Solundavisa 2016

Page 1

SOLUNDAVISA 2016

Foto: Rune Bendiksen

KAYAK THE FJORDS  |  20

ØYBYGG  |  6

MARINE MULTISERVICE  |  8

SOLUND SENDEBRETTLAUG  |  30


SOLUNDAVISA 2016

2

SOLUNDDAGANE 2016 FREDAG 26. AUGUST 14.30

næringslivssamling Arrangør: Sparebanken Sogn og Fjordane Stad: Solund Leilegheitshotell

LAURDAG 27. AUGUST 12.00 | 16.00

18.00

opning salsutstilling Periode: 26.08.–11.09. Arrangør: Solund Kunstlag Stad: Galleri Blink, Hardbakke Bjarne Svanøe er frå Svanøy men bur no Oslo. Han er kjend for sine kraftige oljemaleri, gjerne med kystmotiv eller andre naturbilete. Musikkmotiva hans er òg godt kjende. Han var den fyrste som stilte ut i Solund då Kunstlaget starta opp i år 2001, og fleire har hatt ynskje om å få han tilbake som utstillar. Han har eige galleri på Svanøy i sommarsesongen, elles har han hatt utstillingar i Oslo og Bergen dei siste åra.

17.30

22.00

21.00

Arrangør: Sulefisk, Norwell og Salmon Group Stad: Eide Konserten er gratis Det irske bandet Tupelo vart ein stor suksess når dei spelte på Solunddagane i 2014. Bandet spelar ein miks av irsk folkemusikk, blues og country, og i sommar turnerar Tupelo i både Europa og USA. I 2013 fekk Tupelo pris av musikkmagasinet Hot Press som «Best Folk Act». Hot Press skreiv om bandet: “Our favourite rootsy-rockers. The banjo has never been so cool.”

• Utdeling av Solundprisen • Kanoløp i hamna • Fotokonkurranse – utdelinga av premiar • Diskgolf puttekonkurranse • Konkurransar for store og små • Lokalmat • Eliasbåtane • Hoppetårn

konsert jonas fjeld Arrangør: Solund Frivilligsentral Stad: Solund kyrkje

dans i grendahuset Arrangør: Solund Ungdomslag Stad: Solund Grendahus

SØNDAG 28. AUGUST

For komplette opningstider, sjå eigen plakat. Kontaktinformasjon Solund Kunstlag: 992 98 975

konsert med tupelo

Standar der bedrifter og lag informerer om sine aktivitetar.

Jonas Fjeld gav i april 2015 ut albumet «Hustrig» som fekk god kritikk. Han byrja musikkarrieren i Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band. Fjeld vann fleire Spelemannsprisar på 80- og 90-talet, både i ulike band og som soloartist. Dei siste åra har Fjeld samarbeidd med Ole Paus i duoen To Rustne Herrar. Som soloartist har han fokusert på eit enkelt, akustisk uttrykk. I 2015 deltok han i TV2-suksessen «Hvar gang vi møtes» .

Merete Rein er opphavleg frå Trondheim. Ho er glaskunstnar med eigen verkstad og utsal i Aurland. Ho tok utdanning ved Riksglasskolan i Orrefors, Sverige, i vaksen alder, og har sidan 2012 drive fulltid under firmanamnet Reinglass. Arne Åse er ein internasjonal kjend keramikar med røter frå Gaular, men har vore busett på Nesodden sidan 1972. Han er professor i sitt felt og har jobba som lærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. I perioden 1965–72 hadde han oppdrag for Figgjo, Stavangerflint og Porsgrunds Porselænsfabrik. Porselen har vore hans spesialfelt også i seinare år, og han vert rekna som ”ein frontfigur” innan norsk studiokeramikk. Han har gjort fleire større utsmykkingsoppdrag og er innkjøpt av kunstindustrimusea i Norge og fleire museum i utlandet.

solunddagane med marknad i hamna

11.30

13.00

ramnenipa opp – familietur Arrangør: Ytre Sogn Turlag Stad: Samling på Idrettsbana

diskgolf – turnering Arrangør: Solund Sendebrettlaug Stad: Samling på Idrettsbana

Solund Bryggje i Hardbakke hamn er ope kl. 12.00–02.00 fredag til søndag. Kjøkkenet er ope 13.00–22.00.


SOLUND

– I DEI UNGE SINE FRAMTIDSPLANAR Dette er visjonen i Solund kommune sin utviklingsstrategi. Ei ambisiøs, men viktig føring for alt arbeid i kommunen vår. I praksis betyr dette at Solund kommune i alle delar av verksemda skal ha dette i tankane. Kva betyr det arbeidet eg gjer i min kvardag for at ungdom skal vurdere Solund som ein aktuell stad å busetje seg? Det er mange i Solund som har dette som rettesnor. I det frivillige arbeidet er det stor variasjon i aktivitetar, og dei når eit breitt spekter av deltakarar. Her kan ein delta på alt frå m.a. fotball, aerobic, volleyball, yoga, basisball, symjing og det siste tilskotet discgolf. Å vise at aktivitetar utviklar seg og at nye kjem til viser at det er rom for nytenking og at ein kan setje i gong med aktivitetar som ein brenn for. I skule og barnehage arbeider ein med å gje born og ungdom enda betre kjennskap til lokalt arbeidsliv og lokalsamfunn, og lokale karrieremesser for ungdomsskulen dei to siste åra har vorte eit viktig møtepunkt mellom ungdom og lokale verksemder. Det er viktig at ungdom får god kjennskap til kva moglegheiter som finst før dei skal gjere sine eigne val for framtida. Dei siste åra har ein også lagt til rette for sommarjobbar for aldersgruppa 13-18 år, noko ein har fått gode tilbakemeldingar på. Eit av dei viktigaste signala til ungdom, og også andre, er å vise at ein har tru på og satsar på framtida i Solund. Det er difor veldig kjekt å kunne legge til rette for nye attraktive bustadtomtar på Hardbakke, og det vert bygd fleire nye bustader no som vil vere innflyttingsklare dette året. Ei anna viktig satsing der Solund har markert seg, er utbygging av fiber. Eit godt arbeid over lengre tid , der ein har samarbeidd tett med andre kommunar, har ført til at kommunen vår ligg på topp i fylket i tildelte midlar til fiberutbygging. I tillegg til eksterne midlar, har både kommune og private aktørar bidrege med betydelege beløp. Neste område som står for tur, er Nord Solund, og ein vil då ha dekka det meste av kommunen.

Ynskjer du å ha stand på Solunddagane, laurdag 27. august?

Det vert av og til hevda at små samfunn har vanskar med rekruttere kvalifisert personell. Dette har nok vore situasjonen i Solund i periodar, men ein har ved dei siste utlyste stillingane opplevd å få fleire søkjarar enn forventa. Dette er gledeleg og tyder på at fleire vurderer det som attraktiv å kunne busetje seg i kommunen. Å skape arbeidsplassar og aktivitet er sjølvsagt ein av nøklane for vidare utvikling. Gjennom HAFS Utvikling vert mykje av kontakten med næringslivet og potensielle etablerar teke i vare, men det er først og fremst det lokale engasjementet som må ligge i botnen. Her er det viktig at det er rom for fleire ulike initiativ. Vi har gode lokale verksemder som søkjer å utvikle seg, og vi har nye initiativ som vi må ynskje velkomen. Når lokale verksemder tek i bruk ny teknologi og viser at ein vil vere i front i utvikling av næringa, slik m.a. Sulefisk og Hortimare gjer, er dette eit viktig signal til ungdom som leitar etter ein spennande arbeidsplass. Dei siste åra har vi også opplevd at unge fiskarar etablerer seg i kommunen og marknadsfører ei tradisjonsrik og viktig næring på kysten på ein flott måte. Fiskeri har alltid vore og vil også i framtida vere ein av berebjelkane for øysamfunnet vårt. Eg kunne trekt fram enda fleire område der engasjerte eldsjeler tek initiativ til nysatsingar, men det er til slutt summen av alt dette som gjer at Solundsamfunnet er det det er. Og måten vi tek imot nye innbyggjarar, nye idear og initiativ vil vere avgjerande for kor langt vi når. Eit attraktivt samfunn i framtida vil vere ei stad der ein kan utvikle seg i eit arbeid som ein opplever meiningsfullt og der samvær med menneske med ulik bakgrunn og kultur vert sett på som ein ressurs. Ein smak av dette får du om du stikk innom Gjenbruket på språkkafe ein tysdag føremiddag, der det vert snakka norsk med mange ulike aksentar. Det er mykje som rører seg i kommunen for tida, og sjølv om vi aldri kan bli størst, korkje på innbyggjarar eller verksemder, må vi ha som ambisjon om å vere god på å vere liten. Dette fordrar eit samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar i kommunen, og mi oppleving er at vi er på god veg. Arbeidet med Solunddagane er eit viktig tiltak i så måte! Eg ynskjer til lukke med arrangementet!

Gunn Åmdal Mongstad Ordførar Solund kommune

Kostnaden er 500 kr for beddrifter og 300 kr for lag og organisasjonar (+ mva.). I prisen inngår lån av 1 bord og 2 stolar. Ta kontakt med Mark Elvevåg på info@solundavisa.no eller tlf. 950 28 232 for meir informasjon og booking av stand. Solundavisa er produsert av Solund Næringssamskipnad.

SOLUNDAVISA 2015

3


SOLUNDAVISA 2016

4

SOLUNDPRISEN KOM MED FORSLAG TIL PRISVINNAR 2016! Kven syns du burde få årets Solundpris? No kan du sende inn forslag på bedrifter eller personar som du syns har gjort ein ekstra innsats for det lokale næringslivet. Solundprisen er oppretta av Solund kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Solund og Solund Næringssamskipnad, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15 000 kroner. Juryen er sett saman av ein representant frå kvar av dei tre partane og prisen vert delt ut kvart år på Solunddagane i slutten på august. Føremålet med prisen er å gje honnør til verksemder, institusjonar eller einskild personar som siste året, eller over lengre tid, har gjort ein ekstra innsats for å utvikle næringslivet i Solund, enten gjennom eiga verksemd og/eller ved å legge tilhøva til rette for andre. Juryen skal ved val av prisvinnar gje ei grunngjeving for valet. Minst eitt av følgjande kriterier skal inngå i vurderinga. Prisvinnaren må ha: • • • •

Vist særskilt evne til nyskaping. Vist særskilt evne til utvikling av eksisterande verksemd. Vist særskilt evne til å ta i bruk ny teknologi. Vist særskilt evne til å nytte lokale ressursar og lokale føremoner. • Vist særskilt evne til positiv utvikling av lokalsamfunnet. • Vist særskilt evne til å skape arbeidsplasser til kvinner og ungdom. • Små prosjekt er like bra som store. Kom med forslag til prisvinnar. Send inn ditt forslag med grunngjeving til Solund kommune enten på e-post eller i posten. Merk e-post/brev med «Solundprisen 2016». Alle innspel vert handsama konfidensielt. E-post: tor.arne.hauge@solund.kommune.no Postadresse: Solund kommune, Kommunehuset, 6924 HARDBAKKE Forslagsgjevar: _______________________________________________________ Frist for innsending av forslag er 01.08.2016.

Årstall Vinnarar

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015

Båtsmia v/Færøy og Myhr Øybygg AS Litle Færøy Kystkulturlag Sonja og Birger Hjønnevåg Sulefisk AS Snella Kystsaum DA Torbjørn og Inger Nessen Einar Bontveit Nord Solund Fiskeriselskap AS Vidar Hop Otto og Laila Einen Solund Verft AS Rolf Eide Lending Rederi AS Hallstein og Doris Steinsund Kari og Hans I. Steinsund

TAKK FOR SOLUNDPRISEN Vi vil takke for Solundprisen 2015. Denne mottok vi dagen etter at vi hadde hatt "open dag" i nye fjøsen. Der kunne dei som ville komme å sjå og få eit inntrykk av det som no er vorte ein heilt ny arbeidsplass for oss. Vi hadde eit nedslite fjøs som ikkje eigna seg til å få ei god modernisering av. Men med god starthjelp frå Tine, Felleskjøpet, Sparebanken Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge bestemte vi oss for å bygge nytt fjøs. På førehand hadde vi sikra oss med meir kvote og areal. Arbeidsdagen no er endra. Tungt arbeid med mjølking og fôring er mekanisert. Vi arbeider i lyse og romslege lokalitetar, sjølv om dyretalet er auka monaleg. Datamaskina er ein reiskap som gjev mykje informasjon og hjelp i både mjølking/mjølkekvalitet, fôring og dyrehelse. Aktiviteten i kommunen har vore stor, noko som tilseier godt med arbeid på anleggsdrifta. Dette ser vi fram til skal vedvare. Å bli tildelt Solundprisen gjev god "kveik" både i gardsarbeid og anleggsarbeid. Med helsing Hans Steinsund m. familie


SOLUNDAVISA 2016

5

SOLUNDAVISA 2014

24

LENDING BÅTBYGGERI 6924 Hardbakke | Telefon: 91132169 | E-post: kontor@lending.no | www.lending.no

Nybygg • Reparasjoner • Ombygging, lakkering • Salg/Service motor/drev • Vedlikehold Produksjon av Kloster Patrol 28-32-36-40-45, Klosterfjord 40, Mørejet 1220


SOLUNDAVISA 2016

6

Solund Næringsbygg sitt nye lagerbygg vil stå ferdig i løpet av sommaren, til glede for både tilsette og kundar. Foto: Mark Elvevåg

ØYBYGG SATSAR PÅ NYBYGG MED NY DELEIGAR

–Dette vil gjere arbeids­ dagen mykje enklare, seier Sigurd Kråkås og ser utover området der ein ny lagerhall er på veg fram i dagen. Som mange sikkert har fått med seg er det no blitt byggeaktivitet ved Solund Næringsbygg. Solund Næringsbygg AS investerer i nytt lagerbygg som skal lagre impregnert trelast for ein av bygget sine største leigetakarar, butikken Øybygg AS. Og det er til glede for både tilsette og kundar at den impregnerte trelasten kjem under tak. – Dette vil nok vere med på å gjere kvardagen med lossing og lasting mykje enklare, seier tidlegare dagleg leiar Sigurd Kråkås. Etter 24 år som dagleg leiar har han gjeve stafettpinnen vidare til ei av dei tilsette i butikken, Heidi Sanden. Atle Avløyp har vore med på byggeprosessen og er no tilsett som lager- og transportansvarleg hos bedrifta. Han ser òg fram til at bygget kjem på plass. HAFS Utvikling har løyvd midlar gjennom næringsfondet for å bidra til at prosjektet vert realisert, noko bedrifta set stor pris på.

24 år med stadig fornying Øybygg AS vart danna av Sigurd Kråkås, Kjell Nessen og Atle Avløyp då Solund Næringsbygg var nytt i november 1992. I løpet av desse åra har endringane kome sakte men sikkert. Butikken har vorte større både i areal, men ikkje minst vareutval. Dei tilsette har blitt fleire og kundemassen har auka jamt og trutt. – Sjølv om folketalet i kommunen går

nedover ser me at salet likevel aukar, seier Nina Knudsen Herland, som kom inn på Øybygg-laget for 8 år sidan. Ho tok med seg mann, to barn og x antall hundar og gjorde suling av seg sommaren 2008. Då skulle Heidi ut i permisjon med minstejenta Kamilla, og «heldige var Øybygg som fekk Nina inn dørene», seier Heidi. Det å vere fleire tilsette i den daglege butikkdrifta var veldig kjekt.

Frå venstre: Nina Knudsen Herland, Heidi Sanden, Kjell Nessen, Sigurd Kråkås og Atle Avløyp, Foto: Gry Buer.


SOLUNDAVISA 2016

7

Nytt av året er det at ein også har tilsett ein person til å jobbe laurdagar, så om ein er innom ein laurdag treff ein gjerne Sunniva Ryland, 15 år. Ho har jobba sidan påske, og som ho seier «her er veldig mykje å sette seg inn i», men med tida til hjelp skal nok dette gå veldig bra. Ho vil, i tillegg til Ingeborg Kråkås, bli å treffe også i sommar. Stort vareutval Det er stort vareutval i butikken som tilbyr trelast, byggjevarer, maling, jernvare, interiør, kraftfôr, kart, fiske- og fritidsutstyr. – Det er ikkje alt me klarer å vise så godt fram i butikken, men folk er flinke til å spørje og det kan godt hende me finn det dei spør etter enten på lageret eller på ein lur plass, seier Heidi som òg poengterer at det kan vere ei utfordring med både å halde styr på kva dei har og ikkje har. Ein kan vel sei at butikken har blitt til etter kva folk har spurt etter i desse åra. Då blomsterbutikken la ned drifta for nokre år sidan, vart det til at ein måtte satse på interiør. Og det gjorde at butikken fekk meir besøk innom dørene. Det

har i sin tur gjort butikken meir innhaldsrik og julehandelen er blitt betydeleg større enn den var før, fortel Heidi. Gode leverandørar Butikken har godt samarbeid med sine leverandørar. Øybygg AS står for tida utanfor kjedetilknyting, men har til 2015 vore medlem av Trend-kjeda. No er denne kjeda avvikla men Øybygg er framleis «under paraplyen» til Optimera Engros, som er ein av landets største engrosbedrifter. Optimera, med sine underleverandører, leverer mellom anna trelasten, byggjevarer, maling og jernvare, og dei er såleis den største leverandøren vår. ––Me lyt også få trekke fram det gode samarbeidet me har med Vestbygg AS frå Grytøyra i Fjaler kommune, seier Sigurd. Han har gjennom firmaet sitt, Byggmester Sigurd Kråkås, hatt mange byggeoppdrag for Vestbygg. Vestbygg er forhandlar for Vestlandshus og det er blitt bygd ein del av den sorten i Solund. – Men det viktigaste for bedrifta er alle det kjekke kundane me har kontakt med. Utan dei kunne ein ikkje hatt ein så innhaldsrik butikk i Solund. Eg vil

tru me ha gjort kvardagen litt enklare for sulingane, både fastbuande og fritidshus-eigarane, seier Kjell Nessen, som fram til no har vore mykje på farten med lastebilen for å køyre ut materialar til kundane. No har han funne ut at han vil trappe ned litt, men han har lovd at han kan ta ein og annan tur med varekøyring. Trua på framtida Heidi har no kjøpt seg inn i bedrifta og ho har tru på framtida, men butikken er avhengig av å ha gode vilkår med tanke på leverandører og at varetransporten til Solund er tilfredsstillande. ––Me har levering med båt tre dagar i veka, men det er eit sakn at det ikkje er fleire leveringar med bil frå Førde. Så der håper me på fleire avgangar, seier Heidi.

Øybygg AS Telefon: 904 00 960 E-post: hardbakke@trend.no Facebook: Øybygg AS


SOLUNDAVISA 2016

8

MARINE MULTISERVICE

I mai 2016 tok Marine Multiservice AS formelt over drifta av tidlegare Solund Maritim på Solnes. Anlegget vart opphavleg sett i drift i 2006 av lokale interessentar for å tilby båtlagring og båtservice. I tillegg tilbydde ein sal og utleige av båtplassar. ––Vi bygde ut etter kvart og totalt vart det investert over 30 millionar kroner, seier styreleiar for Marine Multiservice Bjarne Ravnøy. Ny-gamle lokale eigarar Etter at Solund Maritim gjekk konkurs i 2012 kjøpte Wergeland Holding anlegget og fortsette drifta som ei underavdeling til Solund Verft AS.

I mars 2016 selde Wergeland anlegget til selskapet Solnes AS, som er eigar av Marine Multiservice AS. Bedrifta Marine Multiservice vart stifta av dei lokale gründerane Rune Trovåg, Birger Hjønnevåg, Bjarne Ravnøy og Christian Ravnøy. ––Vi tilbyr mellom anna vinterlagring av fartøy opp til 70 fot i varmhall, utandørslagring, vedlikehald, motorservice, og diverse innan nykonstruksjon i stål og aluminium, fortel Ravnøy. For å ytterlegare styrke servicebiten og den breie kundemassa i dei maritime næringane har firmaet no òg investert i ei fullt utstyrt verkstadflåte, inklusive kontor og overnattingsfasilitetar. Vidare tilbyr Marine Multiservice sal og utleige av båt­plassar i eit moderne marina-anlegg, spesiallaga for å tilfredsstille myndighetskrav til utslepp.

Marine Multiservice tilbyr no bl.a. vinterlagring i varmhall, vedlikehald og motorservice. Foto: Marine Multiservice


SOLUNDAVISA 2016

9

––Vi vil òg tilby spesialtenester til oppdrettsnæringa, blant anna reinhald og godkjend desinfisering av servicefartøy med meir, seier Bjarnøy. Stor interesse Sidan oppstartinga i mai har Marine Multiservice fått ein pangstart med stor pågang frå lokale kundar i Solund, men også frå resten av fylket og nabofylket i syd. ––Marknaden etterspør i stadig større grad dei tilbod og tenester vi kan levere, og med eit moderne og framtidsretta anlegg med ein unik beliggenheit ser vi lyst på framtida, seier Ravnøy. I eit langsiktig perspektiv har Marine Multiservice som mål å utnytte det industriareal som er tilgjengeleg på Solnes ved

å etablere eit næringsklyngesamarbeid. Som ei byrjing har to framtidsretta bedrifter, Hortimare og ATSEA Technologies, etablert forsøksdrift på Solnes. ––Vi ynskjer å vidareutvikle og profesjonalisere dette gjennom dialog og samarbeid med HAFS Utvikling, Innovasjon Norge og Norges Forskningsråd, avsluttar Ravnøy.

Marine Multiservice AS Telefon: 941 74 633 E-post: marinemultiserviceas@gmail.com Heimeside: www.marinemultiservice.no Facebook: Marine Multiservice As

Frå venstre: Bjarne Ravnøy, Rune Trovåg og Birger Hjønnevåg. Foto: Marine Multiservice


SOLUNDAVISA 2016

10

Taredyrking er ein viktig del av det «grøne skiftet» og Hortimare driv tareutviklinga i Norge. Foto: Hortimare AS

HORTIMARE EI BEDRIFT FOR FRAMTIDA

Reint hav, rein mat og helse er i vinden som aldri før. Hortimare er bedrifta som driv tare­ utviklinga i Norge, og dei har sitt norske kontor i Solund. ––Taren er eit råstoff som no er på full fart inn i det norske vokabularet og i kvardagslivet. Den var i forne tider ein særdeles viktig ressurs både for fiskarbonde og fe, og no er den på veg «tilbake», fortel dagleg leiar i bedrifta Job Schipper. Det sterke fokuset taren har fått er mykje takka vere Hortimare AS si offensive taresatsing i Solund. Det som vi må kunna kalla eit lite eventyr for verksemda, starta med ein nederlendar sin ferietur til Solund for vel 6 år sidan. Og allereie tre år seinare vann verksemda ein prestisjefylt innovasjonspris under konferansen North Atlantic Seafood Forum. Sidan har utviklinga gått veldig fort; frå det å lukkast med å dyrke fram – og klekke – sjølve tareyngelen, til det å utvikle den berekraftige metoden for å dyrka fram dette «nye» og høgt skatta råstoffet. Ein internasjonal spydspiss Det som ikkje alle veit er at Hortimare

AS av ekspertane er rekna for å vera ein av dei fremste spydspissane i taresatsinga, både nasjonalt og internasjonalt. Og Øyriket Solund er vert rekna som navet i denne satsinga i Norge. ––Målet framover er at næringa skal utvikle seg og ekspandere langs heile Norges kyst. Sogn og Fjordane fylke er å rekne som vertsfylke for denne framtidsretta, berekraftige og internasjonale storsatsinga. Det betyr at Sogn og Fjordane kan, gjennom ei satsing på ekspansjon av denne næringa, profilere seg som ein av dei fremste aktørane i det mykje omtala «grøne skifte», seier Schipper. Her ligg altså ein bugnande «blå åker», med eit svært næringsrikt, økologisk og – for å ikkje gløyme – eit etterspurt produkt, som ein kan starte å plukke frukter frå så snart ein får ekspandert og systematisert produksjonen av dette råstoffet. Vil gjerne dele kunnskap Kunnskapen om det å dyrke og produsere tare vil Hortimare gjerne dele med flest mogleg potensielle produsentar langs Norskekysten. ––For å senka terskelen for dei som vil satse på næringa har Hortimare utvikla fleksible løysningar som den einskilde produsent kan nyttiggjere seg av. Ved å samarbeide om utviklinga vert

vegen mykje kortare frå forretnings idé – via etablering – til full produksjon, forklarar Hortimare sin norske kunderådgjevar Tom Erling Bahus. Berekraftig produksjon viktig Det er viktig for Hortimare at produsentane si satsing på næringa vert av den berekraftige sorten. Med andre ord viser Hortimare ein veg for korleis ein kan kombinere eit miljøfokus med ei positiv botnline. Det trengs mange slike verksemder langs kysten. I dag har Hortimare tre personar som arbeidar i Solund og det kjem i tillegg mange frå Nederland i periodar det er behov for dette. ––Vi håpar at fleire set i gang med tareproduksjon og er med å skapa ei bærekraftig og framtidsretta ”ny næring». Det er berre å ta kontakt med meg eller Tom Erling så skal me hjelpe dykk med dette, seier Schipper.

Hortimare Telefon: 900 55 891 E-post: info@hortimare.no Heimeside: www.hortimare.no Facebook: Hortimare As


SOLUNDAVISA 2016

11

La oss snakke sammen og lære av hverandre

Din lokale leverandør av

FORNYBAR ENERGI Ingvar Landøy, Landøy Fiskeoppdrett AS

Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære av våre kollegaer i oppdrettsbransjen. Mange tiårs samarbeid med våre partnere i næringen og kunder over hele verden har gitt oss kunnskap som andre kan ha nytte av. Vi vil være med på å utvikle kompetansen til alle som jobber med oppdrett, salg og videreforedling av laks og ørret.

Natur – til nytte og glede

Prat med oss på telefon 57 75 00 00, kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø, eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

www.sunnfjordenergi.no


SOLUNDAVISA 2016

12

SOLUNDMAT NYE PRODUKT FOR NYE MARKNADER SolundMat AS har i løpet av det siste året opplevd ein auke i etterspurnaden av produkta sine. No satsar den lokale bedrifta på nye typar produkt for å sikre ei meir stabil heilårsdrift. I 2015-2016 har SolundMat bygt ut eksisterande kontor- og produksjonslokale på Ytrøygrend i Ytre Solund. I tillegg har bedrifta satsa på eit nytt lagerbygg for å kunne ekspandere produksjonen også i framtida. Dei seks tilsette arbeider no i lysare og trivlegare lokale og produksjonen føregår på ein meir lettvint måte. ––No har vi mykje større produksjonskapasitet enn for berre eit par år sidan, seier dagleg leiar Øyvind Lending. Lokale råvarer SolundMat baserer sine produkt mest på lokale råvarer, og både fisk og kjøt vert levert frå bønder og fiskarar i Solund og nabokommunane. Nytt av året er at SolundMat held på å utvikle eit nytt produkt, nemleg produksjon av spekepølse av villsau. Speke­pølsa blir seld i ca. 250 grams stykke, vakuumpakka og klar til å ete. ––Prøveproduksjonen viste at dette er eit produkt som er verdt å satse på, men vi hadde behov for å investere i nytt, større og betre utstyr for å auke produksjonen. I tillegg til eigne midlar har vi fått støtte frå næringsfondet og på den måten klart å finansiere investeringa, fortel Lending. I tillegg til spekepølse produserer og leverer SolundMat også fersk fisk, ulike produkt av klippfisk, lutefisk av lange, fenalår og pinnekjøt av villsau. ––Vi ser at lutefisken av lange er blitt veldig populær, og i månadane før jul produserer vi meir og meir for kvart år, seier Lending.

Anders Lien, dagleg leiar i HAFS Utvikling, saman med Øyvind Lending, dagleg leiar i SolundMat. Foto: Mark Elvevåg

Nye utsalsstadar Utsalsstadane til SolundMat aukar stadig. No finn ein produkta i butikkar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn – inklusive Solund. I tillegg har bedrifta også varer i butikkar i Hordaland. Når ein går på restaurant kan ein no også finne SolundMat på menyen i både Bergen og Oslo. Og når etterspurnaden aukar veit ein at kundane set pris på den gode kvaliteten SolundMat har på sine produkt.

SolundMat AS Telefon: 468 23 316   E-post: post@solundmat.no Heimeside: www.solundmat.no   Facebook: Solundmat AS

Satsinga på spekepølse av villsau har gjeve positive resultat og SolundMat satsar no på å auke produksjonen. Foto: Silje Lending


HYTTETOMTER VED SJØEN I SOLUND, ytre Sogn

www.solundtomter.no  Kontakt: 917 82 666

HAFS Elektro & Rør AS

Hos Elfag finn du fagkunnskapen du treng

HAFS Elektro & Rør AS er ei allsidig bedrift med marknadsområde i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen, Høyanger og Masfjorden. Hovedkontoret ligg på Eidsneset i Hyllestad kommune med avdelingar i Brekke og Sløvåg, og hos Solund Verft. HAFS Elektro & Rør AS er medlem i Elfag, landet største og mest kjente elektrikerkjede. Vi har over 30 ansatte, og har lang erfaring og solid fagleg kompetanse i elektro- og VVS bransjen. Vi utfører alle typar installasjonar, med oppdrag innafor maritim næring, landbasert industri, offentlege og private bygg. HAFS Elektro & Rør AS er din lokal kontakt for kvitevarer, lyd og bilde, småelektrisk og telefoni. Butikken ligg i Brekke, og vi kan sende varer direkte frå våre leverandører. For komplett installasjon, ta kontakt for tilbod.

telefon: 57 78 89 00 e-post: post@hafs-elektro.no

HAFS Elektro & Rør AS Post- og fakturaadresse er:

Sognefjordvegen 444 5961 Brekke www.hafs-elektro.no

SOLUNDAVISA 2016

13


SOLUNDAVISA 2016

14

Foto: Vidar Hop

VIDAR HOP SKYSSBÅTER

OPPGRADERING AV FLÅTEN Vidar Hop Skyssbåter AS har det siste året gjennomført fleire oppgraderingar av flåten sin. Både nybygget MS Solvik og renovering om bord ambulansebåten MS Solund er utført på Lending Båtbyggeri. Båtsmia på Færøy har også levert til begge båtane.

MS Solvik I 1977 blei båten MS Celine levert frå Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Båten var revolusjonerande i si tid med god fart og flotte linjer. Båten gjekk dei fyrste åra som ambulansebåt i Gulen kommune. Båten har seinare hatt fleire eigarar, blant andre Atle Tangenes på Hardbakke. Han gav båten namnet MS Suline og brukte den til skuleskyss og transport av helsepersonell i Solund. Dei siste åra har båten vore eigd av Bjørn Vold, og den har gått som ambulansebåt i Gulen kommune med namnet MS Eivindvik. Vinteren 2014/2015 kjøpte Vidar Hop Skyssbåter AS båten, og sette den på land på Lending Båtbyggeri for ei omfattande oppgradering. I tillegg til at båten har fått nytt styrehus er den totalrenovert. ––All innreiing blei teken ut og fornya. Akterdekket er nytt og det er bygd plattform i hekken for plass til livflåter og enkel i land- og ombordstigning frå lave bryggjer, seier Vidar Hop. Alt elektrisk er skifta ut, motorane er nyoverhalte og motorrommet er nyisolert. På baugen er det satt inn ei hydraulisk

dør som blir operert frå førarplassen. Dette gjev ei enkel om bord- og ilandstigning for passasjerar når ein har baugtillegg. Båten har i alle år vore kjend for sine gode sjøeigenskapar, og det har mannskapet til Vidar Hop fått erfare. Båten er god i sjøen og eignar seg godt for våre farvatn. Ambulansedrifta I juni 2015 fekk ambulansebåten på plass ei ordning med fast helsefagarbeidar frå Helse Førde om bord, i tillegg til mannskapet på to mann. Denne ordninga har vore etterlengta av både mannskap og folket i Solund. ––Denne ordninga gjev oss ein betre beredskap med ein ekstra mann om bord med dei beste kvalifikasjonar innan ambulansefaget, fortel Hop. Tredje mann om bord har fullt fokus på pasient, medan mannskapet kan halde fullt fokus på båt og navigering. Det er sju mann som roterer i ein turnus på 3 og 4 dagar. Ambulansestasjonen ligg i Sildevika og helsefagarbeidaren har ansvaret for ambulansebilen som er stasjonert på hovudøya.


SOLUNDAVISA 2016

15

Vidar Hop Skyssbåter AS

1

Telefon: 970 18 145 E-post: post@vidarhop.no Heimeside: www.vidarhop.no

2

Ambulansebåten – MS Solund MS Solund har i vinter gått gjennom ei større oppgradering. Dei trufaste V12-motorane frå MTU er skifta ut med nye motorar av typen Scania DI16 V8 à 850 Hk. Ein ny 220V generator er også montert om bord. ––Det er ei konstant utvikling når det gjeld utstyr innan ambulansedrift. I tillegg til motorbyte er sjukelugaren ombygd og tilpassa den nye situasjonen med helsefagarbeidar og nytt båresystem, seier Hop. Grunna forskjellige båresystem måtte personalet tidlegare flytte pasienten frå ein båretype til ein annan tre gonger før ein nådde sjukehuset. No kan pasienten liggje på same båre heile vegen. Flo og fjære og høge kaier har lengje vore ei utfordring ved overflytting av båre av og på båten. Ambulansebåten har no fått montert ein båreheis på hekken med løftehøgde på ca. 2 meter frå dekket. I tillegg kan den køyrast sideveis for at ein enkelt kan rulle båre med understell av og på båten ved kai. Oppgraderinga av flåten til Vidar Hop Skyssbåter AS er ei stor investering, men viktig for å gje Solund sine innbyggjarar ein sikrare kvardag.

3

1 2 3

Båreheis på MS Solund. MS Solvik ved kai på Hardbakke. Ambulansebåten i bakgrunnen. Thiviyaa, David, Jothika og Kristin er alle einige om at MS Solvik er ein kul båt som er romslig og fin og går godt på bølgene. Dei reiser to gonger dagleg med skuleruta mellom Nåra og Hardbakke. Alle foto: Sigve Lerpold


SOLUNDAVISA 2016

16

Lending Båtbyggeri veks og tilset stadig fleire personar. Dagleg leiar Øystein Lending si satsing på nybygg av Kloster Patrol-båtar ser ut til å bli ein suksess. Foto: Lending Båtbyggeri.

LENDING BÅTBYGGERI NYBYGG SKAPAR VEKST

Satsinga på Kloster Patrolbåtar ser ut å bli ein suksess for Lending Båtbyggeri. No har bedrifta tre nybygg på gang, og fleire kontrakt ser ut å vere på veg. I løpet av berre nokre månader har Lending Båtbyggeri signert avtalar på to nybygg, ein båt til Tromsø og den andre til Grønland. Begge båtane skal brukast til å køyre turistar. ––Grønland er ein veldig interessant marknad for oss, da det er mange turoperatørar der. Vi er dei einaste som kan levere denne type båtar med fast aksling, seier dagleg leiar Øystein

Lending. Å bruke fast aksling gjer at båten er mykje meir driftssikker og treng mindre vedlikehald enn båtar med drev. ––I tillegg til dei to sala treng vi også å bygge ein demo-båt som skal brukast i marknadsføring og sal i framtida, fortel Øystein. Stor vekst siste året Sidan slutten på 2015 har Lending Båtbyggeri hatt stor vekst. Bedrifta har tilsett tre nye personar for å klare produksjonen av dei nye ordrane, og no er der fem tilsette på verftet på Lending. ––Det er likevel ikkje nok. Vi har ein førebels bestillinga på ein Kloster Patrol 40, og dersom det blir signert avtale på

denne båten har vi jobb fram til neste påske. Då treng eg endå fleire personar, seier Øystein. Bygginga av ein Kloster Patrol 40 skulle bli Lending Båtbyggeri sin største jobb nokon gang. Samtidig har verftet også fullt opp med vanleg servicearbeid. I 2016 har ein bl.a. gjort ein stor jobb ved å bytte motorar og opp­gradere sjuke­ lugaren på ambulanse­båten MS Solund.

Lending Båtbyggeri Telefon: 911 32 169 E-post: kontor@lending.no Heimeside: www.lending.no Facebook: Lending Båtbyggeri


17 SOLUNDAVISA 2016

ANNONSE

I 2016 får også Ytre Sula superkjapt internett via fiber. Foto: Torbjørn Os.

Noregs vestlegaste fiberkommune I løpet av seinsommaren vil ei ny rekkje sulingar få levert fiberkabel og moderne breibandsløysingar til heimen sin. I august er det Ytre Sula som kan gle seg over tilgang til digital-TV og lynraskt internett levert av Enivest. Ei av hovudoppgåvene til nettsjef i Enivest, Roger Saugestad, er å få kjapt breiband ut til folket i Sogn og Fjordane. Han fortel om korleis Enivest, i samarbeid med kommunar og engasjerte bygdefolk, har klart å byggje ut fiber til stader der ein knapt trudde det var mogleg på førehand. – Dei to siste åra har vi fått på plass fiber i heile 14 kommunar her i fylket,

frå Hornindal i nordaust, til Solund i sørvest. I 2016 byggjer vi mellom anna ut i Ytre Sula, der topografien er av den krevjande sorten. Men med stort bidrag frå dei lokale får vi det til! Stor oppslutning Halvparten av husstandane på Ytre Sula har alt bestilt fiber, og i august skal desse kunne kople seg på. Då er det ikkje berre superkjapt og stabilt internett som vert tilgjengeleg for brukarane, men også testvinnande digital-TV frå Get. Fjernsyn levert via fiberkabelen betyr skarpe bilete og fantastisk lyd, og ingen turar ut for å rette opp vindskeive antenner. Elles i Solund er det levert fiber til godt over hundre husstandar i Hardbakke, på Hop og Eide så langt. Og for

dei som ikkje har bestilt enno, er dette framleis fullt mogleg. Roger Saugestad meiner at det er heilt avgjerande for ein region som vår, at folk og bedrifter får nyte godt av moglegheitene som ligg i fiber. – Fiber gjev deg fridom. Har du ein god ide du vil jobbe fram, gjer du det like gjerne frå ei grend i Sogn og Fjordane som frå New York. Det sit mange kloke hovud rundt i fylket vårt, og Enivest ønskjer å gje desse dei verktøya dei treng for å leve og virke der dei vil. Ein treng kanskje båt for å komme seg til dei vakre og vêrharde øyane i Solund, men med fiber frå Enivest kan du sitte i stova di og reise akkurat dit du vil, på nett.

VERDA VENTAR!

Bestill internett på enivest.no Nett der du er


SOLUNDAVISA 2016

18

Frå venstre: Tom Nissen, Tom Erling Bahus og Sverre Hytten.

GRESS VEST GRASET ER GRØNARE I VEST Det meiner i alle fall Tom Erling Bahus frå Solund. Han har no starta reklamebyrået Gress Vest AS saman med Sverre Hytten og Tom Nissen som driver søsterbyrået Gress Oslo. Saman ser dei etter nye mogelegheiter på Vestlandet. – Vi har ein måte å jobbe på som eg trur mange kundar i vår region vil ha glede av, fortel Bahus. Jobbar i lag Byrået er bygget opp etter ein prosjektmodell. Det vil sei at dei jobbar med frilansarar og sjølvstendige selskap som Gress Vest knyt til seg på ulike oppdrag. ––Vi set saman eit team som vi meiner er best eigna til å løyse oppgåva. Det er ein langt meir rasjonell måte å drive på og som gjer at Gress Vest kan tilby sine tenester til ein lågare pris enn byråa vi samanliknar oss med, seier Bahus.

måten. Bedrifta har allereie gjort oppdrag i Solund. Dei har utvikla kommunikasjonskonseptet Øyriket Solund for Solund Næringsutvikling, stillingsannonser for Solund kommune og marknadsmateriell for SolundMat. ––Gress Vest vil vere det vi kallar et fullservicebyrå. Det vil sei at vi er ein samarbeidspartnar som jobbar tett med kundane i utvikling av strategi og konsept som tas ut i profilprogram, kampanjar, webløysningar og anna marknads- og kampanjemateriell, forklarar Bahus. Med etableringa av Gress Vest ønskja dei å få eit endå sterkare fotfeste i regionen. Tom Erling har budd i Solund i over 10 år og har bakgrunn både som gründer og næringsutviklar. Han kjem seinast frå stillinga som turistsjef på Voss. Dette har gjeve han god innsikt i regionen. Gjennom Gress Vest vil han hjelpe endå fleire verksemder til å blomstre.

Gress Vest AS Telefon: 900 55 891

Staduavhengig arbeidsplass Med dagens teknologi spelar det inga rolle kvar ein sitt og jobbar. Gress Oslo har god erfaring med å jobbe på denne

E-post: tomerling@gressvest.no Heimeside: www.gressvest.no Facebook: Gress Oslo


SOLUNDAVISA 2016

19

Velkommen til vår Sommarbutikk!

www.selstad.no

Servicestasjon i Solund Ny forlenga kai Ny Triplexkran Ny vaskemaskin auka frå 25 til 37 kubikk

I butikken vår finn du: • Utstyr til garn-, krok- og teinefiske • Klede til yrkes- og fritidsbruk • Jernvare -og mykje anna

Nytt reinseanlegg, sandfang med dekanter Nye og miljøvenlege tankar som tek over 120 000 liter Ny truck 10 tonn Ny tørketrommel med auka kapasitet på over 30 %

Opningstidene i heile juli: mån-lør kl 12:00-15:00

Vi anbefalar deg å ta turen til idylliske Værøyhamna i sommar! I tillegg til oss, finn du naboen vår Værlandet Gjestehamn. Der kan du kjøpe deg god mat og drikke.

Værlandet Fiskeredskap AS 6986 VÆRLANDET Tlf: 57731299 www.vaerlandetfiskeredskap.no

NB! Vi deltek på Solunddagen!

Selstad er en leverandør av oppdrettsutstyr som setter kvalitetsleveranser, våre kunder og deres trygghet på topp blant våre prioriteringer. Vår lange erfaring og utprøving i oppdrettsbransjen gjør oss solide med hensyn til kvaliteten på produktene vi leverer, og at de blir levert i tide. Gjennom vårt tette samarbeid med våre kunder, har vi også god innsikt i det som fungerer i praksis og hva som komplementerer videre utvikling i næringen.

SOL SMOLT AS

SULEFISK

Klekkeri og smoltanlegg

Landbase og administrasjon

på Gylta

   SULEFISK AS Juvik

l

Produksjon av laks

l

l

SULEFISK AS

Kvernhusvika

l

l

l

Produksjon av laks

SULEFISK AS

Kråkenes

 Produksjon av laks

SULEFISK AS

Fureholmen

Produksjon av laks og sukkertare fra Hortimare AS

Laks fra Solund

6924 Hardbakke // Dagleg Leiar: Michael Niesar // Tlf.: 57786933 // post@sulefisk.no // www.sulefisk.no


SOLUNDAVISA 2016

20

«Solund kan bli Europas padleparadis», seier den erfarne reiselivsjournalisten Odd Roar Lange. Foto: Rune Bendiksen

KAYAK THE FJORDS SPANANDE KAJAKKSATSING I SOLUND To av dei største kajakkaktørane i Norge, Northern Exposure AS og Njord AS, har saman med nystarta Solund Aktiv AS og NCE Tourism, sett i gang eit forprosjekt som skal vera med og sette Fjordnorge og Solund på verdskartet for padling ein gong for alle. Bakgrunnen for denne satsinga er ei svært vellukka forstudie, med Tom Erling Bahus i førarsetet, som konkluderer med at både leverandørar og marknaden etterspør ei strukturert satsing på kajakk i vår region og at potensiale for ei kajakksatsing i Fjordnorge og Solund er stort. For det er vel ikkje ei sjel som har kome til Solund, med eller utan ein kajakk under armen eller på taket, som ikkje reiser derifrå og spør seg: Kvifor satsar ikkje Solund meir på kajakk? Solund er jo det reinaste padleeldoradoet! Kan bli eit padleparadis Odd Roar Lange er ein av Norges mest erfarne reiselivsjournalistar og bloggar. Han dristar seg til å påstå følgande: ”Solund kan bli Europas padleparadis. Etter å ha reist på kryss og tvers i Norge i mange år i forbindelse med min jobb som reiselivsjournalist, har det slått meg mange gonger: kvifor har ikkje nokon satsa meir på padleopplevingar og berekraftig padleturisme? Eg meiner at Solundregionen er perfekt til dette føremålet og eg håpar planane blir realisert. Eg kan ikkje komme på ein einaste stad som har betre føresetnader til dette enn Solund. Og eg håpar at dette prosjektet kan skape gode augeblikk for tusenvis av gjester, både når det gjeld hard og soft adventure-opplevingar. Og at det kan skape gode og trygge arbeidsplassar i regionen.”

at leverandørane har tilstrekkeleg kompetanse, auka fokus på tryggleik og eit felles innkjøpssystem. Likeins skal forprosjektet utvikle heilskaplege produktpakkar, ut i frå det marknaden faktisk etterspør. Både Sotra, Flåm og Solund vil verta nytta som padlearenaer og innhaldet i pakkane vert langt meir enn sjølve kajakkopplevinga, seier Bahus. Solund Aktiv AS skal utvikle og koordinera den delen av pakken som er knytt opp mot øyriket Solund. Veksande næring Ekspertane som ser inn i glaskula seier at denne verdsomspennande og svært hurtigveksande fritids- og reiselivsaktiviteten, ikkje berre vil skape inntekter for kajakkaktøren direkte, men vel så viktig vert alle følgjeinntektene for andre reiselivsaktørar og samfunnet rundt. For kajakk-kunden nøyer seg nemleg ikkje berre med å padle når denne kjem til destinasjonen og Solund. Kunden vil også oppleve alt det Solund elles har å by på: lokalmat, lokal kultur og næringsliv, guida turar i fjell og mellom spanande kulturminner, og ikkje minst eit triveleg møte med lokalbefolkninga. Forstudien har dokumentert at kunden vil vera «tett på» både lokal kultur og natur, og dei søkjer etter stader å reise der ein kan få ekte og autentiske opplevingar. Dei ynskjer såleis ikkje å berre koma heim med ein suvenir i plast og eit postkort av kommunehuset. Kunden vil at “kajakk”-turen skal setje spor i både sjel og sinn, fortel Bahus. Og er det noko Solund kan by på, så er det vel nettopp ei fantastisk opp­­leving som set spor i sjela.

Kayak the Fjords Telefon: 900 55 891   E-post: tomerling@bahus.as

Forprosjekt som ser heilskapen I det komande forprosjektet skal ein utvikle system som sikrar

Heimeside: www.solundaktiv.no   Facebook: Kayak the Fjords


Vener av utvær Venelaget “Vener av Utvær” arbeider med å gjere Utvær meir kjend og tilgjengeleg for publikum. Sidan laget blei skipa våren 2010 har arbeidet fyrst og fremst handla om Utvær fyr. Fyrstasjonen blei automatisert i 2004 og sidan 2006 har Solund kommune leigd bygningane hjå eigaren, Kystverket. Bygningane er freda av Riksantikvaren, men dei treng eit kraftig vedlikehaldsløft. Fredningsvedtektene seier at verna bygningar skal haldast ved like slik dei sto den dagen dei blei bestemt freda. Mange av kystfyra langs kysten er freda, og dei fleste er kledd i eternitt. Saman med eigaren Kystverket, Solund kommune og handtverkar Ove Losnegård ynskjer “Vener av Utvær” at eternitten blir fjerna og bygningane blir tilbakeførd til original stand med ståande trekledning. Ein rapport med desse planane blei utarbeidd av snekkar og båtbyggjar Ove Losnegård og levert til vernemyndigheitene på Fylkeskommunen. Planen blei godkjend og arbeidet går no vidare med å skaffe midlar.

www.pwc.no

Menneske og leiarskap for framtida

Venelaget vil sommaren 2011 starte ei prøveordning med vertskap på fyrstasjonen. Vertane vil bu i fyrmeisterbustaden og vere tilgjengeleg for folk som vitjar Utvær. Dei vil også tilby guiding i fyrtårnet. I tillegg vil dei utføre enkelt vedlikehald og dugnadsarbeid under opphaldet. “Vener av Utvær”, som i dag har ei medlemsmasse på om lag 100 personar og 10 bedriftsmedlemsskap, arrangerer medlems- og dugnadsturar til Utvær. På desse turane kan ein nyte denne vakre øya ytst i havgapet og kanskje delta i dugnadsarbeid på og rundt fyrstasjonen.

Innsikt blir mer Utvær er eit øysamfunn med eit rikt kulturlandskap som har verdifull når stor verdi, ikkje berre lokalt, men også regionalt og nasjonalt. Venelaget ynskjer deles at fleire vil bli medlemmar og på den måten den støtte laget i arbeidet med å fremje dei historiske og kulturelle verdiane knytt til Utvær. Veronica Sandnes, Sandnes Fiskeoppdrett AS

for meir informasjon om laget og medlemsskap: Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære av våre kollegaer i oppdrettsbransjen. Mange tiårs samarbeid med våre partnere i næringen og kunder over hele verden har gitt oss kunnskap som andre kan ha nytte av. Vi vil være med på å utvikle kompetansen til alle som jobber med oppdrett, salg og videreforedling av laks og ørret.

Web: HYPErliNk “http://www.utver.no” www.utver.no E-mail:Pratpost@utver.no med oss på telefon 57 75 00 00, kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø, eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value

Ta kontakt med våre kontor: Førde: Jan Flølo eller Kjetil Myrland Sogndal: Harald Mo Florø/Måløy: Jan Ove Helle Stryn/Eid: Ingvill Flo For spørsmål om skatt og forretningsjuridisk bistand, kontakt Gunnar Bøyum

PwC kompetansesenteret med omlag 40 tilsette på revisjon og rådgjevning i Sogn og Fjordane. Sjå pwc.no eller ring vårt sentralbord på telefon 02316 for nærmare informasjon.

© 2011 PwC. Med enerett. I dette dokumentet refererer ”PwC” seg til PricewaterhouseCoopers AS, Advokatfirmaet PricewaterhouseCoopers AS og PricewaterhouseCoopers Skatterådgivere AS som alle er separate juridiske enheter, og uavhengige medlemsfirmaer i PricewaterhouseCoopers International Limited.

21 SOLUNDAVISA 2016

”Vener av Utvær” Utvær som øysamfunn har ei historie som går heilt tilbake til vikingtida. Rundt år 960 delte den norske kongen Håkon den Gode landet inn i skibsrede. Eit av desse var Utvær Skibsrede. Før Harald Hardråde drog til England i 1066 sendte han bod om å samle hæren i Utvær Skibsrede. Segna seier også at det var vikingane som skremde tre prinsesser frå Irland i kvart sitt skip. Ei av desse prinsessene hamna på Utvær. Dei to andre på Kinn og Selje, der det blei bygd kyrkjer. På Utvær blei det bygd eit lite kapell. Øysamfunnet Utvær har ei lang og rik historie som fyrstasjonen er ein del av.


SOLUNDAVISA 2016

22

HAFS ELEKTRO & RØR AS

GJER HEIMEN BRANNSIKKER Eit av satsingsområda til HAFS Elektro & Rør AS er brannførebyggjande elkontrollar. Verk­semda er sertifisert av DNV GL AS til å utføre brannførebyggjande elkontrollar av både bustadar, næringsbygg og landbruk. Elektriske feil er årsaken til svært mange brannar kvart år, både innan private bygg og næringsbygg. Dersom du gjennomfører ei sertifisert elkontroll av eigedomen din får du ein tryggare bustad, og i tillegg gir forsikringsselskapa deg rabatt. ––Forsikringsselskapa oppfordrar sine forsikringskundar innan næring og landbruk, samt også private kundar, til å gjennom­føre elkontrollar, seier dagleg leiar i HAFS Elektro & Rør Rolf Eide. Satsar på sertifisering Bedrifta jobbar systematisk med sertifisering og kompetanseheving av personell for å kunne serve marknaden optimalt. I samband med elkontrollar har bedrifta kursa personell og investert i utstyr for å termografere elanlegg, ein metode som kan avdekke feil og

Foto: HAFS Elektro & Rør AS

feilkjelder i forkant. ––Det er svært viktig at vi heile tida investerer i vår personell, fordi vi må vere i forkant av utviklinga og sikre at vi kan tilby eit godt produkt, seier Eide. Lokal og regional bedrift HAFS Elektro & Rør er ein regional totalleverandør av elektro- og røyrleggjartenester. Bedrifta arbeidar i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen, Høyanger og Masfjorden. Røyrleggjaravdelinga, som no sysselset seks personar, har hovudlager på Brekke i Gulen, men tar òg oppdrag i heile distriktet. ––Vi har for tida god ordretilgang med fleire store prosjekt på gong. Det er blant anna arbeid med barnehagar, leilegheitsbygg, einebustadar og hytter. Framtida ser difor lys ut, fortel Eide. Ved avdelinga i Solund har det i år vore stor aktivitet, særs innan næring og service på skip. Avdelinga har kontrakt med Solund Verft om å levere elektropakken til ein brønnbåt. ––Prosjekteringa har vore på gang ei god stund og elektroutrustning om bord vil etter planen starte opp i august, seier Eide.

Rolf Eide er dagleg leiar i HAFS Elektro & Rør AS.

HAFS Elektro & Rør AS Telefon: 57 78 89 00 E-post: post@hafs-elektro.no Heimeside: www.hafs-elektro.no Facebook: HAFS Elektro & Rør AS


SOLUND VERFT – FLEKSIBELT VERFTSANLEGG – www.solundverft.no

I en samtale Skipsrevyen hadde med Helge Norheim i Vesterhav AS, fikk vi følgende forklaring på at de hadde benyttet Solund Verft til oppdraget med M/S «Vesterhav»: «Fornøyde kunder kommer alltid igjen. Vi hadde tidligere benyttet Solund Verft til reparasjonsarbeider, og de var gode på reparasjoner, de har vist seg gode på nybygg. De var også best på pris. Det at båten utstyres inne i en tett hall, gir etter vår mening et bedre sluttprodukt, og var også en del av vurderingsgrunnlaget.» Vi har fått en «kjempebåt»!

• Ny stor hall på land – båtlengder 65 meter og 25 meter fri høgde – totalt krankapasitet 64 tonn • Dokk (Syncrolift heveverk) 56x15 m, djupne max 6 m • Løftekapasitet 1.000 tonn • Max skipslengde: 75 m • Oppstillingsplass for fleire farty på land • 2 horisontale beddinger/oppstillingsplassar på 80 lm kvar • Skipshall 60x15 m, med porthøgde 14 m, breidde 11 m, traverskran 15 tonn • Maskinverkstad. Traverkran 5 tonn • Kaianlegg. 3 stk kaier – totalt 200 lm kai • Mobilkran 30 tonn • Tårnkran 2,5 tonn – 50 m

NYBYGG • UTRUSTNING • OMBYGGINGAR • REPARASJON • VEDLIKEHALD

SOLUND VERFT

Foto: Harald Valderhaug

6924 Hardbakke – Tlf. 57 78 60 10 – Fax: 57 78 72 00 – Mobil: 916 51 051 post@solundverft.no – www.solundverft.no


SOLUNDAVISA 2016

24

Solund kommune rustar no opp Hardbakke hamn. Illustrasjon: iVest Consult.

Oppdragsgiver :

Solund kommune

Hovedentrepenør :

HARDBAKKE HAMN

NY UTSJÅNAD FOR NY TID Gjennom Solund kommune sitt bulystprosjektet vart det søkt om midlar til eit forprosjekt om tettstadsutforming i Hardbakke-området. Solund kommune fekk tilsegn til prosjektet frå fylkeskommunen. Norconsult AS vart engasjert etter ein konkurranse. Det vart gjennomført ein større prosess og ein rapport vart ut­arbeidd som syner behovet for oppjustering av plassar der folk oppheld seg og ferdast. Målet var å gjere Hardbakke meir triveleg og attraktivt.

Rapporten frå Norconsult kon­kluderte med at ein med fordel kunne begynne med hamneområdet. Med Solund Kommune i ein positiv utvikling, og med nye generasjonar på vei, vil ei slik opprusting verke inn på heilskapen til sentrumet. Solund kommune søkte på nytt midlar frå fylkeskommunen, no for å realisere nokre av tiltaka i Norconsult sin rapport. Kommunen sitt prosjekt hadde ein kostnad på drygt 2 millionar kroner, inklusive eigeninnsats, og fylkeskommunen støtta prosjektet med 940.000 kr. Sommaren 2015 vart det tilsett prosjektleiar som har jobba vidare med

planane. Det vart lagt ut ei konkurranse på Doffin og kommunen har gått vidare med eit tilbod. Det er valt å gå vidare med Anleggsgartnermester Wikholm AS og saman har ein utarbeidd eit minimum til kva som må gjerast. 18. mai starta arbeidet opp i Hardbakke hamn, og planlagd ferdigstilling er oktober 2016. Solund kommunestyre har peika på at det må arbeidast vidare med planlegging av mellom anna parkeringsmoglegheiter, toalett og fleire båtplassar. Dette vil bli arbeidd med i framtida for å gjere Hardbakke hamn til ein endå betre stad å vere.


2

1

3

1

Snart har også Ytrøy og Lundøy tilgang til breiband, og då er det full fiberdekning på Ytre Sula

2

Sanitæranlegget på Hersvik kai.

3

I Klubben bustadfelt vert det regulert inn 19 bustadtomter.

4

Ein av 2-mansbustadane i Storehaugen for vanskelegstilte.

4

ANDRE PROSJEKT I KOMMUNEN Klubben bustadområde I 2015 kjøpte Solund kommune størsteparten av Klubben, arealet nord frå Hardbakke. Her ynskjer kommunen å legge til rette for eit større bustadfelt. Området er på 172 daa og føremålet er å regulere inn 19 bustadtomter. Det vil også leggast til rette for leikeareal, naustområde og småbåthamn. I tillegg skal det opparbeidast ein køyreveg på ca. 650m frå fylkesveg 606 i aust til Djupevågen i nordvest. Utbygging av breiband i heile Solund Solund ligg langt fram i utbygginga av breiband. Det er allereie bygd ut frå Eide til Daløy, via Hardbakke, og arbeidet er i gang frå Haldorsens til Nåra. I tillegg er det planlagt og gjort avtale om Ytrøy og Lundøy. Det vert då full fiberdekning på Ytre Sula. Solund kommune arbeidar no også med eit prosjekt for å realisere høghastighetsbreiband til Nord-Solund. Det har vore sendt inn søknad til fylkeskommunen om midlar og kommunen er i dialog med innbyggjarane om å løyse den økonomiske biten. Dersom alt fell på plass kan det bli aktuelt å realisere prosjektet i Nord-Solund i løpet av 2017.

Sanitæranlegg på Hersvik kai Solund kommune har ferdigstilt eit sanitær­anlegg på Hersvik kai med tilgang til toalett og dusj. Anlegget vart ferdig i mai 2016 og kan brukast av alle som er på Hersvik. Utleigebustader for vanskelegstilte I Storehaugen starta bygginga av to stykk 2-mansbustadar opp våren 2016. Bustadane er for vanskelegstilte og i fyrste omgang for flyktningar. Det er Ryland Bygg AS som står for arbeidet og innflytting er planlagt til januar 2017. I tillegg til bustadane i Storehaugen planlegg Solund kommune å bygge bustadar for vanskelegstilte også i Sildevika bustadfelt i 2017. Bygging av omsorgsbustader Solund kommune har behov for nye omsorgsbustadar med plassering ved Solundheimen på Hardbakke. Det er prosjektert 6-8 nye einingar, med garasje og pårørandebustad, til ein total kostnad av om lag 19 millionar kroner. Detaljprosjekt vert utarbeidd hausten 2016 med eventuell byggjestart i 2017.

SOLUNDAVISA 2016

25


SOLUNDAVISA 2016

26

SOLUND BARNE- OG UNGDOMSSKULE REKRUTTERING OG REHABILITERING FOR FRAMTIDA For å legge til rette for god utdanning er det viktig å både rekruttere dyktige lærarar samt å ha praktiske og gode lokalitetar. No satsar Solund barne- og ungdomsskule på begge områda for å skape eit endå betre skulemiljø. Rehabilitering I 2015 satte Solund kommune saman ei arbeidsgruppe for å utarbeidde eit framlegg til korleis ungdomsskulen sine lokalitetar skal vere i framtida. Medlemmar i gruppa er Jothika Sivapalan (frå elevrådet) Freddy Indrebø, Øystein Bolset Strand og Nina Engevik (tilsette ved skulen) samt Erik Askeland (administrasjonssjef). Prosjektleiar Geir Kåre Ynnesdal er sekretær for gruppa. ––Føremålet med arbeidsgruppa er å vurdere om den eksisterande ungdomsskulen skal rehabiliterast eller om kommunen skal satse på å bygge ei heilt ny skule. Begge

Ingrid Myrstad, 24 år, nyutdanna lærar frå Trønderlag Med røter frå Solund har Ingrid tilbrakt mange somrar her gjennom oppveksten. Solund har stor plass i hjartet og ho vil no prøve ut korleis det er å bu i kommunen. Ingrid er ein entusiastisk person som gledar seg til å ta fatt på lærarjobben frå hausten.

alternative vil innebere investeringar for mange millionar kroner. Arbeidsgruppa skal legge fram eit forslag på utvikling for kommunestyret, seier rektor Gunnlaug Olsvoll Røed. Samtidig som arbeidsgruppa ser på dei store og langsiktige planane er skulen også aktiv med å bruke dei eksisterande lokalane best mogeleg. Det «gamle» skulekjøkkenet er blitt ombygd til klasserom for variert undervisning, til dømes mindre grupper, noko som har gjeve kjærkomen plass på skulen. Rekruttering Erfaringsvis har det vore vanskeleg å rekruttere utdanna lærarar til Solund barne- og ungdomsskule. Denne våren har vore annleis og skulen har gleda av å presentere fire lærarar som har takka ja til stilling frå 01.08.2016. Tilsetjingsprosessen var ikkje heilt ferdig i skrivande stund, så fleire nye lærarar kan verte å sjå når skulen startar opp til hausten.

Daniel Røed, 25 år, nyutdanna lærar frå Solund Etter fem lærerike år i Sogndal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, ser Daniel no fram til å arbeide ved skulen der han sjølv gjekk som elev. Han likar å halde seg aktiv på fritida, og gler seg til fjellturar på konglomerat og dykking mellom tareskogar.

Jeanette Wesenlund Ødejord, 31 år, født og oppvaksen i Solund Jeanette har hatt stilling ved skulen dei siste åra medan ho har vore under utdanning. Med praksis frå både inn- og utland under utdanninga ser ho no fram til å vere med og utvikle Solund-skulen vidare.

Jan Lohne, 58 år, frå Bergen Jan har ulik arbeidserfaring frå både SFO og skule, men også frå andre yrke. Han kjenner til Solund då han har bustad i kommunen og har hatt speleoppdrag rundt om i kommunen med bandet han spelar i. Han likar seg godt på sjøen og ser fram til nye utfordringar.

Øystein Bolset Strand, 27 år, født og oppvaksen i Masfjorden og med røter frå Solund Øystein byrja ved skulen som lærar i august 2015, og gjorde rask karriere då han tok til i vikariatstillinga som undervisningsinspektør februar 2016. På fritida spelar han i gruppa VANITY.


SOSIAL HANDLINGSPLAN FOR HEILE OPPVEKSTMILJØET I SOLUND Vaksne kan gjere mykje for å betre oppvekstmiljøet til barn og unge, og mykje kan endras med ganske enkle grep. Hemmelegheita ligg blant anna i å samhandle og møte barna med de same haldningane og handlingane. I 2011 tok foreldrerådet i Solund initiativ til å starte eit samarbeid på tvers av skule, barnehage og organisasjonar for å bli einige om kva for haldningar som skal gjelde i arbeidet med barn og unge i kommunen. Foreldra i Solund ønskjer at dei vaksne som jobbar med barn og unge på ulike arenaer i oppvekstmiljøet møter barna med felles tydelige haldningar og grenser, for å skape et trygt, inkluderande og opent miljø. FAU og Skulemiljøutvalget (SMU) tok tak igjen i dette arbeidet våren 2015 og har arrangert fleire felles møter for alle vaksne i oppvekstmiljøet i løpet av det siste året. ––For å nå målsetjinga om å skape eit trygt og godt oppvekstmiljø treng vi felles omgrep og forståing for kva som skal til for å skape dette, seier leiar i foreldrerådet Trude Søilen. Ekstern hjelp FAU, barnehagen og skulen leigde inn Frode Jøsang, som har stor kompetanse på barn og mobbing, til halde foredrag om mobbing og relasjonar. I etterkant av dette arrangerte SMU og FAU to workshops kor alle vaksne vart invitert til å vere med

å utarbeide ein felles sosial handlingsplan som skal gjelde for heile oppvekstmiljøet i kommunen. ––Problemstillingane som var oppgåver i gruppearbeidet på møta tok utgangspunkt i faktorar som vi veit er viktige for å skape gode oppvekstmiljø; vennskap, inkludering, gode rollemodeller, tydelige vaksne og klare felles regler fortel Søilen. Deltakarane drøfta også kva som er utfordrande ved å være foreldre og vaksne i oppvekstmiljøet i Solund. Godkjend plan Den sosiale handlingsplanen omfattar korleis både vaksne og barn møter kvarandre, og korleis vi skal handtere uønskte hendingar. Planen vart ferdigstilt og godkjent i skulemiljøutvalget 23. mai 2016. Nå vil den bli sendt ut til alle aktørar, lag og organisasjonar som jobbar med barn og unge i Solund for å implementeras i arbeidet på de ulike stadene. Det er ønskelig at den vedtakast og innarbeidas i planer og rutinar. Den vil også sendast til kommunestyret. Til høsten skal barn og unge i Solund jobbe med planen og komme med sine innspel og tankar kring temaene. Planen skal reviderast kvart år og Skulemiljøutvalget vil jamleg kalla inn til møte for dei ulike aktørane for å fylgje opp arbeidet med planen, og for å halde fokus på arbeidet med oppvekstmiljøet. Den sosiale handlingsplanen finn du på Solund skule sin heimeside under FAU sin fane. www.hardbakke-skule.no

VURDERING FOR LÆRING – VFL Frå skuleåret 2016–2017 startar Solund barne- og ungdomsskule opp med utviklingsarbeid knytt til Utdanningsdirektoratet sitt nasjonale prosjekt Vurdering for læring. Prosjektet har som mål å fremja elevane sin læring ved å utvikle lærarane sin kompetanse innan vurdering og rettleiing. ––Føremålet med vurdering av elevane er ikkje å setje ein karakter, men å sikre at dei får relevant rett­ leiing som hjelper dei å oppnå sin potensiale, seier

rektor Gunnlaug Olsvoll Røed. Ved å delta i prosjektet ønskjer Solund barne- og ungdomsskule å verte enda betre i å fremje læring, utvikle kompetanse og legge til rette for tilpassa opplæring. ––Alle ved skulen vert involvert i prosjektet så vi framover kan utarbeidde eit meir systematisk opp­læringstilbod, fortel Olsvoll Røed.

SOLUNDAVISA 2016

27


SOLUNDAVISA 2016

28

Felleslunsj, som her i Sildevika, er ein enkel og naturleg måte å sikre integrering av nye tilflyttarar.

Taher Sardar Sulaiman (t.v.) og Mohammed Mustafa lengtar etter å få kome seg i jobb igjen.

EIT NYTT LIV I SOLUND Krigen i Syria har drive over 12 millionar personar på flukt. 14 av dei har kome til Solund. Solundavisa møtte Mohammed og Taher for ein prat om Syria, Norge og kva dei tenker om sin situasjon. Solund kommunestyre vedtok i desember 2015 at kommunen skal ta i mot inntil 54 flyktningar i perioden 2015–2019. Dei fyrste personane kom i desember og no (juni 2016) bur det 14 syriske kurdarar i Sildevika på Hardbakke. Mohammed Mustafa kom med kone og deira fire barn i alderen 5–19 år. Dei flykta frå Aleppo, ein by med 6 millionar innbyggjarar som no i stort sett ligg i ruiner. Etter eit år på flyktningmottak i Elverum fekk dei tilbod om å etablere seg i Solund. Å sitje i mottak er ikkje kjekt, så dei takka ja med ein gong. Korleis var livet i Syria før de drog? ––Vi levde eit godt liv. Eg dreiv eige firma innan VVS med 12–13 tilsette og hadde mykje arbeid. Når krigen kom forandra situasjonen seg heilt. Jobbane

forsvann og det falt 4–5 bomber kvar dag. Det var alltid folk som dødde eller vart såra, så vi flykta til Afrin om lag 60 kilometer frå Aleppo. Etter ein stund vart også Afrin omringa og då måtte vi flykte derifrå òg, seier Mustafa. Taher Sardar Sulaiman er Mustafa sin fetter. Familien hans, kona og tre barn på 2–10 år, budde i Afrin der dei drev butikk. Dei tok inn Mustafa og hans familie når dei flykta frå Aleppo, og når syriske krigargrupper omringa Afrin, flykta begge familiane saman til Europa. ––Eg hadde ikkje lyst å dra men vi måtte. Det vart altfor farleg og alt vart håplaust dyrt. Gass til kokeapparat kosta 450 syriske lire før krigen, men prisen steig fort til rundt 5.000–6.000 lire. Mjølk auka frå 160 til 1.700 lire, seier Sulaiman. Når det kom om lag 1 million flyktningar til Afrin dobla det byen sitt innbyggjartal. Skulen stengte og blei gjort om til flyktningleir. ––Det viktigaste for meg er at barna mine får gå på skule og får eit godt og trygt liv. Den mogelegheita har dei ikkje i Syria som det ser ut no, men eg håpar dei kan skape seg ei framtid her i Norge, seier Sulaiman.

Korleis var det å kome til Norge og Solund? ––Det er faktisk ikkje så stor forskjell som ein kanskje trur, men sjølvsagt er kulturen litt annleis. Vi er kurdarmuslimar og vant å leve i det moderne samfunnet, seier Sulaiman. ––Men det var ein stor forandring å kome frå Aleppo med 6 millionar innbyggjarar til Solund med 800, seier Mustafa med eit smil. Barna har allereie vore godt tatt imot på skule og barnehage, og det er dei som fortast lærer seg norsk. At dei får med seg mykje norsk kultur er noko som Mustafa ser som heilt naturleg. ––Når barna er på skulen og lærer nye ting vil dei alltid fortelle dei andre barna at sånn er vi og sånn gjer vi. Våre barn får likevel mogelegheit å gjere som dei vil og dei kjem til å utvikle seg mykje her i Norge, fortel Mustafa. ––Dei vaksne går i eit introduksjonsprogram der dei lærer seg det norske språket, norsk kultur og får arbeids­ introduksjon. Og det er ikkje tvil om kva Mustafa og Sulaiman har mest lyst til. ––Vi vil arbeide! Mitt mål er å få meg ein jobb så eg kan tene eigne pengar og leve eit normalt liv igjen, seier Mustafa.


LAT OSS REALISERE DIN BUSTADDRAUM! Vi tilbyr: • Hus og Hytter frå Byggmann • Eigen prosjekteringsteneste • Byggeleiing og Prosjektleiing

RYLAND BYGG AS 6958 Sørbøvåg - Tlf. 992 81 401 www.rylandbygg.no • firmapost@rylandbygg.no

FEEDING YOUR PASSION FOR FISH

SOLUNDAVISA 2016

29


SOLUNDAVISA 2016

30

Diskgolf er blitt ein populær aktivitet blant mange av ungdomane i Solund. Foto: Kjell Mongstad

SOLUND SENDEBRETTLAUG DRAUMEN SOM TOK AV

Frisbeegolf, eller rettare sagt diskgolf, er det den nye folkesporten i Solund? Du skal ha vore rimeleg lite oppvakt om du ikkje har merka at det i året som har gått har sust rundt frisbeear i Solundlufta i både tide og utide. Ein ny populær fritidssyssel, eller sport som nokon vil kalla det, vart nemleg fødd 28. juni 2015 i Storehaugen, der 15 diskgolfentusiastar benka seg rundt stiftingsbordet, med Kjell og Håvard Mongstad i spissen. Solund Sendebrettlaug vart namnet og ei 18-korgs diskgolfbane vart fort målet. Men først vart ei 9-korgs testbane etablert rundt Solund Idrettsbana, og deretter har det liksom berre tatt heilt av. Men ærleg talt Håvard, går det verkeleg an å spele «golf» i Solund då? ––Joda, visst går det an, og kanskje til og med meir her enn andre stadar.

Eg har spelt på ganske mange baner i Norge og den nye 18-korgsbana i Solund er ei bane som står seg godt i jamføring med andre baner. Her kan vi trene oss opp mot for eksempel noregsmeisterskap, hevdar han som no studerer geofag i Oslo. Og Kjell poengterer at Solund har nokre naturlege og unike fortrinn som gjer diskgolf til ein spesiell oppleving her. ––Solund har mange naturkvalitetar som gjer at 18-korgsbana skil seg ut frå andre baner i Norge. Vi manglar kanskje nokre Oslo-tre å svinge disken rundt, men i Solund står mange andre spanande hindringar i kø før disken til slutt ramlar ned i korga, seier han. I Solund er korg og utkast gjerne plassert midt oppå ein konglomeratknoll enn ved sidan av, eller delvis skjult inn i ei revne i kystlandskapet. Bratthenget tett ved fjellsida og midt inn i ei ur av skulpturelle kjempe-konglomeratsteinar, er betre enn flate marka.

Kjell Mongstad, eldsjel og drivande kraft i Solund Sendebrettlaug. Foto: Håvard Mongstad

Frå utkastet på bane 16, «Ørne­ flóget», får du eit stort fortrinn som diskgolfar om du har studert detaljane i havørna si glideflukt. ––Det blir artig å sjå kven som klarar


SOLUNDAVISA 2016

31

www.sendebrettlauget.no

Håvard Mongstad er Solund Sendebrettlaug sin beste spelar. Her prøvar han seg med eit utkast på hòl 2 på den nye 18-hòlsbana.

Diskgolf er ein lavterskelsport. Alt du treng er eit par diskar til 150 kroner kvar. Foto: Øyvind Engevik.

Foto: Erlend Mongstad

første hole-in-one-kast frå det fjell­ platået, seier Håvard og poengterer at det som gjer Solund ekstra gøy er at her er masse med vind, fordi då handlar det om å spele på lag med vinden, ikkje kjempe imot. Men er det nokon som brukar bana då? ––Sjekk statistikken, all aktivitet er registrert på den gamle testbana. Eg trur du skal leite lenge for å finna eit slikt engasjement og aktivitet andre stader i landet, seier Kjell entusiastisk. Utifrå statistikken på heimesida finn vi ut at det kan stemme. Av eit innbyggjartal på om lag 800 personar i Solund, så har heile 100 personar tilbakelagt totalt 850 rundar medan testbana var i drift. Og på resultatlistene finn vi ei salig blanding av born, kvinner og menn. Her er det altså ikkje berre diskgolf-nerdane som let seg engasjere.

Dette viser også at diskgolf er ein lavterskelsport. Du treng maks to diskar til cirka 150 kroner kvar, så er du i full gang. Og ved å gå ein diskgolfrunde har du på ein snikande måte fått gjennomført ei god treningsøkt, utan knapt å legge merke til det sjølv. ––No har far min bevegd seg meir på eit år enn han tilsaman har bevegd seg dei siste 25 åra. Underets tid er ikkje forbi, seier Håvard med eit stort glis. Så, er draumen no realisert? ––Ja, no står der 18 gullforgylte diskgolfkorger spreidd i – og rundt – Solund Idrettspark, Draumeplassen og Kystarboretet. Der må framleis gjerast litt meir rydding, men det går godt an å bruke bana og den er til allemanns eige, bruk og forlystelse, forklarar Kjell. Det er tydeleg at Håvard har gleda seg til å ta i bruk ei ferdig bane denne sommaren, og det har vore mogeleg

takka vare masser av dugnad av Håvard og dei mange diskgolfentusiastane i Solund. ––Når eg no ser det flotte resultatet så synest eg at alt dugnadsarbeidet har vore verd kvar ei vassblemme og svetteperle. Solund Idrettslag er våre føresette, og om dei vil så skal vi snart søkje forbundet om å få arrangere pargolfNM, avsluttar han med eit smil. Dersom du ynskjer å prøve deg på ei runde på diskgolfbana i sommar kan du kjøpe diskar på Turistinformasjonen på Hardbakke. Turistinformasjonen finn du på Gjenbruket butikk og kafé på Næringsbygget.

Solund Sendebrettlaug Telefon: 908 31 711 E-post: post@sendebrettlauget.no Heimeside: www.sendebrettlauget.no Facebook: Solund Sendebrettlaug


SOLUNDAVISA 2016

32

Opninga av fotballbana på Hardbakke i 2006. Snart vert det kunstgras på bana. Foto: Tor Arne Hauge

SOLUND IDRETTSPLASS eller SOLUND IDRETTSPARK

– KVA SKAL BANA HEITE? Det er no 10 år sidan Solund idrettslag og Solund kommune opna Solund si fyrste idrettsbane i full storleik. Området rundt bana har dei siste åra utvikla seg til å verte noko meir enn berre ei idrettsbane og ting vil skje i tida som kjem. Solund kommune og Solund idrettslag jobbar no for å få lagt kunstdekke på idrettsbana, tilbod vert henta inn i desse dagar, målet er å få nytt kunstgrasdekke, friidrettsdekke og flomlysanlegg på plass i løpet av 2016. Det er og i gang arbeid for å planlegge eit idrettshus ved idrettsbana. Arkitekt Bjørn-Are Vollstad jobbar med å lage ei idéskisse med kostnadsoverlag som grunnlag for å detaljere, prosjektere og finansiere eit bruksvenleg og tilpassa idrettshus. Huset vil truleg verte om lag 300 m2 og skal innehalde garderobar, lager til idrettsutstyr, klubbhus/fellesareal/møterom/ kiosk og eit nytt styrketreningsrom om pengane strekk til. Kostnaden er ikkje klar enno, men finansieringa er tenkt løyst med spelemidlar og eit spleiselag mellom Solund idrettslag og Solund kommune. Om alt går på skinner kan idrettsbygget vere på plass i løpet av 2017–18. Idrettsplassen ligg flott til i ein tilnærma naturleg amfi inn

mot fjellet sør for Hardbakke. Området på og ved idrettsbana er i dag nytta til mange ulike aktivitetar. I tillegg til fotball og friidrett som bana var bygd for er det i dag både skatepark og diskgolfbane i området. Idrettsbana er og utgangspunktet for den mest brukte turstien i Solund, turen opp til Ramnenipa der utsikten over øyriket er formidabel. Kva skal anlegget heite? Sidan fyrste byggjesteg til idrettsbana var ferdig i 2006 har mange ulike namn vorte nytta på anlegget; Solund idrettsplass, Solund idrettsbane, Solund idrettspark, Solund fotballbane med vidare. Området er etterkvart blitt nytta til fleire og fleire ulike aktivitetar. Difor ynskjer Solund kommune og Solund idrettslag gje anlegget eit endeleg namn, som seier noko om staden, området og aktivitetane som skjer der. Vi har difor laga ein enkel og uformell namnekonkurranse på www.solund.kommune.no og www.solundil.no. Gå inn og kom med forslag til idrettsanlegget skal heite.


SOLUNDAVISA 2016

33

Leading the Blue Revolution

Globalt selskap med sterk lokal forankring www.marineharvest.com

Solund Rorbuferie AS har rorbuer på 90 m2 til leie • Møterom med plass til 30 personer • 18 fots båter med 25 HK motor • Oppstilling for begrensa antall bobiler • Flytebryggje med straum og vatn Havkroa er åpen sommersesongen, sjå åpningstider på oppslag eller heimeside. Havkroa tar imot bestilling på matlevering.

Telefon: 917 92 230/57 78 67 90 E-post: post@solundferie.no www.solundferie.no

Sulebas

Lending Rederi AS Lending Rederi as eig og driv i dag fiskebåten Sulebas. Vi er 16 ansatte og driv fiske etter makrell, sild, torsk, hyse og sei.


34 SOLUNDAVISA 2016

VI UTFØRER SKYSS OG CHARTEROPPDRAG! M/S Stjernesund 28 passasjerer, marsjfart 24 knop • mob: 977 95 989 M/S Sulejet 16 passasjerer, marsjfart 22 knop • mob: 977 99 438

PARTSREDERIET SULEJET ANS • Gåsvær, 6924 Hardbakke Tlf: 992 74 220 • E-post: tfaer@online.no • hansgasv@hotmail.com

Partsrederiet Barstein ANS

GÅSVÆR FISKEFERIE 3 utleige-eininger i restaurert bustadhus ved sjøen i særprega sjøhusmiljø. Båtutleige. Dagleg rutebåt til/frå Hardbakke. Tlf: 992 989 75 eller 992 740 99 tfaer@online.no

Ubekymra med Norges BESTE reiseforsikring Best i test fleire år på rad og rimelegast blant dei beste. Sjå pris og bestill på ssf.no/reise God tur!

VG 22.02.16

Gåsvær 6924 Hardbakke

M/S Barstein (lengde 14,99 m, bredde 5,50 m) Driver fiske etter torsk,sild og makrell i Nord-Norge og på Vestlandskysten. 3 årsverk


SOLUNDAVISA 2016

35

FRILUFTSSKULE 2016 Er du 8-11 år og har lyst å padle kajakk, gå på fjellturar, sykle, klatre, fiske samt lære om leirslagning, matlaging og andre spanande ting i naturen? Då skal du melde deg på ein (eller fleire) av Ytre Sogn Turlag sine friluftsskular i 2016! I sommar arrangerer YST totalt 4 friluftsskular i samarbeid med Berg Fritid og Norsk Kystkulturakademi. Kvar skule er 3 dagar med valfri overnatting siste natta. SKULE STAD DATOAR AKTIVITETAR Skule 1 Matre 27.–29. juni Klatring, sykling og orientering Skule 2 Solund 25.–27. juli Padling, fisking og kystlandskapsturar Skule 3 Matre 01.–03. august Klatring, sykling og orientering Skule 4 Solund 01.–03. august Padling, fisking og kystlandskapsturar

Påmelding på YST si heimeside: https://ytresogn.dnt.no. Deltakaravgifta er 850 kr. pr. barn og skule for medlemmar i YST og 950 kr for dei som ikkje er medlemmar. Tidsfrist for påmelding er 2 veker før kvar skule. Maks 16 barn pr. skule, så det er fyrste mann til mølla. Påmeldinga er bindande ved innbetaling. Deltakarane skal vere født 2005–2008. Foreldre er òg hjarteleg velkomne. YST tar for­behold om å kansellere skular dersom det er for få påmelde. Har du spørsmål? Kontakt oss på ytresognturlag@gmail.com eller tlf. 950 28 232.

Ynskjer du å bli medlem i YST og DNT? Gå inn på https://www.dnt.no/medlem.


Velkommen til

SOLUND NÆRINGSBYGG PÅ HARDBAKKE Her finn du: rekneskapskontor, bank, post, nav, tannlege, politi, naturterapi og Firda billag. Butikkar med daglegvarer, tipping, bensin, mold, bark, ved, trelast, byggevarer, fiskeutstyr, kart, kraftfòr, maling, jernvare, verktøy, kjøkkenutstyr, hage & miljø, interiør, blomster, støvler, sko, bøker, klær, souvenirar, postkort, leikar, gåveartiklar og hyggeleg personale Øybygg AS tlf.: 904 00 960 Spar Solund tlf.: 57 78 71 17 Gjenbruket tlf: 412 43 087 Turistinfo tlf.: 908 82 860 Solund rekneskap AS tlf.: 57 78 60 00 Sparebanken Sogn og Fjordane tlf.: 57 82 97 00 Solund naturterapi tlf.: 957 46 313 Rørlegger VVS Rune Berge tlf.: 48 86 59 10

Turistinformasjonen finn du på Gjenbruket i heile sommar! Trådlaust internett på Næringskaféen! Velkommen innom!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.