Page 1


INNHALD 6

Eit pendlarliv

25

Jærstolen

44

Matspalta

M

11

32

Magasinet Mitt Ryfylke blir gitt ut i samarbeid mellom Filter design & kommunikasjon og Ryfylkealliansen. Postadresse: Sandsvegen 134, 4230 SAND Tips oss: tips@mittryfylke.no Framsidefoto: Fotograf Nordtveit Opplag: 14 000 Distribuert: Ryfylkekommunane, Nord Jæren og indre Haugalandet. Trykk: Kai Hansen Trykkeri

Saudefaldene

47

37

Portrettet

Vikarjobben

REDAKTØR (i permisjon) Judith Sørhus Litlehamar judith@filterdk.no

479 60 450

jmr@mittryfylke.no

NR. 2 – 2014

Ferjeblikk

Balansekunst

ANNONSER Jan Morten Rydningen

2

17

FUNGERANDE REDAKTØR / DESIGN Astrid Eidhammer Hjelmeland astrid@filterdk.no

JOURNALIST Heidi Hjorteland Wigestrand hhjorteland @gmail.com

ANNONSER Leif Kleppa

ANNONSER Marthe Lien Hamre (t.o.m nr 2/14)

466 33 036

kleppa@mittryfylke.no

FOTOGRAF Jan Nordtveit jan@fotografnordtveit. com


JWS fra Jørpeland i Rogaland er spesialister innenfor håndtering av borekaks, swarf og spesialrengjøring på installasjoner i Nordsjøen. Selskapet har utviklet unike metoder for krevende oppdrag på norsk sokkel og kan rykke ut på kort varsel når situasjonen krever det.

HEADING FOR SWARF HANDLING UNIT:

JWS satser hardt innenfor mille operasjoner offshore

JWS har i løpet av de senere år bygget mange såkalte Swarf anlegg til offshorebruk. Hensikten med anlegget er å skille ut stålspon som kommer i retur fra brønnen i boreslammet.

JWS Gruppen AS: Adm. – økonomi – salg og innkjøp. Etablert på Jørpeland og Sandnes.

JWS Operations AS: Leverer personell og utstyr til offshorerigger innenfor Spesialrengjøringsoperasjoner. Etablert på Jørpeland.

Dette er casing (stålrør) som må bores (milles) ut i gamle brønner. Avfallet fra denne operasjonen (boreslam og stålspon) skilles via denne JWS Swarf Handling Unit slik at boreslammet kan gjenbrukes.

JWS Engineering AS: Tegner / konstruerer og bygger utstyr for offshore-sektoren. Etablert på Sandnes.

jws.no

JWS Maskin AS: Selskapet leier ut maskiner til offshore-sektoren. Etablert på Jørpeland.

KI-AS Kristiansund: Mekanisk / Sveiseverksted samt basetjenester – offshoreutleie av personell. Etablert i Kristiansund.


Frekk og flink Du er flink når du er så frekk at det frekke du seier blir oppfatta som ord frå ein som er flink til å bruka ironiske grep rett. Med ujamne mellomrom får eg spørsmålet: Kva er typisk for ryfylkingen? Før, for fem-seks år sidan, famla eg fram nokre uforståelege og lite poengterte svar. Nå konstaterer eg meir og meir: Typisk med ryfylkingen? Jo det er ironien … og ja, sjølvironien. I juni fekk eg vera publikumar i eit fabelaktig historisk spel i Suldal. «Syng Elvestraum» er middelalderspelet som omhandlar striden rundt lakserettane i Suldalslågen, om presteskap, munkar og stridige bønder frå Suldal. Eg blei imponert av både musikarar og skodespelarar. Profesjonelle og amatørar hand i hand, der alle var proffe. Eg oppdaga raskt kven som var dei lokale, såkalla amatørar. Avslørt på dialekten, den herlege suldalsdialekten, med bakkadn og munkadn og andre adn i språket. Dei lokale skodespelarane tala som suldølar gjer nå til dags. Altså truverdig. Historiske spel blir dessutan ekstra truverdige og kjekke når den humoristiske snerten krydrar språket. Det blei utfordrande for kannikkane frå Stavanger og munkane frå Halsnøy å møta suldølen i 1300-talsscena på Sand. Sjølvsagt fordi dei ikkje var velkomne. Men også at den ironiske ryfylkeundertonen kunne, og kan, skrema vekk ein Ryfylkepatriot kvar farande fant. Prosjektleiar Ryfylkealliansen

TOR ØYVIND SKEISEID

700 år seinare merkar eg det sjølv i min jobb. Eg bur i Ryfylke og får ofte besøk av grupper som skal i bedehusland på Finnøy. Kjem folket meir austante

i landet, så støkk dei ekstra når Arne Nordbø og eg herjar verbalt med kvarandre og passasjerane i bussen. Men, når dei etter kvart forstår at me praktiserer ironi og ikkje sarkasme, ja strengt tatt sjølvironi, så får dei ro i ei forskrekka sjel. Det er typisk ryfylkingen. Alltid ein ironisk undertone. Eit sitat som får ekstra snert fordi to ord blir snudd om eller understreka dobbelt. Stundom vanskeleg å henga med på, men du så frigjerande.

Men, når dei etter kvart forstår at me praktiserer ironi og ikkje sarkasme, ja strengt tatt sjølvironi, så får dei ro i ei forskrekka sjel.

I sommar har tusenvis av menneske tatt turen til Ryfylke, menneske av det ferierande slaget. Truleg har dei aller fleste møtt venlege, driftige, flinke og imøtekomande ryfylkingar. Ryfylkingen er faktisk i ein høg divisjon når det gjeld vertsskap. Flink gut og snill jenter! Samstundes har gjerne fleire besøkjande fått kjenna på humoren vår. Den engelskinspirerte, kvardagslege og ujålete humoren. Utan svære fakter og mål om latterbrøl. Men, med tre ekstra ord før punktum blir sett, eit skråblikk, ei understreking eller overraskande vending. Ironi på høgt kvardagsleg plan. Når du les dette er det ikkje sikkert du forstår kva eg skriv. Men, det blir jo ditt problem. Eg har aldri opplevd å vera uforståeleg.

MITT RYFYLKE PÅ INSTAGRAM @annabirke Sauekos på vei opp mot #stranddalen. Så møye frisk luft! #fjell #suldal #dnt #mittryfylke

4

NR. 2 – 2014

@ingunnfossan ifarta!! #uburen #lysefjorden #mittryfylke


Vi bygger boliger i ryfylke Med sMarte løsninger! www. fjogstad-hus.no

FEEDING YOUR PASSION FOR FISH


Matheo tykkjer det er kjekt å ha både mor og far heime att.

Att og fram er like langt Klokka 05.00 tonar harpeklang ut i soverommet til Marianne Hebnes på Finnøy. Harpetonane er strengt tatt unødvendige, sidan naboen sin hane alt har halde henne vaken i ein halvtime. Etter særs utkvilte netter, hender det ho står opp på likt med hanen, klokka 4.30. Nå er det inga tid for dridling. Etter ho har komme seg på beina, stelt og kledd seg, er det om å gjera å få sett hjula fortast råd på asfalten som fører til Forus. Tanken på tusenvis av andre bilførarar som er i ferd med å gli opp av svevnen, får henne til å halda tempo. Trafikken på Nord-Jæren er ein organisme som synk og stig lik tidevatnet. Det gjeld å treffa vegen først,

6

NR. 2 – 2014

for å unngå rushet. VESLE MATHEO PÅ TO ÅR, er også ein god motivasjon til å stå opp når dei fleste andre søv. Er ein tidleg på jobb, kan ein komma tidleg heim. I det nyinnkjøpte huset på Nåden kan sambuar Eirik Hansen og sonen Matheo Hebnes-Hansen nyta dynelunken ei stund til. Eirik har berre ein halvtime å pendla til Goa skole i Randaberg. Klokka 05.30 sit Marianne bak rattet i ein morgonkjølig elbil. Tusenvis


PENDLING I RYFYLKE:

511 personar pendla ut frå Finnøy. 360 personar pendla ut frå Hjelmeland. 2247 personar pendla ut frå Strand. 288 personar pendla ut frå Forsand. 448 personar pendla ut frå Sauda. 413 personar pendla ut frå Suldal. Kjelde: Tal frå Statistisk Sentralbyrå, 2012.

av ryfylkingar pendlar til jobb, til ulike tider, i ulike framkomstmiddel. Felles for alle er den evige rytmen til og frå, frå og til, kikkinga på klokka. Når eg fram i tide? Korleis er trafikken i dag? Går ferjene etter ruta? Radio Norge er lydkokongen Marianne kviler tankane i medan Mitsubishi Miev-en kjærteiknar nesten 52 kilometer asfalt på veg mot jobben hjå Sweco på Forus. Vanlegvis er ho så trøytt at ho tenkjer på minst mogleg medan ho kjører til jobb. Ein liten halvtime av reisa kvar veg skjer under havbotnen, i Finnfast og Rennfast. Gratis kvart tunnellminutt, sidan ho til liks med nesten alle andre pendlande finnøybuar kjører elbil. Marianne Hebnes bedyrer at sambuar Eirik Hansen kjøpte elbilen lenge før dei hadde planar om å busetja seg på Finnøy. Tanken bak kjøpet er ei genuin interesse for miljøet, påpeiker ho, og legg til at dei også har ein annan bensindriven bil som Eirik pendlar til Randaberg med. HO VEDGÅR AT TANKEN på tunnelulukker har streifa henne. Med så mange passeringar per veke, aukar risikoen for å bli innblanda i noko. Familien har difor vurdert å skaffa Elbilen som Marianne Hebnes kjører har ei rekkevidde på 150 kilometer.

NR. 2 – 2014

7


Matheo likar å vera med far og mor og jobba ute.

seg gassmasker til å ha i bilane. På ein god dag blir ho korkje hefta av vedlikehaldsarbeid eller trafikkork. Marianne Hebnes kan ikkje få skrøyta nok av elbilen. — Han går som ei kula. Det er nett som å kjøra lydlaus go-kart. Slik kan eg snika meg innpå andre i rushtida og susa forbi dei i kollektivfeltet. Lukta av sinne og misunning er til å ta og føla på. Særleg dei i BMW-ar tåler ikkje å bli forbikjørt. I Finnfast-tunnelen kjem dei fresande igjen og prøver å kjøra forbi meg att. Utan hell, sjølvsagt. Målet er å kunna låsa seg inn i det stilige forretningsbygget til Sweco Norge klokka 6.15. MARIANNE ARBEIDER som DAK-operatør (tidlegare kalla teknisk teiknar) og har mellom anna ansvar for å teikne VVS-installasjonar i bygg (tekniske installasjonar som røyr ventilasjon og sanitæranlegg). Men før ho byrjar på dagens dont, må det mekkast graut. Skapet med grautgryna blir opna. I små boksar har ho porsjonert ut dei lettkokte Axa-gryna. Litt glovarmt vatn frå kaffimaskinen, ein dæsj sukker og kanel, og frokosten er klar til inntak over tastaturet. Deretter går det slag i slag fram til klokka 1445. Då må ho helst komme seg ut, for å hindra at det tettar seg for mykje til på Motorvegen inn mot Stavanger. Minutta fram mot klokka tre, er avgjerande for om heimreisa glir smidig, eller blir øydelagt av mykje køkjøring, fortel ho. På heimvegen, må ho svinga av til Talgje, for å henta Matheo i barnehagen. Heimturen kan såleis ta rundt halvannan time. På turen heim tenkjer ho ofte på familieaktivitetar og prøver å leggja planar for kva dei skal gjera i dagane framover. Heime ventar middagslaging saman med Eirik. Den skjer etter menyen som heng på kjøleskåpet. Familien et fisk måndag, tysdag og torsdag. Onsdag og fredag er kjøtdagar.

8

NR. 2 – 2014


Marianne Hebnes i full sving med tekniske installasjonar på jobb.

Marianne Hebnes fortel dei handlar inn alt dei treng for ei veke, det sparar dei både tid og pengar på. Deretter går dei ofte ut for å leika med Matheo. Elles tek stell av hage og fiksing i huset mykje tid. Paret flytta til huset på Nåden ved påsketider. Før budde dei i Randaberg. PLANEN VÅR VAR Å FINNA OSS HUS i Østhusvik på Rennesøy, men så såg me dette huset på Finnøy avertert, og me fall for plassen begge to, fortel Marianne. Pendlinga lever dei godt med. — Eg har liksom ikkje noko val, og timane i bil er den åleinetida eg får i døgnet. Då er det meg og Radio Norge, smiler ho. Elbilen har ei rekkevidd på 150 kilometer. Batterikapasiteten er omtrent halvert når ho kjem til Forus. Straumbruken varierer i høve til kor mykje varme ho har på i kupeen, og om ho har passasjerar med. Det er ladestasjon ved arbeidsplassen, og ho set alltid bilen til lading i løpet av dagen, for å sikra seg at ho kjem heim. Ho kan også lada bilen heime på Finnøy. Dei er to finnøybuar som pendlar til Sweco i elbilar. Dei første vekene etter at Marianne hadde starta pendlinga frå Finnøy, måtte ho og den andre finnøybuen kniva om ein ladeplass. Den andre ladeplassen var nemleg oppteken av ein Mercedes, sjølv om det var mange andre ledige parkeringsplassar i området. — Eg tykkjer det er ekstremt irriterande å sjå bensin-

drivne bilar stå parkert på elbilplassar. Eg skreiv ein lapp til Mercedes-eigaren og spurte venleg om vedkommande kunne vera så snill å respektera to stakkars arbeidarar frå Finnøy som trengte å lada bilane sine for å ikkje få flatt batteri midt i Rennfast. Neste dag stod Mercedesen igjen på ladeplassen. Då forstod eg at bileigaren har ei greie mot elbilar. Dermed bad eg sjefen på jobb ta saka opp med dei ansvarlege for 2020park, og dagen etter, stod Mercedesen fint parkert på ein vanleg parkeringsplass. Marianne har også høve til å ha heimekontor, men ofte er det fleire involverte i arbeidsoppgåvene, så vanlegvis må ho ut til Forus. Ein skulle tru at ei som står opp i lag med fuglane, la seg tidleg, men ikkje denne kvinna. Hebnes er ei energibombe, og kan greia seg med ganske få timar i senga. Men somme gonger må ho henta seg inn og ta att tapt svevn. Då legg ho seg gjerne samstundes med Matheo klokka 19. Marianne fortel at ho eigentleg er B-menneske. Det resulterer ofte i stor virketrang om kveldane. Nattprosjekta kan vera husvask, kakebaking eller hobbysnekring. Sidan ho brukar så mykje tid på pendling må husarbeidet forskyvast tilsvarande, ofte er ho difor ikkje i seng før nærare midnatt. Og då er det ikkje mange timar att før hanen igjen gjel inn ein ny morgon. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit

NR. 2 – 2014

9


markedsbedrift som dekker kommunene Strand sert på Jørpeland, og har i dag 60 ansatte. ng og arbeid med bistand. Vår visjon er at alle

Egenproduksjon:

 Miljøstasjoner Ryfylke AS er en moderne arbeidsmarkedsbedrift Avanti Spesialemballasje dekker kommunene Strand Hjelmeland og Forsand. somJobbfrukt en er lokalisert på Jørpeland, og har i dag 60  Bedrift Hagebenker ansatt e. Vi tilbyr tilrettelagt arbeid, arbeidsutprøving og  Innredninger arbeid med bistand. Vår visjon er at alle vi gir arbeidstilbud skal opp og fram.

Våre delproduksjoner:

• Elektronikkabler • Brevpakking • Makulering • Møbeldeler allgeir Hinna med ditt behov avanti-ryfylke.no • Pakkearbeid

Egenproduksjon: • Miljøstasjoner

anti-ryfylke.no • Spesialemballasje • Jobbfrukt • Hagebenker • Innredninger

Kontakt Hallgeir Hinna med ditt behov. Epost: hallgeir@avanti-ryfylke.no Tlf 51749810

www.avanti-ryfylke.no

Byggevarer Tomter Hus Hytter Prosjekter Rehabilitering Tilbygg www.ryftre.no Tlf: 51 74 11 00


EKTE krafthistorie

Teknisk sjef Bjarne Thomassen meiner kraftlinjene er mektige.

NR. 2 – 2014

11


Lærling Tonje Thomassen førebur Jan Reidar Årtun (66), som er den eldste i arbeidslaget og den som klatrar høgast.

Kristoffer Nødland smiler rundt. Humøret ute på kraftstasjonen er godt.

Kraftlinjene er mektige, dei ruvar i landskapet og vitnar om hundre år med krafthistorie. Direktør i Saudefaldene Svein Ilstad, vil gjerne at kraftprodusenten skal spele ei aktiv rolle i lokalsamfunnet. — Me skal forvalte vasskraftressursane i Sauda til det beste for både eigarar og lokalsamfunn, seier Ilstad. I dette ligg det å drive vasskraftanlegga våre utan skader på folk eller miljø, få best mogleg økonomi ut av kvar vassdråpe og gjennomføre prosjekter og drift på ein god og effektiv måte. I tilegg skal me vere ein positiv aktør i lokalsamfunnet. — Mykje å tenke på, men det er oppgåva vår, slår direktøren fast. Me møter teknisk sjef Bjarne Thomassen nede i Sauda sentrum, han skal vise oss Storlivatn Koblingsstasjon i Hellandsbygd. Her er blant andre John Magne Øverland, lærling Tonje Thomassen og Kristoffer Nødland i ferd med å skifte kraftlinjene som er blitt 90 år gamle, og dermed klare for å bli pensjonerte. Tonje er også dotter til teknisk sjef Bjarne. Det ser ut som at arbeidsplassen kan gå i arv, seier han og ler før han peikar på kor naudsynt det var å skifte ut desse linjene nett no. Noko direktør Ilstad er samd i. — Kraftlinjene vi no skiftar ut er opp til 90 år gamle og er heilt klart modne for utskfiting. Linjene er viktige slik at me kan få energien frå kraftverka ut til sentralnettet, og dei er også viktige slik at det straum i kontaktane i Hellandsbygd, seier Ilstad. JAN REIDAR ÅRTHUN (66) KLATRAR stødig opp i kraftstasjonen. Han er den eldste i arbeidslaget og slår lattermildt fast at det er naturleg at det er eldstemann som klatrar høgast. Han får ikkje skrytt nok av arbeidsplassen der han har hatt sitt daglege virke i imponerande 36 år. Den hundreårige historia til Saudefaldene er sterk og har sett sine spor i lokalsamfunnet. Då Sauda for 100 år sidan tok steget frå å vere eit jordbrukssamfunn til ei industribygd, var det Saudefaldene og utbygginga av vasskrafta som sette alt i gong, meiner Svein Ilstad.

12

NR. 2 – 2014

— Med elektrisk kraft kunne ein byggje fabrikken og Sauda-samfunnet vart aldri det same. Vidare har Saudefaldene representert ein viktig og trygg arbeidsplass, som også har hatt ei viktig rolle i samfunnsbygginga. Røldalsvegen er eit godt døme, der Saudefaldene spela ei viktig rolle, meiner han. Saudefaldene har i dag 36 personar i arbeid, av desse er seks jenter. — Kraftbransjen er ganske mannsdominert, så me er særs glade for at me har seks kjekke jenter som «mjukar» oss opp litt, seier Ilstad. I tillegg byrjar det ein ny produksjonsplanleggjar no i august, så då vert me 37. Sistnemnte er ei stilling som tidlegare var organisert i Oslo. No flyttar me denne til Sauda, og det er me godt nøgde med. Rekruttering og framdrift er viktig, både for Saudefaldene og lokalsamfunnet. — Me prøver å vere aktive på arbeidsmesser og andre arrangement der næringsliv i Sauda presenterer seg for jobbsøkjarar. I tillegg er me aktive mot skular i nærområdet, fortel Ilstad. I FJOR FEIRA BEDRIFTA sin eigen hundreårsdag med pomp og prakt. Hundreåringen vart markert under den årlege festivalen Saudadagane, i tillegg gav bedrifta ut ei jubileumsbok og som ein del av feiringa gav dei støtte til byggjing av utebasseng i bygda. Hundreåringen er framleis i god form og Ilstad meiner bedrifta også i framtida vil bety mykje for industribygda. I dei siste åra er det i stor grad Saudautbygginga som har sett sine spor. I utbygginga vart vatn frå Sagelva, Maldals-selva, Slettedalselva, Håraelva Lingvongselva og Tengesdalselva snudd og ført ned til kraftverk i Sauda gjennom tunnelar. I tillegg vart anlegga i det tidlegare utbygde Storelvvassdraget oppgraderte slik at dei produserte meir straum. Totalt fekk ein ca 600 GWh ny kraft etter utbygginga, noko som tilsvarer årsforbruket til om lag 25 000 husstandar. — Kva betydde Saudaprosjektet for dykk som bedrift? — Mykje. Saudefaldene fekk ein hektisk periode, mange tilsette fekk


SAUDEFALDENE

Saudefaldene er eit kraftselskap som held til i Sauda, Rogaland fylke. Orkla eig 85 prosent og SKL eig 15 prosent av Saudefaldene. Selskapet har driftsansvar for seks kraftstasjoner med tilhøyrande regionalnett og produserer årleg omlag 1,8 TWh. Selskapet har 37 tilsette og kontor i Sauda.

nye og spanande oppgåver og både nett og kraftverk vart fornya. No har vi noko topp moderande utstyr, noko mellom-gamalt og noko som er 70-90 år gamalt. Det er spanande, men kan også vere ei utfordring med omsyn til kompetanse. Men me likar utfordringar. FOR LOKALSAMFUNNET betydde Saudaprosjektet ei vitamininnsprøyting under utbygginga. Sauda bygde nyttig infrastruktur som sykkelsti, støyvoll til motocross-bane og golfbane, ved å nytte seg av tunnelmassane frå fjella. Sauda kommune fekk også eit næringsfond på omlag 45 millionar då utbygginga vart vedteken. Den viktigaste effekten er likevel truleg at kommunen får høgare inntekter på om lag 15 millionar i året frå kraftproduksjon i form av auka skatteinntekter, konsesjonsavgifter og inntekter frå konsesjonskraft. — Du har vore direktør sidan 2008, kva er den viktigaste utviklinga du har sett i bedrifta så langt? — Me er blitt meir moderne, og eg tykkjer at samarbeid og samspel stadig utviklar seg i positiv retning. Gjennom igongsetjing av nytt vedlikehaldssystem har me fått betre system på ting og vi har utvikla oss i måten vi gjennomfører store prosjekt. — Kva tenkjer du er di viktigaste oppgåve

NR. 2 – 2014

13


Konsentrasjonen er på topp når Kristoffer Nødland (t.v) og Jan Georg Solland arbeider med å skifte ut gamle kraftlinjer.

som leiar? Det er viktig å ha god nok oversikt over bedrifta at ein forstår kor «skoen trykkjer». Det er mange oppgåver, men ikkje alltid like lett å sjå kva ein bør priorotere høgast. I neste ledd er det viktig som leier at ein kan delegere oppgåvene utover i organisasjonen og heile tida jobbe med å motivere menneska i organisasjonen til å nå dei måla me har sett oss. Som type er eg nok også ein leiar som er opptatt av at me har det triveleg på jobb, og at me behandlar kvarandre på ein god måte. — Kor er Saudefaldene om 10 - 15 år trur du? — Eg trur Saudefaldene er ein moderne, robust, trygg og motiverande arbeidsplass. Saudefaldene driv med vasskraft og det er få bedrifter i Noreg som er flinkare på akkurat det, enn Saudefaldene, meiner Svein Ilstad. DEN TIDLEGARE SKISKYTTAREN Bjarne Thomassen, er ein ekte lagspelar, han har mange år bak seg som profesjonell idrettsutøvar, og som heimflytta Saudabu er han no ein del av teamet i Saudefaldene. No viser han oss korleis ein skiftar ut gamle kraftlinjer. Det er muntre tilrop og raske beskjedar som rår i stillaset der John Magne Øverland og Tonje Thomassen konsentrerer seg om arbeidet. Det kan sjå ut som at det ligg i blodet dette, ikkje berre er Tonje lærling her no, men far var òg elektrikar, seier Bjarne og ler. Tryggleiken står i sentrum når det er kraft og høgspent som er arbeidsfeltet. Detaljane er viktige og blikket konsentrert.

Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

14

NR. 2 – 2014


Skal du byggja hytte, hus eller ungdomsbolig - KV-bygg Suldal tek utfordringa.

Me har lokale fagfolk med hjarte for byggfaget

KV-bygg Suldal Sandsvegen 134 - 4230 SAND TLF: 52 79 06 30 - firmapost@kv-bygg.no

Kontakt byggmeister og dagleg leiar Cecilie på 916 54 042 for ein uforpliktande prat.

www.mesterhus.no

www.kv-bygg.no

FINNØY 23. og 25. August RENNESØY 30. og 31. August KVITSØY 6. og 7. September STRAND 13. til 23. September HJELMELAND 27. September til 5. Oktober SULDAL 9. til 25. Oktober SAUDA 8. og 9. November

Vandreutstilling Med Kirsten opstad

Meir info om vandreutstillingane finn du på: www.ryfylke-kunstlag.no eller på facebooksida vår Ryfylke


Foto: Asbjørn Grønås Layout: TeHoKreativ

Saudefaldene er et kraftselskap eid av Orkla med 85% og Sunnhordaland Kraftlag med 15%. Selskapet har driftansvar for 6 kraftstasjoner med tilhørende regionalnett. Selskapet har kontor i Sauda.

Min jobb er å gi deg en god trykkeopplevelse Saudefaldene er en engasjert og moderne bedrift i energibransjen. Saudefaldene ble etablert i Sauda i Rogaland i 1913, og har siden 1919 produsert elektrisk kraft. Bedriften har i dag 37 ansatte og en årsproduksjon på ca 1,8 TWh (ca 1,5 % av all kraftproduksjon i Norge på et år). Vi er alltid på jakt etter dyktige medarbeidere. Aktuell utdanning og kompetanse: • fagarbeidere energioperatør, energimontør og industrimekaniker, evnt. byggfag og elektriker • ingeniører bygg, elkraft, evnt. mekanisk • økonomi og ledelse Vi er på web og er sosiale på Facebook

www.saudefaldene.no

Gunvor Fiskå Dagleg leiar Ryfylke bakeri & konditori AS

Stavanger Kontorveien 12, 4033 Stavanger Tlf: +47 51 90 66 00 - Faks: + 47 51 90 66 35 Kristiansand Rigetjønnveien 3 - 4626 Kristiansand Tlf: +47 38 00 30 50 - Faks: +47 38 01 43 42

www.kai-hansen.no

Den gode trykkeopplevelsen

Bli med på laget du også! Som medlem i Ryfylkealliansen får du felleskap med og kjennskap til mangfaldet av det som skjer i Ryfylke. Me lovar møteplassar, sterkt nettverk, profilering, meirverdi, fellesskap og inspirasjon! Alliansen har nå 133 medlemmer. Kontakt: tolli@ryfylkelivsgnist.no/940 28 577 eller

tor@ryfylkelivsgnist.no/982 06 333

“Jeg er med i Ryfylkealliansen fordi det gir

meg et ypperlig kontaktnett og tilhørighet til bedrifter og personer i Ryfylke. For meg og min bedrift, har jeg fått et nettverk gjennom alliansen som jeg ser som verdifullt for videre vekst for bedriften.”

www.ryfylke.no facebook.com/pages/Ryfylkealliansen


I dag er ikkje ferja full. Men somme dagar, før og etter høgtider og feriar kan jobben med å stue bilane tett saman vere hektisk. Det handlar om å få med så mange som mogleg.

Ferjeblikk 64 gonger i døgnet går M/F Hjelmeland frå land. Me vart med på ein av turane. Judith Sørhus Litlehamar Fotograf Nordtveit

NR. 2 – 2014

17


2

3

løpet av ein dag tek billettør Knut Rune Gilje imot betaling frå omlag 1300 bilar 4

1. AUTOPILOT. Det er stilt. Fjorden ligg og blenkjer midt i dagen, utsikta frå styrehuset er upåklageleg. Autopiloten er sett på, ferja finn den rette leia sjølv, den rette vegen frå Nesvik til Ombo. Overstyrmann Henrik Kolnes kan berre nyte turen. Ikkje alle dagar er slik. Det kan virke som at begge vegar er dobbelt så langt, men eg kjedar meg aldri, seier overstyrmann Henrik Kolnes. 2. OVERFARTSTIDA frå Nesvik til Hjelmeland er 12 minutt, turen frå Nesvik til Ombo er nokre få minutt lengre. Turen frå Ombo til Hjelmeland er litt lenger, den tar me på 17 minutt. Slik går dagane. 64 gonger i døgnet legg ferja til ved kai, like mange gonger opnar ho lemmen, slepp bilar om bord og legg ifrå.

18

NR. 2 – 2014

11

3. MÅLTID. 14-timarsvakter kan bli lange. Mat må ein ha. 4. SJØLVIRONIEN sit i veggane på M/F Hjelmeland. Det er lov å le av seg sjølv. Og maskinistane mobbar gjerne godlynt dei som held seg lenger oppe på ferja. Alle treng ikkje bli styrmann. 5. SERVICE. I løpet av ein dag tek billettør Knut Rune Gilje imot betaling frå omlag 1300 bilar. Han helsar og smiler, mange kjenner han igjen. Mange er her kvar dag. 6. FERJEKORT. Det held ikkje lenger med ei pengetaske. Dei fleste betaler med kort. Ekte ferjekort. 7. TOLMOD. Billettøren ventar tolmodig på at første bilen skal finne sin plass. På M/F Hjelmeland må også nokon rygge om

bord, eller rygge av ferja viss dei skal til Ombo. Slik er det berre. 8. HUMØR. Kaptein Helge Røgenes har kome opp i styrhuset. Gode kollegaer og godt humør er viktig. Her lever dei saman ei veke på før dei får to veker av. Sju mann på kvart skift. 9. KAFFIEN høyrer heime her. Kaffikopp og drøs blir det tid til mellom slaga, mellom Nesvik, Ombo og Hjelmeland. Alle stadar like viktige. Alle skal fram. 10. STEG. Matros Arvid Warland går med lange steg. Lemmen skal snart ned. Nok ein tur til Nesvik er over. 11. UTSTYR. I verkstaden heng det meste dei treng for å halde eigen maskin og eige utstyr i orden.


5

6

1

7

9

8

10

NR. 2 – 2014

19


Min tur Tekst & foto: Nils Trygve Hauge

Vær forberedt på å møte gnistrende farger på sykkelturen

MIN TUR ER EN DRØMMEDAG PÅ SYKKEL OVER DE SJU VAKRE ØYENE SOM UTGJØR SJERNARØY. En liten time med hurtigbåt fra Stavanger ligger idylliske Sjernarøy. I 2010 ble den nye Sjernarøybrua åpnet, og nå er Helgøy, Nord-Talgje, Tjul, Kyrkjøy, Aubø og Bjergøy bundet sammen. Dette er et eldorado for sykkelturister, og stadig flere kommer for å nyte den storslagne naturen og oppleve den sterke kulturen. Den som sykler runden over alle øyene finner i alt ca 40 kilometer gode veier der den ene naturopplevelsen avløser den andre. MIN TUR STARTER PÅ KAIEN på Helgøy. Derfra går turen på lette veier forbi Helgøysund Marina som ble kåret til Norges beste småbåthavn i 2008. Videre over Nord-Talgje og den fantastiske nye brua til Tjul, over Kattsund og fram til den vakre renessansekirken på Kyrkjøy. I kirken er det mulig å få omvisning, program og musikkinnslag av kulturguide.

Sjernarøybrua

20

NR. 2 – 2014


Her ved Skyljarvik har du veien stort sett for deg selv

Her i Skyljarvik finner du nydelig badeplass med sandstrand

Sjernarøy kyrkje er en av landets vakreste renessansekirker

Fredelig miljø på Kyrkjøy

Natur og kultur på Sjernaøy PÅ KYRKJØY LEGGER VI VEIEN rundt den idylliske Lundarvågen og ned til badeplassen i Skyljarvik. Der er det langgrunt, og temperaturen er fin i vannet. Dikterhytta til Alfred Hauge ligger her, og vi kan fornemme litt av de sterke naturinntrykkene som han formidler i bøkene sine. Etter hvert melder sulten seg, - mat er viktig på en slik dag! Valget står mellom sosekjøtt og annen tradisjonsmat på Sjernarøytunet, urban gourmetmat på Ramsvig Handelsstad eller grilla laks på Sjernarøy Maritim. Mulighetene er mange, men vi må bestille på forhånd. Videre går turen over til Eriksholmen. Der svinger vi ned på kaia for å ta en kikk på murene til Trond. I tillegg til å drive butikk har han murt med stein på Eriksholmen et halvt liv, og resultatet er virkelig verd et syn. Så går turen over Aubø og til landhandelen til Signy i Aubøsund. Signy går i sitt treognittiende år, og driver fremdeles butikken og lefsebakeriet. Her er tiden skrudd tilbake noen år. Parafinlampene står på geledd oppå

hylla, og hofteholdere og livstykker vitner om en landhandel med lang historie. Her kjøper vi hjemmebakst som vi koser oss med på bryggekanten. Men husk kontanter, - Signy driver ikke med betalingsterminaler og slikt! DEN SISTE ØYA VI SYKLER OVER er Bjergøy. Den som nå fremdeles kjenner seg sprek bør ta turen opp på toppen av øya. Det er ei bratt kneik opp, men utsikten er verd strevet. Fra Foranibba har vi et fantastisk utsyn over øyriket vårt. Halvveis rundt Bjergøy finner vi butikken og kaien på Nesheim. Her er det stoler og bord som inviterer til en liten hvil, og herrfra kunne vi tatt hurtigbåten tilbake til Stavanger. I dag vil vi sykle hele runden, og setter i stedet kursen videre på krokete veier rundt øya og nyter gjensynet med Aubø, Kyrkjøy, Tjul og Nord-Talgje før vi er tilbake til hurtigbåten på Helgøy. Det er fire dagligvarebutikker på Sjernarøy, og det er bra med rasteplasser for den som har med matpakke. Sjernarøy Oppvekstsenter på

Aubø har et flott grillhus som turister også kan bruke. Reiser dere en gjeng sammen blir dagen ekstra verdifull med en lokal kulturguide. Guiden kan fortelle de gode historiene, vise de vakre stedene og gi dere et uforglemmelig kulturprogram i den vakre renessansekirken på Sjernarøy. Denne gangen rakk vi ikke innom NordHidle. Det får bli neste gang! Sitat fra Stavanger Turistforenings årbok (av Jan Petersen) «Ryfylke med sine fjorder, fjell og skoger er et Paradis i Rogaland, og Sjernarøy er Eden i dette Paradiset. Vakker er bygden, aldri tror jeg å ha sett noen vakrere. Måtte de også bli lykkelige de som bor her.» Du finner mer informasjon her: www.visitsjernaroy.no God tur!

NR. 2 – 2014

21


Sandsvegen 134, 4230 SAND • Tlf. 900 65 410 • www.underbakke.as Sandsvegen 134, 4230 SAND • Tlf. 900 6 www.blockberge.no

Sandsvegen 134, 4230 SAND • Tlf. 900 65 410 • www.underbakke.as it@bok-it.no • Tel. 52 79 06 65

www.blockberge.no

www.blockberge.no Tel. 414 66 131

ditt ditt ditt ditt ditt ditt lokale ditt lokale ditt lokale lokale lokale lokale lokale lokale byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus

www.underbakke.as

88 00 13 13

ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER

Montér Montér Montér Montér Montér Montér Suldal Montér Suldal Suldal Montér Suldal Montér Suldal Suldal Suldal Suldal Suldal Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen 134 Sandsvegen 134 134 Næringsparken 134 134 Næringsparken Næringsparken 134 Næringsparken 134 Næringsparken 134 Næringsparken 134 Næringsparken Næringsparken Næringsparken Tel. 414 66 131 Tlf. Tlf. Tlf. 47 47 Tlf. Tlf. 47 65 Tlf. 65 47 47 65 Tlf. 52 47 52 65 Tlf. 65 52 47 00. Tlf. 65 00. 52 47 52 00. 65 07-16 47 52 00. 07-16 65 00. 07-16 52 65 00. 07-16 52 07-16 00. (18) 52 07-16 (18) 00. (18) 07-16 00. (9-14) (18) 07-16 (18) (9-14) (9-14) 07-16 (18) (9-14) (18) (9-14) (18) (9-14) (18) (9-14) (9-14) (9-14)

monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no

blomst

Tel. 414 66 131

Krambua 88 00 13 13

«snopebutikken på Sand»

ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER

blomster voksduk dørmatter puter skilter kaffe te ALT I FLY-lys OGlamper HELIKOPTERTENESTER

88 00 13 13

bloms

V

Suldal Vekst AS NAF avd. Sauda og Suldal Treng du rettleiing Sandsvegen 134ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du 4230 Sand rett og slett ein god ide? Bruk oss! Me har IT-teknikarar som kan hjelpe deg med det meste innan data

Suldal Vekst AS 52 79 06 65

www.bok-it.no

Vi fører: TineKhome, LAMA, Miljøgården, Crema, Herregård, Ic Lauvring,

UNDERBAKKE NÆRINGSPARK UNDERBAKKE NÆRINGSPARK AS Suldal Vekst AS AS   Firmatenester til bedrifter og private heimar Optimist of norway, Lea, Au Maison, Black Design, Krifon m.fl

me er på

facebook Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Leiker, Kvitevarer, Suldal Vekstbøker, AS, Sandsv. 134, 4230 Sand. Tel. 52 79 06 00, post@suldalvekst.no kontorrekvisita, pc og lyd & TV,

apple-produkt, hobbyartiklar og mykje meir i butikken på Garaneset Sand

Suldal Vekst AS, Sandsv. 134, 4230 Sand.

SaudaogSuldal@naf.no Tel. 52 79 06 00, post@suldalvekst.no

sal & drift av data i elektrobutikken Rådhusgata 1 Sauda

Treng du rettleiing ved nyetablering eller *VAKTMEISTERTENESTE vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du *REINHALDSTENESTE rett og slett ein god Følg ide?oss Bruk oss! du også: Suldal Vekst AS, Sandsv. 134, 4230 Sand. facebook.com/krambuablomster Tel. 52 79 06 00, post@suldalvekst.no Tlf: 52790650 Sandsvegen 134 4230 Sand Næringsparken www.krambuasand.no Tlf. 48160440 e-post: post@underbakke AS

Firmatenester til  bedrifter  og  private   heimar  

©Anne lise Norheim

Data, overvaking, eller IT-problem?

*VAKTMEISTERTENESTE *REINHALDSTENESTE     Bedriftsetablering, vekst og Næringsparken   andsvegen   134  4230  Sand   nyskaping – Streng DU råd? Tlf.  48160440  e-­‐post:  post@underbakke  AS   SULDAL VEKST har kompetanse og nettverk. Sjå meir om oss på www.suldalvekst.no


KRAMBUA BLOMSTER AS 4230 SAND TLF: 52 79 06 50

Vi fører: Kahler TineK Maleo House Doctor Rikki Tikki Voluspa m.fl

KORTREIST DESIGN & KOMMUNIKASJON SMAKER LIKE GODT SOM EIN CANTALOUPEMELON

Du finner og også på handlegaten.no

Utforming: norsk-plan.no

design & kommunikasjon

Vil di bedrift ta inn lærlingar og utdanne framtidas fagarbeidarar?

Bli lærebedrift!

Vil du vite meir, ta kontakt med RYTOPP, tlf.52790672/70

Foto: Hanna Maria Van Zijp

filterdk.no f

in


RYFYLKES STØRSTE SNØSCOOTER og ATV-forhandlar

6-HJULING

Husholdningsrenovasjon Hytterenovasjon Slamtømming Miljøstasjonar Gjenvinningsstasjonar Næringsrenovasjon

Bergekrossen, 4230 Sand Tlf. 52 79 25 30

www.mogedal.no

Me er ledige for nyeeroppdrag! Me ledige for nye oppdrag!

Kontakt oss for blant annet: Kontakt oss – Ferdigbetong gjerne levert annet: med pumpe for blant Grus og jord – Ferdigbetong

til gårdsplass og plen gjerne levert med pumpe

– Betongarbeider Grus og jord

murer, trapper, til gårdsplass ogfundament plen

Graving og sprengning – Betongarbeider Tlf: 51 75 95 50 e-post: post@rymi.no www.rymi.no

til vegertrapper, og tomter murer, fundament

Gode tilbud – Graving og sprengning – det er og gratis! til veger tomter

– Gode tilbud

– det er gratis!

Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no


Klassikaren Du finn dei på grensestasjonen forsvaret har i Pasvik og i sjømannskyrkja i Miami. Jærstolen frå Hjelmeland har sett sine spor. NR. 2 – 2014

25


Lise Hansson driv ei familiebedrift med lang historie. No ser ho framover.

Lise Hansson møter oss i døra. Ho går med myndige skritt innover i lokalet, iført skjørt, dongerijakke og raude joggesko. Tonefallet er bestemt, men låtten er alltid på lur. I førsteetasje står det stabla jærstolar i alle versjonar, dette er livet til Lise. Dette er familiebedrifta som Lise tok over etter faren Aksel L. Hansson, mannen som i dag er blitt reine merkevara. — Sjå her. Her er 130 stolar som Voss Folkehøgskule har bestilt, det er ganske tøft, seier ho og peikar mot eit tårn av raude jærstolar. Det er ei lang historie som sit i veggane i bedrifta på Hjelmleand, Aksel L. Hansson byrja med jærstolproduksjon allereie i 1938. Lise fekk bedrifta inn med morsmelka og var sommarvikar i mange år, før ho eigentleg bestemte seg for at dette ikkje var noko for henne. Ein gong fekk ho til og med sparken av faren. — Då eg sa eg ikkje trudde dette var noko for meg kom far og lurte på om eg ville prøve meg på sal, etter den tid har eg vore her. Eg likar å selje, det er det eg kan, slår Lise fast. I DAG DRIV HO BEDRIFTA som har sju tilsette saman med mannen Jan Petter Øvrehus. Ho har sett både oppturar og nedgangstider, det er ikkje til å legge skjul på at dei siste åra har vore beintøffe i marknaden. Når tidene byrja å betre seg for henne som produsent byrja dei største kundane hennar å slite. Det heile vart ein vond sirkel. I 2007 omsette dei for 10, 2 millionar kroner, i 2008 mista dei ein million på to månadar. — Å justere kostnadar på så kort tid er utfordrande, det enda i permitteringar. I 2009 klarte me å snu det, men då byrja kundane å slite. I motgang er det viktig å utvikle nye produkt, merkevarebygging byrjar

26

NR. 2 – 2014

med dei på golvet, og sjølve produktet. Det er det handlar om. — Men det er heldigvis lyspunkt, seier Lise og smiler. Peppes var fast kunde her i mange år, så sa dei opp avtalen, men no kom dei heldigvis igjen. Som du ser er det raudt og svart som gjeld i konseptet i år, seier ho og lener seg mot ein av jærstolane som snart dei pizzasvoltne skal sitje på. Sjølv om effektiviseringa i bransjen er stor står framleis nokre av maskinane som far hennar laga i produksjonshallen. Mange av dei nesten like gode som nye. Men sterkare krav til effektivisering og masseproduksjon har også sett sine spor her. Lise viser stolt fram slipemaskinen, som var den einaste i landet då ho fekk den i hus. Ho veit framleis ikkje om nokon andre har ein liknande. — Du veit eg har alltid vore redd for å ikkje ha pengar til å investere, så det var stort når denne kom på plass. Den hadde opphavleg keramikkkuler til å slipe, noko som skulle vise seg å vere for heftig for den norske furua, i løpet av ein lunsj var keramikken skifta ut med glaskuler. Det er service det. I DAG ER DET IKKJE BERRE FURUSTOLAR som blir produserte hjå Aksel L. Hansson. 90 prosent av det dei leverer er overflatebehandla, og dei leverer produkt i både eik, furu og bjørk. I fjor laga dei om lag 5000 stolar. Øzer Aldogan var ein tidlegare tilsett og venn av familien som starta fabrikk i heimlandet Tyrkia. I byrjinga fletta dei berre seter til stolane som vart produserte på Hjelmeland, no produserer dei også mange av stolane der nede. — Me måtte spørje oss, kven vil flette sete i Noreg? Sett i den samanhengen vart dette ei god løysing, og det er kjekt å kunne hjelpe familien


Me må la oss inspirere heile tida, og stadig vise oss fram på nye arenaer. Likevel ser me at det framleis er klassikaren med fire spiler som er mest populære.

NR. 2 – 2014

27


Dei fleste seta blir no fletta i Tyrkia. Det gjer det heile litt enklare.

Slipemaskinen med glaskuler er framleis i drift og er til stor hjelp. Det heile handlar om ei drift som er blitt effektivisert over mange år.

Det ligg truleg i blodet dette, men eg vil ikkje påverke nokre av dei to barna våre til å overta her. Til det er det for usikkert. Det må dei finne ut av sjølve. — Aldogan i gang med fabrikken, dei har ein kunde, og det er oss. Me har drive med globalisering mykje lenger enn me visste kva det var, slår Lise fast. DET ER MYKJE JÆRSTOLAR DET GÅR i, også på heimebane for Lise og mannen som også er produksjonssjef. Men ho har slutta å vekke mannen på natta når dei gode ideane dukkar opp. No ventar ho til morgonen, i tillegg har ho fått ein hund som treng å luftast, ein hund som har fått namnet Taxi. Alt er litt rolegare enn det var. — Det ligg truleg i blodet dette, men eg vil ikkje påverke nokre av dei to barna våre til å overta her. Til det er det for usikkert. Det må dei finne ut av sjølve. Og dei sit begge i jobbar der dei tener dobbelt så mykje som meg. Det er ingen løyndom at ein ikkje blir rik av å produserer jærstolar for tida. Ho er konstant på jobb. Mobilen er alltid på, svaret på e-posten som tikkar inn er aldri langt unna. Og ho svarer så godt ho kan, prøver så langt ho kan å hjelpe. Likevel stussa ho litt over familien som ringte pinseaftan eit år, jærstolane hadde nemleg byrja å rikke litt, kor lenge dei hadde hatt stolane? Sidan 1982. — Då svarte eg fint at me truleg kunne feire pinse først, så kunne me ta oss av stolane etterpå, seier ho og ler. Telefonen ringer. Ja, det var berre eg som lurte på om eg får kjøpt KK Living her inne? Viss ikkje må du sende meg eit nummer, seier Lise med fast røst. Det er ikkje rom for småprat eller dilling. Korte og presise samtalar er det beste. Ho har lært seg å høyre på marknaden, nett no vil dei gjerne ha høgare rygg på stolane, fleire spiler, gjerne i gjennomsiktig plastikk, det handlar om å fylgje med. — Me må la oss inspirere heile tida, og stadig vise oss fram på nye aren-

28

NR. 2 – 2014

aer. Likevel ser me at det framleis er klassikaren med fire spiler som er mest populære. Inne på kontoret har ho ein kopi av jærstolen som Møbelkjeden Living fekk produsert i Kina. Når slikt skjer blir Lise sint, veldig sint. — Då går eg i lufta, men tar det alltid opp med dei det gjeld på ein fin og høfleg måte. Ho er ofte «ho med stolane», til og med flykapteinen frå kurset i å meistre flyskrekk, som Lise deltok på, kom på ei messe seinare for å sjå på stolane hennar. Lise er ikkje så lett å gløyme. I 50 ÅR HAR DESIGNET TIL JÆRSTOLANE vore flagsskipet til bedrifta. No satsar dei vidare med nettbutikk og ei sterkare etablering i sosiale medium. — Eg samarbeider med ei ung jente i 30-åra, ho kan dette. Eg ser ikkje skogen for berre tre. Men eg er glad i å hoppe i det, og tar gjerne risiko. Eg likar det. — Og eg veit jo at det er ei stor verd der ute som me ikkje har erobra ennå. På veggen heng bilete av far Aksel L. Hansson, Aldogan-familien i Tyrkia, og av den danske kronprinsen Frederik som hjelper Marta Kleppa med å binde eit stolsete på ei møbelmesse i København i 1994. Det er ei lang møbelhistorie som blir bretta ut på Hjelmeland, i tillegg til Aksel L. Hansson driv også Slåke Møbelfabrikk produksjon av den tradisjonsrike stolen. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit


Vi utdanner morgendagens flinke hender og kloke hoder. Utdanning er et grunnlag for å skape økonomisk vekst. Vi ønsker å bidra til at næringslivet får riktig kompetanse til rett tid. Rogaland fylkeskommune har 16 500 skoleplasser ved de videregående skolene og 5 500 læreplasser i fylket. Målet vårt er å gi et opplæringstilbud av høy kvalitet tilpasset alle mellom 16 og 21 år. Sammen former vi framtidens Rogaland. Aldente Foto: Haakon Nordvik

www.rogfk.no


PROSJEKTSPONSOR:

FEM STJERNER TIL BEATLES – EN IMPONERENDE TEATERKONSERT BT.DK

Come Together Teaterkonser t

av Cederholm & Brdr. Hellemann

y e n t r a C c M & n o n n Le

NORGESPREMIERE 13. OKTOBER 2014 SETT AV OVER 160 000 OG KJEMPESUKSESS I DANMARK, NEDERLAND OG SVERIGE BILLETTER I SALG NÅ!

BILLETTELEFON: 51 53 70 00 WWW.STAVANGER-KONSERTHUS.NO

MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG LØRDAG SØNDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG LØRDAG

13. 14. 15. 16. 17. 18. 19. 21. 22. 23. 24. 25.

STED: ZETLITZ

OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER OKTOBER

KL. KL. KL. KL. KL. KL. KL. KL. KL. KL. KL. KL.

20.00 19.00 19.00 19.00 19.00 21.00 19.00 19.00 19.00 19.00 19.00 21.00

BILL.: 385/545,-


N TE DI T NO N EHY TA. FIN MM HYT Ø A DR RAN PÅ

HAR DU EN HYTTEDRØM? KONTAKT OSS OG FÅ ET GODT HØSTTILBUD PÅ HYTTE OG TOMT. GÅ TIL : SANDANGERVAAGEN.NO eller

MOSVATNETHYTTEGREND.NO

Autorisert forhandler av Ranahytta

lmk@enkel.no - 98283003 - Hjelmeland


Balansekunst Han trivst med ein utfordrande kvardag. Idar Heskestad (47) har seks barn og to jobbar. Han takkar ei grei kone på heimebane for suksessen.

Sjølvsagt er kontorlokala og produksjonshallen til Bjørn Hansen Betongelement bygd i betongelement. Bygget ber preg av reine og sterke linjer og av ei særprega betongtrapp som fører deg ned til det aller heillage. Idar Heskestad er ein travel mann, telefonen er aldri langt vekke, i dag er Kontrollrådet for betongprodukt på kontrollvitjing og Idar trør lett smånervøst i gangen. — Eg håpar dei snart er ferdige, det er alltid eit dårleg teikn viss dei blir sitjande lenge, seier han og ler. IDAR HESKESTAD TRIVST blant store betongelement. Sivilingeniøren er opphavleg frå Nærbø og Jæren, og han har ikkje gløymt verken dialekten eller det jærske humøret på vegen nordover. Nøkkelen til å få kvardagen til å gå opp finn han på heimebane.

32

NR. 2 – 2014

— Eg har ei verkeleg grei kone, utan henne hadde dette aldri gått, seier han og peikar på arbeidsveker som ofte er oppe i 70 timar. Heskestad er ikkje berre dagleg leiar i Bjørn Hansen Betongelement i Forsand, i tillegg leiar han bedrifta VA-TEK på Klepp som blant anna leverer drikkevassbasseng til norske kommunar. — Eg likar å jobbe, lange dagar gjer meg ingenting. Eg håpar dei tilsette seier det er ein låg terskel i bedrifta og at det er lov å gjere feil. Då er det kanskje naturleg at kona tidleg denne morgonen sende ei tekstmelding til mannen der ho skriv: «i tilfelle journalisten lurer på kor gamle barna dine er, så er dei 23, 21, 18, 12, 10 og fire år». Idar legg hovudet bakover og ler godt før han plutseleg ser litt meir alvorleg ut. — Eg hadde klart det spørsmålet uansett altså, slår han fast.


Bjørn Hansen Betongelement vart etablert i 1998, i den første tida var det Bjørn Hansen sjølv som dreiv bedrifta, først på Tau, før dei i 2000 flytta dei til større og betre lokale i Forsand. I byrjinga hadde bedrifta tre – fire personar i arbeid, i dag er har betongbedrifta 60 tilsette, og omset for om lag 120 millionar kroner i året. Idar Heskestad har vore her sidan 2007. Bjørn Hansen produserer og

Idar balanserer i ein hektisk kvardag. Målet er å bygge opp og utvikle dei to bedriftene så godt som mogleg.

NR. 2 – 2014

33


Eg har jo alltid interessert meg for store og tunge ting, men eg må vere med å utvikle noko

Idar Heskestad er ein travel mann. No ynskjer han å vere med på å styrke næringslivsutviklinga i Forsand.

BJØRN HANSEN BETONGELEMENT

Bjørn Hansen Betongelement vart etablert i 1998, i den første tida var det Bjørn Hansen sjølv som dreiv bedrifta, først på Tau, før dei i 2000 flytta dei til større og betre lokale i Forsand. I byrjinga hadde bedrifta tre – fire personar i arbeid, i dag er har betongbedrifta 60 tilsette, og omset for om lag 120 millionar kroner i året. Hansen produserer og leverer betongelement for alle bygg og anlegg, spesialiteten er bruer i spennbetong.

34

NR. 2 – 2014

leverer betongelement for alle bygg og anlegg, spesialiteten er bruer i spennbetong. Gründeren Bjørn Hansen er framleis aktiv i leiinga av bedrifta og meiner han har funne den rette mannen til å ta over roret i betongbedrifta. — Målet er å sikre framtida med ei full utnytting av anlegget. For å setje det i eit enkelt bilete så produserer me ein trailer i timen med element, og nett no har me godt med ordrar. Men det er ikkje alltid slik, me har også hatt større prosjekt som me har tapt pengar på, seier Idar. Betongbedrifta leverer om lag 60 prosent av produksjonen rundt om i fylket, medan resten blir levert over heile landet. — Me skal ha ei stor levering til Oslo, med element som skal brukast i utbetring av motorvegen. Det blir spanande med element som er 29 meter lange og som skal sendast på båt til Oslo. 96 element skal etter planen sendast i oktober i år medan dei 96 siste skal vere ferdige i juli 2015. Frå Oslo sentrum blir det transport på trailer med følgjebilar og politibilar. Det er stort.


— Kostnaden i transport er jo større enn produksjonskostnaden. HAN HAR IKKJE HATT BETONGELEMENT som ein stor gutedraum, likevel er ikkje valet av bedrift heilt tilfeldig for Idar. — Eg har jo alltid interessert meg for store og tunge ting, men eg må vere med å utvikle noko. Eg kunne ikkje køyrt ei gravemaskin resten av livet, det hadde kanskje vore kjekt i ei veke, slår Idar fast og ler godt. Idar Heskestad er også engasjert i kommunal næringslivsutvikling. Han meiner det er viktig å styrke næringsforeininga i kommunen, ikkje minst for å bygge opp eit nettverk som kan stå samla i saker som rører ved næringslivet generelt. Næringsforeininga ynskjer også å satse på kurs for medlemmene framover. — Det er spanande å vere med å legge rammer for meir enn eiga bedrift. Eg meiner bestemt det er mogleg å få inn meir næring i Forsand, og ikkje minst betre vilkåra for dei som allereie er etablerte. I dag er det sandindustrien som dominerer, me må vere opne for mange

løysingar for å utvikle næringslivet, meiner Idar og legg vekt på at kommunen ligg attraktivt til, ikkje minst for utvikling av næringsliv som er avhengig av å vere sjønært. IDAR BALANSERER PÅ STORE betongelement for fotografen. Balansen er god, og framleis kan han la seg fasinere av dei dominerande elementa som ruvar i landskapet. — Jo, det er vakkert, slår han fast. Betongelementa er mektige og ruver i landskapet.

Av Judith sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

NR. 2 – 2014

35


Foto: Kjetil Brekke / suldalfoto.no

Aktiv Eiendomsmegling er bransjevinner kundetilfredshet for fjerde året på rad! Vi er stolte og ydmyke.

Me leverer straum og breiband

Takk for tilliten!

Ta ein prat med oss – ring 52 79 26 00 www.sev.no

Ta kontakt med ditt lokale kontor i Ryfylke, tlf 51745500, ryfylke@aktiv.no

www.aktiv.no

○ F

suverene spesifikasjoner! o

isuzu best pa pris & utstyr

suverene spesifikasjoner! o

sTOr sAmmENLigNiNgsTEsT mOT VW AmArOk Og TOyOTA HiLux

isuzu best pa pris & utstyr

○ Fra kr. 239.990,-

COME AND DISCOVER THE WORLD OF CHEVROLET.

sTOr sAmmENLigNiNgsTEsT mOT Pick-Up test Vi Menn Top Gear Nr.2 2014: VW AmArOk Og TOyOTA HiLux

○ Fra kr. 499.990,-

Pick-Up test Vi Menn Top Gear Nr.2 2014: ○ Fra kr. 499.990,-

OPPLEV NYE CHEVROLET

Åpent: Man-fre 9-16 tirs 9-20 OPPLEV NYE lør 10-14 CHEVROLET Epost: salg@bilsenteret-stavanger.no

HVERT T 7. S SEKUND SE ○ Fra kr. 151.990,-

Hillevågsveien 103, 4016 Stavanger. HVERT T 7. S SEKTlf. UND EN K o51 m90oSEL g64o00 pGE pleS v nDE yeTCh evrCHE olet.VVR

PREMIERED PR P PRE RE M EEgersund. RE ED Holmane H olma neE Bil, BiMIERED l, Tengs, TenIE Te gsFOR gs, EOR gR ers und . Tlf Tlf 5 PREMIEREDAGER PR P PRE RE EMIEREDAGE MIE ER RE EDA A GER F R HE Å p eR: t22.—2 M a— nd d-O d O sdvae g 9-17, 9b -17 1er 17, T o0rs r112 dtir ag Åpent: Mand-Onsdag Torsdag Åpningstider: Man–fre 9–16. NÅR: N ÅR Å Rnt: 22 22.—24. —2 2d-On 4On .n november o em 2 2012. 2. 2

Kom og opplev nye Chevrolet. Velkommen til prøvekjørin j i g! Holmane H olmane Bil, Bil, Tengs, Tengs, Te gs Egersund. Egersund. Tlf 51 46 46 19 80

3,5 tonn hengervekt - Lave driftskostnader - Lavt Co2 utslipp

ExCLusiVE PAkkE

Over 1 tonn nyttelast - Elektrisk 4x4 innkobling med lavserie

Verdi 30.000,- NÅ kuN 10.000,-

Velg mellom Pick up eller Trooper varebil

Automatisk klima • Stigtrinn • Skinnseter • Alarm

3,5 tonn hengervekt - Lave driftskostnader - Lavt Co2 utslipp

ExCLusiVE PAkkE

Å p eR: tler M nd d-O d O sd gesse: 9b 9-17, -o 17 1er 17, T o0rs r112 dtirs aglf: 99-19, 19: XXX F reda10–14 g. 99-17, rdag 10 0 15 . Tl 0-15 Åpent: Mand-Onsdag Torsdag 9-19, Fredag 10-15 Åpningstider: Man–fre 9–19, lør F r9–16. han d ler A17 drLLørdag eøsse: XXX NÅR: N ÅR Å Rndt: 22 22.—2 22.—24. —2 2d-On 4On . .n november em 2 2012. 2 Forhan :a— XXX Ao dvare XXX .2. T XXX w ww ww.ho .holmane n bil.no no www.holmanebil.no w ww ww.ho .holmane n bil.no no www.holmanebil.no l frakt llin lp ffra d ll Priser levert levert Drammen Drk ammen Bilhavn Bh ilha avn eks. eks. fraHillevågsveien kt og og lev. lev. omkostninger. omk kd o ostn i k ger r. Co Co u utslipp tsliiph rStavanger. a 95 g/km g /km 103, 4016 l h Tlf. 51 90 64d d00.

Priser levert levert Drammen Dramm2en Bilhavn Bilha avn eks. eks. frakt frakt og og lev. lev. omkostni omk ko ostni

Man–fre Facebook.com/ChevroletNorge Facebook.com/ChevroletNorge Åpent: | CHEVROLET.NO CHEVROLE T.NO

9-16, tirs 9-20, lør 10-14. Facebook.com/ChevroletNorge Facebook.com/ChevroletNorge | CHEVROLET.NO CHEVROLET.NO www.bilsenteret-stavanger.no

Verdi 30.000,NÅ kuN 10.000,Over 1 tonn nyttelast - Elektrisk 4x4 innkobling med lavserie Rattbetjening radio/cd • El. justerbart førersete Japansk kvalitet og tøffest i klassen

Alene om automatgir på både 2 d og 4 d - Norsk Tectyl

Velgklare mellom Pick up eller varebil Biler for rask levering - 80 Trooper forhandlere over hele landet

5 års garanti - isuzu.no

Pris varebil fra kr.Automatisk 270 761,- eks.klima mva. • Stigtrinn • Skinnseter • Alarm Pris personbil fra kr. 624 900,-

Rattbetjening radio/cd • El. justerbart førersete

Alene om automatgir på både 2 d og 4 d - Norsk Tectyl Biler klare for rask levering - 80 forhandlere over hele landet

Pris varebil fra kr. 270 761,- eks. mva. Pris personbil fra kr. 624 900,-

www.bilsenteret-stavanger.no

Japansk kvalitet og tøffest i klassen 5 års garanti - isuzu.no


pskontor 4 14 00 2 50 egnskap.no

firmapost@partnerregnskap.no Årdal: 51 75 42 50 Jørpeland: 51 74 14 00 Autorisert regnskapskontor

bakeri & konditori as

firmapost@partnerregnskap.no

Tlf. 51 74 72 87

Foto: Kjell Helle-Olsen

R Y F Y L K E

Velkomen til Skattkammeret Suldal!

Den nyopna turistforeningshytta Jonstølen ligg i hjartet av støls- og fjellriket Suldal. Hytta er eit springbrett midt i Rogalands toppturparadis - eller berre eit herleg dagsturmål året rundt. Ei av mange perler i Suldalsheiene.

suldal.kommune.no


P R O F I L

NAMN: Øyvind Marvik ALDER: 40 SIVIL STATUS: Gift, to barn DRØYMER OM: Drøymer lite, opptatt av å leve i nuet LES: Aviser HØYRER PÅ: All mogleg populærmusikk. Favorittband er U2 FØREBILETE: Foreldra mine

Lagkapteinen Mykje av livet til Øyvind Marvik (40) handlar om volleyball. Slikt blir det suksess av.

— Eg håpar sola held seg framme, det er kjekt å vise fram Suldal frå den beste sida, seier Øyvind medan han går med raske skritt mot kontoret. Han har nyleg møtt oss smilande ute på tunet, det er ikkje så lett å finne kontoret til avdelingsleiaren på Toppvolley må vite. No går han gjennom den lange gangen med bestemte steg, med korterma skjorte og dongeribukse har han funne ein akkurat passeleg sporty sjefsstil. No er han spent på ungdommane som snart kjem på besøk. — Mange av desse som kjem har me hatt kontakt med i mange år, det krev mykje å gå her, difor er uttaket viktig. Me er stadig på jakt etter dei rette spelarane. På kontoret heng ein stor plakat med teksten Kan du måle deg med Julie og Martin? Målet er å finne dei høge ungdommane, gjerne dei som er litt hengslete og som ikkje har funne sin idrett ennå. Sjølv om det slett ikkje er alle som når kravet om å vere 183 centimeter høg som jente, eller 193 centimeter høg for gutar er høgde viktig. — Sjølv er eg berre 1,84 høg, høgde har aldri vore mi sterkaste side på banen, seier Øyvind og skrattler.

— Eg likar ikkje å tape nei, eg vil helst lukkast. Eg lever og ånder for det eg held på med, trur mange i miljøet har det slik. Han skulle gjerne hatt eit tilbod som Toppvolley då han var ung og lurte på kor vegen vidare gjekk. No ynskjer han å gi ungdommar frå heile landet ein smakebit av det profesjonelle volleyball-miljøet. For dei fleste av dei er det første gongen dei flyttar heimanfrå. Me skal ha respekt for det og ta godt vare på dei, trivast dei får dei og til betre resultat, seier han og lovprisar teamet med husmor, trenarar og støtteapparat. Livet på internatet er nesten som eit eige, lite samfunn. Ungdommane har 30 timar i veka på skulen, i tillegg kjem 20 – 25 timar med trening. Det er ganske mykje, og ikkje noko som passar for alle, meiner avdelingsleiaren. — Men det gjer og at me får eit veldig godt og tett miljø der alle kjenner alle. — Kan du namnet på alle elevane som har vore her? I alle fall dei fleste, og ansikt er eg veldig god på. Sjølv var han aktiv utøvar i mange år, før han øydela kneet i 1999. I dag held han volleyballen i livet med eit old boys-team som møtes ein gong i veka. Volleyballen slepp aldri heilt taket. Då spørsmålet kom om han ville vere med å bygge opp toppvolley-linja på Sauda vidaregåande skule, avdeling Sand, i 2004 hadde han budd fleire år i Stavanger og var i ferd med å bygge opp eit eventyrleg treningssenter-prosjekt saman med sjølvaste Bjørn Maaseide.

SOM SÅ MANGE ANDRE PÅ SAND kom han tidleg inn i volleyballmiljøet, det lokale idrettslaget har fostra mange framtredande spelarar opp gjennom åra, og gitt mange ein sterk lidenskap for idretten. Mange blir glade i idretten, og det du brenn for blir du ofte god i. Og konkurranseinnstinktet ditt?

DET VAR MANGE KLOKE HOVUD som lanserte ideen om ei eiga toppvolley-linje då avdelinga på Sand var nedleggingstrua i 2003. — Spørsmålet om å vere med å bidra kom i rett tid, me ville gjerne flytte heim igjen, og dette vart den store sjansen for meg. For meg vart det viktig at barna mine skulle få same oppveksten som meg, Suldal har det

Øyvind Marvik smiler nesten om kapp med sola som steiker på Eide denne sommardagen. Om nokre dagar er han klar til å opne dørene for årets kanskje mest avgjerande arrangement, uttakssamling. 45 spente ungdommar skal møte skulen for å vise seg fram frå den beste sida. Med på lasset er ikkje mindre spente foreldre.

38

NR. 2 – 2014


Spørsmålet om å vere med å bidra kom i rett tid, me ville gjerne flytte heim igjen, og dette vart den store sjansen for meg.

NR. 2 – 2014

39


Øyvind Marvik tar gjerne ein runde sandvolley saman med elevane elevane. Her er det Didrik Kolberg (t.h) og Bjarne Nicolai Huus som utfordrar læremeisteren.

Det er jo ingen som hadde lagt merke til oss viss me låg i Oslo meste når ein tenkjer over det, slår han fast. Han trekker fram somrane med hesjing og hytteliv i Ulladalen, livet som barn og ungdom med naturopplevingar og eit aktivt idrettsengasjement. Han er stolt over Suldal, noko som også er grunnen til at han i vår vart heidra med prisen Årets Suldalsambassadør. Heider og merksemd er han derimot ikkje like glad i. —Eg vart overraska då telefonen om prisen kom, eg er ikkje god på slikt. Det er kjekt å bli sett pris på, men det er jo så mange andre og som er gode ambassadørar, og det er mange her på linja som hadde fortent den. —Me er veldig bevisste på å bruke volleballen som eit verkemiddel i regional utvikling, det er ikkje tilfeldig at foreldra til ungdommane som kjem her på uttakssamling får guida tur med Statkraft til Kvilldal. Me vil gjerne vise fram kva me har og gjere dei trygge på at ungdommane får nokre flotte år her. TIDA DÅ HAN SAMAN MED BJØRN MAASEIDE la grunnlaget for treningsskjeden Sports Club som seinare vart selt til Elixia for fleire hundre millionar har sett sine spor. Den vesle sportsklubben hadde tidleg visjonar om å bli Noregs, og etter kvart Europa, sitt leiande treningssenter. — Eg lærte at alt går, viss du berre trur nok og klarer å setje deg høge men realistiske mål, kan du få det til. Det var ei spanande tid, sjølv om eg berre var med i bakgrunnen. Engasjement og begeistring skulle prege

40

NR. 2 – 2014

alt me gjorde, me skulle vere svoltne på suksess og vise at me brydde oss. Det fungerte, seier Øyvind og kikkar ut i lufta. — Det er mykje av det same me har brukt her. Mottoet vårt er Makan skal ikkje finnast, me skal stadig streve etter å bli betre og utvikle fleire lovande utøvarar, og i dag har me eit unikt tilbod. Det finst andre skular som har eit volleyballtilbod, men ikkje på dette nivået. — Me vil bli verdsleiande på utvikling av utøvarar, skal ein klare det er det detaljane som tel. Dei som er gode på detaljar blir dei verkeleg flinke. Det er partnarane Norges Volleyballforbund, Rogaland Fylkeskommune, Suldal kommune og Statkraft som står bak volleyball-linja på Sand. No satsar ein på å bli landslinje, noko som igjen vil sikre finansieringa av elevpengar. På Toppvolley-linja på Sand er det om lag 72 elevar, og 30 årsverk i arbeid. På Sand er det ein stor arbeidsplass. — Det er jo ingen som hadde lagt merke til oss viss me låg i Oslo, meiner Øyvind. Han har gått frå kontoret og er på jakt etter nokre ungdommar som blir med på ein omgang sandvolleyball på dei nye sandbanane skulen har fått. Raskt finn han fram telefonen og slår eit nummer: — Hei, det er Øyvind. Kan du vere med å spele? Øyvind er ingen tilhengar av autoritær leiarstil, her er tonen uformell og kontakten god mellom trenarar, lærarar og elevar. Medan han ventar på at ungdommane skal dukke opp står han ute på tunet og speidar utover området.


Sjå på dette, me har jo alt me treng her, her er volleyballbanar, idrettsanlegg, idrettshall, basseng, skule og internat. Det blir heilt perfekt dersom dei får det nye kommunale planlagde bassenget på plass, seier han og peikar ned på ei ledig tomt nesten vegg i vegg med den vidaregåande skulen. UNGDOMMANE SOM MØTER OPP er frå heile landet og rosar tilbodet på Sand. Nokre av tredjeklassingane har allereie pensa framtida inn mot ein karriere i utlandet, mange til USA. Andre står litt på vent. Talentspeidarar frå heile verda kjem til Sand for å plukke ut nye talent, dei møter ein stolt Øyvind Marvik. Det er klart eg er stolt når eg tar imot dei, eg er stolt over ungdommane her, dei er flinke og ofrar mykje. Mange av dei er i tillegg til skulen ute på treningssamlingar og kampar med juniorlandslaget, det er ingen kvileheim dette. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

NR. 2 – 2014

41


Hjelseth Computers / Foto Ingeborg Skrudland

tre! m og vitensen

museu 13 spennande

Vitenfabrikken – Vitengarden – Garborgsenteret – Tungenes Fyr Flyhistorisk Museum Sola – Rogaland Krigshistorisk Museum Grødaland – Vistnestunet – Limagarden – Knudaheio Garborgheimen – Haugabakka – Varden Sjøredningsmuseum 51 79 94 20 | www.jaermuseet.no | facebook.com/jaermuseet

DPLU N Å H

ÅPNINGSTIDER: 01.09 - 31.05: Hverdager 10.00 - 16.00 søndag 10.00 - 18.00 01.06 - 31.08: Hver dag 10.00 - 19.00 Kjeringholmen, Stavanger telefon 51 93 93 00 norskolje.museum.no

KKA OPPLEVING AR

På Mo Laksegard på Sand er det duka for opplevingar ved elv, fjord og fjell. Her er det rom for konferanse, festlege lag, aktiv fritid eller rolege dagar. Me reindyrkar lokale mattradisjonar og den ekte kulturen.

Hugs Møgedalsmarknad 4. oktober 2014

Alle våre tilbod finn du på molaks.no Kontakt oss på post@molaks.no eller 52 79 76 90

Bergekrossen - 4230 SAND

reload.no

...og det er enda mer spennende på innsiden


GEIR IMS

Arbeidar med regionutvikling i Ryfylke IKS og er busett på Hjelmeland 

© Fotograf Nordtveit

Korleis går dette tru? Nå skjer det så mykje at halvparten kunne vera nok. Ferjene forsvinn (ja ikkje alle, men mange!) og kommunereforma utfordrar kjente kommunegrenser. Korleis skal dette gå? For ei tid tilbake var eg så heldig å få høyra på ein røynd arkitekt som føreles om by- og tettstadsutvikling. Han viste mange slåande eksempel på at me her til lands har så god plass at me spreiar alt utover og dess lengre frå byane me kjem jo meir plass har me. Resultatet er at me set oss i bilen når ungane skal til og frå barnehage, skule og fritidsaktivitet. Det same gjeld når me skal til arbeid eller på handletur. Til og med Stavanger har hatt så god plass at dei har tømt byen og flytta alle butikkane og kontorplassane til Forus. HER I RYFYLKE HAR ME ENDÅ MEIR PLASS og kan vel flytta kva me vil kor me vil når ferjene forsvinn? Nei, det var lettare før bilen kom og busetnaden blei konsentrert rundt gode havnar og rike jordbruksområde. Ungane gjekk til skulen sjølv, kona stelte heima og folk budde nære arbeidsplassen sin. No er det snart bare bonden som slepp å setja seg i bilen for å kome til arbeid, men dei slepp ikkje unna dei heller om dei har barn eller ungdom i huset. Men tilbake til denne arkitekten, Michael Fuller-Gee heiter han. Han viste nokre fascinerande eksempel på utvikling av tettstader i kommunar det mest ikkje budde folk i. Iveland kommune var eit godt døme kor eit lite bankbygg og ein svær parkeringsplass blei ein landsby som veks, for dei første bo- einingane blei selde fort. Iveland kommune gjekk til og med så langt i fortettinga at dei bygde parkeringshus, sjølv om dei har plass nok! Han viste fleire gode døme som burde vore til inspirasjon for fleire, spesielt dei som påverkar utvikling av tettstader i Ryfylke. Om du bur i Ryfylke, eig noko i Ryfylke eller ferierar i Ryfylke er du ein av dei som må vera med å påverka politikarar og planleggjarar slik at våre gode byar og tettstader utviklar seg slik du ønskjer uavhengig av kommunestruktur og diskusjon!

PÅ MANGE MÅTAR MINNER OPPSKRIFTA til Fuller-Gee ganske mykje på det som forma tettstadane før i tida. Då var det kaiane som var den samlande krafta men no treng me ei bevisst haldning frå fleire hald slik at me ikkje spreier oss utover det heile. Her har de arkitektens 10 bod for god tettstad- og sentrumsutvikling: 1. Skap samspel mellom funksjonane. 2. Bygg mange nye attraktive og sentrumsnære bu einingar. 3. Auka fokus på folkehelse ved utvikling av sosiale møtestadar og satsing på kultur. 4. Legg barnehagar, skular og universitet til sentrum. 5. Transformer bygningar og parkeringsplassar til nye formål. 6. Synleggjer kulturarv og kulturmiljø. 7. Utvikle sjøsider og elvebredder med nye bygningar, parkar og plassar. 8. Skap betre tilgjengelegheit for buss, sykkel og gange. 9. Skap dialog og klima for investeringar mellom nærings-, eigedomsog offentlege aktørar. 10. Politisk vilje. Eg reknar med at dei fleste vil kjenna seg igjen i fleire døme som blir illustrert her. For moro skyld kan de bruke desse 10 punkta/boda som ei sjekkliste når de kjører forbi eit område med nærings- eller offentlige bygg og sjå kor mange punkt ein har oppfylt. Ver med å påverka utviklinga av den tettstaden som du er glad i!

Nei, det var lettare før bilen kom og busetnaden blei konsentrert rundt gode havnar og rike jordbruksområde.

NR. 2 – 2014

43


Magiske kaker Hjå Ryfylke Bakeri & konditori står dei fargerike og imponerande kakene på rekke og rad. No kan du lære å bake ei av dei.

G

unvor Fiskå er ei modig dame. Som nyutdanna 22-åring tok ho over det som den gong var Gunnborgs Hjemmebakeri på Jørpeland, det er det 20 år sidan no. I 2002 skifta bakeriet namn til Ryfylke Bakeri & konditori. — Eg var kanskje både ung og dum, men eg hadde i alle fall pågangsmot. Eg var nyutdanna konditormeister og ville så gjerne skape eit attraktivt bakeri. Målet er å produsere kaker og brødmat frå botnen av, med skikkelege og lokale råvarer. Gunvor gler seg over det rike mangfaldet av råvarer ein kan få tak i i Ryfylke, og nemner i farten Mikals Laks på Skiftun og Hanasand Gård & Kjøkken på Rennesøy. — Eg vil gjerne satse på kvalitet og gode råvarer. Me bakar med ekte og gode ingrediensar, det skal ikkje vere nokre snarvegar her. ALLER MEST ER RYFYLKE BAKERI & KONDITORI kjent for sine smakfulle, fargerike og imponerande kaker. Inne i den rustikke kafeen på Jørpeland står stivpynta ostekaker, marsipankaker, franske makroner og cupcakes. Det er lunsjtid og mange trekk inn i kafeen for ein fargerik salat, smørbrød eller eit kakestykke. — Det viktigaste for oss er kakene, så kjem cateringdelen på ein god andreplass, seier Gunvor. Viss du spør hyttefolket kva dei tenkjer på når dei høyrer Ryfylke bakeri & konditori er eg sikker på dei tenkjer på kafeen her på Jørpeland, spør du dei som bur her tenkjer dei nok aller mest på kakene. I tillegg til kafeen på Jørpeland driv også Gunvor Tau Konditori, kantina ved Jonsokberget bo og aktivitetssenter på Jørpeland og kantina på Tautunet. Til saman har ho om lag 20 personar i jobb. Mykje har skjedd sidan ho starta opp med berre to hender og ein god porsjon med pågangsmot. — Eg likar å bygge opp noko, å skape noko. Ein må vere gründer skal ein bygge opp noko slikt, det er ingen 8 – 16 – jobb. Her det skjer det noko heile tida, frå måndagsmorgon til søndagskveld. Eg er som ei potet, stiller opp der det trengs, seier ho og

44

NR. 2 – 2014

Charlott Jakobsen, Sølvi Kristin Svardal og Gunvor Fiskå vil gjerne skape ekte matglede.

fortel om laurdagen som skulle vere ein fridag, men som enda opp som ein laurdag der Gunvor kjørte ut på kaker store deler av dagen. — Det er kjekt å kunne stille opp, men fridagane blir spesielle når eg faktisk klarer å ta fri. — Jobben er alltid der. Planane og ideane. Korleis kan ein utvikle bakeriet og kafeen vidare? — Ofte tenkjer eg; kva kan eg lage no? Eg har mange idear som eg ikkje har sett ut i livet ME TAR TUREN NED TIL BAKERIET der alle kaker, brød og boller blir bakt. Her er det full aktivitet gjennom lange dagar, Gunvor har ikkje lang veg til jobben, ho bur sjølv i andre enden av bygningen og har bakeriet som den nærmaste naboen. No skal ho bake pasjonsostekake. Ho har det i hendene, arbeidet går unna når dei tre ulike versjonane av kaka skal på plass, ein med berre kjeksbotn, ein med ostefyll og den siste,

ferdigversjonen, med sitrongele og pynt. Ved sida av henne sit ? og lagar imponerande roser i marsipan. Det handlar om interesse og lidenskap for faget. — Kva er det som driv deg? — Vel, eg er nok ein fagidiot, det er dette eg vil jobbe med. Men det er motiverande å skape noko i sentrum av Jørpeland, me bidreg til å oppretthalde miljøet her. Spesielt på sommaren er kafeen ein viktig møteplass. — Og kva drøymer du om? Det viktigaste for meg er at me ikkje stagnerer, at me kan fylgje med i kva som skjer, også i dei neste 10 åra. Draumen treng ikkje vere større enn det, meiner Gunvor. Av Judith sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit


Me bakar med ekte og gode ingrediensar, det skal ikkje vere nokre snarvegar her.

Pasjonsostekake Mandelbunn eller kjeksbunn OSTEKREM: 3 plate gelantin 1/2 dl pasjonsfruktjuice (2-4 pasjonsfrukter) 250 gr kremost naturell 150 gr sukker 1/2 dl appelsinjuice 3 dl kremfløte

GELE: 1/2 dl appelsinjuice 50 gr sukker 1/2 ts maisenna utrørt i litt vann saften fra 1 pasjonsfrukt (sil fra frøene) kokes opp 2 gelantinplater bløtes i kaldt vann minimum 5 min og blandes i.

Lag bunnen og la den avkjøle (mandelbunn). Bløtlegg gelantinene i kaldt vann minimum, 5 minutter. Del pasjonsfruktene i to og skrap ut innholdet. Bruk en skje og press fruktkjøttet gjennom en sil, slik at steinene ligger igjen. Det er bare saften som brukes i kaken. Kjør kremost, sukker og pasjonsfruktjuicen til en glatt masse. Varm appelsinjuice til kokepunktet og ta den av platen. Smelt den oppbløtte gelantinen i. Tilsett gelantin i ostemassen og rør godt. Pisk fløten til krem og bland denne i ostemassen.

MONTERING AV KAKEN. Smør gjerne kakeringen med en nøytral olje, slik at den slipper lettere. Legg bunnen i. Fyll ostekremen oppå bunnen, og stryk toppen slik at den er helt jevn. Kaken kan gjerne stå i fryseren før geleen tømmes på. Geleen må være litt avkjølt, men ikke kald. La den stå til geleen er stivnet. Pynt med masse frukt. Bringebær smaker fantastisk sammen med dette.  Helsing Gunvor

NR. 2 – 2014

45


trenger din karriere et løft?

Rekrutterin

Sammen om trivsel

g

Vikarutleie

Karriererådgiving www.asap-personal.no

Personalutleie - rekruttering

Dir. Sæthersgate 1 - 4100 Jørpeland 51 74 15 90 - post@asap-personal.no

STRAND KOMMUNE Postadresse: Postboks 115, 4126 Jørpeland Sentralbord: 51 74 30 00 E-post: postmottak@strand.kommune.no www.strand.kommune.no

OVERNATTING RESTAURANT SPABAD GJESTEHAVN JULEBORD MØTER SEMINARER

Vi har åpent hver dag for restaurant, spabad og spabehandlinger

spahotellvelvaere.no post@spahotellvelvaere.no

booking: 480 50 600


Ordføraren fekk behalde dei brune dress-skoa, i dag skal han vere med Inger Hjelle på ein heilt vanleg arbeidsdag.

Ordførar med VIKARJOBB Ordførar Helge Steinsvåg (Ap) i Strand skifta ut dressen og kontoret med ein omsorgsjobb ved Jonsokberget på Jørpeland for ein dag.

NR. 2 – 2014

47


Skal eg skifte sengklede også? Eg må berre vedgå at eg er dårleg på det. Ordførar Helge får jobben med å fordele reine klede rundt på romma saman med An Magritt Nilssen.

Klara Berg blir både rørt og glad over å få besøk av ordføraren

Helge Steinsvåg har ikkje ein heilt vanleg dag på jobben. Han står og trippar inne på Sykeavdelingen Jonsokberget på Jørpeland. Snart skal dressjakka skiftast ut med ein blå og kvit sjukepleiardrakt. Dei brune dress-skoa får han likevel behalde. Kontoret er skifta ut med lange gangar og middagsservering. — Me har diverre ikkje herreklede inne, så du må klare deg med kvinneklede, men det går nok bra, seier verksemdsleiar Olaug Thingbø og måler ordføraren med auga medan dei går ned trappa til garderoben. Alle smykke må av, seier Olaug og kommenterer ringen på Helge si hand. —Men mobilen, den må eg diverre ha med, seier ordføraren og ler. Er ein ordførar, så er ein ordførar, det kunne jo hende noko viktig. Helge kjenner avdelinga godt, han har sett den fantastiske utsikta frå fellesrommet før, farmor hans budde her og Helge såg samhaldet mellom dei tilsette og alle arbeidsoppgåvene som venta på dei medan han var her på besøk. I dag er det hans tur til å prøve seg. — Det er jo nesten for roleg her i dag, sukkar Olaug og tenkjer i sitt stille sinn at ordføraren helst skulle vore her når det verken er nok hender eller timar til å få dagane til å gå opp.

48

NR. 2 – 2014

Er det verkeleg ordføraren? Tordis Ravnås gler seg over staseleg besøk.

— Til tider kan det vere ganske så hektisk her, men du kan ikkje kjenne det skikkeleg på kroppen før du har prøvd deg ei stund seier ho og nikkar mot ordføraren. Nokre timar ein formiddag i juni er ikkje godt nok til å få høg puls, meiner ho. På Jonsokberget er det plass til 16 pasientar, alle får einerom som dei kan innreie etter eige ynskje. Ute i fellesstova og på terrassen har dei eldre utsikt over så godt som heile Jørpeland. Mange likar å sjå ned på stålverket der dei fleste familiane på Jørpeland har vore innom gjennom arbeidslivet. Og ordføraren imponerer rundt bordet i fellesrommet, han likar å prate med eldre menneske. Og han hugsar godt. — Du må vere frå nord i kommunen du? — Ja, sjå det, eg kjenner sonen din. Det er eit kjent namn veit du. — Å ja, så du var kona hans du. Han kjende eg godt. — Deg har eg sett før, du er frå Tau du? DEI ELDRE SMILER over kaffikoppar og saftglas. For mange er det framleis stas å få besøk av sjølvaste ordføraren. Og så skal han jobbe her i dag? Hjelpe oss? Så fint. Dei fleste har langtidsplass og bur her over tid. Her som elles, er vi in-


Ein treng ikkje alltid så mange ord for å knyte band.

dividuelle og har ulike behov. I det daglege får alle dekka dei grunnleggande behov med stell og mat, men det er lite rom for sosiale tiltak som å gå ut, gå på butikken, på møter og konsertar som den enkelte gjerne likar. Me er her for pasientane. Det blir stadig meir krav om kompetanse og dokumentasjon. Data var lite i bruk ved sist ombygging. No krev ein meir utstyr og plass til dette, seier Olaug og kjem med eit lite ynskje for framtida. Eit rom med ekstra møblering, bilete og utstyr til pasientar i den siste delen av livet er eit ynskje. Ho er glad for alle i lokalsamfunnet og blant dei pårørande som bidreg til at kvardagen på Jonsokberget får meir innhald. — Ikkje alt kostar pengar, men romslegare økonomi hadde gjort kvardagen enklare, slår Olaug fast. Både Helge og Olaug er opptekne av å halde oppe eit godt omsorgstilbod i kommunen, noko dei meiner blir utfordrande når kommunen veks. Sjølv om folk blir buande lenger heime må me ha eit godt tilbod når ein kjem til den staden i livsløpet at ein treng ekstra hjelp. Då må me ha nok sengeplassar og nok fagleg kompetanse.

— Eg ynskjer at Jonsokberget i dag og i framtida er ein god plass å vere for dei som treng det og for pårørande og at det er eit fleksibelt tilbod. — Eg ynskjer at den enkelte møter empati, respekt, varme, omsorg og fagleg kompetanse. Målet er å gi hjelp på lågast mogleg nivå, tryggleik og tilbod når den enkelte treng det, seier Olaug. HOVUDUTFORDRINGA FOR EIN KOMMUNE i vekst, er å heile tida vere i forkant slik at me kapasitetsmessig er i stand til å gi eit rett tilbod når behovet for auka omsorgsnivå oppstår. Det er og ei framtidig utfordring å rekruttere og utdanne nye fagarbeidarar og sjukepleiarar til arbeid i eldreomsorga. Me må gi våre tilsette ein arbeidsdag som legg til rette for trivsel og utvikling slik at dei naturleg vil velje Strand kommune som sin arbeidsgjevar, seier ordførar Helge medan han rosar både tilsette og frivillige som styrkar omsorgsapparatet i kommunen. Helge gløymer ikkje ut at han eigentleg er på jobb. — Skal eg hente saft til deg? Helge tar oppgåva med stort alvor og den gamle er godt nøgd med serveringa. — Du les avisa utan briller, det er godt gjort det, seier Helge og ser

NR. 2 – 2014

49


Helge serverer fiskeboller i karrisaus. – Maten er god her, men den karrisausen kan me klare oss utan, seier dei eldre.

imponert ut. Esther Eliassen nikkar. Joda, ho klarer å lese Aftenbladet utan briller framleis. Det er ein siger det. Dei eldre trekk fram aktivitetane på Jonsokberget som noko positivt, toradarspel og andakt. Mange likar å vere sosiale, andre likar seg best i eige selskap. Inger Hjelle deler ut dagens medisinar, det er ein viktig jobb og alt må dobbeltsjekkast før doseringsbretta blir lagde ut til pasientane. Helge skal få vere med henne på jobb denne dagen, men først må ho berre få ut medisinane. I glaskarmen står det framleis eit flag frå 17. mai feiringa og permen med vaktlister i. Den har ei ekte, brodert framside. Her jobbar dei som bryr seg om jobben sin. Helge har fått ny oppgåve. Mengder med reine klede skal brettast og berast inn på dei ulike romma. — Skal eg skifte sengklede også? Eg må berre vedgå at eg er dårleg på det, seier ordføraren medan dei meir erfarne kollegane smiler godt. Sidan det lokale vaskeriet vart lagt ned får sjukeheimen reine klede tilsendt frå Stavanger. Helge har derimot tru på at ein skal få eit alternativt vaskeritilbod på beina om ikkje alt for lenge. Snart er det middagsservering. Fiskebollar i karrisaus. Helge serverer, hentar meir saft og gir ei hjelpande hand i matinga der det trengs. Hovudpersonane rundt bordet er samde om at maten og stellet på sjukeheimen er godt, men karrisaus, nei, det er ikkje noko særleg. PRATEN RUNDT BORDET går livleg. Dei mimrar om tida då

50

NR. 2 – 2014

permitteringar på stålverket fekk dei tilsette til å trene bandy på den islagde fjorden. Den vinteren vart dei verkeleg gode, seier nokon og smiler. Andre meiner ordføraren bør arbeide for å tilrettelegge betre for rullestolar i offentlege bygg, eit innspel ordføraren meir enn gjerne tar med seg heim igjen. Det er tid for lunsj. Sjukepleiarar, hjelpepleiarar, lærling og sjukepleiarstudent samlar seg rundt brødskiver, knekkebrød og kaffikoppar. Alarmen heng på veggen, når den ringer er det nokon som treng hjelp, ein veit aldri kor lenge lunsjen vil vare. Før den tid er det rom for å puste ut. Samhaldet er godt, praten er livleg og humørfylt. Diskusjonen går om mangelen på mannlege sjukepleiarar, om at ikkje alle pasientar kanskje hadde ynskt fleire menn velkomne, men at det er viktig for eit variert arbeidsmiljø. — Me får inn to menn i sommar, det blir bra, seier kreftsjukepleiar Anita Voster. Og kva med eit fleirkulturelt samfunn som til tider byr på språkproblem? Godt at kulturforskjellar og handtering av ulike kulturar er pensum på sjukepleien, slår staben på Jonsokberget fast. Visste du forresten at det er populært å reise til Forsand for å jobbe, lønna er betre der, seier dei med glimt i auga og kikkar bort på ordføraren. Helge smiler lunt og nikkar forsiktig, joda han har høyrt noko om det. — Me har sjansen til å seie frå no, seier damene og ler godt. Helge svarer raskt med å be fotografen ta eit gruppebilete av heile gjengen. Det er viktig å dokumentere dagen med vikarjobb må vite.


Det er lange gangar og mange steg i løpet av ein arbeidsdag.

NR. 2 – 2014

51


Smakfulle gaver til ansatte og samarbeidspartnere Vi har gode priser til bedrifter som ønsker å gi en oppmerksomhet! Ta kontakt på tlf. 915 70 090, june@lysefjordensjokolade.no eller ta turen innom sjokoladefabrikken på Eiane for et uforpliktende tilbud.

G L SA

NYHET! OPUS SOFA MED DIVAN

Eiane, 4110 Forsand

- En smak og opplevelse av Fjord-Norge.

RINGEN! L E B Ø M S ANG HO G I R E T E G L AUGUSTSA

G L A S

13.99

Pris etter kampanje 15.995,

SPAR 2.00

Hvit

NYHET! OPUS SOFA MED DIVAN

G!EN! EN EILNRGIN B Ø R M L E S B O NG HS MØ A TEERRI IGG NG HO E A G L A S T S U SALGET AUGU ST

13.995,Pris etter kampanje 15.995,-

SPAR 2.000,-

AUG

OPUS SOFA MED DIVAN H32/23-divan LS. Natura silver 4841, ben 110 chrome. B 358 x L 288 x D 98/170 TB-pall Natura silver 4841, ben 110 chrome. 70 x 90 cm. Stil sofabord m/glassplate. Sort metall og glass. 100 x 100 x 50 cm. Kurv Villsau Pute m/fototrykk fjær. 50 x 50 cm. OPUS SOFA MED DIVAN Windsor lanterne Rå 4841, alu. Hben 70110 cm.chrome. B 358 x L 288 x D 98/170 x H 90 cm. H32/23-divan LS. Natura silver TB-pall Natura silver 4841, ben 110 chrome. 70 x 90 cm. Stil sofabord m/glassplate. Sort metall og glass. 100 x 100 x 50 cm. Kurv Villsau Pute m/fototrykk fjær. 50 x 50 cm. Windsor lanterne Rå alu. H 70 cm.

2.495,-* 1.995,-* fra 199,-* 999,-* 199,-* 1.499,-*

x H 90 cm. 2.495,-* 1.995,-* fra 199,-* 999,-* 199,-* 1.499,-*

Skallstøperiet Kjøpesenter Tlf. 51 74 32 00 www.mobelringen.no Hverdager kl. 10-18 Lørdag kl. 10-15

Jørpeland * Ikke nedsatt vare

80 BUTIKKER

80 BUTIKKER OVER HELE LANDET! * Ikke nedsatt vare

WWW.MØBELRINGEN.NO

WWW.MØ


Lenge sidan du har vore på PREIKESTOLEN? Unn deg ein hausttur!

Turen til Preikestolen har ei stigning på 330 meter. Turen varierer frå preparert sti over myrar, til naturleg skogsbotn, over knallhard Lysefjordgrantitt og gjennom eit par steinrøyser som nå er godt tilrettelagt med steintrappetrinn laga av sherpaar.

Hjelmeland Sparebank

Me er ein sjølvstendig og solid sparebank i og for Ryfylke, med hovudkontor i Hjelmeland. Banken, som har ein forvaltningskapital på ca. 2,5 milliardar kroner, tilbyr alle finansielle tenester for privatpersonar og næringsliv. Banken sysselset 21 personar.

Turen startar ved parkeringsanlegget ved Preikestolen Fjellstue. Her er det parkeringsavgift på kr 100,pr. bil. Avgifta går til opprusting av sti, parkering, vakthald og anna infrastrukturbygging i området. Ved parkeringsplassen finn du også eit nytt servicebygg med toalett. Kontaktinformasjon Telefon: 51 75 44 00 E-post: post@hjelmeland-sparebank.no

visitlysefjorden.no

BJØRN HANSEN Betongelement

www.hjelmeland-sparebank.no

Bjørn Hansen AS produserer, leverer og monterer prefabrikkerte betongelementer for alle typer bygg. Virksomheten er i vekst og har i dag rundt 75 ansatte. Bedriften holder til i helt nye moderne og moderne produksjonslokaler i Forsand kommune.

51703550

spennbetong.no


Min arbeidsdag Me utfordrar bedrifter til å dokumentere arbeidsdagen sin i bilete. Wenche Haugen Havrevoll driv butikken ALL VERDAS gåver og bruksting på Nesflaten

fair trade-varer som eg importerer sjølv. Eg reiser ut i verda for å handla, for å knyta kontaktar og for å besøkja produsentar og leverandørar. Dette året har eg vore på Fair trade-messe i Tyskland, og så blir det to turar til Nepal. Over jul skal eg til Ghana for å sjå på korgproduksjon der. Eg reiser på marknader og messer, og eg reiser for å halda føredrag og ha med varer for sal. Det blir altså ein del reising, både for å kjøpa varer og for å selja varer.

o: Fot

R o ar La rse

n

Eg driv butikk på garden vår på Nesflaten i Øvre Suldal. Det vil seia i ein utkant i utkanten. Mi største

utfordring er å få folk inn i butikken. Kjem dei fyrst inn, blir dei begeistra over vareutvalet. Det aller meste er

KULTURTIPSET Åshild Hus, Lysefjorden Utvikling

I sommar er mitt hottaste tips - ein tur til Lysefjorden! Lysefjorden har det mesta – fjelltoppar som trekk turistar frå heile verda, men også stiar og toppar du kan nyta nesten heilt i fred. Lysefjorden kan ein oppleva både frå båt og til fots, og gjerne i kombinasjon! Det er merka stiar rundt heile fjorden, variert natur og ikkje minst veldig spennande industri og kulturhistorie. Du har vel høyrt om kjendisen frå Lysefjorden – han Pilt Ola? Både turistferja Tustna og MS Lysefjord stoppar fleire stader i fjorden så her kan ein legge opp besøket slik det passar turform og lengd på ferien…

54

NR. 2 – 2014

På ein så liten plass som Nesflaten, er eg avhengig av utanbygds kundar. Folk kjem langvegs frå, enkeltvis og i grupper. Då må vareutvalet mitt vera stort og unikt. Det må vera noko ekstra slik at det er verdt turen. Dette ekstra har eg i tankane heile tida. Når eg besøkjer produsentar, har det vore for å sjekka produksjonen og arbeidsvilkåra til arbeidarane. Men

Dette kan anbefalast: Lysefjorden Rundt - Turen rundt fjorden er mektig og variert og tar fleire (evt mange! ) dagar. Del opp turen i passande etappar og kombiner gjerne med båt! Lysebotn – Etter nokre dagar i fjellet er det ingen ting som er betre enn å komme ned i Lysebotn. Her har ein mange ulike overnattingstilbod å velje mellom – kva med å bu på ein ekte Lysebotn gard? Ein kan besøke Lyse kapell, gå på kafè eller nyte ein betre middag i Lyse si gamle messe. Lysebotn er ei industribygd som i dag kun har nokre få fastbuande. I desse da-

gar blomstrar industrien for fullt igjen. Lyse AS er i gang med å bygge eit nytt kraftanlegg inni fjellet - LYSEBOTN 2. Flørli – Flørli er vel verd eit besøk! Den veglause industribygda har i dag to fastbuande, og fleire hyttefolk. Her kan ein besøke kraftstasjonen frå 1917, ein kan vandre rundt i bygda, sjå røyrgata eller prøva seg på dei 4444 trappetrinna. I kraftstasjonen er det i sommar ei utstilling som omhandlar arbeidarane sitt liv i Flørli under anleggstida. Frå juli vil det vere både kafè og overnatting i Flørli, i tillegg har STF ubetjent turisthytte i Flørli.


RYFYLKEPULS Fair trade kan ikkje konkurrera med dei billigaste industrivarene, men me stiller sterkt når det gjeld unike handlaga produkt, kvalitet og sørvis.

Mot og lyst til å stå på får eg av fornøgde kundar overalt der eg sel, og ikkje minst er det svært inspirerande å vera med å leggja livsgrunnlag for ei rekkje produsentar i mange fattige land. Finn meir i butikken www.allverdas.no (Alle foto privat)

pri

t

Foto :

Eg sel varer engros til andre butikkar, og eg leverer gåver og profileringsartiklar til bedrifter og organisasjonar. Dette er ein marknad med tøff konkurranse. Fair trade kan ikkje konkurrera med dei billigaste industrivarene, men me stiller sterkt når det gjeld unike handlaga produkt, kvalitet og sørvis. God marknadsføring er avgjerande for at folk skal finna fram til butikken min. Eg må investera rikeleg med både tid og pengar for å bli synleg, ikkje minst på nett. Alt i alt blir det ein god del kontorarbeid i min jobb.

va

samstundes lærer eg ein masse, og ikkje minst ser eg mange moglegheiter for å få laga nye produkt. Designarar og andre med idear kan ta kontakt med meg, for eg kan få produsert mykje forskjellig.

Per Thime, redaktør Øyposten

Og hvis jeg skal si noe generelt Mitt Ryfylke er først og fremst en arbeidsplass. Selv bor jeg på om Ryfylke og området jeg jobRandaberg og pendler til Finnøy. ber, så får det være at når det er en slik sommer vi har hatt i år, da kan Sørlandets skjærgård Med sine 16 øyer er Finnøy være som den er, for Ryfylke er spennende i seg selv, med helt på høyde, og vel så det. utrolig mange muligheter, og utfordringer. Etter å ha jobbet her i Øyposten i snart to år begynner man også å kjenne folket her inne, og dem er det mange trivelige av. I slutten av juli var det blant annet festivaluke i Sjernarøyane. «Ei veke i Sjernarøyane» er ikke den mest kjente festivalen i distriktet, men du verden for et engasjement som er der når det skjer noe. Nær sagt alle stiller opp når det er snakk om dugnad.

Nær sagt alle stiller opp når det er snakk om dugnad

NR. 2 – 2014

55


E D E L K T K A HÆRKILA J Å JONSPRIS P INTRODUKS

CAPS SAFETY LIGHT HÆRKILA

www.dataplan.no

VENDBAR FLEECEJAKKE!

449,STORT UTVALG TIL JAKTA!

BUKSE

CANIS HÆRKILA

JAKKE KAMKO

1590,STØVEL

BACKCOUNTRY II

1490,- 995,(2499,-)

REGNSKAP, LØNN OG IT-LØSNINGER - ALT PÅ ETT STED Ring gjerne og avtal tid for et møte, så finner vi sammen gode løsninger!

(1899,-)

FK ETNE

Tlf. 53 77 11 30

FK ÅRDAL

Tlf. 51 75 42 30

Dataplan Regnskap avd. Strand AS Jøssangveien 12, Jørpeland Telefon 51 96 31 60

Foto: Per Inge Fjellheim Layout: TeHoKreativ

Sauda 365 - heile året, heile tida. Nærhet til alt og tilbud om det meste!


Horvat h Pianoservice orvath Pianoservice HHorvat orvath Phianoservice HP orvatianoservice h HPianoservice

Din lokale Din lokale Din lokale pianostemmerpianostemmer lokale pianostemmer Din lokaleDin pianostemmer Hjelmeland - Tlf. 924 24 098- Tlf. 924 24 098 Hjelmeland

Hjelmeland - Tlf. 924 24 098 pianostemmer hpiano@online.no hpiano@online.no Hjelmeland - Tlf. 924 24 098

Når du mister nokon du er glad i

hpiano@online.no hpiano@online.no

Hjelmeland - Tlf. 924 24 098 hpiano@online.no Tlf. 959 47 018

DØGNVAKT - Tlf: 91 75 00 03 E-post: gravferd@haugnett.no www.olenbb.no

Massasje Refleksologi behandling Matintoleranse testing www.saudarefleksologi.com

E-post: sidsel@sidsels.no - www.sidsels.no

• Omtrekking møbler • Søm av båtputer

• Salg av møbelstoff • Søm av kalesjer

svandalsvegen 29, Saudasjøen

977 97 996

Sukkagarden - der historia sit i veggene Solveig og Ola Sukka tlf. 92418460 / 92640803

Helgøy Skyssbåt AS tlf nr 901 03 555

Laksestudio i Suldal

Suldal Turistkontor tlf. 52 79 06 60 suldal-turistkontor.no

Vikedal Gardsmat

Knallgode kjøttprodukter, konservert på den gode gamle måten - med sjel Råvarer fra storfe, inkl. kalv, hjort, svin, lam, geit og bearbeidede produkter som skinker, fenalår og annet spekekjøtt, hamburgere, pølser, rull, pinnekjøtt, bacon. Vi har også ett eget gårdsslakteri Førland, 5583 Vikedal facebook.com/pages/Vikedal-Gardsmat

OPNINGSTIDER Måndag til fredag kl. 9-15 Siste laurdag i månad kl. 11-15 Utstillingar: Mitt Ryfylke - om livsstil og levemåtar Kvitebjørnen – interaktiv barneutstilling Museumsbutikk med smykke, lokal litteratur og lokale produkt. Arrangement: sjå www.ryfylkemuseet.no

Tlf: 936 49 720

Nesasjøhuset, Nordenden 14, 4230 Sand, Tel. 5279 2950

FULLDISTRIBUSJON I RYFYLKE GODT SYNLEG PÅ HAUGALANDET OG OGSÅ PÅ NORD JÆREN FOR ANNONSER SEI HEI TIL JAN MORTEN - 479 60 450 ELLER LEIF BIRGER - 466 33 036

Foto: Kjetil Brekke/Suldal Foto

4200 SAUDA, Tlf. 99 28 47 50 www.tipptransport.no

Kvildal, 4237 Suldalsosen e-post: sukkagarden@gmail.com sukkagarden.no


A K T U E L T

Linda Dolmen driv Blomsterbua midt i Sauda sentrum, ho har sterk tru på at ein kan få vekst i handelsstanden. (Foto: Fotograf Nordtveit)

Det er viktig å ha fleire bein å stå på, og blomster får du jo snart i alle butikkar

NAMN: Linda Dolmen BUR: Sauda AKTUELL: Driv Blomsterbua som er ein del av sentrumsprosjektet i Sauda. Målet er å få fleire til å handle lokalt.

Bles nytt liv i Sauda I Sauda satsar dei for å få vekst i sentrum. No skal kvar einaste butikk bli ein eigen liten attraksjon.

— Korleis kan ein skape liv i sentrum? — Eg trur det er viktig å ha fleire bein å stå på, og blomster får du jo snart i alle butikkar, meiner gründeren som absolutt trur Sauda sentrum har ei framtid. Linda Dolmen er ein av dei som kom attende til Sauda for å starte eiga bedrift. I 1989 flytta ho heim igjen dagen etter at fagbrevet i frisørutdanninga var i boks. Draumen var å starte eigen frisørsalong i Sauda. I dag driv ho Blomsterbua, som ikkje berre er frisørsalong og blomsterbutikk, men klesbutikk i tillegg.

Reidar Brendeland. Som mange andre mindre samfunn har Sauda utfordringar med handelslekkasje og eit sentrum som stadig får ein vanskelegare situasjon.

— Er det ei framtid for butikkane i Sauda? — Det trur eg, men me må få på plass eit godt samarbeid mellom næringsliv, handelsstanden og kommunen. Auka handel og aktivitet er noko me treng for å styrke bygda vår.

Prosjektleiinga jobbar etter visjonen Nærmast alt, meininga er at ein skal få fram kor konsentrert sentrum i Sauda er, her kan ein nå mange butikkar på kort avstand. — I tillegg speler me på at me kjenner kundane våre godt, me veit kven mange av dei handlar til, og kva dei likar. Og me må vere fleksbile og serviseinnstilte, det hender me må køyre varer heim, seier Abelseth.

— Målet vårt dei neste fire – fem åra er krystallklart. Me skal gjere Sauda sentrum om frå eit sentrum til ein destinasjon, og den enkelte butikken skal bli ein attraksjon. For dei fleste betyr det at dei må ha ei høgare omsetjing og selje meir, slår prosjektleiar Frank Abelseth fast. Abelseth som driv konsulentbedrifta Vinnarskalle er leigd inn av omstillingsstyret i kommunen og har som mål å blåse nytt i liv handelsstanden i industribygda. Sauda ligg i indre Ryfylke og har i underkant av 4700 innbyggar. Kommunen er først og fremst kjend som ein vasskraft- og industrikommune, og har fostra kjende namn som Bjørn Eidsvåg, Kjartan Fløgstad og

58

NR. 2 – 2014

— Det viktigaste for oss no er at så godt som alle butikkane i sentrum blir med på omstillinga. Dei me konkurrerer med er London, Raglamyr i Haugesund og Stavanger sentrum, og dei er gode. Det går ikkje an å konkurrere i Champions League med fire spelarar på banen, meiner Abelseth.

Nyleg gjekk kommunen inn for å flytte deler av legevakta i Sauda over til Ølen, og gå i samarbeid om ei legevaktsordning i heile fire kommunar. I tillegg lever det lokale apoteket i bygda eit farleg liv. Linda Dolmen meiner helsetenester og servicetilbod er viktig å sikre for å få vekst i lokalsamfunnet. Noko Abelseth er samd i, likevel trur han det viktigaste er å konsentrere seg om dei butikkane ein faktisk har i sentrum. Judith Sørhus Litlehamar


Vandreutstilling med OLAF STORØ

Rutebuss

Sauda 27. og 28. september Rennesøy 11. og 12. oktober Kvitsøy 18. og 19. oktober Finnøy 25. til 27. oktober Strand 1. til 11. november Suldal 15. til 23. november Hjelmeland 29. nov til 7. des

Turbuss Verkstad Tlf. 52 79 04 00 - post@suldal-billag.no www.suldal-billag.no

www.suldal-billag.no Følg oss på

Meir info om vandreutstillingen finn du på: www.ryfylke-kunstlag.no eller facebooksida vår Ryfylke Kunstlag


Kvadrat Pluss - meld deg inn og få eksklusive fordeler

HØST PÅ KVADRAT Vi oppdaterer oss stadig. Du finner alle høstens nyheter hos oss!

17 butikker med interiørprodukter

2500

Vinmonopol med spesialprodukter!

gratis parkeringsplasser

160

butikker

15

spisesteder og egen foodcourt

GRATIS WI-FI

Ikoner – Valentine’s og morsdag

Følg oss på Facebook!

KVADRAT – Du leter ikke. Du finner!

Nytt ammeog stellerom hos Babyshop!

Du leter ikke. Du finner!

Åpningstider 10 - 20 (18) kvadrat.no

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2014 2  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2014 2  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement