5 minute read

Kurt Olav har fått kinnskjegg

KURT OLAV HELLE

KURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.

Advertisement

KINNSKJEGG-FOTBALL

TOTTENHAM HIDN, SKISTEN, BOMBER OG DEN GONGEN FOTBALLEN VAR KINNSKJEGG, CHANTYTUR, OG DEN BREMNERSKE ÅNDI LEVDE.

Ein gong på 70-tallet var fotballen tung, saftig, og taklingshard. Norman Hunter og Billy Bremners si ånd levde på fotballbana. På 80 tallet kom det ein tørrlett vind frå Bruaneset på 80 tallet, men det er ei anna historie som de har lest før. Fotballen gjekk vidare til Tørrlett ballett, anført av Lato Sturle, og enda opp i ingemanns land, der den er no i 5.divisjon ein plass. Ein annan klassisk spelar var broren til Skisten, Hidn. Dei var fire born i familen. Det var Han og Hidn, og Ho og hi (oversatt til bokmål vert da Han og han andre, ho og hun). Første gongen ein såg Hidn i barndomen lurte ein på om han kunne halda med Leeds. Gjennom sikre kjelder fekk ein greia på at han haldt med Tottenham. Joppa frelsa hadde ikkje nådd inn til Lona bakkane. Dei som hadde sett det “ fotballmessige” lyset haldt til i Bruaneset.

Frætte fortel at inni Bruaneset der Lato Sturle haldt til var han flink til å kasta stein, og leika seg med sprettert. Muligt han hadde ein tanke bibelsk lærdom med seg i oppveksten, og at Marta Gjerstad og dei andre Sejerindslærarane hadde fortalt han kor viktig det var å væra sterk i trui og inspirert av gamle bibelske forteljingar om David og Goliat. Og der stod David Sturle Lato Lohne fast i Leeds trui, etter sterke Bremnerske fotballmessige inntrykk, og forsvarte Leeds om det var tap eller vinn, men ikkje med akkurat David si slynge, men kanskje ein sprettert variant, heimalaga i Bruanes smia. Liverpool Stepp var uansett svært vanskeleg å omvenda. Som tidligare fortalt var det harde bud på den tida, der både luftgevær og andre våpen inspirert av cowboy og indianar leik. Nei, ting var ikkje enkelt på den tida. Ein hugsa at ein slo Seljerinden i Skulekamp i skulegården til Hebbe (Herbjørg) 12-1 på 70-talet. Det var på den tida Lato Sturle var lite interessert i fotball, men Joppen hadde gått rundt å kallt opp spelarar etter Leeds legendariske 70-talls tropp, ent-

en det var Jan Kallekleiv som Alan Clarke, eller Svein Kallekleiv som Peter Lorimer. Dette var organisatoriske grep, som gjekk langt utanfor Hebbe pedagogikk på den tida. Dette var litt bakgrunn og ein 70-talls-oppvekst som forma ein i no tida. Når ein no ser Leeds spela fotball for tida rir det ein del frutsrasjoner i ein. Dei heldt ein omgang, men kvikner til mot slutten, men då har ein sluppe inn så mykje mål den gale vegen so då er det for seint. Nei, då var det andre tider med skulekampar mot Seljerindkrinsen, når Fitje vant 12-1, og vår lokale David Harvey, Gunnar i Stabbelia, sonen til Solfrid måtte setja seg i ei trillebåre avdi det var så lite å gjera. Han var i den sistuasjonen på den tida, at han kunne velgja om han vil å gå på Fitje eller Seljerinden. Synd då at Lato Sturle valgte å skula på Sejerinden. Kva kunne han ikkje gjort det til hadde fotballinterressa kome før? Mindre steinkasting, og meir fotball. Men tilbake til no tida. Der det er golfen som er det store for Lato.

Her føre kampen mot Man U rusla eg nedover mot tippedisken på Rema. Der stod Per og Pålane og venta på Oskeladden. og i Leeds drakta med ei Oskeladdmine, skulle eg satsa ein slant på Leeds United. I ettertid veit ein at det ikkje gjekk vegen. Der og då var no trui med meg. Johnny Solberg glei forbi, og ville ikkje sei noko, avdi han var i otte for at han skulle bli omtala i Leeds Magasinet, viss Leeds slo Man U. Akkurat då følte eg Leeds vinden, var i emning. Me kunne slå Man U. Der og då trudde ein at historien kom til å gjenta seg. Det gjorde den ikkje. Dei likte seg då. Ein ny generasjon småhelveta med Man U i sinn og skinn, som liksom skulle bælæra ein om kreti og pleti. Frå før av Chelesa Trond ledd høgt, om Leeds. Eg fekk no sleppa te og innlevera ein oddskupong, der ein måtte minst ha sjuende far i huset til å hjelpa seg skulle ein få noko te. Nei, det var andre tider då Løten, Løland, og Helsiken stod å tok i mot kupongane. Då var det eit rituale utan sidestykkje. No skal alt skje så fort i våre dagar. Heim til Man U kampen, der me veit alle korleis det gjekk. Fekk til og med tekstmelding frå S.Vest om korleis det gjekk i pausen. Trur det er den 2 tekstmeldingen eg har fått frå han. Då Man U tapte i FA-cupen for Leeds, var det tagalt lengje. No er han tilbake for fullt..., i Man U mood.

Ja, her set ein då å vonar på opprykk. Hadde Revies menn tatt seg ein tur på Hatland Stadion, når Leeds fansen på Osterøy anført av Kviten og Janson sette standard. Det var på den tida ein spelar frå Valestrand kalla Ruggen, var det næraste ein var Normann Hunter i taklingane. Ein veit ikkje om han heldt med Leeds men Huntersk i taklingane var han uansett. Viss det ikkje kjem seg bak i forsvaret, sender me Janson over får å drilla forsvaret til Leeds. Ein føler ein må tilbake til den gongen kinnskjegget, blodslitet, og den Bremnerske anda levde i en skal ein få Leeds opp igjennom der dei høyrer heime. I Premiere League. Ein lever i trui. Med andre ord. Ein orkar ikkje fleire rundar i Championship. Utan for ein bruka same medisin som Tottenham Hidn og Liverpool Lohnin: Blandings forhold 60-40 i pausen. Det sprita i alle høve opp innsatsen i 2 omgang. Det trengs for Leeds. Baklengsmål e da nok av, mildt sagt.

This article is from: