Helg og Yrke 1 - 2016

Page 1

Kyrkjeblad for Sunnhordland - Nr. 1 - 2016

Mange konfirmantar Frivilligprisen Side 3

Minimusikalen om Noah Side 4

Konfirmanttur til London Side 6

Framleis er det mange som vel kyrkjeleg konfirmasjon i Sunnhordland. I år vart om lag 700 ungdomar konfirmerte i dei ulike kyrkjene i prostiet. På Bømlo var det ni konfirmasjonsgudstenester der dei mange som tok del fekk oppleva gode samlingar med flotte konfirmantar. I løpet av konfirmanttida har dei unge vore med på omfattande og varierte opplegg og teke regelmessig del på gudstenester. Omfattande opplegg Det kyrkjelege konfirmantopplegget er omfattande. I den nye trusopplæringsplanen heiter det: «Konfirmasjonstida varer over eit tidsrom på minst 8 månadar og har eit omfang på om lag 60 timar.» Ein ynskjer å gje ungdomane ei brei innføring i ulike sider ved vår kristne tru, der konfirmantane får ta del med sine ulike livsspørsmål.

Mostraspel og 2024-seminar

Side 8

151 konfirmantar På Bømlo var det i år til saman 151 konfirmantar i dei fire sokna. I lag med konfirmantlærarane har dei vore igjennom eit stort og variert program. Desse har undervist: Bremnes: kyrkjelydspedagogane Laila Hansen Røksund og Trygve Leigland Lykling: kyrkjelydspedagog Trygve Leigland Bømlo: kyrkjelydspedagog Liv Merete Fylkesnes Pedersen Moster: Sokneprest Aksel Lygre

Ein god start Siste helga i august drog dei på konfirmantleir på «Statsraad Lehmkuhl.» Det er tredje året dei startar konfirmantåret slik. I år reiste dei med buss til Stavanger der dei mønstra på. Etter at kapteinen hadde ynskja velkomen, var det tid for ein god lunsj. Så var det vakt med mannskapet, teambygging og undervisning. Utføre Karmøy var sjøen litt uroleg, inn mot Langevåg roa det seg. Så bar det til Onarheim med tid til klattring i rigg. Turen avslutta med gudsteneste før dei gjekk i land. Ein konfirmant seier: «Gjennom helga fekk med verta betre kjende med årets konfirmantar, og for ein gjeng!» Konsertar og festival Gjennom året har konfirmantane vore med på: • Konsert 21. oktober med Hans Inge Fagervik, her var og foreldra inviterte • 8. april arrangerte me i samarbeid med Skjærgårds Live Sunnhordland konsert med Paul Colman for alle konfirmantane med foreldre/føresette • 7. februar var alle konfirmantane på Bømlo med på konfirmantfestival på Langevåg. Trusopplæring Konfirmasjonen har ein sentral plass i trusopplæringa i vår kyrkje. I «Helg & Yrke» presenterer vi i kvart nummer varierte drypp frå dette viktige arbeidet.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.