Hanna Kvamsås PhD UiB, CET og NORCE hanna.kvamsas@uib.no
Korleis planlegge blå-grøne overvassløysingar for framtida?
M
åten vi handterer overvatn på er i endring. Grunna klimasårbarheit og mål om byfortetting, står kommunar i spissen for ambisiøse planar om å legge overvassinfrastruktur opp på bakken og bygge heilskaplege blågrøne overvassløysingar. Blågrøn infrastruktur er ei felles nemning for berekraftige blå og grøne løysingar med mål om å fordrøye, infiltrere og eventuelt leie overvatn trygt til passande mottak. Døme er regnbed, opne bekkeløp, grøne tak og bio-swales. Denne endringa krev nye måtar å tenke, jobbe og samarbeide på. Endringa krev og djupare forståing av korleis vi kan planlegge og bygge blågrøne overvassløysingar på ein heilskapleg og fleksibel måte. Ein artikkel publisert i Journal of Environmental Policy and Planning i mai 2021 utforskar korleis Begen kommune og Tromsø kommune arbeider med blå-grøn overvassplanlegging som del av sine lokale klimatilpassingsstrategiar.
Foto: I Håsteinarparken i Bergen har Bergen kommune opna oppatt Damsgårdbekken og brukar overvatn som ein ressurs i byrommet. Hanna Kvamsås
38
Bergen og Tromsø er dei to første kommunane i Noreg som har utvikla og vedteke kvar sin Kommunedelplan for overvatn. Feltarbeid for artikkelen bestod av å følgje dei to planprosessane fram til vedtak i 2019 og 2020 og intervjue aktørane som har utvikla planane. Ei utfordring for planlegging av opne blå-grøne overvassløysingar har vore manglande kontakt mellom Vassog avløpsetaten, Bymiljøetaten og Plan- og bygningsetaten i dei to respektive kommunane. Difor var tverrfagleg samarbeid på tvers av dei tre etatane ein viktig del av arbeidsprosessen med å utvikle overvassplanane. At ein kommunedelplanprosess er styrt av Plan og bygningslova, og dermed krev formell deltaking og høyringssvar frå fleire eta-
3
KOMMUNALTEKNIKK 2-2021