Yrke og utdanning 2019

Page 1

YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

YRKE & UTDANNING

Side13-27

Å køyre Scania er Henriette Hundhammer sin store draum. TO:

TORLEIF HEGGEBØ

13


14

2019

TORSDAG 24. JANUAR

YRKE & UTDANNING

Drøymer om å setja seg bak ratte TORLEIF HEGGEBØ

Henriette er berre 18 år, men er fast bestemt på å bli yrkessjåfør. Draumen er å farte land og strand rundt i ein diger Scania. Ølensjenta Henriette Hundhammer klatrar raskt opp i Hustvedt & Skeie sitt vogntog som står parkert ved Fatland i Ølen. Sjåfør Benno har lete henne setje seg bak rattet på draumebilen - sjølvsagt ein diger Scania. — Eg er fast bestemt på å bli yrkessjåfør og skal enten køyre tippbil eller langtransport når eg blir ferdig med utdanninga. Den draumen har eg hatt dei siste par åra, og lysta til å køyre store bilar har ikkje vorte mindre etter at eg tok «lappen» for personbil på 18-årsdagen min, den 18. desember i 2018, sprudlar den framtidige yrkessjåføren. Tre dagar etter at «lappen» var i boks kjøpte ho seg ein BMW, sjølv om ho også på personbilmarknaden kunne tenkt seg noko som hadde med Scania å gjere. — Aller helst skulle eg hatt ein Saab, kan du skjøne. Det er det som er Scania blant personbilar, men så vart det ein BMW i staden, smiler Henriette og røper at det har blitt nokre kilometer etter vegane på Haugalandet i løpet av den første månaden som sjåfør. — Innvendig har eg dekorert bilen med Scania-effektar av ymse slag, fortel ho og dreg fram Scania sin årskalender for 2019. — Den skal få plass bak i bilen, ler ho.

HAR STARTA UTDANNINGSLØPET Med sertifikatet for personbil på plass og innkjøp av bil har ho sett nøkkelen i tenninga og starta vegen fram mot draumen om å kunna setja seg bak rattet som ferdig utdanna yrkessjåfør. Går alt som ho vonar, kan ho vera på vegen om knappe tre år. — For tida går eg på VG1, Service og Samferdsle, på Haugaland vidaregåande skule i Haugesund, og planen er å gå vidare på VG2, Transport og Logistikk frå hausten av. Eg har søkt både i Haugesund og i Sauda. Uansett kor det blir, så vonar eg iallfall å ende opp i Sauda på Yrkessjåførlina etter VG2, fortel 18-åringen, som har nærkontakt med yrkessjåførar frå inn- og utland kvar fredag når ho er på utplassering hos Shell på Aksdal. På stasjonen er det innreia eit eige pauserom for yrkessjåførane der dei kan få seg ein pust i bakken, ein kopp kaffi og noko å bite i. Eit skilt på døra med teksten «Truckers only» fortel kva karar - ja, sjølvsagt nokre tøffe jenter òg som har tilgang til dette rommet. Henriette likar seg der.

Dette er den store jentedraumen. Om knappe tre år vonar Henriette Hundhammer å kunne setje seg bak rattet på ein diger Scania ringsplassen hos Fatland.

HAR DET I BLODET Kva som har fått henne til å drøyme om å bli yrkessjåfør veit ho ikkje heilt sikkert, men ho innrømmer å ha sansen for store bilar, og då særleg Scania. Dessutan har ho sjåførblod i årane. — Far min, Even, var trailersjåfør, seier ho, og tenker seg om. — Eg hugsar han ikkje så godt, for eg var berre knapt fem år då han omkom i ei utforkøyring med traileren sin. Likevel minnest eg vagt noko som eg trur kan ha vore ein køyretur me hadde saman. Eg er ikkje sikker på om det er ein draum eg har, eller om det verkeleg skjedde, men eg ser for meg pappa og meg i førarhuset på ein stor bil under ein av dei mange turane han hadde over fjellet. Det var ein fin tur, ser eg for meg. Henriette innrømmer at ikkje alle i familien er like entusiastiske for at ho vil gå i Even sine fotspor, men understrekar at dette er hennar eige val.

HEIM TIL HELGA – Eg drøymer om å kunne legge ut på lange turar bak rattet i ein Scania, gjerne utanlands òg, men eg må heim til helga. Helgene vil eg ha heime, saman med typen min, smiler ho lurt. Ho deler interessa for tyngre køyretøy med kjærasten. Han køyrer hjullastar for Risa, og for alt ho veit, så kan det bli det ho også kjem til å ende opp med. — Det blir enten langtransport land og strand rundt, eller så blir eg maskinførar, seier ho bestemt.

Tre dagar etter oppkøyring på 18-årsdagen sin kjøpte Henriette sin første bil - ein BMW. Innsida er pynta med Scania-effektar, og sjølvsagt to store terningar i frontruta.

Å vere bestemt, sjølvstendig og ikkje nølande, er eigenskapar ho sjølv meiner å ha, og som ho trur er nyttig i eit arbeid som yrkessjåfør. — Som yrkessjåfør må du vera ansvarsbevisst og nøyaktig, ha gode samarbeidsevner, vere serviceinnstilt og kunne planlegge din eigen arbeidsdag. Du må ha sosiale eigenskapar og vere flink til å kommunisere med andre, heiter det i lærebøkene til yrkessjåførutdanninga. Henriette passar godt inn i biletet som blir skissert av dei personlege eigenskapane til ein god yrkessjåfør.

Kvar fredag er Henriette utplassert hos Shell på Aksdal i samband med utdanninga si. Ho likar seg ekstra godt på pauserommet for «Truckers only».


YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

15

et i ein diger Scania Konsernsjef Roger Harkestad i Tide Buss frir til ungdommen om ei framtid bak bussrattet. FOTO: EIVIND SENNESET

Treng tusen bussjåførar ARNE FRØKEDAL

Den nasjonale satsinga på kollektiv transport vil løfta fram bussjåfør som eit framtidig yrke. Konsernsjef Roger Harkestad i Tide Buss er opptatt av rekruttering og sender eit klart signal til ungdom som nå står føre eit yrkesval. — Bussbransjen er ei næring i vekst, og det er forventa at det i 2019 vil vera behov for om lag tusen nye bussjåførar på landsbasis, seier Tide Buss-sjefen.

M-TITTEL

og suse land og strand rundt. Ho fann seg godt til rette i førarsetet på Hustvedt og Skeie sin eine trailer på parkeFOTO: TORLEIF HEGGEBØ

Kvinnelege sjåførar meir lønsame — Dess fleire kvinner bak rattet på norske lastebilar, dess betre, slår Norges LastebileierForbund (NLF) fast på nettsidene sine. Ifølgje NLF har kvinnelege sjåførar lågare ulukkesfrekvens, lågare kostnadar per ulukke og køyrer finare enn menn. Tal frå Statistisk Sentralbyrå og forsikringsselskapa sin trafikkskadestatistikk frå 2017 stadfestar tendensen næringa sjølv har sett i mange år. Statistikken viser at det gjennom alle år kor kjønn på sjåføren ved ulukker er oppgitt, har kvinner sått for berre to prosent. Fordelt på det totale talet på sjåførar viser det at kvinnelege sjåførar har om lag halvparten så høg ulukkesfrekvens som sine mannlege kollegar. — Ein auke i talet på kvinner i transportbransjen er heilt vesentleg for å styrke den norske transportnæringa, understrekar NLF-direktør Geir A. Mo i ein artikkel om kvinnelege sjåførar på NLF sine nettsider.

STOR TRONG FOR NYREKRUTTERING Ifølgje SSB var det i 2017 registrert om lag

1.000 kvinner med yrkestittel lastebil- og trailersjåfør, av totalt 25.000 i Noreg. Denne fordelinga har vore ganske stabil over mange år, men mykje tyder på at kvinnene er på full fart inn i dette mannsdominerte yrket òg. Ved nokre læreinstitusjonar opplever dei no at nærare halvparten av elevane er kvinner. Det beste for Henriette og andre jenter, som òg for gutar, er at næringa skrik etter nye sjåførar. I følgje NLF er det eit dokumentert behov for 15.000 lastebilsjåførar i Noreg innan 2030, og bransjen slit med rekrutteringa. NLF-direktør Geir A. Mo frir i artikkelen på nettsidene til NLF til ungdom på terskelen til å velje seg ei utdanning. — Har du transportblod i årene og likar deg på vegen, så er det ingenting å lure på. Skaff deg lastebilsertifikat og bli med på å gjere næringa betre, oppfordrar Mo nye sjåførar av begge kjønn, men legg ikkje skjul på at kvinnene vil bli spesielt ettertrakta.

Bakteppet er FN sitt klimamål som Noreg har forplikta seg å innfri. Eit virkemiddel for å lukkast er å etterleva det politiske nullvekstmålet om at all vekst i reisebehovet i byane skal takast med gange, sykkel og kollektivtrafikk. — Med det følgjer ei kraftig utviding av det norske kollektivtilbodet framover, stipulert til rundt tusen nye sjåførar årleg. Me ser det alt nå i Tide Buss, at me har behov for å tilsetja 250 nye dyktige sjåførar i løpet av året, seier Harkestad. Selskapet han leiar er Norges nest største i buss, med om lag 3.900 tilsette, med verksemd i Trondheim, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vestfold, i tillegg til Danmark. I løpet av året skal selskapet også starta opp busskøyring i Troms. Harkestad fortel at bussjåføryrket er eit trygt yrkesval, kor svært mange blir verande i mange år. — Tradisjonelt har dette vore mannsdominert, men me ser nå at stadig fleire kvinner ønskjer å bli bussjåfør, noko me er veldig glade for. Samtidig ser me også at dette er eit attraktivt yrke der sjåføren kan stå i jobben heilt til fylte 75 år, og det er gode deltidsmuligheiter, seier Harkestad som leiar ei multinasjonal bedrift med over 50 ulike nasjonalitetar representert.

SJØLVGÅANDE KØYRETØY? Innan 2030 må det rekrutterast opp mot 14.000 nye bussjåførar for å dekka det framtidige transportbehovet, viser ein rapport Urbanet Analyse AS har utarbeidd på oppdrag frå NHO Transport. Harkestad fryktar ikkje at sølvkøyrande busser skal stela sjåførjobbane. — Den kraftige teknologiske utviklinga treff også bussnæringa. Det er alt testa ut sjølvkøyrande bussar, og eg trur at ein gang, eit godt stykke inn i framtida, vil kanskje alle bussene vera sjølvkøyrande, men det vil av sikkerheitsmessige årsaker framleis vera behov for personell om bord til å assistere, seier konsernsjefen. Frå og med 2018 har Lånekassen opna opp for at bussjåfør-utdanninga kan motta støtte. — Kombinert med at denne utdanninga heller ikkje er så langvarig, håper me det vil bidra til å freiste fleire til å velja denne yrkesvegen. For vaksne som ønskjer å endre karriereveg finst det gode etterutdanningsmuligheiter, og næringen satsar også tungt inn mot unge som kan ta fagbrev som yrkessjåfør på vidaregåande skule, seier Harkestad.


16

YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

ARBEID I ETNE KOMMUNE? Etne kommune er den største arbeidsplassen i kommunen og sysselset ca. 350 personar fordelt på desse fagområda: • BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR • ERGOTERAPEUT • FYSIOTERAPEUT • HELSEFAGARBEIDAR • INGENIØR OG TEKNIKAR • LÆRAR OG FØRSKULELÆRAR • MERKANTILT PERSONALE OG SAKSHANDSAMAR

Westcon Group er totalleverandør av dei beste og mest innovative løysingane, tenester og produkt innan offshore, energi og maritim industri. Westcon Group består av selskapa Westcon Yards, Westcon Løfteteknikk og Westcon Power & Automation.

• MILJØARBEIDARAR • REINHALD, DRIFT OG VEDLIKEHALD • SJUKEPLEIAR OG HELSESYSTER • SOSIONOM • SOSIALARBEIDAR • SPESIALSJUKEPLEIAR

Velkommen til å søkja på ledige stillingar hjå oss! ETNE KOMMUNE Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf: 53 75 80 00 Faks: 53 75 80 01

trygg • raus • engasjert

post@etne.kommune.no www.etne.kommune.no

YRKE &

UTDANNING

Westcon Yards AS er eit moderne verft med hovudfokus på offshore-service, skipsbygging, riggog skipsreparasjon. Dotterselskapet Catering Partner driv overnatting og storkjøkken med kantine og catering. Lokasjon i Ølensvåg og Karmsund med ca 360 fast ansette. Westcon Power & Automation AS er totalleverandør og systemintegrator med eigenutvikla produkt innan automasjon, elektro og kraftelektronikk. Selskapet har opparbeid brei erfaring med heilelektriske og hydrogen-/batterihybride system på skip og riggar med fokus på både miljø og energieffektivitet. Lokasjon i Ølensvåg og Husøy med ca 160 fast ansette. Vi ønsker å sikre arbeidskraft med god kompetanse i framtida og satser på lærling, rekruttering og kompetansebygging. Læreplass hos oss gir stor variasjon i arbeidsoppgåver, det meste innan skips- og rigg reparasjonar. Dette gir ei allsidig opplæring og godt grunnlag for vidare skule eller karriere innan faget. Ønskjer du ei kjekk læretid, med flinke mentorar og god fagleg oppfølging? Då oppfordrar me deg til å søkje hos oss!

Westcon Yards

treng lærlingar innan faga: • Industrirøyrleggjar • Industrimekanikar • Platearbeidar • Sveisar • Institusjonskokk

Westcon Power & Automation

treng lærlingar innan faga: • Elektromontør gr L (Ølen / Karmøy) • Automatiker (Karmøy) • Tavlemontør (Karmøy) • Logistikkoperatør (Ølen / Husøy)

Du må ha gjennomført teorietisk opplæring i den videregåande skulen (VG1 + VG2) for relevant fag, vera motivert, pliktoppfyllande og bidra til at det er kjekt å jobba her, både for deg sjølv og andre. Søknadsfrist 1. mars. Meir opplysningar og registrering av søknad om læreplass finn du på karriereportalen vår på www.westcon.no / karriere

BLI EN DEL AV EN VIKTIG NÆRING I VEKST Tide Buss kan love faste og trygge arbeidsplasser. Vi har stort behov for gode sjåfører i Haugesund, Ølen, Sauda, Suldal og Odda. Vi tar inn lærlinger. Vil du vite mer? Kontakt oss på telefon 55 55 55 04 25, post@tide.no eller se tide.no


YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Ledige læreplasser 2019

YRKE &

UTDANNING

Finn ledige læreplasser på:

www.finnfag.no

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke

Følg oss på: Haugaland Opplæringskontor

Vindafjord

Skuleåret 2019-2020

www.iho.no post@iho.no / 913 59 266 Haugaland Opplæringskontor

Agronomutdanning for vaksne PÅ EITT ÅR! Skulen er skreddarsydd for den som vil drive gard. Landbruksfag, naturforvaltning, biologi og fordjupningsfag. Fagturar i inn- og utland. Godt og inspirerande klassemiljø!

Haugesund Toppidrettsgymnas

YRKE &

UTDANNING

Undervisningstid: Sidan elevane ynskjer å kombinere arbeid og skule, tilpassar me undervisningstida til det ved å legge den til to kveldar og ein dag i veka og ein laurdag i månaden.

- Spesialtrenere i alle våre idretter - Dyktige faglærere - Tilbud om alle realfag - Treningsleirer til Spania på alle trinn - Gode eksamensresultater

www.vlr.no

Meir info: kontor@vlr.no

tlf. 907 28 784

Søknadsfrist 1. mai 2019

Med utøveren og eleven i fokus.

Våre lærebedrifter i Skånevik/Etne søker lærlinger i faga:

H A U G E S U N D -T O P P I D R E T T S GY M N A S . N O

Bli Muskelterapeut KST I – III Oppstart 7. – 10. februar

YRKE &

KLASSISK MASSASJE Oppstart 21. – 25. februar Anatomi og Fysiologi, nettstudium

UTDANNING

Sirius Naturterapeutisk skole www.sirius-skole.no – tlf. 971 71 616

• ELEKTRO/AUTOMATISERING • INDUSTRIMEKANIKER • PLATE/SVEIS • CHASSISPÅBYGGARFAGET • BILFAGET TUNGE KJØRETØY • TØMRARFAGET Kontakt oss for nærmare informasjon, eller send oss ein søknad. Opplæringskontoret for Sunnhordland post@suo.no • 53 47 24 60/ 908 62 240

Vi opplever god ordretilgang i alle forretningsområder, og søker nå etter flere dyktige medarbeidere. MCE AS er en produksjonsbedrift i Etne med bred kompetanse over våre forretningsområder i prosessindustrien, offshoreindustrien og tungtransport. Vi leverer komplette industrielle løsninger, og som ansatt får du delta både i produksjonen i Etne og på montasje ute hos våre kunder. MCE AS har opplevd god vekst i vår satsning mot storbil. Vi er godkjent chassis-påbygger og storbilverksted, og vi har egenutviklede løsninger for dyre-transport. Ved å fokusere på leveranse-dyktighet og kvalitet, har vi oppnådd et markedsledende renommé.

www.mce.no

• • • • • • •

17

Formenn Industrimekanikere Storbilmekanikere Platearbeidere Sveisere og sveisekontrollører Chassispåbyggere Lærlinger i alle ovennevnte faggrupper

Hos MCE får du muligheten til å arbeide sammen med dyktige kollegaer, i et arbeidsmiljø med høy trivsel og med fokus på utvikling. Vi skal være Norges beste chassis-påbygger, og for å nå det målet trenger vi de beste medarbeiderne. Spørsmål om stillingene kan rettes til HR-ansvarlig Trine Byggstøyl på telefon 951 77 108. Send søknad, CV og relevante sertifikater til trine@mce.no


18

YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Fem år etter: Slik gjekk det med ungdomane

Ein gjeng tiandeklassingar, fem år etter at dei var ferdige med ungdomsskulen. F.v.: Hans Jørgen Hjemdal, Erlend Kringlebotten, Kristin Silde Frønsdal, Johannes Bakke, Stian Andre Gullhaug, Cesilie Øygard, Sunniva Dagsland Indreland og Astrid Elise Alendal. FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

GRETHE HOPLAND RAVN

I 2014 intervjua Grannar ein gjeng tiandeklassingar frå Etne og Skjold. Den gong var dei i ferd med å staka ut kursen mot yrkeslivet. Korleis gjekk det med dei?

Fem år har gått sidan denne gjengen delte sine tankar om framtid og yrkesplanar til lokalavisa. I dag er dei rundt 20 år gamle, litt rikare på livserfaring og litt fattigare på kvalpefeitt. For nokre av dei gjekk det akkurat slik dei hadde planlagt, mens for andre har livet tatt ei litt anna vending enn det som først var tenkt. — Eg er oppvaksen på Gyldenpris i Bergen, far min var prest i Laksevåg, og draumen min er å koma tilbake til Laksevåg kyrkje etter at eg sjølv er ferdig utdanna prest, sa Hans Jørgen Hjemdal for fem år sidan. I dag har han heilt andre planar.

Å VELJA FOR FRAMTIDA Det er februar 2014 og det nærmar seg fristen

for å søkja seg inn på vidaregåande skule for alle tiandeklassingar i landet. Ni 15-åringar og ein 16-åring frå distriktet skal ta sine første yrkesretta val i livet, og fleire synest det er vanskeleg å bestemma seg allereie no når ein er så ung. Skal ein velja yrkesfag? Eller skal ein gå for realfag? Om dei var usikre på kva utdanning dei skulle velja, var dei likevel sikre på ein ting; Utdanning er viktig! Spolar ein fram tida fem år har Grannar klart å få kontakt med ni av dei ti som blei intervjua, og det er spennande å høyra korleis det har gått med gjengen.


YRKE & UTDANNING Kristin Silde Frønsdal Enge skule:

2014: — Eg kjem aldri til å flytta frå Etne så eg skal utdanna meg i eit yrke der eg har jobbmoglegheiter her. Derfor kjem eg til å velja TIP på Tesdal og Etne vgs første året. Eg likar praktisk arbeid framfor teori, så det passar meg fint. Etter det ønskjer eg å gå på lakkering- og småfeil på bil. Då må eg nok bu vekke eit år, men så er det heim igjen. Reknar med eg får læretida mi her, og så tar eg fagbrev etter det. 2019: — I dag jobbar eg som lastebilsjåfør-lærling i Skånevikstrand maskinstasjon, og køyrer tippbil. Etter ungdomsskulen gjekk eg på Tesdal, og deretter andre året på transport og logistikk i Haugesund. Etter det gjennomførte eg eit 19-vekers kurs i Sauda for å ta lastebil-lappen, og deretter starta eg som lærling. Då flytta eg heim igjen til Etne. Skulegangen blei ikkje heilt slik eg hadde førespegla meg i 10. klasse, for i løpet av førsteklasse på vgs fann eg ut at det var lastebilsjåfør eg ville bli. Eg bur som planlagt i Etne, der eg og sambuaren min har kjøpt oss hus på Frette i Stordalen. Framtidsplanane er vel nokon lunde dei same eg hadde for fem år sidan.

Sverre Johannes Rullestad, Enge skule:

2014: — Eg kjem til å søkja med inn på mediaog kommunikasjonslinja i Etne. Når eg skal ta til på andreåret, kjem eg til å søkja meg til data- og elektronikklinja i Haugesund. Målet er å bli dataprogrammerar, for eg er svært interessert i data. Eg er frå Rullestad, og har planar om å bu på Rullestad også når eg blir vaksen. Om eg blir pendlar eller om eg kjem til å få meg heimekontor, det veit eg ikkje enda. 2019: — Eg gjekk tre år på Etne vgs der eg tok to år med media og eitt år med påbygg. Så det blei ikkje noko skule i Haugesund. Etter det tok et eit år på Sunnhordland folkehøgskule på linja for speldesign, og i dag tar eg bachelor for dataingeniør ved UiT. Eg bur i Narvik og har ikkje følgt planen min til punkt og prikke, men er framleis på same rute som for fem år sidan, der draumen om å jobba med data er like levande.

Stian Andre Gullhaug, Skjold skule:

2014: — Eg vil gå TIP i Ølen til hausten, før eg flyttar til Haugesund i andre klasse. Der vil eg gå på kjemiprosess på Karmsund vgs. Eller så kan det hende eg flyttar sørover for å gå på Stavanger offshore tekniske fagskole. Etter desse to åra håpar eg på å få lærlingkontrakt og fagbrev som prosessoperatør. Deretter vil eg ta påbygg før eg søkjer meg inn på ingeniørstudiet. Målet er å få ein godt betalt jobb i Nordsjøen, med turnus som gjer det mogleg å jobba som bonde når eg er heime. 2019: — Etter ungdomsskulen så gjekk eg på TIP i Ølen, men etter det har eg ikkje følgt planen eg hadde. Eg gjekk bort frå tanken om offshorekarriere og ville heller prøva meg i anleggsbransjen. Vg2 blei dermed Arbeidsmaskinar på Øksnevad vgs på Klepp, og då eg var ferdig der kunne eg søkt om læreplass, men valte heller å gå Vg3 og linja; Anleggsmaskinmekanikar. Sidan eg gjekk tre år på skule, er læretida berre eitt år, og eg fekk læreplass hos NCC. Eg tok fagbrevet i august 2018, og bur framleis heime i Skjold. Eg er i startfasen med å overta garden, og på sikt vil eg byggja meg hus her.

Hans Jørgen Hjemdal, Enge skule:

2014: — Eg kjem til å søkja meg inn på studiespesialiserande på Lundeneset. Etter vgs kjem eg til å gå eit år på bibelskule i Grimstad, før eg startar studiet. Kva eg vil studera, er eg ikkje heilt sikker på enda, men eg trur det blir enten teologi eller lærarutdanning. Eg er oppvaksen på Gyldenpris i Bergen, og far min var prest i Laksevåg. Draumen hadde vore å koma tilbake til Laksevåg kyrkje etter at eg sjølv var ferdig utdanna prest. 2019: — Eg gjekk media- og kommunikasjon, og påbygg ved Lundeneset vgs. Deretter har eg gått halvanna år på Bibelskulen i Grimstad. Først på World Wide Walk-linja, der eg mellom anna reiste til Japan i tre månadar. Dette skuleåret er eg mediestipendiat ved same skule, der eg har ansvar for å skaffa grafisk materiale, og oppdatera nettsida i tillegg til diverse fotooppdrag. Framtidsplanane no er først å gå i lære som fotograf, før eg studerer grafisk design, pedagogikk eller journalistikk for å ha noko i bakhand i ein vanskeleg jobbmarknad. Eg ønskjer i alle fall å jobba innan media og siktar meg inn mot dette.

Sunniva Dagsland Indreland, Skjold skule:

2014: — Eg vil gå studiespesialiserande linje etter 10. klasse. Etter det kunne eg gjerne tenkt meg å utdanna meg til tannlege, noko eg synest verkar veldig spennande. Eg har vore utplassert hos tannlegen her i Skjold når me har hatt arbeidspraksisdagar på skulen. Det blir eit langt studie, men når eg er ferdig vil eg gjerne bu i Skjold å jobba som tannlege i heimbygda mi. 2019: — I dag går eg andre året på grunnskulelærar 5. - 10. klasse på Høgdskulen på Vestlandet, Stord. Der har eg matematikk og naturfag, og når eg studerer på Stord bur eg i ein båt. Elles bur eg heime i Skjold. Etter 10. klasse gjekk eg på studie ved Ølen vgs, men planen om å bli tannlege blei lagt på is då opptakskrava til dette studiet er svært høgt. I tillegg har eg tatt maskinførarbeviset slik at eg kunne ta oppkøyring på gravemaskin og hjullastar. Det var nødvendig sidan eg også jobbar i fimaet Øvregård Maskin AS.

Astrid Elise Alendal, Skjold skule:

2014: — Eg vil gå på restaurant- og matfaglinja i Ølen vgs. eller på Karmsund vgs. i Haugesund. Då går eg først to år på skule, før eg går to år ut i lære. Eg har lyst til å bli kokk, men veit ikkje heilt enda kor eg har lyst til å jobba. Eg har ikkje lyst til å bli industrikokk, men heller gourmetkokk på ein restaurant. 2019: — Det gjekk slik eg hadde planlagt. Eg kom inn på Karmsund vidaregåande skule, på restaurant- og matfaglinja. Etter to år på skule, var det to år i lære som kokk. Læretida mi fekk eg ha på Radisson Blu hotell, og dermed flytta eg til Haugesund. I september i 2017 tok eg fagbrevet som kokk, og då fagbrevet var i boks fekk eg fast jobb på Radisson og Park Inn. Her jobbar eg framleis. Mine framtidsplanar er å søkja ny jobb, for eg har veldig lyst til å flytta litt på meg og prøva noko nytt. Mest for å oppleva nye og spennande utfordringar.

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Erlend Kringlebotten, Enge skule:

2014: — Eg skal ta studiespesialiserande på Lundeneset, med realfag i 2.- og 3. klasse. Då får eg spesiell studiekompetanse, og det kan vera nyttig seinare. Eg ser fram til å bu på ein skule, der fleire deler same livssyn som meg. Etter vgs. vil eg gjerne gå eit år på bibelskule i Mandal, Halden eller Grimstad. Når eg blir vaksen ønskjer eg å arbeida som lærar på ungdomsskule eller vidaregåande i faga matematikk eller naturfag. Eller så ønskjer eg å bli kjemikar som forskar på grunnstoff, molekyl og anna naturvitskap. 2019: — Som planlagt gjekk eg på Lundeneset, og dei to siste åra har eg gått på Hedmarktoppen Folkehøgskole i Hamar. I fjor gjekk eg ei disippellinje, og i år er eg stipendiat på ei idrettslinje i tillegg til ein del leiartrening. Når det gjeld framtida trur eg den ser lik ut som i 2014. Eg ønskjer å studera i Oslo, men er framleis usikker på kva eg skal velja. Reknar med det blir enten fornybar energi, eit studium innan miljø og utvikling eller lektor, trur eg.

Cesilie Øygard, Skjold skule:

2014: — Eg har lyst til å gå på Holgersen Toppidrettsgymnas (HTG) på linja for studiespesialisering. Eg vil ha fotball som fordjuping, men kva eg vil etter det er eg usikker på. Eg har mange tankar som kretsar rundt ingeniør eller økonomi, men har på ingen måte gjort noko val. 2019: — Etter ungdomsskulen starta eg som planlagt på HTG og fekk satsa på fotball i tre fine år der. Etter vidaregåande skule hadde eg eit halvt friår, der eg jobba og tente litt pengar. I januar 2018 gjekk eg inn i Forsvaret i Militærpolitikompaniet i Bardufoss og i januar 2019 dimma eg. Kva planen vidare er, er eg framleis usikker på, men eg trur eg hamnar i Bergen til hausten. Kva studium det blir, får eg sjå litt an.

Johannes Bakke, Skjold skule:

2014: — Eg kjem til å søkja meg inn på Tveit jordbruksskule. Eg har lyst til å bli bonde, av den grunn at eg likar å styra med dyr og store maskinar. Interessa mi går føre pengane og eg veit eg blir ikkje rik av å vera bonde. Men ein skal overleva også, så eg trur eg kjem til å gå på Ås landbrukshøgskule for å utdanna meg til sivilagronom. Eg har lyst til å arbeida som landbruksrådgjevar eller entreprenør. 2019: — Som eg sa, så gjekk eg på Tveit, og fekk yrkestittelen agronom. Mens eg gjekk på Tveit var eg avløysar og starta mitt eige firma Bakke Hage og Landbruksteneste. Då eg var ferdig på Tveit signerte eg ein 2,5-års lærekontrakt hos Jostein Myge AS, der eg framleis er anleggsgartnarlærling. Eg driv firmaet mitt på si, og tek på meg ein del jobb innan landbruk. Eg held også på med å ta lastebilsertifikat og siktar på å køyra dyretransport, eller noko anna innan landbruk. I dag bur eg i Sveio, men den store draumen er framleis å driva gard. Eg håpar på å realisera det innan fem til ti år. Sivilagronomutdanninga er førebels lagt på is.

19


20

YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Fekk tips og råd om vegen

Nora Lundal Hustveit (15) frå Etne var mellom anna innom sal- og service-avdelinga for ein prat med Monica Stelander frå opplæringskontoret.

eg meir sikker på kva « Iegdagvilblei jobba med

FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN

«

PIA HELEN RULLESTAD, ELEV FRÅ ØLEN SKULE

Etneelev Sebastien Rafdal t.v.), Tobias Engelsgjerd og Josefine Gjerde tok ein kikk på bil og motor under yrkesmessa.


YRKE & UTDANNING

vidare IRENE MÆLAND HARALDSEN

15 år gamle Nora Lundal Hustveit og dei andre tiandeklassingane i Etne og Vindafjord drog til Tysvær for å læra litt om kva som ventar når dei skal velja utdanning og yrke. Inne i storsalen på Steinsvik Arena på Frakkagjerd yrer det av kunnskapstørste ungdommar på leit etter informasjon om mulige yrke dei kan velja når tida på skulebenken er over. Over 60 utstillarar har tatt plass i den 2.000 kvadratmeter store idretts-og kulturarenaen, der alt frå økonomi, reiseliv, sikkerheit og helse til bygg og anlegg, transport, elektro, offshore, maritim, it, kunst, kultur og media er representert. Messa går over to dagar og er øyremerka tiandeklassingar og første klasse ved vidaregåande yrkesfag frå heile Haugalandet. Målet med arrangementet er å visa elevane mangfaldet i det lokale næringsliv der ungdomane får muligheit til å ta ein prat med ein del av utstillarane. — Me har valt oss ut tre utstillarar på førehand som me har besøkt. I tillegg har me fått litt tid på eiga hand til å kikka litt rundt, men det har blitt knapt med tid. Eg trudde me skulle få betre tid på kvar plass, seier 15 år gamle Nora Lundal Hustveit frå Etne som har vore innom handel og kontor, helsefag og lov og rett for å få informasjon om yrkesmuligheitene dei ulike faggruppene har å tilby.

Kahil Ibrahim Alhari (t.v.), Emma B. Ingebrigtsen, Liva Hundhammer, Pia Helen Rullestad og Frida Sandvik frå Ølen skule i prat med brannmann Andreas Nordal.

LÆRERIKT For tiandeklassingen frå Etne var ikkje yrkesmessa avgjerande for kva vegval ho vil ta når grunnskuleutdanninga er over, men lærdommen ho har fått ved å kikka på ulike yrke denne dagen, har likevel vore interessant og lærerikt. — Det har vore kjekt her i dag og interessant å sjå kva dei ulike yrkene har å by på. Eg vil gå på helsefag på vidaregåande og har søkt meg til Ølen, Sauda og Odda til hausten. Eg håpar å koma inn ved Ølen vgs. Eg vil jobba med menneske, og så får eg sjå kva det blir til seinare etter at eg er ferdig med helsefag, seier ho. I tillegg til Enge skule og Skånevik skule i Etne kommune, hadde elevar frå Skjold skule, Vikedal skule og Ølen skule i Vindafjord tatt turen til yrkesmessa for Haugalandet.

Rundt 2.500 elevar var innom yrkesmessa i Steinsvik Arena på dagtid i løpet av to dagar.

AVGJERANDE Det var ikkje berre etneelevane som syntest tida blei litt for knapp. Elevar frå Ølen skulle også hatt litt meir tid på kvar stand, men dei nytta timane godt og fekk med seg mykje viktig lærdom. For somme var praten med dei ulike yrkesgruppene avgjerande for valet vidare. — I dag blei eg meir sikker på kva eg vil jobba med. Eg vil bli politijurist og fekk snakka med politiet og dei som jobbar der, så nå har eg bestemt meg, seier Pia Helen Rullestad (15) frå Ølen skule. Ho var tidlegare innom tanken på ein jobb innan helse, men etter besøket på standen der sikkerheit, lov og rett var representert, blei framtidsvegen staka ut. For tiandeklassingane blei yrkesmessa eit hyggeleg avbrekk i skulekvardagen og alle var nøgde med å få ein pause frå lekselesinga. — Dette var mykje kjekkare enn skulen. Me har hatt stort utbytte av messa. Det har vore lærerikt, seier dei tre etnelevane Sebastian Rafdal, Tobias Engelsgjerd og Josefine Gjerde som tok seg tid til ein stopp på bil- og motorstanden, og ei prøvesitjing i ein av bilane før bussen sette kursen heimover. — Det var nydeleg å få sitja i bilen, seier unge frøken Gjerde som alt har bestemt seg for kva bil ho skal kjøpa seg når førarkortet er i boks. — Eg likar fart så eg går for Porsche, seier ho og smiler breitt.

TO DAGAR Yrkesmessa går over to dagar og samlar rundt 2.500 elevar frå heile Haugalandet på dagtid i løpet av desse dagane. I tillegg til full aktivitet på dagtid, opnar messa dørene for publikum første kvelden. Her kan elevar og føresette delta på kveldsarrangementet og besøkja dei ulike standane. — Elevane får mange gode tips med seg på vegen når dei besøkjer yrkesmessa, og me får gode tilbakemeldingar både frå utstillarane og elevane, seier Ronny Sætre frå Haugaland Vekst som er med på organisering av messa. Kommunane i Haugesundsregionen står bak messa som blir arrangert i samarbeid med dei private opplæringskontora på Haugalandet, karrieresenteret, høgskulen på Vestlandet og rådgjeverar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

FAKTA: Desse faga møtte ungdomane på yrkesmessa:

n Økonomi, service og reiseliv

n Sikkerheit, lov og rett n Undervisning, helse og omsorg

n Marin, maritim og offshore

n Bygg og anlegg n Industriproduksjon og teknologi

n Bil og sport n IT, energi og elektro n Kunst, kultur og media n Vidaregåande utdanning

2019

TORSDAG 24. JANUAR

21


22

YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Hjemmefra, men ikke alene!

Lundeneset VGS er en kristen internatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr Medieproduksjon, service og samferdsel, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg til en god skolegang gir vi deg et trygt miljø, varierte fritidstilbud og venner for livet! Les mer om oss på www.lvs.no

ØLEN VIDAREGÅANDE SKULE Veksthus for vett og vennskap Skuleåret 2019/2020 - Studiespesialisering - Idrettsfag - Påbygg til generell studiekompetanse (23 / 30 timar) - Bygg- og anleggsteknikk - Design og handverk - Elektrofag - Teknikk og industriell produksjon - Helse- og oppvekstfag - Tilrettelagd opplæring i lita gruppe - Innføringsklasse norsk NYTT FAGLTILBOD: Frå hausten 2019 kan du som startar på VG1 Studiespesialisering velje Teknologi og Forskningslære 1 . Tel: 53766400 WWW.OLEN.VGS.NO

For å gå in søkje Ø l velg n på vig en vgs: søkn Rogalan o.no adsf d rist 1 . ma rs


YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Ta vidaregåande utdanning på Stord!

Vårt tilbod for skuleåret 2019–2020:

Yrkesførebuande utdanningsprogram Teknikk og industriell produksjon • Teknikk og industriell produksjon – Vg1 • Teknikk og industriell produksjon med idrett - Vg1 • Industriteknologi – Vg2 • Kjøretøy – Vg2 Bygg- og anleggsteknikk • Bygg- og anleggsteknikk – Vg1 • Byggteknikk – Vg2

Elektrofag • Elektrofag – Vg1 • Elektrofag med spesiell studiekompetanse – Vg1 • Elenergi – Vg2 • Automatisering – Vg2 • Automatiseringsfaget – Vg3 Service og samferdsel • IKT-servicefag – Vg2

Invester eitt ekstra år ved Sauda vgs – og få

full pakke!

Studieførebuande utdanningsprogram Studiespesialisering • Vg1 – fellesfag • Vg2 og Vg3 – realfag, språk, samfunnsfag og økonomi er fordjupingsfag Idrettsfag • Vg1, Vg2 og Vg3 med fordjuping i toppidrett og breiddeidrett Musikkfag • Musikk, dans og drama – Vg1 • Musikk, dans og drama med vekt på musikk – Vg2 og Vg3 Medium og kommunikasjon • Vg1 og Vg2 Allmennfagleg påbygging

Andre tilbod

Vekst og utvikling for alle

Innføringskurs for minoritetsspråklege Spesialundervisning • Arbeidstrening • Kvardagslivstrening • Grunnkompetanse i eiga gruppe

www.hordaland.no/stordvgs - Tlf. 53 45 20 00 - post.stv@hfk.no

Skulen på Facebook: fb.me/stordvgs

ag Open d d ve om YSK s. vg Sauda ar 30. janu

SKAL DU SØKJE SKULEPLASS TIL HAUSTEN? Odda vidaregåande skule tilbyr opplæring i følgjande utdanningsprogram YRKESFAG

STUDIEFØREBUANDE

 Bygg- og anleggsteknikk Vg1

 Idrettsfag Vg1, Vg2 og Vg3

 Elektrofag Vg1

 Studiespesialisering Vg1, Vg2 og Vg3

 El-energi Vg2  Helse- og oppvekstfag Vg1

(Realfag, Språk, samfunnsfag og økonomi)

 Helsearbeidarfag Vg2  Teknikk og industriell produksjon Vg1  Kjemiprosess Vg2  Kjøretøy Vg2  Industriteknologi Vg2  Smedfag Vg2

Odda har eit rikt kulturliv, og mange lag og organisasjonar har eit godt fritidstilbod til dei fleste. www.hordaland.no/oddavgs—Tlf 57 30 74 00

YSK Både yrkes- og studiekompetanse Etter fire år hos oss, kan du gå ut med både ønska fagbrev og spesiell studiekompetanse med realfagsfordjuping og dertil tilleggspoeng. Med Yrkes- og studiespesialisering (YSK) kjem du altså ut med dobbel kompetanse. Døra er open til vidare ingeniørstudier, og du blir ikkje framtidig “papir-ingeniør”, men ein med mykje og relevant arbeidslivserfaring og kunnskap om produksjonsprosessar. Og ikkje nok med det: du får òg løn under opplæringa. YSK er eit tilbod for deg som vil gjere meir ut av di vidaregåande opplæring, for deg som jaktar dobbel uttelling. Sjekk nettsidene sauda.vgs.no eller facebooksidene til Sauda vgs. Du kan gjerne ringe eller sende rådgjevar Hans Hylen Solberg ein sms: 472 36 441.

www.sauda.vgs.no Tlf. 51 92 28 00 sauda-vgs@skole.rogfk.no

23


24

YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Jens Martin Martinsen er rådgivar ved Ølen vgs som har kring 350 elevar. Ved den siste elevundersøkinga hadde skulen eit snitt på langt over 90 prosent som fullfører studieløpet sitt. Dette grunna blant anna tett oppfølging og høve til gode utplasseringar. FOTO: SIRIANNE VIKESTAD

Den unge ingeniøren Elevane i grunnskulen har høve til å velja eit heilt nytt fag når dei skal søkja seg inn på vidaregåande til hausten. Det heiter Teknologi og Forskningslære 1 og er eit praktisk retta fag med fokus på innovasjon. SIRIANNE VIKESTAD — Linja blir også kalla «Den unge ingeniøren», seier rådgivar Jens Martin Martinsen ved Ølen vidaregåande skule.

PRAKTISK RETTA Han forklarar at faget skal by på meir praksis enn teori, gjennom blant anna modellbygging, design og utforming, arbeid med sensorar og styringssystem, programmering og 3D-printing. — Me prøver å få bedrifter med på laget slik at elevane får litt kjøtt på beinet, seier rådgivaren, og siktar til erfaringa elevane får gjennom å ta del i arbeidslivet, og sjå korleis teori kjem til nytte gjennom praktiske oppgåver og løysingar. Han er sikker på at elevane som søkjer seg til linja ikkje nødvendigvis må ha eit ønskje om å bli ingeniør.

AUKA INTERESSA FOR REALFAG Dei seinare åra har det vore ei skeiv fordeling på studiespesialiserande i Noreg. I førsteklassen som starta på Ølen vgs i august var det til dømes 16 jenter og seks gutar. På idrettslinja var det noko jamnare med ni jenter og sju gutar. — Målet med den nye linja er å få interessa opp blant gutane til å velja studiespesialiserande, ved å g jera tilbodet meir praktisk retta, seier Martinsen. Han viser til at yrkesfaga tradisjonelt er populære fag blant søkjarar i Ølen. — Me ser generelt at det er mange flinke som går ut i yrkesfag. Då søknadsportalen opna fekk me inn 12 — 13 søkjarar VG1 Design og Håndverkklassen trivest med praktisk retta til Teknisk og industriell fag. Hanna Bendiksen Brekke (16) (t.v) vil bli arkitekt og skal produksjon (TIP) etter gå vidare på interiør og utstillingsdesign til hausten. Det skal få dagar. Det viser at også medelevane Eldbjørg K. Guggedal (16), Siri Sande Frette elevane har fått med seg (16) og Alexander Førland (17). Men dei er usikre på vegen at det er oppsving i bran- etter vgs. FOTO: SIRIANNE VIKESTAD sjen igjen. Også i elektrofaget og byggfaget er det kamp om plassane. I alt er det ni studietilbod på Ølen vgs, inkludert tilrettelagt undervisning.

STÅ PÅ EIGNE BEIN — Me skulle gjerne sett at fleire søkjer seg til Design og Handverk. Mange tenkjer nok at ein må vere kreativ for å gå der, men det er jo akkurat det du skal utvikla på denne linja. Då kan du for eksempel gå vidare på barn- og ungdomsarbeid på VG2, fortel Martinsen. Han har eitt ønskje han vil formidla til dei som nå sit og lurer på kva dei skal søkje seg inn på: — Ikkje gjer det som kameraten din gjer. Mange vel feil på det viset. Prøv å stå på eigne bein og følg hjarta. Det er det beste rådet. Det er alltids høve for omval, men då må ein kanskje gå lengre på skule, seier rådgivaren.

Birge Nagel-Alne (17) frå Vikebygd har ein draum om å spela i NBA. Høgda hans på heile 206 cm gjer det lettare å nå basketballkorga, men for å nå toppen er det satsing og hardt arbeid som gjeld. Toppidrett vart derfor valet hans då han skulle staka ut kursen vidare etter grunnskulen. FOTO: SIRIANNE VIKESTAD


YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Birge NagelAlne tok eit målretta val SIRIANNE VIKESTAD

— Tenk gjennom kva som interesserer deg, før du vel kva du skal etter ungdomsskulen, anbefalar Birge Nagel-Alne, som sjølv følgde hjarta og interessa då han satsa på toppidrett. Det er fredag kveld. Du tenkjer kanskje TGIF (Thank God it’s Friday) og har allereie planane om ei chill helg saman med venner etter ei lang veke med norskinnlevering, prøve i naturfag og tal som ifølgje fasiten i matteboka skal gå opp i opp, men som irriterande nok ikkje gjer det på ditt rekneark. Birge Nagel-Alne (17) har også hatt ei travel veke med skulearbeid, men tankane hans er retta mot nok ei kamphelg idet han startar oppvarminga til ei firetimars treningsøkt saman med eliteserielaget Frøya Basket og deira U19-lag. 17-åringen frå Vikebygd ønskjer å satsa på ein karriere innan basketball, og valde difor å flytta til Bergen for å gå på Hordalands største toppidrettsgymnas Metis, der han kan kombinera utdanning med sin idrett i større grad enn han kan heime i Vindafjord. — Lukkast du er det verdt det, seier Birge om alt arbeidet han legg ned i både skule og idrett.

DET HANDLAR OM PRIORITERING Han gjer ei kjapp kalkulering og kjem fram til talet 20 når han får spørsmål om kor mange timar han trenar i veka. I tillegg kjem kampdagar i helgene saman med andredivisjonslaget til Frøya, og kampar med U19-laget. Og som dei fleste 17-åringar i Noreg, sit han på skulebenken frå morgon til

«

Skal du satsa må du trena og prioritera idretten

«

BIRGE NAGEL-ALNE, FRØYA BASKET 2. DIVISJON

ettermiddag kvar vekedag. — Av og til kunne eg tenkt meg ein fredagskveld fri for eksempel, men skal du satsa må du trena og prioritera idretten, seier Birge. Grannar treffer på han på ein god dag, ettersom det er mattedag på Metis. Matte er eit av favorittfaga til Birge. — Det var tungt i byrjinga då eg først kom hit, for det var så lange dagar. Men det hjelpte å kunna konsentrera seg om berre eitt fag kvar dag, fortel vikebuen, og siktar til det Metis kallar blokkdagar der elevane berre har eitt fag å konsentrera seg om kvar dag. 17-åringen synest det er kjekt å vera i eit miljø der alle har same interesse for trening. Jamvel om medelevar satsar på ei anna form for idrett, har dei til felles motivasjonen, lidenskapen og ei forståing for arbeidet ein må leggja ned for å

Hybelliv. Birge sine sambuarar Marcus Larsson (19) frå Oslo (t.h) og Ognjen Nisavic (28) frå Serbia spelar også for Frøya Basket. Marcus vurderer å studera idrettspsykologi ved sida av sporten, medan Ognjen allereie har tatt ei utdanning. Han spelar basket på fulltid og er toppscorar for Frøya som nå ligg på fjerde plass i tabellen.

kunna lukkast. For Birge har det betydd at han har måtte flytta vekk frå heimen, frå familie i Vikebygd og venner på Ølen der han starta vidaregåande utdanning.

VIKTIG MED VENNSKAP — Eg reiser heim ein gong i månaden, viss eg er heldig, seier Birge, men forsikrar at han er flink til å ringja heim til mamma eit par gonger i veka. For det å koma til ein storby frå ei lita vestlandsbygd var ein stor overgang, særskilt er balanseringa mellom skule, trening og det sosiale ei utfordring. — Tøffe periodar kan det jo bli, og då kjenner eg at det er godt å gjera noko i staden for å sitja inne på rommet. Og her i Bergen er det fleire ting å finna på enn heime i Vikebygd, seier Birge. Hans tips til dei som er nye ein stad, er å berre kasta seg i det og bli kjent med folk. — Eg har hatt ein kjekk klasse her og heng ofte med dei etter trening. Då går me ut og et i lag, går på kino, fjelltur og ser kampar, fortel 17-åringen.

KLARE MÅL OG DRAUMAR Han har i alle fall kort veg til det meste i regnhovudstaden. Frå kjøkkenvindauget på hybelen ser han rett på universitetsmuseet i Bergen. Her kikkar han ut på alle studentane som svinsar hit og dit mellom fakulteta på Høyden, medan han lagar seg pastarettar til middag. — Har du tenkt å studera etter at du er ferdig med vidaregåande? — Eg har tenkt på det. Men eg veit ikkje kva eg vil studera enda, seier Birge. Målet er først og fremst å gjera det bra i den norske basketballigaen og sikta seg inn på toppnivået i Europa, nærare bestemt Spania. Draumen er endå større; å spela på dei same arenaene som LeBron James, Kobe Bryant og Kareem Abdul-Jabbar i Nord-Amerikas største basketballiga, NBA. Og for å nå dit må ein tørra å velja annleis og prioritera idretten, skal ein tru Birge Nagel-Alne.

25


26

YRKE & UTDANNING

2019

TORSDAG 24. JANUAR

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, veibygging og offshorekonstruksjoner.Vi er lokalisert i Suldal kommune, Strand kommune, Forsand kommune og Larvik kommune.Vi er 255 tilsette, 17 lærlinger og 2 traineer med en årsproduksjon på opp mot 15 mill. tonn. Se: http://www.mibau-stema.com Har du lyst til å jobbe i Norsk Stein? Da er du velkommen til å søke stilling i vår bedrift.

Lærling på Norsk Stein? For å bli fagarbeider må du har fagbrev. Norsk Stein kan sikre deg ein solid yrkesopplæring som fører til fagbrev. Som lærling får du lønn under utdanning. Norsk Stein er godkjent som lærlingbedrift i 7 fag: • • • • • • •

Industrimekanikarfaget Anleggsmaskinmekanikarfaget Kjemi- og prosessfaget Fjell- og bergverksfaget Anleggsmaskinførerfaget Laboratoriefaget Elektrofaget

YSK-elev? Norsk Stein vil også ta inn YSK-elevar.YSK står for Yrkes- og studiekompetanse og er eit utdanningsløp på 4 år der du får ønska fagbrev og studiespesialisering med fordjuping i matematikk, fysikk og kjemi som kvalifiserer for vidare ingeniørstudium.YSK er eit alternativ studieretning i vidaregåande skule som gir full studiekompetanse og fagbrev. Dette tilbudet gir Sauda vgs. I dette 4 års løpet kan du vera «deltidslærling» hjå oss.

Er du interessert i sommarjobb?

Du må ha: • Relevant førarkort (helst med kl. C) • Kompetansebevis på masseforflyttingsmaskiner

Ein sommarjobb gir verdifull erfaring og for å leve godt som student må pengar tenast. Då er det fint å søkja jobb på Norsk Stein.

Ver vennleg å skriv i søknaden kva avdeling du ønskjer å jobbe som sommarvikar i og kva periode du kan arbeida.

Me har ledig sommarjobb som: • Laboratoriemedarbeidar – prøvetaking ute i ferdigvare og prosessanlega, og analyse av desse materialprøvane • Mekanikar/reparatør i vedlikehaldsavdelinga – førebyggande vedlikehald på faste installasjonar og rullande maskiner • Operatør i driftsavdelinga – reinsk, reinhald og førebyggande vedlikehald • Bruddmedarbeidar – delta i arbeidet i forbindelse med sprengingsarbeid

Felles søknadsfrist er 28.02.19.

For å søkja stilling som sommarvikar må du vera minst 18 år. Bilsertifikat er ønskjeleg.

Kontaktperson Jelsa: Anne Straabø Tjordal (951 66 578)

Send søknad med CV, kompetansebevis og attestar til: Norsk Stein AS Personalavdelinga Jelsavegen 512, 4234 Jelsa Eller på e-post: post@norsk-stein.no Kontaktperson Tau og Dirdal: Lene Nygaard (974 76 300)

Me søkjer også etter sommarvikarar som

Maskinførar

Arbeidstida er p.t. 5-skift. Me treng sommarvikarar i perioden juni, juli, august og september.

helgevold.com 52 76 60 00 / kontakt@helgevold.com

Vi søker

LÆRLINGER • Elektriker • Automatiker • Telekommunikasjonsmontør

YRKE &

UTDANNING VURDERER DU Å BLI

RØYRLEGGJAR? Me har 31-års-erfaring som lærlingbedrift. Arbeidsområde i Etne, Vindafjord, Kvinnherad, Bømlo og Stord. Vindafjord • Tysvær • Haugesund Fullstendig annonse: Send din søknad til: Søknadsfrist: Telefon:

www.helgevold.com rekruttering@helgevold.com 31. januar 2019 52 76 60 00

ME HAR FAGKOMPETANSE INNAN: • Sanitær • Sveising av plastrøyr i alle dimensjonar • Industri

Johansen Rør AS 5593 Skånevik Tlf. 53 77 12 50 post@johansen-ror.no

- ei bedrift med framtidsretta blikk


YRKE & UTDANNING

Klassen min

2019

TORSDAG 24. JANUAR

27

Vil du at barnehagen din, klassen din, laget ditt eller klubben din skal vera med på denne sida? Send ein sms til 975 70 789 eller e-post til redaksjon@grannar.no

10B, Ølen skule

Bak f.v.: Andreas Roa, Viktor Heggø-Birkeland, Benjamin Hole, Mathias Carlsen Augestad, Emma Bjelland Ingebrigtsen, Khalil Ibrahim Alhari, Frida Sandvik, Ragnhild Steiner Frønsdal, Hanna Landro, Adelina Bustihan. Midten f.v.: Kristian Berge, Casper Kvamen Clausen, Deimilis Korenkovas, Thomas Tvedt Haarde, Islam Turki Nesf-Ratl, Kristoffer Knutsen, Synne Økland, Liva Hundhammer, Birgitte Bjørknes Resset. Framme f.v.: Sondre Bergsvik Knudsen, Kent Nidoy Brekke, Sindre Skålnes Sandsgård, Emma Andreassen Berge, Pia Helen Rullestad, Kristine Helgesen, Tiril Ivesdal, Mari Gravelsæter Berge, Ida Pettersen. FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

Kva vil du utdanna deg til? Khalil Ibrahim Alhari:

Frida Sandvik:

Benjamin Hole:

Liva Hundhammer:

Sindre Skålnes Sandsgård :

Emma Bjelland Ingebrigtsen:

— Eg har lyst til å utdanna meg til bilmekanikar, og eg håpar eg kan få gå på skule i Oslo. Når eg er ferdig vil eg gjerne jobba i Oslo også.

— Eg kunne tenkt meg å jobba eit halvår, og reist med venninner før eg startar studiet. Men eg ville utdanna meg innan helse.

— Eg kjem til å søkja meg inn på lærarhøgskulen, og når eg er ferdig ønskjer eg å jobba innan språkfag og naturfag.

— Eg vil bli «TTTB» som betyr Trucker to the bone. Med andre ord vil eg bli trailersjåfør, gjerne langtransport til Tyskland.

— Etter vgs kunne eg tenkt meg å utdanna meg innan musikk. Eg likar å spela gitar.

— Eg vil først ta eit friår og reisa og nyta livet. Eg vil ta meg god tid på ei god utdanning, og vil jobba med menneske. Men kan hende eg satsar som handballspelar også.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.