Page 1

SOLUNDAVISA 2015

VIDAR HOP SKYSSBÅTER  |  32

ECOMERDEN  |  10

UNGE FISKARAR  |  26

SOLUND SKULEMUSIKK  | 44


SOLUNDAVISA 2015

2

SOLUNDDAGANE 2015 FREDAG 21. AUGUST 13.00 | 18.00 14.30

open dag i steinsund Kom og opplev eit nytt og moderne gardsbruk. Det blir omvising av det nye anlegget og mjølkeroboten, mogelegheit å treffe leverandørar og barna kan helse på dyra.

12.00 | 16.00

næringslivssamling og foredrag Arrangør: Sparebanken Sogn og Fjordane Stad: Solund Grendahus Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerer, i samarbeid med Solund Næringssamskipnad og HAFS Utvikling, næringssamling i Grendahuset. Det blir foredrag, informasjon og diskusjon om nærings­utvikling i Solund.

18.00

LAURDAG 22. AUGUST

17.30

opning kunstutstilling

Kunstnarar: Åge Steinset (biletkunst), Geir S. Hjetland (skulptur) og Beate Einen (glaskunst) • Åge Steinset bur og arbeider i Florø. Han målar framfor alt landskap og har mykje kyst og hav i sine bilete. Hans verk er kjøpt inn av kommunar, fylkeskommunar, kunstmuseum og offentlege institusjonar som Norsk Kulturråd.

22.00

konsert askeladden Arrangør: Solund Sokneråd Stad: Solund kyrkje Trioen Askeladden frå Bergen har tilknyting til Solund gjennom basisten Torstein Mongstad. Bandet har spelt fleire konsertar i Solund dei siste åra, og deira singel Sjå fram vart i 2012 mykje spelt på P1, fyrst lokalt og seinare nasjonalt. Musikken er prega av eit høgt driv, stor ståhei og generelt god stemning.

konsert rita eriksen Arrangør: Solund Frivilligsentral Stad: Solund kyrkje

dans i grendahuset Arrangør: Solund Ungdomslag Stad: Solund Grendahus Bandet Fri Flyt frå Lavik i Sogn spelar eigenprodusert musikk i fjordacountry-stil.

• Beate Einen er ein svært anerkjend glaskunstnar med base på Bryggen i Bergen. Ho har hatt mange utstillingar i både inn- og utland. Einen er kanskje mest kjent for serien Elixir of Life, der fleire glasskålar er forgylla med ekte bladgull på innsida.

20.00

• Standar der bedrifter og lag informerer om sine aktivitetar. • Utdeling av Solundprisen • Kanoløp i hamna • Fotokonkurranse – utdeling av premiar • Konkurransar for store og små • Lokalmat • Eliasbåtane • Hoppetårn

Rita Eriksen vann Stjernekamp på NRK i 2012, men har lang erfaring frå musikkbransjen. Ho debuterte allereie i 1988 med albumet Back from Wonderland, og på 90-talet hadde ho stor suksess saman med broren Frank i søskenduoen Eriksen. I 2009 låg Eriksen sitt samlealbum De aller beste på fyrste plass på VG-lista i tre veker. I oktober 2014 ga Rita Eriksen ut albumet Øyeblikk, eit personleg album der ho har skrive de fleste melodiar og tekster sjølv. Singelen Der ingenting skjer blei ein suksess på radioen. Førehandsal av billettar på Turistinformasjonen.

Utstillingsperiode: 21.08.–06.09 Arrangør: Solund Kunstlag Stad: Galleri Blink, Hardbakke

• Geir S. Hjetland er frå Balestrand. Han arbeidar med skulptur i ulike materialar og har hatt mange utsmykkingsoppdrag rundt om i Norge. Utstillinga vil vere utandørs i sentrum av Hardbakke.

solunddagane opnar med marknad i hamna

SØNDAG 23. AUGUST 11.00

ramnenipa opp – familietur Arrangør: Ytre Sogn Turlag Stad: Samling og start på Solund Idrettsbana på Hardbakke Ytre Sogn Turlag arrangerer familietur opp Ramnenipa. Turen tar om lag 2 timar, inklusive pause på toppen for niste. Alle aldrar er velkomne.

Solund Bryggje i Hardbakke hamn er ope kl. 12.00–02.00 fredag til søndag. Kjøkkenet er ope 13.00–22.00.


Takk for Solundprisen 2014! Me ynskjer å få takke for Solundprisen 2014. Dette kom totalt overraskande for oss, men desto meir gledeleg. Det viser at det me jobbar med blir sett pris på i lokalsamfunnet, og det å få ein slik pris er ein stor stimulans for vidare arbeid og utvikling. Når det gjeld Steinsund Marinesenter A/S utviklar me dette gradvis og ser at me fyller eit behov som er etterspurd. Naturlegvis mest i den lyse årstid, men òg om vinteren. Det som er ekstra gledeleg er at folk som først har funne vegen hit er så udelt positive, og kjem att år etter år. Dermed blir marknadsføringa frå vår side minimal. Den avgrensar seg stort sett til å ta seg så godt av gjestene som råd. For Doris, som har to jobbar, gjev det energi å arbeide vidare med turistane når folk fortel oss at me har ei perle på jorda. For jobben er framfor alt på ei tid då dei fleste andre har ferie. Når det gjeld Steinsund Marine og kaibygginga så passer vel det gamle utrykket «alt til si tid». I 2016 har dette firmaet eksistert i 30 år. Etter å ha oppført ca. 200 kaier med smått og stort må ein nok her sjå føre seg ei gradvis nedbygging og seinare avvikling. Nok ein gong takk for prisen og me ynskjer alle næringsdrivande eit godt arbeidsår i 2015. Doris og Hallstein Steinsund Marinesenter A/S

Ynskjer du å ha stand på Solunddagane, laurdag 22. august? Kostnaden er 500 kr for bedrifter og 300 kr for lag og organisasjonar (+ mva.). I prisen inngår lån av 1 bord og 2 stolar.

KJÆRE LESAR No er tida inne for ei ny Solundavis, og snart Solunddagane, og tradisjonen tru har eg fått i oppgåve å skrive nokre ord innleiingsvis. For fjerde, og faktisk siste gong. Til hausten er det kommuneval, der fire parti stiller liste, og innbyggjarane i Solund skal få moglegheit til å velje nye politikarar inn i kommune­styret. Demokratiet fungerer i Noreg, og det er enkelt å ta for gitt. Det håpar eg at innbyggjarane i Solund ikkje gjer, og at de alle trekker til røystelokala 14. september. Kvar og ein av dykk er med på å påverke korleis Solund skal styrast dei neste fire åra. Eg har vore ordførar i snart fire år, og eg kan med tryggheit seie at eg med sjølvsyn har fått oppleve kor spanande det er å vere lokalpolitikar. Det er mykje spanande som skjer, og eg opplever at mange bedrifter er særs optimistiske for framtida. Det vert gjort og planlagt både små og store investeringar, som på ulikt vis er med på å tilretteleggje for vekst og framtidstru i lokalsamfunnet. Ei positiv utvikling i næringslivet og ei positiv utvikling i Solund heng tett saman. Difor er det viktig at vi heiar kvarandre fram, og har tru på nye initiativ. Utvikling i næringslivet har vore viktig for meg å vere med å legge til rette for. Difor er det ein viktig milepæl at Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund har gått saman for å skipe næringsutviklingsselskapet HAFS Utvikling AS, som eit dotterselskap av Lutelandet Utvikling AS. Det nye selskapet skal få ansvar for næringsfondsforvalting og næringsutviklingsarbeid i HAFSregionen. Eit spanande samarbeidsprosjekt som eg både håpar og trur at vil føre med seg ei positiv utvikling i regionen. Selskapet vil ha hovudkontor i Dale og eit avdelingskontor i Solund. Eg føler at eg har fått vore med på ei spanande tid som ordførar i Solund. Mykje er sett i gong, og meir er på planleggingsstadiet. Slutten av denne perioden og starten på neste valperiode markerer ei brytingstid i kommune-Noreg. Vi arbeider med kommunereforma, og skal innan 1. juli 2016 bestemme korleis kommunegrensene i framtida ser ut. For det nye kommunestyret og den nye ordføraren vert dette den første og største oppgåva, etter at innbyggjarane har fått sagt sitt. Uansett korleis kommunegrensene vert, så trur eg at nøkkelen for ei god utvikling av Solundsamfunnet er godt samarbeid. Eg las nyleg eit afrikansk ordtak som sa at «Mange små menneske som på mange små stadar gjer mange små ting, kan forandre verda.». Slik ser eg føre meg Solund i praksis. Mange menneske som arbeider med sine prosjekt, store eller små, og som i sum forandrar og utviklar Solund. Skal vi få det til, så må vi heie på kvarandre. Med dei orda vil eg ynskje dykk hjarteleg velkomne til Solunddagane, der de i praksis vil sjå eit samfunn som heiar på kvarandre!

Ta kontakt med Mark Elvevåg på info@solundavisa.no eller tlf. 950 28 232 for meir informasjon og booking av stand.

Solundavisa er produsert av Solund Næringssamskipnad. Alle tekstar og bilete er laga av Mark Elvevåg dersom ikkje anna er opplyst.

Ole Gunnar Krakhellen Ordførar Solund kommune

SOLUNDAVISA 2015

3


Solund kommune

KOMMUNEREFORMA

I tillegg har Solund, i samarbeid med ni andre øykommunar, fått utgreidd kva konsekvensar ei kommunesamanslåing vil få for øykommunane. Her er det også kartlagt ein del om innbyg­g jar­ane i Solund sine haldningar til kommunereform. De finn lenkje til rapporten på kom­munen si heimeside.

Lokal organisering

Solund formannskap er styringsgruppe, og det er sett ned ei lokal administrativ arbeidsgruppe der administrasjons­sjefen er leiar. I tillegg er gruppa representert ved representantar frå, oppvekst, helse og omsorg, plan og utvikling og tillitsvald. Formannskapet har fastsett at forhandlingsutval frå Solund i HAFSregionen er ordførar, administrasjonssjef og formannskapsrepresentant Linne Lending. Sameleis har formannskapet fastsett at forhandlingsutval for dei to

2020

2019

2017

2018

2017

2016 4

4

2016 3

3

2016 2

2017

2016 1

2

2015 4

2017

2015 3

1

2015 2

Kvartal og årstall

2015

Framdrisplan kommunereformarbeid i Solund kommune

1

Som dei fleste nok er kjende med så har Stortinget bestemt at alle kommunar i landet skal vurdere kva som er ei føremålstenleg organisering av kommuneNoreg i framtida. Målet med reforma er formulert slik frå regjeringa: «Måla for reforma er gode og likeverdige tenester til innbyggjarane, ei heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, kommunar som er bærekraftige og økonomisk robuste, og eit styrka lokaldemokrati.». Som ei oppfylging av Stortinget sitt vedtak har Solund kommune vedteke å gjennomføre utgreiing av fleire alternativ for ei eventuell kommunereform. Dette betyr at Solund kommune jobbar med å utgreie fylgjande alternativ: • Ein ny kommune beståande av fire HAFS-kommunar (Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund). • Ein ny kommune beståande av Solund, Gulen og Masfjorden. Modalen har også signalisert at dei ynskjer å vere med på å utgreie dette alternativet • Ein ny kommune beståande av Nordhordland (med unntak av Osterøy), pluss Gulen og Solund.

2014

Bakgrunn og utgreiingsalternativ

4

SOLUNDAVISA 2015

4

Vedtak om utgreiing og organisering av arbeidet (oktober) Utarbeiding av prosessorganisering (desember) Utgreing , lokal prosess, høyre befolkninga Vedtak i kommunestyret Oppsummering og vurdering av lokal prosess ved FM Vedtak om ny kommunestruktur i Stortinget Etablering av nye kommunar

sørgåande alternativa er ordførar, varaordførar, administrasjonssjef og formannskapsrepresentant Tom Færøy.

Framdrifta for kommunereformarbeidet

Regjeringa har bestemt at alle kom­munar skal ta stilling til framtidig kommune­struktur innan 1.7.2016. I tida framover vert det difor arbeidd med dei ulike alternativa. Ein er så langt komme lengst med HAFS-alternativet, og her finst ein ferdig framforhandla intensjonsavtale som syner kva dei fire kommunane legg til grunn dersom dei sler seg saman. Denne skal Solund kommunestyre handsame i møte 11.06.15. I dei to andre alternativa skal ein slik intensjonsavtale vere klar seinast januar 2016. Når alternativa er utgreidde skal innbyggjarane høyrast før kommunestyret tek stilling i juni 2016. Etter lokale vedtak skal Fylkesmannen oppsummere og vurdere dei lokale prosessane innan desember 2016. Stortinget vil fastsette dei nye kommunane innan juni 2017, og etableringa av dei nye kommunane skjer frå 1.1.2020.

Innbyggjarinvolvering

Solund kommune informerer om kommune­reformarbeidet på heim­ sida www.solund.kommune.no, under eit eige område som heiter «Kommunereform». Her samlar ein informasjon og oppdateringar om

alle alternativa. I tillegg har ein hatt eitt ope folkemøte, og ein vil ha fleire opne møter utover i prosessen. Det er viktig for Solund kommune at innbyggjarane engasjerer seg i dette, og på heimesida finn de informasjon om kontaktmoglegheiter. Det er også nedfelt i lov at innbyggjarane skal høyrast før kommunestyret konkluderer på framtidas kommune­ struktur. Det er ikkje spesifisert korleis dette skal gjerast, og Solund kommunestyre må difor finne eit godt alternativ før juni 2016. To mykje brukte alternativ er folkeavrøysting og innbyggjarunder­søkingar gjennomført som telefon­intervju. Arbeidet med kommunereform er eit krevjande arbeid som tek tid både poli­tisk og administrativt. Det er også det viktigaste arbeidet som skjer for tida, då det tek stilling til korleis Solund skal organiserast i framtida; som ein sjølvstendig kommune, eller som ein samanslegen kommune etter eit av dei tre utgreidde alternativa. Vi håpar at dette er spørsmål som opptek innbyggjarane i Solund, og at de tek del i prosessen, anten ved å vere med på opne møter eller ta direkte kontakt viss de har spørsmål eller inn­spel. Ole Gunnar Krakhellen, Ordførar Erik Askeland, Administrasjonssjef


Lokal utviklingsstrategi STRATEGI BASERT PÅ INNOVASJON VED KYSTEN Innovative miljø knytt til sjøen og kystlandskapet er Solund sitt fortrinn. Dette skal no kommuniserast ut for å synleggjere mogelegheitene i kommunen. Solund kommune har det siste året vore gjennom ein utviklingsprosess saman med representantar frå næringsliv og frivillig sektor. Innovative tiltak som blir lyfta fram i prosessen er blant anna skyting av lakselus med laser, dyrking av tare, utvikling av batteridriven ferje, satsing på kulturell og historisk kystkultur, samt samarbeidsmodeller for matproduksjon kopla til vedlikehald av landskapet. – Vi har eit breitt og innovativt næringsliv som tenker nytt og satsar på nye idear. Og vi har ein frivillig sektor som er med å legg til rette for ein aktiv

fritid. Alt er med å bidra til dei unike mogelegheitene som finst i Solund , seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen.

Bruk av eksisterande ressursar

I arbeidet med utviklingsstrategien har arbeidsgruppa kartlagt eksisterande resursar og verdiar og brukt dei som grunnlag for ein «posisjon» som skal fungere som eit rettesnøre for framtidig utviklingsarbeid. Posisjonen som er vedtatt av kommunestyre er «Kva meir kan vi skape frå det sjøen og kystlandskapet gir oss?» – Vi er nødt til å konkretisere tiltak og målgrupper for å få framdrift, og vi ser at der er behov for å kommunisere betre for å syne potensiala i Solund. Her finst mogelegheiter for nyetablering, og bedrifter som ynskjer å finne kreative samarbeidspartnar burde sjå på Solund, seier Krakhellen.

HAFS UTVIKLING NY UTVIKLINGSORGANISASJON I HAFS-REGIONEN Etter drøftingar i HAFS Regionråd i 2011, vart det semje om å sjå på moglegheitene for å etablere eit felles utviklingsselskap i HAFSregionen. Bakgrunnen var at ein såg at ein hadde mange aktørar innan næringsutvikling som var små kvar for seg, men som samla sett utgjorde ganske store ressursar.

Det har vore gjennomført ein forstudie og eit forprosjekt. Forstudien konkluderte at det ikkje var naturleg at Gulen var med i ei slik etablering, men dei fire andre kommunane, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, kunne gå vidare. Forprosjektet enda med at dei fire næringsorganisasjonane i desse kommunane og kommunestyra gjekk inn for å etablere eit nytt utviklingsselskap som overtek arbeidsoppgåver og tilsette frå dei eksisterande organisasjonane.

Visjon og mål

Utviklingsstrategien har òg ein visjon og ulike delmål. Ein utfordring for kommunen er at ungdomar må flytte andre stadar for å gå på vidaregåande skule, og at mange ikkje flyttar heimatt i vaksen alder. Difor har strategien som visjon at Solund skal vere «i dei unge sine framtidsplanar». – Vi ynskjer å synleggjere at Solund er ein stad med flotte bukvalitetar, interessante arbeidsmogelegheiter og at her er eit fritidstilbod som er mykje større enn kva mange trur. Solund er ein stad der ein kan ha ein høg livskvalitet og det må synast, seier Krakhellen. Meir informasjon om utviklingsstrategien finn du på www.solund.kommune.no.

I Solund skal det etablerast ein node, eller eit avdelingskontor, med ein tilsett. Den som vert tilsett i Solund vil ha arbeidsoppgåver både i Solund og i HAFS-regionen elles. Kontoret vert lokalisert på Solund Verft sitt område. Som dagleg leiar for det nyskipa selskapet er Anders Lien frå Askvoll tilsett. Han kjem frå stillinga som administrerande direktør i Maritime Montering AS, og har brei næringsbakgrunn. Han byrja i stillinga 1.juni 2015. Styret er samansett av dei fire ordførarane og ein frå næringslivet i kvar kommune. Frå Solund er det Rolf Eide som representerer næringslivet. Styreleiar er Terje Bjaanes frå Askvoll. Den viktigaste oppgåva til det nye selskapet i oppstartsfasen er å få utarbeidd ein strategiplan for selskapet og utviklinga av HAFS-regionen.

SOLUNDAVISA 2015

5


SOLUNDAVISA 2015

6 fakta om breiband i solund Fiber

Private kundar kan få frå 35 til 500 MB per sekund. Eit abonnement inkluderer IP-telefon, breiband og tv (minimum 20 kanalar). Kundar kan flytte over sitt telefonnummer frå fast telefon til breibandstelefon.

Breiband

Etableringskostnaden er 6 000 kr, men for å realisere ein del prosjekt er det aktuelt å krevje eit innbyggartilskot i tillegg til etablerings­kostnad.

Mobilt breiband

Telenor leverer 4G på Hersvik og Strand. Du må ha ein mobiltelefon som er kompatibel med 4G.

Solund surfar inn i framtida Utbygginga av breiband er i full gang i Solund. I løpet av dei neste to åra vil forhåpentlegvis 80 prosent av husstandane i Solund surfe med opp til 30 MB per sekund. Solund kommune arbeidar med tre ulike breibandsprosjekt. Ein fiberkabel skal leggjast frå Hardbakke til Hop, Solund Verft, Pollen og Eide. Ein annan kabel skal leggjast frå Hardbakke til søre delen av Ytre Solund. I tillegg har Solund kommune sendt inn ein søknad om offentleg tilskot til eit breibandsprosjekt til Ytrøy og Lundøy. – Denne satsinga er veldig positiv og skapar heilt nye mogelegheiter for både næringslivet og innbyggjarane i Solund. No kan ein til dømes ha kontor i Solund og arbeide mot hovudkontor og kundar andre stadar, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen.

Hardbakke til Eide

Å leggje fiberkablar er dyrt. Den største utfordringa har difor vore økonomien, ettersom der er relativt få abonnentar i Solund. Det offentlege investerer om lag 5,6 millionar kroner for å realisere prosjektet frå Hardbakke til Ytre Solund. Av denne summen står Solund kom­mune for 920 000 kroner. I tillegg støttar fylkeskommunen og Nkom. – Breibandsutviklinga fekk fart i 2009 då kapasiteten på Ulvegreina-stasjonen

vart sprengd, som gjorde at Telenor la fiberkabel over Sognesjøen. Då kunne vi byrja å jobbe med alle desse prosjekta som vi no er i gang med, seier Gøsta Odéen som er prosjektansvarleg i Solund kommune. Enivest vann anbodet for å leggje kabelen frå Hardbakke til Eide. Dei vil bruke eksisterande el-stolpar så langt som mogeleg, men mykje av fiber­ kablane må likevel leggjast i grøft.

Ytre Solund

Enivest skal òg ha ansvaret for utbygginga frå Hardbakke til søre delen av Solund. Planen er at heile dette prosjektet skal vere ferdig i 2016. – Investeringa i fiber frå Hjønnevåg til Kolgrov vert finansiert blant anna gjennom den nye eigedomsskatten som Solund kommune etablerte frå 2015. Utan den hadde vi ikkje fått til dette prosjektet, seier Krakhellen. For å bygge linja frå Kolgrov til Nåra er ein dessutan avhengig av at alle abonnentar betalar eit tilskot. Det tredje og siste prosjektet er å etablere høghastigheits-breiband til Ytrøy og Lundøy på nord-sida av

Ytre Solund. Ein søknad vart levert til fylkeskommunen i mai 2015, og dersom søknaden vert tilrådd vil prosjektet vere ferdig i 2017. Solund har fått ein stor del av fylket sine breibandsmidlar dei siste to åra. I 2014 fekk Sogn og Fjordane heile 25 prosent av dei nasjonale midlane for breibandsmidlane, og Solund fekk 10 prosent av desse. – Søknad om breibandsmidlar til Ytrøy og Lundøy-prosjektet er tilrådd frå fylket, men vi får det endelege svaret frå Nkom i september eller oktober, seier Odéen.

Mobilt breiband

Tilgang til breiband skjer ikkje berre gjennom nye fiberprosjekt. I 2014 etablerte Telenor, i samarbeid med Solund kommune, to mobilstasjonar med 4G på Hersvik og Strand. Dei nye fiberkablane i Ytre Solund gjev operatørar mogelegheita å oppgradere 2G-stasjonar til 4G til ein rimelegare kostnad, men når det skjer er framleis usikkert. – Dersom vi får tilsegn på søknaden om breiband til Ytrøy og Lundøy, eller om Telenor oppgraderer sine tre resterande mobilstasjonar til 4G, så vil 80-85 prosent av husstandane i Solund ha over 30 MB/sekund ved ideelle forhold, seier Krakhellen.


7

Menneske og leiarskap for framtida

Breiband som skapar verdiar i fylket I FEMTEN ÅR har vi jobba for gode internettløysingar i Sogn og Fjordane.

MÅLET har vore å skape ein enklare kvardag for innbyggarane, samtidig som vi har støtta kultur og idrett, skapt lokale arbeidsplassar og lagt til rette for ei teknologisk utvikling i distrikta. Ta kontakt med våre kontor: Førde: Jan Flølo eller Kjetil Myrland Sogndal: Harald Mo Florø/Måløy: Jan Ove Helle Stryn/Eid: Ingvill Flo For spørsmål om skatt og forretningsjuridisk bistand, kontakt Gunnar Bøyum

PwC kompetansesenteret med omlag 40 tilsette på revisjon og rådgjevning i Sogn og Fjordane. Sjå pwc.no eller ring vårt sentralbord på telefon 02316 for nærmare informasjon.

© 2011 PwC. Med enerett. I dette dokumentet refererer ”PwC” seg til PricewaterhouseCoopers AS, Advokatfirmaet PricewaterhouseCoopers AS og PricewaterhouseCoopers Skatterådgivere AS som alle er separate juridiske enheter, og uavhengige medlemsfirmaer i PricewaterhouseCoopers International Limited.

BYTT TIL DIN LOKALE LEVERANDØR så tek du del i verdiskapinga i fylket.

Lokalt breiband – Lokale verdiar

57 00 91 00 | enivest.no

SOLUNDAVISA 2015

www.pwc.no


SOLUNDAVISA 2015

8

Hortimare – innovativ taredyrking Hortimare ligg i framkant i arbeidet med taredyrking og i mai hausta bedrifta si fyrste store avling. Haustinga i Solund syner potensialet i næringa og no satsar Hortimare på å auke produksjonen og samtidig skape lokale arbeidsplassar. – Vi har nettopp hausta 8 tonn våt tare på lokaliteten Fureholmen ved Hopsosen. No skal vi bruke denne for å vidareutvikle produkta, seier entreprenør og deleigar i Hortimare Job Schipper.

Byrja med ferie

I 2007 var Schipper på ferie i Noreg. Nederlendaren vart fascinert av taren som han fann overalt, og med over 20 år arbeidserfaring frå utvikling av planter (hortikultur) såg han potensialet til å dyrke tare langs Noregs kyst. – Vatnet er ideelt fordi det er reint og beskytta av fjordar, og dessutan finst det ei stor havbruknæring som ein kan samarbeide med, fortel Schipper. Hortimare vart skipa i 2008 og to år seinare etablerte bedrifta samarbeid med Sulefisk og Salmon Group. Prosjektet Integrert Akvakultur har bl.a. fått støtte av Innovasjon Norge, Marint Verdiskapingsfond i Sogn og Fjordane og EU. Målet har vore å legge grunnlaget for dyrking av tare i nærleik til oppdrettslokalitetar, for å på den måten nytte gjødslinga som skjer i fiskemerdane. – Taren nyttar seg av restnæringsstoff frå fordøytt laksefôr og laksen sine ekskrement. Dette er ein ressurs som elles går til spill. Gjennom å ha tare i nærleiken av anlegga våre får vi til gjengjeld ein effektiv reinskingsprosess, minimere utslipp og fører til en meir berekraftig lakseproduksjon. Dessutan

produserer taren oksygen og bidrar til auka mangfald i sjøen. Slik kan vi få til meir biologisk stabilitet i område rundt lokalitetane forklarar Sulefisk sin dagleg leiar Michael Niesar.

Optimaliserer produktet

Hortimare sitt samarbeid med Sulefisk og Salmon Group har vore viktig for utviklinga av bedrifta. Gjennom prosjektet har dei fått mogelegheit å lære om effektive dyrkingsmetodar samt finne tekniske løysingar for utsetting og hausting. – Vi har eit to hektar stort anlegg i Hopsosen der vi blant anna har prøvd ut ei ny type flyteanlegg som ligg lågt i vatnet og knapt kan sjåast på avstand. I tillegg har vi utvikla vår eiga haustemaskin, fortel Schipper. For å skape eit produkt av høg kvalitet, prøver bedrifta å optimalisere taren sine eigenskaper. Dette inneber å dyrke fram tare som veks effektivt og har enno større proteininnhald. Taren blir bl.a. brukt i den farmasøytiske industrien og som mat for både menneske og dyr. Proteinet kan til dømes brukast som fôr til lokale fiskeoppdrett.

Veks fort

Hortimare har ikkje som mål å sjølv drive med taredyrking i stor skala. I staden er bedriftsideen å selje stiklingar av høg kvalitet til tareoppdrett i heile Noreg. Ein utfordring for Hortimare er mangel på infrastruktur i tarenæringa i Europa, og Hortimare må difor bidra til å leggje til rette for etablering av tareoppdrett samt distribusjons- og salskanalar. – Taredyrking er ei stor næring i framfor alt Asia, men her i Europa er det ikkje utvikla på same måte. Vi støttar dei som ynskjer å etablere seg, og bidrar med kunnskap og råd om alt frå dyrkingmetoder til salsløysingar, fortel Schipper. Finansieringa har òg vore ein utfordring, men i år har ei nederlandsk fiskeribedrift investert i Hortimare og sikra drifta framover. Finansieringa har bidrege til å tilsetje Reinier van den Biggelaar som dagleg leiar, og Job Schipper er no teknisk rådgjevar. Bedrifta har totalt 9 tilsette og nyleg etablerte Hortimare ei forskingsavdeling i Nederland med 3 forskarar/teknikarar. – Det er gledeleg med den nye investeringa for den gjev kontinuitet, og no kan vi fokusere på å vidareutvikle

Annelous Oerbekke arbeidar med å hauste tare på Fureholmen i Sopsosen. Foto: Hortimare.


SOLUNDAVISA 2015

9

Hortimare har utvikla sin eigen haustemaskin. Foto: Hortimare.

produkta, vekse som bedrift og fortsette utvikle næringa saman med entreprenørar og investorar, seier Schipper.

Solund kan bli sentrum

I dag dyrkar Hortimare fram stiklingar i lokale på Kverhella, men tida er inne for å finne større lokale. Bedrifta er i kontakt med Solund Verft om å etablere seg på Solneset. Dette vil likevel ikkje vere nok for å dekke Hortimare sitt behov i framtida. – Vi har allereie eit anlegg i Nederland og eit på Færøyane, men no veks vi fort,

og grunna logistikk må vi difor etablere produksjonslokalar også på andre stadar i Noreg. Men Solund vil framleis vere vår base i Noreg, seier Schipper. Hortimare har hatt ein person tilsett i 20 prosent stilling i Solund det siste året. Når produksjonen no aukar vil også behovet for meir personale auke. – Vi søkjer etter ein operativ leiar samt personell for ulike oppgåver på både sjø og land. I tillegg er der behov for ekstra personell når vi skal hauste, seier Schipper. Samtidig som Hortimare ser på

produksjonsanlegg også utanfor Solund er Schipper sikker på at Solund har ein gylden mogelegheit å etablere seg som eit sentrum for taredyrking. – Solund har ein perfekt geografisk plassering og her er reint vatn, aktive fiskeoppdrett og eit verft som kan tilby all mogeleg teknisk service. Gjennom å tiltrekke denne type forskingsprosjekt til kommunen bygger ein kunnskap og skapar eit miljø som andre òg ynskjer å ta del av, seier Schipper. Meir info på www.hortimare.com.


SOLUNDAVISA 2015

10

ECOMERDEN

ENDELEG PÅ SJØEN Etter fem år og ein utviklingskostnad på kring 20 millionar kroner, er Ecomerden endeleg på plass i Solund. Teknologien fører an for framtidas oppdrettsnæring. Tekst: Øyvind Kråkås

Konseptet Ecomerden vart til i samarbeid mellom Jostein Kråkås ved Sulefisk og sivilingeniør Jan Erik Kyrkjebø. Ideen var å byggje eit lukka anlegg som kan flyte i sjø, med ei stålramme som held ein lukka presenning utspilt i sjøen. Frisk sjø vert pumpa inn frå djupet og filtrert ut att i botnen. Doble sikringar hindrar uynskte element inn i anlegget eller røming av fisk ut av anlegget. – Då ideen om Ecomerden vart fødd, var det lite offentleg diskusjon om lukka merdar og resistent lakselus. Likevel såg vi særlege biologiske fordelar med produksjon av halvvaksen laks i lukka merd allereie på denne tida. Jostein og Jan Erik var dei rette personane på rett plass når det gjeld den tekniske utviklinga av prosjektet, og også med omsyn til viljen til å satse og investere tungt i det, seier Michael Niesar, dagleg leiar ved Sulefisk.

har brukt lengre tid enn planlagt på å kome dit ein er i dag. – Når ein no ser den ferdige flytekragen til Ecomerden saman med integrert duk og partikkelskiljar, blir det forståeleg at dette prosjektet tok lenger tid å utvikle, og at alt er godt gjennomtenkt til den minste detalj. Jan Erik Kyrkjebø er kanskje i ferd med å levere sitt meisterstykkje.

Gir laksen ein beskytta oppvekst

Lokalt og internasjonalt

Ideen er at laksen skal setjast ut i Ecomerden når han blir smolt, det vil seie når han er klar for overgangen frå ferskvatn til sjø. Miljøet i merden vil beskytte han mot smitte av lakselus og sjukdomar frå omgjevnadane. Dette vil gje ein robust og vekstviljug fisk som kan setjast ut i opne merdar når han når om lag 1 kilo storleik. – Før utsett av fisk skal alle tekniske løysingar på Ecomerden testast omfattande, slik at vi kan utelukke eventuelle risikomoment for fisken si velferd. Vidare skal vi evaluere både teknisk drift og fiskens prestasjon fortløpande, seier Michael Niesar. Han viser forståing for at prosjektet

Sulefisk sin Ecomerd som blir transportert til Solund i juni 2015. Foto: Ecomerden.

Det er selskapet Ecomerden AS som eig teknologien og første utgåva av denne lukka merda. Selskapet er registrert i Solund, og vert leia av oppfinnaren sjølv, Jan Erik Kyrkjebø. Sulefisk AS og tidlegare leiar Jostein Kråkås har vore sentrale i utvikling og realisering av ideen. No blir selskapet dei fyrste som tek den i bruk. Stålarbeidet på merden er gjort på Filipinane, den tette, fleksible duken er utvikla i samarbeid med Serge Ferrari i Frankrike. Samanstillinga av anlegget vart gjort på Noryards sitt verft på Laksevåg i Bergen, medan HAFS-Elektro har levert og montert elektriske komponentar. Ei rekke norske firma har levert utstyr til merden.

– Når vi skal levere fleire anlegg, ynskjer vi å bruke norske verft heile vegen. Vi merkar at ledig kapasitet ryddar vegen for det, seier Jan Erik Kyrkjebø. Meir info på www.ecomerden.no.

Jan Erik Kyrkjebø (t.h.) fortel Arild Hagenes på Salmon Group om Ecomerden. Foto: Ecomerden.


SOL SMOLT AS

SULEFISK

Klekkeri og smoltanlegg

Landbase og administrasjon

på Gylta

❍ ❍ ❍ SULEFISK AS Juvik

Produksjon av laks

● ●

SULEFISK AS

Kvernhusvika

Produksjon av laks

SULEFISK AS

Kråkenes

❍ SULEFISK AS

Produksjon av laks

Fureholmen

Produksjon av laks og sukkertare fra Hortimare AS

6924 Hardbakke // Dagleg Leiar: Michael Niesar // Tlf.: 57 78 69 33 // post@sulefisk.no

Velkommen til vår Sommarbutikk!

To t a l l e v e r a n d ø r

- Fra planlegging til utsetting -

• Servicestasjoner - Måløy - Solund - Svolvær

I butikken vår finn du: • Utstyr til garn-, krok- og teinefiske • Klede til yrkes- og fritidsbruk • Jernvare -og mykje anna

Vi anbefalar deg å ta turen til idylliske Værøyhamna i sommar! I tillegg til oss, finn du naboen vår Værlandet Gjestehamn. Der kan du kjøpe deg god mat og drikke. NB! Vi har planar om å delta på Solunddagen.

Opningstidene i heile juli: mån-lør kl 12:00-15:00 Værlandet Fiskeredskap AS 6986 VÆRLANDET Tlf: 57731299 www.vaerlandetfiskeredskap.no

• Nye oppdrettsposer - Håndsydde poser • Fuglenett

Ta kontakt med en av oss på oppdrettsavdelingen: • Odd Furenes - Avdelingsleder oppdrett Telefon: 91 12 77 14 • Trond Lillebø - Produksjonsansvarlig Telefon: 91 78 00 51 • Kjetil Holvik - Beregningsansvarlig Telefon: 91 55 59 17 • Tor Andrè Kandal - Selger oppdrett Telefon: 92 25 09 47 • Terje Halnes - Formann service Måløy Telefon: 48 22 13 96 • Svein J. Utvær - Avd. leder Solund Telefon: 41 73 98 95 • Steinar Hansen - Oppdrett Svolvær Telefon: 91 59 99 08 • Suad Besirovic - Formann oppdrett Telefon: 99 43 14 72 Selstad AS Postboks 163 6700 Måløy

Tlf: 57 85 25 00 Fax: 57 85 25 25 E-mail: selstad@selstad.no

• Orkastnot • Dødfiskopptaker • Fortøyning - Styrkeberegning - Dimensjonering Databaser - Selstadlogg - Oppdrettspose

www.selstad.no

SOLUNDAVISA 2015

11


SOLUNDAVISA 2015

12

HAFS ELEKTRO & RØR AS

Ny dagleg leiar med visjonar I mai 2015 tilsette HAFS Elektro & Rør ny dagleg leiar. Sigvar Giil skal dei komande åra gjere den regionale bedrifta endå meir kvalitetog kundefokusert enn i dag. Samtidig skal bedrifta bli ein totalleverandør innanfor elektro og VVS. HAFS Elektro AS vart i 2012 fusjonert med Wergeland Elektro & VVS AS, og namnet vart då endra til HAFS Elektro & Rør AS. Bedrifta har i dag 34 tilsette med hovudkontor i Hyllestad. I tillegg er der avdelingskontor i Solund og Gulen. I Solund arbeider åtte personar og avdelinga har kontor på Solund Verft, som òg er HAFS Elektro & Rør sin største kunde. – Eit av måla med samanslåinga var å kunne levere totalpakkar, og difor vil vi satse meir på VVS-delen framover. Vi ynskjer òg å tilby framtidsretta løysingar innanfor til dømes lys og varmestyring, seier Giil.

Dagleg leiar med brei erfaring

HAFS Elektro & Rør sin nye dagleg leiar er utdanna elektriker og elektroingeniør med fokus på det maritime miljøet. Etter utdanninga arbeidde Giil bl.a. på cruiseship og på Rolls-Royce Engines i Bergen, før han i 2003 flytta heim til Hyllestad. Der var han med å byggje opp det på den tida nystarta Havyard Elektro, og dei siste åra har han arbeida som kvalitetssjef på Havyard Ship Technology. – Det skal bli spanande å leie ein litt mindre organisasjon der beslutningsprosessane blir enklare og raskare. Eg ser det som svært positivt at der er endringsvilje i organisasjonen og eit ynskje å forbetre seg, seier Giil. Rolf Eide er deleigar og avdelingsleiar i Solund, og han trur at Giil er den rette personen å leie bedrifta inn i framtida.

Sigvar Giil (t.v.) og Rolf Eide.

– Han er veldig godt kvalifisert og sit med erfaring innanfor mykje av det vi arbeidar med. Framfor alt har han god teknisk kompetanse og tydelege visjonar, seier Eide.

Kvalitet- og kundefokusert

Ein av Giil sine visjonar er at HAFS Elektro & Rør skal bli endå meir kvalitetog kundefokusert. Gjennom å vidareutvikla kvalitetssikringssystemet kan både varer og tenester bli levert meir effektivt til kundane. – Vi har alltid hatt eit fokus på å forbetre produkta vi leverer, men den jobben kan intensiverast ennå meir. Med eit bra system kan vi til dømes bli meir effektive og levere på kortare tid, seier Giil. I høve Giil ønskjer bedrifta dessutan auke fokuset på kundane gjennom å bli meir pro-aktive. – Vi må strekkje oss lengre for å gje råd også når kundane ikkje veit at dei treng det. På den måten kan vi bidra med vår kunnskap for å gjere våre kundar betre, forklarar han.

– Det er viktig å vere oppmerksam på at det ligg mange mogelegheiter også i yrkesfagleg utdanning. Vi har heile tida 7–8 lærlingar og dei arbeidar med mange spanande oppgåver, seier Giil. HAFS Elektro & Rør satsar mykje resursar på dei tilsette. For å auke kompetansen vidareutdannar bedrifta personalen i bl.a. termografering og automatikerfag. Slike satsingar bidrar til å gjere at bedrifta kan levere endå betre kvalitet og samtidig auke kundefokuset. Meir info på www.hafs-elektro.no.

Kontinuerleg rekruttering

For å kunne vidareutvikla HAFS Elektro & Rør er bedrifta avhengig av kontinuer­ leg tilgang til nye tllsette. Giil påpeikar at ungdom som likar teknikk, matematikk og struktur bør sjå nærmare på elektrofaget.

Jacek Bukowski (t.v.) og Daniel Jamal diskuterer koplingspunkt for ein sidepropell.


SOLUNDAVISA 2015

13

EL-HYBRIDMOTOR

FRAMTIDSRETTA UTVIKLING I Solund finst eit miljø for å drive med framtidsretta utvikling innanfor dei marine og maritime næringane. No satsar Solund Verft, HAFS Elektro & Rør og MENG på å utvikle eit hybridbasert framdriftsanlegg for servicebåtar. I 2013 bygde Solund Verft bilferja MF Hisarøy, den fyrste batteridrivne ferja i Noreg. No vidarefører Solund Verft prosjektet med mål om å utvikle eit framdriftsanlegg som reduserer klimautslipp med 20 til 40 prosent samanlikna med dagens løysningar. – Der er stort potensiale for å redusere utslipp i marin sektor. Til dømes ureinar riksvegferjene meir enn alle bilar i Noreg samla, seier dagleg leiar på Solund Verft Svein-Tore Eide. Den nye satsinga starta som eit forprosjekt i januar 2015 og Solund Verft er i dialog med eit rederi om å levere ein prototype i løpet av 2016. Målet med forprosjektet er å utvikle løysningar som passar ulike typar båtar og som kan seljast til fleire i framtida.

fokuserer på ein hybridløysing som framfor alt skal brukast til servicebåtar utifrå kjente driftsmønster. – Båten skal ha eit dieselelektrisk anlegg med elektromotorar til framdrift, det vil sei den har framleis dieselmotor, men i tillegg blir det montert inn batteripakkar med styringssystem som blir lada opp av el-kraft frå land og generatorar ombord. Ved å supplere eit dieselelektrisk anlegg med batteripakkar får ein eit hybridanlegg der ein kan optimalisere drifta av dieselmotorane. I tillegg kan ein lade opp med reinare og rimelegare kraft frå el-nettet når båten ligg ved basen. Ved hjelp av automatikk vil dieselmotorane berre gå når det er trong for meir effekt enn det batteripakkane kan levere. Når batteriet er blitt lada opp og effektbehovet er redusert, koplar automatikken over på batteridrift. Dette kan vere når båten ligg stille ved til dømes ei merd, eller berre skal bevege seg korte avstandar. – Tilsvarande løysingar har gjeve opp til 30 % drivstoffinnsparing for andre typar drifter, fortel Rolf Eide.

Ingen standardløysing

Viktig med rekruttering

Der er få hybridløysningar for båtar på marknaden og såleis ikkje noko standardløysing for korleis slike motorar skal fungere. Rolf Eide på HAFS Elektro & Rør er ansvarleg for elektrodelen i prosjektet og han forklarar at dei

Å utvikle hybridløysningar er eit nytt fag for både Solund Verft og HAFS Elektro& Rør, og difor har dei satsa på å rekruttere nytt personale. Asbjørn Helgi Arnason byrja på Solund Verft i mai etter at Solund Verft deltok på ein

Rolf Eide (t.v.) og Svein-Tore Eide

Asbjørn Helgi Arnason.

rekrutteringsmesse på Island. – For 10 år sidan var slike hybridløysingar nærmast utenkjelig for bruk ombord i båtar, men utviklinga går fort. Fordelen med å bruke denne løysinga på servicebåtar er at effektbehovet over tid ikkje er så stort, og såleis treng ein ikkje store batteripakkar, seier Arnason. På grunn av større etterspørsel etter el-bilar har batteriteknologien vorte mykje forbetra dei seinare åra. Kostnadane ved batteri har dessutan blitt redusert med 4-5 gonger, og ytterlegare prisreduksjon er å venta. Likeins har batterikvaliteten òg blitt utvikla. – I framtida vil hybridløysingar vere heilt vanleg for ulike typar framdriftsløyningar for båtar. Mindre fiskebåtar, som berre er ute ein dag, vil difor òg bli ei viktig målgruppe, fortel Arnason. Les meir på www.solundverft.no og www.hafs-elektro.no.


SOLUNDAVISA 2015

14

Lending Båtbyggeri produserer båtar som ikkje kan søkkast

Det byrja med eit ynskje om å byggje sin eigen båt. I dag har Øystein Lending ei bedrift med tre tilsette. Og framover kan det bli endå fleire ettersom Lending Båtbyggeri no er eksklusiv produsent av Kloster Patrol-båtar. – Kloster Patrol er ein av dei sikraste båtane du kan kjøpe. Den kan rett og slett ikkje søkke, seier Øystein.

Kloster Patrol er dessutan den einaste båten i sin klasse som leverast med fast aksel, noko som gjer at båten er

Fleire fordeler

Kloster Patrol er utvikla av Magnar Reigstad frå Halsnøy i Sunnhordland. Gjennom vener kom han i kontakt med Øystein og i 2010 starta deira samarbeid. Frå 2013 har Lending Båtbyggeri hatt rettane til bygging av alle dei ulike Kloster Patrol-modellane. – Kloster Patrol er utvikla for å brukast som arbeidsbåt, til dømes som taxibåt og innanfor oppdrettsnæringa, og modellane kan tilpassast kvar enkelt kunde. Men sjølvsagt passar båtane like bra til privatpersonar som ynskjer seg ein sikker båt, seier Øystein. Grunnen til sikkerheita er at mellomrommet mellom innerskrog og ytterskrog er fyllt med skum. I tillegg er båten også selvopprettande.

Øystein Lending utanfor båthallen i Lending.

mykje meir driftssikker og treng mindre vedlikehald enn båtar med drev. Dette er særleg viktig langt nord der dreva ofte er veldig utsette på grunn av is.

Sikker i storm

Å finne kundar til dei fyrste båtane er det vanskelegaste, men Øystein og Magnar har fått fleire førespurnader frå turoperatørar og andre aktørar både i Norge, Grønland og Svalbard. – I 2014 selde vi ein prototype til ein person på Svalbard. Han køyrde heim båten sjølv utan problem, og då brukte


SOLUNDAVISA 2015

15

Ein prototype av Kloster Patrol P36 vart i 2014 seld til ein privat eigar på Svalbard. Foto: Øystein Lending.

han fire dagar frå Bodø til Svalbard og måtte gjennom ein storm. Det seier noko om kor sikker båten er, seier Øystein. For å auke mogelegheitene for sal vil Øystein framover støype og byggje ein demo-båt som han og Magnar kan vise for potensielle kundar.

Ekspert på plastarbeid

Øystein arbeida tidlegare på Solund Mekaniske, før det blei Solund Verft. Han er utdanna elektrikar, men har i dag sin ekspertise innanfor plastarbeid. I byrjinga av 90-talet ville han byggje sin eigen båt, men i staden for å fokusere på

den fekk han fleire og fleire oppgåver frå andre. I 1995 stifta Øystein difor Lending Båtbyggeri med base heime i Lending, ei grend om lag halvvegs mellom Hardbakke og Krakhella. I 2002 investerte han i ein verkstad der han framfor alt driv med reparasjonar, ombygging og vedlikehald av alle typar båtar, med særskild fokus på plastarbeid. Oppgåvene har auka gjennom åra og i 2010 tilsette Øystein to medarbeidarar frå Polen. I januar i år vart det trong for endå ein person. Alle tre pendlar mellom

Radoslaw Bialousz (t.v.) og Bogdan Zielinski arbeidar med restaureringa av ei skyssbåt.

Polen og Solund for å hjelpe Øystein med arbeidet på det vesle verftet. – Vi gjer jo alt, men målet er å kome i gang med bygginga av Kloster Patrolbåtane, og då vil vi sikkert ha behov for å tilsette endå fleire, seier Øystein.

Treng større verkstad

Auken i arbeidsmengd har allereie gjort både slippen og hallen for små, og no ser Øystein føre seg at han må investere i nytt bygg og ny slipp. – I dag har vi slippkapasitet på 50 fot og 20 tonn, men dersom vi kjem i gang med bygginga av Kloster Patrol må vi ha større kapasitet. I tillegg er hallen allereie no for liten, og det gjer prosessen tidskrevjande når båtar skal inn og ut, seier Øystein. Denne utfordringa er likevel eit positivt teikn for Lending Båtbyggeri. Øystein påpeikar at marknaden for nybygg av båtar har vore vanskeleg dei siste 5–10 åra, og mange båtprodusentar har flytta utanlands for billigare arbeidskraft. Han såg sjølv ein stor forskjell ved finanskrisa i 2008. – Det var som å slå av ein brytar. Ein dag hadde eg masse førespurnader og neste var ingen interessert. No byrjar det endeleg å snu igjen og framtida ser positiv ut, seier Øystein. Sjå meir på www.lending.no.


SOLUNDAVISA 2015

16

Selstad STØRRE OG STERKARE FOR FRAMTIDA

– Der ligg 2 500 timars arbeid og ventar. Vi kunne kanskje tatt inn fleire kundar, men vi tar ikkje imot meir arbeid enn vi klarer å ta unna. Dagleg leiar på Selstad i Solund, Svein Utvær, snakkar engasjert om utviklinga av Måløy-bedrifta som ved avdelinga i Solund driv med vasking, impregnering og bøting av oppdrettsnøter. Selstad skal i 2015 investere fleire millionar kroner i større vaskemaskin, større tørketrommel og ein sterkare truck. Større og tyngre nøter betyr trong for større og sterkare maskiner. – Vi er nøydde til å investere for å henge med i utviklinga av framfor alt oppdrettsnæringa. For 20 år sidan var nøtene til merdane 48 meter i omkrets. I dag er dei 160 meter, seier Utvær.

i 2006 flytta bedrifta ut til eit nytt næringsområde på Lundøy på Ytre Sula. Selstad leiger hall og kontorbygg av Solund Fiskeriservice og deler kontorbygg med Marine Harvest. I hallen er det lagerplass for snurpenøter for den lokale fiskeflåten. Selstad Solund har i dag 11 tilsette og kundane er framfor alt lokale og regionale fiskeoppdrettselskap, men også ein del lokale fiskarar. Det er store verdiar som står på spel og difor er krava på Selstad høge. Dokumentasjon på utført arbeid er livsviktig dersom eit uhell skulle skje etter returnering.

Større kapasitet

Nøyaktig prosess

Den nye tørketrømmelen vil doble Selstad sin tørkekapasitet, trucken vil klare 10 tonn i staden for dagens sju, men den viktigaste investeringa er vaskemaskina. Den nye vil vere på 35 kubikkmeter i staden for dagens 26 kubikkmeter. Den nye vaskemaskinen går på 400 volt i staden for 220 volt, og Selstad treng difor å investere i ein ny transformator til anlegget. Bedrifta ser likevel føre seg å spare pengar samtidig som ein aukar kapasiteten. – Dei nye maskinane brukar meir moderne motorar og vi får såleis betre effekt til trass høgare spenning. I dag brukar vi veldig mykje elektrisitet og difor er dette ein viktig investering, seier Utvær.

Heile prosessen frå mottak til returnering tar vanlegvis om lag to veker; ei veke for vasking og bøting samt ei veke for impregnering og tørking. Fyrst blir nøtene vaska og desinfisert. Deretter må dei rettast

Nesten 20 år i Solund

I 1996 etablerte Selstad seg på Solneset i Solund, men lokalet blei for lite og

Kristof er ein av av fleire dyktig notbøtarar frå Polen.

opp og målast for styrke og størrelse. Nøter er laga av ulike typar av lin og krympar difor litt heile tida. Til sist blir dei for små for merdane og difor må vi måle dei, seier Utvær. – Nøtene blir strekktesta og gått over for å utelukke hol og skader. Skada delar vært fjerna og reparert. Til slutt blir dei hengt opp i hallen for nøyaktig kontroll og bøting. Når dei er ferdige blir dei sertifisert av Selstad. – Bøting er eit utdøyande handverk som liknar mykje på strikking. Vi må vere veldig nøyaktige, og for å sertifisere nøtene må vi strekkteste dei på minst 24, men ofte opp til 36, plasser, seier Utvær.

Trur på framtida

Selstad er ei viktig underleverandør til mange bedrifter i Solund og regionen, og Utvær ser positivt på framtida. – Sjølvsagt kan ting skje, og utviklinga i oppdrettsnæringa med landbaserte merdar kan påverka oss, men vi har tru på framtida og håpar å vere her i mange år framover, seier Utvær. Les meir på www.selstad.no.


SOLUNDAVISA 2015

17

Leading the Blue Revolution

Globalt selskap med sterk lokal forankring www.marineharvest.com

Solund Rorbuferie AS har rorbuer på 90 m2 til leie • Møterom med plass til 30 personer • 18 fots båter med 25 HK motor • Oppstilling for begrensa antall bobiler • Flytebryggje med straum og vatn Havkroa er åpen sommersesongen, sjå åpningstider på oppslag eller heimeside. Havkroa tar imot bestilling på matlevering.

Telefon: 917 92 230/57 78 67 90 E-post: post@solundferie.no www.solundferie.no

Sulebas

Lending Rederi AS Lending Rederi as eig og driv i dag fiskebåten Sulebas. Vi er 16 ansatte og driv fiske etter makrell, sild, torsk, hyse og sei. Sulebas vart levert ny frå Solund Verft i 2014.


SOLUNDAVISA 2015

18

BÅTSMIA

NÆRING OG MØTEPLASS PÅ FÆRØY

Båtsmia på Færøy er den vesle bedrifta som viser at det går an å drive næring også på små øyar ved kysten. Hamna på Færøy er blitt ein møteplass for personar med interesse for båtar, og Båtsmia sin kompetanse innanfor aluminiums­ arbeid er blitt vidt kjend. Bjarnhild Færøy og Asmund Myhr møtte kvarandre når dei gjekk på båtbyggjar­ skulen i Jondal. I 1984 var dei ferdige med utdanninga og flytta då til Færøy i NordSolund for å stifte familie. Med bakgrunn i utdanninga og interessa for båtar fall det seg naturleg å starte opp ein slipp. – No har vi drive Båtsmia i over 30 år og vi har tatt ein nisje her i Solund. Vi har spesialisert oss på aluminiums­arbeid, så dei som treng hjelp med dette kjem til oss, seier Bjarnhild.

Varierte oppgåver

Båtsmia sine kundar er framfor alt bedrifter med fiskebåtar, skyssbåtar og oppdrettsbåtar. Kundane kjem frå heile HAFS-regionen, men også frå Austrheim i sør og heilt opp til Florø i nord. Kvart år tar Bjarnhild og Asmund opp om lag 50–60 båtar på slippen, som har ein kapasitet på 50 fot og 30 tonn. Arbeidsoppgåvene deira inkluderer alt frå maling til reparasjonar og bygg. – I vinter har det vore litt roligare enn normalt grunna usikkerheita i den nasjonale økonomien. Vi har likevel størst aktivitet på våren og sommaren, så der vil sikkert bli mykje arbeid framover, seier Asmund.

brukt som fritidsbåtar. Trearbeid på skrog blir det òg mindre av. Men Båtsmia gjer ikkje berre arbeid på båtar. Dei lagar mange spesialløys­ ingar i aluminium for fiskeoppdrett, til dømes gangvegar med vippbare landgangar. – Arbeidet er så allsidig at ein ikkje kan seie kva som er ein vanleg jobb. Kva er det vi ikkje gjer, spør Asmund. Godsruta frå Bergen er viktig for Båtsmia. Utan den kan dei ikkje fortsette med aluminiumsarbeid ettersom det er altfor vanskeleg å transportere slike produkt sjølv. – Vi har trong for mykje materiale ettersom vi gjer mange ulike typar jobbar i aluminium, og det er ikkje berre til båtar. Vi har blant anna laga kunstverk frå teikningar av kunstnaren Lars Sture på Hersvik, seier Bjarnhild.

På Båtsmia kan både bedrifter og privatpersonar gjere ein del av jobben sjølv, og Båtsmia blir difor ofte eit samlingspunkt for folk med båtinteresse.

– Her er nesten alltid nokon som kjem til lunsj, så ein er sjeldan aleine. Det er viktig med det sosiale, seier Asmund. Denne dagen i april når Solundavisa er på besøk møter vi bl.a. Sigurd Kråkås og Hans Gåsvær. Dei arbeidar begge på sine båtar, samtidig som dei får råd og hjelp frå Bjarnhild og Asmund. – Vi har både fiske- og passasjerbåtar og brukar Båtsmia veldig mykje til forskjellige aluminiumsarbeid. Det sparar oss masse pengar, seier Hans. – Ja, Bjarnhild og Asmund har ein enorm kompetanse som ein får ta del i når ein er her og jobbar, påpeikar Sigurd. Styrer eiga arbeidstidYnskjer Båtsmia å tilsette fleire personar for å auke omsetjinga? Bjarnhild funderer litt og påpeikar at målet ikkje alltid er å bli større. – Dersom ein tilset folk kjem mange andre oppgåver i tillegg. Ein er i og for seg aldri «fri» i denne type bedrift, men no har vi likevel berre oss sjølv å tenke på og kan styre både arbeidsoppgåver og tider, seier Bjarnhild.

Hans Gåsvær får hjelp av Asmund.

Bjarnhild og Asmund på Båtsmia på Færøy.

Møteplass for båtinteresserte

Allsidig arbeidsdag

Bjarnhild fortel at grunna endringar i fiskerinæringa har sjarkane nesten forsvunne frå Båtsmia. Dei blir no mest


VI UTFØRER SKYSS OG CHARTEROPPDRAG! M/S Stjernesund 28 passasjerer, marsjfart 24 knop • mob: 977 95 989 M/S Sulejet 16 passasjerer, marsjfart 22 knop • mob: 977 99 438

PARTSREDERIET SULEJET ANS • Gåsvær, 6924 Hardbakke Tlf: 992 74 220 • E-post: tfaer@online.no • hansgasv@hotmail.com

Partsrederiet Barstein ANS

GÅSVÆR FISKEFERIE 3 utleige-eininger i restaurert bustadhus ved sjøen i særprega sjøhusmiljø. Båtutleige. Dagleg rutebåt til/frå Hardbakke. Tlf: 992 989 75 eller 992 740 99 tfaer@online.no

Gåsvær 6924 Hardbakke

M/S Barstein (lengde 14,99 m, bredde 5,50 m) Driver fiske etter torsk,sild og makrell i Nord-Norge og på Vestlandskysten. 3 årsverk

HAFS Elektro & Rør AS

Hos Elfag finn du fagkunnskapen du treng

HAFS Elektro & Rør AS er ei allsidig bedrift med marknadsområde i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen, Høyanger og Masfjorden. Hovedkontoret ligg på Eidsneset i Hyllestad kommune med avdelingar i Brekke og Sløvåg, og hos Solund Verft. HAFS Elektro & Rør AS er medlem i Elfag, landet største og mest kjente elektrikerkjede. Vi har over 30 ansatte, og har lang erfaring og solid fagleg kompetanse i elektro- og VVS bransjen. Vi utfører alle typar installasjonar, med oppdrag innafor maritim næring, landbasert industri, offentlege og private bygg. HAFS Elektro & Rør AS er din lokal kontakt for kvitevarer, lyd og bilde, småelektrisk og telefoni. Butikken ligg i Brekke, og vi kan sende varer direkte frå våre leverandører. For komplett installasjon, ta kontakt for tilbod. HAFS Elektro & Rør AS søker etter kreative og dyktige elektromøntører, rørleggere, lærlinger og hjelpemontører. Sjå vår heimeside for meir info.

telefon: 57 78 89 00 e-post: post@hafs-elektro.no

HAFS Elektro & Rør AS Post- og fakturaadresse er:

Sognefjordvegen 444 5961 Brekke www.hafs-elektro.no

SOLUNDAVISA 2015

19


SOLUNDAVISA 2015

20

SOLUND MARITIM

NY SATSING PÅ SOLNESET Dei kommande åra kan det bli meir næringsaktivitet på Solneset. Den nederlandske tarebedrifta Hortimare har behov for større fasilitetar, og eigaren til Solund Maritim, som allereie er etablert på Solneset, vurderer difor å byggje nye lokalar til begge bedriftene. – Vi ynskjer å auke aktivitetane på Solneset, og med Hortimare sitt interesse kan vi forhåpentlegvis finne ei løysing som bidrar til vidare utvikling av heile næringsområdet, seier dagleg leiar på Solund Verft Svein-Tore Eide. Wergeland Holding eig Solund Maritim og er også hovudaksjonar i Solund Verft. Solund Maritim blir i dag driven som ein underavdeling av verftet.

Hortimare interessert

Hortimare driv med dyrking av stilklingar for tareoppdrett og er no i ein ekspansiv fase. Dei har difor behov for eit større anlegg. – Ja, vi treng større anlegg og Solneset skulle vere ein bra stad for oss ettersom det er rett ved sjøen, seier dagleg leiar ved Hortimare Reinier van den Biggelaar.

Vinterlagring av båtar

Solund Maritim er i dag likevel den store satsinga på Solneset. Bedrifta tilbyr ein totalpakke for fritidsbåtar opp til 70 fot, med sørvis og lagring gjennom vintersesongen. Solund Maritim har dessutan over 20 båtplassar i båthamna der kundar kan leige både kort og lang tid. – Dette er ein trygg plass å lagre båten på, både om sommaren og vinteren. Ein kan velje mellom kall og varm hall, eller å lagre båten utandørs. Vi utfører dessutan service og reparasjonar av motorar og drev, reparasjonar av plast­skader samt polering, seier Morten Inge Fuglum som er avdelingsleiar på Solund Maritim sidan august 2014. Kundane kjem frå heile kysten og iblant til og med frå utanlands. Solund Maritim har blant anna fått førespurnader frå både Sverige og England.

Satsar på rekruttering

Dersom satsinga med nye lokalar for Solund Maritim og Hortimare blir realisert, kan det maritime og marine miljøet på Solneset fortsette å utviklast positivt. – Her er godt om næringsareal knytt til sjøen, så forhåpentlegvis kan vi etablere 3–4 nye arbeidsplassar på Solneset i løpet av nær framtid, seier Eide. Solund Verft rekrutterer heile tida til både verftet og Solund Maritim, og er på utkikk etter folk som ynskjer å slå seg ned i Solund. Svein-Tore Eide fortel at der er mange spanande prosjekt på gang i tillegg til den ordinære drifta. – Vi treng tilsette med alle typar relevant utdanning og erfaring, både frå høgskuleutdanning og anna utdanning og praksis. I tillegg kan vi vere ein sam­arbeidspartnar dersom nokon ynskjer å etablere næring i kommunen, seier Eide. Les meir på www.solundverft.no under Solund Maritim.


SOLUND VERFT – FLEKSIBELT VERFTSANLEGG – www.solundverft.no

I en samtale Skipsrevyen hadde med Helge Norheim i Vesterhav AS, fikk vi følgende forklaring på at de hadde benyttet Solund Verft til oppdraget med M/S «Vesterhav»: «Fornøyde kunder kommer alltid igjen. Vi hadde tidligere benyttet Solund Verft til reparasjonsarbeider, og de var gode på reparasjoner, de har vist seg gode på nybygg. De var også best på pris. Det at båten utstyres inne i en tett hall, gir etter vår mening et bedre sluttprodukt, og var også en del av vurderingsgrunnlaget.» Vi har fått en «kjempebåt»!

• Ny stor hall på land – båtlengder 65 meter og 25 meter fri høgde – totalt krankapasitet 64 tonn • Dokk (Syncrolift heveverk) 56x15 m, djupne max 6 m • Løftekapasitet 1.000 tonn • Max skipslengde: 75 m • Oppstillingsplass for fleire farty på land • 2 horisontale beddinger/oppstillingsplassar på 80 lm kvar • Skipshall 60x15 m, med porthøgde 14 m, breidde 11 m, traverskran 15 tonn • Maskinverkstad. Traverkran 5 tonn • Kaianlegg. 3 stk kaier – totalt 200 lm kai • Mobilkran 30 tonn • Tårnkran 2,5 tonn – 50 m

NYBYGG • UTRUSTNING • OMBYGGINGAR • REPARASJON • VEDLIKEHALD

SOLUND VERFT

Foto: Harald Valderhaug

6924 Hardbakke – Tlf. 57 78 60 10 – Fax: 57 78 72 00 – Mobil: 916 51 051 post@solundverft.no – www.solundverft.no


SOLUNDAVISA 2015

22

Buskøy taremottak

UTVIKLING OG GENERASJONSSKIFTE I TARENÆRINGA Tarehausting har vore ein viktig næringsaktivitet i Solund sidan 1950-talet. Kunnskapen om tarenæringa og kjærleiken til arbeidet har gått i arv, og no opplever Bontveit Rederi AS og eigarane av taremottaket på Buskøy, eit nytt generasjonsskifte. Edel Bontveits far, Herman Færøvik, starta mottaket på Buskøy i 1952. Då var det berre sesong for tarehausting om sommaren, og dei skar fingertare – den reinaste taren – som vart tørka og bunta saman. Utviklinga i tarenæringa gjekk fort og 20 år seinare byrja familien med mottak av tråla stortare. – Å hauste tare har alltid vore ein del av livet her på Buskøy. Eg var ute med pappa og brødrane mine på 60-talet, mannen min Harald arbeidde innanfor næringa i mange år, og no er det sønene våra som fører tradisjonen vidare, fortel Edel.

Satsar på lastebåtar

Harald og Edel tok over Buskøy taremottak frå Edels far i 1991. I 2007 stifta dei Bontveit Rederi AS saman med andre investorar, og i dag eig familien 85 % av rederiet. Bontveit Rederi har 26 tilsette. Hovudkontoret er på Atløy i Askvoll kommune, men basen for drifta er framleis på Buskøy. Rederiet trålar ikkje sjølv, men har i staden to lastebåtar som tek imot tare frå trålarar direkte ute på sjøen. Lastebåtane har ein kapasitet på 1 500 respektive 2 000 tonn tare og trafikkerer opp og ned langs kysten, frå Egersund i sør til Brønnøysund i nord.

Ny generasjon

I dag er det sønene Åge og Einar som

Einar Bontveit framfor M/S Bona Safir. Foto: Privat.

er ansvarlege for Bontveit Rederi. Åge er dagleg leiar og skippar, Einar er styrmann. – Åge og eg har vokse opp med tarenæringa og fått med oss mykje kunnskap gjennom åra, så det har vore eit ganske enkelt val å ta over ansvaret etter pappa, seier Einar. Samtidig som han er med å tar ansvar for familiebedrifta får han òg mogelegheit å arbeide med noko han syns er interessant. – Det er fantastisk å arbeide på sjøen, og fire vekers turnus passar meg veldig bra ettersom eg då også får tid å

vere heime på Buskøy. Eg har stor tru på framtida og at vi vil fortsette vekse saman med næringa, seier Einar.

Større båtar og færre mottak

Tarenæringa er i konstant utvikling og det som har påverka næringa mest dei siste 40 åra er bruken av større båtar. På 70-talet hadde taretrålane ein lastekapasitet på fire tonn og all tare vart levert på ei rekke lokale stasjonar langs kysten. I dag klarer trålarane ei last på 100 tonn og 70 prosent av taren blir levert direkte på lastebåtane som går til FMC Biopolymer sin alginatfabrikk i Haugesund.


SOLUNDAVISA 2015

23

grafisk produksjon, design, profilering, webutvikling

Norengros Erik Tanche Nilssen AS  Hagebyveien 26. Pb. 2560, 3702 Skien  T: 35 90 40 00 – www.etn.no

Fakta om tare

Buskøy taremottak i 1971. Foto: Privat.

Grunna mindre levering er der no berre to lokale taremottak havpå Vestlandet, eit av dei på Buskøy. Harald Bontveit har framleis ansvaret for mottaket her. – Utviklinga har hatt ein positiv effekt på næringa, men ein negativ effekt

på dei mindre mottaka langs kysten. I Bontveit Rederi valde vi å satse på lastebåtar, som er spesialbygde for mottak av tare, og eg trur at innan 10 år vil all tare bli levert direkte på lastebåtane, seier Harald. Les meir på www.bontveit-rederi.no

Opphavleg vart taren brukt som gjødsel, men i dag er taren framfor alt brukt som råstoff for produksjon av alginat, som er eit viktig stivelsestoff for bl.a. den farma­søytiske industrien. Taren veks i NordAtlanteren i vêrharde område, frå fjæra ned til 20 meters djup. Norge har dei beste vekstvilkåra og planta blir opp til to meter lang. Å hausta tare er berekraftig ettersom tare­ trålane berre tar dei største plant­ ene. Dei mindre som blir igjen får såleis meir lys og vekser fortare. Der er likevel nøyaktige hausteplanar for kor og når ein får hauste i ulike område. Taren sin gjenvekstsyklus er fem år og såleis er hauste­planane òg på fem år.


SOLUNDAVISA 2015

24

LÅGØY SLIP

JAMN OG LANGSIKTIG UTVIKLING Eivind Ingvaldsen på Lågøy Slip drøymer om ein hall der han kan arbeide med båtane utan å bry seg om vêret. Og med tanke på alt som Eivind har realisert til no, er det ikkje umogleg at draumen blir sann om eit år eller to. Fjellveggen ved Lågøy Slip er allereie skote ut og der er støypt eit nytt kaiområde på om lag 250 kvadrameter. Føremålet med det nye kaiområdet er å ha plass til fleire båtar samtidig, men her håpar Eivind òg å få bygd ein båthall om 9 x 15 meter med ei høgde på 7 meter. Hallen skal knytast til det allereie eksisterande verkstadsbygget, og sjølvsagt ser Eivind føre seg å gjere ein stor del av jobben sjølv. – Eg er jo arbeidsnarkoman og likar å vite at det blir gjort nettopp som eg vil ha det. Men vi får sjå når det blir realisert. Eg føretrekker å utvikle bedrifta etter kvart som eg har råd i staden for å ta store lån, seier Eivind.

Drive i over 30 år

Lågøy Slip har ei lang historie. Slippen vart etablert i 1933 av Kristoffer Mathiesen, som dreiv den til 1969. Eivind sin far, Ingvald, kjøpte slippen i 1979 og tre år seinare tok Eivind over. Han er opphavleg frå Fana i Bergen, men har tilknyting til Solund gjennom kona Jorunn som kjem frå Storøy. Dei flytta til Lågøy med sine to barn i 1982 og Eivind er blitt kjent som ein ekspert på motorarbeid. – Vi gjer alt i stort sett alle typar jobbar, men eg er utdanna teknikar så det har blitt at eg har spesialisert meg på motor- og hydraulikkarbeid, seier Eivind. Kundane er framfor alt lokale oppdrettsbedrifter og fiskarar, men også enkelte fritidsbåteigar. Det er mykje service og vedlikehald, men også ein

Eivind og Vidar Atthammer arbeidar mykje saman.

god del montering av motorar. Eivind monterer om lag 5-10 båtmotorar kvart år. Desse jobbane utviklar seg gjerne etter kvart og blir gjerne større enn tenkt. Å montere ein motor inneber ofte at ein må byggje om deler av båten for å få alt på plass. – Kundane har vanlegvis ein tanke om kva vi skal gjere, men det viser seg oftast at vi må gjere endringar for å få det til. Det er mykje problemløysing og vi arbeider sjeldan etter teikningar, forklarar Eivind.

Fiskeoppdrett blir flytebrygger

Lågøy Slip har rikeleg med arbeid heile tida. For å klare av å møte etterspurnaden tar Eivind inn naboen Vidar Athammer ved behov. I tillegg har han innimellom også hjelp av Daniel Bogles frå Romania. – Jungeltelegrafen fortel når vi har ledig tid å ta på oss arbeid, og då kjem kundane, seier Eivind. I tillegg til arbeidet med båtane har Eivind funne seg ein nisje i å byggje om gamle fiskeoppdrett til flytebrygger. Desse finn ein rundt om i kommunen, bl.a. på Hardbakke, Hersvik og Litlefærøyna..

– Eg satsar ikkje stort på det, men eg sel vel 3–4 bryggjer kvart år. Mange privatpersonar ynskjer seg flytebrygger og då leverer vi etter behov og ynskje, seier Eivind.

Bygde opp sjølv

I 2012 var det nær på at arbeidet på Lågøy Slip fekk eit brå slutt. Verkstadsbygget brann ned og mange trudde Eivind skulle gi opp og bli pensjonist, men det har aldri vore i Eivind sine tankar. Forsikringa dekte kostnadene for brannen og Eivind har dei siste tre åra bygd opp heile bygget igjen. – Eg fekk fem år på meg av forsikringsselskapet å bygge det opp sjølv. Gjennom å rehabilitere i staden for å byggje nytt sparte eg tid på å søkje løyve for nybygg, og samtidig kunne eg halde drifta av slippen i gang heile tida, seier Eivind. Til trass at han er 62 år har Eivind ingen planar omå trappe ned arbeidet. Tvert imot ser Eivind føre seg å arbeide i mange år til. – Jo meir eg gjer no jo større sjanse er det at nokon ynskjer å ta over, men eg skal arbeide lenge til, og forhåpentlegvis innandørs i framtida, seier Eivind med eit smil.


SOLUNDAVISA 2015

25


SOLUNDAVISA 2015

26

UNGE FISKARAR BUR I SOLUND – ARBEIDAR PÅ SJØEN Fr.v.: David Gåsvær, Werner Lending og Andreas Gåsvær.

Solund er eit øysamfunn med ei lang historie knytt til fiskeri. Fiskerinæringa har, som dei fleste andre næringar, utvikla seg med teknologien, og i dag er det heilt andre krav til fiskarane enn tidlegare. I Solund finst mange yngre personar som satsar på ei framtid som fiskar. Dei ser mogelegheita i å bu i Solund og samtidig ha eit spanande arbeid på sjøen. Solundavisa trefte tre av dei for å høyre kva dei tenker om livet som fiskar, heimeplassen og framtida. Andreas Gåsvær (27) er styrmann hjå Liegruppen, broren David (26) er styrmann i Lending Rederi, og Werner Lending (18) er lærling i Lending Rederi.

Kvifor har de valt å bli fiskarar?

David: Det er jo ei interesse som vi har fått med morsmjølka ettersom våre foreldre er innvolvert i fiskerinæringa. Andreas og eg har vakse opp på Gåsvær og har alltid hatt sjøen rundt oss, så vi fann tidleg ut at dette var noko vi hadde lyst å arbeide med. Werner: Ja, det er sameleis for meg. Eg byrja eigentleg allereie når eg var 2–3 år gammal, og både mamma og pappa er involvert i familiebedrifta, så det har aldri vore noko spørsmål om kva eg skal gjere.

Andreas: I tillegg liker eg at det er gode skiftordningar. Fire veker på og fire veker av. Det er mykje arbeid når ein er ombord, men ein får god tid til å gjere ting ein vil på friturane.

Ja, kva gjer de når de har fri fire veker?

Werner: Ha ha, eg driv sjark og fiskar. Andreas: Det blir ein del ekstraturar på andre båtar, spesielt i vinterhalvåret David: Og så blir det ein del reiser. Når ein arbeidar skift har ein gode mogelegheiter å utforske verda dei vekene ein har fri.

Tilbake til arbeidet som fiskar. Korleis fungerer det med arbeidsdagar og tider?

David: Som fiskar har ein oftast ein hovudjobb, og i tillegg arbeider ein med andre ting når ein er «fri». Jobbturnusen er planlagd på førehand, så når året byrjar veit ein korleis skjemaet ser ut dei neste 12 månadene. Andreas: Fisken har sine faste syklusar, så ein veit alltid sånn cirka når og kvar ein skal fiske dei forskjellige fiskebestandane. Dei fleste fiskeslaga er det kvotar på, og med dagens moderne båtar er det som regel ikkje noko problem å få tak i fisken. Så den største utfordringa i dag er å få best mogleg betalt for fisken. Werner: Dersom ein tel arbeidsdagar er det vanlegvis 180 dagar på eit år, men det er meir fokusert på vinteren. Om

sommaren er det mindre å gjere og då får ein det litt roligare. Men det er jo òg avhengig av kva båt ein arbeidar på og om båten ligg i ro i hamna.

Korleis er arbeidsdagane som fiskar?

Andreas: Innanfor dei fiskeria vi driv med er det veldig varierande dagar. Ein kan risikere å måtte jobbe på dekk heile døgnet, eller kan ein vere på seglas ei veke der ein berre sit vaktene sine i styrehuset. Under landligge må ein gjerne vere flink til å finne arbeid som skal gjerast. Ein kan ikkje gå rundt å vente på at andre skal fortelje deg kva du skal gjere. David: Dagane på sjøen er framfor alt avhengige av kva reiskap ein fiskar med. Av og til veit ein kva ein skal gjere og arbeider med reiskap og fisk heile dagen til ein er ferdig. Men dersom du arbeidar med til dømes snurrevad eller snurpenot og leitar etter fisken, då kan det ta tid før ein finn fisken. Men jo meir ein arbeidar, jo meir resultat får ein. Werner: Det eg syns er spanande med yrket er at ein heile tida får utfordringar. Som lærling får du vere med på alt fordi du MÅ lære deg korleis alt fungerer, inklusive rutinar, reiskap og korleis fisken skal behandlast. David: Som fiskar i dag må du kunne meir enn å berre fiske. Du må iblant vere mekanikar og du må framfor alt vere løysingsorientert, fordi ute på sjøen er


SOLUNDAVISA 2015

27

Alle foto: Andreas Gåsvær

det ikkje berre å ringe til nokon om å kome og ordna det. Du må ordne ting sjølv. Andreas: Ja, alle har eit ekstra ansvar på båten. Ein kokk er til dømes berre kokk nokre timar kvar dag. Den andre tida må han òg arbeide med å fiske. David: Dessutan er det meir data og papirarbeid i dag enn tidlegare. Vi har elektronisk fangstdagbok og i styrehuset er det om lag 30 dataskjermar og like mange datamaskiner som du må kunne bruke. Vi har så mange gode hjelpemiddel i dag at det å vere navigatør ikkje kan samanliknast med det som var for 50 år sidan. Andreas: Og vi køyrer jo båtar til over 100 millionar, så krasjar ein har ein verkeleg ein dårleg dag på jobben.

Kva råd kan de gje ungdomar som funderer på å bli fiskar?

David: Det beste er å gå yrkesretta fag på vidaregåande skule. Deretter arbeidar du to år som lærling før du får fagbrev som fiskar. Om du vil gå vidare, og det vil dei fleste, kan du så studere to år på teknisk fagskule for å bli styrmann, men du må deretter arbeide to år før du kan løyse ut sertifikat. Andreas: Både David og eg har gått yrkesretta fag på vidaregåande, men du må ikkje ha fagbrev for å fiske. Fagbrevet hjelper om du vil gå på teknisk fagskule og komme deg vidare. Werner: Eg har òg gått yrkesretta på vidaregåande, og eg skal gå vidare til teknisk fagskule etter at eg har jobba eit år til som lærling. Med utdanning blir ein meir allsidig og mitt mål er å bli styrmann og deretter skippar. David: Ein kan òg kome inn på teknisk fagskule dersom ein har ei viss fartstid ombord på båt, sjølv utan fagbrev. Ein kan óg ta maskinistutdanning og vere maskinist ombord. Då er det nesten lettare å få jobb ettersom det alltid er bruk for gode maskinistar. Alle sertifikat, på bru og i maskin, er generelle sertifikat, det vil sei at ein kan bruke dei på

alle fartøy, ikkje bere på fiskebåtar.

Kva inntekt har ein som fiskar?

David: Det er vanskeleg å sei ettersom vi ikkje har ein fast løn. Vi får betalt i andel av fangstinntektene Vi har ein grunnløn, men den største delen av løna er andelar av fangsten. Ettersom andelen er avhengig av prisen rederiet får når dei sel fisken kan det vere forskjell på løna frå år til år. Andreas: Ein kan vel sei at det varierer frå 400.000 til 1.000.000 kroner i året. Det som er fint er at dersom du står på og arbeider så får du bra betalt. Når ting verkeleg går godt og ein får masse fisk, då er det flott å vere fiskar. Werner: Som lærling får du vanlegvis «berre» halv lott ettersom ein ikkje har same erfaring som dei andre.

Må ein satse på å finne arbeid på ein stor fiskebåt med ein gang, eller kan ein arbeide på mindre båtar òg?

David: Det er like fint å jobbe på ein liten båt som ein stor. Dersom ein ynskjer å lære seg å bli fiskar anbefaler eg faktisk å begynne på ein liten båt. Og du kan få like godt betalt på ein liten båt som på ein stor. Werner: Prinsippet med reiskap er same på små og store båtar. Men på store båtar er du meir avhengig av maskineri. Andreas: Eg vil påstå at ein får ei meir allsidig opplæring på mindre båtar, fordi der må alle kunne bruke det meste av utstyr og maskineri.

Kva er det beste med å vere fiskar?

Andreas: At ein får reise mykje rundt omkring i heile Nordatlanteren. Det er som sagt òg greitt med skiftordningane, så når du har fri så har du fri. Elles pleier jo båtane å ligge heime i juletida, so ein sleppe å vere ombord sjølv om ein er «på». Werner: Min fyrste tur som lærling

gjekk eg om bord i Tromsø og fiska nær Svalbard og slutta i Skottland. David: Ein må ikkje gløyme at når ein er på jobb i fire veker så må du vere tilgjengelig heila tida. Det kan vere at du må jobbe eit heilt døgn i strekk, men så kan det gå to dagar når der ikkje er så mykje å gjere. Men vi prøver så godt det let seg gjere å lage gode arbeidsdagar for mannskapet.

Korleis er det å bu i Solund og arbeide som fiskar?

Werner: Eg syns Solund er ein fin plass å bu. Eg har nettopp kjøpt meg hus på Ytre Sula, rett ved sjøkanten så eg har plass til båten. Det blir ikkje betre enn det. David: Solund er ein typisk fiskerikommune, men dersom du jobbar som fiskar kan du bu kor du vil, til og med i London. Eg har prøvd å bu forskjellige plasser, men trivst best her i Solund.

Korleis ser de på framtida?

David: Eg ser lyst på framtida. Folk vil alltid ha behov for mat, og alle fiskeartar vi fiskar er veldig berekraftige med gode bestand. Det vil såleis vere arbeid for mange også i framtida. Andreas: Før eg byrja var der få som ville bli fiskar, men dei siste åra har det vore god tilvekst og vi har i dag ikkje noko problem med rekrutteringa her, slik som dei slit med mange andre plassar. Werner: Eg trur det har litt å gjere med at der finst gode førebilete. Då er det lettare for andre ungdomar at sjå at dette er eit kjekt yrke. Andreas: Det er viktig å poengtere at fiskarar i dag må kunne fleire ting. Å fiske er meir enn å berre dra i eit garn. Ein må vere god på elektronikk og data, og gode maskinistar er særs viktig. David: Eg syns det er viktig å halde fram dei tradisjonane i Solund ettersom vi ligg rett ut i havet. Det hadde vore rart om der ikkje var fiskarar igjen. Det er positivt at vi no er så mange som satsar på dette yrket.


SOLUNDAVISA 2015

28

VINNARAR AV SOLUNDPRISEN 2014

HALLSTEIN OG DORIS STEINSUND «Vinnarane får prisen for sitt lange engasjement i næringsliv og virke i Solund. Og for å vere ei føregangsbedrift i sin bransje i Solund kommune.» – Grunngjeving Solundprisen 2014 Etableringa av Steinsund Marine i 1986 var, som mange ting i livet, litt av ein tilfeldigheit. Hallstein Steinsund var maskinsjef i handelsflåten og arbeida turnus med seks veker om bord og seks veker fri. Etter 10 år på sjøen hadde han blitt litt lei av sjølivet. Han hadde alltid hatt lyst å byrje med noko for seg sjølv heime i Solund, og det som var svært interessant denne tida var fiskeoppdrett. Men for å få konsesjon måtte ein ta vidare utdanning, og det var Hallstein ikkje innstilt på. Men så, då han var heime ein friperiode, fekk han spørsmål om å byggje ei ny kai på Gåsvær, og det var byrjinga på bedrifta og Hallstein sitt nye liv. Etter prosjektet på Gåsvær vart han etterspurt av fleire og fleire, og då slutta han som sjømann. Det var likevel ikkje enkelt i etableringsfasen. – Nei, det var tøft å starta eige bedrift. Eg hadde nettopp bygt hus og måtte gjere ein del investeringar i bedrifta, og på den tida låg rentene på nesten 20 prosent. Eg tilsette to personar som aldri måtte vente på lønna si, men det var ikkje alltid så mykje til overs for meg, fortel Hallstein.

Bidreg til samfunnsutviklinga

Totalt har Hallstein bygd om lag 200 kaier. Dei fleste er bygde i Solund, men han har òg bygd i store deler av Sogn og Fjordane og sørover i Hordaland. I dag er der få aktørar att i ein bransje som er

blitt litt av ein nisje. Kaiene har stor samfunnsverdi ettersom dei har gjort det lettare for bl.a. ambulansebåtane og skyssbåtane å betjene veglause stadar. Samstundes gjer kaiene kvardagen lettare for folk flest som bur ved sjøen. – Eg har mange gangar fått høyre at «dersom ikkje du hadde bygt dette hadde det ikkje blitt gjort». Når eg er ferdig med jobben, kunden er fornøgd, og eg sit i styrestolen på veg heim, då er det ein god følelse som eg nok ville hatt problem med å oppleve i ein annan jobb, seier Hallstein.

Doris kom tilbake

I 1995 vart feriehyttene i Steinsund bygde. Året etter var fyrste sesong og Doris var ein av turistane som kom, saman med sine to barn. Ho likte seg godt i Solund – og selskapet med Hallstein. To år seinare flytta ho og barna til Steinsund. I dag har Hallstein ein og Doris ei dotter på 15 år saman. Doris arbeidar 75 % på Solund­ heimen og er dessutan medansvarleg for drifta av Steinsund Marinesenter. Totalt har dei seks hytter med 40 sengeplasser. – Ho har gjort ein formidabel innsats desse åra. Ho er sjølvstendig og løysningsorientert, så eg kan utan problem

reise bort ei veke på jobb, fortel Hallstein.

Ikkje alltid så enkelt

Å drive med hytteutleige er likevel ikkje så enkelt som ein kanskje skulle tru. Dei åra Hallstein og Doris fekk kundar frå reiseselskap i Tyskland lærte de seg kor ulike folk er, og ikkje alltid på ein positiv måte. Men no har dei drive hyttene utan hjelp av reiseselskap i fleire år, noko som går fordi gjestene kjem att og dessutan bidrar med nye kundar. Dei siste åra har Steinsund Marinesenter og fått fleire og fleire kundar frå Noreg, som ynskjer å ha tid ute i havgapet. – Men det er mykje arbeid som mange ikkje ser. Du må vaske, rydde og hjelpe kundane også etter dei har reist. Når dei til dømes kjem til Bergen og oppdagar at båten er innstilt er det til oss dei ringer, seier Doris. Steinsund Marinesenter blir 20 år neste år, og dei siste åra har det vore gjort ein del vedlikehald på blant anna baderom og vindauge. Hallstein og Doris har òg mange planar for ulike tiltak, alt for å gjere Steinsund til ein attraktiv stad som er med på å setje Solund på kartet på ein positiv måte. Les meir om Steinsund på www.steinsund.no


Fyrste haustinga av dyrka tare i Solund! I mai 2015 hausta Hortimare dei fyrste 8.000 kilo med dyrka tare frå sitt 2 hektar store oppdrettsanlegg i nærleiken av Fureholmen. Taren som vart hausta skal brukast for vidare Steinsund marinesenter forsking og utvikling av konserverings- og prosessteknikkar for å utvinne det marine proteinet til bruk som laksefôr.

Propagating seaweed for a sustainable future

Erfaringane frå 2015 vil ligge til grunn for forbetringar neste år. Hortimare ynskjer å takke fylgjande for godt samarbeid og støtte: Sulefisk AS Salmon Group AS Solund Verft AS Bjorøy Bygg Solund kommune

Bilete: Hortimare sin haustemaskin i Hopsosen.

Kontakt: Hortimare AS Postboks 29, 6924 Hardbakke Email: info@hortimare.com www.hortimare.no

Kyst1 AS Befraktning Sjøtransport: Daglige avganger til og fra hovedsteder på kysten. Ukentlige seilinger til kontinentet og UK.

Kontakt oss: Tel: (+47) 55 30 79 50 E-post: post@kyst1.no

Biltransport: Til og fra steder i hele Norge.

Adresse: Fjordgaten 5 Skur 26 Møhlenpris 5006 Bergen

Fortolling: Vi fortoller for firma og private. Lagring: Lagring og lagerstyring på tørrlager, frys og kjøl.

Avganger fra Bergen Hver mandag, onsdag, fredag kl 13.00. Tilbakegang tirsdag, torsdag og lørdag. Ekstra anløp ved forespørsel. Egen kontakt info hos båten:

46 84 95 51

SOLUNDAVISA 2015

29


SOLUNDAVISA 2015

30

SOLUND NÆRINGSBYGG Vellukka satsing på lokal næringsutvikling Solund Næringsbygg var eit risikoprosjekt når det blei bygd i 1992. Nesten 25 år seinare er suksessen eit faktum. Sentrum er blitt ein naturleg møteplass, alt areal er utleigd og no er der behov for å sjå på nye utviklingsmogelegheiter. – Vi blei frårådd å etablere Næringsbygget fordi alle marknadsundersøkingar viste lita interesse, men vi såg behovet av å samle næringslivet for å skape utvikling. Det positive samarbeidet med Solund kommune og fylkeskommunen vart avgjerande for å lukkast, seier tidlegare eigar av SPAR Solund Otto Einen, som har vore med heilt sidan oppstarten.

Lokale eigarar

Finansieringa av Næringsbygget var ei utfordring, men ulike næringsverksemder frå heile landet var ute etter investeringsprosjekt og såg potensiale i Solund. Dei investerte og skipa driftselskapet Solund Næringsbygg ANS. Solund Næringsbygg AS, der Solund kommune eig 58 prosent, var opphavleg

berre ein liten deleigar, men kjøpte i 2010 ut Solund Næringsbygg ANS i tråd med ein avtale som vart inngått ved etableringa av Næringsbygget. I dag er det såleis lokale, og nokre regionale, aktørar som eig bygget.

Uventa leigetakarar

Det har vore stor utskifting av leige­ takarar gjennom åra. Opphavleg var der mange statlege og fylkeskom­munale leigetakarar, t.d. Likningskontoret, Landbrukskontoret, Fiskerirettleiar og Trygdekontoret. Men det er det lokale næringslivet som har gjort at Næringsbygget har rimeleg god økonomi i dag. – Vi trudde vi hadde sikra oss for alltid når vi fekk dei statlege og fylkeskommunale leigetakarane. Men det var jo heilt feil. At det var det lokale næringslivet som skulle vere så stabilt var heilt utenkeleg då, seier Solund Næringsbygg sin leiar Edel Bontveit.

Må vere fleksible

Eit viktig løft for næringsbygget kom i 2011 når Sparebanken Sogn og Fjordane flytta opp kontoret frå hamna. Dette

skapte aktivitet i tomme lokale og dessutan blei det interessant for andre å etablere seg på Næringsbygget. Når blomsterbutikken stengde i 2012 opna Solund Frivilligsentral ein gjenbruksbutikk og kafé, og i 2013 flytta Solund Rekneskapskontor inn i delvis nybygde lokalar. Både Einen og Bontveit poengterer at det inn imellom har vore ledige lokaler og at det då har vore viktig å vere fleksibel. – Der har heile tida vore gjort endringar for å finne gode løysingar. Vi har flytta både vegger og dører, slått saman og bygd ut, alt for å finne løysingar som passar leigetakarane, seier Einen. I dag arbeider om lag 35 personar på Næringsbygget og der er potensiale for fleire. Men då må bygget utvidast endå meir. – Der er allereie no planar på å utvide lageret på baksida, og dersom der er behov for meir kontorareal må vi sjå på å bygge ut det òg. Ein mogelegheit er å bygge på ein etasje, men då må vi fyrst ha ein langsiktig avtale med ein leige­ takar, seier Bontveit.

Solund Næringsbygg finn du:

Gjenbruket butikk og kafé NAV Nettbuss Næringskafeen Politi Post i butikk Posten Omfordeling Solund Naturterapi Solund Rekneskapskontor SPAR Solund Sparebanken Sogn og Fjordane Tannlege Øybygg (Trend) Styret i Solund Næringsbygg AS (fr.v.): Irene Lambrechts Vaulen, Gøsta Odéen og Edel Bontveit (leiar). Otto Einen har ansvar som vaktmeistar.


SPAR SOLUND

SYSTRER SOM SATSAR Dei siste tre åra har eigarane av SPAR Solund investert i overkant av 4 millionar kroner i butikken på Hardbakke. Bak satsinga står to systrer som valde å flytte heim til Solund for å drive butikk og stifte familie. – Vi har trua på Solund og det vi driv med, elles hadde vi ikkje satsa som vi gjer, seier Siv Einen Paulsen og Anita Einen. Siv og Jan-Ole arbeidde begge som butikksjefar i Bergen når dei i 2004 flytta til Solund for å ta over Spar-butikken frå Siv sine foreldre. – Mamma og pappa var veldig positive og hjelpsame når vi diskuterte dette for 10 år sidan. Det å få drive eige butikk var ein avgjerande grunn til at vi flytta heim, og det skjønte dei nok og let oss difor kjøpe butikken, seier Siv. Sju år seinare var det tid for Anita og sambuaren Kenneth Sæbø å byte Bergenslivet mot ein kvardag i Solund. Dei arbeidde òg på butikk i byen og var interessert i å kjøpe seg inn i SPAR Solund. – Vi følte at det skulle vere greitt å få dele eigaransvaret etter som det er tidkrevjande å drive egen butikk, seier Siv.

Nesten alt er nytt

I 2012 vart i stort sett heile butikken oppgradert. Dei største investeringane var nye hyller, frysar, kjøledisk, samt ei ny mjølkekjøl. I tillegg bygde dei eit nytt maskinrom til ein kostnad på drygt ein million kroner. Seinare installerte dei eit elektronisk prissystem og to nye kjølediskar, men det som sikkert gleder kundane mest er den nye pantemaskina. – Den nye pantemaskina T9 er Europas mest moderne. Kapasiteten på bakrommet er meir enn femdobla i forhold til

Anita Einen (t.v.) og Siv Einen Paulsen.

den gamle maskina. Den kan i teorien ta i mot ein boks i sekundet, fortel Anita.

Bakgrunn innanfor butikk

Både Siv og Anita har arbeidd på butikk heile livet, mykje fordi foreldra Otto og Laila dreiv SPAR Solund når dei var små. Men før dei kunne tenke seg å flytte tilbake til Solund ville dei prøve å bu i byen. – Det var ikkje aktuelt å flytte heim til Solund rett etter høgskulen. Eg måtte prøve litt anna fyrst, seier dei. Siv og Anita løfter fram at det beste med å drive butikk er at det er sosialt, utfordrande og at ingen dag er lik den andre. – Du er ansvarleg for heile spektret, alt frå kundebehandling og varebestilling til økonomi og personale. Det er rett og slett ein spanande og utfordrande jobb, seier Anita.

Sommaren viktig

Det er ein god omsetning på butikken gjennom heile året, men i skuleferien vert omsetninga dobla då turistane inntek øya.

– Sjølv om vi er ein av dei minste butikkane er det ikkje mange Sparbutikkar på Vestlandet som sel meir blomar enn oss her ute i havgapet. Det er veldig kjekt å jobbe med blomar, seier både Siv og Anita. 17. mai veka var det berre tre Spar butikkar i landet som selde meir blomar enn Spar Solund.

Viktig møteplass

Som i alle bygder er nok butikken ein viktig møteplass, både for fastbuande og tilreisande. Dei tilsette ser at det vert ført mange samtalar mellom folk som ikkje treffest kvar dag, men som har butikken som ein møteplass. Dette gjelder spesielt ved ferier og fridagar då bruker folk gjerne mange timer på senteret. – Sjølv om folk er ferdig å handle mat går det ofte ein time eller to når Øybygg og Gjenbruket skal besøkast. Vi synes det er kjekt at folk tar seg god tid og trivst på senteret, avsluttar Siv og Anita. Følg Spar Solund på Facebook!

SOLUNDAVISA 2015

31


SOLUNDAVISA 2015

32

VIDAR HOP SKYSSBÅTER

LIVSNERVEN I SOLUND – no med helsefagarbeidar

Båtrutene og ambulanse­båten er livsviktige for ein øy­kom­ mune som Solund. Dei gjer det mogeleg å bu på mindre øyar og veglause grender og samtidig raskt ta seg inn til butikkar og tenester. Vidar Hop Skyssbåter køyrer fire av rutene og er ansvarleg for Solund sin ambulanse­båt. No får selskapet forsterking med ein helsefag­ar­beidar frå Helse Førde med beredskap døgnet rundt. 1. januar 2015 inngjekk Vidar Hop Skyssbåter og Helse Førde ny avtale om ambulansebåten i Solund. Avtalen er på tre år med opsjon om to år til. Ei stor endring i den nye avtalen er at Helse Førde vil ha ein helsefagarbeidar på 24 timars beredskap i Solund. – Der er nye krav frå helsemyndig­ heitene om at minst ein i mannskapet skal ha utdanning i ambulanse­arbeid, og minst ein person skal ha fagbrev i helsearbeid. Mannskapet kan ikkje ha

ein dobbelfunksjon og difor vil Helse Førde ha helsefagarbeidarar på turnus i Solund, seier Vidar Hop.

Auka ansvar

Den nye helsefagstillinga vil vere på plass frå 1. juli 2015. Då vil ambulansebåten i Solund kunne ta alle oppdrag som blir meldt inn. Tidlegare har personalet ikkje hatt lov å ta ansvar for så kalla «raude responsar», t.d. hjarteinfarkt. – Sjølvsagt har vi gjort det vi har kunna fram til helsefagarbeidarar har vore på plass, men framover vil vi ha lov å ta ansvar for slike responsar, og det gjer at tryggleiken vil auka i Solund, forklarar Hop. Ambulansebåten er stasjonert i kommunesenteret og der er minst to personar på vakt heile tida. No for tida køyrer ambulansebåten om lag ein tur per dag. Det er framfor alt turar til og frå øyane når pasientar skal besøke legen eller legen skal besøke pasientar. – Tidlegare køyrde vi iblant til Førde og var då vekke frå kommunen mange timar. I dag er det mest kortare turar og difor har vi veldig bra nærvær i området. Kravet til utrykking er 25 minuttar, men vi

er vanlegvis mykje kjappare enn det, seier Hop. Den nye helsefagarbeidaren vil, i tillegg til å vere tilstades for pasientar, også ha ein god del opplæring av båtmannskapet.

Ambulansetenester

Ambulansebåten har ei lang historie i Solund. I 1972 tok far til Vidar Hop over ansvaret for båten, og i 1985 var det Vidar sin tur. Då skipa han Vidar Hop Skyssbåter og investerte dessutan i ein ambulansebil. – Vi hadde ikkje avtale på ambulansebilen då, men vi såg behovet og seinare fekk vi til ei avtale med Helse Førde, seier Hop. Vidar Hop Skyssbåter har òg kjøpt inn endå ein ambulansebil, som står på Ytre Sula. Der er ikkje krav om to ambulansebilar i kommunen, og selskapet må difor stå for største delen av denne kostnaden sjølv, men Hop forklarar at han vil vere sikker på at det er naudsynt utstyr på både Sula og Ytre Sula.

Utvikling av selskapet

Utviklinga av Vidar Hop Skyssbåter har skjedd etter kvart som det har vore behov og mogelegheiter i Solund og


2

33 SOLUNDAVISA 2015

1

1. Edel Bontveit på Buskøy brukar båtruta i Nord-Solund for å sende ein pakke med posten.

3

2. Vidar har køyrt båtrutene i Solund heile sitt vaksne arbeidsliv og kan (nesten) kvart einaste skjær. 3. Øyvind Trovåg Fimreite og Egil Røed har beredskap på ambulansebåten.

4 Til Bulandet

4. Kart over båt- og ferjeruter i Solund.

Til Mjømna

regionene. Etter at selskapet vart skipa i 1985 kjøpte Hop inn ein ekstra båt for utleige til forsvaret. Nokre år seinare vart det ein båt til for å køyre rutetrafikk, og når Helse Førde i byrjinga på 2000talet stilte krav om at same aktør skulle drive både båtruter og ambulansebåten fekk selskapet endå meir å gjere. I dag køyrer selskapet fire ruter i tillegg til ambulansebåten: ein rundtur i Nord-Solund samt tre ruter frå Hardbakke til Utvær, Austrheim og Mjømna. Rutene har mange funksjonar, til dømes levering av post, skuleskyss og frakt av mindre gods. Og Hop syns ikkje det minkar i talet passasjerar. – Det er like mange som reiser med båtrutene i dag som tidlegare. Då var folk meir heimebundne. I tillegg ser vi ein stor auke med hyttefolk som brukar båtrutene heile året, fortel Hop. Selskapet har 6 båtar og 13 tilsette for å dekke dei ulike rutene og krava til ambulansebåten. Dei fleste som arbeider på båtane er frå Solund og bur heime heile tida. – Det kan vere utfordrande å finne dyktig mannskap fordi dei må vere lokalkjente, men eg har svært gode og

stabilte medarbeidarar som arbeidar godt i lag. Eg køyrer framleis ein del sjølv, men det blir meir og meir admini­ strasjonsarbeid når selskapet veks, forklarar Hop.

Fungerer bra i Solund

Ein utfordring for selskap som køyrer båtruter er at det er store investeringar i båtar men ganske kortsiktige avtalar. Ein må difor arbeide med å levere nye tilbod med jamne mellomrom. Dette gjer òg at Vidar Hop Skyssbåter eventuelt

vil sjå på utvide til andre marknader enn berre Solund. Men Hop er likevel fornøgd med situasjonen i heimekommunen og samarbeidet med den andre turoperatøren. – Vi har eit godt samarbeid med Hans Gåsvær og Tom Færøy på Sulejet, som køyrer dei andre rutene i Solund. Vi hjelper kvarandre ved behov og det bidrar til at det fungerer så bra her i Solund, seier Hop. Les meir på www.vidarhop.no.

Ein del av arbeidet med å køyre båtrutene i Solund er å dele ut post til dei som bur på dei mindre øyane.


1

SOLUNDAVISA 2015

34

HANS I. STEINSUND

SATSING PÅ MODERNE GARDSBRUK I 2015 investerer Hans og Ingemund Steinsund stort i eit nytt og moderne anlegg for mjølkeproduksjon. Planen er at anlegget i løpet av tre år skal levere 250 000 liter mjølk i året. – Dette anlegget er noko heilt anna enn tidlegare og kyrne får det godt her. Både fôringa og mjølkinga skjer automatisk og dyra kan gå fritt heile tida. I tillegg er det lagt inn mjuke underlag som erekstra behagelig for dyra å ligge på, seier Ingemund, samtidig som han visar korleis den nye mjølkeroboten fungerer.

Nybygg eller nedlegging

Garden i Steinsund har vore i familien i fleire generasjonar og alltid drive med mjølkeproduksjon. Det gamle anlegget er frå slutten av 70-talet og ville ikkje klart dei nye nasjonale krava som kjem i 2024 om at alle mjølkeprodusentar må stille om frå båsfjøs til lausdriftsfjøs. Far og son Steinsund måtte difor ta eit val – bygge nytt eller legge ned. – Der var behov for å både bygge nytt og utvide anlegget for å drive garden vidare. Det nye anlegget har ei levetid på minst 30 år så no sikrar vi drifta av garden i mange år framover, samtidig som vi fortset å vedlikehalde landskapet både her og på andre gardar i Solund, seier Ingemund.

I tillegg til den eigne garden leiger Hans og Ingemund areal på gardar som Ravnøy og Kråkevåg for å produsere nok gras til kyrne.

– Dei var positive når dei såg planane og det gjorde at det ikkje var vanskeleg å ta ein avgjerd. Treng større kvotar

Det gamle anlegget hadde berre plass for 12 kyr, men med nybygget vil kapasiteten auke til 35 kyr. For å kome opp i maksimal drift treng dei større kvotar. Hans og Ingemund leitar difor energisk etter nye kvotar som dei kan kjøpe eller leige, men sånt er ikkje enkelt å finne. – Vi fann ei kvote til leige i same størrelse som vi har sjølv og det var billetten for å satse på det nye anlegget. No kan vi ha 22 dyr og produserer 160.000 liter per år, men målet er sjølvsagt 35 dyr og 250 000 liter, seier Ingemund.

God hjelp i prosessen

Satsinga i Steinsund er i tråd med regjeringa sin strategi om at bønder som ynskjer å produsere meir skal òg få meir økonomisk støtte. Hans og Ingemund er einige i at dei har fått god hjelp frå TINE Rådgjeving, Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane. Utan den hjelpa hadde dei ikkje klart å gjennomføre satsinga. – Dei var positive når dei såg planane og det gjorde at det ikkje var vanskeleg å ta ein avgjerd. Med ein total prosjektkostnad på sju millionar kroner kjem vi til å ha lån på anlegget i mange år framover, men det var likevel ingen tvil om at vi skulle satse, seier Hans. Felleskjøpet med underleverandører har levert og bygt anlegget.

Meir tid for anna

Ettersom dyra no vert mjølka automatisk av roboten tre gangar kvart døgn får både Hans og Ingemund meir tid til anna. – Vi må framleis vere tilgjengelege kvar dag, men no er det ikkje så tungt og ein treng ikkje å sjå på klokka heile tida. Det vil òg vere mogeleg å planleggje fritida litt betre enn tidelegare, seier Ingemund og tenker på sambuaren og sonen på 3 år, som no får meir tid saman som familie.


2

SOLUNDAVISA 2015

35

3

Din lokale leverandør av

FORNYBAR ENERGI 1. Den nye roboten mjølkar kyrne automatisk 2–3 gangar kvar døgn. Alt er kopla til ein datasentral i det nye anlegget. 2. Kyrne har det godt i det nye fjøset. Her får ei ku ein be­hageleg massage. 3. Hans og Ingemund er fornøgde med det nye og moderne anlegget, der nesten alt skjer automatisk.

Natur – til nytte og glede Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

Norges beste reiseforsikring - i år igjen! Frende kjem best ut på flest dekningar, m.a. tapt reisegods, forseinka bagasje og avbestilling. Sjå pris og bestill på ssf.no/reise God tur!

ssf.no/reise

meirennbank.no

www.sunnfjordenergi.no


36 SOLUNDAVISA 2015

Foto: Pascale Baudonnel

RØSTER OM SOLUND Dei siste to åra har om lag 40 personar flytta til Solund. Kva gjorde at dei flytta hit? Og kva syns dei om å bu her? Vi snakka med fem personar med ulike bakgrunn, som alle har teke valet å bu i øyriket lengst i vest.

Daniel Jamal

Pascale Baudonnel

Arbeidsgjevar: HAFS Elektro & Rør Flytta til Solund: 2014

Arbeidsgjevar: Sogn Jord og Hagebruksskule i Aurland samt eige bedrift, Ystebui Flytta til Solund: 2015

Kvifor flytta du til Solund?

Eg arbeida tidlegare i Molde men fekk tilbod om ein attraktivt jobb på HAFS Elektro & Rør her i Solund. Eg likar utfordringar og no arbeidar eg framfor alt med avanserte elektriske styringssystem på båtar. Vi koplar saman alt frå radioanlegg, GPS og autopilot.

Du snakkar dansk.

Ja, eg er opphavleg frå Libanon men kom til Danmark i 1987 når eg var 19 år. Etter utdanning fekk eg eit jobbtilbod i Måløy, og deretter arbeida eg òg i Aukra og Molde før eg kom til Solund.

Kva syns du om Solund?

Eg likar framfor alt korleis folk snakkar med kvarandre. Her er ein stor openheit, som ein ofte manglar andre stadar.

Har du familien din her i Solund?

Ja, det er eg, Lama og vår son Rudi som er tre år. I september skal han dessutan få eit sysken, så det blir spanande. Lama og Rudi flytta hit ganske nyleg, og vi syns her er eit trygt oppvekstmiljø.

Kva syns du om den norske kultur­en å gå på fjellet?

I Libanon går vi òg på fjellet. Vi tar gjerne med ein piknik, men vi tar bilen til toppen og der går vi maks 10–15 minuttar før vi set oss ned for å ete. Ikkje heilt som i Noreg, ha ha.

Kvifor flytta du til Solund?

Eg møtte Nils (Bjørgo) i 2013 og etter eit par år saman passa det å flytte hit. Sandvik er som eit paradis for meg med masse natur og dyr. Og ein kjøkkenhage. Det er eit artig miljø her i Solund med kjekke folk. Ein føler seg godt motteken.

Du er jo kjent for ditt arbeid med ysting. Korleis får du det til her i Solund?

Eg jobbar 40 prosent på Sogn Jord og Hagebrukskule, men det skjer stykkevis med kursverksemd og rettleiing av produsentar ved besøk, på mail og telefon, så det går bra. I tillegg har eg butikk for ysteutstyr, Ystebui og den driv eg frå Sandvik via Internett. Der er to personar i Undredal som kvar tysdag sender ut varer til ysterier i heile landet, så bestiller og fakturerer eg herifrå.

Blir det osteproduksjon i Solund no?

Nei, eg har inga planar om å drive med osteproduksjon her. Vi har jo villsau på garden, men ein får ikkje mykje mjølk frå dei når lamma går med. Vi har òg tre geiter som vi kanskje kan få noko til med framover, men det blir i så fall berre til privat bruk.

Kva er forskjellen mellom å bu i Solund og Undredal?

Det er svært ulik natur, men begge er fascinerande. Her er jo mykje meir sjø og dessutan ein større himmel som gjev fantastiske solnedgangar. Det er det lite av innerst i Sognefjorden.


SOLUNDAVISA 2015

37

Mona Hjønnevåg

Vegar Heen

Morten Inge Fuglum

Arbeidsgjevar: Solund kommune Flytta til Solund: 2015

Arbeidsgjevar: Sulefisk Flytta til Solund: 2014/2015

Arbeidsgjevar: Solund Verft Flytta til Solund: 2014

Kvifor flytta du til Solund?

Du bur eigentleg i Bergen, men har vore mykje i Solund dei siste to åra. Kvifor?

Kvifor flytta du til Solund?

Eg vaks opp i Hjønnevåg i Ytre Sula. Planen var alltid å kome heim etter avslutta utdanning som sjukepleiar, men det tok litt tid. Eg hamna i Oslo og blei verande i 17 år. Der fekk eg realisert ein av livsdraumane mine; å kombinere infeksjon-, import- og tropesjukdomsarbeide, og få hjelpe tre forskingsprosjekt i Sør-Afrika og Etiopia. Men draumen om å bu i heimbygda forsvann aldri. Tre barn seinare var ikkje lengselen mindre. Utfordringa som einsleg mor var å finne ein dagjobb. Men det ordna seg, og i dag jobbar eg som folkehelsekoordi­ nator og avdelingsleiar for heimetenesta.

Kva er det beste med Solund?

Folket tek vare på kvarandre på ein fantastisk måte, og eg opplever det å være meir sosial enn i den folketette byen. Skal nokon t.d. på besøk, grill- eller båttur ringer telefonen. Og omvendt. Her er det dessutan kort veg mellom vakre naturopplevingar. Ungane veks jo opp i paradis!

Kva likar du å gjere i Solund?

Både eg og ungane likar å gå i fjell og mark. Men vi synes òg det er kjekt å vere med vener og familie. Og ungane koser seg på sjøen. Ein finn meg vel og av og til med jord under negla i den spede starten av ein kjøkenhage, eller bak symaskina.

Kva visar du vener som kjem på besøk til Solund?

Sperrefjellet har svært god utsikt i Ytre Sula. Der tek eg med meg besøk for å vise fram den spesielle naturen, som gjev inntrykk av å berre vere stein på stein. Mange blir òg tatt med på fisketur med broren min.

Eg studerer fiskehelse ved Universitetet i Bergen og eg er i Solund for å gjere praksis på Sulefisk i sommar. Eg var her i fjor òg så dette er min andre sommar i Solund.

Korleis kom det seg at du hamna nettopp i Solund?

Det var gjennom Øyvind Kråkås på Salmon Group Han har god kontakt med studentmiljøet i Bergen, og gjennom Øyvind trefte eg Michael Niesar på Sulefisk.

Kva syns du om Solund?

Eg likar Solund. Her er eit godt sosialt miljø og det er ein veldig fin plass. Dessutan er eg eit friluftsmenneskje, og Solund er eit eldorado på den måten. I tillegg er her òg gode moglegheiter for å trene.

Kva trenar du?

Eg driv med triatlon og har konkurrent litt, så det blir ganske mykje sykling, løping og symjing. I tillegg har eg fått prøve på kajakking gjennom ein kollega. Det er òg veldig god trim og fantastisk gøy.

Kor lenge blir du i Solund?

Eg blir her heilt fram til midten av august. Eg har tre år igjen på studiane så det blir garantert fleire turar.

Eg trefte Borgny (Leirvåg) for 10 år sidan og har pendla frå Bergen heile tida. Men no har alle ungane flytta ut og bur andre plassar, så då passa det bra for meg å flytte hit når eg fekk tilbod om jobb på Solund Verft.

Kva er det beste med Solund?

Det er rolig og stille. Dessutan er det greie folk her. Eg har budd i Morvik utanfor Bergen, og sjølvsagt er det stor forskjell mot Solund, men eg likar pulsen her.

Kva gjer du på fritida?

Vi har gard og økologisk drift av villasau, så det går mykje tid på dyra og vedlikehald av utstyr og anna. Dessutan har eg båt og er ute og fiskar ein god del.

Saknar du noko i Solund?

Ein ting eg saknar er hanggliding. Eg har vore aktiv med det sidan 1984 og no må eg reise vekk for å få det til. Problemet med hanggliding i Solund er å finne stadar å lande samt at fjella skulle ha vore meir vent mot nord-vest…men det er det jo vanskeleg å gjere noko med. Men eg skal få det til her òg.

Har du ein favorittplass i Solund?

Nja, der finst fleire plassar, men eg syns det er fint å gå opp Ulvegreina. Det er ein tur eg kan anbefale.


SOLUNDAVISA 2015

38

NILS BJØRGO

EIN MANN MED MANGE TALENT Dei fleste menneskje har ein jobb. Nokre har to. Få har tre. Nils Bjørgo i Sandvik har fire. Å seie at Nils har fire jobbar er sjølvsagt satt litt på spissen, fordi det er ikkje fire heiltidjobbar. Han arbeidar i 60 prosent stilling som pedagog i Solund barnehage, driv gard på Sandvik i Nord-Solund, er regionansvarleg for eit nasjonalt fugleprosjekt, og har eit eige kajakkopplegg med både kurs og utleige. – Ja, det blir jo travelt enkelte tider, spesielt vår og sommar når det skjer mykje rundt fuglelivet og padlinga. Barnehagen og garden må eg jo sjølvsagt ta meg av året rundt, seier Nils.

Foto: Pascale Baudonnel.

Budd mange stadar

Nils Bjørgo vart fødd i Trondheim i 1962. Familien flytta til Årdal tre år seinare og det var der han vaks opp. I 1981 kjøpte foreldra til Nils den nedlagde og nedfalne garden på Sandvik. Foreldra fekk utsetjing på buplikta i fem år og brukte den tida til å reparere gardshusa og byggje nytt våningshus, dyrke opp jorda og lage kai. – Vegen til Sandvik kom i 2006, så vi måtte ta båt til og frå garden i mange år, seier Nils som brukte mykje av ferien sin på den tida til å hjelpe til på garden.

Prøvde ulike ting

Livet går ikkje alltid i ei rett linje mellom utdanning og karriere. Dette veit Nils som har prøvd forskjellige ting gjennom åra. Etter vidaregåande skule gjorde han militærteneste, arbeida som avløysar

i Brekke i eit år, studerte til agronom i Førde, arbeidde fire år med storfugleoppdrett på Svanøy, for å deretter gå på lærarhøgskulen i Sogndal. I 1991 flytta han og hans dåverande kone til Nordland for å arbeide som allmennlærar, men mangel på sosiale nettverk gjorde at dei etter kort tid i staden flytta til Solund og Hardbakke. –Eg flytta ikkje «heim» til Solund sidan eg ikkje hadde budd her tidlegare, men sjølvsagt hadde eg ei tilknyting til Solund gjennom mine foreldre og tida eg hadde vore her, fortel han.

Ny inspirasjon

I dag er Nils sine to barn vaksne og i 2012 flytta han til Sandvik for å ta over garden. Nyleg vart han sambuar med Pascale

Baudonnel, som han trefte på eit stiftelsemøte til Sogn Ornitologiske Foreining på Værlandet i 2013. – Pascale er jo kjent for sitt arbeid med ost i Undredal, men ho er òg flink med dyr og har gjeve meg nye perspektiv på saudrift i tillegg til mykje anna, seier Nils. Nils og Pascale har tankar om å utvikle garden i Sandvik med høner og andre dyr, men dei likar samtidig å reise og då blir det problem å ha dyr som ikkje klarar seg sjølve. – Heldigvis får vi mykje hjelp frå mine foreldre som framleis bur her på Sandvik, så kanskje vi får det til likevel. Eg har hatt lyst å drive gard sida eg var liten, så å få arbeide med desse tinga som eg brenn for er jo ein draum, seier Nils.


SOLUNDAVISA 2015

39

Garden i Sandvik. Foto: Pascale Baudonnel.

NILS SINE FIRE JOBBAR Barnehagen

Trass utdanninga si som allmennlærar, har Nils valt å gå over i 60 prosent stilling i barnehagen. Han ynskjer å få barna interessert i – og fascinert av – naturen. Dersom dei får eit forhold til naturen vil dei forhåpentlegvis også bli opptatt av å ta vare på den som vaksne. – Eg trivst veldig godt i barnehagen. Her kan eg arbeide med ting som eg verkeleg er interessert i sjølv, og ungane er både interesserte og engasjerte, seier Nils. Å arbeide mindre enn 60 prosent har aldri vore aktuelt. Nils syns det er viktig å følgje rytmen i barnehagen og ikkje berre kome innom som ein gjest. – Dessutan treng eg den sosiale kontakten, så tre dagar i veka er perfekt for meg, seier Nils.

Fugleovervaking

Interessa for fuglar har Nils hatt sidan barnsbein. Han har 30 studiepoeng i Fuglekjennskap frå Høgskulen i Trøndelag, og i 2008 vart han regional­ ansvarleg for TOV-E-prosjektet i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Prosjektet er nasjonalt og går på å overvake fuglebestandar. Nils sin oppgåve som regionalansvarleg er framfor alt å koordinere alle taksørar, rekruttere og lære opp nye, samt verifisere resultat. Over heile landet har ein totalt om lag 500 ruter à 1,5 x 1,5 km som skal gåast ein gong i året, då på våren når fuglane er aktive med fuglesong. Kvar rute har 20 lyttepunkt der ein lytter og

registrerer tal og art i fem minutt. Målet er registrere endringar over tid, om ein art aukar eller minkar. – I tillegg til at dette er interessant i seg sjølv, er også fuglane miljøindikatorar og seier blant anna noko om korleis vi påverkar miljøet kring oss, seier Nils.

Garden

På garden i Sandvik driv Nils med villsau, og i år har han totalt om lag 230 dyr etter lamming. Å drive med villsau er ikkje berre ein hobby for Nils, fordi det skapar ei viktig inntekt samtidig som sauen vedlikeheld kulturlandskapet. Nils slaktar om lag 70 lam kvart år og sel kjøttet til SolundMat. Den lokale bedrifta gir ein fin meirpris i høve til å berre levere til slakteriet, og saman med produksjonstilskot og sal av skinn blir det ei god inntekt frå sauedrifta. – Eg trur eg arbeidar ca. 40 prosent av normal arbeidstid med sauene. Det er ganske få innsatstimar sidan villsauen klarar seg mykje sjølv på det den finn i naturen. Mine sauer går ute heile året, men eg gir tilleggsfôring i dei strengaste vintermånadane, fortel Nils. På våren er det likevel travelt. Då skal sauene klippast og kapslast mot flott og innvollssnyltarar. I tillegg er det lamming i mai med merking og tilsyn – I fjor gjorde vi i tillegg ein stor innsats med einerydding. Eg er så heldig å ha ein far som er frisk og har masse arbeidsglede, og saman hadde vi 400 timar i eineskogen, seier Nils. Nils har ikkje plass til fleire sauer, men han ser at der er behov for fleire

Foto: Pascale Baudonnel.

i Solund for å vedlikehalde kulturlandskapet. Han poengterer at det faktisk er økonomi i å drive med sau, og håpar at andre òg har lyst å starte opp, kanskje gjennom å vere medlem i eit villsaulag.

Kajakking

Å drive med kajakking er den arbeidsoppgåva som tar minst tid for Nils. Han arrangerer 4–5 kurs i løpet av sommaren og har i tillegg utleige av kajakkar og anna utstyr i Sandvik. Han byrja med kajakking for seks år sidan og har tatt 15 studiepoeng i havkajakkpadling gjennom Norsk Kystkulturakademi og Høgskulen i Sogndal. – Dette gjer eg mest fordi det er gøy å vere ute å padle og gi andre ei unik oppleving av sjøen, seier Nils. Meir informasjon om Nils sin kajakk­ aktivitet finn du på www.solundnatur.no.


SOLUNDAVISA 2015

40

SOLUND BARNEHAGE

LEIK OG LÆRING I FOKUS Leik er iblant berre leik, men det kan òg vere mykje meir. I Solund barnehage får barna gjennom leik og aktivitetar i nærmiljøet lære sosial kompetanse, meistring, kultur og tradisjonar. I byane har barnehagar ofte spesielle satsingsområde og foreldre kan til dels velje kva barnehage dei ynskjer at barna skal gå i. I Solund finst berre ein barnehage og difor må den levere eit godt tilbod til alle. Tilbodet skal vere like godt som på andre stader i Noreg. For å klare denne utfordringa satsar Solund barnehage på tradisjonelle kjerneverdiar og mykje utandørsaktivitet. – Vi er opptatt av å vere ei motvekt mot det stressa samfunnet som vi ser i dag. Vi vil sikre gode kulturtradisjonar til barna våre. Det gjer vi gjennom å bruke naturen, gjennom aktiv deltaking i nærmiljøet og gjennom gode møter med menneska rundt oss, seier styrar i Solund barnehage Anne-Brith Tangenes.

Aktiv læring

Aktivitet og læring er to nøkkelord i Solund barnehage. Gjennom å vere ute i nærmiljøet får barna lære nye ting samtidig som det blir arbeidd med gruppedynamikk og tilknyting. Målet er å førebu barna for vidare val og samtidig gje dei ein identitetsfølelse for heimkommunen. – Det er viktig at barna har ein

På fisketur med Nils. Foto: Solund barnehage.

kvardag som er både utfordrande og trygg. Dei skal vekse som personar og må difor utfordrast til å prøve nye ting. Her i Solund brukar vi både sjø og fjell

Fysisk aktivitet fremjar læring og difor har vi eit høgt aktivitetsnivå. Barna på Solund barnehagen får lære seg å sløye fisk. Foto: Solund barnehage.

for å lære barna praktiske ferdigheitar som til dømes å fiske, klatre, vere på sjøen, så og plante, seier Tangenes.

Langsiktig tenking

For å utvikle utandørsaktivitetane og gjere dei mindre personavhengige har Solund barnehage initiert prosjektet «Fysisk aktivitet og læring i uterommet». Eit av måla med prosjektet er å laga ein verktøykasse med informasjon og teori som tilsette i barnehagen lett kan ta med seg når dei skal planlegge, og gå ut på tur. – I Solund ynskjer vi å bruke nær­miljøet i aktivitetane med barna, og gjennom dette prosjektet får vi mogelegheit å lagre kunnskap om fiskar, planter, sopp, småkryp, og anna som ein finn ute i nærområdet, seier Nils Bjørgo som arbeidar som pedagogisk leiar i barnehagen og som er ansvarleg for prosjektet. I Solund satsar barnehagen òg på tette forhold mellom barna og tilsette slik at barna blir sett, får merksemd og oppfølging ut frå eigne føresetnader. Gjennom å ha tette forhold skapast dessutan eit positivt miljø for både store og små.

Samarbeid over generasjonar

Solund barnehage samarbeider med mange aktørar i lokalsamfunnet. Barnehagen blir til dømes invitert på besøk hos lokale bedrifter, og på Solundheimen får barna mogelegheit å treffe den eldre generasjonen og lære av deira erfaringar. – Vi prøvar å skape band mellom generasjonar. Vi har nett vore i lag med pensjonistlaget. Då dansa og song barna med dei eldre. På Solundheimen har dei vore og høyrt historier om korleis det var å vere liten før i tida. At ein kunne leike utan leikar, men med for eksempel blåskjel og kongler, det er det ikkje så mange barn som skjøner no, seier Tangenes. Solund barnehage sin styrar poengterer òg at barnehagen har eit veldig godt samarbeid med Solund barne- og ungdomsskule. Barna får ein god overgang mellom barnehage og skule, og dei er såleis godt førebudde til skulestart. Å få gode oppvekstopplevingar skaper ei god tilknyting til heimkommunen. Barna blir kjende med mangfaldet i Solund og dei vert stolte av den flotte kommunen dei kjem frå.


SOLUNDAVISA 2015

41

SOLUNDAVISA 2014

24

LENDING BÅTBYGGERI 6924 Hardbakke | Telefon: 91132169 | E-post: kontor@lending.no | www.lending.no

Nybygg • Reparasjoner • Ombygging, lakkering • Salg/Service motor/drev • Vedlikehold Produksjon av Kloster Patrol 28-32-36-40-45, Klosterfjord 40, Mørejet 1220


SOLUNDAVISA 2015

42

SOLUND BARNE- OG UNGDOMSSKULE

LOKAL TILHØYRSLE GJENNOM TILRETTELAGT UTDANNINGSVAL I Solund finst mange spanande og varierte arbeidsplassar. Gjennom faget Utdanningsval får ungdomsskuleelevane i kommunen oppleve det lokale arbeidslivet og samtidig sjå kva mogelegheiter her er. – Målet er at elevane får i gang tankeprosessane om framtida si og gjerne at dei knyt framtidsvisjonane til Solund, seier rådgjevar på Solund barne- og ungdomsskule Sissel Kråkås, som brenn for å gje elevane ei positiv oppleving av kommunen.

Utdanningsvalet viktig

Føremålet med Utdanningsval er å gje ein betre samanheng mellom grunn­ skuleopplæringa og den vidaregåande skulen, og Solund barne- og ungdomsskule har lagt stor vekt ved knyte næringslivet i Solund inn i utviklinga av den lokale læreplanen i faget. Alle elevar i Solund skal i løpet av 8. til 10. trinn ha 110 timar i Utdanningsval. Der får dei mellom anna mogelegheit å lære meir om ulike arbeidsplassar som finst i kommunen, både innanfor næringsliv og kommunal sektor. – For å skape tilhøyrsle til Solund er det viktig at elevane lærer seg om yrkesmogelegheiter og arbeidsplassar i lokalmiljøet, fortel Kråkås.

Jobbskygging og arbeidsveke

Skulen tilbyr fleire aktivitetar innanfor Utdanningsval, blant anna jobbskygging, arbeidsveke, hospitering, karrieremesse og besøk på lokale bedrifter.

– Vi er takknemlige for at bedriftene tar imot elevane til tross for at dette nok medfører ekstra arbeid for dei. Vi håper at også bedriftene sit att med positive erfaringar etter elevbesøk og at dei ser verdien i å gje elevane moglegheit til å få innsyn i arbeidskvardagen til bedrifter i Solund, seier Kråkås. I 8. klasse har elevane ein dag «jobbskygging». Då er dei saman med ein vaksen dei sjølv kjenner frå før og følgjer denne gjennom ein arbeidsdag. Målet med dagen er at eleven skal få eit innblikk i korleis ein arbeidsdag kan vere. På skulen knyt eleven sine erfaringar frå denne dagen til vidare arbeid i ulike fag. I 9. klasse har elevane ei heil arbeidsveke. Målet med arbeidsveka er at elevane både skal få innsyn i eit sjølvvald yrke, korleis ein arbeidskvardag kan vere, samt at dei verte kjend med lokalt næringsliv. I prosjektet vert kompetanse­mål i ulike fag stetta gjennom t.d. at eleven sjølv må skrive jobbsøknad, CV og trene på jobbintervju. – Det er viktig å få erfaring frå arbeidslivet for å sjå korleis yrkeskvardagen faktisk er, og ikkje berre kva ein trur at den er. Mange elevar blir litt overraska av arbeidsveka, men kjem

tilbake og fortel om spanande opplevingar, seier Kråkås.

Hospitering

Elevane i 10. klasse har hospitering på vidaregåande skule. For Solund har det vore naturleg å knytte seg opp til vidare­ gåande skuler i regionen, det vil sei i Dale og Austrheim. Tida er fordelt med tre dagar i Dale og to dagar i Austrheim. I Dale bur elevane hos vertsfamiliar og får både prøve på ulike utdanningsprogram samt delta på sosiale aktivitetar, medan dei dagpendlar til Austrheim med skuleruta frå Hardbakke.

Lokal karrieremesse ein suksess

I 2015 inviterte skulen og Solund Næringsutvikling lokale bedrifter til lokal karrieremesse på skulen. Her vart det organisert «workshops» der elevane rullerte mellom ulike stands. Bedriftene fekk presentere seg samtidig som elevane fekk anledning å stille spørsmål direkte til daglege leiarar og tilsette. – Dette var ein kjempekjekk dag og verkeleg ein suksess. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå både elevane og bedriftene, og evalueringa viste på at dette er noko vi vil fortsette med i framtida, seier Kråkås. Arbeidet som skulen har lagt ned på å auke fokus på lokale yrkesmogeleg­ heiter ser ut til å gje resultat. I 2015 valde alle elevane i 9. klasse å søkje arbeidsveka på bedrifter i Solund. Det er fyrste gang på fleire år at det skjer, og det lovar godt for framtida.


SOLUNDAVISA 2015

43 Det var gøy å ha arbeidsveke fordi eg fekk prøve mange ulike ting. Eg var med å tok opp nøter, brukte kranen og fekk køyre båten. Eg har aldri køyrt ein så stor båt før. Eg lærte òg masse om naturfag, som at jo varmare det er i sjøen jo mindre oksygen er der for fisken. Og så har eg lært å sløye fisken på ein kjappare måte. Hari Rahman Færøy

Foto: Hari Rahman Færøy.

Det var kjempekjekt å vere i barnehagen. Eg fekk vere med i planlegginga og lærte meg at det er mykje meir enn å berre leike og bytte bleier når ein arbeidar i barnehagen. All aktivitet har eit føremål og vi måtte heile tida endre planar etter kva som skjedde. Eg lærte òg om korleis ein må handtere krevjande situasjonar som når barn kranglar. Sissel Kråkås, rådgjevar på Solund barne- og ungdomsskule.

Sofie Steinsund


SOLUNDAVISA 2015

44

SOLUND SKULEMUSIKK MEISTER MED (OPP)SWING Solund skulemusikk har dei siste åra sett eit kraftig oppsving i medlemstalet. I 2011 var det totalt 18 medlemmer; i dag har korpset 39 musikantar og to aspirantar. I tillegg til det positive medlemstalet har Solund skulemusikk no vunne musikkkonkurransen Nordvesten to år på rad. – Vi er stolte over korpset i Solund og det står sterkt i alle bygdene i kommunen. Foreldra ser verdien av at ungane er med, seier dirigent Jostein Birknes.

Meister for andre gang

Nordvesten er Sogn og Fjordane sitt meisterskap for korps. I mars 2015 vart den arrangert i Florø og Solund skulemusikk vann 3. divisjon i konkurranse med Byrknes, Vassenden og Hjelle skulemusikk. Solund forsvarte dermed seieren frå Nordfjordeid i fjor. Då var det ein stor overrasking for alle at Solund vann, men i år hadde musikantane store ambisjonar. – I år måtte vi dempe forventningane så ikkje musikantane var høge på seg sjølv, seier Jostein med eit smil.

– Det er opplevinga som er det viktige, men når vi vinn er det kjekkare å fortsette. Dorthea Hauge Erlend Lambrechts Trovåg er musikklærar i Solund og samarbeider tett med Jostein om skulemusikken. Han poengterer at det viktige ikkje er å fokusere på resultatet, men på den eigne presentasjonen. – I år fekk vi 91 poeng av totalt 100 på Nordvesten, så det var vi godt fornøgde med. Når vi dessutan har om lag 60 sulingar som har leigd båt for å reise til Florø blir alle ekstra motivert, seier Erlend. Men det er ikkje berre i Noreg at Solund skulemusikk har hatt framgang. I 2014 var korpset på tur til Danmark og kom på 2. plass i to konkurransar på Nordsø-festivalen i Blokhus.

Planlegging viktig

Kva er det då som har gjort at Solund skulemusikk har sett eit sånt oppsving dei siste åra? Både Jostein og Erlend poengterer at skulemusikken alltid har stått sterk i Solund, men at det er viktig med kontinuitet i arbeidet. Det har det vore dei siste åra og i dag er skulemusikken eit godt lag med eit vel fungerande styre. Dessutan stiller både foreldre og instruktørar på aktivitetar. – Vi er audmjuke og takknemlege for all støtte vi får av foreldra og lokalsamfunnet. Foreldra har gjennom sitt engasjement vore kjempeviktige for utviklinga av skulemusikken, og det er ikkje sånn alle plassar, seier Jostein.


SOLUNDAVISA 2015

45

Følg Solund-Skulemusikk på Facebook!

Foto: Ingvar Mårstig

– Vi har eit bra samhald og vi snakkar om korpset kvar dag. Åsmund Røed

Det er likevel tydeleg at Jostein og Erlend òg har sentrale roller i skule­ musikken sin framgang. Når dei tok over i 2011 la dei ein femårsplan for korleis korpset skulle utviklast. Planen hadde som mål å auke talet deltakarar og å gjere musikantane flinkare til å spele. For å nå måla la Jostein og Erlend vekt på å få inn gode instruktørar og gjere det gøy. – Det viktigaste er at det er kjekt og morosamt å delta. Den opplevinga ungdomane får når dei byrjar må vere så god at dei ynskjer å fortsette i staden for å sitte heime å spele dataspel, forklarar Erlend.

Gode førebilete

I Solund øver skulemusikken ein gong i veka og har fire øvingshelgar kvart år. I tillegg er der konsertar og konkurransar. Av dei 39 musikantane i korpset går 12 på vidaregåande skule utanfor kommunen, men nesten alle kjem heim for å vere med på øvingshelgane. Korpset er blitt ein sosial møteplass for dei som er vekke på vidaregåande skule. På øvingshelgane får alle mogelegheit til å lære av eldre musikantar. Musikklaga frå Manger og Eikanger kjem ofte på besøk og eldre lokale musikantar som har musikken som arbeid stiller som instruktørar. Fleire av dei spelar på topp i Noreg.

– Det er gøy med øvingshelgene fordi vi får mogelegheit å øve i 6–7 timar kvar dag samtidig som vi treff vener. Iblant blir vi delt opp og får instruks av til dømes Magnus Bjørgo på tuba og Julia Gåsvær på trompet. Dei er utruleg flinke og vi lærer mykje av dei, seier Åsmund Røed (15) og Dorthea Lerpold Hauge (14). Begge påpeikar at dei òg skal fortsette i korpset når dei byrjar på vidaregåande skule.

Nye mål

Mange av måla i femårsplanen er allereie nådd og der er såleis behov for å setje nye mål. Framover vil det viktigaste vere å halde på engasjementet hos kvar enkelt musikant og sikre at det er eit korps for heile kommunen. I tillegg skal korpset kanskje gå opp i 2. divisjon. – Dersom engasjementet held fram vil vi prøve oss i 2. divisjon i 2016. Dessutan hadde det vore gøy å delta på NM, ikkje for å vinne men for opplevinga, seier Jostein. Å delta på konkurranse er likevel ikkje det viktigaste for Jostein og Erland. Det som driv dei er mogelegheita å bidra til ungdomane sin utvikling. – Det er veldig givande når ein ser at ungdomen har noko igjen for si deltaking. Dei lærer viktig kunnskap som å ta vare på instrumenta, sosiale koder, delta i grupper, og mykje anna som ein har bruk for seinare i livet, seier Erlend.


SOLUNDAVISA 2015

46

Møteplass: Naturen er 4H Sogn og Fjordane sitt prosjekt. Det er støtta av Gjensidigestiftelsen, Extrastiftelsen, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Tor Arne Hauge tar imot prisen frå 4H Sogn og Fjordane sin prosjektleiar Hanna Margrete de Groot.

DRAUMEPLASSEN

NATURMØTEPLASS FOR ALLE ALDRAR Syns du Solund er ein draumeplass? No skal frivillige lag og ålmenta verkeleggjere Draumeplassen blant haugane sør-vest frå Ramnenipa. Målet er å skape ein naturmøteplass i Solund sitt unike kystlandskap. Det er 4H Sogn og Fjordane som står bak Draumeplassen, som er ein del av prosjektet Møteplass: Naturen. Solund vart i april kåra som ein av to vinnarar blant 18 søkjarar. Prisen er 50 000 kroner samt prosjekthjelp og arkitekttenester. – No får vi mogelegheit å planleggje heile dette fantastiske naturområdet. Her er stort potensiale for å skape eit breitt tilbod av frilufts- og idrettsaktivitetar samtidig som ein formidlar viktig kunnskap om naturen, seier Tor Arne Hauge frå Solund kommune, som saman med bulystprosjektet tok initiativ til å sende inn søknaden. Bak søknaden står også Solund barne- og ungdomsskule, Solund barnehage, Solund Idrettslag, Barnas Turlag, YST Ung-gruppa, Pensjonistlaget, og ei rekke privatpersonar.

Viktig med brei prosess

Hauge poengterer at det er positivt med eit finansielt tilskot, men at det i denne fasen er prosjekt- og arkitekthjelpa som er det sentrale i støtta frå 4H Sogn og Fjordane. Difor blir det viktig å få god oppslutting i arbeidet med Draumeplassen. – Draumeplassen skal vere for alle og vi ynskjer innspel frå både unge og eldre. Vi håpar denne prosessen vil skape engasjement for utviklinga av området, seier Hauge.

Mange mogelegheiter

I søknaden til 4H var det vist til fleire mogelege aktivitetar og tiltak. Kyst­ arboretet er eit allereie eksisterande område med bl.a. eksotiske planter. Det vart starta som eit skuleprosjekt på 90-talet og blir framleis brukt i dag. Det

er allereie ein bratt, grusa gangveg opp til Kystarboretet. Med litt tilrettelegging kan den bli lettare å bruke også for eldre og foreldre med barnevogn. I tillegg finst det to turstiar opp og rundt Ramnenipa og ein naturklatrevegg med boltar. For å skape ein naturmøteplass treng ein likevel ein beskytta stad å møtast. – Vi ser føre oss å ha eit bygg ei eller anna form sentralt på området. Dette er eit vêrhardt område, og skal skulen og barnehagen kunne planleggje ein heil dag ute må dei ha tak som dei kan søkje ly under, seier Hauge. Andre mogelegheiter som vart skissert i søknaden var bruk av Valsvatnet til bading, fiske og kajakking, samt etablering av joggeløype, utandørs trimutstyr og kanskje sykkelløype. Men Hauge poengterer at søknaden berre var ein idéskisse, og det er no arbeidet byrjar. – Det er opp til innbyggjarane i Solund å bestemme korleis Draumeplassen skal bli. Dersom dei har tankar og idear håpar vi at dei vil kome med innspel i prosessen framover, avsluttar Hauge. Les meir på www.4h.no/sognogfjordane.


SOLUNDAVISA 2015

47

FEEDING YOUR PASSION FOR FISH


SOLUNDAVISA 2015

48

Blikk frå Solund Ny folkehelsekoordinator I mars 2015 byrja Mona Hjønnevåg som folkehelsekoordinator i Solund. Mona har ei bakgrunn som klinisk spesialist i sjukepleie, og ho har lang erfaring frå helsearbeid ved bl.a. Oslo universitetssykehus. Målet med folkehelsearbeidet i Solund er å fremje god helse i befolkninga, og idear som bidrar til å nå målet er velkomne. Du finn meir informasjon under folkehelse på kommunen si heimeside. Du kan òg ta kontakt med Mona på mona.hjonnevag@solund.kommune.no eller på telefon 57 78 62 09. Både privatpersonar og bedrifter er velkomne. Les meir om Mona på side 37.

Kystparken

Kystparken er eit bygdeutviklingsprosjekt basert på eit langsiktig samarbeid, på tvers av ideelle og kommersielle interesser, om eit område sine natur- og kulturverdiar. Prosjektet er i dag drive av Norsk Kystkulturakademi og får støtte av Kommunal- og moderniseringsdepartmentet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Solund kommune. Frå januar 2017 skal Kystparken drivast som ein organisasjon med eige styre og vedtekter. I løpet av sommaren og hausten vil Kystparken arrangere bygdemøter i HAFSregionen for å kome i dialog med interesserte aktørar og få innspel om kva aktivitetar og attraksjonar som skal inngå i den framtidige Kystparken. Les meir på www.facebook.com/Kystparken og http://www.norskeparker.no.

Følg Krambuahersvik på Facebook!

Solund Bryggje

Solund Bryggje held fram med fjorårets suksess. Det greske radarparet Artur Gjata og Geraimos «Makis» Giourgas arbeidar som kjøkkensjef respektive restaurant­ sjef også denne sommaren. På Bryggja i Hardbakke hamn nyt du lokalprodusert mat med smak av Middelhavet. Prøv gjerne Solundlam keftiko med blanda grønsaker, eller Solundtorsk med kvitlauk og Middelhavs raudssaus. Solund Bryggje er ope kvar dag i perioden 1. juni til 31. august. I tillegg enkelte helgar i løpet av året.

Krambua

Våren 2015 byrja det store og etterlengta restaureringsarbeidet av Krambua på Hersvik. Solund Sogelag er ansvarleg for arbeidet med leiing av Ove Losnegård. Målet er å sikre bygget for framtida gjennom å leggje nytt tak og skifte kledning på begge buene, samt å skifte ein del reisverk. Arbeidet med restaureringa er gjennomført med støtte av Norsk Kulturminnefond, SMIL-midlar og eigne innsamla midlar. Målet er å få prosjektet ferdig i byrjinga av 2016, men det er avhengig av ny finansiering.


SolundMat

SolundMat satsar no på å auke produksjonen i sine lokaler på Ytrøygrend. Bedrifta har i mai henta inn 1,2 millionar kroner frå gamle og nye aksjonærar for å kjøpe fiskemottaket og tomta. I tillegg skal det eksisterande bygget utvidast og byggast om. Etterspurnaden etter SolundMat sine produkt har auka og difor treng bedrifta å auke produksjonen gjennom større grad av foredling av både kjøtt og fisk. Ombygginga skal vere ferdig i september 2015. Etter emisjonen har SolundMat om lag 55 aksjonærar. Bedrifta sel fersk fisk, klippfisk og villsaukjøtt. I dag finn du produkta i om lag 20 butikkar og 10 restaurantar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Meir informasjon om SolundMat finn du på www.solundmat.no.

Turpass med klippekort

Ytre Sogn Turlag har utarbeidd eit turpass med informasjon om totalt ti turar i Solund og Gulen. Turane i turpasset er òg med i turkarta for Solund og Gulen. I turpasset finn du klippekort som du kan levere inn om du har vore på minst seks av turmåla og klipt i passet. Det vert trekt ut vinnarar mellom av flotte premiar. Turpasset inneheld òg kart, informasjon om Kystled Solund og praktiske turtips. Du kan hente ditt turpass på Gjenbruket og kommunehuset.

Turpasset er gratis

Foto: Sigve Lerpold

Fyrsafari til Utvær Fotobok om Solund Du har vel ikkje gått glipp av fotoboka Solund – eit år der land møter hav? I boka finn du over 150 flotte bilete frå Solund som syner øyriket vinter, vår, sommar og haust. Over 30 personar har bidrege med bilete til boka, som er utarbeidd av ein dugnadsgjeng koordinert av bulystprosjektet. Du kan kjøpe boka på Gjenbruket og kommunehuset på Hardbakke, samt på butikkane på Nåra og Hersvik. Prisen er 300 kroner og overskotet går til å realisere fleire bøker i framtida.

Solund skatepark

Veit du at Utvær fyr blir motivet på Noregs nye 50-lapp? No har du sjansen å nyte utsikta frå toppen av fyren og samtidig besøke Noregs vestlegaste punkt. I perioden 22. juni til 16. august går det båt frå Hardbakke kvar søndag kl. 15.30. Turen til Utvær tar om lag ein time og du er tilbake kl. 19.30. Kontakt Visit Fjordkysten seinast kl. 20.00 kvelden før du ynskjer å reise, telefon 57 73 90 20. Dersom du ynskjer å besøke Utvær andre tider på året kan du kontakte Vener av Utvær på post@utver.no. Du finn meir informasjon om Utvær og deira vertskapsordning på www.utver.com.

I mai 2015 opna Solund skatepark på idrettsbana på Hardbakke. Her kan du bruke skateboard, bmx, rollerblades, sparkesykkel og anna utstyr med hjul. Dersom du tør kan du prøve ein quarter-pipe, rail eller hoppe over ein spine-ramp. Skateparken er ope døgnet rundt for alle som ynskjer å bruke den. Det er anbefalt å bruke hjelm og anna verneutstyr. Skateparken er realisert med støtte av åtte lokale og regionale bedrifter: Bahus og Bauge AS, HAFS Elektro & Rør AS, P/R Sulejet ANS, Sunnfjord Energi AS, Sulefisk AS, Steinsund Marinesenter AS, SPAR Solund og Sparebanken Sogn og Fjordane.

SOLUNDAVISA 2015

49


50 SOLUNDAVISA 2015

ARRANGEMENTER

Møte i fjøra 6.–7. juni Har du prøvd å ete tare, kråkebollar, sniglar og andre ting du finn i sjøen? Helga 6.–7. juni held Børje Møster frå Manger kurs i Straumen der ein sankar i fjæra etter vekstar og dyr ein kan ete. Helga byr òg på utstillingar, sal av varer, spanande matserveringar, kulturminnetur, og mogelegheit for å prøve på fri­dykking. Meir informasjon om arrange­ mentet finn du på www.solund.kommune.no.

Villsaufestivalen 26.–28. juni I år arrangerer Norsk Kystkulturakademi Villsaufestivalen for tredje gang. Festivalen byr bl.a. på fagkonferanse, kurs, villsausanking, klipping og spinning av ull. Dessutan blir det marknad med m.a. lokalprodusert mat, ostsmaking med Pascalle Baudonnel, kurs i grindebygging, kulturminnetur til Utvær, allsong hos Roar Moe, utstillingar og konsertar. Mykje moro for store og små! Tema i år er berekraftig liv. Les meir på www.nkka.no.

Foto: Trude Søilen

Cubansk kunstutstilling 26.–28. juni Under Villsaufestivalen stiller den cubanske biletekunst­ naren Ramón Eduardo Haití Filiú ut sine verk på Solund Grendahus. Ramón har kunstfagleg utdanning frå det mest kjente kunstakademiet på Cuba: San Alejandro i Havanna. Han ynskjer å bringe meir varme og lys til oss nordbuarar med sine fargesterke maleri, fulle av afrocubanske symbol som også gjev oss skandinavar meining og gjenkjenning. Ramón bur og arbeidar i dag i Bergen og har tilknyting til Solund gjennom kona Norunn Kalgraff som opphavleg kjem frå Kolgrov. Meir informasjon om Ramón finn du på www.ramonhaitifiliu.com.

Familiedag

Familiegudsteneste

på Indrøy 18. juli

på Indrevær 19. juli

Om du er i Solund 18. juli må du ikkje gå glipp av familiedagen på Indrøy. Det blir omvising av Indrøy handelstad og grilling av bl.a. kvalbiff. I 2014 kom over om lag 200 personar og det går båtar frå Hardbakke og Ytrøy.

Ynskjer du ein kulturoppleving utover det vanlege? Då skal du bli med på familiegudsteneste på Indrevær bedehus 19. juli. Dette er det einaste bedehuset i Solund og ligg heilt ute i havgapet. I fjor kom det om lag 110 personar. Det går båt frå Hardbakke, Kolgrov og Utvær.


Kaidag på Hersvik 25. juli

Foto: Inge Hugøy

Eit av høgdepunkta i Solund på sommaren er Kaidagen på Hersvik. I fjor kom nærmare 200 personar til arrange­mentet. Fjorårets suksess, meisterskapet i Vavottekasting, blir arrangert i år igjen. I tillegg blir det fiskedam, rømmegraut, kaffi og vaffler. Det vert òg mogeleg å sjå den flotte restaurerings­ jobben som har vore utført på Krambua i løpet av våren.

Solunddagane 21.–23. august Som vanleg blir Solunddagane arrangert tredje helga i august. I år er Rita Eriksen det store trekkplasteret, men sjølvsagt blir det òg marknad, dans, kunstutstilling og næringssamling. Du kan delta i kanoløpet i Hardbakke hamn, eller kvifor ikkje sende inn eit bilete til fotokonkurransen med tema «Friluftslivets år».

Kunstutstilling på Galleri Blink 21. august–6. september Solund Kunstlag arrangerer som vanleg kunstutstilling på Galleri Blink med opning på fredagen av Solunddagane. I år stiller Åge Steinset ut biletkunst med motiv frå kysten. Geir S. Hjetland frå Balestrand stiller ut sine skulpturar rundt om på Hardbakke, og Bergensbaserte Beate Einen, mest kjent for serien Elixir of Life, viser sin fantastiske glaskunst.

Lyskunstfestivalen 9.–15. november Når sommaren er slutt og hausten er her er det igjen tid for Solund Lyskunstfestival. Årets festival tar sikte på brei deltaking i lokalsamfunnet samtidig som festivalen etablerer samarbeid med internasjonale aktørar. Det blir workshops og - som tidlegare år – spanande lyskunst. I år skjer arrangementet i nært samarbeid med lysdesignbyrået ZENISK frå Oslo og dei to Londonbaserte organisasjonane Social Light Movement og Light Follows Behaviour. Meir informasjon om lyskunstfestivalen finn du på www.solundlys.no.

SOLUNDAVISA 2015

ARRANGEMENTER

51


Velkommen til

SOLUND NÆRINGSBYGG PÅ HARDBAKKE Her finn du butikkar med: daglegvarer, tipping, post i butikk, bensin, mold, bark, ved, trelast, byggevarer, fiskeutstyr, kart, kraftfòr, maling, jernvare, verktøy, kjøkkenutstyr, hage & miljø, interiør, blomster, støvler, sko, bøker, klær, souvenirar, postkort, leikar, gåveartiklar og hyggeleg personale. Øybygg AS tlf.: 57 78 73 58

Spar Solund tlf.: 57 78 71 17

Andre tenester: Sparebanken Sogn og Fjordane • nav • Tannlege • Politi • Gjenbruket og kafé • Nettbuss • Rørlegger VVS Rune Berge • Postomfordeling • Solund Rekneskap as • Post i butikk • Solund Naturterapi

Turistinformasjonen finn du på Gjenbruket i heile sommar! Trådlaust internett på Næringskaféen!

Solundavisa 2015  

Solundavisa 2015 med artiklar og informasjon om bedrifter, lag og offentleg sektor i Solund.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you