Kontaktorgan Nr. 2 - 2022 38. årg
*
* Kurs * Turar * Leirar * Weekendar * Familiesamlingar * Eldretreff * Jaktleir
Helgatun femner vidt:
Pensjonat
«Jul du har så ljos ein klang du har så ljos ein klang», syng me i Mons Leidvin Takle og Trygve Bjerkreim sin julekantate, «Den store kongen». Kongen som kom og som kjem, og som enno maktar å skapa forventning og glede til og for oss menneske. «Nådefulle Gud, synd du sletter ut, Jesus tok all synd som sin, og derfor også min». Det er den største og mest kostbare av alle gåver du og eg har fått. I 2016 på denne tida av året var Jorunn og eg med og gjekk frå Nasaret til Betlehem. Ein fantas tisk tur i fotspora til Jesus. Same vegen som Maria og Josef gjekk for å skriva seg inn i manntalet, og som Jesus gjekk fleire gonger etter at han vart vaksen. Att og fram mellom Judea og Galilea. «Han laut då fara gjennom Samaria» les me i Johannesevangeliet kap. 4. Me og laut fara gjennom Samaria på vegen frå Nasaret til Betlehem, og me fekk sanna den samaritanska kvinna sine ord om at Jakobsbrun nen var djup. Men det som gjorde sterkast inntrykk var gjestfridomen me møtte overalt hjå dette folket mellom Galilea og Judea. Fattige folk som budde i flyktningeleirar, og som opna heimane sine for oss. Dei var så takksame for at me ville koma til dei. «Gløym ikkje gjestfri dom. For ved den har somme hatt englar som gjester utan å vita om det» Hebr, 13, 2. Noko å tenkja på for oss fram imot jul. «Dei fattige har De alltid hjå Dykk, og kva tid De vil kan De gjera vel imot dei» sa Jesus. Det er mange og i vårt land som er fat tige, og som slit med å få endane til å møtast, og som jula ikkje har så ljos ein klang for. «Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud» Hebr 13, 16.
På Helgatun har me det godt på så mange måtar. Gode medarbeidarar og kjekke gjester gjer oss takksame både til Gud og menneske. No ser me fram til ein god juleferie saman med familie og vener.
Takk til alle som tenkjer på oss, og med ynskje om ei velsigna juletid for alle.
«Sjå, eg kjem snart»
Gjennom tekstane i kyrkjeåret vert vi minna om viktige sider i den kristne trua.
I advent gjeld det særskilt lovnaden om at Jesus skal koma att, og at det gjeld om å vera ferdig til å møta han.
«Advent» kjem av eit latinsk uttrykk som tyder «Herrens kome». Og då er det ikkje tenkt på Jesu fyrste kome. Vi høgtidar jul til minne om Jesu fødsel, at han vart eit men neske som oss. Den gongen kom han «ved enden av tidene for å ta bort synda ved sitt offer» (Hebr. 9.26)
Når Jesus kjem att for andre gong, kjem han ikkje som eit lite barn i ein stall. Nei, då kjem han som Kongen over kongane, Herren over herrane, i stor makt og herlegdom. Då kjem han for å døma levande og døde, «til frelse for dei som ventar på han» (Hebr. 9.28)
Det er noko ransakande over teks tane i adventstida. Er du ferdig til å møta Jesus? Har du lys på lampen din, ventar du på brudgommen?
Eller som Jesus seier det: «Men ta dykk i vare, så ikkje hjarta dykkar tyngjest av rus og svir og verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk som ei snare» (Luk 21.34)
Å vera ferdig er fyrst og fremst å ha si sak med Gud i orden. Den som opnar sitt hjarta for Jesus og tek imot han, får tilgjeving for syndene, barnerett hos Gud og del i det evige livet. Dinest gjeld det om å vaka, slik at ikkje noko i verda får fanga hjarta vårt og dra oss bort frå Jesus. Den som held seg nær til Jesus, er trygg!
«Men visst eg veit, du maktar fast meg halda, det har du lova i ditt eige ord. Du visste alt om meg før du meg kalla, og gav meg plass ved nådens rike bord»
Helgatun Helsing - Nr. 2 - 2022 2
Jorunn og Aksel Ingvard
«Av nåde
alt eg får»
Kåre Johan Hamre
HELSING
Drift - Økonomi - Gåver
Det har vore travle tider på Helga tun dette året. Ut oktober hadde me 10.650 gjestedøger. Me har hatt 2 bryllup og 1 diamantbryl lup, konfirmasjonar, leirar, ulike lag og organisasjonar, mange arbeidarar i tillegg til eigne arrangement.
Likviditeten har vore god heile 2022, og det ser ut for at me kjem godt ut økonomisk dette året og. Frå juni til november har me hatt ein ny medarbeidar, Veronika Jurova frå Tsjekkia. Ho vil kome at tende over nyttår. Me er svært godt nøgde med jobben ho gjer, og ser fram til at ho vil fortsetja å jobba på Helgatun.
I haust har me fått nye panelov nar på alle rom. Desse kan fjernstyrast, og med dette vonleg få ned straumutgiftene. Me held og på med å oppgradera leikeplassen med nye leikeapparat og ballbinge.
I samband med utbyggjinga i Helgatunlia, og at prosjektet skal vera ferdig neste år, er me i gong med planleggjing av «nye Helga tun». Styret og leiinga er samde om at Helgatun må oppgraderast før eventuell nybyggjing og/eller meir romkapasitet, og at heis frå kjellaretasje til hovudetasje må på plass i samband oppgraderinga av Helgatun.
Gåveinntekstene ut oktober er på kr 573.000,-. I tillegg til dette har Helgatun fått ei testamentarisk gåve.
Til neste år er Helgatun 50 år. Dette vil me feira 12 og 13 august 2023. Ein jubileumskomite er allereie godt i gong med førebuingane, så set av denne helga allereie no, og bli med på jubileet.
Du kan gi ei gåve med
Ingvard Aksel Sandvoll
25. juni, 88 år gammal, fekk Ingvard Aksel Sandvoll heimlov. Han vart gravlagd frå Holmedal kyrkje 5. juli.
I mars 1973 flytta Haldis og Ingvard til Helgatun, og den første tida, medan Helgatun reiste seg, budde dei i campingvogn. Helga tun vart vigsla 12. august 1973.
I heile 25 år skulle dei få mykje å seia for Helgatun då dei styrte heimen.
Takk
Tusen takk for alle gåver og til alle faste gjevarar. Godt å kjenna at me har mange misjonsvenner med oss.
Ei stor takk til familien Sandvoll for minnegåva på kr 24 600,som kom inn ved gravferda til Ingvard Aksel Sandvoll. Me lyser fred over hans gode minne.
I IndremisjonsVenen nr 7/1998, då ekteparet vart takka av, skriv Arne Lindekleiv, dåverande formann i IMS mellom anna følgjande: «Det er mange som takkar Gud for Haldis og Ingvard, takkar for kva dei har betydd for Helgatun, og kva dei har betydd for oss alle som i ulike samanhengar har gjesta heimen.
For Haldis og Ingvard vart tenesta på Helgatun ei livsgjerning, eit kall og ei teneste som dei har utført heilhjarta og med truskap. Deira omsut syner seg og i høve til heimen og bygningane. Dei mange smakfulle detaljar,
til minne
enten det er i utsmykking eller ved matbordet. Men framfor alt har vi merka ei brennande tru, ein nød for så mange og omsorg for den ein skilde. Vi trur Haldis og Ingvard har vore ei gåve til Helgatun og Samskip naden, og av Guds nåde har dei fått stå i ei rik teneste.»
Med rundt 10.000 gjestedøgn per år, er det mange som har møtt på Ingvard og velsigninga som fulgte med dette møtet. Me er heldige og rikt velsigna som har hatt denne engasjerte og dyktige personen blant oss. Så skal me også ta med at dei skapte ein heim for dei som arbeidde på Helgatun.
Med stor respekt og i djup takksemd for alt Ingvard fekk bety for så mange, lyser me fred over Ingvard sitt gode minne.
Helgatun
3
Helgatun Helsing - Nr. 2 - 2022
Kontaktorgan for Helgatun 5713 Vossestrand Tlf. 56 51 98 98 Fax 56 51 98 99 Heimeside: www.helgatun.no E-post: helgatun@helgatun.no Eigar: Indremisjonssamskipnaden 5400 Stord Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Voss Prenteverk A/S Gåvebarometer Bankgiro 8220.02.80497 Budsjett 2022 750.000,- 573.000,- 510.787,-
Innkome pr. 31.10.22 På same tid i fjor
Vipps-nummer: 515497
Trekning
Basar 2022 1. Ultralett telt
May Britt Røyrvik
Gåvekort Helgatun kr. 2.000,Lars Holmedal
Ryggsekk med innhald Sigrid Berge
Rosemåla krakk Gunnvor og Otto Martinsen
Sovepose Margareth og Jostein Sandvik
Kniv Else Katrine og Karsten Augestad
Inger Sofie Moldsvor
Stor hekladuk
Fam. Jorunn og Hans Magne Hagen
Geiteskinn Antonette Langeland
Flekkavvisande stor duk Filip Taule Hjømevik
Strikka baby-teppe
Fam. Hildegunn Sørfonn
Strikka genser Fam. Olga og Bjarte Tolaas
Strikka genser Olaug Fagerheim
Strikka genser
Sylvi og Ingebrigt Sørfonn
Strikka genser Magnhild Alfarnes
Strikka genser (barn)
Per Ivar Kjærgård
Elektrisk kaffikvern Torunn Sand
Knivsett Øyo Marit og Birger Håvik
Bjørn og Rakel Saghaug
Fam. Harald Heie
Strikka sjal Heidi og Jan Harald Nesse
Bosch Borsett
Jorunn Aase Hagen
Fam. Tveite Lilleås
Fam. Tone Marit og Torbjørn Vedå
Bok (Dine namn er som diamantar)
Jorunn og Hans Magne Hagen
Helgatunhelg
I ausande regnver kom bil etter bil med forventningsfulle gjester og fylte opp romma på Helgatun. At det regna gjorde ingenting, for då me opna inngangsdøra kjende me varmen og velkomsten som møtte oss. Utruleg godt å vera på plass igjen.
Helgatun var pynta og fint stelt over alt. Det var ikkje vanskeleg å merka at her var det folk som er glad i plassen og som gledde seg til å ta imot gjester. Både Jorunn og Aksel Ingvard Johannessen og Ingebjørg og John Morten Espevik får folk til å kjenna seg velkomne.
Alt var gjort klart til basaren neste dag med flotte gevinstar, bakverk, syltetøy, spekemat, håndarbeid, sal av fint service og bøker m.m.
Etter ein god middag, var det tid for å studera alt som skulle lod ddast ut, og det som var for sal. I tillegg var det god tid til å helsa på «gamle kjente» og til sosialt samvær. Praten gjekk lett, og strik kepinnane flittig. Det vart ein fin kveld.
Laurdag hadde regnet letta, og etter ein flott frukost som Joanna Jacuk hadde ansvaret for, var det mulighet til å ta ein tur for å sjå på dei store leilighetsbygga som er komne opp i Helgatunlia. Utruleg kor mykje som var gjort på rime leg kort tid. Eit flott prosjekt, godt styrt av ei dyktig leiing. 65 av 72 leiligheter er selde.
I god tid før basaren skulle starta, fylte folk både møtesal og peisestove. Arrangementet skulle starta med ein orienterings- og andakts del, før folk kunne gå i matsalen der det var sal av graut, fiske suppe og betasuppe.
Jorunn starta med å ønskja velkommen og presentera status for Helgatun. Der går det bra no, både rekneskapsmessig og personellmessig. Helgatun har ein stabil og flott stab.
Deretter orienterte Odd Inge Aus tevoll som har vore prosjektleiar for Helgatunlia, om eit spanande prosjekt som har betydd og vil bety, mykje for Helgatun.
Helgatun Helsing - Nr. 2 - 2022 444
2.
3.
4.
5.
6.
7. Trefat
8.
9.
10.
11.
12.
13.
14.
15.
16.
17.
18.
19. Salatbestikk
20. Hengekøye
21.
22.
23. Akesklie
24. Skrutrekker
25.
4.-6. november 2022
Han inviterte og dei som etter maten hadde lyst til å bli med og sjå ei av leilighetene. Eit tilbod fleire nytta seg av.
Aksel Ingvard song og snakka til borna, før Ingebrigt S. Sørfonn heldt andakt. Temaet hans var kor viktig det er å halda fokus, og spesielt FOKUS PÅ JESUS.
Det var ei open og god stemning på basaren, og latteren sat laust. Folk koste seg. Lodd- og åresalet gjekk strykande. Det same gjorde salet av bakverk og det andre som var sett fram.
Resultatet av basardagen vart kr 116 800 som skal vera med å subsidiera arbeid og aktivitetar for born og unge på Helgatun.
Etter basaren serverte kokken, Roman Jacuk, ein herleg middag, og seinare hadde me som budde på Helgatun, igjen ein fin kveld saman.
Søndag var det formiddagsmøte der Jorunn og Aksel Ingvard song «I Herrens hender» før Ingebrigt talte over teksten på Allehelgens dag, frå Luk 6, 20-23.
Etter talen song Solveig Norheim Per Nordsletten sin flotte song: «Jeg kjenner et navn med så deilig en klang.» Møtet vart avslutta med ei fin helsing av Sylvi Sørfonn. Ei sterk og god stund.
Avslutningsmiddagen var kjøttkak er med grønerterstuing og herlege dessertar.
Ei flott helg med åndeleg påfyll og godt sosialt fellesskap, gjorde at me reiste heim rikt velsigna.
Helgatun Helsing - Nr. 2 - 2022 55
Med Norheimsund og Øystese Ungdomskor på
øvingshelg på Helgatun!
Det er ikkje berre ungdomskoret som er her, dei har også med seg ungdomar frå Fredagsklubben Origo. Ein klubb som har samlinger på bedehusa i Øystese og Norheimsund.
Koret øver på julesongar, så her tonar det frå møtesalen med kjende songar som ‘Mitt hjerte alltid vanker’, ‘Å kom nå med lovsang’ og ‘Nordnorsk Julesalme’. Nyare songar har dei også med som ‘Mariavise’, ‘Gjeterens sang’ og ‘Stjerneglans’ Manglar berre snøen ute, så hadde julestemninga vore på sitt beste!
Fredagsklubben har sine aktivitetar når koret øver! På aktivitetsrom met er det biljard, bordtennis og andre konkurransar! Ute har dei bål og pinnebrød, pluss refleksløp! Nokre uteaktivitetar er felles med koret!
Sundag er det tur i Vetlebotnen og andre uteaktiviteter!
Det som samlar begge gruppene er gode måltid, kveldsamlingar, andakter og bibelhalvtimar! Du skulle berre vore her og sett ungdomane når me samlast, det er så stille at me kan mest høyra den kjende knappenåla detta ned på flisegolvet! Det er full fokus på å finna fram i bibelen og læra Jesus meir å kjenna! Dei fekk og læra å finna bibelen på mobiltelefonen sin! Så i dag avslutta me bibel halvtimem med å slå opp i Salme 50,15 :«Kall på meg den dagen du er i naud, så vil eg fria deg ut, og du skal gje meg æra». Nokon kallar dette verset for nødtelefonen til himmelen!
Heldigvis treng me ikkje vera i stor nød for å be til Jesus, han høyrer oss og veit om oss kvar dag! Til han skal me og få syngja lovsongar! Me takkar og Jesus for den flotte helga me fekk ha i lag! Og stor takk til staben på Helgatun som har teke så godt i mot oss på alle måtar!
Helsing ein takknemlig medleiar!
Helgatun Helsing - Nr. 2 - 2022 6
Damehelg på Helgatun
1 6. - 18. september
I strålande solskinn, ein vakker haustdag. Helgatun ligg pynta til fest. I møtesalen er temaet for helga presentert i ei nydeleg utstilling av ei kvinne si vandring frå vogga og gjennom livet. Kjøkkenet og matsalen osar av gode lukter for tomme magar. Vi blir tatt vel imot av smilande personalet og komite.
På vandring
Dette var temaet for helga. Vi er på vandring alle heilt frå mors liv. Kvar har si vandring, mi van dring, di vandring. Denne helga var vi samla ca. 60 damer frå ulike stadar. Alle har si eiga vandring. No skulle vi møtast for å lytte til og snakke saman om ulike livsvan dringar.
Allereide fredagskvelden fekk vi lytte til nokre av Inger Elise Hel geland sine spennande møte med kvardagsmenneske. Der Jesus had de fått bruke henne i si teneste. Laurdag gav Hildur Øvsthus oss eit levande innblikk i Rut (frå Bibelen)
si trufaste vandring midt i ein tøff livssituasjon. Rut tok kloke val og Gud held si vernande hand om henne. Vi fekk òg i løpet av helga innblikk i litt av Hildur si eiga vandring. Det beste med å vera ein kristen er at du aldri er åleine på vegen.
Mona Rosvold Bauge si eventyrlege utstilling av si Quilte-verden var heilt fantastisk. Flotte, store og små, dukar og tepper fylte eit stort rom. NYDELEG, vi kunne berre nyte det. Laurdagskvelden fortalde ho levande om si vandring med Jesus i medgang og motgang. Her ren er med, Han er trufast.
Alle samlingane vart krydra med vakker og innhaldsrik song av Aslaug Hellesøy. Marit Lindekleiv gav oss god pianomusikk heile helga. I tillegg hadde vi koseleg basar og gode kaffipauser med tid til mykje drøs.
Hjarteleg takk til komiteen: Birgit Hjelmeland, Anne Marie Solsvik og Jorunn Johannesen som gav oss ei god og innhaldsrik helg. Tusen takk til alle tilsette ved Helgatun, vi hadde ei velsigna helg for både kropp og sjel. Vi fekk nytt mot til vidare vandring med Jesus.
Annbjørg Husevåg Kløve
Helgatun Helsing - Nr. 2 - 2022 7
Prosjektet er i rute. Vi skriver november 2022 og prosjektet Helgatunlia går inn i siste året med byg ging. Når vi stopper opp og ser tilbake er det først og fremst takknemlighet som må trekkes frem. Takknemlighet til misjonsvenner, samarbeidspartnere, ledelsen i IMS, men først og fremst takknemlighet til Gud for at prosjektet har gått så bra og vi har kommet så langt i disse urolige tider.
I skrivende stund er 65 av leilighetene solgt, alle planlagte bygg er tette og klar for Myrkdalsvinteren. Vi kan også glede oss over at grunnarbeidet rundt byggene er ferdigstilt, og når hus nr. 4 skal overle veres eierne i juni og hus nr. 5 i juli, så er det meste av utenomhusarbeidet ferdig stilt og klar til å bli brukt. Det er også kjekt at eierne av Helgatunlia uttrykker begeistring for det utemiljøet som har blitt skapt, med både grillhus og leke plasser.
Det som blir spennende fremover er når vi får solgt de siste leilighetene. For å være forberedt på at dette kan ta litt tid, arbeider de ulike styrene med muligheten for at Helgatun kan overta disse for å leie dem videre ut i perioden før de blir solgt, noe som vurderes etter hvert som tiden skrider frem.
Følg oss gjerne i prosjektet med å gå inn på webkameraet som dere finner på www.helgatunlia.no
Da kan dere få daglige oppdateringer på hvordan prosjektet skrider frem.
Returadresse: Helgatun Helsing,
5713
B Frå kalenderen 2023...
IMS
(8
St.Svithun
Ortun
Lynghaug
April 31.3- 4.4. Familieleir 5.-10. Påskeopphald 14.-16. Fitjar kyrkjelyd Velkommen til påske på HELGATUN FAMILIELEIR (Kombileir) 31. mars 4. april 2023 Påmelding: Helgatun tlf. 56 51 98 98 helgatun@helgatun.no PÅSKEOPPHALD 5 10. april 2023
Myrkdalsvegen 926,
Vossestrand
Januar 6.-8. Salem Ung Bergen 13.-15. Vossakonfirmantar 20.-22. Vossakonfirmantar 27.-29. Straume Forum Februar 3.-5.
Skileir
klasse+) 6.-10.
vgs 10.-12. Frekhaug Indremisjon 15.-17. NTG Bergen 17.-19. Krik 24.-27. Vea Ungdomslag Veke 9: Vinterferieopphald Mars 6.-10.
skule 10.-12. Leir Norhordland Indremisjon 20.-24.
skule 24.-26. Landås menighet 27.-29. Eidsvågsneset Barnehage
www.helgatun.no