MED SALMON EYE I SIKTE! Saman med Folgefonnsenteret vil det nye visningssenteret på Hågardsneset gi synergieffektar på øvste hylle. Det er verkeleg grunn til å gle seg til opning av senteret sommaren 2021.
TEKST: SIGURD VIKØREN
Vi serverer ein liten aperitiff om statusen for prosjektet og løftar blikket mot ei positiv framtid, der både Rosendal, Kvinnherad og heile Hardangerfjorden får eit nytt fyrtårn. Senteret skal gi meir faktabasert kunnskap både til lokalbefolkning og gjester om ei av dei viktige framtidsnæringane våre. I «havestuen» på Plassaneset, med god utsikt til fjorden mellom Folgefonnsenteret og Hågårdsneset, der Salmon Eye skal liggja fortel Hans Martin og Vidar Hjartnes frå Eide Fjordbruk om prosjektet og viser 3 D teikningar og film som gjev deg ståpels. Forventingane vert store til eit nytt besøksmål i ei spanande setting, med ny kunnskap, og i kulissar som er vanskeleg å overgå. I dag er det snart eit år sidan Eide Fjordbruk fekk godkjenning hos Fiskeridirektoratet for å realisera Salmon Eye. Det inneber at ein no er midt i den spanande prosessen med realisering fram mot opninga om eit år, sommaren 2021. Eit visningsanlegg skal auka kunnskapen om akvakultur og om matproduksjon i sjø.
52
I
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020
Vi er ferdige med dei regulative planane og har fått løyve hos Kvinnherad kommune til å byggja anlegget. Vi har avklart regelverk-forutsetningane, og er i gang med den siste detaljprosjekteringa. Vi er snart klar til å be om tilbod på bygging, parallelt går arbeidet med detaljar om innhald og utstilling, veldig spanande seier prosjektleiar Hans Martin. Salmon Eye blir meir komplekst enn vi såg for oss. Eide Fjordbruk er gode til å laga fisk, men her skal vi inn i ei visningsverd der vi skal ha formidlingstankegang og pedagogisk evne til å sjå kva som vil "funka" for dei som vitjar senteret vårt. Vi har derfor knytt til oss ekstern kompetanse som vi ikkje hadde innomhus, til å hjelpe oss med dette. Resultatet kjem til å bli svært bra, det er eg heilt sikker på, seier Hans Martin. Salmon Eye vil som på andre visningsanlegg vera innom tema som akvakultur og livsløpet til ein laks. Korleis det er å jobba i havbruk, og på eit oppdrettsanlegg. I tillegg ynskjer vi å utfordra oss sjølve og bransjen vår. Vi vil koma inn på tema som kva økonomiske avtrykk næringa set både
lokalt og nasjonalt. Miljømessige avtrykk, lus, rømming, utslepp og villaks mm. Vi vil snakka om dei «vanskelege» spørsmåla og vera open om utfordringane vi har. Kva gjer bransjen for å bøta på utfordringane? Vi har investert utruleg mykje pengar, kjem vi nokon veg? Kva har vi løyst, og kva står att? Vi ynskjer å gi eit balansert bilete fordi det gjev folk eit betre faktabasert grunnlag å gjere sine vurdringar ut frå. Vi ynskjer å leggja til rette for at Salmon Eye skal formidla på ein slik måte at vi oppnår kredibilitet. Korleis kan vi nå den målsetjinga? Eide Fjordbruk er eit oppdrettsselskap som produserer på lokalitetar i Hardangerfjorden, ein fjord som også mange andre partar har interesser i. Skal vi nå målet om kredibilitet så må innhaldet i Salmon Eye vera sant og oppdatert. Vi vil etablera eit innhaldsstyre som skal gå god for det som blir presentert på senteret. I dette styret skal mange ulike interesser vera representert. Vi må kontinuerleg fornya oss slik at innhaldet i senteret til ei kvar tid er oppdatert.