Kommunalteknikk #2-20

Page 36

Utvik under vann i 2017. Foto: Oddbjørn Bruland

WoWW

– ny teknologi for bedre flomberedskap Dataspel har eit enormt potensiale som kommunikasjons- og læringsmedium. Kan vi utnytte dette til betre flomberedskap? Oddbjørn Bruland professor og studieprogramleder for Hydropower Development NTNU

Dataspel – til irritasjon og fascinasjon Call of duty, Assasins Creed, Fortnite, Fifa og eit hav av andre dataspel. Det er med ei blanding av irritasjon og fascinasjon at eg ser tenåringsungane mine sitte framfor skjermen, oppslukt langt inne i ein virtuell verden. Irritert,

36

kanskje utdatert, men likevel, kunne dei ikkje gjort noko fysisk i staden for å «rotne» framfor ein skjerm. Samstundes fascinert over at det faktisk er mogleg å skape ein virtuell verden og omverden så godt som identisk med den verkelege. Ein omverden som tilpassar seg og reagerer prompte på dei meir eller mindre rasjonelle handlingane ungane finn på. Denne ambivalensen kjenner mange seg igjen i, og den går til og med langt inn i skulevesenet. Men denne tekno-

logien, denne innlevinga og altoppslukande fascinasjonen spel klarer å skape, enn om det kunne brukast til noko meir. Frå idyll til inferno I slutten av juli 2017, midt i sommarferien i mitt barndomsparadis, Utvik, endra tilværet seg frå idyll til inferno i løpet av fire timar. Fleire torebyer av bibelske proporsjonar braka saman i fjella bak bygda, og før to timar var gått hadde den lokale Storelva stege KOMMUNALTEKNIKK NR. 2-2020


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.