Page 1

2017

Y S TURHEF TE

12 TURMÅL FOR STORE OG SMÅ I GULEN, SOLUND OG HYLLESTAD

KLIPPEKORT


Velkomen til kunnskapsåret 2017! Kvart år vel Den Norske Turistforeningen (DNT) eit tema og 2017 er kunnskapen sitt år. I Ytre Sogn Turlag (YST) har vi difor planlagt ei rekke aktivitetar og kurs for å auke kunnskapen om friluftsliv. Ikkje berre i Gulen og Solund, men no finn du YST også i Hyllestad. Ta sjansen og bli med! Ytre Sogn Turlag startar kunnskapen sitt år med Ambassadørkurs og Grunnleggjande turleiarkurs siste helga i april. Desse begge kursa er dei fyrste i DNT sitt kursprogram for turleiarar og kursa er opne for alle som vil lære seg meir om friluftsliv. Meir informasjon om ulike kurs finn du på side 12. I 2017 vil YST arrangere mange aktivitetar, til dømes det årlege soppkurset i september, friluftsskular for barn 8-11 år og leir for ungdomar 12-15 år. Vi vidarefører også midtveketurar i Gulen. Du finn oppsett av turane på side 24. Det var blanda oppmøte i fjor, men me satsar friskt vidare og håper du stiller. Sjå turprogram, heimeside og Facebook for meir informasjon om alle våre aktivitetar. Ei gledeleg nyheit er at Ytre Sogn Turlag frå mars 2017 også inkluderer Hyllestad kommune. Det betyr at vi har tre Barnas Turlag og at alle DNT-medlemmer i Hyllestad no er medlemmer i YST. Vi ynskjer alle nye medlemmer velkomne! Dersom du ynskjer å registrere dine turar digitalt kan du, med start 28. april, gjere det på appen SjekkUT. YST vil legge ut alle turmåla i heftet på denne appen. På SjekkUT finn du også mange andre DNT-turmål i Noreg. Til sist vil vi informere om at YST, i samarbeid med Ripsdamene, har designa ein flott turgenser i grått og raudt (sjå bilete). Du kan kjøpe strikkepakkar på: www.ripsdamene.no/strikkepakker/turgenser. Vi ynskjer dykk alle eit godt og kunnskapsrikt turår!

Wenche Midthun, leiar

Du kan fylgje oss på: www.facebook.com/ytresognturlag https://ytresogn.dnt.no


3

Ytre Sogn Turlag Ytre Sogn Turlag (YST) er ein organisasjon som ynskjer å leggje til rette for friluftsliv for alle. Me skal skape turglede og gjere det enkelt å kome seg ut på tur i nærnaturen. YST er organisert med eit vaksenlag, barnas turlag i Solund, Gulen og Hyllestad, og ei ivrig og flott ungdomsgruppe. DNT har mange gode medlemsfordelar som du finn på www.dnt.no. I tillegg har du som medlem i YST 10% rabatt på ordinære varer hos Atleten i Knarvik.

Mottoet til YST: Kjenn din kommune – og bruk den! Føremål Den Norske Turistforening (DNT) skal arbeide for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenleg friluftsliv og for sikring av friluftslivets natur- og kulturgrunnlag.

Bli med i Ytre Sogn Turlag! Me ynskjer fleire medlemer i YST. Om du vil melde deg inn kan du gjere det på nettsida til DNT:

www.dnt.no. Har du lyst å bidra til YST sitt arbeid? Vi treng alltid fleire eldsjeler til våre aktivitetar, så ta gjerne kontakt med oss. Du finn kontaktinformasjon heilt sist i turheftet.

YST sin hovudsponsor:

YST ynskjer å takke Gulen kommune og Solund kommune for deira støtte til produksjonen av dette turheftet.

GULEN

SOLUND


Merka turar i Solund Losnedal runden Stigfjellet Bondefjellet Erdalsanden Husefjellet Uranipa Espa Stranda -Tveranger Pollatinden Storevatnet-Råke Ramnenipa rundt Ramnenipa Stokkevåg Rånekletten Oddenova Håfjellet Nordsjøløypa Ytre Sula Sperrefjellet Hellevikhammaren Nordsjøløypa på Utvær

Merka turar i Gulen Løypingåsen Høgefjellet Eivindvik - Dingja Kjerringnova Vardetur Tveitskardet Bygdetur Slengesolfjellet Bufjellet Kalvafjellet Langevatn Midt-Taklestølen Søtekollen Engesetstølen Nedre Furdalsstølen Svadfjellet Vårflortur Byrknesfjellet Mjømnefjellet Midtbøfjellet


Merka turar i Hyllestad Myklebust-Fjaler Sandalen-Skivenes Bordvika-Vardeheia Rutlekvia-Vågane Sørbø Kjøpstad-Båneset Trøsdal-Langesjøen Ytre Teige-Teigesåta Myklebustfeltet-Sæsol Kolgrovheia Rossvikheia Trondhjemske postvei Myrketjørnbotnen-Hesjetinden Baug- Robba-Dalsstølane Kyrkjestien Øn-Skor Espelandsbrua-Systadfjellet Kletten-Laviksåta Område: Sauesnyken-Laviksåta Øvre Tveit-Krakelivatnet Ytre Bø-Bøheia Sågneskollen Lihesten


6

Turkart Solund, Gulen og Hyllestad har kvar sitt turkart i målestokk 1:50 000. Kvart kart innheld 20 merka turstiar som er skildra og gradert etter nasjonalt graderingssystem for turstiar. Det er òg fine bilete og tekstar på norsk og engelsk. Karta kan kjøpast på ulike stader i kommunane eller ved å kontakte YST. Informasjon om alle turane er også lagd ut på www.ut.no.

TEIKNFORKLARINGAR TIL KARTA Plassering av klippetong Merka sti Umerka sti Utsiktspunkt Kystled Gradering av turstiar Lett Middels Utfordrande Krevjande

UT.no – Heile Norges turplanleggjar På UT.no finn du tusenvis av turforslag, alle turistforeningshyttene, samt digitale turkart. UT.no finst også som mobilapp.

DNT SjekkUT DNT SjekkUT er ein nyutvikla app for å digitalt registrere seg på turpostar. Står ein innanfor 50 meter frå posten, kan ein sjekke inn. Appen inneheld eit godt turkart som kan brukast til å finne fram. Det er også ei digital gjestebok kor ein kan legge igjen ei helsing eller eit bilete. Det er også mange moglegheiter for å dele turopplevinga med andre i sosiale medier. Last ned appen frå 28. april i Appstore og Google Play. Alle turane i YST Turhefte 2017 finn du på SjekkUT.


7

Turvett Nærtur

� Sei ifrå kvar du har tenkt deg på tur

� Planlegg turen saman med barna

� Lytt til dei som har gått turar før deg

� Sett av tid til undring

� Ha respekt for vêr og vêrmelding

� Gå ut i dårleg vêr, det blir gode minner

� Ha respekt for gjerde og steingardar

� Leik, du er vaksen og har lov til det

� Ikkje kast søppel i naturen, plukk opp viss du ser noko � Ta med drikke � Ha godt fottøy � Ta med nok klede, bles det er det viktig med noko som er vindtett � Skal du i båt må du ha med godkjent flyteplagg, lær sjøens trafikkregler

For meir informasjon, sjå: www.helstute.com

Barn

� Ikkje snu med ein gang, barn klarar meir enn du trur � Ha alltid med ekstra «bensin» til barna � Lukt på mose, bruk alle sansane � Førstehjelpsutstyr, varme klede og nok mat og drikke høyrer alltid til � Få hjelp undervegs, barna likar å bidra � Mål suksess i antall timar ute, ikkje km � Skryt oppriktig av barna � Ta pausar undervegs � Tenk tryggleik - er du i tvil så er du ikkje i tvil

«Turgledespiren vert sådd»


8

Barnas Turlag Hyllestad Barnas Turlag Hyllestad vart skipa hausten 2009 og har sidan då arrangert turar for små og store i kommunen. Frå mars 2017 er vi ein del av Ytre Sogn Turlag og vi ser fram til eit godt samarbeid med YST sine Barnas Turlag i Gulen og Solund. Barnas Turlag Hyllestad ynskjer å skape turglede hos dei minste og legg vekt på at det skal vere moro å gå på tur. Ungane skal ha tid til å både leike og undre. Det er også kjekt for store og små å samlast og gå på tur i lag. Vi freistar å finne høvelege turmål i heile kommunen. I løpet av året har vi nokre korte turar i lett terreng som høver godt for dei minste. For dei som klarar litt meir legg vi også inn nokre turar som er litt meir krevjande. Vi har vanlegvis tur eller arrangement kvar månad. Første søndagen i månaden er vår turdag. I tillegg har vi arrangement som legg vekt på leik og sosialt samvær, for eksempel ski- og akedag, ein tur på stranda eller i symjehall. Vi håpar mange har lyst å vere med oss på tur i 2017! Leiar Katarzyna Lylund


9

TURBOREVEN Turboreven er Barnas Turlag sin maskot. Han er alltid ute på tur og i heftet har han gøymt seg 15 plasser på andre sider i dette turheftet. Sjå om du kan finne kvar han har gjømt seg!

For meir informasjon sjå: www.fjordkysten.no for informasjon om aktivitetar, opplevingar og overnatting i regionen.

PÅ NATUREN SI S PÅ NATUREN SI SIDE

Det er rein

PÅ NATUREN SI SIDE Det er reint – Det er godt!

www.sunnfjordenerg

Det er reint – Det er godt!

PÅ NATUREN SI SIDE. Det er reint - det er godt! PÅ NATUREN SI SIDE

www.sunnfjordenergi.no

Ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet

sunnfjordenergi.no


10

Friluftsskule Friluftsskule er eit tilbod på dagtid i sommarferien til barn i alderen 8-11 år (født 2006-2009). Skulane er eit samarbeid med Norsk Kystkulturakademi og Stordalen Fjellstove. Kvar skule er tre dagar, med ei valfri overnatting siste natta. HOVUDAKTIVITETANE PÅ FRILUFTSSKULEN VERT: •Kajakkpadling

•Fisking

•Allemannsretten

•Fjelltur

•Mat frå sjøen

•Matlaging ute

•Roing

•Leirslagning

•Kart og kompass

Stordalen Fjellstove:

Det langsiktige målet med friluftsskulane er at dei

20.-22. jun (tir-ons-tor)

skal vere med å gjere lokal ungdom i stand til å bruke

Solund /NKKA:

kysten til eit aktivt og spanande friluftsliv. Kortsiktig

26.-28. jun (man-tir-ons) Solund/NKKA: 7.-9. aug (man-tir-ons) Stordalen Fjellstove: 14.-16. aug (man-tir-ons)

vonar vi at det skal bli naturleg å fortsetje i DNT-Ung gruppa i YST. Deltakaravgifta er kr. 850,- pr. barn og skule for medlemmar i DNT og kr. 950,- for dei som ikkje er medlemmar. Påmelding og betaling via heimesida til Ytre Sogn Turlag www.ytresogn.dnt.no. Maks 16 ungdomar per skule. Påmeldinga er bindande.


11

OPPTUR blir arrangert kvart år for 8. klasse i heile landet. OPPTUR er ein nasjonal turdag for norske åttandeklassingar. I 2017 er OPPTUR onsdag 3. mai. Fokus på arrangementet er sosialt samvær, naturopplevingar og fysisk aktivitet. Kvart år vert det i den samanhengen arrangert konkurransar mellom alle klassane som tar del i OPPTUR.


12

KUNNSKAPENS ÅR I 2017 har Den Norske Turistforeningen fokus på kunnskap om friluftsliv. Eit arrangement som vil gje deg auka kunnskap er DNT sitt Ferskingkurs. YST arrangerte dette for fyrste gong i Gulen i 2016, og det var ein stor suksess. Vi vil difor jobbe for å få til dette kurset i alle dei tre kommunane i 2017. Dersom du ynskjer kunnskap om turleiing kan du vere med på Ambassadørkurs og Grunnleggande turleiarkurs i slutten av april. På kursa lærer du om DNT sine verdiar og system, i tillegg til å tileigne deg kompetanse i friluftsliv og turleiing. For dei som er interessert i å utdanna seg meir arrangerer DNT også sommarturleiarkurs (nivå 3) og vinterturleiarkurs (nivå 4). Meir informasjon om desse kursa finn du på www.dnt.no/kurs. Til hausten arrangerer vi i YST vårt tradisjonelle og populære soppkurs. I år vert det i Hyllestad den 10. september. Bli med oss på aktivitet i YST og prøv noko nytt. Vi vil gjerne ha deg med!

FERSKINGKURS FERSKINGKURS passar for alle som ynskjer å lære grunnleggjande friluftsferdigheiter. Kurset går over fire kveldar. Tema er allemannsretten og DNT sine tilbod. Vi praktiserer bruk av kart og kompass, båltenning, turbekledning, tursekk, turmat, primus/stormkjøkken og matlaging ute.


13


14

VELKOMEN PÅ TUR I HYLLESTAD Hyllestad kommune har flott natur og våre turar er ein fin anledning til å bli kjent med ulike turmål. Nokre av turane er høvelege for dei minste, som turen til Bjørneheia. Her går du på langs av Lifjellet og møter spanande figurar i skogen! I dette turheftet finn du informasjon om fire turar i Hyllestad. Teiknforklaringar finn du på side 6.

TURER I HYLLESTAD

Kart-plassering

Vil du være med Barnas Turlag Hyllestad på tur i 2017? Katarzyna M. Lylund er leiar i gruppa og BT Hyllestad legg vekt på at det skal vere moro å vere på tur. Det er mange

Ytre Bø-Bøheia

H20

Torgeirsletta

H15

Risnesnipa

H22

Kvernsteinsparken

Sauesnyken

H18

3. desember.

Sjå oversiktskart s. 4-5

fine turar på programmet i 2017, inklusive avslutting i


15 H20

Bøheia Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Parkeringsplass oppe ved vassverket i Ytre Bø-feltet. 1,5 – 2 timar t/r 350 m.o.h Fin tur på ca. 2 km med lite stigning. Turen går hovedsakleg gjennom skogen. Enkelte våte parti. Fin utsikt over Sognefjorden frå toppen. I postkassa til idrettslaget.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


16 H15

Torgeirsletta Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Parkering ved Øen kapell/gravplass. 2-3 timar t/r 523 m.o.h. Første del av turen går bratt opp gjennom ei li og gjennom ein lauvskog og eit granfelt, og deretter over eit snaufjell. Fin stigning heile vegen og litt bratt siste delen. Fantastisk utsikt utover Ålfjorden, Lihesten og Alden i vest. I postkassa til idrettslaget.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


17 H22

Risnesnipa Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Parkering på Hovland (i svingen på venstre side under tre og raud hytte nede ved sjøen). 3-4 timar t/r 776 m.o.h. Du kan gå opp til Bjørnemyra eller opp Hovlandstien. Bratt tur. Ein kan óg gå frå Risnes der det er litt mindre bratt. Parkering ved minnestøtta. Fint å gå og løypa går slakt innover og oppover. Ein møter stien frå Hovland ved foten av fjellet. Fantastisk utsikt frå toppen. I postkassa til idrettslaget.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


18 H18

Sauesnyken Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Parkering på velteplass i byggefeltet på Øvre Heggebø. Køyr forbi ballbingen og ca. 100 m inn i skogen. 2 timar t/r 507 m.o.h. Byringa på turen er skogsveg. Frå Bråstadstølen vert det brattare stigning. Her kan vere glatt dersom det er vått i terrenget. Etter kvart kjem ein over i fjellterreng, med mindre vegetasjon, og betre underlag for stien. I postkassa til idrettslaget.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


19

ÂŤSaltsmak, friske kinn og respektÂť


20

Kurs og studier, aktiviteter og opplevelser innen kystkultur. Følg oss på Facebook! post@nkka.no - 481 05 774

Sulejet skyssbåter ØYHOPPING I SOLUND OG BULANDET STJERNSUND 28 pass og SULEJET 16 pass Andre turer /oppdrag på heile vestlandet. KONTAKT: hansgasv@hotmail.com eller tfaer@online.no For tilbod ring tlf. 992 74 220

57 72 00 67

Los? Det er mange skjær i sjøen..............men Solund Rekneskap AS kan hjelpe deg med: ● Fakturering ● Rekneskap ● Lønn og årsoppgjer m.m. tlf. 5778 6000 post@solund-rekneskap.no

MX sport Atleten Knarvik Senter tlf.: 56 35 04 15


21

Turprogram 2017 Infomasjon om turane finn du på heimesida: https://ytresogn.dnt.no og www.facebook.com/ytresognturlag Det vert òg sett opp oppslag om turane. Enkelte turar krev påmelding.

April

Mars

Februar

Januar

YST

YST Ung

BT (Barnas Turlag)

DATO

TUR/AKTIVITET

STAD

ANSVARLEG

14. jan

Reflekstur

YST

27-28. jan

Årsmøte Sogn og Fjordane Turlag

SFT

5. feb

Kom deg ut dag

Aksevatnet

BT Hyllestad

5. feb

Kom deg ut dag

Stordalen

BT Gulen + YST Ung

5. feb

Kom deg ut dag

Nessa

BT Solund

26. mar

Bukkene Bruse tur

Eivindvik

BT Gulen

11. mar

Eksperimentekspedisjon

Leikeplassen på Eide

BT Solund

17. mar

Ekstraordinært årsmøte

Bålen

YST

31-02. apr

Vintercamp Stordalen

Stordalen

DNT Ung

2. apr

Bjørnemyra

Lekva

BT Hyllestad

3. apr

Mandagstur på Søtekollen

Gulen

YST Ung

9. apr

Pollatinden

Solund

YST

23. apr

Trefjellstur

Gulen

YST + BT Gulen

29. apr

Grunnleggjande turleiarkurs

Gulen

YST + SFT


Juni

Mai

22

Følg med på oppdateringar og detaljert informasjon om aktivitetane på https://ytresogn.dnt.no og www.facebook.com/ytresognturlag.»

DATO

TUR/AKTIVITET

STAD

ANSVARLEG

1. mai

Tur

Heggetjønna

BT Hyllestad

1. mai

Padling i Solund

Solund

YST Ung

3. mai

Opptur

Piltevarden

YST Ung

21. mai

Fossedalen overnattingstur

Fjaler

BT Solund

28. mai

Tur

Tveiteskardet

YST

28. mai

Tur

Breidvikstølen

BTG

Dato kjem

Espa + båt

Espa

BT Solund

Dato kjem

Bading

Info kjem

BT Hyllestad

14. jun

Krakhellenipa

Krakhella

YST + YST Ung

18. jun

Ådneburen

Stølsheimen

YST

20.-22. jun

Friluftskule

Stordalen

YST

26.-28. jun

Friluftskule

Solund

YST


August September Oktober November Des

DATO

TUR/AKTIVITET

STAD

ANSVARLEG

Dato kjem

Hatlevik

Info kjem

BT Gulen

12. aug

Blåbærtur

Gylteskogen

BT Solund

7.-9. aug

Friluftskule

Solund

YST

14.-16. aug

Friluftskule

Stordalen

YST

20. aug

Bjørn West-marsjen

Matre

YST, BT Gulen, YST Ung

26. aug

Solunddagen

Hardbakke

BT Solund

27. aug

Trolltur

Oppdalsøyra

BT Gulen

01-03. sep

Stisykling og via Ferrata 13-19

Gloppen og Loen

YST Ung

3. sep

Kom deg ut-dagen

Hatlevika, Info kjem

BT Gulen

3. sep

Kom deg ut-dagen

Aboreet, Info kjem

BT Solund

3. sep

Kom deg ut-dagen

Info kjem

BT Hyllestad

10. sep

Sopp-kurs

Hyllestad

YST

17. sep

Tur

Engsetstølen

BT Gulen

1. okt

Sopptur

Hyllestad

BT Hyllestad

1. okt

Fisketur

Stokkevåg

BT Solund

22. okt

Tur og gardsbesøk- Sperretoa

Dalsøyra

BT Gulen

22. okt

Slengesolfjellet

Dalsøyra

YST

Dato kjem

Lystur

Hardbakke

BT Solund

5. nov

Bassengtur

Høyanger

BT Hyllestad

19. nov

Årsmøte og Ung-disko

Hyllestad

YST

3. des

Avslutting

Kvernsteinsparken i Hyllestad

BT Hyllestad


24

Midtveketurar I perioden april-oktober vil YST arrangere midtveketurar i Gulen. Alle turane vil, dersom ikkje anna vert informert, starte kl. 18.00. Turane er meint som eit lågterskeltilbod for alle som ynskjer å kome seg ut på tur. Det er gratis å vere med. Meir informasjon om midtveketurar finn du på YST si heimesida og Facebook. DATO

7. mar

21. mar

GULEN (Dalsøyrane/Øyane)

GULEN (Brekke/Eivindvik)

Bygdevandring på Byrknes

-----

Tjørefjellet

Kamben

4. apr

Storstaulia på Mjømnefjellet

Undertunåsen

2. apr

Steinsfjellet

-----

18. apr

-----

Tveitekletten/Skåldalen

26. apr

Bufjellet

Inst-Taklestølen

2. mai

Valebergkoven

Løypingåsen

10. mai

Slengesolfjellet

Fossedalstølen

24. mai

Bygdestien

Engesetstølen

30. mai

Kjevatnet

Sætredalen

7. jun

Brandangerfjellet

Skiddalen

13. jun

-----

Høgefjellet

21. jun

Norddalstjønna

-----

27. jun

-----

Taskebotn

4. jul

-----

Mikkelfjellet

11. jul

-----

Flolidfjellet

18. jul

-----

Løypingåsen

8. aug

-----

Litlebotn

9. aug

-----

Furedalsstølen

16. aug

Sanddalen

-----

22. aug

-----

Vassverket/Øvre Stølen

23. aug

-----

Berekletten

29. aug

Rundtur på Sande

-----

30. aug

Grindefjellet

-----

5. sep

-----

Nordgulkletten

6. sep

-----

Asheimdalen

12. sep

Lifjellet

-----

19. sep

Veten på Byrknes

Midtundalen

20. sep

3. okt

-----

Kommando-tårnet

«Murane» på Mjømna

-----


AP

N

TT

ER

DE

FO

For timebestilling: 991 65 619

T

25

EUTFOR

BU

57 78 23 03 - 91 17 31 36

Ta turen innom Vidsyn her finn du godt utval av butikkar og tenester!


26

VELKOMEN PÅ TUR I GULEN Gulen har ein variert og storslått natur, frå kystlandskap til snaufjell. Her kan du følge merka turløyper langs svaberg, via frodige daler til høge fjell. YST og BT Gulen har fleire fellesturar der ein kan bli med å utforske kommunen i sosialt fellesskap. Søndag 23. april har vi til dømes fellestur til Midtbøfjellet. Sjå oversikta midt i heftet for meir informasjon. Vi kan garantere flott opplevingar dersom du blir med på tur med YST!

Vil du være med Barnas Turlag Gulen på tur i 2017? Monica Skjelanger Reknes er leiar i gruppa og vi har

TURER I GULEN

Kart-plassering

mange kjekke turar som passer for både små og store. Bukkene Bruse-turen

Tveitaskaret

H20

Midtbøfjellet

H22

Engseterstølen

H15

spanande turar som ein må

Slengesolfjellet

H18

krysse av på kalenderen.

Sjå oversiktskart s. 4-5

26.

mars

og

Trollturen

27. august er to av fleire


27 G6

Tveiteskardet Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Ved ballbingen i Nordgulen, ca. 11 km frå Eivindvik. 4 timar t/r 610 m.o.h. Det er krevjande stigning opp fjellsida til 610 m.o.h. Deretter går turen flatt innover vidda og ned mot Langevatnet. Der er det mogeleg å fortsette turen vidare til Breidvik (sjå G11 på kartet). Det er verdt å ta ein avstikkar opp på Storeggene (674 m.o.h.) for å nyte utsikta. I postkasse på steinbu.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


28 G20

Midtbøfjellet Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Parkeringsplass/Turskiltet ved fylkesvegen på Ånneland. 1 time t/r 245 m.o.h. Turen starter litt bratt oppover lia, men stien er god og det går greit å komme seg til Sandøy sin høyeste topp 245 m.o.h. Flott utsikt utover alle øyene og innover til Stølsheimen. Stien deler seg et stykke oppe, men den møtes igjen nesten ved toppen. Veldig kjekt å ta med seg barn på denne turen. Ved Fjellposten.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


29

MIDTBØFJELLET Midtbøfjellet er det høgaste fjellet på Sandøy. Om du skal på ein tur i Gulen i år anbefaller vi denne. Stien mot toppen deler seg eit stykke oppe i lia. Vil du rett på toppen tek du stien mot nord. På toppen finn du postkasse med klippetong og fjelltrimpost frå Ytre Gulen Idrettslag. På vegen nedover anbefaler vi at du tek stien som går mot sør. Der møter du ein flott terasse med bord, benker og grillplass. Det er ved og vatn som ein kan nytte.

«Glede ved alt som ligg bak så nær»


30 G14

Engesetstølen Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Ved vegenden på Engeset. Først fylgjer ein traktorvegen framover om lag 300-400 m før ein tar til høgre og fylgjer stien oppover. 2 timar t/r 395 m.o.h. Engesetstølen er eit autentisk og velhalde stølsmiljø. Turen opp er fin og lett å gå. Stølen er utgangspunkt for ei rekkje andre turar i fjellområda rundt om. Ligg i steinmuren ved inngangsdøra til stølshuset med Engesetstølskiltet, saman med fjelltrimposten.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


31 G8

Slengesholkletten Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Turen starter i Nordal, ca. 4 km opp frå dalen i Dalsøyra. 2,5-3 timar t/r Om lag 500. m.o.h. Turen går i flott kulturlandskap. Stien følger vegen mot Sandalen. Nær ved Sandal svingar stien tilbake og oppover dalsida mot toppen. Flott utsikt på toppen. Ved fjellposten.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


32

«Heilt ute – heilt oppe»

VELKOMEN PÅ TUR I SOLUND Å gå på tur i Solund er flott og du går sjeldan i kø. Ein tur vi vil trekkje fram i år er Hellevikhammaren i Ytre Solund. Sjå side 35 for kart og informasjon. Turen er 3,6 km lang og tar ca. 1,5 time tur/retur.

Vil du være med

Dersom du har eit par timar til overs på Hardbakke kan du alltid gå Ramnenipa opp – eller rundt.

på tur i 2017?

Ein anna aktivitet som er verd å få med seg i Solund i 2017 er yoga med instruktør Ingvill Osland på Solnedgangsbenken 4. juni.

TURER I SOLUND

Kart-plassering

Pollatinden

H20

Ravnenipa rundt

H15

Hellevikhammaren

H22

Stokkevåg

H18

Sjå oversiktskart s. 4-5

Barnas Turlag Solund Ingvill Storøy er leiar i gruppa og har mange kjekke turar på programmet. Om du vil på klippetur er Pollatinden 9. april ein fin anledning til å gå saman med andre. Då skal alle gruppene i YST på tur.


33 S9

Pollatinden Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Turen starter tett ved hovudvegen ved Pollen, ca 4 km nordaust for Hardbakke og 1 km nordaust for Solund Verft. 2,5 timar t/r 541 m.o.h. Turen går for det meste på bert fjell og har i hovudsak jamn stigning. Geologien er spanande og dekorativ og utsikta frå toppen er storslått. I postkassen på toppen.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


34 S12

Ramnenipa rundt Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Hardbakke 2 timar 104 m.o.h. Fin tur utan store stigningar. Eit fint alternativ pĂĽ vindfulle dagar. Klippetong finn du saman med turboka i varden.

Teiknforklaringar finn du pĂĽ s. 6


35 S19

Hellevikhammaren Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring

Ved utløpet av Svartevatnet 1,5 time t/r Ca. 50 m.o.h.

Turen er 3,6 km lang med start ved utløpet av Svartevatnet. Følg Nordsjøløypa om lag 0,8 km på lyngmark, berg og myr til stikryss. Småkupert landskap med mange berg og smådalar til Hellevikhammaren. Flott utsikt mot Utvær og Nordsjøen.

Klippetong

I Ytre Solund Idrettslag sin fjelltrimkasse.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


36 S13

Stokkevåg Startpunkt Normal gangtid Høgde Turskildring Klippetong

Forbi Steinsund ved Vardefjellet inst i Bjørnefjorden. 2 timar t/r Ca. 30 m.o.h. Turen er 6 km lang. Fyrste del av turen følgjer ein traktorveg. Etter ein halv time fortset turen på sti langsetter Hognefjorden. Stien er lett og går stort sett i tørt lende. Siste del av turen går opp skaret «Porten» før den går ned dalen til den fråflytta garden Stokkevåg. Fint kulturlandskap med slåttemark, stein- murar og fint opparbeida kjerrevegar. I skaret sør for Stokkevåg.

Teiknforklaringar finn du på s. 6


37

Tlf: 56 36 71 48 - post@ansgarbirkeland.no www.ansgarbirkeland.no www.gulatinghotel.no

Bandabutikken as Har du vonde føtter?

Kompresjonsstrømper Såler Sko Fotpleieprodukter Støttebandasjer/ortoser

Tlf: 56 36 95 11 Nettbutikk:www.bandabutikken.no

• Taxi • Rullestol • Minibuss

Tlf. 577 83 100

Brekkestranda FJORDHOTEL


38

SOLUND RORBUFERIE AS Hjønnevåg 917 92 230 / 57 78 67 90

post@frivannsliv.no Tlf: 56 35 80 80 Tlf: 97 52 46 16 • Vakttlf: 97 01 81 45 E-post: vhop@online.no • Web: www.vidarhop.no

SPAR SOLUND Tlf.: 57 78 71 17 • www.spar.no

Teiknforklaringar finn du på s. 6


39

Hus og Hytter frå BYGGMANN

RYLAND BYGG AS

6958 Sørbøvåg – Tlf: 992 81 401 www.rylandbygg.no firmapost@rylandbygg.no


40

Kart og kompass Start med å orientere kartet Hald kartet slik at det stemmer overens med terrenget. Då skal nord på kartet peike mot nord på kompasset. Finn så ut kvar du er på kartet, for nå stemmer det overens med terrenget.

Kvar er du på kartet? Turkarta har ikkje alle detaljer, noko som gjer det vanskeleg å sjå på kartet nøyaktig kvar ein er. Lær deg difor å lese kartet slik at du kan kjenne igjen terrenget. Høgdekurvane er det viktigaste å forstå, fordi dei visar landskapets konturar og kor bratt det er. Sjø, vatn, vegar, kraftliner m.m. er referansepunkt som du finn igjen både på kart og i terrenget. Bruk dei for å finna din posisjon i kartet.

Å gå etter kompasset Finn ut kvar du er på kartet (A) og kvar du skal til på kartet (B). 1. Plasser kompasset oppå kartet. Legg kanten på kompasset, med marsjretnings-

pila frå den staden du er (A), til det punktet du skal (B). Vær nøyaktig. Marsjretningspila må peike den vegen du skal. (Ikkje bry deg om kompassnåla).

2. Drei kompasshuset slik at nordpila og hjelpelinjane i botnen av kompasshuset

er parallelle med nord–sør linjene på kartet.

3. Ta kompasset vekk frå kartet. Hald det vassrett i handa. Snu deg og kompasset

slik at kompassnåla ligg inne i kompasshusets nordpil. Pass på at den raude delen av kompassnåla peikar mot N-merket inne i kompasshuset. Marsj- retningspila peikar no i den retninga du skal gå. Foto: Silva.se  

Kilde: Silva.no


Torgeirsletta, 523 m.o.h. Risnesnipa, 776 m.o.h.

Sauesnyken, 507 m.o.h.

Engesetstølen, 395 m.o.h.

GULEN

Midtbøfjellet, 245 m.o.h.

Slengesholkletten, 500 m.o.h. E-post

Adresse

Tveiteskaret, 610 m.o.h.

Pollatinden, 541 m.o.h.

Hellevikhammaren, 50 m.o.h.

Telefon

SOLUND

Ravnenipa rundt, 104 m.o.h.

Stokkevåg, 30 m.o.h.

Klipp ut og lever denne sida innan 01.11.2017 dersom du vil vere med i trekninga av flotte premiar. I Gulen leverer du på Joker i Brekke samt Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund leverer du på Gjenbruket på Hardbakke. I Hyllestad leverer du på kommunehuset og biblioteket . Hugs å klippe hol side 41 og 43

Alder

Namn

HYLLESTAD

Bøheia, 350 m.o.h.

41

Hugs å klippa hol i side 41 og 43


42

Slik brukar du klippekortet: Kvar gong du gjennomfører eit av dei 12 turmåla i dette heftet vil du ved turmålet finna ei klippetong som du klipper hol i dette turheftet med. Klipp gjennom side 41 og 43. Dersom der er ein postkasse ved turmålet må du også gjerne skrive inn namnet ditt i den lokale boka. Dersom du har minst eit klipp i turheftet kan du levere inn side 41 og vere med i trekninga om premiar. Personar med seks klipp eller meir er med om ekstra fine premiar. I Gulen leverer du på Joker i Brekke samt Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund leverer du på Gjenbruket på Hardbakke. I Hyllestad kan du levere på kommunehuset og biblioteket. Fleire Turhefte får du på Kommunehuset i Eivindvik, Joker i Brekke samt på Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund får du fleire turhefte på Gjenbruket og kommunehuset på Hardbakke. I Hyllestad får du fleire turhefte på kommunehuset og biblioteket.


43

Bøheia, 350 m.o.h. Torgeirsletta, 523 m.o.h. Risnesnipa, 776 m.o.h. Sauesnyken, 507 m.o.h. Tveiteskaret, 610 m.o.h. Midtbøfjellet, 245 m.o.h. Engesetstølen, 395 m.o.h. Slengesholkletten, 500 m.o.h. Pollatinden, 541 m.o.h. Ravnenipa rundt, 104 m.o.h. Hellevikhammaren, 50 m.o.h. Stokkevåg, 30 m.o.h.


Grafisk design: Heidi Fjell • Trykk: BODONI

44

KLIPPEKORT

YST i samarbeid med:

12 TURMÅL FOR STORE OG SMÅ! For å vere med i trekninga av fine premiar må du levere inn side 41 innan 01.11.2017. I Gulen kan du levere på Joker i Brekke samt Bunnpris og Solgul Blomst i Sløvåg. I Solund kan du levere på Gjenbruket på Hardbakke. I Hyllestad kan du levere på kommunehuset og biblioteket.

KONTAKT OSS E-post

ytresogn.turlag@dnt.no

Heimeside https://ytresogn.dnt.no YST Leiar

Wenche Midthun (T:416 18 443)

YST Nestleiar

Mark Elvevåg (T: 950 28 232)

YST-Ung gruppeleiar

Rasmus Sørenstam

Barnas Turlag Gulen

Monica Reknes

Barnas Turlag Solund

Ingvill Storøy

Barnas Turlag Hyllestad Katarzyna Lylund

Naturopplevingar for livet!

Yst turhefte 2017  

Ytre Sogn Turlag sitt turhefte med informasjon om 12 turar i Gulen, Solund og Hyllestad.

Advertisement