Næring på Jæren 8-2016

Page 6

HØGSESONG I JULETREBRANSJEN. Henrik Bilstad og kollegene hans i Juletreforum har spesialisert seg på forma juletre av Normannsedelgran og Fjelledelgran til kundar i heile landet.

Travelt i

juletreskogen

Tekst/foto// berit bryne

I hogstfelta til Henrik Bilstad og dei andre medlemmane i Juletreforum er det full fres. Dei første motorsagene vart dregne i gang i midten av november. Nå deisar granene i bakken i aukande tempo framover mot 24. desember.

20

juletredyrkarar frå Farsund i sør til Nord-Hidle i nord har slutta seg til Juletreforum, som vart stifta i 2010 for å leggja til rette for sal og eksport av juletre. Dei siste åra har den europeiske marknaden vore sjølvforsynt, og alt sal føregår no i Noreg. – Dei første bestillingane begynner å tikka inn i juli. Nå i midten av november har me fått mange bestillingar. Me tenker juletre 12 månader i året. Allereie nå tenker me på småplantene som skal i jorda i slutten av april neste vår, seier Henrik Bilstad, som er styreleiar i Juletreforum.

6

‹‹

N æ r i n g på j æ r e n

Trivst mellom trea Han bur på Tu i Klepp, arbeider hos TKS på Kvernaland og har mellom 10 000 og 13 000 juletre på eigen gard nær Hommersåk. Turen til trea sine tek han ofte - og «helst kvar kveld frå påske og fram til fellesferien». – Når du sit på kontor til dagleg, er det gildt å koma ut. Spesielt om våren, etter ein lang vinter, når gauken gjel og det er varmt i bakken. Det er godt for helsa å tenka på noko anna. Bilstad overtok garden frå far sin for snart tjue år sidan. Faren var framsynt og begynte å setja juletre på dyrka jord i ei tid då det ikkje


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.