Æ FEM
om jula
var så vanleg. I dag er det eit godt og aktivt miljø for pro fesjonell juletredyrking på Jæren og mange plassar ellers i landet.
Arbeidskrevjande
Juletre kjem i høgder frå 1,25 meter til fire meter. Eit klassisk stovejuletre på rundt 1,75-2,25 meter har vakse i åtte-ti år. Trea får godt stell året rundt fram til dei er hogstklare: – Me klypper greiner for å forma trea slik at dei blir tette og fine. Trea toler mykje og kan veksa i ulike jordforhold, men må få riktig næring. Me tek jordprøvar og gjødslar etter faglege råd frå Norsk Juletre, som fylgjer med på forsking i Norge og internasjonalt. Dei første åra får trea fullgjødsel om våren og sommaren. Seinare skal dei ikkje gjødslast for mykje, fortel Bilstad. Vêret spelar sjølvsagt òg ei viktig rolle for juletredyrkarane. Ein god sesong startar gjerne med ein litt sein vår, etterfulgt av ein ikkje altfor varm sommar. Perfekt vekstlengde på toppskot er cirka 30 centimeter. Blir det for varmt, veks trea for fort, og det blir grissent mellom greinkransane.
Dyrt jonsokbål
Strenge vintrar kan stikka kjeppar i hjula for juletredyr karane: – Sesongen 2012-2013 var det mykje kulde og snø. Då mysta eg rundt førti–femti prosent av plantene i felta. Mange av trea var store. Det vart det dyraste jonsokbålet me nokon gong hadde brent, humrar Bilstad. Dei siste åra har det vore gode vintrar. Då blir dei dårlege sesongane gløymt. Og sidan det aldri er like klimatiske forhold hos alle medlemmane i Juletreforum, vil det alltid vera tilgang på juletre.
Kvalitetssikring
Etter at Henrik Bilstad har snakka med Næring på Jæren laurdag 12. november, skal han av stad og levera dei første juletrea frå eit av medlemmane. Trea blir selde til alt frå torghandlarar til ulike grossistar. Ute i juletrefelta blir hogstklare planter merka i tråd med sorteringskriteriar. To personar reiser og rundt og kvalitetssikrar oppmerkinga. Når trea er blitt saga ned, blir dei liggjande i felta i to-tre dagar for å «modnast». – Medlemmane sjekkar at rotenden på treet er fin og har ein storleik som går rett ned i ein standard juletrefot. Me sender så trea gjennom nettingmaskinane før dei blir frakta til torgs. Skal dei langt, blir dei pakka fint, lasta på pallar og frakta med bil eller båt til kundane, seier Bilstad, som er ansvarleg for transporten i Juletreforum.
1. Kva gler du deg mest til til jul? 2. Skal de ha juletre - ekte eller kunstig? ‹‹
Aud Elin Undheim (51), Coop Undheim Handelslag:
1. Det å kunna ha god tid og vera i lag med familien, og god mat. 2. Skikkeleg juletre som me sagar ned sjølv.
‹‹
Helge Lode (69), Undheim Samfunnshus:
1. Ribbe og akevitt. Det vert godt. 2. Kjerringa var lei av å samla opp nåler og har investert i eit kunstig tre.
‹‹
Bjarne Kartevoll (74), Karlsbu:
1. Kalkunen. Men Judith seier at me skal ha ribbe og pinnekjøt. 2. Me skal ha eit ekte juletre. Eit fint eit i fjor hadde me eit stygt tre.
‹‹
Rune Friestad (27), AVE Systemer: 1. Vera i lag med familien, og å eta god mat. 2. Ekte juletre som familien skal hogga ned sjølv.
Riktig stell Han deler fylgjande oppskrift for å få juletrea til å vera fine lenge: – Behandla treet omtrent som du behandlar ein rosebukett: Etter at det har fått akklimatisert seg nokre dagar i eit mellomkaldt rom, kuttar du tre til fem centimeter rett av rotenden. Set deretter treet i ei bøtte med varmt vatn, slik at porene i stammen opnar seg. Ha gjerne i ei klype med sukker i vatnet. Lat treet stå til vatnet er nesten kaldt. Det kan nå drikka ein liten liter vatn i døgnet og er like grønt trettande dag jul, lovar juletremannen.
‹‹ Marith Larsen (63), Bryne Frikyrkje: 1. Fellesskap med familie, vener og menighet. 2. Me kjøpte kunstig juletre for to år sidan, og det er kjempefint.
N æ r i n g på j æ r e n
‹‹ 7