

Klar for NM?
Karsten Warholm kjem, kjem du?
![]()


Klar for NM?
Karsten Warholm kjem, kjem du?
Etter ein månad med VM i fotball på alle kanalar og i alle aviser, er det bra at ein no kan starte å tenkje på noko anna. Om halvannan månad inviterer Breimsbygda idrettslag saman med Norges Friidrettsforbund igjen til NM i friidrett på Byrkjelo stadion.
Dette er fjerde gong Byrkjelo er vertskap for hovudmeisterskapen i friidrett. Alt pionerarbeidet som var lagt ned frå tidleg 80-tal, og som resulterte i NM i 1988 har hatt ein imponerande kontinuitet, med hovud-NM i 1988, 1999, 2011 og no altså i 2018.
Imponerande er også folket som bur i Breim som igjen brettar opp ermene og stiller på med framimot 10 000 timar dugnad for å få alt på plass, tel ein alle timane tilbake til starten på større nasjonale og internasjonale
stemner i 1980, rundar vi ganske sikkert 100. 000 timar dugnad. Ekstra gledeleg når vi i august opnar portane for det fjerde NM i friidrett, er det at norsk friidrett blomstrar som aldri før. På startstreken finn vi heile den norske eliten med verdsmeister, «Sunnmøringen og Glopparen», Karsten Warholm i spissen. I tillegg er Sogn og Fjordane godt representert med ein stor tropp som vil gjere seg bemerka i fleire øvingar! Så gode sogningar og fjordingar, det er berre å setje av datoen med ein gong, 17.-19. august 2018 er det til Byrkjelo de skal ta turen!
Føl med på www.nmifriidrett.no for oppdatert informasjon!
Vel møtt til NM i friidrett 2018
Rolf Kjetil Egge
Leiar i hovudkomiteen

Forbundflagget på veg heim til Byrkjelo. Leiar av NM 2018 får Friidrettforbundet sitt flagg overlevert på avslutning av NM 2017 i Sandnes.
Vi inviterer til
fredag
Sparebanken Sogn og Fjordane er stolt sponsor av Jr. NM i friidrett på Byrkjelo og arrangerer Kongle NM kl 10.00 –13.00.
Vi stiller med instruktørar og aktivitetar for alle. Barna får prøve seg på ulike friidrettsøvingar. Øvingane er tilpassa aldersgruppa 3-7 år, men også barn i andre aldrar er velkomne. Målet med arrangementet er at ungane skal ha det kjekt og få oppleve ekte friidrettsglede. Vi skal få fram den store jubelen!
Ta med godt humør og passande kle. Servering av matpakke og drikke til barna og kaffi til foreldre.
Arrangementet er gratis.
Påmelding med tal barn innan måndag 6. august på byrkjelo2018.no/konglenm
Dette blir
Heilt Kongle!

Vi veit at dette får dei til fordi dei har ein sterk vilje og lojalitet til bygda si

Stig Roger Eide Journalist
Fredag startar alvoret på nytt i Gloppen. Landets mest meritterte friidrettsutøvarar, leiarar og trenarar møtest i vesle Byrkjelo i bygda Breim, og samlar store delar av den norske idrettspressa til tre dagars kappestrid på ærverdige Byrkjelo stadion. Korleis er dette mogleg, berre kort tid etter at heile bygda stod på hovudet for å gjennomføre Norsk Countrytreff?
SVARET ER LIKE ENKELT som det er genialt. Denne delen av Gloppen, som enklast kan kallast Breim, har knappe 1600 innbyggjarar.
Likevel har den fostra store aktivitetsarrangement gjennom tiår. Arrangement, som ikkje berre har vore store lokalt, men også nasjonalt og internasjonalt. Tenk berre på bautaer som Byrkjelo Games, Breimstafetten, Norsk Idrettsveke og Norsk Countrytreff. Eller ikkje å forgløyme Even Hole Cup, ei rad nasjonale meisterskap i friidrett eller tilsvarande større konkurransar i orientering eller hestesko. Korleis kan dette vere mogleg? For desse 1600 innbyggjarane avviklar langt fleire arrangement enn byar som har over det tidoble innbyggjartalet. Og dei gjer det med ein frekvens som bør misunne ungdommar.
FOR Å FORKLARE denne unike dugnadsinnsatsen i eit lite bygdesamfunn, kan det vere nærliggjande å trekkje fram einskildpersonar som
«Eg har høyrt så mykje om Byrkjelo Games at når eg for første gong køyrer forbi, så vil eg gjerne sjå litt meir av denne byen»
Sig Roger Eides bror
dreg eit tyngre lass enn dei andre. Det er mange slike personar også i Breim, som tek tyngre bører enn andre. Men det som er så unikt her, er at breidda av bygda stiller opp gong på gong, og gjerne på tvers av interesseområda sine. For mange handlar det ikkje om å støtte sin eigen aktivitet, men det handlar om å gjere noko for bygda.
– DU STIG ROGER, kor ligg denne byen Byrkjelo? Eg har høyrt så mykje om Byrkjelo Games at når eg for første gong køyrer forbi, så ville eg gjerne sjå litt meir av denne byen, spurde bror min ein gong han skulle vitje meg i Førde på veg sørover frå Åndalsnes.
Eg svara som sant var at plassen låg etter Utvikfjellet, og var ei grend før han køyrde inn i Våtedalen og kom til Skei.
– Men der var det ikkje nokon by. Det var jo berre eit vegkryss, sa han, og var tydeleg overraska over at ein så liten stad kunne ha fostra noko så monumentalt som Byrkjelo Games. No er akkurat den konkurransen ein saga blott (førebels, for å snakke slik ein breimning ville ha gjort). Men helgas tredagars friidrettsgalla på Byrkjelo stadion hadde aldri vore ei realitet viss ikkje Gunnar Hole og hans kollegaer hadde drege i gang Byrkjelo Games for omtrent 20 år sidan.
Kva anna idrettsarrangement har vore avvikla år ut og år inn i ein lita grend, og har hatt over 35 OL- og VM-gullvinnarar på startstreken? Svaret er ingen.
GLOPPEN OG BREIM er unike i så måte, og når mediefokuset på idrettsfronten denne helga er retta mot Byrkjelo, kan det vere på sin plass å sende
nokre tankar til dugnadsentusiastane i Breim.
Og i front for desse, har det stått eldsjeler som til dømes Gunnar Hole, Ingemar Sårheim, Magnus Willumsen, Knut Lunde, Nils R. Sandal, Eivind Indrebø, Olav Egge, Åge Indrebø, Per Strand og Per Hjelle. Personar som på kvar sin måte har vore med på å prege nokre av desse aktivitetsfyrtårna. Og ikkje å forgløyme sentrale personar i både orienterings- og hesteskomiljø i denne indre delen av Gloppen.
Og med å nemne namn, så veit vi at sjansen for å gløyme nokon er stor. Men samstundes så veit vi at rausheita pregar breimningane så godt at dei vil oversjå det faktum at vi kanskje har gløymt nokon.
For dei veit sjølve kven som har gjort seg fortent til ros. Og i praksis så er det så godt som alle innbyggjarane i denne delen av kommunen.
SÅ FÅR VI HÅPE at innbyggjarane elles i Gloppen, som til dømes i Hyen, Rygg, Vereide, Sandane eller Kandalen får ha oss unnskyldt. Denne gangen går den velfortente rosen til Breim.
Det står respekt av det dei får til. Og vi veit at dette får dei til fordi dei har ein sterk vilje og lojalitet til bygda si. På den måten er dei eit positivt førebilete for oss andre.
Og vi har ikkje sagt at andre ikkje har slike haldningar. Vi har berre påstått at Breim er unike på dette området. Så lykke til med NM nummer tre for seniorar. Både i 1988 og 1999 vart det suksessar. Så kvifor skulle ikkje det skje også i 2011? For kompetansen ligg i Breim, det er ikkje mykje å krangle om. Lukke til med tre nye festdagar.
■ HANDBALL: spelar (biletet) det norske kamp Wahlquist, Sola HK, sine mål. vart toppscorar ge vann spelar neringa, dag kveld. på dei
kamp
■ FOTBALL: serierunde sjon, for første de stadion. topplaget 5–1 i også klar for klubben, spelar byrja han la sesong.
■ SANDVOLLEYBALL: hun (biletet) len fekk pen under onsdag. betennelse og har Dermed tap (21-10, cher/Bellaguarda Vi må vidare. stand etter

Kokkenes meisterlaug i Sogn og Fjordane er igjen med på laget når svoltne publikummarar, utøvarar og støtteapparat skal fylle på med energi under NM.
- Vi gjentek suksessen frå 2011, og stiller med eit stort og sterkt mannskap som byr på skikkeleg kvalitetsmat, seier leiar i Kokkelauget, Bodil Erdalsdal. Når dei beste friidrettsutøvarane kjem til Byrkjelo i august meiner arrangøren det ikkje er nok med halvfabrikat og lunkne pølse med brød i tre dagar.
Sogn og Fjordane har over ein
periode bygd opp eit godt ry innan kortreis mat med høg kvalitet. Det vil vi ha med oss også under NM. Tilbakemeldingane etter NM i 2011 der vi satsa bevisst på dette var overveldande positive. - For ein idrettsutøvar er sunn og god mat ein viktig suksessfaktor for å prestere, og då må vi by på det, seier leiar i hovudkomiteen, Rolf Kjetil Egge.
Håpar å inspirere
Målsetjinga er at NM-maten skal vere utan ferdigmat, eller så lite av det som mogleg. Og med Kokkenes mesterlaug på laget er det mogleg å gjennomføre. Dei har
planlagt ein innhaldsrik meny som sikrar sunt påfyll for liten og stor.
- Vi syns det er veldig kjekt å vere med på dette, og samarbeidet med dugnadsfolket har gått over all forventning tidlegare, og vi reknar med det blir slik i år også, seier Erdalsdal og får støtte av Steinar Lindstrøm i lauget, som stod i spissen for gjennomføringa i 2011.
Å stille opp på store arrangement er ikkje nytt for meisterlauget. Dei diskar kvart år opp med nydeleg frukost under Førde internasjonale folkemusikkfestival og samarbeider tett med gamma-
lostfestivalen i Vik. Dei har også arrangert kurs for born og ungdom. Å gje folk smakebitar av kortreist mat og syne fram handverket sitt gjer dei av fleire grunnar.
- Det er alltid triveleg å snakke med andre om mat sjølvsagt og vise kva som er mogleg med dei lokale råvarene vi er så heldige å rik tilgang på her i fylket. Samstundes er oppdraget vårt å vise fram yrket og ikkje minst inspirere fleire til å gå inn i yrket. Vi treng fleire som vil vere med og lage mat til framtidas vinnarar, seier Lindstrøm og Erdalsdal.





Opningstider i sommar:
Man-fre: 14.00 -19.00
Lør-søn: 12.00 -17.00
OBS! Badeanlegget er stengt på mandagar.



For tre år sidan var det mangekjemparen Karsten Warholm som stilte til start på junior-NM på Byrkjelo stadion. I år er det heile Noreg sin verdsmeister i hekk som kjem.
Ting har snudd fort ja, heldigvis har det gått veldig bra. Eg angrar i alle fall ikkje eit sekund på vala eg har teke, seier Karsten Warholm. 22-åringen frå Dimna set seg store mål og han når dei. Om kursen må endrast på vegen gjer han gjerne det. Før han møtte til start på Byrkjelo i 2015 fortalde han at han draumane sine.
Det er naturleg å tenkje at eg vil delta i store seniormeisterskapar som OL og VM. Og prøve å gjere det så godt som ein kan der, men alt til si tid, sa den då 19 år gamle Warholm før han hanka inn gull på 110 meter hekk, 400 meter hekk, lengde og høgde og sikra seg bronse på 200 meter og sølv
saman med lagkameratane frå
Dimna IL på 1000 meter stafett. At tida skulle kome allereie året etter med deltaking i OL i Rio, og den førebelse krona på verket –gull i VM i 2017, kom kanskje likevel som eit lite sjokk på fleire. Spesielt sidan det først var etter den gode prestasjonen i Rio at hekkeløp vart prioritert over alt anna.
Alt som har skjedd sidan då har vore eit eventyr, fortel verdsmeisteren i dag.
Mi andre heimebane
Så langt denne sesongen har ein sett at det blir jamt om dei gjevaste medaljane internasjonalt. I byrjinga av juni sette Warholm ny norsk rekord med 47,81 i Stockholm, men han måtte likevel sjå seg slått av Abderrahman Samba frå Quatar, som også sprang inn til siger på Bislett og i Roma.
Ikkje berre har fokuset endra seg, men merksemda, konkurransane
og livet har endra seg mykje dei siste åra. Han har gått frå å vere ein underdog til å vere den som alle har (skyhøge) forventingar til. Han fryktar likevel ikkje presset.
Klart at alt er snudd på hovudet no og rollene er bytte om. Eg må likevel berre vere like offensiv og køyre mi greie. Eg når ikkje nokon veg utan, men det kan vere vanskeleg å kontrollere alt rundt. Eg gir uansett full gass og taktikken er den same som før, understrekar Warholm.
At publikum får sjå Karsten Warholm ta med seg ein like stor medlajefangst frå Byrkjelo i år som sist han stod på startstrekene der er vel heller tvilsamt. Og han innrømmer at det kan vere vanskeleg å gå frå store internasjonale stemner med full trøkk til dei mindre nasjonale og lokale stemna, og at ingen ting er klart før alle er i mål.
Eg prøvar alltid så godt eg kan,
Foto: Privat/instagram
men om eg stiller i andre konkurransar enn 400 meter hekk er for tidleg å seie.
At han gler seg til fullstappa tribunar og jubel frå sidelinja på Byrkjelo er det likevel ikkje tvil om. For han har nemleg eit heilt spesielt forhold til stadionet etter å ha delteke på Sparbankleikane der sidan han var 10 år gamal. Faktisk vart han observert på trening der berre dagar etter VM-sigeren som rørte alle nordmenn som sat klistra til sendingane frå London for eit knapt år sidan.
Mormor har hytte i Gloppen, og med slekt i kommunen, så har vi vore ein del gonger der. Eg har mange gode minner frå camping og slikt i området, så eg har ein nær relasjon til Byrkjelo kan ein seie. Det er mi andre heimebane og verkeleg noregs flottaste bane. Eg gler meg skikkeleg til å springe der, seier han entusiastisk.




Har du barn mellom 8 og 12 år?
No kan barnet få bankkort og eigen mobilbank - noko som gir full kontroll på pengebruk både for deg og barnet ditt
ssf.no/8-12

Ein vill idé blir sett ut i livet og dannar grunnlag for å arrangere NM
Var det verkeleg muleg å innbille seg at Merlene Ottey og Linford Christie skulle springe på Byrkjelo, desse superstjernene på friidrettshimmelen? Svaret måtte bli ubetinga nei. Det fekk vere måte på fabling og fantasiar. Men, i Breim er alt muleg. Her kom friidrettsstjerner som tok minst 16 OL-gull og 18 VM-gull.
Byrkjelo stadion, som frå tidleg på 1950-talet hadde vore arena for nasjonale friidrettsstemne, fekk ein ny æra då det i 1981 stod fram rehabilitert med kunststoffdekke.
Eit svært vellukka opningsstemne den 24. mai med mange gode idrettsprestasjonar oppfylte til fulle dei forventningane som var stilte til det nye banedekket. Det var ikkje å undre seg over at den lange og gode tradisjonen med nasjonale stemne, ein godt drilla funksjonærstab og no eit banedekke i toppklasse sette fantasien
i sving i friidrettsmiljøet om noko større.
Overraskande er det heller ikkje at det er Gunnar Hole og Knut Lunde som frontar den nye satsinga. Og tida er knapp, det er under to månader til det nasjonale stemnet. Magdalena Støyva driv framleis telefonstasjon på Byrkjelo; Gunnar og Knut sit på skift i den vesle telefonboksen hos Magdalena og prøver å få kontakt med arrangørane av Bislett Games. Det er Knut som får napp først. Arne Haukvik er positiv, dei kan komme til Oslo 20. juni for å treffe utøvarar under Bislett Games. ”Er du galen, det er midt i slåtten,” svarar Knut.
Gunnar reiser til Oslo og treffer utøvarane. Haukvik peikar ut to mann. ”Gå og spør dei,” seier han, ”dei har ledig tid.” Gunnar er ikkje særleg høg i hatten midt mellom store idrettsstjerner og legender,
engelsken kunne òg vore betre. Dei to er Steve Scott og John Walker – og dei sa ja! Fleire melde interesse, det kom både svenskar og ein canadisk tropp, kanskje i alt ti personar.
Presseoppslaga etter stemnet var eintydige: ”Byrkjelo stadion eit toppanlegg”,
”Det var på det beste Bislett-sus over det internasjonale friidrettsstemnet på
Presseoppslaga etter stemnet Byrkjelo stadion i helga”, ”Stemnet er komme for å bli”. Det nasjonale stemnet i 1981 vart internasjonalt og starten på det som seinare vart Byrkjelo Games.


Har du høyrt om Flikk –utfordraren frå Sogn og Fjordane som vil gjere smartare hus og hytter tilgjengeleg for folk flest?
Ei smarthus-løysing aukar komfort, tryggleik og energisparing i heimen ved bruk av ny teknologi. Det gir deg eit hus som kjenner dine behov og ønskjer, og tilpassar seg dette. Tidligare har det gjerne betydd dyre og avanserte installasjonar, men dette er i ferd med å endre seg. Flikk er ein ny aktør på marknaden som ønskjer å gjere eit enklare smarthus tilgjengeleg for folk flest.
– Teknologien som er nytta er blant dei mest spennande og innovative på marknaden, og vi har lagt svært mykje arbeid i å
gjere det enkelt å forstå, installere og bruke løysinga, seier dagleg leiar Christin Aare Vabø i Flikk.
Ekte tryggleik
Flikk er eigd av Sogn og Fjordane Energi (SFE), men løysinga er utvikla saman med leiande aktørar på sine felt. Appen er laga i samarbeid med Rocketfarm frå Sogndal, som er kritikarrost for sine teknologiske nyvinningar. Alle sikkerheitstenester, inkludert tilgang til døgnbemanna alarmsentral, blir levert i samarbeid med Safe4 Security Group.
- Med Safe4 som leverandør er sikkerheit i høgsetet i alt vi gjer. Før vi vurderer nye funksjonar eller komponentar må det gjennom nålauget deira. På den måten kan vi være heilt trygge på løysingane vi anbefalar, seier Aare Vabø.
Sikkerheit kan kjøpast med sensorar på dører og vindauge, dørlåsar, vannalarmar og liknande. Men ekte tryggleik er noko meir.
- Det er følelsen når du veit at ein alarmsentral ringer deg opp om røykvarslaren skulle gå av, eller sms-en du får når borna er komne trygt heim frå skulen. Tryggleik er også når du kan ha full kontroll på huset ditt når du er vekkreist. Når lysa oppfører seg som om du er heime, og held innbrotstjuvane vekke, seier Aare Vabø.
Meir komfort
Med Flikk tilpassar huset seg etter korleis du brukar det. For eksempel vil intelligent lys- og varmestyring spare både pengar og miljø, og gjere huset meir komfortabelt. Stova vil vere varm og god når du står opp ein laurdag formiddag,
men den skrur ned temperaturen når du går ut, seier Aare Vabø.
- Vår tanke er at alt skal kunne koplast til og styrast i Flikk, alltid tilgjengeleg, overalt. Enklare blir det ikkje, avsluttar ho.

Enkel app: Flikk installerer og styrer du enkelt frå PC eller app på mobil eller nettbrett.



Samarbeid med Bislett
Games
Dei første åra var ein avhengig av å samarbeide med Bislett Games om utøvarar, og stemnedato vart lagt tett opp til Bislett Games. Etterkvart som ein vart betre kjend i miljøet, vart det forhandla meir direkte med leiarar og utøvarar. På den måten fekk ein meir kon-

troll på å byggje opp øvingar der utøvarane fekk matche kvarandre, og stemnet vart meir publikumsvenleg.
Byrkjelo Games
”Internasjonalt friidrettsstemne på Byrkjelo” var stemnenamnet dei første åra. Etterkvart kom det ønske om å finne eit namn som
var lettare å forstå internasjonalt.
Det vart også vurdert slik at dette ville tvinge seg fram, ikkje minst med tanke på å komme inn på den internasjonale terminlista. Med Bislett Games som førebilete vart namnet Byrkjelo Games. Litt reaksjonar vart det lokalt på det engelske ordet ”Games”, men dei fleste utlendingane hadde nok
alle faste gjester på
problem som det var med å uttale Byrkjelo. Don Quarrie frå Jamaica vart spurt i eit intervju om konkurranseplanane. Jau, han skulle til ”Biselet” og ”Busjelelo”. I 1984 vart Byrkjelo Games for første gong brukt som stemnenamn.











































Kvart år gjev Intersport Sandane mykje til våre lokale idrettsklubbar og organisasjonar. Vi gjer det fordi vi ser det som vårt samfunnsansvar.
Mange eldsjeler gjer ein stor innsats for at der skal vere eit aktivitetstilbod i kommunen vår. Nokre av desse finn vi i Breimsbygda Idrettslag.
Og nokre av dei kan takkast for at klubben arrangerer NM i friidrett i 2018.
Vi vil fortsette å gje støtte til klubbar, og rabattar til aktive i idrettslaget.
Bruk oss, slik at vi saman blir gode.





Vi har eigen sykkelverkstad med dyktige Reppen bak dekkspakane!

MERIDA CROSSWAY URBAN 20
FØRPRIS 5999,-
4499,-
Lett sykkel med skivebrems og solide skjermar. God til trening og dagleg bruk. Solid kvalitetssykkel frå Merida. Dame og herremodell.

VED KJØP AV JUNIORSYKKEL FÅR DE MED HJELM TIL VERDI AV 499,-



Vi hjelper deg å finne riktige sko ved hjelp av speilkasse!


299,-
DRI FIT T-SKJORTE
Lett og god tskjorte til trening! Vnr 196783/264934

INTERSPORT SANDANE
SØRSTRANDVEGEN 6 6823 SANDANE

ÅPENT 09-18 (09-15)
TLF: 57 88 46 00 WWW.INTERSPORT.NO



GT-1000 6 LØPESKO DAME/HERRE
Lett joggesko som er god til trening og dagleg bruk. Solid demping. Vnr 213278/213276
FULLSERVICE TRENINGSSENTER
Sommar- og NM-tilbod!
1 veke: 249,-
2 veker: 299,-
1 mnd: 399,-
2 mnd: 798,-
*Tilbodet gjeld frå 01.06.2018 - 19.08.2018
Vil du trene med oss eitt år? Kun kr 449 pr mnd + innmelding. Få tilgang til alle Spenst senter i landet til kr 549 pr mnd + innmelding. Trivselsfylket har Spenst senter på Sandane, Sogndal, Førde og Florø.
NB! Er du medlem i Spenst får du 15% på Intersport Sandane Ope frå 0500-2400 kvar dag Kom innom oss på Sandane Senter!

1199,-



Innkvartering og vertskap I mange år opna breimningane heimane sine for dei internasjonale stjernene som kom til Byrkjelo. Første gongs deltakarar grein gjerne litt på nasa når dei vart vist til privat innkvartering, men neste gong var det heilt greitt. Fleire heldt kontakten med vertskapet i årevis. Steve Scott og John Walker, som var her første gong i 1981, fekk husrom hos Erna og Per J. Strand. Per lånte bort både bilen og fiskestanga under heile opphaldet. Seinare budde dei fast der under stemna i fleire år. I mange år reiste Scott verda rundt med si eiga fiskestang i bagasjen; den skulle han bruke når han kom til Byrkjelo. Wilson Kipketer budde hos Else og Per P. Strand, dei fekk julekort i mange år. Det same var tilfelle med eit par frå Tsjekkoslovakia som losjerte hos Marit og Edvin Bolstad. Det vart knytt mange venskapsband på denne måten.
Då det til stemnet i 1987 på kort varsel kom ei busslast med 30
tsjekkarar, vart det ekstra press på overnattingskapasiteten. Det løyste seg den gongen òg – med privat innkvartering. Bevertninga vart løyst ved at Målfrid Egge vart friteken for ansvaret for salet under stemnet, mot at ho serverte alle tsjekkarane middag kvar dag i ei veke. Gamlehotellet på Egge vart opna på nytt, og det var fiskedugnad i Bergheimsvatnet for at gjestene skulle få variert kosthald. Den private innkvarteringa vart mindre etter nokre år, etter som leiarane helst ville ha
sine utøvarar samla på ein stad. Stjerner som vart verande i fleire dagar, stilte gjerne opp for å instruere og inspirere lokale talent. I 1982 låg ein tropp, som var innkvartert på Frøystad pensjonat, her ei veke på treningsleir. Mellom dei var Mary Decker Tabb og Merlene Ottey.

Oppbygging av stemnet
Gunnar Hole, som på alle Byrkjelo Games hadde ansvaret for sponsor- og utøvarsida, og som også forhandla om TV-avtale, fortel at det var vanskeleg å få kabalen til å gå opp. Det eine var så avhengig av det andre. Han følte at ein måtte starte i feil ende; med pengane først sikra kunne ein kjøpe utøvarar etter økonomi. Det vart sjølvsagt lettare etterkvart som stemnet vart betre kjent. Også EAA-statusen gjorde det lettare
å få bekrefta TV-overføring, om ikkje alltid konkret lengde på sendinga. Store sponsorar var veldig bevisste på kva dei fekk att for pengane.
For publikum både på stadion og i TV-ruta var det viktig å byggje opp gode og tette øvingar. Så hende det òg at det vart ”programheltar”, utøvarar som melde avbod i siste liten, eller rett og slett ikkje kom. Heata skulle på grunn av TV-dekninga vere full-
talige. Gunnar fortel at han under eit opprop for 100-meter vart klar over at det mangla ein løpar midt i feltet. Han sprang då inn på bana, treiv resolutt tak i ein kulekastar, forklarte situasjonen og spurde om han ville stille i den ledige bana. Det gjorde han - fekk strekk etter få meter og var ute av løpet.
Marknadsføring av Byrkjelo Games var viktig for å vekkje interessa både blant sponsorane
og publikum. Her var samarbeidet med pressa viktig. I mange år vart det òg gjeve ut eiga stemneavis med Per Svein Reed i ei sentral rolle. Viktig var òg samarbeidet med TV-sporten i NRK. Personar som Knut Bjørnsen, Trygve Sollien og Lars Lystad var gode medspelarar. Det var direkteoverføring i mange år. For å få det til, måtte det setjast opp link på Bøafjellet.
Transport
Logistikken for å sikre at 50-60 idrettsutøvarar frå diverse stader i Europa kom fram til Byrkjelo i rett tid, var ikkje alltid like enkel, sjølv om ein hadde mange gode medhjelparar både i reisebyrå og flyselskap. Odd Lindset, flygar i Widerøe, var ein av dei som var til god hjelp mang ein gong. I enkelte høve måtte ein også ty til sjøfly for å hente store stjerner som ikkje kom seg fram til avtalt tid. Dette vart mykje enklare dei åra helikopterselskapet Airlift var med på sponsorsida. Eit visst tal flytimar vart då ein del av avtalen. Det gjorde mange transportoppdrag enklare, som for eksempel i 1997 då Linford Christie grunna streik i British Airways ikkje nådde siste flyet frå Oslo kvelden før stemnet. Helikopterturen over fjell og fjord i sommarnatta trollbatt sprintstjerna. ”Eg kom hit i dag og såg den flottaste naturen eg nokon gong har sett.”
Mange gonger måtte ein ta raske avgjerder som ikkje var heilt etter boka. Problema måtte løysast der og då. Gunnar var på Gardermoen saman med 25-30 utøvarar som skulle om bord på flyet til Sandane. Det var like før flyavgang, og ein funksjonær stod med billettane og ropte opp namna. Billettane var tinga med namns nemning på personar som skulle til stemnet, men det samsvara ikkje med dei som kom. Seansen tok veldig lang tid, og Gunnar vart redd flyet gjekk før alle kom seg ombord. Han sprang bort til funksjonæren: ”Eg kjenner dei,” treiv bunken med billettar og delte ut. Flyplassfunksjonæren stod berre og rista på hovudet, men alle kom fram til Byrkjelo i rett tid sjølv om ikkje alle hadde rett billett.
Ofte tok ein eller fleire feil fly. Det gjorde òg den israelske høgdehopparen Konstantin Matusevich som hamna i Ålesund. Bjarne Kleppe var til Ålesund og henta dei som skulle komme den vegen, men bilen var full, og Matusevich måtte innlosjerast på hotell. Dagen etter vart han henta med bil. Han rista oppgjeven på hovudet då han kom til Byrkjelo. Gunnar Hole trøysta han med at med slik opplading kom han sikkert til å hoppe 2,35 m. Då lo han godt. Matusevich hoppa 2,35, ny israelsk rekord og årsbeste i ver

da. Men stemneleiaren Knut Lunde var nervøs, for høgdestativet rakk ikkje høgre. Heldigvis for Knut gav Matusevich seg. Neste år var nytt høgdestativ på plass.
Merlene Ottey skulle komme med fly til Førde, og heldige Magnus Willumsen skulle hente henne med bil. Men det var skodde på Bringeland, og flyet vart krinsande over flyplassen i påvente av opning i skydekket. Gunnar fekk telefon om at flyet ville bli omdirigert til Florø. Han kontakta Sandane for å få flyet
dit, men fekk beskjed om at det hadde vore prøvd før, og at det var nyttelaust. Han fekk likevel telefonnummeret til operasjonssentralen til Widerøe i Bodø der slike avgjerder vert tekne. Den operative leiaren der var friidrettsinteressert og kjende til Byrkjelo Games. Gunnar la fram problemet. Det vart ein gemyttleg samtale med ei rask avgjerd frå operatøren: ”Sandane skal bli!” På flyplassen på Anda kunne ingen forstå korleis ein bondeknøl frå Breim hadde greidd det ingen andre i sin villaste fantasi trudde var muleg. Men, i Florø sat ein
skuffa Magnus og venta på Merlene Ottey, gasellen frå Jamaica.
Slutten for Byrkjelo Games
Byrkjelo Games har gjennom åra hatt mange sportslege suksessar, men det har ikkje vore lett å få økonomi i arrangementa. Det økonomiske utbyttet på Byrkjelo Games isolert sett kjem nok ut med eit lite minus i rekneskapen. Reknar ein BG som ei investering for å få NM, og det var det, så kjem resultatet godt på plussida. Og så all den reklamen bygda fekk, og no er Breimsbygda klar for sitt 4. hovud-NM i friidrett!


Trude Raad har allereie 20 NM-medaljar i samlinga. I august håpar ho medaljejakta endar med gull på heimebane.
NM er årets største mål og eg skal vere i toppform, lovar 28-åringen frå Breim.
Som 16-åring tok ho sin første NM-medalje, og sidan har ho hanka dei inn på løpande band. Samlinga er sjølvsagt også full av medaljar i slegge, diskos og kule frå junior-NM og ikkje minst internasjonale meisterskapar, som gull i OL og VM for døve, i spedd ein NM-medalje i vektløfting også. Men no har miljøterapeu-
ten bestemt seg for at det berre blir slegge framover.
Gir bånn gass
- Eg har rett og slett ikkje tid til å trene diskos og kule. Det var lettare då eg var student, for åd hadde eg meir tid til trening. Med 100 prosent jobb så er det vanskeleg å få tid til alt om det skal bli resultat av det. Så då måtte eg prioritere, seier Raad, som to år sidan flytta frå Oslo til Bergen for å ha lettare tilgang på kastfasilitetar.
At ho har kutta ut to av øvingane betyr ikkje dermed at ho ligg på latsida, langt derifrå. Kvar dag trenar ho for å få slegga til å gå

lenger og lenger ut frå kastburet. Og medan ho tidlegare la vekt på mengdetreninga er fokuset i dag på innhaldet og innsatsen i øktene. Ein kald vinter gjorde at det vart færre kast ute for Breimstausa. For den sterke og konkurransevillege kroppen likar kulde dårleg.
- No gir eg bånn gass når eg er på trening. Å ha god kvalitet på alt eg gjer er det viktigaste no. Det fungerte veldig bra i fjor, så får vi sjå korleis det går i år. Formen er i alle fall like bra fysisk som i fjor, så det er teknikken det kjem an på, seier Raad.
Sjølv om ho er tydeleg på at NM på Byrkjelo er sesongens store mål så er det også eit EM-krav ho strekkjer seg etter. Etter å hatt eit krav om kast på over 68 meter i fleire år vart kravet auka med ein meter i år. Det likte Raad dårleg.
- Det syns eg var litt unødvendig, seier ho og ler. Og legg til at det er i tøffaste laget å klare det.
- 68 meter hadde vore perfekt å strekkje seg etter, men får eg fullklaff, så kan det gå. Det er eit tøft mål, men det er der.
Foto: Caroline Dokken Wendelborg/ NIF


I løpet av 37 år har han 29 gonger fått spørsmål om å vere stemneleiar for store friidrettsarrangement på Byrkjelo stadion. Kvar gong har han gløymt kor stritt det har vore medan det står på, og på nytt takka ja til jobben. Neste gong svarar han nei.
Eigentleg meiner han at han allereie er for gammal for jobben.
- Hadde det ikkje vore for at eg var pensjonist, hadde eg ikkje teke på meg jobben igjen, seier 74-åringen som no gjer seg klar til å leie sitt fjerde hovud-NM i friidrett.
Store stemne
Sjølv om han ikkje har vore aktiv friidrettsutøvar sjølv, har friidrettsinteressa alltid vore stor. Ein skulle kanskje tru at det var den sterke interessa for friidrett som fekk han til å legge ned så stor
- Eg gløymer det rett og slett, kor mykje arbeid og kor vanvittig hektisk det er, spesielt den siste månaden før eit stemne. Så då seier eg ja. Og så er det jo utruleg kjekt, seier Knut Lunde. Den definitive stemnegeneralen på Byrkjelo Stadion. Snart har han 29 nasjonale og internasjonale stemne har han på merittlista. No er han trygg på at det er siste gangen.
innsats for friidretten. Den gang ei.
- Vi måtte gjere noko med bana på stadion, og eg var formann i laget. Det store fleirtalet meinte det var nok med ny grus, medan eg meinte at vi måtte satse på kunststoff, seier han og fortel om ein tøff kamp, med store protestar. Han måtte gå mange omvegar og nokre snarvegar for å overbevise alle som skulle ha eit ord med i laget. Til slutt fekk han pressa gjennom ynsket. Då tenkte han med seg sjølv at han måtte gje noko tilbake.
- Eg følte at då forplikta vi oss til å starte med større stemne. Vi kon-
takta Bislett og fekk avtale med dei om at to verdsstjerner, Steve Scott og John Walker, skulle kome til Byrkjelo, fortel Knut Lunde om oppstarten av Byrkjelo Games i 1981. Scott og Walker vart fast inventar på stemnet, og snart kom også andre store stjerner som Merlene Ottey og Wilson Kipketer.
Saman med Gunnar Hole utgjorde han radarparet som var to av pådrivarane for alle dei store friidrettsstemna på Byrkjelo stadion.
Frå 1981 til 1998 var det Byrkjelo Games med store internasjonale stjerner. I 1988 arrangerte Breimsbygda NM i friidrett for første gang og i 1999 tok den norske friidrettseliten turen til den vesle Vestlandsbygda for andre gang. På merittlista kjem også ei rekkje landskampar i friidrett, NM for juniorar og veteranar. Gunnar Hole administrerte og heldt kontakta med utøvarane, trenarane, sponsorane og media. Knut Lunde har heile tida hatt det tekniske ansvaret og vore stemneleiar.
- Eit 100 prosent perfekt stemne er vanskeleg å få til, men så langt eg hugsar har ingenting skjært seg skikkeleg så langt. Vi har helde tidsskjema og oppnådd mange særs gode resultat. Eg trur også at dei som har sett stemna og arrangementa frå utsida har sett på dei som vellukka, og då er vi også nøgde, sjølv om det alltid er mindre detaljar som kan gjerast annleis.
Eit godt auge for detaljar har han utan tvil. I stova på garden heng ei klokke med sirleg utførde treskjeringar, på skåpet i same rommet står nøyaktig gjengjevne treskuter. Etter at han vart pensjonist har han brukt meir tid på desse hobbyane. Men no må nok ein gong hobbyutstyret ligge, for no er Knut Lunde sitt detaljerte blikk retta mot NM.
- Helst vil eg ha dei tre dagane planlagt på sekundet, seier han.
For å få det til blir den siste månaden fram mot stemnet brukt på stadion. I eit stadionbygg han har teikna sjølv. Der sjekkar han at alt er i rute, gjer dei siste justeringane og planlegg alt så nøyaktig som mogleg. Sjølv om han har mykje rutine har han inga resirkulerbar oppskrift på det perfekte stemnet.
Fantastisk dugnadsand
Knut Lunde er særs takknemleg og glad for dugnadsanda innbyggjarane syner. – Vi har ein heilt utruleg stab på arrangementet. Folk frå heile kommunen stiller gladleg opp. Når vi kan støtte oss på stabile og gode funksjonærar, så blir det enklare for oss som skal ha oversikt også. Også kommunen har vore velvillige til å hjelpe til med økonomisk støtte til ar-
rangementa og utstyr til stadion, legg han til.
– I starten var det nok mange rundt omkring som tenkte vi var sprø. Store internasjonale stjerner på Byrkjelo? Men, vi jo fått det til, seier han og legg til at han trur at friidrettsarrangementa har vore viktige for alle som har teke del i dei, og ikkje minst har det sett Breim og Gloppen på kartet nasjonalt. Dette har vore noko heile bygda og kommunen har vore saman om, understrekar han.
Har vore verdt det
Dei 30 siste åra har somrane vore særs hektiske for den tidlegare bonden når det har vore friidrettsfest på Byrkjelo. I vekene før stemna brukte han dagane på Byrkjelo stadion. Nettene sat han i traktor og var på garden for å få ferdig slåtten og vårvinna. Tre dagar utan søvn før Byrkjelo Games var ikkje uvanleg. Då dei starta å bygge bana i 1979 var det med Knut som byggeleiar. Han og alle dei andre reiste bygget på dugnad. Normalt ligg match vekta på 72 – 75 kilo. Når bana stod ferdig i 1981 vog han 62 kilo og svimte av stadig vekk. –Medan vi heldt på med bygginga angra eg på at vi starta med det. Då vi var ferdige kom det seg, seier han og ler. For det har vore verdt det.
- Då Wilson Kipketer og Vebjørn
Rodal sprang 800 meter her i 1996, og dei var tett opp mot verdsrekorden, då reiste nakkehåra seg. Det var heilt fantastisk å sjå på, og då følte er verkeleg at vi hadde fått det til her, seier han avmålt.
Og NM i 1988 var stort. Spesielt søndagen, då vi hadde 5000 betalande publikummarar og det var enormt trøkk på stadion.
Trøkk håpar han på i år også. Før den tid er det likevel mykje som skal på plass og planleggast. Og for at han skal bli nøgd må alt gå på skinner og det bør kome gode resultat. – Det blir spanande å sjå. Får vi godt vêr i tillegg, er alt duka for eit knallarrangement, seier NM-generalen på Byrkjelo.
Generalsponsor:
Hovudsponsor:




Sponsorar og samarbeidspartnerar:

























Som einaste drivstoffkjede har Best utvikla eigen app for bestilling av mat. Mannen bak dette er Albert Skildheim frå Førde. Etter å ha tatt veien innom ulike bestillingssystem, som td menyvelgaren, er no app`en eit faktum.
No kan kundane våre bestille utan å vere på stasjonen, og maten er klar til henting når dei kjem. I tillegg er det eit bonussystem hvia same app, som gir kunden bonus, som seinere
kan brukes som rabatt.
Skildheim oppfordrer alle kundar om å laste ned app`en Bestbonus (eit ord) og prøve sjølv.
Tilbakemeldingane vi får er at dette var nesten for enkelt seier han.
Velkommen på Best!
Og husk: Ingen Fest utan Burger på Best



Sist NM vart arrangert på Byrkjelo kunne Sogn og Fjordane sjå tilbake på eit stemne med rekordstor medaljefangst. No lokkar arrangøren og SEIKO med klokker til dei fire beste.
- Målet er å motivere dei lokale utøvarane litt ekstra. Det er mange som vi veit kan gjere det bra, så det blir spanande å sjå kven som stikk av med klokkene, seier Reidar Moldestad, leiar i friidrettsgruppa i Breimsbygda og den som skal leie juryen. For å i det heile tatt bli vurdert av juryen må utøvarane stille for ein klubb frå Sogn og Fjordane. Om du skulle vere aldri så mykje Jølstring, Førdianar, Sogning eller
fjogning, men deltek for ein klubb utanfor fylket, må du dessverre sjå langt etter premien.
- Som arrangør av NM er vi heilt avhengige av at det spirer og gror i dei lokale klubbane. Mange aktive lokale klubbar som får fram talent er heilt nødvendig for å i det heile ha eit friidrettsmiljø i fylket. For ein liten klubb som Breimsbygda er vi heilt avhengige av å ha eit større miljø nært oss som vi kan lene oss på, hente kunnskap og mannskap frå. Så for oss er det ein måte å setje pris på dei som satsar med lokale klubbar, seier leiar i hovudkomiteen
Rolf Kjetil Egge.
Premiane, klokker til ein verdi av 5000 kroner kvar, går til dei to beste kvinnene og herrane, og utdeling skjer søndag , samstundes som Kongepokalane blir delte ut. I 2011 fekk utøvarar som representerte Sogn og Fjordane med seg heile 13 medaljar frå dei tre dagane, og også i år er det mange som stiller til start med ein lokal klubblogo på brystet.
- Vi veit framleis ikkje kor mange utøvarar som kvalifiserer seg, men klubbar som Gloppen FIL, Jølster, Vik, Syril og Høyang vil i alle fall utøvarar med under NM, seier Asgeir Årdal, dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins.
Han legg til at det mest truleg berre er fem av medaljegrossistane frå sist NM på Byrkjelo som stiller til start i år.
- Samstundes har det kome opp mange unge og spanande utøvarar som det blir kjekt å følgje. Det er flott at dei beste utøvarane frå fylket blir sett pris på under årets NM. Og med tanke på at troppen vil telje opp mot 20 utøvarar er det mange som kan kjempe om premiane, seier Årdal.

STEFF NEVERS WILLY CLAY BAND
HEGE ØVERSVEEN HANNE SØRVAAG
NASHVILLE SKYLINE HÅVARD SKÅTUN
G. THOMAS FAT FRED DYLAN EARL
LONGHORN TERJE IVERSEN SIVERT BJØRDAL
TUMBLIN , GROOVE BLÅSTRÅ
