Kjelda nr. 1 2008

Page 1

Kjelda

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 1 - Mars 2008. Årgang 17

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Leiar:

Kulturarven til alle? Har kappløpet om å ta i bruk stadig nye internett-tenester medført at vi ekskluderer viktige brukargrupper frå kulturarven vår? Er det blitt slik at berre dei som har tilgang til, og er fortruleg med Internett, får eit fullverdig tilbod? Ikkje noko problem seier mange. Noreg er eit av dei landa i verda med størst internettutbreiing, og alle kan få viss dei ønskjer det. Vi rangere høgt over gjennomsnittet for euro-landa. Mange peiker og på at manglande Internett-tilgang er gårsdagens problem: No har vi kome så langt i utviklinga at dette meir eller mindre er ei uaktuell problemstilling. Men går vi til dei offisielle tala for bruk og tilgang til Internett, så ser vi at biletet er meir samansett enn som så. TNS Gallup sine siste tal frå desember 2007 syner at i aldersgruppene opp til 60 år har rundt 90 % tilgang til Internett. Men ser vi på alders-gruppa 60+ fell talet markant. Berre om lag 65 % av desse har tilgang til veven. Går vi litt vidare ned i tala på Internett-bruk, ser vi at aldersgruppa 60+ fell endå dårlegare ut. Berre kring 40 % i denne store aldersgruppa har brukt Internett den siste månaden (tal frå 2006). Ut frå eit generelt demokrati/samfunnsperspektiv, er det bekymringsfullt.

Mange av dei nye (og viktige) tenestene frå styresmakter og privat sektor er innretta på ein slik måte at dei føreset at du har tilgang til, og er fortruleg med bruk av Internett. Debatten kring nedlegging av tradisjonelle skranketenester i banken til fordel for nettbankar er eit døme. Men offentlege styresmakter køyrer og i same retning. Ein ting er å ha Internett, noko anna er å gjere seg kjent med relevante ressursar og å forstå tenestene som er tilgjengelege der ute på veven. Vi kan skaffe oss allverdas trafikktal, men det er lite kunnskap om korleis Internett-tilbodet blir oppfatta og forstått. Berører desse problemstillingane oss som arbeider innan kulturfeltet? Ja i høgste grad. Det er lagt ned mykje god innsats for å skape gode kulturtenester på nettet til ungdom og skulesektoren dei siste åra. Det er eit naudsynt arbeid som må halde fram. Men vi kjem ikkje utanom aldersgruppa 60+. Seniorane er ofte berebjelkane i lokalt kulturvernarbeid, og veldig mange har ei brennande interesse for lokalhistorie og kulturarven vår generelt. Samstundes er det den brukargruppa som nok er vanskelegast å få med seg over på nye tenester. For mange er datamaskina ein uoverstigeleg barriere, og sjølv om mange har tilgang til Internett kan problemet ofte vere å kjenne til, forstå og bruke kulturtenestene.

Redaksjon

Samstundes er det nettopp i denne gruppa mogelegheitene og ligg. Dei representerer noko viktig for oss; Ikkje berre som brukarar av tenestene våre, men og som ressurs og kjelder til vår mangfaldige historie. Det er fleire grunner til at mange eldre i så liten grad bruker Internett. Utfordringa vår innanfor kulturfeltet blir å gjere slike tilgjengeproblemstillingar tydlegare når nye tenester skal utviklast. Vi bør vi gå grundig igjennom det tenestetilbodet vi har i dag, og sjå på om vi kan opne dei opp for fleire, dvs gjere tenestene meir intuituve og brukervennlege for alle. Kanskje tida er inne for å relansere nokre i papirform? Uansett trur eg at eit auka medvit om slike utfordringar er ein utviklingsfremjande faktor, Det vil gjere framtidas tenester på kulturfeltet meir mangfaldige enn dei er i dag. Snorre D. Øverbø fylkesarkivar

Snorre D. Øverbø (red.) Marit Anita Skrede, Sturla Binder, Arild Reppen Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 155,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede. Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no Fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, snorre.d.overbo@sfj.no Arkivarar: Arild Reppen (foto), Fototeknisk avd., 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, arild.reppen@sfj.no Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, karianne.schmidt.vindenes@sfj.no Sturla Binder (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, sturla.binder@sfj.no Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, geir.utmo@sfj.no Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, marit.anita.skrede@sfj.no Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, randi.melvar@sfj.no Prosjekt/ABM-Sogn og Fjordane: Øystein Åsnes (ABM S. og Fj.), Tlf. 57 65 64 04, oystein.asnes@sfj.no Hermund Kleppa (ABM S. og Fj.), tlf. 57 65 64 02, hermund.kleppa@sfj.no Oddvar Natvik (ABM S. og Fj.), tlf. 57 65 64 05, oddvar.natvik@sfj.no Bjarnhild Samland (ABM S. og Fj.), tlf. 57 65 64 08, bjarnhild.samland@sfj.no Elin Østevik (eldre foto) tlf. 57 65 64 18, elin.ostevik@sf-f.kommune.no Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Informasjon om framside-biletet finn du på side 6.

2

Kjelda i ny bladbunad Vi har lagt om layouten på bladet. Send oss gjerne kommentarar på den nye utforminga.

Personalnytt Per Olav Bøyum, fødd i 1974, har avslutta sitt engasjement knytt til kommunearkivordninga. Magni Svanevik, fødd i 1988, har avslutta sitt engasjement hos oss 15.01.2008. Ho tek til med studier i USA.

Gunnar Urtegaard, fødd 1952, har fått permisjon frå Fylkesarkivet for å tiltre stillinga som avdelingsdirektør i ABMUtvikling, Oslo. Han byrja i stillinga 01.02.2008. Helge-Willy Røed, fødd i 1954, er engasjert på eit 3 mnd prosjekt som gjeld digitalisering av video og film knytt til musea i Sogn og Fjordane, Han byrja 01.01.2008.


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

MANGFALDSÅRET 2008

Mangfaldsåret - kven er me? Av Bjarnhild Samland

Her er Mangfaldsåret sin logo. Det liggande 8 - talet er eit symbol på det uendelege, at dette er eit arbeid som skal halde fram i framtida.

Då kongen og dronninga markerte 70 årsdagane sine i 2007 hadde dei ei framsyning der alle fylka i landet var representert. Kongeparet hadde på førehand lagt fram ønskje om kva dei ville skulle serverast frå dei einskilde fylka. Med bunadar, felespeling og born som framførde stev fekk Sogn og Fjordane mange godord. Me kunne ha gitt oss der, teke mot ros og halde fram som før, hadde det ikkje vore for at filmskaparen Randi Førsund stilte spørsmål ved korleis Sogn og Fjordane marknadsfører seg. Ho sette i gong ein debatt i fylket som fekk oss til å stilla spørsmåla Kven er me? Korleis ønskjer me at andre skal sjå på oss? Kva kjenneteiknar kultur og samfunn i Sogn og Fjordane?

Tida moden for inkludering Liknande spørsmål vart også stilt her i landet i den nasjonalromantiske perioden på 1800-tallet då ein vart oppteken av nasjonale særkjenne i historie, språk, kunst og kultur. Sjølv om 90 prosent av folket budde mindre enn 10 kilometer frå kysten, vart den innlandske bonden og bondekulturen ståande som det ”særnorske”. Med omstendene forut for- og under unionsoppløysinga i 1905 vart det særeigne nasjonale eit viktig politisk verkemiddel i kampen om sjølvstyre. Ei felles oppfatning av kva som var det norske vart eit viktig middel for å samla eit ungt land som Noreg. Landets kulturinstitusjonar har hatt som tradisjon å formidla og verna om det ”typisk norske”. Oppfatninga av kva som er norsk kultur har ført til at mykje av kulturarven har gått tapt og spesielt har det ramma minoritetsgrupper som Romanifolket og Samane. Denne tradisjonen vitnar også om ein tenkemåte generelt i samfunnet: dei og oss.

Slike haldningar er vanskeleg å forsvara i eit stadig meir mangfaldig samfunn som ønskjer å vera demokratisk og inkluderande. Eit slikt samfunn må vera medvite og spørja seg kven er me eigentleg? Kven er skuleeleven, studenten, gardbrukaren, ingeniøren, sjukepleiaren, vegarbeidaren, pensjonisten? Svaret er menneske frå heile landet, frå Europa og andre verdsdelar med ulikt opphav, ulik kultur, historie og religion. Alle med kvar sin eigen samansette identitet.

2008 – markering av kulturelt mangfald Ut frå målet om eit inkluderande samfunn har regjeringa pålagt kulturinstitusjonar som mottek statleg støtte til å fremja og utføra eit kulturarbeid som samsvarar med og speglar ei samansett befolkning. Ved å gjera 2008 til at markeringsår for kulturelt mangfald ønskjer styresmaktene å gjera kultursektoren medvitne deira sentrale rolle for å legga til rette for at menneske som bur i Noreg skal vera i stand til å delta i det fleirkulturelle samfunnet på ein fullverdig måte. Dei tradisjonelle måtane kultursektoren har samla og dokumentert kultur på skal fornyast, og formidlinga skal få eit anna og meir mangfaldig innhald. Me skal sjølvsagt dokumentera og formidla den delen av kulturen vår som me har gjort tidlegare, men ved å inkludera mangfaldet vil me gjera kulturutrykket rikare.

Norsk kulturåd og ABM – utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum). I Sogn og Fjordane har det også vore høve til å søka fylkeskommunen om støtte til tiltak i samband med Mangfaldsåret.

Mangfaldsåret i Sogn og Fjordane Tiltaka skal vera med å legga grunnlaget for ei varig haldningsendring, og det er lagt klare føringar for kulturinstitusjonar som mottek statsstøtte om å vektlegga mangfaldsperspektivet. Ei rekkje tiltak er i gong i her i fylket. Me kan nemna De Heibergske Samlingar – Sogn Folkemuseum som byrja med fleirkulturelt arbeid allereie i 2007 og dei har fått eit fleirkulturelt nettverk. Blant anna sette dei fokus på hovudplagg for kvinner i samarbeid med islamsk senter på kvinnedagen 8. mars. Nordfjord Folkemuseum samarbeider med Gloppen opplæringssenter og Kunstmuseet er i gong med eit større prosjekt om japansk kunst sin påverknad på Nicolai Astrup sin kunst. Fylkesbiblioteket set fokus på norske forfattarar som opphavleg kjem frå andre land. (Sjå meir om planlagde arrangement og prosjekt i informasjonsboksar tilknytt denne artikkelen.)

Ressursar til mangfaldsarbeid Ei slik kursendring krev at me må finna fram til – og prøva ut nye arbeidsmetodar for vern og formidling av kultur. Det er difor sett av tid og ressursar til dette arbeidet og mellom anna har Kultur- og kyrkjedepartementet oppretta eit sekretariat som skal vera pådrivar, rådgjevar og koordinator for Mangfaldsåret. Sekretariatet samarbeider med eit nettverk av fylkeskontaktar og ei rådreferansegruppe. gjevande Dessutan er det blitt lyst ut prosjektmidlar frå blant anna

Sidan 2006 har Jurmy Rahimollah, opphavleg frå Afghanistan, presentert sentrale kulturtilbod på persisk på nettstaden Kulturnett Sogn og Fjordane (http://sognogfjordane.kulturnett.no). Slike og liknande tiltak, er ein del av filosofien bak Mangfaldsåret.

3


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Positivt for Sogn og Fjordane Variasjonen i aktiviteten som er planlagt her i fylket i samband med Mangfaldsåret fortel om ei mangfaldig befolkning. Til dømes er omlag 4,5% av befolkninga i Sogn og Fjordane personar med opphav i andre land der foreldra eller besteforeldra ikkje er fødde i Noreg. Dette talet er litt høgare enn for Møre og Romsdal og 2 % mindre enn Hordaland. Om me er ein av dei med opphav i utlandet eller ikkje, har me alle ulik bakgrunn, erfaring og kunnskap.

Saman utgjer me ein kultur, ein mangfaldig kultur. Målet for framtida er at me som bur i Sogn og Fjordane skal møtast og samhandla i større grad enn tidlegare. Mangfaldsåret kan vera med å gi befolkninga meir kunnskap om ulike kulturar og voneleg kan dette fremja auka respekt for kvarandre. FN sin Human Development Report understrekar at kulturelt mangfald er ein føresetnad for levedyktige samfunn.

Kanskje kan eit meir inkluderande me vera ei redningsbøye for eit fråflyttingstruga Sogn og Fjordane? Kjelder: Nettstad for Mangfaldsåret 2008 www.kultureltmangfald.no ( vitja 20.02.2008) Statistisk sentralbyrå www.ssb.no (vitja 24.02.2008) Sogn og Fjordane fylkeskommune: Hovudutval for Kultur : Sak nr.: 07/2592 -6 Kultur og kyrkjedepartementet: St.meld.nr. 17 (2005-2006); 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold.

Nytt innhald på Skulestova.no Mangfaldsåret Skulestova.no har i høve Mangfaldsåret som mål at born og unge skal læra seg å tenkja nytt rundt norsk kultur. Nettstaden er utvikla i samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken, arkiv, bibliotek og museum i Sogn og Fjordane. Dei ønskjer no å bli flinkare til å inkludera kulturutrykk som ikkje er ”typisk norske” eller ”typisk Sogn og Fjordane” i formid inga si. Difor er det laga eit eige menypunkt, ”Mangfaldsåret 2008”, i menyen til venstre på nettsida. Der vil lærarar, elevar og andre interesserte finna stoff som fortel om det kulturelle mangfaldet i fylket.

Skule Skulestova.no er førstemann ut med eigen skuleguide for både grunnskular og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Menypunktet ”Skule” er inngangen til sider der du finn ei komplett oversikt over skular fordelt på kommunar. Og sjølvsagt – lenkjer til nettsidene til skular som har fått dette på plass.

4


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

MANGFALDSÅRET 2008

Mangfaldsåret 2008 – Fylkesarkivet si rolle

Av Karianne Schmidt Vindenes

Året 2008 vert kalla mangfaldsåret. Kulturinstitusjonar skal synleggjere og styrke det kulturelle mangfaldet i Noreg. Historia til dei nasjonale minoritetane er eit spesielt ansvar i mangfaldsåret. I Noreg er det definert fem nasjonale minoritetar: Rom, romanifolket, kvener, skogfinnar og jødar.

Nasjonale minoritetar I 1966 vedtok FN ein konvensjon om sivile og politiske rettar. Artikkel 27 i denne konvensjonen handlar om etniske, religiøse eller språklege minoritetar. Individuelt og i grupper skal minoritetane ha rett til å dyrke sin eigen kultur, vedkjenne seg og utøve sin eigen religion, eller bruke sitt eige språk. I 1999 vart artikkel 27 også teken inn i den norske menneskerettslova. Europarådet har vedteke ein pakt for regionseller minoritetsspråk (Minoritetsspråkakten) og ein rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar (Rammekonvensjonen). Begge er ratifiserte av Noreg. Vi har difor teke på oss eit særskilt ansvar for å verne kulturen og språket til dei nasjonale minoritetane i Noreg. Artikkel 5 i Rammekonvensjonen pålegg staten å legge til rette for at dei nasjonale minoritetane kan bevare og utvikle sin eigen kultur. Etter at artikkel 27 i FNs konvensjon vart teken inn i menneskerettslova, vart det i 2001 lagt fram ei stortingsmelding (nr. 15) om nasjonale minoritetar i Noreg. Meldinga tek opp det internasjonale grunnlaget for minoritetsrettane, historia til og situasjonen for dei nasjonale minoritetane og drøftar tiltak og arbeid frå myndigheitene si side. Stortingsmelding 22 om arkiv, bibliotek og museum inneheld også eit kapittel om nasjonale minoritetar. Det vert konkludert med at kulturinstitusjonane primært representerer majoritetssamfunnet og at tenester og materiale i høve til nasjonale og etniske minoritetar er dårleg representert. Både Stortingsmelding nr. 15 og 22 konkluderer med at det er trong for ekstra innsats på dette feltet, både for arkiv, bibliotek og museum.

Dette er eit utsnitt av referat frå møte i Vik kommunestyre 20. februar 1900. Kommunestyret handsama ei sak om medlemmer av romanifolket som oppheldt seg i kommunen. Les meir om denne aktuelle saka seinare i artikkelen.

Via kulturmeldinga (Stortingsmelding nr. 48 2002-2003) leiar dette fram til mangfaldsmeldinga (Stortingsmelding nr. 17 2005-2006) og 2008 som markeringsår for kulturelt mangfald. Mangfaldsåret skal synleggjere og styrke det mangfaldet som finst og stimulere til auka kunnskap og interesse for kulturelt mangfald i kulturinstitusjonar. Det vert lagt vekt på samspelet mellom ulike miljø i majoritetsbefolkninga, urfolk, nasjonale minoritetar og innvandrarbefolkninga.

Dei nasjonale minoritetane i Noreg Noreg har som sagt fem nasjonale minoritetar, rom, romanifolket, kvener, skogfinnar og jødar.

Kvener og skogfinnar Innvandring frå Finland og NordSverige kan sporast tilbake til 1500talet. Kvenene som i hovudsak er busett i Nord-Troms og Finnmark er etterkommarar etter innvandrar frå Finland og Tornedalen i Sverige. Den største gruppa kom i perioden frå 1720 til slutten av 1800-talet. Kvenene har eige språk som vert kalla kvensk eller finsk. Skogfinnane innvandra frå området Savolaks i Finland på midten av 1500talet. Dei busette seg over store deler av Austlandet, men mest i Finnskogene på

begge sider av grensa mellom Noreg og Sverige. I dag pratar skogfinnane norsk, men med einskilde finske ord og uttrykk.

Rom og romanifolket Rom eller sigøynarane utvandra frå India for om lag 1000 år sidan, og er i dag busett over store deler av verda. Den største gruppa kom til Norden på midten av 1800-talet. Dei utvandra frå område i Romania. Rom er namnet folkegruppa sjølve nyttar, og er no også nytta av det offentlege i Noreg. Rom har eit eige språk, kalla romanes. Romanifolket har vore i Noreg sidan 1500-talet. Tidlegare har folkegruppa ofte vorte referert til som tatarar eller reisande. Språket vert kalla romani eller norsk romani. Det skil seg frå romanes.

Jødane I Noreg utgjer jødane ein religiøs minoritet, organisert i mosaiske trussamfunn. Dei fleste jødane i Noreg nyttar norsk, men nokre nyttar også hebraisk og i relativt liten grad jiddisch.

Kjelder om romanifolket For å sjå kva materiale Fylkesarkivet kan ha om dei nasjonale minoritetane har eg gjort eit søk i møtebokregisteret. Her kjem det fram ein del saker som omhandlar romanifolket:

5


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

• Omreisande kramseljarar, Jostedal 1854 • Skattelegging av omreisande innlendingar, Florø 1880 • Om fantefølgjer eller såkalla ”splintepak” – krav om godtgjersle om desse vert sende til Vik i arrest frå andre prestegjeld, Vik 1848 • Kunngjering om fantane, Sogndal 1855 • Rekning frå lensmann Steen for reiser vedk. fattigvesenet – utgifter som vedkjem omstreifarar skal refunderast av Fantefondet, Fjaler 1883 • Riving av hus som vart oppbygd av ”fantefondet” til omstreifarar, Årdal 1892 • ”Fantevesenet” – skriv frå Sjur Bø om fjerning av fantar som oppheld seg i Vik til plage for folk, Vik 1900 Den siste saka frå Vik er eit godt døme på haldningane som kjem fram i dei offentlege kjeldene: ”Skrivelse fra Sjur Bø med henstilling til heredstyret om at tage under overveielse, hvorvidt der kunde gjøres noget for at fjerne den mængde fanter, som i vinterens løb har opholdt sig her til ubehagelighed for befolkningen. Udsattes til eftermiddagsmødet. (…) Sak 8 Gjennoptaget. Enstemmigt: Ordføreren paalægges at henstille til alle og enhver ikke at hyse omstreifere lengere enn en nat, dette gjelder særlig Vikøren og Lilløren. Plakat herom bør opslaaes paa et bekvemt sted og indtrykkes i ”Sogningen”. Heredstyret misbilliger i høi grad dette tilhold af omstreifere som fortiden finder sted.”

fokuserer i hovudsak på kvinna. Vi Får vite at ho er av ei svensk romanislekt. Det er klesdrakta til kvinna som vekker merksemd, og som kan fortelje noko om kulturen til romanifolket. Fotografiet gjev eit heilt anna bilete av romanifolket enn dei offentlege kjeldene. For å få ny kunnskap om minoritetar som romanifolket og deira historie i Sogn og Fjordane treng vi difor eit større og meir variert kjeldetilfang.

Fylkesarkivet i mangfaldsåret ABM-meldinga slår fast at arkivinstitusjonar har eit særskilt ansvar for å ta vare på historia til dei nasjonale minoritetane. Mangfaldsåret har som mål å synleggjere og styrke det kulturelle mangfaldet, og til å stimulere til auka kunnskap og interesse for kulturelt mangfald i kulturinstitusjonar. Innan arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet seier Mangfaldsmeldinga at det er trong for å styrke dokumentasjon og formidling av kulturen til minoritetane. Det vert vidare lagt vekt på at dette er langsiktige mål.

Fylkesarkivet ynskjer å ta tak i utfordringa mangfaldsåret gjev oss. For det første vil vi vurdere våre eigne samlingar for å sjå på kva kjelder vi allereie har om kulturelt mangfald. Informasjon om desse kjeldene og historiene dei kan fortelje vil vi formidle gjennom artiklar og nettutstillingar. Arbeidet vil vidare gje oss eit godt grunnlag for å vurdere strategi for innsamling av nytt kjeldemateriale om kulturelt mangfald. Prenta kjelder: Holmesland, Hilde, De nasjonale minoritetene, ABM-skrift nr. 25, 2006 Kultur og kyrkjedepartementet, Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006); 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold. www.kultureltmangfold.no, nettstad for mangfaldsåret 2008 Uprenta kjelder: Vik kommune, Møtebok 1891 - 1900 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Malvin N. Horne fotografisamling

Sakene frå møtebøkene viser negative haldningar til Romanifolket. Dei var ein ”ubehagelighed” slik dømet frå Vik viser. Kommunestyret i Jostedal bad i 1854 lensmannen om pågripe og skrive ut bøter til personar som vart rekna å høyre til fantefølgje. Frå Vik kan vi lese at kommunen ville krevje godtgjersle for medlemmer av romanifolket som vart arrestert i andre kommunar og sendt i fengsel i Vik. Eit anna døme på arkivmateriale som kan fortelje om romanifolket er eit fotografi. Det er teke av Malvin N. Horne og viser eit ektepar med eit barn. Teksten som er lagt inn i databasen

6

Biletet viser Adolf og Fredrikka Olsen i lag med sonen Oluf. Begge skal vere av romanislekt, men det er særskild klesdrakta til kvinna som gjer dette biletet til ei interessant kjelde for å lære om kulturen til romanifolket. Fotograf: Malvin N. Horne, År: ukjent


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

MANGFALDSÅRET 2008

Mangfaldige uttrykk: Om kultur og etnisitet

Av Elin Østevik

2008 er nasjonalt markeringsår for kulturelt mangfald, og det er også det europeiske året for interkulturell dialog. Målsetjinga er at etniske minoritetar sine kulturutrykk skal bli ein naturleg del av det nasjonale kulturlivet i Noreg. Men kva ligg eigentleg i omgrepet ”kulturelt mangfald” og kva er ”etnisitet”?

Kultur – eit komplekst omgrep Omgrepet ”kultur” kjem av det latinske ordet cultura, ”å dyrke”. Det var først på 1700-talet at ein byrja å nytte omgrepet i fleirtal for å omtale mangfaldet i menneskelege livsformer. Ideen om at menneska tilhøyrer ulike, separate kulturar vaks altså fram i denne perioden. Kulturomgrepet vart vidareutvikla og fekk meir komplekse, men overlappande tydingar utover 1800- og tidleg på 1900-talet. På den eine sida har vi det som grovt kan kallast den ’humanistiske’ forståinga av kultur, og på den andre sida har vi det som vert omtala som den ’antropologiske’ forståinga av kultur.

Kultur som einskap – det ’humanistiske’ kulturomgrepet Kultur i ’humanistisk’ forstand vart forstått som eit einskapleg fenomen, som personar og folkegrupper, menneskelege produkt og aktivitetar, kunne ha meir eller mindre av. Kunstmåleri og litteratur vart til dømes sett på som ”meir kulturelt” enn ulike handverksteknikkar. Innafor denne måten å forstå kultur på vart personar som produserte eller konsumerte høgverdige former for kultur, i ein viss forstand sett på som ”betre” enn ”ukultiverte personar”. Denne tenkemåten ligg til grunn både for skiljet mellom ”høgkultur” og ”folkekultur” eller ”populærkultur” innanfor eit samfunn, og for ideen om at nokre samfunn er meir siviliserte enn andre.

Kultur som mangfald – det ’antropologiske’ kulturomgrepet På motsatt hald har vi det som vert kalla den ’antropologiske’ kulturforståinga. Kultur vart innafor denne tolkinga sett på som eit mangfaldig fenomen: Verda er delt inn i ulike kulturar som alle har ein unik eigenverdi. Mennesket vart forstått som eit produkt av den kulturen ho eller han lever i, og forskjellar mellom

”What sank the Titanic ?” av Mike Kline. Teikninga spelar på ein metafor som ofte vert nytta for å forklare kulturomgrepet: Som med isfjellet er det slik at berre ein liten del av kulturen er synleg på overflata – dei mest omfattande, kraftfulle og djuptgåande delane av kulturen er ”under vatn”.

folk sitt levevis og måte å forstå verda på kunne forklarast med ulik kulturbakgrunn. Vi er altså alle ”kultiverte” innafor den antropologiske kulturforståinga, og det er heller ikkje slik at nokre folkegrupper eller menneskelege produkt har eller er meir eller mindre ”kulturelle” enn andre. Element frå begge desse to historiske måtane å forstå kulturomgrepet på, gjer seg gjeldande i korleis kulturomgrepet vert nytta i språket vårt i dag. Vi talar vel så gjerne om at det viktig med gode kulturtilbod i distrikta, som om at vi ønskjer å reise og oppleve ulike kulturar. På komplekst og mangfaldig vis vev den ’humanistiske’ og ’antropologiske’ tydinga av kultur seg saman i vår bruk av kulturomgrepet.

Mangfaldsåret 2008 – kulturelt mangfald i kulturlivet Mangfaldsåret 2008 sin definisjon av ”kulturelt mangfald” sameinar desse to ulike, men overlappande måtane å forstå kultur på. Mangfaldsåret 2008 baserer si forståing av kulturelt mangfald på UNESCO sine konvensjonar om kulturelt mangfald. I konvensjonen om vern og fremje av eit mangfald av kulturutrykk frå 2005, heiter det: ”Kulturelt mangfold” viser til de mange forskjellige måtene gruppers og samfunns kulturer kommer til utrykk på. Disse uttrykkene overleveres internt i grupper og samfunn, og mellom disse. Kulturelt mangfold viser seg ikke bare i de forskjellige måtene menneskehetens kulturarv kommer til uttrykk på, berikes og overleveres i kraft av forskjellige kul turuttrykk, men også – uansett hvilke midler og teknologier som brukes – i

7


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

forskjellige former for kunstnerisk skaperkraft, produksjon, formidling, utbredelse og bruk av kulturuttrykk. Ulike kulturar sine kulturutrykk – både i kulturhistorisk (kulturarv) og kunstnarisk forstand – skal takast vare på og bli formidla som del av eit felles nasjonalt kulturliv. Ein ynskjer ikkje lenger å fremje ein ”nasjonal einskapskultur”, men snarare å stimulere til eit variert og mangfaldig kulturliv i det fleirkulturelle Noreg. Fokuset er altså på ulike kulturar, i vid ’antropologisk’ tyding, sine kulturuttrykk i ’humanistisk’ forstand. Samanhengen mellom dei to ulike måtane å forstå kultur på kan med litt fantasi illustrerast med ein velkjend samfunnsvitskapleg metafor.

Kultur – som eit isfjell

flata – dei mest omfattande, kraftfulle og djuptgåande delane av kulturen er ”under vatn”. Kulturutrykk som mat, språk, musikk, kunst, klednad og handverk er over vatn. Under vatn ligg til dømes kroppsspråk, oppfatningar om tid og rom, om kjønn, om venleik, om forholdet mellom natur og kultur, og idear om sjølvet. Dei 9/10 delane av kulturen som ligg under vatn lærer enkeltindividet seg ubevisst gjennom å vekse opp innafor ein gitt kultur, medan den eine tidelen over vatn er kulturelement som enkeltindividet blir eksplisitt oppdratt til å kunne og som det er lettast å endre på. Det er den delen under vasskorpa som sterkast former enkeltindivida, og som er med på å skape dei kulturutrykka vi kan sjå på overflata. Kultur i snever forstand er berre tuppen på eit mykje større isfjell.

Som med isfjellet er det slik at berre ein liten del av kulturen er synleg på over-

”Etnisk” – ein naturgitt kvalitet ved andre folk og kulturar? I mangfaldsåret 2008 er det nettopp ”tuppane”, kulturutrykka, til ulike etniske grupper sin kultur som skal løftast fram. I Stortingsmelding nummer 17 kan vi lese at det i markeringsåret, er prioritert å synleggjere, bevare og formidle kulturutrykka til dei nasjonale minoritetane (jødar, kvener, rom, romani og skogfinnar), urbefolkninga (samane) og nyare minoritetsgrupper (innvandrarar og flyktningar). ”Etnisk” er altså ein kvalitet ved ”dei Andre”, ved dei som er annleis enn meg, tenkjer du kanskje? Som Jon Peder Vestad poengterer i ein artikkel om ”den nynorske etnisiteten”, så har ”etnisk” også blitt nytta i omtale av nordmenn i den offentlege debatten i dei seinare åra. Vi er altså ”etniske” vi også. I nynorskordboka frå 1994, skriv Vestad i artikkelen sin, er ordet ”etnisk” omtala som det ”som gjeld eller særmerkjer eit folkeslag eller ein rase”. Likeeins kan vi lese på bokmålsversjonen av Wikipedia at ”etniske nordmenn er germanske innbyggere i Norge. Etniske nordmenn er nært beslektet med andre skandinaver og andre germanere som tyskere”. Er etnisitet biologi? Både innføringa i nynorskordboka og i Wikipedia må seiast å vere basert på ein grunnleggjande misforståing av kva etnisitetsomgrepet referer til. Etnisitet som samfunnsvitskapeleg fagutrykk vart nettopp utvikla og nytta i ein kritikk av raseomgrepet og biologiske forklaringsmodellar på kulturforskjellar.

Etnisitet – eit dynamisk fenomen

”Etnisk” blir ofte feilaktig nytta i tydinga eksotisk/tradisjonell i omtale av mat, krydder, stoff, handarbeid, smykke, interiørtrendar med meir: Kva med litt ”etnisk chili”, eit stykke ”etnisk bling”, eller ”etnisk strikk” frå Nederland, Danmark, Noreg og Andesfjella(!)? Andre gonger blir ordet feilaktig knytt til personar sin fysiske utsjånad. Men etnisitet er ein pågåande sosial prosess, og ikkje ein fysisk kvalitet ved ein person, ein gjenstand eller ei folkegruppe. Fotomontasje laga av foto frå Caroline Mortimer, Marnie Maclean, Ionushi, Nathan Gibbs og T. Bridge.

8

Den norske antropologen Fredrik Barth har med boka Ethnic Groups and Boundaries (1969), levert eit svært viktig bidrag til etnisitetsforskinga. Hovudpoenget til Barth er at kulturar ikkje er avgrensa einingar som eksisterer uavhengig av kvarandre, og at etniske grupper ikkje er førhistoriske, nærast naturgitte kategoriar. I følgje Barth er etnisitet eit sosialt fenomen som gjer seg gjeldande både på individ- og gruppenivå. På individnivå kan etnisitet best forståast som ein prosess av tilskriving og sjølvtilskriving, der individet blir klassifisert og klassifiserer seg sjølv ut frå sin mest generelle og inklusive identitet – opphav og bakgrunn. På gruppenivå er etnisitet ein form for sosial organisering


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

der desse identitetane vert manipulert i ein prosess som skaper ei slags sosial grense mellom folk – det vert danna etniske grupper. Ulike kulturelement som til dømes språk, levevis og religion, vert i denne prosessen nytta som markørar på etnisk gruppemedlemskap. Etniske grupper er altså ei form for sosial organisering på grunnlag av kulturforskjellar, men kva kulturelement som skil mellom etniske grupper er vilkårleg. I Nord-Irland utgjer katolikkar og protestantar to ulike etniske grupper med ei konfliktfylt historie - her er det religion som er den sentrale markøren på forskjell. I Canada derimot, er språket sentralt i den etniske mobiliseringa til fransktalande canadiarar. Eit viktig poeng for Barth er vidare at sjølv om ei etnisk gruppe deler grunnleggjande kulturelle verdiar, så er det også kulturell variasjon innetter i ei etnisk gruppe. Det er til dømes stor variasjon i religiøse, moralske og politiske oppfatningar blant etniske nordmenn. Sjølv om ei etnisk gruppe utgjer ein kategori som blir gjenkjent av medlemma sjølve og av andre, så er det mogleg å skifte etnisk tilhøyring. Grensene mellom etniske grupper vert oppretthaldt, sjølv om personar flytter seg på tvers av desse grensene. Samstundes kan sjølvsagt definisjonane av kva det vil seie å vere til dømes ”etnisk norsk” endre seg over tid. Som Jon Peder Vestad (2002) skriv: På ein flytur til Noreg frå utlandet vart eg sitjande attmed ein kar, og vi kom i prat. Sidemannen sa at det var så godt å få snakke norsk att, og det same syntest eg. Han kom frå Pakistan, fødelandet, og skulle til heimlandet. Båe var vi norske.

Forskjellar – ei kjelde til kreativitet og nyskaping Poenget med mangfaldsåret 2008 er nettopp å leggje bak seg ein kulturpolitikk som einsidig fremjar ein nasjonal einskapskultur. Norsk kulturpolitikk skal spegle det fleirkulturelle samfunnet som Noreg i dag har blitt, og som vi vel kan seie landet alltid har vore. Markeringsåret skal bidra til å auke innbyggjarane sin mogelegheit til å delta i og oppleve det mangfald av kulturutrykk som det norske samfunnet – samane, dei nasjonale minoritetane, nyare minoritetsgrupper og majoritetsbefolkninga – er i stand til å skape. Det kulturelle mangfaldet er

”We all have a creative mix of difference!”, teikning av Mike Cline. Sosiale og kulturelle forskjellar møtest i kvar og ein av oss. I mangfaldsåret 2008 er det særleg det etniske mangfaldet som står i fokus.

ei kjelde til fornying og kreativitet, og, som det står i UNESCO si universelle erklæring om kulturelt mangfald frå 2001, ”like nødvendig for menneskeheten som det biologiske mangfoldet er for naturen”. Etnisitet er ein av fleire faktorar som bidrar til det kulturelle mangfaldet i Noreg – kjønn, alder, språk, klasse, seksualitet, religion og regional tilknyting er andre. I mangfaldsåret 2008 rettast søkelyset mot den kreative og komplekse miksen av forskjellar som former både kvar og ein av oss og samfunnet som heilskap. Godt mangfaldsår! Litteratur: Barnard, Alan og Jonathan Spencer (red) (2002), Encyclopedia of Social and Cultural Anthropology, London & New York: Routledge Barth, Fredrik (red) (1969), Ethnic Groups and Boundaries: The Social Organization of Cultural Difference, Bergen: Universitetsforlaget Guibernau, Montserrat og John Rex (red) (2003), The Ethnicity Reader: Nationalism, Multiculturalism and Migration, Cambridge: Polity Press

Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006): 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold, Det kongelige kultur- og kirkedepartementet Vestad, Jon Peder (2002), ”Den nynorske etnisiteten”, Vestads vevstad: http://www2.hivolda.no/jpv/dennynorskeetnisiteten.htm, vitja 06.02.08

Abonnér på Kjelda! Ring tlf 576 56 400, eller send epost til: post.sffarkiv@sfj.no Ei årstinging kostar 155 kr

9


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

FYLKESBAATANE 150 ÅR

“Sjå dampskipsflåten vår i dag!” Talen til ordførar D.O. Bakke på 50-årsfesten i 1908 Av Hermund Kleppa Den 27. november 1858 kom Fylkesbaatane sitt første skip DS Framnæs til Bergen. Den 2. desember gjekk båten ekstratur til Sogn. Det er denne datoen som seinare har vorte halden som årsdagen til Fylkesbaatane. 50årsjubileet i 1908 feira dei likevel om sommaren, i Bergen, der fylkestingsseta også vart halden. Om kvelden var det jubileumsfest på Holdts Hotel. Ordføraren i Ytre Holmedal (Fjaler), David.O. Bakke, heldt ein tale som Fjordenes Blad (Fjordabladet) ei tid etter refererte "det væsentligste" av. "Han gav eit overmaate interessant utsyn over vore reiseforhold før dampskipstrafikens begyndelse", skreiv Fjordenes Blad, "og fremhævede dampskipsselskapets betydning for amtet." Her gjev me att talen slik han stod i bladet, med ei endring, aa er bytt ut med å, for å gjera teksten lettare å lesa. Til slutt har me teke med nokre ordforklaringar.

David O. Bakke: lensmann, fylkestingsvald medlem av direksjonen (styret) i åra 1906-1921.

Godtfolk! Eg minnest væl, då far min [Ola Bakke] skulde til byen på lyftingsbåten sin. Dei kunde vera en tre-fire grannar, som slog seg ilag på slike byturar um hausten, og hadde med seg den budrotten, som dei hadde lagt upp um sumaren: Smør, ost, talg, ofte ogso ein stut og meir, som kunde vera å avlatast. Ei tenestegjenta, ei kona eller ein gutunge fekk då ofte vera med for fyrste gong. Dei laut no hansa, dei, når dei kom til byen. Ferdafylgjet hadde venta på byren nokre dagar, men no var nordanvinden komen, og det var tid til å koma seg avstad. På voren stod mor og syskjen og tenestefolk (..) og ynskte dei "lukke på reisa". So vart festet løyst og råsegelet vunde upp til mastretoppen med fløyen på og stolt og vyrdeleg gleid båten frå, men på

David O. Bakke (1857-1935), ordførar og stortingsmann, norskdomsmann og venstremann, bladstyrar og sogeskrivar frå Holmedal, som i hans tid høyrde til Fjaler kommune. Eigar: Kjell Eikemo/Fylkesarkivet.

voren vart me kan hende til seglet var kome attum neset.

DS “Framnæs”, første skipet til Fylkesbaatane. Båten vart levert frå skipsverftet A. Denny i Dumbarton i Skottland. Skipet hadde ein to-sylindra maskin og gjorde ein fart på 10 knop. I 1909 vart båten påbygd ved Akers mekaniske verksted i Oslo. Fire år seinare grunnstøytte båten og sokk i Nesefjorden i Solund, men vart heva, reparert og sett inn att i rutefart. Den 8. november 1943 vart "Framnæs" bomba av allierte flystyrkar i Frøysjøen. Fem passasjerar og ein matros miste livet. Båten gjekk no i opplag, men vart repararert ei tid seinare og teken i bruk på ny. Men gamle "Framnæs" song likevel på siste verset. I 1951, etter 97 års teneste, gjekk turen til eit skipsopphoggingsfirma i Antwerpen.

10

Og reisi kunde vara lenge, 8, 14 dagar og meir etter som veret var - på dei 10 gamle grautamilerne til og frå byen. Og vandskar i vegen var mange. Ikkje var dei no beint [lett] å høyra frå dei heller. Papir og portoen var dyr, og vegen til posthuset var lang, og so laut ein no spara på "unødige utgifter" ogso. Det kunde då høva so, at ein fekk fretta frå ferdafolket sitt med byfolk på heimvegen, som havde møtt dei. Då kunde det vera dette: dei møtte dei med Dingen slitande på årarne i sunnanvinden, då heimferdsfolket tok til Sognesjøen, eller dei låg: i Kjilstraumen og venta på at straumen skulde snu, eller: dei for forbi dei på sjølvaste Byfjorden. Men det trefte og tidt, at dei heime ingenting fekk vita fyrr byfolket kom heimatt. Og som det so ofta kunde vera utpå året og i svarte haustnatti, då sudvesten kvein i noverne og skok, og husspreida slo - då - jau då kom ordi som av seg sjølv: "Gug hjelpe dei, er dei ute i slikt eit ver!" Leid det so til heimkomebil og ein såg segl for neset, so vart det ei undring og spyrjing. Er det dei? Jamen trur eg det er


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

dei, og folk på garden samlast i tunet for sjølv å sjå og høyra kva hine meinte. Jau, det var dei, og fyrr med endå var komne i fjøra, so var dreggen kasta og båten fortøygd. Frå alle heime kom det eit "velkomne heimatte", og kvar hadde gjerne eitkvart i vente. - Kva dei hadde med frå byen? Jau, det kunde vera ei tunna korn eller tvo, litt salt, hamp og stry, nokre merker byled, og i bykista eit par tolvskillingsbraud og litt kandissukkker, som skulde gøymast til jolehelgi, jamnaste og litt på krukka, sume hadde kirsebærvin, sume og brennevin, og sume hadde ikje noko av forgje. Ei byferd var då som eit hende i bygdi, og frå byferderne vart det fortalt utyver dei lange vinterkveldarne i koleljoset, medan rokken surra, skoen vart, sauma eller garnet bunde eller bøtt, og ofte kunde grannarne samlast for å friska uppatter gamle hendingar og for borni var dette radt som eit eventyr. Det var då -. Men so kom "dampen". Fyrst "Framnes", so "Fjalir", so etterkvart alle dei andre, som me no ser - og det skal ikkje stor spådomsgåva til for å sjå at der endå vil koma mange. Dei kom fysjande og bråkande med svarte røykvalkarne att yver seg og skar beinare veg, og vyrde korkje straum eller vind. "Kva er da for noko"? Det var so at sume kom til å tvila på, um alt dette gjekk rette til. Det var noko inn i ein, som vart skaka. Var det ein heilagdom, eller var det ein Dovregubbe eller ein

nissemann som vart såra? Noko av båe slag tenkjer eg. Men "damparne" sa som Henrik Wergeland i eit anna høve: "Nisser og dverge, bygge i bjerge men vi skal mine dem alle herut" - og dei mina dei ut. Dei kom med beinare linjor i våre dagar, og dei kom med vidare utsyn. Himmelsyni vidka seg ut, so ein såg ikkje berre bygdi, men bygdarne [bygdene], og landet og utlandet med. For med dampen kom posten, aviserne og brevi - fyrst då kom dei for ålvor. Og der kom ein ting framum alt, som heitte samfunnskjensla. So vart det ogso so at det gamle Firda- og Sygnafylket viste fram dette sersyn: eit dampbåtlag, der heile folket var reidarar. No ærar og takkar me mennerne frå 1857 [skipingsarbeidet byrja i 1857], som bar denne stortanken fram og sette han i verk. Dei måtte ha tiltru til folketiltaket, og av det me no ser for oss, so må me idetminste segja, at amtet ikkje hev havt skam eller skade av, at folket tok saki i si eigi hand. Difor er denne saki ogso vorte til ein heider for folkestyret i amtet. Ho hev bunde folket i hop i tiltru til kva dei små krefter kan greia når dei dreg ilag og ein veg. Og dette er ein lærdom godtfolk, som kan koma vel med i andre høve end dette. Der ligg so mangt og ventar på ei kraftig hand. Då duser me gjerne og segjer: Nei dette orkar me ikkje. Dette må kapitalistane eller utlendingen greida. Me gjev eit slikt svar: Sjå dampskipsflåten vår i dag!

Lat då denne femtiårsfesten vera ei maning til oss um å gå i fedrars fotefar! Lat oss ikkje uroast i hovudet for det um me skal vidare og høgare upp, for då ber det lett utfor! Lat det ikkje spyrjast, at folketiltaket i Nordre Bergenhus amt klikkar, men lat det spyrjast, at me som arvtakarar etter mennerne av 1857 - som dei skyna si tid - ogso me skynar vår!

Ordforklaringar: lyftingsbåt - båt med høgt dekk i akterenden "som kunne vera å avlatast" - som kunne seljast hansa byr - bør, lagleg vind vor - bryggje feste - landtau med fløyen på - med vimpelen oppe grautarmil fretta frå - høyra frå husspreida slo heimkomebil - tida for heimkome stry - strie, materiale av hamp byled forgje eit hende - ei hending røykvalkar - røykkvervlar koleljos - lys frå ei kole, ei tranlampe amt - fylke Nordre Bergenhus Amt - 1919: Sogn og Fjordane fylke

Men so kom "dampen". Fyrst "Framnes", so "Fjalir", so etterkvart alle dei andre, som me no ser - og det skal ikkje stor spådomsgåva til for å sjå at der endå vil koma mange", sa D.O. Bakke i talen sin i 1908. Her er ein av dei "mange" båtane som har kome seinare, gassferja "Mastrafjord" i Boknafjordsambandet, Rogaland. I 2008 kan me seia: "Sjå ferjene til Fylkesbaatane i dag!"

11


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Fotetorsdag = skjærtorsdag Av Randi Melvær absolusjons-dag …” Skrivemåtar nokre av dei eldre nyttar i svara på spørjelistene frå Norsk etnologisk gransking er skirtorsdag, sjeretorsdag eller skjeretorsdag (Fjaler).

Saueføter

Sauer med føter. Det kan ikkje vera mykje kjøt frå kneleddet og ned til klauvene? Februar 2008. Fotograf: RME

Hovudkjelda til denne artikkelen er svara på ei spørjeliste frå Norsk etnologisk gransking. Norsk etnologisk gransking har som hovudmål å ”dokumentere norsk kultur i samtid og fortid”. Den arbeidsmåten dei helst brukar er spørjelister. Frå 1947 til d.d. har dei sendt ut 212 spørjelister. I 1953 blei det sendt ut ei spørjeliste om mat for årshøgtidene. Dette er liste nummer 37. Eg har nytta ei spørjeliste frå 1982 (nr. 138) som spør om forskjellige sider ved påska, både mat, feriereiser, skigåing, leikar og det religiøse innhaldet i høgtida. Det meste av stoffet eg har vald ut er om skjærtorsdag, men eg kjem og borti andre dagar. Det er mat som er hovudfokus, men religiøse skikkar, besøk, skiturar og leikar kjem og med i artikkelen.

Finst det att tradisjonar for maten skjærtorsdag i vår tid? Når ein les det som blir skrive i svara på Norsk etnologisk gransking frå 1982 (spørjeliste 138) om spesielle matskikkar i påska, er det få av informantane som svarer at dei har spesielle matskikkar i dag. Men maten er god. Det er kjøt eller fisk til middag. Nokre brukar rømmegraut til kvelds eller rømmekolle. Nokre har spesiell bakst dei brukar, lefse, krumkake og blautkake. Tidlegare var det stor forskjell på kvardagskosten og kosten i storhelgar. I storhelgane hadde ein ofte ferskt kjøt, fordi ein slakta til helga.

12

Fotetorsdag ”Her hos oss vart dagen kalla fotetorsdag, fordi ein mange stader åt saueføter og nokre stader og griseføter. Det var vanleg både i Sunnfjord og Nordfjord. Denne skildringa kjem frå Hornindal: ”Då kokte mor ei gryte med saueføter, fløytte flotet av i eit fat og sette på bordet saman med bløytt flatbrød, poteter og kokte saueføter. Ein laga små flatbrødrullar og stakk i feittmølja og åt med poteter og kjøt av sauebein attåt.” Frå Innvik høyrer vi og om denne skikken, der det i eldre tid var vanleg med kompar til lammeføtene. I Breim er denne skikken levande også i dag.” (Kongsvik, 2002)

”Skirtorsdag” Kan namnet fotetorsdag ha noko med tradisjonen om at Jesus vaska disiplane sine føter denne dagen, og difor skulle folk eta føter av husdyra sine? Ordet skjærtorsdag kjem av norrønt skíra, ’reinse’. Dei som hadde vore bannlyste, blei denne dagen tekne inn att i kyrkja. Truleg er dette opphavet til namnet på dagen (Store norske leksikon). Nynorskordboka (2001) har ein annan teori om opphavet til namnet, det er fordi ein ”enda fasta med eit bad”. I Nynorsk etymologisk ordbok skreiv Alf Torp (1919): ”…Skire, rense, i det man paa denne dag efter fasten tok et bad og klædte sig rent, dette bad blev opfattet symbolsk som en renselse av sjælen. Dagen var i den gamle kirke almindelig

I boka Alle tiders Fjordamat blir tillaginga av saueføtene beskrive slik: ”Saueføtene vart skrapa, svidde, salta og tørka. Dei vart kløyvde onsdag (før skjærtorsdag) og sette i vatn. Føtene vart kokte i usalta vatn i 2-3 timar. Griseføtene vart skålda saman med resten av grisen, tørrsalta, somme stader røykte som i Jølster, og hengde til tørk. Så vart dei delte i to, vatna ut og kokte saman med saueføtene. Både i Jølster, Breim og Innvik brukte ein raspekaker (raspeballar) til.”

Ved fløande sjø og veksande måne I Fylkesarkivet si samling med matoppskrifter frå 1990-talet, har vi tre oppskrifter på saueføter. Dei kjem alle frå Sogn: frå Vik, Lavik i Høyanger og Brekke i Gulen. Her er tilstelling og reingjering av føtene nøyaktig forklart. Denne forklaringa her kjem frå Brekke: ”Føtene vert kappa under kne. Rabbing [skal ein gjera] helst ved fløande sjø og veksande måne. Vask føtene. Varm vatn. Vatnet skal ikkje koke. Stikk føtene nedi. Ein må passe godt på slik at føtene ikkje ligg for lenge i varmt vatn. Skrap føtene fri for hår og ta av klauvene. Rabb nøye også mellom klauvene. Føtene må ofte duppast i det varme vatnet fleire gonger under rabbinga. Har ein ferske føter, rett temperatur på vatnet og det er fløande sjø og veksande måne, kan rabbinga gå svært raskt.”

”Fjern klauvmakken, elles får du kløde i baken” ”Saueføtene vert anten turrsalta eller lagde i lake. Laken skal vera så sterk at ei middels stor potet flyt opp. Ofte nytta ein same laken både til flådde sauehovud, rullepølse og saueføter. Etter om lag ei veke vart føtene tekne ut or laken, skolte og hengde til tørk. Føtene treng ikkje så lang tørketid. Saueføtene må vatnast nokre timar før koking.


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Koketid ca. to timar. Etter at føtene er kokte må klauvmakken (eitelen mellom klauvene) fjernast.” I Vik sa dei at denne eitelen kunne bli årsak til ”kløde”. I Stardalen i Jølster fortel informanten i 1982 at skikken med å ete saue- og griseføter gjekk ut for få år sidan. Når bøndene sende dyra til slakteriet, var det slutt med dette. Føtene vart tekne vekk på slaktet som dei tok attende. Dermed blir det heller sjeldan kost. Alternativet er då å finna fram ribba frå fryseboksen skjærtorsdag.

Aukar, klubb, kumler, kompar, potetklubb, raspeballar, raspekaker Berre i Sogn og Fjordane har denne potetretten sju forskjellige namn. (Kumler og kumpar tyder det same på norrønt, elles tyder det klump. Til saueføtene brukte ein raspekaker.

Raspeballemiddag er ein populær torsdagsmiddag på mange kafear i fylket i dag. På tallerkenen får du rikeleg med salta kjøt, pølse og flesk til raspeballane, ikkje saueføter. Potet og kålrotstappe (nepestappe) blir og servert til. Spør du om sirup, får du det og! Desse raspeballane her er utan ”dott”, dvs. det er ikkje kokt flesk i midten. Februar 2008. Fotograf: J.M.Njøs

”Raspekaker frå Jølster” 1 kg poteter 300 g kokte poteter 100 g fin, sammalt kveite 100 g byggmjøl 100 g (om lag) fint kveitemjøl (1 ? ts salt) 250 g bacon eller lettsalta flesk ”Mos kokte poteter, riv eller mal rå poteter og bland dei saman. Ha i mjøl og salt og rør deigen godt saman. Form kakene med handa og ei fuktig skei. Lag ei grop og ha små bitar med flesk (dott) i kakene. Ha dei i kokande kraft og lat dei koke i om lag ein time” (Kongsvik 2002). Som grønsaker serverer du kokt kålrot og gulrot til.

På kyrkjeferd til Husøy kyrkje, Solund, 1923-1924. Vi ser Knut Kalgraff med kone og dei eldste tre ungane: Ivar, Marta og Magdalena. Det er Knut Kalgraff og Ola Korsvoll som ror. I framskuten sit Olav Raa. Småjentene har fått seg hattar frå Amerika. Det var nok gildt. Fotograf: Anna Korsvoll

Endeleg kjøtmat Maten i ”langfasta” frå feitetysdag (tysdagen etter fastelavenssøndag) til onsdagen før skjærtorsdag var i Viksdalen i Gaular rømmask (rømmekolle), flatbrød, turka og røykt sild eller salta fisk. Dette vart det slutt på frå skjærtorsdag av. I Hoddevika i Selje var det alltid kjøtmat skjærtorsdag. Det var gjerne tørka svinerygg, salta svineribbe eller svinekotelettar. Grønsaker: grøne erter og kokte gulrøter. Om kvelden graut, anten ris- eller semulegraut. Av og til rømmegraut. Andre stader fortel informantane om kjøt og flesk kokt i ertesuppe.

Det var ikkje synd å arbeida litt denne dagen, sidan han ikkje var full heilagdag. Men på Barmøya i Selje var både skjærtorsdag og langfredag fulle helgedagar. Påskeafta var arbeidsdag. Dei hadde ingen slag samkomer eller festar. Elles i fylket har det vore vanleg anten å be til gjestebod eller gå innom på besøk til kvarandre om kveldane.

Mellom alvor og moro: ”Eit hovudtrekk ved påskehelga her i eldre tid var ei stille, streng høgtid. Vilde barn og ungdom samlast til moro og leik denne helga måtte det vera anten Skjirtorsdag eller 2de påskedag” (Fjaler).

Hungrige til kyrkje Før ein gjekk til kyrkje var det mange som ikkje åt: ”… ein skulle gå hungrig til kyrkje…” …ete lite og svelte seg var vanleg til altergang. Men etter høgmessa åt dei middag med kjøt, flesk og kraftsuppe… Det var endå dei som let dieborn få suga lite desse dagane. Påska var ei alvorsam høgtid. I Selje skulle ein lesa Guds ord eller ”teksten” kvar helgedag i påska. Både bestefar og far gjorde dette til vi fekk radio, fortel ein informant. Det var gjerne husandakt med tekstlesing frå ein huspostill. Elles gjekk folk i kyrkja, for å få høyra ”Preik” og få nattverden. Felles for småplassane i fylket vårt, er at presten har fleire kyrkjer å preike i, så folk kan berre gå til kyrkje nokre av helgedagane. Dei andre helgedagane høyrer dei preik i radioen. Informanten frå Stardalen i Jølster kallar skjærtorsdag for halv heilagdag. Då vitjar han gudsteneste i Helgheimskyrkja eller høyrer guds ord i radioen.

Ein av informantane frå Viksdalen i Gaular fortel i 1982 at misjonskvinnene hadde basar skjærtorsdag. Då kunne dei treffa både familie og grannar, og dei som var på påskebesøk. Samlinga var både sosial og religiøs. I Gaular i gamal tid blei det brukt påskeris både skjærtorsdag og langfredag til minne om Jesu hudfletting. Opprinneleg var det berre langfredagmorgon riset blei brukt. Det var husmora eller matmora som piska familiemedlemmene på bar rygg. Seinare vart dette ein leik ein eller fleire av dei andre påskedagane. Eit ris blei vist som trussel for å få borna til å stå opp om morgonen. Ein av informantane til Norsk etnologisk gransking fortel at ho gjerne vil skapa nye tradisjonar for borna og familien. Ho vil vera i naturen, gå på ski i fjellet skjærtorsdag og langfredag, eller gå tur på beina om det ikkje er snø (Fjaler).

13


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Ein påskeleik med egg og stolar: Denne leiken har vi frå Hoddevik i Selje. Nokre av gjestane går ut. Dei veit ikkje kva som skal skje. Når dei kjem inn igjen er det sett stolar i ein ring, ein til kvar av dei. Ein gjest vert plassert på ein stol som er open bak setet. Denne gjesten blir spurt om alt muleg, og til sist om han eller ho kan kakla som ei ”verpehøns”. Når ”offeret” kaklar på det meste, må han reisa seg. ”I medan har ein annan lurt seg til å leggja eit egg ned på stolsetet. Dei andre tek til å kakla, og stakkaren må snu seg og sjå egget han har lagt.” Ein bør helst bruka hardkokte egg, naturleg nok.

Her er heile påskebodskapen framstilt på altertavla, eller altarskåpet som ein kan kalla det. Dette altarskåpet er laga i 1935, av Dagfinn Werenskiold, og er målte trerelieff. Altertavla heng i Årdal kyrkje. Fotograf: Ukjent

Skjærtorsdagsskirenn for borna. Skirenn for born finn ein fleire stader i fylket på skjærtorsdag. I 1980-åra hadde 4H skitur i Befringsdalen i Jølster både for born og vaksne, med spørsmåls postar. Om kvelden var det fest med premieutdeling. Andre lag hadde og samkomer. Skjærtorsdag kveld hadde songog musikklaga stor konsert i Skei samfunnshus.

På denne konserten vart det og religiøse innslag. Tidlegare var nok ikkje dette aktuelt. Dagane var for alvorsame til slike festlege samkomer. I Stardalen i Jølster fortel informanten om ei spesiell barneleike ein lagde i påska, ”klotrer som surrar” av grisebein. Det er best å bruka ulltråd til desse. Dette må ha vore etter fotetorsdagen då dei åt både saueføter og griseføter?

Skitur og fjelltur. I våre dagar er det veldig fokus på denne forma for påskeferie, sjølv om statistikken viser at flest nordmenn feirar påska heime. Også frå mellomkrigstida og framover ser vi av foto at ungdomane gjerne dreg til fjells i påska. Dette fotoet er frå 1941, frå Ytrehus i Bremanger. Selet i bakgrunnen blei bygd i 1890. Ungdommane på tur er: Odd Indrehus, Sverre Sandvik, Yngvar Yttrehus, Brynvald Kvellestad og Jon Indrehus. Fotograf: Rolv Yttrehus

14

Kjelder: Norsk etnologisk gransking, svar frå Sogn og Fjordane, på spørjelista 138 frå 1982 om påske. Kongsvik, Åse: Fjordamat : kokeboka for Sogn og Fjordane. 1999. Kongsvik, Åse: Alle tiders Fjordamat : - til høgtider og merkedagar. 2002. Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon. Cop. 2007. Matoppskriftsamlinga til Fylkesarkivet: Tørka saueføter, MAT-920002 1411 Brekke Saueføter, MAT-920202 1417 Vik, Saueføter i erter og grønsaker, suppe, MAT-930009 1416 Lavik Torp, Alf: Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania 1919. Norrøn ordbok, 1975. Nynorskordboka. 2001. ABM Sogn og Fjordane sin fotodatabase.

Dei fleste av informantane til spørjeliste 138, om påske, fortalde at dei som oftast hadde besøk av slekt og vener i høgtida. Då blir det mange gode og trivelege måltid saman.


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Nye privatarkiv Av Snorre D. Øverbø Arbeid med vern og formidling av privatarkiv er spanande og meiningsfylt. Å få høve til å gå igjennom, ordne og registrere papir og protokollar etter privatpersonar, lag/foreiningar og næringsliv, gjev ein underleg nærleik til fortida. Gulna brev, utslitne protokollar er visuelle uttrykk for tida som tærer. Innhaldet kan vere både morosamt og alvorsamt, men sjeldant keisamt Men privatarkiv er og problematisk. Fagfeltet er svært omfattande: det er umogleg å verne alt, nesten dagleg vert arkivmateriale øydelagt, og vi har lite av lover og forskrifter å slå i bordet med andsynes arkiveigar. Berre ein liten del av det som bør takast vare på, vert verna i regi av fylkesarkivet. Noko vert teke vare på lokalt. Elles må vi berre innrømme at mykje verdefullt arkivmateriale går tapt i fylket. På ein måte må vi leve med at det er slik. Desto viktigare då er å vere bevisst på kva ein vil prioritere for vern, og planlegge vernearbeidet i eit større perspektiv.

Fjordane Handel og Kontor, Region Vest Florø Handel og Kontor Fosnes, Ivar Førde avdeling av Den norske Postorganisasjon, Nordvestlandet krets Førde Handel og Kontor Førde Maritime Industri AS, Bedriftsklubben - Førde Jern og Metall, av 165 Gloppen Samorg Hamrevatnet HK-klubben Førde Samyrkelag Indre Sogn AOF IOGT Barnelosje "Barnevern" John Kvamme AS, Bedriftsklubb - Førde Jern og Metall, avd 165 Johnsen, Jim Jorddal, Olga Kvamsøy Skilag Losje "Skaalefjell" Lærdal Fabrikker L/L Lånefjorden Jordbrukslag Mundal & Vangsnes, landhandel Målsnes, Arne Naturvernforbundet i Høyanger Nistad, Astrid

Nordvestlandet krets av Norsk postforbund Sjøthun, Hans A. Skagen, Henrik H. Sogn og Fjordane avdeling av Norsk Postforbund Sogn og Fjordane Handel og Kontor Sogn og Fjordane IOGT Sogn og Fjordane Kunstnarsenter Sogndal Musikklag Sogndal Sosialistisk Venstreparti Sogndal SV Sognefjord Vikingsenter Sværefjorden Skoglag Tanner, Shawn Thune, Martin Tjugum, Gyrid Tjugum, Martha Toten Rundt - Sauesankelag Vaksenopplæringsforbundet i Sogn og Fjordane Young, Fredrik Ytre Nordfjord Kommunale Forening Øiestad, Anders Hansen Øvre Årdal Arbeidarkvinnelag Øvrebø, Søren Mosesson

Det kan og vere ressurskrevjande; eit større privatarkiv kan det ta fleire veker, ja månader å ordne. I slike tilfelle er det naudsynt med eit samarbeid med arkiveigarane om finansiering.

Samla inn 94 hyllemeter I 2007 vart det registrert 56 nye privatarkiv i arkivdatabasen vår. Dei er fordelt på 17 forskjellige avleveringar, spreidd gjennom heile året. I sum kom det inn 94 hyllemeter med privatarkiv i 2007. Nokre arkiv har og vorten registrert i samband med internflytting inn i dei nye arkivmagasina.

Tilvekst av registrerte privatarkiv i 2007 Ankerløkken AS, Bedriftsklubb - Førde Jern og Metall, avd 165 AUF i Sogn og Fjordane Auto 123 AS, Bedriftsklubb - Førde Jern og Metall, avd 165 Balestrand Barnepark Balestrand Bondekvinnelag Balestrand Bondelag Balestrand Husflidslag Balestrand lokalhistoriske arkiv Balestrand Vekst Berge nedre, gnr. 63 bnr. 5, Hartmannsgarden Bluss - partiblad for NKP, NACO Den norske Postorganisasjon, Nordvestlandet krets

Denne konvolutten med påskepynt følgde med arkivet frå Offerdal landhandel i Balestrand. Den er truleg frå 1950-talet, og inneheld seks påskekyllingar i papp som ein kan brette og stille ut i heimen.

15


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Førhistorisk gardsbusetnad på Kvåle og Gurvin - førebels resultat frå arkeologiske undersøkingar

Av Heidi Handeland

Introduksjon I to føregåande nummer av Kjelda har lesarane hatt høve til å følgje dei arkeologiske undersøkjingane på Kvåle og Gurvin. Bakgrunnen for undersøkjingane er planlagt bustadutbygging i området. Sommaren 2006 gjennomførte Sogn og Fjordane fylkeskommune registreringar i planområdet, og kunne slå fast at her var omfattande spor etter førhistorisk aktivitet. Bergen Museum gjennomførte utgravingar frå midten av april til midten av juli 2007. Funnmengda var svært stor, og arbeidet med å analysere resultata pågår framleis. Denne artikkelen presenterer såleis førebelse resultat. Dokumentasjon av stolpehol

Arbeidsmåte Ut frå registreringsresultata visste ein at aktiviteten på Kvåle og Gurvin femnar eit stort tidsspenn, frå yngre steinalder til mellomalder. Frå skriftlege kjelder er det og kjent at Kvåle var ein storgard i mellomalderen. Føremålet med utgravinga er å få meir detaljert kunnskap om kva type aktivitet som har gått føre seg til ulike tider, sjå på endringar i aktiviteten og, så langt det er råd, setje dei ulike aktivitetsspora i samanheng med kvarandre. På denne måten kan vi få vite mykje om korleis gardsbusetjinga i området har utvikla seg. Tabellen nedanfor gir eit oversyn over den arkeologiske periodeinndelinga (merk at periodegrensene stadig er debattert).

16

Utgravinga føregjekk ved å fjerne den moderne dyrkingsjorda med gravemaskin. Dette fekk fram ei stor mengde med aktivitetsspor i form av stolpehol, kokegroper, ovnsanlegg og anna. Slike aktivitetsspor kallar vi med ei samlenemning strukturar. Desse gir oss ofte vel så mykje informasjon som gjenstandsfunn. Når avdekkinga er overstått skal strukturane dokumenterast. Kvar einskild struktur blir innmålt i horisontalplanet, deretter blir det gravd eit vertikalt snitt som ein fotograferer og teiknar. Frå utvalde strukturar blir det teke ut jordprøvar. Desse blir brukt til c14-datering

og botanisk analyse. Spesielt for Kvålefeltet er at det var omfattande aktivitetsspor i to overlappande jordlag. Dette innebar at strukturar i øverste fase måtte dokumenterast først, deretter måtte dette laget fjernast maskinelt for å kunne dokumentere strukturar i neste fase. Dette er ikkje ein ukjend situasjon i terreng utsett for ras eller flaum. På Kvåle var imidlertid det overleirande laget tynt, noko som gjorde denne delen av arbeidet til ei utfordring. Med ein dyktig maskinførar let det seg likevel gjere med godt resultat.

Busetnad To hustypar er representert i materialet frå Kvåle og Gurvin, det vi kallar toskipa og treskipa hus. Begge typar har hatt jordgravne stolpar. Dei toskipa husa er eldst, kjent frå yngre steinalder og bronsealder. Desse er konstruert med ei rekkje takberande stolpar i huset si lengderetning. I løpet av eldre bronsealder kjem den treskipa hustypen i bruk. Dette har to parallelle rekkjer med takberande stolpar i huset si lengderetning. Dei grunnleggjande prinsippa i denne byggeskikken har vore i bruk heilt fram i nyare tid, mellom anna i form av grindverk. Dei takberande stolpane dannar eit bilete av grunnplanet i huset, og ikkje sjeldan er det kun desse som er bevart.


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Toskipa hus på Gurvin

I nokre tilfelle er det spor etter grøfter og veggkonstruksjonar på utsida av dei takberande stolpane. Eldstad(er) inne i huset kan og vere bevart, likeså spor etter rominndeling eller båsskilje. Gjenstandsfunn og analysar av frø og planterestar kan og fortelje mykje om aktiviteten inne i og rundt huset. I jernalderen var langhuset gjerne eit fleirfunksjonshus, med ein del for busetnad og ein fjøs/stalldel. Døme på dette finst like i nærleiken av Kvåle, på Rutlin, der eit yngre romertidshus med fjøsdel vart utgravd i 1998. Sjølv om vi ikkje har funne sikre spor etter båsskilje i Kvålehusa er det sannsynleg at i alle fall eitt av husa har vore eit fleirfunksjonshus.

Fleire var utførleg skodd med store steinar. Så langt er eitt hus c14-datert til romertid. Funn av ovnsanlegg og slagg tilseier at ein har drive med metallbearbeiding i området. Ovnsanlegga viser seg i form av groper med spor etter leirfora esser. Smieslagg av jern fortel at ein har smidd jerngjenstandar, kanskje reiskapar eller våpen.

I tillegg til hus og ovnar er det funne kokegroper både på Kvåle og Gurvin. Desse har vanlegvis vore anlagt utandørs, og skil seg slik frå eldstader inne i hus. Kokegropene er, som namnet tilseier, forbunde med førebuing av mat. På ei utgraving er dei som oftast lett gjenkjennelege som trekolhaldige nedgravingar i undergrunnen. Av og til er det beinrestar i gropene, sannsynlegvis restar frå maten som vart førebudd der. På Kvåle ligg det spor etter hus og kokegroper i to overlappande fasar. Nokre av kokegropene må etter alt å dømme ha vore samtidige med busetnaden. Korvidt det har vore opphald i busetnaden der området har blitt brukt berre til kokegroper er for tidleg å avgjere, men tettleiken av stolpehol tyder på kontinuitet i busetjinga her. På Gurvin er kokegropene ikkje knytt til eit husområde, noko som tyder på at det skal tolkast som eit reint kokegropfelt. To av kokegropene på Gurvin er daterte til førromersk jernalder.

Dyrking Både på Kvåle og Gurvin var det spor etter fleire fasar med førhistorisk dyrking. Eldste daterte dyrkinga er frå yngre steinalder til eldre bronsealder. Over dei eldste laga er det fleire fasar med dyrking som sannsynlegvis kan knytast saman med den yngre busetnaden i området. I tillegg til å datere dyr-

På Gurvin er det dokumentert eit toskipa hus med veggstolpar og fleire eldstader. Huset er c14-datert til yngre steinalder. På nord- og vestsida av huset er det rester av grøfter, kanskje forbunde med drenering. Kvålefeltet hadde den klart mest omfattande funnmengda, på dette feltet åleine er det dokumentert over 1200 strukturar. Overvekta av desse er stolpehol, noko som tilseier at busetnaden her må ha vore omfattande i førhistorisk tid. Kor mange hus det kan dreie seg om totalt er ennå noko tidleg å seie. Mange av stolpehola har solide dimensjonar og er gravd godt nedi grunnen, nokre over 1 meter.

Stolpehol skodd med steinhelle

17


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

kingslaga blir prøvar analysert av botanikarar. Bevarte korn, frø og andre planterestar kan brukast til å identifisere vegetasjonen i området tilbake i tid. Nokre planteslag fortel om åkerbruk, medan andre er forbunde med beiting. Spor etter tilgroing mellom dyrkingsfasane kan avsløre at ein åker har lege brakk ein periode. Naturleg påverknad som ras og anna overleiring av åkerområdet vil og vise seg i form av sand og grus.

Gjenstandsfunn Dei fleste gjenstandsfunna vart gjort på Kvåle-feltet. Desse stadfestar, til liks med c14-dateringane, aktivitet frå fleire førhistoriske periodar. Tre økser frå yngre steinalder, dekorert spannforma keramikk frå folkevandringstid, anna keramikk, vevlodd, spinnehjul, jern og anna metall, og bitar av ein kvernstein. Kvernsteinen var gjenbrukt som skoningsstein i eit stolpehol. Ein bit av ei bakstehelle av kleberstein og nokre få skår av keramikk kan daterast til mellomalderen.

Andre funn i nærområdet På Kvåle er det kjent kulturminne av noko omfang frå før, mellom anna fleire graver. I 2003 vart det utført arkeologiske undersøkjingar av førhistoriske dyrkingslag frå yngre steinalder til romertid. Også i området rundt er førhistoriske lokaliteter. På Kvålslid er det undersøkt dyrkingslag frå yngre steinalder og bronsealder, og på Rutlin omfattande aktivitet frå yngre steinalder til mellomalder. Vidare er det undersøkt kokegropfelt frå førromersk jernalder/romertid og dyrkingslag frå yngre steinalder/bronsealder på Stedje. På same gard er det og gravd ut eit grophus frå vikingtid. Ved å samanlikne dei nye funna frå Kvåle med funn i nærområdet og Vestlandet for øvrig kan vi få eit bilete av både lokal og regional variasjon. Slik kan vi få ei betre forståing av mellom anna likskapar i organiseringa av busetnad og erverv over eit større område, og av tilpassing til lokaltopografiske tilhøve.

Vidare arbeid Det synest klart at dei arkeologiske undersøkjingane på Kvåle og Gurvin vil utfylle den kunnskapen ein har om førhistorisk busetnad i Sogndal og regionen forøvrig. Korleis busetjinga og jord-

18

bruket har utvikla og endra seg i løpet av denne perioden er ei sentral problemstilling i det vidare arbeidet. Mellom anna er det av interesse å prøve å fastslå om busetjinga har vore kontinuerleg, eller om det har vore periodar med lågare aktivitet. Fleire c14dateringar, nærare studier av funnmateriale og analysar av botaniske prøvar vil venteleg belyse dette.

Oversiktsbilete av Kvåle-feltet

Kjelder: Diinhoff, S: Kvåle i Sogndal – ny metodikk for gravning af fossile marker. I Konstruksjoner og byggeskikk. Maskinell flateavdekking – metodikk, tolking og forvaltning. AmS-Varia 43. Arkeologisk museum i Stavanger, Stavanger 2005, s.123-125. Høgestøl, M., Selsing, L., Løken, T., Nærøy, A.J. & PrøschDanielsen, L. (red.) Diinhoff, S. og Hjelle, K.L.: Udgravningsberetning. Arkæologiske frigivningsundersøgelser ved Kvålslid vest gnr.23. Sogndal, Sogn og Fjordane 1998.

Uttak av prøvar frå dyrkingslag

Diinhoff, S og Hjelle, K.L.: Udgravningsrapport, Rutlin gbnr. 22/4, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane. Bergen Museum 2003. Skrede, M.A.: Rapport frå arkeologisk registrering på Kvåle/Gurvin (gbnr.23/14 og gbnr.25/2) i Sogndal kommune. Skrede, M.A.: Spanande arkeologiske funn på Kvåle i Sogndal. I Kjelda nr.1 2007. s.8-10.

Skår av spannforma keramikk

Skrede, M.A.: Spanande arkeologisk utgraving i Sogndal. I Kjelda nr.2 2007. s.4-5. Slinning, T. og Hjelle, K.L.: Arkeologiske undersøkelser av bosetnings- og dyrkningsspor fra bronsealder og steinalder ved Kvålslid Aust, gnr. 23, bnr. 4 og 5, Sogndal kommune 2004. Arkeologisk rapport v/Tore Slinning. Botanisk rapport v/Kari Loe Hjelle.

in prep: Fra åker i steinalderen til rituelt gropfelt i jernalderen. Arkeologiske undersøkelser av kulturminnelokalitet på Stedje. Stedje gbnr.64/4, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Arkeologisk rapport ved Thomas Bruen Olsen. Vedlagt paleobotanisk rapport ved Kari Loe Hjelle. Alle foto: Bergen Museu


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Utmarksaktivitet i Øvstedalen i jarnalderen

Av Marit Anita Skrede

Om lag 600 moh, fremst i Øvstedalen, ligg 13 tufter og to kolgroper på ein om lag 50 m brei rygg innan eit område på rundt 200 m (sjå planskisse over tufteområdet). Sør og nord for ryggen er to små elvar. Sør for elva ligg nok ei tuft. Elles i området er påvist rundt 30 kolgroper. Både tuftene og kolgropene er synlege for eit øvd auge. Kva bruk kan me knyta til denne type kulturminne? Er det restar etter ein støl, eller har det vore ein gard i eit område som seinare er blitt utmark? Dei automatisk freda kulturminna ligg på garden Øyre, i eit område kalla Bjørndalen. Det går ein sti over mange av tuftene, men kjentfolk i området har likevel ikkje visst om dei. Dette er ein velkjent situasjon for arkeologar som er ute og registrerar, og viser at det finst veldig mange synlege automatisk freda kulturminne i utmark som ikkje er kjende. I utmarka har ikkje maskiner øydelagt kulturminna på same måte som på innmarka, og me har difor ei særleg plikt til å dokumentera og ta vare på desse. Tufter og andre kulturminne i fjell og utmark er viktige for å forstå utviklinga av jordbruket på Vestlandet i jarnalderen og tidlegare. Ved å bruka kunnskapen me har om tuftene og kolgropene i Bjørndalen spesielt, samt liknande område, har me eit grunnlag til å diskutera kva området har vore brukt til.

Undersøkingane i Øvstedalen Då det kom planar om å utvida kraftlina mellom Fardal og Meel, vart det av Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune sett i gong ei arkeologisk registrering, leia av Ståle Furnes. Det vart registrert fleire tufter i fjellet både i Sogndal og Leikanger kommune. I Bjørndalen vart det gjort funn av 14 tufter og fleire kolgroper. Dette er ei av dei største samlingane med tufter i utmark som er kjent. Truleg finst fleire tufter i området. Dei registrerte tuftene i Bjørndalen er teikna inn på ei planskisse over området, i tillegg til at fleire av tuftene er teikna i plan. Det er teke prøvestikk i tre av tuftene, og trekol frå to av desse er C-14 daterte.

Det vart teke prøvestikk i to kolgroper. Desse er også er daterte. Sidan det er heller avgrensa undersøkingar som er gjort av kulturminna i Bjørndalen, er også kunnskapen om bruken av bygningane og området avgrensa. Denne typen tufter er vanlege i vestnorsk utmark, og me kan eit stykke på veg tenka oss til korleis bygningane har sett ut og kva dei har vore brukt til.

Fjell-tufter i Sogn I gamal tid har bruken av fjellet og utmarka vore mykje større enn i dag. Tidlegare har ein trudd at det er lite å finna av kulturminne i slike område. Dei siste tiåra har det likevel vist seg at det finst svært mykje kulturminne i utmarka. Før dei store vassdragsutbyggingane på 1970- og 80-talet undersøkte ein områda arkeologisk, og det vart registrert tufter, kokegroper/kolgroper, jaktanlegg, jarnvinneanlegg og steinalderbustadar. Sjølv om arkeologane vart medvitne om at det i fjell- og utmarksområde kan finnast spor etter menneske, har det vore lite arkeologisk aktivitet på dette feltet. Berre på Svolset i Friksdalen (Leikanger) og i Gudmedalen i Flåmsdalen er kjende like mange eller fleire tufter samla innan eit så avgrensa område.

Planskisse over tufteområdet i Bjørndalen. Mellom dei to elvane er ein tørr rygg, medan det er myrlendt på den andre sida av elvane. Her finst både tufter med eitt og to rom. Tuftene er for ei stor grad orientert anten nord-sør eller tilnærma austvest. Etter Furnes 2001.

19


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Tuftene på Svolset er nøye granska i to om-gangar, og me har ein del kunnskap om dette området. Dette er dermed eit godt samanlikningsgrunnlag når me vil seia noko om bygningstype og bruk av denne typen tufter. I tillegg kan ein sjå til Ytre Moa i Årdal for å diskutera bygningskonstruksjon. Sjølv om der har vore heilårsbusetnad, er det langt på veg same type bygningar. Under-søkingane som er utført til dømes i samband med planane for utbygginga av NysetSteggjevassdraga er også gode for å forstå kva konstruksjon som er ofte er brukt på førhistoriske fjell-tufter.

Store og solide bygningar = omfattande bruk 11 av tuftene i Bjørndalen ser ut til å ha eitt rom, medan det er to rom i tre av tuftene. Det er mest vanleg at fjelltufter har eitt rom, men tufter med to rom er kjent frå fleire andre stadar. På Svolset er det to rom i heile 10 av 16 tufter. Tuftene er avlange eller hesteskoforma med inngang i den eine kortsida. Dette er den mest vanlege forma på fjell-tufter på Vestlandet. Forma kan likevel variera mellom avrunda eller meir avretta hjørne. I Bjørndalen har me begge desse formene. Det er lite synleg stein i veggane til Bjørndalen-tuftene, sjølv om det i enkelte tufter er noko stein som stikk opp i dagen. I minst ei av tuftene (tuft K) er fire ståande heller på innsida av veggvollen. Dette er eit trekk som er kjent frå tufter fleire andre stadar, både på Svolset, Ytre Moa og Nyset Steggjeundersøkingane. Fjelltufter har ofte hatt vollar av grus, jord og stein på tre sider, medan det har vore innvendige veggar av tre. Det har truleg variert kor høg den utvendige vollen har vore.

Bilete av tuft K. Det er vanskeleg å fotografera denne type tufter, då konturane ikkje blir særleg tydelege på bilete. Denne tufta har heller kraftige vollar. På den eine langveggen står tre bjørker. Til venstre for desse er ei forseinking som har vore golv, før den andre langveggen. I kortsida nærast oss har det vore inngang. Foto: Arnulf Østerdal

På Svolset og på Ytre Moa har det vore ytre steinveggar som kan ha vore rundt 1 m høge. Desse har fungert som leveggar. Sidan det ligg lite stein i vollane i Bjørndalen-tuftene, er det ikkje truleg at her har vore så høg ytre vegg. Tuftene i Bjørndalen har for ei stor grad låge vollar som er mellom 1,5 og 3 meter breie. Det er ikkje truleg at vollane me kan sjå i Bjørndalen har vore takberande. I utgravne fjelltufter ulike stadar, viser det seg at det ofte er blitt brukt par med takberande stolpar. Det er sannsynleg at det har vore tilfelle i Bjørndalen også.

Planteikning av tuft A. Dette har vore ein bygning med eitt rom med eit bruksareal på rundt 12 m2. Det er teke eit prøvestikk om lag midt i tufta. Trekol frå ein eldstad er datert til rundt 700 e.Kr. Etter Furnes 2001

Som me ser av tabell 1, varierar storleiken på romma mellom 11 og 34 m2. Dersom me summerar bruksarealet i begge romma i toromstuftene, er det samla bruksarealet i ein bygning opp til 36 m2. Dei fleste av tuftene som er registrert i fjellområda i Sogn, har eit areal på mellom 12 m2 og 30 m2, sjølv om bruksarealet kan vera ein del større. Den største tufta i Friksdalen har hatt eit bruksareal på om lag 47,5 m2. Enkelte av bygningane som har vore i Bjørndalen ser ut til å ha vore ganske store. Tabell 1. Måla på tuftene i Bjørndalen, samt tufter med påvist eldstad.

20


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Bruk i fleire hundre år Tre av tuftene, tuft A, E2 og L er undersøkt ved hjelp av prøvestikk. I alle tuftene vart prøvestikket lagt i midtlina omtrent midt i tufta. Alle prøvestikk vart lagt i område med reint trekol som var mellom 3 og 10 cm tjukt. Dette er truleg restar etter eldstadar. Det er vanleg at eldstaden ligg i midtlina i jarnalderstufter, gjerne nær den indre kortveggen. Ofte er det ei kokegrop både på framsida og baksida av denne. Sidan tuftene i Bjørndalen berre er undersøkt med eit prøvestikk, er det vanskeleg å seia kor vidt dei same trekka finst her. C-14 dateringa av tuft A viser at den var i bruk på eitt gjeve tidspunkt som ligg mellom år 612 og 883 e.Kr., det vil seia i merovingartid. Tuft E er datert til mellom 433 og 661 e.Kr., folkevandringstida. Ut frå ei enkelt datering i kvar tuft er det ikkje mogleg å seia når bygningane vart tekne i bruk, eller når dei gjekk ut av bruk. Sjølv om dateringane frå dei to tuftene ikkje stemmer overeins, er det likevel stor sjanse for at bygningane har vore i bruk samstundes. Det store talet tufter innan eit så avgrensa område tyder på at i det minste ein del av bygningane har vore i bruk samstundes, kanskje alle. Dette kan likevel berre vidare undersøkingar gje svar på. Undersøkingane av tuftene på Svolset i Friksdalen har vist at minst 10 av 17 bygningar har vore i bruk samstundes rundt år 400 e.Kr. Truleg ville nærare granskingar ha vist at enno fleire bygningar var i bruk på det tidspunktet. Dei to daterte kolgropene er daterte til mellom 416-641 (folkevandringstid) og mellom 546-860 (merovingartid). Det vil med andre ord seia at desse dateringane stemmer overeins med dateringane av tuftene, og det er sannsynleg at gropene var brukt av menneska som heldt til i bygningane like ved. Det er usikkert kva bruk me kan knyta til kolgropene. Slike groper vert ofte sett i samband med jarnutvinning, men det er ikkje kjende jarnvinneanlegg i dette området. For å kunne fastslå kva bruk kolgropene har hatt, må ein undersøka området nærare.

Kva bruk kan me knyta til tuftene i Bjørndalen? Ut frå dei fire dateringane me har frå kulturminne i Bjørndalen, veit me at området har vore brukt frå rundt 500 til 700 e.Kr. Sidan det har blitt utført svært avgrensa undersøkingar, er det mykje truleg at me kan trekka denne bruksfasen ut i tid. Det tyder også andre tilsvarande tufte-område på. Fjelltufter av denne typen ber på mange måtar preg av å ha vore solid bygd, noko som tyder på at meininga var at dei skulle stå lenge. Tuftene var dessutan ofte noko større enn stølshus har vore i moderne Planteikning av tuft E. Dette har vore ein bygning med to rom. Dei to tid. Det kan tyda på at mennes- romma har til saman hatt eit bruksareal på rundt 32 mÇ. Trekol frå ka har halde til i husa i lengre ein eldstad i det største rommet er datert til 500-talet e.Kr. Etter periodar. Enkelte hevdar at det Furnes 2001 var heilårsbusetnad i denne typen bygningar. Eg meiner at det heller vore i bruk over 200 år. Det er likevel er snakk om sesongmessig busetnad, sannsynleg at området har vore i bruk men kanskje med utvida bruk og i leng- lenger. Kan hende vil vidare undersøkingar ein gong gje fleire svar på kven re periodar enn i nyare tid. som heldt til i bygningane i Bjørndalen i I nyare tid har støling dreia seg om å ta jarnalderen, samt kvifor. Enno er det lite vare på beitedyr og foredla det ein fekk me veit. Det er såleis rom for å bruka frå dei. I jarnalderen var også beite den fantasien og tenka seg korleis livet har viktigaste ressursen i fjellet. Det er like- vore for menneska i dei 14 bygningane i vel truleg at det var fleire ulike aktivite- Bjørndalen 600 år etter Kristus. tar knytt til stølsdrifta i jarnalderen enn det har vore i nyare tid. Kolgropene i Litteratur: Bakka, E. 1965. Ytre Moa. Viking. Tidsskrift for Bjørndalen kan til dømes kanskje kny- norrøn arkeologi. Bind XXIX. tast til jarnutvinning. I tillegg har truleg jakt og fiske vore viktige aktivitetar for Bjørgo, T. 1992. Kap. 6. Sammendrag og vurdemenneska i Bjørndalen. I fjelltufter flei- ring. I: Arkeologiske undersøkelser i Nysetre stadar er det gjort funn som viser at Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rapmenneska dreiv med tekstilhandverk porter 16. Historisk Museum, Universitetet i som til dømes spinning og veving. Det Bergen. er også vanleg å finna ulike typar reiFurnes, S. 2001. Registrering av kulturminne frå skap og jamvel pyntegjenstandar som eldre og nyare tid. Forsterking av hovudnettet i t.d. perler. Det tyder på at kvinner har Sogn og Fjordane. Fardal – Meel. Sogndal, halde til der og at dei har pynta seg. På Leikanger og Balestrand kommunar. Saknr. Svolset er det gjort funn som tyder på at 99/01789. Registreringsrapport frå jorda i ei lita grad vart dyrka. Dersom Kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommudet stemmer, må menneska ha halde til ne. der lenger enn det som har vore vanleg i Indrelid, S. 1988.Jernalderfunn i Flåmsfjella. nyare tid. Alle dei ulike aktivitetane Arkeologiske data og kulturhistorisk tolking. viser at det kan ha vore fleire aktivitetar Arkeologiske Skrifter. Historisk Museum. knytt til denne type aktivitetsområde Universitetet i Bergen. No. 4 – 1988. enn det har vore til stølsLarsen, K. 1995. Et gårdsanlegg fra vikingtid i drifta i moderne tid. Det store talet på tufter i Bjørndalen tyder på at der har vore stor aktivitet. Dei fire dateringane viser at området har

Årdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårdsstruktur. Hovedfagsoppgave i arkeologi med vekt på Norden. Universitetet i Bergen. Skrede, M.A. 2002. Utmark og gard. Nærstudie av tufteområde i Friksdalen i Leikanger, Sogn og Fjordane. Hovudoppgåve i arkeologi ved Universitetet i Bergen.

21


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

BEDEHUSET

Songtreff i Oppstryn Av Hermund Kleppa

Barnesong i festleg lag Tone: Jeg vil sjunge om en helt

Hei og hopp! Vi stiller opp, å syng om himlen det er topp Takk til Gud, vi har det godt, Vi vil juble stort og smått. Jesus sa: Vær alltid glad Gleda vil vi gjerne ha Når vi alle har det godt Smittar gleda vi har fått Kom og syng med oss i kor Det er gledestund på jord Mor og far dei vert så glad Når dei høyrer våre kvad Himmeltone i hjarte gror, Når vi på vår Jesus tror Han har lova vere med På vår ferd i denne verd Store ting har Jesus gjort Då han opna himlens port Vi vil være mellom deim, Når han byd: Velkomen heim! Aslaug Glomnes, mai 2007.

Aslaug Glomnes (90) med den nyskrivne barnesongen sin i juni 2007.

I fjor sommar var eg på Glomnes i Oppstryn for å få fatt i opplysningar om bedehuset i Hjelledalen. Mannen eg såg etter var ikkje heime. Men heilt tilfeldig møtte eg Aslaug Glomnes, ei sprek dame på 90 (!) år. Ho kjende bedehuset godt. Hadde gått der heilt frå ho var jente, og vore med i songkor. Var veldig glad i å syngja. Så fortalde ho meg at ho nettopp hadde skrive ein barnesong, "no i mai". Ho hadde sendt han til kyrkjelydsbladet, men ho visste ikkje om dei kom til å ta han inn. Eg blei nysgjerrig. Ikkje kvar dag eg treffer på 90 år gamle damer som skriv songar. - Om eg ville sjå han? Ja, du kan skjøna eg vil det. Eit par minutt etter var ho tilbake ved hagegjerdet med songen sin. Det blei eit uventa innslag på turen min, eg song gjennom heile songen med henne. Og eg trur me sette pris på stunda begge.

22

Bedehuset Betel i Hjelledalen. Huset stod ferdig i 1921. Eit "nytt" bedehus vart vigsla 10. september 1972. Det nye var eit 6 m langt påbygg (sjå eldre og nyare skifer) med inngangsoverbygg.


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

MINNESMERKET

Minnestein i Ørsta over bandsmiar frå Loen Av Hermund Kleppa - kan bli sletta

Anders Hoffrening, Band-Anders eller berre Banden (1836-1924), her avfotografert med jernstaur og slegge. Anders var ein av mange nordfjordingar som kom til Sunnmøre og livnærte seg med ymse slag arbeid. BandAnders var ”ein av dei små i samfunnet”, skriv Ivar Grøvik i eit stykke i Jul i Nordfjord, men like fullt ein av dei som var med og bygde landet i trufast arbeid. Foto: Wenneberg, i Jul i Nordfjord 1975.

Dei kalla han Band-Anders eller berre Banden. Anders Hoffrening frå Loen kom til Ørsta i 1870-åra og vart etter kvart fastbuande der. Han var "ein av dei små i samfunnet", og han hadde ikkje nære pårørande i heimbygda si. Då han døydde i 1924, var det ingen til å syta for stein på grava, men etter krigen gjekk folk i nabo-laget der han budde saman om å setja opp eit gravminne. I 2009 er fredningstida for grava ute og steinen kan bli fjerna.

Smed og steinarbeidar Kallenamnet Band-Anders eller også berre Banden har å gjera med yrket hans, - bandsmidar står det på gravsteinen, i skjemaet frå folketeljinga 1900 står det ”tøndebåndsmider”. Han smidde jernband til tretønner. Men han laga og tønneband av tre, og då helst av hatl (hassel). Dessutan var han ein dugande arbeidsmann med spade og jernstaur, slegge og minebor. Og i sine yngre dagar dreiv han litt med fjellføring. Han var vane med å ta seg fram i brattfjell der han voks opp, i Lodalen. Det skal stå boltar etter han enno somme stader i knipa (knipe - trongt skar) mellom Vallahornet og Saudehornet.

Frå Loen til Ørsta Anders Hoffrening, fødd 14. september 1836, var son til husmann Anders Andersson og Anne Rasmusdotter, busette

på plassen Hogrennings-sanden under Hogrenning. Vi veit lite om livssoga hans før han kom til Ørsta. I 1865 budde mora på plassen som enkje saman med sonen Rasmus som hjelpte til med plass-bruket. Anders kom til Ørsta i 1870-åra men var ikkje buande fast der før i 1880åra. I 1900 budde han på garden Vik og vart i folketeljinga førd opp i husstanden til pensjonert kyrkjesongar Hans Andersen Velle. Her fekk han seg si eiga stove og ei lita smie attmed. Dei siste åra før han døydde 15. desember 1924 budde han på gamleheim.

Frå det gamle Viketunet i Ørstavik. Stova til Band-Anders, Bande-stova, står til høgre. Anders hadde ei lita smie attmed stova si. Foto: Nils Angell (teikning), 1925, i Jul i Nordfjord 1975.

Bygdeoriginal Ivar Grøvik fortel om Anders Hoffrening i eit stykke i årsskriftet Jul i Nordfjord 1975. Band-Anders kom til Ørsta nærast rekande på ei fjøl. Han var ugift og vart buande åleine. Han kunne eit handverk og arbeidde og sleit for levebrødet så lenge han makta, var godtruande og trudde mest på dei som snakka godt og innbilte han mest. På folkemunne vart han omtala med kallenamn, og det danna seg med tida mange historier om Banden. Anders Hoffrening var på mange måtar bilete på den sorten folk ein i si tid omtala som bygdeoriginalar, fortel Grøvik.

Ei av mange historier

dei som hadde vokse opp i nabolaget der han budde opp tanken om å få sett opp ein gravstein. Folk slutta opp om tanken og ein vakker stein vart reist til minne om ”Bandesmidar Anders Hoffrening”. Titlar finn me mange av på kyrkjegardane, men tittelen bandesmidar på minne-steinen i Ørsta kan godt vera den einaste i landet. Kjeldetilvising: Uprenta kjelder: Riksarkivaren, digitalarkivet, folketeljing, 1865, 1900. Opplysningar frå: Jens Hogrenning, Stryn. Kyrkjeverja i Ørsta. Prenta kjelder: Grøvik, Ivar: Ein menneskelagnad. I <i>Jul i Nordfjord.</i> 1975. Kulturhistorisk Leksikon: KAL/SFF-187.1400 Minnestein i Ørsta over bandsmiar frå Loen

Ein gong då han budde på gamleheim kom ein mann på besøk. Han ville snakka med han om åndelege ting. Mannen sa at Band-Anders måtte tenkja på han som hadde gjeve liv og blod for oss menneske. Banden mistydde dette, og trudde at mannen snakka om seg sjølv. Han fauk opp i egse og sa til mannen: ”Kva he du ofra, din slåp? Eg he våga både liv og blod. Eg he hongje etter eit tog i fjelle og skote tre ville bukkar. Men kva he du?

Naboar reiste minnestein på grava Grava til Band-Anders vart lenge liggande utan gravstein, men etter krigen tok nokre av

Minnesteinen over Band-Anders på kyrkjegarden i Ørsta kring 1975 (til v.) I 2002 (til h.) stod steinen tett attmed kyrkjegardsmuren og lenger nede i grunnen enn i 1975. Steinen kan ha vorte flytta frå den opphavlege plassen ved ei kyrkjegards-vøle på 1980-talet. Kyrkjeverja i Ørsta opplyste i 2002 at festetida går ut i 2009 og at grava etter alt å døma då vil verta sletta og minnesteinen fjerna. Nokon bør snarast senda ein søknad om at grava og steinen vert varig verna. Foto: Kring 1970 (i Jul i Nordfjord) og 2002.

23


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Skulen på Mo er 150 år Av Finn B. Førsund

Krise Ein 150 år gammal institusjon har ikkje berre sigla i medvind og solskin. På 1970-talet var skulen i djup krise. Det var ei tid der det var om å gjere å spare offentlege utgifter, og der, paradoksalt nok, det var bondedominerte fylkesting som gjekk i brodden for å Truleg det eldste bildet ein har av Mo. Det er frå 1890-åra. Gardstunet syner seg slik avvikle landbruksdet var under Storm si styringstid. I bakgrunnen seg vi Moteigen, som var ein plass skular. Skuleunder garden. Dei husa vart rive kort tid etter bilde vart teke. garden på Mo vart Det er den nest eldste landbruksskulen annonsert for sal, og landbruksskulen ei i landet som rundar 150 år i haust. kort tid avvikla. Men fylket selde likevel Eigentleg kunne skulen blitt rekna som ikkje Mo, og i 1873 fekk dei i stand ein den eldste i landet, ettersom elevane på forpaktingsavtale med Martin Luther skulen på Vestreim i Sogndal vart flytta Storm (1836-1916). Han dreiv ein slags over til Mo ved oppstarten i oktober privat skule til han frå 1877 og i tretti år 1858. Skulen på Vestreim kom i drift i dreiv landbruksskulen. Storm er nok 1845 i eit samarbeide mellom Lars den mest legendariske av skulens særWestrem og Nordre Bergenhus amt, der merkte rektorar, men så var han og styamtet hadde eit leigeforhold med skule- rar i ei tid ein sterk og dyktig person lett garden på Vestreim. Denne skulen kom vart synleg. i den første bølgje av slike skular på 1840-talet, etter at Jakob Sverdrup Det var til tider eit spent forhold mellom starta opp den første i Sem i Vestfold i i Storm og fylkeskommunen, som tykte 1825. Men i tradisjonen til skulen på skulen på Mo vart for dyr. Det storma Mo representerer oktober 1858 start- bokstaveleg tala rundt rektoren på Mo, punktet for skulens drift. Slik vart det og landbruksskulen var ein gjengangar markering av 100 århausten 1958, og på fylkestinga til Storm si tid var ute i 150 år no til hausten i 2008. 1907. Då hadde fylkestinget og endeleg blitt samd med seg sjølv om å satse Kontinuiteten på Mo ligg i at skulegar- vidare på Mo. den der har heile tida vore i Sogn og Fjordane fylke sitt eige. Såleis er skulen Kurs og elevtal den eldste fungerande institusjon eller I førstninga varde kursa på Mo i 2,5 år, aktivitet driven av fylkeskommunen, medan dei frå 1865 hadde ei kurstid på berre eit par månader eldre enn to år. Etter kvart pressa politikarane på Fylkesbaatane. Fylkesreiarlaget kan i om å få kortare kurs, og frå 1908 til vår tid reknast som det eldste funge- 1920 vart eittårige kurs regelen. Etter ei rande reiarlag i sitt slag i landet. Etter handfull år med eitt og eitkvart års kurs, mitt syn signaliserer alderen på desse to vart halvtanna års kurs vanleg. Frå institusjonane fylkeskommunen si 1970-talet vart undervisningstilbodet avgjerande rolle i byggjande samfunns- meir differensiert, og endå meir annleis tiltak her i fjordfylket. Her var ingen enn på den gamle landbruksskulen. sterke private krefter som tok initiativ, Etter omorganisering vart Mo vidaremed påfølgjande organisatoriske skifte, gåande skule i 1990. slik vi t.d. kan sjå i Hordaland, der mange små reiarlag etter kvart vart Det var få elevar og relativt høge kostnasamla i eitt. der dei første femti åra etter starten i

24

1858, med berre kring 6 til 8 uteksaminerte elevar årleg. I tida etter 1908 steig elevtalet til over 20 og låg på godt over 30 fram til slutten på 1940-talet. Ungdomen stansa opp på landsbygda i krise- og krigsåra på 1930- og 1940talet, noko som synte seg att i aukande elevtal på landbruksskulane i denne perioden. Men i jubileumsåret 1958 var skulen attende til utgangspunktet 100 år tidlegare, med berre 8 uteksaminerte elevar. På denne tida var det plent som søkjartalet på landbruksskulane sokk i takt med utflyttinga frå landsbygda, og med stadig færre gardsbruk i drift. Men nye fag vart introduserte på Mo. Elevtalet steig på nytt særleg frå 1970talet. Skulen sjølv vart fornya, m.a. med ny driftsbygning i 1963. Viktig for framtida var det nye internatbygget med 81 hyblar, teke i bruk i 1970. Den gamle landbruksskulen på Mo vart frå 1992 omorganisert til Mo og Jølster vidaregåande skule, og har det siste tiåret hatt godt over 200 elevar uteksaminert kvart år, inkludert avdelinga på Vassenden.

Kulturinstitusjonen Skulen på Mo har til alle tider fungert som ein viktig kulturell impuls i distriktet. Mo har vore ein stad ikkje berre for undervisning, men og fungert som ein kulturell møteplass i mange ulike samanhangar, og med mange typar kurs i tillegg til den ordinære undervisninga. Fram gjennom tidene har unge gardbrukarsøner hausta avgjereande impulsar for si eiga gardbrukargjerning. Med ny giv, inspirasjon og kunnskap rydda dei plass til kulturbeite i utmarka i grender dei aldri før hadde høyrt om slikt, veitte og gjødsla gamle og magre åkrar, og bygde nye og lyse fjøsar til erstatning for dei gamle, trange og mørke. Slikt arbeid var til avgjerande nytte for bygdevoksteren i si tid, sjølv om mangt av dette kan synast fåfengt i vår tid, der gardshus forfell og innmark gror att. Men som før driv skulen framtidsretta landbruksundervisning, og tilbyr ungdomen nye fag i eit samfunn totalt annleis enn kva skulen på Mo opphaveleg vart bygd for.


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Mønsterbruket Mo? - Storfehald ved Mo jordbruksskule frå midten ev 1800-talet til byrjinga av 1900-talet Av Sturla Binder Storfehald har lange historiske tradisjonar i det vestlandske jordbruket, men gamle driftsformer med mangelfull fôring, gav dårleg produksjon etter dagens målestokk. Situasjonen endra seg til det betre når vekselbruket vann fram frå midten av 1800-talet. Som opplæringsinstitusjon for framtidige bønder, var det avgjerande at skulen på Mo fungerte som eit mønsterbruk med omsyn til dei nye driftsmåtane dette innebar. Vekselbruket førte til auke av fôrproduksjonen ved å veksle mellom åker og eng. For at innmarka skulle oppnå ein standard som gjorde vekselbruket mogleg, måtte ein grøfte vekk vatn frå vass-sjuk jord. Det siste var ein stor utfordring ved Mo-garden. I tillegg til at jorda ved Mo var vass-sjuk, mangla den også nødvendige næringsstoff. Dette gjorde produksjon av gras (engdyrking) vanskeleg. Forholda låg med andre ord ikkje til rette for å drive lønsamt storfehald, og kritiske røyster meinte at jordbruksskulen ikkje klarte å leve opp til krava som burde stillast til ein amtsskule.

Kritiske bondevenner Eit skriv frå Aurlands Bondevensforening til Nordre Bergenhus amtsformanskap i 1869, teikner eit dystert bilde av forholda for storfehald ved Mo: ”Da nu amtet viler hovedsagelig paa Kreaturbedriften, saa at intet Amt i Landet

har saa meget Storfæ (omtrent 100000 Stykker), hvorledes kunde da denne Skole experimentere dermed naa den har saa faa Kreaturer, og vel ikke god Havnegang (beitegang) som staar i Forbindelse dermed efter vore Forholde og at indkjøbe saa meget Foder at man kunde føde en Besætning af 15 til 20 Kjør, som vel var det mindste man kunde have, hvis man skulde lære fra sig i Kreaturbedriften for at faa den høieste netto Vinding af Melken, som vel maa ansees for det viktigste man sysler med”. frå 1869. Frå 1880-åra arbeida ”Regner man da at Koen mælker 1,200 Mjølkejournal Landbruksselskapet med å få gardane i fylket til å føre Potter a 2s. pr. Pot pg lægger hertil for mjølkerekneskap til hjelp i avlsarbeidet, men dei fekk ikkje Budeien 8 Spd. vil man komme i Tab 10 tilslutning før utbygginga av meieridrifta tok seg Spd. paa hvær Koe, trække herfra 2 spd. skikkeleg opp, og avsetnaden vart betre. for gjødning bliver et Tab igjen paa 8 Når skulen vart drive med underskot år Kjør 64 spd” (ei potte = 0,96l. Til samanetter år, gav den ikkje bøndene noko god likning produserar ei gjennomsnittleg ku opplæring i korleis dei skulle få best ca. 6000 liter mjølk pr. år i dag) muleg utbyte av arbeidet dei la ned. Snarare tvert imot: Dei ville sjå det som Skulen førte ”mismod til ”meget beklageligt om skolen længer jordbruket” skulde vedblive at føre Mismod til jordGarden var langt i frå sjølvforsynt med bruget, ja moskee derved paaskynde gjødsel. Jorda fekk tilførsel av innkjøpt Udvandring”. gjødsel, fiskeavfall, beinmjøl m.m. I skrivet frå bondevennforeininga vert det Bondevennforeininga i Aurland fekk støthevda at det å kjøpe inn gjødsel kun ville te frå andre bondevennforeiningar i fylket. være ei lita "livspirring", og "kan ikke Mellom anna den i Vik. Bondevennene være at anbefale i saa svag Jord som paa hadde brei støtte blant bøndene i Sogn og Moe”. Med andre ord medførte den dårleFjordane. Foreiningane var talsmenn for ge jorda så store utgifter for garden, at den bondevennrørsla, leia av Søren Jaabæk. ikkje var liv laga. Denne landsomfattande rørsla var ein direkte reaksjon på dei store økonomiske problema driftsendringane i jordbruket medførte for bøndene. Sparetanken gjekk som ein raud tråd gjennom ideologien dei sto for. Målsettinga var å betre nærings- og livsvilkåra til bøndene.

Storm overtek

Avlsarbeidet tok seg først opp etter skulestyrar Storm si styringstid. Dette bilete er truleg frå 1920-talet og viser ein okse av rasen vestlands-fe, sannsynlegvis i samband med ei utstilling. Legg merkje til fotbanda. Dei vart brukte i staden for nasering for å halde kontroll med oksen.

Då M.L. Storm overtok styringa av skulen i 1871, vart det lagt opp til ei langt meir sparsommeleg linje. Det var sjølvsagt eit resultat av at amtet hadde sagt frå seg ansvaret for drifta, men vi må også ta omsyn til at dette var midt i den kritiske Jaabæk-tida. Storm hevda at ein landbruksskule burde vere eit mønster for andre gardsbruk, og dermed vere lønsam: "men ikke just den, der hovedsagelig tager hensyn til den øieblikkelige vinding, men derimot den, der fornemmelig har øye for en stigende produksjon i framtiden”.

25


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Garden var i dårlig forfatning. Omfattande grøfting måtte til for å skaffe meir dyrkbar mark. Storm overtok i alt 8 storfe, for det meste gamle kyr. Om hausten fekk han komplettert buskapen slik at den utgjorde 11 kyr og 1 okse. Dei nye dyra han kjøpte var ikkje vant til rikeleg fôring om vinteren, så dei måtte gradvis venjast til større fôrmengder. Fleire dyr var det ikkje plass til i fjøset.

”Hagesyke” Eit problem med å innføre nye dyr ved skulen var at dei var lettare mottakelege for den såkalla ”hagesyke” eller ”blodpis”. Dette var eit parasittangrep som særleg mjølkekyr kunne få når dei beita i skogen, i surt gras og sump. I 1866 fekk skulen ein dyrkjøpt erfaring med denne sjukdommen. Dei selde nesten heile besetninga av storfe, 6 kyr og 1 kvige, og kjøpte inn 8 kyr og 1 okse frå Nærhimsdalen og Vossestrand. Dei var visstnok gode mjølkekyr, men alle fekk "hagesyke". Dette hadde skulestyrar Asbjørn Olsen frykta allereie ved innkjøpet. Tydelegvis hadde sjukdommen samanheng med korleis dyret var tilpasse lokale beitetilhøve. Ei ku frå den gamle besetninga vart ikkje smitta. Påfølgjande vår vart inga dyr smitta. Storm meinte ein unngjekk sjukdommen ved at dyra ikkje vart slept fastande ut, før dei hadde vent seg til beitet.

Mjølkinga Avkastinga av mjølk var ikkje Storm nøgd med. Fôret bar sett saman av høy, havrehalm, samt oppkokt sørpefôr (agner, lauv, litt mjøl av lettkorn blanda i oppvarma vatn). Kraftfôr (Oljemjøl, Kli m.m.) var for dyrt i høve til moglegheit for avsetnad og prisen på mjølk, som visstnok berre var den halve av prisen i byane. Dyra fekk ete så mykje dei ville, men då dei fleste var gamle og dei nyinnkjøpte var for små, mjølka dei beste dyra kun 1100, 1200 og 1300 potter etter prøvemjølking i 1874. Produksjonen heldt seg lenge på dette

nivået (1200-1300 liter i 1899). I 1904 var mjølkeutbyte i snitt på 1651 l. pr. ku. Storm hadde visstnok aldri hatt kyr som mjølka så mykje. Årsaka var kortare beitingstid på dei magre beita på Mo. I alle høve låg produksjonen på Mo langt høgare enn elles i fylket, der snittet låg på omkring 1000 liter pr. ku ved hundreårsskiftet. Det er derfor ikkje tvil om at skulen kunne tilføre mykje fagkunnskap til jordbruket, særleg når det gjaldt betre fôring og betre beiteforhold. Skulen var tidleg ute med å dyrke opp beitemark.

Avlsarbeid og meieridrift Noko målretta avlsarbeid var det i følgje Storm ikkje mogleg å drive ved garden. Det var ikkje lett å få kjøpt gode mjølkekyr i nærområda, og han hadde ikkje moglegheit til å reise andre stader for å handle då han nesten alltid var bunden opp med arbeid på garden. Dessutan var det risikabelt å kjøpe inn dyr som ikkje var vant med beitetilhøva. Dei kunne lett få den omtalte "hagesyke". Å sette kalvar på dei beste kyrne på garden var eit anna alternativ, men det var vanskeleg fordi det ikkje var mjølk å avsjå til kalvane. Alt gjekk med til den store hushaldninga ved garden. I tillegg var beitegangen dårleg. I følgje Storm var dei avhengig av husmenn og naboar, noko som hindra skulen å drive eit større storfehald. Med andre ord var moglegheitane for å drive målretta avl vanskeleg: "For eiendommen som skolegård og mønsterbrug er dette selvfølgelig en meget uheldig omstendighed". På grunn av dei vanskelege beitetilhøva var det altså vanskeleg å drive eit intensivt ”kreaturstell” og meieridrift. Mjølkeseparatoren som skulen kjøpte inn i 1891 var berre tidvis i drift då mjølkeproduksjonen var dårleg. Det var jo nettopp beitinga i sommerhalvåret som var produksjonsperioden for husdyra. Med andre ord: Dårleg

beiting gav dårleg mjølkeproduksjon. Eit alternativ var å fôre ei redusert besetning på bås heile året, men det var ikkje økonomisk forsvarleg.

Framgang, men dårleg husdyrhald Det var det skrale jordsmonnet som var hovudproblemet for å drive lønsamt ved jordbruksskulen på Mo. Dette inntrykket hang ved garden under Storm sin tid, og vart forsterka av han sjølv: ”Gaarden Mo er som bekjent slaaet til en skilling og bliver vel aldrig nogen daler.” I eit tilbakeblikk på tida si på Mo i 1898, måtte Storm måtte berre stadfeste at han ikkje hadde lukkast i å auke avlingane i nokon vesentleg grad. Men: "bruttoavkastingen af et gårdsbrug er jo nemlig ikke ubetinget nogen sikker målestok for fremskridtene i driften". Talet på husdyr var 30-40 prosent meir enn ved oppstarten. Samtidig var kornavlingane innskrenka til fordel for fôrproduksjon. Med andre ord var bruksmåten endra. Det vart dyrka nok fôr til at alle dyra kunne fôrast på bås nesten heile året. Truleg kunne garden ha livnæra dobbelt så mange dyr om ein nytta den eldre bruksmåten med sparsommeleg vinterforing. Trass i framgangen kjem Storm med følgjande hjartesukk: "Forøvrigt må jeg desværre sige, at husdyrbruget og den dermed i forbindelse stående meieridrift er og bliver en af Mo landbrugsskoles svagere sider, og det - som ofte tidligere fremhævet - vesentlig på grund af de ugunstige havnegangsforhold, der stænger for adgangen til en sådan udvikling af denne driftsgren, som jeg under gunstigere vilkår både kunde og vilde have iverksat". Beitetilhøva ved Mo kom seg utover 1900talet då ny beitemark vart rydda, og Storm sitt bilde av det noko tarvelege gardsbruket Mo, endra seg. Eit stort skritt vart teke på 1920-talet då Storemyra på 90 dekar vart oppdyrka Litteratur: Gjerdåker, Brynjulv. 2002. Noregs landbrukshistorie III. Lunde, Jens. 1957. Sogn og Fjordane Landbruksselskap 100 år Kjelder: Arkivmateriale etter Mo jordbruksskule

Skulehistorie i bokform

Dette er eit bilete av kua Graakoll dagen ho skulle slaktast i 1929. Då hadde ho i snitt mjølka 2226 l. pr. år. Dagen ho skulle slaktast vog ho 367 kg. Dagens NRF-fe veg til samanlikning i snitt 550 kg. levande.

26

I samband med jubileet som er planlagt 19. september, kjem det ut ei jubileumsbok som tek for seg historia om Mo jordbruksskule. Boka blir skriven av Finn B. Førsund, og vert på rundt 130 sider. I tillegg kjem liste over alle elevane som har gått ved skulen.


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

ABM-Sogn og Fjordane Øystein Åsnes For å lukkast med dette må verktøya vi leverer være på høgde med utviklinga. Internett-tenester som til dømes Kulturhistorisk Leksikon og fotoarkivet vart skapte mot slutten av 1990 talet. Sjølv om mykje har skjedd med desse verktøya undervegs, stiller den teknologiske uviklinga stadig nye krav. ABM-samsøk gav oss for første gong ei samla framstilling av informasjon på tvers av A-, B- og M-sektorane. Det nye verktyet illustrerer på ein god måte kva resultat vi kan forvente av ABM-samarbeidet i åra som kjem. Samstundes vert utfordringane tydlege for oss: ei samordning av tre ulike registreringskulturar. Dette handlar både om metodikk og om teknologi. Publikum ynskjer ikkje lenger å være passive mottakar på Internett. Vi forventar og få høve til å delta gjennom å dele vår kunnskap med andre. Vi vil diskutere, kommentere, utdjupe og gje ris og ros. ABM Sogn og Fjordane skal arbeide for at publikum skal få ta del i denne utviklinga også i samband med tenester frå arkiv, bibliotek og museum.

Solveig Berg Lofnes, fotoregistrator i Jølster, og fotoarkivar Ragnar H. Albertsen med norges første kulturhistoriske fotokatalog på data. Fotovernarbeidet har frå byrjinga vore samarbeid mellom arkivet, biblioteka og musa i fylket. Foto Ragnar H. Albertsen

Prosjektet ”Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling” vart avslutta 31.12.2007. Prosjektrapportane er snart klare og vert om kort tid gjort tilgjengelege både på norsk og engelsk. Til no har ABM-samarbeidet (samarbeidet mellom arkiv, bibliotek og museum). Sidan oppstarten av Kulturnett Sogn og Fjordane i 1998 har oppgåvene og tenestene auka i omfang. Sjølv om Fylkesarkivet har vore grunnfjellet i denne utviklinga, står vi no framfor eit vegskilje: Kulturnett og Fylkesarkivet skal skilje lag. Ei ny eining som har fått namnet ABMSogn og Fjordane skal ta over ansvaret for ABM-samarbeidet i fylket. Eininga skal halde til på Fylkeshuset og får samtidig ansvar for drift av portalane Kulturnett Sogn og Fjordane og Skulestova.no.

ABM-Sogn og Fjordane skal arbeide for at arkiv-, bibliotek- og museumsinstitusjonane i fylket har gode digitale verktøy, god kompetanse og gode tenester på nettet. I høyringsutkastet til kulturstrategi 2008 - 2011 vært folkemusea og Sogn og Fjordane Kunstmuseum nemnde spesielt. Samarbeidet med kommunar, lag, organisasjonar og næringslivet er også vektlagt i planen. Fylkesarkivet har starta eit gryande Vestlandssamarbeid med våre nabofylke. ABM-Sogn og Fjordane tek ved etablering over det formelle ansvaret for dette arbeidet – i nært samarbeid med fylkesarkivaren. Målet er å etablere ABMSogn og Fjordane som eit kompetansesenter innan ABM-samarbeid på Vestlandet.

Også satsinga på skuleverket kjem til syne i utkastet til Strategisk plan for kulturutvikling i Sogn og Fjordane 2008 – 2011. Det vert oppmoda til samarbeid i kultursektoren og vektlegging av formidling til born og unge. Nettbasert formidling vert sett som eit satsingsområde. Gjennom prosjektet Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling har vi fått eit fantastisk grunnlag når det gjeld ABM-samarbeid her i fylket, men gode ABM-tenester på Internett vert til som resultat av iherdig innsats over lang tid. Overgangen frå prosjekt til fast ordning skal være med å sikre nettopp dette. I skrivande stund er ikkje alle detaljar på plass med tanke på organisering og mynde for den nye eininga. Saka skal opp til politisk handsaming i Hovudutvalet for kultur den 12. mars 2008.

27


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

FOTOTEKNISK

Gamle teknikkar – Glasplatenegativen Av Arild Reppen Den første fotografiske teknikken med suksess, Daguerrotypiet, hadde den store ulempa at det berre gjekk an å lage eitt eksemplar av bileta. Resultatet vart unika, som eit måleri eller ei teikning. Men det vi oppfattar som eit av særtrekka til fotografiet er nett at det enkelt kan mangfaldiggjerast. Slik var det altså ikkje i byrjinga. Det finst imidlertid ein teknikk, like gammal som Daguerre si oppfinning. Engelskmannen William Henry Fox Talbot vert sett på som oppfinnaren av negativ/ positiv-teknikken. Altså at ein først lagar eit negativ, som ein så kan bruke til å lage så mange positivar (papirkopiar) som Glasplatenegativ på 18x24 cm frå samlinga etter fotograf Isak Hellebust frå Eid. Glasplata syner tydelege teikn på nedbryting. Delar av ein ønskjer. Problemet emulsjonen er heilt borte. Dårleg oppbevaring, høg luftfuktighet, temperatursvingingar, kan føre til denne typen skader på glasplatenegativar. med Talbot sin prosess Motivet syner ein uniformert person utanfor eit hus på Eid. Arkivnummer SFFf-1990060.119686 var at han nytta papir som base for negativane. Det gjorde at strukturen i papiret vart framleis var fuktige, og kollodiumpla- ikkje lenger trengde vere fuktige fekk synleg i kopien. Biletet vart uskarpt og tene har difor fått tilnamnet våtplater. dei tilnamnet tørrplater. lite detaljert. Talbot sin prosess vart difor ingen stor suksess. Våtplatene gjorde at ein kunne framstil- Å identifisere glasplatenegativar er le så mange kopiar som ein ønska. svært enkelt, det er negativar på glas. Det er likevel Talbot sin prosess som Materialutgiftene vart og mykje lågare Men for å skilje våtplater frå tørrplater danna grunnlaget for den fotografiske enn for daguerrotypiet, og saman gjorde er det særskilde kjenneteikn ein må sjå teknikken fram til i dag - negativ/positiv dette det mogleg for langt fleire å la seg etter. Våtplatene er handlaga, og har og fotografiet som massemedium. Det fotografere. Våtplatene gjorde det og difor ofte ujamn kantar og coating galdt berre å finne ein betre base for mogeleg å produsere kopiar for sal. (emulsjonslaget som er påført plata). negativane enn papir. Glas er sjølvsagt Mellom anna var det fleire fotografar Emulsjonen har ei melkekvit overflate, det opplagte valet, sidan det er heilt klårt som reiste rundt og fotograferte motiv og platene er ofte retusjert med blyant. og plant. Men glas er og glatt, og van- for sal til turistar – forløparen til post- Tørrplatene er nøytralt gråsvarte, plaskeleg å få emulsjon (det laget i det foto- kortfotografiet. tene er fabrikklagde i standard storleikar grafiske materialet som dannar sjølve og glaset er som regel tynnare enn våtbiletet) til å feste seg. I 1880-åra vart kollodium erstatta av platene. gelatin som bindemiddel. No var ein I 1847 vart stoffet kollodium oppdaga – ikkje lenger avhengig av at platene Kjelder: eit stoff som hefta godt til glatte overfla- framleis var fuktige når biletet vart foto- - Roger Erlandsen, ”Pas Nu Paa! – Om fotografiter. No hadde fotografane endeleg stof- grafert og plata framkalla. Det gjorde ens første hundre år i Norge”, Forlaget InterView 2000, side 82-84 fet dei trengde for å få emulsjonen til å jobben mykje enklare for fotografen. - Encyclopedia of Photography feste til glasplater. Glasplatene vart først Landskapsfotografen kunne gjere klar - Identification and Care of Photographic påført eit tynt lag med kollodium, og platene på førehand, og slapp å ha med Materials, Preus museum 2006 deretter sensibilisert (gjort lysføl- kjemikaliar og mørkeromstelt. Etter somme) i sølvnitratbad. Platene måtte kvart kunne og fotografane kjøpe ferdig eksponerast og framkallast medan dei fabrikkproduserte plater. Av di platene

28


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

GLIMT FRÅ ARKIVET

Hytta på toppen av fjellet Av Arild Reppen Sørvest for Sognefjellshytta ligg fjellet Fannaråken og strekk seg 2068 meter over havet. Her oppe satte Værvarslinga på Vestlandet opp eit observatorium i 1926. I observatoriet, på det høgaste punktet på toppen, stasjonerte dei to verobservatørar heile året. Frå Fannaråken kunne dei sjå vidt, og varsle tidleg om uver som kom inn frå vest. DNT hadde ytt økonomisk stønad til bygginga av observatoriet, og fekk disponere eit rom der. I sommarhalvåret vart det eit populært mål å overnatte på Noreg sin høgast beliggande overnattingsstad. Overnattingsgjestene vart etter kvart mange, og i 1934 bygde DNT ei eiga hytte med tolv senger. I 1978 vart den metereologiske stasjonen lagt ned. I februar i år vart Fannaråkhytta i Luster via merksemd i Times Online, nettstaden til den britiske avisa The Times. I ein artikkel med tittelen ”13 of the world's most remote hotels” – tretten av dei mest fjerntliggande hotella i verda – vart Fannaråkhytta funne verdig omtale for sin fabelaktige beliggenhet: ”..for location alone, Fannarakhytta takes some beating.”

” Tur til Fanaråken med Bernt august 55”. Fannaråkhytta (den tidlegare verstasjonen) fotografert av Aase Udberg, SFFf-100247.162103

Frå hytta kan du sjå Jotunheimen i 360 grader, Hurrungane, Smørstabbreen og Jostedalsbreen. Bileta er fotografert av Aase Udberg i 1955. Udberg testamenterte i 2004 samlinga si på over 20.000 fotografi til Årdal kommune. Årdal sogelag og Årdal kommune samlar inn og registrerer opplysningar til bileta i samarbeid med Fylkesarkivet. Du finn bileta i fotobasen på www.fylkesarkiv.no . Kjelder: Per Roger Lauritzen, Hyttene i Jotunheimen, Boksenteret A/S 1997 Grønvold, Kaltenborn, Møllebak og Ness, Jotunheimen fra hytte til hytte, Gyldendal 1987 www.turistforeningen.no NRK Sogn og Fjordane, nyhende Morgonstell på veg mot Fannaråken. Fannaråken er toppen til høgre på fjellryggen. SFFf-100247.162110

29


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Avlevering frå Bremanger, Selje og Leikanger

Av Karianne Schmidt Vindenes

Arbeidet med å avlevere eldre arkiv frå kommunane held fram også i 2008. Etter siste nummer av kjelda gjekk i trykken har vi motteke arkiv frå Bremanger og Selje.

bevart i Vågsøy. Etter avleveringa frå Vågsøy vart materialet frå Davik skilt ut, og det er no plassert saman med resten av arkivet etter Davik kommune.

Selje Bremanger 11. desember var det Bremanger sin tur til å avlevera eldre kommunalt arkivmateriale. Arkivleiar Linda Lyngstad i Bremanger hadde ansvaret for å pakke og listeføre gamalt arkivmateriale. 8 pallar eller 70-80 hyllemeter med arkivmateriale frå kommunane Bremanger og Davik vart flytta frå kommunehuset i Bremanger til sentraldepotet til Fylkesarkivet. Davik kommune vart oppretta i 1837, og var eigen kommune til dei gjekk inn i Bremanger kommune 1. januar 1965. Bremanger vart eigen kommune 1. januar 1866, og vart altså slegen saman med Davik i 1965. Det er alt kommunalt arkivmateriale fram til denne samanslåinga som no har fått plass i sentraldepotet. Noko av materialet etter Davik kommune kom faktisk på plass allereie i August i fjor. Ved dei store kommunereguleringane i 1964 vart Davik kommune nedlagt. Områda vart delte mellom Bremanger, Vågsøy og Eid. Arkivmaterialet skulle vere Bremanger sitt ansvar, men det har vist seg at noko materiale har vorte opp-

14. februar var det tid for avlevering frå Selje kommune. Arkivleiar Anne Karin Hatlelid hadde ansvaret for avleveringa. Dei seier at de tilsette ved servicekontoret har jobba lenge med å få arkivmaterialet systematisert og klartgjort for avlevering til Fylkesarkivet. ”Ei travel og hektisk periode, samtidig som den også har vore spanande med tanke på det historiske materiale vi no leverer i frå oss.” Det vart totalt 10 pallar med arkivmateriale frå Selje kommune. Då kommunen vart oppretta i 1837 var han mykje større enn i dag. I 1909 vart kommunen litt mindre i utstrekning då Sør- og Nord-Vågsøy vart skilt ut som eigne kommunar.

Leikanger Måndag 25. februar var det Leikanger sin tur til å avlevere eldre kommunalt materiale. Sidan avleveringsmøtet 8. januar har arkivleiar Anja Hamre saman med ein hjelpar nytta rundt to dagar i veka til å pakka ned arkivmaterialet. Det er med andre ord ein tidkrevjande jobb, og Anja seier at ho er glad for at ho starta arbeidet tidleg.

Her ser vi arkivrommet til Bremanger kommune. Materialet er plassert inn etter ei bestemt rekkjefølgje. Kvar materialet står kan vi lese ut av den kvite plakaten. Papirslippane i alle protokollane inneheld opplysningar om protokollen, kven som har fylt han ut, kva innhaldet er og kva årstal han dekkjer. Fotograf: Marit Anita Skrede

30

Pallejekken er viktig når vi skal avlevere arkivmateriale. Arkivet vert pakka på kassar som igjen vert plassert på pallar og kjørt ut i ein lastebil. Fotograf: Marit Anita Skrede

Leikanger kommune vart oppretta i 1837. I 1850 vart Vangsnes, Tjugum og Fjærland skilde ut og Balestrand kommune vart oppretta. Frå då og fram til 1964 utgjorde Leikanger kommune eit område på nordsida av Sognefjorden, frå Fatlaelva i aust til Kvinna-elva i vest, samt dei

Arkivleiar i Selje Anne Karin Folkestad (til venstre) og kollega Unni Eltvik Hovden er godt nøgde med at store deler av kommunen sitt arkiv vert avlevert til Fylkesarkivet. Fotograf: Margunn Myklebost


kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

tre bygdene Feios, Fresvik og Frønningan på sørsida av Sognefjorden. Det er arkivmaterialet som er vorte til i perioden mellom 1837 og 1964 som no er flytta frå Leikanger til Hermansverk. Bremanger, Selje og Leikanger vart med dette 11., 12. og 13 kommune som avleverte kommunale arkiv til Fylkesarkivet. Dei som tidlegare har avlevert arkiv er Naustdal, Askvoll, Gulen, Høyanger, Balestrand, Stryn, Fjaler, Vågsøy, Hornindal og Lærdal. I tida framover vil me på Fylkesarkivet jobba for å få oversikt over arkivmaterialet. Det vil ta ei stund før me får høve til å finordne materialet, men allereie no er det tilgjengeleg for dei som ynskjer innsyn i noko av materialet. Dersom du har spørsmål om arkivmaterialet frå nokon av dei avleverte arkiva, er det berre å ta kontakt med oss.

Arkiv frå Leikanger kommune vert gjort klart til flytting frå kommunehuset til Fylkesarkivet. Fotograf: Marit Anita Skrede

Prisregulering under og like etter krigen Av Marit Anita Skrede 4. august 1914 vart prisregulering innført ved provisorisk lovføresegn. I 1918 vart det bestemt at det skulle opprettast ei kontrollnemnd. Den viktigaste oppgåva til kontrollnemnda var å passa på at næringslivet ikkje sette for høge prisar. I arkivet etter Borgund kontrollnemnd fann me dette kortet der det ser ut som kontrollnemnda har fastsett pris for eit dobbeltrom på hotell, samt kva dei ulike måltida der kan kosta. Både oppe og nede på kortet er ei rift, noko som tyder på at kortet har vore opphengt ein stad. Sidan det står ”Dobbeltrom nr. 4 (?)” kan det kanskje tenkast at dette kortet har hengt på dette rommet. Kortet er fyrst fylt ut i 1943. På det tidspunktet har eit dobbeltrom kosta 6 kroner, medan t.d. kaffi eller te (komplet) kosta 1,30 kroner og 3 rettars middag kosta 2,70 kroner. Det er usikkert kva komplett kaffi tyder, men kan henda var det eit lite måltid. Dersom det berre er snakk om kaffi, var denne svært dyr i forhold til dei andre måltida. Det ser ut til at det kosta 9 kroner for full pensjon å bu i dobbeltrom dersom ein budde der minst fire neter. Det har dermed vore ein god del billigare per døger med fullpensjon enn dersom ein ville kjøpa måltida utanom.

I 1947 har kontrollnemnda sett opp prisane. Prisen for dobbeltrommet er gått opp med 1,50 kroner, og kosta då 7,50 kroner. Det er truleg i 1947 at fylgjande setning også er påført: ”Brukes rommet berre en natt er det ett tillegg på kr. 1,00.” I 1947 har kaffien gått opp med 0,80 kroner til 2,10 kroner. Frukosten derimot ser ut til å ha blitt 5 øre billigare enn fire år tidlegare, frå 1,75 til 1,70 kroner. Kostnaden for full pensjon har ikkje auka i perioden frå 1943 til 1947. Dette dokumentet gjev eit lite innblikk i korleis prisane vart styrt på 1940-talet, samstundes som me ser at forholdet mellom prisane har endra seg frå den gong til i dag. Me veit ikkje om dette er hotellprisar eller eventuelt pensjonatprisar, men uansett var forholdet mellom overnatting og mat mindre då enn det er i dag. Det var med andre ord billeg å overnatta i forhold til å eta i 1943 dersom me samanliknar med i dag. Prisen på dobbeltrom har minst auka 100 gonger, dersom det her er snakk om hotell har den auka rundt 200 gonger. Dersom til dømes frukosten hadde auka tilsvarande, ville me måtte ut med rundt 350 kroner for frukost i dag. For (komplet) kaffi måtte me ha betalt rundt 260 kroner….

31


Retur: FYLKESARKIVET Askedalen 2 6863 Leikanger SSN 0803-9682

Før og No Av Arild Reppen

Sandane kring 1900. Foto Knud Knudsen

Sandane 2008. Foto Arild Reppen

Sandane 1900-2008 Før og no er vår faste spalte der vi gjenfotograferer motiv frå samlinga. Bileta syner endringar i landskap og busetnad. Nokre gongar kan det vere store endringar på kort tid. Denne gongen er biletet frå Sandane, og det er om lag hundre år mellom biletet Knud Knudsen fotograferte kring 1900, og biletet fotoarkivar Arild Reppen har fotografert i 2008. Det har vore veldig store endringar på Sandane sidan 1900, men det som kom overraskande var kor lite synleg det var frå denne vinkelen. Gloppen hotell midt i biletet frå 2008 er ein nyare bygning enn frå 1900, men det er bygd på same tomta og i same stil. Dei store utfyllingane langs fjorden er ikkje synlege på bileta, og nausta er bytt ut med litt nyare naust. Godt og, at ikkje alt endrar seg like fort.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.