På fisketur i Skjåk

Page 16

11 Torsvatnet

prøvefiske på torsvatnet foto: anna bilstad

Torsvatnet: 1336 moh. – 6,3 km2 Avstand: 14,2 km stig og 530 m stigning – 4,5 t Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen mot nord, 100 m etter brua over Tora. Køyr opp på Billingen seter og parker på parkeringsplass. Følg DNT-rute til Torsbu 14,2 km. Torsbu er ei DNT-hytte med sjølvhushald og 14 senger. Skjåk jeger og fiskarlag har naust med overnatting, båt, motor og garn til utleige. Du kan bruke motorbåt på Torsvatnet etter søknad til vernemynde i god tid. Torsvatnet har svært klart med godt siktedjup. Det er mykje fin leir- og sandbotn, avløyst av enkelte steinete tangar som stikk ut i vatnet. I den søre enden er det grunt og mykje stein. Største målte djup er 33 m, og middeldjupet er 10 m. Det er ingen gode gytebekkar rundt Torsvatnet, og det vert sett ut fisk. Torsvatnet er vanlegvis seint isfritt, ofte ikkje før i slutten av juli eller i august. Prøvefiske 2011: Aure med gjennomsnittsvekt på 0,3 kg med normal kondisjon. Tynn bestand. Torsvatnet har marflo og skjoldkreps, og auren er raud i kjøtet. Torsvatnet er eit særs godt garnfiskevatn. Stong- og oterfiske: eit av dei beste områda for fisketur i Skjåk, ligg aust for Torsbu. Det er fin fisk i elva Spongi, Spongvatnet, Bollvatnet, Flatvatnet, Dørvatnet og Dørtjønnen. 14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.