Del_III_Leikanger

Page 1

DEL III: LEIKANGER Tekst: Morten Tellefsen (feltleiar) OMRÅDESKILDRING

Traseen går frå grensa mellom Leikanger og Sogndal kommune ved Slettedalen og vidare vestover mot Fjærlandsfjorden og grensa til Balestrand kommune. Store delar av traseen går parallelt med eksisterande kraftlinjer og ligg stort sett på mellom 400 og 700 m.o.h. i sørvend skråning ovanfor Sognefjorden. Landskapet i området der den undersøkte traseen går, er varierande, men er prega av nord-sør orienterte dalar og elvar, av desse Njøsdalen/Njøselvi, Henjadalen/Henjaelvi og Grindsdalen/Grindelvi. Terrenget er også varierande. Den austre delen av traseen startar på litt over 700 m.o.h. med sparsam vegetasjon med lyng og nokre låge buskar/tre. Vidare vestover er det frodigare med nokre område med tett blandingsskog, men også nokre myrlende område. Planlagde anleggsvegar i samband med traseen blei også undersøkte og følgde stort sett eksisterande vegar (traktorvegar eller smale bilvegar).

Oversikt over registrert trasé (blå linje) gjennom Leikanger kommune med kulturminne avmerka. Kartet finst også som A3-vedlegg bakarst i rapporten.

115


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Del_III_Leikanger by Mediebruket - Issuu