Hardangerfjordmagasinet nr 1 2020

Page 40

VI HAR TRU PÅ FRAMTIDA

RUSSEN REPRESENTERER VÅR TRU PÅ FRAMTIDA!

NYNORSKRUSSEN MINE TANKAR FOR FRAMTIDA: Vi har vore gjennom ei veldig spesiell tid denne våren, som alle har kjent på. Heldigvis ser det ut som at alle smittevernstiltaka regjeringa i mars kom med, har hatt god effekt. Sjølvsagt kan smitte framleis spreie seg, så det er viktig å framleis hugse på smittevernsråda. Russetida vart ikkje slik vi hadde håpa på, men eg opplever at russen tok dette fint. Vi hadde ein annleis og alternativ russetid. Mindre grupper har vore samla og vi gjorde det beste ut av situasjonen. Før koronapandemien, hadde russen ein russerevy og hadde ein fellestur til Danmark. Eg gler med til at samfunnet opnar meir og meir opp og vi kan leve som før. Til hausten skal eg byrje på folkehøgskule, noko eg gler med til. MINE TANKAR OM NYNORSK OG IVAR: For meg er nynorsk eit naturleg skriftspråk og mitt hovudmål. Nynorske stykemerker til russedressen var på tide. Det nynorske språket har mange ord som ein ikkje finn på bokmål. Eg syntes det er flott når folk held på nynorsken sjølv om bokmål dominer. Ivar Aasen vert kalla "nynorskens far". Han er årsaka til at vi har eit skriftspråk som byggjer på alle dialektane. Mange ynskjer at vi berre har eit skriftspråk i landet. Eg er glad vi har nynorsk som eit alternativ til bokmål, då dette ligg nærare mitt talespråk.

40

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020

SYNNE


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Hardangerfjordmagasinet nr 1 2020 by poppcorn design - Issuu