
2 minute read
Korleis planlegge blå-grøne overvassløysingar for framtida?
Hanna Kvamsås
PhD UiB, CET og NORCE hanna.kvamsas@uib.no
Advertisement
Foto: I Håsteinarparken i Bergen har Bergen kommune opna oppatt Damsgårdbekken og brukar overvatn som ein ressurs i byrommet. Hanna Kvamsås Måten vi handterer overvatn på er i endring. Grunna klimasårbarheit og mål om byfortetting, står kommunar i spissen for ambisiøse planar om å legge overvassinfrastruktur opp på bakken og bygge heilskaplege blågrøne overvassløysingar. Blågrøn infrastruktur er ei felles nemning for berekraftige blå og grøne løysingar med mål om å fordrøye, infiltrere og eventuelt leie overvatn trygt til passande mottak. Døme er regnbed, opne bekkeløp, grøne tak og bio-swales. Denne endringa krev nye måtar å tenke, jobbe og samarbeide på. Endringa krev og djupare forståing av korleis vi kan planlegge og bygge blågrøne overvassløysingar på ein heilskapleg og fleksibel måte. Ein artikkel publisert i Journal of Environmental Policy and Planning i mai 2021 utforskar korleis Begen kommune og Tromsø kommune arbeider med blå-grøn overvassplanlegging som del av sine lokale klimatilpassingsstrategiar.
Bergen og Tromsø er dei to første kommunane i Noreg som har utvikla og vedteke kvar sin Kommunedelplan for overvatn. Feltarbeid for artikkelen bestod av å følgje dei to planprosessane fram til vedtak i 2019 og 2020 og intervjue aktørane som har utvikla planane. Ei utfordring for planlegging av opne blå-grøne overvassløysingar har vore manglande kontakt mellom Vass- og avløpsetaten, Bymiljøetaten og Plan- og bygningsetaten i dei to respektive kommunane. Difor var tverrfagleg samarbeid på tvers av dei tre etatane ein viktig del av arbeidsprosessen med å utvikle overvassplanane. At ein kommunedelplanprosess er styrt av Plan og bygningslova, og dermed krev formell deltaking og høyringssvar frå fleire eta-
tar og aktørar, har vore spesielt viktig for forankringa av den blå-grøne tematikken i kommunen.
Dei to studerte planprosessane viser korleis eit behov for å gjere overvasstiltak juridisk bindande i kommunal planlegging ser ut til å ha bidrege til endring i arbeidsmetodane i kommunen, spesielt i Vass- og avløpsetaten. Artikkelen beskriv korleis Vass- og avløpsetaten har teke initiativ til å leie ein formell planprosess, og slik har gjort det formelle planspråket og arbeidsmetodane frå Plan- og byggingsetaten til sine. Gjennom denne strategien fremmer dei to kommunane ei tilnærming til tverrsektorielle samarbeid som skaper rom for forhandling, mekling og djupare forståing mellom ulike interesser og etatar som er avgjerande for den blå-grøne planlegginga. Dei to kommunale planprosessane for overvasshandtering ser ut til å bidra til meir komplekse planleggingssamarbeid, som igjen kan fremme heilskaplege og fleksible planleggingsmetoder for blå-grøn infrastruktur.
Forskinga er gjort ved Institutt for geografi på Universitetet i Bergen, Senter for klima og energiomstilling (CET) og NORCE AS.
Heile artikkelen finn du her: https://bit.ly/3pd08NN

Alfheimparken i Tromsø, oppgradert i 2018. I Alfheimparken testar Tromsø kommune regnbed med frostisolerande glasoporløysingar for å tilpasse blå-grøne løysingar til eit subarktiske klima. Foto: Hanna Kvamsås