Velkommen HSH Haugesund 2014

Page 1

Haugesund

Velkommen

til Høgskolen Stord/Haugesund - Studieüret 2014/15 Viktig informasjon til deg som er ny student!

www.hsh.no


Helsing frå rektor

Velkommen som ny student ved HSH! Vi er glade for at du har valt å starta studia og dermed ­karrierevalet ditt hos oss ved Høgskolen Stord/Haugesund. Det å vera student er ­spennande. Du startar på ein ny fase i livet. Vi vil gjera vårt beste for at du skal få ei så god tid hos oss som mogeleg. Anten du er ny i regionen vår, eller ­allereie bur her, ønskjer vi å leggja til rette for eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. I semesterstart­ en vil du bli møtt av fadrar, som har brukt erfaringa si til å laga eit spennande program for deg. Vi ønskjer at du raskt skal finne vener og skapa deg eit godt ­studiemiljø for ei god studietid. Faddertiltaka gir deg høve til å bli kjent med ­medstudentar, høgskulen og studiestaden, og du vil oppdaga at HSH har eit spennande utval av ­studentaktivitetar.Skal du nå det målet du har sett deg, er det viktig at du får ein god, fagleg start. Målet vårt er å utdanna attraktive kandidatar for ein ­moderne arbeidsmarknad. Den ambisjonen kan vi berre oppfylla i samarbeid med deg. 2

Tilbake til innhaldsliste

I år jubilerer vi som høgskole. Det er 20 år sidan HSH blei skipa, og i 175 år har vi drive med lærar­ utdanning. Her har vi ei historie og kunnskap som få andre i landet kan skilte med. I jubileumsåret vil det skje mange spennande aktivitetar – og du vil bli ­invitert. I dette heftet finn du viktig informasjon som gjeld deg som student. Sjå spesielt på sjekklista. Allereie no kan du begynna å førebu deg på det nye studieåret. På nettsidene våre, www.hsh.no, finn du bilete, kart, filmar og nyhende frå HSH. Desse sidene vil jamleg bli oppdatert fram mot studiestart. Vi ser fram til å bli kjent med deg, og håpar du får ei god og innhaldsrik studietid hos oss. Ha ein vidare fin sommar, og igjen – velkommen til HSH!

Liv Reidun Grimstvedt rektor


Innhaldsliste Opningsdagen...................................................... s.4

Praktisk informasjon...................................s.5

- Semesterregistrering - Betaling av semesteravgift - Kva er ein utdanningsplan? - Viktige fristar - Studentkorts - Studielån - Timeplan

Studentaktivitetar og tilbod ved HSH...................................................................... s.6

Viktige informasjonskanalar..............s.7

- Studentportalen - Fronter - Student-e-post - StudentWeb

Tenestetilbod........................................................ s.8

Bibliotek/IKT-hjelp/ Skrivesenter. .......................................................... s.9

Fadderordning................................................. s.10

Arrangementer 2014/2015................s.15

- Studenttorg med studiekonsulentar - Studentrådgivartenesta

Sjekkliste før studiestart

Sjekkliste ved studiestart

notera deg pinkoden din som står i pinkodebrevet som du fekk frå HSH etter du takka ja til studieplass.

møta 19. august for registrering og ­velkomstseremoni, s.4. NB! Dersom du ikkje kan møta til ­studiestart må du få godkjend fråværet på førehand. Utan godkjend fråvær, mistar du studieplassen dersom du ikkje møter til registrering.

aktivera datakontoen din, s. 9 skaffa og senda inn politiattest for dei ­utdanningane som krev det betala semesteravgifta, s. 5 søkja studielån om du treng det (www.lanekassen.no) skaffa deg bustad (www.boligtorget.no/ssh) bli kjend med heimesida vår (www.hsh.no)

melda deg opp til undervisning og vurdering (godkjenna utdanningsplan) og betala semesteravgift innan 1. september, s. 5 ta bilete til studentkort, s. 6 få oversikt over timeplanen din, s. 6 fadder- og semesterstartstiltak og bli kjend med medstudentar, s. 11

3


Opningsdagen Tysdag 19. august

Registrering av nye studentar kl. 09.00 - 09.30 Stad: Høgskulebygningen i Haugesund, Bjørnsons gate 45, vrimleareal / inngangsparti. Registrering av nye studentar og utdeling av informasjonsmateriell.

Opningsseremoni kl. 09.30 - 10.45 Stad: Auditorium A Musikalske innslag, talar og helsingar frå mellom andre rektor i HSH Liv Reidun Grimstvedt, statssekretær Bjørn Haugstad, ordførar i Haugesund kommune, Petter Steen jr. og studentar med fleire.

Møte med studieretningane kl. 11.00 - 13.00 Presentasjon av studiet og møte med studieleiar, lærarar og fadderrepresentantar. Stad: Økonomi og administrasjonsstudentane møter i auditorium A Ingeniørstudentane møter i auditorium B Sjukepleiarstudentane møter i auditorium C Nautikkstudentane møter i auditorium D Det vert skilta fram til dei ulike samlingsstadene.

* Med atterhald om endringar

4

Tilbake til innhaldsliste


Praktisk informasjon Det er fleire praktiske ting du må gjera dei første dagane ved semesterstart. Under vil du finna informasjon om ein del av dei tinga du MÅ gjera for å vera student ved HSH (sjå sjekkliste s. 3). I tillegg finn du ein del råd og tips som kan gjera studiekvardagen din lettare.

Semesterregistrering Innan 1. september (haustsemesteret) og ­1. ­februar (vårsemesteret), må du semesterregistrera deg/ melda deg opp til vurdering (eksamen) og betala ­semesteravgifta. Du er sjølv ansvarleg for å gjera dette kvar haust og vår så lenge du er student. Dette gjer du på følgjande nettside: www.hsh.no/studweb

Betaling av semesteravgift Alle som skal studera ved HSH må kvart ­semester betala semesteravgift. Denne går til ­Studentsamskipnaden Stord/Haugesund (SSH), Norsk studentorganisasjon (NSO) og Kopinor. ­Betalingsinformasjon finn du på StudentWeb under menyen ­betaling. Vel generere faktura, og du vil få eit KID-nummer, ­kontonummer og beløp. Hugs å bruka KID-­nummeret ved ­betaling. Betalingsfrist for haustsemesteret er 1. s ­ eptember og 1. februar for vårsemesteret. For å få utbetalt studielån, må semesteravgifta vera betalt og ­utdanningsplanen godkjend. Studentar som ikkje har betalt semesteravgifta innan fristen, mister ­studieretten og tilgang til å gå opp til vurdering (ta eksamen).

Kva er ein utdanningsplan? Som ny student får du ein personleg utdanningsplan som viser deg kva fag og emne du skal ta gjennom året. Utdanningsplanen definerer samtidig rettane og pliktene dine som student. Alle studentar må godkjenna utdanningsplanen kvart ­semester. Når du godkjenner (lagrar) utdannings­planen din, blir du ­samstundes oppmeld til vurdering/eksamen du skal ta dette ­semesteret. ­Utdanningsplanen din finn du på “studentweb” under registreringar: www.hsh.no/studweb

Viktige fristar haustsemesteret • Levera politiattest for aktuelle studium Seinast ved studiestart • Godkjenna utdanningsplan: 1. september • Betala semesteravgift : 1. september • Søknad om tilrettelegging ved eksamen: 1. september • Søknad lånekassen: 15. november.

Tilbake til innhaldsliste

5


Studentkort Alle studentar skal ha eit studentkort. Kortet bruker du som identifikasjon ved eksamen, som bibliotekkort og som pålogging til skrivar/kopimaskin. Kortet kan brukast som nøkkelkort til HSH sine bygningar. Kortet gir òg rabatt på ­offentleg transport. Studentkortet er berre gyldig med semester­merke. Merket får du i ekspedisjon. Fotografering for studentkorta føregår på rom 2081 mellom kl 09:00 - 11:00 og 11:30 - 15:00. Merk at det kan ta opptil ei veke frå ­fotografering til kortet er klart til henting i ­studentekspedisjonen. Kvar studieretning har fått sett av tid til ­fotografering: Torsdag 21. august Økonomi og administrasjon Fredag 22. august Ingeniør Måndag 25. august Nautikk og oppsamling Tysdag 26. august Ingeniør og oppsamling Onsdag 27. august Sjukepleie

Studielån Dei fleste studentane finansierer heilt eller delvis studia sine med lån og stipend frå Statens lånekasse for utdanning. All søknads­informasjon og søknads­ skjema finn du på Lånekassen sine ­nettsider www.lanekassen.no. Det blir automatisk sendt rapport til ­lånekassen når du har betalt semesteravgifta og godkjent utdannings­planen din. Når lånekassen har motteke signert gjeldsbrev frå deg og rapport frå oss, vil du få innbetaling direkte på din konto.

Timeplan Fullstendig timeplan for studiet ditt finn du på www.hsh.no under studentportalen. Der vil du finna informasjon om kva tid dei ulike emna går, kva rom undervisninga er i, og eventuell annan ­informasjon. Vi oppmodar deg om å setja deg inn i timeplanen din så snart som mogleg. Timeplanen kan variera noko frå veke til veke, spesielt i ­oppstartsvekene.

6

Tilbake til innhaldsliste

Studentaktivitetar og -tilbod ved HSH Studentsamskipnaden Stord/Haugesund (SSH) ­arrangerer saman med studentforeningane kvart år ei infomesse i samband med ­semesterstart ved ­Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). På messa kan du få mykje nyttig informasjon. Treng du informasjon om studentersamfunn, studenthuset, studentforeningar og student­aktivitetar, eller korleis du kan vera aktiv deltakar i student­politikken? Sjå: www.hsh.no/ssh SSH vil informera om sine ulike tenester som ­studentbolig, ­studentbarnehage, studentkafe, ­studentbokhandel, støtte til ­studentaktivitetar, helse­ fond og rabattavtalar. HSH vil informera om ­høgskulen, bruken av lokala, treningssenter, ­IKT-hjelp, ­studentrådgivartenesta, studenttorg mm. ­Haugesund kommune vil delta på messa med nyttig ­informasjon om det kommunale parkerings-, kultur-,kino-, idretts- og ­helsetilbodet for studentar. Den ­kommunale ­studenthelsetenesta finn du i 4. etg. på Markedet ­tysdagar (Helsesøster: kl 09-15, Psykolog: kl 12-15). Alle nye sjukepleiarstudentar vil få presentert og få tilbud på sjukepleiarutstyr som drakt, sko, klokke, namneskilt mm. Du bør delta på messa, stilla spørsmål, ta imot info og delta i uhøgtidelege konkurransar på dei ulike standane. Du kan melda di interesse for å få vita meir om eller bli med i Studenter­samfunnet, student­ parlamentet eller -foreningar, eller få smaks­prøvar frå studentkaféen!

Infomesse kvar og når:

HAUGESUND: HSH, Bjørnsonsgt. 45. Vrimlearealet 1. etg. Tysdag 26. august kl. 10:00 - 11:15.


Viktige informasjonskanalar Lurer du på noko som har med fag eller studiet å gjera? Då er det tre viktige internettsider du må ha kjennskap til.

1. Studentportalen

www.hsh.no/studentportal er studentane si ­informasjonsside. Her finn du viktig informasjon om t.d. timeplan, eksamen, lover og reglar og studentliv. Her ligg òg lenke til studiehandboka og pålogging til Fronter og StudentWeb. I studiehandboka vil du finna informasjon du treng om studie­programmet og emna (vurderingsordningar/ eksamen, studiekrav, læringsutbytte, innhald med meir). Det er viktig at du brukar studentportalen og ­studiehandboka for å få den informasjonen du treng! GÅ

2. Fronter

Når du har aktivert datakontoen din (sjå nettsidene til IKT-hjelp), kan du logga deg inn på Fronter. Fronter er eit ­elektronisk ­klasserom, og er ein viktig reiskap i ­skulekvardagen din. Fronter vert nytta til meldingar frå lærar, oppgåver, ­innleveringar m.m.

3. Student-e-post Når lærestaden sender ut viktig e-post, blir denne sendt til ­e-postadressa du får frå HSH. Du må sjekka Fronter og student-e-posten din dagleg.

4. StudentWeb

StudentWeb er ei nettbasert teneste for alle ­studentane ved HSH. Tenesta krev identifisering med fødselsnummer og ein firesifra PIN-kode. PIN-koden din står på opptaksbrevet ditt. Du går inn i Student­ Web via studentportalen. På Studentweb finn du ein personleg utdannings­ plan, som viser deg kva emne du skal ta gjennom studieåret. Utdanningsplanen definerer samstundes rettane og pliktene dine som student. På side 5 finn du meir info om utdanningsplanen din. På StudentWeb kan du: • finna betalingsinformasjon for betaling av ­semesteravgifta • godkjenna utdanningsplanen din • sjå vurderingsmeldingane og vurderingsresultata dine • sjå kor du skal sitja på skriftlege eksamenar og finna ­kandidatnummeret ditt til heimeeksamenar • trekkja deg frå vurdering/eksamen innan gjeldande fristar • bestilla karakterutskrift • endra adresse • endra PIN-kode • finna oversikt over kva vi rapporterer til ­Lånekassen

Tilbake til innhaldsliste

7


Tenester ved Høgskolen Stord/Haugesund Finn du ikkje informasjonen du søkjer på nettsidene våre, hjelper vi deg gjerne! GÅ Studenttorg med studiekonsulentar

Studentrådgivar Thomas Mikkelsen

Studenttorget ved HSH er høgskulen sitt ­informasjonssenter for studentar, søkjarar og ­andre som ønskjer kontakt med HSH. I tilknyting til ­studenttorget finn du studiekonsulentar, ­internasjonal koordinator og eksamenskontor. GÅ Studentrådgivartenesta

I løpet av studietida kan du koma opp i situasjonar som du opplever vanskelege å finna ut av på eiga hand. Dette kan lett påverka både motivasjonen og konsentrasjonen din. Når problem verkar fastlåste, kan du få hjelp og råd frå studentrådgivaren. Det er betre du kjem for tidleg enn at du ventar til problema verkar uløyselege. Ofte held det med ein samtale for å sortera i tankane dine. Studentrådgivaren har teie­ plikt og kan formidla kontakt til andre hjelpeinstansar om du ønskjer det.

Studenttorget / Ekspedisjonen

Har du behov for særskilt tilrette­ legging under studia eller til eksamen? HSH har som mål at det skal vera lik rett til ­utdanning for alle. Vi ønskjer å leggja til rette for studentar med funksjonshemming, men for at dette skal vera ­mogleg er det viktig at du tar kontakt så tidlig som råd. ­Studentrådgivaren hjelper deg med ­informasjonen du treng for å få tilrettelagt studiet ditt. Du kan ta ­kontakt med ­student­rådgivaren på e-post: thomas.mikkelsen@hsh.no både før og etter ­studiestart.

Har du allereie høgare utdanning? Fag frå anna høgare utdanning som er ­relevant for utdanninga di ved HSH kan du søkja om ­innpass for. Ta kontakt med studiekonsulenten på studiet ditt for meir informasjon om korleis du søkjer og kva som kan vere relevant å søkje ­innpass for.

8

Tilbake til innhaldsliste


Bibliotek/IKT-hjelp/Skrivesenter GÅ Biblioteket

På Stord og i Haugesund er det gode og moderne bibliotek. Biblioteket hjelper tilsette og studentar med å finna aktuelle bøker, artiklar, musikk m.m. På biblioteket si heimeside ligg det viktige ressursar til bruk i studiet, pensumoversikt og ­studentoppgåver. Du kan lesa meir om biblioteket sine tenester på www.hsh.no/biblioteket GÅ Skrivesenter

Skrivesenteret tilbyr hjelp med oppgåveskriving. Her kan du melde deg på ulike kurs eller møte opp til ret­ tleiingstenesta som har faste opningstider.

Alle nye studentar må gjera følgjande i oppstarten: 1. Aktivera datakontoen (NB! Må gjerast før ­studiestart)­ For å bruka høgskolen sine offisielle informasjon­ skanalar, må du aktivera datakontoen din. Dette gjer du på følgjande nettside: www.hsh.no/aktivering Krav: Passordet må innehalda tal, store og små bokstavar og vera på minst 8 teikn, og bør ikkje innehalde æ,ø og å. 2. Semesterregistrering (godkjenna utdannings­ planen og ­betala semesteravgift) IKT-hjelpa kan hjelpa til med dette. Sjå meir info på side 5. 3. Installer antivirusprogram på eigen datamaskin som skal nyttast på HSH sitt nettverk.

GÅ IKT-hjelp

Målet til IKT-hjelp er å gjera datakvardagen din så ­enkel som mogleg. Vi er der for deg, så spør oss gjerne om hjelp, anten det er i byrjinga av året eller i samband med oppgåvene du får i løpet av studiet. Du kan m.a. få hjelp og rettleiing i: • innlogging, passordskifte, e-post • utskrift, kopiering, skanning • program på studentmaskina (Word, Excel, Internet Explorer, Fronter m.m.) • bruk av multimedia (video, foto, redigering, lyd) • digitale arbeid og presentasjonar • fjerning av virus/spionprogram og installasjon av antivirusprogram • utlån av IKT-verktøy til spesielle prosjekt

Datakurs for nye studentar Vi kan tilby fleire kurs og rettleiing ved semesterstart, blant anna bruk av Fronter og StudentWeb. Kom ­innom IKT-hjelp dersom du lurer på noko, så hjelper vi deg gjerne.

Du kan lesa meir om IKT-hjelp på www.hsh.no/ikt-hjelp

Tilbake til innhaldsliste

9


Fadderordning

LES MER

Fadderordninga ved Høgskolen Stord/­Haugesund er eit tiltak for nye ­studentar. Målet er at du som ny student skal få ein positiv start på studietida. Det vert lagt til rette for trivsel og godt studentmiljø, og at du får ­tilknyting til høgskulen og studieprogrammet du er teken opp til. Dei nye ­studentane blir fordelt på faddergrupper, som blir leia av fadrar frå dei aktuelle ­studieprogramma.

Vi er her for deg! Som student, er faddervekene eit ypparleg høve til å bli kjent med både studiestad, andre studentar og byen Haugesund. Gjennom faddervekene har du høve til å skapa deg eit sosialt nettverk, noko vi meiner har mykje å seia for resten av studietida.

Vi i fadderstyret kjem til å vera tilgjengelege i ­vrimlearealet på høgskulen under faddervekene, og skulle du mista faddergruppa di, ønske om å byta gruppe, eller rett og slett berre lurer på noko, er vi tilgjengelege for deg.

Gjennom faddervekene vil du òg bli presentert for dei ulike studenttilboda vi har, slik som dykkarklubb, idrettslag, studentlag med meir. Målet vi i fadderstyret har hatt under planlegginga av desse to vekene, er å leggja til rette for så mange studentar som mo­ geleg. Om du har familie og barn eller er singel, frå ­Haugesund eller ny i byen, skal det finnast eit tilbod for nettopp DEG.

Vi ønskjer deg ein framleis fin sommar og gler oss til å sjå n ­ ettopp DEG ved studiestart! Med beste helsing frå fadderstyret; Hanne Markhus Bakke (PREZ) , Iselin Hals ­(Icebabe), Endre Hope (Sjæf) og Lillian Frette Litlehamar ­(Allfadder)

Fadderstyret

10

Tilbake til innhaldsliste


Fadderprogram 2014 TYSDAG 19. AUGUST: • Grilling i uteområdet på HSH ONSDAG 20. AUGUST: • Fadderane finner på noko med fadderbarna TORSDAG 21. AUGUST: • Grilling og crocketturnering på Vardatun • Karaoke på Stødden FREDAG 22. AUGUST: • Standdag, organisasjonane har stands på skulen og informere om tilbod • Pizza på Stødden LAURDAG 23. AUGUST: • X-games på Vardafjell • DJ på Loftet SØNDAG 24. AUGUST: • Aktivitetsdag, familiedag med dykking, seiling, kayakk og grilling i Kvalsvik MÅNDAG 25. AUGUST: • Volleyball og fotballturnering ved Haraldsvangen

LES MER

Utover hausten vil det bli arrangert større eventar som: • Tur til Preikestolen • Høgskolestafetten • Halloweenfest • Kanonball-, innebandy- og fotballturneringar • Dykkerkurs • Seileventer • Fallskjermkurs

Oppdatert oversikt over aktiviteter, finner du på www.hsh.no/kalender GÅ

Grilling i atriet i høgskolebygget i Haugesund Foto: Nils Olai Heimark

TYSDAG 26. AUGUST: • Stand/info dag på skulen. • Senere finner fadderane på noko med fadderborna • Idrettsrunde på sykkel ONSDAG 27. AUGUST: (Krever påmelding) • Strikkhopp • Paintball • Ravnafloke TORSDAG 28. AUGUST: (Premieutdeling vil skje iløpet av kvelden) • Rebusløp i sentrum • MegaQuiz på Stødden FREDAG 29. AUGUST: • Taco på Stødden LAURDAG 30. AUGUST: • Temafest

* Med atterhald om endringar

Tilbake til innhaldsliste

11


Rom for engasjerte studentar! Bli med i studentparlamentet, sosiale og/eller faglege studentforeiningar. Vil du oppleva noko meir enn førelesingar og klassemiljø, finn du uendelege høve her på HSH. Vi opnar dører for deg som vil engasjera deg meir fagleg, men òg for deg som vil bidra sosialt.

Korleis engasjerer du deg? Du kan: • Bli tillitsvald i klassen, då blir du òg medlem av studentrådet • Sitte i referansegrupper • Stilla til val for Studentparlamentet, det høgste, ­studentpolitiske organet ved høgskulen • Stilla til val for ulike verv/råd/nemnder • Stilla til val i studentforeningar • Stilla til val for styret i studentsamskipnaden Sosiale studentforeningar: • Studentersamfunnet, Stødden (Haugesund) • Studentersamfundet (Stord) • Studentdykkerklubben • StudKick • Haugesund studentidrettslag (HSI) • Råmund Studentidrettslag (Stord) Faglege studentforeningar: • NiTO­-studentene (Ingeniør) • ØSF - Økonomistudentenes foreining • (Økonomi og administrasjon) • MAST – Maritime studenter Haugesund (Nautikk) • Pedagogstudentene (Utdanningsforbundet) På www.hsh.no/aktiviteter finner du full oversikt over alle studentforeningene og lenker til bilder og ­filmer fra aktivitetene deres. Dersom du ­ønsker meir ­informasjon om studentengasjement og/ eller dine rettar som student, ta kontakt med oss i ­Studentparlamentet. Du finn oss på kontoret i 1. etasje på kampus Haugesund, og på kontoret bak Studenttorget på kampus Stord. Vi ønsker deg ei ­fantastisk studietid her ved Høgskolen, og vi gler oss til å treffa deg. Med helsing, Stian Golden og Margrete Lauksund

LES MER 12

Tilbake til innhaldsliste


Studentersamfunnet Haugesund - Studenthuset Stødden Studentersamfunnet Haugesund - Stødden ble etablert i 1982 og er en ­studentorganisasjon ­drevet av studenter for studenter. Målet er alltid å skape et levende og attraktivt studentmiljø.

Vi har lokaler nord i Haraldsgata, dette er en plass hvor en kan møte andre studenter og sette seg ned å ta seg en prat. I tillegg har vi tilgang til nattklubben – Loftet – som er lokalisert oppe i andre etasje i samme bygget, her finnes det en egen intimscene med lyd og lys, og mulighet for lokale artister/studenter å ta ­kontakt for å kunne spille for studenter.

Studentersamfunnet Stødden

Et styret bestående av 8 medlemmer er hver helg klar for å møte studentene å lage god stemning. Hver helg er det alltid noe som skjer på huset. På torsdager har vi quiz, der det er premie for flest seiere gjennom semesteret, så finn ditt lag, legg innsatsen inn i det og vinn tøffe premier. Gjennom semesteret har vi mange kjekke arrangementer: temafester, mega-Quiz, spillekvelder og DJ-show. Her er det muligheter for alle studenter enten du har drømt om å bli musiker, DJ eller bartender så ta gjerne kontakt med oss i styret Helt øverst i lokalene våre har vi fått tilgang til et musikkrom. Her finnes det et øvingslokale rettet mot studenter tilknyttet et musikklager. Det ­passer til band som vil øve og jamme, så vel som enkelt ­personer som vil øve på instrumenter. Lokalet er også et skritt innenfor musikkmiljøet på HSH. Her kan du utveksle ideer, få musikalsk innspill/kritikk, henge med andre musikk interesserte og prate om musikkens verden. Lokalet driftes av mediaansvarlig i studentersamfunnet Haugesund og har en ­teknisk gruppe å støtte seg på for teknisk kompetanse. Det gjør at musikkrommet etter hvert sikter på å få opptaks muligheter samt oppgradere fasilitetene til ønsket kvalitet. Vi samarbeider også med musikk­ miljøet og næring i Haugesund med tanke på utstyr, konsept og tilbud.

Hypertext og Susanne Sundfør Foto: Nils Olai Heimark

LES MER Tilbake til innhaldsliste

13


Studentorganisasjoner StudKick

StudKick er en studentorganisasjon som tilbyr ­adrenalinfylte og utfordrende opplevelser i både skog og mark. Som StudKick medlem får du tilgang på alt utstyr vi har, uten annen kostnad enn medlemsavgift, og du har muligheten til å være med på alle aktivite­ tene som blir arrangert av oss. Tilgjengelig utstyr er blant annet: surfebrett, våtdrakter, ­klatreutstyr, telt, fiskeutstyr, ski og snowboard utstyr, kiteutstyr osv. Arrangementer som ble arrangert av StudKick skoleåret 2013/14: Weekend tur til Røldal, jegerkurs, kitekurs, selvforsvarskurs, tur til Preikestolen, hytte­ tur på Etnefjellet, surfekurs med turer til Karmøy, tur til Trolltunga, klatring utendørs og i hall i Aksdal, og mer. Tidlig i høst arrangerer vi en tur til Preikestolen. Dette har vært en stor suksess de tidligere årene, og har vært en god introduksjon til både StudKick og ­Rogaland som bosted. Man trenger ikke være ­StudKick medlem for å bli med på denne turen. For mer informasjon, kontakt oss på epost: studkick@hsh.no LES MER

HSI - Haugesund Studentidrettslag

Haugesund studentidrettslag har i dag å tilby ­fotball, håndball, volleyball, innebandy og flere andre ­aktiviteter for studentene. Alle er velkomne til å bli med! Det finnes også et treningsrom på skolen som er et høyt prioritert oppussingsprosjekt, men kan benyttes av alle HSI’s medlemmer. Semesteravgift: 300,- eller årsavgift: 500,LES MER

Studentdykkerklubben i Haugesund

Dykkerklubben på Høgskolen Stord/Haugesund er drevet av og for studenter. Vi er en stor og aktiv gjeng som er veldig glad i å dykke. Hvis du er dykker selv, eller du ønsker å bli det, vil vi gjerne ha deg med i klubben. Vi legger opp alle våre turer og arrange­ manger til nybegynnernivå, vi er også en klubb som fremmer såkalte ‘alkoholfrie’ aktiviteter. For bare 700,- i året (2 semester), 400,- (1 ­semester) får du låne alt av dykkerutstyr som klubben har å by på! De eneste kravene er at du er student, og er ­sertifisert til å dykke. Ikke sertifisert? Ingen problem; Vi organiserer nybegynnerkurs. Ses vi under vann? LES MER

14

Tilbake til innhaldsliste


Arrangementer 2014/2015 2.-3. september: 22.-26. september: 4. oktober: 17.-18. oktober: 31. oktober 2.-7. november: Januar 2015:

Danningsdagar, Stord Forskingsdagar Høgskolestafetten Kulturnatt, Haugesund Jubileumsdag - markering av HSH sitt 175-ürsjubileum Falturiltufestivalen, Stord Samtidsdagar, Stord

Forskingsnatt

HSH jubileum

Falturiltufestivalen Samtidsdagar

Kulturnatt

Tilbake til innhaldsliste

15


Her finn du oss • • • •

Bergen-Stord / Bil: 2 timar Stord-Haugesund / Bil: ca. 1 time Haugesund-Stavanger / Bil: 1 time 40 min Annakvar time går det ekspressbuss til Bergen og Stavanger • Direktefly frå Oslo til både Stord lufthavn og Haugesund lufthavn

Kontaktinformasjon Tlf sentralbord: 53 49 13 00 Postadresse: Klingenbergvegen 8, 5414 Stord E-postadresse: postmottak@hsh.no Besøksadresse: Stord: Klingenbergvegen 8, Rommetveit, 5414 Stord Haugesund: Bjørnsons gate 45, 5528 Haugesund

Du finn oss også på Facebook og YouTube


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.