– Det har vore ein humpete veg. No er eg berre glad vi har lukkast.
og viste engasjement heile vegen. Det var difor det vart suksess, meiner Skogseth.
Siste biten John Skogseth (67, Ap) var ordførar i Jondal i perioden 1993–2007.
John Skogseth har fjorten års arbeid med tunnelen bak seg som ordførar. Då han kom inn i biletet i 1993, var det planane for Hesviktunnel som låg på bordet til Statens vegvesen. – Det var løyvd pengar til prosjektet, eg meiner det var 83 millionar kroner, i budsjett for store fylkesvegprosjekt, seier han, og fortel vidare: – Jondal kommunestyre var meint å gje uttale til prosjektet, men Jondal Høgre meinte vi måtte be om utgreiing av ein direktetunnel. Argumenta deira var at området fram til tunnelen var rasutsett, pluss at vegen rundt var gammal og dårleg. Dei vart høyrde. Då hadde alt Odda kommunestyre vedteke at dei berre ville gå for ein direktetunnel som kunne knytast opp mot Folgefonntunnelen.
Lokalpolitiske vegspørsmål har vore viktig i Jondal i generasjonar, fortel han. – Folk ser at viss ein ikkje heng med, vert ein akterutsegla, og vil ikkje ha sjans å behalda verken ungdom, jobbar eller nokon ting, utdjupar han. Vegen ut til Kysnes, der Skogseth bur, var ferdig til jul i 1976. I 1983 kom det ny veg heilt til Hesvik og Årsand. Skogseth vil ha understreka at Jondalstunnelen er eit politisk vilja prosjekt. – Eg meiner det har vore ei veldig rett satsing av lokalpolitikarane i mange år. Eg gjorde det kommunestyret vedtok og hadde sett meg til å gjera. Det har heilt klårt vore eit veldig sterkt lokalpolitisk engasjement, men utan støtta frå fylke og stat hadde vi ikkje fått det til. Eg føler stor takksemd overfor fleirtalet på fylket, seier han.
Tilbake til start
Utfordrande å jobba med
Midlane som var løyvd Hesviktunnelen vart overført til eit brusamband i Austevoll, og Skogseth & co rykka tilbake til start i arbeidet med å finna pengar til Jondalstunnel. Frå det tidspunkt dei bestemte seg for å gå for lang tunnel, var det brei politisk semje om å få det til. Han seier det er mange som har teikna tunnel mellom Jondal og Kvinnherad på kartet. – Den første eg kjenner til var ein handelsmann på Torsnes. Det har vore jobba med mange løysingar, og tunnelen som no har opna er eit resultat av arbeid som starta fleire tiår før 1993, då eg kom inn i biletet, meiner Skogseth. Han meiner at bakgrunnen for prosjektet vitnar om stor offervilje blant innbyggjarane i Jondal. – Den har vore formidabel. Råma i finansieringsplanen er på 840 millionar kroner. Totalt har Jondal kommune gått inn med 59,350 millionar kroner i prosjektet. Du kan seia at dersom ein deler det på tusen innbyggjarar, har alle som bur i Jondal betalt nesten seksti tusen kroner kvar. Det er forresten pengar att i høve finansieringsplanen, fordi det viste seg å vera sett for mykje av til fjellsikring m.a. Kva som skjer med desse pengane er opp til tunneleigar Fylkeskommunen.
– Kvar gong vi har oppnådd behandling som er å betrakta som milepålar, har prosjektet anten stige i pris, eller det har kome krav om nye kvalitetsvurderingar. To gonger har vi møtt krav om ny kvalitetskontroll. Dagens pris var ikkje endeleg før i 2009, seier John. No når sambandet er opna, vert det viktig for både Jondal og for Hordaland, trur han. For Jondal sin del, blir vi del av eit større arbeids- og bustadområde i fylket. – Vi har dessutan eit rikt kulturliv på denne sida av Hardangerfjorden. Det kan vi dela, og vi kan utnytta kvalitetane til kvarandre, seier Skogseth.
Fekk foten innanfor I 2001 skjedde det ei omlegging i ordninga med statleg tilskot til store fylkesvegprosjekt. Desse pengane skulle ikkje lenger løyvast direkte, men gjennom fylket etter deira prioritering. Det fekk Jondalstunnel-forkjemparane til å skjelva i buksene. – Då vart vi nervøse, og redde for at vi ikkje kom til å få pengar. Men då vi la fram saka for Samferdselskomiteen på Stortinget, såg fleirtalet problemstillinga og tok prosjektet inn i Nasjonal Transportplan. I 2002 starta ordførarane i Jondal, Odda og Kvam ei politisk gruppe, Hardangervegen, for å halda oppe trykket. Folkeaksjonen «Jondalstunnel NÅ!» representerte det folkelege kravet. – Saman la desse gruppene eit sterkt press,
– Akseptabel pendlartid Den mangeårige ordføraren ser føre seg at Jondal vil bli eit langt meir ope samfunn. – Det vil bli rundt 40 minutt mellom Jondal og Rosendal, og endå kortare til Odda. Det er akseptabel pendlartid. Viss vi får lenger opning på ferja, til dømes ein tidlegare morgonavgang slik det er snakk om, vil det føra til at Bergen er «nærare». Det kan vera eit meir aktuelt alternativ for langtransporten. – Jondal sentrum er ikkje tilpassa lange bilkøar eller oppstilling av vogntog. Trur du det vil pressa seg fram ei bru over til Kvam, på sikt? – Eg trur ikkje eg vil få oppleva det. Men det er klart, det er ikkje lenger avstand over frå Belsnes enn det er der inne ved Hardangerbrua. Men det er andre krefter som må ta initiativ til det. – Fram til no har Jondal vore ein relativt skjerma stad med svært lite kriminalitet. Einskilde fryktar at dette no vil endra seg betrakteleg? – Vi er veldig like i Hardangerkommunane. Folk flest er skikkelege og gjer opp for seg. Eg deler ikkje desse bekymringane. – Og det sjarmerande biletet vi har av Jondal der ein kan reisa frå huset ulåst, bilen parkert med nøklane i og butikkar som har varer ståande ute etter stengetid? – Det trur eg vil endra seg, seier Skogseth. Men vi må følgja med i tida, vi og… Av: Gro Heidi Molland
Opninga av Jondalstunnelen Hardanger Folkeblad
5