__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

INFORMASJON

Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord

6

Rushtid heimover Læretid Vil ut i verda

Portrettet:

Gullguten

18

40 22 



NR. 1 – 2014 1 • 2014 1


Me er framleis i Ølensvåg om ti år, men me er mange fleire. Les meir s. 32

27-29

18-19

36 43

9-11 Investerer i framtidige innbyggjarar. Les meir s. 42

14-16

40

6-8

22-25

INNHALD 5

Leiar

14-16

Dobbelt så kjekt

32-33

Inn i vår hage

6-8

Nummer 14

18-19

Lærlingen og gamlingen

36-37

Seniorrådgjevarane

9-11

Over gjerdet

22-25

Portrettet: Arne Gunnar Habbestad

39

Kommentar: Rekruttering

13

Kommentar: Samferdsle

27-29

Rom for alle

42-43

Vil erobre verda 

1 • 2014

3


Dette er Berge Sag Vi har levert et sted å bo i over125 år. Vi holder til i Ølensvåg og i Haugesund. Vi er medlem av Blinkhuskjeden. I 2013 hadde vi en omsetning på 325 mill. kr. og vi leverte 135 boenheter. Vi er arbeidsplassen til 95 personer. Vi bygger for alle typer folk og behov, og på mange ulike tomter og steder. VI skal forstå dine behov og gjøre våre anbefalingene deretter. Din bolig skal bygges for å vare, fungere optimalt og tåle alle belastninger - akkurat slik som Deg! Vi er regionens største og mest erfarne boligleverandør, og det skal merkes!

Hos oss i Berge Sag Bolig får kundene det akkurat som de vil ha det. Finner du ikke ditt drømmehus i vår flotte huskatalog, hjelper vår arkitekt Camilla L. Thorsen deg videre slik at du kan realisere din boligdrøm innenfor dine rammer. Utvalg av våre prosjekter. For flere se: bergesag.no

ENEBOLIG/LEILIGHET HEMMINGSTAD GÅRD

Følg oss på facebook www.facebook.com/BergeSag

ENEBOLIG I REKKE/ ENEBOLIG/LEILIGHET MOKSHEIMTUNET

ENEBOLIG KNAPPHUS

ENEBOLIG ØLENSVÅG

Ølensvåg Berge Sag og Trelast AS Gjerdevik, 5582 Ølensvåg Telefon 53 77 54 00 Faks 53 77 54 01

ENEBOLIG I REKKE SANDEID

Raglamyr Berge Sag og Trelast AS Berg Senteret, Longhammarvn. 36 5536 Haugesund

VINNARSKALLE

Huset er tegnet av vår arkitekt Camilla L. Thorsen.


Med draumejobben her følgjer gjerne eit tilbod om trenaransvar for Jenter 12.

Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord

Ansvarleg utgivar Fikse Næringsutvikling Ansvarleg redaktør Asbjørn Moe

foto: Fotograf

No rd

tv

eit

Redaktør Astrid Eidhammer Hjelmeland, Filter design&kommunikasjon

Asbjørn Moe Fikse Næringsutvikling

Redaksjon Kari Aakra Astrid Eidhammer Hjelmeland

DOBBELT SÅ KJEKT

Formgjeving Filter design&kommunikasjon

Det du nå held i neven er den aller første utgåva av næringsmagasinet for Etne og Vindafjord. Me har kalla det TEMPO, som er italiensk for tid, eit sentralt omgrep både i denne utgåva og (nærings)livet elles. Me er litt stolt og spent på ein gong, og håpar du finn noko av interesse. Anten du lurer på kva du skal bli når du blir stor eller er godt etablert i Tidsklemma 247c, ønskjer me å gi deg eit lite innblikk i eit høgst vitalt næringsliv og lokalsamfunn som gjerne tar i mot deg og dine.

Foto: Fotograf Nordtveit

I dette magasinet kan du lese om gründeren som seier at å starte bedrift gjerne er dobbelt så krevande som ein først trur, men også dobbelt så kjekt når ein lukkast. Me møter bedriftsleiarar som synest å ha det dobbelt så kjekt, med både å drive bedrift og utvikle gode lokalsamfunn. Husbyggjarar får dobbelt så mykje for pengane enn mange andre stader, og om dei ikkje får dobbelt så god tid får dei i alle fall kort veg til alt. Me ønskjer visa deg Etne og Vindafjord som både landleg og sentralt, både landbruk og latte. Eit næringsliv i ein global marknad, og eit lokalt engasjement. Med draumejobben her følgjer gjerne eit tilbod om trenaransvar for Jenter 12. Med draumehuset følgjer gjerne ein nabo som kan sjå til ungane når du nett skal på butikken ein tur. Du er ikkje «ånnas og tulling» om du vel å bu og jobba andre stadar, men til Etne og Vindafjord er du i alle fall hjarteleg velkomen, og vel så det. Me gjer kvarandre gode - og har det dobbelt så kjekt.

Opplag 6 500 Trykkeri Haugesund Bok & Offset AS

Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vindafjord. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

Takk til gode samarbeidspartnarar, annonsørar og til deg som les dette magasinet. Me møtest igjen. 

God lesning!



1 • 2014

5


Det går fort i svingane på Roa. Med Fillip og Niklas i vente blei det brått hastverk med fleire kvadratmetrar å springa på for storebror Sander.

NUMMER 14 Tomteprisane i Stavanger nådde taket, fleire i vennekretsen vende heimatt, eit tvillingpar melde sin ankomst og tilgangen på svigerforeldre blei akutt. Plussane ved å flytta tilbake til heimbygda trumfa lett ut fordelane ved å bli buande i oljehovudstaden. TEKST: Kari Aakra FOTO: Fotograf Nordtveit

Vindafjord blei løysinga på kvardagspuslespelet for Anja Hauge Christiansen og Magne Christiansen. Slå deg ned i sofaen deira ein klår sommardag og du svevar over ein blank ølensfjord. Rett fram brifar Vindafjord sin særeigne «skyline» av jackup-riggar og boreplattformar, med direkte innsyn til Ølenssjøen svakt til venstre, og fjellrekkja langs Bjoa og Ølensvåg til høgre. Ekteparet har tatt siluetten av Ølensfjorden inn i stova. Den 12,6 meter breie glasfronten på det flunkande nye funkishuset på toppen av Roa er kun dekorert av utsikten. Innramma av stilreine vegger, tre meter opp til stovetaket, i bakgrunnen av tre par travle guteføter tassande målretta mellom trøtraktorar, trampoline ved garasjen og basseng på altanen. — Me kunne berre drøyma om ei tomt og eit hus som dette dersom me framleis skulle budd i Stavanger-regionen. Utsikten ville vore erstatta av naboen sin garasjevegg og eit rimeleg flatt landskap av rekkjehus og fortetta einebustader, fortel dei to. Saman flytta dei frå heimkommunen i 2003, han frå Ølen sentrum, ho frå Vaka. Og saman valde dei å flytta tilbake til Vindafjord i 2011, etter 8

6

1 • 2014


Det har drege på seg med hus i Roa-feltet etter at Hauge Christiansen kjøpte nr.14. Nå er dei siste naboane på veg inn i nabolaget.

Me kunne berre drøyma om ei tomt og eit hus som dette dersom me framleis skulle budd i Stavanger-regionen. 

år som studentar og deretter arbeidstakarar i Siddis-land. To år etter at eldstemann Sander blei fødd i 2010, melde duoen Fillip og Niklas sin ankomst, og dermed måtte etableringa på Sola revurderast. Brått var det like mange utfordringar ved å bli buande i sør-fylket som det var fordelar. Og dei fleste fann dei løysinga på heime. — Eg hadde nett fått ny jobb i Statoil i Stavanger og Magne treivst godt i arbeidet sitt der nede. Me likte oss på Sola, men innsåg at me ville få bruk for endå meir plass, og ikkje minst såg me nytta av å komma nærare besteforeldre og familie her heime. Og for å finna ein einebustad til overkommeleg pris måtte me bevega oss eit godt stykke lengre sørpå til Jæren, og det var ikkje særleg aktuelt, seier Anja. Frå sitt første bustadkjøp i Stavanger i 2004 – eit oppussingsprosjekt til 800 000 kr - flytta dei opptil fleire gonger og fekk etter kvart god kjennskap til den bratte vekstkurva i bustadmarknaden som nådde rekordhøge prisar og eit høgtrykk utan sidestykke. Då dei var i tenkeboksen om heimflytting i 2011 blei ei 350 m2 stor nabotomt på Sola lagt ut til 2 millionar kroner. Anja og Magne slo derimot til på tomt nr 14 øvst i det nye Roa-feltet i Ølen, der dei fekk boltreplass på nærare

Magne Christiansen

680 kvadrat til 600.000 kroner, med rundskue til kjernen av sentrum, næringsliv, fjord og fjellheim, kort veg til barnehage og besteforeldre. Og samstundes som gjengen på tre - snart fem - gjekk for heimflytting, hadde mange i same situasjon valt same strategi. I 2008 hadde den til då negative innflyttingstrenden til kommunen snudd, og i løpet av dei tre neste åra var netto innflytting gått frå minus til over hundre i 2011. — Bustadmarknaden i Vindafjord har endra seg drastisk. Me skal ikkje mange åra tilbake før det var stufullt på kvar einaste visning og ein kjempekonkurranse om husa som fyrte prisane til vers, påpeikar Magne. Han flytta heim til jobb som banksjef i SR Bank Ølen og har fylgt med på marknaden både i arbeids medfør så vel som privat. Nr 14 var første tomta som blei seld øvst i rekka på Roa-feltet og sidan første spadetak blei tatt for Hauge Christiansen har det vore flittig knopskyting av både tomtefelt og nybygg både i nabolaget deira og elles i kommunen. Per dags dato er det nærare 100 tomter tilgjengelige for byggjeklare vindafjordingar, meir enn 130 er under opparbeiding. Framleis held innflyttingstrenden stand. Like nedanfor nr. 14 er den 

1 • 2014

7


siste tomta i denne delen av feltet under opparbeiding: Eit av dei siste para i vennegjengen frå Ølen er på flyttefot heim frå Stavanger. Fleire har innsett fordelane med fjordsiluetten inn stovevindauget og ein rushfri veg til jobb. Det einaste som kan minna om rushtid hjå Hauge Christiansen no til dags er logistikken mellom frokostbord, barnehage, trøtraktorar og leikekompisar i kvardagen. Og utfarten til fjells eller sjøs i helgane.

— Tilgangen på fjell og sjø her heime har alltid vore viktig for meg. Det har blitt mange fleire turar både til Romsa og til hytta på Seljestad etter at me flytta heim. Det trur eg er noko stadig fleire som er oppvaksne her ser betydninga av - både naturen og fridomen til å kunne la ongane boltra seg på eit romsleg tun med litt meir enn naboen sin garasjevegg utanfor døra, seier Magne.

AT T R A K T I V E TO M T E R .no å

ka Vi

et, S nes

r

to:minbit

tf

len Fo

Uts ik

Utsikt frå

Pre

Uts ik

st a

1 • 2014

kjold Foto:

v ik

an

es

no

8

a Ro

m a. ora an

For berre få år sidan var det få valmoglegheiter dersom ein ville kjøpa seg tomt å byggja hus på i Vindafjord eller Etne. Sidan har dette endra seg i stor grad og ein finn i dag om lag 150 attraktive tomter for nærast ein kvar smak og lommebok fordelt på dei fleste grendane våre. Oppretting av tomteselskap i Vindafjord og sidan i Etne, har saman med private tilbydarar ført til fornya byggjeaktivitet og tilflytting i dei to kommunane. Kontakt tomteselskapa i Vindafjord eller Etne for oversikt over ledige tomter.

å

r

en

tf

eit

li

ik Foto: Ørjan Tv

et p

o,

v åne Sk

Tomteområde i Etne Prestalio 27 Osnes I 5 Osnes II 15 Kambe I 3 Eikanes 4

Tomteområde i Vindafjord Roa Ølen 6 Søndenåfeltet 11 Lio, Vikebygd 18 Kårhusfeltet, Vats 2 Ølmedal 2 Bjoa, Hjartåker 4 Roa II, Ølen 6 Vikaneset, Skjold 32


Det er tettare mellom kulturtilboda i by´n. Og truleg litt fleire jobbar å velja i for ein bioingeniør. Likevel var det lettare å velja ei tomt i beitelandskap, og kort veg til familien for småjenter på sjølvstyr. Audhild Rygg og Andreas Grumheden var klar for å flytta heim att til Etne. Nesten før dei hadde flytta ut.

OVER GJERDET



1 • 2014

9


Hadde me framleis budd på Sola eller i Stavanger hadde det vore rimeleg avgrensa fridom med tanke på born og barnevakter.

10

1 • 2014

— Kva var den viktigaste grunnen til at de flytta heim… — Besteforeldre. Svaret kjem kontant før spørsmålet er ferdigstilt. Mest som det er innøvd på førehand. Audhild Rygg og Andreas Grumheden flirer av samsvaret seg i mellom der dei sit på den rykande ferske plattinga utføre huset sitt på Rygg i Etne, i utkanten av husklynga omlag 4,5 km frå sentrum. I enden av bustadfeltet er dei omringa av saue- og kubeite. Herifrå har Anna (4) og Aksel (1,5) utsikt til eitt par besteforeldre på Fjøsna, og eitt anna besteforeldrepar er lett tilgjengelege ein kjapp trilletur unna. Medan Aksel nyt livet på eit fang, er storesystera kommen i utbrytar-alder. Anna tygg iherdig på sukkererter og multitaskar jobben med å klatra over gjerde samtidig som ho trer på seg rosa sommarsko (den venstre på høgre foten og den høgre på venstrefoten, sjølvsagt). På same tid klarar ho å tyggja fram ein klår agenda for ettermiddagen. — Springa… til Ludvig. Hade! Deretter er det stø kurs over bøen. Ludvig er søskenbarn og bestekompis. Då er det flaks at han har adresse kun nokre kjappe barnesteg over jordet frå det nye funkishuset på Rygg. — Hadde me framleis budd på Sola eller i Stavanger hadde det vore rimeleg avgrensa fridom med tanke på

born og barnevakter. Omringa av søsken og naboar eg sjølv vaks opp med, er det mykje friare for oss og ungane her. Me hadde nok ikkje vore like avslappa til dette om me framleis budde i Stavanger. Me hadde ikkje slept Anna på sjølvstyr over til naboen der, ler Audhild. Planen var alltid å venda tilbake til Etne. Etter vidaregåande flytte dei til Bergen og deretter saman i Stavanger. Først studier, deretter arbeidsliv. Så kom dei på tankar om familieauke, og dermed kom debatten om huskjøp. På denne tida hadde dei rekkehus på Sola. Dei hadde fleire val for vidare etablering, men to av alternativa var heller dårlege. — 1. Me kunne bu trongt og venta til me bikka 50 før me fekk råd til eit hus slik me ville ha det. 2. Me kunne byggja hus blant oljerikingane og «bu oss i hjel». Alternativ 3 var å flytta heim. Det blei ein kort diskusjon, ler Audhild og Andreas.. I det dei pakka saman familieliv og rekkjehus i 2012, selde dei sine 120 m2 på Sola for 4 millionar, og tok meir enn gjerne til takke med ei tomt på Rygg der dei kunne bruka ressursar på draumehuset, utan at livskvaliteten måtte gå på akkord med kvadratmetrane. — Me hadde i grunnen ikkje lyst å byggja i noko bustadfelt. Når me først skulle bu på bygda såg me


TEKST: Kari Aakra FOTO: Fotograf Nordtveit

Frå verandaen kan dei sjå til besteforeldra på Fjøsna. Familien var alfa omega då Audhild og Andreas skulle avgjera etablering for framtida. Eit rekkjehus på Sola tapte kampen mot beitetomta på Rygg.

Her er det jo alltid noko som skjer. Barnetilboda er dei same: bibliotek, turn, idrett og kultur.

gjerne for oss å ha litt god plass, utan at me trengte kjenna middagslukta frå naboen sitt kjøken. Men det var ikkje flust å velja i av slike tomter her heime, og i grunnen fekk me ei god mellomløysing her, på tomta som blei skild ut frå garden til far min, fortel Audhild. Det springande punktet var jobb. Andreas kunne pendla mellom Stavanger og Etne i jobbe sin, medan ho som bioingeniør måtte har litt meir tålmod i jobbsøkinga her heime. AF Decom i Vats avgjorde saka då ho fekk jobb på Raunes som HMS-ingeniør. I dag arbeider også han i Vats, som systemingeniør på Hatteland Solutions. — Av ein veninnegjeng på ni som gjekk i same klasse på vidaregåande i Ølen, har åtte av oss flytta tilbake til Etne eller Vindafjord. Og dei fleste etter same argumentasjon som oss, påpeikar Audhild. Som i nabokommunen Vindafjord, opplevde også Etne ein aldri så liten opptur kring 2008, då innflyttinga starta få overtaket på utflyttinga. Året dei to vende heim, talde netto innflytting i Etne 60, etter ei stabil oppattgåande kurve. Fire år tidlegare låg talet på minus. Dei har diskutert opp og i mente med både jamaldra Etnebuar så vel som kollegaer i Stavanger, om korleis det er å flytta frå eit tilsynelatande endelaust kultur-og aktivitetstilbod i byen. Men det har aldri vore eit sakn. Fritida, så vel som kvardagslivet, er romslegare her.

— Her er det jo alltid noko som skjer. Barnetilboda er dei same: bibliotek, turn, idrett og kultur. Og for oss har det vore plenti å ta del i. Me har ikkje fått tid til å keia oss så langt i alle fall. Same kor mange tilbod som finst i Stavanger: når me ikkje hadde familien rundt oss der, kunne me heller ikkje dra nytte av alt på same måte som her heime, seier Andreas. — Nokon meiner det blir for tett når ein flyttar tilbake til heimbygda. For oss har det berre betydd meir fleksibilitet. Pluss at visse småting i kvardagen blir noko enklare. Som når me i ein byggeprosess skal bestilla handtverkarar eller eit lass grus. Dei fleste veit kven me er og kor me byggjer, nærare forklaring trengst ikkje når me ringjer inn ei bestilling. Ein kan gjerne ropa på bygdedyr eller kalla det forviteskap og sladder. For oss har det vore utelukkande positivt, fortel dei to, medan dei på likt snur blikket mot bøen der ei rosa dukke som kjem tuslande heimover. Med eigenrådig akrobatikk klatrar ho bestemt over gjerde. — Va kje hima. Ludvig var ikkje tilgjengeleg i dag. Men det er ikkje så hytt. Besøkstidene på Rygg er fleksible. Slikt kan Anna ordna opp i sjølv. Det er berre å klyva over gjerde. Det er ikkje alltid ein treng sko eingong.



1 • 2014

11


Mat for alle anledninger

cateringpartner.no

TUNGESVIK BYGG - når du vil realisere hus- eller hyttedraumen! Vi har erfaring med prosjektering, produksjon og oppsetjing av hus og hytter sidan 1974. Dette gjer oss til det naturlege valet for deg som vil realisere draumen - anten det er på fjellet eller ved sjøen. Du er alltid velkommen til ein hus- eller hytteprat hos oss!

12

1 • 2014

Tlf. 53 77 50 32


KOMMENTAR

Fot o: R

on ess nn ha

ey n ir Jo

/Fr

P

TERJE HALLELAND Fylkesvaraordfører i Rogaland

SAMFERDSEL SOM SAMFUNNSUTVIKLING Næringsutvikling er en nødvendighet i vårt samfunn. Et stadig mer dynamisk samfunn utfordrer kontinuerlig eksisterende strukturer. Vårt velferdssamfunn (og høgkostland) har ført til at konkurransen rundt oss er stor. Det er derfor av stor betydning at forholdene legges til rette for et mest mulig effektivt samfunn. Det er mange utfordringer med å drive næring på Vestlandet, men et manglende offentlig utbygd veinett er nok den største. Det må tenkes helt nytt i hvordan veiutbygginger gjennomføres. Veipolitikken som har blitt ført de siste tiårene har sviktet på de fleste områder. Prioritering, finansiering, planlegging og gjennomføring er alle områder som trenger en helt annen forutsigbarhet. Nasjonale transportkorridorer må prioriteres, det må innføres økonomiske bevilgninger som skjer uavhengig av statsbudsjettet, det må brukes mer statlige reguleringsplaner, og vi må få flere aktører til å konkurrere om oppdragene, både på prosjektering og utførelse. Regjeringen har varslet at de ønsker å etablere et statlig utbyggingsselskap som skal ha en forutsigbar finansiering og som skal prioritere de strekningene som gir størst samfunnsnytte. For vårt distrikt vil det være av avgjørende betydning at våre stamveger E39 og E134 kommer med i porteføljen til dette selskapet. Den største utfordringen vil nok være å få E134 inn som en prioritert strekning. Foruten at vi sitter med inntrykk av at strekningen ikke er like mye ønsket av enkelte innen det offentlige, sitter vi også med en følelse at en ikke har klart å få presentert betydningen av strekningen på en god og samlet måte. Samferdselsministeren ønsker en større prioritering av øst / vest forbindelsene, og har mer en antydet at kun et hovedalternativ kan

være aktuelt. Alle vi som bruker E134 over Haukeli kjenner vegens betydning både for næringsliv og private. Vår oppgave fremover blir å overbevise ministeren og departementet om det samme. Samfunnsgevinsten kommer til å være avgjørende for valg av prosjekter til selskapsporteføljen. For å oppnå stor samfunnsgevinst er tidsbesparelse av de faktorene som gir størst utslag. Valg av lang tunnel over Haukeli som vil gjøre veien vintersikker og en helt ny trase gjennom Telemark er prosjekter som vil gi store tidsbesparelser og et stort løft på samfunnsgevinsten. Det haster med å få regionen til å stå samlet bak disse prosjektene. Ministeren er utfordret til selv å kjøre over Haukeli i vinter, en utfordring han allerede har bekreftet at han kommer til å gjennomføre. Avgjørelsen om hvilke og hvor mange overganger det blir, vil komme i løpet av først halvdel til neste år. Haukelivegen er den korteste, raskeste, berører flest innbyggere, er foretrukket av næringslivet og ikke minst transportnæringen. Et utbygd veinett vil sikre distriktene, bidra til et bedre miljø, øke næringslivet sin produktivitet, bedre trafikksikkerhet, gjøre veien til en tryggere arbeidsplass og gi oss det som hører med i et moderne samfunn.

Haukelivegen er den korteste, raskeste, berører flest innbyggere, er foretrukket av næringslivet og ikke minst transportnæringen. 

1 • 2014

13


Torlaug Eriksen frå Åsgårdsstrand har stoppa i Åkrafjorden i vel 40 år. Gode pølser frå Åkrafjorden er eit must.

DOBBELT SÅ KJEKT — Å vera gründer er å ganga alt med to. Alt tek dobbelt så lang tid, krev dobbelt så mykje innsats og kostar dobbelt så mykje. Men når du lukkast så er det òg dobbelt så kjekt, seier John Karsten Hustveit.

14

Høgsesongen for turisme er på hell, likevel er det kø på toalettet og ikkje berre lokale ansikt å sjå når ein kjem inn på Åkrafjordtunet på Teigland i Etne kommune. I lokalmatavdelinga skimtar me dagleg leiar, John Karsten Hustveit. Travel med å fylle på varer, innimellom ekspedering av kunder i butikken og i kassen. Den daglege leiaren på Åkrafjortunet har alltid eit smil på lur.

etikettar med lita skrift og treng hjelp til å fylla korga med favorittspekematen. — Eg stoppar alltid her, fortel Torlaug Eriksen. Ho er opprinneleg frå Karmøy, men har budd på Åsgårdsstrand i vel 40 år. Like lenge har ho hatt det som fast tradisjon å stoppa i Åkrafjorden for å handla med seg delikatesser på heimvegen. Og gode pølser og Åkrajordpølsa er eit must.

Eg får avløysing her kl 12, seier han blidt og bistår kundar som har vanskar med å lesa

Drøsen går lett med kundane. John Karsten fortel at han så langt som råd prøver å yta det

1 • 2014

vesle ekstra, som til dømes å hjelpa dei med å fylla posane etter ein handel. Det er ikkje så mykje som skal til. Ekteparet Jakob Bleie og Sigvor Viskjer Bleie kan ikkje få skrytt nok av tunet og folka som jobbar her i butikken og kaféen, medan dei pakkar varene sine. Trass i at dei har vore busette i Bergen dei siste førti åra, så har dei etter pensjonsalder jamt over vore rundt 100 døger i året på hytta dei har på Viskjer, der Sigvor vaks opp. — Tunet her er heilt nødvendig for oss, seier


TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Fotograf Nordtveit

Eg likar å treffa folk. Driven er å skapa noko for andre. 

John Karsten Hustveit

Elin Grønstad Kristiansen må hyppig fylla i diskane med Skakkelaks og andre lokale godsaker. Under: John Karsten handterer rolla som dagleg leiar samstundes som han er med i butikk og der det elles trengs.

dei, det er godt å ha ein lokal butikk. Her kan me snakka med folk og kjøpa oss komlelunsj, held dei fram. Dei er flinke, seier dei og sender gode blikk til den blide mannen bak kassen. Det er dette han likar. Serviceyrket. — Eg likar å treffa folk. Driven er å skapa noko for andre. For Åkrafjordtunet fungerer òg som eit lokomotiv for andre lokalbedrifter. John Karsten fortel at dei har over 20 lokalvareleverandørar. Ein av dei som leverer hyppig for å møta etterspurnaden er Roy Martin Øyjord med sin Skakkelaks. Elin Grønstad Kristiansen kjem inn med ny leveranse og får fylt opp att i kjøledisken. — Me får vel inn rundt 30 kilo ferdigpakka Skakkelaks kvar veke, fortel John Karsten. Av dei andre lokale godsakene finn ein Ingebjørg sine flatbrød og Indre Nes krotakaker, begge produserte i Skånevik og Nordlandskaker frå Eikanes Bakst i Etne i hyllene for bakverk. Det ringer i telefonen, John Karsten må ut ein

tur. — Korleis går det med varene? Eg har vore på jobb i heile dag og ingenting er kome her. Fire containerar med varer manglar. John Karsten held roen trass i problema dette medfører. Men han tykkjer sjølv han gav dei beskjed. Eg har lært meg å bli litt skarpare i tonen, innrømmer han. Men det er ikkje alt som går på skinner når ein driv ei bedrift der lokalmat og turisme i utkantstråk er grunnlaget. — Ein kan lett ta på seg for mykje. Han veit kva han snakkar om. I 2003 og 2004 måtte han ta seg eit avbrekk i leiarstolen etter å ha bygd opp og drifta tunet sidan 1999. — Eg var vel delvis utbrent, fortel han. Det er viktig å stenga ute enkelte saker, prioritera rett og delegera arbeid.

FA K TA Namn: John Karsten Hustveit Alder: 40 Dagleg leiar: Åkrafjordtunet AS, Åkrafjorden Oppleving AS, Styreleiar og medeigar i Frisk Treningssenter AS i Ølen. Status: Gift med Siri Lundal Hustveit. Born: Ingrid (15), Nora (10) og Sofie (6)

Men det var driven og kjensla av å ikkje ha fullført noko som var påbegynt, som gjorde at han kom tilbake. Då hjelper det òg på når 

1 • 2014

15


Medan folk flest i dag traktar etter mest mogleg løn og mest mogleg fritid, kan ein som gründer sjå langt etter mykje fritid og korte arbeidsdagar, seier dagleg leiar av Åkrafjordtunet John Karsten Hustveit.

Dess mindre andre har tru på ein idé, dess meir tru har eg på han. ein får prisar for jobben ein gjer. I 2011 vart butikken på Åkrafjordtunet kåra til årets Merkur-butikk i konkurranse med 500 andre lokalbutikkar. I grunngjevinga står det at «Åkrafjordtunet får prisen for svært god butikkstandard, for økt omsetning og for viljen til å satse». Hustveit har mange jarn i elden. I tillegg til å vera dagleg leiar ved Åkrafjordtunet, har han sidan 2000 drifta spekehuset.no og vore dagleg leiar for Åkrafjorden Oppleving. I desse dagar er han i ferd med å ferdigstilla den nye nettbutikken firmagåver.no. — Eg sikra meg det domenenamnet for mange år sidan, smiler han lurt. — Det er viktig med eit godt namn. Når høgsesongen i butikken er på hell, er månadane oktober til desember sett av til jobb for spekehuset.no. — Då er det julematen som skal ut i det ganske land. I utgangspunktet sikta dei seg både mot ein nasjonalt og internasjonal marknad med sal av spekemat på nett då dei starta opp. Men etter kort tid droppa dei den internasjonale marknaden. — Tollklareringa tok for lang tid og varene blei liggjande, så det måtte me kutta ut, fortel Hustveit. Skal ein skapa noko sjølv må driven koma innanfrå, understrekar Hustveit. — Medan folk flest i dag traktar etter mest mogleg løn og mest mogleg fritid, kan ein som gründer sjå langt etter mykje fritid og korte arbeidsdagar, seier han. Sjølv har han ulike erfaringar med å starta opp bedrifter. John Karsten fortel om Åkrafjordtunet som såg lyset som eit resultat av ein kjempedugnad, der eit idémøte vart sett i gong i 1996 med utgangspunkt i den nye vegen, som skulle koma. Tanken var den gong å byggja opp under det ein hadde i nærmiljøet på Teigland; daglegvarebutikk, kjøt- og spekmatprodusenten Johs Lundal & Søner AS. — Diplomoppgåva mi då eg studerte reiseliv og marknadsføring ved BI 16

1 • 2014

i Stavanger var om Åkrafjordtunet, så her låg grunnlaget for tankar og føringar om drift og marknadsføring berre å venta på å bli realiserte for ein påtroppande dagleg leiar, smiler Hustveit. John Karsten er oppvaksen i Ølen og er gift inn i Lundal-familien. Både John Karsten og kona Siri, som studerte økonomi og administrasjon, var så heldige å få jobb i heimtraktene innan dei var ferdige med studiet. Som gründer må han medgje at det gir han ekstra lyst til å skapa og få noko til, når omverda stiller seg skeptisk. — Dess mindre andre har tru på ein idé, dess meir tru har eg på han, smiler Hustveit. Dette pågangsmotet kom godt med då han saman med broren Andreas Hustveit, Erik Reistad og Sigmund Lunde starta opp Frisk Treningssenter i Ølen, som til neste år kan feira 10-års jubileum. Alt gjekk ikkje på skiner i forkant av den oppstarten og John Karsten fekk erfara at ein som gründer har godt av å bli stilt krav til. Hadde det ikkje vore for Sigmund Lunde som sikra aksjekapital, så hadde ikkje dagens Frisk treningssenter i Ølen blitt realisert, seier Hustveit. — Bankane var skeptiske til å gje lån og me hadde ikkje nok risikokapital sjølv, fortel han vidare. Me var fulle av iver og klare til å handla inn skikkeleg utstyr for halvannan million og starta opp, ler han. Kravet frå eigarane i Ølen Eiendom, der dei ville leiga seg inn, var å sikra eit visst medlemstal og omsetjing innan oppstart. Så her var det berre å hive seg rundt å rekruttera medlemer til treningssenteret før dei fekk noko avtale i hamn. Innsatsen resulterte i at dei kunne starta med innkjøp og etablering med mest fullteikna medlemslister og fleire hundre medlemmer. — Me representerte jo ein heilt ny bransje her i distriktet, understrekar han. Målet vårt var å tilby eit skikkeleg konsept med skikkeleg utstyr. Det kosta. — Ingen gründer har vondt av å bli stilt krav til, avsluttar Hustveit.


— av og for næringslivet Westcon Yards Fatland Ølen Omega Westcon Power & Automation Ølen Betong Arrow Norway Hatteland Display Berge Sag & Trelast Hatteland Computer Arriva Shipping Marine Harvest Norway Nortura MCE Fiskå Mølle Etne Rema 1000 SMV Tungesvik Bygg Hundhammer Transport Etne Betong Johansen Rør Felleskjøpet Etne Brødrene Flatebø Skånevikstrand Maskinstasjon Sandvik Gard Eigedom Coop Prix Etne Tveit Regnskap Cateringpartner Etne Servicesenter Vakt & Alarm Varden Prosjekt Etne Auto Johs Lundal & Sønner Åkrafjordtunet Strømø Møbel & Interiør Øyane Asvo Etne Sand & Pukk Montér Etne

Advokatfirmaet Responsa Etne Vikar og Hjelpetjenster Åsbø Sanddrift Etne Apotek Fugl Fønix Etne Knudsen Trevare Etne Containerservice Etne Elektrosenter Etne Forbruksforening Arcus-Vita Krambua Bensin Promineo Skånevik Fjordhotell Småfolk Barnehage Oddvar Flatebø Maskin Ernst S Grindheim Entr. RK Eiendom Øyjord Foto Baardsen Eurosko Connect Vest Etne Hagesenter Vitalsenteret Etne Frisør Etne Kulturhus Etnemarknaden Filter Design & Kommunikasjon Frisk Treningssenter Hansen Transport Lars Olav Bergsvåg Old River Saloon Stretch Leadership Vee Bygg & Anlegg AKF Leker og Papir Alfee Etne Camping Mathuset Etne Kjøtt Etne Moteklær Byoung

Halvfjordingen Kyrping Camping Vinnarskalle Willi & Vera ABC Studio VBS Consult Arne Markhus Transport Eliara Haugen Consulting Eljaravik Gard Erik Grindheim Etne 8 Eiendom Etne Bondelag Etne Senter Etne Sentrumsforening Fikse Renhold Fjoshall Frette-garden Fugl Fønix Ateliér Hato Holding House of Blues LA Løvereide LJTR Eigedom Oland Kvalitetsstyring Rafdal Våpen Ramsvik Næringstjeneste Skakke Foredling Skånevik Naturoppleving Skåneviknett Vindafjord Næringshage Åkrafjorden Oppleving Etne Sparebank Etne El-lag Haugaland Kraft Sunnhordland Kraftlag Mange er med og plass til fleire.

/ EtneVindafjord



1 • 2014

17


Elektrofagansvarleg Svein Hovda beundrar industrimekanikarlærling Svein Aga og elektrofaglærling Aleksander Sandvold sitt pågangsmot og læreiver.

Lærlingen og gamlingen Dei tilsette ved Sunnhordland Mekaniske Verkstad (SMV) i Skånevik syns det er utruleg givande å jobba med ungdom. — Det er avgjerande for lokale bedrifter å tilby læreplassar, understrekar Martin Fitje. Det er her vi rekrutterer dei framtidige fagarbeidarane på huset. Det fins fleire døme på lærlingar som tek fagbrev hjå oss, som går ut i jobb og vidareutdannar seg, som kjem tilbake seinare som ingeniørar på huset. Fitje er elektroingeniør og har jobba med lærlingar sidan 1997. For tida er det to i stallen til den mekaniske verkstaden SMV. Svein Aga som Industrimekanikar og elektrolærling Aleksander Sandvold. Begge på andre året og klare for fagprøve i desse dagar og på nyåret. Målet for bedrifta er ifølgje Fitje å få inn ein lærling på kvart av fagområda for ein 2-års periode annakvart år. — Det ein får att ved å tilby læreplassar er eit styrka lokalsamfunn, meiner Fitje. Lærlingane er samde. Ifølgje Fitje var det for fem til sju år sidan ein litt negativ utviklingstrend i Skånevik der målet for mange unge var å koma seg ut av bygda. Denne trenden har nå snudd. Både Fitje og lærlingane meiner tilbodet om lokale læreplassar spelar ei viktig rolle. — Me har hatt lærlingar frå Nord-Hordaland, men me ønskjer primært å knyta til oss lokale lærlingar, seier Fitje. Dei samarbeider med dei vidaregåande skulane både i Etne og Ølen. Men har og hatt lærlingar frå Kvinnherad. 18

1 • 2014

— Kvifor lærebedrift? — Det er både inspirerande og me lærer noko heile vegen, ivrar Fitje. Så lenge me har læreprogram her i bedrifta, må me halda oss oppdaterte på fagkunnskapen, for å kunna tilpassa fagprøvane slik at dei er tilpassa og avspeglar kompetansemåla som til ei kvar tid er gjeldande. — Skal me ha arbeidskraft på sikt og oppnå måla om rekruttering er men nøydde til å ta i mot lærlingar, understrekar Fitje. Det er ei familiebedrift med lang historie me vitjar i Skånevik, men som følgjer med i den teknologiske utviklinga både on- og offshore. — Det er stadig nyvinningar og me designar nye produkt, som me utviklar og produserer her på huset, forklarar Fitje og syner oss modellar av ein Hot Anode Milling Machine, som er eit av fleire sjølvgåande produkt SMV designar og produserer i Skånevik. Hjå SMV får lærlingane ta del i dei fleste prosessane, og får etterkvart mykje ansvar og høve til å jobba sjølvstendig og ta eigne val, ifølgje Fitje. Medan opplæringsplanen er knytt opp mot kompetansemåla i læreplanen, har lærlingane sjølve ansvaret for å syta for at dei kjem over alle måla i løpet av læreperioden. — Me i SMV legg til rette for dei, men lærlingane veit og må avgjera sjølv om dei har lært nok, forklarar Fitje. Det er mange faktorar som spelar inn når ein er ung og skal ta vidare val


TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Fotograf Nordtveit

Svein Aga Oppvekst: Skånevik Industrimekanikarlærling hjå SMV sidan hausten 2012. Skal ha fagprøve i desse dagar. Skule: Industrimekanikar (TIP), Ølen VGS Grunnkurs 1, Etne VGS Industriteknikar, Ølen VGS

i livet før ein har fylt 18 år. Vala er mange og motivasjonen for vidare val kan variera. Då er det godt å få fagleg ballast nær heimen. Lærlingane meiner det ikkje er like enkelt å flytta så langt når ein skal på skulen. — Økonomisk er det godt å kunne bu heime og det er heller ikkje så lett å pendla innan ein har fått lappen, seier Aga. — Eg trur at ved å jobba hjå SMV så har eg fått strekka meg meir fagleg ved å få testa ut kunnskapen min på fleire område. Dette har gjort meg meir fleksibel og styrkt i for ulike jobbar i arbeidslivet, seier Aga. Aleksander Sandvold hadde tidleg staka ut kursen som pc-programmerar og faget automasjon og såg for seg framtidig jobb i Nordsjøen. Men etter Martin Fitje besøkte ungdomsskulen og elevane fekk ta turen innom verkstaden til SMV fekk han meirsmak på elektrofaget. — Eg likar betre å skru og å få gjera mykje forskjellig, seier lærlingen som skal ta fagprøve på nyåret.

Aleksander Sandvold Oppvekst: Skånevik Elektrofaglærling hjå SMV sidan h-2012. Skal opp til fagprøve på nyåret. Skule: VG1 og VG2 Elektro el energi, Ølen VGS Stord Yrkesskule

prøven har eg tilbod om å jobba som industrimekanikar hjå SMV. Så tida vil vise. Aleksander, som skal ta fagprøve i elektrofaget på nyåret skal og i militæret i august neste år. — Men etter det er eg klar til å byrja i jobb, seier han. Eg likar meg veldig godt her i SMV. Tonen er lett og god mellom lærlingane, lærlingansvarleg Fitje og ansvarleg for elektrofag, Svein Hovda. —Men korleis er det å vera lærling? — Litt kjefting blir det av og til. Men det skal vera rom for å ytra seg i ein av hjørnesteinsbedriftene i Skånevik, fastslår Fitje. Dei er begge samde om at dei har blitt godt inkludert i staben. Men det er klart ein som lærling alltid vil få litt pes må dei medgje. — Ein får i alle fall ikkje servert alt på sølvfat, svarar Fitje med eit smil.

Svein Hovda har vore fagleg ansvarleg for elektroprogrammet sidan 2007. Han let seg og begeistra og inspirera av lærlingane. — Det er viktig med nytt blod. Ungdommane er oppegåande og «kan alt». Det er viktig med den positiviteten i ei bedrift. Målet for Hovda er å læra mest mogleg frå seg. Det er ikkje berre på Leknestangen i Skånevik lærlingane har fått tatt seg ut. Dei har begge vore så heldige å få vera med ut av både bygg, bygd og land for overlevering og for å setja i drift produkta SMV leverer. Her har det både blitt tur til Qatar og Island for å bistå med å setja i drift ein ny Hot Anode Milling Machine. — Me har eit mål om å ta med lærlingane så langt det let seg gjera, fortel Fitje. Dei som har vore med å bygd opp maskinane veit òg korleis dei verkar. Og dess meir utfordringar ein støyter på undervegs, dess betre blir ein. — Kvar går vegen vidare? — Eg skal i militæret neste år, fortel Svein Aga. Etter eg har bestått fag-

Svein Aga, Aleksander Sandvold og læreansvarleg Martin Fitje hjå SMV forklarar detaljar rundt produksjon av ein Hot Anode Milling Machine.



1 • 2014

19


Lyst å flytte til Etne?

- Kort veg til alt!

Tomteselskapet Etne AS - eit samarbeid mellom næringslivet og Etne Kommune for utvikling og salg av tomter i Etne. Ta kontakt for kjøp av tomt, oversikt over ledige tomter og pågåande prosjekt. Epost: post@tomteselskapet-etne.no • Telefon: 97 77 17 55


PORTRETTET

GULLGUTEN Frå morellsal til oljeeventyr. Frå pantebuer til eigendomsselskap og bustadfelt i hundremillionarsklassen. Ein gang- og sykkelveg her, og eit byggfirma der. Ifølge han sjølv har han kun hatt ein finger med i spelet. Men alt den fingeren tar i blir til lokalt «gull»: bustader, arbeidsplassar og samfunnsbygging. Møt Ølensvåg sin eigen snikker Midas. TEKST: Kari Aakra FOTO: Fotograf Nordtveit

— Pass berre på at det ikkje blir for skrytete. Eg skal ikkje ha noko skryteartikkel. Det er første gong Arne Gunnar Habbestad blir portrettintervjua. Med eit lunt smil og snille auger er det likevel begrensa kor streng han kan bli. Travelt fokusert på ein altfor komplisert iPhone tassar han ut av hovudkontoret til Omega AS, selskapet som han var «litt involvert i», i følge eigen hukommelse. Men Omega er eit eige kapittel. Historien om samfunssnikker Habbestad startar med moreller. Då må me tilbake til 1986. Og til ein ungdomsgjeng på tur i Jondal. — KFUM OG TENSING SAMLA det som kunne krypa og gå av ungdom i «mi tid». Eg valde å ta siviltenesta mi der. Tenkte at her kunne eg kanskje bidra med noko, fortel Arne Gunnar, tømrar av yrke, optimist av natur og ein aldri så liten Reodor Felgen innan samfunnsbygging. Jobb nr 1 i siviltenesta.: få orden på ein anstrengt økonomi. KFUM hadde tatt opp eit lån på 100 000 kroner. Inntektene kom frå alt frå bygging av trafostasjonar til kakelotteri. Det siste var gjerne ikkje hans sterkaste side, men alt som kunne snikrast kasta han seg raskt på. Så kom han over gullgruva. Kona til kompisen Sigmund Lunde hadde slektningar i Jondal. - Eit eldre par som lot oss gå berserk i morellhagen deira. Me køyrde inn fredag ettermiddag, plukka til laurdag føremidda, køyrde heimatt på ettermiddagen. Søndag selde me moreller langs vegen. Resultatet enda på netto 25 000 kroner etter ei helgs arbeid. Og det var gode peng i 1986. Me blei rimeleg drivne i gamet og dreiv morell-business i fleire år. Etter eitt år i sivilteneste, kunne han kvittera med følgjande rekneskap: 400 000 kroner i inntekter til KFUM. Gjennomsnittleg 63 arbeidstimar i veka og eit særs oppegåande ungdomsmiljø med god økonomi. I 1995 kom førespurnaden og invitasjonen til eit næringseventyr

22

1 • 2014

utan sidestykke. Sigmund og broren Tor Erling tok kontakt. Om ikkje Arne Gunnar kunne tenkja seg arbeid i administrasjonen i selskapet deira, Omega AS? Jo, det kunne han, vel, tenkte Arne Gunnar. Omega var den gong PC-bedrifta som fiksa datamaskiner og leverte system til nabobedrifter i Ølen. 2.februar kl. 12.00 blei Arne Gunnar tilsett som nr. 17 i Omega. — Den første oppgåva eg fekk var å avvikla PC-butikken i selskapet. Det hadde utvikla seg ein kultur i bedrifta der dei gjorde pc-reparasjonar så og seia gratis for dei som trengte det. Men før han la ned data-butikken, fekk han og kollega Kjetil Espeland det til å gå i pluss. Tok rett og slett betaling for jobben som blei gjort. Men framleis skulle det leggjast ned. Nå skulle det satsast på utvikling av datasystem og utleige av konsulentar til olje- og gassindustrien. Dermed gjekk Pc-butikken ned med flagget til topps, og med pluss i rekneskapen. Dagens Omega såg samstundes dagslys. KNAPPE TO ÅR SEINARE byrja han som dagleg leiar. Året var 1997, selskapet hadde bikka 30 tilsette og like mange millionar i omsetning. No leverte dei programvare og konsulentar til dei store gutane i oljebransjen. — Det var kjempeskummelt, mimrar han og fortel vidare om nervepirrande møte der han sat med Statoil-sjefar utan å ha snøring på kva som blei diskutert rundt bordet. Og om vakenetter med anbodsarbeid på rammeavtalar som kunne bety vinn eller forsvinn for bedrifta i Vågen. — Sigmund og Tor Erling hadde tru på meg og stola på at eg ville gjera ein god jobb. Galningar. Men det gjekk jo. På eit vis, ler han. — Me hadde tidene med oss. Selde programvare og drog i land rammeavtalar for konsulentar til store oppdrag. I 1998 tilsette me 10 nye systemingeniørar.


• Arne Gunnar Habbestad • 51 år • Bur i Ølensvåg • Gift med Gunnlaug • Sønene Audun (28), Magnus (24), Jørgen (19), Aleksander (14) • Dagleg leiar i Vindafjord Næringshage og Omega Hus



1 • 2014

23


Tomtenisse? — Å ha tomter og bustader tilgjengeleg i kommunar som dette er fyrsteprioritet. Det er ikkje mange stader som Vindafjord som kan skilta med netto innflytting, og då må me ha bustader klare for alle som vil, seier Habbestad. Det er alltid ein tomtetanke bak planane hjå Habbestad.

Så kom smellen. I 2000 hamna oljeprisen under 10 dollar fatet. Mange i bransjen møtte veggen. Å halda økonomien flytande var ein ting, men å halda på folka våre var desto viktigare. Første bod i Omega er å ta vare på dei tilsette. Bevara kompetansen. — Me sleit med å finna oppdrag til dei, men sette dei i jobb der me kunne for å bevara teamet vårt: papirjobbar på kontoret, og i verktøyboder på Westcon og Offshore Maritime i Sandnes. Langt frå fagfeltet deira og langt under kompetansenivået. Og Omega gjekk inn i det nye året med samtlege ti framleis i staben. — Me gjekk til og med i pluss det året. 300 000 i overskot. I 2001 tilsette han nr. 80 i Omega. Men då var det nok, Arne Gunnar kjende det var blitt for mykje. Sigmund tok over som dagleg leiar. Og kva skulle ein då setja Habbestaden til? — Ikkje kunne eg programmera og ikkje kunne dei bruka meg som konsulent. Men eg kunne då preika med folk. Dermed blei han første avdelingsleiar for konsulentsatsinga, og fekk reindyrka denne biten av selskapet der service og rekruttering var hovudgesjeften. Ein avdeling på 30 personar, deretter ny avdeling med endå nye 30. Det balla raskt på seg. — «Keep them happy», var vårt motto. I dag har Omega avdelingskontor verda over. 1,6 milliardar i omsetning og meir enn tusen medarbeidarar i over 15 land. Fleire av dei hugsar framleis oppdraget i verktøyboda og på administrasjonskontoret då oljafatet låg under 10 dollar i 2000. HAN HADDE ALDRI SETT FOR SEG kva som skulle veksa opp rundt han i Ølensvåg. Ikkje berre på Omega, men også i næringsnabolaget; Westcon, Ølen Betong, Berge Sag. — Me har ein kultur for å gjera kvarandre gode her ute. Når ein av oss får det til, blir ikkje naboen misunneleg. Tvert i mot. Me heiar på kvarandre. «Og dersom han får det til, kanskje kan også eg klara det?» Samarbeidet har gjort oss betre. Hadde det ikkje vore for Westcon, Ølen Betong og Berge Sag hadde nok aldri Omega kome seg ut av små-bedrift-kategorien, held han fram. Og det var nok heller ikkje noko tilfeldighet at Vindafjord Næringshage - som fram til 2012 hadde vore eit luftslott - fall i hendene på Omega-klanen. Prosjektet hadde vore diskutert i årevis, men ingen hadde faktisk 24

1 • 2014

klart å dra det i gang. Næringshagen skulle gi starthjelp til småbedrifter, danna eit fellesskap av gründerar i oppstartfasen og næra grobotnen for ytterlegare næringsvekst i kommunen. Databedrifta i Vågen hadde etter kvart opparbeidd seg eit velunt rykte for ufråvikeleg gjennomslagskraft, og til slutt bad kommunen Omega ta styringa. Styret spurte om ikkje Arne Gunnar kunne leia arbeidet. — Jo det kan eg sikkert få til, sa Arne Gunnar. Eit lite år seinare overvar oljeministeren opningseremonien av næringshagen i Vågen. Nye kontorlokale var ferdigbygde og mange bedrifter hadde flytta inn. Skiltet var på plass over inngongen ved Kiwi-bygget. Snora blei klypt. Men sjølve søknaden om å få næringshage -status var enno ikkje innvilga i den offentlege forvaltninga. — Me må ta litt riskar av og til. For å få ting i gang kan me ikkje alltid venta på at alt er 100 %. Omega tok ein råsjans og føregreip situasjonen. For dette var eit nøkkelprosjekt for nærinsgutviklinga i kommunen. Vindafjord har aldri skåra høgt på nyetableringar. Dei fleste nye bedrifter er del av dei allereie store etablerte aktørane her. Men om nokre år trur eg somme av bedriftene i dagens næringhage kan vera vel så store. Som dagleg leiar i næringshagen har Arne Gunnar fått 20 små bedrifter i kontorfelleskapen i andre etasjen over Kiwi i Ølensvåg. Med mottoet «har du ein gründer i magen?» klappar han seg noko sjølvironisk på eit heller godt utfyllt bukseliv, og presiserer — Me skal hjelpa deg i gong. ETTER 12 ÅR I BYGGELEIINGA i eit av dei største næringslivseventyra i regionen, var han klar for nye oppgåver. I 2007 hadde Omega nådd 250 tilsette. — Då gav eg meg, eg følte eg ikkje kunne gi stort meir. På bygda blei det sagt at Arne Gunnar skulle byrja snikra igjen. Men i god

Sigmund og Tor Erling hadde tru på meg og stola på at eg ville gjera ein god jobb. Galningar.


Tenk om all dugnad og timar brukt på lags- og organisasjonsarbeid skulle vore løna kommunalt?

Habbestad-ånd låg det meir samfunnskremmeri bak det ny snikkeriet. Omega trengte meir plass, og Habbestad fekk fatt i 3-4 snikrar til å utvida kontoret. Samstundes stanga bustadmarknaden i Vindafjord i taket. Dei unge ville heim, og næringslivet ville ha dei i jobb. Deriblant Omega. Men det var vanskeleg å finna hus til vituge prisar. På denne tida var det heller ikkje lett å få tak i snikrar. Gjengen som var i sving på det nye Omega-bygget måtte ein prøva å halda på etter beste evne. Arne Gunnar hadde erfart kor viktig det var å halda på folket og på kompetansen. — Dette må me jo finna ei løysing på, tenkte Arne Gunnar. Han etablerte Omega Byggservice og slo to floger i ein smekk: Han gav snikrane jobb, og nytt mandat: bygg småhus til overkommeleg pris for unge heimflyttarar til Vindafjord. — Arne Gunnar klarer å tenkja ut løysingar så gode at folk ikkje klara seia nei til å bli med på det, blir det sagt i Vågen. Som å fiksa bustadmangel for sårt trengt arbeidskraft og kompetanse til dømes. Eller gang- og sykkelveg på trafikksprengt fylkesveg-strekning. Det var etter kvart blitt risikosport å ferdast på strekninga langs Riksveg 543 frå Statoil-krysset i Ølensvåg utover mot Bjoa. Ein salig mix av fastbuande mjuke og harde trafikantar, lærarar og elevar ved Lundeneset, 900 brakkebebuarar på Westcon og hundrevis av andre tilreisande att og fram mellom dei mange bedriftene langs strekninga. Og ein stadig tettare straum av tungtrafikk. Vegen hadde alltid vore skummel, og folk var gira på å få til noko. — Me må då kunna finna ei løysing på dette, tenkte Habbestad. Initiativet kom heilt og haldent frå privat hald, Arne Gunnar leia an med Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) i ryggen. — For å få noko slikt til, er første regel at alle må vera samde om å bli med, poengterer han. Så tok han for seg dør for dør langs strekninga. Han fekk alle grunneigarar til å signera og gi vekk eigendom til 10 kr kvadraten. Ballen rulla. Etter nærare fire år var 1,4 km gang- og sykkelveg på plass. Nok ein gong hadde friviljugheita og næringslivet spelt på lag. Og fått gjennomslag. Som i så veldig mange tilfelle. I årevis hadde Ølen Idrettslaget diskutert nytt klubbhus. Fru. Habbestad sat i valkomiteen og sleit med å få inn folk i styret. — Ein av oss må stilla, sa ho til ektemannen. Arne Gunnar konkluderte raskt med at han truleg kunne bidra meir i idrettslaget enn han kunne i husarbeidet heime i Vågen. Så då stilte han. Og det gjekk mistenkeleg kort tid frå han tok plass i styret til flunkande nytt klubbhus var under oppsegling.

Kunne du tenkja deg å vera byggleiar, lurte idrettslaget. — Ja, det kan eg sikkert, sa Arne Gunnar. Klubbhuset er forventa ferdig våren 2015. — Seier du nokon gong nei, Arne Gunnar Habbestad? — Han smiler… ja. Nja. Om du spør kona, så… Men elles skal ein leita lenge etter dei som har fått negativ respons. Han har ubetinga tru på verdien av dugnadsarbeid og frivillighet. — Det er uvurderleg. Tenk om all dugnad og timar brukt på lags- og organisasjonsarbeid skulle vore løna kommunalt? Trenarar og oppmenn, til dømes. År ut og år inn på lag med born og ungdommar. Kommunane hadde aldri klart det, og laga får for lite tilbake for den samfunnsinnsatsen dei gjer. Det er sjeldan kritikk å høyra frå Habbestaden. Men her klarer han ikkje å halda seg. — Det aktive og samfunnsengasjerte næringslivet i Vindafjord er blitt ei sovepute for kommunen. 2,5 millionar frå VAF går til klubbhuset. Kommunen spyttar i 10 000. Det same med tomter- og bustadmarknaden. Også her har kommunen sove i timen. Næringslivet var dei som måtte ta tak i situasjonen. Og dei som løyste han. Og den situasjonen har han framleis stålkontoll på. Mellom bunkar av reguleringsplanar, tomtekart og kjøpekontraktar tar han i mot utbyggjarar, entreprenørar og bustadjegerar. Tomter og bustader er framleis noko som held han meir enn oppteken. Særleg etter oppstarten av Vikaneset i Skjold, eit bustadfelt med rom til 70 einebustader og båtplass til 120 båtar. — Eg såg potensialet der ute og fekk med meg Sigmund og Øystein Matre. Dette kunne me vel få til? I skrivande stund er neset i Skjold ei maurtue av gravemaskiner og lastebilar. Grunnmurane til dei første husa er på plass, og salet går godt. — Kva er det neste som står på planen? — Tja… Me skal vel til med ein bruktbutikk i Ølen snart. — Javel? — Det nye klubbhuset treng jo pengar, og me kom på dette med bruktbutikk. Men me ville jo ikkje ta inntektene frå den årlege loppemarknaden til kyrkjetunet. Så me fann ei grei løysing på det. Me spleisar på butikklokale i Ølen, og deler inntektene. — Ja, men det er ikkje eg som styrer det altså. Eg har berre hatt ein finger med i spelet.



1 • 2014

25


hatteland.com

Høyteknologi - lokalt og globalt.

Spennende jobber tilgjengelige på hatteland.com/karriere/

Opplevingar for din bedrift Me fiksar alt frå transport, mat, aktivitetar, underhaldning og opplevingar Prisar frå

kr. 398,-

Åkrafjorden

pr. person

Velkommen til - opplevingar som vekkjer sansane

Ta kontakt for tilbud og program!

Firmatur, blåtur, Kick Off-samlingar, strategisamling, avdelingstur, budsjettmøte, aktivitetsdag, jentetur, guttatur... me skreddarsyr alt etter behov

Lokalmat

Traktorsafari

FjordCruise

Zip-line

Tlf. 959 09 664 - booking@aakrafjorden.no - www.aakrafjorden.no


OPPVEKST

Rom for alle Barnehagetilboda i Etne og Vindafjord har tatt seg opp dei siste åra som følgje av utbygging av nye og utviding av eksisterande barnehagar.



1 • 2014

27


I den nye sansehagen i Småfolk barnehage er det tid for hausting av poteter og eitt raudt eple. Førskulelærar Ørjan Løhaugen (t.v) og assistent Martin Kvinnesland har ansvaret for naturgruppa Hompetitten tek seg ein pust i bakken saman med frå venstre Marte, Sienna, Emilija, Elisa og Eirik.

TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Fotograf Nordtveit

Både Etne og Vindafjord har opplevd ei auke i tala på barn som treng barnehageplass. Dette kan ifølgje barnehagerådgjevar i Vindafjord, Inger Kathrine Sundve, ha ein samanheng med noko tilflytting og at fleire vel å ha borna i barnehagen fleire dagar i veka, sjølv om mange går deltid. Sundve trur at full skuleveke i Vindafjord kommune og vil gje utslag i barnehagane etterkvart. I Etne kommune har alle som har søkt innan fristen for hovudopptak fått plass i haust uavhengig av rett eller ikkje fortel, Pedagogisk rådgjevar, Dagfinn Garnes-Johnsen. For ti år sidan opplevde Etne at dei mangla barnehageplassar, men etter at Småfolk barnehage starta opp har det vore god dekning og dei siste par åra har Etne kommune opplevd å ha fulle barnehagar. Det er tid for å hausta poteter og det einaste eplet på epletreet i det som skal bli den nye sansehagen i Småfolk barnehage i Etne. — Det har lenge vore Martin sin draum å byggja opp ein slik hage, fortel dagleg leiar og skipar av Småfolk barnehage, Anette Lauareid Hovda som i desse dagar markerer at det er ti år sidan ho starta opp eit alternativ til dei kommunale barnehagane i Etne, saman med Anne Grethe Rullestad.

Anne Grethe Rullestad og Anette Lauareid Hovda satsa friskt og etablerte Småfolk barnehage i 2004. I dag har den private barnehagen vel 80 barn og vel 20 tilsette.

28

1 • 2014

Frå oppstarten på Grønstad i 2004 med 18 born og 3,6 årsverk er det i dag vel 80 barn og vel 20 tilsette fordelt på 17 årsverk som dagleg er innom den private barnehagen på Nedre Grindheim. — Tanken var å venta med å realisera ein barnehagedraum til eigne born vart større, fortel Hovda. Men då kapasiteten på dei kommunale barnehagane var sprengt heiv ho dei seg rundt. — Behovet for fleire barnehageplassar me såg då me starta opp i 2004 har berre auka med åra, fortel Hovda som i 2008 flytta inn i nye og moderne lokale


Foreldre er meir bevisste på innhald i dag, og då er det viktig at me kan tilby dei reelle val. 

Anette Lauareid Hovda

på Nedre Grindheim. Planen er å utvida ytterlegare. Og går det som Hovda og eigarane vil, skal den utvida barnehagen stå klar allereie våren 2015. I Småfolk er det barn frå alle grender i kommunen og nabokommunen Vindafjord. Hovda trur det er positivt med ulike val for foreldre, og ho ser ein klar tendens i samfunnet, som òg er merkbar lokalt. Foreldre reiser meir enn før i forkant av barnehageval rundt og sjekkar tilhøva i dei ulike barnehagane innan dei landar ei avgjerd for barnet. — Foreldre er meir bevisste på innhald i dag, og då er det viktig at me kan tilby dei reelle val, seier Hovda som meiner at konkurransen mellom dei private og kommunale barnehageinstitusjonane berre er med på å gjera tilboda betre. — Konkurransen gjer oss betre, smiler ho. Medan ein på landsbasis slit med å rekruttera menn i barnehagar, kan Småfolk skilta med to heiltilsette menn i staben sin. Ørjan Løhaugen var i praksis då barnehagen heldt til på Grønstad og han tok førskuleutdanninga si ved Høgskulen Stord/Haugesund. — Eg var ikkje sein med å tilby Ørjan jobb då han var ferdigutdanna førskulelærar, ler Hovda. Løhaugen trivs godt i staben og saman med borna. Her får me stort sett gjera det me har lyst til, fortel Løhaugen, som saman med assistent Martin Kvinnesland har ansvaret for naturgruppa Hompetitten. Nettopp det har vore ein av visjonen til skiparane av Småfolk. Her skal både dei tilsette og borna få vera kreative. — Ein skal ikkje vera redd for å koma med innspel. Det skal vera rom for alle. Me skal vera kreative og annleis, understrekar Hovda. Der andre kan hende er redde for å introdusera nye ting, vil me vera med – helst i forkant, avsluttar ho.

FA K TA Barnehagetilbod Vindafjord Kommunale Bjoa barnehage Imsland barnehage 15 Sandeid barnehage 52 Skjold barnehage Vats barnehage Vikebygd barnehage Vågen barnehage Private Ølensjøen FUS barnehage Vikedal FUS barnehage Nausthaugen barnehage (Åmsosen, Nedre Vats)

Barn per aug 2014 28 102 53 22 58 106 46 26

Barnehagetilbod Etne kommune: følgjande tal pr 15. august: Enge 90 (aukar til 99 utover hausten) Rygg 31 Skånevik 64 Småfolk 79



1 • 2014

29


Vinda ord kommune – Vital og sentral Me er ein ung kommune. Me er stolte av staden vår. Me er sentralt plassert. Me er handlekraftige. Me har levande bygder. Me er i stadig vekst!

Barn og unge

Er du førskulelærar, lærar, pedagog, barnevernspedagog eller fagarbeidar har du minst ein ting til felles med mange av våre tilsette – du er med å forma liv! Anten du kan jobba i barnehage, skule, sfo, i ppt eller barnevernstenesta, så har me bruk for di kompetanse.

Helse

Har du helsefagleg utdanning eller bakgrunn? Me har to aldersinstitusjonar, bemanna bustader innan psykiatri og funksjonshemming, helsestasjon, legekontor og psykiatrisk oppfølging. Her er det jamleg ledige stillingar for engasjerte menneske som er villige til å gjera ein forskjell!

Kontor

Ein kommune har bruk for kontortilsette med kompetanse innan til dømes økonomi, løn, sekretærfunksjonar på kommunalteknisk eller skule, i Nav, med arkiv, personalarbeid eller politisk møtehandsaming. Ikkje minst har me alltid bruk for gode folk innanfor IKT. Her er store moglegheiter for utvikling og spennande arbeid!

Kultur

Bibliotek, museum, kulturminne, idrett, ungdomsklubb, kulturskule – gjer livet rikare! Me har eit aktivt kulturliv i kommunen og godt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Me har alltid bruk for medarbeidarar som brenn for å gje innbyggjarane våre opplevingar!

Skapa eit samfunn

Planleggjing og vedtak om strukturar, bygg og næringsliv er grunnleggjande for at vår kommune skal vera vital og sentral. Me har ingeniørar, planleggjarar og byggtekniske fagarbeidarar blant våre tilsette. Vinda ord har som mål å vera i framkant av utviklinga.

Vil du vera med å byggja ein livskraftig distriktskommune?

Å jobba i kommunen er å jobba for folk! Me er ein unik bedrift med stolte arbeidstakarar. Me har tett samhandling mellom tillitsvalde og arbeidsgjevar. Hos oss finn du mange gode ordningar når det gjeld mellom anna kompetanseheving, seniortiltak og arbeidstid. Det finst knapt ein meir spennande, variert eller mangfaldig bedrift. Me utfører (livs-)viktige oppgåver for våre kundar!

Vil du bli med på det unike oppdraget?

Ledige stillingar er lyst ut på vår heimeside: www.vinda ord.kommune.no


Etnekommune kommune Etne gjere de’ i de’ Etne! i Etne! meme gjere

MEKTIGE OG MINNERIKE NATUROPPLEVINGAR TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Hordaland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadene Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i

Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum.

Me ynskjer deg velkommen til kommunen vår! ETNE KOMMUNE • Postboks 54, 5591 Etne Tlf. 53 75 80 00 • Faks: 53 75 80 01

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no


Johanne Eskeland har naboar på alle kantar. Ingen er kollegaer eller driv i samme business. - Men nettverket er like viktig for det om, seier ho.

INN I VÅR HAGE Vindafjord Nærinshage skal yta starthjelp til dei som går med gründerplanar: ein kontorplass, eit fellesskap og eit nettverk. Og ikkje minst, kantine og fagdrøs ved kaffimaskinen. TEKST og FOTO: Kari Aakra

Eg trur ikkje ein skal undervurdera den uformelle fagpraten 



32

Johanne Eskeland, advokatfullmektig ved Deloitte sin advokatavdeling.

1 • 2014

Små og store, lokale så vel som regionale gründerbedrifter og konsern har hovudkontor og avdelingskontor side ved side. Opp ei trapp, og inn ei dør. Du møter ein advokat ved kaffimaskinen, og to nyoppstarta app-utviklarar like over gangen. Eit byggjefirma held til på nabokontoret og du du kan få få fixa pc-en din i enden av gangen. Vel møtt til nærinsgfellesskapet Vindafjord Næringshage. — Eg fekk tilbod om jobb i Deloitte som held til i Haugesund for eit år sidan. Då var det avgjerande å få arbeidsplassen min her i Ølensvåg, seier Johanne Eskeland, advokatfullmektig ved Deloitte sin advokatavdeling. Pendlarvegen frå Ølen til Haugesund fem dagar i veka ville bli for lang. Ikkje er ho laga for heimekontor heller. Og ein bortgøymd einsam kontorplass kunne ho nok funne fleire stader, men i Næringshagen fekk ho det store ekstra. — Her fekk eg eit nettverk. Og om ikkje «kollegaene» mine i hagen her er i same bransje er det vel så viktig å komma i kon-

takt med dei som driv i andre skikt enn meg. Den faglege fellesskapen er likevel høgst til stades her. Eg trur ikkje ein skal undervurdera den uformelle fagpraten, seier Eskeland. Dessutan er det også marknadsføring i eit «utekontor» som dette. — Eg er tettare på kundar innover på Haugalandet, og fleire får augene opp for at me er her. Dei treng ikkje reisa til by`n for å møta oss. Sidan opninga i 2012 har fleire kome til. I dag held 20 bedrifter til i gangane hjå Vindafjord Næringshage. Her får gründerdraumane kome i live, og ein spelar på kontornaboen si erfaring frå eiga bedriftsutvikling. Og framleis er det plass til fleire. Onesoft AS såg dagslys i januar 2014. Espen Gjendem (22) og Jarle Lillemo (21) har hatt planane klare sidan 7. klasse. Dei ville laga webapplikasjonar og utvikla programvare. Og frå eit rimeleg sparsomt innreidd kontor (enno), har ballen starta rulla.




Men me er klare for ekspansjon Jarle Lillemo, Onesoft AS

Jarle Lillemo (t.v) har ambisjonane klare for selskapet Onesof saman med dagleg leiar Espen Gjendem. - Det har vore mykje arbeid i oppstarten med me har fleire kundemøte på plakaten.

— Nett nå har me eit lite prosjekt gåande for ei plattform i Nordsjøen. Og enno fleire kundemøte er på planen. Men me kan vel ikkje avsløra så mykje meir om det ratt enno, seier Gjendem, som er dagleg leiar i det nystarta selskaper, og som utanom eigen business arbeider offshore for Statoil. Lillemo er på sitt siste år som maskinførarlærling og har tatt på seg stillinga som medeigar og produktkonsulent i Onesoft. Han har vyane klare. — Kor er Onesoft om ti år?

— Me er i Vågen. Me er brre endå fleire, smiler han. — Moglegheitene er uendelege i det me har lyst å utvikla, og me tar dette litt steg for steg. Men me klare for ekspansjon, seier han. Næringshagen sette startskotet for gutedraumen. Ikkje berre fekk dei etablera seg på eige kontor, vekk frå kjellarstova heim, men dei fekk også tilgang på eit fagleg nettverk innan same business. Det er nok av IT og systembedrifter å dela idear med i 2.etasjen på Kiwi.

E T K N A L LT Ø F T T R Y K K E R I www. hbo. no



1 • 2014

33


Oktan Stord. Foto: Øyvind Sætre

Utfordre dine evner

HElGElAND

Vi trenger flere dyktige folk for å nå våre mål. Folk med kloke hoder eller flinke hender.

Vi søker deg som vil være del av et verftsmiljø der begrensning er et fremmedord, og mulighetene er mange. Du har kanskje flyttet fra regionen og ønsker å komme hjem igjen, eller du trenger en forandring? Da oppfordrer og utfordrer vi deg til å sende en søknad til oss! for informasjon om ledige stillinger hos Westcon, gå til westcon.no/karriere

ålEsuND

Bømlo FloRø

stoRD ølEN HAuGEsuND kARmøy stAVANGER

polEN

Westcon Group består av en rekke selskaper og er en totalleverandør av de beste og mest innovative løsninger, tjenester og produkter innen riggmodifikasjoner, skipsbygging, skipsreparasjoner, design, offshore, løfteteknikk og elektroautomasjon. Etablert i 1981 og er nå over 1000 ansatte. www.westcon.no


HIM TE ETNE ? KORTREIST DESIGN & KOMMUNIKASJON SMAKER LIKE GODT SOM EIN CANTALOUPEMELON

Ein kan leva gode dagar i Etne. Både åleine og saman med andre.

Nokon trur dei kjem til å leva fleire gonger. Andre er litt meir usikre på det. Men ein ting er alle einige om: Viktig at kvar einaste dag blir best mogleg!

design & kommunikasjon

Kor ein bur er svært avgjerande for “det gode liv”. At Etne er ein av dei gode stadane er me ikkje i tvil om.

Bustadlån til nyetablering i Etne kommune. Vårt bidrag til å få endå fleire til å flytta til Etne og distriktet er “him te Etne-lånet”.

- med heile vegen Foto: Hanna Maria Van Zijp

filterdk.no f

in

53 77 15 00 - post@etne-sparebank.no - etne-sparebank.no

Vinnarskalle.no, foto: Espen Mills

Du kan få vita meir ved å kontakta oss.


Næringsutviklaren i Etne og Vindafjord trengte prosjektrådgjevarar, og kunne raskt fått søkarar: nyutdanna, ungdommelege og arbeidsviljuge. I staden engasjerte han tre karar på 66, 70 og 72. Erfarne, ungdommelege og arbeidsviljuge.

Seniorrådgjevarane Næringsutviklar Asbjørn Moe var på jakt etter skarpe prosjektrådgivarar med kunnskap og ungdommeleg kapasitet og arbeidslyst. Med kompetanse innan planlegging, infrastruktur, skule og telekommunikasjon. Han kunne ha lyst ut ei prosentvis prosjektstilling. Og fått ein søknadsbunke frå nyutdanna BI-kandidatar på nokre-og- tjue. I staden såg han til andre enden av aldersskalaen og henta inn Johannes Berge, Henry Haaland og Jostein Osnes. Alle tre greitt leie av ein allereie for lang pensjonisferie. Avdanka? Langt ifrå. Drøsen går godt på kontoret. I tredje etasje i bank-bygget i Etne. Om E134, aust-vest. Om tunnelalternativa over Haukeli, og omlegginga i Skjold. Det manglar ikkje på oppdatert kunnskap om samferdsele og samfunnsplanlegging. — Eg hadde ei rekkje utgreiingsprosjekt som trengte kompetanse og kapasitet innan ulike område på prosjektbasis, eit behov eg deler med mange bedrifter. Og eg var på jakt etter nokon som var utlærte, seier Moe. 36

1 • 2014

Han fekk som bestilt. Samanlagt stiller dei med, tja, ca 150 års erfaring: Osnes hovudsakleg innan høgre utdanning, Haaland innan ingeniørarbeid og kommunal planlegging, og Berge innan telekommunikasjon og IT. — Eg kjende meg nærast tvangspensjonert som 70-åring, seier Jostein Osnes (72). Då telefonen frå Asbjørn kom i fjor var det greitt å avslutta pensjonisttilværet. Sidan har han arbeidd innan næringsutvikling og prosjekt for ungdom på veg til arbeidslivet. Og han har ikkje tenkt å gi seg enno. — Så lenge eg tenkjer klårt og hugsar 50 % av avtalane mine kjem eg til å halda fram, ler han. Johannes Berge (66) hadde nok å finna på etter at han pensjonerte seg som 62-åring. Men det var greit å kome i gjenge etter ein liten pensjonistferie også. — Det var jo, vel, interessant å vera pensjonist ei stund. Men det var godt å få telefonen frå Asbjørn. Eg hadde tid og arbeidslyst, men trengde ein motor.


TEKST: Kari Aakra FOTO: Fotograf Nordtveit

Henry Haaland 70 år Få Etne Ingeniør Fartstid som ingeniør og planleggjar i interkommunalt arbeid, mellom anna i Vestfjorden avløpsselskap, og prosjekt innan vann og avløp for fleire kommunar på Austlandet Tatt del i utviklinga av sentrumsprosjekt for Etnesjøen

Jostein Osnes 72 år Frå Etne Utdanna lærar Vore rektor ved Stord lærarhøgskule, generalsekretær i Nordisk råd, arbeidd i utdanningsdirektoratet, Unesco og Bergensfilharmonien Arbeidd med diverse mindre prosjekt, samt FETA-prosjektet som skal hjelpa fleire ungdommar gjennom vidaregåande og ut i arbeidslivet

Etter at førespurnaden kom har Berge tatt del i kartlegginga av breidband og fiber i Vindafjord, eit forprosjekt for tilrettelegging av betre dekning i heile kommunen ut til dei mest grisgrendte strøka. Vindafjord Næringshage fekk oppdraget om breidbåndskartlegging frå kommunen. Etne og Vindafjord Næringsutvikling blei kontakta som samarbeidspartnar. Men begge kom til kort på området då dei fekk oppgåva i hendene, og måtte dei sjå til generasjonen over. Der var ekspertisen dei trengte. — Eg føler ikkje eg har gjort så mykje meir enn å drøsa med desse etter at eg blei med på dette, skyt Haaland (70) inn. Han ler og nikkar mot Moe og seniorane til venstre. Men den drøsen har tydeleg vis gitt frukter likevel. — Henry har vore ein god sparringpartner i utviklinga av eit sentrumsprosjekt Etnesjøen. Han kjenner området og har erfaringa. Hen veit kva spørsmål som er viktige å stilla og kva konsekvensar ein til ei kvar tid må tenkja på i eit slikt arbeid, seier Moe. Haaland har, i tillegg til å vera bonde, arbeidd som ingeniør og delteke

Johannes Berge 66 år Frå Ølen Teleingeniør Starta i televerket i 1969, har arbeidd både i administrasjon og som ingeniør i organisasjonen fram til han pensjonerte seg frå Relacom som 62-åring Har delteke i forprosjekt for breibandutvikling i Vindafjord kommune

i interkommunale prosjekt, mellom anna innan vann og avløp, og har vore sterkt involvert i utviklinga av reguleringsplanar, hovudsakleg for kommunar kring Oslo-området. — Senior-konsulentar som dette er noko både LO og NHO burde vore interessert i, seier Moe. — Baser det på konkrete prosjekt og møtestaden blir ein bonus for dei involverte. Dette er noko i utvikling. Andre kan også oppdaga at dette er ein god måte å trekka inn kompetanse og kapasitet. I utgangspunktet er det ikkje grenser for kor mange av slike seniorar me treng, og det må vera behovsbasert. Osnes nikkar med. — Nå kan eg ikkje sjå for meg eit tradisjonell pensjonistilvære. Og Berge stemmer i. — Så lenge eg kan gjera nytte for meg og halda meg oppdatert vil eg driva på med dette. Og så lenge jobbane er interessante, smiler han.



1 • 2014

37


KOMMENTAR

Fot o:

Øy

We stc on /

dS vin e ætr

STEIN FRIDFELDT HR Director Westcon Yard

REKRUTTERING OG KOMPETANSE Den beste måten å nå ut er nok å spre informasjonen over flere kanaler.

Erfaringer jeg har gjort over flere år i forskjellige bedrifter viser at det er spesielle utfordringer med å rekruttere til bedrifter som ikke er lokalisert i større byer. Det kan være mange årsaker til dette, men det er naturlig å tenke seg at muligheten til jobb for en eventuell ektefelle er større i store byer, tilbudene utenfor arbeidstiden er flere, fagmiljøene kan være større og så kommer offentlige tjenester som sykehus, skoler og kanskje barnehager i tillegg. Hvordan skal vi som ligger litt utenfor disse områdene klare å kapre de beste kandidatene? Det er nok flere svar også her men vi må fokusere på det vi har og glemme det vi ikke har. Hva har man? Jo kort vei til arbeid, ingen bilkø, mulighet til å være ute i naturen 30 minutt etter å ha forlatt arbeidsplassen, «rimeligere boliger», godt oppvekstmiljø for barn, gode arbeidsplasser og forholdsvis kort avstand til 3 flyplasser med avganger til mange storbyer i Europa. Arbeidstakere som ikke har en naturlig tilhørighet i regionen vil kunne se på dette som positive poenger i forbindelse med valg av arbeidsplass. En annen utfordring i et samfunn med utallige informasjonskanaler er hvordan man best når fram med sitt budskap. Tradisjonelt har man brukt papiravisene, men i et land som nesten har full sysselsetting så leser ikke de som er i arbeid avisenes annonser, de leser faktisk ikke papiraviser lenger i det hele tatt. I tillegg er avisannonsering svært kostbart. Skal man bruke LinkedIn som også koster en god del? Vel, min

erfaring er at mange nordmenn har registrert seg med en profil men de er sjelden pålogget slik at de får aldri den informasjonen du har lagt ut. Facebook er kanskje heller ikke rette stedet, da innholdet der stort sett dreier seg om det perfekte liv og den perfekte ektefellen som har laget den perfekte middagen på en perfekt mandag. Den beste måten å nå ut er nok å spre informasjonen over flere kanaler. Man kan delta på yrkesmesser, annonsere med firmalogo i flere kanaler samt ha en tanke om hvor når jeg best fram til den gruppen potensielle arbeidstakere jeg ønsker. På Westcon har vi gjort et bevist valg ved å bruke informasjonsskjermene om bord på fergene til Fjord1, samt informasjonsbladene til flyselskapene som de fleste blar igjennom. For å sikre seg at bedriften har den kompetansen som er nødvendig i konkurranse med andre lavkostland har Westcon valgt å skolere egne ansatte i tillegg til å rekruttere. For å tilrettelegge for dette har Westcon etablert «Westcon Akademiet» som skal identifisere de som ønsker å få større utfordringer. Kompetansehevingen gjøres så i form av skole, kurs og «on the job training». Blant annet pågår et arbeid for å få en modulbasert teknisk fagskole til Ølen, dette i samarbeid med VAF. Pr nå er vi optimister og tror at dette kan være i gang i november 2014. «Westcon Akademiet» samarbeider tett med VAF og det er allerede etablert lokale kompetansehevingsprogrammer innen prosjektledelse i regi av BI i Stavanger. 

1 • 2014

39


TEKST: Astrid Eidhammer Hjelmeland FOTO: Fotograf Nordtveit

VIL EROBRA VERDA Medan etnesbuen ofte undrar seg på kva som føregår bak dørene til Promineo på kaien, så er Software-løysingane dei utviklar velkjende i oljebransjen.

Det er ikkje ein høglydt gjeng som jobbar bak kvar sin skjerm i kontorfellesskapet med utsikt ut Etnefjorden, men saman utviklar dei programvare og sel lisensar som lettar arbeidskvardagen for mange. Sidan oppstarten av bedrifta Quantum Solutions i 2007 har bedrifta slått seg saman med det Stavanger-baserte Promineo. — Det var ikkje planen å fusjonera, fortel Roar Fredriksen. Men begge bedriftene var for små og me kjende godt til dei som var tilsette. Difor gjekk fusjonen smertefritt i 2012. Roar Fredriksen er teknologisjef og ein av gründerane av IT- bedrifta, som i dag har hovudkontor i Stavanger og avdelingskontor i Etne. Målet då me starta opp for oss sjølve var å utvikla ei bedrift som kunne leva av software-utvikling her i Etne.

Folka i Promineo hadde røter i Etne, og for oss spela det ei viktig rolle når me skulle velja samarbeidspartnarar, fortel Roar Fredriksen. Administrerande direktør, Leif Arild Åsheim, har hovudbase i Stavanger men er vaksen opp i Skånevik. — Det var eit av krava at eksisterande kontor i Etne skulle bestå, understrekar Bjørg. På kundelista til Promineo finn ein mellom anna Aker Solutions, Subsea 7, Reinertsen, Aibel, Kværner, Odfjell Drilling, Conoco Phillips og Warley Parsons Samarbeidet med Rosenberg-verftet i Stavanger går mange år tilbake i tid ifølgje Bjørg Fredriksen. Produktutviklar i Promineo, Erik Danielsson, var for 10-15 års sidan leigd inn hjå Rosenberg der han jobba med eit planleggingssystem kalla Profiler. Etter at Danielsson byrja i Etne-bedrifta, Quantum Solutions (i dag Promineo) var Rosenberg klare for å utvikla systemet ytterlegare. — Det var eigentleg litt tilfeldig, fortel Bjørg Fredriksen. Me byrja heilt på ny og utvikla ein betra versjon. Innovasjon Norge var inne med støtte. Dermed fekk me utvikla det som fekk namnet Proteus på fleire bruksområde, som til dømes for dokumentering av arbeidsmiljø i store bedrifter.

Vil erobra ve

Bjørg Fredriksen er avdelingsleiar for teknologi i Promineo og har vore med sidan oppstarten i 2007. Foto: Tove E. Berg

40

1 • 2014

— Korleis fungerer programvara? — Me visualiserer data som blir henta frå ulike system som ikkje snakkar saman, til dømes planleggingsdata og faktureringssystemer/ timeføringssystemer. Me lettar derfor kvardagen for planleggarane i dei store selskapa, som treng oversikt over mannskap, timebruk og kostnadar for å finna avvik og ikkje-fakturerte timar. forklarar Bjørg.


BEDRIFTSPROFIL

Roar Stikk hovudet inn døra: — Me fyller hol der det ikkje er anna programvare tilgjengeleg. Til dømes har NORSOK krav om abeidsmiljømålingar på heile sokkelen for kartlegging av støy og andre faktorar som påverkar arbeidsmiljøet. Proteus sin funksjon er å la kunden lettare avdekka og dokumentera avvik. I tillegg til Proteus leverer Promineo verktøyet for bemanningsplanlegging MPP (Manpower projecton planning) og kostsystemet Promineo Cost. Promineo merkar òg svingingar i oljenæringa og er klare for å utvida marknaden ytterlegare. — Me håpar å erobra resten av verda, seier Bjørg. Ein må ha tru på det ein driv med. Så langt har hovudmarknaden for Promineo vore oljenæringa, for det er den marknaden me kjenner best. Firmaet har tilsett eigen bedriftsutviklar, ein finne som er busett i Sveits. Han har fått som oppgåve å gjera Promineo sine løysingar kjend i resten av verda. Nokre kundar i USA har ifølgje Bjørg allereie testa ut Proteus, medan dei har eigne lokale forhandlarar i USA. For å retta seg mot statlege bedrifter i heimlandet har dei knytt til seg forhandlarar som kjenner prosjektstyringa i andre sektorar. Statsbygg er allereie på kundelista.

erda

— Men kvifor denne type bedrift i Etne? Det handla om å skapa noko sjølv på heimplassen sin, svarar Bjørg. Det å få bu i Etne, der dei har vakse opp, ta med eigne verdiar og etablera eiga bedrift gir henne og dei andre i bedrifta noko. I tillegg til å ha trua på å få til noko stort er det viktig for Bjørg og kollegaene i Etne og Stavan-

ger å ha innverknad på eigen arbeidskvardag og kunne påverke avgjerder som blir tatt. Kjell Olav Kaland var ikkje sein med å hive seg på telefonen då han las om dei unge gründerane som hadde starta opp IT-bedrift i Etne. Systemutviklaren som hadde vakse opp i Etne hadde mangeårig erfaring som programmerar og gründer av forløparen til bedrifta Papirfly på Sandnes. — For meg var denne bedrifta eit høve for meg til å flytta tilbake og samstundes få jobba med det eg kan, fortel Kaland.

FA K TA Promineo AS: Adm. Leiar: Leif Arild Åsheim Tilsette: 11 Etnekontoret: Roar Fredriksen-Teknologisjef Bjørg Fredriksen – Avdelingsleiar for teknologi Kjell Olav Kaland – Seniorprogrammerar Designar, utviklar, sel og implementerer programvare . Stifta i 2007 som Quantum Solutions AS. Fusjonerte i 2012 med Promineo AS.



1 • 2014

41


FA K TA Vindafjord Arbeidsgiverforum AS (VAF) er eit interessesselskap i Vindafjord kommune, der dei største bedriftene er eigarar. VAF administrerer kompensasjonsmidler som er tildelt regionen i samband med aukt arbeidsgjevaravgift for bedrifter med lønnsutgifter over 15,4 millionar. • Næringsliv/idrett/kultur kan søkja om idlar til prosjekt. • VAF arrangerer kurs for bedrifter. • VAF arrangerer foredrag. Via regionalutviklingsarbeidet vil • VAF støtta nærmiljøet via infrastrukturelle/regionalutviklande tiltak. • Gjera Vindafjord til ein attraktiv kommune •  Styrka/betra forholda for næringsinteressene. Brukar mellom 10 og 13 millionar årleg på lokale prosjekt. Kjelde: www.arbeidsgiverforum.no

Vindafjord Arbeidsgiverforum har som mål å bidra til utvikling i kommune bidreg mellom anna med økonomsik støtte til lag og organisasjonar. Her frå opninga av den nye BMX-banen i Ølensvåg i mai. (Foto: Kjetil Espeland)

Vil ha attraktive by — Målet vårt er å gjera bygdene attraktive og byggja lokale møteplasser slik at vi tiltrekk oss kompetent arbeidskraft. Styreleiar i Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF), Øystein Matre er engasjert i utviklinga av lokalsamfunnet.

Som administrerande direktør i Westcon Yard AS i Ølensvåg har han sidan oppstarten av VAF vore ein av dei største bidragsytarane til mange prosjekt som er kome lokalsamfunnet til gode gjennom støtteordninga til VAF. Matre meiner alt heng saman, at ein ikkje berre treng arbeidsplasser for å få folk til å busetja seg. Det er alt rundt som gjer det attraktivt for nye potensielle innbyggjarar å slå seg ned. — Dersom ein investerer i framtidige innbyggjarar vil ein på sikt tene dette inn att med auka skatteinntekter, understrekar Matre. Nye innbyggjarar blir tiltrekte av gode fritidstilbod innan idrett og kultur, dei vil ha arenaer og møteplasser for både born og vaksne.

Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Av dei mest synlege prosjekta VAF er inne og bidreg tungt i er idrettsarenaer rundt om i kommunen. Seinast eit flunkande nytt klubbhus på Ølen stadion. Elles har mange fotballglade jenter og gutar nytt godt av kunstgrasbanar i Ølen, Vats og Skjold i tillegg til idrettshallar. Men me skal skapa mestringsarenaer for alle, òg for dei som ikkje likar fotball, understrekar Matre. I mai i år vart ein ny BMX-bane i Ølensvåg opna der dei som likar å utfordra seg på sykkel kan boltra seg fritt i eit flott friluftsområde rett ved barneskulen i Ølensvåg. VAF er òg inne og støttar større prosjekt i regi av Friluftsrådet Vest der både Romsa og Opheim har nytt godt av den økonomiske støtta. På Opheim har dei bidrege til utbetring av veg og hytte og er nå inne i eit lysløypeprosjekt for å knyta eit nytt lysløypenett frå Opheim opp mot eksisterande 42

1 • 2014

Styreleiar i Vindafjord Arbeidsgiveforum, Øystein Matre vil investera i nåverande og framtidige innbyggjarar. (Foto: Westcon/Øyvind Sætre)

lysløypetrasé som endar opp på Fjellstøl. Ei anna viktig oppgåve for VAF er kursrekkene dei årleg tilbyr bedrifter. Desse kursa er opne for alle. — Ved å tilby kurs lokalt kan fleire bedrifter få dei med seg. Dermed tileignar fleire seg ny og oppdatert kunnskap som bidreg til generell kompetanseheving for bedriftene, seier Matre. Ein viktig grunn til at så mange stiller på kursa er ifølgje Matre at dei tilpassar behova lokalt og kortar ned reisetida for kursdeltakarane i ein travel arbeidskvardag. Som engasjert bedriftseigar og samfunnsutviklar etterlyser Matre eit sterkare engasjement og deltaking frå kommunen. — Vindafjord er ein av dei kommunane som har


Tempo har hatt ein runde til fleire av eigarane i Vindafjord Arbeidsgiverforum med spørsmålet: — Kvifor engasjerer bedrifta di seg og bidreg økonomisk med å byggja opp tilbod for barn og unge i lokalmiljøet?

Sindre Matre Managing Director, Arriva Shipping AS

— Dette gjør vi av flere grunner. Vi ser viktigheten av gode og trygge oppvekstsvilkår for barn og ungdom i lokalmiljøet. De er potensielle fremtidige arbeidstakere og ved å bidra i dette arbeidet kan dette gi bedre kunnskap om bedrift og bransje. Det vil også kunne gi positiv profilering i nærmiljøet, og de ansattes motivasjon for å jobbe i bedriften øker når de føler at bedriften tar et samfunnsansvar.

Jone Tveit dagleg leiar Tveit Regnskap AS

ygder størst økonomisk overskot i distriktet. Men på same tid som kommunen kan skilte med høgt netto overskot av arbeidsplasser samanlikna med andre kommunar skorar kommunen lågt på tilgangen på kvalifisert arbeidskraft, ifølgje NHO sin nasjonale nærings-NM. — Dette er ein situasjon som kommunen må ta på alvor, seier Matre. For å få på plass ein del kvalitetar som me manglar i Vindafjord er det viktig at både næringsliv og kommunen stør opp om arbeidet og timane lag og organisasjonar legg ned i frivillig arbeid. — Det bør ikkje bli ei kvilepute for kommunen at lokale bedrifter bidreg med økonomisk støtte, understrekar Matre. Det er ikkje alltid dei store midlane som skal til før ein kan få med seg ytterlegare midlar. Matre viser til eit døme på fordelingsnøkkel dersom ein er fleire som trør til i eit prosjekt. Når bedrifter og kommune eksempelvis går inn med 20 prosent kvar vil dette utløyse 58 prosent i tippemidlar, då treng ein berre 2 prosent i dugnadstimar. — Det er eit spleiselag der kommunen burde gå tyngre inn, understrekar Matre. Samspelet om utviklinga av eit nytt biblioteket og ein betydeleg aksjekapital i Tomteselskapet i Vindafjord var eit steg i rett retning. Men han vektlegg at jobben ikkje er gjort med dette. — Det er viktig at kommunen har evna til å sjå utover det å dekka primærbehovet som sjukeheim og skule, avsluttar Matre.

— Tveit Regnskap AS har bidratt med midler inn til VAF fra starten i 2004 og frem til i dag. Vi har da som eier, og ved styrerepresentasjon, fått lov til å påvirke hva disse midlene skal brukes til og hva som skal vektlegges ved fordeling av disse ut i lokalsamfunnet. Størstedelen av disse midlene har gått til å bygge opp tilbudet til barn og unge i de forskjellige bygdene våre. Vi ser det som en del av vårt ansvar som bedrift å bidra til at lokalsamfunnet fungerer og å gjøre Vindafjord til en attraktiv sted å bo. Ved å bidra til at folk trives og bor i Vindafjord så nyter vi, som bedrift,  også gått av det med at vi skaper et grunnlag for rekruttering og opprettholdelse av arbeidsplasser i Tveit Regnskap AS

Frode S. Robberstad General Manager/ Daglig Leder

— Arrow Norway AS er ei kompetansebedrift innan elektronikk, teknologi og innovasjon. Innovasjon treng gode innovatørar. Framtidas innovatørar er dei unge. Dei må få oppvekstmiljø som utfordrar, inspirerer og legg til rette for nyskaping. Vårt engasjement er difor knytt til at dei unge er den beste investeringa. Me treng dei som vaksne seinare.

Lars Gunnar Berge Økonomisjef, Berge Sag Vårt engasjement og bidrag er for å bidra til å lage eit positivt og trygt miljø i bygda. Siden dei fleste eigarane og ansatte bur i lokalmiljøet så er det naturlig for oss å bidra til dette. Håpet er at dersom dei får ein positiv oppvekst, så vil dei kanskje slå seg ned i lokalmiljøet og dermed bidra til at bygdene får vekst og positiv utvikling.



1 • 2014

43


Profile for Omega Design

Tempo 2014 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vind...

Tempo 2014 1 - Næringsmagasinet for Etne og Vindafjord  

Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord gitt ut av Fikse Næringsutvikling. Magasinet blir fulldistribuert i kommunane Etne og Vind...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded