Fagjuryen si vurdering av kartutstillinga på Geomatikkdagane 2022, Sundvollen Etter eit år fråver, og eit år med berre digital kartutstilling, var det endeleg ny fysisk kartutstilling ved Geomatikkdagane. Tekst: Terje Midtbø, NTNU, Kristoffer J. Kristiansen, tidlegare Kartverket
P
å Sundvolden hotell, denne gongen som sist. Det vil seie, heile kartutstillinga er også presentert digitalt på utstilling2022.cartography.no. Alle karta som er omtala i denne artikkelen kan framleis studerast på denne websida. Utstillinga inneheldt 11 papirkart og ein digital kartapplikasjon. Her kjem ein kort oversikt over deltakarane:
Sjøkart nr 19 – Kartverket, Sjø Eit kart med svært detaljrik sjøinformasjon i området Ryvarden-Selbjørnsfjorden. Kartverket sine sjøkart har tidlegare imponert den internasjonale juryen med å innehalde landinformasjon, utan at dette går ut over sjøinformasjonen. Denne kvaliteten er tona ned i årets bidrag.
Forsvarets oversiktskart – Kartverket Eit greit oversiktskart som er laga på oppdrag av forsvaret. Juryen finn likevel noko forbetringspotensiale og har følgjande forslag: Bruk blått i staden for svart på kystkontur, unngå svarte linjer langs vegkantar («casing»). «Heilraud» veg er lettare å lese. Og sist, men ikkje minst, grenselinjene ved «Smutthullet» bør vere korrekt på Forsvaret sine kart!
POSISJON NR. 1 - 2022
17