Sirdalmagasinet 2-14

Page 30

ma ga sinet

Den første lensmannen   Tekst: Magnar Undheim

Flere av leserne våre har etterspurt historiske artikler fra Sirdal. Vi har vært i kontakt med Magnar Undheim fra Historielaget i Sirdal, og her forteller han et stykke dramatisk lensmannshistorie. I 1770 vart Bakke og Sirdal skilt ut som eige lensmannsdistrikt. Den første lensmannen som vart tilsett, var sirdølen Bjørn Mauritsen Omlid. Kva kvalifikasjonar hadde denne 27 år gamle karen for ei så viktig oppgåve? Det var høgt respekterte og flinke personar som fekk dette krevjande og ærefulle vervet. Og då var det viktig ”av godtfolk vera født”.

AV GODTFOLK FØDT

Bjørn Mauritsen var født i Guddal i 1743 av velståande foreldre. Han gifta seg med gardjenta Åsa Jørgensdotter Omlid i 1767. Ho stod ikkje noko tilbake når det gjeld rikdom og velstand. Bjørn var oppvaksen i ein heim med bøker, fleire enn det som var vanleg på den tida. Han kunne nok både lesa og skriva, og det var med og kvalifiserte han for ansvarsfullt arbeid. Så kan ein lura på kvifor alt gjekk så galt. I ettertid har rykta florert og historier har vorte fortalde i generasjonar. Noko er sant, noko er unøyaktig eller samanblanda, og noko er utan rot i verkelegheita. Det er lett å lasta ein tjuv for mange ugjerningar. Det er lett å leggja fleire mord på ein mordar. Men det er dokumentasjon nok til å slå fast at Bjørn Omlid aldri var skikka til å vera lensmann.

MYKJE GJEKK GALT

Asbjørn Isakson Liland (1853 – 1931) fortel om Bjørn Omlid: «I Sirdal gjeng det sagn om ein lensmann som heitte Bjørn Omlid som var ein mordar og skulle ha drepe to menneske. Den eine var kjærasten hans, dei kalla henne Gros-Berit. Ho var med barn og han drap henne på ein særs råvoren og grufull måte. Han fekk henne med seg ut på Sirdalsvatnet og ville drukna henne. Ho ba så sårt for livet og lova at om ho måtte sleppa døy, skulle ho reisa avstad så langt at dei ikkje skulle råkast meir. Men det ville han ikkje høyra på. Han hadde ein hjelpesmann til dette uverket. Det andre offeret hans veit dei ikkje visst kven var. Av sogemenn i Gyland har eg høyrt at det skulle vera ein lensmann frå Sirdal som drap

30 Sirdalmagasinet · 2 / 2014

kramkaren i Varpe-bakken i Bakka. Kan hende dette var det andre uverket av Bjørn Omlid. Han vart ettersøkt av øvrigheita for ugjerningane sine og laut halda seg løynt. Det er fortald at han hadde ei søster som var gift på Guddal som hjelpte til å løyna han. Ein gong var forfylgjarane der og leita etter han. Då hadde ho gøymt han i ein bås i fjoset og hadde dekt over han med noko ris. Frå Guddal kom han ned til Tonstad, der han hadde ein bror. Denne ville gje han hesten sin så han kunne røyma på austlandet, men då var han så trøytt av utlegda og gav seg over til øvrigheita. For ugjerningane sine vart han dømd til å missa hovudet. Då han skulle rettast, var det skikken at den dømde skulle få eit ynskje oppfylt før han døydde. Han ba om lov til å dansa ein halling før han la hovudet på blokka. Dette fekk han. Avrettinga gjekk føre seg på Tonstad og skal vera den siste i Sirdal.»

SVENSK KRAMKAR DREPEN

Det er sannsynleg at det er fleire historier som vert blanda saman i segna til Asbjørn Isakson Liland. Men det er lite tvil om at lensmann Bjørn Omlid var ein bestialsk mordar. Han vart dømt for misgjerninga og rettssaka med vitneforklaringar kastar lys over kva som skjedde. Bjørn Omlid var på reise til Arendals-traktene. På heimveg møtte han ein svensk kramkar i Landvik. Han heitte Jonas Burlander og var ein 20-åring frå Borås. Bjørn forsto at denne handlaren hadde mykje pengar og verdisaker. Dei var innom gjestgjevargarden i Landvik og drakk to glas øl før dei drog austover i lag. For Bjørn var dette feil retning om han skulle heim. Dette var 2. desember 1773. Morgonen etter kom den gulkvite hesten til kramkaren inn på gjestgjevartunet utan sal og kløv. Hunden hans kom i lag med hesten, og han sprang rundt på tunet og gøydde. Folk tenkte vel sitt om drukkenskap og fyll og gav ikkje meir akt på det. Dei sette hesten på stallen og let hunden balera. Han kunne

Magnar Undheim, Historielaget i Sirdal, har gitt oss historien om den første lensmann i Sirdal.

ikkje slå seg til ro, og noko ville han fortelja. Folk vart smitta av ei uro og meldte frå til lensmannen. Nokre dagar seinare kom han for å sjå om det kunne vera noko for han å gjera. Hunden viste tydeleg at han ville ha dei med austover i den retning herren hans hadde teke då dei tok ut frå Landvik, og lensmannen var klok nok til verta med. Ikkje langt frå garden Rosholt i Fjære stansa ferda ved eit ille medfare lik. Skallen var slegen inn og pengane og verdisakene var borte. Jonas Burlander var brutalt myrda. Mistanken retta seg mot ein sirdøl som ingen visste kva heitte. Han var ingen stad å finna og ingen visste kva retning han hadde teke – ennå. For spora peika ganske fort vestover. Han brukte av verdisakene for å gjera opp for gammal gjeld og nye utgifter der han for fram. Nokre varer selde han, deriblant to klokker som var så spesielle at det ikkje var nokon tvil om at dei stamma frå den svenske kramkaren.

OVERGAV SEG

Bjørn Omlid kom heim nokre få dagar før jul, men ryktet om at han var ein drapsmann hadde kome fram før mannen. Han møtte sjølv rykta, og nå vart det vanskeleg å vera Bjørn. Han gøymde seg ei tid i ei løe i Ytreliskaret under Omlid. Sjølve julaftan kom han til Eigeland og bad folk om å skjula han der. Han fortalde: ”Eg kom ud i nogen Klammerie øster paa Bye Vejen, nu er der kommen Folk for at hendte mig, eg har derfor lagt udi een


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Sirdalmagasinet 2-14 by Lokomotiv Media - Issuu