Issuu on Google+

Nordfjord folkehøgskule Friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord 2010/2011


Det er minst 100 gode grunnar for å gå på Nordfjord folkehøgskule. Ein del grunnar finn du i denne brosjyren. Andre finn du på friluftslivskulen.no. Men dei aller fleste grunnane oppdagar du først når du sjølv er elev på skulen. Du finn dei i møte med nye vener, turkameratar og lærarar.

På pilegrimsvandring frå Ervika til Selje. Foto: Hanna Hardeberg Hermstad


Arne Erdal på skuletur med Statsraad Lehmkuhl, april 2009. Foto: Øystein Venås Sørensen


Friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Martin tar dobbelttak i blåisen på Nigardsbreen, august 2009. Foto: Øystein Venås Sørensen

6


7 Brekurs på Bødalsbreen. Foto: Lisa Dramdal Hasholt

Du finn meir informasjon på heimesida vår: friluftslivskulen.no

7


Friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Knut Skomedal nyt livet i Gjengedalen, september 2007. Foto: Hans GrĂŚsli

8


9

Utsikt frå Hornelen, høgaste sjøklippa i Nord-Europa. Foto: Kristian Fossberg Du finn meir informasjon på heimesida vår: friluftslivskulen.no

9


Friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord

Ekspedisjosklassa padlar havkajakk ut Gloppefjorden, oktober 2006. Foto: Elisabeth Wendelbo


Susanne Birkeland strålar etter å ha fått prøvd seg på bølgjene i Hoddevika, august 2009. Foto: Kristian Engelbretsen


12


13

Året ved friluftslivskulen er ­starten på noko nytt. Starten på ditt eige sjølvstendige liv, der du vel kva som er viktig. Starten på nye vennskap, ­vennskap som varer. Du møter folk som deler friluftsinteressene dine. Du møter lærarar og medelevar med ulik bakgrunn, meiningar og livssyn. Du møter deg sjølv. Det du lærer aller mest på friluftslivskulen, er å vere menneske. Elevar skuleåret 2009/2010 Foto øvst frå venstre: Kristian Engelbretsen, Mari Høyvik, Kristian Engelbretsen , Ragnhild Tjøstheim, Øyvind Kopperstad , Ragnhild Midtgarden, Kristian Engelbretsen, Kristian Engelbretsen. Foto 2. rad frå venstre: Johannes Kristianslund, Kristian Engelbretsen, Johannes Kristianslund, Johannes Kristianslund, Hanna Lønning Gjerdi, Kristian Engelbretsen, Kristian Engelbretsen. Foto 3. rad frå venstre: Mari Høyvik, Kristian Engelbretsen, Øyvind Kopperstad, Øystein Venås Sørensen , Johannes Kristianslund, Mari Høyvik, Øystein Venås Sørensen, Øyvind Kopperstad. Foto 4. rad frå venstre: Kristian Engelbretsen, Kristian Engelbretsen, Andrea Maurland, Johannes Kristianslund, Johannes Kristianslund, Ragnhild Midtgarden, Kristian Engelbretsen , Øystein Venås Sørensen. Du finn meir informasjon på heimesida vår: friluftslivskulen.no 13


15


Friluftsliv/ Dei lengste turane Ekspedisjon! Eit ord lada med forventningar, med spenning, med Roald Amundsen, med Cecilie Skog, med Mount Everest og Sibir. Eit forlokkande ord, ikkje sant? Ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjente og inn i det ukjente saman med folk du stolar på. Saman med folk du vil dele opplevingar med. Saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: Svalbard, Sunnmørsalpane og Jotunheimen. Du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel. Dette året vil krevje mykje av deg. Er du klar?

Elisabeth Wendelbo på 10-dagarstur i Jotunheimen. Foto: Thomas Gjerstad Wennesland

Fakta Friluftsliv/Ekspedisjon Langtur Svalbard 14 dagar Vestlandseventyr (fottur/kajakk) 10 dagar Langtur vinter med hund 6 dagar Jostedalsbreen på langs 4 dagar Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar Skiveke i Hemsedal 5 dagar Vandretur på hausten 3 dagar

Brekurs Klatrekurs Skredkurs Kitekurs Snøholetur Havkajakk

5 dagar 3 dagar 3 dagar 3 dagar 3 dagar 2 dagar

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 65 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no


17 Tinderangling p책 2000-meterstoppar i Jotunheimen. Foto: Halfdan Ahrens Bergersen


18 Lars Tveit drar på ned frå Snønipa, 1827 moh, mars 2009. Foto: Øystein Venås Sørensen


Dei ivrigaste surfarane tek ei ekstra kveldsøkt i Hoddevika, oktober 2009. Foto: Hanna Lønning Gjerdi

Friluftsliv/ Eit heilt år med fri flyt

Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. Om det no er i dei beste laussnøanlegga på Vestlandet. Eller på ein draumestad i dei ekte Alpane. Du kan ikkje surfe gjennom heile livet. Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.

Fakta Friluftsliv/Ski og surf Surfing på Stad 8 dagar Surfetur til Jæren 5 dagar Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar Skikjøring i anlegg på Vestlandet 5 dagar Skiveke i Hemsedal 5 dagar Toppturveke på Sunnmøre 5 dagar Havkajakk 3 dagar

Klatring Brevandring Skredkurs Jostedalsbreen på langs Snøholetur Vandretur på hausten

2 dagar 3 dagar 6 dagar 3 dagar 3 dagar 3 dagar

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 50 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no


Martin Steinslet møter veggen, El Chorro 2007.

Friluftsliv/ Himmelhøgt i Himalaya Nokre av oss har ein draum. Ein draum om å vere mest mogleg i fjellet, på reise, i rørsle. Sjå for deg eit raudt telt midt ute på Jostedalsbreen. Sjå for deg ein sekk som alltid er ferdig pakka, ei klatrerute som trufast ventar, ei offpistelinje på Sunnmøre. Tenk å kunne oppfylle den største draumen av dei alle – draumen om Himalaya: å stå under dei høgste fjella i verda, oppleve sterke menneskemøte, ein annan kultur. Kvar gong du har vore langt borte, er det betre å komme heim. Til dei nære fjella. Til bålet i skogkanten. På denne linja blir du globetrottar og nordfjording på ein gong.

Fakta Friluftsliv/Vertikalt Himalaya 16 dagar Klatring 8 dagar Buldring 3 dagar Brekurs 5 dagar Tinderangling haust 3 dagar Tinderangling vinter 3 dagar Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar

Skiveke i Hemsedal 5 dagar Topptur 6 dagar Fjord til fjell (kajakk/fottur) 3 dagar Skredkurs 5 dagar Isklatring 2 dagar Snøholetur 3 dagar

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 50 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no


21

Rapell ned frü Bladet i Sunnmørsalpane, oktober 2007. Foto: Ellen Hesselberg


22

Hjort er gjort i Hyen, september 2008. Foto: Kristian Magnus Svor

I pudder ned fr책 Daurm책l, 1445 moh. Foto: H책kon Berget


Sigvart Bjerga på seljakt på Atløy, februar 2009. Foto: Kristian Magnus Svor

Friluftsliv/ Licence to kill Det er vilt i vest. Difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med jakt. Du skal jakte på rype, hare, rev, villsvin og hjort. Du skal jakte på den gode kjensla. Du skal leve som Lars Monsen, med teltet og rifla og heile villmarka som din nye heim. Du skal sette ut feller, fiske med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal få prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring. Kort sagt: velkomen til eit vilt år.

Fakta Friluftsliv/Jakt og fiske Fjelltur haust 3 dagar Brekurs 3 dagar Innlandsfiske 4 dagar Havfiske 3 dagar Hjortejakt 8 dagar Rype-, hare- og skogsfugljakt 8 dagar

Rev- eller gaupejakt 5 dagar Villsvin- og beverjakt i Sverige 5 dagar Skiveke i Hemsedal 5 dagar Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar Kajakk/ Kano 3 dagar Snøholetur 3 dagar

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 50 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no.


Friluftsliv/

Sindre Tengesdal i Hoddevika, september 2008. Foto: Øystein Venås Sørensen

Ein heilt annan fartskontroll

Vind og vatn er dei mest fartsfylte elementa. Dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. Vindfulle dagar henger du i riggen om bord i ein seilbåt. Eller etter ein kite på Hardangervidda. Regnværsdagane fyller opp padleelvene på Voss. Varme solskinndagar lokkar med bølgjesurfing i Europa. Og under vannflata ventar ei annleis verd. Tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og tørre snøkrystallar. Eit år med rein natur og rein moro. Eit år med wetlook og bakoversveis.

Fakta Friluftsliv/Vind og vatn Elvepadling i Voss 5 dagar Surfing på Stad 5 dagar Fridykking 2 dagar Surf-og kitetur til Europa 10 dagar Dykkekurs 5 dagar Dykking 2 dagar Segling/kystveke 3 dagar

Skredkurs 3 dagar Kiting på snø 10 dagar Havkajakk 5 dagar Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar Skiveke i Hemsedal 5 dagar Snøholetur 3 dagar

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 50 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no


25

Loritha Magnussen med gledeshyl ned Strandaelva p책 Voss. Foto: Benjamin Hjort


26

Henning Holand droppar i Nordfjord Skisenter. Foto: Martin Venås

Jørgen Valde går Journalisten (7-), september 2008. Foto: Øystein Vegge

Jørgen Paulsen vert jaga av grøne bølgjer i Hoddevika, september 2008. Foto: Øystein Vegge

Austafor sol og vestenfor måne på Dimma, oktober 2009. Foto: Johannes Kristianslund


Friluftsliv/ Mykje vil ha meir

Stille natt på Utvikfjellet. Foto: Mads Randgaard

Nokre gongar treng du ikkje velje. Her er turmiksen for deg som vil høgt og lågt. Som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet. Gutar og jenter: vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. Som klatring i fjell, vandring på bre, padling i elv, surfing på Stad, skiturar i Tafjordfjella, kryssing av Josten og heiskort til offpistekøyring på Sunnmøre. Denne linja reindyrkar variasjonen. Du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og kiting den tredje.

Fakta Friluftsliv/Aktivitet Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar Snøholetur Skiveke i Hemsedal 5 dagar Langtur vinter Brekurs 5 dagar Jostedalsbreen på langs Klatring 5 dagar Bølgesurfing på Stad Skredkurs 5 dagar Toppturveke på ski Havkajakk 4 dagar Vandretur på hausten Tinderangling i Molladalen 3 dagar Kiting Segling 3 dagar Isklatring Elvekajakk 3 dagar

Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong.

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 50 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no

3 dagar 5 dagar 4 dagar 3 dagar 3 dagar 3 dagar 3 dagar 2 dagar


Christoffer Ellingsrud tek ein sideflip i Engelberg, mars 2007. Foto: Magnus Hvalvik

Friluftsliv/ Gå derfor ut

KRIK står for Kristen Idrettskontakt. Og KRIK Ski står for skiglede og livsglede. No skal desse to orda fylgje kvardagen din eit heilt år. Skiglede i den kvite årstida, når tindane badar i snø, når du står på toppen, høyrer klikket frå skibindingane og nedturen er fullkomen plankekøyring. Og livsglede. Livsglede i møte med deg sjølv. I møte med dei andre. I møte med skaparverket. 3000 meter til værs i Alpane. Eller framfor kveldsbålet med ei ro som varer.

Friluftsliv/KRIK Ski Skikøyring i Alpane/Sunnmøre 5-10 dagar Skredkurs 5 dagar Galdhøpiggen Sommarskisenter 3 dagar Tinderangling vinter 5 dagar Kitekurs 5 dagar Skiveke i Hemsedal 5 dagar Jibbing 5 dagar Akrobatikk 3 dagar Snøholetur 3 dagar

På KRIK Ski får du ikkje berre utsikt. Du får så mykje meir. Du får innsikt.

I tillegg kjem åleinenatt, felles toppturar, kokelagstur, pilegrimsvandring, førstehjelpskurs og ulike valfrie prosjekt, sjå side 30 og 31. På linja blir det ca. 50 turdøgn og 15 dagsturar. Du finn meir informasjon på friluftslivskulen.no

KRIK- linjesamling i Oslo Teambuilding/ledertrening Brekurs Klatring Elvekajakk Fjelltur haust Havkajakk Surfing på Stad

4 dagar 5 dagar 3 dagar 3 dagar 2 dagar 3 dagar 3 dagar 2 dagar


29

I pudder og motsol p책 veg mot Daurm책l, 1445 moh. Foto: H책kon Berget


Dagstur på Dimma. Frå venstre: Fredrik Andersen, Ingrid Aske Osnes, Petter Høydahl, Hege Sværen Tollefsen og Pål Furnes Ness, oktober 2008. Foto: Lisbeth Momrak

Det første året heimanfrå

Nye vener. Nye aktivitetar. Og nye erfaringar. Som elev på Bu- og arbeidstrening vil du ta del i eit inkluderande fellesskap og lære deg å bli meir sjølvstendig. Hos oss kan du øve på å halde ditt eige rom ryddig, halde orden på kleda dine, måltida dine og fritida di. Sjølvsagt skal vi hjelpe deg. Dei tilsette vil sørgje for at du får den hjelpa du treng. Både når du er på skulen og når du er ute på tur har du 100 ungdomar å dele opplevinga med. Dette året vil bety mykje for deg. Og for alle oss andre som blir kjende med deg.


31

Guro Eide på pilegrimsvandring over Stadlandet, april 2008. Foto: Hans Græsli

Linjefaget er hovudfaget ditt dette skul­eåret. I tillegg til linjefag har du fellesfag, valfag, prosjektveker, og fellesturar.

Fellesundervisning Fellesturar og fellesfag er ein viktig del av undervisninga, enten det no er i klasserommet eller på tur. I løpet av året reiser heile skulen på pilegrims­vandring, på skiveke til Hemsedal og på skuletur med Statsraad Lehmkuhl til Shetland. I tillegg blir det toppturar både haust, vinter og vår. På skulen har vi temadagar, kristendom og seminar med spennande gjester. Kvar laurdag er det elevkveld, og i november brukar vi to veker på å lage vår eigen revy.

Valfag Vi delar skuleåret i tre terminar. I kvar termin kan du velje opp til fem valfag. Valfaga vel du etter at du har starta på skulen. Acrylmaling Ballspel Barmarkstrening Bibelfag Buldring Bål i all slags vêr Dans Filosofi Flugebinding Fotball Foto Gitar Golf

Havkajakk Hybelkokken Idrett Jegerprøve Kajakk (basseng) Kajakkbygging Keramikk Klatring Knivmaking Kor Kristendom Longboard Mat på bål

Musikk Norsk Pilates Smiing Strikking/hekling Teikning/maling Terrengsykling Topptur Toving Trearbeid Utstyrslaging Volleyball Web


32 Revy - sminkegruppa har forvandla Annika Rø til leopard, november 2009. Foto: Guro Larssen

Fritt fram

Prosjektveker i november Eit år på Friluftslivskulen byr på mykje meir enn berre linjetilbodet. Mellom anna set vi av fire veker til ulike turar og prosjekt. Då vel du aktivitetar på tvers av linjene. Slik kan du sjølv sette saman det skuleåret du vil ha. Oversikt over kostnadane på dei ulike opplegga finn du på friluftslivskulen.no.

Revy. Nokre elskar å stå på ei scene og kan aldri få nok merksemd. Andre har skjulte talent og får kanskje sin første trampeklapp i ein fullsett sal ein kveld i november. I to veker blir det i alle fall liv og røre og full fest i vest. Praktiske uteprosjekt. Heldigvis er verda full av handverkarar. Folk som liker å ta i eit tak. Kvar haust ventar nye prosjekt. Enten det er restaurering av ei gamme eller utviding av ein gapahuk. Og når dei to vekene er over, kan du for alltid vite at du har sett spor etter deg i Nordfjord. Klatring i Frankrike. Når kulda kjem, set vi oss på toget til Frankrike for å møte veggen og hundrevis av bolta klatreruter. Her lovar vi to veker med god stemning og bratt læringskurve. To veker der du får være høgt oppe. Heile tida.


33 Ingeborg Ims Winther fridykker ved Jæren, våren 2008. Foto: Erik Kjetså

Houte Route i Frankrike, april 2007. Foto: Peder Særheim

Prosjektveke i desember

Prosjektveke i mars

Den første veka i desember lar vi timeplan være timeplan. Vi spreier oss rundt om i landet på ulike prosjekt. Nokre stikk på jakt med geværet i handa. Andre vil oppleve havet, enten det er på 20 meters djup eller i eit skip lasta med liner, teiner og garn. I ein svett gymsal vert det jakta på personlege rekordar samtidig som skulekjøkenet utfordrar til uhøgtidelig kokkekamp. I formingsavdelingane blir det produsert julegåver, både dei mjuke og dei harde. Og som om ikkje det er nok; dei snøkledde Vestlandsfjella lokkar skiglade elevar ut på tur - med og utan kite.

Europa har Alpane. Vi har Sunnmørsalpane. Denne veka kan du sjølv bestemme kvar du vil dra. Men uansett om du oppsøker 2000-3000 meter høge fjell i Østerrike eller har lyst å køyre heilt ned til fjøresteinane på Sunnmøre, så er målet det same; jakta på den beste snøen.

Her ser du ei oversikt over kva prosjekt vi hadde tilbod om skuleåret 2009/2010: • Jaktveke • Dykkarkurs • Kystveke • Treningsleir • Utstyrslaging • Smiing • Kiting • Toppturar

På Sunnmøre kan du velje mellom heisbasert skikøyring og toppturar på kvasse vintertindar. I Alpane er det køyring i skianlegg som gjeld. For elevar på Friluftsliv/KRIK Ski og Friluftsliv/Ski og surf er Alpeturen inkludert i linjekostnadene. For elevar i dei andre klassene vil turen koste noko ekstra. Meir informasjon finn du på friluftslivskulen.no


34

Friluftslivskule

Anders Fossland under fulle segl på veg mot Shetland, september 2009. Foto: Johannes Kristianslund

Nordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule. Vi har spesialisert oss gjennom mange år, og skaffa oss solid kompetanse. I 2008 vart vi tekne opp som medlem i Norsk Fjellsportforum. Av alle skulane i landet er det berre Høgskulen i Telemark og Høgskulen i Sogn og Fjordane som kan vise til same godkjenning. Lærarane har relevant utdanning og lang erfaring med friluftsliv, og i løpet av året kjem du til å lære svært mykje om å vere ute og bruke naturen. Du treng ikkje ha mykje friluftsliverfaring for å søkje på Nordfjord folkehøgskule. Men du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar. I løpet av året blir det minst 40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller under open himmel.

Skuletur med statsraad lehmkuhl Har du lyst til å stå til rors på eit hundre ­meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl og seglar vestover til Shetland. Gled deg til flotte døgn ombord på verdas største 3-mastra bark. Les meir om turen på friluftslivskulen.no.


35

Trondheim

Nordfjord Bergen Oslo

Sandvolleyball på skuleområdet Foto: Hans Græsli

Kristiansand

Kristne verdiar – ulike livssyn

Kvar er Nordfjord?

Det er Normisjon som eig skulen. Vår visjon er at du i løpet av året skal få ”sette spor under ein open himmel”. Vi håpar du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen på skulen. Om du vil, kan du vere med i bibel- eller samtalegruppe, og ein gong i veka arrangerer elevane kristne kveldsmøte som du kan delta på om du har lyst. Du treng ikkje vere kristen for å gå på denne skulen. Vi ynskjer å vise kva vi står for, men samtidig ha stor respekt for dine tankar. Her er plass for alle – uansett meiningar og livssyn.

Nordfjord folkehøgskule ligg ved Gloppefjorden, ein arm av Nordfjorden i Sogn og Fjordane. I nærområdet rundt skulen er det flotte forhold for friluftsliv både på land og på sjø, og frå skulen er det kort veg til både Sunnmørs­ alpane, Stadhavet, Jostedalsbreen og Jotunheimen. Kommunikasjonane til og frå skulen er gode. Kvar dag går det fleire ekspressbusar til og frå Bergen, Trondheim og Oslo, og fly­plassen ligg berre 4 kilometer frå skulen.


Kva kostar eit år ved Nordfjord folkehøgskule? Det varierer frå elev til elev kor mykje skuleåret kostar. På grunn av ulike undervisningsopplegg og ulike turar, kostar nokre linjer meir enn andre. Også valfaga og prosjektvekene har ulik pris. For å sjå nøyaktig kva skuleåret kostar kan du gå inn på nettsidene våre. Der står alle utgiftene lista opp, og du kan finne ut kva ditt år kjem til å koste. Stipend og lån Alle norske elevar kan søkje om lån gjennom ­Statens lånekasse for utdanning. Adressa til ­lånekassa er: www.lanekassen.no. Når skuleåret er fullført vert kr 35.040,- (tall frå 09/10) omgjort til stipend dersom du har minst 90% frammøte i løpet av skuleåret.

Foto: Ellen Lande Gossner

På skulen er det plass til 130 elevar. Gjennomsnittsalderen er ca 20 år, og dei siste åra har det vore jamn kjønnsfordeling. Skulen er stor, og har mange rom: Smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, keramikkrom, teiknesal, syrom, mørkerom og studio, datarom med trådlaust internett, og ikkje minst ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, stor gapahuk og gamme, og naust med eigne båtar rett nedanfor skulen. Nede ved sjøen ligg òg nærbutikken med eige bakeri.

Internatliv Friluftslivskulen er meir enn friluftsliv og undervisning. Når den offisielle skuledagen er slutt, er det opp til kvar enkelt kva som skal skje. Fotball eller volleyball, vaffelsteiking, sjokoladekake­baking, isbading, spelekveld eller videokveld. I seine kveldstimar er det plass til den gode ­samtalen på internatet, kanskje får de òg tid til å løyse eit verdsproblem eller to? Du og alle dei andre elevane er like viktige for å skape eit godt miljø på skulen.

Søknad og søknasdsfrist Vi har ingen søknadsfrist, men startar opptak 1.februar. Dei siste åra har vi hatt full skule, og ­ enkelte av linjene er ekstra populære.Det er ­difor viktig at du er tidleg ute. Søknad kan du skrive på søknadsskjemaet i ­denne brosjyren og sende det til Nordfjord ­folkehøgskule, 6823 Sandane. Legg ved eller ettersend kopi av vitnemål eller siste karakterutskrift. Du kan òg søkje på friluftslivskulen.no. Vi tek atterhald om at det kan bli endringar i fag og undervisningsplanar. Velkomen som søkjar på Nordfjord folkehøgskule!


Klipp ut

Søknadsskjema 2010/2011 I tillegg til dette skjemaet kan du skrive meir om deg sjølv på eit eige ark. Beskriv deg sjølv som person. Kva interesser har du? Skriv kvifor du søkjer på Nordfjord folkehøgskule og kva forventningar du har til skuleåret.

Skriv 1 framfor den linja du helst vil gå på, og 2 og 3 framfor andre- og tredjevalet ditt.

Skriv tydeleg, gjerne med blokkbokstavar

Namn: Adresse: Postnummer: Poststad:

Friluftsliv/Ekspedisjon

Friluftsliv/Aktivitet

Friluftsliv/Vertikalt

Friluftsliv/KRIK Ski

Friluftsliv/Ski og surf

Friluftsliv/Vegleiing

Friluftsliv/Jakt og fiske

Bu- og arbeidstrening

Friluftsliv/Vind og vatn Tidlegare utdanning/skulegang:

Kommune: Fylke: Tlf: Mobil:

Søkjaren si underskrift:

E-post: Fødselsdato: Føresette/pårørande:

Fyllast ut av skulen:

Søkjarnummer:

Søk.dato:

Svardato:

Linje:

Oppt.dato:

Bet.dato:

Tlf til føresette/pårørande: E-post til føresette/pårørande:

Send søknaden med karakterutskrift/vitnemål til: Nordfjord folkehøgskule, 6823 Sandane Du kan også søkje direkte på friluftslivskulen.no


Hos oss vil du sette spor etter deg.

Foto baksida: Song i solnedgang, Hoddevika, august 2009. Foto: Kristian Engelbretsen Framsida: Morgonstemning i Alpane, mars 2008. Foto: Ørjan Brunstad

Nordfjord folkehøgskule, 6823 Sandane Tlf.: 57 86 80 40 • Faks: 57 86 80 50 E-post: kontor@friluftslivskulen.no www.friluftslivskulen.no

Innoventi

Vennskap som tåler minusgrader, høge toppar og djupe dalar. Kunnskap gjennom store opplevingar. Spor som blir sterke av ver og vind.


Nokre spor varer evig