Nokre spor varer evig

Page 14

Friluftsliv/ Dei lengste turane Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjente og inn i det ukjente saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel. Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar?

Elisabeth Wendelbo på 10-dagarstur i Jotunheimen. Foto: Thomas Gjerstad Wennesland

Fakta Friluftsliv/Ekspedisjon Langtur Svalbard 14 dagar Vestlandseventyr (fottur/kajakk) 10 dagar Langtur vinter med hund 6 dagar Jostedalsbreen på langs 4 dagar Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar Skiveke i Hemsedal 5 dagar Vandretur på hausten 3 dagar

Brekurs Klatrekurs Skredkurs Kitekurs Snøholetur Havkajakk

5 dagar 3 dagar 3 dagar 3 dagar 3 dagar 2 dagar

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 65 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.