Page 1

P책 fisketur i Skj책k 2013


Med eit fiskekort kan du fiske i over 200 vatn og 250 km elv i Skjåk Kjøp fiskekort på inatur.no Skjåk Almenning T: 61 21 39 00

sottjønnbu

foto: m.kielland

Bestill hytter på inatur.no Søk på Skjåk

Planlegg på www.iskjak.no

Fiskeutstyr får du kjøpt lokalt i Skjåk og Lom. Kart får du kjøpt hjå Skjåk Almenning. Reiseliv- og servicetilbod finn du bak i heftet.

2


Fisketurar Skjåk nordfjellet 2 Skjåk nordvest

16

Skjåk sørvest

23

Skjåk sørfjellet

32

Ottaelva

38

Lengre fisketurar

48

Fiskekort og hytteutleige 50 Fiskereiskap

52

Reiseliv og service

54

skjøli er ei fin fiskeelv

foto: hans sæther

Trykk: Dale-Gudbrands Trykkeri AS

Design: Cathrine Kildal

1


Skjåk Nordfjellet

Langvatnet i Langvasslågån foto: anna bilstad

1. Aursjoen med Aursjobu 2. Leirungsvatnet med Storhøhytta og SJF naust 3. Lordalen med Sveinbu 4. Einingstjønn 5. Aukarsvatnet 6. Kroketetjønn

2


7. Stamåtjønn og Kvennåtjønn 8. Skarvedalen med Skarvedalsbu 9. Storvatnet med Storvassbu 10. Tordalen med Tverråhytta 11. Torsvatnet med Torsbu og SJF naust 12. Veltdalen med Veltdalsbu

3


1

aursjoen

oterfiske på aursjoen

foto: birgit bilstad

Aursjoen:   1098 moh. – 7,4 km² Avstand:  13,7 km i bil frå Bismo – 30 min Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr vegen 8,7 km opp på fjellet til du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved Aursjohytta på Vikhø eller langs vegen innover. Skjåk Almenning har utleige av Aursjobu og utleige av båt på Aursjoen. Hytta er 20 m2 med innlagt straum og har 5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Aursjoen er regulert med 12,5 m. Arealet ved lågaste og høgaste regulerte vasstand er på 2,7 og 7,4 km2. Største målte djup er 24,1 m, og middeldjupet er 7,4 m. Aursjoen har både linsekreps og skjoldkreps. Det er ein del naturleg rekruttering av fisk. Aursjoen har feit aure og mykje fisk på over 0,5 kg. Vatnet er mykje brukt til garnfiske for matauk, men også noko til stong- og oterfiske. I 2011 viste fangsrapporten at gjennomsnittsvekta på aure var 0,39 kg på 35 mm garn. Det vart fiska 1,55 aure/garnnatt. Du kan bruke motorbåt på Aursjoen. Nordsida og to grunner midt på vatnet, er gode områder for fiske.

4


2

Leirungsvatnet

prøvefiske på leirungsvatnet

foto: birgit bilstad

Leirungsvatnet:  1370 moh. – 2,6 km2 Avstand:  10,2 km stig og 280 m stigning – 3 timar Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr Aursjovegen 14,2 km opp på fjellet og langs Aursjoen fram til dammen i austenden. Parker på austsida av dammen. Følg umerka men god stig mot nordaust til Storhøhytta eller Leirungsvatnet. Skjåk Almenning har utleige av Storhøbu. Hytta er 21 m 2 og har 4 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Storhøbu ligg ein knapp time frå Leirungsvatnet. Skjåk jeger og fiskarlag har naust med overnatting, og båt, motor, garn til utleige på Leirungsvatnet. Du kan bruke motorbåt etter søknad til vernemynde i god tid. Vatnet ligg øvst i Finnavassdraget. Største dybde er 16 m. Strandsona ned til 2 m er blokk og stein. Det er lite naturleg rekruttering, og fisk vert sett ut kvart år. Leirungsvatnet er eit garnfiskevatn for innanbygdsbuande. Det er vanskeleg å få fisk på oter. Vatnet er høgproduktivt med god bestand av skjoldkreps. Fisken er av svært fin kvalitet med gjennomsnittleg kondisjonsfaktor på 1,12. Kvart år vert det teke mange fisk over 1 kg. Har du med stong, kan du fiske på Utletjønn. Utletjønn er grunn og tjønna har steinbotn. 5


3

lortjønnen

lortjønn

Nedre tjønn: 1312 moh. – 0,2 km 2 Stortjønn: 1314 moh. – 0,2 km2 Pålvikje og Nebbetjønn: 1315 moh. – 0,1 km 2 Løtjønn: 1320 moh. – 0,1 km2 Avstand: 10,6 km stig og 265 m stigning – 3 timar Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr vegen 8,7 km opp på fjellet til du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved hytta på Vikhø. Følg merka stig mot Aursjotjønn og blåmerka stig vidare til Sveinbu. Skjåk Almenning har utleige av Sveinbu og båt på Lortjønnen. Hytta er 21 m2 og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Lortjønnen er ei rekkje av 5 tjønner i indre Lordalen. Nedre tjønn ligg nærast Sveinbu. Ovanfor ligg Stortjønn, Pålvikje, Nebbetjønn og Løtjønn på rekkje. Det vert sett ut fisk på Løtjønn. Elles har Lortjønnen tilnærma urørt aurebestand fordi kultiveringa er avgrensa til nokre yngelutsettingar av ei lokal stamme. Det er registrert skjoldkreps i Lortjønnen. Nedre tjønn er eit garnfiskevatn, og fisken er vanskeleg å ta på anna reiskap. Området er fint for heile familien. På småtjønnene i indre Lordalen og rundt på Mjølakolotjønn, Såvarhaugtjønn, Bobergtjønn, Åflottjønn og fleire, kan du legge opp fine fisketurar med stong. Du kan også prøve elvefiske i øvre delar av Lora.

6


4

Einingstjønn

oterfiske på einingstjønn

foto: morten kielland

Einingstjønn: 1169 moh. – 0,2 km 2 Avstand: 2,2 km stig og 54 m stigning – 1 time Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr Aursjovegen 12,7 km opp på fjellet og langs Aursjoen fram til stigstart. Parker ved vegen. Følg raudmerka stig 2,2 km mot sør til Einingstjønn. Einingstjønn er eit lite vatn på 300x600 m. Vatnet er demt for å skaffe vatningsvatn til gardane i bygda. Vatnet er grunt på aust- og sørsida. Det er steinbotn på austsida og mykje sandbotn på vestsida av vatnet. Det vert sett ut fisk på Einingstjønn. Fiskestorleiken er på om lag 250 g og fisken hadde god kondisjon i 2012. Fisken er raud i kjøtet. Vestsida av vatnet egnar seg godt til stongfiske med sluk, og oterfiske.

einingstjønn

foto: hanne gran

7


5 Aukarsvatnet

aukarsvatnet

foto: bjarne skrede

Aukarsvatnet: 1285 moh. – 0,7 km² Avstand: 5,3 km stig og 200 m stigning – 2 t Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr vegen 8,7 km opp på fjellet til du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved hytta på Vikhø. Frå Aursjotjønn går du 2,4 km på tydelig, men umerka råk oppover mot nordaust til Aukarsvatnet. Vestenden av vatnet har lite stein på botn. Det vert sett ut fisk på Aukarsvatnet og alle andre tjønner i området. Det er registrert skjoldkreps på Aukars­vatnet. Aukarsvatnet har verkeleg stor fisk, men den er vanskeleg å ta på stong. Det er fint å landdra oter på vatnet. I 2012 vart det teke fisk på over 4 kg på garn. Dersom fisken ikkje bit på Aukarsvatnet, kan du planlegge fine rundar med fiskestong til Meborotjønn, Røyetjønn, Bobergtjønn, Såvarhaugtjønn, Åflottjønn, Mjølakolotjønn og fleire tjønn i nærleiken. Røyetjønn er det einaste vatn i Skjåk som har røye.

«mann i båt» er eit kjent landemerke 8

foto: bjørn dalen


6

kroketetjønn

fiskar på kroketetjønn

foto: morten kielland

Kroketetjønn: 1338 moh. – 0,1 km2 Avstand: 7,5 km stig/terreng, 230 m stigning – 2,5 t Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr vegen 8,7 km opp på fjellet til du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved hytta på Vikhø. Gå attende 250 m på Aursjovegen og umerka stig 1,4 km mot nordvest til Lykretjønn, og vidare i terrenget 6 km til Kroketetjønn. Kroketetjønn er grunt i sørvestre- og nordaustre ende. Vatnet egner seg godt til stong- og oterfiske. Fisken har god kondisjon og storleiken ligg på 250 g og større. Det vert sett ut fisk på Kroketetjønn. Frå Kroketetjønn, kan du legge opp ein fin rundtur med stong om Løtjønn, Åflottjønn og Mjølakolotjønn, når du går attende.

9


7 Stamåtjønnen og Kvennåtjønnen

stongfiskarar

foto: morten kielland

Stamåtjønnen: 1322 moh. – 0,2 km2 Kvennåtjønnen: 1349 moh. – 0,2 km2 Avstand: 8,1 km stig/terreng, 730 m stigning – 3 t Køyr Rv.15 til 8,4 km vest for Dønfoss. Det er parkeringsplass på nordsida av riksvegen. Du kan køyre eller gå opp setervegen 1,4 km til Stamsetra. Frå Stamsetra går du umerka stig mot Stamåe og følgjer bekken til Stamå­tjønnen, om lag 7 km. Kvennåtjønnen ligg 2 km mot nordvest. Det blir sett ut fisk på Stamåtjønnen og Kvennå­ tjønnen. Det er registrert skjoldkreps på Stamåtjønnen og Kvennåtjønnen. Det vert fiska med garn på vatna. Både Stamå­ tjønnen og Kvennåtjønnen egner også seg godt for stongfiske med sluk, spinnar og fluge. Både Stamåe og Kvennåa er gode fiskeelver med mange fine høler. På tur innover kan du fiske deg oppover Stamåe. På tur attende kan du fiske deg nedover Kvennåa. Det er varierande storleik på fisk i Stamåe. Det er noko småfisk, men også noko fin matfisk. Du kan få stor fisk på stong i elvehølane nedover i Kvennåa.

10


8

Skarvedalen

skarvedalen

foto: hanne gran

Nedre Skarvedalsvatn: 1486 moh. – 0,1 km2 Skarvedalsvatn: 1548 moh. – 0,5 km2 Avstand: 9,6 km stig/terreng, 680 m stigning – 3,5 t Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen mot nord, 100 m etter brua over Tora. Køyr opp på Billingen seter og parker på parkeringsplass. Gå over seterbrua og 300 m på stig mot Steinbrue. Følg umerka stig på vestsida av Føysa fram til Skarvedalsbu 9 km. Skjåk Almenning har utleige av Skarvedalsbue som ligg 500 m nedanfor det nedste vatnet i Skarvedalen. Hytta er 21 m 2 og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Det inste Skarvedalsvatnet er svært seint isfritt, ofte ikkje før i august. Det er ikkje naturleg rekruttering, men det blir jamleg satt ut fisk. Det har årleg vore teke stor fisk på 1,5 kg. Det vitnar om god vekst. Det har vore teke fisk på handredskap på vatnet nærast Skarvedalsbue. Elles kan fisken vere vanskeleg å ta på stong. Rognebærtjønn er eit ypparleg vatn for stongfiske, og Blåbergtjønn for oterfiske. Området er fint for ein rundtur med stong i Skarvedalen, Blåbergtjønn, Rogne­ bærtjønn og Langvatn i Langvasslågån.

11


9 storvatnet

garnfiskar på storvatnet foto: per dagsgard

Storvatnet: 1495 moh. – 1,6 km2 Avstand: 21 km stig/terreng, 730 m stigning – 7 t Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen mot nord, 100 m etter brua over Tora. Køyr opp på Billingen seter og parker på parkeringsplass. Følg DNT-rute til Torsbu 14,2 km. Deretter i terrenget mot aust 7 km til Storvassbu. Skjåk Almenning har utleige av Storvassbue og båt på Storvatnet. Hytta ligg 200 m frå Storvatnet, er på 21 m 2 og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Det vert sett ut fisk på Storvatnet og andre vatn i området. Storvatnet er eit garnfiskevatn. Andre vatn i området egnar seg for oter- og stongfiske. Det er stor og fin fisk i heile området. Det er vanleg med fisk over 1 kg. Fisken er raud i kjøtet. Flott fiske- og turområde med mange moglegheiter for kortare og lengre fisketurar med Storvassbu som utgangspunkt: elva Spongi, Bollvatnet, Dørvatnet, Dørtjønnen, Storvatnet mfl. På tur innover til området, kan du prøve fisken i Tora.

12


10

tora

tordalen

foto: morten b. stensaker

Tora: 1000–1100 moh. – om lag 10 km fiskeelv Avstand: 8,8 km stig og 260 m stigning – 3 t Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen mot nord, 100 m etter brua over Tora. Køyr opp på Billingen seter og parker på parkeringsplass. Følg DNT-rute mot Torsbu 9 km til Tverråhytta. Skjåk Almenning har utleige av Tverråhytta. Hytta ligg 400 m frå Tora, og er ca. 21 m 2 og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Det er mange fine fiskeplassar for stongfiskarar i Tora når elva ikkje er flaumstor. Den finaste strekninga er innafor hengebrua. Det er mykje småfisk i Tora, men større fisk på eit nokre hundre meter langt område innafor hengebrua.

tverråhytta

foto: bjørn dalen

13


11 Torsvatnet

prøvefiske på torsvatnet foto: anna bilstad

Torsvatnet: 1336 moh. – 6,3 km2 Avstand: 14,2 km stig og 530 m stigning – 4,5 t Køyr Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen mot nord, 100 m etter brua over Tora. Køyr opp på Billingen seter og parker på parkeringsplass. Følg DNT-rute til Torsbu 14,2 km. Torsbu er ei DNT-hytte med sjølvhushald og 14 senger. Skjåk jeger og fiskarlag har naust med overnatting, båt, motor og garn til utleige. Du kan bruke motorbåt på Torsvatnet etter søknad til vernemynde i god tid. Torsvatnet har svært klart med godt siktedjup. Det er mykje fin leir- og sandbotn, avløyst av enkelte steinete tangar som stikk ut i vatnet. I den søre enden er det grunt og mykje stein. Største målte djup er 33 m, og middeldjupet er 10 m. Det er ingen gode gytebekkar rundt Torsvatnet, og det vert sett ut fisk. Torsvatnet er vanlegvis seint isfritt, ofte ikkje før i slutten av juli eller i august. Prøvefiske 2011: Aure med gjennomsnittsvekt på 0,3 kg med normal kondisjon. Tynn bestand. Torsvatnet har marflo og skjoldkreps, og auren er raud i kjøtet. Torsvatnet er eit særs godt garnfiskevatn. Stong- og oterfiske: eit av dei beste områda for fisketur i Skjåk, ligg aust for Torsbu. Det er fin fisk i elva Spongi, Spongvatnet, Bollvatnet, Flatvatnet, Dørvatnet og Dørtjønnen. 14


12

veltdalsvatnet

veltdalen

foto: morten kielland

Heimste Veltdalsvatnet: 1175 moh. – 1,5 km2 Fremste Veltdalsvatnet: 1191 moh. – 1,4 km2 Køyr Avstand: 19,4 km stig og 510 m stigning – 6 t Rv.15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen mot nord, 100 m etter brua over Tora. Køyr opp på Billingen seter og parker på parkeringsplass. Følg DNT-rute til Veltdalshytta 19,4 km. Veltdalshytta er ein DNT-hytte med sjølvhushald og har 51 senger. Båt til utleige på Veltdalsvatnet. Heimste Veltdalsvatn er regulert med 11,2 m og Fremste Veltdalsvatn med 16,6 m. Botn har sand, grus og stein/berg. Det er snaufjell kring vatna og noko viervegetasjon. Største målte djup er 50 m, og middeldjupet er 17 m på Heimste Veltdalsvatn. Største målte djup er 40 m, og middeldjupet er 17 m på Fremste Veltdalsvatn. Gytetilhøva er dårlege, og det vert satt ut fisk kvart år. Prøvefiske 2004: Aure med gjennomsnittsvekt på 0,25 kg på Heimste Veltdalsvatn og 0,35 kg på Fremste Veltdalsvatn, med god kondisjon. Bestanden er tynn. Auren er raud i kjøtet. Kupevatnet og Kuptjønn er fine vatn for stong- og oterfiske.

15


SkjĂĽk Nordvest

Viatjønn i Hamsedalen foto: per dagsgard

16


13. Vuludalen med Vuludalsbue 14. Grønvatnet med Grønvassbu 15. Kjerringtjønn 16. Hamsedalen med Kvitberghytta 17. Vien med Kvitberghytta

17


13 vuludalen

vuludalen

foto: morten kielland

Vuludalsvatnet: 1145 moh. – 1,3 km2 Avstand: 3,6 km stig og 420 m stigning – 1,5 timar Køyr Rv.15 vestover 34 km frå Bismo til Nysetra. Køyr av Rv.15 ved Skjåk seter og 600 meter til Øyberg seter og parker. Følg stigen til Vuludalsbue 3,6 km. Skjåk Jeger- og fisk si steinbu står open heile året. Vuludalsbue ligg 800 m frå Vuludalsvatnet. Vatna er ein samanhengande vasstreng på 5 vatn utan vandringshinder, men med innbydande stryk mellom. Største målte djup er 15 m på fyrste vatn, 13 m på andre vatn, 40 m på tredje vatn, 25 m på fjerde vatn og 12 m på femte vatn. Det er naturleg rekruttering av fisk i Vuludalen. Det er slake strandsoner, som egnar seg for fiske med stong og oter, på alle vatna. Stryka mellom vatna er særleg aktuelle for stongfiskarar. Stryket mellom fyrste og andre vatn, kan gje deg god fangst. Det var teke stor fisk på over 1 kg i 2012 på garn. Du kan planlegge fisketur med stong og oter innover Vuludalen og langs Vuludalsvatna inn til Grønvatnet. Da kan du fiske samanhengande i over 7 km langs vatna. Turen er om lag 10 km etter stigen frå Vuludalsbue til Grønvassbu.

18


14

grønvatnet

grønvassbu

skjåk almenning

Grønvatnet: 1273 moh. – 3,1 km2 Avstand: 11 km stig/terreng og 350 m stigning – 4 t Køyr Rv.15 4,3 km vest for Grotli, og ta av inn til raste­ plass til høyre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geiranger­ vegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Følg DNT-rute 3,9 km mot Danskehytta til stigkryss med rute frå Grotli. Gå i terrenget på austsida av Viksvatnet, gjennom Skrådalen og Vulustrupen fram til Grønvassbu. Skjåk Almenning har utleige av Grønvassbu og båt, motor og garn. Hytta er 21 m 2 og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Grønvatnet og Brusebotnvatnet vart ført vestover til kraftproduksjon i Tafjord i 1968. Grønvatnet har reguleringshøgde 17 m. Vatnet er djupt med bratte strandsonar med unntak av i søraust og nordenden mot Brusebotn. Prøvefiske 2004: Aure i god kondisjon og middels tett bestand. Også ein del mindre fisk. Auren er raud i kjøtet. Det er lite gyting og det vert sett ut fisk i Grønvatnet. Det vert fiska med garn på Grønvatnet. Du kan til tider få særs gode fangster på stong i søre og austre delar av Grønvatnet. Du kan planlegge fisketur nedover Vuludalen, eller etter DNT-ruta opp til Simlevatn og Styggedalsvatn.

19


15 kjerringtjønn

kjerringtjønn – fin familietur

foto: morten kielland

Kjerringtjønn: 1139 moh. – 0,2 km 2 Avstand: 1,6 km stig og 225 m stigning – 1 time Køyr Rv.15 til Grotli, og gamle Geirangervegen som går parallelt med Rv.15 i 2,4 km til Kjerringelva. Parker langs vegen. Følg merka stig til Kjerringtjønn. Kjerringtjønnene er fleire små samanhengande tjønner, som har fleire viker og øyer. Her kan du prøve fisken i alle tjønner. Det er mange teltplassar ved vatnet, og staden høver godt for ein familietur. Kjerringtjønn er eit fint vatn for fiske med stong. Den største tjønna har mykje småfisk, men det kan vere større fisk på dei mindre tjønnene, særleg den inste tjønna. Det er vanskelegare å bruke oter på grunn av mange oddar og øyer. Det har vore fiska noko med garn på tjønnene. Sidan Kjerringtjønn har mange viker, er det lett å dra ut garn frå land.

20


16

hamsedalen

2. vatn i hamsedalen

foto: per bakken

Hamsedalen 2.vatn: 992 moh. – 0,6 km2 Hamsedalen 3.vatn: 992 moh. – 0,4 km2 Viatjønn: 1022 moh. – 0,3 km 2 Avstand: 3,2 km stig og 87 m stigning – 1 time Køyr Rv.15 4,3 km vest for Grotli, og ta av inn til rasteplass til høyre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Gå opp hyttevegen på vestsida av Hamsa, og følg delvis merka stig i 3 km innover Hamsedalen til 2.vatn. Det er 5 km vidare innover Hamsedalen til Kvitberghytta som ligg 0,8 km nordvest for Viatjønn. Skjåk Almenning har utleige av Kvitberghytta med båt og garn på Viatjønn og Fremste Viavatn. Hytta er 20 m2, og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Du kan få fin fisk på alle vatn i Hamsedalen. Storleiken passar til god matfisk. Det blir fiska med garn i vatna. Vestsida av 2.vatn og 3.vatn er fint for oterfiske. Elles er vatna og Hamsa fine for stongfiske.

21


17 vien

fisk frå vien foto: per dagsgard

Fremste Viavatn: 1001 moh. – 2,9 km2 Kolbeinsvatn: 1126 moh. – 3,1 km2 Flatvatn: 1017 moh. – 0,2 km2 Avstand: 8,6 km stig/terreng, 130 m stigning – 2,5 t Køyr Rv.15 13,2 km forbi Grotli og Rv63 Geiranger­ve­gen mot til høyre 4,2 km og parker. Følg traktorvegen opp til Kolbeinsvatnet og ned i Vien. Ved Fremste Viavatn går du i terrenget 0,7 km opp mot aust til Hamsedalen og Kvitberghytta. Skjåk Almenning har utleige av Kvitberghytta og båt på Viatjønn i Hamsedalen og Fremste Viavatn i Vien. Hytta er 20 m 2, og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Største målte djup er 76 m, og middeldjupet er 24 m på Viavatna. Fremste Viavatn har reguleringshøgde 1,5 m. Kolbeinsvatnet har reguleringshøgde 9,4 m. Den naturlege rekrutteringa er god i Fremste Viavatn. Kolbeinsvatnet er avhengig av utsatt fisk. Det er skjoldkreps i Fremste Viavatn, og fisken er raud i kjøtet. Fiskebestanden er småvaksen i Viavatn og Kolbeins­ ­vatn. Begge vatn egner seg godt for garnfiske. Kolbeinsvatnet kan bli seint isfritt. Flatvatnet og andre mindre vatn i Vien, egner seg godt til oter- og stongfiske.

22


ottadalen sørvest

18. Heillstuguvatnet 19. Mårådalen 20. Åfottjønn 21. Glittervatnet med Glitterbu 22. Søverdalen 23. Liavatnet med Liabu og Sota Sæter 24. Røykjeskålen og Mysubytta med Slæom 25. Tverrådalen

23


18 Heillstuguvatn

garnfiske på heillstuguvatnet

foto: hans sæther

Heillstuguvatnet: 1003 moh. – 0,9 km2 Avstand: 40,5 km i bil frå Bismo – 45 min Køyr Rv.15 til Grotli, og Rv258, GamleStrynefjells­ vegen, om lag 3 km til Heillstuguvatnet. Skjåk Almenning har båt til utleige ved Heill­stuguvatnet. Heillstuguvatnet ligg langs gamle Strynefjells­ vegen. Vatnet er brepåvirka og tidvis svært uklart. Det er skjoldkreps i vatnet, og fisken er raud i kjøtet. Gytetilhøva er gode i Heillstuguvatnet, og dennaturlege rekruttering er vurdert til å vere stor. Prøvefiske 2010 viste at det var middels tett fiskebestand. Noko fisk hadde normalt god kondisjon, medan mindre fisk var slank. Storleiken på fisken ligg i gjennomsnitt oppunder 200 gram. Heillstuguvatn er eit garnfiskevatn. Men på bak­­sida eller søraustre side, er det fine forhold for å dra oter. Viss du skal fiske med stong, bør du fiske på baksida i området der Åffotgrove og Pallgrove renn ut i vatnet, og i innløpsosen og utløpsosen.

24


19

Mårådalen

måradalen

foto: aud hove

Nedre Mårådalstjønn: 1085 moh. – 0,2 km 2 Midtre Mårådalstjønn: 1157 moh. – 0,3 km 2 Avstand: 3,0 km stig og 30 m høgdeforskjell – 1 time Køyr Rv.15 til Grotli, og køyr Gamle Strynefjellsvegen til venstre mot sør. Køyr Gamle Strynefjellsvegen 8,8 km og parker. Gå stikkvegen 300 m og på god, men umerka stig innover Mårådalen på vestsida av elva. Mårådalstjønnene er sterkt brepåvirka i godt vær. Det er lite naturleg rekruttering av fisk. Det vert sett ut fisk. Mårådalstjønnene er fine vatn også for stongfiske. Fisken har ein storleik på 0,1–0,6 kg. Måråi ned til Heillstuguvatn er ei fin fiskeelv for stongfiske, men med store variasjonar i fangsten avhengig av mengda av breslam i vatnet. Du kan også prøve fisken vidare innover Strynefjellet langs vegen på Vassvendtjønnen og Langvatnet. Vatnet kan også her vere sterkt brepåvirka i godt vær.

25


20

Åfåttjønnene

fiskefangst på åfåttjønn

foto: steffen kjønnås

Austre Åfåttjønn: 1257 moh. - 0,2 km2 Vestre Åfåttjønn: 1273 moh. – 0,2 km2 Avstand: 2,0 km stig og 260 m stigning – 1 time Køyr Rv.15 til Grotli, og gamle Strynefjellsvegen 3 km opp til osen på Heillstuguvatn. Gå på hengebru over Måråi og følg umerka stig opp langs Åfåtgrove til Åfåttjønn. Dei to Åfåttjønnene er om lag like store. Austre ÅfåttjønnharvikerogøyerogrennnediHeimdalsvatnet, medan Vestre Åfåttjønn renn ned i Heillstuguvatnet. Fisken er raud i kjøtet og det har vore teke fisk på 1 kg i tjønnene i løpet av dei seinare åra. Åfåttjønnene passar bra for stongfiske, og du kan få aure i fleire storleiker. Det har vore teke fin fisk på stong i vestenden av vestre Åfåttjønn. Dersom du har med barn, bør du også prøve fisken i Palltjønn på Mårådalsbenken. Her er det mykje fisk, men fisken er liten. Du går bort til Palltjønn på ein dryg halvtime. Eit anna alternativ er Huguvardtjønn, ein dryg halvtime mot aust.

26


21

glittervatnet

glittervatnet

foto: sigrun eide

Glittervatnet: 1185 moh. – 2,0 km2 Avstand: 3,3 km stig og 460 m stigning – 1,5 t Køyr av Rv.15 til venstre rett før Pollfoss hotell. Køyr grusvegen til høyre etter 650 m, og køyr 3,7 km til Botn seter og parker. Følg merka stig til Glitterbu. Skjåk Almenning har utleige av Glitterbu og båt på Glittervatnet. Hytta er 24 m² medrekna yttergang, og har 4 sengeplassar (+ 2 ekstra madrassar) i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Dei siste åra har det vore for mykje fisk i vatnet. På garn ligg fangsten på 4 fisk på kiloen, men fisken kan vere slank. I innløpsosen har det vore teke stor fisk på stong dei seinare åra. Det er skjoldkreps i vatnet, og fisken er raud i kjøtet. Det blir fiska med garn på Glittervatnet. Det er fint å dra oter over ei lang strekning på sørsida av vatnet. Viss du vil fiske med stong, kan du få fin fangst der bekken frå Huguvardtjønn renn inn i vatnet og i utløpet til Glitra. Andre fiskevatn i fin turavstand: Blankåtjønn og Huguvardtjønn. Blankåtjønn høver bra for stong- og oterfiske.

27


22

Søverdalen

nedre søvertjønn

foto: per dagsgard

Nedre Søvertjønn: 1298 moh. – 0,7 km2 Indre Søvertjønn: 1374 moh. – 0,3 km2 Søverbandtjønn: 1488 moh. – 0,3 km2 Avstand: 4 km stig og 570 m stigning – 2,0 timar Køyr av Rv.15 ved Dønfoss og om lag 19 km mot Sota. Bomveg frå Bråtå. Når du ser brua over Ostri ved Liavassosen, kan du parkere. Gå over brua og følg søre sida av Søvra til fjells. Det er 5 Søvertjønner, der Nedre Søvertjønn er størst. I det midtre av dei tre Indre Søvertjønnene går det av og til snøras som dreper fisken. Den inste tjønna heiter Søverbandtjønn. Det blir sett ut fisk i Søverdalen. Det er fin storleik på fisken, du kan få stor fisk på over 1 kg i alle vatn med unntak av det nordre av dei tre Indre Søvertjønnene, der fisken er mindre. Det vert fiska med garn på alle vatna, men mest på Nedre Søvertjønn og Indre Søvertjønn. Nedre Søvertjønn er også eit fint vatn for oterfiske på nordsida. Indre Søvertjønn og Søverbandtjønn egnar seg for stongfiske. Du kan kombinere fisketuren med tur over til Sekken, 1,5 time frå Søverbandtjønn. På turen kan du fiske i Sotgrovtjønn.

28


23

liavatnet

liavatnet

foto: morten kielland

Liavatnet: 733 moh. – 2,6 km2 Veslvatnet: 733 moh. 0,4 km2 Avstand: 38 km i bil frå Bismo – 1 time Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Sota seter er ei betjent DNThytte med 86 senger. Skjåk Almenning har utleige av Liabu og båt på Liavatnet. Hytta er 15 m 2 og har 4 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Du kan bruke motorbåt på Liavatnet. Liabu ligg 2,0 km før du kjem til Sota seter. Avkøyring 150 m mot Liavatnet. Skjåk Almenning har gapahuk og båt på Langodden. Langodden ligg 3,5 km før du kjem til Sota seter. Avkøyring 250 m ned til Liavatnet. Liavatnet er sterkt prega av brevatn frå Breheimen. Mykje småfisk, men det fins også større fisk i vatnet. Auren er ljos raud i kjøtet. Det vert drive aktivt kultiv­ eringsfiske i Liavatnet, og prøvefiske i 2012 viste ei klar forbetring i k-faktoren. Liavassosen og djupåra mellom vatna er fine områder for stongfiske. Det vert fiska med garn på Liavatnet. Baksida av Liavatnet nedanfor Svaet, er rasområde vinterstid, og du kan få mykje kvist i garna.

29


24 Mysubytta og Røykjeskålen

mysubyttdalen med mysubytta

foto: per bakken

Røykjeskålsvatnet: 774 moh. – 0,2 km2 Mysubyttvatnet: 1048 moh. – 0,5 km2 Mysubytta: 774–1048 moh. – 8 km Avstand: 44 km i bil frå Bismo – 1 time Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Køyr vidare neste bomveg 6 km til Mysubytta og parker. Det går god stig langs Røykjeskålen mellom Sota og Mysubytta, 5 km. Det går DNT-rute Mysubytta-Slæom 9 km. Slæom er ein DNT-hytte med sjølvhushald og har 20 senger. Slæom ligg 1,3 km innafor Mysubyttvatnet. Stilla og Røykjeskålsvatnet er ei utviding av elva. Lausmassetransporten av breslam i Mysubytta er særleg stor på varme dagar, og fargar vatnet turkis. Røykjeskålsvatnet og Mysubytta egner seg for stongfiske. Men det blir også fiska med garn i vatna. Det er fleire fine fiskeplassar oppover Mysubytta. Du kan få ein del småfisk, men også fisk på halvkiloen er mogleg å få. Frå setrene på Mysubytta kan du fortsette innover Mysubyttdalen langs elva og inn til Mysubyttvatnet.

30


25

Tverrådalen

tverrådalen med tverrådalskyrkja

foto: per bakken

Nedre Tverrådalstjønn: 1265 moh. – 0,1 km2 Øvre Tverrådalstjønn: 1268 moh. – 0,3 km2 Avstand: 5,5 km stig og 520 m stigning – 2,5 timar Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Følg DNT-ruta mot Nørdstedalsseter via Fortundalsbreen. Etter 4 km, tar du av frå DNT-ruta, og går inn umerka stig i Tverrådalen mot sørvest. Lausmassetransporten av breslam frå Kollebreen er særleg stor på varme dagar. Vatnet er farga turkis. Det vert sett ut fisk i Tverrådalen. Tverrådalstjønn er garnfiskevatn. Ta ein rundtur rundt på småtjønnene på Røykjeskålshø. Dei egnar seg for stongfiske. Tjønna lengst mot Mysubyttdalen har fin fisk. Ein slik rundtur går du på 2 timar.

tverrådalstjønn

foto: morten kielland

31


Skjåk sørfjellet

Fin fisk i Skjøli

foto: hans sæther

32


26. Sottjønn med Sottjønnbu 27. Tundradalen med Grønstorrbu og SJF Haukberghytta 28. Storgrovtjønn med Grønstorrbu 29. Lundadalen med Sauhytta, Heimste Lundadals­seter og Ytste Lundadalsseter

33


26

Sottjønn

sottjønn

foto: steffen kjønnås

Inste Sottjønn: 1464 moh. – 0,8 km2 Framste Sottjønn: 1461 moh. – 0,3 km2 Avstand: 5,1 km stig og 730 m stigning – 2,5 timar Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Følg DNT-merka stig mot Nørdstedalsseter opp til terrenget flatar ut på 1340 moh. Gå frå stigen rett aust mot søre Sothogget, langs Framste Sottjønn, over tunga mellom Sotjønnene og fram til Sottjønnbu. Sottjønnbu har 4 senger. Hytta har båt med garn. Inste Sottjønn er grunt på aust- og sørsida med mykje stein og blokkar i vatnet. Framste Sottjønn er grunt på austsida. Det vert sett ut fisk på Sotjønnene. Storleiken på fisken er frå 250 g og oppover. Auren har god kondisjon og er raud i kjøtet. Det kan vere vanskeleg å få fisk på stong. Vestsida av Inste Sottjønn er bra for oterfiske. Det blir fiska med garn på Sotjønnene.

34


27

Tundradalen

kilosfisk i tundradalen

foto: steffen kjønnås

Nedre Tundradalstjønn: 1171 moh. – 0,1 km2 Øvre Tundradalstjønn: 1191 moh. – 0,04 km2 Tundra: 900–1150 moh. – lengde 11 km Avstand: 8,4 km stig og 225 m stigning – 2,5 timar Køyr Rv.15 frå Bismo og 10 km vestover. 250 meter før Dønfoss tar Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg. Køyr 9 km til Tundradalssetra og parker. Gå over Tundra på bru til vestsida og følg stigen innover til Grønstorrbu. Grønstorrbu er 20 m 2, og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Haukberghytta til Skjåk jeger og fisk ligg ein knapp times tur innafor Grønstorrbu og under Haukberget. Hytta står open. Lausmassetransporten av breslam frå Ytre Gjelåe er særleg stor på varme dagar, og fargar Tundra turkis. Tundradalstjønnene er ikkje påverka av breslam. Fisken har god kondisjon. Det går også stor fisk i Tundradalstjønnene og Tundra. Både Nedre Tundradalstjønn og Tundra ovanfor Ytre Gjelåe er fine områder for fiske med stong. Men også i Tundra nedstrøms Ytre Gjelåe når det ikkje er for varmt i været.

35


28

Storgrovtjønn

fiskefangst på storgrovtjønn foto: morten b. stensaker

Austre Storgrovtjønn: 1484 moh. – 0,2 km2 Vestre Storgrovtjønn: 1520 moh. – 0,3 km2 Grønstorrgrovtjønn: 1515 moh. – 0,2 km2 Avstand: 11 km stig/terreng, 615 m stigning – 4 timar Køyr Rv.15 frå Bismo og 10 km vestover. 250 meter før Dønfoss tar Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg. Køyr 9 km til Tundradalssetra og parker. Gå over Tundra på bru til vestsida og følg stigen innover til Grønstorrbu. Grønstorrbu er 20 m 2, og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Haukberghytta til Skjåk jeger og fisk ligg ein knapp times tur innafor Grønstorrbu og under Haukberget. Hytta står open. Det er ikkje naturleg rekruttering. Det blir sett ut fisk i tjønnene. Det Vestre Storgrovtjønn er størst og egner seg best for fiske. Grønstorrgrovtjønn og Austre Storgrovtjønn er grunnare. Alle tre tjønnene egnar seg for stongfiske. Det er fleire vatn innover med fisk: Kollungstjønn, Storsteintjønn og Skauttjønnene. 36


29

Lundadalsvatnet

osen på lundadalsvatnet

foto:morten kielland

Lundadalsvatnet: 1149 moh. – 1,8 km2 Skjøli: 1070–1149 moh. – lengde 8 km Avstand: 12,5 km stig og 379 m stigning – 3,5 timar Køyr Rv.15 mot aust frå Bismo og ta fylkesvegen mot Lundegrendi etter 3,5 km. Køyr fylkesvegen og ta Lundadalsvegen til venstre etter 2,1 km. Følg Lundadalsvegen 6,6 km til Lundadalssætre og parker. Bomveg. Følg DNT-rute og god umerka stig til vatnet. Skjåk Almenning har utleige av Sauhytta og båt med garn på Lundadalsvatnet. Hytta er 21 m2, og har 4–5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom. Det er 3,5 km god stig til Lundadalsvatnet. M.H. Forberg har setrer på Heimste og Ytste Lun­ dadalssætre til utleige. Lundadalsvatnet er 5 km langt og smalt. Vatnet og elva fører mykje breslam i varmt vær. Det blir sett ut fisk av og til for å supplere varierande naturleg rekruttering i Lundadalsvatnet. Middels god vekst. I Skjøli er fiskebestanden best i dei øvre delar. Utløpsosen på Lundadalsvatnet er kjent for å gje bra fangstar på stong. Det er vanleg å få aure på 2–300 gram, og fisk på halvkiloen er ikkje sjeldan. Det er fine fiskeplassar ved Salhusøyene og elles i elva Skjøli når denne ikkje er flaumstor. Det vert fiska med garn i Lundadalsvatnet. Oterfiske kan også ta gode fangstar. Du kan bruke motorbåt etter søknad til vernemynde i god tid. 37


ottaelva i skj책k

Ottaelva ved Bokkoddbrua

38

foto: morten kielland


30. Ottaelva Lom-Marlo 31. Ottaelva Marlo-Dønfoss 32. Heggebottvatnet med Heggjeåsaga 33. Pollvatnet med Pollfoss Hotell 34. Grotlivatnet med Grotli Hotell 35. Breiddalsvatnet med Lægerhytta 36. Lægervatnet med Lægerhytta

39


30

Ottaelva Lom – Marlo

flugufiske på skim

foto: birgit bilstad

Ottaelva: 364 moh. – lengde 6 km Avstand: 8 km i bil – 10 min Køyr Rv.15 Frå Bismo mot aust 6,8 km til Åndstad, og Fv483 til brua over Ottaelva. På sørsida av elva går ein grusveg 1 km langs elva. Området er ein utviding av Ottaelva mellom Marlosbrua og Tronoddbrua i Lom. Du kan fiske på 6 km strekning til grense mot Lom på fiskekort for Skjåk. Vatnet aust for Risheimsøya heiter Skim. Det er fine områder for fiske på nedsida av dei vestre øyene og langs Ramstadstrond. Fiske er best ved låg vasstand i april-juni og seint på hausten. Fisken står ofte i djupåra. Området egnar seg for stongfiske. Fine områder for flugefiske. Området er grunt med ei djupåre. Det er kjent for å ha godt fiske i vestenda. I flom er det godt fiske ved bekkeutløp der vatnet er klart. Ved låg vasstand, kan ein ofte sjå fisken i vatnet. Det gjer fisket spanande. Det vandrar mykje stor aure mellom Skim og Ottaelva, og nokre av desse er 1–1,5 kg. Det er også mykje harr på denne strekninga, og gode høve for å få harr på over 40 cm. Du kan bruke motorbåt på vatnet. Vi oppfordrar fiskarar til å vere varsame med å ta ut mange store aurar.

40


31

Ottaelva Marlo – Dønfoss

markfiskar i ottaelva

foto: morten kielland

Ottaelva: 364–440 moh. – lengde 24 km Det går vegar på begge sidene av Ottaelva mellom Marlo og Dønfoss. Ottaelva renn 71 km gjennom Skjåk frå Djupvatnet ved Geirangervegen til Skim. Nedbørsfeltet er dobbelt så stort som for Gudbrandsdalslågen, slik at vasstanden kan endre seg kraftig på kort tid. Vatnet kjem frå Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar i Skjåk. Breslam frå dei store breane i Breheimen fargar vatnet turkis. Aure og harr. Harren går sjeldan forbi Ofossen. Det er lettast å få stor aure tidleg på året i april og mai, og ved Marlo når aure går på gytevandring oppover elva utover hausten. Det kan også vere godt fiske ved midtsommar ved låg vasstand. Elva egnar seg for stongfiske med sluk, spinner, fluge eller mark. Midtiberget i Ofossen er ein god stad for flugefiske. Det same gjeld ovanfor Ofossen der elva renn roleg. Harsheimhølen var tidlegare kjent som den beste fiskeplassen i elva. Ved Bokkodden ligg ein stor fin høl nedanfor brua. Ovanfor brua renn eit interessant sideløp ved passeleg vassføring. Søtilhølen ved Nordberg Kyrkje er ein fin høl.

41


32

Heggebottvatnet

heggebottvatnet ved fosstugubrua

foto: morten kielland

Heggebottvatnet: 576 moh. – 0,5 km2 Avstand: 14,5 km i bil frå Bismo – 15 min. Køyr Rv.15 til Heggebottdammen 4,5 km vest for Dønfoss. Parker ved dammen. Skjåk Almenning har utleige av Heggjeåsaga og båt på Heggebottvatnet. Hytta er ca. 25 m² og har 6 sengeplassar. Skilt opphaldsrom, kjøkken og soverom. Hytta ligg ved Rv.15 på nordsida av vatnet. Etter utbygging av Øyberget kraftverk i 2005, er vasstanden auka med 4 m, med mindre endringar over døgnet. Heggebottvatnet har same høgde som Fredriksvatn ved fullt magasin. Fredriksvatn er ei utviding av elva frå Fosstugubrua til Pollvatnet. Vatnet er ei utviding av Ottaelva og grunt, med unnatak for øvre del. Heggebottvatnet er prega av sterk gjennomstrøyming av Ottaelva og kaldt brepåvirka vatn. Vatnet er næringsfattig, og vegetasjonen er furuskog. Fiskebestanden var småvaksen men middels tett og med god kondisjon i prøvefiske 2003. Det har vore godt fiske med betre fiskestorleik etter at vatnet ble kraftmagasin. Området Heggebottvatnet-Pollvatnet har sportsfiskesone med særskilte regler. Du er mest uforstyrra viss du fisker langs sørsida av vatnet.

42


33

Pollvatnet

pollvatnet

foto: morten kielland

Pollvatnet: 570 moh. – 1,1 km2 Avstand: 23 km i bil frå Bismo – 20 min Køyr av Rv.15 til venstre rett før Pollfoss mot Fram­ ruste. Køyr 0,7 km og parker. Du kan også parkere langs Rv.15, køyre ned på Pollodden ved Pollmoen eller køyre rundt vatnet til Pollsæter. Skjåk Almenning har ein gapahuk på Pollodden. Pollvatnet minner om ei stille elv som renn gjennom eit delta. Det er breslammet frå Breheimen som gjennom åra har fylt opp Pollvatnet og forma det til eit vatn med mange kanalar og ein poll. Lausmassetransporten er stor, og breslammet fargar vatnet turkis. Det er sportsfiskesone i vatnet med særskilte regler. Botnen er jamn på grunn av lausmassetransporten av grus, sand og breslam. Når det ikkje er flom renn elva stille gjennom området. Det er fin sand- og grusbotn for vading. Auren er ikkje særleg raud i kjøtet i brefarga vatn. Fisken er ljos i skinnet og mønsteret er utydeleg når han står over ljos elvebotn eller symjar fritt i slikt vatn. Næringa til fisken er insekt og insektlarvar. Du bør fiske frå Pollfossen og rundt Pollodden. Dette stykket av elva er 1,4 km og elva renn stille i eit breitt løp. Det er også bra fiske der Framruste og Glitra renn ut i Ottaelva, eller på Polløya.

43


34

Grotlivatnet

fiskefangst nedanfor grotlivatn

foto: per olav haugen

Grotlivatnet: 863 moh. – 0,7 km2 Avstand: 1,3 km stig og 42 m nedover – 15 min Køyr Rv.15 til Grotli og parker. Gå over Rv.15 og følg merka stig ned til båtplass ved Grotlivatnet. Det står ein gapahuk ved båtplassen. Skjåk Almenning leiger ut båten som ligg på båtplassen. Grotlivatn er prega av sterk gjennomstrøyming av Ottaelva og kaldt brepåvirka vatn frå Måråi. Vatnet er næringsfattig, og vegetasjonen er bjørkeskog. Fisken er småvaksen, men fiskebestanden er middels tett og med god kondisjon. Etter overføring av Breiddalsvatnet til Rauddalen i 2008, er vassmengda og gyting redusert. Ottaelva mellom Grotlivatn og Heimdalsvatn er svært fiskerik av mindre aure. Elva har dobbelt løp og fine kulpar. Dette er ein flott plass for barn med fiskestong. Der er ofte godt fiske ved utløpet av vatnet. Det blir fiska med garn og oter frå båt, og stong i vatnet og elva ned til Heimdalsvatn.

44


35

Breiddalsvatnet

garnfiske på breiddalsvatnet

skjåk almenning

Breiddalsvatnet: 900 moh. – 6,9 km2 Avstand: 37,5 km i bil frå Bismo – 40 min Køyr Rv.15 og parker ved Grotli, langs Rv.15 eller du kan leige Lægerhytta. Skjåk Almenning har utleige av Lægerhytta og båt med garn på Nedre Lægervatn. Hytta har to soverom med 8 senger, og er aktuell for barnefamiliar. Skjåk Almenning har båt til leige på Breiddalsvatnet. Breiddalsvatnet er magasin for Framruste kraftverk med reguleringshøgde 13 m. Tidleg på året er det stor strandsone med steingrunn. Vatnet når relativt tidleg naturleg vasstand. Vegetasjonen er prega av bjørk og dvergbjørk. Største målte djup er 45 m. Det er slake strandsoner, med unntak av sørveste del. Vatnet har ein middels stor fiskebestand. Fisken er raud i kjøtet. Det er linsekreps i vatnet. På sørsida av vatnet, har Skjåk Almenning bygd ein gapahuk, der du kan kvile eller lage til fisken din. Breiddalsvatnet er eit garnfiskevatn. Men det er eit godt vatn for sportsfiske på ettersommaren og spesielt etter varme periodar. Du kan bruke motorbåt på Breiddalsvatnet.

45


36

lægervatnet

breiddalen med lægerhytta

foto: birgit bilstad

Søre Lægervatnet: 919 moh. – 0,4 km2 Nørdre Lægervatnet: 922 moh. – 0,3 km2 Istjønn: 1266 moh. – 0,2 km2 Oppljostjønn: 1166 moh. – 0,1 km2 Avstand: 48,2 km i bil frå Bismo – 50 min Køyr Rv.15 til Grotli og 10,0 km vidare. Ta av stikkveg til høgre opp på gamle Geirangervegen og følg denne 0,5 km mot vest til Lægerhytta. Skjåk Almenning har utleige av Lægerhytta og båt med garn på Søre Lægervatn. Hytta har to soverom med åtte senger, og er aktuell for barnefamiliar. Vatna har lite vegetasjon kring seg. Det er ikkje naturleg rekruttering av fisk på Istjønn og Oppljostjønn. Det blir fiska med stong, oter og garn på Søre og Nørdre Lægervatn, og for det meste stong og oter på Istjønn og Oppljostjønn. Nørdre og Søre Lægervatn passar godt for barne­ familiar, fordi det er mykje små fisk. Det er best fiske på Nørdre Lægervatn. På Istjønn og Oppljostjønn opp mot Langevassegga, er fisken frå 0,2 kg og oppover.

46


skjåk almenning

Med eit fiskekort kan du fiske i over 200 vatn og 250 km elv i Skjåk. Skjåk Almenning er den største private eigedomen i landet og utgjer 95 % av arealet i Skjåk kommune. Det er aure i fjellvatna, med unntak av Røyetjønn på grensa mot Lesja, der det er røye. I Ottavassdraget er det også harr i nedre del. Skjåk har lange tradisjonar for fiskekultivering, og det er sett ut aure i dei fleste vatn opp til 1650 moh. Det er lite eller ingen naturleg rekruttering i mange av fjellvatna våre, og derfor vert det kvart år vert det sett ut fleire tusen fiskeyngel. Fiskeperiode Mange av vatna ligg så høgt at den isfrie perioden berre varar nokre veker. Den beste perioden for høgfjellsfiske er derfor i juli og august. Lenger ned i dalbotn er det vanlegvis bra fiske allereie i april–mai. Det er forbod mot å bruke levande eller daud fisk som agn på grunn av faren for å spreie ørekyte og andre artar.

aure

foto: skjåk almenning

47


Breheimen nasjonalpark

tundra

foto: morten b. stensaker

Her tilrår vi nokre av dei finaste lengre fisketurane i Breheimen nasjonalpark i Skjåk. Helgetur i Tundradalen Tundra i Tundradalen er flott for stong og flugefiske. Elva blir betre jo lenger innover du kjem! Du kan leige Skjåk Almenning si Grønstorrbu. Går du opp vest for Grønstorrbu, kjem du til Storgrovtjønn. Det ligg fleire interessante vatn innover fjellplatået. Helgetur i Lundadalen Med utgangspunkt i Sauhytta i Lundadalen, kan du fiske i elva og Lundadalsvatnet. Skjøli i Lundadalen er ei fin fiskeelv etter du kjem opp på Yste Reset og innover til Lundadalsvatnet. Lundadalsvatnet har eit særs godt fiske i utløpsosen og i indre delar av vatnet.


Reinheimen nasjonalpark

vestre dørtjønn

foto: morten b. stensaker

Her tilrår vi nokre av dei finaste lengre fisketurane i Reinheimen nasjonalpark i Skjåk. Helgetur nord for Aursjoen Med utgangspunkt frå Sveinbu i indre Lordalen, kan fiske deg rundt ei av dei finaste rutene i Skjåkfjellet. Vi tilrår at du tek ein rundtur på nokre av desse vatna: Meborotjønn, Røyetjønn, Bobergtjønn, Såvarhaugtjønn, Åflottjønn, Mjølakolotjønn og Kroketetjønn. Det er fin fisk i området. Rundtur aust for Torsvatnet Flott område for ein lengre fisketur på 3–5 dagar i høgfjellsterreng. Du kan leige Tverråhytta, Storvassbue eller Skarvedalshytta. Vi tilrår at du legg inn nokre av desse vatna på turen: elva Spongi, Flatvatnet, Bollvatnet, Dørtjønnen og Spongvatna. Viss du går mot Skarvedalen, kan du fiske i Langvatnet i Langevasslågån, Blåbergtjønn, Rognbergtjønn og mindre vatn i Skarvedalen. Snittvekt på fisken er 300–800 g.

49


Fjellfiske med garn, oter og stong

flugefiske pollvatnet

skjåk almenning

Skjåk Almenning er grunneigar og sel fiskekort som gjeld for over 200 vatn og 250 km elv. Fiskekortet gjeld også private elvestrekningar i Skjåk. Du kan fiske med garn, oter og stong. Du fiskar gratis med stong i Skjåk opp til 20 års alder. Kjøp fiskekort Skjåk Almenning i Bismo: 61 21 39 00 Opningstid: 08.00–15.30 på kvardagar E-post: firmapost@skjak-almenning.no Nettside: www.skjak-almenning.no • • • • • • • • • • • • • • • • • • •

Internett: www.inatur.no Mobil og kredittkort: www.inatur.no Skjåk samvirkelag Skjåk Turistheim i Bismo Statoil Bismo Lien sykkel og sport i Bismo Skjåk turistinformasjon i Bismo Furuly Camping ved Dønfoss Bruvoll Coop på Dønfoss Dønfoss camping Sota Sæter Kiosk Heggebottvatn Pollfoss Gjestehus Skjåk Sæter på Nysetra Øyberg sæter på Nysetra Grotli hotell Skjåk hytteservice på Grotli Fjell og Fritid i Lom Sport 1 i Lom 50


Skjåk Almenning hytter

sauhytta i lundadalen

foto: morten kielland

Skjåk Almenning har 13 enkle buer i fjellet, og 3 hytter i dalane nær vassdrag og bilveg. I villreinjakta frå 20. august og 3 veker, er hyttene prioritert for jegerar. På mange vatn er det båt. Du kan leige buer, hytter og båt med garn. Dei fleste buene er av nyare dato, og med enkel standard. Standard utstyr er vedomn med tørkerist, 3-bluss gassapparat, dekkety og bestikk, kjele­sett og vaskeutstyr. Dei fleste buene har 5 soveplassar. Leige hytte • Skjåk Almenning i Bismo 61 21 39 00 • Internett: www.inatur.no og søk på Skjåk Buer i fjellet Frå Aursjoen: Storhøhytta, Aursjobu, Sveinbu Frå Billingen: Skarvedalsbu, Storvassbu, Tverråhytta Frå Hamsevika: Grønvassbu, Kvitberghytta Frå Pollfoss: Glitterbu og Rauddalsbu Frå Sota: Sottjønnbu Frå Dønfoss: Grønstorrbu i Tundradalen Frå Skjåk: Sauhytta i Lundadalen Hytter i dalane Heggjeåsaga i Billingsdalen Liabu ved Sota Legerhytta i Breiddalen

51


Fiskereiskap

oter

Garnfiske i Skjåk Almenning Også utanbygds kan fiske med garn i Skjåk Almenning. Ver nøye med å sette deg inn i reglar for antall garn og maskevidder for dei ulike vatna. Du kan fiske med oter i alle vatn og elver i Skjåk Fjellvatn med lite stein og lite bukter og odder, er best egna. I juli når insekta vaknar i fjellet, tek flugefisket seg kraftig opp. Viss du kan gå langs land utan å lage for mykje lyd, og det er oterbris, aukar sjansa for fisk. Oterbris er svak vind som lager små, tette bølgar. Stong Ofte er det beste fisket etter auren like etter isgang. Og da er mark, sluk eller wobler best. Oterbris er som skapt for fiske med dupp og markkrok. Spinnar- og fluge­ fisket tek over utover sommaren. Ved plutselig værskifte, særlig etter lang tid med stabilt vær, kan auren verte heilt vill. Slukfiske etter aure over halvkiloen er ofte best med litt vind på overflata. Det er ofte best med større sluker på over 10 gram i større vatn. Når det er stille og i mindre vatn og i elv, er det betre å bruke lettare reiskap. Verkeleg stor aure kan du ofte ta med sildeliknande slukar som Stingsilda, Møresilda eller wobler. Prøv sluk i forskjellig storleik. Aura Flake var kåra til beste sluk i 2011 i Villmarksliv for fiske etter aure. Deretter kom Møreungen kobbar/grøn/raud og Sølvkrokens spesial blank m/røde prikkar.

52


Spinnarar er gode aurefangerar. Fisker du i vatn som har mykje små aure eller aure under 0,3 kg, bør du velje spinnar framfor sluk. Vibrax Hot Pepper vart kåra til beste spinnar i 2012 i Villmarksliv for fiske etter aure. Deretter kom Mepps Aglia. Kobber ser ut til å vere sikrast, særleg saman med raude prikker. Flugefiske I Ottaelva er det ein rik insektfauna noko som gjev grunnlag for eit godt imitasjonsfiske. Vårfluger dominerer dietten til aure i mange av vatna som Ottaelva renn gjennom. På vårparten, oftast i april kan det i området Pollvatnet-Heggjebottvatnet vere gode klekkingar av steinfluger og ein del vakaktivitet. I periodar med mykje kaldt smeltevatn finn auren det meste av næringa langs botn. Da kan du med fordel bruke fortynga fluger og synkeline for å kome ned til fisken. Vatnet har mykje oppløyste partiklar og synsrekkevidda til fisken blir tilsvarande redusert. I desse periodane kan streamere og større nymfer fungere bra. I periodar med varmare vær er det insektklekking, og auren blir enklare å finne høgare i vatnet. Utover i siste del av juni og juli er det normalt klekkingar av døgnfluger. I denne perioden kan ein ha godt tørr­ flugefiske i Ottaelva. Når det er lite brevatn vår og haust er Ottaelva glasklar og kan by på godt visuelt fiske med tørrfluger og nymfer. Du bør velje utstyr som taklar ein del vind om du legg turen til fjells. Tilsvarande kan det vera greitt med ei litt kraftigare stang i delar av Ottaelva om det er stor vassføring og mykje strøm.

53


Informasjon

telefon

Skjåk Turistinformasjon

468 29 564

Lom Turistinformasjon

61 21 29 90

Skjåk Almenning

61 21 39 00

Reiseliv

telefon

fiske

Gjeilo camping

61 21 30 32

Kanoutleige

Storøya camping

47 26 16 72

Kano

Lom og Skjåk Adventure

47 26 16 72

Kano

Bispen camping

61 21 31 40

Skjåk Turistheim

61 21 40 24

Skeid kro

61 21 43 33

Nigard Flækøy

61 02 28 11

Furuly camping

61 21 47 43

Dønfoss camping

61 21 48 98

Pollfoss Hotell

61 21 47 00

Skjåk Sæter

41 10 18 78

Øyberg Sæter

41 10 18 78

Grotli Høgfjellshotell

61 21 74 74

Sota Sæter

47 81 59 77

Skjåk Almenning

61 21 39 00

Magne Håvard Forberg

48 08 61 04

Skjåk Jeger og Fisk

46 92 98 02

Båtutleige

Båtutleige Båt, garn Båt, garn

Service

telefon

Brann

110

Politi

112

Sjukebil

113

Lege

61 21 71 00

Skjåk kommune

Bank, veksling

61 21 90 00

Sparebank 1 Lom og Skjåk

Bensin

61 21 41 53

Statoil Bismo

Bensin

61 21 48 99

Statoil Nordberg

Bilverkstad

61 21 36 70

Skjåk Bil

Bilverkstad

61 21 44 00

Bismo Bilverksted

54

NAMN


internett

stad Bøstugu i Bismo

www.visitjotunheimen.com

Norsk Fjellmuseum i Lom

www.skjak-almenning.no

Bismo

internett

Overnatting servering

www.gjeilocamping.piczo.com

Hytte/camping

www.storoya.com

Hytte/camping

www.lsadventure.no

Hytte/camping

www.bispencamping.no

Hytte/camping

www.skeidkro.no

Hytte/rom/camp-servering

www.skeidkro.no

Servering

www.nigardflakoy.blogspot.no

Hytte

www.furulycamp.no

Hytte/camping

www.donfosscamping.no

Hytte/camping

www.pollfoss.com

Rom-servering

www.skjaaksaeter.no

Hytte/rom/camp-servering

www.kortlink.no/4L7

Hytte/rom/camp-servering

www.grotli.no

Rom-servering

www.sotaseter.turistforeningen.no

Hytte/rom-servering

www.skjak-almenning.no

Hytter i fjellet

www.lundadalen.no

Setrer i Lundadalen Buer i fjellet

fiskeutstyr

stad

Lien Sykkel og Sport

Bismo

Sport 1 Lom

Lom

Fjell og fritid

Lom

Flugefiske pĂĽ Skim foto: per dagsgard

55


Nyttig informasjon Fiskekort: www.inatur.no

Hytteleige: www.inatur.no – søk på Skjåk Skjåk Almenning: www.skjak-almenning.no DNT: www.ut.no På tur i Skjåk: www.iskjak.no Turistinformasjon 61 21 29 90 Skjåk Almenning 61 21 39 00

glittervatnet 56


Nasjonalparkriket er Dovrefjell, Rondane, Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Reinheimen og Breheimen ligg i Skjåk.

Vis omsyn Villreinen er sårbar for naturinngrep og uro. Sjå på reinen på avstand, og trekk deg bort etterpå. Ta omsyn til vindretninga, slik at reinen ikkje får lukta av deg! Det er mykje husdyr på beite. Hugs å late att grindene.Ta omsyn til dyr og fug­lar i hekkeog yngletida. Du kan ikkje tenne bål i nærleiken av skog på barmark.

Skjåk kommune

57


Breheimen nasjonalpark Breheimen ligg i Skjåk, Lom og Luster. Grotli, Sota, Tundradalen og Lundadalen er inngangsportar til fine fisketurar. Fleire vatn og vassdrag i Breheimen har godt aurefiske. Skjåk Almenning driv fiskekultivering. Det er tydelege og ofte merka stigar inn til vatna. Skjåk Almenning og dnt har hytter i fjellet.

tundra

foto: morten b. stensaker

Reinheimen nasjonalpark Reinheimen ligg i Skjåk, Lesja, Norddal, Rauma, Lom og Vågå. Billingen og Aursjoen er inngangsportar til fine fisketurar. Det er grov fisk i høgtliggande vatn i Reinheimen, særleg i grenseområda mellom Skjåk og Lesja. Det er tydelege og ofte merka stigar inn til vatna. Skjåk Almenning og DNT har hytter i fjellet.

leirungsvatnet

foto: aud hove

På fisketur i Skjåk  

Beskriver 36 fisketurer i Skjåk.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you