Page 1

p책 tur i skj책k outdoor excursions in skj책k 2012 utg책ve


www.isjåk.no

Les på www.iskjåk.no og finn fleire stigar og perlar frå kultur, natur og fiske i Skjåk Du kan skrive ut kart og gps-koordinatar frå nettsidene.

Last ned Visit Norway App frå App Store og finn turane på din smartmobil.

Skjåk kommune


merka stigar - skjük almenning hytter, 


dnt hytter og reiseliv i skj책k


FOTTUR, SKI og SYKKEL Bismo

4

Skjåk 18 Dønfoss og Pollfoss

28

Sykkel Pollfoss-Sota

44

Grotli 46 Sota 56 Skiløyper 64

www.isjåk.no

Finn fleire stigar i Skjåk på internett, eller med Visit Norway App frå App Store.

inn i skeidsholet

Trykk og innbinding: AIT Otta AS

Design: Hilde Gran Kielland

Foto: Per Bakken, Morten Kielland, Steffen Kjønnås, Kristin Gran Kielland


God tur i Skjåk Store delar av nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen ligg innanfor grensene til Skjåk. Skjåk er den største nasjonalparkkommunen i Noreg. Spennet i Skjåknaturen er stort innanfor stutte avstandar. I aust og nord dominerer dei rolege fjellformasjonane, i vest og sør dei meir alpine formasjonane. Vassdragsnaturen varierar frå ville fossestryk til rolege vatn og elvar. Velkomen som brukar av Skjåk naturen – for å gå turar og finne perlene! Skjåk is the largest national park municipality in Norway. We are the host of Reinheimen and Breheimen National parks. In the east and north the highland plains dominate, and in the west and south the alpine formations. You will find wild rapids and waterfalls, and calm lakes and rivers. Welcome to Skjåk – to go trips and explore the nature!

rolv kristen øygard, ordførar i skjåk kommune

2


vis omsyn Villreinen er sårbar for naturinngrep og uro. Sjå på reinen på avstand, og trekk deg bort etterpå. Ta omsyn til vindretninga, slik at reinen ikkje får lukta av deg! Det er mykje husdyr på beite. Hugs å late att grindene. Ta omsyn til dyr og fuglar i hekke- og yngle­ tida. Du kan ikkje tenne bål i nærleiken av skog på barmark.

In Norway everybody has freedom to roam on uncultivated land. You are permitted to walk freely and go skiing, picnic and stay the night, ride or bike on trails, swimming, canoeing, rowing, pick berries and mushrooms for your own consumption. Show respect to the reindeer. Be careful and keep distance to the animals. Take the wind direction into account so that the reindeer do not get the smell of you. In summertime there are a lot of sheep and cows grazing. Please remember to close the gates. Be careful not to disturb wild animals and birds during the breeding and nesting season. Open fire is prohibited in forested areas in summer.

3


bismo

1. 2. 3. 4. 5. 6.

7. Torvaldvegen 8. Tverrfjellet 9. Veslesetra – Aursjotjønn 10. Vikhø – Einingstjønn 11. Vikhø – Flåtåtjønn 12. Ståkåhø

Aura Bismorunda Bispberget via Skåret Flækøyhø Gamal-Hansvegen Skamsarkampen 4


5


1

aura

aura

Køyr Rv15 austover 3,2 km frå Bismo og ta Fv483, Solsidevegen, til venstre. Køyr 1,8 km og parker ved brua over Aura. Stigen startar like aust for brua over Aura. Følg merka stig langs Aura forbi det gamle kraftverket og vidare opp skogen. Aura er mykje nytta til juving. Nær tregrensa kjem du til «Treet» på 950 moh. Her kan du skrive deg inn i skryteboka. 200 m ovanfor treet, skal du gå raudmerka stig ned mot Spildra og passere den. I tregrensa går det ein umerka stig ned til ei nedlagt seter på Bakkeåsen. Når du er oppe på snaufjellet, er det lett stig fram til Aursjodammen. Dersom du følgjer Aursjovegen 1,5 km vestover, kan du gå om Einingstjønn til Bismo. Det går også ein nedlagt DNT-stig nordover til Lordalen i Lesja. Turn off the Rv15 at 3,2 km east of Bismo. Drive 1,8 km and park by the road after passing the bridge over Aura. The path goes up along the river of Aura, to the lake Aursjoen. You can continue and go 1,5 km west on the road and follow the signs to Einingstjønn, Bispberget and down to Bismo. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 465840 6861877 6,5 km 2,5 timar 416 moh 682 m 6


2

bismorunda

ottaelva går i stor boge rundt bismo

Parker i Bismo. Det står fleire skilt langs Rv15 i Bismo med Bismorunda. Dersom du startar frå Statoil, kan du gå sørover på gangvegen langs riksvegen i Bismo, forbi Skjåk Turistheim og Mogard Gjestgiveri og fram til avkøyring for Bispevegen mot sør. Gå inn gjennom porten til Bispen camping og følg dei raude merka langs Ottaelva. Du kjem opp att på Rv15 vest for Bismo. Gå gjerne innom turistinformasjonen for meir infor­ masjon. Du kan gå turen i vanlege klede og gjerne som ein kveldstur. Turen er også mykje brukt som joggeløype. You can park in Bismo. Follow the signs along Rv15 and red marks for the path down in the woods and along Otta River. The path is a circular trail. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 461426 6861487 4,6 km 1 time 403 moh 4m

7


3

bispberget via skåret

skåret

Køyr Rv15 austover 2,2 km frå Bismo og over Ofossbrua mot sør. Parker ved Ofossen mølle. Start frå Ofossen Mølle og gå over Ofossbrua og Rv15. Stigen startar med skilt i gardsvegen til Hole. Følg raude merke langs gjerdet på Sygard Forberg, opp skogen og over steinura til du kjem oppunder berget. Her tek stigen mot venstre opp Skåret. Skåret er ei bratt og brei hylle innunder berget. Stigen kan opplevast som luftig. Etter netter med kulde, særleg tidleg vår, kan det vere fare for frostsprenging i berget. I stigdelet for Bispberget/Forbergsdammen, følgjer du stigen mot vest utover Bispberget. Her er det lett å gå. Fin utsikt over Skjåk og Nordberg, Lomsegga og Hestbrepiggane. Du kan gå 3,3 km ned merka stig til Bismo gjennom Skeidsholet. Turn off the Rv15 at 2,2 km east of Bismo and park at the Ofossen Mølle. Go back over the bridge and road, and up the path along the fence and steep trail up to the cliffs. The trail through Skåret is breathtaking and exposed to falling rocks in early spring. Take the path to the west to Bispberget at the sign. You can walk down the marked path to Bismo through Skeidsholet. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 463548 6861320 3,3 km 2 timar 400 moh 652 m

8


4

flækøyhø

varden på flækøyhø med god utsikt mot bygda

Køyr Fylkesveg Rv15 vestover 2,7 km frå Bismo. På sørsida av riksvegen er det parkeringsplass ved skytebana. Stigen følgjer ein skogsveg mot søraust i 400 m. Så går stigen bratt oppover skogen, og frå 700 moh etter ein rygg i terrenget til skryteboka på 950 moh. Du går inn i Breheimen nasjonalpark ved ein varde på 1099 moh. Motbakkeløpet FlækøyhøUPP har målgang ved varden. På 1200 moh går du over ei vassveit. Du kan sjå vass­ delet 50 m lenger framme. Vassveitene gjev vatningsvatn for fleire gardar i Nordberg. Siste del fram til varden på Flækøyhø går ut mot dalen i lett terreng. Her møter du framifrå utsikt over Bismo og Skjåk. Turn off the Rv15 to the left at 2,7 km west of Bismo. You can park in the parking area for the shooting trail. Follow the forestry road for 400 m, and the path to Flækøyhø. The path is partly steep. You will enter the Breheimen national park. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 459262 6862849 3,1 km 2 timar 420 moh 794 m

9


5

gamal-hansvegen

ein vasspost langs gamal-hansvegen

Parker ved Skjåk Kjøpesenter i Bismo. Gå frå vestsida av Skjåk Kjøpesenter i Bismo over Rv15 og følg bustadvegen 300 m til enden. Stigstart er skilta her. Med bil kan du parkere i enden på vegen. Stigen går bratt opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen om lag 500 m mot vest til Fjuken. Her renn Fjuken i grunnen med unntak av to veker om våren. Etter 150 m stig og 600 m skogsveg, går du opp ein skogsveg 400 m til stigdelet Vikhø /Bispeberget. Her startar Gamal-Hansvegen som var den gamle ferdselsvegen frå Bismo og innpå fjellet til Aursjoen. I tregrensa mot fjellet på 970 moh, står ei postkasse med ei bok som du kan skrive deg inn i. Gå stigen vidare mot Vikhø. Det er lett terreng over Hyrvehammaren der du ser røyrgata, og opp til Vikhø ved Aursjovegen. Ved Vikhø startar Kulturstigen til Flåtåtjønn. You can park at the west side of Skjåk Shopping center in Bismo. Cross the Rv15 and follow the local road 300 m to the end. The path goes steeply up to a forestry road. Keep the forestry road about 500 m, a path and another forestry road 600 m. Turn off to the right and follow the forestry road to the end where the path named GamalHansvegen starts. You will pass a mailbox with a book near the tree line. Walk on to Vikhø. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 461318 6861982 5,2 km 3 timar 416 moh 724 m 10


6

skamsarkampen

varden på skamsarkampen

Parker ved Skjåk Kjøpesenter i Bismo. Gå frå vestsida av Skjåk Kjøpesenter i Bismo over Rv15 og følg bustadvegen 300 m til enden. Stigstart er skilta her. Med bil kan du parkere i enden på vegen. Stigen går bratt opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen om lag 500 m mot vest til Fjuken. Her renn Fjuken i grunnen med unntak av to veker om våren. Etter 150 m stig og 600 m skogsveg, går du opp ein skogsveg 400 m til stigdelet Vikhø /Bispeberget. Stigen går austover og bratt oppover til Skeidsholet og vidare opp på Bispberget. Stigen går over Bispberget og inn dalen der Fjuken renn frå Forbergtjønn. Du går over dammen for øvste Forbergtjønn og opp siste kneika til Skamsarkampen på 1362 moh. Fjuken og dammane du går langs, er fjelldelen av eit stort vatningssystem for Forbergsgardane på austsida av Bispberget og tidlegare for Skei vest for Bispberget. You can park at the west side of Skjåk Shopping center in Bismo. Cross the Rv15 and follow the local road 300 m to the end. The path goes steeply up to a forestry road. Keep the forestry road about 500 m, a path and another forestry road 600 m. Turn off to the right and follow the forestry road to the end where the path to Bispberget and Skamsarkampen starts. You will pass Bispberget, Forbergsdammen and follow the stream Fjuken to its source, and up to the top. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 461318 6861982 6,4 km 4 timar 416 moh 946 m 11


7

torvaldvegen

torvaldvegen er mura opp i det bratte terrenget

Parker ved Skjåk Kjøpesenter i Bismo. Gå frå vestsida av Skjåk Kjøpesenter i Bismo over Rv15 og følg bustadvegen 300 m til enden. Stigstart er skilta. Du kan også parkere her. Stigen går bratt opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen om lag 500 m mot vest til Fjuken. Her renn Fjuken i grunnen med unntak av to veker om våren. Følg stigen og skogsvegen forbi den nedlagde Harsheimlia etter 1,8 km. Torvaldvegen tek av bratt oppover lia mot nord etter 2,4 km. Torvaldvegen er ein veg som vart bygd i mellom­ krigstida på sysselsetting for å få ned tømmer frå lia. Ved murane etter ei gamal steinbu, kan du finne trekol etter milebrenning for nokre generasjonar sidan. I tregrensa mot fjellet på 970 moh, står ei postkasse med ei bok som du kan skrive deg inn i. Du kan gå vidare til Vikhø eller ned Gamal-Hansvegen til Bismo. You can park at the west side of Skjåk Shopping center in Bismo. Cross the Rv15 and follow the local road 300 m to the end. The path goes steeply up to a forestry road. Keep the forestry road about 500 m, a path and another forestry road 1,9 km. Turn off to the right and follow the path to the signs at the tree line. Here you will find a mailbox with a book. You can return to Bismo along the Gamal-Hans trail. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 461318 6861982 5,7 km 3 timar 416 moh 724 m 12


8

ofossen-tverrfjellet

tverrfjellet med utsikt mot skjøli og ofossen

Køyr Rv15 austover 2,2 km frå Bismo og over Ofossbrua mot sør. Parker ved Ofossen mølle. Start frå Ofossen mølle og gå 100 m etter grendevegen til stigen startar oppover mot søraust. Stigen går 0,9 km over Lundahaugen og til Skjøli bru, der du kryssar Fylkesvegen og går 2,0 km på stig langs Skjøli. Her vil du sjå vassinntak for vassveiter langs elva. Like før Flatmoen grustak, kjem du inn på Lundadalsvegen som du følgjer 400 m. No går stigen bratt og rett opp lia til kanten på Tverrfjellet. Flatmoen er restar etter eit breelvdelta ut i Store Dalasjø. Vatnet var ein bredemt innsjø like etter siste istid, med strandline på 635 moh. Det går fleire stigar og dyretrakk innover fjellet og langs bekken Strikvilte. Vil du gå i terrenget, er det ein fin tur å gå til Flækøyhø. Turn off the Rv15 at 2,2 km east of Bismo and park at the Ofossen Mølle. Follow the road 100 m and turn southeast up the path. Follow the path 0,9 km to Skjøli Bridge and cross the road. Continue on the path along the river Skjøli 2,0 km, and keep the forestry road about 400 m. There the path goes steeply up to Tverrfjellet. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 463556 6861229 4,5 km 2 timar 396 moh 536 m

13


9 veslesetra-aursjotjønn

veslesetra med ei varmebu

Køyr Fv485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr inn Aursjovegen og følg den 300 m før du parkerer der stigen startar. Følg stigen opp gjennom furuskogen. Du passerer Aursjovegen etter 1,1 km og ein skogsveg etter 1,6 km. Etter 2 km er du på Veslesetra, der det er satt opp ei varme­bu. Stigen går opp lia og innover Vesleseterslågån og slakt nedover mot Aursjotjønn. Det er 4 km frå Veslesetra til Aursjotjønn. Frå Aursjotjønn kan du gå vidare innover tydelege, men umerka stig mot Aukarsvatnet 3,2 km, eller mot Sveinbu 8,2 km, øvst i Lordalen i Lesja. Attende mot Vikhø er det 2,4 km. Ved Vikhø kjem du inn på stig­nettet ved Aursjofjellet og ned mot Bismo. Turn off the Rv15 to Jøingsli at Skamsar bru, 1 km west of Bismo. Turn off the Fv485 to Aursjovegen, 5 km west of Bismo. Turn off from Aursjovegen after 300 m and park. Follow the path to Veslesetra and to Aursjotjønn. If you like, you can follow the red-marked path to Vikhø and Aursjovegen. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 457390 6863891 8,4 km 3,5 timar 436 moh 731 m

14


10 vikhø-einingstjønn

utsikt frå bispberget mot nordberg

Køyr Fv485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den opp på fjellet og 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parkeringsplass ved hytta på Vikhø. Stigen startar ved hytta til Skjåk Almenning på Vikhø og går over Hyrvehammaren og nedover i lett terreng til tregrensa med eit stigdele og ei postkasse. Her kan du skrive deg inn. Følg stigen mot Bispberget oppover Harsheimhammaren, over Hågåskaret og innunder Skamsarkampen. Ved Fjuken kjem du til eit stigdele der det går stig innover langs Fjuken og opp til Skamsarkampen. Like nedanfor kjem du til eit nytt stigdele ved Forbergsdammen, der du kan gå utover Bispberget og ned til Bismo. Følg stigen vidare mot Einingstjønn og Aursjoen. Heile vegen går du på kanten mot dalen med praktfull utsikt mot Hestbrepiggane og Lomsegga i sør. Du kan gå Aursjovegen 3,6 km attende til bilen på Vikhø. Turn off the Rv15 to Jøingsli at Skamsar bru, 1 km west of Bismo. Turn off the Fv485 to Aursjovegen, 5 km west of Bismo. Follow the gravel road 8,7 km to the top at Vikhø. You can park at the parking area to the right. Follow the path and signs down to the tree line, up towards Skamsarkampen, down to Forbergsdammen and to Einingstjønn and Aursjoen. Follow the gravel road 3,6 km back to Vikhø. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 459827 6866122 10,9 km 4 timar 1140 moh 245 m 15


11 kulturstig

flåtåtjønn

flåtåtjønnbue

Køyr Fv485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den opp på fjellet og 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parkeringsplass ved hytta på Vikhø. Dette er ein kulturstig som startar ved hytta til Skjåk Almenning på Vikhø og går austover. Aursjobu er ei sjølvbetjent hytte for overnatting. Nøkkel kan du låne hjå Skjåk Almenning. Langs stigen er det sett opp skilt som fortel om vassanlegg og vassveiter. Det er lett og fint terreng. Ta med deg fiskestong og prøv fisken på Flåtåtjønn. På attendeturen går du langs vassveita som gjev vatningsvatn til gardar i bygda. Ved Flåtåtjønn kan du ta av mot sør og følgje stig­nettet vidare til Bispberget, Forbergtjønn, Skamsarkampen og Einingstjønn. Du kan følgje stigen heilt ned til Bismo eller gå via Bispberget til Bismo. Turn off the Rv15 to Jøingsli at Skamsar bru, 1 km west of Bismo. Turn off the Fv485 to Aursjovegen, 5 km west of Bismo. Follow the gravel road 8,7 km to the top at Vikhø. You can park at the parking area to the right. Follow the path to Flåtåtjønn. The signs along the trail tell you about the use of water for irrigation in Skjåk. The path is a circular trail. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 459827 6866122 4,8 km 1,5 time 1140 moh 80 m 16


12 ståkåhø

ståkåhø med utsikt vestover mot øyberget

Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den 2,9 km og parker på ei lomme langs Aursjovegen. Gå over grøftebrua 100 meter før parkering. Da kjem du på stigen som går frå Hull til Veslesetra. Følg stigen, kryss ein skogsveg og gå opp til Veslesetra. Der kan du bruke varmestugu og skrive deg inn i skryteboka i kassa på veggen. Frå Veslesetra følger du stigen mot Aursjotjønn til om lag 100 meter over tregrensa. Her ser du skilt til Ståkåhø mot nordvest. Følg stigen opp til skiltet under Ståkåhø. Stigen går vidare innover i Reinheimen nasjonalpark omlag 1,3 km før den blir utydeleg. Stigen etter skiltet er berre varda, men god å gå. Ein ferdselsveg mot Vestlandet gjekk over Ståkåhø: Vollungsbru i Skjåk – Bismo – Harsheim – Veslesetra – Ståkåhømillom – Jøingsdalen – Heggebottflye – Karijordet – Stamåi – Kyrkjefjellet. Vidare gjekk vegen ned langs Føysa til Billingen. Turn off the Rv15 to Jøingsli at Skamsar bru, 1 km west of Bismo. Turn off the Fv485 to Aursjovegen, 5 km west of Bismo. Follow the gravel road 2,9 km and park along the road. Follow the path and signs to Veslesetra and to Ståkåhø. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 457582 6864687 3,2 km 1,5 timar 660 moh 490 m 17


skjåk

13. Skjåkstrond 14. Svarthammaren 15. Lendhytta 16. Åndhytta

17. Sandåhytta 18. Lendhytta-Sandåhytta 19. Kummehytta 20. Krossen

18


19


13

skjåkstrond

fin utsikt mot reppen frå skjåkstrond

Køyr Rv15 4,3 km austover frå Bismo og ta av til høgre og parker ved sandtaket der grendevegen til Dalom tek av. Gå opp ein tydeleg stig på høgre side av sandtaket. Skogen er gamal og med sjeldan mykje mose. Dette området har gamal mosegrodd furuskog med mange prestar som vi seier på skjåkmål. Prestar er ein eigen genetisk type furu som knapt finst andre stader enn i Skjåk med turt klima. Det rette namnet er Aurmofuru. Stigen går på oversida av gjerdet for trædet til Vigstad og vidare austover. Etter 2,1 km kjem du ut på ein hogstveg som er det høgaste punktet på stigen. Like før du skal ned mot Åndstad, kryssar du stigen til Åndhytta og bekken Ånda. Stigen går vidare ned gardsvegen til Rv15 og Åndstad. Turn off the Rv15 to the right at 4,3 km east of Bismo and park at the sand pit. Follow the path at the right side of the sand pit. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 465447 6860829 3,8 km 1 time 396 moh 143 m

20


14

svarthammaren

stigen går i gamal furuskog med mange prestfuru

Køyr Rv15 4,3 km austover frå Bismo og ta av til høgre og parker ved sandtaket der grendevegen til Dalom tek av. Gå opp ein tydeleg stig på høgre side av sandtaket. Følg stigen 400 m, og gå mot vest 800 m til du møter umerka stig frå Dalom. Dette området har gamal mosegrodd furuskog med mange prestar som vi seier på skjåkmål. Prestar er ein eigen genetisk type furu som knapt finst andre stader enn i Skjåk med turt klima. Det rette namnet er Aurmofuru. Stigen går no rett oppover til Svarthammaren. Ved Svarthammaren er det ei postkasse som du kan skrive deg inn i. Stigen går vidare 1,3 km til den møter stigen mellom Lendhytta og Åndhytta på Lendfjellet. Frå dette punktet er det 1,5 km til Lendhytta. Turn off the Rv15 to the right at 4,3 km east of Bismo and park at the sand pit. Follow the path to the south 400 m, then turn vest 800 m. Then turn south again, and up to Svarthammaren. You can go on and follow the path from Svarthammaren to Lendfjellet 1,3 km. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 465447 6860829 2,8 km 1,5 timar 396 moh 484 m 21


15

lendhytta

lendhytta

Køyr Rv15 mot aust 3,5 km frå Bismo og ta av til høgre på fylkesvegen mot Lundagrendi. Køyr fylkesvegen 1,2 km og ta av grendevegen til Dalom til venstre. Dette er 50 meter før brua over Skjøli. Følg vegen til Dalom 1,2 km til ei grind og køyr vidare 0,4 km og parker. Gå opp ein skogsveg frå skogsvegen innover Lundadalen. Skogsvegen følgjer du 4 svingar oppover. Like etter fjerde svingen, tek stigen av oppover lia mot aust. Stigen er tydeleg. Det er flott utsikt mot Bismo over tregrensa. Etter tregrensa går du forbi ei gamal steinbu og over ei vassveit. 200 meter lenger framme, vil du sjå Lendhytta, som ligg like utanfor grensa for Breheimen nasjonalpark. Du har god utsikt innover fjellet mot Lomseggen. Du kan gå vidare på stig innover Lendfjellet til Åndhytta og Sandåhytta. Her går det stigar ned til Åndstad og Tine Lom og Skjåk Ysteri. Turn off the Rv15 to the right at 3,5 km east of Bismo to the road to Lundagrendi. Turn off the road to the left at 1,2 km to Dalom. Follow the gravel road 1,6 km through a gate and park. Walk another gravel road 1,5 km, where you walk the path 1,7 km straight up to the Lendhytta. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 462891 6859041 3,2 km 1,5 timar 502 moh 641 m

22


16

åndhytta

stigen frå åndhytta og nedover mot bygda

Køyr Rv15 mot aust 6,8 km til Åndstad, og parker ved butikken. Gå frå butikken på Åndstad og 100 m vestover Rv15. Her går gardsvegen til Jonsgard opp mot sør på vestsida av bekken Ånda. Etter 0,7 km på grusveg, på bru over Ånda, gjennom garden, gjennom ei grind, og opp i skogen, startar stigen. Etter nokre meter kryssar du Ånda på bru. Like etter kjem du til stigdelet Åndhytta /Skjåkstrond. No går stigen bratt oppover lia etter ein rygg langsmed Ånda. Det er ein god stig som går i fine svingar oppunder tregrensa. Det er fin utsikt over Skjåkbygda. Over tregrensa er det lett terreng innover til Åndhytta. Du kan gå vidare til Sandåhytta eller mot Lendhytta. Turn off the Rv15 to the left at 4,3 km east of Bismo to the Åndstad grocery and park. Walk 100 m back on the Rv15 and turn left and up the gravel road 700 m. The path starts at the end of the gravel road, and steep up to the Åndhytta. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 467759 6860460 3,1 km 1,5 timar 378 moh 660 m

23


17

sandåhytta

oppover mot sandåhytta

Køyr Rv15 frå Bismo mot aust 11,7 km til Tine Lom og Skjåk Ysteri, og parker godt inntil kanten ved vestre innkøyring. Gå frå vestre innkøyring til Tine Lom og Skjåk Ysteri og opp langs gjerdet. Stigen går gjennom ei grind og over eit innmarksbeite og inn i skogen på ein skogsveg. Skogsvegen går gjennom den øvre grinda og opp til ei lita flate etter 0,5 km. Herfrå går stigen bratt oppover. Stigen går i fleire svingar oppover langs Sandåe til den kjem over tregrensa. I tregrensa er det god utsikt mot Lom og søre del av bygda. Over tregrensa går stigen stadig slakare innover dalen til Sandåhytta. 800 meter etter tregrensa kjem du til eit stigdele ved ei eldre bu. Gå den øvre stigen. Du går over vassveita til Holegardane og like etter ser du Sandåhytta. Like ved ligg også Sandåbue og ei gamal steinbu. Du kan gå vidare over fjellet til Åndhytta og ned til Åndstad eller til Lendhytta og ned til Dalom. Turn off the Rv15 to the right at 11.7 km east of Bismo to the Tine Lom og Skjåk Ysteri and park. Follow the steep path straight up to the Sandåhytta. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 472477 6859124 2,7 km 1,5 timar 402 moh 658 m

24


18

lendhytta-sandåhytta

lett terreng frå sandåhytta mot åndhytta

Køyr Rv15 mot aust 3,5 km frå Bismo og ta av til høgre på fylkesvegen mot Lundagrendi. Køyr fylkesvegen 1,2 km og ta av grendevegen til Dalom til venstre. Dette er 50 meter før brua over Skjøli. Følg vegen til Dalom 1,2 km til ei grind og køyr vidare 0,4 km og parker. Gå merka stig opp til Lendhytta. Stigen frå Lendhytta, går ned i dalen der Ånda renn og sør for Skriduhaugen. Ved dammen for vassinntaket for Vigstadgardane, svingar stigen mot nordaust og følgjer vassveita som heiter Vigstadgrove. I stigkrysset etter 1,5 km er stigen merka vidare mot aust mot Åndhytta. Stigen mot nord går ned til Dalom. Stigen går utover dalen til Åndhytta, der du kan gå ned til Rv15. I stigkrysset 100 m etter Åndhytta, går stigen vidare mot aust. Det er 4,6 km til Sandåhytta, der du kan gå ned til Rv15. Turn off the Rv15 to the right at 3.5 km east of Bismo to the road to Lundagrendi. Turn off the road to the left at 1.2 km to Dalom. Follow the gravel road 1.6 km through a gate and park. Walk another gravel road 1.5 km, where you walk the path 1.7 km straight up to the Lendhytta. Follow the path and signs to the Åndhytta and the Sandåhytta. At both places you can walk down to Rv15. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 464532 6857799 7,3 km 3,5 timar 1145 moh 125 m 25


19

kummehytta

kummehytta

Køyr Rv15 austover 3,2 km frå Bismo og ta Fv483, Solsidevegen, til venstre. Køyr 4 km og parker ved Marlo grendehus. Gå vestover langs Solsidevegen 400m og følg jordet oppover på venstre side. Gå til høgre ovanfor eit hus, og følg stigen til venstre oppover. Stigen kryssar kraftlina, og går bratt oppover til eit stigkryss. No går stigen i lett terreng vestover til du møter skogsvegen opp til Kummehytta. Kummehytta ligg 875 moh. Stigen går vidare opp på fjellet mot Kummemyren. Skiltet er satt opp der stigen endar og like før den kjem inn på Kummemyra. Turn off the Rv15 to the right at 3,2 km east of Bismo to the Fv483. Follow the Fv483 4,0 km and park at Marlo grendehus. Walk back on Fv483 about 400 m, and turn right up at the left side of the field. The path starts at the top of the field. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 467662 6861343 2,6 km 1,0 time 404 moh 471m

26


20

krossen

utsikt frå krossen mot skjåkbygda

Køyr Rv15 3,1 km mot aust, og ta av Fv483. Køyr Fylkesvegen 3,7 km til Marlo og 4,4 km austover frå Marlo til nedkøyringa til Øygard. Parker langs Fylkesvegen eller ved nedkøyringa til Øygard skule. Pass på at du ikkje stenger for passering nedover til Øygard. Stigen startar ved nedkøyringa til Øygard skule. Gå opp skogsvegen mot nord. Du går 1,1 km og 3 svingar før du kjem opp på skogsvegen frå Skrinde. Følg Skrindvegen 300 meter mot nordvest, og gå til høgre opp den gamle seterstigen til Finndalen. Stigen kryssar ein skogsveg, før den kjem opp på Høyvelta. Setereigarane i Finndalen nytta Høyvelta til å laste av høy frå setrene, for seinare å frakte høyet ned lia til gardane i Skjåk. Seterstigen går vidare oppover i lettare terreng til Krossen. Frå Krossen går det god, men umerka stig omlag 10 km over til Vangen setergrend i Finndalen. Under kristninga av Noreg kom Heilag Olav frå Lesja til Krossen og sa: «Det er synd at så fager ei bygd skal brennast.» Turn of the Rv15 to the left at 3,1 km east of Bismo to the Fv483. Follow the Fv483 8,1 km and park. Walk up the gravel road to the north and follow the red marks to Krossen. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 472124 6861248 2,7 km 1,5 timar 487 moh 494 m 27


dønfoss-bråtå-pollfoss-billin

21. Bjønnastulen 22. Buanose 23. Heggebottseter 24. Hæradalsrunda 25. Kollungstjønn 26. Rundhaugen 27. Skjellflyer 28. Skjellom

28


ngen

29. Uppnose Elgfangstanlegg 30. Botn-Glitterbu 31. Framruste-Glitterbu 32. Raudberget 33. Stamseterhovden 34. Steinbrue 35. Sykkel Pollfoss-Sota 29


21

bjønnastulen

storfuru på bjønnastulen

Køyr av Rv15 ved Dønfoss og mot Sota. Etter 8,2 km køyrer du ned og over austre brua i Bråtå og 1 km fram til du kan parkere ved Skautlii. Gå opp skogsvegen frå grusvegen ved Skautlii i Bråtå bakside. Du går fire svingar og 1 km etter skogsvegen, før du går vidare på ein stig fram til Bjønnastulen. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss, and drive 8,2 km. Turn off the road to Sota to the left and drive the gravel road 1 km. Park by the road at Skautlii. Follow a forestry road about 1 km and a path to Bjønnastulen. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 444038 6864068 1,3 km 1 time 549 moh 157 m

30


22 buanose

frå stigen opp mot buanose

Køyr av Rv15 ved Dønfoss, og følg vegen 3,1 km mot Sota. Ta av til venstre og over Åstri. I fyrste kryss tek du til venstre att. Køyr grusvegen 1,8 km til Tundraskriu og parker der. Gå opp stigen frå skiltet like ved porten inn til garden Tundraskriu. Stigen er delvis bratt, men ikkje vanskeleg. Like etter tregrensa går du inn i Breheimen nasjonalpark. Stigen er svak når du kjem over 1200 moh, og det er mykje stein like før toppen. På toppen vil du sjå innover Skautflye, mot Råkåkampen, og Skridulaupen mot vest. Det er lett terreng innover mot Råkåkampen eller over Styggehø og Kollungsflye mot Kollungstjønn. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 3,1 km. Turn off the road to Sota to the left and drive 1,8 km. Park at the farm Tundraskriu. Follow the path near the gate to the farm. The path is partly steep, but not difficult. Follow the red-marked path to the top of Buanose at 1415 m above sea level. You will enter the Breheimen national park. At the top you will see the Skautflye, and a wide view of Nordberg. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 448828 6863561 4,1 km 3 timar 604 moh 811 m 31


23

heggebottseter

heggebottseter

Køyr av Rv15, 5,6 km vest for Dønfoss. Parker på rasteplassen ved Heggebottvatnet. Gå rett over Rv15. Her startar skogsvegen til Heggebottseter. Følg skogsvegen opp til Heggebott­ seter som ligg på grensa til Ottadalen landskapsvernområde i randsona til Reinheimen nasjonalpark. Heggebottsetra er eit fint utgangspunkt for stigen vidare innover Heggebottflye eller stigen mot Heggebotthovden og Gjøingsdalen. I botn av Billingsdalen kan du sjå Heggebottvatnet som er inntaksdam for Øyberget kraftverk ved Dønfoss. Turn off the Rv15 to the left at 5,6 km west of Dønfoss. Park at the picnic area by Heggebottvatnet. Cross Rv15 and follow the forestry road to Heggebottseter. This is a start point for trails to Heggebottflye, Heggebotthovden and Gjøingsdalen. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 448657 6868019 1,9 km 1 time 584 moh 334 m

32


24 hæradalsrunda

dønfoss camping

Køyr Rv15 frå Bismo og 10 km vestover til Dønfoss Camping, og parker der. Du startar på Dønfoss Camping. Gå ut av porten mot vest ved Dønfossbrua, og skrått over Rv15 til du ser skilt for Hæradalsrunda. Stigen går langs Ottaelva på nedsida av Rv15 i 1,2 km før den går over Rv15 og bratt opp til Øybergsura med ein stor stein som endepunkt. No går stigen i ulendt terreng under Øybergsura og seinare delvis på skogsveg fram til Øyberget kraftverk og ned til Dønfoss Camping. Du bør unne deg eit bad i symjebassenget på Dønfoss Camping på gode dagar, og sjå på Dønfossen. Turn off the Rv15 to the right at 10 km west of Bismo at Dønfoss Camping. Park at the Dønfoss Camping. Start at the gate to the west and walk across Rv15 to the sign for Hæradalsrunda. Follow the path along the river Otta. The path goes steeply up to Øybergsura with a large rock at the end. The path is a circular trail. Try the swimming pool at Dønfoss Camping. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 452281 6865256 3,2 km 1,5 time 446 moh 84 m

33


25

kollungstjønn

stigen går langs kollungselva

Køyr av Rv15 ved Dønfoss og om lag 14 km mot Sota. Parker ved bommen eller køyr 400 m vidare og parker der stigen startar. Følg Sotvegen 400 m frå bommen. Gå skogsvegen ned til venstre og over gangbru over Ostri. Merkinga følgjer skogsvegen vidare til Kollungen seter. Frå setra er det god merka stig langs Kollungselva, inn i Breheimen nasjonalpark og opp til Kollungstjønn på fjellet. Frå Kollungstjønn kan du gå vidare i terrenget forbi Veslfjellskyrkja og ned til Liavassosen ved Kleivtjønn. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 14 km. Park in Bråtå at the start of the toll road. Follow the toll road on about 400 m and you will see the sign to Kollungstjønn. Follow the forestry road over the Ostri Bridge and to Kollungsetra. The path takes you into Breheimen National Park and to Kollungstjønn. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 438775 6863142 4,2 km 2 timar 658 moh 620 m

34


26 rundhaugen

utsikt frå rundhaugen mot raudbergsdammen

Køyr av Rv15 ved Dønfoss og 12 km mot Sota til Bråtå. Køyr opp ved Mork og 2,4 km til vegkrysset på Bråtååsen og parker. Vegen mot sør går inn til Rauddalsdammen. Følg raude merke frå vegkrysset på Bråtååsen, i fjellbjørkeskog fram til foten av ryggen opp mot Dyringshø. Stigen går inn i Breheimen nasjonalpark og opp mot Rundhaugen. Du går over den gamle Reinsgarden på 1250 moh. Frå denne staden er det ikkje meir stig og du må følgje raude merke fram til varden på Rundhaugen. Du får fin utsikt innover Rauddalen, ned mot Rauddalsdammen og Raudberget, og mot Sota. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 12 km. Follow the gravel road to the right at Mork, and drive 2,4 km to Bråtååsen. Park by the road at the cross. Keep the red marks through the forest and up against Dyringshø to Rundhaugen. You will enter the Breheimen national park. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 439666 6865598 3,9 km 2 timar 900 moh 417 m

35


27

skjellflye

fjellsmelle på skjellflye

Køyr Rv15 frå Bismo og 10 km vestover. 250 m før Dønfoss tek Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg. Køyr 7 km etter Tundradalsvegen. Parker på ein liten plass på vestsida av vegen omlag 150 m før brua over Skotåe. Gå opp stigen på austsida av vegen. Stigen er bratt, men ikkje luftig. Du følgjer Skotåe opp til kanten på Skjellflye og du er inne i Breheimen nasjonalpark. Herfrå har du fine turalternativ innover Skjellflye, innover Grjotådalen eller mot Tundradalsbotn. I sør ser du Hestdalshøgde 2090 moh, som er ein attraktiv topptur på ski. Du finn fleire drumliner der stigen kjem opp til Skjellflye og vidare mot Skjellsetra. Dette er spesiell kvartærgeologisk formasjon. Drumliner er små av­ runda og avlange haugar i retning med tidlegare isrørsle. Materialet er usortert morene, men kan også vere avsett rundt ei bergkjerne. Turn off the Rv15 to the left at 250 m before Dønfoss and drive the gravel road 7 km. Toll road. Park 150 m before you crosses the stream Skotåe. Follow the path to Skjellflye. The path is partly steep, but not difficult. You will enter the Breheimen national park. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 447947 6860256 1,2 km 1 time 868 moh 353 m 36


28 skjellom

kvitingje ved skjellsetra

Køyr Rv15 frå Bismo og 10 km vestover. 250 m før Dønfoss tek Tundradalsvegen av mot sør. Bomveg. Køyr 1 km etter Tundradalsvegen, og ta av til venstre på gardsvegen til Kvitingen. Køyr 200 m og ta av mot høgre på setervegen til Skjellom. Parkeringsplassen ligg 100 m vidare på setervegen. Eller køyr opp til 2. sving på setervegen og parker ved Purkenilsbakken. Gå vidare opp setervegen forbi Måsåvelta og Skjellholet til Skjellom. Det går umerka stig vidare opp på Skjellflye og inn i Breheimen nasjonalpark. Frå Skjellflye ser du Hestdalshøgde 2090 moh, som er ein attraktiv topptur på ski. Det er lett å gå over Skjellflye og ned merka stig ved Skåtåe. 120 m langs setervegen nedanfor Skjellomskiltet, går det umerka stig på bru over søre Kvitingje og austover ned lia til Nordberg. Turn off the Rv15 to the left at 250 m before Dønfoss. Toll road. Turn off the gravel road to the left after 1 km and drive 200 m. Park at a parking area 50 m up to the right. Follow the forestry road to Skjellom. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 452068 6863842 3 km 1,5 time 493 moh 403 m 37


29

uppnose elgfangstanlegg

skuleklasse ved elggrop

Køyr 2,2 km frå Rv15 ved Dønfoss og mot Sota. Parker ved oppkøyringa til Uppnose bustadfelt. Stigen startar nokre meter aust for oppkøyringa til Uppnose bustadfelt. Stigen går langs 10 elggroper i nesten rett line mot nord og inn i skogen mot Billingsdalen. Elgfangstanlegget stoppar ved den bratte skrenten ned mot Ottaelva. Elgfangstanlegget har fleire postar som fortel om elgfangst. På sørsida av Ostre ligg 22 groper til. Anlegga på begge sider av Ostri fanga opp mesteparten av all vilttrafikk i bygda før i tida. I dag passerer 70 % av alle elgar dette området. Anlegga har vore i bruk frå år 220 e. Kr. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 2,2 km. Park near the bus station. The path starts a few meters east of the local road to Uppnose. Follow the path to the north towards Billingsdalen. Here you will see the remains of 10 pits, previously used for catching moose. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 450231 6864909 0,6 km 0,5 time 461 moh 29 m

38


30 botn-glitterbu

glittervatnet og skridulaupen

Køyr av Rv15 til venstre rett før Pollfoss mot Framruste. Køyr av grusvegen til høgre etter 650 m. Køyr 3,7 km til Botn seter og parker. Gå gjennom setergrenda på to bruer og følg stigen langs Glitra opp til Glittervatnet. Du kjem inn i Breheimen nasjonalpark i tregrensa. Du ser Glitterbue mot vest. Glitterbue er ei sjølvbetjent hytte for overnatting og fiske på Glittervatn. Nøkkel kan du låne hjå Skjåk Almenning. Ei nedlagt DNT-rute går vestover langs Glitter­­ vatnet og fram til kryss med dnt-ruta GrotliSkridulaupbu. Du kan følgje ruta frå krysset til Grotli eller ned til Nysetra. Du kan også følgje merka stig mot søraust og rundt Framrusthovden og ned til Framrustsetra. Begge stigane er den gamle ferdselsvegen mellom Skjåk og Vestlandet, som også blir kalla Sunnivaleia. Turn off Rv15 just before Pollfoss and drive the gravel road 650 m. Turn off the gravel road to the right and drive 3,7 km to Botn seter and park. Follow the path along Glitra, and up to Glitterbu. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 438648 6871071 3,5 km 1,5 time 740 moh 461 m 39


31

framruste-glitterbu

stigen er den gamle ferdselsvegen sunnivaleia

Køyr av Rv15 ved Pollfoss og over Pollfossbrua. Følg vegen vidare 6 km til seterstulen på Framruste. Etter 3 km køyrer du over elva Framruste og forbi inngangen til Glitra kraftverk. Parker ved seterstulbrua. Gå over seterstulbrua og følg vegen 200 m mot sør. Følg stigen opp bjørkeskogen og vidare på svak­ are stig i fjellterreng under Framrusthovden og over Normannskrokane. Du kjem inn i Breheimen nasjonalpark i tregrensa. Like før Glitterbue, må du vade over Glitra i osen på Glittervatnet. Glitterbue er ei sjølvbetjent hytte for overnatting og fiske. Nøkkel hjå Skjåk Almenning. Stigen er ein del av Sunnivaleia. Du kan du gå attende same stig, eller merka stig ned langs Glitra til Botn seter, eller gå vidare innover langs Glittervatnet mot Grotli. Turn off the Rv15 to Framruste at Pollfoss and drive the gravel road 6 km to Framrustsetra. Park by the bridge over Framruste. Follow the gravel road over the bridge and to the south about 200 m to the sign for Glitterbu. Follow the red mark on a path through the forest and to Glitterbu. You will enter the Breheimen national park. You can go back the same path or an unmarked path along Glitra to Bottsetra. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 438650 6866240 5,8 km 3 timar 785 moh 415 m 40


32 raudberget

raudberget

Køyr av Rv15 ved Pollfoss og over Pollfossbrua. Følg vegen vidare 6 km til seterstulen på Framruste. Etter 3 km køyrer du over elva Framruste og forbi inngangen til Glitra kraftverk. Parker ved seterstulbrua. Gå over brua og vegen mot sør og vidare ein brei og raudmerka stig fram til Raudberget. Viss du går fram på kanten mot Rauddalsvatnet, får du fin utsikt. Du kan gå opp på Raudberget og få eit enno vidare utsyn. Pass deg for å gå for langt ut på sidene. Det er bratt ned mot Rauddalsdammen og mot nord og sør. Du kan også gå innover langs vatnet til DNT-hytta Skridulaupbu, i Breheimen nasjonalpark. Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader i Skjåk i det som blir kalla Tafjord-Grotli-Lesjaskogkomplekset. Raudberga er eit olivinberg som er særs rike på mineral. Turn of the Rv15 to Framruste at Pollfoss and drive the gravel road 6 km to Framrustsetra. Park by the bridge over Framruste. Follow the gravel road over the bridge and to the south about 200 m to the sign for Raudberget. Follow the red marks on a path through the forest to Raudberget. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 438650 6866240 3 km 1,5 time 785 moh 227 m 41


33

stamseterhovden

stamsetra med stamseterhovden bak

Køyr Rv15 til 9,7 km vest for Dønfoss, og parker der stigen startar på nordsida av riksvegen. Følg stigen opp gjennom furuskogen. Du går forbi brua over Stamåi og skogsvegen som går til Stamsetra etter 1,1 km. Stamsetra ligg på grensa til Ottadalen landskapsvernområde i randsona til Reinheimen nasjonalpark. Stigen går vidare langs fossen i Stamåi, før den svingar mot vest og opp ryggen mot Stamseterhovden. Det er flott utsikt mot Skridulaupen i vest og Breheimen i sør. På heimturen kan du gå over Stamåi bru og skogsvegen 500 m mot Stamsetra. Skogsvegen er merka frå Stamsetra og ned til Rv15. Gå 1,2 km langs Rv15 for å komme til bilen. Frå stigdelet mot Stamseterhovden kan du gå vidare innover Gjeitådalen på umerka stig. Turn off the Rv15 to the right at 9,7 km west of Dønfoss. Park at the parking area and follow the path to Stamseterhovden. If you like, you can follow the forestry road to Stamseter at the Stamåi Bridge. The distance to Stamseter is 500 m. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 444941 6868802 2,3 km 1,5 time 586 moh 437 m 42


34 steinbrue

steinbrue i føysa

Køyr Rv15 til 18,9 km vest for Dønfoss, og ta av riksvegen på Billingen like etter brua over Tora mot nord. Parker på parkeringsplass ved elva. Ved Tora bru er det informasjon om Breheimen. Gå stigen opp gjennom skogen med stor fjellfuru og inn i Reinheimen nasjonalpark. Her veks ulvelav på tørre gamle furugreiner. Det er ein gulgrøn og sjeldan lav som er typisk for området. Øvst i skogen kjem du til eit stigkryss. Ta stigen over Steinbrue og ned att over seterbrua på Billingen. Gå ned langs Tora og over Tora utleggsbru. Dersom du følgjer raudmerka stig i krysset før Steinbrue og opp langs Føysa mot aust, kan du gå til Føystjønn på 1320 moh. Turen er 3,5 km og 1,5 time. Turn off the Rv15 at Billingen to the right and just after the bridge at 18,9 km west of Dønfoss. Park at the parking area to the right by the river. You will see the signs and information for Reinheimen National Park on the east side of the old bridge. Follow the path through the forest and along the waterfalls in Føysa. Follow the signs to Steinbrua and the circular trail back to Billingen. If you follow the path along the right side of Føysa, you will end up at Føystjønn. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 440665 6875798 2,7 km 1,5 time 737 moh 234 m 43


35

sykkel pollfoss-sota

GPS Pollfoss GPS Sota Lengde Tidsbruk Høgde Pollfoss Høgde Bråtååsen Høgde Sota

32 V 442169 6870193 32 V 432046 6853586 24,1 km 2,0 timar 612 moh 902 moh 745 moh 44


sotvegen mellom brennsetra og liavassosen

Køyr av Rv15 ved Pollfoss og parker ved Pollfoss Hotell. Startar du frå Pollfoss syklar du gjennom Botn og opp til Framruste seter og Bråtååsen etter god grusveg som vart nybygd etter gamal trasé i 2007. På Bråtååsen er du 902 moh og har god utsikt. Sykkelruta går vidare på grusveg ned til Mork i Bråtå og Fv486 mot Sota. Når du kjem ned frå Bråtååsen til fylkesvegen gjennom Bråtå, kan du sykle ned att til Dønfoss mot nordaust på Fv486. Fallet ned til Dønfoss er 250 m og avstanden er 12 km. Sykkelruta følgjer Fv486 mot sør. Fylkesvegen har asfalt eit kort stykke fram til bommen for Sotvegen, og deretter er det god grusveg innover til Sota seter. Fv486 og seinare Sotvegen – går gjennom Bråtå, forbi Dyringen seter, opp Dyringskleiva til Liavassosen og innover langs Liavatnet forbi Brennsetra til Sota Sæter. I Liavassosen får du fin utsikt mot Breheimen og mot Tverrådalskyrkja. Du kan sykle 6 km vidare innover til Mysubytta på grusveg. Stigninga inn til Mysubytta er 135 m. Turn off the Rv15 at Pollfoss and park at the Pollfoss Hotel. Follow the signs along the gravel road up to the Framruste seter, Bråtååsen and to Mork. Follow Fv486 and later Sotvegen to Sota seter.

45


grotli

36. Veslefjell 37. Måsåbakkane 38. Grotlivassrunda 39. Reindalsråket 40. Kjerringtjønnrunda 46


41. Kjerringelva 42. Hamserunda 43. Hamsehytta

47


36

veslefjell

innover vuludalen

Køyr Rv15 vestover 34,8 km frå Bismo til Nysetra. Køyr av Rv15 ved Skjåk seter og 600 meter til Øyberg seter og parker. Stigen startar like vest for Øyberg seter. Gå gjennom skogen med stor fjellfuru. Stigen går langsetter Vulu, innover fjellet og fram til Vuludalsbu – 3,7 km. Stigen går opp forbi bua og svingar mot sør opp mot Veslefjell. Veslefjell er eit raudberg. Her har du utsikt innover Vuludalen og Vuluvatna, og sørover mot Breheimen. Raudberga stikk opp av grunnfjellet mange stader i Skjåk i det som blir kalla Tafjord-Grotli-Lesjaskogkomplekset. Raudberga er eit olivinberg, som er særs rike på mineral. Frå Vuludalsbu kan du halde fram på umerka stig på austsida av Vuluvatna og fram til Raudbue ved Grønvatnet. Her kjem du inn på DNT-stig GrotliReindalseter og Veltdalshytta. Ta med fiskestong. Det er mange fine fiskevatn innover fjellet. Turn off the Rv15 to Nysetra at 34 km west of Bismo. Follow the gravel road 600 m and park by Øyberg seter. The path starts just west of Øyberg seter. Follow the path to Vuludalsbu and Veslefjell. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 435290 6876477 5,5 km 2,5 time 762 moh 548 m

48


37 måsåbakkane

appelsinsteinen med utsikt over nysetra

Køyr Rv15 vestover 34,8 km frå Bismo til Nysetra. Køyr av Rv15 til høgre ved Stuttgongen. Køyr 400 meter og parker der grusvegen svingar mot sør. Det tek av ein skogsveg ved stigstart. Stigen går i lett terreng mot vest opp gjennom skogen til Appelsinsteinen, som ligg like over tregrensa etter 1,4 km. Appelsinsteinen ligg 10 meter nord for stigen. Følg stigen og merkinga mot kraftleidninga. Du følgjer kraftmastene til du går over Måsågrove. No går stigen til værs mot Måsåbakkane Stigen følgjer topp­ ane mot vest og går ned over ei myr og gjennom skog til Glåmbakken og rasteplassen ved Rv15. Stigen er ein del av ein gamal ferdselsveg frå Skjåk til Tafjord som heiter Reindalsråket. Du kan følgje stigen vidare forbi Grotli til Hamsedalen, over Reindalsreset til Danskehytta og nedover til Kaldhusseter og Tafjord. Turn off the Rv15 to Nysetra at 34,8 km west of Bismo. Follow the gravel road 400 m and park. You will see the signs to Glåmbakken. Follow the path through the forest up to Appelsinstein and the red marks to Glåmbakken. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 435041 6876414 5,1 km 2 timar 758 moh 314 m

49


38

grotlivassrunda

grotlivassrunda mot grotli høyfjellshotell

Køyr Rv15 til Grotli, og parker ved hotellet. Gå over Rv15 om lag 130 m aust for kryss med Gamle Strynefjellsvegen. På nedsida av vegen finn du ein stor stein med varde og skilt med Grotlivassrunda. Stigen går i myr og fjellbjørketerreng nedover til ein båtplass ved Grotlivatnet. Du bør bruke sko som tåler vatn i det myrlendte terrenget. Mot sør vil du heile runda sjå mot Skridulaupen. Stigen går opp att og inn på ein lokalveg i Grotli hyttefelt. Lokalvegen kjem ut på Gamle Strynefjellsvegen 500 m sør for krysset med Rv15. Turn off the Rv15 to Grotli Hotel and park. Start at the Hotel reception and cross the Rv15. You will find the sign Grotlivassrunda. Follow the path to Grotlivatnet. You should wear waterproof boots in the marshy terrain. Follow the path to a gravel road and further on back to Grotli Hotel. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 428422 6876428 3,4 km 1 time 908 moh 41 m

50


39 reindalsråket

skomakersteinen

Køyr Rv15 4,3 km vest for Grotli, og ta inn til raste­plass til høgre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Reindalsråket er merka frå Hamsedalen til Nysetra. Det er ein del av den gamle ferdselsvegen til Tafjord. Du kan gå Reindalsråket frå 6 stader: Frå Hamserunda, Skomakersteinen, Kjerringelva, Grotli, Glåmbakken og Stuttgongen på Nysetra. Følg Hamserunda på austsida av Hamsa i 3,3 km til Hella. Reindalsråket kjem frå Kaldhusseter over Reindalsreset og ned i Hamsedalen. Ved Hella går ReindalsråketvidaremotsøraustforbiSkomakersteinen der det kryssar DNT-stigen Hamsevika-Danskehytta. Skomakersteinen ligg 150 meter oppe i bakken med ein varde. Skomakersteinen vart nytta til overnatting av farande folk i eldre tid. Reindalsråket går vidare forbi Kjerringtjønn, Grotli, Glåmbakken og til Stuttgongen på Nysetra. Turn off the Rv15 4,3 km west of Grotli. Follow the gravel road 800 m and park by the bridge over Hamsa. You will see the signs to Hamserunda at the east side of Hamsa. Walk the Hamserunda 3,3 km, and follow the signs to the southeast to Grotli and Glåmbakken. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 424498 6878956 19 km 7 timar 905 moh 276 m 51


40

kjerringtjønnrunda

attende fråkjerringtjønn mot grotli

Køyr Rv15 til Grotli, og parker ved hotellet. Start bak hotellet og følg DNT-stigen Grotli-Danskehytta til stigen mot Kjerringtjønn tek av mot nordvest etter 1,8 km. No går du på Reindalsråket fram til Kjerringtjønn. Her kan du gå ned stigen langs Kjerringelva, og 2,5 km attende til Grotli hotell på gamle Geirangervegen. Reindalsråket er ein del av den gamle ferdselsvegen frå Skjåk til Tafjord. Råket er merka frå Nysetra til Hamsedalen. Du kan halde fram på Reindalsråket og gå ned til Hamsevika ved Skomakersteinen, eller ved Hella i Hamsedalen. Turn off the Rv15 to Grotli Hotel and park. Follow the dnt-path Grotli-Danskehytta 1,8 km. Follow the sign to Kjerringtjønn, and walk the path along the Kjerringelva. Follow the gravel road back to the hotel. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 428381 6876521 7,7 km 3 timar 908 moh 273 m

52


41 kjerringelva

kjerringelvfossen

Køyr Rv15 til Grotli, og vidare 2,5 km på gamle Geirangervegen mot nordvest. Parker langs vegen like etter bru over Kjerringelva. Stigen startar 80 m vest for brua over Kjerringelva. Følg stigen oppover langs Kjerringelva. Du går forbi Kjerringelvfossen før du kjem opp på platået ved Kjerringtjønn. Innpå platået kjem du til eit stigkryss med Reindalsråket. Her kan du gå mot Grotli eller mot Hamsedalen. Turn off the Rv15 to Grotli Hotel and drive the gravel road northwest 2,5 km. Park along the road by the bridge over Kjerringelva. The path starts at 80 m west of Kjerringelva. Follow the path to Kjerringtjønn. You can also walk further to Grotli or to Hamsedalen. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 426160 6877358 1,6 km 1 time 915 moh 225 m

53


42

hamserunda

bru over hamsa

Køyr Rv15 4,3 km vest for Grotli, og ta av inn til raste­­­plass til høgre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Gå opp hyttevegen mot nord på vestsida av Hamsa. Hyttevegen svingar mot nordvest og går snart over i stig. Følg stigen gjennom hyttefeltet og langs fossane i Hamsa. Etter 1,3 km er det merka ny løype opp til stigen gjennom Hamsedalen, som går til ei bu ved 2.vatn. Du passerer 1.vatn i Hamsedalen, før stigen går ned til bru over Hamsa. Ny løype er merka frå brustaden fram til den nedlagde DNT-stigen Hamsevika-Danskehytta. Følg DNT-stigen attende til Hamsevika. Følger du DNT-stigen mot nord, tek Reindalsråket av mot aust etter 400 m. Råket er ein del av den gamle ferdselsvegen frå Skjåk til Tafjord. Råket er merka frå Nysetra til Hamsedalen. Du kan følgje Reindalsråket og gå ned til Hamsevika ved Skomakersteinen. Turn off the Rv15 4,3 km west of Grotli. Follow the gravel road 800 m and park by the bridge over Hamsa. You will see the signs to Hamserunda at the west side of Hamsa. Walk the path, and cross the Hamsa on a bridge. The path continues down to Hamsevika on the east side of Hamsedalen. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 424356 6878916 6,5 km 2,5 timar 905 moh 103 m 54


43 hamsehytta

hamsehytta

Køyr Rv15 4,3 km vest for Grotli, og ta av inn til rasteplass til høgre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Følg DNT-stig Hamsevika-Danskehytta i 300 m på austsida av Hamsa til den gamle reinsgarden, og ta av ein umerka og delvis varda stig rett mot nord. Det er 500 m over ei myr fram til Hamsehytta. Hamsehytta er restaurert av Breidablikk Hytteforeining. Steinbua står klar til bruk for dei som måtte ønskje å ta ein tur inn. Turn off the Rv15 4,3 km west of Grotli. Follow the gravel road 800 m and park by the bridge over Hamsa. Follow the signs on the DNT-trail Hamsevika-Danskehytta 300 m at the east side of Hamsa. Walk then north on an unmarked path about 500 m up to Hamsehytta. The cabin is unlocked. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 424503 6878957 0,8 km 0,5 time 905 moh 32 m

55


sota

44. 45. 46. 47. 48.

Kleivberget Sekken Sota-Brennsetra Tverr책dalskyrkja Rundhaug og Raudhaug

56


44

kleivberget

kleivtjønn

Køyr av Rv15 ved Dønfoss og om lag 19 km mot Sota. Bomveg frå Bråtå. Når du ser brua over Ostri ved Liavassosen, kan du parkere. Det er skilta på austsida av vegen. Gå opp stigen gjennom skogen til Kleivtjønn i Breheimen nasjonalpark. Det er svært bratt enkelte stader, men ikkje luftig. Du kan fortsette ut på Kleivberget. Det er flott utsikt over Liavatnet, Sota og Tverrådalskyrkja i sør. Det er ein fin tur å halde fram oppover i terrenget og gå på sørsida av Veslefjellkyrkja. Du kan gå vidare mot sør til du kjem inn på stigen til tur nummer 48 Rundhaug og Raudhaug. Denne strekninga er på om lag 4 km. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 19 km. Toll road from Bråtå. Park by the road at Liavassosen. You see the sign on the eastern side of the gravel road. Follow the path through the forest to Kleivtjønn. You will enter the Breheimen national park. The path is very steep in some places. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 435105 6859596 0,7 km 1 time 733 moh 251 m

57


45

sekken

sekken med utsikt innover syrtbyttdalen

Køyr av Rv15 ved Dønfoss og 29 km til Sota. Bomveg. Køyr vidare til neste bomveg og 3,4 km mot Mysubytta. Like etter høgste punktet på Mysubyttvegen ser du skiltet til Sekken. Røykjeskålslia er eit landskapsvernområde mellom Sota og Mysubytta. Det er eit rikt område med bjørkeskog og høgstauder. Du kan finne fleire ulike bregnar, myskegras, orkidear, liljekonvall, kvitsoleie og vendel­ rot. Stigen er bratt, men ikkje luftig. Gå rundt sva i fuktig vær. Dei kan vere glatte. På toppen kjem du inn i Breheimen nasjonalpark, og du har flott utsikt over Røykjeskålen og Syrtbyttdalen med Tverrådalskyrkja og Rivenoskulen tett innpå. Kort tur innover fjellet til Sekketjønn over Novi. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 29 km to Sota. Toll road from Bråtå. Drive the toll road from Sota 3,4 km. Park by the gravel road at the highest point and you will see the sign to Sekken. Follow the path through the forest to Sekken. You will enter the Breheimen national park. The path is very steep in some places and slippery in wet weather. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 429195 6852351 1,6 km 1,5 time 877 moh 345 m 58


46

sota-brennesetra

eit friskt bad i randsverktjønn

Køyr 29 km til Sota frå Rv15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Gå opp setervegen og geilen mellom setrene. Stigen går opp lia og inn i Breheimen nasjonalpark til Puttberget. Flott utsikt over Liavatnet, Sota og Tverrådalskyrkja. På Puttberget går du over ein haug der ei gamal jern­ v inne låg. Stigen går langsetter Puttberget, over myrane og fram til Illvegen. Stigen går over Randsverk med spor etter ei gamal seter. Området var verdifullt på grunn av jernvinne, kleberbrot, falkefangst og jakt på rein før i tida. Det som folk fekk ut av utmarka om sommaren, var ofte overskotet som garden hadde i løpet av året. Stigen går forbi Randsverktjønn, der du kan ta eit bad på varme sommardagar. Vidare ned langs berget til Baksidebrennsetra og Sotvegen, 4,7 km nord for Sota. Det er bratt og ulendt terreng nokre stadar. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 29 km to Sota. Toll road from Bråtå. Park at Sota. Follow the path through the forest to Randsverk. You will enter the Breheimen national park. Follow the path down to Brennsetra. The path is steep in some places down from Randsverk. Follow the gravel road back to Sota. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 432044 6853588 5,9 km 2,5 time 745 moh 275 m 59


47 tverrådalskyrkja

2088

tverrådalskyrkja mot liavatnet

Køyr 29 km til Sota frå Rv15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Parker ved Sota. Følg DNT-stig 100 m frå Sota seter mot søraust. I stigdele tek du mot sør mot Tverrådalen. Stigen flatar ut i Tverrådalen, før du går opp i Steindalen. Framfor deg har du nå Tverrådalskyrkja, Fortundals-breen og Tundradalskyrkja. Gå over breen der steinura går kvast ned i breen. 500 m inn på breen tek du til høgre, og rett inn på steinurryggen. Følg ryggen opp mot toppen. Det er bratt, og «luftig» for enkelte. Gå roleg i den grove steinura. Det er fantastisk utsikt: Tafjordfjella, Jostedalsbreen, Hurrungane og Jotunheimen. Tverrådalskyrkja, er rangert som ein av dei ti finaste toppane i Norge. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 29 km to Sota. Toll road from Bråtå. Park at Sota. Turn left from the gravel road after 100 m, and follow the path. Turn right at the sign after 800 m to Nørdstedalseter (via Fortundalsbreen). The path levels out in Tverrådalen and Steindalen. Follow the glacier 500 m. Walk near the rocks. Turn right towards the top of Tverrådalskyrkja. It is steep and airy for someone. Be careful in the rude scree. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 432039 6853584 9,3 km 5 timar 745 moh 1343 m 60


48

rundhaug og raudhaug

rein ved rundhaug

Køyr 28,3 km mot Sota Sæter frå Rv15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Køyr opp ein lokalveg mot aust 750 m før Sota Sæter og parker. Følg stigen som heiter Illvegen. Etter 1,0 km, kjem du inn på stigen Sota-Brennsetra. Følg den 200 meter, og ta stigen mot høgre opp mot Rundhaug. Rundhaug er ein kjend stad for reinsjegarar. Det går ofte rein i området, så du bør ta med kikkert. Frå Rundhaug kan du gå vidare på merka stig til Raudhaug. Stigen går mot Kollungshaugane i 2,3 km før den går 0,5 km rett opp til Raudhaug. Området er geologisk rikt. Rundhaug er ein kropp av magnetitt og Raudhaug er oksydert olivin. Omkring Raudhaug finn du kleberstein, talk og mange andre mineraler. I klebersteinen på Raudhaug, kan du sjå at folk i eldre tider har skore ut emne til gryter. Turn off the Rv15 to Sota at Dønfoss and drive 28,3 km to Sota. Toll road from Bråtå. Turn left 750 m before Sota and park. Follow the path through the forest to Rundhaug. You will enter the Breheimen national park. You can walk on 2,8 km to Raudhaug. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 432935 6854745 5,3 km 3 timar 750 moh 656 m

61


dnt-stigar i breheimen

innover mysubyttdalen mot slæom

Lundadalen – Trulsbu (7 timar) Frå heimste Lundadalssætre i Skjåk og opp Lundadalen. På austsida av Lundadalsvatnet og opp til Trulsbu. Sota – Slæom (4 timar) På grusveg til Mysubytta. Vidare på sørsida av vassdraget opp Mysubyttdalen. Sota – Sprongdalshytta (5 timar) På grusveg til Mysubytta. Vidare innover Syrtbyttdalen og Sprongdalen. Sota – Nørdstedalseter (8 timar) Opp gjennom skogen inn under Tundradalskyrkja, i stor ur langs Illvatnet og ned i Nørdstedalen. Krevjande rute på vått føre. Pollfoss – Skridulaupbu (6 timar) På grusveg til Framruste seter. På stig forbi Raudberget og langs Rauddalsvatnet. Grotli – Skridulaupbu (7 timar) Frå Grotli til Huguvardtjønn, aust for Skridulaupbreen og langs Rauddalsvatnet.

dnt hytter i breheimen 31. Trulsbu 32.  Sota Sæter 33. Slæom 34. Sprongdalshytta 35. Skridulaupbu

62


dnt-stigar i reinheimen-grotli

danskehytta

Billingen – Torsbu (4,5 timar) På vestsida av Tora til Tverråi. Opp langs Tverråi og Torsvatnet. Billingen – Veltdalshytta (6 timar) På vestsida av Tora til Tverråi. Vest for Bruni og ned langs Veltdalsvatna. Grotli – Danskehytta (4 timar) Frå Grotli opp lia og på austsida av Kjerringtjønn. Vidare langs vestsida av Viksvatnet. Hamsevika – Danskehytta (4 timar) Stig i Hamsedalen og opp mot Kjerringtjønn. Vidare langs vestsida av Viksvatnet. Hamsevika – Danskehytta (nedlagt rute) (4 Timar) Stig i Hamsedalen og opp mot Reindalsreset. Over bandet nord for Hellstuguegga.

dnt hytter i reinheimen 36. Torsbu 37. Veltdalshytta 38. Danskehytta 39. Fieldfarehytta

Planlegg turen på http://ut.no/

63


Skiløyper

1. 2. 3. 4. 5.

Dønfoss Botn Grotli Nysetra Sota

64


løypeinformasjon

Skjåk Skiløyper:  http://skjaakski.blogspot.com/ Grotli:  http://skjaakhytteservice.no/ Skjåk Skiløyper har 9 oppkøyrte løyper. Andre løyper kan bli køyrt opp, avhengig av vêr og føre.

65


1

Dønfoss ljosløype

skileikområde ved løypestart

Køyr av Rv15 ved Dønfoss til Bruvoll Handelslag. Parker på plassen til venstre for butikken. Ljosløypa startar frå parkeringsplassen. Ljosløypa går 1,8 km i lett terreng, før den går i ei rundløype på 3,6 km i furuskogen. Turn off Rv15 at Dønfoss to the left to Bruvoll Handelslag. Park to the left of the store. You follow the floodlit track into the woods. GPS løypestart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 452383 6864924 7,2 km 1 time 442 moh 134 m

66


2 Botn

rundt, ljosløype, Åsen rundt

botn rundt løypa

Køyr av Rv15 til venstre rett før Pollfoss Hotell mot Framruste. Køyr 0,7 km og parker. Viss du vil starte frå ljosløypa køyrer du til høgre etter 1,8 og 2 km og parkerer etter 2,3 km. Botn rundt startar ved parkeringsplassen. Etter 400 m ser du rundløypa komme ned att til venstre. Gå rett fram til du ser Bottsetra. Her snur løypa og går attende. 1 km før parkeringsplassen, vil du sjå ljosløypa i Botn. Ljosløypa har tre sløyfer på til saman 3 km. Like før Bottsetra vil du sjå Åsen rundt løypa. Den går inn Hunnsrove og over Åsen til Stuttgongen. Her er det bru over Ottaelva til Nysetra. Følg oppkøyrt løype langs Vuluvatnet, 4,6 km langs kraftlina til Åsen seter og setervegen 6,3 km ned att til parkeringsplassen. Gå bilvegen 250 m attende frå parkeringsplassen. Åsen rundt er tilsaman 22,5 km. Turn off Rv15 just before Pollfoss and drive the gravel road 0,7 km and park. Follow the circular ski track. At the top of the track, you will see the Bottsetra. Further on you will see the floodlit track.

botn rundt: GPS løypestart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 441850 6869919 7,8 km 1 time 605 moh 125 m 67


3

Grotli

nedover løypa frå heillstuguvatnet mot grotli

Køyr Rv15 til Grotli, og parker ved hotellet. Gå til austre innkøyring til hotellet. Etter 200 m startar den oppkøyrde løypa mot aust. Ved Gamle Grotli, tek løypa av til venstre og attende til hotellet. Grotlivassløypa 5,5 km, går under riksvegen ved Gamle Grotli og ned til Grotlivatnet. Løypa kjem opp til hyttefeltet og ut på Gamle Strynefjellsvegen. Følg ei løype langs vegen attende til Grotli hotell. Løypa til Heillstuguvatnet følgjer Gamle Strynefjellsvegen. Det er ofte trakka løype vidare inn­over langs vegen eller over vatnet mot Mårådalen. Løypa til Skridulaupen tek av mot sør 350 m frå snuplass på Gamle Strynefjellsvegen. Fin påsketur. Drive the Rv15 to Grotli and park by the hotel. Start at the hotel reception and follow a gravel road, parallel to Rv15 for 200 m. The prepared ski track goes to Gamle Grotli, and turns left over the mashes and back to Grotli Hotel. The Grotlivasstrack goes under Rv15 and down to Grotlivatnet and up to the Gamle Strynefjellsvegen. Follow a track along the road 500 m back to Grotli Hotel.

grotli rundt GPS løypestart 32 V 428406 6876510 Lengde 3,9 km Tidsbruk 0,5 time Starthøgde 908 moh Høgdeforskjell 14 m

68


4 Nysetra

frå nysetra opp mot appelsinsteinen

Køyr Rv15 vestover 34 km frå Bismo til Nysetra. Køyr av Rv15 ved Skjåk seter og parker. Løypa startar aust for Skjåk seter og følgjer turvegen til Fjellro ved bommen på Rv15. Nyseterområdet kan ha fleire oppkøyrde eller trakka løyper: løypa frå Øyberg seter til Appelsinsteinen i nord, løypa over brua ved Stuttgongen og mot Appelsinsteinen i sør, eller mot Svarttjønn i sør. Dersom du går over brua ved Stuttgongen, kjem du inn på Åsen rundt løypa som går via Åsen seter til Botn eller over Åsen og via Bottsetra til Botn. Turn off from Rv15 to the right 34 km west of Bismo to Nysetra. Follow the gravel road and park by the Skjåk seter. The ski track starts east of Skjåk seter. Follow the track east to the Fjellro cottage. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 435926 6876413 2,8 km 0,5 time 750 moh 30 m

69


5

sota

vardhø mot tverrådalskyrkja

Køyr av Rv15 ved Dønfoss og 29 km til Sota. Bomveg. Parker ved Sota. Skiløypa følgjer vegen frå Sota til Mysubytta, der løypa tek av mot sør over elva. Den tek av til venstre over elva og ned gjennom skogen til Røykjeskålsvatnet. Du følgjer vatnet attende mot Sota. Sotaområdet har fleire andre fine turmål. Som innover mot Tverrådalskyrkja, innover Mysubyttdalen, innover Syrtbyttdalen eller til Vardhø som på bildet. Turn off from Rv15 at Dønfoss and drive 29 km to Sota. Toll road from Bråtå. Park at Sota. Follow the track to the south. The ski track follows the gravel road to Mysubytta. The track turns left, goes downhill to Røykjeskålsvatnet, and back to Sota. GPS stigstart Lengde Tidsbruk Starthøgde Høgdeforskjell

32 V 432044 6853588 10,8 km 1,5 time 745 moh 135 m

70


reiseliv i skjåk 1. 2. 3. 4. 5. 6.  7.  8.  9.  10.  11. 12. 13. 14.

Gjeilo Camping Storøya Camping Lom og Skjåk Adventure Bispen Camping Skjåk Rafting Mogard Gjestgiveri Skjåk Turistheim ⁄ Skeid Kro Nigard Flækøy Furuly Camping Dønfoss Camping Pollfoss Hotell Skjåk Sæter Øyberg Sæter Grotli Høyfjellshotell

skjåk almenning hytter 15. Storhøhytta 16. Aurosjobu 17. Sveinbu 18. Skarvedalsbu 19. Storvassbu 20.  Tverråhytta 21.  Grønvassbu 22.  Kvitberghytta 23.  Glitterbu 24.  Rauddalsbu 25. Sottjønnbu 26. Grønstorrbu 27. Sauhytta 28. Heggjeåsaga 29. Liabu ved Sota 30. Legerhytta 31. Trulsbu 32. Sota seter 33. Slæom 34. Sprongdalshytta 35. Skridulaupbu 36. Torsbu 37. Veltdalshytta 38. Danskehytta 39. Fieldfarehytta

Sottjønnbtu

71


Fjellfiske med garn, oter og stong

skjåk almenning er grunneigar og sel

• Enkelt fiskekort • Familie-fiskekort • Pakkekort med fiskekort og overnatting. Fiskekortet gjeld også private elvestrekningar i Skjåk. Du kan fiske med garn, oter og stong.

kjøpe fiskekort • • • •

Skjåk Almenning i Bismo 61 21 39 00 Turist- og service bedrifter i Skjåk Internett: www.inatur.no Direktelenke: http://goo.gl/mdBt7

• Mobil og kredittkort: www.inatur.no Skjåk Almenning har 13 enkle og fullt utstyrte buer i fjellet, og 3 hytter i dalane nær vassdrag og bilveg. På mange vatn er det båt. Du kan leige buer, hytter og båt med garn.

72


Skjåk Almenning hytter

sauhytta i lundadalen

Skjåk Almenning har 13 enkle buer i fjellet, og 3 hytter i dalane nær vassdrag og bilveg. I villreinjakta er hyttene opne. Dei fleste buene er av nyare dato, og med enkel standard. Standard utstyr er vedomn med tørkerist, 3-bluss gassapparat, dekkety og bestikk, kjelesett og vaske­ utstyr. Dei fleste buene har 5 soveplassar.

leige hytte

Skjåk Almenning i Bismo tlf: 61 21 39 00 Internett:  www.inatur.no Direktelenke:  http://goo.gl/rvOK9 Ålesund Sunnmøre Turistforeining tlf: 70 12 58 04

buer i fjellet

Frå Aursjoen: Storhøhytta, Aursjobu, Sveinbu. Frå Billingen: Skarvedalsbu, Storvassbu, Tverråhytta. Frå Hamsevika: Grønvassbu, Kvitberghytta. Frå Pollfoss: Glitterbu og Rauddalsbu. Frå Sota: Sottjønnbu. Frå Dønfoss: Grønstorrbu i Tundradalen. Frå Skjåk: Sauhytta i Lundadalen

hytter i dalane

• Heggjeåsaga i Billingsdalen • Liabu ved Sota • Legerhytta i Breiddalen.

73


Reiseliv og service

lapprose – kommuneblomst i skjåk

Turistinformasjon Skjåk Turistinformasjon i Bøstugu i Bismo. Tlf: 468 29 564 Lom Turistinformasjon i Norsk Fjellmuseum i Lom. Tlf: 61 21 29 90

Reiseliv

telefon

hytte

1  Gjeilo camping

61 21 30 32

Ja

2  Storøya camping

47 26 16 72

Ja

3  Lom og Skjåk Adventure

47 26 16 72

4  Bispen camping

61 21 41 30

5  Skjåk Rafting

99 77 50 88

6  Mogard Gjestgiveri

61 21 40 26

Ja

7  Skjåk Turistheim

61 21 40 24

Ja

7  Skeid kro

61 21 43 33

Ja

8  Nigard Flækøy

61 21 43 57

Ja

9  Furuly camping

61 21 47 43

Ja

10 Dønfoss camping

61 21 48 98

Ja

11 Pollfoss Hotell

61 21 47 00

12 Skjåk Sæter

61 21 39 14

Ja

13 Øyberg Sæter

61 21 39 18

Ja

14 Grotli Høyfjellshotel

61 21 74 74

32 Sota Sæter

47 81 59 77 74

Ja


Service

telefon

Brann/Fire

110

Politi/Police

112

Sjukebil/Ambulance

113

Lege/Doctor

61 21 71 00

Skjåk Kommune

Buss

61 23 44 55

Fjord1

Post

Navn

ICA

Bank- veksling/exchange

61 21 90 00

Sparebank 1 Lom og Skjåk

Bensin / Petrol

61 21 41 53 61 21 48 99

Statoil Bismo Statoil Nordberg

Taxi

909 03 012 909 03 013

Bibliotek/Library

909 47 020

Skjåk Folkebibliotek

Bilverkstad / Garage

61 21 44 00 61 21 36 70

Bismo Bilverksted Skjåk Bil

Tannlege / Dentist

61 21 40 14 61 21 44 50

Skjåk Tannklinikk Torstein Ytre

Avis / Newspaper

61 21 38 60

Fjuken

camping

seng

servering

aktiviteter

Ja Ja

Rafting Rafting

Ja

Tennis Rafting

Ja Ja

Ja Ja

Ja Ja

Ja Ja Ja

Bading Ja

Ja

Ja

Ja

Ja

Ja ja

ja

Ja

Ja

Alpinbakke

75


nyttig informasjon På tur i Skjåk:  http://iskjak.no/ Fiskekort:  http://goo.gl/mdBt7 Hytteleige:  http://goo.gl/rvOK9 dnt:  http://ut.no/ Arrangement:  http://goo.gl/PNOQH Turistinformasjon tlf: 61 21 29 90 Skjåk Almenning  tlf: 61 21 39 00 Skjåk kommune  tlf: 61 21 70 00

skitur til mann-i-båt

76


Nasjonalparkriket er Dovrefjell, Rondane, Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Reinheimen og Breheimen ligg i SkjĂĽk

i breheimen frü sottjønn mot sota


Reinheimen Reinheimen ligg i Skjåk, Lesja, Romsdalen og Tafjord. Fleire av stigane i heftet går inn i Rein­ heimen. Billingen er ein inngangsport til nasjonal­parken. Reinheimen er villreinen sitt rike. Det er mange kulturminne knytt til den gamle reinsfangsten. Kystfjella i vest har høge fjell og djupe dalar. Landskapet i aust har slake fjell, innsjøar og vidder.

Breheimen Breheimen ligg i Skjåk, Lom og Luster. Mange av stigane i heftet går inn i nasjonalparken. Sota er ein inngangsport til Breheimen. Breheimen er særprega av dei store breane og av ein rik vassdragsnatur. Tverrådalskyrkja ved Sota er eit toppunkt.

På tur i Skjåk  

Omtaler 48 fotturer, 5 skiturer og en sykkeltur i Skjåk.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you