Velkommen HSH Stord 2014

Page 1

Stord

Velkommen

til Høgskolen Stord/Haugesund - Studieüret 2014/15 Viktig informasjon til deg som er ny student!

www.hsh.no


Helsing frå rektor

Velkommen som ny student ved HSH! Vi er glade for at du har valt å starta studia og dermed ­karrierevalet ditt hos oss ved Høgskolen Stord/Haugesund. Det å vera student er ­spennande. Du startar på ein ny fase i livet. Vi vil gjera vårt beste for at du skal få ei så god tid hos oss som mogeleg. Anten du er ny i regionen vår, eller ­allereie bur her, ønskjer vi å leggja til rette for eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. I semesterstart­ en vil du bli møtt av fadrar, som har brukt erfaringa si til å laga eit spennande program for deg. Vi ønskjer at du raskt skal finne vener og skapa deg eit godt ­studiemiljø for ei god studietid. Faddertiltaka gir deg høve til å bli kjent med ­medstudentar, høgskulen og studiestaden, og du vil oppdaga at HSH har eit spennande utval av ­studentaktivitetar.Skal du nå det målet du har sett deg, er det viktig at du får ein god, fagleg start. Målet vårt er å utdanna attraktive kandidatar for ein ­moderne arbeidsmarknad. Den ambisjonen kan vi berre oppfylla i samarbeid med deg. 2

Tilbake til innhaldsliste

I år jubilerer vi som høgskole. Det er 20 år sidan HSH blei skipa, og i 175 år har vi drive med lærar­ utdanning. Her har vi ei historie og kunnskap som få andre i landet kan skilte med. I jubileumsåret vil det skje mange spennande aktivitetar – og du vil bli ­invitert. I dette heftet finn du viktig informasjon som gjeld deg som student. Sjå spesielt på sjekklista. Allereie no kan du begynna å førebu deg på det nye studieåret. På nettsidene våre, www.hsh.no, finn du bilete, kart, filmar og nyhende frå HSH. Desse sidene vil jamleg bli oppdatert fram mot studiestart. Vi ser fram til å bli kjent med deg, og håpar du får ei god og innhaldsrik studietid hos oss. Ha ein vidare fin sommar, og igjen – velkommen til HSH!

Liv Reidun Grimstvedt rektor


Innhaldsliste Opningsdagen...................................................... s.4

Praktisk informasjon...................................s.5

- Semesterregistrering - Betaling av semesteravgift - Kva er ein utdanningsplan? - Viktige fristar - Studentkorts - Studielån - Timeplan

Studentaktivitetar og tilbod ved HSH...................................................................... s.6

Viktige informasjonskanalar..............s.7

- Studentportalen - Fronter - Student-e-post - StudentWeb

Tenestetilbod........................................................ s.8

Bibliotek/IKT-hjelp/ Skrivesenter. .......................................................... s.9

Fadderordning................................................. s.10

Arrangementer 2014/2015................s.15

- Studenttorg med studiekonsulentar - Studentrådgivartenesta

Sjekkliste før studiestart

Sjekkliste ved studiestart

notera deg pinkoden din som står i pinkodebrevet som du fekk frå HSH etter du takka ja til studieplass.

møta 19. august for registrering og ­velkomstseremoni, s.4. NB! Dersom du ikkje kan møta til ­studiestart må du få godkjend fråværet på førehand. Utan godkjend fråvær, mistar du studieplassen dersom du ikkje møter til registrering.

aktivera datakontoen din, s. 9 skaffa og senda inn politiattest for dei ­utdanningane som krev det betala semesteravgifta, s. 5 søkja studielån om du treng det (www.lanekassen.no) skaffa deg bustad (www.boligtorget.no/ssh) bli kjend med heimesida vår (www.hsh.no)

melda deg opp til undervisning og vurdering (godkjenna utdanningsplan) og betala semesteravgift innan 1. september, s. 5 ta bilete til studentkort, s. 6 få oversikt over timeplanen din, s. 6 fadder- og semesterstartstiltak og bli kjend med medstudentar, s. 11

3


Opningsdagen Tysdag 19. august

Registrering av nye studentar kl. 10.00 - 10.50 Stad: HSH Rommetveit i vrimleareal / inngangsparti Registrering av nye studentar og utdeling av informasjonsmateriell.

Møte med studieretningane kl. 11.00 - 12.45 Presentasjon av studiet og møte med studieleiar, lærarar og fadderrepresentantar. Det vert skilta fram til dei ulike samlingsstadene.

Opningsseremoni kl. 13.00 - 14.30 Stad: HSH Rommetveit i Aulaen Musikalske innslag, talar og helsingar frå mellom andre rektor i HSH Liv Reidun Grimstvedt, statssekretær Bjørn Haugstad, ordførar i Stord kommune, Liv Kari Eskeland, og studentar ved HSH.

* Med atterhald om endringar

4

Tilbake til innhaldsliste


Praktisk informasjon Det er fleire praktiske ting du må gjera dei første dagane ved semesterstart. Under vil du finna informasjon om ein del av dei tinga du MÅ gjera for å vera student ved HSH (sjå sjekkliste s. 3). I tillegg finn du ein del råd og tips som kan gjera studiekvardagen din lettare.

Semesterregistrering Innan 1. september (haustsemesteret) og ­1. ­februar (vårsemesteret), må du semesterregistrera deg/ melda deg opp til vurdering (eksamen) og betala ­semesteravgifta. Du er sjølv ansvarleg for å gjera dette kvar haust og vår så lenge du er student. Dette gjer du på følgjande nettside: www.hsh.no/studweb

Betaling av semesteravgift Alle som skal studera ved HSH må kvart ­semester betala semesteravgift. Denne går til ­Studentsamskipnaden Stord/Haugesund (SSH), Norsk studentorganisasjon (NSO) og Kopinor. ­Betalingsinformasjon finn du på StudentWeb under menyen ­betaling. Vel generere faktura, og du vil få eit KID-nummer, ­kontonummer og beløp. Hugs å bruka KID-­nummeret ved ­betaling. Betalingsfrist for haustsemesteret er 1. s ­ eptember og 1. februar for vårsemesteret. For å få utbetalt studielån, må semesteravgifta vera betalt og ­utdanningsplanen godkjend. Studentar som ikkje har betalt semesteravgifta innan fristen, mister ­studieretten og tilgang til å gå opp til vurdering (ta eksamen).

Kva er ein utdanningsplan? Som ny student får du ein personleg utdanningsplan som viser deg kva fag og emne du skal ta gjennom året. Utdanningsplanen definerer samtidig rettane og pliktene dine som student. Alle studentar må godkjenna utdanningsplanen kvart ­semester. Når du godkjenner (lagrar) utdannings­planen din, blir du ­samstundes oppmeld til vurdering/eksamen du skal ta dette ­semesteret. ­Utdanningsplanen din finn du på “studentweb” under registreringar: www.hsh.no/studweb

Viktige fristar haustsemesteret • Levera politiattest for aktuelle studium Seinast ved studiestart • Godkjenna utdanningsplan: 1. september • Betala semesteravgift : 1. september • Søknad om tilrettelegging ved eksamen: 1. september • Søknad lånekassen: 15. november.

Tilbake til innhaldsliste

5


Studentkort Alle studentar skal ha eit studentkort. Kortet bruker du som ­identifikasjon ved eksamen, som bibliotekkort og som pålogging til skrivar/kopimaskin. Kortet kan brukast som nøkkelkort til HSH sine bygningar. ­Kortet gir òg rabatt på ­offentleg transport. Studentkortet er berre gyldig med semester­merke. Merket får du i Studenttorget. Fotografering for studentkorta føregår ved ­Studenttorget, og kvar studieretning får sett av tid til fotografering. Merk at det kan ta opptil ei veke frå fotografering til kortet er klart til henting i ­Studenttorget.

Studielån Dei fleste studentane finansierer heilt eller delvis studia sine med lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning. All søknads­informasjon og søknads­ skjema finn du på Lånekassen sine ­nettsider www.lanekassen.no. Det blir automatisk sendt rapport til ­lånekassen når du har betalt semesteravgifta og godkjent utdannings­planen din. Når lånekassen har motteke signert gjeldsbrev frå deg og rapport frå oss, vil du få innbetaling direkte på din konto.

Timeplan Fullstendig timeplan for studiet ditt finn du på www.hsh.no under studentportalen. Der vil du finna informasjon om kva tid dei ulike emna går, kva rom undervisninga er i, og eventuell annan ­informasjon. Vi oppmodar deg om å setja deg inn i timeplanen din så snart som mogleg. Timeplanen kan variera noko frå veke til veke, spesielt i ­oppstartsvekene.

Studentaktivitetar og -tilbod ved HSH Studentsamskipnaden Stord/Haugesund (SSH) ­arrangerer saman med studentforeningane kvart år ei infomesse i samband med ­semesterstart ved ­Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). På messa kan du få mykje nyttig informasjon. Treng du informasjon om studentersamfunn, studenthuset, studentforeningar og student­aktivitetar, eller korleis du kan vera aktiv deltakar i student­politikken? Sjå: www.hsh.no/ssh SSH vil informera om sine ulike tenester som ­studentbolig, ­studentbarnehage, studentkafe, ­studentbokhandel, støtte til ­studentaktivitetar, ­helsefond og rabattavtalar. HSH vil informera om ­høgskulen, bruken av lokala, treningssenter, IKThjelp, ­studentrådgivartenesta, studenttorg mm. Stord kommune vil delta på messa med nyttig ­informasjon om det kommunale parkerings-, ­kultur-, kino-, idretts- og helsetilbodet for studentar. På helsestasjon for ungdom, der også HSH-studentar kan gå, møter du helsesøster og lege: Lønningsåsen 9b, Tlf.: 957 76 434. Ope onsdagar frå kl.18.00 - 20.00. Helsestasjonen held stengt i skuleferiane. Alle nye sjukepleiarstudentar vil få presentert og få tilbud på sjukepleiarutstyr som drakt, sko, klokke, namneskilt mm. Du bør delta på messa, stilla spørsmål, ta imot info og delta i uhøgtidelege konkurransar på dei ulike standane. Du kan melda di interesse for å få vita meir om eller bli med i Studenter­samfunnet, student­ parlamentet eller -foreningar, eller få smaks­prøvar frå studentkaféen!

Infomesse kvar og når: STORD: HSH, Rommetveit. Vrimlearealet v/kafé. Torsdag 21. august kl. 10:15 - 11:30.

6

Tilbake til innhaldsliste


Viktige informasjonskanalar Lurer du på noko som har med fag eller studiet å gjera? Då er det tre viktige internettsider du må ha kjennskap til.

1. Studentportalen

www.hsh.no/studentportal er studentane si ­informasjonsside. Her finn du viktig informasjon om t.d. timeplan, eksamen, lover og reglar og studentliv. Her ligg òg lenke til studiehandboka og pålogging til Fronter og StudentWeb. I studiehandboka vil du finna informasjon du treng om studie­programmet og emna (vurderingsordningar/ eksamen, studiekrav, læringsutbytte, innhald med meir). Det er viktig at du brukar studentportalen og ­studiehandboka for å få den informasjonen du treng! GÅ

2. Fronter

Når du har aktivert datakontoen din (sjå nettsidene til IKT-hjelp), kan du logga deg inn på Fronter. Fronter er eit ­elektronisk ­klasserom, og er ein viktig reiskap i ­skulekvardagen din. Fronter vert nytta til meldingar frå lærar, oppgåver, ­innleveringar m.m.

3. Student-e-post Når lærestaden sender ut viktig e-post, blir denne sendt til ­e-postadressa du får frå HSH. Du må sjekka Fronter og student-e-posten din dagleg.

4. StudentWeb

StudentWeb er ei nettbasert teneste for alle ­studentane ved HSH. Tenesta krev identifisering med fødselsnummer og ein firesifra PIN-kode. PIN-koden din står på opptaksbrevet ditt. Du går inn i Student­ Web via studentportalen. På Studentweb finn du ein personleg utdannings­ plan, som viser deg kva emne du skal ta gjennom studieåret. Utdanningsplanen definerer samstundes rettane og pliktene dine som student. På side 5 finn du meir info om utdanningsplanen din. På StudentWeb kan du: • finna betalingsinformasjon for betaling av ­semesteravgifta • godkjenna utdanningsplanen din • sjå vurderingsmeldingane og vurderingsresultata dine • sjå kor du skal sitja på skriftlege eksamenar og finna ­kandidatnummeret ditt til heimeeksamenar • trekkja deg frå vurdering/eksamen innan gjeldande fristar • bestilla karakterutskrift • endra adresse • endra PIN-kode • finna oversikt over kva vi rapporterer til ­Lånekassen

Tilbake til innhaldsliste

7


Tenester ved Høgskolen Stord/Haugesund Finn du ikkje informasjonen du søkjer på nettsidene våre, hjelper vi deg gjerne! GÅ Studenttorg med studiekonsulentar

Studentrådgivar Thomas Mikkelsen

Studenttorget ved HSH er høgskulen sitt ­informasjonssenter for studentar, søkjarar og ­andre som ønskjer kontakt med HSH. I tilknyting til ­studenttorget finn du studiekonsulentar, ­internasjonal koordinator og eksamenskontor. GÅ Studentrådgivartenesta

I løpet av studietida kan du koma opp i situasjonar som du opplever vanskelege å finna ut av på eiga hand. Dette kan lett påverka både motivasjonen og konsentrasjonen din. Når problem verkar fastlåste, kan du få hjelp og råd frå studentrådgivaren. Det er betre du kjem for tidleg enn at du ventar til problema verkar uløyselege. Ofte held det med ein samtale for å sortera i tankane dine. Studentrådgivaren har teie­ plikt og kan formidla kontakt til andre hjelpeinstansar om du ønskjer det.

Studenttorget

Har du behov for særskilt tilrette­ legging under studia eller til eksamen? HSH har som mål at det skal vera lik rett til ­utdanning for alle. Vi ønskjer å leggja til rette for studentar med funksjonshemming, men for at dette skal vera ­mogleg er det viktig at du tar kontakt så tidlig som råd. ­Studentrådgivaren hjelper deg med ­informasjonen du treng for å få tilrettelagt studiet ditt. Du kan ta ­kontakt med ­student­rådgivaren på e-post: thomas.mikkelsen@hsh.no både før og etter ­studiestart.

Har du allereie høgare utdanning? Fag frå anna høgare utdanning som er ­relevant for utdanninga di ved HSH kan du søkja om ­innpass for. Ta kontakt med studiekonsulenten på studiet ditt for meir informasjon om korleis du søkjer og kva som kan vere relevant å søkje ­innpass for.

8

Tilbake til innhaldsliste


Bibliotek/IKT-hjelp/Skrivesenter GÅ Biblioteket

På Stord og i Haugesund er det gode og moderne bibliotek. Biblioteket hjelper tilsette og studentar med å finna aktuelle bøker, artiklar, musikk m.m. På biblioteket si heimeside ligg det viktige ressursar til bruk i studiet, pensumoversikt og ­studentoppgåver. Du kan lesa meir om biblioteket sine tenester på www.hsh.no/biblioteket GÅ Skrivesenter

Skrivesenteret tilbyr hjelp med oppgåveskriving. Her kan du melde deg på ulike kurs eller møte opp til ret­ tleiingstenesta som har faste opningstider.

Alle nye studentar må gjera følgjande i oppstarten: 1. Aktivera datakontoen (NB! Må gjerast før ­studiestart)­ For å bruka høgskolen sine offisielle informasjon­ skanalar, må du aktivera datakontoen din. Dette gjer du på følgjande nettside: www.hsh.no/aktivering Krav: Passordet må innehalda tal, store og små bokstavar og vera på minst 8 teikn, og bør ikkje innehalde æ,ø og å. 2. Semesterregistrering (godkjenna utdannings­ planen og ­betala semesteravgift) IKT-hjelpa kan hjelpa til med dette. Sjå meir info på side 5. 3. Installer antivirusprogram på eigen datamaskin som skal nyttast på HSH sitt nettverk.

GÅ IKT-hjelp

Målet til IKT-hjelp er å gjera datakvardagen din så ­enkel som mogleg. Vi er der for deg, så spør oss gjerne om hjelp, anten det er i byrjinga av året eller i samband med oppgåvene du får i løpet av studiet. Du kan m.a. få hjelp og rettleiing i: • innlogging, passordskifte, e-post • utskrift, kopiering, skanning • program på studentmaskina (Word, Excel, Internet Explorer, Fronter m.m.) • bruk av multimedia (video, foto, redigering, lyd) • digitale arbeid og presentasjonar • fjerning av virus/spionprogram og installasjon av antivirusprogram • utlån av IKT-verktøy til spesielle prosjekt

Datakurs for nye studentar Vi kan tilby fleire kurs og rettleiing ved semesterstart, blant anna bruk av Fronter og StudentWeb. Kom ­innom IKT-hjelp dersom du lurer på noko, så hjelper vi deg gjerne.

Du kan lesa meir om IKT-hjelp på www.hsh.no/ikt-hjelp

Tilbake til innhaldsliste

9


Fadderordning

LES MEIR

Fadderordninga ved Høgskolen Stord/­Haugesund er eit tiltak for nye ­studentar. Målet er at du som ny student skal få ein positiv start på studietida. Det vert lagt til rette for trivsel og godt studentmiljø, og at du får ­tilknyting til høgskulen og studieprogrammet du er teken opp til. Dei nye ­studentane blir fordelt på faddergrupper, som blir leia av fadrar frå dei aktuelle ­studieprogramma.

Gle deg! Vi i fadderstyret har saman med ­studentorganisasjonane snekra saman faddervekene du har venta på! På opningsdagen står ­fadderen din trippande klar til å ta deg med inn i ­studentkvardagen med all den moroa den inneber både på skulen og på fritida. Fadderordninga er til for at du og dei ­andre i same situasjon skal kome raskt i gang med ­sosialiser­inga og finne nye vener du aldri trudde du skulle få. Dei seier jo at venene du har livet ut er dei du møter ­nettopp her i studietida! Hjarteleg velkommen skal du vere! Beste helsing frå fadderstyret, Leder Aina Røkke Øvrebø, Christina Jakobsen, Marte Nilsen og Eirik Paulsen

Fadderstyret

Foto: Nils Olai Heimark

10

Tilbake til innhaldsliste


Fadderprogram 2014 MÅNDAG 18. AUGUST Åpen dag på Granheim, v/Samfundet

MÅNDAG 25. AUGUST Tur til Kattnakken, v/Fadderstyret

TYSDAG 19. AUGUST Grilling og Bli-kjent-fest på Granheim, v/Fadderne og Samfundet

TYSDAG 26. AUGUST Aktivitetsdag, v/Råmund

ONSDAG 20. AUGUST GranCafé og Aktivitetsdag, v/Samfundet og Råmund TORSDAG 21. AUGUST Stand/infodag på skulen, v/SSH Grantorsdag i Aulaen, v/Samfundet

LES MEIR

ONSDAG 27. AUGUST GranCafé, Strikkhopp og Rebusløp, v/Samfundet, Fadderstyret og Råmund TORSDAG 28. AUGUST Quiz i Leirvik

FREDAG 22. AUGUST Byvandring i Leirvik, v/Pedagogstudentene

FREDAG 29. AUGUST Surprise-arrangement i Aulaen og Trafikklysfest på Granheim, v/Fadderstyret og Samfundet

LAURDAG 23. AUGUST Pensjonistfest på Granheim, v/Samfundet

LAURDAG 30. AUGUST Crossdress på Granheim, v/Samfundet

SØNDAG 24. AUGUST Faddernes dag, v/Fadderne

SØNDAG 31. AUGUST Dagen-der-på-samling på Plattingen * Med atterhald om endringar

Oppdatert oversikt over aktiviteter, finner du på www.hsh.no/kalender

Tilbake til innhaldsliste

11


Rom for engasjerte studentar! Bli med i studentparlamentet, sosiale og/eller faglege studentforeiningar. Vil du oppleva noko meir enn førelesingar og klassemiljø, finn du uendelege høve her på HSH. Vi opnar dører for deg som vil engasjera deg meir fagleg, men òg for deg som vil bidra sosialt.

Korleis engasjerer du deg? Du kan: • Bli tillitsvald i klassen, då blir du òg medlem av studentrådet • Sitte i referansegrupper • Stilla til val for Studentparlamentet, det høgste, ­studentpolitiske organet ved høgskulen • Stilla til val for ulike verv/råd/nemnder • Stilla til val i studentforeningar • Stilla til val for styret i studentsamskipnaden Sosiale studentforeningar: • Studentersamfunnet, Stødden (Haugesund) • Studentersamfundet (Stord) • Studentdykkerklubben • StudKick • Haugesund studentidrettslag (HSI) • Råmund Studentidrettslag (Stord) Faglege studentforeningar: • NiTO­-studentene (Ingeniør) • ØSF - Økonomistudentenes foreining • (Økonomi og administrasjon) • MAST – Maritime studenter Haugesund (Nautikk) • Pedagogstudentene (Utdanningsforbundet) På www.hsh.no/aktiviteter finner du full oversikt over alle studentforeningene og lenker til bilder og ­filmer fra aktivitetene deres. Dersom du ­ønsker meir ­informasjon om studentengasjement og/ eller dine rettar som student, ta kontakt med oss i ­Studentparlamentet. Du finn oss på kontoret i 1. etasje på kampus Haugesund, og på kontoret bak Studenttorget på kampus Stord. Vi ønsker deg ei ­fantastisk studietid her ved Høgskolen, og vi gler oss til å treffa deg. Med helsing, Stian Golden og Margrete Lauksund

LES MEIR 12

Tilbake til innhaldsliste


Studentersamfundet Stord - Studenthuset Granheim Studentersamfundet Stord er en frivillig organisasjon som tar for seg ­velferden til studentene ved Høgskolen Stord. Vi arrangerer en rekke ­forskjellige aktiviteter for å få den sosiale velværen på topp, og vi gjør alt for at du skal trives som student her på Stord!

Midt i det tradisjonsrike området ­Rommetveit, ­finner du ­Studenthuset Granheim. Det er på ­Granheim vi ­arrangerer de fleste arrangementene våre. ­Annenhver uke har vi GranTorsdag hvor du kan stille opp for å konkurrere om førsteplassen på vår ­spennende quiz! Annenhver lørdag åpner vi Granheim for ­sosiale sammenkomster som for eksempel: • Halloweenfeiring • Piratfest Du blir • 80/90-tallsfest automatisk • Collegefest medlem når du har • Afterski betalt semester­ • Konserter avgiften • Åpent hus din! • Typisk norsk fest Hvert semester har vi to større arrangementer som vi håper dere vil ta del på. “Fesjå” og julebord vil blir arrangert i løpet av høsten, og på ­vårsemesteret har vi x-russefest og Romstokk som våre to store ­arrangementer. Høsten 2013 startet vi opp med GranCafé på ­Granheim. Cafeén holder åpent hver onsdag fra kl. 18.00 til 21.00, hvor vi ­selger bakst og andre ­godsaker laget av styremedlemmene i ­Samfundet. Her kan du komme for å spille spill, slappe av, ­studere eller bare kose deg i rolige omgivelser sammen med gode ­medstudenter. Vi i styret i Studentersamfundet Stord vil ønske deg hjertelig velkommen til oss her på Campus ­Rommetveit, og vi håper vi ser deg til høsten!

LES MEIR Tilbake til innhaldsliste

13


Studentorganisasjoner Råmund Studentidrettslag

Råmund Studentidrettslag satser kommende ­studieår på et enda større tilbud og flere muligheter enn ­tidligere. Årsavgift for et helt studieår er 200 kr. Ved betalt avgift får man tilgang til: • Facebooksiden vår • Treningssenter på kampus • Alt av treningstilbud (volleyball og fotball) • Veldig gunstige priser på alle kurs vi setter opp • Veldig gunstige priser på turer arrangert av Råmund • Lånerettigheter av utstyret til Råmund • Flere fordeler vi jobber med er blant annet; • Golfkurs (VTG kort) • Treningstimer (aerobic/styrke, zumba o.l.) LES MER

StudKick

StudKick er en studentorganisasjon som tilbyr ­adrenalinfylte og utfordrende opplevelser i både skog og mark. Som StudKick medlem får du tilgang på alt utstyr vi har, uten annen kostnad enn medlemsavgift, og du har muligheten til å være med på alle aktivite­ tene som blir arrangert av oss. Tilgjengelig utstyr er blant annet: surfebrett, våtdrakter, ­klatreutstyr, telt, fiskeutstyr, ski og snowboard utstyr, kiteutstyr osv. Arrangementer som ble arrangert av StudKick skoleåret 2013/14: Weekend tur til Røldal, jegerkurs, kitekurs, selvforsvarskurs, tur til Preikestolen, hytte­

14

Tilbake til innhaldsliste

tur på Etnefjellet, surfekurs med turer til Karmøy, tur til Trolltunga, klatring utendørs og i hall i Aksdal, og mer. Tidlig i høst arrangerer vi en tur til Preikestolen. Dette har vært en stor suksess de tidligere årene, og har vært en god introduksjon til både StudKick og ­Rogaland som bosted. Man trenger ikke være ­StudKick medlem for å bli med på denne turen. For mer informasjon, kontakt oss på epost: studkick@hsh.no LES MER

Studentdykkerklubben i Haugesund

Dykkerklubben på Høgskolen Stord/Haugesund er drevet av og for studenter. Vi er en stor og aktiv gjeng som er veldig glad i å dykke. Hvis du er dykker selv, eller du ønsker å bli det, vil vi gjerne ha deg med i klubben. Vi legger opp alle våre turer og arrange­ manger til nybegynnernivå, vi er også en klubb som fremmer såkalte ‘alkoholfrie’ aktiviteter. For bare 700,- i året (2 semester), 400,- (1 ­semester) får du låne alt av dykkerutstyr som klubben har å by på! De eneste kravene er at du er student, og er ­sertifisert til å dykke. Ikke sertifisert? Ingen problem; Vi organiserer nybegynnerkurs. Ses vi under vann? LES MER


Arrangementer 2014/2015 2.-3. september: 22.-26. september: 4. oktober: 17.-18. oktober: 31. oktober 2.-7. november: Januar 2015:

Danningsdagar, Stord Forskingsdagar Høgskolestafetten Kulturnatt, Haugesund Jubileumsdag - markering av HSH sitt 175-ürsjubileum Falturiltufestivalen, Stord Samtidsdagar, Stord

Forskingsnatt

HSH jubileum

Falturiltufestivalen Samtidsdagar

Kulturnatt

Tilbake til innhaldsliste

15


Her finn du oss • • • •

Bergen-Stord / Bil: 2 timar Stord-Haugesund / Bil: ca. 1 time Haugesund-Stavanger / Bil: 1 time 40 min Annakvar time går det ekspressbuss til Bergen og Stavanger • Direktefly frå Oslo til både Stord lufthavn og Haugesund lufthavn

Kontaktinformasjon Tlf sentralbord: 53 49 13 00 Postadresse: Klingenbergvegen 8, 5414 Stord E-postadresse: postmottak@hsh.no Besøksadresse: Stord: Klingenbergvegen 8, Rommetveit, 5414 Stord Haugesund: Bjørnsons gate 45, 5528 Haugesund

Du finn oss også på Facebook og YouTube


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.