3 minute read

Fjerner lærerspesialistordningen

Next Article
Quiz

Quiz

Fjernar lærarspesialistordninga

Lærarspesialistordninga vart sletta med eit pennestrok da regjeringa og SV blei samde om statsbudsjettet for 2022. – Dei fjernar den eine karrierevegen som ikkje fører ut av klasserommet, utan å ha eit alternativ på plass, seier ein kritisk leiar i Lektorlaget, Rita Helgesen.

REGJERINGA VALDE i slutten av november å skrote heile lærerspesialistordninga for å spare inn 75 millionar kroner i budsjettet. Ironisk nok kom sluttevalueringa av ordninga berre eit par dagar seinare. Her kjem det fram at deltakarane er fornøyde med studiet, og at både lærarar og rektorar meiner at utdanninga er relevant for funksjonen.

LÆRARSPESIALISTORDNINGA Lærarspesialistordninga blei oppretta i 2015. I det første året i 2015 vart det utdanna 205 lærarspesialistar. I haust skulle det ifølge Kunnskapsdepartementet vere om lag 1800 lærarspesialistar på plass, fordelte på skular over heile landet.

Den førre regjeringa foreslo å utvide ordninga i sitt forslag til statsbudsjett for 2022. Støreregjeringa ville reversere ordninga, og i budsjettforliket mellom regjeringa og SV vart heile lærarspesialistordninga fjerna.

I Hurdalsplattforma lova regjeringa å legge til rette for fleire karrierevegar i skulen, men at dei vil erstatte denne med ei partsforankra ordning. – Det var varsla av regjeringa at dei ville gjere noko med lærarspesialistordninga, men det er svært underleg at dei fjernar ordninga lenge før ein har ei erstatning på plass eller har snakka med partane, seier Helgesen. – Det betyr at regjeringa fjernar eit viktig verkemiddel for å utvikle skulen innanfrå, med lærarprofesjonane i førarsetet, legg Helgesen til.

Positive og negative

Norsk Lektorlag er den av lærarorganisasjonane som har vore mest positiv til ordninga. – Vi meiner det må finnast faglege karrierevegar i skulen, ikkje berre administrative. Det er beklageleg og eit dårleg signal at ein nedprioriterer fagleg kompetanseutvikling i skulen, seier ho.

– Alle er samde om at det er viktig å behalde fagleg gode lærarar i klasserommet. Men ein god skule er avhengig av at lektorar og lærarar får utvikle seg som undervisarar gjennom heile yrkeskarrieren, seier Rita Helgesen.

Utdanningsforbundet var i starten kritisk til ordninga, som dei meinte var dårleg forankra og stod utanfor tariffavtalane. Dei har etterlyst større innverknad på ordninga. Dei meiner at fjerninga av ordninga var eit brot med lovnaden i Hurdalsplattforma om at ordninga skulle vidareutviklast og forankrast hos partane.

Skolenes Landsforbund ønskjer å byte ut lærarspesialistordninga med ei mentor-/rettleiarordning.

Evalueringa som kom 2. desember viser at deltakarane i ordninga var mest styrt av indre motivasjon som fagleg utvikling og nye utfordringar.

Vel halvparten av lærerspesialistane seier at ordninga har motivert dei til å halde fram som lærar ved eigen skule.

Rettigheter og bærekraft

I SLUTTEN AV NOVEMBER startet forhandlingene om hovedavtalen i kommunene mellom KS og hovedsammenslutningene Akademikerne, LO, YS og Unio. Kompetanseutvikling, klima og tillitsvalgtes rettigheter er viktig for Akademikerne inn i forhandlingene. – Hovedavtalen er det viktigste vi har for kvalitet i tjenestene, trygge arbeidsplasser og et godt arbeidsmiljø. Det viktigste for oss i årets forhandlinger er økt innflytelse for de tillitsvalgte, at klima og miljø får en større plass i partssamarbeidet og kompetanseutvikling for de ansatte, sier Tonje Leborg, leder for Akademikerne kommune.

Oslo kommunes hovedavtale forhandles for seg.

Tid til undervisningsrettet arbeid

FORHANDLINGENE OM arbeidstidsavtalen i skolen startet tirsdag 23. november, og skal avsluttes 13. desember – etter at Lektorbladet er trykket. – Det viktigste for Norsk Lektorlag er å få på plass en ny avtale som styrker lektorenes autonomi og fleksibilitet, sier Helle Christin Nyhuus, forhandlingsleder for Norsk Lektorlag.

Medlemmene vil ha en arbeidstidsavtale som både ivaretar det fysiske arbeidsmiljøet og den faglige utviklingen. – Pandemien har hatt store konsekvenser for undervisningspersonalets arbeidstid og belastning, men erfaringen viser at lærere og lektorer jobber godt hjemmefra, og bør vises større grad av tillit, mener Nyhuus.

This article is from: