TEMA
Innledning Internasjonale prosjekter og samarbeid er ikke det som har fått mest oppmerksomhet det siste året. Men selv om reiseaktiviteten har vært begrenset, betyr ikke det at internasjonalt engasjement og samarbeid ligger brakk. Posisjons tema denne gangen viser både konkrete prosjekter og annen internasjonal aktivitet fra bedrifter, offentlige aktører og i internasjonale organisasjoner hvor Norge er medlem.
ICA – International Cartographic Association
Den internasjonale kartografi organisasjonen vart skipa i Bern i 1959. Norge var ein av 13 nasjonar som deltok på skipingsmøtet. Tekst: Terje Midtbø
Terje Midtbø er visepresident i ICA. Foto: Kristoffer Kristiansen
D
en gong var det truleg Norges Geografiske Oppmåling som representerte Norge. Sentrale personar i oppstarten av ICA var Eduard Imhof frå Sveits og Carl Mannerfelt frå Sverige. At sistnemnde var med er nok ein viktig grunn til at ICA framleis juridisk sett er registrert i Sverige. For 12 år sidan hadde eg sjølv gleda av å
10
POSISJON NR 2 - 2021
representere Norge og Geoforum ved ICA sitt 50-års jubileum, som sjølvsagt vart feira i Bern. I dag har ICA 73 medlemsland. 28 kommisjonar Eg var første gong i kontakt med ICA som deltakar på «International Cartographic Conference» i
Bournemouth i 1991. Der var så vidt eg hugsar ein relativt stor norsk delegasjon. Denne konferansen vert gjennomført annakvart år, og er den største og viktigaste samlinga i ICA-regi. Fjerdekvart år har ICA i tillegg generalforsamling i samband med konferansen. I ICA er det per i dag 28 kommisjonar som tek seg