TEMA Innovasjon
Ut i verda med Alloyance – Før nedgangstidene stod kundane i kø. Nå må me eksportera. Dei fleste bedriftene i nettverket har begrensa erfaringar med internasjonal marknadstilpassing, så det er ikkje tvil om at me står sterkare saman, seier Arne Borg Pedersen, dagleg leiar for Alloyance.
16
bedrifter med til saman rundt 1000 tilsette samarbeidar i næringsklynga Alloyance. Målet er å styrka verdiskapinga til mekanisk industri på Jæren og å satsa internasjonalt. – Det at bedriftene samarbeider er nytt, det at me ser til utlandet er nytt, og det at me sikter mot atypiske marknader er nytt, så det er ikkje tvil om at det er mykje nyskaping i dette prosjektet, seier dagleg leiar Arne Borg Pedersen. Depro er ei av medlemsbedriftene i Alloyance. – Me er veldig nøgde med korleis dette samarbeidet har vore så langt, og gler oss til fortsetjinga. Eg er sikker på at det vil føra til gode kollaborasjonar og vera lønnsomt for alle involverte, seier Kåre Stokkeland i Depro.
Mekanisk totalpakke
på gode tider når marknaden snur i slutten av neste år. Me har kapasitet til å møta oppgangen.
Bygg for framtida Depro har utnytta tid og ressursar godt i nedgangstidene og kunne i fjor sommar flytta inn i nye lokale på Håland vest. Nybygget er 3,5 gonger så stort som den gamle fabrikken. Tomta er 14 500 kvadratmeter stor og klarert for framtidig vekst. – Me får meir ut av kvar krone og kan arbeida meir effektivt i dei nye lokala. Med heilskapen vår - nytt bygg og måten me arbeider på - har me investert for framtida, seier Stokkeland. Budsjettet for 2016 er på 110 millioner kroner og kjem til å bli halde. Det er litt tidleg å seia noko sikkert om overskot, men Stokke land reknar med å hamna på eit lite pluss.
Hovudsatsinga til Alloyance er internasjonal olje- og gassindustri, forsvarsindustri, luftfart, grøn energi og marknadsuavhengige gjenkjøpsavtalar. Eit konkret tiltak er samarbeid om innkjøp, med auka effektivitet og økonomiske fordelar som resultat. Internasjonal satsing er allereie i gong. – Me vil selgja oss inn til nye kundar som ein totalpakke. Enkeltvis er bedriftene ofte for små til å konkurrera om internasjonale oppdrag. Samla har me større slagkraft, fortel Borg Pedersen.
Vil til Tyskland Alloyance-leiaren har sjølv samarbeidser faring med tyske verksemder og såg tidleg at Tyskland, med geografisk nærhet til Norge, stor økonomi og differensiert industri, kan bli ein stor marknad for den jærske alliansen. – Bedriftene våre har ein stor maskinpark og folk med ekstremt høg kompetanse som styrer maskinane. Mange års erfaring frå leveransar blant anna til subsea-industrien, med strenge krav til kvalitet og stadige endringar i arbeidsspesifikasjonane, har styrka vår industrielle kondisjon og gir oss ein unik kompetanse. Alloyance vil levera tenester innan byg-
KLYNGESAMARBEID. Arne Borg Pedersen i Alloyance arbeider for at 16 jærske, mekaniske bedrifter skal verta ein sterk, kompetent og konkurransedyktig allianse med internasjonal slagkraft. ging av ny infrastruktur og bygg og anlegg. Gruvedrift er ei stor næring i Tyskland, og med den erfaringa dei jærske bedriftene har med å levera utstyr til undervannsboring ser ein føre seg ei grei tilpassing til boring i gruver og tunnelar på land. Borg Pedersen arbeider for tida med marknadsundersøkingar og møtebestillingar med potensielle kundar i lag med Norsk-Tysk handelskammer i Oslo. Målet er å enda opp med konkrete ordrar i andre halvdel av neste år.
– Jærbuen overlever Mykje av arbeidet til Alloyance er langsiktig. Ei bedrift som får for eksempel ein ny subseaeller militærkontrakt må smørja seg med tolmod før det skjer noko konkret som betyr penger i kassen. – Mange bedrifter blør. Me ventar på opptur og vil i mellomtida sørga for at me får fleire bein å stå på. Me gir full gass mot 2017. Krisa er her ennå - men er det nokon som overlever, er det jærbuen. Me skal klara dette med hardt arbeid og innovativt samarbeid, seier Borg Pedersen.
N æ r i n g på j æ r e n
‹‹ 25