Page 1

Samtidsdagane 2014

MĂĽndag 20. og tysdag 21. januar. HSH, kampus Stord Ă…rets tema: Menneskerettar, politikk og samfunn

www.hsh.no


Program – måndag 20. januar: Tema: Menneskerettar, politikk og samfunn Stad: Aula, kampus Stord TID

KVA

09.50 - 10.00

Opning av Samtidsdagane 2014 - rektor Liv Reidun Grimstvedt i HSH

10.00 - 11.00

Opningsføredrag: Borgarkrigen i Syria – ein geopolitiske krise? - Robert Mood

Parallellsesjon 1 11.30 - 12.30

• Aula: Miljø-dokumentarfilmen Den gode naboen • Vesle auditorium: Respekt og rettstryggleik for asylsøkjarar i Noreg - Ann-Magrit Austenå. • Sjukepleiarauditorium: Raftoforedraget 2014: Bahrain Center for Human Rights Martin Paulsen • Biblioteket: Sykt! bra ungdom! - Mira Aaboen Sletten

Parallellsesjon 2 13.30 - 14.15

• Vesle auditorium: Om å leve som barn på asylmottak - Aina Basilier Vaage • Sjukepleiarauditorium: Er Noreg det føregangslandet innanfor miljø og klimapolitikk som me likar å tru? - Erik Martinussen • Sjukepleiarauditorium: Raftoforedraget 2014: Bahrain Center for Human Rights Martin Paulsen

Parallellsesjon 3 14.30 - 15.15

• Vesle auditorium: Debatt - Menneskerettar og norsk klimapolitikk Panel: • Julie Strand Offerdal, filmprodusent • Erik Martinussen, journalist og forfattar • Hanna Marcussen, Miljøpartiet De Grønne • Debattleiar: Halfdan Wiik • Sjukepleiarauditorium: Først og fremst barn - Thale Skybak

Opningsføredrag: Borgarkrigen i Syria – ein geopolitiske krise? - Robert Mood


Program – tysdag 21. januar: Tema: Menneskerettar, politikk og samfunn Stad: Aula, kampus Stord TID

KVA

08.15 - 09.00

Kantina: Jubileumsfrukost. HSH spanderer god frukost til tilsette, studentar og gjester.

09.00 - 10.00

Frukost med Bernt: Bernt Hagtvet og Anders Jupskås samtaler om ekstremisme, ­politikk og menneskerettar i dagens Europa.

10.30 - 11.30

Dokumentarfilm: Trikken til Auschwitz

11.30 - 12.15

Samtale om tematikken i filmen Trikken til Auschwitz. Guri Hjeltnes leiar samtalen.

Parallellsesjon 1 13.00 - 13.45

• Sjukepleiarauditorium: Staten, urfolk og minoritetar - eit historisk perspektiv på politikken staten har ført ovanfor minoritetar i Noreg - Knut Kjeldstadli • Sjukepleiarauditorium: Minoritetsungdom og identitetskrise - Yousef Assidiq • Vesle auditorium: Ein helsefagarbeidar i krigssona - Erik Fosse • Biblioteket: Vår jødiske reise - Anne Sender

Parallellsesjon 2 14.00 - 14.45

• Sjukepleiarauditorium: Staten, urfolk og minoritetar - eit historisk perspektiv på politikken staten har ført ovanfor minoritetar i Noreg - Knut Kjeldstadli • Sjukepleiarauditorium: Mitt liv med ADHD og Asperger - Yousef Assidiq • Vesle auditorium: Ein helsefagarbeidar i krigssona - Erik Fosse • Biblioteket: Vår jødiske reise - Anne Sender

Redd Barna: Først og fremst barn

Korleis er det å leva store delar av barndommen i asylmottak? Kva tenkjer barna om sin eigen situasjon? Under Samtidsdagane får du innblikk i asylbarnas kvardag gjennom ei utstilling av fotograf Rebecca Jafari. I over eit halvt år har ho fylgt kvardagen til barn og unge som bur på asylmottak. Utstillinga ”Først og fremst barn” består av fotografi av barndom og utdrag frå samtalar med barna.

Frå dokumentarfilmen: Trikken til Auschwitz


Omtaler Robert Mood

er generalmajor i Forsvaret og tidlegare sjef for FNs observatørstyrke i Syria. Han kjem til HSH for å snakke om dei geopolitiske konsekvensane borgarkrigen i Syria får for stabiliteten i Midtausten i dag, og kva som kan skje om ein ikkje får stabilitet i landet framover. Han vil og ta opp menneskerettar knytt til krig.

Dokumentarfilmen - Den gode naboen

handlar om Statoil sine operasjonar i Canada sitt oljesandområde, og kva det ­inneber av utfordringar for miljø, urfolk og økonomisk rettferd. Produsent Julie Offerdal er til stades og vil introdusere filmen.

Julie Offerdal

er statsvitar og journalist og jobbar til dagleg som kommunikasjonsrådgjevar i Norsk Folkehjelp. Offerdal vil under årets Samtidsdagar presentere filmen Den gode naboen som ho har laga saman med dokumentarfilmskapar Astrid Schau-Larsen. ­Offerdal vil og vere med i samtalen om menneskerettar og norsk klimapolitkk.

Ann-Magrit Austenå

er generalsekretær i NOAS (Norsk Organisasjon for Asylsøkere) og på HSH fortel ho om arbeidet organisasjonen gjer for å forsvare og fremje asylinstituttet, og sikre respekt og rettstryggleik for den enkelte asylsøkjar som kjem til Noreg.

Martin Paulsen

For første gong under Samtidsdagane har vi eit eige Raftoføredrag. Styreleiar i Raftoprisen, Martin Paulsen, vil i dette føredraget snakke om ­Raftosenteret si rolle i arbeidet med å setje menneskerettar på dagsorden, og kvifor Bahrain senter for menneskerettigheter fekk Raftoprisen 2013.

Mira Aaboen Sletten

er forskar ved NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring.) I fjor haust kom den første nasjonale rapporten frå dei kommunale Ungdata-­ undersøkingane. Rapporten viser at dagens unge er flittigare, flinkare, fredelegare og meir framtidsretta enn tidlegare ungdomsgenerasjonar. Samstundes er det grunn til uro for ungdom si psykiske helse. På HSH vil Sletten utdjupe funna i rapporten.


Aina Basilier Vaage

jobbar som psykiater og overlege ved Barnepsykiatrisk avdeling ved Stavanger Universitetssykehus. Ho har skrive doktorgrad om psykisk helse hos v­ ietnamesiske flyktningar og barna deira, og har i fleire år jobba ved asylmottak. Under årets ­Samtidsdagar vil ho gje oss eit innblikk i livssituasjonen til barn som lever på mottak i ein uavklart livssituasjon. Vaage fekk i fjor vår Annette Thommessen sitt minnefond sin heiderspris.

Erik Martinussen

er forfattar og redaksjonssekretær i Verdensmagasinet X. I fjor haust kom han med boka Drivhuseffekten -klimapolitikken som forsvant. I føredraget vil Martinussen snakke om kvifor me ikkje klarar å løyse klimakrisen, når heile verda snakkar om krisen.

Thale Skybak

er seksjonsleiar i Redd Barna sitt Noregsprogram. Ho vil presentere Redd Barna sin kampanje Først og fremst barn. Kampanjen understrekar at barn som søkjer om asyl i Noreg først og fremst er barn – og ikkje først og fremst asylsøkjarar – og at dei såleis har dei same behova og rettane etter barnekonvensjonen som barn som er fødde her. Redd Barna vil ha utstillinga Først og fremst barn ståande på Kampus Stord under Samtidsdagane.

Bernt Hagtvet og Anders Jupskås

er statsvitarar og kjem til HSH for å samtale om det brennaktuelle tema ­ekstremisme, politikk og menneskerettar i dagens Europa. Dette er første gong professor Hagtvet tek konseptet « ­ Frokost med Bernt» ut av Universitetet i Oslo

«..Frokost med Bernt er en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare ­problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, Gratis og åpent for alle» - Statssekretær i Kulturdepartementet, Knut Olav Åmas.

Trikken til Auschwitz

dokumentar frå 2012. Samuel Steinmann er den einaste gjenlevande av dei norske jødane som 26. november 1942 blei sendt til Auschwitz. Dokumentaren av Elsa Kvamme er ei tilbakereise der notid vert blanda med fortid, og hans forteljingar med oppdatert historisk forsking. Korleis var det mogleg å segregere og utvise ein ung gut og ei folkegruppe på grunn av etnisk opphav? Og korleis overlevde Sammy på tross av alt?


Omtaler Guri Hjeltnes

er direktør ved HL-senteret (Senter for studier av Holocaust og ­livssynsminoriteter). Ho er og professor II ved institutt for kommunikasjon - kultur og språk ved Handelshøyskolen BI. Under årets Samtidsdagar vil ho leie ein samtale om tematikken i filmen Trikken til Auschwitz.

Knut Kjeldstadli

er professor i historie ved Universitetet i Oslo og redaktør av trebindsverket Norsk innvandringshistorie. I føredraget sitt snakkar Kjeldstadli om den norske stat sin politikk ovanfor minoritetar i Noreg –i eit historisk perspektiv og ut i frå dagens situasjon.

Yousef Assidiq

Han er ein samfunnsdebattant, og blei landskjend då han heldt appell under demonstrasjonen mot Dagbladet si publisering av Muhammed-teikningane. Under årets Samtidsdagar vil han ha to ulike føredrag. I sitt første innlegg fortel han om eigne erfaringar som ung i det muslimske miljøet i Noreg, og han freistar å belysa kvifor minoritetsungdom lettare enn andre hamnar i ein identitetskrise. I sitt andre innlegg snakkar han om sine personlege erfaringar med å ha diagnosane ADHD og Asperger. Han vil gje tips og råd til korleis vaksne som jobbar med barn kan vise respekt for barn og ungdom med desse diagnosane.

Erik Fosse

er lege og professor i medisin ved Universitetet i Oslo. Han fekk i fjor tildelt ­utmerkinga Kommandør av St. Olavs Orden for sin medisinske og samfunnsnyttige innsats. Til HSH kjem Fosse for å snakke om si erfaring som lege i konfliktar og krigar i Midtausten. Han vil og ta opp plikta ein helsefagarbeidar har til å rapportere frå k ­ onfliktar kor media ikkje er til stades.

Anne Sender

er tidlegare forstandar i Det Mosaiske Trossamfunn i Noreg. I 2013 fikk ho Brubyggjarprisen mellom anna for arbeidet sitt med å byggje dialog og forståing mellom ulike religiøse grupper. I føredraget sitt tar ho oss med inn i dei indre prosessane i den jødiske minoriteten sitt liv her i landet, det komplekse miljøet av Israel-venner, og norske styresmakter si handtering av ulike utfordringar og oppgåver i Midtausten-konflikten.


Samtidsdagar 2009-2014 For sjette året på rad inviterer HSH og gode ­samarbeidspartnarar til Samtidsdagar på kampus Stord. I to dagar løftar me fram ­aktuelle tema i den norske samfunnsdebatten.

Samtidsdagane har hatt spennande tema og førelesarar i seks år: 2009: Valet i USA og utviklinga i Kongo Ole Moen, UiO. Anders Magnus, NRK 2010: Midtausten og Det fleirkulturelle Noreg Erik Fosse, lege. Atle Sommerfeldt, Kirkens Nødhjelp 2011: Utviklinga i Afghanistan og Det moderne Kina Bård Vegar Solhjell, SV Philip Lote, NRK 2012: Afrikas Horn og Den arabiske vår Kai Eide, UD, Leni Stenseth, Norsk folkehjelp, John Peder Egenæs, Amnesty 2013: Ekstremisme på frammarsj - Mangfald, respekt og verdigheit Sturla J. Stålsett, Kikens Bymisjon, Margareth Olin, filmskapar, Øyvind Strømmen, forfattar

Anders Magnus

Kai Eide

Ole Moen

Margareth Olin

Leni Stenseth

Philip Lote

Bård Vegar Solhjell


CARBON14.NO

HSH er tett på arbeidsliv, praksisfelt og næring. Vi ligg i ein spennande internasjonal og innovativ region med mange forskjellige arbeidsplassar. Utdanningane våre gir gode jobbutsikter. Nokre av utdanningane er unike i nasjonal samanheng. I tillegg til tidsriktige ­bachelorutdanningar tilbyr vi fleire master-, etter- og vidareutdanningsløp. Vi har 3200 studentar og 300 tilsette. I 2014 jubilerer vi som høgskole. Det er 20 år sidan HSH blei skipa, og i hele 175 år har vi drive med lærarutdanning. I tillegg er det 140 år sidan styrmannskulen i Haugesund starta opp. Her har vi ei historie og kunnskap som få andre i landet kan skilte med. I jubileumsåret vil det skje mange spennande aktivitetar der du også blir invitert. ­Samtidsdagane 2014 er ein av dei.

www.hsh.no/samtidsdagane

Hsh samtidsdagane 2014 a5  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you