NO
Bergen internasjonale LITTERATURfestival 10.–14. Februar 2021
literature live around the world
•
Perth, australia
Jaipur, india
•
•
Kabul, afghanistan
Dubai, uae
•
2
•
Lagos, nigeria
Berkeley, usa • •
Edinburgh, uk Bergen, Norway •
3
Toronto, canada
•
Lyon, france
•
Treasure Beach, jamaica
•
•
Buenos Aires, argentina
INNHALD: Billettar og festivalkontor s. 6 Administrasjon, styre, råd s. 7 Økonomiske bidragsytarar s. 8 Samarbeidspartnarar s. 9 Festivalsjefens introduksjon s. 10 Program s. 11 Literature Live Around the World s. 20 LitFest UNG s. 46 LitFest MINI s. 55 Biografiar s. 60
Northern forts. Liepaja, Latvia
4
Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur 10.– 14. februar 2021 Tema, 2020: Generasjonar www.litfestbergen.no facebook.com/litfestbergen instagram.com/litfestbergen #litfestbergen
5
Kontakt info@litfestbergen.no Tlf: 92288550 Litteraturhuset i Bergen Østre Skostredet 5–7
Økonomisk e bidr ag sy ta r a r
Tusen takk til: Bergen kommune Vestland fylkeskommune Norsk kulturfond Fritt Ord Grieg Foundation Sparebanken Vest Bergesenstiftelsen H. Westfal-Larsen og Hustru Anna Westfal-Larsen’s Almennyttige Fond Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening Sametinget Bergensavisen (Sparebankstiftelsen)
6
S a m a r beid spa r t n a r a r
Nasjonale samarbeidspartnarar: Litteraturhuset i Bergen Bergen Offentlige Bibliotek NRK Norsk PEN Boksalongen Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) Bergen Journalistlag (BJ) Norsk Oversetterforening (NO) Universitetsmuseet, Naturhistorie Torborg Nedreaas-selskapet Bright Kulturoperatørene Northing Colonialen Internasjonale samarbeidspartnarar: Nordisk råds litteraturpriser Global Association of Literary Festivals Writer’s House, Kabul, Afghanistan Writing Western Australia, Perth Filba Internacional, Buenos Aires, Argentina Toronto International Festival of Authors, Canada Emirates Airline Festival of Literature, Dubai Villa Gillet, Lyon, Frankrike Jaipur Literature Festival, India Calabash International Literary Festival, Jamaica Aké Books and Arts Festival, Lagos, Nigeria Edinburgh International Book Festival, Skottland Bay Area Book Festival, California, USA
7
Boksalongen har festivalbøkene. Vi arrangerer signeringer hele festivalen følg oss:
@boksalongen
LITTERATURHUSET I BERGEN
8
Korl eis k jøp er eg bil l e t t ? • Følg billettlenka på litfestbergen.no til TicketCo.no. • Før festivalen: Kjøp billett i Boksalongen på Litteraturhuset. • Under festivalen: Kjøp billett på Festivalkontoret vis á vis Boksalongen/Litteraturhuset, Østre Skostredet 10. Er du student? Vi har stor studentrabatt på alle programpostar. Hugs studentbevis! På grunn av pandemisituasjonen vil det i 2021 dessverre ikkje vere mogleg å kjøpe festivalpass. Store deler av festivalen kan opplevast gratis, enten på Litteraturhuset eller som strøyma arrangement via litfestbergen.no og YouTube. Sjekk programomtalen for meir informasjon. For å få billett til gratisprogrampostane på Litteraturhuset, må ein møte opp på festivalkontoret same dag for å få tildelt gratisbillett og oppmøtetidspunkt. Sjå litfestbergen.no for oppdatert info, også om strøyma program.
Opningstider, festivalkontoret: Måndag 8. februar: Tysdag 9. februar: Onsdag 10. februar: Torsdag 11. februar: Fredag 12. februar: Laurdag 13. februar: Søndag 14. februar:
9
11.00–15.00 11.00–15.00 11.00–22.00 11.00–22.00 11.00–22.00 11.00–23.00 11.00–17.00
Administrasjon Teresa Grøtan, festivalsjef og dagleg leiar Hjørdis Losnedahl, program- og produksjonsrådgivar Yngve Knausgård, kommunikasjonsrådgivar
Styret Birthe Kåfjord Lange, styreleiar Jørn Øyrehagen Sunde Arne Selvik Anne Karin Sæther Gunnar Sørbø Kunstnarisk råd, Noreg Pedro Carmona-Alvarez Jan H. Landro Sandra Lillebø Eirik Vassenden Gunnhild Øyehaug Kunstnarisk råd, internasjonalt Tishani Doshi (India) Alisa Ganieva (Russland) Leila Guerriero (Argentina) Daniel Medin (USA/Frankrike) Jonny Steinberg (Sør-Afrika/Storbritannia) Ece Temelkuran (Tyrkia)
10
Høyr på mine ville hjarteslag Teresa Grøtan Festivalsjef
I juni 2020 inviterte Bergen internasjonale litteraturfestival unge under 30 år frå heile verda til å skrive eit essay om sin generasjon. Vi fekk inn 550 essay frå 90 land. Eitt er skrive av 25 år gamle Leen Alarbaji Alsayegh frå Syria. Om essayet ho har kalla The map of us, seier ho:
«Generasjonar» er tema for årets festival, og det er særleg dei unge vi er opptekne av. I følgje ei internasjonal undersøking (PISA, 2019) slit kvar fjerde 15-årige gut i Noreg så mykje med å lese at det kan skape problem for studium og arbeidsliv.
“This clingy war has been stalking us like our shadows, trying to bite off our hearts. Yet we are still here somehow. Just listen to my crazy heartbeat. Restless will I be, until violence melts in the arms of understanding.”
Tenk om vi kan vere med på å tenne den litterære gneisten! Tenk om dei unge kjenner korleis litteratur kan gi mot og kraft, klarheit i tankane og glør i hjarta. I år har vi utvida ungdomsprogrammet, LitFest UNG, og lar ungdommane sjølve stå for sceneintervjua med forfattarane.
Høyr på min ville hjarteslag! Leen ladar med litteratur og skyt på lesaren. På ungt og intenst vis skriv ho om krigskvardagen, og med litterær vilje og bankande hjarte skildrar ho ei dyster tid ingen saksdokument kan makte å få fram. Det er ikkje berre Leens essay som skildrar mørke og redsle for framtida. Dei unge i dag går tunge tider i møte, og dei veit det. Samstundes viser essaya ein sterk vilje til liv, og ein sterk vilje til litteratur, ein vilje som fekk meg til å minnast ein augustdag i 1989, då eg sat på ei solvarm steintrapp utanfor posthuset på Stokmarknes og opna pakken som inneheldt fem eksemplar av boka Vi er framtida. Eg hadde to dikt på trykk, og kjensla av lykke det vekte i 15-årige meg er vanskeleg å overdrive. Den gode kjensla håper eg Leen og dei 18 andre som har fått namn og bilde på trykk i denne katalogen òg kjenner.
11
I 2021 presenterer vi dessutan eit formidabelt samarbeid, «Literature Live Around the World», med elleve litterære partnarar frå Perth i vest til San Francisco i aust. Alle har tatt tak i ulike aspekt ved festivalen: forsoning i Jaipur, generasjonssamtale i Lagos, ny poesi i Kabul og det uventa i Edinburgh. Vi avsluttar med dubpoesi på stranda i Jamaica, mens regnet – sannsynligvis – høljar ned utanfor mursteinsveggane på Litteraturhuset i Bergen. LitFestBergen er staden der det ukjende møter det kjende, der stemmer som blir stilna i heimlandet, blir høyrt, der nye forfattarar møter dei etablerte, og der vi alle – unge, gamle, middelaldrande – opnar sansane våre og tar inn ord og språk, heider og overrasking, glede og fortviling – tar det inn og lar det vekse heilt til vi kjenner Leens ville, unge hjarte banke i kvar og ein av oss.
ONSDAG 10. FEBRUAR 2021
Offisiell opning av LitFestBergen2021 Onsdag 10. februar 18.30–19.30 Auditoriet Gratis (Blir òg strøyma)
Velkommen til opning av den tredje utgåva av Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur. Det blir kunstnariske innslag ved festivalforfattarane Karoline Brændjord, Alwynne Pritchard, Domizia Tosatto og Fatemeh Ekhtesari, musikk ved Sigrid Moldestad og tale ved festivalsjef Teresa Grøtan. Arrangementet vil vere på norsk og engelsk.
My Generation: Kåring av beste essay Onsdag 10. februar 19.45–20.30 Olav H. Hauge Gratis (Blir òg strøyma)
Hausten 2020 lyste LitFestBergen ut ein verdsomspennande konkurranse for unge under 30 år: Skriv eit essay med tittelen My generation. Vi stilte spørsmåla: Kva kjenneteiknar din generasjon? Kva oppmuntrar deg og kva gjer deg sint? 550 unge frå 90 ulike nasjonar sendte inn tekstar! I den engelske delen av katalogen kan du lese finalebidraga. Jurymedlem Sandra Lillebø og festivalsjef Teresa Grøtan presenterer finalistane og vinnaren, og Sigrid Moldestad står for det musikalske. Dette arrangementet vil vere på engelsk.
12
Pandemien, mennesket og litteraturen Det har gått eitt år sidan pandemien sette verda ut av spel. Korleis har dette året vore? Og kva vil dei langsiktige konsekvensane bli, ikkje minst for den yngste generasjonen? Korleis har tidlegare pandemiar verka inn på samfunn og økonomi, på litteraturen som blei skrive, på korleis menneska tenkte? Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen, biolog Dag O. Hessen og litteraturvitar Frode Helmich Pedersen møter journalist Hilde Sandvik til samtale om kva følgjer denne perioden kan ha for menneske og natur, og korleis det kan komme til uttrykk litterært.
Onsdag 10. februar 20.00–21.00 Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Open mik LitFestBergen er ein festival der det kjende møter det ukjende, og den etablerte litteraturen går i dialog med den rykande ferske. Poeten Fredrik Stenhjem Hagen inviterer ferske og meir erfarne forfattarar frå Bergen og resten av verda til å gripe mikrofonen. Bruk festivalens opne tilbod denne kvelden til å la røysta di bli høyrt. Påmelding til info@litfestbergen.no
13
Onsdag 10. februar 21.00–22.30 Olav H. Hauge Gratis
Kvardag og mystikk: Ein samtale med Karl Ove Knausgård Onsdag 10. februar 21.30–22.30 Auditoriet 180/80 (student) 40 (strøyming)
Karl Ove Knausgård gav i fjor ut Morgenstjernen, den første store romanen sidan Min kamp–serien. Handlinga er lagt til ein varm seinsommardag nokre år fram i tid. Ei ny stjerne kjem fram på himmelen. Gjennom ni ulike personar frå ulike generasjonar, saman og einsame på ulike stader i Noreg, skildrar forfattaren det magiske og ubegripelege. Frå heimen sin i London blir Knausgård intervjua av Roland Gulliver, festivalsjef for Toronto International Festival of Authors. Med utgangspunkt i Morgenstjernen vil dei dykke ned i Knausgårds litterære univers; det kvardagslege og overnaturlege, det mystiske og enkle, det ubehagelege og vakre. Og kva er det med Bergen som evnar så godt å ramme inn ei apokalyptisk historie? Dette arrangementet vil vere på engelsk.
14
TORSDAG 11. FEBRUAR 2021
Naturens undre I Omringa av ulvar, elefantar, bjørnar, kvalar, biller og blomar i det nyrestaurerte Naturhistoriske samlingar på Muséplass 1, fortel professor i biologi Dag O. Hessen om den fantastiske naturen. Kva ansvar har vi, unge og gamle, for det som skjer med naturen og klimaet på kloden? Finst det håp? Ja, meiner Hessen. Men vi kan ikkje overlate oppryddinga til generasjonane som kjem. No må alle, ikkje minst dei som forskar på natur og klima, snakke, skrive og rope ut om det som skjer. I den brageprisvinnande boka Verden på vippepunktet oppmodar han alle til å engasjere seg.
Torsdag 11. februar 11.00–11.30 universitetsmuseet, NaturhistoriE Musépl ass 1 120 / 80 (student)
I samarbeid med Universitetsmusseet • • •
G E N E R ASJ O N S SA M TA L E I:
Aviskommentaren før og no «Dette er ein kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analysar og meiningar.»
Torsdag 11. februar 16.30–17.30
Slik blir ein aviskommentar introdusert i avisa. Sven Egil Omdal har lang fartstid som ein av Noregs mest leste aviskommentatorar, for tida med fast spalte i Stavanger Aftenblad. Eirin Eikefjord er politisk redaktør i Bergens Tidende, og leiar av kommentaravdelinga. Jens Kihl intervjuar dei to om korleis kommentaren har endra seg gjennom åra, og kva som skjer når ein kommentar blir så lang at det blir ei bok.
Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming) Gratis for medlemmer av BJ
I samarbeid med Bergen Journalistlag.
15
Kva er ein roman? Torsdag 11. februar 18.00–19.00 Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Kva betyr «sanning» i ein roman? Heilt sidan Karl Ove Knausgårds Min kamp-bøker kom ut, har debatten rasa om kva ein roman eigentleg er, og om det finst grenser for kva ein kan skrive om andre i romanform. Kor står den norske romansjangeren samanlikna med t.d. den britisk-amerikanske memoar-tradisjonen eller den franske autofiksjon-sjangaren? Og har eigentleg synet på romanen i Noreg endra seg eller er det same debatten, berre med nye forfattarar? LitFestBergen inviterer til debatt med forfattar Sandra Lillebø, som i haust ga ut den mykje debatterte, men òg kritikarroste romanen Tingenes tilstand, kritikar i Aftenposten Ingunn Økland og professor i nordisk, Eirik Vassenden. Samtalen blir leia av forfattar Tore Renberg.
16
K l as s i k a r fo r e d r ag e t:
Det vondes blomar I 2021 er det 200 år sidan den franske poeten Charles Baudelaire blei fødd. LitFestBergen markerer dette med to arrangement om hovudverket hans, diktsamlinga Les Fleurs du Mal frå 1857. Professor emeritus i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, Per Buvik, held føredrag om dikta som blei både hylla og fordømde i samtida.
torsdag 11. februar 18.15–19.00 Alver 120 / 80 (student)
Fredag kveld blir det konsert med musikaren Susanna som har tonesett Baudelaires dikt, Baudelaire & Piano.
Delfinale i NM i poesislam Slam ligg ein stad i kryssinga mellom diktopplesing, rap og spoken word. Under denne delfinalen i NM i poesislam framfører deltakarane eigen tekst på norsk eller engelsk. Framføringa tel like mykje som teksten sjølv. Konkurransen er open for alle, uansett alder eller erfaring. Kveldens programleiar Heidi Marie Vestrheim vel ut jurygrupper frå publikum i salen – og det er desse som til slutt bestemmer kven som kan smykke seg med tittelen vestlandsmeister i slam. Vinnaren reiser vidare til noregsmeisterskapen i Oslo hausten 2021. Arrangementet vil vere på norsk og engelsk. Meld deg på til info@litfestbergen.no
17
Torsdag 11. februar 19.30–22.30 Ol av H. Hauge Gratis (Blir òg strøyma)
G e n e r asj o n s sa m ta l e I I:
Naturlege gleder Torsdag 11. februar 19.30–20.30 Auditoriet 180 / 80 (student) gratis (strøyming)
16 år gamle Dara McAnulty frå Irland har eitt mål: Å ta vare på naturen han elskar. I 2019 ga han ut Diary of a Young Naturalist som fekk strålande kritikkar og som den unge forfattaren blei tildelt fleire prisar for. McAnulty er autist, og han skildrar korleis naturopplevingar gir sansane hans ro. Professor og forfattar Anne Sverdrup–Thygeson har eit liknande mål: La alle få vite kva naturen gjer og skaper som vi menneske ikkje berre har glede av – men som òg er heilt nødvendig i liva våre. Dette viser ho gjennom sanne, fantastiske historier i boka På naturens skuldre. To generasjonar naturelskarar møtest til samtale om naturen, litteraturen, kva som gir dei glede og kva som motiverer dei. Samtaleleiar er Kari Jegerstedt. Arrangementet vil vere på engelsk. • • •
Kjære søster, kjære bror Torsdag 11. februar 21.00–22.00 Auditoriet 180 / 80 (student) gratis (strøyming)
Forfattarane Maria Navarro Skaranger og Odd Eirik Sætre Færevåg har i romanen Bok om sorg (Fortellingen om Nils i skogen) og novellesamlinga Den vesle jenta og havet skrive om søsken som døyr. Dei skildrar utfordringane med å takle eit slikt tap for foreldre og korleis ein som barn og seinare vaksen, tenker tilbake og lever med saknet. Kva rolle kan skjønnlitteratur spele for det sørgande mennesket? Skaranger og Færevåg møter psykologspesialist og forfattar av boka Skjønnlitterære selvmord, Eivind Normann-Eide, til samtale.
18
Brno, Tsjekkia
19
Literature live around the world 12 hours | 12 countries Bergen INTERNATIONAL LITERARY FESTIVAL norway writing western australia Writer’s House afghanistan Jaipur LITERARY FESTIVAL india Emirates Airline Festival of Literature uaE Aké Books and Arts nigeria Filba Internacional argentina Edinburgh international book festival uk Assises Internationales du Roman france BAY AREA BOOK FESTIVAL usa Toronto International festival of Authors canada CALABASH FESTIVAL jamaica 20
FREDAG 12. FEBRUAR 2021
Literature Live Around the World LitFestBergens storsatsing i 2021 er samarbeidsprosjektet Literature Live Around the World. Vi har invitert festivalar og litteraturhus frå heile verda til å lage litterære program på eigne scener. Vi er live og direkte frå klokka 12 til midnatt, non-stop! Programleiarane Siss Vik og Mona B. Riise koplar Bergen til verda i beste Grand Prix-stil når dei «ringer opp» vertane i kvart land. Eit unikt litterært program vil så bli vist, til glede for det lokale publikummet i den aktuelle byen, publikummet på Litteraturhuset i Bergen, og for alle over heile verda som vil følgje programmet, heilt gratis, på eigne skjermar. Vi startar med ei opplesing frå Karl Ove Knausgård og eit storslått nasjonalt program i Bergen, før vi «reiser» til stader som litteraturhuset i Kabul, kjenner på den litterære storbypulsen i Lagos i Nigeria, møter kjende forfattarnamn i San Francisco, vandrar gatelangs i Buenos Aires, besøker verdas største litteraturfestival i Jaipur, India, får eit ungt og hardtslåande program frå den anerkjende festivalen i Edinburgh, og avsluttar med dubpoesi til solnedgangen på Treasure Beach, Jamaica. For detaljar om programmet og forfattarane frå kvart land, sjå litfestbergen.no
Reiseruta er som følgjer: 12:00 Bergen. 13:00 Perth. 14:00 Kabul. 15:00 Jaipur. 16:00 Dubai. 17:00 Lagos. 18:00 Buenos Aires. 19:00 Edinburgh. 20:00 Lyon. 21:00 Berkeley. 22:00 Toronto. 23:00 Treasure Beach. Kjøp enten 3-timars eller 12-timars billett for å følge programmet live på Litteraturhuset i Bergen, eller følg det gratis på vår YouTube-kanal. I samarbeid med NRK.
21
22
Literature Live Around the World fredag 12. februar 2021 12.00–00.00 Ol av H. Hauge
Kjøp anten tre-timarsbillett eller 12-timarbillett om du vil følgje programmet frå scena på Litteraturhuset:
12.00–15.00: Bergen/Perth/Kabul: 180 / 80 (student) / gratis (strøyming) 15.00–18.00: Jaipur/Dubai/Lagos: 180 / 80 (student) / gratis (strøyming) 18.00–21.00: Buenos Aires/Edinburgh/Lyon: 180 / 80 (student) / gratis (strøyming) 21.00–00.00: Berkeley/Toronto/Treasure Beach: 180 / 80 (student) / gratis (strøyming) 12.00–00.00: Heila verda: 480 / 280 (student) / gratis (strøyming)
23
Fredag 12. februar 12.00–12.30 universitetsmuseet Naturhistorie Musépl ass 1 120 / 80 (student)
Naturens undre II Omkransa av fuglar, ulvar, bjørnar, kvalar, biller og blomster i nyrestaurete Naturhistoriske samlingar på Muséplass 1, fortel professor i bevaringsbiologi Anne Sverdrup-Thygeson om den fantastiske naturen. Millionar av artar forsyner oss med mat, medisin og eit leveleg miljø, på overraskande og utruleg vis. Vi står no overfor ein naturkrise, ikkje berre ein klimakrise, og risikoen for mellom anna pandemiar aukar om vi ikkje tar dette alvorleg, hevdar Sverdrup-Thygeson. I boka På naturens skuldre fortel ho den eine fantastiske historia etter den andre, og i dette foredraget lar ho publikum få innsikt i korleis det finstemte samspelet i naturen er innretta. I samarbeid med Universitetsmuseet.
24
Fredag 12. februar 12.45–14.15 Musépl ass 1, ved Christie-statuen 180 / 80 (student)
By va n d r i n g:
Torborg Nedreaas Bli med på ei vandring i bergensforfattaren Torborg Nedreaas’ fotspor. Torborg Nedreaas (1906–87) var ein heilt særeigen byskildrar. I dei tre bøkene om Herdis, Trylleglasset (1950), Musikk fra en blå brønn (1960) og Ved neste nymåne (1971), følgjer vi hovudpersonen frå ho som barn vandrar i regnet på Møhlenpris, via besøk i ulike delar av byen og «på landet», som det heiter på bergensk, til besteforeldre i Marken og i Sandviken. Nedreaas skildrar tuberkulose, alkoholisme, vald og overgrep og viser fram brutale, sosiale skilnader. Lesaren blir vitne til den store bybrannen i 1916 og menneskelege opp- og nedturar, men får òg sett verda gjennom det magiske trylleglaset og høyrt forlokkande musikk frå brønnen. I denne byvandringa vil historikar Jo Gjerstad og litteraturvitar og styreleiar i Torborg Nedreaas-selskapet Grethe Fatima Syéd ta publikum med på ei vandring gjennom sentrale deler av Nedreaas’ Bergen. I samarbeid med Torborg Nedreaas-selskapet.
25
G e n e r asj o n s sa m ta l e I I I:
Kan alle seie det dei vil? Fredag 12. februar 16.15–17.15 auditoriet 180 / 80 (student)
Kva er eigentleg ytringsfridom? Den norske regjeringa har oppnemnd ein ny ytringsfridomskommisjon, 20 år etter den føregåande. Samtidig har Norsk PEN og Fritt Ord etablert Ungdommens ytringsfridomsråd som skal undersøke kva som hindrar unge menneske frå å ytre seg i Noreg i dag. Kven er det som hever røysta på skulen, på arbeidsplassen, i det offentlege rom? Kva rolle speler religion når det gjeld kva som blir ytra? Kor stort er problemet med «fake news» og hatefulle ytringar i sosiale medium? Tenker generasjonane ulikt om kva som er greitt å seie? Til LitFestBergen kjem leiarane av kommisjonen og av rådet, Kjersti Løken Stavrum og Nancy Herz. Dei møter samtaleleiar Mohamed Abdi til debatt om ytringsfridommens kår i Noreg i dag. • • •
Kva skjedde, Tollak? Fredag 12. februar 17.45–18.30 auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Tore Renberg har sidan debuten i 1995 gitt ut seksten romanar, fleire barnebøker, og arbeidt med teater, film og musikk. I den siste romanen Tollak til Ingeborg møter vi ein gammal og rasande mann som hyttar med neven mot alt og alle. Samtidig ber han på ein forferdeleg løyndom. Kva er det med Tollak? Og med Ingeborg? Renberg møter sakprosaforfattar og journalist Inger Merete Hobbelstad til samtale om gamle og nye livsmønster og maskuline ideal i endring. •
26
Fredag 12. februar 19.15 –20.15 & 21.00–22.00 Auditoriet 280 / 180 (student)
Baudelaire & Piano I 2021 er det 200 år sidan den franske lyrikaren Charles Baudelaire blei fødd. LitFestBergen markerer jubileet ved å invitere til konsert med artisten og komponisten Susanna Wallumrød som har tonesett ti av dikta frå Baudelaires mest kjende verk, diktsamlinga Det vondes blomar. Albumet Baudelaire & Piano er ei soloutgiving i ordets rette forstand. Med Susanna på piano, vokal og plystring, er lydbildet med den sjelfulle røysta hennar heilt nedstrippa – berre akkompagnert av eit transeliknande pianospel. Vi møter eit uhyggeleg rollegalleri med hekser, heidningar, ulvar, avvikarar, bøller, spøkelse, vampyrar og vonde ånder. Songane beveger seg gjennom lyst og askese, englar og demonar, ømheit og sadisme. Susanna mottok strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt då plata kom ut i september 2020. The Guardian gav ho ros for ei «lysande stemme» og «klare, sterke melodiar» og for å «kommunisere ordlause kjensler» i møtet mellom poesien og pianoet. Dagbladet på si side kalla det «mektig og betagende». Velkommen til konsert! Susanna – vokal og piano Ingar Hunskaar – lyd
27
LAURDAG 13. FEBRUAR 2021
Er vegen målet? Laurdag 13. februar 12.00–13.00 Ol av H. Hauge 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Nitti prosent av transporten vår er med bil. Noreg er blant dei mest bilavhengige landa i verda – og Bergen er ikkje noko unnatak. Bilen har styrt utviklinga av Bergen slik byen vår er i dag. Dette er bevisst politikk, meiner Ulrik Eriksen i boka Et land på fire hjul. Han viser korleis tilrettelegging for bilar har hatt store konsekvensar for planlegging, utbygging og busetting i Noreg, særleg i byane. Bilen i Noreg har gått frå å vere berre for dei velståande til det kanskje mest folkelege som finst. Ulrik Eriksen diskuterer bil og politikk med journalist og kommentator i Bergens Tidende, Hans K. Mjelva. Er det nokon veg tilbake? Korleis skal Noreg, og Bergen, handtere transport og trafikk i framtida? Forskar Siddharth Sareen kjem på scena saman med Ulrik Eriksen for å diskutere bilfrie soner, Bybanen og kva framtida kan bringe. Dei siste minutta blir sett av til spørsmål frå publikum.
28
Flukt, fengsel, fridom I 2013 flykta den kurdiske journalisten Behrouz Boochani til Australia frå heimlandet Iran. I staden for å tilby Boochani ei trygg hamn, internerte australske styresmaktar han og andre flyktningar på øya Manus langt ute i Stillehavet. Her blei han vitne til både svolt, tortur og sjølvmord. Boochani skreiv heile tida, og smugla ut tusenvis av tekstmeldingar. Dette er utgangspunktet for memoaren Bare fjellene er min venn. Boka, som nyleg kom ut på norsk, fekk strålande kritikkar og vann mellom anna Australias pris for beste sakprosabok i 2019. Boochani var ein av dei fengsla forfattarane publikum kunne skrive helsing til under postkort aksjonen på LitFestBergen i 2019.
Laurdag 13. februar 12.00–12.45 auditoriet 180 / 80 (student) gratis (strøyming)
Kva slag mottaking får menneske på flukt i vestlege samfunn i dag? Boochani deltar via videolink i sitt nye heimland New Zealand. Han møter tidlegare generalsekretær i NOAS – Norsk organisasjon for asylsøkarar, Ann-Magrit Austenå og skribent, forleggar og menneskerettsforkjempar Kristina Quintano til samtale om flukt, fangenskap, fridom og litteratur. I samarbeid med Norsk PEN. Arrangementet vil vere på engelsk.
P EN p o s t kor ta ks jon Norsk PEN og LitFestBergen inviterer publikum til å skrive ei helsing til forfattarar, journalistar og bloggarar over heile verda som sit fengsla eller er truga og forfølgde. Korta er laga av PEN–medlemmar og fribyforfattarar i Noreg. I samarbeid med Norsk PEN. Opningstider, postkortaksjonen: Laurdag 13–15 Søndag 13–15
29
Laurdag 13. februar 13.00–15.00 zinken hopp gratis
Frå ungdomen Laurdag 13. februar 13.45–14.15 Ol av H. Hauge 120 / 80 (student) gratis (strøyming)
Sjølvsagt er vi sinte, seier Gaute Eiterjord i boka Klimaopprøret. Den tidlegare leiaren av Natur og Ungdom er sterkt engasjert i klima- og miljøkampen. I boka fortel han om kvifor han var med å arrangere skulestreikar og om korleis det er å vitne mot staten i Klimasøksmålet. Eiterjord etterlyser solidaritet frå den vaksne generasjonen. Gaute Eiterjord blei på vegner av Natur og Ungdom tildelt Fritt Ord sin pris i 2019. I dette føredraget vil han snakke om det som driv han, og om kva han meiner står på spel. Han gir òg konkrete tips til korleis ein handterer ein klimafornektar. • • •
V e r da på l au r dag:
USA – greitt igjen? Laurdag 13. februar 13.15–14.30
Kan Joe Biden sameine USA? Og kva betyr det at amerikanarane for første gong har valt ein kvinneleg visepresident?
Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Tove Gravdal har i fleire år jobba som utanriksjournalist med USA som spesialfelt. Jan Arild Snoen ga nyleg ut bok om Trump-åra i USA. Hans Høeg har i fleire år arbeidd som stabssjef i Representantanes hus, og har no skrive bok om erfaringane han har gjort seg. NRK-veteran Tomm Kristiansen intervjuar dei tre om kor verdas mektigaste nasjon er på veg.
30
Rimeleg tvil Rettssalen er ein stad der rett og galt skal avgjerast, der skyld skal fordelast. Som rettsteiknar lar Ane Hem blikket kvile ekstra lenge på aktørane i retten. Ho blir nysgjerrig på menneska ho teiknar. I boka Et spørsmål om skyld fortel ho om menneskeleg drama og smerte, om menneska som blir dømde og liva deira etter dommen. Sjølv om retten gir eit ja eller eit nei på skuldspørsmålet, er sanninga ofte ikkje så enkel.
Laurdag 13. februar 14.45–15.30 Ol av H. Hauge 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Hem møter litteraturforskar Line Norman Hjorth til samtale om rettshistorie, rettsretorikk – og om kven som fortel den beste historia.
G e n e r asj o n s sa m ta l e V:
Trufast eller fri? Synet på omsetting har forandra seg gjennom tidene. I grove trekk har det veksla mellom ytterpunkta «trufast» og «fri»: Den trufaste omsettinga ligg nærast originalteksten, mens den frie er mest tilpassa språket og kulturen den skal fungere i. Det har kanskje ikkje vore eit ideologisk paradigmeskifte i løpet av den knappe generasjonen mellom Toril Hansens og Preben Jordals debutar som skjønnlitterære omsettarar, høvesvis i 1988 og 2007. Men har dei teknologiske endringane i samfunnet gjort noko med måten ein omsett på i dag, samanlikna med for 40 år sidan? Og i kva grad endrar ideala til ein omsettar seg over tid? Toril Hansen og Preben Jordal diskuterer omsetting før og no med kritikar og omsettar Margunn Vikingstad. I samarbeid med Norsk Oversetterforening.
31
Laurdag 13. februar 15.00–16.00 Alver gratis
Det vanskelegaste namnet i bygda Laurdag 13. februar 15.45–16.30 Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Som barn visste ikkje journalist Yohan Shanmugaratnam at ein bibliotekar i bygda han voks opp i, øvde seg på stave etternamnet hans for at han ikkje skulle kjenne seg annleis. Seinare fekk han likevel merke rasismen som mange i Noreg meiner ikkje eksisterer. I memoaren Vi puster fortsatt fortel Shanmugaratnam om foreldras forbodne kjærleik, om å komme flyttande til norsk snø, om oppvekst og kameratskap. Han skildrar òg fortviling og optimisme etter hendingar som drapet på 15-åringen Benjamin Hermansen i 2001, terroren i Oslo 22. juli og Black Lives Matter-demonstrasjonane. Shanmugaratnam møter forfattar og forlagsredaktør Nazneen Khan-Østrem til samtale.
32
Nordisk vinnarmøte LitFestBergen inviterer til møte med vinnaren av Nordisk råds litteraturpris 2020, Monika Fagerholm frå Finland og vinnarane av Nordisk råds barne- og ungdomsbokpris, finske Jenny Lucander og svenske Jens Mattsson. Begge vinnarbøkene undersøker vonde, menneskelege erfaringar. Barneboka Vi är lajon! handlar om alvorleg sjukdom, mens Vem dödade bambi? tar utgangspunkt i ein gruppevaldtekt. Korleis formidlar ein slikt stoff til ulike generasjonar lesarar? Kva er skilnaden på å skrive for vaksne og for barn? Og finst det ein nordisk, litterær fellesskap? Samtalen blir leia av kritikar Jan H. Landro. I samarbeid med sekretariatet for Nordisk råds litteraturpriser.
33
Laurdag 13. februar 17.00–18.00 Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
G e n e r asj o n s sa m ta l e I V:
Samisk historietime Ein del av norsk historie som det blir snakka lite om, er korleis samiske barn blei tvinga inn i norsk språk, kultur og mentalitet, og korleis dette sette djupe spor, både i barn, familiar og i samfunnet. Den nye diktsamlinga Leve blant reptiler av Mary Ailonieida Sombán Mari og ungdomsromanen Lappjævel! av Kathrine Nedrejord tar på ulikt vis for seg denne mørke sida av norsk historie.
Laurdag 13. februar 18.15–19.00 Ol av H. Hauge 180 / 80 (student) gratis (strøyming)
Nedrejord og Sombán Mari tilhøyrer to ulike generasjonar samar. Korleis opplever dei at denne delen av samisk historie blir formidla i dag, på samisk og på norsk? Dei møter Tomm Kristiansen til samtale om samisk oppvekst og kva som har endra seg i relasjonen mellom samar og nordmenn.
34
Norsken, svensken, dansken – festivalspesial Panskandinavisk familieterapi kallar dei det. Kulturjournalist og forfattar Åsa Linderborg i Sverige og forfattar og dramatikar Hassan Preisler i Danmark møter kvar veke journalist og redaktør Hilde Sandvik frå Noreg i radioprogrammet Norsken, svensken og dansken i NRK, DR og SR. Der tek dei opp stort og smått som har skjedd i offentlegheita i løpet av den siste veka. Målet er å gi ei større forståing av kor like og ulike dei tre landa opplever samfunnet rundt seg.
Laurdag 13. februar 18.30–19.30 Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Med festivaltemaet «Generasjonar» i bagasjen tar dei turen til LitFestBergen og lar publikum ta del i terapien. • • •
Rasismens hjarte I USA blir slavetida og dei rasistiske Jim Crow-lovene – totalt 250 år med brutal diskriminering – av mange sett på primært som afroamerikansk historie, og ikkje som ein del av kvit historie. Har framveksten av Black Lives Matter (BLM) samanheng med at denne historia aldri har blitt behandla som eit nasjonalt traume? Kan BLM endre USA? Og korleis kjem spørsmåla som BLM bringer til torgs til uttrykk i litteraturen i dag? Ein som har engasjert seg i kampen mot rasismen og som forsvarer av BLM, er den amerikanske ungdomsbokforfattaren Jason Reynolds. Bøkene hans, som sel i millionar, handlar om kvardagen til unge, svarte amerikanarar, og skildrar politivald og drap. Reynolds skriv rap-inspirerte bøker og vil få gutar til å lese. Han ønskjer òg å gi dei svarte, litterære førebilete. Kan litteraturen endre USA? Jason Reynolds snakkar med Nazneen Khan-Østrem om rasismens gift og kvifor han meiner Black Lives Matter er viktig. Dette arrangementet vil vere på engelsk.
35
Laurdag 13. februar 19.45–20.30 Ol av H. Hauge 180 / 80 (student) gratis (strøyming)
Laurdag 13. februar 20.00–20.45 Auditoriet 180 / 80 (student) / gratis (strøyming)
Den eldste unge guten i Bergen by Då Sondre Lerche platedebuterte som 18-åring i 2001, var han tydeleg inspirert av og ambassadør for eldre artistar. I 2020 gav han ut boka Alle sanger handler om deg der han entusiastisk deler innsikta si i eit breitt spekter av musikalske uttrykk, på tvers av generasjonane. Samtalepartnar er Pedro Carmona-Alvarez, sjølv forfattar og musikar, og den som i si tid karakteriserte Sondre Lerche som den eldste unge guten i Bergen by.
36
Poetisk punkgalla Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert, til høgstemt og lovprisande – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Sju poetar og to musikarar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kveldens topograf er omsettar og diktelskar Eira Søyseth. Vi har med oss diktdebutanten som fekk mest merksemd i året som gjekk, Karoline Brændjord med boka Jeg vil våkne til verden. Frå Sápmi kjem Tromsø-busette Mary Ailioneida Sombán Mary, aktuell med diktsamlinga Leve blant reptiler. Andre på scenen er iranske Fatemeh Ekhtesari som bur på Lillehammer og som i 2020 kom ut med diktsamlinga Vi overlever ikke, Pedro Carmona-Alvarez, chilensk bergenser, som gav ut Inventarium, og Henning Bergsvåg som kom med diktboka Dette er ikke et stille sted. Steinar Opstad og Øivind Hånes er med i eit prosjekt med poetar frå ei rekke land. Dei vil framføre omsette dikt av den fengsla kurdiske poeten Ilhan Çomak. Opstad vil òg lese frå eigen lyrikk. Musikarane Sara Marielle Gaup og Hamid Sakhizada vil gi sine lyriske bidrag i form av samisk joik og afghansk musikk.
37
Laurdag 13. februar 21.15–22.45 Auditoriet 180 / 80 (student) gratis (strøyming)
Spør forfattaren! Laurdag 13. februar 21.30–22.30 Ol av H. Hauge 180 / 80 (student)
Forfattarmytane er mange. No kan du vere med å avdekke dei! Vi lar Tore Renberg og Olaug Nilssen svare på spørsmål frå salen om korleis dei arbeider, kva dei et og drikk og gjer for å bli inspirerte. Bergensaren Frode Helmich Pedersen leiar an i jakta på sanninga om stort og smått, og inviterer publikum til å ta del i utforskinga av korleis det eigentleg er å vere forfattar. Send spørsmål til info@litfestbergen.no
Sa m ta l e i n at ta : Laurdag 13. februar 23.00–00.00 Ol av H. Hauge 180 / 80 (student)
Cecilie Løveid og Alf van der Hagen I 1990-åra viste NRK den no legendariske programserien «Samtaler i natten» der Alf van der Hagen intervjua nokre av Noregs mest sentrale samtidsforfattarar. LitFestBergen har tatt opp tråden. I den siste timen av døgnet gir vi plass til ein djuptpløyande samtale om livet og litteraturen med 70-årsjubilanten Cecilie Løveid.
38
SØNDAG 14. FEBRUAR 2021
FNs sikkerheitsråd og norsk sjølvkjensle Etter lobbyverksemd iført rosa sokker, har Noreg for femte gong fått ein toårsperiode i det mektigaste rådet i verda. Idet LitFestBergen 2021 går av stabelen, har Noreg akkurat funne stolen sin i FNs sikkerheitsråd. Kva vil det bety at vi har kapra denne plassen – ut over at det er herleg å sole seg i glansen frå dei mektige?
Søndag 14. februar 12.00–12.30 auditoriet 120 / 80 (student)
Polariseringa blant dei faste medlemmene i rådet, Russland, Kina, USA, Frankrike og Storbritannia, kan gjere det vanskeleg å arbeide for det sikkerheitsrådet blei danna for å gjere: Sikre verdsfreden. Korleis var dei føregåande periodane i rådet for Noreg og kva blir dei største utfordringane i 202122? Journalist Tove Gravdal, forfattar av boka Til bords med de mektige, forklarer.
Generasjonen som bana veg Med Ut av skyggene gir Shazia Majid eit viktig supplement til norsk kvinnehistorie ved å skildre den første generasjonen av innvandrarkvinner. Mor til Majid kom til Noreg frå Pakistan i 1973, to år etter ektemannen. Med utgangspunkt i moras historie, og med henvisingar til statistikk og forsking, fortel Majid korleis ikkje-vestlege kvinner har hatt det i det nye heimlandet sitt. Ho viser at kampen desse kvinnene kjempa på eigne og døtrene sine vegner, har mange parallellar til den likestillingskampen norske kvinner stod i nokre år tidlegare. Ho trekker òg lina heilt tilbake til Camilla Collett og kampen hennar for sjølvstende i 1850. Ut av skyggene blei nominert til Brageprisen i 2019. Samfunnsforskar Hilde Danielsen, som mellom anna har skrive boka Husmorhistorier, intervjuar Shazia Majid.
39
Søndag 14. februar 12.00–12.45 Ol av H. Hauge 120 / 80 (student) gratis (strøyming)
22. juli, ti år etter Søndag 14. februar 13.00–13.30 Auditoriet 120 / 80 (student)
Det har gått ti år sidan den dagen i 2011 vi alle hugsar. Dei fleste av oss minnest kor vi var og korleis det var å vakne dagen etter og høyre det ubegripeleg høge talet på omkomne, på skadde, og ikkje vite korleis vi skulle gå vidare etter dette. Professor Ingvild Folkvord har i boka Stemmene etter 22. juli undersøkt dei ulike språklege svara på terroraksjonen, med røysta som utgangspunkt. Diktrøystene, radiorøystene, røystene frå rettssalen, sakprosarøystene. Seier desse røystene noko om det samfunnet som gjerningsmannen ville øydelegge? Og korleis kan språket vårt klare å gripe det som skjedde?
• •
40
Frøya og Cesar, Bergen, Noreg
41
Humoren deler vi Søndag 14. februar 14.15–15.15 auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
Dei to bergensbusette forfattarane Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen debuterte begge i 1998, Øyehaug med diktsamlinga Slaven av blåbæret og Nilssen med romanen Innestengt i udyr. Dei, som av mange blei satt i same «vestlands-nynorsk-kvinne»-bås, har kjent kvarandre halve livet og følgt kvarandre sin forfattarskap tett. Med bøkene i haust, Nilssens Yt etter evne, få etter behov og Øyehaugs Vonde blomar, stadfestar dei begge ein sentral posisjon i det norske litterære landskapet. Men kva har dei til felles, og kva skil dei? Korleis utviklar ein forfattarskap seg? Er det litteraturen ein les, omskiftingar i livet, samfunnssyn, eller er det noko som «berre skjer»? Nilssen og Øyehaug møter forfattarkollega Eivind Riise Hauge til samtale om kva som påverkar den litterære vegen ein vel å gå.
P EN p o s t kor ta ks jon Søndag 14. februar 13.00–15.00 Zinken Hopp Gratis
Norsk PEN og LitFestBergen inviterer publikum til å skrive ei helsing til forfattarar, journalistar og bloggarar over heile verda som sit fengsla eller er truga og forfølgde. Korta er laga av PEN–medlemmar og fribyforfattarar i Noreg. I samarbeid med Norsk PEN. Opningstider, postkortaksjonen: Laurdag 13–15 Søndag 13–15
Jorda rundt på 80 minutt Søndag 14. februar 13.45–15.15 Ol av H. Hauge 380 (inkl. mat)
Bli med på ei litterær og kulinarisk reise jorda rundt! Som Phileas Fogg i Jorden rundt på 80 dager dreg vi austover. Bli med Gunnar M. Sørbø til Khartoum, Ina Strøm til Tokyo, Hans Høeg til Washington DC og Chris Tvedt til Birmingham. Til kvart land følger det ein liten rett laga til av Colonialen. I samarbeid med restaurant Colonialen.
42
Barnebarnas blikk på krigen Simon Stranger har skrive romanen Leksikon om lys og mørke og Marte Michelet sakprosabøkene Den største forbrytelsen og Hva visste hjemmefronten? Dei vil fortelje om korleis nordmenn under andre verdskrigen svikta sine jødiske landsmenn. Korleis skriv ein fram ei sann historie i ein roman, og korleis undersøker ein eit emne få vil ha fram i lyset? Måtte det gå to generasjonar før Noreg var klar for nettopp desse historiene frå krigen? Marte Michelet og Simon Stranger møter professor og direktør ved Holocaust-senteret Guri Hjeltnes til samtale om heltedyrking, svik og vondskap.
43
Søndag 14. februar 15.45–16.45 Auditoriet 180 / 80 (student) 40 (strøyming)
P ro sa lo n g:
Generasjon livsmeistring Søndag 14. februar 16.15–17.00 Ol av H. Hauge Gratis (Blir òg strøyma)
Med bøker som Den terapeutiske kultur, Generasjon prestasjon og den nyaste, Livsmestring på timeplanen – rett medisin for elevene? har filosof og psykolog Ole Jacob Madsen i fleire år tatt del i debatten rundt psykologiseringa av samfunnet. Individualiserer psykologien det som eigentleg er strukturelle problem, og er dette med på å gjere menneske sjuke i staden for å gi innsikt som kan endre samfunnet? Er livsmeistring rett medisin for skoleelevar som no skal ha det inn i alle fag? Og kva er eigentleg «generasjon prestasjon»? Møt forfatteren i samtale med Grethe Fatima Syéd. I samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetter forening.
44
Avs lu t n i n g s f r a m sy n i n g:
I am Dog Den siste programposten under Bergen internasjonale litteraturfestival 2021 er ein premiere. I am Dog er ei framsyning i tekst, bilete, lys og lyd skapt av Alwynne Pritchard i samarbeid med Domizia Tosatto. I am Dog er ei historie fortald gjennom samspelet mellom ei jente som heiter Willa og vennen hennar Dog. Willa og Dog lever i ei isolert verd. Dei to er leikne og vittige, nokre gonger heltemodige og ofte vondskapsfulle. Historia om Willa og Dog kan tolkast som ein indre monolog – to ulike sider av éin og same person – eller rett og slett som narrestrekane til to unge individ som saman utforskar verda og livet. I am Dog passar for alle aldrar. Arrangementet vil vere på engelsk. Avslutningshelsing: Festivalsjef Teresa Grøtan
45
Søndag 14. februar 17.15–18.15 Auditoriet 180 / 80 (student)
46
Pasko, Petar og Drago, Bosnia-Hercegovina
Ungdomsprogram onsdag 10.02 Rasisme og identitet Black Lives Matter har prega debatten om rasisme og identitet det siste året. Kva er situasjonen for unge, svarte menneske i USA, og korleis artar rasisme seg i Noreg? Ein vil òg diskutere kva det vil seie å skilje seg ut, for korleis ein ser ut, for noko ein har gjort, eller for kor foreldra kjem frå. Og kva betyr det eigentleg å ha ein identitet?
torsdag 11.02 Natur og klima 2020 var det varmaste året nokon gong sidan ein starta med temperaturmålingar for 100 år sidan. Korleis tar vi innover oss dei klimaendringane vi står overfor, og korleis kjem det uttrykk i litteraturen? Har dei unge sin relasjon til naturen noko å seie for korleis dei vil ta vare på den? Og – kva skal vi gjere?
fredag 12.02 Ytringsfridom og polarisering Dagens unge er den første generasjonen som har vakse opp med internett og ein større tilgang til både informasjon og desinformasjon enn nokon gong. Er det lettare å bli dratt inn i ekstreme nettverk når mengda informasjon fløymer over og når det er uklart kven avsendaren er? Skal ytringsfridom gjelde for ekstreme ytringar? Kva kan vi lære av ekstreme haldningar og handlingar i fortida? Og, ikkje minst: Kva hindrar ytringsfridomen til unge menneske i dag?
47
ONSDAG 10.02 ⸺ IDENTITET OG RASISME
Lukka gardiner, opne liv
Eit fengsla liv
Maria Navarro Skaranger fekk stor merksemd med debutboka si Alle utlendinger har lukka gardiner i 2015. I ein særeigen, munnleg språkdrakt møter vi tenåringen Mariana som veks opp i eit multikulturelt miljø aust i Oslo der det ikkje er mange «potetar». Mariana sjølv har chilensk opphav, mens fleire av venene er muslimar. Kven er utlendingane, kven er dei norske og kvifor sit bror hennar i fengsel? I 2020 blei boka filmatisert. Korleis var det å oppleve at romankarakterane blei til ekte personar, og kjende Skaranger igjen si eiga historia? Forfattaren blir intervjua av elevar.
Kva gjer det med eit menneske å bli sperra inne i eit lite rom bak tjukke murar? Kva skjer når fridomen blir tatt frå oss? Forfattar Eivind Riise Hauge har dei siste åra jobba som spesialbibliotekar og litteraturformidlar i Bergen fengsel. Han har skrive romanen Korrektur av et sorgens kapittel. Boka handlar om mannen Rorgen og det flammande forsvaret hans for dei som tenker annleis og er utstøytte, for retten til å velje å gå rett fram der vegen svingar. Forfattaren blir intervjua av elevar.
Aktuell bok: Alle utlendinger har lukka gardiner (Oktober, 2015)
Aktuell bok: Korrektur av et sorgens kapittel (Vigmostad & Bjørke, 2021)
Onsdag 10. februar 09.00–09.45 og 10.00–10.45
Onsdag 10. februar 09.00–09.45 og 10.00–10.45
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
48
Å miste seg sjølv
Det vanskelegaste namnet i bygda
Samane er urfolket i Sápmi, som er eit område i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Likevel har dei blitt frårøva språk og kultur. Samiske barn blei tvinga til å gå på internatskule der dei lærte norsk, og der det var forbode å snakke samisk. I romanen Lappjævel! skildrar Kathrine Nedrejord, sjølv samisk, korleis ein gut blir pressa inn den norske kulturen og til slutt føler han seg verken heime i det samiske eller i det norske. Forfattaren blir intervjua av elevar.
Som barn visste ikkje journalist Yohan Shanmugaratnam at ein bibliotekar i bygda han voks opp i, øvde seg på stave etternamnet hans for at han ikkje skulle kjenne seg annleis. Seinare fekk han likevel merke rasismen som mange i Noreg hevdar ikkje eksisterer. I boka Vi puster fortsatt fortel han om å vekse opp med norsk snø, kor redd han var etter 22. juli og kva Black Lives Matter betyr for han. Forfattaren blir intervjua av elevar.
Aktuell bok: Lappjævel! (Aschehoug, 2020)
Aktuell bok: Vi puster fortsatt (Manifest, 2020)
Onsdag 10. februar 11.15–12.00 og 12.15–13.00
Onsdag 10. februar 11.15–12.00 og 12.15–13.00
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
49
Unge svarte liv betyr noko
I am Dog
Kor omfattande er rasisme i USA? Kva er årsakene? Og kan Black Lives Matter-rørsla gjere tilhøva betre? Jason Reynolds skriv dikt og romanar, hovudsakeleg for barn og unge vaksne. Han skildrar unge afro-amerikanarar som blir utsette for politivald eller korleis det er å leve etter at ein bror er blitt skoten. På kva måte kjenner unge svarte amerikanarar seg igjen i desse historiene, og kvifor meiner Reynolds det er viktig at dei les bøker om desse temaa? Forfattaren blir intervjua av elevar.
I am Dog er ei framsyning i tekst, bilete, lys og lyd skapt av Alwynne Pritchard i samarbeid med Domizia Tosatto. I am Dog er ei historie fortald gjennom samspelet mellom ei jente som heiter Willa og vennen hennar Dog. Willa og Dog lever i ei isolert verd. Dei to er leikne og vittige, nokre gonger heltemodige og ofte vondskapsfulle. Historia om Willa og Dog kan tolkast som ein indre monolog – to ulike sider av éin og same person – eller rett og slett som narrestrekane til to unge individ som saman utforskar verda og livet.
Dette arrangementet vil vere på engelsk. Aktuelle bøker: Stamped: Racism, Antiracism, and You (2020) og Long Way Down (2020)
Dette arrangementet vil vere på engelsk. Aktuell tekst: I am Dog (Vil bli sendt til skular som deltar)
Onsdag 10. februar 13.30–14.15 og 14.30–15.15
Onsdag 10. februar 13.30–14.15 og 14.30–15.15
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
50
TORSDAG 11.02 ⸺ NATUR OG KLIMA
Ein vegvisar i klimaopprøret
Ei dagbok frå naturen
Gaute Eiterjord er tidlegare leiar av Natur og Ungdom og kjemper for klimaet. Han har skrive boka Klimaopprøret, med den talande undertittelen Kunsten å hamle opp med tafatte politikarar, klimafornektande gubbar og andre nettroll som øydelegg framtida di. Gaute Eiterjord fortel om kva som står på spel og korleis ein sjølv kan engasjere seg. Forfattaren blir intervjua av elevar.
I Diary of a Young Naturalist fortel seksten år gamle Dara McAnulty om livet sitt, om å vere autist og relasjonen sin til naturen. McAnulty har engasjert seg i miljøkampen, mellom anna med bloggen sin som har svært mange følgjarar, og er blitt samanlikna med Greta Thunberg. Kva skal vi sjå etter i naturen? Korleis skal vi ta vare på den? Og kva er viktig i kampen mot forureining og klimaendringar? Forfattaren blir intervjua av elevar.
Aktuell bok: Klimaopprøret (Aschehoug, 2020)
Dette arrangementet vil vere på engelsk. Aktuell bok: Diary of a Young Naturalist (Milkweed editions, 2020).
Torsdag 11. februar 09.00–09.45 og 10.00–10.45
Torsdag 11. februar 09.00–09.45 og 10.00–10.45
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
51
Korleis vil det gå med verda? Kva ansvar har vi, unge og gamle, for det som skjer med klimaet på kloden? Finst det håp? Ja, meiner forskar og forfattar Dag O. Hessen. I boka Verden på vippepunktet skriv han at nok er nok: No må alle som forskar på natur og klima snakke, skrive og rope ut om det dei veit. Tida for å vere feig og unnvikande er forbi. Forfattaren blir intervjua av elevar. Aktuell bok: Verden på vippepunktet (Res Publica, 2020)
Vedunderlege verden Viss vi veit meir om kor avhengige vi er av naturen og kor mykje den gir oss, vil vi då ta betre vare på den? Det er håpet til forskar og forfattar Anne Sverdrup-Thygeson. I boka På naturens skuldre fortel ho den eine fantastiske historia etter den andre – mellom anna om dolkehaleblodet som reddar liv, øglespyttet som får oss til å produsere insulin og barlindtreet som får kreftceller til å stoppe og dele seg. Forfattaren blir intervjua av elevar. Aktuell bok: På natures skuldre (Kagge, 2020)
Torsdag 11. februar 12.00–12.45 og 13.00–13.45
Torsdag 11. februar 12.00–12.45 og 13.00–13.45
Ol av H. Hauge og Auditoriet (Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
Ol av H. Hauge og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
52
FREDAG 12.02 ⸺ YTRINGSFRIDOM OG POLARISERING
Unge ytringar
Poeten som ikkje lar seg målbinde
Ungdommens ytringsfrihetråd undersøker kva som hindrar unge menneske å ytre seg i Noreg i dag og korleis fleire kan engasjere seg i det offentlege ordskiftet. Medlemmar frå rådet, og leiar Nancy Herz, mellom anna kjend for boka Skamløs, kjem til Bergen for å få innspel frå ungdom her. Korleis blir ytringar farga av sosiale medium? Kven blant dei unge seier minst? Og korleis kan skulen bidra til å utvide ytringsrommet?
I Iran er det vanleg å lese dikt, og det er vanleg å skrive dikt. Men i Iran kan du òg bli drepen for å offentleggjere dikta du skriv. Fatemeh Ekhtesari er iransk poet, kunstnar og jordmor frå Teheran. For mange unge i heimlandet er ho kjend frå sosiale medium, for å skrive om kvinners rettar – og for å ha kledd seg ut som ein gut for å gå på fotballkamp, noko berre menn har lov til. Etter å ha vore fengsla og torturert fleire gonger, blei ho igjen dømd, denne gongen til 11,5 år og 99 piskeslag. Då flykta ho, og har sidan 2017 budd på Lillehammer. I 2020 kom den første diktsamlinga hennar ut på norsk. Forfattaren blir intervjua av elevar.
Innspelsmøte
Dette arrangementet vil vere på engelsk. Aktuell bok: Vi overlever ikke (Transfer 2020)
Fredag 12. februar 09.00–09.45 og 10.00–10.45
Fredag 12. februar 09.00–09.45 og 10.00–10.45
Stad: Alver og Auditoriet Pris: Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
Alver og Auditoriet Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
53
Korleis bli eit vondt menneske I romanen Leksikon om lys og mørke fortel Simon Stranger om den norske torturisten og angivaren Henry Rinnan som sende tusenvis i døden under den andre verdskrigen. Boka fortel òg historia om den jødiske familien som etter krigen flytta inn i huset der Rinnanbanden heldt til. Korleis kan ei forstå den vondskapen som Rinnan var skuld i? Og korleis kan eit samfunn lukke auga for det vonde? Forfattaren blir intervjua av elevar.
Kva er ekstremisme? Kva er eigentleg ekstremisme? Kvifor blir nokon ekstremist? Og er ein ekstremist det same som ein terrorist? Kva er det som gjer at nokre er villige til å ofre livet for det dei trur på? Kan det hende med alle? Kristian Bjørkelo har skrive boka Ekstremisme og vil gi ei innføring i omgrepet. Aktuell bok: Ekstremisme (Humanist forlag, 2016)
Aktuell bok: Simon Stranger: Leksikon om lys og mørke (Aschehoug, 2018)
Fredag 12. februar 11.15–12.00 og 12.15–13:00
Fredag 12. februar 11.15–12.00 og 12.15–13.00
Bergen offentlege bibliotek Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
Bergen offentlege bibliotek Lukk a arr angement for skul ar (Blir òg strøyma )
54
Iselin, Halsa, Norge
laurdag 13. og søndag 14. februar Bergen Offentlige Bibliotek
55
LAURDAG 13. OG SØNDAG 14. FEBRUAR ⸺ BERGEN OFFENTLIGE BIBLIOTEK
Kim Friele – ein ekte helt!
365 PINGVINAR
Forfattar Ida Hegazi Høyer har skrive bok om Kim Friele og kjem til biblioteket for å snakke om den modige og kule Kim Friele. Ho vil mellom anna fortelje om korleis Friele endra livet til fleire generasjonar etter seg, og kvifor ho er den viktigaste forkjemparen for homofile sine rettigheiter i Noreg.
Tenk deg at det plutseleg ein dag bankar på døra di. Postbodet gir deg ein pakke med namnet ditt på. Du opnar spent pakken og inni er det ein – pingvin! Ikkje ein leiketøypingvin, men ein ekte, levande pingvin! Tenk deg det 365 gonger …
Kom og høyr den spennande historia om ei utruleg dame som aldri gav opp. Ho kjempa for kjærleiken og for at alle skal få elske kven dei vil. Og Kim Friele sigra til slutt. Passar frå 5 år.
Ein familie strevar seg gjennom eit år med stadig fleire uønska gjestar. I denne kaotiske situasjonen kan matematikk kome til nytte: telje, sortere og ordne. I tillegg kan eit godt samarbeid løyse problem som verkar uoverkommelege. Regi: Radosław Kasiukiewicz, Scenografi, dokker: Klaudia Laszczyk Musikk: Mari Kvien Brunvoll, Animasjon: Anna Maria Šalva. På scenen: Dominika Minkacz-Sira. Teknikk: Jon Eirik Sira, grafisk design: Klaudia Laszczyk, produsent: Dominika Minkacz-Sira Framsyninga er basert på boka 365 Pingviner av Jean-Luc Fromental og Joëlle Jolivet.
Passar frå 5 til 365 år.
Laurdag 13. februar 11.30 Urom, Bergen Offentlige Bibliotek Gr atis
Laur 13. februar og søn 14. februar
12.00 og 14.00 (laurdag) og 12.30 og 14.00 (søndag) Auditoriet, Bergen Offentlige Bibliotek Gr atis
56
Reis til oldtida med Kokotopia!
Kan du finne dyra?
Er du klar for eit eventyr med pyramidar, mumiar og livsfarlege labyrintar? Bli med forfattar og kokotopiaekspert Simon Stranger på ei morosam og lærerik reise tilbake i historia. Det blir tøysequiz om oldtida, illustrasjonar på storskjerm, improvisert song, og ei forteljing som barna må vere med på å lage.
Nokre dyr er verdsmeistrar i å gøyme seg. Line Renslebråten tar oss med på ein fascinerande bildesafari og fortel korleis dyr gjennom generasjonar har utvikla utrulege metodar for ikkje å bli sett. Møt pinnedyret som klarer å sjå ut akkurat som ein kvist, ein blekksprut som kan etterlikne 15 forskjellige dyr, og ein larve som ser ut som en fuglebæsj!
Kokotopia av Simon Stranger og illustratør Helena Lindholm er ein lettlest humorserie om verdshistoria. Kvar bok tar for seg ein ny, historisk periode, fylt med spaning, humor, historiekunnskap og myter. Passar for 6–12 år.
Saman leiter vi i teikningane etter fantastiske dyr, og til slutt gir Line oss eit lite teiknekurs med enkle teknikkar for å teikne dyr. Line Renslebråten er glødande opptatt av dyr og natur og ein engasjert formidlar. Ho har skrive og illustrert ei rekke sakprosabøker for barn. Dyr som gjemmer seg er den sjuande boka hennar. Passar frå 5 år.
Laurdag 13. februar 13.00
Laurdag 13. februar 14.00
Urom, Bergen Offentlige Bibliotek Gr atis
Urom, Bergen Offentlige Bibliotek Gr atis
57
Nyskrive tingingsverk med Romskip
Janne og Muskat
Laurdag og søndag blir to eksplosive konsertar med Romskip.
I eit musehòl bur musa MUSKAT. Det veit ikkje Janne. Ho gler seg til å ha eventyrstund for barna, men kor i all verda har det blitt av eventyrbøkene? Og kva er det for noko rart som ligg i stolen, det liknar litt på musebæsj …?
Årets tema for festivalen er generasjonar. Det halsbrekkande bandet Romskip har laga eit tingingsverk om nettopp dette. Kva skil dei ulike generasjonane frå kvarandre? På kva måtar liknar vi, og på kva måtar er vi ulike? Temaet generasjonar vil òg bli utforska reint musikalsk. Bergen er kjend for mange og ulike musikalske bølgjer. Kva musikalsk genmateriale finst hos Romskip? Kva artistar har vore viktige for dei? Og ikkje minst, kva songar frå barndommen, som foreldra spelte for dei, har sett sine spor? Er det forskjell på dei bosniske barnesongane og dei norske? Konserten inneheld nyskriven musikk som leiker og er i dialog med tradisjonen den kjem frå. Passar for alle.
Laur 13. februar og søn 14. februar 15.00 (begge dagar) Musikk avdelingen, Bergen Offentlige Bibliotek Gr atis
Ingenting i Jannes eventyrstund går som planlagt i denne førestillinga, som verkeleg triggar deltaking og entusiasme hos barna. Janne og Muskat av Janne Starup Bønes er ei leiken og morosam førestilling for både vaksne og barn, heilt på barna sine premissar. Passar frå 3 år. Av og med Janne Starup Bønes Dokkedesignar Janne Starup Bønes Dokkemakar Ida Elisabeth Ravn Produsert av Unge Viken Teater
Laur 13. februar og søn 14. februar 15.00 (begge dagar) Musikk avdelingen, Bergen Offentlige Bibliotek Gr atis
58
Victoria Salerno, Italia
59
Moh a med A bdi
Br i t ta B.
Mohamed Abdi (f. 1986, Somalia) er norsklærar og skribent. Abdi har vore spaltist i Klassekampen, Morgenbladet og Dagsavisen. Han har òg vore medforfattar i antologiane Islamsk Humanisme (2016) og Kjære bror (2018), og har i tillegg publisert tekstar som omhandlar rasisme, integrering, ytringsfridom, likestilling og religion i blant anna Samora, Vinduet og Morgenbladet. Han er særleg oppteken av korleis det fleirkulturelle samfunnet i Norge skal vere mest mogleg inkluderande og harmonisk. Britta B. (f. Canada) er lyrikar, slampoet, konferansier (emcee) og kunstlærar busett i Toronto. Nyleg blei ho kortlista til Toronto Arts Foundation Emerging Artist Award. Verka hennar har blitt presentert på trykk, som lydinstallasjon og på scener over heile Nord-Amerika. Ho er utdanna frå Toronto Arts Council Leaders Lab og Banff Centre for Arts and Creativity Spoken Word Residency. Britta B. studerer for tida kreativ skriving ved University of Guelph. Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972, Chile) er norsk forfattar og musikar, busett i Bergen. Han debuterte med diktsamlinga Helter, og har sidan gitt ut fleire diktsamlingar, romanar og essay. Carmona-Alvarez har vore redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler og for Verden finnes ikke på kartet, ein antologi med gjendiktingar av internasjonal samtidspoesi (saman
P edro C a r mon a-A lva r e z
A nn-M a gr i t Au s t en å
med Gunnar Wærness). Hausten 2020 ga han ut diktsamlinga Inventarium som har fått svært gode kritikkar. Bøkene til Pedro Carmona-Alvarez er omsette til dansk, tysk og engelsk og har fått ei rekke prisar, seinast P2-lytternes romanpris 2012. Ann-Magrit Austenå (f. 1961, Noreg) er i dag assisterande kirkeverge i Oslo. Austenå har bakgrunn som journalist, med mellom anna ti år som politisk reporter i Dagbladet, før ho blei tillitsvalt i Norsk Journalistlag, først som nestleiar 1999–2003 og seinare som leiar frå 2003–2007. Frå 2010 til 2020 var ho generalsekretær i NOAS – Norsk organisasjon for asylsøkere, ein organisasjon som arbeider for rettssikkerheit og rettferd for asylsøkarar og flyktningar. Til NOAS kom ho frå Norges Røde kors, der ho var assisterande generalsekretær 2007–2010. Ho har i mange år arbeidd med spørsmål knytt til ytringsfridom, blant anna som mangeårig styremedlem i Norsk PEN, og ga våren 2011 ut boka Arven etter Sataniske vers – den politiske kampen om ytringsfrihet og religion.
60
K r is t i a n B jør k el o
A hl a m B ol o ok i
Kristian Bjørkelo (f. 1978, Noreg) er folklorist, skribent og samfunnsdebattant. Han held på med ein doktorgrad i samband med prosjektet Games and Transgressive Aesthetics der hans fokus ligg på ytterkantane av spelkulturen. Dette følgjer i kjølvatnet av mangeårig interesse for politiske og kulturelle randsoner, deriblant ekstreme miljø som han har følgd sidan byrjinga av 2000talet. I 2013 gav han ut Gi meg en scene! Om norsk blogghistorie, og i 2016 gav han ut innføringsboka Ekstremisme. Ahlam Bolooki (f. 1989, UAE) er festivalsjef for den internasjonale litteraturfestivalen Emirates Airline Festival of Literature – Midtausten si største feiring av det skrivne og munnlege ord. Med ein visjon om å inspirere alle – til og med dei som hevdar at dei ikkje les – til å lese for gleda si skuld, jobbar Ahlam med å sette saman eit variert, inkluderande og opplysande festivalprogram. Festivalen fremjar nye idear og framovertenking, fremjar eit meir empatisk og inkluderande samfunn, og appellerer til eit publikum i alle aldrar og med ulik bakgrunn.
61
Behrouz B ooch a ni
Henning Berg s vå g
Behrouz Boochani (f. 1983, Iran) er ein kurdisk-iransk forfattar, journalist, akademikar, kulturformidlar og filmskapar. Han skriv jamleg for The Guardian og har òg levert artiklar i The Huffington Post, New Matilda, The Financial Times og Sydney Morning Herald. Han er æresmedlem av PEN International, og fekk Amnesty International Australias 2017 Media Award og Anna Politkovskayas journalistpris i 2018. Etter å ha flykta frå Iran, satt Boochani i perioden 2013–2019 i australsk fangenskap på øya Manus. Etter eit stort internasjonalt press fekk han i 2020 innvilga flyktningstatus på New Zealand, der han nå bur. Boka Bare fjellene er min venn er hans første bok, og for den fekk han Victorian Prize for Literature og Victorian Premier’s Prize for Nonfiction 2019, Australias gjevaste litteraturpriser. Henning Bergsvåg (f. 1974, Noreg) er forfattar og litteraturformidlar. Han debuterte i 2000 med diktsamlinga Newfoundland og har sidan gitt ut ytterlegare seks diktsamlingar, seinast den kritikarrosa Dette er ikke et stille sted i 2020. Dikta hans er omsette til fleire språk. I 2012 etablerte han Poesidigg, ein arrangementserie med opplesingar, møte og samtalar der internasjonale og nasjonale poetar av høgste kaliber opptrer, også med nye stemmer frå Bergens undergrunnsmiljø. Bergsvåg er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og Litterär Gestaltning ved Göteborgs Universitet.
K a rol ine Br ænd jor d
P er B u v ik
Karoline Brændjord (f. 1990, Noreg) er forfattar busett i Oslo. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert Nord-Amerika-studiar og sosialantropologi ved Universitetet i Oslo. Diktsamlinga Jeg vil våkne til verden kom ut hausten 2020 og er hennar første bok, og som ho har fått svœrt gode kritikkar for. Per Buvik (f. 1945, Noreg) er forfattar, dr.philos. og professor emeritus, knytt til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved Universitetet i Bergen. Blant dei norske bokutgivingane hans er Poesiens skandale. Om Baudelaire (1996), Georges Bataille (1998), Dekadanse (2001) og Sjalusi uten grenser. Litterære dybdeboringer fra Evripides til Vigdis Hjorth (2018). Han har også publisert fleire bøker i Frankrike, samt ei lang rekke tidsskriftartiklar, og vore medredaktør for Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift.
Ja nne S ta rup B øne s
Hil de D a niel sen
Janne Starup Bønes (f. 1980, Noreg) er utdanna ved Nordisk institutt for scene og studio. Ho har jobba med film, tv-seriar, teater, musikkvideoar, voicing, dubbing, lydbok, og har òg skrive manus og regissert framsyningar. Sidan 2009 har ho òg vist seg som ein dyktig dokkespelar og har mellom anna medverka i Pulverheksa og Doktor Proktors Prompepulver på Riksteatret og i tv-seriane Mammon II og Helt perfekt. Hilde Danielsen (f. 1971, Noreg) er forskar ved NORCE samfunn i Bergen med ein doktorgrad i kulturvitskap frå Universitetet i Bergen i 2006. Danielsen har ei gjennomgåande interesse for vilkår for deltaking, fellesskap og endring, sosial ulikskap, mangfald, og prosessar rundt det å inkludere og ekskludere. Ho har gitt ut fleire bøker om kvinner sine liv, blant anna Husmorhistorier, om husmorlivet på 1950-tallet. Danielsen var òg ein av forfattarane av Norsk likestillingshistorie 1814–2013, og redaktør for boka Da det personlige ble politisk om kvinnebevegelsen i Norge på 1970-tallet. Danielsen har forska på korleis vi lever saman i det mangfaldige Noreg, blant anna bursdagsfeiring, foreldreskap og sosial ulikskap i skular og nabolag, og ho jobbar no med barnefattigdom.
62
Av ni D o shi
Eir in Eik efjor d
Avni Doshi (f. 1982, USA) er fødd i New Jersey og bur for tida i Dubai. I 2013 fekk ho prisen Tibor Jones South Asia og i 2014 blei ho tildelt Charles Pick Fellowship ved Universitetet i Aust-Anglia. Debutromanen hennar, Burnt Sugar, kom på kortlista til Bookerprisen i 2020, og blei omsett til over tjue språk. Eirin Eikefjord (f. 1981, Noreg) er politisk redaktør i Bergens Tidende. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Sidan 2008 har ho vore fast tilsett i BT som blant anna forretningsutviklar, journalist og seinare kommentator. I 2017 mottok Eikefjord NTB sin språkpris, og juryen la vekt på hennar unike evne til å skrive lettlest om seriøse og komplekse tema. I oktober 2020 vart ho tildelt Gullpennen av Riksmålsforbundet med grunngjevinga at ho er ei tydeleg og klar stemme i den nasjonale og vestnorske samfunnsdebatten.
63
G au t e Ei t er jor d
D av e Eg ger s
Gaute Eiterjord (f. 1995, Noreg) er student, aktivist og tidlegare leiar i Natur og Ungdom. Han var ein av dirigentane/pådrivarane bak skulestreikane og klimasøksmålet mot staten, og i 2019 mottok han som leiar av Natur og Ungdom, saman med Greta Thunberg, Natur og Ungdoms Fritt Ords pris for arbeidet deira med å gjere miljøkampen handlingsretta. I 2020 gav han ut boka Klimaopprøret som han sjølv omtalar som «ein slags guide til klimadebatten». Dave Eggers (f. 1970, USA) er ein nord amerikansk forfattar og journalist busett i San Francisco. Han har gitt ut både skjønnlitteratur og sakprosa, blant anna The Circle, A Hologram for the King, What Is the What, Zeitoun, og A Heartbreaking Work of Staggering Genius. Eggers har vore med å starta opp fleire ideelle organisasjonar, blant anna 826 National, Voice of Witness, the Valentino Achak Deng Foundation og ScholarMatch. Han har vore finalist i Pulitzerprisen og National Book Award, og har vunne både American Book Award og Dayton Literary Peace Prize.
Fat emeh Ek h t e s a r i
Ul r ik Er iksen
Fatemeh Ekhtesari (f. 1986, Iran) er poet, forfattar og aktivist, busett på Lillehammer. Ho har ei stor følgarskare på sosiale medium, og har etablert seg som ei viktig stemme for mange, spesielt unge kvinner, både i og utanfor Iran. Ho skriv på persisk, og i oktober 2020 kom den første norske omsetjinga av diktsamlinga hennar, Vi overlever ikke, ut. Ho bidrog òg i antologien Å kysse en ørken, å kysse en myr med tekstar av fribyforfattarar busette i Noreg, i 2019. Tema som blant anna religion, kjønnsroller, seksualitet, hykleri og ytringsfridom går igjen i forfattarskapen, og ho blir rekna for å vere ein fornyar av poesien og ei modig stemme i den persiske samtidslitteraturen. Ulrik Eriksen (f. 1974, Noreg) er medievitar frå Universitetet i Oslo. Sidan 2005 har han jobba som frilansskribent, blant anna i Dagbladet og Dagens Næringsliv. Han har vore filmmeldar i Morgenbladet sidan 2009, og har dei siste åra òg vore samferdslekommentator der. Hausten 2020 gav han ut boka Et land på fire hjul som fortel historia om framveksten av bilismen i Noreg og kva konsekvensar dette har hatt mellom anna for utviklinga av byar og tettstader.
T hom a s Hylland Eriksen
Monik a Fa ger hol m
Thomas Hylland Eriksen (f. 1962, Noreg) er professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo. Forskinga hans omhandlar sosiale og kulturelle aspekt ved globalisering, og han har i denne samanheng blant anna skrive bøker og artiklar om etnisitet og nasjonalisme, identitet og migrasjon. Dei siste åra har han arbeidd med akselererte endringar («overoppheting») med særleg vekt på klima og miljø. Han har også gitt ut fleire lærebøker som er omsett til mange språk. I tillegg har Hylland Eriksen vore ein aktiv formidlar og bidragsytar til den offentlege samtalen, og på norsk har han blant anna gitt ut fire bøker om utilsikta biverknader av moderniteten, frå informasjonsteknologien sitt paradoks, til dei veksande søppelberga. I 2021 er han aktuell med Appenes planet, ei bok om korleis smarttelefonen har forandra verda. Monika Fagerholm (f. 1961, Finland) er busett i Ekenäs i Finland. Ho blir omtala som ein av dei fremste finlandssvenske forfattarane i vår tid. I 1994 fekk ho sitt internasjonale gjennombrot med romanen Vidunderlige kvinner ved vann, og dei tre etterfølgande romanane hennar blei alle nominert til Nordisk råds Litteraturpris. For romanen Den amerikanske jenta (2016) vart ho tildelt Augustprisen i Sverige. I 2016 fekk ho Svenska akademiens nordiske pris. I oktober 2020 mottok Fagerholm Nordisk råds Litteraturpris for romanen Vem dödade
64
Ing v il d F ol k v or d
Odd Eirik Sætre Færevåg
Bambi?. I juryen si grunngjeving står det blant anna at Fagerholm sitt språk «svinger seg fram, tidvis sprakende av kraft, tidvis melankolsk besvergende». Ingvild Folkvord (f. 1965, Noreg) er professor ved Institutt for språk og litteratur på NTNU. Ho forskar på moderne litteratur og har sidan ho tok doktorgraden i 2002 jobba med forsking, undervisning, rettleiing, omsetting og fagutvikling. Folkvord har tidlegare gitt ut ei rekke artiklar og bøker om tysk og norskspråkleg litteratur og kulturteori, og om skriveprosessar i og utanfor akademia. I 2020 gav ho ut boka Stemmene etter 22. juli. Odd Eirik Sætre Færevåg (f. 1976, Noreg) kjem frå det vesle øysamfunnet Røvær. Han debuterte på Samlaget i 2013 med diktsamlinga Dagane grå. Færevåg bur i Haugesund og arbeider som lektor. Den vesle jenta og havet: korte forteljingar frå Røvær 1899-2044 er hans andre bok.
65
S a r a M a r iel l e G aup
Jo G jer s ta d
Sara Marielle Gaup (f. 1983, Noreg) er ein tradisjonell og moderne joiker, og er kjend frå mellom anna gruppa Adjágas og duoen Arvvas, saman med Steinar Raknes.Gaup driv òg med samisk handverk, og er ei sterk stemme for samisk miljø- og rettigheitskamp. Ho hadde ei sentral rolle i den samiske alliansen under protestane i Standing Rock i USA i 2016. I 2018 mottok ho Áillohaš-prisen under Samiske Grand Prix i Guovdageaidnu (Kautokeino). Jo Gjerstad (f. 1953, Noreg) er forfattar og forlagsredaktør i Bodoni Forlag. Han har skrive ei rekke bøker om lokalhistoriske emne knytt til Bergen og Vestlandet. Han er òg ein mykje brukt føredragshaldar og byvandrar.
Tove Gr av d a l
Rol a nd Gul l i v er
Tove Gravdal (f. 1963, Noreg) er forfattar og journalist busett i Oslo. Ho har jobba både i Aftenposten og Morgenbladet, og som presseråd ved den norske FN-delegasjonen i New York. Ho har skrive om norsk utanrikspolitikk, internasjonal politikk, og ikkje minst fransk politikk og samfunnsliv, og blir brukt som kommentator i NRK og andre medier. I 2002 ga Gravdal ut boka Ett år i Champagne. Vinen, folket, regionen, og i 2020 ga ho ut Til bords med de mektige – historien om Norge og FNs sikkerhetsråd. Roland Gulliver (f. 1976, UK) er litteraturvitar med mastergrad i engelsk litteratur frå Universitetet i Edinburgh. Gulliver er leiar av Toronto International Festival of Authors der han starta februar 2020. Tidlegare har han jobba som programansvarleg og assisterande leiar i Edinburgh International Book Festival, og har vore ein primus motor for utviklinga av denne. Gulliver sit i styret for Toronto Arts Council, og leiar deira litterære rådgivande komité. Han er medlem av Academy for the Walter Scott Prize for Historical Fiction og sit i juryen til the 2020 Republic of Consciousness Prize for Small Presses. Han er òg jurymedlem i kategorien skjønnlitteratur i 2021 OCM Bocas Prize for Caribbean Literature.
D a niel Gumbiner
F r edr ik H a gen
Daniel Gumbiner (f. 1988, USA) er forfattar og forleggar busett i Oakland, California. Den første boka hans, The Boatbuilder, blei nominert til National Book Award, og var finalist i California Book Awards. Gumbiner arbeider òg som administrerande direktør i tidsskriftet The Believer. Fredrik Hagen (f. 1991, Noreg) er poet og doktorgradsstipendiat ved Høgskulen på Vestlandet. Han dreiv lenge fanzina Forsvinningspunkt, og leiar Lyrikksalong på Litteraturhuset i Bergen. Dei siste åra har han gitt ut tre diktsamlingar i raskt tempo: Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg (2017), Alt er barndom (2018) og Han ligner en måte å sove på (2019). Hagen kjem frå Odda, og er no busett i Bergen.
66
Alf van der Hagen
Mercede s H a l f on
Alf van der Hagen (f. 1962, Noreg) er forfattar og har skrive ei rekke kritikarroste samtalebøker. For Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013) fekk han Kritikerprisen for beste sakprosabok, og for Kjell Askildsen. Et liv (2014) blei han nominert til Brageprisen. Suzanne Brøgger. Samtalememoarer (2019) er utgitt også i Sverige og Danmark. Alf van der Hagen var ansvarleg redaktør i Morgenbladet fra 2003 til 2012. Han har også vore medredaktør i tidsskriftet Vagant, redaktør i NRK Kritikertorget og i De Norske Bokklubbene. Siste bok: Oppriktige samtaler (2020), med mellom andre Maria Kjos Fonn, Ingvar Ambjørnsen og Dag O. Hessen. Mercedes Halfon (f. 1980, Argentina) har studert kunst ved Universitetet i Buenos Aires, og har ein mastergrad i kreativ skriving frå UNTREF. Ho arbeider som kulturjournalist og teaterkritikar, og har fått prisen Premio Estímulo frå TEA for sitt arbeid med grafisk journalistikk. Ho er òg kurator for teaterserien Invocaciones ved kultursenteret San Martín i Buenos Aires, og skriv fast for kulturspalta Radar i avisa Página/12. For tida arbeider ho med ein dokumentar om poesi i Buenos Aires. I 2017 debuterte ho med romanen El trabajo de los ojos og har tidlegare gitt ut fleire poesisamlingar og noveller. Av hennar poesi kan verka Tres Islas, Hebilla de pasto og Un fuego cualquiera nevnast.
67
T or il H a ns sen
Ei v ind R iise H auge
Toril Hanssen (f. 1946, Noreg) er omsettar med språka engelsk og amerikansk, svensk og dansk. Hanssen har vore tilsett på Engelsk Institutt ved UiB med amerikansk litteratur som spesialfelt, og har studie-/forskingsopphald ved Berkeley University og Radcliffe College/Harvard. Av skjønnlitterære arbeid kan ein nemne Hjemkomsten og Forsvinningens anatomi av Hisham Matar og romanane Tilgivelse og Det falne landet av Patrick Flanery. Av sakprosa har ho mellom anna omsett Et forsvar for kvinnens rettigheter av Mary Wollstonecraft (1792, på norsk 2003). Ho sit i styret for Norsk PEN avdeling Vestlandet og leiar programserien “Oversatt” på Litteraturhuset i Bergen saman med Eirik Ulltang Birkeland. Eivind Riise Hauge (f. 1980, Noreg) debuterte som forfattar i 2010 med novellesamlinga Victor Tukmakovs siste vinter, og har sidan markert seg som ein allsidig forfattar med utgivingar i ei rekke sjangrar: roman, novellesamlingar, dramatikk og sakprosa. Den siste utgivinga hans er romanen Korrektur av et sorgens kapittel som kom ut i januar 2021.
Bel din a Oden yo
A ne Hem
Beldina Odenyo (f. 1990, Kenya) kjend som Heir of the cursed, er ein skotsk vokalist, gitarist, diktar og forfattar som arbeider i feltet mellom musikk og teater. Ved hjelp av ord, musikk og visuell kunst forsøker Odenyo å utforske skilnadane og likskapane i sin kenyanske og skotske arv. Odenyo byr på intrikat gitarspel ispedd drøymande vokal, og beveger seg på grensa mellom jazz, blues og folk. Odenyo har opptredd som headliner ved ulike høve, blant anna under Celtic Connections, Solas Festival, Doune the Rabbit Hole Festival, Tron Theatre og Just Start Here ved Nasjonalteateret i Skottland. Odenyo har arbeidd med eit breitt spekter av teater- og framsyningar, og med institusjonar og kunsthus som til dømes Nasjonalteateret i Skottland, Edinburgh International Book Festival og Glasgow Women’s Library. I 2018 vart ho utnemnd til Starter Artist ved Nasjonalteateret i Skottland. Ane Hem (f. 1979, Noreg) er rettsteiknar, skribent og illustratør. Ho har jobba med tekst, grafikk, visuelle uttrykk og illustrasjonar i ei rekke norske nyhenderedaksjonar, deriblant NTB, Aftenposten og Klassekampen. Hem er utdanna i teikning ved Escola Joso i Barcelona og har studert estetikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. I 2020 debuterte ho med boka Et spørsmål om skyld, om hennar personlege erkjenningar i møtet med norsk rettsvesen. For denne har ho hausta gode kritikkar, og Klassekam-
N a ncy Her z
D a g O. He s sen
pen omtala boka som ei litterær oppleving, «spennende som en kriminalroman» og som eit «bidrag til diskusjonen om sakprosaens evne til å vekke debatt uten å trå grovt over moralske eller juridiske grenser». Nancy Herz (f. 1996, Noreg) er medforfattar av boka Skamløs, aktivist og føredragshalder. Ho har òg vore programleiar i NRK-serien Skamløs. Saman med Sofia Srour og Amina Bile blei ho i norske medium kjend som dei «skamlause jentene», og for sitt engasjement har dei blant anna fått Fritt Ords honnørpris, og Skamløsprisen. Ho leiar for tida Ungdommens ytringsfrihetsråd, eit prosjekt i regi av Norsk Pen og Fritt Ord. Rådet skal blant anna sjå nærare på utfordringar som unge møter når dei brukar stemma si og løysingar for å styrke unge og unge vaksne sin ytringsfridom i Noreg i dag. Dag O. Hessen (f 1956, Noreg) er professor i biologi ved Universitetet i Oslo. Han er leiar for Centre for Biogeochemistry in the Anthropocene, og forfattar av ei rekke populærvitskaplege bøker om evolusjon, biologi og miljø, både for barn og vaksne. Seinaste utgivingar er Tett på insekter og småkryp (m. Jannicke Wiik-Nielsen og Ole Mathismoen) i 2020, og Verden på Vippepunktet – Hvor ille kan det bli?, som fekk Brageprisen i klassen for sakprosa 2020. Hessen har fått fleire prisar, blant anna Riksmålsprisen (2008), Biomangfoldpri-
68
Gur i H jelt ne s
L ine Norman Hjorth
sen (2010), Akademikerprisen (2010), Fritt Ords honnør (2010), Humanistprisen (2013) og Bonnevieprisen (2014). I 2020 fekk Hessen Brages hederspris. Guri Hjeltnes (f. 1953, Noreg) er historikar, journalist og forfattar. Ho er direktør ved Noregs senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar. Hjeltnes har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, og har tidlegare jobba som professor ved Handelshøyskolen BI. Hjeltnes er særleg oppteken av norsk okkupasjonshistorie og har gitt ut fleire bøker, blant anna Hver fredag foran porten (1984, saman med Wanda Heger) og Barn under krigen (2000, saman med Berit Nøkleby). I 1998 fekk Hjeltnes Norsk språkpris for sin «fremragende bruk av norsk språk i sakprosa» og for tredje og fjerde bind i verket Handelsflåten i krig 1939-1945, Sjømann: lang vakt (1995) og Krigsseiler: krig, hjemkomst og oppgjør (1997). Line Norman Hjorth (f.1983, Noreg) underviser, forskar og er skribent innan fagfeltet Lov og litteratur. I doktoravhandlinga si (UiB, 2019) var ho særleg oppteken av språkbruk og fortellingar i rettssalen. Det siste halvanna året har Norman Hjorth vore knytt til det tverrfaglege forskningsprosjektet A Narratology of Criminal Cases ved Universitetet i Bergen.
69
Inger Mer e t e Hobbel s ta d
H a ns D. Høeg
Inger Merete Hobbelstad (f. 1980, Noreg) er journalist og sakprosaforfattar. Ho har ein mastergrad i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og har i ei årrekke jobba som kritikar og kommentator i Dagbladet. I tillegg har ho gjennom artiklar, bøker og foredrag vore oppteken av å formidle litteraturhistorie og kulturhistorie. Ho har gitt ut Å leve med Shakespeare (2016), ei essaysamling om William Shakespeare sine skodespel, og Årene med Elizabeth (2019), om Dronning Elizabeth II og den britiske kongefamilien. Ho er også medforfattar av Norske klassikere (2012). Hobbelstad fekk Arne Hestenes sin journalistpris i 2012 og Riksmålsforbundet sin gullpenn i 2018, begge for sitt virke som journalist. Hans D. Høeg (f. 1971, Noreg) er busett i Washington, D.C. og utdanna sivilingeniør på Massachussetts Institute of Technology. Han har grunnlagt selskap innan medisinsk teknologi, fornybar energi og utdanning. I 2012 blei han stabssjef for kongressmedlem og republikanar Thomas Massie som var ein ven frå studietida. I februar 2021 kjem boka Vår mann i Washington ut, der Høeg fortel om åra på innsida av USA sine inste maktsirklar.
Id a Heg a zi Hø y er
Øi v ind H å ne s
Ida Hegazi Høyer (f. 1981, Noreg) er forfattar. Høyer debuterte i 2012 med romanen Under verden. Sida har ho gitt ut fem romanar og ei novellesamling. Ho har òg skrive to biografiar for barn. For romanane Under verden og Ut fekk Høyer Bjørnson-stipendet 2014. For Unnskyld fekk ho EUs litteraturpris 2015, og blei i tillegg nominert til Bokbloggerprisen. Fortellingen om øde (2015) blei nominert til NRK P2-lyttarane sin romanpris. Øivind Hånes (f. 1960, Noreg) er busett i Köln i Tyskland. Han er aktiv som forfattar, musikar og komponist. Han er utdanna musikkpedagog og har ei brei arbeids- og yrkeserfaring som lærar, skribent, redaktør og plateprodusent. Han debuterte som forfattar med romanen Som vil deg isbre for isbre i 1991. Hånes har òg skrive ei rekke faktabøker om mat og vin. Bøkene hans er omsett til tysk, spansk, nederlandsk, russisk og litauisk. For romanen Pirolene i Benidorm (2005) blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris. Hånes sit i styret i Norsk PEN og i komiteen for fengsla forfattarar.
N a dine A ish a Ja s s at
Kari Jeger s t ed t
Nadine Aisha Jassat (f. 1989, England) er ein prisløna skribent, og forfattaren av boka Let Me Tell You This (2019). Diktinga, den forteljande sakprosaen og novellene hennar er tilgjengelege på nett og i print, blant anna i den kjende antologien It’s Not About the Burqa: Muslim Women on Faith, Feminism, Sexuality and Race, Nasty Women Staying Human og fleire andre. Ho har framført arbeidet sitt over heile verda, og har hausta internasjonal anerkjenning for dette, i form av Scottish Book Trust New Writers’-prisen, og ved å bli kortlista for den gjæve Edwin Morgan Poetry-prisen. I 2019 vart ho kåra til ein av ti Compelling ‘BAME’ Writers i Storbritannia av den kjende poeten Jackie Kay (International Literature Showcase). I 2020 var ho involvert i Edinburgh International Book Festival sitt Outriders Africa-prosjekt. Jassat bur og arbeider i Edinburgh. Kari Jegerstedt (f. 1963, Noreg) er leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforsking ved Universitetet i Bergen, og har ein doktorgrad i litteraturvitskap med ei avhandling om den britiske forfattaren Angela Carter. Jegerstedt er interessert i global og postkolonial litteratur, feministisk teori, psykoanalyse og posthumanisme. Ho har den siste tida særleg forska på engelskspråkleg afrikansk samtidslitteratur av alle kjønn.
70
P r eben Jor d a l
Leyla Jo sep hine
Preben Jordal (f. 1972, Noreg) er litteraturvitar, kritikar og omsettar. Han har i ei årrekke skrive litteraturkritikk i ei rekke aviser – Bergens Tidende, Morgenbladet, Klassekampen og Aftenposten – og har dessutan vore redaktør for Vinduet, samt medredaktør av Vagant. I tillegg har han omsett tolv bøker, hovudsakeleg frå amerikansk-engelsk, av forfattarar som David Foster Wallace, George Saunders, Thomas Pynchon, Jonathan Franzen og Lorrie Moore. Leyla Josephine (f. 1991, Skottland) er poet, teaterprodusent og manusforfattar busett i Prestwick. Hennar soloteaterproduksjonar, Hopeless og Daddy Drag, har tatt Storbritannia med storm med utselde framsyningar landet over. Hopeless var finalist i Saboteur’s Best Spoken Word Show 2018, og Daddy Drag vann prisen Autopsy Award 2019 som går til banebrytande kunstnarar i Skottland. Stykket var også kortlista for Filipa Braganca-prisen 2019, ein pris som går til kvinnelege kunstnarar i Edinburgh Fringe-festivalen. I 2014 vann Josephine meisterskapen UK National Spoken Word Slam i Royal Albert Hall. Av The List blei ho omtala som ein av Top 100 Artists To Watch i 2019. Josephine har lang erfaring som prosjektleiar og tilretteleggjar i ulike kunstog teaterproduksjonar. For tida er ho Writer in Residence i Edinburgh International Book Festival.
71
N a zneen K h a n-Ø s t r em
Jen s K ihl
Nazneen Khan-Østrem (f. 1968, Kenya) er forfattar og forlagsredaktør som bur i Oslo. Ho blei fødd i Nairobi, og er oppvaksen i Storbritannia og Noreg. Etter fleire år som journalist mellom anna i Aftenposten, og høgskulelektor i journalistikk ved OsloMet, er ho i dag forfattar og forlagsredaktør. Ho har ein mastergrad i internasjonale relasjonar ved London School of Economics. I 2005 gav ho ut boka Min hellige krig, der ho utforska islam i London, Paris, New York og Berlin i etterkant av angrepa den 11. september. I 2019 skildra Dagbladet sakprosaboka hennar London – blant gangstere, rabbinere, oligarker, rebeller og andre ektefødte barn av det britiske imperiet som «den ultimate boka om Storbritannias hovedstad». Jens Kihl (f. 1986, Noreg) er kommentator, forfattar og målmann. Kihl har vore leiar i Norsk Målungdom, og nestleiar i Noregs Mållag, og vann i 2017 Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Han arbeidde tidlegare som journalist for Klassekampen, og er no tilsett som politisk kommentator i Bergens Tidende. I 2019 gav han ut boka Dette er også Noreg – kommunal feelgood.
Karl Ove K n au s g å r d
TM K r ishn a
Karl Ove Knausgård (f. 1968, Noreg) er forfattar og forleggar, busett i London. Han gjekk på Skrivekunstakademiet i Bergen frå 1988 til 1989, og har studert litteraturvitskap og kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. For debutromanen Ute av verden (1998) mottok han Kritikerprisen som første debutant nokon sinne. Hans neste roman En tid for alt, blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. I 2009 kom den første romanen i det sjølvbiografiske verket Min kamp ut. Dei seks romanane som inngår i Min kamp er omsett til 35 språk og for verket har Knausgård hausta ei rekkje prestisjetunge prisar, blant anna Svenska Akademiens nordiske pris (2019), Die Welts litteraturpris (2015), og Wall Street Journal’s Innovator Award for Literature (2015). Hausten 2020 fekk han «Prix Médicis essai» for Min Kamp 6. Hans siste bøker er Morgenstjernen (2020) og Skogen og elva (2021). TM Krishna (f. 1976, India) er ein karnatisk songar, skribent, aktivist og forfattar. Som offentleg intellektuell skriv og snakkar han om tema knytt til vilkår for menneskeliv og kultur. Krishna har starta og vore involvert i ei rekke musikk- og kulturorganisasjonar. Han var medforfattar i boka Voices Within: Carnatic Music: Passing on an Inheritance – ei bok om karnatisk musikk. I 2013 ga han ut boka A Southern Music: The Karnatik Story. For denne fekk han 2014 Tata Literature Award for Best First Book i kategorien
T omm K r is t i a nsen
Ja n H. L a ndro
for sakprosa. I 2018 ga han ut boka Reshaping art der han stilte spørsmål om korleis kunst blir skapt, utøvd og spreidd, og tok opp spørsmål knytt til kaste, klasse og kjønn, demokrati og kultur. I 2017 fekk han “Indira Gandhi Award for National Integration Award”, og i 2017 fekk han Professor V Aravindakshan Memorial Award for sin formidling av karnatisk musikk. Hans siste bok er Sebastian and Son som kom ut i 2020. Tomm Kristiansen (f. 1950, Noreg) er journalist og forfattar. Han har vore NRK-korrespondent i Harare, seinare reporter med heile verda som verkefelt, og er ein sentral skikkelse i NRK. I 1994 blei han nominert til Brageprisen for Mor Afrika og same år blei han tildelt Den store journalistprisen. Kristiansen har seinare gitt ut ei rekke bøker, mellom anna Biskopens hemmelighet (2014) og Gudsord for tvilere (2017). Hausten 2018 gav han ut boka Da Gud skiftet mening, saman med Trond Bakkevig. Jan H. Landro (f. 1948, Noreg) er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid. Han er også tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende. Landro har gitt ut ei rekke bøker, mellom anna Jeg er ikke ironisk: samtaler med Dag Solstad (2001) og Bernt Tunold: vestlandsmålar i grønt og grått (2016). Han er også ein velkjend bokbadar og føredragshaldar. Den siste utgivinga hans er Frå Nora
72
S ondr e L erche
S a ndr a L il l eb ø
til Karl Ove – og 84 andre personar i norsk litteratur (2017). Sondre Lerche (f. 1982, Noreg) er musikar og låtskrivar, busett i Los Angeles. Han platedebuterte i 2001 med Faces Down, som var starten på ein internasjonal karriere. Han har halde over 1000 solokonsertar verda over, blitt hylla i amerikansk musikkpresse, fått fleire Spelemannsprisar, spelt med den brasilianske legenden Milton Nascimento, skrive filmmusikk for Hollywood, opptredd i Late Show hos Letterman for å nemne noko. Sondre Lerche har gitt ut åtte studioalbum, seinast albumet Patience, som kom ut sommaren 2020. I 2020 ga Lerche ut boka Alle sanger handler om deg. Sandra Lillebø (f. 1978, Noreg) er forfattar, kritikar og kommentator i Klassekampen. Lillebø debuterte som forfattar i 2011 med diktsamlinga Navnet på den ensomme er frigitt. I 2016 gav ho ut si andre diktsamling, Alt skal skinne og blø, og hausten 2020 kom romanen Tingenes tilstand som ho fekk gode kritikkar for. Sandra Lillebø er tidlegare programrådgivar ved Litteraturhuset i Bergen og i Bergen internasjonale litteraturfestival, og sit i festivalen sitt norske kunstnariske råd.
73
Åsa L inder b org
Jenn y L uc a nder
Åsa Linderborg (f. 1968, Sverige) er svensk forfattar, historikar og kulturskribent. Ho avla doktorgradseksamen i historie ved Uppsala Universitet i 2001, og var som ung aktiv i Vänsterpartiet Kommunisterna og i Kommunistisk Ungdom. Frå 2009 til 2019 arbeidde ho som kulturredaktør i Aftonbladet. For sin debutroman, Mig äger ingen (2007), blei ho nominert til Augustprisen, og ho hausta stor anerkjenning for den sterke og sjølvbiografiske skildringa av oppveksten sin med ein alkoholisert far. I 2020 gav ho ut sin andre roman, Året med 13 månader – En dagbok, der lesaren får innsyn i Linderborg sine dagbøker frå hausten 2017 til hausten 2018- ein periode då det storma for Linderborg både på den private og profesjonelle fronten. Jenny Lucander (f. 1975, Finland) er biletbokkunstnar og illustratør, busett i Helsinki. Lucander har illustrert fleire kritikarroste og prisløna bøker som er gitt ut på svensk, dansk, finsk og engelsk. I oktober 2020 fekk Jens Mattsson og Jenny Lucander Nordisk råd sin pris for barne- og ungdomslitteratur for boka Vi är Lajon!. Boka har også fått Svenska litteratursällskapets prestisjefulle pris og vore nominert til mellom anna Elsa Beskow-plaketten og Slangbellan i Sverige.
Cecil ie L ø v eid
Ol e Ja c ob M a d sen
Cecilie Løveid (f. 1951, Noreg) er ein prisvinnande forfattar og ein av våre mest spelte samtidsdramatikarar. Frå 1999 til 2011 var ho busett i København, men ho bur no i Bergen. Løveid sin forfattarskap er svært rik, og omfattar verk innan fleire sjangrar. Ho debuterte med romanen Most i 1972, og har sidan skrive både prosa, lyrikk, og dramatikk. Løveid blir rekna som ein av dei store lyrikarane i norsk litteratur. Diktsamlinga Vandreutstillinger (2017) om kunst og kunstnarar sine liv og verk, sikra Løveid både Kritikerprisen og Brageprisen. Ho har fått Ibsenprisen tre gonger, og ei rekke andre litterære prisar. I 2019 ga ho ut samlinga Dikt og tekster 1968–2000. Ole Jacob Madsen (f. 1978, Noreg) er utdanna psykolog og filosof, og jobbar som professor i kultur- og samfunnspsykologi ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo. Han har i eit tiår jamleg skrive kronikkar og essays for allmenta og deltatt i offentlege debattar der psykologi kjem i kontakt med store spørsmål i samtida, det vere seg kva som feilar dei unge, livsmeistring, psykologisering, kosmetisk kirurgi, sjølvhjelp, individualisme, nyliberalisme, seinkapitalisme, identitet og miljø og klima. Han har gitt ut fleire bøker, blant anna Det er innover vi må gå (2014), Generasjon prestasjon – Hva er det som feiler oss? (2015), og Livsmestring på timeplanen (2020).
Sh a zi a M a jid
Jen s M at t s s on
Shazia Majid (f. 1974, Noreg) er norsk forfattar, journalist og økonom, og arbeider som journalist og kommentator i VG. Ho er utdanna diplomøkonom ved BI, og journalist frå Høgskulen i Oslo og Akershus. I 2020 fekk ho SKUP-prisen for «Helsereformens konsekvenser» saman med Anne Stine Sæter, Eirik Mosveen og Sofie Amalie Hoff Fraser. I 2019 debuterte ho som forfattar med boka Ut av skyggene – Den lange veien mot likestilling for innvandrerkvinner, og for denne fekk ho Bokhandelens sakprosapris 2019. Boka blei òg nominert til Brageprisen og Litteraturkritikerprisen for beste sakprosa 2019. Majid har i ei årrekkje vore ei sterk stemme i samfunnsdebatten. Jens Mattsson (f. 1980, Sverige) er bibliotekar og debuterte med bildeboka Vi är lajon! (ill. Jenny Lucander) 2019 i både Sverige og Finland. For tida er han bibliotekar på vidaregåande skule, men det var under sine mange år som barnebibliotekar at han blei oppteken av bildebøker. Illustrert av den tidlegare nominerte Jenny Lucander frå Finland, blei Vi är lajon! nominert som eitt av Finland sine bidrag til Nordisk råd sin barne- og ungdomslitteraturpris i 2020 – og vann.
74
Dara Mc A nult y
Marte Michel e t
Dara McAnulty (f. 2004, Nord Irland) er forfattar, naturalist og miljøaktivist. Han har ein stor følgarskare på sosiale medium der han deler sin kjærleik til naturen og snakkar ope om livet med autisme. I 2017 fekk han BBC Springwatch sin Unsprung Hero-pris, og i 2018 vart han av avisa The Daily Mirror kåra til Animal Hero of the year. Mai 2020 debuterte han med boka Diary of a Young Naturalist, og for denne mottok han den prestisjetunge Wainwright-prisen som yngste forfattar nokon sinne. Han er også den yngste forfattaren som har blitt longlista til Baillie Gifford-prisen for sakprosa. Marte Michelet (f.1975, Noreg) er journalist, kommentator og forfattar. Ho har tidlegare jobba i NRK og som debatt- og kronikkansvarleg i Dagbladet, og har skrive om tema som feminisme, innvandring, integrering og asylpolitikk. I 2014 debuterte ho med boka Den største forbrytelsen som handlar om jødeutryddinga i Noreg, og for denne fekk ho Brageprisen i kategorien sakprosa. Boka har blitt filmatisert og skal ha premiere romjula 2020. I 2017 gav Michelet ut boka Hva visste hjemmefronten?. For denne blei ho i 2019 tildelt Bokhandelens sakprosapris.
75
H a n s K r is t i a n M jelva
Sigr id Mol de s ta d
Hans Kristian Mjelva (f. 1966, Noreg) er politiskøkonomisk kommentator i Bergens Tidende. Han er utdanna historikar, med doktorgrad frå Universitetet i Bergen frå 2005. Før det jobba Mjelva som journalist i ulike redaksjonar (politikk, økonomi, feature, nyheit og debatt) i BT, Klassekampen og NRK. Mjelva har òg undervist i mediehistorie ved Høgskolen Kristiania og skrive manus til ein dokumentarfilm om Hilmar Reksten (NRK). Sigrid Moldestad (f. 1972, Noreg) er folkemusikar, songar, låtskrivar, skodespelar og tekstforfattar, oppvaksen i Nordfjord. I 2007 debuterte ho med plata Taus, som henta inspirasjon frå 150 år gamle historier om kvinner som spelte fele i Nordfjord, og for den plata fekk ho Spellemannsprisen. I 2010 blei ho kåra til Årets folkemusiker. Moldestad skriv tekstar sjølv, men har òg tonesatt diktarar som til dømes Tove Ditlevsen (Så tag mitt hjerte), Jakob Sande (Eg ser inn i augo dine) og dikt av Jan-Magnus Bruheim på plata Brevet til kjærleiken. Moldestad har til no gitt ut fem soloalbum, og det sjette er venta å kome på nyåret 2021.
K at hr ine Nedr e jor d
Ol aug Nil s sen
Kathrine Nedrejord (f. 1987, Noreg) er ein samisk forfattar og dramatikar. Nedrejord er busett i Paris og har gitt ut tre romanar og tre ungdomsbøker. For romanen Forvandlinga (2018) mottok ho Havmannprisen. Ho var i perioden 2018–2020 husdramatiker på Nationaltheatret i Oslo. Hausten 2020 kom barneboka Lappjævel! ut. Olaug Nilssen (f. 1977, Noreg) er forfattar busett i Bergen. Ho fekk sitt gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Seinare har Nilssen skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei viktig stemme i norsk litteratur og samfunnsdebatt. Ho har òg vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum. I romanen Tung tids tale (2017) fortel ho om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. For denne boka blei ho tildelt både Brageprisen og Nynorsk litteraturpris. Hausten 2020 ga ho ut Yt etter evne, få etter behov, som blei nominert til Brageprisen.
Ei v ind Nor m a nn-Eide
S v en Egil Omd a l
Eivind Normann-Eide (f. 1973, Noreg) er psykologspesialist ved Seksjon for personlighetspsykiatri, Oslo Universitetssykehus. Han har brei erfaring frå ulike delar av helsevesenet, og jobbar i dag med terapi, forsking og kunnskapsformidling. NormannEide bidrog i antologien Signatur: Nye norske stemmer, og han har gitt ut boka Skjønnlitterære selvmord. I lys av romankarakterar som tar sitt eige liv, undersøker han her ulike tilhøve forbunde med sjølvmordet sin psykologi. Sven Egil Omdal (f. 1953, Noreg) er forfattar og journalist. Han har ei lang karriere som journalist i Stavanger Aftenblad, Adresseavisen og Vårt Land, og har også vore nyhenderedaktør, kulturredaktør og multimedieredaktør i Stavanger Aftenblad. Han har vore leiar av Oslo journalistklubb, Norsk Journalistlag og Pressens Faglige Utvalg. Omdal har skrive ei rekke sakprosabøker, blant dei Paris. En veiviser, Noe innen media (med Halvor Hegtun), Gestapokjelleren, Borgerlønn. Ideen som endrer spillet (med Ingeborg Eliassen), nominert til Brageprisen, og sist Byen som formet Norge. Den overraskende historien om alt vi kan takke Stavanger for.Han er den første utanfor Oslo som har vorte tildelt Riksmålsforbundets Gullpenn.
76
Gil l i a n O’Shaughnessy
Op en W ind o w T he at r e
Gillian O’Shaughnessy (f. 1966, Australia) er fødd i den vestaustralske byen Bunbury. Ho er journalist, forfattar og programleiar, og har i 25 år vore tilsett i den statlege kanalen Australian Broadcasting Corporation, der ho har jobba med både TV- og radionyhende. Dei siste ti åra har ho vore programleiar for the Afternoon Show på ABC Radio. Open Window Theatre lagar familieframsyningar med humor og varme som kommuniserer med barn i eit språk dei kan forstå. Dei har gjesta ei rekke nasjonale og internasjonale teaterfestivalar. Leiar Dominika Minkacz-Sira er utdanna ved teateruniversitetet AST i Polen.
S t ein a r Op s ta d
Der ek Owusu
Steinar Opstad (f. 1971, Noreg) er lyrikar, forfattar og omsettar busett i Oslo. Han har studert tysk språk og litteratur, religionshistorie og allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo. Han debuterte i 1996 med samlinga Tavler og bud, som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Opstad har seinare gitt ut åtte diktsamlingar. Den siste er En varig lengsel (2019). Han har òg gitt ut essaysamlinga Himmelretninger (2012). I 2017 og 2020 kom hans omsettingar av Lars Noréns Fragment I og Fragment II ut. Opstad har blant anna mottatt Aschehoug-prisen (2003), Sult-prisen (2006), Herman Wildenveys poesipris (2015) og Doblougprisen (2017) for forfattarskapen sin. Derek Owusu (f. 1982, UK) er forfattar og diktar frå Nord-London. I ein alder av 23, mens han studerte rørslelære på universitetet, fann han ut at han var lidenskapeleg oppteken av litteratur. Utan moglegheit til å endre studieretning byrja Derek å lese umåteleg mykje, og han sneik seg inn på forelesingar i engelsk litteratur ved Universitetet i Manchester. Derek redigerte og bidrog til Safe: On Black British Men Reclaiming Space (Trapeze). Boka That Reminds Me er hans første verk åleine, og for denne fekk han i 2020 den høgthengande Desmond Elliot-prisen.
77
Cher ily n Pa r s on s
Mich a el P eder sen
Cherilyn Parsons (f. 1963, USA) har ein mastegrad i profesjonell skrivekunst frå Universitetet i Sør-California (University of Southern California), og har arbeidd som fundraiser, reisejournalist og bokmeldar. Ho er grunnleggjar og dagleg leiar av Bay Area Book Festival (starta i 2015), som er ein av dei mest internasjonale litteraturfestivalane i USA. Parsons står òg bak organisasjonen Women Lit, som løftar kvinnelege stemmer i litteraturen og prøver å styrke litterære miljø for kvinner. Tidlegare har ho engasjert seg i feltet for uavhengig og ideell journalistikk, og har vore tilknytt Center for Investigative Reporting. Michael Pedersen (f. 1984, Skottland) er ein skotsk diktar, skribent og sømkunstnar busett i Glasgow. Han har gitt ut to anerkjende diktsamlinger med Polygon Books, han har fått John Mather’s Rising Star Award (via Scottish Poetry Library), og han har vunne eit stipend frå Robert Louis Stevensons Fellowship. Arbeidet hans har blitt antologisert av Pan MacMillan og Canongate Books, og han har vore finalist i kategorien Writer of the Year i The Herald Scottish Culture Awards. Forfattarskapen hans har mottatt ros og merksemd frå publikum som blant anna Irvine Welsh, Jackie Kay, Stephen Fry og Charlotte Church. Pederson er også medstiftar av litteraturkollektivet Neu! Reekie! som er kjend for å ha gitt ut det ein kan kalle litterære bomber i nesten ti år.
F rode Helmich Pedersen
Jua n Ignacio Pisano
Frode Helmich Pedersen (f. 1976, Noreg) er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen og har i ei årrekke verka som litteraturkritikar i Bergens Tidende og Morgenbladet. Han har sete i redaksjonen til tidsskrifta Prosopopeia, Vagant og Vinduet, og har i mange år undervist ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han er også fast medlem av det litteraturkritiske forumet Kritisk kvartett ved Litteraturhuset i Bergen. Hans siste utgiving er Bjørnstjerne Bjørnsons samtidsdrama (2017). Juan Ignacio Pisano (f. 1981, Argentina) er utdanna ved Fakultet for filosofi og litteratur ved Universitetet i Buenos Aires, og har spesialisert seg i argentinsk og latinamerikansk litteratur. For tida jobbar han som PhD-stipendiat. Han har publisert fleire artiklar i ulike tidsskrifter og bøker, og underviser på ulike vidaregåande skular og universitet i Buenos Aires. Han er òg ein del av det tverrfaglege samarbeidet GIIHMA om heavy metal i Argentina. Pisano har gitt ut to romanar, Se nos ve de negro vestido (2016) og Parricidas (2018). For debutromanen sin, El ultimo Falcon sobre la tierra, fekk han prisen Fundación Medifé-Filba for årets roman i 2019.
78
Hassan P r eisl er
A lw y nne P r i t ch a r d
Hassan Preisler (f. 1969, Danmark) er dansk skodespelar, forfattar, føredragshaldar, radiovert og dramatikar. Han har mellom anna leia programma Min Lille Hassan og Det Næste Kapitel på Radio24syv, og har medverka i filmane Behaviour, Små fejl og Grønne hjerter, samt i Netflix-serien Rita. I 2013 debuterte han med boka Brun mands byrde, som hausta svært gode kritikkar og som han fekk Bodil og Jørgen Munch-Christensens debutantpris for. Boka er ein dekonstruksjon av Preisler si eiga historie og tek føre seg hans søken etter identitet. Alwynne Pritchard (f. 1968, Skottland) er forfattar, komponist og kunstnar med base i Bergen. Frå 1995 til 2008 arbeidde ho som skribent og programleiar for BBC radio 3. I 2016 fekk ho i oppdrag å lage ein «markør» for å feire opninga av Snøhetta si bygning for Universitetet i Bergen og Fakultet for kunst, musikk og design, og i den anledning gav ho ut dikt- og tekstsamlinga up without an insistent casting away. Alwynne er medstiftar av det bergensbaserte musikkteaterkompaniet Neither Nor.
79
K r is t in a Quin ta no
M a r i a no Quiró s
Kristina Quintano (f. 1975, Noreg) er journalist, omsettar, og forleggar i Quintano Forlag. Ho er verdas einaste omsettar frå maltesisk til norsk. Quintano sit i frilansutvalget til NFFO, i komiteen til Sakprosafestivalen og i styret til Salam LADC (Libanesisk bistandsorganisasjon) og Team Humanity Norway. Quintano driv òg Facebook-bloggen Budbringeren fra Helvete som gir daglege oppdateringar frå flyktningkrisa rundt Middelhavet. Bloggen blir publisert med støtte frå Fritt Ord og har i snitt 100.000 visningar kvar dag. Quintano har dei siste fem åra halde over 80 foredrag om flukt, og underviser journaliststudentane ved Oslo Met i tema etikk og dokumentasjon. Mariano Quirós (f. 1979, Argentina) har mellom anna gitt ut bøkene Robles (2009), Torrente (2011), Río Negro (2014), Tanto correr (2013) og No llores, hombre duro (2013) som han fekk prisen Festival Azabache for. For romanen Una casa junto al Tragadero (2017) fekk han Tusquets-prisen, og for novellesamlinga La luz mala dentro de mí vart han tildelt prisen Fondo Nacional de las Artes. Saman med Germán Parmetler, Parblo Black og Luciano Acosta (illustratør) har han gitt ut novellesamlinga Cuatro perras noches.
T or e R enberg
L ine R en sl ebr åt en
Tore Renberg (f. 1972, Noreg) er kjend for sitt mangslungne forfattarskap, der seriane om Jarle Klepp og Hillevågsgjengen står sentralt. Renberg debuterte i 1995 med kortprosasamlinga Sovende floke, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Sidan den gong har det blitt 16 romanar og ei rekke utgivingar i andre sjangrar. Han har også arbeidd for scena og filmlerretet. I 2016 kom den første nynorskboka frå Stavangermannen, Du er så lys, som fekk mykje merksemd. I 2020 følgde han opp med nok ei bok på nynorsk, Tollak til Ingeborg, som fekk Bokhandlarprisen 2020. Renberg har motteke ei rekke prisar og bøkene hans er omsett til 17 språk. Line Renslebråten (f. 1980, Noreg) skriv og illustrerer sakprosabøker for barn. Ho er oppteken av dyr, miljø og natur og elskar å formidle til barn og unge. I 2020 gav ho ut Dyr som gjemmer seg, som er hennar sjuande bok. Ho har òg illustrert Andreas Tjernshaugen si bok Blåhvalen, som blei nominert til Brageprisen 2020.
Mon a B. R iise
Ja s on R e y nol d s
Mona B. Riise (f. 1972, Noreg) er journalist og programleiar på TV og radio. Ho er utdanna frå Universitet i Oslo, med litteratur, medium og kommunikasjon i fagkretsen. Riise har lang fartstid som reporter og programleiar for musikk og kulturprogram på NRK, blant anna Lydverket, og har i mange år sete i ekspertpanelet til NRK-programmet Stjernekamp. I 2018 gav ho ut Norsk pop-poesi, ei samling poetiske høgdepunkt frå norsk pop, rock og rap, der ho også har snakka med tekstforfattarar om prosessen bak låtsuksessane. Sidan 2019 har ho vore programleiar i radioprogrammet Kulturstripa på NRK P2. Jason Reynolds (f. 1983, USA) er ein nordamerikansk forfattar og poet. Han har skrive fleire prisløna ungdomsromanar, og bokserien The Track Series nådde NY Times si bestselgarliste. Reynolds har ein bachelorgrad i engelsk frå Universitetet i Maryland, og for sin første roman, When I was the greatest (2014), fekk han den høgthengande Coretta Scott King prisen. For boka As Brave As You (2016) vart han belønna med blant anna NAACP Image Award, og han har vore finalist i den prestisjefylde National Book Award med romanen Ghost (2016). I 2017 gav han ut boka Long Way Down, skrive i frie vers, der han skildrar vald og våpenbruk blant ungdom i USA. I 2020 vart Reynolds utnemnd til nasjonal ambassadør for ungdomslitteratur av Kongressbiblioteket i USA.
80
R om s k ip
H a mid S a k hiz a d a
Romskip er eit band frå Bergen som består av Adem Kollen, Nicolai Hervik Olsen, Sondre Fagernes Thuen, Daniel Verne Rognes, Didrik von Hanno Kjersem. Dei har gitt ut fleire EP-ar, spelt ei rekke konsertar, fått Bergenfest-stipend, og strålande kritikkar for både konsertar og utgivingar. Siste utgiving var Dagens ungdom som fekk terningkast 6 i Bergens Tidende. Hamid Sakhizada (f. 1989, Afghanistan) er musikar, songar og tidlegare musikklærar, busett i Harstad. Han er klassisk utdanna, men har ei brennande interesse for instrumentet dambura og for afghansk tradisjonsmusikk. For å synleggjere musikken frå Hazara-provinsen har Sakhizada deltatt i Asia sitt svar på Melodi Grand Prix, og han blei nummer to i den afghanske versjonen av The Voice, Afghan Star. Før han kom til Noreg hadde han gitt ut tre album. I Afghanistan starta Sakhizada musikkskule for å løfte fram folkemusikken frå Hazara-provinsen, men situasjonen blei uhaldbar då han stadig mottok trugslar og då to av elevane hans blei kidnappa og torturerte av Taliban. I 2015 måtte han og kona flykte frå heimlandet grunna den utrygge situasjonen, og dei busette seg i Harstad, der Sakhizada no er ein av to fribymusikarar.
81
Hil de S a nd v ik
Yoh a n Shanmugaratnam
Hilde Sandvik (f. 1970, Noreg) er journalist, redaktør og programleiar i NRK-podkasten Norsken, svensken og dansken, og grunnleggjaren av det nordiske nyhendeog debattmediet Broen.xyz, der ho arbeider som sjefsredaktør. Frå 2010 til 2016 var Sandvik kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende, og i 2012 fekk ho, saman med Katrine Sele, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Ho har gitt ut bøkene Hersketeknikk (2007, saman med Jon Risdal), Diverse teikningar (2007, med Marvin Halleraker) og Traktorland (2008, med Knut Egil Wang). Yohan Shanmugaratnam (f. 1979, Sri Lanka) er busett i Oslo, og journalist i Klassekampen, der han har jobba sidan 2004. I oktober 2020 gav han ut Vi puster fortsatt (Forlaget Manifest), ei personleg historie om oppvekst, rasisme og røter. Shanmugaratnam er utdanna samfunnsgeograf frå Universitetet i Oslo. Faren hans er frå Sri Lanka, der Shanmugaratnam sjølv blei fødd, og mora er frå Japan. Han vaks opp i Ås, frå han kom til Noreg seks år gamal.
Siddh a r t h S a r een
M a r i a N ava r ro Sk a r a nger
Siddharth Sareen (f. 1988, India) er førsteamanuensis i energi og miljø ved Universitetet i Stavanger. Han har forska på solenergi, digitalisering, urban mobilitet og bruk av landareal, og har blitt publisert i fleire anerkjende tidsskrifter. Sareen har arbeidd i sju land og har halde føredrag verda over, i fora som FN, EU-kommisjonen og på andre internasjonale konferansar. Han er medlem av Akademiet for yngre forskarar, ein tverrfagleg og forskingspolitisk plattform for yngre forskarar i Noreg. Maria Navarro Skaranger (f. 1994, Noreg) er forfattar busett i Oslo. For sin debutroman Alle utlendingar har lukka gardiner (2015) vart ho tildelt Debutantprisen 2015, og ho vart nominert til Tarjei Vesaas-debutantpris same året. I 2018 kom den kritikar�roste romanen Bok om sorg (Fortellingen om Nils i skogen) ut, og for denne vart ho tildelt Osloprisen 2018 og EUs litteraturpris i 2020. Navarro Skaranger fekk Bjørnsonprisen i 2019.
Ja n A r il d S noen
Mary Ailonieida Sombán Mari
Jan Arild Snoen (f. 1964, Noreg) er skribent og debattant. Snoen jobbar som journalist og kommentator i Minerva, og han er fast spaltist i Medierevisjonen i Aftenposten. I 2020 gav han ut boka Trump-sjokket: Hvordan kunne han vinne? Kan han vinne igjen? For tida skriv han på ei bok om rivaliseringa mellom USA og Kina. Mary Ailonieida Sombán Mari (f. 1953, Noreg) er ein samisk forfattar, dramatikar og biletkunstnar busett i Tromsø. I 1976 debuterte ho med barneboka Ámmul ja alit oarbmælli (Ámmul og den blå kusinen). Dette var den første barneboka skrive på samisk nokon sinne, og ho var òg ein av initiativtakarane til stiftinga av Samisk Forfatterforening. Sidan debuten har Sombán Mari skrive fleire barnebøker, og poesi- og prosabøker for vaksne. Ho har òg skrive for teater, og blei nominert til Hedda-prisen i 2012. I 2016 blei Sombán Mari, saman med illustratør Biret Máret Hætta, nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for det samiske språkområdet, med boka Čerbmen Bizi – Girdipilohtta (2013). Somby omsette boka til norsk med tittelen Reinkalven Lille Bizi – den flygende pilot (2014). Siste utgiving: Beaivváš mánát – Leve blant reptiler (KORO, 2020)
82
K jer s t i Løken Stavrum
C our t ne y S t odd a r t
Kjersti Løken Stavrum (f. 1969, Noreg) er leiar av Ytringsfrihetskommisjonen. Ho er til dagleg leiar av Stiftelsen Tinius og styreleiar i Norsk PEN frå 2019. Løken Stavrum er tidlegare journalist og redaktør og sit i styret for Ethical Journalism Network og Faktisk.no. Ho er styreleiar for Kristiansand kommune si energiverksstifting Cultiva. Courtney Stoddart (f. 1994, Skottland) er ein skotsk-karibisk diktar og utøvande kunstnar busett i Edinburgh. Arbeidet hennar tek føre seg rasisme, imperialisme og det å vekse opp i Skottland, og ho skriv med ein intensjon om å utfordre dei etablerte maktstrukturane i notida. Til trass for at ho berre har helde på sidan april 2019, har Stoddart opptredd både på nasjonale og internasjonale kunst- og litteraturscener. I juni 2019 deltok ho i BBC Radio 1xtra og i BBC Contains Strong Language Festival Word’s First Talent Scheme, der ho var ein av tolv finalistar. Seinare blei ho utvald til å vere med i antologien av Own It! London, redigert av Jude Yawson. Ho var også utvald til å representere Skotland under Flupfestivalen i Rio de Janeiro i oktober 2019.
83
Simon S t r a nger
In a S t røm
Simon Stranger (f. 1976, Noreg) er forfattar busett i Oslo. Han debuterte i 2003 og har skrive femten bøker, for barn, ungdom og vaksne, som er omsett til 25 språk. Ungdomsromanen De som ikke finnes blei nominert til Nordisk råds barne- og ungdomspris i 2015. Simon Stranger fekk sitt gjennombrot med den dokumentariske romanen Leksikon om lys og mørke som vann Bokhandlarprisen i 2018. Boka var eit personlig leksikon om holocaust i Norge, forfattarens jødiske familie, og om ein av noregshistorias mest kjende forbrytarar, Henry Oliver Rinnan. Ina Strøm (f. 1983, Noreg) er utdanna journalist og har brei erfaring frå media, blant anna frå NRK. Ho har vore praktikant ved Noregs ambassade i Tokyo og har reist jamleg til Japan dei siste 12 åra. Våren 2018 debuterte ho med boka Alt dette er Tokyo – Japan sett fra gateplan som ho hausta gode kritikkar for. I 2020 kom boka En japansk vår – På reise gjennom et evig forbløffende land der lesaren blir tatt med på ei spektakulær og spesiell reise frå sør til nord og frå urtid til samtid. Boka fekk svært gode kritikkar mellom anna i Aftenposten og Dagens Næringsliv.
Eir a S ø ys e t h
A nne S v er drup T h yge s on
D omizi a T o s at t o
Chr is T v ed t
Eira Søyseth (f. 1991, Noreg) er poet og gjendiktar, fødd og busett i Bergen. Ho er redaktør for «Blekk», som er eit nyoppstarta tidsskrift for poesi på nett, og har ansvar for serien Debutanttripp på Litteraturhuset i Bergen. Søyseth debuterte med ein diktsyklus i Signaler 2020, og ga i år òg ut ei gjendikting av den danske poeten Mette Moestrups bok, Til den skjønneste.
Domizia Tosatto (f. 1987, Italia) er kunstnar busett i Saint-Étienne, Frankrike. Ho har studert kunst ved Brera Fine Arts i Milano, og har ein mastergrad frå EESI, Angolême. Domizia er medlem av forlaget EINA! og lagar videoar saman med videokollektivet 87 Revanchards. Ho underviser ved Faculty of Plastic Arts ved Universitetet Jean Monnet i Saint-Étienne.
Anne Sverdrup-Thygeson (f. 1966, Noreg) er professor i bevaringsbiologi. Ho har ei særleg interesse for det lite synlege mangfaldet hos insekt og sopp i gamle og daude tre, og for det intrikate og fascinerande samspelet i naturen, og kva det betyr for oss. Boka Insektenes planet blei nominert til Brageprisen i klassa populærvitskap i 2018. Den er omsett til meir enn 20 språk, blei ein Sunday Times-bestseljar og kåra av The Smithsonian som ei av dei ti beste vitskapsbøkene i 2019. Barneboka Insektenes hemmeligheter fekk òg strålande kritikkar og er omsett til koreansk, kinesisk, fransk og svensk.I 2020 er ho aktuell med På naturens skuldre, ei bok som beskriv menneska si samhandling med naturen, og korleis vår kapasitet til å utnytte den samstundes kan undergrave grunnlaget for eksistensen til menneska. Ho er òg aktuell med ny bok for de yngste, bildeboka Dovendyret og sommerfuglen.
Chris Tvedt (f. 1954, Noreg) er forfattar og advokat. I tillegg til jus, studerte han litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Dei seinare åra har han vore forfattar på heiltid. Tvedt debuterte i 2005 med kriminalromanen Rimelig tvil. I 2010 fekk han Rivertonprisen for Dødens sirkel. Tvedt har òg skrive bøker for ungdom.
84
K im Scott
S u s a nn a
Kim Scott (f. 1957, Australia) vaks opp sør på den australske vestkysten, og tilhøyrer urfolksgruppa Noongar. For sin andre roman, Benang: From the Heart (1999), blei han tildelt dei gjeve prisane Western Australian Premier’s Book Award, Miles Franklin Literary Award i 2000, samt Kate Challis RAKA-prisen i 2001. For sin tredje roman, That Deadman Dance, blei han igjen vinnar av Miles Franklin Literary Award i 2011 og Western Australian Premier’s Book, i tillegg til Commonwealth Writers’-prisen. Scott arbeider som professor i skriving ved School of Media, Creative Arts and Social Inquiry ved Universitetet i Curtin. Den siste boka hans, Taboo, kom ut i 2017. Susanna (f. Noreg) er kvinna bak Susanna and the Magical Orchestra / Susanna / Susanna Wallumrød; ho har gitt ut 14 kritikarroste album sidan debuten i 2004.Ho er kjend for sine personlege tolkingar av blant anna Joy Division, AC/DC, Dolly Parton og Henry Purcell, men òg for sine sterke originalar, tonesetting av Gunvor Hofmos dikt og samarbeid med blant anna Ensemble neoN, Jenny Hval, amerikanske Bonnie ‘Prince’ Billy og samtidsdans-kompaniet Carte Blanche. Susanna har fått Rolf Gammleng-prisen, Radka Toneff Minnepris, Spellemannprisen tre gonger, EDVARD-prisen og Kongsberg Jazzfestivals store musikarpris DNB-prisen for sitt virke.
85
Gr e t he Fat im a S y éd
Gunn a r S ør b ø
Grethe Fatima Syéd (f. 1968, Noreg) er litteraturvitar, forfattar og omsettar. Etter å ha fullført doktorgraden sin om forfattarskapen til Olav Duun ved Universitetet i Bergen, ga ho ut Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter i 2015. Som omsetjar har Syéd stått for norske versjonar av arbeidet til fleire av 1900-talet sine største engelskspråklege forfattarar, inkludert Seamus Heaney, Gertrude Stein og Henry James. Syéd har òg gitt ut ei essay-bok om Torborg Nedreaas med tittelen En sommer med Nedreaas (2019). I 2020 debuterte ho skjønnlitterært med romanen Eventyr for voksne. Gunnar Sørbø (f. 1948, Noreg) er sosial antropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens Institutt (CMI). Han har vore styremedlem i Noregs Forskingsråd, Raftostiftelsen og fleire internasjonale forskingsorganisasjonar. Han drog for første gong til Sudan som student for over 50 år sidan og har sidan budd, forska og undervist der i fleire periodar. Han har også vore engasjert i tiltak med sikte på å oppnå fred og utvikling i eit konfliktfylt land. Sørbø sit i styret i LitFestBergen.
Eir ik Va s senden
Heidi M a r ie V e s t r heim
Eirik Vassenden (f. 1971, Noreg) er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Han underviser og publiserer om både eldre og nyare litteratur, er litteraturkritikar og tidlegare redaktør av tidsskrifta Vagant og Edda. Dei siste åra har han forska på litteratur og ideologi, på litteraturkritikk og litterære offentlegheiter. Vassenden har skrive fleire bøker og vore redaktør for mellom anna Norsk litterær årbok. Heidi Marie Vestrheim (f. 1977, Noreg) er vokalist, låtskrivar, musikar og programleiar, busett i Oslo. Ho driv sitt eige plateselskap BlueBox records, der ho har gitt ut fire soloalbum. Ho har også vore synleg i teaterscenen i Bergen og har sidan 2008 jobba som programleiar i NRK både på TV og i radio. «Knølkvalen Kai», historia hennar frå Godnattboka har blitt ei populær barneforestilling. Ho har gitt ut to quizbøker, bidratt i boka Barfot, og medverka i boka Gay Kids – Kule barn som også finnes. Vestrheim spelar også i bandet hei kalas og studerer for tida ved Norsk barnebokinstitutt.
V endel a V id a
Sis s V ik
Vendela Vida (f. 1971, USA) er forfattar og forleggar busett i Nord-California. Ho har gitt ut seks romanar, blant anna Let the Northern Lights Erase Your Name, The Lovers, og The Driver’s Clothes Lie Empty. Hennar nyaste verk, We Run the Tides, blir gitt ut i februar 2021. Vida er medredaktør i tidsskriftet The Believer, redaktør for The Believer Book of Writers Talking to Writers, og styremedlem i den ideelle organisasjonen 826 Valencia, eit skrivesenter for ungdom i San Francisco. No arbeider ho med å redigere ein antologi om svensk litteratur som skal publiserast på engelsk. Siss Vik (f. 1970, Noreg) er litteraturvitar og filmvitar som jobbar i NRK og formidlar litteratur på radio, tv, nett og Instagram som ein del av NRK Bok. Vik har vakse opp til dels i utlandet. I fysisk forstand, men òg gjennom alle bøkene ho slukte som dedikert bokorm, frå russiske folkeeventyr til britisk gruveponnirealisme. Ho har litt kompleks for at ho har lese meir utanlandsk enn norsk litteratur, men har ikkje tenkt å slutte med det.
86
M a rgunn Vikingstad
Ro se a nne Wat t
Margunn Vikingstad (f. 1971, Noreg) er litteraturkritikar og omsettar. Ho har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo. Vikingstad var litteraturkritikar i Dag og Tid frå 2001 til 2013, og har sidan 2013 vore knytt til Morgenbladet som litteraturkritikar. Dei seinare åra har ho kombinert kritikar-verksemda med omsetting av skjønnlitteratur. Omsettinga hennar av Gustave Flauberts Madame Bovary blei nominert til Kritikarprisen for beste omsetting i 2018 og til Bastianprisen 2018. Den siste utgivinga hennar er ei omsetting av Joseph Ponthus Linjeskift. I tillegg til virket som litteraturkritikar, arbeider Vikingstad ved Litteraturhuset i Bergen som programrådgivar. Roseanne Watt (f. 1991, Shetland) er skribent, filmskapar og musikar. Hennar to-språklege debutkolleksjon, Moder Dy, blei gitt ut av Plygon i mai 2019, etter at Watt hadde blitt tildelt Edwin Morgan Poetry-prisen for skotske diktarar under 30 år. Moder Dy fekk også Eric Gregory- og Somerset Maugham-prisen i 2020, og var ein av to vinnarar av Highland Book Prize i 2019. Watt fullførte nyleg ein doktorgrad ved Universitetet i Stirling, som ein del av Scottish Graduate School of the Arts and Humanities og finansiert av Arts and Humanities Research Council.
87
Ingunn Øk l a nd
Gunnhil d Ø y eh aug
Ingunn Økland (f. 1969, Noreg) er litteraturkritikar i Aftenposten. Ho er utdanna cand.philol med hovudfag i nordisk litteratur. Økland blei i 1997 kåra til årets litteraturkritiker av Norsk kritikarlag. I 2019 mottok ho Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris for sitt virke som kritikar over mange år. Gunnhild Øyehaug (f. 1975, Noreg) er forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har tidlegare vore medredaktør i tidsskrifta Kraftsentrum og Vagant og litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen. Øyehaug har skrive manus til ein langfilm og ein kortfilm, og bøkene hennar er blant anna utgitt i Danmark, Sverige og Tyskland. I 2017 kom novellesamlinga Knutar + ut i USA, og i 2018 blei romanen Vente, blinke gitt ut i same land. Vente, blinke blei i 2018 nominert til den amerikanske litteraturprisen National Book Award. Gunnhild Øyehaug fekk Bjørnsonstipendet i 2006, Doblougprisen i 2009 og Sultprisen i 2009. Siste utgiving er novellesamlinga Vonde blomar frå 2020, som har fått svært gode kritikkar.
Foto Alle svart-kvitt portretta i katalogen er tatt av fotograf Paul S. Amundsen. Sidan 2015 har han besøkt 38 land i Europa og fotografert unge menneske med eit analogt storformatkamera frå 1969. I tradisjonen etter dei norske fotografane Anders Beer Wilse (1865-1949) og Knud Knudsen (1812-1895), er Amundsens prosjekt «Europa» ei fotografisk kartlegging av Europas land og folk, hundre år seinare. Paul S. Amundsen (f. 1976, Noreg) er ein bergensbasert frilansfotograf. Sidan 2004 har han frilansa for ei rekke aviser, magasiner og forlagshus i inn- og utland. Han har gitt ut to fotobøker og bileta hans har vore stilt ut i fleire land. I 2018 blei han kåra til Årets fotojournalist i fotokonkurransen Årets bilde. På forsiden(NO): Junior og Evander, Bijlmermeer, Netherland På forsiden (ENG): Aneta og Katerina, Plzen, Tsjekkia Nancy Herz: privat, Mohamed Abdi: Selma Benmalek/Samora, Alwynne Pritchard: Sandra Jecmenica, Ane Hem: Skjalg Bøhmer Vold, Ann Magritt Austena: Jo Michael, Anne Sverdrup Thygeson: Celina Øier, Stilton Lit. Agency, Avni Doshi: Sharon Haridas, Behrouz Boochani: Hoda Afshar, Henning Bergsvåg: Helge Skodvin, Karoline Brændjord: Kolon forlag, Cecilie Løveid: Helge Skodvin, Chris Tvedt: Maja Hattvang, Dag O Hessen: Tor G. Stenersen, Dara McAnulty: Little Toller Books, Derek Owusu: Stuart Simpson, Domizia Tosatto: Baptiste Deyrail, Eirin Eikefjord: Bergens Tidende, Eivind Normann-Eide: Oslo Universitetssykehus, Fatemeh Ekhtesari: Hanne-Kjersti S. Iversen, Gaute Eiterjord: Thor Due, Tove Gravdal: Katinka Hustad, Grethe Fatima Syéd: Pål Hoff, Gure Hjeltnes: UiO, Øivind Hånes: Knut Bry, Hans Kristian Mjelva: BT, Heidi Marie Vestrheim: Jan Kühr, Dag O. Hessen: UiO, Hilde Sandvik: NRK, Inger Merete Hobbelstad: Sturlasson, Ida Hegazi Høyer: Svein Finneide, Ina Strøm: Åsmund Holien Mo, Ingvild Folkvord: Anne Lise Bakken, Janne Stigen Drangsholt: Tommy Ellingsen, Jason Reynolds: James J. Reddington, Jens Mattsson: José Figueroa, Kristian Bjørkelo: Dea Renate Miranda Husebø, Maria Navarro Skaranger: Pernille Marie Walvik, Marte Michelet: Astrid Snipsøyr, Mona B. Riise: NRK, Monika Fagerholm: Thron Ullberg, Kathrine Nedrejord: Kari Live Rønningen, Odd Eirik Sætre Færevåg: Sverre Skjold, Olaug Nilssen: Bernt Synnesvåg, Ole Jacob Madsen: Tor G. Stenersen, Steinar Opstad: Rolf M. Aagaard, Pedro Carmona-Alvarez: Helge Skodvin, Ingunn Økland: Aftenposten, Hassan Preisler: NRK, Tore Renberg: Marie von Krogh, Sandra Lillebø: Helge Skodvin, Sara Marielle Gaup: Árvu, Shazia Majid: Veronica van Gröningen, Siddharth Sareen: UiS, Jan Arild Snoen: Edvard Thorup, Simon Stranger: André Løyning, Susanna_BAUDELAIRE: Martin Rustad Johansen, Sven Egil Omdal: Bergens Tidende, Therese Eide: Heidi Furre, Thomas Hylland Eriksen: Ola Sæther, Ulrik Eriksen: Helge Hansen, Per Buvik: UiB, Vendela_Vida: Chloe Aftel, Åsa Linderborg: NRK, Fredrik Hagen: Linn Heidi Stokkedal, Alf van der Hagen: Trude Eng, Kari Jegerstedt: August Jegerstedt Selnes, Nazneen Khan-Østrem: Mina Brynhildsen Ræge, Jens Kihl: Bård Bøe, Karl Ove Knausgård: Nina Rangøy, Tomm Kristiansen: Fredrik Arff, Kjersti Løken Stavrum: Tinus Trust, Erik Vassenden: UiB, Siss Vik: privat, Margunn Vikingstad: privat, Gunnhild Øyehaug: Helge Skodvin, Beloved sister, beloved brother: Sasha Freemind / Unsplash, Can everyone say what they like: Shutterstock, Behrouz Boochani: Hoda Afshar, Reasonable doubt: Ane Hem, UN security council: Eskinder Debebe, 22 july: Brian Cliff Olguin, Morgenstjernen: © Mamma Andersson Dog Days, 2011,Photo: Per-Erik Adamsson Courtesy of Galleri Magnus Karlsson, Stockholm, Naturens undre I og II: Adnan Icagic © Universitetsmuseet i Bergen, Baudelaire & Piano: Martin Rustad Johansen, USA greitt igjen: Tim Mossholder/ Unsplash, Det vanskelegste namnet i bygda: privat, Dei aller, aller beste forfattarane: Therese Eide, Jorda rundt på 80 minutt: Creative commons, I am Dog: Domizia Tosatto, Barnebarnas blikk: Gyldendal norsk forlag, Eit fengsla liv: Mahdi Hilt/Unsplash, Ei dagbok frå naturen: Little Toller Books, Ein vegvisar i klimaopprøret: Markus Spiske/Unsplash, Unge ytringar: Shutterstock, Korleis bli eit vondt menneske: Levanger fotomuseum, Kva er ekstremisme: Markus Spiske, Unsplash
88
Bob, London, England
89
NO