Del_III_Leikanger

Page 20

S3, tuft (foto #100)

S4, rydningsrøys (foto #103)

K 129646 (STØLSANLEGG, LOK 225, GBNR 24/ 1) Einskildminnekategori Tuft

Mengd

C14-datering (kalibrert)

Mengd kolprøver

1

1520-1590, 1620-1670, 1770-1800, 1940-1950 e. Kr. (Beta 263386)

1

Steingard Prøvestikk i dyrkingslag

1 1

1440 - 1640 e. Kr. (Beta 265329)

0 1

Terrengskildring og lokalisering K 129646 (stølsanlegg) er lokalisert like nord for K 129644, 300 m sørvest for stølsområdet Skagasete. Området ved lokaliteten er kalla ”Bustagjere”. Lokaliteten ligg delvis i sørvend skråning rett under eksisterande kraftlinje. Den ligg i overgrodd beitemark med ein del nedhogde tre og busker. K 129646 ligg i eksisterande kraftlinje-trasé og like nord for planlagd trasé. Tiltaket er derfor i indirekte konflikt med kulturminnet. Skildring av lokaliteten K 129646 er samansett av ei tuft (S1) og eit steingjerde (S2). Steingjerdet omringar eit beitemarkområde som også utgjer avgrensinga til lokaliteten. Tufta ligg i vestre kant av dette området, i kant med steingjerdet. Tufta har tydelege vollar (opp mot 2 meter breie) i austre og søraustre del. Det er usikkert om desse vollane er overgrodde steinmurar eller om det er jordvollar. Tufta er truleg todelt der søndre del ligg lågare enn nordre del. Ei C14-datering av trekol frå eit prøvestikk i nordre del av tufta (225P2) gav verdiar frå 1520 til 1950 e. Kr., men at trekolet med 68 % sannsyn (1 sigma) kan daterast til 1640-1660 e. Kr. Eit dyrkingslag frå eit prøvestikk nordaust for tufta (225P1) gav ei datering mellom 1440 og 1640 e. Kr. (2 sigma, 95 % sannsyn). Ut frå desse dateringane og oppbygginga til tufta kan ei datering av stølsanlegget til første halvdel av 1600-talet stemme bra. Strukturskildring S1: Tuft med vollar av jord og stein. 12,5 m lang, 6,5 m brei og 1,1 m høg. Rektangulær form. Ei tunn flis av flint blei funnen i prøvestikket (225F1), og kan vere avslag frå eldslagingsflint. Funnet er levert inn til Bergen Museum og har fått museumsnummer B16639 (Aks. 89/09). S2: Steingard. Ca.150 m lang, 1-3 m brei og 0,6 m høg. Rundoval form.

134


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.