__MAIN_TEXT__

Page 1

M nr 1

2014

Utdanning i stormen

Vinterparadis • Varm industri • Yrkesportrett • Ordkunstnaren • Allergikokken


4

Sauda Skisenter

Innhald 8

Stålverket på Jørpeland

21

Allergikokken

26

Spa-hotell Velvære

4 Sauda Skisenter - snøparadis for heile familien 8 Stålverket på Jørpeland - eit pulserande industrihjarta 15 Yrket vårt - møt fem menneske som ser tilbake på yrkeslivet 21 Allergikokken - Om å realisere ein kakedraum 26 Spa-hotell Velvære - blå luksus i hardt vèr 30 Portrettet - Synnøve Virkesdal 37 Kommentar - Hjørdis Halleland Mikalsen 40 Min tur - Bjarte Skipevåg 42 Rygjabø videregående skole - skjebnetid på Finnøy 46 Mat - Ryfylke Mat 50 Aktuelt - Liv Jorunn Tjelmeland

M

Tips oss: tips@mittryfylke.no Annonser: marthe@mittryfylke.no Telefon: 52 79 04 80 Framsidefoto: Fotograf Nordtveit Opplag: 12 000

Trykk: Kai Hansen Trykkeri

nr 1

30

Portrettet

42

Rygjabø VGS

Magasinet Mitt Ryfylke blir gitt ut i samarbeid mellom Filter design & kommunikasjon og Ryfylkealliansen. Postadresse: Sandsvegen 134, 4230 SAND

Distribuert i Ryfylkekommunane, og på diverse stadar i Stavanger – og Haugalandsregionen.

2

15

Yrket vårt

2014

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar judith@filterdk.no

Journalist Heidi Hjorteland Wigestrand hhjorteland@gmail.com

Design Astrid Eidhammer Hjelmeland astrid@filterdk.no

Fotograf Annonser Jan Nordtveit Marthe Lien Hamre jan@fotografnordtveit.com marthe@mittryfylke.no


Gje meg Sauda! Sauda er eigentleg ganske avsides. Men, saudabuen meiner dei er sentrum i verda. Det er derfor me andre elskar å koma til metropolen inst i ryfylkefjordane. Vel overstått vinterferie! Joda, det er jo ei småfrekk fråsegn overfor alle ryfylkingane som året rundt arbeider med STOR A, og som synest me utskjemde fleksiforeldre med skuleungar, tar ut i overkant mange avspasseringsdagar som passar mistenkjeleg godt med skuleruta. Familien vår var i Sauda. Ja, Suldal også. Suldal er storarta! Heilt fabelaktig. Men, den historia får me ta ein seinare gong. Resten av leiaren skal eg nemleg bruka på Sauda. For det slo meg då eg rann nedover dei supre bakkane i Sauda Skisenter. Vel, det slo meg først då eg stod på toppen av trekket og skulle renna ned. Å nyta dei snødekte fjella og lata blikket skli seint ned til botns – der den snøfattige byen (ja, det er har vore litt lite snø i vinter) duppa seg i kanten av Saudafjorden ... Då, då hadde eg fått min dose hjartegodt over å sjå kva VårHerre og menneskje har skapt i hop. Det vil seia. Det slo meg aller mest då eg snakka med folk i botn av trekket. Glade og nøgde folk i ausande vinterregn; ryfylkingar, siddisar og arabarar. Me som bur i ytre delen av Ryfylke inntar Sauda vinterstid. Halve Jørpeland har jo hytte i Sauda, og finnøybuen tar skibåten eller andre båtar for å koma seg til fjells. «Det er jo så godt tilrettelagt», sa ei til meg, som hadde ein pust i bakken, medan ungane tok heisen til topps igjen. «Ski på dagen og så kan me gå i det flotte symjebassenget på ettermiddagen.» «Veldig greie hytter å leiga», kommenterte ein. «Koseleg lite sentrum, kjekke butikkar å handla i.», sa ei anna. Eg kan ikkje fordra å handla, bortsett frå i matbutikkar. Og eg har testa ut både Coop, Kiwi, Rimi i Sauda. Jo, det er triveleg å tasta kortkoden overfor så gilde innkrevjarar i kassen. Dessutan trur folk i Sauda på julenissen. Dei trur at etter 50 år med nedgang i folketalet, så … ja du las rett: FEMTI ÅR, … så blir det oppsving. «Bulystprosjekt», «omstillingstyre», «sentrumsutvikling» og andre ord som ikkje burde vore brukt i Sauda, blir brukt i Sauda. Dei

siste par åra har det faktisk vore ein auke i tal på menneskje. Okei, me snakkar om femten enkle sjeler frå 2013 til 2014. Og nå bur det 4760 menneskje i kommunen, FEMTEN HUNDRE færre enn i 1962. Men, omstillingsstyret har sagt at innan 2020 skal det vera minst 5000 personar som er busett i Sauda kommune.

Me som bur i ytre delen av Ryfylke inntar Sauda vinterstid. Kor mange saudabuar trur det er mogleg? Fleire enn i fjor, trur eg. Fleire enn for to, tre og fire og ti år sidan også. Fordi nokre eldsjeler, betalt og ikkje betalt, politiske og aldeles ikkje politisk har gått i bresjen og sagt at det er mogleg. Har tala varmt om kommunen sin, om skitrekket, sentrum, den vidaregåande skulen, idrettslaget, kyrkja og det grå smelteverket. Og når saudabuen talar, snakkar dei ikkje reint ein gong. Dei seier «jeg» og «ikke» og andre merksnodige ord som ein berre gjer på plassar der ingen kunne tru at det gjekk an å slå seg ned. Sauda er avsides. Når me i ytre Ryfylke skal spela fotballkamp mot lag i Stavanger, ja så set me av eit par tre timar den ettermiddagen. Når gutar 13 frå Sauda skal spela bortekamp mot Torvestad, har me frå Finnøy kome heim frå vår kamp i det dommaren bles til pause på Karmøy. Sauda er forbaska avsides. Det er derfor eg elskar Sauda, og derfor kjem eg tilbake, i jobb og privat, igjen og igjen. Og kvar gong eg kjem, registrerer eg at endå fleire saudabuar er utruleg stolte av å bu så sentralt.

Tor Øyvind Skeiseid Ryfylkepatriot Prosjektleiar Ryfylkealliansen

Mitt Ryfylke på instagram

@asbjornbirkeland Hadde god utsikt heim frå flyet i dag. #sauda #sas #saudafjorden #mittryfylke

@birgitav #topptur med #bondekåner #årdaliryfylke #mittryfylke #hardetfintmebønder

nr 1

2014

3


Lars Reidar Fosstveit gliser rundt i den nye trakkemaskinen som skisenteret har investert i.

Snøparadis Lars Reidar Fosstveit ynskjer seg snø, mykje snø. Nett no er det mykje ventetid hjå generalen i Sauda Skisenter. Det bles i sterke drag i Svandalen denne dagen. Det stoppar likevel ikkje livet hjå Sauda Skisenter, det går sin vante gang, så lenge snøen er på plass. Lars Reidar er på farten opp og ned trapper, inn og ut av kontoret, til slutt finn han roen i kaféen med ein kaffikopp. Det er ikkje vits i å ta av seg jakken, han skal jo snart ut igjen. — Arbeidsdagane her er varierte, og oppgåvene er mange. Eg likar godt å vere med der ute, å vere med når dei lagar snø eller stå i serveringa på kvelden. Det er berre å hive seg med der det trengs. Og etter ein laurdag med fullt kjør i trekket her er det rein terapi å kunne setje seg nokre timar i trakkemaskinen, det er heilt sant, slår han fast. Sjølv blir han sett på som generalen i skisenteret, han som ”alltid ” har

4

nr 1

2014

vore der, og som høyrer heime i Svandalen. — Kor lenge eg har jobba her? Tja, veit eg neimen ikkje. Eg må tenkje meg om. Til slutt kjem han fram til at han har vore med i drifta i 25 år, frå og med 2000 har han vore fast dagleg leiar. Det er vanskeleg å sjå føre seg eit liv utan skisenteret. I alle fall no når både sambuaren og dei fire barna me har tilsaman er alle involverte her. Då er det ikkje så viktig at me må kome oss heim til middag på eit fast tidspunkt. Sambuar Anita Nedrebø er driftsleiar og tek seg av det aller meste av praktiske oppgåver i matserveringa og i billettluka. Å drive skisenter


— Mange tar skibåten eller skibussen til Sauda for å stå i trekket. Me må spele på at Sauda er ei unik skibygd.

Arbeidsoppgåvene er mange og varierte for Lars Reidar Fosstveit og sambuar Anita Nedrebø. Det er mykje å halde orden i.

nr 1

2014

5


Når gradestokken kjem ned til minus 2 grader kan dei produserer snø i skisenteret, noko som ofte er til god hjelp.

er meir ein livsstil enn ein jobb, det går ikkje an å vere for knallhard på kva jobbar ein vil gjere, og kva ein ikkje vil røre, slår Lars Reidar fast. For mange ungdommar i bygda er Sauda Skisenter den første arbeidsplassen dei har, eit ansvar ski-generalen veit å ta på alvor. — Me har 50 – 60 tilsette, mange av dei er veldig unge. Det er viktig med klare rammer og at me tar dei på alvor. Ungdommane er viktige for at hjula skal gå rundt her. Sauda Skisenter, også kjent som Svandalen, ligg om lag fem kilometer frå Sauda sentrum og er eit av dei største skisentra på Sør-Vestlandet. Senteret har fem skitrekk med ein kapasitet på 5200 personar i timen. Her kan ein velje mellom fleire trasear i alpinbakkane, eigen familieheis, snowboardpark, hoppepute og oppkøyrte turløyper til fjells. Innimellom slaga kan du nyte livet i kafeen eller paraplybaren med afterski. — Anlegget er stort og det krev mykje. Me investerer i overkant av tre millionar kroner kvart år. No er målet å bli eit komplett skisenter, ikkje minst med tanke på barnefamiliane. Og så må me satse meir på som-

6

nr 1

2014

maraktivitetar, slik at senteret blir meir heilårsbasert enn det er i dag. Den siste investeringa står rett utfor døra. Den blankpussa trakkemaskinen viser igjen i snølandskapet, den eine sonen til Lars Reidar har ansvaret for å køyre det nye vidunderet som kosta om lag 2,5 millionar kroner. Då er det ikkje rart at det allereie er kome på plass eit skilt i fronten der det står Fosstveit. — Det viktigaste er nøgde gjester. Og så var det denne snøen då. Lars Reidar kan snakke seg varm om makta dei som melder vèret har, om korleis dei ikkje kan love dårleg vèr over lang tid. Då blir jo folk heime, me kan ikkje leve slik, slår han fast. Skisenteret har om lag 50 000 gjester i løpet av ein sesong. — Ein må jobbe på lag med vèrgudane, og i temperaturar under minus 2 kan me produsere snø sjølv. Tidlegare i vinter bles det så kraftig at det stort sett var hyttefeltet i området her som drog nytte av snøen me laga, og ikkje trekket, seier han og ler. Lars Reidar er oppteken av å fronte skibygda Sauda. Difor skifta også skisenteret namn, det vart viktigare å bygge omdømmet rundt heile Sauda, og ikkje berre Svandalen.


Vetle Nedrebø Halsnes (tv) og Sondre Fosstveit jobbar i skisenteret heile sesongen. For mange ungdommar er dette den første arbeidsplassen dei møter.

Snøscooteren er i flittig bruk for å kome seg fram i skitrekket.

Ungdommane Vetle Nedrebø Halsnes og Sondre Fosstveit legg ned mange arbeidstimar i skibakken. Det lønner seg.

Anita Nedrebø er driftsleiar og tek seg av det aller meste av praktiske oppgåver i matserveringa og i billettluka.

— Me har 50 – 60 tilsette, mange av dei er veldig unge. Det er viktig med klare rammer og at me tar dei på alvor. Ungdommane er viktige for at hjula skal gå rundt her. Mange tar skibåten eller skibussen til Sauda for å stå i trekket. Me må spele på at Sauda er ei unik skibygd. Inne i kafeen står tv`en på for fullt, det er sjølvsagt vinteridrett på skjermen. Så langt på dagen er det stilt. I år kom det så lite snø at det planlagde Big Jump-arrangementet som etter planen skulle samle tusenvis av tilskodarar i skitrekket vart avlyst. Lars Reidar er likevel som alltid optimist, snøen vil kome. Det er lenge til påske, trøstar han seg med, det er mykje som kan skje før den tid. Og sesongen har ikkje berre vore negativ, vinterferien var god sett i forhold til vèret, og lenger oppe i skitrekket er snømengdene gode. Generalen i skitrekket er kjent for å vere ein dyktig mann i media. Han som alltid kan få ein dyster periode til å bli vinkla positivt. Er det lite snø i Svandalen får han raskt oppslag om at det er snø i vente, eller at regnet avtar. Media og Facebook er våre viktigaste kanalar for å nå gjestene våre. Men eg har lært at skal ein ringe media så skal ein alltid ha noko å fortelje, det skal ein ha litt respekt for. I januar 2012 sprakk idyllen. Ein ung gut omkom i ei arbeidsulukke i skitrekket. Det verste som kunne skje vart reelt, og alt vart svart. — Det er første gong eg har gjort meg utilgjengeleg for media, eg orka ikkje svare på alle spørsmål. Eg var nødt til å gå gjennom min eigen prosess, og det tok tid, seier Lars Reidar tankefullt.

— Eg var langt nede, og framleis er det noko me tenkjer på ofte. Når du opplever slikt blir du flinkare til å sjå gleda i kvardagen, i dei små hendingane. Det viktigaste for meg der og då vart å ta meg av dei som var pårørande og dei andre som var tilsette her. Han ristar på hovudet. Sjefsjobben har aldri vore så tung som denne vinterdagen for to år sidan. Då kjende han ansvaret tynge på akslene, ein lærdom han gjerne skulle vore foruten. Nett no er han oppteken av den nye linja ved Sauda vidaregåande skule. Elevane på ski og snowboardlinja får 12 skuletimar i veka ved skisenteret i vinterhalvåret, og får køyre gratis i skuletida. Lars Reidar trur den nye linja vil styrke miljøet i skibygda og gi Sauda eit ekstra bein å stå på. Området rundt skisenteret har utvikla seg kraftig dei siste åra. I 2003 var det nesten ingen hytter her, då gjekk Sauda Vekst inn og kjøpte tomter i Djuvsbotnen. I dag er det blitt eit stort hytteområde. Sjølv driv Lars Reidar gard og utviklar eit hyttefelt i Norstøldalen. Det gjer at han ser kva som rører seg i marknaden og kva hytteturistane gjerne vil bruke fritida si på. Lars Reidar ser på klokka, han skal til augnelege og har dårleg tid. Det er på rolege dagar han gjer slikt. Det kjem andre dagar då det er meir folk i trekket og pulsen er høgare. — Ein må bruke tida si godt, slår ski-generalen fast.

Av Judith sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

nr 1

2014

7


1

2

3

4

Skjebnetid for Som eit varmt og pulserande hjarta har Stålverket halde liv i generasjonar av strandbuar dei siste hundre åra. Stålverket har ikkje berre fylt pengetaskene, det har også fylt blikka til folk med mot og meining. Hjarta slår ikkje rytmisk lenger, røff kirurgi må til. Kva skjer med Stålverket nå? Folk går på tå hev, stålsette mot spørsmålet som snart vil få eit svar; Kan hjarta halda fram med å slå? I songen har dei stål i ben og armer, og ein vilje kan vera av stål. På Jørpeland er stålet støypt inn i folkesjela. Staal. Ordet manar dei til dyst, anten det er i forretningsverda eller på idrettsbanen.

 8

nr 1

2014

2014 kan visa seg å bli eit vere eller ikkje vere for Jørpelands hjørnesteinsbedrift. Etter harde nedbemanningar vil det til sommaren berre arbeida rundt 130 menneske her, noko som vil vere rundt 100 færre enn for eit år sidan. Eit innbitt alvor er rissa inn i ansiktet til administrerande direktør Jarle Fjetland då Mitt Ryfylke besøker verksemda i byrjinga av februar. Etter å ha vore på forretningsreis i Tyskland, blir han møtt med nyheita om at pressa har havarert.


1. Vannbehandlar Tor Geir Tjøstheim. 2. Teamleder Øyvind Veland i Formeriet er snart klar for å gå heim etter endt dagskift på Stålverket. 3. Teamleder Øyvind Veland i Formeriet. 4. Gropmann Stein Erik Olsen i Smelte- verket reingjer stag etter støyping. 5. Kranreperatør Gunnar Sørskår.

5

Stålverket — Det passa svært dårleg nå, seier han stille til HMS - og kvalitetssjef Morten Næss. Kvar time med verdiskaping tel i denne kritiske situasjonen for verket. Men Fjetland har på ingen måte gitt opp. Hans parole er at det må vera betre for lokalsamfunnet med eit annleis stålverk, enn ikkje noko stålverk i det heile tatt. Fjetland veit han har kort tid til å visa Scana-konsernet at Stålverket framleis er liv laga, men han er bestemt i blikket då han seier

at verket skal løfta seg sjølv. Dei tek dag for dag nå. — Min jobb er å syta for fulle ordrebøker og økonomi i balanse. Hovudoppgåvene er å få kontroll med kostnadane og driva konsentrert salsverksemd mot dei rette marknadane. Stålverket må spissa seg inn mot kundar som er stabile over tid og dermed gir mest att i kassen, og ikkje spreia seg på for mange område, påpeiker Fjetland. Stålverket har mange år med underskot bak seg. Verket slit ennå med ringverknadar av den globale finanskrisa i 2008/2009. Omsetninga gjekk då ned frå over 400 millionar kroner i året til snautt 300 millionar

nr 1

2014

9


Kva: Stålverket på Jørpeland, eller Scana Steel Stavanger som er det formelle namnet, smeltar, støyper og smir stål til nye produkt, som til dømes plogskjer, knusekuler til steinbrot, kjettinghjul og propellar til båtar. Viktig år: Stålverket går gjennom ein svært krevande omstillingsprosess. I løpet av 2014 vil ein truleg få svar på om bedrifta er liv laga eller ikkje. Stålverket må finna sin plass i marknaden og finna ut kva kundar ein har mest att for å satsa på. Nedbemanning: I fjor arbeidde det 230 tilsette ved stålverket, til sommaren vil talet vera rundt 130 tilsette. Nedgongstider: Vanskane dei siste åra skuldast mellom anna finanskrisa i Europa og auka konkurranse om offshoreoppdrag. Over hundre år: Jørpeland har hatt stålverk i drift sidan 1912. På 60-talet arbeidde over 1150 personar ved verket som då heitte Stavanger Staal AS. Konkurs: I 1977 gjekk stålverket konkurs, og nær 1000 menneske miste jobben. Det blei ny drift ved verket i 1978. I 1991 kjøpte Scana industrier verksemda. Kjelder: Scana og Stavanger Aftenblad

Bjørn Helge Hinna i smelteverket.

10

nr 1

2014


nr 1

2014

11


Oversiktbilde frå Smelteverket. Gudmund Sagård i bildet.

Stålverket må spissa seg inn mot kundar som er stabile over tid og dermed gir mest att i kassen, og ikkje spreia seg på for mange område 

Administrerande direktør Scana Steel Stavanger, Jarle Fjetland.

kroner årleg. Så auka omsetninga att til 400 millionar kroner, men det hjelpte lite sidan kostnadane ved produksjonen også skaut i vêret. Kvalitetssikring og testing er kostnadsdrivande. HMS-og kvalitetssjef Morten Næss viser oss eit gedigent kjettinghjul som skal stå på ei plattform. 25 slike skal Stålverket laga for kunden. Krava til dokumentasjon er knallharde. Kvart hjul skal følgjast av bunkevis med papir som beskriv alt som har blitt gjort ned i minste detalj. Testinga og dokumenteringa er svært tidkrevjande. Kvart kjettinghjul kan kosta fleire hundretusen kroner, avhengig av storleiken. Fjetland seier at Stålverket ikkje konkurrerer på pris. Verksemda konkurrerer på kvalitet, tillit og service, og denne forretningsideen skal ein halda fast på også framover. Per i dag har verket berre eit fåtal reelle konkurrentar på verdsbasis, men fleire

12

nr 1

2014

og fleire skor seg for å kunna tilfredsstilla oljeindistrien, som ifølgje Fjetland er honningkrukka alle nå søker mot, med økonomiske nedgongstider andre stader. Viljen til Fjetland kan ingen tvila på. Dette har han lyst til å få til. Får me ting til å gå i hop økonomisk, vil Stålverket leva vidare. Det hadde vore kjekt å få til, avsluttar han. Ståpåviljen ved verket er det ingenting å seie på. Få dagar etter vårt besøk fekk me melding om at den havarerte pressa takka vere iherdig innsats frå vedlikehaldsavdelinga, var oppe og gjekk att etter få dagar. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit Administrerande direktør Scana Steel Stavanger, Jarle Fjetland.


RYFYLKES STØRSTE SNØSCOOTER og ATV-forhandlar

Kom innom og sjå det store utvalget vårt! Steinkargata 29, 4006 Stavanger tlf. nr. 51897040

Bergekrossen, 4230 Sand Tlf. 52 79 25 30

www.mogedal.no Farger: Blå: C=100 M=81 Y=16 K=29 Mørk grå: 80% sort Lys grå: 30% sort

Bli med på laget du også! Som medlem i Ryfylkealliansen får du felleskap med og kjennskap til mangfaldet av det som skjer i Ryfylke. Me lovar møteplassar, sterkt nettverk, profilering, meirverdi, fellesskap og inspirasjon! Alliansen har nå 127 medlemmer. Kontakt: tolli@ryfylkelivsgnist.no/940 28 577 eller

tor@ryfylkelivsgnist.no/982 06 333

“Å vera ein del av Ryfylkealliansen, er å vera en del av eit godt felleskap” - Stian Heimlund Skjæveland, figurativ malar

www.ryfylke.no facebook.com/pages/Ryfylkealliansen


Utforming: norsk-plan.no

SPOR 2014 Vil di bedrift ta inn lærlingar og utdanne framtidas fagarbeidarar?

Bli lærebedrift!

Vil du vite meir, ta kontakt med RYTOPP, tlf.52790672/70

Kulturløype i Forsand palmehelga, 12. og 13. april kl. 11 - 17 Mange ulike postar kunst og kulturaktivitetar, fleire nyheiter i år, mat og kaffe undervegs. Program med kart hentast på postane, sjå etter vimpler og skilt

Foto: Per Inge Fjellheim Layout: TeHoKreativ

Sauda 365 - heile året, heile tida. Nærhet til alt og tilbud om det meste!


Yrket er den rustninga me stangar oss gjennom kvardagane i, stolte og trygge. NĂĽr dagen er slutt, legg me yrket rundt halsen som eit vakkert sjal.

Inni meg er eg framleis pĂĽ farten Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit

nr 1

2014

15


Oddvar M. Michaelsen (76), pensjonert prest

Det er mange minne knytte til drakten som har følgt meg gjennom heile livet. For mange er ennå dette den drakta ein forbind med prestar, men nå blir det ingen fleire pipekragepreiker frå Oddvar M. Michaelsen eller nokon annan prest for den del. Denne prestekjolen med kvit krage er gått ut av bruk i Norge, men i Danmark er prestane framleis kledde i svart.

Ein gong prest, alltid prest

Oddvar Michalsen sin gamle pipekrage ligg i ein kakeboks. Lokket på boksen er pryda av ei skute for fulle segl.

16

nr 1

2014

Ø

nsket til han som gav meg kakeboksen var at eg skulle få vind i segla som prest, fortel han entusiastisk og løfter forsiktig den over 40 år gamle kragen ut or boksen. Sidan 2000 har stavangermannen budd på Fister. Michaelsen tek opp to små gullkors. — Desse fekk eg frå far som også var prest. Den svarte prestedrakten, eller samarien som den blir kalla på fagspråket, har han teke godt vare på. Dette presteplagget blei innført som liturgisk drakt i Danmark-Noreg under reformasjonen på 1500-talet. — Samarien er eit kjært plagg for meg. Han blei kjøpt inn like før ordinasjonen 28. juni i 1970. Prestekjolen er sjølve embetsflagget. Prestekjolen har sidan vore med han i teneste for sjømannskyrkja både i London og Houston, og seinare som sokneprest i Landås i Bergen. I 1990 kom dei kvite prestedraktene (alba) med farga skulderband (stola), men Michalsen har stundom brukt den svarte drakten som vikarprest også etter 1990. — Det er mange minne knytte til drakten som har følgt meg gjennom heile livet, men nå får ingen prestar bruka dei i tenesten lenger, fortel Michalsen, som tek på seg

det gamle presteutstyret til ære for fotografen. Han reknar med at det knapt fins nokon lenger som kan stiva dei gamle prestekragane. Det krevst eit eige jern for å få det til, fortel han. Presten er uløyseleg forbunden med halspryden sin. Det skjøna også snart barna til Oddvar M. Michaelsen. — Ta av deg presten, far, sa sonen min då han var liten og eg kom heim. Då meinte han rundsnippen. Michaelsen seier at ein prest er prest heilt til han døyr eller gjer noko som fører til avskil. Ordinasjonsløfte gjeld heile livet. Tidlegare spøkte eg med at eg var ein prest som var gått ut på dato, men ein kar sette meg på tanken om at ein prest ikkje kan gå ut på dato. Så det spøker eg ikkje med lenger. Hjelmelandsbuen har ved fleire høve opplevd Michaelsen i rolla som vikarprest, men nå opptrer han sjeldan på preikestolen. — Eg har halde preiker heile livet, nå er det andre sin tur. Sjølv finn eg meg godt til rette som tilhøyrar nede i benken. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit


Ester Rettedal (85), pensjonært lærar

Eg blei nesten som ei mor for dei. Gamle ord på nedstøva papir i ei minnebok vekkjer gode minne hjå lærarinne Ester Rettedal. Spor etter levd liv då ho stod midt i dei travle skulekvardagane, framleis ung og sterk. Ester Rettedal var lærar i 40 år. Nå har ho snart vore pensjonist i 11 år.

Frøken, tre ord på snei Ei vever kvinne med rutete skjørt og genser med blomemønster tek stillferdig i mot oss på Forsandheimen.

F

ebruarmørket stangar mot vindauga, men inne legg det gule, varme lyset eit lunt skjær over den ryddige stova. Spøtet lyser illraudt på salongbor-

det. Det er nervetabletten min, seier Ester underfundig og rettar handa ut etter spøtet. Så set ho seg ned i godstolen ved glaset og føyer nye centimetrar til sokken som skal varma ein kald fot i Ukraina. Forsandkvinna har gitt mange barndommar varme og lys. Den vevre, milde men slagferdige kvinna har i 40 år stått bak kateteret, som lærarinne, frøken eller helst berre Ester. I alle desse åra har ho gledd seg over å få hjelpa vakne og tillitsfulle barn til kunnskap og innsikt. — Eg blei nesten som ei mor for dei. Kvart år då sommarferien nærma seg slutten, kjende ho korleis ho lengta etter barna. Nå er det snart 11 år sidan ho gjekk av med pensjon. Lærar Ester. Ho som skreiv sirleg i minneboka til ivrige småjenter, jenter som såg opp til ekstramora på skulen som hadde slik omsut for dei. Heltinna ved kateteret som ville dei det beste, som ville at alle skulle finna bokstava, tala – og Jesus. Ei gamal minnebok frå 60-talet til ei for lengst vaksen forsandjente vekkjer gode minne hjå lærarinna. Ho blar

med forsiktige fingrar og mumlar litt med seg sjølv. I 1963 skreiv ho følgjande i Åse Liv Mæle si minnebok:

E

Jesus aldri borna gløymer, han veit namn på alle små.

i gamal finskriftbok blir også opna. — Sjå, desse fine bordene, me laga alltid slike før i tida. Etter fire år lærarskule i Kristiansand fekk ho arbeid i Dirdal, men då faren blei sjuk, søkte ho seg heim. Og sidan har ho arbeidd i Forsand. I starten var dei berre to lærarar, friminutta blei nytta til leik ute i lag med elevane. Ennå kan dagens elevar dra nytte av Esters arbeid i kunnskapens teneste. 20 bøker med avisutklipp frå Forsand blei overlevert kommunen då Ester flytte frå huset sitt til Forsandheimen. Ester registrerte store endringar dei åra ho underviste. Noko av det ho saknar mest var songen i klasseromma. — Me song så mange fine nasjonalsongar. Songen batt lærar og elevar saman, minnest ho. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit

nr 1

2014

17


Arthur H. Westersjø (94), tidlegare lensmannsfullmektig i Strand og Forsand.

Arthur H. Westersjø var eit kjent ansikt i ytre Ryfylke på 60 og 70-talet. Politimannen var på jobb både seint og tidleg. Mange ryfylkingar, både lovlydige, halv -og heilkriminelle har minne om den myndige jøsnesbuen.

Eg er dimittert, så eg kan ikkje kalla meg politimann lenger.

Han vokta feriepengane med pistol Sola brann nok ofte godt mot den kvite politihua til Arthur H. Westersjø då han transporterte feriepengar til over tusen personar frå Norges Bank i Stavanger på 60 og 70-talet.  18

nr 1

2014

D

et var Stålverket sine tilsette som skulle ha pengane, og det var store summar. For å sikra oss mot tjuveri var me væpna med pistol, minnest jøsnesbuen. Den kvite sommarhua har han funne fram for høvet. Nokre sveitteblomar har blømd fram i åras løp, eit stille vitnemål om fortidas strabasar. Westersjø var tilsett ved Strand og Forsand lensmannskontor frå 1965 til 1981. Då flytte han til farsgarden Foss med sølvrevane sine. Bandoleret (skråreima), handjerna og uniformsjakka har han også teke vare på, men knappane er borte. Han vil ikkje ta på seg jakken. Nei, det ville vore narraskap, ein skal ha større respekt for uniforma enn som så. De kan få ta bilde av meg med hua under armen, seier han, med eit snev av den gamle politimannens mynde. Ein gong politimann, alltid politimann, hintar me, men det er han ikkje samd i. Eg er dimittert, så eg kan ikkje kalla meg politimann lenger. I starten var månadsløna 500 kroner. Mang ei natt sneik Arthur H. Westersjø seg ut frå ei sovande kone med dyna og puta i ein krøll under armen. Målet for ferda var solsenga i arresten på lensmannskontoret, kor ein innsett måtte haldast under oppsikt.

Om morgonen vaska og kjemma lensmannsbetjenten arrestanten før han blei kjørt heim. Arthur kom inn på politiskulen 39 år gamal, på grunn av tuberkulose blei opptaket utsett fem år. Politiet sine oppgåver var mange på den tida, både skattetrekk, innkreving av barnebidrag og utbetaling av pensjon var blant oppgåvene.

V

ald, død og sorg er ein annan del av politilivet. Westersjø har aldri opplevd at noko har brent seg altfor fast. Krisepsykiatri var ikkje oppfunne. Help yourself var parolen i mi tid. Westersjø brenn for nærpolitiet og trur talet på døde på Utøya kunne vore halvert om det lokale politidistriktet ved Tyrifjorden hadde teke saka i eigne hender og ikkje venta på Oslo. Skal politiet handla raskt i slike situasjonar, må ein ha eit nærpoliti som kjenner området og ikkje minst publikum, påpeiker han. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit


Åsta Bergljot Mæle (92), pensjonert sjukepleiar

Åsta Mæle viser fram sjukepleiarnåla si. Det var sprøyter av denne typen Åsta Mæle brukte i starten av si sjukepleiarkarriere.

Florence frå Forsand Det var i den tida sjukepleie var eit kall og ei livsoppgåve.

Y

rket var ikkje berre underbetalt, det var jamvel gratis for dei sjukesøstrene som gifta seg til bygde-Norge og blei husmødre med hjelpearbeid på si. Slike som operasjonssjukepleiar Åsta Bergljot Ledaal. Eit liv i operasjonssalane ved sjukehuset i Stavanger blei bytt ut over 20 år med gratis samfunnsteneste som sjukepleiar i dei nedre delane av Espedalen. Ho og ei anna sjukepleiar stilte opp gratis, delte dalen mellom seg. Åsta smiler berre tilfreds der ho sit ved vindauga på Forsandheimen. Aldri har ho angra på at ho har hjelpt til der det trongst. For når naboar sovna inn var det nærliggjande å ringa til sjukepleiar Åsta. Ho kom uansett vêr, natt som dag. Ho stelte døde, ordna med sår, bytte bandasjar, lindra og trøysta. Distriktslegens forlenga arm. Barna minnest synet av mora som steriliserte sprøyter i gryta på kjøkkenet heime. Somt blir minnet ikkje kvitt. Den natta to naboar blei funne døde utomhus. — Det var frykteleg, seier den vevre kvinna og skuttar seg.

Den eine karen skulle komma og sjå fjernsynsteateret hjå familien Mæle. Han dukka aldri opp og blei seinare funnen død i tunet. Nokre få timar seinare blei også ein annan kar funnen lenger oppe i bygda. Han var truleg ihelfrosen. Det var eit bal å få av dei frosne kleda.

Å

sta Ledaal tok sjulepleiarutdanninga i Bergen. Ho minnest lange vakter med dårleg skotøy. Gjerne pappsko eller beksaumar. Seinare venta forseggjorte uniformer med hovudplagg og svarte festkapper. Ho stod sentralt under operasjonar. Ein gong mangla det ei saks etter oppteljinga, då måtte kirurgane opna på nytt. Saksa låg inne i pasienten. Åsta humrar ved minnet. Nå kan ho kvila med godt samvit. Men kanskje tenkjer ho av og til tilbake på tida på sjukehuset, då ho årvaken og nøyaktig lytta til pasientens hjarteslag og andedrett. Alltid på vakt, alltid til teneste for andre. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit

nr 1

2014

19


Magnhild Harboe Kleppa (73), pensjonert jordmor

Ein av naturens mest gjenstridige og uberek-nelege innretningar er livmorhalsen hjå svangre kvinner. Distriktsjordmora og betre kommunikasjonar gjer at kvinner i Ryfylke nå kan vera heime heilt til fødselen startar. I eldre tider var det ikkje uvanleg at kvinner på landsbygda reiste til Stavanger fleire veker før termin, for å vera nær sjukehus når fødselen starta, fortel pensjonert jordmor Magnhild Harboe Kleppa.

Med livet i hendene Å

vera jordmor betyr å bruka mykje tid på å venta på at denne fødselsdøra skal opna seg til ti magiske centime-

trar. Å vera jordmor betyr å lytta til livets sus gjennom eit røyr av tre, å telja hjarteslag, tolka og telja. Å vera jordmor er å ha øyre og fingrar tett tett på livet, til alle døgnets tider, i ukomfortable bilar, på tronge bad eller kor nå naturen finn det for godt å gi slepp på det nye livet. Kunsten er å venta til kvinna er klar. Gjerne under eit pledd på ein hard undersøkingsbenk på Tau helsestasjon. I ørlett slumring ventar ho på ny beskjed frå ei kvinne som kjenner at ting er i ferd med å skje nedanfor navlen. At fødslar ofte skjer til fullmåne midt på natta er kanskje ei myte, men jordmorkaffien er inga myte, den skal vera svart som natta. Er det ikkje ringar i koppen etter kvar slurk, er kaffien for svak. Kleppa har hasta over asfalten mang ein gong. Likevel har mangt eit barn komme til lenge før sjukehuset. Då er det ofte Mag-

20

nr 1

2014

nhild sine trygge hender det har møtt, anten fødselen skjedde midt på Hidlefjorden, heime på baderomsgolvet eller i eit lite sjøfly over Ytre Senja. Det var trongt og tett inne i flyet, men barnet ville ut, og ut kom det, lyserosa, fullbore og glinsande. Flymotorane bråkte slik at Magnhild måtte leggja øyret heilt inntil den nyfødde for å høyra at ho pusta. — Jordmoryrket er fantastisk og har gitt meg enorm glede, fortel ho. Magnhild tok jordmorskulen ved Rikshospitalet i Oslo. Eventyrlyst førte henne seinare til Tromsø. Her lærte ho det viktigaste for jobben som distriktsjordmor i Ryfylke. I Tromsø var jordmora åleine på nattevakt. Ei natt tok den unge jordmora i mot seks barn i løpet av desse timane. — Eg hugsar korleis eg gjekk med ei skjelvande bøn i meg heile natta gjennom, må alt gå godt.

S

einare førte ekteskap henne til Hjelmeland som då var jordmor Anna Eiane sitt rike.

I 1977 tok Magnhild over. Jordmorkofferten blei pakka og ein enorm lur blei montert på huset, slik at ho alltid skulle høyra telefonen. Seinare fekk ho ein sju kilo tung kluns med eit røyr som tillot einvegskommunikasjon. I 33 år tenestejorde Magnhild Harboe Kleppa som jordmor i ytre Ryfylke. Bilde: Dette trestetoskopet har fulgt Magnhild Harboe Kleppa gjennom heile karriera. Det fungerer like godt som den moderne hjertelydmaskinen (doppler) men føremona med doppleren er at mora også kan høyra hjartelyden til barnet. Bilde: Jordmorkofferten var fast følgesvenn i åra som distriktjordmor i Hjelmeland og Strand. Oppi kofferten oppbevarte Magnhild: Fødesett (mellom anna laken og klede og lue til barnet), trestetoskop, doppler, handklede , blodtrykksapparat og medisin som får livmora til å trekkja seg saman etter fødsel. Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit




Det blir mange brett med kaker i løpet av ein dag.

Kakedraumen nr 1

2014

21


1. Fadumo Mohamed Ali bur på Sand og arbeider hjå Allergikokken. Ho er blitt ein meister på å lage det spesielle mønsteret på gulrotkakene. 2. Hilde er imponert over dei tilsette. - Dei står på heile tida, seier ho.

Det er mange gode samtalar rund

Hilde Brenne Rugås (51) ville gjerne bake ei kake alle kan ete. I dag har Allergikokken realisert draumen og flytta inn i meieribygget på Sand.

Du kjenner den med ein gong du opnar døra til det gamle meieriet på Sand. Lukta av nysteikt kake. Allergikokken Hilde møter oss i den svingete trappa som går frå produksjonslokala i kjellaren og opp til tredje etasje. Der har ho pussa opp kontorlokale, det er også her ho overnattar når ho er på Sand. Det er mykje historie i veggane her, seier Hilde og smiler då ho viser veg inn i det vesle husværet. — Me er her inne og produserer kaker kvar tredje veke, då må eg ha ein stad å sove, seier gründeren og smiler. Inne på kontoret står ein lun og triveleg sofa, på bordet blir det servert kaffi før Hilde kastar armane ut. — Me må jo ha kake, kva er det eg tenkjer på. Prøv denne. Det er ein ny variant av gulrotkaka, seier Hilde før ho sender kakestykka rundt med forventning i blikket.

22

nr 1

2014


— Å vere gründer handlar om å delta i dei fleste oppgåvene, likevel er målet framover å la andre ta seg av den daglege drifta.

4. Geir Inge Johnsen, Hilde Guggedal Vårvik og Stig Harald Jacobsen kjem frå Rysteg med nye øskjer til Allergikokken. Øskjene brettar dei på kontoret sitt på Sand.

dt bordet der kakene blir pakka. F. v Nuura Ahmed Hussei, Fadumo Mohamed Ali, Hilde Brenne Rugås og Rokas Krivoscenko.

— Korleis smakte det? Litt for mykje krydder? Historia bak dei allergivennlege versjonane av sjokoladekake og gulrotkake som Hilde lagar byrja for mange år sidan. Det heile starta i 2000, då var sonen Oskar tre veker gamal og heilt utrøsteleg til tider. Det viste seg at han reagerte på ein del av matvarene som mor åt, og som han fekk gjennom morsmjølka. Etter kvart fann Hilde ut at han var allergisk mot både mjølk og egg. Det sette Hilde på tanken om at fleire burde få tilbod om oppskrifter som ein også kunne lage til dei som er allergikarar. Resultatet vart nettstaden Allergikokken der det i dag er om lag 600 oppskrifter som er gode tips til foreldre, barnehage, skule og restaurantar. Her kan du krysse av for kva du er allergisk mot og så finne gode oppskrifter du kan bruke. Hilde bur i Stavanger. I 2007 sa ho opp jobben som flyvertinne i SAS

og satsa på kakebaking på fulltid. Ho fekk hjelp av konditorar som fekk fram den unike og gode smaken i dei allergivennlege kakene. — Det var modig gjort. Men det bur ein gründer i meg, viss eg ikkje hadde starta med dette så hadde eg starta med noko anna. Og utfordringane har stått i kø. I byrjinga produserte dei kakene på Jørpeland, etter kvart kom behovet for meir plass og produksjonen vart flytta til meierilokala på Sand. Her er det så godt som ingen husleige, men Hilde har pussa opp lokala for om lag ein million kroner. Helsesituasjonen til sonen motiverte Hilde å lage ei god kake alle kunne servere i bursdagsselskapet sitt. — Eg ville så gjerne lage ei kake som alle kan ete, seier Hilde og fortel at ho sende utfordringa til mange konditorar, men tok til slutt saka i eigne hender.

nr 1

2014

23


PĂĽ ein vanleg arbeidsdag blir det baka omlag 650 kaker hjĂĽ Allergikokken. Her er Fadumo Mohamed Ali i full sving.

24

nr 1

2014


Fadumo Mohamed Ali og Nuura Ahmed Hussei har arbeidd hjå Allergikokken sidan Hilde starta opp med baking på Sand i 2011.

— Eg har bakt mange dårlege kaker før me kom i mål, seier Hilde og ler av tanken på alle prøvebakingane. For å finne ut kva andre meinte serverte ho gratis prøvesmakar til dei tilsette på Gastronomisk institutt i lunsjen. Framleis serverer ho nye prøvesmakar med lysande forventningar i blikket. — Eg må alltid uvikle meg, slår gründeren fast. I 2005 kjøpte Suldal kommune det gamle meieriet av Tine. I dag er det kakeproduksjon i dei gamle lokala. Nede i andre etasje er det moderne industrilokale. Her er Fadumo Mohamed Ali og Nuura Ahmed Hussein i full sving med å legge kremen på gulrotkakene. Det er ein kunst å få til det bølgjete mønstret som er blitt kjennemerket til kaka. Rokas Krivoscenko frå Litauen fungerer som ein sjef i kakebakeriet. Hilde pratar med dei som står på kjøkkenet, ordnar med nokre kakeøskjer og gir nokre kjappe tilbakemeldingar til dagens arbeid. Å vere gründer handlar om å delta i dei fleste oppgåvene, likevel er målet framover å la andre ta seg av den daglege drifta. Hilde sjølv vil konsentrere seg om sal og marknadsføring. Det er nok av utfordringar å ta tak i. Akkurat no er distribusjonen av kakene ei av dei største oppgåvene. Hilde har nett bytta distributør for å sikre at kakene kjem ut i butikkane. — Eg fekk nett ein epost frå ein kunde i Oslo som ikkje fann igjen kakene lenger, og lurte på kor dei var blitt av. Ho var heilt avhengig av kakene til barnebursdagar. Slikt er rørande å lese, det er tilbakemeldingane frå kundane som driv meg vidare. Somme gonger tenkjer eg at eg berre kan gi opp, men så kjem tankane inn på alle kundane som sit og ventar. Hilde legg ikkje skjul på at ein må vere tolmodig, og helst ha ein vilje av stål skal ein nå dei måla ein set eg. Nett no er det største målet å få kakene ut i butikkane, meir langsiktig satsar Hilde på å lage allergivennlege

og sunne ferdigrettar til middag. — Korleis trur du sjølv at du er som sjef? — Eg trur at eg er ein tydeleg og direkte arbeidsleiar. Dukkar det opp noko, så går eg ikkje å grublar på det, men tar det med ein gong. Dei tilsette stolar på meg, og eg stolar på dei. Dei gjer ein kjempejobb. Mange rundt henne stussar over at ho pendlar frå Stavanger til Sand for å lage kakene. Bakdelen med Sand er at det er litt klønete å kome seg hit, men det er kort veg og små avstandar mellom næringslivet og apparatet rundt. Det er positivt. Plutseleg bankar det på døra. Det er gjengen frå attføringsbedrifta Rysteg som kjem med fleire øskjer. Dei brettar øskjer i lokala sine på Garaneset før dei køyrer dei ned til Hilde i meieribygget. Selskapet Rysteg er resultatet av at Sauda Bedriftsservice AS og Senit arbeid – og kompetansebygging AS vart fusjonert i 2010. Bedrifta har som mål å sikre arbeidsplassar til personar som har behov for arbeidstrening eller varig tilrettelagt arbeidssituasjon. — Så flott at de kom no, seier Hilde og slår hendene saman. Kva skulle eg gjort utan dykk? Eg har faktisk tenkt tanken på at de kanskje hadde hatt lyst til å dyrke gulrøter, og raspe dei for oss. Det hadde vore noko det, seier gründeren drøymande. Den blide gjengen frå Rysteg legg ikkje skjul på at dette er ein glimrande og inspirerande jobb for dei. Dei har bretta øskjer i tre år allereie, og det blir truleg fleire. Og dyrke gulrøter? Ja, kvifor ikkje, det skal me tenkje meir på , seier dei og ler. Av Judith sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

nr 1

2014

25


Resepsjonist May Linn Mæhle og hotellsjef Ingvill H. Gjertsen har mange gode samtalar i lobbyen. Det er her gjestene får sitt første møte med hotellet.

Spa-hotell i vinden Det dampar av luksus på Spa-hotell Velvære. Trass i økonomisk motvind trur hotellsjef Ingvill H. Gjertsen på framtida til hotellet. Med sjøutsikt, eigen spa-meny og eit slør av luksus skil Spa-hotell Velvære seg ut. Hotelldirektør Ingvill H. Gjertsen møter oss i døra, ho spring så raskt gjennom lokalet at dei mørke krøllene dansar. Det står litt på hovudet denne ettermiddagen, straumen har nett vore nede, men etter nokre hektiske minutt er alt på stell igjen. Gjertsen pustar letta ut. — Det skal så lite til før me merkar det. Det er noko av det verste, når straumen forsvinn

26

nr 1

2014

slik. Alt blir i uorden. Ho har sett seg godt til rette i sofaen i lobbyen, og funne kaffikoppen. Det er slett ikkje kvar dag ho har tid til å sitje her. — Hotell er som ein livsstil. Her må alle trø til i alle oppgåver, om det er å stå i baren eller å dra av sengeklede. Alt må vere på plass. — Men eg skal konsentrere meg om sal og marknadsføring, det er hovudjobben min, seier hotellsjefen.

Etter å ha vore booking-ansvarleg for hotellet frå 2005 til 2009, og ein kort pause der ho jobba i Hjelmeland kommune vart ho tilsett som hotellsjef hausten 2010. — Mange spådde at me ikkje kom til å drive så mange år, men no har me eksistert i åtte år, og har vel bevist at me har livets rett, seier ho bestemt.


— Hotell er som ein livsstil. Her må alle trø til i alle oppgåver, om det er å stå i baren eller å dra av sengeklede. Alt må vere på plass.

nr 1

2014

27


Kokkelærling June Bjørkelid og konsulent frå Pelias AS diskuterer temperatur og behandling av mat og råvarer. Alt må vere på stell på eit hotell.

— Det vil alltid vere fleire utfordringar ved å drive eit distriktshotell enn eit byhotell.

Spa-hotell Velvære var eit av dei første spa-hotella i Rogaland. Gjertsen meiner det vart satsa i rett tid, og at interessa for spa-opphald berre veks. Likevel har tida frå oppstarten i 2005 vore økonomisk tung. Finanskrisa i 2009 vart krevjande for hotellet, og etter eit økonomisk hardt år i fjor avgjorde nett kommunestyret i Hjelmeland kommune ei ettergjeving av eit lån på 1,5 millionar kroner til hotellet. Noko som har skapt debatt. Noko av bakgrunnen for saka er også den sterke nedbemanninga i hjørnesteinsbedrifta Marine Harvest der det nyleg forsvann 30 arbeidsplassar. — Me må berre brette opp ermane, det er det einaste å gjere. Det er tøft, men me trur ver-

 28

nr 1

2014

keleg at hotellet har ei framtid, seier Gjertsen. Hotellet har 60 rom, og 25 tilsette fordelte på 20 årsverk. Medan spa-avdelinga går godt ser Gjertsen at hotellet stadig må satse på fleire konsept for å halde skuta på sjøen. Ho har tru på temapakkar innan helse og trening, og meiner målgruppa for desse alternative ferieturane berre veks. — Men det krev sjølvsagt at me aukar fokuset me har på sal og marknadsføring. Resultata kjem ikkje av seg sjølv. Det vil alltid vere fleire utfordringar ved å drive eit distriktshotell enn eit byhotell, slår ho fast. Hotellsjefen viser oss spa-avdelinga. Sjølve hjarta i hotellet, her ligg det eit slør av

lusus, med rennande vatn, dempa musikk og små rom som har fått namn frå naturen til spa-behandling. Mange av gjestene likar å unne seg luksus på hotellturane, og tilbod med spa-behandling til eigne tilsette har gitt så godt som null i sjukefråver. Hotellet vender seg bevisst mot både privatmarknaden og kurs og konferanse som dei viktigaste målgruppene. Det er viktig å kunne tilby gode pakkar til bedrifter som ynskjer å bruke hotellet til faglege seminar og konferansar. Og Gjertsen slår fast at Hjelmeland på mange måtar er sentralt. — Me ligg langs nasjonal turistveg, og ikkje langt frå Preikestolen. Det er positivt. Me må selje fjordane våre, Trolltunga og Preikesto-




Spaterapeut Gintare Bitinaite gir gjestene luksusbehandlingar i spa-avdelinga.

— Me ligg langs nasjonal turistveg, og ikkje langt frå Preikestolen. Det er positivt.

len, me må sjå breiare på det området me kan nytte oss av, meiner ho og løftar fram samarbeidet Discovery Route som er eit samarbeid mellom mange overnattingsstadar heilt opp til Voss. Inne i restauranten sit ein av kok-

kane i prat med ein representant frå bedrifta Pelias, som arbeider med internkontrollen på hotellet, slik at Mattilsynet blir nøgde. Det blir snakka om temperatur, behandling av mat og gjester, det er mykje som skal vere på stell på eit hotell. På bordet ved sida av ligg gjesteboka open, mange godord om både sen-

ger, mat og spa-behandling. Gjertsen nikkar, det aller kjekkaste er at kundane er nøgde. — Det er det det handlar om. Av Judith sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

nr 1

2014

29


P R O F I L

NAMN: Synnøve Virkesdal ALDER: 44 år. SIVIL STATUS: Gift DRØYMER OM: Å leva enklare LES: Magnus Malm HØYRER PÅ: Bach, som skreiv Solo Gloria Deo på alle verka sine (åleine til Guds ære) FØREBILDE: Jesus, fordi han viste kven han var

Orda yrer fram overalt, formuleringar til dikt og forteljingar dukkar opp når ho går tur, før ho sovnar, når ho vaknar.

Ikkje rart at skribent Synnøve Virkesdal har papir i alle lommar, for orda må fangast mens dei er i svevet, drivast ned gjennom blyantspissen og ut på arket. Orda strøyer ho ut i sterkt rasjonerte porsjonar, dei må ha luft mellom seg og rundt seg, for då brenn dei sterkare. Somme hamnar på papirlappar i flasker, andre får sveva på ei uro i vindauge, andre hamnar på kollasjar eller i heimelaga bøker . Synnøves bøker er motsatsen til eboka. Ho elskar handskrivne ord på ekte papir. Når andre shoppar klede, jaktar ho på handlaga papir. Skribenten frå Forsand trur at folk lengtar etter noko handfast og ekslusivt innimellom alt nettflimmeret. Visuell poesi kallar ho det ho skaper heime i atelier MELLOMROM på Forsand. Alle bøkene hennar er unike, både innhald og utsmykking. Då Mitt Ryfylke er innom er ho midt i ein hektisk produksjonsfase før kulturvandringa Spor. 18 kunstnarar med tilknytting til Forsand opnar husa og ateliera sine for ei publikumsvandring 12. og 13.

 30

nr 1

2014

Små Ord 


Synnøve Virkesdal elskar papir, knapt ein papirbit kjem inn i huset, utan at ho tek vare på han.

På Papir nr 1

2014

31


Plagg frå ei tankesnor.

Grip dagen, det er eit viktig motto for ei som ikkje har utømelege lager av krefter i seg. Synnøve Virkesdal er ofte trøytt i kroppen, men veit å nytta stundene då kroppen fungerer betre.

Desse flaskepostane har alle ei dikt i magen. Flaskene skal seljast under kulturvandringa Spor i april. Ps. Dikta må kjøpast ulest.

— Åra i Forsand har vore fine på mange vis, ikkje minst har dei sett spor i meg som kunstnar. april. Fjorårets vandring blei ein kjempesuksess med mellom 200 og 300 besøkjande. Denne utstillinga blir på ein måte Synnøve Virkesdals farvel med Forsand. Etter 18 år flyttar ho og ektemannen Harald Oaland til Lillehammer. Her har Synnøve komme inn på forfattarstudiet til Nansenskolen. — Åra i Forsand har vore fine på mange vis, ikkje minst har dei sett spor i meg som kunstnar. Wenche Sunde har lært meg maleteknikkar og Tora Liv Thorsen har gitt meg gode skrivetips. Keramikar Eva Sæverud har også vore ein viktig motivatør og samarbeidspartnar. — — Mange har hjelpt meg fram og gitt meg rom. Men Virkesdal ser at ho må vidare. Skrivinga ligg i botn for alt eg lagar, dersom denne kjelda tørkar inn, har eg ikkje lenger noko å laga, konstaterer ho. — Eg treng å lære meir for å utvikla meg. Hennar foretrukne form er dikt og kortare forteljingar. Synnøve elskar å gjera dikta sine så korthogne som råd, ho høgg så orda fyk, til berre essensen lyser mot henne frå papiret. Sjølv har ho Herbjørg Wassmo, Kolbein Falkeid og Jan Wiese som sine soleklare forfattarfavorittar.

 32

nr 1

2014

— Har du møtt bygdedyret i Forsand? — Forsand har i så fall eit snilt ”bygdedyr”, heldigvis. Men kravet er jo at alle helst skal vera ganske like, snille og vera mot Ryfast, seier ho og smiler lurt. Synnøve er eigentleg utdanna sosionom, men blei sjuk og trøytt. Ved å satsa systematisk på skriving, har noko trasig blitt til noko verdifullt. — Eg har skrive heile livet, nå får eg endåtil lov å kalla det jobben min. Eg greier kanskje ikkje å arbeida meir enn 2-3 timar kvar dag, men når ein held på kvar dag, får ein jo gjort litt. Synnøve har oppretta enkeltmannsforetak og sel bøker og andre produkt via nettbutikk. Gjennom bloggen synneskriv minner ho seg sjølv på at ho faktisk får gjort noko. Som alle skrivande menneske veit, nyttar det ikkje å bare skriva når ein er inspirert. Ein må halda det gåande dei dagane det går trått også. — Men er eg veldig sliten, riv eg papir til kollasjane mine, fortel ho. Synnøve ser mon i kvar einaste trykksak som hamnar i postkassen, for det kan alltid komma til nytte ein gong.


Små, små dikt er Synnøve Virkesdal sitt varemerke.

nr 1

2014

33


Atelieret hennar huser også fleire hyllemeter med dagbøker. Dei skal brennast etter min død, seier Synnøve Virkesdal.

Gå etter kompasset i magen. Dit nålen peker mot lys Synnøve Virkesdal har smaka både lys og mørke, men ho prøver å gå dit lyset er.

— Eg er ein veldig dårleg materalist og forbrukar, eg likar å skapa ting med enkle midlar. For Synnøve handlar alt om Gud, sjølv om dikta ikkje nemner han så ofte. — Eg tykkjer det er vanskelig å skriva om Gud, for han er så stor og orda mine så små. Men alt handlar jo djupast sett om Gud. Synnøve har gitt ut fire diktsamlingar. I tillegg har ho skrive den lokalhistoriske boka ”Ni kvinneliv i Forsand”. Her får forsandkvinner fortelja om sitt kvardagsliv frå etterkrigstida fram til våre dagar. — Historikarane trekkjer stort sett alltid fram mennene. Dette var min måte å hylla kvinnene og deira innsats, påpeiker ho. Målet med kunsten er å få folk til å tenkje, gjerne over dei store tinga. Ei stund laga ho såkalla tankesnorer, kor ho hengde opp plagg med

 34

nr 1

2014

eksistensielle spørsmål. Når ho ikkje søkjer dei store djup i kunsten, likar ho å grava i jorda og stella i hagen, gå turar med hunden Leo og kosa seg på fjorden eller på fjellet. Men kor ho står eller går, daler orda over henne, som bittesmå mannakorn. Ho kostar vekk bosset, plukkar ut dei aller viktigaste, og serverer orda på noko som gjer at dei ligg godt i handa di.

Av Heidi Hjorteland Wigestrand Foto: Fotograf Nordtveit


• Andaløp • Kunstutstilling • Veteranbiltreff • Sjørøvartokt • Storaurefestival • Vassaktivitetar og mykje meir!

Ryfylkedagane

Min jobb er å gi deg en god trykkeopplevelse

6. – 8. JUNI 2014

Folkefest i Sand sentrum laurdag 7. juni! Handel- og kulturdagar for heile familien Vil DU vera utstillar? Sjå www.suldal-turistkontor.no Påmeldingfrist: 4. april

Stavanger Kontorveien 12, 4033 Stavanger Tlf: +47 51 90 66 00 - Faks: + 47 51 90 66 35 Kristiansand Rigetjønnveien 3 - 4626 Kristiansand Tlf: +47 38 00 30 50 - Faks: +47 38 01 43 42

OPPLEV SYNG ELVESTRAUM Billettsal: www.suldal.kulturhus.no

• Torsdag 5.6. og fredag 6.6. kl. 20.00 • Laurdag 7.6. kl. 18.00 Søndag 8.6. kl. 15.00 og kl. 18.00 Pris: Vaksne 390,-/Barn 200,-

www.kai-hansen.no

Den gode trykkeopplevelsen

Facebook.com/ ryfylkedagane

11

10

dager

Dato:

8

dager

KIRCHBERG I TYROL

dager

KROATIA

CRUISE I MIDDELHAVET Dato:

03.07-13.07 17.07-27.07

www.suldal-turistkontor.no

04.10-13.10

Dato:

28.07-04 08

Pris: kr. 13 950,-

Pris: fra kr. 13 390,-

Pris: kr. 11 250,-

Prisen inkluderer: • 11 middager/buffeter • 5 lunsjpakker • Utflukter som beskrevet • All inclusive på Zentral Hotel

Prisen inkluderer: • 1 natt på hotell i Barcelona • Alle måltider på cruisebåten • Utflukter som beskrevet • sightseeing og transport i Barcelona • 1 natt på hotell i Port Aventura inkl. inngang til parken.

Prisen inkluderer: • 6 middager • Dagstur til Split • Båttur • Buss T/R til den flotteste badestranden m.m

(betyr at en har alle måltider og drikke inkludert i oppgitte perioder)

Enkeltrom: kr.1 460,Fra Haugesund: kr.200,-

Enkeltrom: på forespørsel

Enkeltrom: kr.2 450,-

51 82 02 10 - www.sorvestreiser.no VI HAR REISELEDER MED PÅ ALLE TURER


Filter design & kommunikasjon har nett bytt namn og drakt frå Norsk Plan. Filter held til på Sand og tilbyr eit breidt spekter av kommunikasjonstenester.

design & kommunikasjon

Rutebuss Turbuss Verkstad Tlf. 52 79 04 00 - post@suldal-billag.no www.suldal-billag.no

www.suldal-billag.no Følg oss på

© Fotograf Nordtveit

Brenn du for design & kommunikasjon? Me får stadig nye oppdrag og vil gjerne ha deg på lag. Hjå oss treng du godt humør og kreative idear. Du bør ikkje vere redd for verken å tenkje ut av boksen - tankar, eller prøve nye ting. Kontakt dagleg leiar Elisabeth Bjørkhaug for ein uforpliktande prat på mob.984 94 300, eller på epost elisabeth@filterdk.no www.filterdk.no


Eg er heldig. Eg får driva med det eg likar aller best: Å skriva. Hjørdis Halleland Mikalsen Frilansjournalist, driv Skrivehuset 

© Fotograf Nordtveit

Å leva, det er å skriva Eg har alltid hatt eit godt lag med ord, på skulen ville stilane mine ingen ende ta. Dei kunne vera på 11-12 handskrivne sider, til norsklæraren si store fortviling. Men eg klarte ikkje stoppa, historia bretta seg ut over arka som brusande fuglevenger. Det kjendes ut som orda levde sitt eige liv. I dag, etter mange år som journalist, har eg lært at kunsten er å seia mykje med få ord. Eller som ein klok mann sa: «Den som ikke har lært seg begrensningens kunst, har ikke lært å skrive.»

For menneske døyr, men det skrivne ord har evig liv.

Første jobben min var i Strandbuen på midten av 90-talet. Sidan har eg vore i ulike redaksjonar, både store og små. For fire år sidan bestemde eg meg for å starta for meg sjølv. Det var skummelt. Eg hadde fast jobb og fast inntekt. Som frilansar derimot, veit ein aldri. Ein må sjølv sørga for å ha noko å gjera. Til no har det godt over all forventning. Bank i bordet.

Mange av dei beste historiene finn eg hjå våre eldste. Eg er veldig glad i eldre folk. Eg blir fascinert av livsvisdomen deira. Kva alle åra har lært dei av godt og vondt. Eg er glad i livshistorier, og har alt skrive fleire. Akkurat no jobbar eg med biografien til ei kvinne frå Suldal. Ho er korkje konge eller kjendis, men ho har likevel levd eit langt og innhaldsrikt liv. Fem ungar, sorg og glede, krig og fred, kjærleik og hardt arbeid. Eit forlag ville kanskje ikkje ha gjeve ut boka om livet hennar, men for borna, for alle etterkommarane, er historia gull verdt. Den er eit stykke samtidshistorie, ein brubyggjar mellom generasjonar, eit verdifullt familieklenodium. Noko å ha igjen etter henne når ho er borte. For menneske døyr, men det skrivne ord har evig liv.

Å væra sin eigen sjef byr på ein vidunderleg fridom. Tidsklemma er eit døme på det. Før eg blei frilansar var eg lokalavisredaktør i 100 prosent stilling, med tre små barn og alt for få timar i døgnet. Vel, døgnet har framleis alt for få timar, men no er det eg som bestemmer over dei. Eg prøver så langt det let seg gjera å vera heime når barna går på skulen. Så tek eg heller igjen den tida etter at dei har lagt seg. For meg er det verdt meir enn all verdas pengar. Å vera sin eigen sjef krev disiplin, og det har aldri vore mi sterkaste side. Å ha heimekontor er praktisk, men det byr også på diverse utfordringar. Det er rart korleis ei australsk såpeserie eller eit skittent vindauge «plutseleg» kan stela ein bit av dagen min. Men, eg er blitt flinkare, og klarer no å styre unna slike distraksjonar. Trur eg. Eg liker folk. Det er ein føresetnad i denne jobben. Mannen min seier at eg har ein yrkesskade. Han har iaktteke meg, påstår han. Han har sett korleis eg spør menneske ut, korleis eg kan intervjue folk som eg møter i sosiale samanhengar, korleis eg leitar etter noko å skriva om i alle menneske eg møter. Eg er redd han har rett. Livet mitt er ei ustanseleg jakt på Den Gode Historia.

Å vere eit skrivande menneske inneber det privilegiet der er å få møte mange slag interessante menneske – i alle aldrar. Men det har også i seg ein lærdom om at alle menneske er spannade på sitt vis – sjølv om det ikkje alltid ser slik ut. Det kan vær fargerikt og flott hos den tause, den som ser ut som et møbel kan vær et fyrverkeri, syng Saudas store son Bjørn Eidsvåg i songen Ingen er bare det me ser. Eg trur at nettopp dette skil ein god skrivar frå ein dårleg, anten du er journalist eller forfattar, jobbar i avis, i sladreblad eller skriv romanar. Har du ikkje emna til å sjå det unike fargespelet i alle menneske, ja, då bør du finna deg ein annan jobb. For då er du ikkje eit skrivande menneske.

nr 1

2014

37


Min arbeidsdag Me utfordrar bedrifter til å dokumentere arbeidsdagen sin i bilete. Hilde Hauge, interiørkonsulent hjå Enkel Bygg og Butikk AS på Hjelmeland

Hilde Hauge er utdanna interiørkonsulent og jobbar i Enkel Bygg og Butikk AS på Hjelmeland. Arbeidsdagen er variert, noko eg likar godt. Eg er nok ein person som likar best å farta rundt og få utfalda meg, og ikkje berre sitje på ein kontorstol, sjølv om det blir mest av det. I jobben er det mange oppgåver, alt frå å hjelpe til med fargeval, styling av rom, møblering og totalrenovering av hus. Det boblar over med idear og tankar, så snart eg har ein tanke i hovudet skisserer eg ofte ned på papir for å sjå det for meg, seier ho og viser til at det ikkje finst ein fasit når det kjem til

interiør. Ein farge kan vere heilt perfekt hjå nokon, medan den kan vere heilt feil hjå andre. Det kjem an på lys, møblar og kva ein har i rommet. Og ikkje minst meiner ho at ein ikkje alltid treng å vere oppteken av kva som er trenden nett no. Den største trenden er uansett å skape sin eigen stil. Ho arbeider mykje med hus – og hyttekundar som ynskjer å visualisere korleis ulike løysingar kan sjå ut. Det kan og vere til god hjelp å lage ein collage av utvalde møblar og fargar, slik at ein ser korleis huset og romma kan bli sjåande ut, seier Hauge. 

1

nd

el m

el a



Astrid E. Hj

Kulturtipset

o: Fot

Hanne Mette Birkeland, kulturhusleiar i Suldal

I Suldal er det flott å vera året rundt. Natur fins der nok av - og det er god plass for alle både i heia og ved sjøen. Men stundom vil ein og søka andre opplevingar – Suldal kan by på dei og. I kulturhuset, som ligg i kommunesenteret i Sand, er det støtt noko som skjer; bibliotek, kino, konsertar, kunstutstillingar m.m. I skrivande stund er dei tilsette i kulturhuset - og for ikkje å gløyma mange friviljuge amatørskodespelarar - i gang med førebuingane til Syng Elvestraum. Syng Elvestraum er dramatisk og flott spel. Spelet er bygd på faktiske hendingar i Suldal på 1300-talet. Sentralt

 38

nr 1

2014

i historia er striden om lakserettane i Suldalslågen. Kannikane i Stavanger og klosterbrørne på Halsnøy eigde storparten av eigedomane som grensa mot elva og dei var ikkje viljuge til å dela på sine interesser. Det var mykje ufred og eit av dei eldste skrevne rettsdokumenta her i landet, fortel om korleis leiglendingen Hafr Gudleikson blir prylt opp av klosterbrørne frå Halsnøy. Dette og den påfølgande rettsaka blir dramatisert i dette spelet. Kjærleikshistoria, som er oppdikta, mellom Gudrid og Vigleik går parallelt med kampane mellom bønder, munkar og geistlege. Syng Elvestraum er basert på eit manus av Johannes Heggland. Regien

er ved Brit Lossius og scenografi/design ved Torhild Dahl Enoksen. Musikken er komponert av Goos ten Napel. I hovudrolla som Gudrid, har me nok ein gong fått tak i ei ekte Suldals-jenta, Elin G. Sandvik, som kjem frå Erfjord. Filip Stav har rolla som kjærasten, Vigleik. Andreas Kolstad, (ja, han er i slekt med Henki og Lasse) spelar Abbed Jon og Rønnaug Foss Alsvik har den forteljande songrolla, som Lågen. Alt dette - og meir til kan du oppleva dersom du tek turen til Suldal i tida 5. -8.juni 

Foto: privat


t

Foto :

pri

va

Ryfylkepuls

Heidi Skifjell, dagleg leiar i Ryfylke Næringshage AS

2

Mitt Ryfylke kan karakteriserast som slagordet for alliansen som er «Mangfaldig og ekte». Ryfylke har mangfald av natur, kultur, historie, menneske, næringsliv etc.

3

Identiteten med Ryfylke er særs viktig for både meg og næringshagen vår. Vi har valt å kalle vår næringshage for Ryfylke Næringshage. Dette fordi vi i vår næringshage jobbar med spissing av viktige verdiar og kvalitetar for Ryfylke, så som landbruk, havbruk, reiseliv og kultur. Vi har dei siste åra jobba for å etablere eit matnettverk i Ryfylke, Rymat. Vi meiner at vår region er den regionen i Rogaland som jobbar best med lokalmatsatsingar. Det er eg særs stolt av. Rymat kan bli ei viktig merkevare for Ryfylke og matnettverket er nå ein del av Ryfylkealliansen.

4

1.   Det er mange fargar å velgja i. Kva er rett farge og maling til ditt bruk? 2.   Her er eit døme på korleis eit kjøkken såg ut ved planleg ging på teikneprogrammet og slik det blei i røynda. 3.   3D bilde av ein etasje med stove og kjøkken (og trappe- oppgang). Her kan eg vri og vende på rommet slik at eg får den vinkelen eg vil ha.

4.   Farge- og møbelcollage til prosjektet på bilde 3. 5.   Einebustad klargjort til visning og sal. Utfordringa var at den skulle møblerast og fotograferast før det var ferdig. Dette er i 2. etasje og trapp var fortsatt ikkje på plass. Men med verktøykassa og anna rot bak fotografen og bilder frå rette vinklar ser det bra ut. og til visning var det ferdig.

Det skjer mykje på det politiske plan no som eg trur vil få følgjer også for Ryfylke. Eg meiner difor at Ryfylkealliansen er viktigare no enn nokon gang før. Ryfylke kan bli splitta ved at kommunar slår seg saman, det er ein kommunereform på gang. Ryfylkealliansen kan med

dette bli organisasjonen som jobbar vidare med identitet og viktige verdiar for vår region, uavhengig av kva for kommunar som samarbeider om tenesteproduksjonen til innbyggarane. Nettverket som er etablert med eit mangfald av næringsliv og organisasjonar må halde fram med arbeidet sitt. Vi må gjere kvarandre gode i Ryfylke og ta vare på våre verdiar, kultur og identitet. Samarbeid og møteplassar er særs viktig. Eg er stolt av å vere ein del av Ryfylke og skal vere med vidare for å jobbe for dei viktige ryfylkeverdiane. Saman er me best, Synleg og Stolt.

Vi må gjere kvarandre gode i Ryfylke og ta vare på våre verdiar, kultur og identitet. Samarbeid og møteplassar er særs viktig.

nr 1

2014

39


Min tur Tekst & foto: Bjarte Skipevåg

Frå toppen, mot Sand. Foto: privat

Eit landemerke Min tur vil eg la gå til ein topp eg har sett opp på mesteparten av livet, kvar einaste dag. Grensa mellom Vindafjord der eg vaks opp og Suldal der eg bur nå går gjennom varden på Sellandsnuten. Eit landemerke kan eg trygt sei. Der me såg opp på den kvar dag heimanfrå var den det første magiske turmålet. Og i det vaksne livet er det framleis Sellandsnuten som lokkar blikket når det fell ut stoveglaset frå Sand. Det var nok Sellandsnuten som vekte suget etter heiå for min del, ja. Men skulle ein på nuten i barndommen så var det litt av ein tur, først opp dei dryge Hustoftliane til stølen, og så ein heile omveg mot Kaldavatnet før ein til slutt kunne bestiga toppen frå vest. Nå som dei forlengst har fått veg til Selland er det blitt lettare, for nå kjører me

40

nr 1

2014

til parkeringsplassen under Hovdanibbå mellom Østabø og Selland, før me går på fin merka sti oppover lia derifrå. Turen kan me gjera på ein ettermiddag, om så er. Å komma opp av skogen ovanfor Sirihidler og sjå utsynet opna seg mot Sandsfjorden, det er stort. Og det blir berre større etter kvart som du teke deg utover høgdene og andre fjordar og fjell kjem til syne. På Sellandsstølen er det fint å ta ein kvil og sjå på stølshuset der som berre har 3 vegger. Fjellveggen dannar den 4. veggen, og hidleren over er halve tåka. Me entrar nuten frå aust på denne turen. Det openbarar seg 2 vardar på toppen,

Fleskasteinar kalla me dei, og lommane bula av gjeve mineraler på heimvegen.


Sellandstølen med utsyn mot Hylsfjorden. Foto: privat

ein stor frempå kanten som viser godt heimanfrå, og ein mindre på det høgaste punktet, 926 m.o.h. Utsynet mot Sand og innover Hylsfjorden er storslagent, og andre vegen ut Vindafjorden, Boknafjorden og Haugalandet likeså. På ein klar dag skal me kunna sjå Ullandhaugtårnet. Rett under oss, i reint fuglaperspektiv ser me gardane Selland, Skjepavåg og Rønnevik. Då me var ungar var det noko som lokka spesielt her oppe, nemleg alle dei snøkvite kvartssteinane som ligg strødde over heile top-

pen. Fleskasteinar kalla me dei, og lommane bula av gjeve mineraler på heimvegen. På baksida av toppen ligg den største av dei alle, sikkert 2 m3 stor og drivande kvit. På nedturen er det alltid kjekt å gjera ein liten vri, nemleg å leggja turen bortom utløpet av Kaldavatnet, og så følgja Kaldånå si rolege ferd nedover, før ho stuper seg utføre berga mot Østabø. Suldal turlag arrangerer tur til Sellandsnuten Kristi himmelfartsdag. Det skal bli kjekt!

nr 1

2014

41


42

nr 1

2014


Erik Wasbø (17) drøymer om eit liv som fiskar. Han likar å få sjøsprut i ansiktet.

Sjøsprut i ansiktet Det bles kraftig. Erik Wasbø (17) trekk berre hua litt lenger ned i panna og stig ned i fiskebåten. Det er her han likar seg aller best.

Erik vil ut på sjøen, gjere noko praktisk og leve det han meiner er eit fritt og godt liv. Han byrja på naturbruk ved Rygjabø vidaregåande skole og går no andre året, på linja fiske og fangst. Sjølv er han frå Kvernevik i Stavanger og drøymer om ei framtid som tilsett på ein større fabrikktrålar. — Skulen er bra, me lærer mykje og får gjort mykje praktisk. Det er bra for fylket at ein har fiskerifagleg skule, her ligg alt til rette i sjøkanten,

seier Erik bestemt. Sjølv skal han snart ut i lære. For elevane som går på fiske og fangst er det ikkje lett å finne lærlingplassar i lokalområdet, til det er det for få fiskebåtar i drift lokalt, og konkurransen med andre sjørelaterte yrker er for stor. Erik har søkt ein del plassar, men veit ikkje sikkert kor han endar til hausten. — Truleg må eg ut av fylket i alle fall, skal eg sikre meg læreplass.

nr 1

2014

43


Jan Erik Dybdal konsentrerer seg. Utdanninga ved Rygjabø byr på mange utfordringar.

Rektor Magnus Mathisen har vore med i mange stormar ved Rygjabø i løpet av sine 17 år på skulen.

Sjur Vikra, lærer Olav Selvåg Bøe og Erik Wasbø har varierte dagar på sjøen.

Me har ei god plassering, det er eit fortrinn og noko mange berre kan misunne oss. Skulen vår ligg rett i sjøkanten i den største oppdrettskommunen i fylket, og den sjuande største i landet. Magnus Mathisen, rektor Rygjabø VGS Det er spanande og usikre tider ved Rygjabø, noko rektor Magnus Mathisen byrjar å bli vane med. Etter å ha vore på skulen i 17 år, har han vore med i mange usikre periodar, men det har truleg aldri vore så spanande som no. Frå og med 1. august blir skulen lagt inn under Strand vidaregåande skole, og til sommaren kjem innstillinga frå utvalet som no skal vurdere om utdanninga Rygjabø i dag kan tilby, skal ligge på Finnøy eller om den skal flyttast vekk. I dag er det om lag 40 elevar ved skulen på Finnøy. Det er om lag 20 elevar på første året naturbruk, på andre året kan dei velje mellom akvakultur og fiske og fangst. Elevane kjem frå heile fylket, Karmøy, Ryfylke, Stavanger, Sandnes og Eigersund. — Me som tilsette er positive til å bli lagt inn under Strand. Me har berre 40 elevar og det er for lite til å ha eigen skule, så det er me positive til. Det me derimot ikkje er så glade for, er at ein skal ha ei vidare saksbehandling og vurdere om skulen ligg på rette plassen, seier rektor Mathisen og viser til at om skulen ligg i eit mindre fiskerifylke har dei alltid vore mellom dei tre – fire størte opplæringsmiljøa. — Eg føler me har gjort jobben vår bra. Me har ei god plassering, det er

44

nr 1

2014

eit fortrinn og noko mange berre kan misunne oss. Skulen vår ligg rett i sjøkanten i den største oppdrettskommunen i fylket, og den sjuande største i landet. Me samarbeider med om lag 50 selskap og rederi og ikkje minst har me eit fiskerifagleg senter med mange bedrifter innan sjømatproduksjon her på Finnøy. Rygjabø har eit sterkt nettverk langs heile kysten. Her får elevane oppleve fiske i Nordsjøen, Tromsø, Lofoten og loddefiske i Finnmark. Elevane blir også spreidde rundt over oppdrettsanlegg i fylket eller ha praksisperiodar på forskningsanlegg over heile landet. Sjølv kjem rektor frå Helgelandskysten, og kjenner godt til fiskerinæringa lenger nord. — Kva betyr det for Finnøy dersom skulen blir lagt ned? — Då vil 20 arbeidsplassar med høg kompetanse forsvinne. Dette er arbeidsplassar me treng, alle kan ikkje drive med landbruk eller tomatar. — Me er glade for at me har gode ambassadørar her lokalt som kjempar vår sak, men no er det fylkestinget som kjem til å ta beslutninga. Ordførar i Finnøy, Gro Skartveit, var tidlegare i vår ute i lokalavisa Øyposten og støtta dei tilsette på Rygjabø. Ho meiner det er urovekkande at ein no må i gang med ein ny runde og at det er usikkert om skulen


Sjur Vikra ynskjer å satse på ei framtid som fiskar. No går han andre året på Rygjabø.

Det er viktig med ei fiskerifagleg utdanning i Rogaland, meiner ungdommane som går på Rygjabø.

— Dette er arbeidsplassar me treng, alle kan ikkje drive med landbruk eller tomatar. vil ligge på Finnøy i framtida. Det er mange i lokalsamfunnet som lar seg engasjere av framtida til Rygjabø. Mathisen viser til kor viktig det er at alle næringar har krav til kompetanse, fiskar er og eit fag som må lærast, meiner han. — Dette er vår nest største eksportnæring etter olja. Verdiskapinga er enorm, kvar elev kjem til å forvalte millionar i arbeidet sitt. — Kva tenkjer du om at Rogaland ynskjer å ta posisjonen som matfylket? — For meg blir det mange festtalar. Det må jobbast betre med å skape innhald i omgrepet. Viss fylket skal gjere alvor av det, må dei legge til rette for utdanning i heile fylket, Matfylket Rogaland er meir enn det som skjer på Ullandhaug. Maten blir som regel produsert utanfor

bykjernen. Livet som fiskar er meir enn sjøsprut og måkeskrik. Det er også eit hardt arbeid, det kan vere einsamt og eit slit til tider. Likevel, Erik er sikker i sin sak, det er dette livet han vil satse på. — Eg er ikkje i tvil om det, det er eit fint liv. Det er fine friordningar og godt betalt. Og så får eg vere ute og fiske, det er perfekt. Av Judith sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

nr 1

2014

45


— Eg vil sü gjerne lage den maten folk ynskjer seg, det er noko eg brenn for.

46

nr 1

2014


Viser fram lokal mat Nicholas Guindani (34) drøymer om å skape unike og lokale matopplevingar. Guindani starta opp Ryfylke Mat i Sauda i 2011. No er han i ferd med å bygge opp lokaler for vidareforedling av kjøt frå lokale bønder. Draumen er å kunne tilby spekemat og andre kjøtprodukt frå lam, frilandsgris og stofe, i tillegg til catering. Guindani vil gjerne også tilby viltkjøt direkte frå lokale jegerar, røyking av fisk og eigen gardsbutikk. — Det er full aktivitet med bygging for tida. Kjøkkenet blir truleg ferdig i løpet av april. Så då er det klart for catering og andre oppdrag som allereie er booka i mai. Så skal me bruke eit par månadar med produksjonstesting og smaking, sjekke at alt fungerer før det blir større produksjon til hausten med flotte lam og frilandsgriser frå Sauda, seier han og viser til at både gardsbutikken med eigne og andre lokale produkt snart er klar, i tillegg til eigen nettbutikk. — Me startar sjølvsagt med pinnekjøtt og fenalår av lam. Og ribbe, bacon og skinke av grisen. I tillegg vil me ha pølser og spekepølser, og så skal utvalet berre auke med det me sjølv ynskjer å lage. Det er nesten ingen grenser for kva me kan lage, seier Guindani drøymande. Allereie er et to – tre nye idear han gjerne vil teste ut, men som det er litt tidleg å prate om. Guindani er opphavleg frå Roverud utenfor Kongsvinger. Han flytta til Stavanger i 2000 og til Sauda for fem år sidan. Her fann familien det dei var på jakt etter, eit småbruk med stort potensiale. Sjølv er han utdanna kokk og jobbar i nordsjøen som forpleiningsleiar, noko han gjerne vil halde fram med. — Eg hadde tenkt på gleda over å skape noko lenge. Då me flytta til Sauda vart det veldig klart for meg kva eg skulle gjere. Eg er jo kokk, og med tilgangen på førsteklasses lam og ein grisebonde som ynskjer å gjere noko meir ut av drifta enn å drive med tradisjonell slaktegris fall det meste på plass. Konklusjonen var klar; her må me satse og gjere det me har drøymt om i lengre tid. Korleis kan me formidle meir av lokale matprodukt? — Folk må våge å satse, enten åleine eller kanskje aller helst i

Ytrefilet av lam med nykål og eple 2 personer: 1 ytrefilet av lam, ca 300-350 gr ½ lite kålhode ½ eple 1 fl god eplemost, gjerne fra Grønvik Smør Frisk timian Hvitløk Poteter

samarbeid med fleire. Då kan ein redusere utgiftene, men samstundes få til det ein vil. Det blir ein vinn-vinn situasjon. Eg trur det er mange som kviar seg for å satse på grunn av økonomiske utfordringar. Mange har nok også mangel på kunnskap ein treng for å stable bedrifta på beina. Den unge gründeren meiner også mykje av ansvaret ligg på forbrukaren. — Med småskalaproduksjon blir gjerne produkta noko dyrare enn det tradisjonelle varer i butikken er. Men her er det ein god trend, sal av nisjeprodukt er i stadig vekst. Folk blir meir og meir bevisste og opptekne av der maten kjem frå og kva som er gjort med den. Dette er positivt for alle som jobbar med lokal matproduksjon. Heilt sidan han var liten ville han bli kokk. Som liten “hjelpte” han alltid til på kjøkkenet til mor. — Eg laga eigne blandingar som skulle stå å heve, det var ikkje alltid så godt resultat, men eg var stort sett nøgd. At eg fekk lov til å teste ut og grise rundt på kjøkkenet trur eg var ein ein god grunn til at eg valde å bli kokk, så takk til mamma for at eg fekk lov. Bygginga er i gang. Og planane er klare. Målet er å bli lagt merke til som ein god produsent av lokal mat, og gjerne å skape lokale arbeidsplassar. Ryfylke Mat har visjonen klar, ikkje noko mindre enn å skape unike matopplevingar. — Eg vil så gjerne lage den maten folk ynskjer seg, det er noko eg brenn for.

Dette er en enkel middagsrett av gode råvarer som går fort å lage! Start med å rute fettet på ytrefileten. Dette gjør at du får et sprøtt og godt fett. Denne brunes med fettsiden ned i panna med litt olje. Når den har fått en fin farge vender du den rundt og tilsetter en god klatt smør og frisk timian. Bruk en skje og øs dette over kjøttet noen ganger. Mye god smak her! Ha kjøttet i ovnen (190C) i ca 7-8 min. Den skal deretter hvile i ca 10 min før den skjæres opp. Mens kjøttet stekes i ovnen koker du ut stekepanna med eple-

Av Judith sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

most. Blir sausen for tynn må den jevnes med mel eller maizena. Smak til med salt, pepper og en god skje creme fraiche Så strimler du nykål og kutter noen eplebiter oppi en kjele med litt smør og en slump eplemost, salt og pepper. Sett på lokk og gi det et raskt oppkok. Skjær opp lammet og anrett på tallerken sammen med dampet kål og eple og en god kremet eplemostsaus. Serveres med kokte poteter som du vender i smør og frisk timian. Velbekomme!  Helsing Nicholas Guindani

nr 1

2014

47


Tel. 414 66 131

Krambua «snopebutikken på Sand»

88 00 13 13

blomster voksduk dørmatter lys lamper puter s

ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER

Sandsvegen134, 134,4230 4230SAND SAND• •Tlf. Tlf.900 9006565 410 • www.underbakke.as Sandsvegen 410 • www.underbakke.as

Sandsvegen 134, 4230 SAND • Tlf. 900 65 4

www.blockberge.no www.blockberge.no

it@bok-it.no • Tel. 52 79 it@bok-it.no • Tel. 5206 7965 06 65 Vi fører: TineKhome, LAMA, Miljøgården, Crema, Herregård

Optimist of norway, Lea, Au Maison, Black Design, Kr

Suldal Vekst AS

Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Suldal Vekst AS, Sandsv. 134, 4230 Sand. Tel. 52 79 06 00, post@suldalvekst.no Tel. 414 66 131 Tel. 414 66 131

Du finn oss i næringsparken på Garaneset!

88 00 13 13 88 00 13 13

Kjøp

ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER

www.underbakke.as www.underbakke.as Følg oss du også:

facebook.com/kram

www.blockberge.no

Tlf: 52790650 www.krambuasand.no

Krambua Krambua

KRAMBUA BLOMSTER AS på Sand 4230 SAND«snopebutikken TLF: 52 79 06 »50 «snopebutikken på Sand»

blomster voksduk dørmatter lys lamper puter skilter kaffe te blomster voksduk dørmatter lys lamper puter skilter kaffe te Tel. 414 66 131

PÅSKEKRIMMEN

hjå oss!

88 00 13 13 ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER

blomster

Vi fører: TineKhome, LAMA, Miljøgården, Crema, Herregård, Ic Lauvring, Optimist of norway, Lea, Au Maison, Black Design, Krifon m.fl Vi fører: TineKhome, LAMA, Miljøgården, Crema, Herregård, Ic Lauvring,

Suldal Vekst AS Suldal Vekst ASeller Treng du rettleiing ved nyetablering

vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du Treng du rettleiing ved nyetablering eller rett og slett ein god ide? Bruk oss! vidareutvikling avSandsv. eiga bedrift? EllerSand. har du Suldal Vekst AS, 134, 4230 rett ide? Bruk oss! Tel. og 52 slett 79 06ein 00,god post@suldalvekst.no Suldal Vekst AS, Sandsv. 134, 4230 Sand. Tel. 52 79 06 00, post@suldalvekst.no tlf. 52 79 06 65

www.bok-it.no

facebook.com/Ryfylke.Bok.IT

Vi fører: Optimist of norway, Lea, Au Maison, Black Design, Krifon m.fl Kahler TineK Maleo House Doctor Følg oss du også: Rikki Tikki facebook.com/krambuablomster oss du også: Tlf: Følg 52790650 Voluspa m.fl Du finner og også på

www.krambuasand.no facebook.com/krambuablomster Tlf: 52790650 handlegaten.no www.krambuasand.no

Suldal Vekst AS

Vi før


Sandsvegen 134, 4230 SAND • Tlf. 900 65 410 • www.underbakke.as

Sandsvegen 134, 4230 SAND • Tlf. 900 65 410 •it@bok-it.no www.underbakke.as www.blockberge.no • Tel. 52 79 06 65

ditt ditt ditt ditt ditt ditt lokale ditt lokale lokale ditt lokale lokale lokale lokale lokale byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus Montér Montér Montér Montér Montér Montér Suldal Montér Suldal Suldal Montér Suldal Suldal Montér Suldal Suldal Suldal Suldal Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen 134 134 Sandsvegen 134 Næringsparken 134 134 Næringsparken Næringsparken 134 Næringsparken 134 Næringsparken 134 Næringsparken Næringsparken 134 Næringsparken Næringsparken Tlf. Tlf. Tlf. 47 47 Tlf. Tlf. 47 65 Tlf. 65 47 47 65 Tlf. 52 47 52 65 Tlf. 65 52 47 00. Tlf. 65 00. 52 47 52 00. 65 07-16 52 47 00. 07-16 65 00. 07-16 52 00. 65 07-16 52 07-16 00. (18) 52 07-16 (18) 00. (18) 07-16 00. (9-14) (18) 07-16 (18) (9-14) (9-14) (18) 07-16 (9-14) (18) (9-14) (18) (9-14) (9-14) (18) (9-14) (9-14) Tel. 414 66 131 www.blockberge.no

monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no

UNDERBAKKE NÆRINGSPAR UNDERBAKKE NÆRINGSPARK AS AS   Firmatenester til bedrifter og private heimar *VAKTMeiSTeRTeneSTe

www.underbakke.as Firmatenester til  bedrifter  og  private   *ReinHAlDSTeneSTe heimar   næringsparken Sandsvegen 134 4230 Sand Tlf. 48160440 e-post: post@underbakke AS

it@bok-it.no • Tel. 52 79 06 65

*VAKTMEISTERTENESTE *REINHALDSTENESTE     Bedriftsetablering, vekst og nyskaping – treng DU råd? Næringsparken   Sandsvegen   134  4230  Sand Tlf.  48160440  e-­‐post:  post@underbakke  A «snopebutikken på Sand» www.underbakke.as SULDAL VEKST

88 00 13 13 ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER Tel. 414 66 131

©Anne lise norheim

Krambua

har kompetanse og blomster voksduk dørmatter lys lamper puter skilter kaffe te nettverk. Sjå meir om oss på www.suldalvekst.no

Foto: Astrid E. Hjelmeland Design: Filter

Krambua 88 00 13 13

«snopebutikken på Sand»

ALT I FLY- OG HELIKOPTERTENESTER

blomster voksduk dørmatter lys lamper puter skilter kaffe te Vi fører: TineKhome, LAMA, Miljøgården, Crema, Herregård, Ic Lauvring, Optimist of norway, Lea, Au Maison, Black Design, Krifon m.fl

Suldal Vekst AS

Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Suldal Vekst AS, Sandsv. 134, 4230 Sand. Tel. 52 79 06 00, post@suldalvekst.no

Skal du byggja hytte, hus eller ungdomsbolig - KV-bygg Suldal tek utfordringa.

Følg oss du også:

facebook.com/krambuablomster Tlf: 52790650 www.krambuasand.no

Vi fører: TineKhome, LAMA, Miljøgården, Crema, Herregård, Ic Lauvring, Optimist of norway, Lea, Au Maison, Black Design, Krifon m.fl

Me har lokale fagfolk Suldal Vekst AS med hjarte for byggfaget Treng du rettleiing ved nyetablering eller vidareutvikling av eiga bedrift? Eller har du rett og slett ein god ide? Bruk oss! Suldal Vekst AS, Sandsv. 134, 4230 Sand. Kontakt byggmeister og dagleg leiar Tel. 52 79 06 00, post@suldalvekst.no

Cecilie på 916 54 042 for ein uforpliktande prat.

KV-bygg Suldal Sandsvegen 134 4230 SAND Følg oss du -også: TLF: 52facebook.com/krambuablomster 79 06 30 - firmapost@kv-bygg.no Tlf: 52790650

www.krambuasand.no www.mesterhus.no www.kv-bygg.no


A K T U E L T

— Me skal legge til rette for å få turistane til å bli lengre periodar i regionen, det blir viktig å synleggjere kurs – og konferansetilbod, og ikkje minst dei skreddarsydde pakkane. Namn: Liv Jorunn Tjelmeland (39) Bur: Årdal Aktuell: Blir ny dagleg leiar i Reisemål Ryfylke

Ambassadøren Liv Jorunn Tjelmeland (39) trur oppveksten i Årdal og eigenskapen som evig optimist blir viktig når ho tar over sjefsjobben i Reisemål Ryfylke.

— Korleis blir det å ta over sjefsjobben i Reisemål Ryfylke? — Det blir spanande, utfordrande og mykje nytt eg må setje meg inn i. Men uansett så gler eg meg til å ta fatt på oppgåva. — Kva blir dei største utfordringane for reiselivet framover? — Å fortsetje å arbeide med strukturendring, både ut frå reiselivsplanen på nasjonalt plan, og ved å forankre reiselivsplanen som Ryfylke IKS har laga hjå alle. — Kva håpar du å få til i den nye jobben? — Eg vil gjerne halde fram med det sterke samarbeidet i Ryfylke. Me må vise resten av landet alt det flotte me har å by på i Ryfylke, og fortsetje det gode samarbeidet som er starta med Stavanger og Haugalandet. — Kva bakgrunn har du som blir avgjerande for å få til dette? — Det er viktig å vere lagspelar, å ha stå på – vilje, eg heiar på Ryfylke og er evig optimist. — Korleis kan ein fordele utviklingsarbeidet i reiselivet på den beste måten, med tanke på oppgåvene til Reisemål Ryfylke, kommunane, og Ryfylke IKS som no har eigen reiselivsplan? — Ryfylke IKS har lagt opp til at bransjen sjølv skal ta den jobben. No har ein vist kor ein har ressursar, så er det opp til oss vidare å bruke ressursane på ein fornuftig måte.

 50

nr 1

2014

— Korleis kan ein utvikle verdiskapinga i reiselivet? — Dette er ein jobb aktørane må gjere, men me skal legge til rette for å få turistane til å bli lengre periodar i regionen, det blir viktig å synleggjere kurs – og konferansetilbod, og ikkje minst dei skreddarsydde pakkane. — Kva er det beste regionen har å by på? — Nasjonal Turistveg, Lysefjorden, Preikestolen, fjell og fjordar er allereie det som er mest kjent, og det me bør satse vidare på. Samstundes må me vise fram resten av mangfaldet Ryfylke har. — Korleis kan ein utnytte det regionale samarbeidet til å selje heile regionen som ein attraktiv reiselivsstad ? — Styret og tidlegare dagleg leiar Ole Madsen har starta samarbeid med Stavanger og Haugalandet, der har dei gjort ein strålande jobb. Nytt av i år er at Stavanger er med Ryfylke i den nye turistinformasjonen ved Preikestolhytta. — Kva er ditt favoritt-reisemål i Ryfylke? — Favoritten min er å vere heime på terrassen ein solskinsdag, nyte ein kopp kaffi og sjå utover fjorden.

Judith Sørhus Litlehamar


orvath ianoservice

Horvath Pianoservice HP orvat h HPianoservice orvath Pianoservice H H orvat h P ianoservice Din lokale Din lokale Din lokale pianostemmer

26. - 27. april

2014

Villmarksmessa i Etne - ikkje berre for villmenn

pianostemmer

lokale pianostemmer Din lokaleDin pianostemmer Hjelmeland - Tlf. 924 24 098- Tlf. 924 24 098 Hjelmeland Hjelmeland - Tlf. 924 24 098 pianostemmer hpiano@online.no hpiano@online.no Hjelmeland - Tlf. 924 24 098

Villmarksmessa i Etne er for heile familien med kjekke aktiviteter for både liten og stor. Me opnar messa fredag 25. april med framsyninga Dagstour med Lars Monsen og Trine Rein.

hpiano@online.no hpiano@online.no

– del av nasjonal turistveg ryfylke

Skakke

villmarketne.no • Villmarksmessa Etne

Foto: Dag Jenssen

Hjelmeland - Tlf. 924 24 098 hpiano@online.no HØSEBRUA

suldal-turistkontor.no

OPNINGSTIDER

RYFYLKEMUSEET

Måndag til fredag kl. 9-15 Siste laurdag i månad kl. 11-15

Leik i barneutstillinga, opplev og lær om Ryfylke, Lølandkafé, og flotte produkter i butikken.

Kvitebjørnen

Nesasjøhuset, Nordenden 14, 4230 Sand, Tel. 5279 2950

www.ryfylkemuseet.no

Salg av sko og tilbehør som skopleieprodukter, solar, vesker, kofferter og paraplyar.

Me har fått nettbutikk! www.gavebua.no facebook/pages/gavebuå

Sandsvegen 2, 4230 SAND

facebook.com/SkohjornaAs

Foto: Kjetil Brekke / suldalfoto.no

Galleri Hagalid, Hjelmeland Salsutstilling med norsk kunst og kunsthandverk. Enkel servering. Juni: Opningshelg: Laurd 14. & sund 15.6.: kl. 11-17. Resten av juni: Fred – sund : kl 11 – 17. Juli & august: Torsd – sundag: kl. 11 – 17. Sept: Fred 5.– sund 7.9. (siste dag/last day): kl. 11 – 17. Andre dagar: Kun ope for grupper på bestilling minst to dagar i forkant. Gruppetilbod: Opplevingar på Hagalid – noko for seg sjølv!

www.hagalid.net hanne@hagalid.net tlf. 982 19 973

Din lokale eiendomsmegler i Ryfylke

Me leverer straum og breiband Ta ein prat med oss – ring 52 79 26 00

Det skjer i Ryfylke, her finn du meir informasjon: Saudaferie.no suldal-turitstkontor.no ryfylke.com strand-turist.com lysefjordeninfo finnoy.kommune.no ryfylkemuseet.no kulturhaustiryfylke.no

Ryfylkemuseet inviterer no til utstillinga Mitt Ryfylke. Det er ei utstilling som fortel om Ryfylke, om jorda, havet og livet, om industialisering, kraftproduksjon og innvandring, om Ryfylke i fortid, nåtid og framtid. og som inviterer til refleksjon om framtida for regionen.

www.sev.no


S p p o t l i Rett t en S-Cross 4x4

INFORMASJON

Kjempesuksess

BEST I TEST

*

2013 r prøvekjøring

g! Kom innom fo

rask leverin Endelig biler for

N SOM SKAPT FOR R G E

ps som en av norges og har gått rett til top r og ts største bilnyheter åre av disjonelle personbile en tra er r, uki V bile Suz erer det beste fra SU rd Nye S-Cross 4x4 fra bin nda sta kom il er keb ekk Fol lstr firehju ukis store nye er klassens største, mest kjøpte biler. Suz gjør bilen til et på hele 430 liter lipp mm uts ero e asj lav Bag og k er. bru ogn er med lavt for ikke minst stasjonsv i Euro sel og bensinmotor de kollisjonstesten svært høyt. Nye die r siste og mest kreven alle og utstyrsnivået er den I . glig jen coren for noen bil tilg å als tot ogs e er ir est atg høy om den men også en avgiftsvinner. Aut t kan si at bare 5 av 5 stjerner, ss og lave avgifter tryg nådde S-Cross ikke firehjulstrekk, stor pla NCAPs historie opp d me vi at t rar så *. Da er det ikke ikke bør gå glipp av. som selges i Norge hold og en nyhet du skapt for norske for som er 4x4 s ros S-C + 15.000,.900,- Automatgir S-Cross 4x4 fra 289

tilgjengelig 4x4 og automatgir

4x4 standard

kke: d lyktespylere - Bi Xenon lys me El. panoramasoltak riør inte - LED kjørelys Sort skinn era am gek Ryg oth telefonsystem 7 høyttalere Navigasjon - Blueto radio med USB og an og bak - DAB+ for g r nso sse ing Parker 2-sone klimaanleg tt sra jon nks lger - Skinn multifu elys Tåk il 17” aluminiumsfe spe dig rt innven omatisk avblendba e Cruisekontroll - Aut atiske vindusvisker assistanse - Autom art est akk ll/b tro takrails v Søl Hill hold kon r pila B ruter fra og start - Mørke 49.000.Nøkkelfritt system 20.000.- Spar kr. uksjonstilbud: kr. rod Int .000 69. Verdi kr.

Introduksjonspa

i tillegg. men. Frakt kommer l /100km. rbruk fra 4,4 - 5,7 Veil priser levert Dram - 130 g/km Drivstoffo CO2 utslipp fra 110

ske forhold! Som skapt for nor www.suzuki.no

Profile for Omega Design

Mitt Ryfylke 2014 1  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Mitt Ryfylke 2014 1  

Mitt Ryfylke er eit regionalt næringsmagasinet som speglar folket og livet i Ryfylke. I temautgåvene vil du finne gode reportasjer, portrett...

Advertisement