Nepestudentar, traktorguttar og hestejenter - "Jordbruksskulen" 75 år (2015)

Page 100

Prosjekt1.qxp_Layout 1 24.08.15 14:39 Side 100

gjer, men me skal vera forskjellige — ha forskjellig kompetanse,» seier Aarrestad. Kva har avdelinga oppnådd under henne? For det fyrste er det skapt ein struktur. Vidare kjem alle elevar ut i arbeid eller anna verksemd etter skulen — dét er ingen liten bragd. Elevane går mykje i lag med elevane i dei ordinære klassane, og driv i dag kantina. Ein ny elev frå ei anna linje kom med ein sårande karakteristikk, og fekk straks tilsvar frå ein medelev: «Sånn snakker ikkje me på denne skulen.» Det seier noko om kva skulen har oppnådd i å integrera alle elevane, gjera annleishet normalt og motverka fordommar. Integrering av dei såkalla «åttargruppene» i ordinære klassar var ikkje bare vellykka. For mange blei dei teoretiske krava uoppnåelege. Karl Flateland ivra for å få oppretta eigne klassar kalla utvida praksis, der vekta blei lagt på å gi elevane faglege kunnskapar og ferdigheter samt sosiale ferdigheter som gjorde at dei kunne få vanleg arbeid etter skulen. Magne Skjørestad blei tilsett som lærar for desse elevane, og dreiv undervisninga saman med andre av skulens lærarar og miljøarbeidarar. Fleire elevar tok truckførarbevis og andre kurs som kvalifiserte for arbeid. Dei fleste av desse elevane (ikkje alle) kjem no ut i arbeid etter skulen og klarar seg godt. No blir denne opplæringa kalla grunnkompetanse, Olav Horpestad er avdelingsleiar. Frå skuleåret 2015/16 har skulen fire klassar med til saman 32 elevar i grunnkompetanse.

Lærlingeskulen

På 90-talet hadde skulen noko undervisning for lærlingar som mangla teorien til fagbrevet. Det var lærlingar som følgde den gamle modellen, der dei fyrst hadde læreår i arbeid; etter Reform 94 tar dei fleste teorien dei fyrste to åra og læretida etterpå. Ikkje alle lærlingar oppnådde å få bestått i alle teorifaga. Dei får ikkje fagbrev sjølv om dei klarar fagprøva. Fagopplæringsseksjonen i fylkeskommunen spurde om Øksnevad kunne organisera undervisning for slike elevar; to klassar på vg1 og to klassar på vg2. Det har vore vellykka; 90-95 % av elevane får bestått og dermed fagbrev. Inneverande skuleår (2015/16) har skulen to klassar vg1 og tre klassar vg2 på lærlingeskulen.

100


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.