjakk. — Dette var særs viktig i den tidlege fasen, fortel han. Då var det viktig at nokon las gjennom og gav tilbakemelding om karakterane går for langt. Men i dag er karakterane så innarbeidde at denne jobben går mykje lettare for teikneserieskaparen. — Kva med teiknesperre? — Eg trur det fins, men eg veit ikkje heilt kva det er. Han medgjer at han til tider kan slita litt, men han har ikkje tru på å sitja å venta på inspirasjon. Lund arbeider helst kreativt aleine og har ikkje så mykje til overs for team-building. — Det er ein misforståelse at det kreative alltid skal skje i grupper. Mange jobbar bra

34

NR. 3 – 2014

aleine. Eg har min eigen team-building, smiler han. Han meiner den største faren for kreatvitet er mangel på overskot og at ein ikkje har det bra. Men Lund set pris på dialogen han har med lesarane sine både via epost og sosiale medium og tipsa som drypp inn noterer han seg. — Det er veldig kjekt når lesarane deler erfaringar og det som opptar dei, ikkje ferdig tygd, men som ei påminning om at det må eg ta opp. — Provoserer du nokon der ute? Svaret kjem kontant. — Nei. Eg kan merka at dei mest populære stripene kan brukast til å «mobba» andre yrkesgrupper. Ikkje på ein ondskapsfull måte, men med litt brodd, seier han. Når ein tør å vera fordomsfull og spela på fordom kan ein rota fram karakteristiske yrkesgrupper, gjerne litt pretensiøse typar innan økonomi til dømes, smiler Lund. Lund som sjølv har vore ein ivrig teiknar sidan han var liten vil råda unge teikneseriespirer til å skaffa seg ein vanleg jobb og venta

med å satsa på teikneserieyrket. — Eg er glad for at eg ikkje satsa for tidleg. Nå har eg opparbeida meg mange år i arbeidslivet, derifrå har eg gode erfaringar som eg tek med meg i dei kreative fasane, avsluttar han.

Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Fotograf Nordtveit


NR. 3 – 2014

35


Juleglede KRAMBUA BLOMSTER SANDSVEGEN 134

4230 SAND

52790650

OiSoiOi, Freemover, House Doctor, Madam Stoltz, Menu, Voluspa, Kähler, Hoptimist, Senze of joy Vi er på facebook og instagram. - Krambuablomster www.handlegaten.no/krambuablomster

FILTER design & kommunkasjon

hjelmeland.kommune.no Tlf.: 51 75 70 00 E-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no


2015

BEST I

KLASSEN NYHET!

104 875,–

ACE 570

144 875,– Alle priser inkl. mva

5576 Øvre Vats

Telefon 52 76 58 61

Følg oss på Facebook! facebook.com/TraktorMaskin

firmapost@traktor-maskin.no

www.traktor-maskin.no

sitert.no

Ysteriet fra 1923 er i dag spisested, hotell og lysstøperi med stort fabrikkutsalg. Her frister et utvalg norskproduserte lys, lekre interiørdetaljer m.m. Barna kan dyppe sine egne lys. Herefordkjøttet stammer fra egen gård og de berømte kjøttkakene lages etter en lokal oppskrift. Byrkjedal, 4335 Dirdal - +47 51 61 29 00 - www.byrkjedalstunet.no


Lidenskap for mat Alt er klart. Skåler med hakka lauk, poteter, tomater, purrelauk, smør, kapers, poteter og kveite. Bordet i restauranten er lekkert dekka og dandert. Mitt Ryfylke sine utsendingar har ei kulinarisk matoppleving i vente. Her skal sanse- og smakslaukane stimulerast. Kjøkensjefen på Lilland Hotell elskar nemleg å laga mat. — Ein kjøkensjef skal stimulera fantasien og kreativiteten til dei han jobbar saman med, understrekar kjøkensjef Jaroslav Voitsehovski (33). Ein kokk bør vakna opp og gle seg til å skapa gode matopplevingar, ikkje berre laga mat. Jaroslav stortrivst på kjøkenet, og gler seg når han får eksperimentera og overraska kundane i restauranten.

38

NR. 3 – 2014

Kveiteoppskrifta han skal dela med Mitt Ryfylke-lesarane er ein veldig smakfull rett som er lett å laga og servera, ifølgje Jaroslav. Kjøkensjefen avslører at eit av triksa for å oppnå den gode smaken er å la fisken og alle grønsakene putra i rikeleg med smør. Som syttenåring og uteksaminert kokk tok Jaroslav steget frå heimlandet Ukraina og reiste ut i verda for å læra meir om mat. Han har jobba i Estland, Asia, Vietnam og Thailand før han for rundt to og eit halvt år sidan kom til Noreg. Fyrst kokkelerte han eit års tid i Bergen, før kjøkensjefstillinga på Lilland Hotell lokka han til Tau. Målet til Jaroslav er at kundane skal koma tilbake til restauranten og få ei dobbelt så god oppleving neste gong dei bestiller «lik» meny som sist. Han har fått augene og ganen opp for det norske kjøkenet og råvarene, som er lett

tilgjengelege på Jørpeland. — Eg elskar å laga og eta ekte vikingmat, seier han. Her får me perfekt lammekjøt, fersk fisk og gler seg over at han sjølv kan gå ut i skogen og plukke fersk steinsopp og kantarell. Sommarstid har hotellet eigen urte- og bærhage der dei finn gode kortreiste råvarer. Lilland Hotell driv òg kantina på Comrod, Ryfylke Vandrehjem Vaulali i Bjørheimsbygda og Lilland Hotell Appartment. Dei tilbyr òg catering og har overnatting med full pensjon for Ryfast-utbygginga. Den dagen Mitt Ryfylke går i trykken serverer Jaroslav og mannskapet hans ein 12-rettars meny laga av lokale råvarer i Mølleparken på Tau for Adresse Ryfylke. Det gler han seg til. Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Fotograf Nordveit


OPPSKRIFT

Smørsteikt kveite med kapers, småpoteter og steikte ryfylketomater 2 porsjonar 150 gram Smør 0,4 kg Halibut 12 gram tomater 6 gram Kapers 0,2 kg poteter 6 gram sjalottlauk 2 gram purre 2 båtar med sitron Persille

NR. 3 – 2014

39


Hjelseth Computers / Foto Ingeborg Skrudland

museum 13 spennande

e! og vitensentr

Vitenfabrikken – Vitengarden – Garborgsenteret – Tungenes Fyr Flyhistorisk Museum Sola – Rogaland Krigshistorisk Museum Grødaland – Vistnestunet – Limagarden – Knudaheio Garborgheimen – Haugabakka – Varden Sjøredningsmuseum 51 79 94 20 | www.jaermuseet.no | facebook.com/jaermuseet

reload.no

...og det er enda mer spennende på innsiden ÅPNINGSTIDER: 01.09 - 31.05: Hverdager 10.00 - 16.00 søndag 10.00 - 18.00 01.06 - 31.08: Hver dag 10.00 - 19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00 norskolje.museum.no

Arkeologisk museum

Velkommen til Nesasjøhuset på Sand Utstillingar Mitt Ryfylke – ei utstilling om livsstil og levemåtar Kvitebjørnen – ein barneutstilling som inviterer til leik Museumsbutikk med lokal litteratur, lokale produkt og smykke Kafé med lokale aviser, wifi og eit flott utstikt Opningstider Måndag til fredag kl. 9-15 Siste laurdag i månad kl. 11-15 Utvida opningstider i desember

Førjulsstemning på Arkeologisk museum Se vikingtidsutstillingen utFerd og treff husfruen Svankvit fra Lovra i Suldal. ✦ Vikingenes jul: I et julepyntet langhus lager vi halmfigurer og lærer om juletradisjoner. ✦ Brytning: Utstilling om runer og runeskrift. ✦ Funnhistorier: Filmutstilling om hvordan gjenstander kom fram fra jorda. ✦ tidsreisen: En guidet tur gjennom forhistorien. Kafeen serverer julegrøt hver tirsdag og søndag. I museumsbutikken kan du finne flotte julegaver litt utenom det vanlige. Åpent: Tirsdag 11–20. Onsdag til lørdag 11–15. Søndag 11–16. Mandag stengt. Peder Klowsgt. 30 A på Våland. Tlf. 51 83 26 00 www.arkeologiskmuseum.no


Glaskunstnaren Ho representerer norsk glaskunst ved den norske paviljongen i Disney World i Orlando og har store norske selskap på kundelista. Men Astri Vadla Ravnås frå Bjørheimsbygd i Strand verdset også langt mindre kunstnarlege utfordringar, berre ho får brynt kreativiteten.

NR. 3 – 2014

41


Glaskunstnar Astrid Vadla Ravnås nyttar teknikken fusing som betyr samansmelting av glas.

— Eg kjende på eit behov for å gjera noko som viste att i tillegg til born, hus og heim.

Lett på handa strør Astrid Vadla Ravnås finknust glas i ulike fargetonar ut på glasplata. Ho er i gong med ein ny serie, Ryfylkeserien. Det kalde glaset i raude, grøne og oransje tonar skal smeltast saman i høg temperatur i ein av dei fire omnane i verkstaden. Temperaturane varierer frå produkt til produkt. På omnsveggane har Ravnås skribla ned ulike oppskrifter som hugselappar for å oppnå best mogleg resultat. Det er ikkje alltid resultatet blir som ho ynskjer. Dersom det blir eit mislykka produkt, kan eg grovknuse det og nytta det om att, fortel ho. Ein liten raud glasbit fungerer til dømes fint som sommarfugl. I verkstaden har ho god arbeidsplass, med god høgd under taket og mykje lys, som er avgjerande for arbeidskvardagen hennar. Leiken med spennet i fargar i alt frå små øyredobbar, til glaskunst på bedehus-vindauge er noko av det glaskunstnaren likar best. — Det kjekkaste er nok når eg får rydda i verkstaden og starta med blanke ark og la fantasien få fritt spelerom. Lidenskapen ho har for fargar samanliknar ho med ein kokk som får eksperimentera med ulike krydder. — Fargane i naturen, historikk, eventyr og trua på at Gud ser den enkelte og at alle har like stor verdi i hans auger,- det inspirerer nok meir enn noko anna, fortel ho entusiastisk. Ho jobbar både på frihand, men kan òg nytta foto som utgangspunkt. I glaskunsten til Ravnås er det både abstrakte og figurative motiv. Soria Moria-slottet og helleristningar går att i fleire av kunstverka. Ravnås jobbar med teknikken fusing, som betyr samansmelting av glas. Teknikken går ut på å smelta fleire lag glasplater saman, i dei fargane ein vil. Fusing-teknikken vart ho oppmerksam på då ho kom over ei bok med arbeid av italienske Miriam Di Fiore. Boka og glaskunsten til Defiore inspirerte Ravnås så mykje at ho i 1998 reiste til Italia på kurs, som einaste deltakar frå

42

NR. 3 – 2014

Det er lett å rota vekk dei ulike oppskriftene for temperaturar, så Ravnås nyttar omnane som hugselappar.

Norden. Det gav meirsmak. Interessa for handtverk har alltid vore der. Både innan sying, patchwork og etterkvart maling, glas og porselen. Glaskunsten vart ho introdusert for i småbarnsfasen på åttitalet. I ein periode på åtte og eit halvt år fekk Ravnås og mannen fem barn. Medan mannen hadde skiftordning i Nordsjøen var Ravnås bleieskiftarbeidar i heimen. — Eg kjende på eit behov for å gjera noko som viste att, i tillegg til born, hus og heim. Eg var ein del aleine på kveldstid og heiv meg på nokre lokale kurs, deriblant glasmaling og porselen. Etter kvart auka produksjonen og det vart for mykje til å gje vekk til vener og kjende. Ho våga seg ut på ei fiskefestivalmesse på Sjernarøy. Det vart ein suksess og Ravnås fekk trua på at ho skapte noko fleire ville ha. Dette skjedde samstundes som kvinner i landbruket vart oppmoda til å tenkja nytt. Eg fekk valet mellom å satsa eller å redusera glasproduksjonen. Mannen har alltid vore ein god støttespelar for Ravnås. På nittitalet slutta han i Nordsjøen og starta med juletreproduksjon. I samarbeid med andre produsentar i distriktet etablerte han selskapet Norsk Juletre, som tek seg av sal av juletre frå mange juletreprodusentar. Han er god til å koka kaffi når det kjem busslaster innom tunet, smiler ho. Det er fleire bussaktørar som har Glasskjellaren som fast stopp-punkt på rundturane sine. I 1996 fekk ho prosjektstøtte av Innovasjon Norge og deltok på fyrste smeltekurs i Oslo. Der vart ho bitt av basillen. Via etablerarskulen lærte ho ulike teknikkar for marknadsføring. Ravnås meiner ho var heldig og fekk mykje positiv omtale både i tv og trykte medium, som gav positive ringverknadar


Verkstaden ligg i påbygget på den gamle løa. Ravnås har utsmykka både dører og vindauga med glaskunst.

for bedrifta hennar. Alt skjedde så fort, minnest ho. Omtale i 1999 både i NRK Rogaland, Norge Rundt, Hjemmet, TV-Vest, xogtvers og Frokost TV gav god respons. Ravnås har eit roleg vesen. Til tross for suksessen ho har opplevd, tykkjer ho framleis det er vanskeleg å vera seljar. Ho føretrekk når kundar kjem til henne. I dag har ho både galleri og verkstad på tunet heime. Utsalsstaden i Stavanger som ho starta opp i 2004, runda ho av i februar i år. Det er blitt meir og meir bestillingsverk og mindre sal over disk, fortel ho. I tillegg spelar geografien ei mindre rolle enn før nå som ein både har tilgang på e-post, nett og sosiale medium. — Ved bestillingsverk likar eg samspelet med kundane, og det er alltid spennande å sjå om eg treff med uttrykket, avsluttar ho.

Av Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Fotograf Nordveit

I verkstaden heime på garden på Bjørheimsbygd tryllar Astrid Vadla Ravnås fram glaskunst i alle storleikar og fasongar.

NR. 3 – 2014

43


Gjer som Jørn - Bli med i Ryfylkealliansen du og

Ryfylkealliansen er eit fellesskap av bedrifter, enkeltpersonføretak, festivalar, stiftingar, kommunar, skular m.m. Me løftar Ryfylke fram i lag! Nå er me 137 medlemer, med plass til fleire!

«Eg gjekk på båtbyggjarskulen i Hardanger, i ein region som hardingane var stolte av å koma frå. Sjølv er eg stolt av å koma frå Ryfylke, og brukte bevisst ryfylkenamnet i verksemda eg etablerte i 1993. Ryfylke Trebåtbyggjeri har vore med i Ryfylkealliansen heilt frå alliansen blei etablert. Ryfylkealliansen er eit viktig fellesskap, som verkeleg set Ryfylke på kartet!»

Kontakt: tolli@ryfylkelivsgnist.no / 940 28 577 tor@ryfylkelivsgnist.no / 982 06 333 www.ryfylke.no  /pages/Ryfylkealliansen

Jørn Magne Flesjå, dagleg leiar Ryfylke Trebåtbyggjeri AS

TUFTE WEAR – SOM VIST PÅ TV! VARME OG KOMFORT TIL HELE FAMILIEN!

TUFTE BAMBULL er et nyutviklet 2-lags undertøy laget av bambus og merinoull. Bambus absorberer fuktighet, er temperaturregulerende og snill mot huden – et naturlig valg innerst. Ytterlaget består av den folkekjære favoritten merinoull som både puster og isolerer godt.

BUKSE

OVERDEL

BUKSE

OVERDEL

BARN

279,-

DAME/HERRE

479,-

BARN

299,-

DAME/HERRE

499,-

MÅ PRØVES! ETNE Tlf. 53 77 11 30 HAUGESUND Tlf. 52 70 54 70 ÅRDAL Tlf. 51 75 42 30

adsign.no

VI HAR BAMBULL I FK BUTIKKEN!


Ryfylke som matregion Det hjelper óg at omsetning av lokale matspesialitetar set stadig nye rekordar i Noreg, og er i dag den varegruppa som har desidert størst auke. Siste tal er 3,5 milliardar i butikkjedene, og då kjem alt av gardsutsal, transport og reiselivsprosjekter utanom. Ein kan tilnærma seg ord som matregion og matkultur på ulikt vis, både teoretisk og konkret, i nåtid og fortid, og for det konkrete kan det kanskje oppfattas som eit «paradoks» at Ryfylkegomen blir produsert i Setesdal? I så fall endå ein likskap med Hardanger; gamalosten hos Tine blir produsert etter den såkalla hardangermetoden, men produksjonen er i Sogn.

Per Øystein Sandvin Rådgjevar Ryfylke Næringshage, Finnøy 

Foto: Privat

For ein utflytta harding, med litt over gjennomsnittet interessa for lokale matspesialitetar, kjennest det godt og heimsleg å reise rundt i Ryfylke på ulike matoppdrag. Dette gjeld for både for maten, kulturen, naturen og menneska bak. No har eg fire år med erfaring frå regionen, og eg meiner heilt klart at Ryfylke er ein matregion i Noreg, heilt på lik linje med mellom anna Hardanger. Men me har eit lite stykke igjen før regionen er like tydeleg på det norske matkartet. Men, Ryfylke er jysla godt i gang: • Som eit resultat av mobiliseringsprosjektet Smaken av Ryfylke, er produsentnettverket RYMAT etablert med i dag, 14 medlemmer, og dei blir stadig fleire. • RYMAT har avtale med Ryfylkealliansen om bruk av felles merkevare og medlemskap. • RYMAT har ei sentral rolle i matfylket, spesielt for lokalmaten under Gladmat, mykje takka vera økonomisk støtte frå Ryfylkefondet og entusiastiske medlemmer. • Ryfylke har mange svært gode matambassadørar som er flinke på å framsnakka matprodukt og matprodusentar. • I årets utgåve at Det Norske Måltid, er heile fem av 24 produkt i finalen frå Ryfylke. • Stor etterspurnad av lokale matspesialitetar i regionen, både lokalt i Ryfylke, i matfylket Rogaland og nasjonalt.

For produsentar av lokale matspesialitetar i RYMAT, så er det nokre kriterier som må oppfyllast, men kan oppsummerast enkelt: Produsentane skal ha adresse i Ryfylke, produkta skal i hovudsak vera basert på lokale råstoff når dei er tilgjengelige i regionen, og/eller ha røter i mattradisjonen i Ryfylke. Ryfylke byr på mykje, men eg har uttalt (for å skape engasjement) at skal ein matregion vera fullkommen bør dei ha sin eigen ost. Mjølk og mjølkeforedling grip om seg såpass mykje i vår matkultur, og eg ventar fortsatt i spenning på «Ryfylkeosten», enten det er den gamle fatosten, eller ost med inspirasjon frå andre kulturar. Ryfylke representerer på mange måtar eit Norge i miniatyr, og få regioner kan vise til eit så stort mangfald, også for matområdet. Når eg såg merkevaren Ryfylke første gang, så tenkte eg spontant på M&M, og har sida brukt dette for uttrykket Mat & Mangfald i Ryfylke. I løpet av tida eg har vore engasjert i Ryfylkematen har eg møtt mange

I løpet av tida eg har vore engasjert i Ryfylkematen har eg møtt mange entusiastiske menneske som bør imponere dei fleste. entusiastiske menneske som bør imponere dei fleste. Dette inntrykket er det fleire som deler, og i ein artikkel i Nationen i samband med ei samling og matreise i Ryfylke, uttalar Arne Brimi tre f-er: Fruktbart, frodig og fenomenalt! Bordet er dekka, og Ryfylkematen er på god vei til å få den anerkjenninga den fortener!

NR. 3 – 2014

45


Vi selger Ryfylkenaturen! Kontakt oss for en prat om salg av din bolig.

Ditt lokale kontor i Ryfylke finner du på Jørpeland, tlf 51745500,ryfylke@aktiv.no

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokalisert i Suldal kommune, er 167 tilsette og har ein årsproduksjon på opp mot 10 mill. tonn.

www.aktiv.no

www.mibau-stema.de/no

SPEL- OG FJELL-LAM

booking: 480 50 600 post@spahotellvelvaere.no spahotellvelvaere.no

BESTEMORS PINNEKJØT BESTEFARS FENALÅR (HANDMASSERT) VIKEDALSKINKA (HANDMASSERT)

Velkommen til førjulstid på Hjelmeland Julebord fredager og lørdager. Stor julebuffet med alle julens kalde og varme retter, live musikk, underholdning og dans.

Knallgode kjøttprodukter fra Vikedal, konservert på den gode gamle måten med sjel Husk å bestille den gode julematen og firmapakken for dine ansatte til jul. For bestilling ring 936 49 720

Vikedal Gardsmat  /pages/Vikedal-Gardsmat

Juletallerken til lunsj og middag på bestilling, kr. 295,-. Barn halv pris. Søndagsbuffet med julemat fra 22. november, fra kl. 13-16. Kr. 295,-. Barn under skolealder gratis, barn 6-14 halv pris. Gavekort i alle prisklasser til jul - firmagaver og gavekort til noen du er glad i. Møterom, selskapslokaler Flotte gavepakninger fra Babor (spaprodukter/hudpleie) Spabehandlinger


Allsidig byggefirma med tradisjoner. Alt i nybygg og rehabilitering. Ta kontakt for et uforpliktende tilbud. MATERIALUTSALG inkl. stort utvalg av byggevarer. HAGEPRODUKTER bark, plantejord og gjødsel. DYREFOR til hest, sau, høns, hund og katt.

Bergekrossen 7a, 4110 Forsand telefon 51 70 31 12 • www.forsand-byggservice.no Forhandler av

Hotellet i nærheten av Preikestolen

Me er ledige for nye oppdrag! ock The PulPiT R l” ze Die ”kan

Rutebuss

Bo romslig og godt ved ”inngangen” til Ryfylke. I vår restaurant kan du oppleve lokale matspesialiteter i koselige omgivelser. Uteservering. Lobbybar. Selskapslokaler og møterom. Gratis internett. Gode fiske- og turmuligheter.

Turbuss

Bergtunveien 10, 4120 Tau. Tlf.: 51 74 74 34. Faks: 51 74 15 10. Booking: booking@lillandhotell.no www. lillandhotell.no

Verkstad 14

Kontakt oss for blant annet: – Ferdigbetong

gjerne levert med pumpe

Tlf. 52 79 04 00 - post@suldal-billag.no www.suldal-billag.no

www.suldal-billag.no Følg oss på

– Grus og jord

til gårdsplass og plen

– Betongarbeider

murer, trapper, fundament

– Graving og sprengning til veger og tomter

– Gode tilbud

– det er gratis!

Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no


Gründer Mette Lund Larsen (t.v) og dagleg leiar Cathrine Selvaag er overvelda over mottakinga knekkebrødet Superknask har fått.

Eit sprøtt eventyr 9000 knekkebrød til dagen. 45000 knekkebrød i veka. Det er førebels status for Superknask som blir elta og bakt på Judaberg i Finnøy kommune. Ein super suksess, kan gründer Mette Lund Larsen lettare overvelda slå fast.

48

NR. 3 – 2014


— Målet vårt på sikt er å kunna levera noko godt til dei fleste høve på dagen. Me skal ha noko både for den søtsjuke og den kvessne.

Raskt og rutinert smørjer Mihaela Tipei knekkebrødblandinga ut over steikeplatene. Mette Lund Larsen kan ikkje få fullrost arbeidsstokken sin.

NR. 3 – 2014

49


Mihaela Tipei ruter opp blandinga til passeleg knekkebrød- storleik. Blandinga som er spesialbestilt frå Tyskland er garantert glutenfri.

Per i dag er det varme i omnen frå klokka 7 til klokka 23 fem dagar i veka, men Energimat vurderer fortløpande om ein skal gå i gong med nattskift, og / eller helgearbeid. Førebels sysselset bedrifta 4,6 årsverk, og då er ikkje Mette rekna med. DÅ KNEKKEBRØDFABRIKKEN opna i august i fjor var målet å dobla produksjonen innan august 2014, men etterspørselen var så stor at doblinga skjedde alt i mai. Mitt Ryfylke vitjar fabrikken då ettermiddagsskiftet er i gong med å laga sine rundt 4500 knekkebrød. Lokalet som bedrifta Energimat leiger av Rygjabø vidaregåande skule er såpass lite at det berre er to personar på kvart skift. Hadde dei vore fleire, ville ein berre snubla i beina på kvarandre, forklarer Mette. Det er berre rumenarar i produksjonen. Denne ettermiddagen er det Mihaela Tipei og ein vikar som gjennomfører sin stille og konsentrerte dans mellom blanding av knekkebrødmiks, utstryking på brett, smørjing, ruting og steiking av dei 17 gram lette knekkebrøda. OMNEN SLUKER TOTALT 36 brett med 42 knekkebrød på kvar. Når knekkebrøda har fått godgjera seg i eit par timar, er dei to ferdige med nye 1512 nye knekkebrødemne som skal steikast.

50

NR. 3 – 2014

Mette fortel at det er ei kjøkkenbenk- oppskrift som ligg bak Super-knask knekkebrødet. — Heile livet mitt er bakt inn i produktet kan eg vel seia. Som mor til barn med matintoleranse og med slike plager sjølv har eg heile tida vore på jakt etter allergitrygg, men samstundes sunn og velsmakande mat til familien. Supernask- knekkebrøda er ein foredla versjon av dei knekkebrøda eg bakte sjølv tidlegare. Men det er gjort visse justeringar for å optimalisera næringsinnhald, smak og konsistens. Knekkebrødet skal vera sprøtt, men ikkje smuldra og smaken skal raskt fanga smaksløkane. OG I SMAK HAR DET tydeligvis falle. Nå er knekkebrødet i sal hjå Coop og Helgøe Meny i store deler av Rogaland. Ostehuset er også ein god samarbeidspartner. Knekkebrødet er elles i sal i nisjebutikkar frå Tromsø til Sørlandet. Ein har også inngått ein salsavtale med kjeden «Klinikk for alle» i dei største norske byane. Knekkebrødet inneheld korkje mjølk, mjøl, gluten, egg eller nøtter. Det er heller ikkje tilsett sukker. Ulike typar kjernar og frø er hovudingrediensen. Det er rikt på protein og sunne feittstoff. Oppskrifta er naturleg nok hemmeleg, men kva som er i produktet står på pakken, det er såleis ingen skjulte ingrediensar, og folk


Gründer Mette Lund Larsen (t.v) og dagleg leiar Cathrine Selvaag med dei populære knekkebrøda og den nylanserte frokostblandingen.

skal kunna føla seg heilt trygge når dei kjøper våre produkt, fortel Mette Lund Larsen. Omtanke, tryggleik, respekt og stolthet er kjerneverdiar i Energimat. Dette inneber at ein viss prosent av overskotet går til eit ernæringsprosjekt for feil - og underernærte barn i Malawi. Hovudmålgruppa for bedrifta er kvinner mellom 30 og 50 år, men treff både yngre og eldre, av begge kjønn, fortel Larsen. Visjonen til Energimat er «Sunnare kvardag for alle». Knekkebrødet skal difor vera like naturleg å kjøpa for dei som berre ønsker å leva sunt, som av dei som vil ned i vekt, eller har allergi for mjølk, eller gluten. NYLEG LANSERTE ENERGIMAT også ein knekkebrødvariant med havsalt, som skal klinga ekstra godt saman med til dømes ost og som snacks. Ei ny frokostblanding i Superknaskserien er også på plass i butikkhyllene. — Målet vårt på sikt er å kunna levera noko godt til dei fleste høve på dagen. Me skal ha noko både for den søtsjuke og den kvessne. Både gründer Mette Lund Larsen og dagleg leiar Cathrine Selvaag påpeiker at dei vil veksa sakte. Å gapa over for mykje på ein gong trur dei kan slå uheldig ut. Nå vil dei la dei tre produkta dei alt lagar få setja seg i marknaden før dei introduserer nye. Men idélista er lang, skjønar me. Namnet Superknask kom til etter ei idéyngling. Mette var på jakt etter noko som klang godt. I starten var ho litt skeptisk til ordet knask som

Det er orden i sysakene også på emballasjelageret.

kan få tankane inn på godteri, men kom raskt til at nemninga også viser til noko knasande sprøtt. Gründeren har arbeidd med ideen om å laga allergisikker mat sidan 2010. I 2011 blei Energimat såkalla inkubatorbedrift. Det betyr at dei har vore tilknytt ein kunnskapspark, i dette tilfelle Innovasjonspark Stavanger (ipark). — Me har hatt stort utbytte av nettverket og kompetansen dei har kunna tilby, fortel Mette. Tilbakemelding frå kundane har ikkje lete venta på seg. Dei gir lyd både på Facebook og via handskrivne brev. METTE GLER SEG INDERLEG over tilbakemeldingar frå menneske med diabetes som rosar knekkebrødets stabiliserande effekt på blodsukkeret. Men legg ho til, dette skal vera mat for alle som ønsker å leva sunt, også dei som ikkje har spesifikke helseplager. Ho har lang erfaring med rågivning innan kosthald og har i mange år drive Ernæringsklinikken, kor ho framleis arbeider innimellom dei andre gjeremåla. Då Mitt Ryfylke vitja Judaberg skulle Mette og Cathrine rett til Oslo på festivalen Matstreif for å selja og by fram smakeprøvar på varene sine. Knekkebrødet er elles trekt ut fil finalen i Det norske måltid i Stavanger i januar 2015.

Av Heidi Wigestrand Hjorteland Foto: Fotograf Nordtveit

— Heile livet mitt er bakt inn i produktet kan eg vel seia. Som mor til barn med matintoleranse og med slike plager sjølv har eg heile tida vore på jakt etter allergitrygg, men samstundes sunn og velsmakande mat til familien. Mette Lund larsen,  Superknaskgründer

NR. 3 – 2014

51


Foto: Asbjørn Grønås Layout: TeHoKreativ

Saudefaldene er et kraftselskap eid av Orkla med 85% og Sunnhordaland Kraftlag med 15%. Selskapet har driftansvar for 6 kraftstasjoner med tilhørende regionalnett. Selskapet har kontor i Sauda.

Min jobb er å gi deg en god trykkeopplevelse

Saudefaldene er en engasjert og moderne bedrift i energibransjen. Saudefaldene ble etablert i Sauda i Rogaland i 1913, og har siden 1919 produsert elektrisk kraft. Bedriften har i dag 37 ansatte og en årsproduksjon på ca 1,8 TWh (ca 1,5 % av all kraftproduksjon i Norge på et år).

Stavanger Kontorveien 12, 4033 Stavanger Tlf: +47 51 90 66 00 - Faks: + 47 51 90 66 35

Vi er alltid på jakt etter dyktige medarbeidere. Aktuell utdanning og kompetanse: • fagarbeidere energioperatør, energimontør og industrimekaniker, evnt. byggfag og elektriker • ingeniører bygg, elkraft, evnt. mekanisk • økonomi og ledelse

Kristiansand Rigetjønnveien 3 - 4626 Kristiansand Tlf: +47 38 00 30 50 - Faks: +47 38 01 43 42

www.kai-hansen.no

Vi er på web og er sosiale på Facebook

www.saudefaldene.no

Den gode trykkeopplevelsen

TA JULEHANDELEN HOS OSS 1. Julestjerne ute/inne gulv 2.999,2.

Serviett Merry Christmas 49,-

3.

Julestjerne Ludwig 60 silver 429,-

4.

WoodWick duftlys fra 139,-

5.

Julelykter 1-2-3-4 499,-

6.

Settekasse 899,-

7.

Happy Lights 8. Christmas Silver fra 299,-

8.

aOwl bluetooth høyttaler 1.599,-

9. Oppbevaringspose «Stripes» 149,10.

EOS Large Lampe 899,-

11.

Juletrepynt papir 139,- (3)

12.

Speil kobber Ø70 799,-

3

5

2

4

1

11 12 6

Skallstøperiet Kjøpesenter Tlf. 51 74 32 00 www.mobelringen.no Hverdager kl. 10-18 Lørdag kl. 10-15

9

10

8

7


trenger din karriere et løft?

Rekrutterin

g

Vikarutleie

Karriererådgiving ke !

www.asap-personal.no Ei

ek t

e smaksoppleving

fr

l fy y åR

Det lakkar og lir mot jul og nytt av året er

EPLEGLØGG

Møt oss på Coop Prix på Hjelmeland 12. des. Grønvik har juleåpent i butikken heima kvar helg fram til jul.

Personalutleie - rekruttering

Dir. Sæthersgate 1 - 4100 Jørpeland 51 74 15 90 - post@asap-personal.no

Foto: Kjetil Brekke / suldalfoto.no

gronvikgard.no

Me leverer straum og breiband

VELKOMMEN TIL OSS Ryfylke bakeri er et håndverksbakeri med fokus på høy kvalitet og ligger i Ryfylkebyen Jørpeland. B A K R I E Togså Koltbord, Tapas og smørbrød. Vi Eleverer

Ta ein prat med oss – ring 52 79 26 00 www.sev.no

R Y F Y L K E

bakeri & konditori as Tlf. 51 74 72 87

Du finner oss på Jørpeland og Tau


suverene spesifikasjoner! o

isuzu best pa pris & utstyr

suverene spesifikasjoner! o

sTOr sAmmENLigNiNgsTEsT mOT isuzu best pa pris & utstyr VW AmArOk Og TOyOTA HiLux

○ Fra kr. 239.990,-

COME AND DISCOVER TH WORLD OF CHEVROLET.

sTOr sAmmENLigNiNgsTEsT mOT Pick-Up test Vi Menn Top Gear Nr.2 2014: VW AmArOk Og TOyOTA HiLux

○ Fra kr. 499.990,-

Åpent: Man-fre 9-16 tirs 9-20 OPPLEV NYE lør 10-14 CHEVROLET Epost: salg@bilsenteret-stavanger.no

Pick-Up test Vi Menn Top Gear Nr.2 2014: ○ Fra kr. 499.990,-

OPPLEV NYE CHEVROLET

HVERT T 7. S SEKUND S ○ Fra kr. 151.990,-

Hillevågsveien 103, 4016 Stavanger. HVERT T 7. S SEKTlf. UND EN K o51 m90oSEL g64o00 pGE pleS v nDE yeTCh evrCHE olet.VV

PREMIERED PR P PRE RE M EEgersund. RE ED Holmane H olma neE Bil, BiMIERED l, Tengs, TenIE Te gsFOR gs, EOR gR ers und . Tlf Tlf PREMIEREDAGER PR P PRE RE EMIEREDAGE MIE ER RE EDA A GER F R HE Å p eR: t22.—2 M a— nd d-O d O sdvae g 9-17, 9b -17 1er 17, T o0rs r112 dtia Åpent: Mand-Onsdag Torsda Åpningstider: Man–fre 9–16. NÅR: N ÅR Å Rnt: 22 22.—24. —2 2d-On 4On .n november o em 2 2012. 2. 2

Kom og opplev nye Chevrolet. Velkommen til prøvekjørin j i g! Holmane H olmane Bil, Bil, Tengs, Tengs, Te gs Egersund. Egersund. Tlf 51 46 46 19 80

Å p eR: tler M nd d-O d O sd gesse: 99-17, -o 17 1er 17, T o0rs r112 dtirs aglf: 99-19, 19: XXX F reda10–14 g. 9-17, 9A17 rdag 10 0 15 . T 0-15 Åpent: Mand-Onsdag Torsdag 9-19, Fredag 10-15 Åpningstider: Man–fre 9–19, lør F r9–16. han d ler drLLørdag eøsse: XXX NÅR: N ÅR Å Rndt: 22.—24. 22 22.—2 —2 2d-On 4On . .n november em b 2 2012. 2 Forhan :a— XXX Ao dvare XXX .2. T XXX w ww ww.ho .holmane n bil.no no www.holmanebil.no w ww ww..ho holmane n bil.no no www.holmanebil.no l frakt llin lp fra d l Priser levert levert Drammen Drk ammen Bilhavn Bh ilha avn eks. eks. fraHillevågsveien kt og og lev. lev. omkostninger. omk kd o ostn i k ger r. Co Co utslipp u4016 tsliiph frStavanger. a 95 g/km g /km 103, l h Tlf. 51 90 64d d00.

Priser levert levert Drammen Dramm2en Bilhavn Bilha avn eks. eks. frakt frakt og og lev. lev. omkostn omk ko ostn

3,5 tonn hengervekt - Lave driftskostnader - Lavt Co2 utslipp

ExCLusiVE PAkkE

Over 1 tonn nyttelast - Elektrisk 4x4 innkobling med lavserie

Verdi 30.000,- NÅ kuN 10.000,-

Velg mellom Pick up eller Trooper varebil

Automatisk klima • Stigtrinn • Skinnseter • Alarm

3,5 tonn hengervekt - Lave driftskostnader - Lavt Co2 utslipp

ExCLusiVE PAkkE

Man–fre Facebook.com/ChevroletNorge Facebook.com/ChevroletNorge Åpent: | CHEVROLET.NO CHEVROLE T.NO

9-16, tirs 9-20, lør 10-14. F Facebook.com/ChevroletNorge acebook.com/ChevroletNorge | CHE CHEVROLET.N VROLET.N www.bilsenteret-stavanger.no

Verdi 30.000,NÅ kuN 10.000,Over 1 tonn nyttelast - Elektrisk 4x4 innkobling med lavserie Rattbetjening radio/cd • El. justerbart førersete Japansk kvalitet og tøffest i klassen

Alene om automatgir på både 2 d og 4 d - Norsk Tectyl

Velgklare mellom Pick up eller varebil Biler for rask levering - 80 Trooper forhandlere over hele landet

5 års garanti - isuzu.no

Pris varebil fra kr.Automatisk 270 761,- eks.klima mva. • Stigtrinn • Skinnseter • Alarm Pris personbil fra kr. 624 900,-

Rattbetjening radio/cd • El. justerbart førersete

Alene om automatgir på både 2 d og 4 d - Norsk Tectyl Biler klare for rask levering - 80 forhandlere over hele landet

Pris varebil fra kr. 270 761,- eks. mva. Pris personbil fra kr. 624 900,-

Japansk kvalitet og tøffest i klassen 5 års garanti - isuzu.no

www.bilsenteret-stavanger.no

BJØRN HANSEN Betongelement

Bjørn Hansen AS produserer, leverer og monterer prefabrikkerte betongelementer for alle typer bygg. Virksomheten er i vekst og har i dag rundt 75 ansatte. Bedriften holder til i helt nye moderne og moderne produksjonslokaler i Forsand kommune.

51703550

spennbetong.no


t

Foto :

pri

va

RYFYLKEPULS Elin Moen Karlsen journalist i Strandbuen, songar og småbarnsmor busett på Jørpeland.

o: Fot

Privat

Det er nærleik til familien min, fyrst og fremst. Det blir jo litt viktigare når du får ungar. Og så er regionen nesten ubegrensa tilgang på natur i alle former: sjø og skjærgard, høgfjell og skog og elles alt i mellom. Det er og trygg og god oppvekst, nærleik til beslutningstakarane, så det så fint heiter, det er kjent, kjært og fylt av ubegrensa moglegheiter. Ofta moglegheiter som er dårligt utnytta på grunna av vårt litt trauste og tryggleikssøkande lynne, men dei er der, klare

for vågale innflyttarar eller utypiske ryfylkingar. Elles er Ryfylke bu- og arbeidsplassen min. Kjenner meg heldig som har jobben så nær.

#mittryfylke @jorunnahauge #hjelmeland #mitthjelmeland #mittryfylke #ryfylke

Kjenner meg heldig som har jobben så nær. @ostmar #morningview #myview #seaview #november #Tau #ryfylke #mittryfylke #aftenbladhøst

@solvikarinsand #tur#jonstø #suldalturlag#suldalsposte #mittryfylke.jpg

KULTURTIPSET Merete Meling Kindingstad, Leiar bibliotek Finnøy kommune

Det lakkar og lir mot mørkare tider. Frisk luft er godt, anten det er lyst eller mørkt – og dette kan du få så mykje du vil av i Finnøy. Mange av øyane har fine turområde, mange av dei i form av merka løyper. Er du lokalkjent treng du ikkje slike merka løyper for å finna fine turområde, men for dei som tek turen i ukjent mark er det godt at det er mange og fine alternativ til turgåing. Det er mogleg å sjå på kart kor dei ulike turane er. Då går ein inn via Finnøy kommune sine heimesider. Under kultur og fritid finn du inngong til turkart. Der får ein opp oversikt over øyane og dei turløypene som er

merka. Elles vil det vera ulike lokale arrangement nå som ein nærmar seg jul. 25. november kjem Vidar Lønn Arnesen og Philip Kruse med eit Prøysen og Da Capo-program. Elles er det julemesser, konsert med Odd Nordstoga i Fleirbrukshallen, juleutstilling i Ottohuset, og «Vi syng jula inn» - arrangement svært mange stader. Mykje av dette finn du på www.kulturhaustiryfylke.no – men i tillegg vil ein kunna lesa mykje på kjekke plakatar plassert lokalt rundt om. For dei minste vil det vera eit koseleg førjulsprogram på biblioteket, tysdag 2.

desember kl 17.00, med Bjørn Kallevig og Halvard Josefsen. «Julefryd» lagar god adventsstemning før jul! Etter at du har hatt deg ein forfriskande tur i ei av dei vakre turløypene i kommunen, kan ein få med seg ovannemnte arrangement. Vil ein heller vera heime - eller for så vidt vera kor som helst - kan ein låna seg ei god bok, eller ei e-bok. E-bøkene låner ein via appen ebokbib. I tillegg treng du lånenummer og pinkode som du får på ditt lokale bibliotek. God tur – anten det er i frisk luft, eller andre kulturelle område, du tek turen!

NR. 3 – 2014

55


Statkraft_Annonse_SaudaKommune.indd 2

24.11.09 09.28


Opningstider: m-f: 08:00-16:00 l: 10:00-13:00

Din lokale elektriker Din lokale• Termografering elektriker Industri/Bolig

Industri/Bolig • Termografering Varmepumper Varmepumper

Fagforhandlar av skogsmaskinar, hagemaskinar, parkmaskinar, landbruksmaskinar og verktøy.

Installasjon A/S Installasjon A/S

Kvalshaugvegen 4, 4100 Jørpeland Kvalshaugvegen 4, 74 4100 Jørpeland Tlf. +47 51 99 77 Tlf. +47 51•74 99 77 www.oneco.no bh@oneco.no www.oneco.no • bh@oneco.no

UNDERBAKKE NÆRINGSPARK   UNDERBAKKE NÆRINGSPARK AS AS   Firmatenester til bedrifter og private heimar *VAKTMEISTERTENESTE

Firmatenester til  bedrifter  og  private   *REINHALDSTENESTE heimar   Næringsparken Sandsvegen 134 4230 Sand Tlf. 48160440 e-post: post@underbakke AS

*VAKTMEISTERTENESTE *REINHALDSTENESTE     Næringsparken  Sandsvegen  134  4230  Sand   Tlf.  48160440   -­‐post:   ost@underbakke  AS   MER eENN DU pFORVENTER

- Er du fornøyd - fortell

det til dine venner. Er du ikke fornøyd - fortell det til oss! www.finnoybuss.no

       

Butikk og verkstad i Årdalstunet.  

Finnøy Buss AS 4160 FINNØY, Tlf 51 71 08 40    finbuss@finnoybuss.no       www.finnoybuss.no

Velkommen innom!

På jakt etter en personlig gave eller unike og lokalprodusete produkter?

Glasskunst

av av Astri AstriVadla VadlaRavnås Ravnås Glasskjellaren, Bjørheimsbygd, 414 22 884 Åpent: ons & fre: 11-17 • lørd: 10-13

www. gl asskj el l aren . n o

På jakt e�er en personlig gave eller unike og lokalproduserte produkter?

Glassgalleriet, Sverdrupsgate 30, Bjergsted. Tlf. 414 22 884 Åpent: Tirsdag 13-17, torsdag 13-18, lørdag 11-13

mars 2014 | Mitt Hjelmeland

| 7


A K T U E L T

Skal eg skriva ein roman, treng eg å ha kvardagsliv rundt meg, så då er det best å sitja på kontoret heime. 

(Foto: Julie Pike)

NAMN: Kjartan Fløgstad (70 år i år) BUR: Oslo AKTUELL: Er med i tre bøker i år. Magdalenafjorden (roman), Dovre faller, Norge 1814-2014 og Brasil 2014 om VM i fotball. Dessutan er romanen hans Grand Manila årets felleslesnad i Rogaland.

Ryfylke var for den unge Kjartan Fløgstad noko framand og ugjennomtrengjeleg. Eit mystisk rike han reiste forbi med båten på veg til Stavanger.

Saudabu først, deretter ryfylking

Sauda var hans eitt og alt. Industribyen inst i Ryfylke var hans nøkkel til å forstå både den store og den vesle verda, ei skattkiste av forteljarkunst som den unge guten saug til seg, og som sidan skulle bli hans unike springbrett som forfattar. — Kva forfattar ville du vore om du vaks opp på ein annan stad i Ryfylke. Ville du vore meir ein Alfred Hauge? — Det er eit hypotetisk spørsmål. Talentet, blikket og trongen til å sjå føre meg historier hadde nok vore det same, men tonen ville truleg blitt ein annan, seier Kjartan Fløgstad. — Korleis opna Ryfylke seg for deg? — Det at søster mi blei gift på Sand, var ein viktig døropnar. Seinare har eg gradvis tileigna meg meir kunnskap om regionen, ikkje minst i samband med boka Kron og Mynt, kor mykje av handlinga er lagt til Ryfylke. Og i dag vil eg ikkje nøla med å kalla meg ryfylking. — Er du ofte i Sauda? — Kona mi har notert at me har vore i Sauda 130 gonger, så det blir fleire turar i året, gjerne til hytta i Tengdal nord mot Etne. — Skriv du på hytta? — Slett ikkje. Eg har aldri fått til det med hytteliv og skriving. Når eg er på hytta driv eg med kroppsarbeid. Skal eg skriva ein roman, treng eg å ha kvardagsliv rundt meg, så då er det best å sitja på kontoret heime.

58

NR. 3 – 2014

Skriv eg andre ting, kan eg arbeida kor som helst, på fly eller hotell. Eg let meg ikkje distrahera så lett. — Og du blir ikkje forstyrra av fans? — Mine lesarar er danna og godt oppdradde menneske, seier Fløgstad og smiler lunt. — Har du dagar skrivinga går trått? — Ein dag kan eg tenkja om noko eg har skrive, at betre har det ikkje vore gjort sidan Homer, neste dag finn eg ut at det var visst berre tull. Å skriva er ei viljesak. Det handlar om å kunna forkasta og starta på nytt. — Du har greidd kunststykket å bli profet i eiga bygd. Korleis? — Om det stemmer, er det truleg fordi eg aldri skriv om faktiske personar. Eg diktar, men låner kanskje fysikken av ein person, ansiktet til ein andre og talemåten til ein tredje, forklarer han. — Korleis reagerte du då Grand Manila blei årets bok i «Hele Rogaland Leser»? — Med skrekkblanda fryd. Eg merkar fornya interesse rundt romanen. Då eg skulle skriva han, lurte eg på om eg framleis hadde stoffet om industribyen inne, og om det ville fenga moderne lesarar. Men boka slo an som berre det, både i Norge og utlandet. Heidi Hjorteland Wigestrand


Foto: F.v. Astrid Eidhammer Hjelmeland, Per Inge Fjellheim Layout: TeHoKreativ

Tobias Bjønnes (23)- mekaniker i Eramet Sauda og skikjører

Foto: Kjell Helle-Olsen

Tett på de gode hverdagene

Velkomen til Skattkammeret Suldal!

Den nyopna turistforeningshytta Jonstølen ligg i hjartet av støls- og fjellriket Suldal. Hytta er eit springbrett midt i Rogalands toppturparadis - eller berre eit herleg dagsturmål året rundt. Ei av mange perler i Suldalsheiene.

suldal.kommune.no


Leiligheter og eneboliger i Skarbekken på Jørpeland:

Foto: Anne Lise Norheim. 3D: Brick

14 flotte leiligheter og 7 supre eneboliger på toppen av Jørpeland! Skarbekken er toppen – geografisk og når det gjelder bomiljø. Et bra sted med utrolig utsikt.

14 FLOTTE LEILIGHETER. PRIS FRA 1 850 000,–

7 SUPRE ENEBOLIGER. PRIS FRA 3 600 000,–

KONTAKT MEGLERNE I DAG!

MARION ESPEDAL 900 19 866 marion@aktiv.no

Nå har vi startet salget! • • • • • •

Leiligheter på 45 m2, 65 m2 og 69 m2 Eneboliger i størrelse 120 m2 Solrikt – ligger mot sørvest Kort vei til sentrum Turterreng rett utenfor døra Les mer på skarbekken.no eller kom innom vårt kontor Aktiv Ryfylke, Jørpeland sentrum

NORUNN ELISE HABBESTAD AARNES 464 33 011 norunn@aktiv.no

HILDE JENSEN 907 78 911 hilde.jensen@kruse-smith.no

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2014 3  

Det skal handle om oss, om Ryfylke: Folk, næring, kultur, meiningar, opplevingar, det gode livet i Ryfylke. I nr. 3 2014 kan du lesa om: 50...

Mitt Ryfylke 2014 3  

Det skal handle om oss, om Ryfylke: Folk, næring, kultur, meiningar, opplevingar, det gode livet i Ryfylke. I nr. 3 2014 kan du lesa om: 50...

Advertisement