Del_X_Bremanger

Page 1

DEL X: BREMANGER Tekst Solveig Roti Dahl (feltleiar) OMRÅDESKILDRING

I Bremanger byrjar traseen sør for Magnhildskartunnelen, går over fjellet, og kjem ned i Myklebustdalen. Over Magnhildskaret er det berrt fjell med fleire fiskevatn. Når ein kjem ned i Myklebustdalen er det svært omrota og prega av vegbygging og anleggsarbeid i sør. I Myklebustdalen er det eit smalt område mellom elva og steile fjell i vest, og det er her traseen skal gå. Terrenget er lettare kupert med ein del lyng og lauvskog. Det ligg òg ein del blokksteinar i området som går oppover mot fjellveggen. Like ved elva finn ein fleire tørre flater og myrområder. Traseen går på vestsida av vatna i Myklebustdalen, og kryssar riksveg 614 ved Slettebakken og går vidare aust-nordaustover mot Indrehus. Før traseen kryssar vegen går den gjennom eit plantefelt med tett granskog, og det held fram med bratt terreng og tett granskog fram til eit juv i Instevika. Traseen vekslar mellom å gå over berre fjell og tett granskog fram til Ingebrektshola, der det kjem eit lite område med blokkstein. Når ein kjem opp mot Risestølen flatar terrenget litt ut, og der er ein del myrområder. Linja skrår mot nordaust og går over Knoltrevatn og ned fjellsida mot Svelgen. Traseen går over Risevatn og opp den neste fjellsida. Traseen går til Storefossvatnet og skrår vidare mot nordaust over Vestrebotnen og over Rabbane. Terrenget her er kupert og lite oversiktleg med mykje skog og ein del blokkstein. Linja går vidare over Iverelva og opp mot Hjelmevatnet i bratt og skogkledd terreng. Traseen går litt opp i fjellsida nord for Hjelmevatnet og vidare langs Løkevatnet. Langs Hjelmevatnet og Løkevatnet vekslar linja på å gå i bratt skogkledd terreng og langs bratte berg. Traseen går austover, og går på sørsida av Fessevatnet der det er bratte berg. Linja går gjennom Førdedalen på sørsida av vatna i dalen. I Fremstemyra skal det liggje ein trafostasjon, og linja går vidare derifrå mot Førdspollen. Langs traseen i Førdedalen vekslar terrenget mellom myr, skog og store områder med rasstein. Traseen går langs fjorden ved Øykevika og skrår over vegen og går langs den bratte fjellsida forbi Åskåra kraftverk. Når linja kjem til Fureneset skrår den bratt oppover fjellsida mot Litlenakken og Dauremålsvatnet. Linja går austover langs nordsida på Dauremålsvatnet. Her vekslar terrenget mellom flatt og kupert, og det er lite lausmassar. Det veks ein del lyng og små bjørkebusker i området. Linja går sørover i nordenden av Nevreskorvatnet. Her er terrenget prega av bratte bergknausar og det er litt uoversiktleg. Linja skrår deretter bratt nedover i skogkledd lende like aust for Insteelva. Terrenget er fullt av bergknausar og blokkstein, og er lite oversiktleg.

345


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.