Lyrikkforlaget © 2025
Lyrikkforlaget
Postboks 112
4395 Hommersåk
www.lyrikkforlaget.no
ISBN: 9788283984767
Omslag: Hana Costelloe
Sats: Hana Costelloe
Forsidebilete: Ole Johs. Brye
Illustrasjonar i boka: Karen-Margrethe Erlandsrud
Materialet i denne publikasjonen er omfatta av bestemmingane i åndsverklova. Utan særskild avtale med Lyrikkforlaget er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det er heimla i lov. Utnytting i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar.
NORDICSWAN ECOLABEL
Erlandsrud
Når kvardagen grip meg som ein vårbris
frå ei vise
ein song
ein salme
kan eg stå ei stund i den vinden
og vente
INNHALD
9/ Skrivne bilete
21/ Skinande kvardagar
31/ Dette er den tida me har
43/ Det kunne ha vore meg
51/ Vente på vinden
59/ Kvardagskamp
67/ Guden min skremmer ingen
75/ Verdt å vente på
87/ Beste- og verstevener
97/ Den aller minste Lucia-jenta
107/ Noko heilt kvardagsleg
SKRIVNE BILETE
Kanskje eg skal skrive slik eg ville ha skrive det til muren. Den som vart bygd lenge før eg vart til, allereie den gongen Gamlevegen var hovudvegen gjennom Sundre. Eg kan gøyme det eg skriv, inn i sprekkar og hol i den muren, akkurat slik eg gøymde hemmelege lappar der på 60-talet. Men då vil ingen få veta kva eg skriv, og eg vil jo at folk skal lesa – men helst utan alltid å forstå alt. Eg kan kanskje prøve å skrive slik at når einkvan les, er det som å sjå på eit fotografi, eit slikt eit som fyller hovudet med fleire spørsmål enn svar. Ja, slik skal eg freiste å skrive.
TRULEG
Det kan hende at eg forstørrar og forminskar alt etter som det passar meg no slik eg forstørra og forminska alt etter som det passa seg då Så korleis var det eigentleg?
VEVEN
Eg skriv mine trådar inn i veven i kryss over på tvers under tjukke og tynne svarte silhuettar modige mødrer vevd saman med gul glede solraud sorg
Trådar spunne av dei som var her før meg farga av dei som framleis vev
Eg skriv mine trådar slik at du får sjå livet mitt vevd inn i ditt
KRÅKESLOTTET MITT
Det heng bilete i alle korridorane
på kvar kvadratmeter
i krinkelkrokane
Eg har hengt dei opp der er sjølv fotografen
Ei ung mor
ved inngangsdøra
med ei lita jente på fanget
Ho vesle har blod i fjeset
To ungar i altfor store klede står og ser på
Ei alvorsam kvinne i svarte klede
ved vindauget i loftsrommet
Ho vev bilete med hundrevis av fargar i
Ein halvnaken mann
på ei seng i kjellaren
Han ler og stirer
på ho som står og vaskar munnen sin i dusjen
Ein gammal mann i kvit skjorte
på stovegolvet i fyrste etasje
Han græt
Framom juletreet står to ungar med store auge
Ei tynn, lita kvinne i den gamle gyngestolen
Ho syng og strikkar rosa selbuvottar
Eit bilete fortel meir enn tusen ord, seiest det
Kva det fortel veit berre den
som er på biletet, den som har høyrt songen og den som eig kråkeslottet