Næring på Jæren 4-16

Page 30

TEMA sommer og reiseliv

Elise Eriksen frå Bø skule finn ut koss det føles å få ein orkan midt i fleisen.

Valfartar til

Tekst/foto// berit bryne

Vitengarden

Etter rekordstort besøkstal i fjor står Vitengarden på Nærbø framføre ein ny høgsesong. «Blåsten» og «svinghjulet» er blant dei nyaste attraksjonane som trekkjer nye små og store gjester til gards.

K

jempeløye! Vinden går høgare og høgare, og til slutt vert det orkan, seier Elise Eriksen, som nettopp har demonstrert koss vindenergimaskinen virkar. I dag er ho på på Vitengarden i lag med tredjetrinnet og lærar Marianne Øvstebø på Bø skule. Etter å ha kjent på vindenergien er det «svinghjulet» - også kalla «den menneskelege jojo-en» - som står for tur. Ein etter ein arbeider ungane opp kraft i tauet slik at dei lettar frå bakken.

Kan me SNU? «Blåsten» og «svinghjulet» er deler av SNU - den nyaste, faste utandørsutstillinga ved museet. SNU består av sju interaktive installasjonar som viser energiformer som me brukte før og som er i bruk i dag. – I tillegg spelar SNU på dei globale energiog klimautfordringane me er oppe i. Fordeler og ulemper skal utforskast: Me treng meir energi, samtidig med at utsleppa av CO2 skal ned. Er me villige til å snu tankegangen? spør mark­ nads­sjef på Vitengarden Elin Ravndal Bell.

Mat i fokus Vitengarden ligg «midt i matfatet» og benyttar

330 0

‹‹‹‹ NNæærri ni nggpåpåj jæærreenn

seg av slagordet i marknadsføringa si. – Me har i løpet av det siste året gjort store endringar i menyen. Vår nye kjøkkensjef lagar tradisjonsmat frå botnen av - supper og påsmurte rundstykke for eksempel. I tillegg til ferie- og fritidsgjestene kan bedrifter og private som har møte eller arrangement her bestilla ein god lønsj eller middag. Tilbodet nå er mykje breiare enn tidlegare, seier Ravndal Bell. Ein stor del av utstillinga handlar om kor maten kjem frå. I urtehagen på museumsgarden veks det persille, graslauk, mynte og kjørvel. Grønsaker veks i eigne grønsakskassar. Fleire undervisningsopplegg er knytta opp mot mat. I eit av dei er for eksempel elevane med og smakar på dei ulike urtene, og så lagar dei urtebrød og urtesmør etterpå.

Fleire turistar Etter å ha bygt seg opp regionalt i mange år er Vitengarden godt i gang med å utvida nedslagsfeltet for besøkjande. – Om sommaren er det god trafikk spesielt frå Sørlandet og Austlandet. Av utlendingar er det flest tyskarar og nederlendarar som finn vegen til Nærbø, seier Ravndall Bell. Jærmuseet samarbeider med Kongeparken,

Oljemuseet, Arkeologisk museum og fleire andre aktørar, blant anna om ei storsatsing mot barnefamiliar.

Vitengarden • Del av Jærmuseet, som har 14 anlegg. • Første byggjetrinn: 1995. • 17 årsverk, av desse er cirka fire årsverk vertar. • 55.000 besøkjande i 2015. • 25.000 av gjestene kjem frå skular og barnehagar. • Leiger ut lokala til privatpersonar og bedrifter. Har sett av laurdagane til ulike arrangement og åremålsog bryllaupsfeiringar. • Har forvaltningsansvaret for Hanabergsmarka på vegne av Direktoratet for naturforvaltning. Årleg går rundt 25.000 personar på tur i marka. • Utstillinga SNU og fleire andre prosjekt er sponsa av det private næringslivet (Statoil og IVAR).


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.