NRK Nynorsk mediesenter - Bakgrunn og erfaringar

Page 1

1

Arnt Øyvind Siem Gjerdsetbygda 6320 Isfjorden

SEMESTEROPPGÅVE I NORSK (NORDISK) FORDJUPINGSSTUDIUM PÅ NETT VED HØGSKULEN I VOLDA

NRK Nynorsk mediesenter Bakgrunn og erfaringar INNLEIING, METODE OG PROBLEMSTILLING: For ei tid tilbake kom eg over eit kortfatta informasjonshefte frå NRK Nynorsk mediesenter (NRK-NM) i Førde. Dette gjorde meg nysgjerrig. Visjonen til senteret er STOLT NYNORSK, og ei viktig målsetting er at senteret ”skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i språket sitt”.

Visjonen om stolt nynorsk blir underbygd slik i informasjonsheftet til NRK-NM:  Gode nynorskbrukarar i radio, fjernsyn og på Internett gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre.  Vi skal ale opp fleire gode nynorskbrukande føredøme i etermedia. Det finst ikkje meir eigna kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio og fjernsyn.  NRK Nynorsk mediesenter skal òg medverke til at nynorskbrukarar flest blir trygge nok til å bruke språket sitt. På den måten vil vi auke det språklege og kulturelle mangfaldet i medieog samfunnsdebatten.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.